Bø
Frå OS SOGA III side 585 – 616
65. BØ.
Namnet er det gamallnorske bær, byr, som beintfram tyder bøen, garden. Bø er tvillaust den eldste garden i grendi, kannhenda i heile Osbygdi, og han vart då rett og slett kalla Garden, Bø.
Uttale: Bø. Skrivemåtar: Bear kyrkja (1288), Bø (1320), Bøø (1519, 1521), Beyer sokn, Bø kyrkja (1544), Bøe (1591). Hegebø (1610), Boe, Boie.
Garden ligg ved sida av Lyssand burt under hallet, der åsrekkja millom fjorden og Hegglandsdalen byrjar. Bø var Lyseklostergard tildess brukarane kjøpte i 1873-75.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saar 9½ tønder, afler 33 tdr., god ager og eng, sampt femarch, paalagt meer af sin jord at indheigne og at plante homblehagge, selgger nogen brendeveed. 1723: Ingen sætter, ingen skoug uden knap brendefang, ingen qvern eller fiskerie, tør sædeland og tungvunden. Haver ingen næring uden af gaardens aufling. 1865: Har 25 maal dyrket ager og eng, deraf 13 maal godt, 6 middels og 6 slet, har 152 maal naturlig england, hvoraf 49 maal godt, 59 middels og 44 slet, 15 maal naturlig england er dyrkbart. 2 brug har skog til brendefang og husbrug, de andre 4 brug har skog til brende og gjerdefang, føder 1 ko og 2½ ungnød ved lyng, løv og skav, gaarden er letbrugt, 2 af brugene er meget letbrugte, er alle almindelig drevet,
Busetnad og buskap.
Huslydar | Menneskje | Hestar | Storfe | Smaler | Gjeiter | Svin | Utsåd korn | Utsådd poteter | ||
1657 | 5 | 4 | 30 | 1 | 5 | |||||
1668 | 5 | 3 | 46 | 10 | 9,5tun | |||||
1723 | 5 | 4 | 39 | 18 | 12tun | |||||
1800 | 7 | 40 | ||||||||
1835 | 6 | 45 | 1 | 42 | 60 | 6 | 18tun | 18tun | ||
1865 | 8 | 46 | 5 | 48 | 96 | 7 | 22tun | 28tun | ||
1900 | 23 | 111 | 6 | 34 | 87 | 6 | 14hl | 28,5hl | ||
1920 | 28 | 104 | 7 | 41 | 62 | 9 | 20mål | 17,6mål | ||
1930 | 32 | 125 | 7 | 44 | 134 | 5 | 18 | 6mål | 17mål | |
1939 | 7 | 46 | 134 | 11 | 4mål | 12,3mål |
BØ1.
Sigurd Bø hadde garden i 1332 og er fyrste mann som me finn namngjeven her. Han kunngjorde då på tinget at han gav Paul Sigurdson, som truleg var son hans, og kona Astrid ein part i Hauge, s. H. 1. Um Sigurd ogso åtte Bø, eller um garden alt då var komen i Lysekloster si eiga, veit me ikkje. Det var dei tider kyrkja på Bø, s. 0. B. I 400, og ho var tvillaust bygd av ein stormann eller av ei stormannsætt på garden. Det er ikkje utruleg at Sigurd Bø kann ha vore av den ætti.
Orm Bø var brukar her i 1519. Likeins som ymse andre bønder i Os fostra han stutar for lensherren på Bergenhus, og for ein stut som han fostra vinteren 1520-21 fekk han 5 alner ferisk vadmål i fosterløn. Orm hadde bruket radt til midten av 1560 åri. I 1563 stend Orm som brukar, men han er komen burt i 1567.
Ola Håkonson hadde bruket i 1569. Han var lagrettemann i Osbygdi og var m. a. domar i saki um laksefisket i Oselvi, s. 0. B. I 217.
Strange Jørgensen var brukar av heile Bø i 1591 og hadde då truleg havt garden nokre år. Strange vart fut i Lysekloster 1572 og fekk kannhenda Bø straks etter. Sjå um Strange sitt arbeid som fut 0. B. I 476-77.
Strange Jørgensen vart fødd 1539 i Fåborg, Danmark, og gjekk på skule i Kjøpenhamn. Foreldri var Jørgen van der Huus og Margreta Bullgers. I 1564 førde han «Sjællands fane» i herferdi til Elfsborg. Tvo år etter var han atter med i herferdi mot Sverik og førde då «Fyens fane» for krigshovdingen og adelsmannen Emmike Kaas. I 1571 fekk Emmike Kaas Lysekloster i forlening, og året etter kalla han Strange til seg og sette han til fut i klostret. I åri 1587-1595 var han ogso fut for Munkelivgodset, i 1598 vart han fut i Nordhordland, og tvo år etter vart han ogso tilsett som fut for Hardanger og Halsnøy Kloster.
Strange vart gift i 1579 med Sidsel Hans dtr. frå Bergen, f. 1559. Dei fekk 5 born, men berre dotteri Margreta, f. 1591, vaks upp. Ho vart gift 1610 med Morits Busk, s. Hauge 1. Strange vart rådmann i Bergen 1602, og sidan var han busett der til han døydde i 1610. Medan han låg sjuk vinteren 1609-10, fann han stødt på at han vilde kjøra med slede til Os for å sjå um garden sin der, og for å stagga han vart det sett inn ein slede framfor sjukesengi hans. Då han døydde, ringde dei med klokkone frå 4 kyrkjor, og lensherren, bispen og alle dei beste menn i Bergen fylgde med i gravferdi. Kona hans døydde i 1615.
Lars Bø lagde skatt for heile garden i 1610. Han er då skriven for Lasse Hegebø. Kva rette namnet hans var, veit me ikkje. Soframt han verkeleg heitte Hegebø og det ikkje var ei miss-skriving for berre Bø, (dei kunde skriva gardsnamni på mange måtar dei tider), so var han kannhenda gardstyrar for ekkja etter Strange Jørgensen.
Garden vart no skift att i tvo partar og straks etter i 3, s. br. 2 og 3.
Hans Bø vart brukar her i 1611. Han var ikkje nokon ung mann og hadde truleg havt gard annanstad fyrr han kom til Bø. Kona hans heitte Kari. Hans var velstandsmann, og etter skatten å døma var han den næst beste bonden i Os på dei tider. Saman med grannen reida han ut Jakob Bø i 1611 og Mikkjel Bø i 1612, då dei skulde fara til Svinesund for å vera med i Kalmarufreden. Um nokon av dei var sønene hans, veit me ikkje, s. br. 3. Hans døydde i 1617.
Ekkja Kari Bø hadde so bruket eit par år.
Mons Bø vart gift med ekkja Kari i 1629 og var brukar her. Han døydde alt i 1623.
Edis Bø gifte seg med ekkja Kari i 1624 og fekk bygsla bruket. Kvar han og fyremennene hans var frå, veit me ikkje, men Edis var truleg ikkje osing. Han hadde vore gift ein gong fyrr han kom til Bø, og hadde med seg ein son frå det giftarmålet. Av borni kjenner me berre 3: Nils, f. ikr. 1614, s. hr. 4, Brita, f. ikr. 1625, s. n., Mons, f. ikr. 1635, s. hr. 2. Edis var ein vyrd mann i bygdi, var jamt 1agrettemann og sat tolleg godt i det. Sonen Nils fekk ein part av bruket i 1640, s. hr. 4. Edis døydde ikr. 1660.
Nils Jonson Storum, f. ikr. 1627, vart ikr. 1650 gift med Brita Edis dtr. Bø, f. ikr. 1625, og vart brukar etter verfaren. Nils og Edis hadde elles bruket saman so lenge Edis livde. Brita døydde i 1669, og Nils gifte seg att med ei som heitte Mari, men som me ikkje veit meir um. Av borni kjenner me: Jon (tvilling), f. ikr. 1653, Ola, f. ikr. 1653, s. n., Edis, f. ikr. 1662, Kari, f. ikr. 1665, g. 1698 Nils Morteinson Ådland. Kristoffer Sælen, f. ikr. 1655, var tvillaust ogso son hans, s. Bø 4. Nils døydde i 1701.
Ola Nilsson Bø, f. ikr. 1653, bygsla bruket etter faren ikr. 1680. G. I. 1678 Brita Rasmus dtr. ytre Moberg, f. ikr. 1655, d. 1691, g. II 1694 Gjertrud Jons dtr. Hauge, f. 1675. Av 9 born vaks 4 upp: Jon, d. e., f. 1680, sjømann, Alv, f. 1697, g. 1731 Anna Nils dtr., b. Bergen, Nils, f. 1702, s. n., Jon d. y., f. 1706, g. 1731 Anna Lars dtr., s. Lunden 2. Ola dreiv med sjøen og sat tolleg godt i det. Han døydde i 1733 og Gjertrud i 1721.
Nils Olson Bø, f. 1702, bygsla bruket då faren døydde. G. 1734 Kari Pedersdtr. Bø, f. 1706. Born: Ola, f. 1739, s. n., Peder, f. 1742, g. 1767 Kristi Alvs dtr. Holen, s. Lysekloster 4, Rasmus, f. 1745, s. hr. 2. Tre born døydde unge. Sonen Peder var 63 tumar høg, og han vart likeins som broren Ola utskriven som «dygtig soldat» i 1761. Nils dreiv med sjøen likeins som faren og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1757 og kona i 1760.
Husi på Bø stod no i tvo klyngjor, slik at det vart tvo tun, austre og vestre tunet. I austre tunet hadde bruk 1, 3 og 5 sine hus standande, medan dei 3 andre brukarane budde i vestre tunet. Nils hadde på bruket sitt ei næsten ny røykstova med tvo svaler og skot attåt, ei sengebud med lem, sauehus og ei vedskytja, bygt attåt gavlen av eldhuset. Fjos hadde bruket saman med bruk 5, og løda og eldhuset var sams for alle 3 brukarane i austre tunet. Den nemnde sengebudi rådde Nils over åleine, men lemen over budi hadde grannen på bruk 3 saman med han.
Ola Nilsson Bø, f. 1739, bygsla farsbruket i 1760. G. 1761 Mari Nils dtr. Hjelle, f. 1731. Born: Kari, f. 1761, ug., Nils, f 1763, s. n., Guro, f. 1766, g. 1800 Ola Skjeie, s. S. 1, Mari, f. 1770, g. 1801 Jon Skjeie, s. S. 5, Johannes, f. 1773, g. 1818 Marta Svensdal, s. Eide 3. Ei gjenta døydde ung. Ola var 62 tumar høg og vart i 1761 innskriven til hertenesta som «dygtig soldat». Ola sat ikkje so lett i det som fyremennene og streva hardt for å greida seg på bruket. Men han var ein vyrd mann i grendi og var stemnevitne i Osbygdi. Ola døydde alt i 1780.
Ekkja Mari Nils dtr. hadde so bruket nokre år.
Jon Jakobson Lunde, f. 1756, vart i 1783 gift med ekkja Mari Nils dtr. og fekk bygsla bruket same året. Jon sat sverande tungt i det. Han døydde alt i 1791.
Ekkja Mari Nils dtr. måtte so atter ta bruket og hadde det eit par år. Ho døydde ikr. 1810.
Nils Olson Bø, g. 1763, vart brukar etter mori i 1792. G. 1793 Kari Anders dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1768. Av 10 born vaks 5 upp: Ola, f. 1794, s. n., Anders, f. 1796, s. hr. 6. Nils, f. 1798, ug., Ingjerd, f. 1807, g. 1851 Jon Eliasson Gjemdal, b. Boga i Fusa, Mari, f. 1811, g. 1831 Nils øvre Rød, s. Lien 2. Austre tunet på Bø brann upp i 1800, s. br 3, og Nils miste då alt han åtte. Nils sat tungt i det dei fyrste åri etter brannen, men han var ein drivande kar og arbeidde seg fram etterkvart. Han døydde i 1821.
Ekkja Kari Anders dtr. stjorna bruket nokre år etter at mannen fall frå. Ho døydde i 1852.
Ola Nilsson Bø, f. 1794, bygsla bruket etter mori i 1829 G. 1830 Kristi Johannes dtr. Dalland frå Strandvik, f. 1799. Dei hadde ikkje born. Ola vart utskriven til hertenesta då han berre var 16 år gamall, og i 1811 måtte han ut i ufreden. Dei fyrste tvo åri var han med i «Bergens roflotille».
Ola dreiv fiske attåt gardsbruket. Han døydde i 1852.
Ekkja Kristi Johannes dtr. hadde so bruket nokre år. Ho fall frå i 1863.
Anders Kåreson Hâland frå Hålandsdalen, f. 1818, bygsla bruket etter Kristi i 1856 og kjøpte det av Lysekloster i 1874 for 550 spd. G. 1852 Gjertrud Jans dtr. Øvredal, f. 1820. Born: Marta, f. 1853, s. n., Anna, f. 1864, g. 1891 Karl Orrebakken, s. Hauge 4. Anders hadde vore busett i Hålandsdalen fyrr han kom til Bø. Han dreiv med fiske o. a. Anders døydde ikr. 1870 og Gjertrud i 1886.
Sjur Monsson indre Tysse frå Samanger, f. 1848, vart i 1878 gift med Marta Anders dtr. Bø, f. 1853, og skøytte bruket etter verfaren same året. Born: Borgny, f. 1883, s. hr. 22, Anders, f. 1885, i Amerika, s. 0. B. II 45—46, Mons, f. 1888, bygningsmann, g. 1911 Kristina Jons dtr. Selsvoll frå Strandvik, b. Fana, Annanias, f. 1890, i Amerika, Sigurd, f. 1896, bygningsmann, g. 1919 Emilie Elfrida Mikkelsen, b. Fana. 3 born døydde unge. Sjur var sjømann i sine unge år. Han døydde alt i 1902.
Ekkja Marta Anders dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen døydde. Ho fall frå i 1935.
Jens Olson Midthus, f. 1876, kjøpte bruket i 1906. G. 1905 Synneva Lars dtr. Gjemdal, f. 1882. Dei hadde ikkje born. Jens var murar og steinarbeidar. Han døydde alt i 1922.
Ekkja Synneva Lars dtr. hadde so bruket nokre år.
Ola Steinson Våge, frå Samnanger, f. 1904, kjøpte bruket i 1928. G. 1927 Laura Lars dtr. Lyssand, f. 1901. Born: Betsy, f. 1928, Kristi, f. 1933, Odd, f. 1935. Ola er snikkar og trearbeidar. I 1937 selde han bruket, men tok undan eit stykke der han no er busett s. hr. 27.
Johannes Hallgrimson Vik f rå Kvam, f. 1909, kjøpte bruket i 1937. Han er eigar og brukar no.
BØ 2.
Arne Bø var brukar her i 1519. Likeins som grannen Orm på hr. 1 fostra han vinteren 1520-21 ein stut for lensherren på Bergenhus og fekk 5 alner ferisk vadmål i fosterløn. Korlenge Arne hadde bruket, veit me ikkje.
Jens Staldsvend, som var lensherren Eske Bilde sin fut over Sunnhordland, hadde bruket i 1537. Det stend at han då budde på Bø i Framnes, men um han verkeleg var busett på garden, eller han herre rådde over den, er uvisst.
Nils Bø var brukar i 1563. Me kjenner ikkje meir til han og veit ikkje korlenge han hadde bruket.
Strange Jørgensen fekk dette bruket, samstundes som han fekk hr. 1. Sjå um han der.
Lars Bø (Lasse Hegebø) lagde ogso skatt for dette bruket i 1610, s. hr. 1.
Jørgen Bø vart brukar i 1611. Han reida då, saman med grannen Hans, Jakob Bø ut på ferdi til Svinesund. Jørgen fall frå alt i 1612.
Hans Bø og etter han ekkja Kari, som hadde hr. 1, stjorna ogso dette bruket i åri 1612-19. Sjå um dei under hr. 1 på garden.
Anders Bø vart brukar i 1620. Han sat sverande smått i det og lagde berre ein liten husmannskatt. Han let bruket frå seg i 1625, truleg avdi han ikkje greidde sitja med det lenger. Me veit ikkje kvar det vart av han.
Peder Ivarson Hjelle, f. ikr. 1590, bygsla bruket i 1625. Han var gift tvo gonger, og fyrste kona heitte Anna. Meir veit me ikkje um konone eller um giftarmåli hans. Av borni kjenner me: Marta, f. ikr. 1630, g. ikr. 1650 Steffen Borgen, s. B. 2, Agata, f. ikr. 1637, g. ikr. 1660 Størk Heggland, s. H. 1, Alv, f. ikr. 1643, s. n., Ola, f. ikr. 1646, g. 1672 Magdela Tøsdal, s. T. 1, Anna, f. 1kr. 1660, g. 1698 Nils ytre Moberg, s. y. M. 3, Kristi, I. ikr. 1662, ug. Peder sat tolleg godt i det dei fyrste åri, men i 1637-38 vart han snøgt fatigmann. Tvillaust brann husi hans upp i 1637. Han arbeidde seg smått um senn upp att, og sat etter måten godt i det, då han døydde i 1672. Mons Edisson Bø, f. ikr. 1635, var husmann på bruket hans i 1666. Mons var vanfør og lagde ikkje skatt.
Alv Pederson Bø, f. ikr. 1643, bygsla bruket etter faren G. ikr. 1670 Marta Peders dtr., f. ikr. 1635. Kvar ho var frå veit me ikkje. Born: Brita, f. 1672, g. 1695 Eivind Storum, s. S. 1, Barbru, f. 1675, g. 1706 Peder Lunde, s. L. 2, Ragnhild, f. 1678, g. 1709 Ingebrigt Skeie, s. S. 5, Magdela (tvilling), f. 1680, s. Br. 3, Peder, f. 1682, s.n., Kari, f. 1683, g. 1715 Torstein Kolltveit, s. Sperrevik 7. Ei gjenta døydde ung. Alv dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1695.
Ekkja Marta Peders dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde ikr. 1610.
Peder Alvson Bø, f. 1682, bygsla bruket etter mori i 1703. G. 1704 Mari Johannes dtr. Hatvik, f. 1680. Born: Kari, f. 1706, s. hr. 1, Alv, f. 1709, g. 1732 Lisbet Søfteland, s. Holen 1, Brita, f. 1715, s. hr. 3, Åmund, f. 1718, g. 1740 Herborg Lyssand, s. L. 4. Tvo born døydde unge. Peder sat etter måten godt i det, men han heldt husi sine so kleint at han måtte leggja ei stor husåbod til jordeigaren. Peder døydde alt i 1719.
Ekkja Mari Johannes dtr. stjorna so bruket nokre år.
Hans Ivarson Bø, f. 1701, vart i 1724 gift med ekkja Mari Johannes dtr. og vart brukar her. Mari døydde i 1754, og Hans gifte seg att same året med Synneva Anders dtr. Vinnes frå Strandvik, f. 1728. Synneva døydde på barseng i 1762, og Hans gifte seg året etter med e. Anna Rasmus dtr. Helland frå Fusa, f. 1716. Hans fekk 4 born i andre giftarmålet, men berre eitt av dei vaks upp: Mari, f. 1759, g. 1791 Ingebrigt Sørstrønen, s. 5. 1. Hans var velstandsmann medan han var gift fyrste gongen, men etterkvart som han måtte halda skifte etter konone og løysa ut arvingane deira, minka det noko med medelen. Han fekk nokre dalar med siste kona si, men for å få tak i pengane måtte han reisa sak mot borni hennar frå fyrste giftarmålet. Han var ein vyrd mann i grendi, var lagrettemann i mange år, og var fast stemnevitne i Osbygdi. Kona hans hadde eit sylvbelte som var like mykje verd som 4 kjyr, og sjølv hadde han so mykje klær at dei, umframt alle vadmålsklædi hans, var like mykje verd som sylvbeltet. Hans døydde i 1773 og Anna i 1772.
Hans hadde mange hus på bruket sitt: Ei ny røykstova med sval og skot attåt, ei sengebud med tvo rom, ei ny sengebud som Hans åtte sjølv, fjos med skot, stall, sauehus, svinehus og vedskytja attåt eldhuset. Løda og eldhuset hadde Hans saman med dei tvo andre brukarane i vestre tunet, og dei hadde ogso den gamle gardstova ihop. Attåt gardstova var bygt ei lang sval, ein timbra kove og eit skot. Bruk 2 åtte svali, bruk 4 åtte skotet og bruk 6 åtte koven. Naust hadde Hans bygt på Haugsneset saman med Ola Hauge.
Rasmus Nilsson Bø, f. 1745, bygsla bruket då Hans døydde. G. 1774 Anna Johannes dtr. Skjeie, f. 1744. Av 6 born vaks 4 upp: Kari, f. 1777, g. 1821 Jon Skjeie, s. S. 5, Gjertrud, f. 1781, d. ug. 1861, Ola, f. 1784, ug., Johannes, f. 1790, s. n. Rasmus var berre 56 tumar høg då han var 18 år gamall. Attåt det var han halt, og dei fann han difor «helt udygtig» til hertenesta. Rasmus dreiv fiske attåt gardsbruket. Han var ein vyrd mann og vart stemnevitne i bygdi etter fyremannen. Rasmus døydde i 1832 og kona i 1828.
Johannes Rasmusson Bø, f. 1790, bygsla farsbruket i 1811. G. i 1820 Ingeborg Nils dtr. Rolfsvåg frå Samnanger, f.1793, d. p. barseng 1821, g. II 1823 Marta Ols dtr. Tøsdal,f 1799. Born: Ingeborg, f. 1825, d. ug. 1865, Magdela, f. 1828, g. 1871 Nils Nordstrønen, s. N. 8, Anna, f. 1830, g. 1860 Johannes Forstrønen, s. F. 2, Ola, f. 1837, s. n., Brita, f. 1840, s. br. 9, Rasmus, f. 1843, ug., Nils, f. 1847, g. 1876 Anna Øvre Rød, s. ø. R. 2. Tvo born døydde unge. Johannes var lagrettemann i mange år, og frå 1826 var han stemnevitne i Osbygdi likeins som faren hadde vore. Han døydde i 1869 og kona i 1861.
Ola Johannesson Bø, f. 1837, bygsla bruket etter faren i 1862 og kjøpte det av Lysekloster i 1875 for 500 spd. G. I 1862 Ingeborg Steins dtr. Forstrønen, f. 1827, d. 1894, g. II 1896 Kristina Matias dtr. Unneland frå Haus, f. 1848. Born: Johannes, f. 1863, s. n., Stein, f. 1864, s. br. 18, Ingebrigt, f.1866, s. br. 3, Rasmus, f. 1869, skomakar, b. Stavanger, Marta, f. 1870, s. Hauge 24, Karl, f. 1874, bøkkar, g. b. Oslo. Ola var murar og bygningsmann. Han døydde i 1908 og Kristina i 1926.
Johannes Olson Bø, f. 1863, skøytte farsbruket i 1887. G. I 1889 Nilsina Albrigts dtr. Grindevoll, f. 1865, d. 1905, g. II 1907 e. Olina Lars dtr. Nordstrønen, f. p. Røttingen 1864. Born: Ingeborg, f. 1890, s. n., Brita, f. 1891, s. Hauge 24. Anna, f. 1895, hushjelp, b. Bergen, Albrigt, f. 1897, i Amerika, Ida, f. 1901, g. 1922 Hans Heggland, s. Os 12. Johannes dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1932.
Jørgen Engjelson Gjemdal, f. 1885, vart i 1914 gift med Ingeborg Johannes dtr. Bø, f. 1890, og skøytte bruket etter verfaren i 1924. Born: Engjel, f. 1915, trearbeidar, Johannes, f. 1919, trearbeidar, Aslaug, f. 1929. Jørgen driv med trearbeid attåt gardsbruket.
Bø 3.
Jakob Bø vart fyrste mann på bruket, då det vart skilt ut frå br. 2 ikr. 1612. Jakob var med i Kalmarufreden, s. br. 1, og vart skattefri dei fleste åri.
Eivind Bø vart brukar i 1620. Han var likeins som grannen på br. 2 rekna som fatigmann og lagde ein liten husmannskatt. Han hadde no bruket i berre 3-4 år, men kjem att seinare, s. n.
Rasmus Bø var brukar i 1624, men me finn han berre det eine året. Det vert no i 10 år ikkje nemnd nokon mann på dette bruket, men me veit ikkje korleis samanhengen er.
Eivind Bo vart brukar att i 1635. Kvar han hadde vore sidan 1624, veit me ikkje, men han var no gift med ei som heitte Brita. Han sat tolleg godt i det og lagde vanleg skatt til 1645, då han snøgt vart fatigmann og skattefri. Truleg brann husi upp for han då. Eivind let bruket frå seg i 1655. Kvar han og fyremennene hans var frå, veit me ikkje.
Nils Monsson Heggland, f. ikr. 1618 bygsla bruket i 1655. G. ikr. 1660 e. Brita Haugland, f. ikr. 1620, som fyrr hadde vore gift med Mikkjel ytre Haugland, s. y. H. 3. Sonen Lars, f. ikr. 1648, hadde ho med seg til Bø. Av borni åt Nils og Brita kjenner me berre eitt: Gjertrud, f. ikr. 1661, g. 1691 Sander Olson Gangstø i Fusa. Sander og Gjertrud var busette på Bø til etter 1700. Nils sat tungt i det. Han døydde i 1674.
Rasmus Jonson, f. ikr. 1652, gifte seg med ekkja Brita Bø i 1675 og vart brukar her. Kvar Rasmus var frå er uvisst, men ein kann tru at han var frå Hauge eller ytre Moberg. Brita døydde straks etter giftarmålet, og Rasmus vart gift att med ei som heitte Mari, men som me elles ikkje veit meir um. Dei hadde ikkje born. Rasmus og Mari flutte frå bruket etter 1700, og me veit ikkje kvar det vart av dei.
Ambrosius Knutson Kuven, f. 1680, bygsla bruket då Rasmus flutte burt. G. 1711 Magdela Alvs dtr. Bø, f. 1680. Ambrosius døydde alt same året som han var gift, og med eit barn som kom til verdi straks etter, gjekk det same vegen.
Ekkja Magdela Alvs dtr. Stjorna so bruket i heile 15 år. Kvifor ho, som var ei ung barnlaus ekkja, ikkje vart gift att straks er uskynelegt. Ein er freista å tru at ho hadde eit eller anna lyte, som heldt friarane burte frå henne.
Nils Haldorson Uglehus frå Hålandsdalen, f. ikr. 1701, vart gift i 1726 med ekkja Magdela Alvs dtr. og vart brukar her. Dei fekk eit barn som døydde tidleg. Nils greidde seg ikkje på bruket, og alt i 1728 flutte han burt. Han vart sidan fløttmann i Bergen.
Kristoffer Didrikson Balland, f. 1703, bygsla bruket etter Nils. G. 1728 Marta Eivinds dtr. Storum, f. 1698. Born: Kari, f. 1729, g. 1762 Hans Øvre Rød, s. ø. R. 1, Eivind, f. 1737, d. ug. 1758, Marta, f. 1741. Tvo born døydde unge. Det gjekk med Kristoffer som med fyremannen, han greidde seg ikkje på bruket, og i 1744 flutte han frå Bø og frå Osbygdi.
Steffen Andersson Øvredal, f. 1716, bygsla bruket då Kristoffer flutte. G. 1745 Brita Peders dtr. Bø, f. 1715. Born Ingjerd, f. 1746, g. 1778 Lars Borgen, s. Hetleflåten 1, Mari, f. 1749, d. ug. 1828, Anders, f. 1752, s. n., Gjertrud, f. 1755, g. 1791 Hans Samsonson Eide, b. Steinsland i Samnanger, s. S. B. 482, Peder, f. 1759, g. 1792 Anna Jakobs dtr. Bogstrand, b. Fusa. Steffen sat tungt i det likeins som fyremennene. Han døydde alt i 1769.
Då Steffen kom til Bø, hadde han desse husi på bruket: Ei god røykstova med skot attåt, ei vedskytja, eit fjos med skot og eit sauehus. Den gamle gardstova og ei sengebud hadde bruket saman med bruk 5, og løda og eldhuset hadde alle i austre tunet ihop. Attåt dette åtte bruket ein part i lemen over ei sengebud som stod på bruk 1.
Ekkja Brita Peders dtr. stjorna bruket i 15 år etter at mannen fall frå. Ho døydde i 1788.
Anders Steffenson Bø, f. 1752, bygsla bruket etter mori i 1787. G. 1791 Marta Ols dtr. Eide, f. 1762. Av 5 born vaks 3 upp: Steffen, f. 1792, s. n., Ola, f. 1796, g. 1825 Anna Peders dtr. Lepsøy, Brita, f. 1798, g. 1824 Ola Midtsæter, s. M.1. Anders dreiv med sjøen og sat noko lettare i det enn faren. Um hausten 1800, ei vika fyrr Mikkjelsmess, brann heile austre tunet på Bø upp. Bøndene hadde nett då fenge avlingi i hus, og då både stovehusi, lødone og del andre uthusi i tunet gjekk med i brannen, so miste Anders og dei tvo grannane hans alt det dei åtte. Anders vart utskriven til kystvernet i 1804 og fekk utlevert eit spjot som verja. Han var blind på det høgre auga og hadde ikkje gjort onnor hertenesta. Anders døydde i 1811.
Ekkja Marta Ols dtr. hadde sobruket nokre år. Ho døydde i 1836.
Steffen Andersson Bø, f. 1792, vart brukar etter mori i 1816. G. 1817 Brita Nils dtr. Rolfsvåg frå Samnanger, f. 1791. Born: Anders, f. 1818, g. 1843 Olina Sjøbøen, s. Lysekloster 6, Nils, f. 1821, g. 1852 Magdela Kuven, s. Molda 2, Marta, f. 1827, g. 1855 Eivind Skåtun, s. Kalvetræ 1, Steffen, f. 1830, g. 1855 Kari Sjøbøen, s. Kalvetræ 1. Tvo born døydde unge. Steffen var utskriven til sjøvernet og var med i ufreden 1808-1814. Han gjorde tenesta på fleire kanonbåtar og var i 1810-11 med i «Kristiansands Kanonbådflotille». Steffen døydde alt i 1837.
Ekkja Brita Nils dtr. stjorna so bruket eit par år.
Jørgen Isakson Heggland, f. 1807, gifte seg med ekkja Brita Nils dtr. i 1840 og fekk same året bygsla bruket. Brita døydde i 1855, og Jørgen gifte seg att året etter med Guro Ols dtr. Midtsæter, f. 1804. Dei hadde ikkje born. Jørgen var bygningsmann og dreiv ogso fiske. Han døydde i 1861.
Ekkja Guro Ols dtr. hadde so bruket eit par års tid.
Ola Olson Tveit, f. p. Sanden 1832, vart i 1863 gift med ekkja Guro Ols dtr. og vart brukar her. I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 500 spd. Ola var treskoarbeidar og dreiv mykje med kjøring. Han døydde i 1887 og kona i 1895.
Ingebrigt Olson Bø, f. 1866, kjøpte bruket i 1887. G. 1888 Hansina Ols dtr. Berge, f. 1864. Born: Ola, f. 1889, snikkarmeistar, g. Magda Sveen, b. Haugesund, Inga, f. 1894, g. 1917 Hogne Eide, s. Hauge 23, Fredrik, f. 1896, g. Mina Nilssen frå Samnanger, i Amerika, s. 0. B. II 46. Ingebrigt var bøkkar og trearbeidar. I 1894 selde han bruket og tok ein ny bustad, s. br. 20. Han flutte sidan til Berge, s. B. 5, men kom seinare attende til Bø, der han tok seg eit nytt bruk, s. br. 24.
Jakob Jakobson Balland, f. 1851, kjøpte brukte i 1894 og busette seg her. Han hadde fyrr vore busett på Osøyri, s. 0. 18. G. 1878 Magdela Anders dtr. Halhjem, f. 1851. Av 6 born vaks 4 upp: Jakob, f. 1878, g. 1905 Anna Holmefjord, s. Kuven 19, Maria (tvilling), f. 1886, s. Osøyri 28, Hansina, f. 1886, g. 1912 Lars Sørstrønen, s. Hauge 21, Torstein, f. 1890, g. 1916 Karolina Vinsentsen frå Tysse i Samnanger, i Amerika, s. 0. B. II 45, (born: Trygve, f. 1917, Maggie, f. 1918, Kitiy, f. 1920). Jakob var båtbyggjar. I 1912 selde han bruket på Bø og flutte attende til Osøyri, der han hadde verkstaden sin, s. Osøyri 28, og der ein finn meir um han. Jakob døydde i 1924 og Magdela i 1930.
Johan Johannesson Solbø frå Dale i Sunnfjord, f. 1866, kjøpte bruket av Jakob i 1912. G. 1894 Tora Matilda Gjelsvik frå Lindås, f. 1868. Born: Trygve, f. 1895, s. br. 25, Johannes, f. 1897, s. n., Kristina, f. 1899, hushjelp, Ingrid, f. 1902, g. 1924 Hans Røttingen, s. R. 41, Frits, f. 1904, s. hr. 26, Jenny, f. 1906, g. 1935 elektrikar Godtfred Sønsteby frå Krødsherad Ruth, f. 1910, g. 1935 Matias Vefring, s. Lyssand 21. Johan hadde fyrr han kom til Bø vore busett i Bergen, der han dreiv som bøkkar og dikselmann. Kona døydde i 1930.
Johannes Johanson Bø, f. 1897, skøytte farsbruket i 1928 og hev det no. G. 1928 Borghild Rise frå Strandebarm, f. 1909. Born: Magnhild, f. 1928, Bodil, f. 1930, Helge, f. 1933, Jostein, f. 1937. Johannes driv med hagebruk attåt gardsarbeidet
BØ4.
Nils Edisson Bø, f. ikr. 1614, fekk bruket her då farsbruket i 1640 vart skift i tvo partar, s. br. 1. Nils vart gift ikr. 1640 med ei som heitte Anna, men som me elles ikkje veit meir um. Av borni kjenner me 12 eller 13, men det var truleg fleire: Ola, d. e., f. ikr. 1640, g. 1673 Brita Moberg, s. ytre Moberg 5, Kari d. e., f. ikr. 1642, g. 1670 Arne Hjelle, s. H. 2, Brita, f. ikr. 1645, g. ikr. 1665 Hans Hjelle, s. H. 1, Ola d. y., f. ikr. 1646, g. 1673 Brita Lyssand, s. L. 1, Agata, f. ikr. 1648, g. 1677 Steffen Borgen, s. B. 2, Marta, f. ikr. 1650, g. 1679 Mons Lønningdal, s. L. 1, Lars, f. ikr. 1653, s. hr. 6, Nils, f. ikr. 1655, s. n., Kari d. y., f. ikr. 1657, s. n. og Sælen 1, Helga, f. ikr. 1660, g. 1681 Ola indre Haugland, s.i. H. 1, Mons, f. 1662, Barbru, f. ikr. 1670, g. 1687 Torstein Storum, s. S. 4. Det tykkjest ogso å ha vore ein son som heitte Jakob. Nils greidde seg tolleg godt trass den store huslyden sin. Han og kona døydde begge ikr. 1680.
Nils Nilsson Bø, f. ikr. 1655, bygsla farsbruket i 1676. G. 1678 Anna Hans dtr. Lønningdal, f. ikr. 1654. Av 8 borni vaks 5 upp: Nils, f. 1680, g. 1706 Magdela Tøsdal, s. Sælen 1, Mari, f. 1683, g. 1711 Vinsjans Salbuvik, s. S. 1, Størk, f. 1688, g. 1723 Magdela Søfteland, s. Sælen 1, Karl, f. 1691, s. Sælen 1, Brita, f. 1694, ug. I 1692 bytte Nils bruk med verbror sin, Kristoffer Sælen, soleis at Nils flutte til Sælen og Kristoffer tok bruket på Bø. Etter det me kann skyna, var Nils og kona komne i strid med grannane på Bø og vilde gjerne koma frå garden. Sjå meir um Nils under Sælen 1.
Kristoffer Nilsson Sælen, som truleg var fødd på Bø ikr. 1655, s. br. 1, tok bruket i 1692. G. 1683 Kari Nils dtr. Bø, f. ikr. 1657, som var syster åt fyremannen på bruket. Sjå um Kristoffer og huslyden hans under Sælen 1. Kristoffer sat tungt i det og streva hardt for å greida seg. I 1716 let han bruket frå seg. Men han var likevel ein vyrd mann i bygdi og var lagrettemann i mange år. Sjå meir um han nedanfyre.
Nils Kristofferson Bø, f. p. Sælen 1689, bygsla bruket etter faren i 1716. G. 1715 Agneta Knuts dtr. Øvredal, f. 1692. Dei hadde ikkje born. Nils sat lettare i det enn faren Han døydde alt i 1720.
Ekkja Agneta Knuts dtr. hadde so bruket eit par år. I 1722 vart ho gift att med Peder Berge, s. B. 1, og flutte då frå bruket.
Kristoffer Nilsson Bø måtte ta bruket att då sonen var død og sonekona flutte til Berge. Han hadde no bruket radt til han døydde i 1740, ikr. 85 år gamall. Kona fall frå i 1741.
Lars Andersson Øvredal, f. 1714, som var brorson åt Agneta, bygsla bruket då Kristoffer døydde. G. 1740 Anna Jakobs dtr. Sævild frå Samnanger, f. ikr. 1712. Born: Anders, f. 1741, var 66 tumar høg og vart utskriven til soldat i 1761, d. ug. 1808, Ingjerd, f. 1746, g. 1786 Anders Hauge, s. H. 3, Anna, f. 1748, d. ug. 1808, Jakob, f. 1753, s. n., Lars, f. 1785, g. 1795 Herborg Nils dtr. Gaupholm, b. Ullensvang. 3 born døydde unge. Lars sat tungt i det og streva hardt for å berga seg på bruket. Han døydde alt 11765.
Lars hadde desse husi på bruket: Ei gamall røykstova, eit fjos med timbra skot og ei utløda. Ei sengebud hadde bruket saman med bruk 6, men eine svali og ein timbra kove som var bygt attåt sengebudi rådde Lars over åleine. Den gamle gardstova, løda og eldhuset hadde alle på vestre tunet ihop, men ein timbra kove, som var bygt attåt eldhuset, høyrde til bruket her.
Ekkja Anna Jakobs dtr. stjorna bruket etter at mannen døydde og hadde det i heile 22 år. Anna var ei drivande og dugande kvinna, og ho greidde seg betre enn mannen gjorde i si tid. Ho var over 90 år då ho fall frå i 1804.
Jakob Larsson Bø, f. 1753, bygsla bruket etter mori i 1787. G. 11787 Ingeborg Nils dtr. Foer frå Fusa, f. 1761, d. 1791, g. II 1792 Brita Peders dtr. Skjeie, f. 1758. Jakob fekk 9 born, men 5 av dei døydde i ung alder, dei fleste av koppane. Berre 4 vaks upp: Lars, f. 1788, s. n., Anna, f. 1794, g. 1838 e. Lars Haldorson Lundarvik i Fusa, Peder, f. 1796, d. ug. 1829, Anders, f. 1803, g. I 1821 Didrika Serina Gullaks dtr. frå Bergen, g. II Marta Ols dtr., s. ytre Tuen 3. Jakob vart utskriven til kystvernet i 1804, og han vart då tilsett som «konstabel ved kanonen». Han var ein drivande kar og arbeidde seg fram til ein velstandsmann. Jakob døydde i 1833 og Brita i 1836.
Lars Jakobson Bø, f. 1788, bygsla farsbruket i 1816. G. 1818 Marta Vinsjans dtr. Hauge, i. 1798. Born: Jakob, f. 1821, s. n., Ingeborg, f. 1825, g. 1854 Mons Berge, s. Lyssand 4, Peder, i. 1829, handelsmann i Bergen, g. 1858 Maria Engjels dtr. Kvalesund, s. 0. B. II 58, Marta, i. 1832, g. 1860 Mons Sundøy, s. Lepsøy 1. I 1808 vart Lars utskriven til soldat og var med i den store ufreden. Lars vart sett til fyrebils lensmann for Lysekloster gods i 1822, og i 1827 vart han fast tilsett i yrket, s. 0. B. I 555. I 1835 sa han lensmannsposten frå seg avdi han vart sjukleg. Trass at Lars var lensmann, lagde han ikkje «eed til constitutionen» fyrr han var 42 år gamall. Han døydde i 1843.
Ekkja Marta Vinsjans dtr. hadde so bruket eit par år. Ho hadde i desse åri ein dreng som naska sosmått. Då son åt Marta i 1847 skulde henta klokka åt drengjen hjå ein urmakar i Bergen, fann han i urkjedet ein sylvring som mori hadde sakna. Drengjen vart meld for tjuveri, og no fekk han skuldi for å ha teke alt som i dei siste åri var mist i Osbygdi. Asbjørn Borgen hadde mist eit silketørklæde, Lars Tøsdal og andre hadde mist nokre småting, og det heile vart no lagt på drengjen, som fekk 20 dagar vatn og brød. For å vera på den sikre sida gav dei ogso far åt drengjen 5 dagar vatn og brød, trass at han ikkje sjølv hadde stole noko. — Marta fall frå i 1891, over 93 år gamall.
Jakob Larsson Bø, i. 1821, bygsla bruket etter mori i 1846. G. 1846 Gjertrud Eriks dtr. Hatvik, i. 1824. Born: Marta, f. 1848, s. n., Anna, i. 1853, s. n., Larsina, i. 1858, g. 1885 Ola Hjelle, s. H. 2, Brita, i. 1863, g. 1885 Lars Heggland, s. Osøyri 6, Jørna, i. 1867, g. 1896 båtbyggjar Kristian Størkson Salbuvik, b. Laksevåg. Jakob dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1910 og kona i 1908.
Johannes Olson ytre Moberg, i. 1853, vart i 1875 gift med ei dotter åt Jakob og vart brukar etter verfaren. I 1876 kjøpte han bruket av Lysekloster for 600 spd. G. I 1875 Marta Jakobs dtr. Bø, i. 1848, d. 1887, g. II 1888 Anna Jakobs dtr. Bø, i. 1853, d. 1898, g. III 1899 Jørna Anders dtr. Kvittingen frå Samnanger, i. 1875. Av 10 born vaks 4 upp: Ingeborg, i. 1879, d. 1891, Jakob, f. 1885, s. n., Magnus, f. 1901, sjauffør, g. 1922 Olufina Indrebø frå Sunnfjord, Ola, f. 1903, gartnar, g. 1927 Gerda Bratland, s. Lyssand 22. Johannes var postberar i Osbygdi i mange år og hadde ymse tillitsyrke i grendi. Han døydde i 1935.
Jakob Johannesson Bø, i. 1885, skøytte farsbruket i 1909 og hev det no. G. 1907 Kari Johannes dtr. Hjelmevoll frå Ulvik, i. 1883. Born: Johannes, i. 1908, lækjar på Rikshospitalet, g. 1936 Svanhild Erichsen frå Brønnøysund, b. Oslo, Magne, i. 1912, byggmeistar, g. 1940 Magnhild Lars dtr. Askvik, b. Hagevik. Jakob er gartnar og driv hagearbeid attåt gardsbruket.
BØ5.
Jakob Danielson, f. ikr. 1660, vart fyrste mann på dette bruket, då Bø i 1683 vart skift i 6 bruk. Jakob var tvillaust den same som 3 år fyrr var gift på Midtsæter med Marta Johans dtr. Midtsæter, s. M. 1, og som var son åt Daniel Søfteland. I 1686 flutte han frå Bø og var burte frå bygdi i over 20 år. Seinare kom han att til Nordstrønen, s. N. 4, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Ivar Hansson Hjelle, f. 1666, bygsla bruket då Jakob flutte. G. I 1687 Marta Knuts dtr., i. ikr. 1664, d. 1721, g. II 1722 Marta Eriks dtr. Krokeide frå Fana, i. ikr. 1687. Kvar fyrste kona var frå er noko uvisst, men ho var syster åt Kari Tømmernes og var truleg dotter åt Knut ytre Drange. Av 13 born vaks 8 upp: Kari, f. 1692, s. n.,-Brita, i. 1694, g. 1727 Ingebrigt Skjeie, s. S. 5, Bård, i. 1700, s. n., Hans, f. 1701, s. br. 2, Knut, i. 1704, g. 1733 Kari Valle, s. Søfteland 5, Erik, f. 1723, g. Brita Peders dtr. Hjellestad i Fana, b. Liland, s. F. B. 722, Mons, f. 1724, g. Brita Hans dtr. Hjellestad, b. Espeland i Fana, s. F. B. 743, Marta, i. 1726, g. Jon Matiasson Liland i Fana. Ivar sat godt i det trass den store huslyden. I 1706 flutte han til Søfteland, s. S. 5, der ein finn meir um han.
Ola Johannesson Hatvik, f. 1685, bygsla bruket då Ivar flutte. G. 1706 Eli Hans dtr. Heggland, f. 1681. Born: Johannes, f. 1711. Ei gjenta døydde ung. Ola sat godt i det likeins som fyremannen. Han døydde alt i 1711, og ekkja gifte seg att året etter med Ola Valle, s. V. 1.
Me finn ingen nemnd på dette bruket frå 1712 til 1722. Det er mykje truleg at Ola Valle, som vart gift med Eli i 1712, s. o., stjorna både sitt og hennar bruk i desse åri.
Bård Ivarson Bø, f. 1700, bygsla bruket, som elles var farsbruket hans, i 1722. G. I 1722 Kari Asbjørns dtr. Borgen, f. 1696, d. 1733, g. II 1734 Mari Nils dtr. Rosvoll frå Fusa, f. ikr. 1670, d. 1752, g. III 1754 Marta Vermunds dtr. Mobergslien, f. p. Ferstad 1714. Born: Marta, f. 1724, g. b. Bergen, (mannen heitte Mons), Isak, f. 1729, vart utskriven til hertenesta i 1756 og tente då på Fjøsanger, Mari, f. 1733, Anna, f. 1755, Lars, f. 1759, d. ung. Bård var mykje umvankande. I 1735 flutte han frå Bø og bytte bruk med verbroren på Lunden, s. n. I 1744 flutte han frå Lunden til Rosvoll i Fusa, der han var til 1753. Han kom då attende til Os og busette seg på ytre Moberg, s. y. 14. 5, der han sidan var buande. Ingen av borni vart busette i Osbygdi.
Sjur Haldorson Dalland frå Strandvik, f. ikr. 1696, bytte bruk med verbroren Bård i 1735. Bård flutte då til Lunden, s. L. 1, og Sjur tok bruket her. Sjur var gift 1725 med Kari Ivars dtr. Bø, f. 1692. Sjå um han og huslyden hans elles under Lunden 1. Sjur var fødd på Uglehus i Hålandsdalen og var bror åt mannen på br. 3. I 1744 flutte Sjur til Bergen, likeins som broren, og vart sidan buande der.
Nils Monsson nedre Rød, f. 1716, bygsla bruket då Sjur flutte burt. G. 1735 Agata Ols dtr. Tveit, f. 1719. Kvar Nils og Agata var busette i tidi frå 1735 til 1744, veit me ikkje, men det var ikkje i Os. Av borni kjenner me berre dotteri Sesilia, f. ikr. 1737, s. n., men truleg hadde dei fleire born. Nils vart utskriven til soldat i 1741, og i 1756 vart han korporal i heren. Nils vart ikkje gamall, då han døydde alt i 1760.
Nils var busett i den gamle gardstova på austre tunet som bruk 3 og 5 åtte ihop. Ein timbra kove attåt gardstova rådde Nils over åleine. Løda og eldhuset hadde han ihop med dei tvo andre mennene på tunet, og sengebudi hadde han ihop med grannen på br. 3. Fjos hadde bruket saman med bruk 1, men 3 svaler attåt fjoset rådde bruket her over. Dei einaste hus som Nils hadde åleine var ei vedskytja, som var bygt attåt eldhuset, og eit stabur som Nils hadde bygt upp på eigen kostnad.
Ekkja Agata Ols dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen fall frå. Ho døydde i 1782.
Hans Andersson Øvredal, f. 1738, vart i 1764 gift med Sesilia Nils dtr. Bø, f. ikr. 1737, og hadde alt halvtanna år fyreåt fenge bygsla bruket etter vermori. Av 5 born vaks 3 upp: Nils, f. 1766, s. n., Ingjerd, f. 1768, d. ug. 1851, Agata, f. 1772, d. ug. 1805. Hans var 63 tumar høg og vart utskriven som «dygtig soldat» i 1761. Han dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt på bruket. Han var i fleire år stemnevitne i Osbygdi. Hans døydde i 1812 og Sesilia i 1806.
Nils Hansson Bø, f. 1766, vart brukar etter faren i 1793. G. 1794 Marta Johannes dtr. Dalland frå Strandvik, f. 1768. Av 6 born vaks 3 upp: Hans, f. 1796, g. 1824 Sesilia Rein, s. Lunden 2, Sesilia, f. 1798, g. 1838 Ola Skogen, s. 5. 2, Nils, f. 1809, s. n. Nils dreiv med sjøen likeins som faren. Alle husi åt Nils brann upp i 1800, s. br. 3, men han arbeidde seg snøgt uppatt og vart ein av dei likaste bøndene i bygdi. Då Norigs bank vart skipa i 1816, gav han 6 sylvdalar som innskot i banken. Dotteri Sesilia vart i 1823 tru lova med Hans ytre Tuen, som nett var vorten ekkjemann, og flutte heim til festarmannen. Ho fekk då 10 spd. av faren for å løysa inn eit sylvbelte som Hans hadde sett i pant. Hans tok imot pengane og løyste inn sylvbeltet, men so sende han gjenta heim att til Bø og gifte seg med ei onnor same året. For dette tok Nils Bø han for retten. Nils døydde i 1841 og kona i 1854.
Nils Nilsson Bø, f. 1809, bygsla farsbruket i 1840. G. 1839 Ragnhild Ols dtr. Eide, f. 1814. Dei fekk 13 born, men 10 av dei døydde i ung alder, og berre 3 vaks upp: Kristen, f. 1840, i Amerika, s. 0. B. II 45, Marta, f. 1847, s. n., Ingeborg, f. 1849, g. 1876 Engjel Nilsson indre Tuen, i Amerika. Nils var postberar frå Os til postopneriet på Lyssand og var ogso ein mykje nytta spelemann. Han og kona døydde begge same vika i 1885.
Mons Jørgenson Vatshelle frå Hosanger, f. 1840, vart i 1872 gift med Marta Nils dtr. Bø. f. 1837, og vart brukar etter verfaren. I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 550 spd. Born: Gurina, f. 1873, g. 1899 Nils Bergstø, s. Søfteland 6, Nils, f. 1876, s. n., Anna, f. 1878, g. 1904 snikkar Johan Jonson Øvreide, b. Haugesund, Olina, f. 1880, g. 1907 Eilef Lunden, s. Hauge 17, Jørgen, f. 1883, steinarbeidar, g. 1919 Malena Nils dtr. Øvreide, b. Nesttun, Mons, f. 1886, i Amerika, s. 0. B. II 46, Knut, f. 1888, i Amerika, Hans, f. 1896, snikkar, g. b. Haugesund. Mons var bygningsmann og kom fyrste gang til Os i 1869 som arbeidar på den nye Oskyrkja. Han hadde fleire kommunale tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1892-98. Mons døydde i 1903 og Marta i 1915.
Nils Monsson Bø, f. 1876, skøytte farsbruket i 1903 og hev det no. G. 1908 Serina Hans dtr. Tøsdal, f. 1886. Born: Magnus, f. 1909, d. 1927, Karen, f. 1911, g. 1935 målar Ingvald Sveinson Øvreide, b. Bergen, Margit, f. 1915, b. Bergen, Signy, f. 1918, b. Bergen, Haldis, f. 1920, hushjelp, Hans, f. 1924. Nils er byggmeistar. Han hev havt fleire tillitsyrke i bygdi og er mykje nytta som skyns- og takstmann.
BØ6.
Lars Nilsson Bø, f. ikr. 1653, vart brukar her i 1683, då garden vart utvida frå 4 til 6 bruk. G. 1682 Ingeborg Abrahams dtr. Grindevoll, f. ikr. 1659. Av 6 born vaks 3 upp: Åmund, f. 1686, Abraham, f. 1688, Mons, f. 1695. Lars greidde seg ikkje på bruket, og i 1695 flutte han frå Bø med huslyden. Me høyrer um han ein gong seinare, i 1714, og det vart då uppgjeve at «han har sit tilhold hos Henrik Rafnell i Vaags skibrede».
Dei andre mennene på Bø stjorna bruket saman med sine eigne bruk etter at Lars flutte burt.
Ola Andersson Særvoll, f. 1666, som fyrr hadde havt eit bruk på Midthus s. M. 2, bygsla bruket i 1711. G. 1696 Dordi Størks dtr. Heggland, f. 1672. Born: Magdela, f. 1700, ug., Agata, f. 1713, g. 1750 Samson Sanden, s. Røykenes 1. Tvo born døydde unge. Ola dreiv fiske attåt gardsbruket og sat tolleg godt i det. Han var sjukleg, og då kona døydde i 1721, let han bruket frå seg. Sjølv fall han frå i 1731. Kristoffer Nilsson Bø, som hadde br. 4, bygsla ogso dette bruket i 1721 og dreiv det saman med sitt bruk. Sjå um han under br. 4.
Magne Larsson Kaland frå Fana, f. ikr. 1700, vart i 1728 gift med Anna Kristoffers dtr. Bø, f. på Sælen 1700, og fekk bygsla bruket etter verfaren. Anna døydde i 1741, og Magne gifte seg att året etter med Inga Arnes dtr. Skjørsand frå Fusa, f. ikr. 1696. Born: Agata, f. 1729, Helga, f. 1732, Lars, f. 1735, s. n., Kari, f. 1739. Magne var tambur og korporal ved major Pritzier sitt kompani (Oskompaniet). Han sat sverande tungt i det. Døtterne måtte tidleg ut i tenesta, og me finn ikkje nokon av dei att i Os. Magne var ein vyrd mann og var lagrettemann i mange år. I 1747 vart han ute for ei leid uheppa. Han hadde uløyves hogge 40 bandastakar i Moldaskogen, og for det tok oberst Pritzier han for retten. Bandastakane var verd 12 skjeling, men Magne vart dømd til å betala alt det han åtte og hadde for dei og dertil 16 dalar i sakskostnader. Attåt vart han dømd til «at miste sin hud udi fengslett», d. v. s. hudstrykast. Magne søkte Kongen um ettergjeving og truleg fekk han det, då me ser at han atter var lagrettemann året etter. Magne og kona døydde begge same vika i 1776.
Magne var busett i den gamle gardstova, som alle i vestre tunet åtte ihop, og hadde koven ved stova åleine. Seinare sette han upp ei liti røykstova på eigen kostnad. Sengebud hadde han saman med grannen på bruk 4, men ei lang sval og eit skot attåt budi høyrde til bruket her. Løda hadde alle grannane på vestre tunet ihop og likeins eldhuset, men ein liten kove attåt eldhuset rådde Magne over åleine. Eit fjos med timbra skot og eit sauehus stod på bruket. Dette hadde ogso havt smidja og naust, men desse husi var burte i Magne si tid.
Lars Magneson Bø, f. 1735, bygsla farsbruket i 1764. G. 1765 Lisbet Nils dtr. Eide, f. 1741. Av 6 born vaks berre ein gut upp: Nils, f. 1774, s. n. Lars sat tungt i det likeins som faren, men han var ein vyrd mann og var fast stemnevitne i Osbygdi i mange år. Lars døydde i 1810 og Lisbet i 1816. Nils Larsson Bø, f. 1774, vart brukar etter faren i 1800, G. 1800 Eli Ols dtr. Skogen, f. 1775. Born: Lisbet, f. 1800, g. 1826 Svein Gåssand, s. Sælen .2, Eli, f. 1802, g. 1841 bøkkare. Ola Olson Høgansen, b. Bergen. Nils sat tolleg godt i det, men han heldt husi sine so kleint at han måtte leggja ei stor husåbod til jordeigaren. Han døydde alt i 1803.
Jon Andersson Berge frå Fusa, f. p. Tombra 1769, vart i 1804 gift med ekkja Eli Ols dtr. og fekk bygsla bruket same året. Eli døydde på barseng i 1819, og Jon gifte seg att året etter med Marta Mons dtr. Søfteland, f. 1787. Born: Hans, f. 1802, g. 1833 Engel Kvalesund, s. Osøyri 4, Agata, f. 1806, g. 1838 arbeidar Jørgen Mikkelsen frå Leikanger, b. Bergen, Kristi, f. 1809, s. n., Gjertrud, f. 1815, g. 1837 Jon Jørgenson Skard, b. Tysse i Samnanger. 3 born døydde unge. Jon dreiv fiske attåt gardsbruket. I 1808 var han i livsfåre i Oselvi, s. ytre Moberg 3. Han døydde i 1865, over 96 år gamall. Kona fall frå i 1855.
Anders Nilsson Bø, f. 1796, vart i 1832 gift med Kristi Jons dtr. Bø, f. 1809, og fekk 3 år seinare bygsla bruket etter verfaren. Kristi døydde på barseng med tvillingar i 1833, etter at ho året fyrr hadde fenge ei dotter. Alle 3 borni døydde unge. Anders gifte seg att i 1836 med Kari Mons dtr. Søfteland, f. 1790. Kari var syster åt «gamlekona» i huset og fekk soleis syster si til kårkona. Kari døydde i 1844, og Anders gifte seg att tvo år etter med Anna Ols dtr. Kuven, f. 1793. Dei tvo siste giftarmåli var barnlause. Anders dreiv med sjøen likeins som fyremannen. Han døydde i 1868 og Anna i 1853.
Mons Larsson Molda, f. 1833, bygsla bruket etter Anders i 1863 og kjøpte det av Lysekloster i 1876 for 440 spd. G. 1865 Synneva Hans dtr. indre Moberg, f. 1840. Born: Maria, f. 1866, s. br. 17, Ingeborg, f. 1868, s. Valle 2, Hansina, f. 1869, hushjelp, d. ug. 1939, Anna, f. 1873, g. 1916 Andreas Sjurson Ytreli frå Aurland, b. Rådal i Fana, Mons, f. 1880, s, n., Hans, f. 1886, s. br. 23. Mons var bygningsmann og steinarbeidar. Han døydde i 1917 og kona i 1908.
Mons Monson Bø, f. 1880, skøytte farsbruket i 1906. G. 1906 Andrea Lars dtr. Vik frå Strandvik, f. 1876. Born: Sofia, f. 1908, g. 1939 e. Jørgen Henrikson Søfteland, s. S. 39, Magnus, f. 1910, s. n., Klara, f. 1916, hushjelp. Eit barn døydde tidleg. Mons var murar og steinarbeidar. Han døydde alt i 1924.
Ekkja Andrea Lars dtr. hev stjorna bruket etter at mannen døydde.
Magnus Monsson Bø, f. 1910, hev arbeidt på bruket saman med mori. Han er elles trearbeidar.
BØ 7 (Bøkrake).
Hans Johannesson Tveit, f. 1723, busette seg her i 1770. Han hadde fyrr havt eit bruk på øvre Rød, s. o. R. 1, og flutte derfrå i 1766. I 1768 finn me han skriven for «Hans Hauen», men kvar denne Haugen var, veit me ikkje. At han fekk bustad her kom truleg av, at andre kona hans var dotter åt Kristoffer Bø på br. 3, s. d. G. I 1750 Gjertrud Nils dtr. Gåssand, f. 1727, d. 1761, g. II 1762 Kari Kristoffers dtr. Bø, f. 1729. Born: Nils, f. 1752, d. ug. 1780, Anna, f. 1754, Kristi, f. 1758, Mari, f. 1759, g. 1791 Ingebrigt Sørstrønen, s. 5. 1, Kari, f. 1760, Gjertrud, f. 1763, Marta, f. 1768. Ei gjenta døydde tidleg. Hans sat tungt i det, og dotterne måtte tidleg ut i tenesta. Ingen av dei var gifte i 1790, og med undantak av Mari Sørstrønen finn me ingen av dei att i Os. Hans døydde her i 1794 og kona ikr. 1790.
Ola Olson Borgen, f. 1754, vart brukar her etter Hans. G. 1792 Kari Hans dtr. Heggland, f. 1770. Dei hadde ikkje born. Ola dreiv fiske og greidde seg tolleg godt. Truleg flutte han og kona frå bruket på sine gamle dagar, då me ikkje finn at nokon av dei døydde i Os.
Mennene på Bø brukte no plasset saman med sine bruk til 1876.
Hans Samsonson Ulven, f. 1842, festa bruket i 1876 og kjøpte det av br. 3 i 1883. G. 11871 Barbru Tomas dtr. Hovland, f. 1832, d. 1891, g. II 1892 Johanna Peders dtr. Lid f rå Samnanger, f. 1850. Born: Anna, f. 1876, syerske, b. Bergen. Hans, f. 1893, g. 1923 Ingeborg Stole, s. Sælen 5. Tvo born døydde unge. Hans var trearbeidar og dreiv mykje med laggingsarbeid o. a. I 1905 flutte han til Sælen, s. 5. 5. der han sidan vart buande og der me finn meir um han.
Johan A. Mowinckel kjøpte bruket i 1908 og lagde det til bruket på Molda, s. M. 1. Det hev no gjenge inn i Moldagarden.
BØ 8 (Nedrebø).
Engjel Vigleikson Åbotneset frå Strandvik, f. 1728, festa eit stykke av Bø og busette seg her i 1775. Han hadde fyrr vore på Klyva nokre år som styrar eller dreng hjå Kristoffer Pritzier. G. 1771 Elseborg Kristens dtr. Buskengen, (Lysekloster), f. ikr. 1732. Born: Sigrid, f. 1774, Velina, f. 1779, g. 1803 Ola Søfteland, s. Askvik 1. Engjel dreiv med sjøen likeins som grannen i Bøkrake. Då kona døydde ikr. 1798, flutte Engjel frå plassen. Han døydde på Borgen i 1802.
Bruket fall no attende til Bø og vart brukt av mennene der.
Ola Johannesson Skavhella (Eide), f. 1827, festa bruket i 1863. I 1873 kjøpte han det av Lysekloster for 175 spd. G. 1864 Brita Jons dtr. Mæland frå Kinsarvik, f. 1830, som var jordmor i Osbygdi. Dei hadde ikkje born. Ola var sjømann og jakteførar. Han og kona hadde sterke religiøse hugmål, og saman med brørne Synnestvedt o. fl. gjorde dei upptaket til indremisjonsarbeidet i Osbygdi. Sjå um Ola og Brita 0. B. I 329—30 og 636. I 1901 selde dei bruket her og flutte til ein ny eigedom på Bø, s. br. 20, der det er nemnt meir um dei.
Apotekar Johan Lothe frå Bergen, f. 1855, kjøpte bruket i 1901. G. 1879 Halvara Elina Ellingsen, f. 1860. Dei nytta eigedomen til sumarbustad. Johan Lothe døydde i 1932, og ekkja skøytte bruket i 1933 til sonen apotekar Johan Olaf Lothe, som er eigar no. Han hev sumarbustad på bruket likeins som faren.
BØ 9 (Bøtræ).
Ola Steinson Forstrørnen, f. 1833, festa i 1863 eit stykke av garden ved grensa til Klyva og busette seg her. I 1878 kjøpte han bruket av Lysekloster for 300 kroner. G. 1862 Brita Johannes dtr. Bø, f. 1840. Av 5 born vaks berre tvo upp: Stein Johannes, f. 1866, s. n., Rasmus Olai, f. 1872, s. br. 21. Ola dreiv med treskoarbeid o. a., og i mange år var han postberar frå Osøyri til postopneriet på Lyssand. Han døydde i 1908 og kona i 1920.
Stein Johannes Olson Bø, f. 1866, skøytte bruket etter faren i 1895. G. 1894 Johanna Kristoffers dtr. Ferstad, f. 1864. Born: Ola, f. 1895, s. n., Anna, f. 1897, d. ug. 1921, Kristoffer, f. 1898, målar, g. 1920 Sigrid Jakobs dtr. Ålvik, Brita, f. 1901, g. 1925 Johan Lundetræ, s. Hauge 37, Johan, f. 1903, g. 1930 Amanda Vinnes, s. ytre Moberg 12, Maria, f. 1905, g. 1933 Hans Lundetræ, s. Os 33. Stein hev vore murar og steinarbeidar.
Ola Steinson Bø, f. 1895, skøytte farsbruket i 1935 og er eigar no. G. 1914 Petra Lars dtr. Skår frå Hamre, f. 1894. Born: Leif, f. 1914, kontormann, b. Bergen, Sigvard, f. 1917, slaktar, Jon, f. 1919, fabrikkarbeidar. Ola er stein- og gards- arbeidar.
BØ 10 (Bødalen).
Elling Olson Storum, f. 1839, bygsla i 1873 eit jordstykke «Bødalen», eller som det ogso vart kalla «Kyrkjedalen», og busette seg her. G. 1867 Margreta Jans dtr. Øvredal, f. 1836.
Born: Ola, f. 1867, s. n., Jan, f. 1870, skomakar, g. 1895 Dagny Hansen frå Litlelid i Fusa, b. Bergen, Gurina, f. 1876, g. 1923 Engjel Midthus, s. Hauge 25. Tvo born døydde unge. Elling var gardsarbeidar på Molda og dreiv ogso med steinarbeid. Han døydde i 1907, medan kona livde radt til 1926.
Ola Ellingson Bø, f. 1867, kjøpte farsbruket av br. 1 i 1893. G. 1890 Martina Hans dtr. Lønningdal, f. 1853. Born: Margreta, f. 1896, g. 1915 Nikolai Tøsdal, s. T. 2, Ingeborg, f. 1898, s. n. Ei gjenta døydde ung. Ola er murar og steinarbeidar.
Ingeborg Ols dtr. Bø, f. 1898, arbeider på bruket og er busett hjå faren. G. 1934 ljosverksarbeidar Jens Jenssen. Born: Ola Tomas, f. 1934, Inger Margreta, f. 1936. Jens hev sitt arbeid i Bergen.
BØ 11 (Skoglund).
Nils Andersson Klyva, f. 1819, festa ei tuft og busette seg her, då han i 1883 slutta paktingi på Molda. Sjå um han og huslyden hans under Klyva 3.
Anders Nilsson Klyva, f. 1852, bygsla bruket i 1894 av br. 5 og busette seg her etter faren. I 1909 vart bruket serskilt skyldsett, og Anders kjøpte det same året. G. 1892 Ingeborg Kristoffers dtr. Ferstad, f. 1862. Born: Nils, f. 1893, s. n., Kristoffer, f. 1895, g. Tora Tomas dtr. Moberg, i Amerika, s. 0. B. II 43, Anna, f. 1896, g. 1918 Lars Lyssand, s. L. 3, Hilda, f. 1902, g. Peder Tomasson Veivåg frå Austevoll. Anders var sjømann. Han døydde i 1911.
Ekkja Ingeborg Kristoffers dtr. hadde bruket etter at mannen fall frå. Ho døydde i 1936.
Nils Andersson Bø, f. 1893, skøytte bruket etter mori i 1936. G. 1923 Gyda Tomas dtr. Veivåg frå Austevoll, f. 1903. Born: Ingeborg, f. 1924, Solveig, f. 1925, Anders, f. 1927, Tomas, f. 1928, Georg, f. 1930, Erling, f. 1931, Sigrid, f. 1934, Kirsten, f. 1936, Heine, f. 1937, Herborg, f. 1939. Nils er Jord- og gardsarbeidar.
BØ 12 (Midtbø).
Ola Vinsjansson Lien, f. 1832, kjøpte i 1882 ein part av br. 4 og bygde på bruket. G. 1883 Kari Steffens dtr. øvre Rød, f. 1852. Born: Vinsjans, f. 1885, major i Frelsesarmeen, g. Berntina Styve frå Ålesund, b. Java, s. 0. B. II 46, Steffen, f. 1886, målar, d. ug. 1906, Andreas, f. 1890, målar, d. ug. 1916, Karl, f. 1893, s. n. Ola var rosemålar og var ein meistar til å laga rosor og rim på ølbollar og korgjer, tiner og andre ting som han målte. Han døydde 93 år gamall i 1925. Kona fall frå i 1922.
Karl Olson Midtbø, f. 1893, skøytte bruket etter faren i 1918 og hev det no. G. 1919 Anna Hans dtr. Tøsdal, f. 1896. Born: Ola, f. 1920, målar, Kari, f. 1921, hushjelp, Hans, f. 1924, Annlaug, f. 1926. Karl er målar likeins som faren. Han hev vore med i skulestyret og anna kommunalt arbeid.
BØ 13 (Solbakken).
Elisa Nils dtr. Leganger, Molda, f. p. Ullensvang 1814, kjøpte i 1884 ei tuft av br. i og busette seg her. Ho hadde fyrr vore busett heime på Molda. Elisa døydde i 1900.
Abigael Maria Elisabet Andrea Matzow, f. p. Nordfjordeid 1819, fekk i 1904 skøyte på bruket av arvingane etter Elisa Leganger. Andrea, som var uppfostra på Ferstad, s. F. 1, hadde vore busett saman med Elisa i mange år. Andrea Matzow døydde her i 1905.
Knut Tomasson Rødne (Røen) frå Samnanger, f. 1879, kjøpte bruket i 1906. Knut hadde vore oppfostra på Bjånes, s. B. 4. G. 1902 Gurina Ols dtr. Klyva, f. 1878. Born: Anna, f. 1902, g. gardbrukar Johannes Bahus, b. Fana, Olav, f. 1904, Sjømann, d. 1924, Ragnhild, f. 1907, hushjelp, Tomas, f. 1909, bankkasserar, Fridthjof, f. 1912, d. 1926, Klara, f. 1915, g. gardbrukar Sigurd Steintveit, b. Samnanger, Harald, f. 1918, trearbeidar. Knut driv med jorda og gardsarbeid.
BØ 14.
Cathrine Schnelle frå Bergen og systeri Caroline Schnelle kjøpte ei tuft av br. 3 i 1886 og bygde her. Då dei døydde, arva broren skipsmeklar Gerhard Schnelle i Bergen bruket. Kona hans, fru Birgitte Schnelle, skøytte eigedomen i 1906 og vart eigar av bruket.
Nils Engjelson Særvoll, f. 1882, kjøpte bruket i 1921 og hev det no. G. 1903 Kari (Kaia) Haldors dtr. Lysøy, f. 1879. Dei hadde fyrr havt eit bruk på Hauge, s. H. 22, der ein finn um dei og huslyden elles.
BØ 15 (Knausen).
Knut Johannessen frå Bergen, f. p. Tysnes 1826, og kona Anna Maria Johannessen, f. i Bergen 1829, kjøpte ei tuft av br. 3 i 1888 og bygde på tufti. Dei hadde fyrr vore busette i Bergen, der Knut dreiv skomakarforretning, og han heldt fram med yrket i Os. Knut selde her i 1906.
Ingeborg Magnus frå. Bergen, f. 1835, og systeri Anna Dortea Magnus, f. 1849, kjøpte bruket i 1906 og’ busette seg her. Ingeborg døydde i 1930 og Anna i 1933.
Prost Knut B. Saure kjøpte bruket av buet etter Anna Magnus i 1934 og er busett her no. Sjå um han 0. B. I 412-413. Knut Saure tok avskil som sokneprest til Os og prost i Midhordland i 1933.
BØ 16 (Fagerbø).
Johanna Kroepelien frå Bergen, f. 1823, og Kristina Maria Valeur frå Bergen, f. 1824, kjøpte i 1889 ein part av br. 4 saman med eit hus, som eigaren Johannes Bø fyrr hadde bygt på bruket. Dei hadde fyrr vore lærarinnor i Bergen. Johanna døydde i 1901, og Kristina vart då eigar åleine. I 1902 selde ho bruket og flutte seinare til Flåten (Kuven), der ho døydde i 1915.
Kjøpmann Frantz Olsenfrå Bergen kjøpte eigedomen i 1902 og nytta den til sumarbustad. Etter at han døydde, overtok ekkja Birgitte Olsen bruket, som ho hadde til sin død 1925. Sonen bladstyrar Johan Nordahl Olsen og dotteri fru Birgit Kolderup vart då eigarar, og den siste fekk skøyte på bruket. Ho hev det no.
BØ 17 (Sten).
Hans Johannesson Lundetræ (Lunden), f. 1870, skøytte i 1893 eit stykke av verfaren sitt bruk, der han bygde og busette seg. G. 1892 Maria Mons dtr. Bø, f. 1866. Born: Magdela, f. 1892, g. 1913 Peder Bratlund, s. ytre Moberg 11, Mons, f. 1897, s. n., Synneva, f. 1900, g. 1930 Paul Paulsen, s. Lyssand 18. Hans hev drive med gartnar- og hagearbeid og hev ogso vore steinarbeidar.
Mons Hansson Sten (Bø), f. 1897, skøytte bruket etter faren i 1936 og er eigar no. G. 1926 Frida Bø frå Ålesund, f. 1900. Born: Hans, f. 1928. Mons er telegrafist ved jernbanen og er busett på Nesttun i Fana.
BØ 18.
Stein Olson Bø, f. 1864, skøytte i 1894 ei tuft av br. 3 og bygde på tufti. G. 1889 Brita Jons dtr. Trengereid frå Samnanger, f. 1865. Born: Ingeborg, f. 1890, g. 1915 telefon-arbeidar Ola Solen frå Manger, b. Bergen, Jørgen, f. 1893, g. 1922 Brita Hjelle, s. H. 3, Sofia, f. 1898, g. 1923 fabrikkarbeidar Olai Sandal frå Fana, b. Hop, Maria, f. 1902, g. 1929 Johannes Hjelle, s. H. 1, Ola, f. 1904, s. br. 1. 11908 selde Stein bruket på Bø og flutte til Våge i Samnanger, s. 5. B. 189.
Nils Danielson ytre Drange, f. 1872, kjøpte bruket i 1908 og busette seg her. G. 1906 Elina Nils dtr. Bø, f. p. Klyva 1867. Nils er skomakar og driv skomakarverkstad på eigedomen. Han hev vore ein framifrå skyttar og var «skyttarkonge» (beste skyttar i landet) i 1898.
BØ 19 (Fjordgløtt).
Helena Mehn frå Bergen, f. 1851, og systeri Karen Mehn, f. 1843, kjøpte i 1894 eit jordstykke av br. 3, saman med eit hus som stod på bruket, og busette seg her. Karen hadde fyrr vore lærarinna i Bergen. Helena døydde i 1919 og Karen i 1923.
«Karen og Helena Mehns legat» fekk skøyte på eigedomen i 1921 og åtte den i 10 år.
Harald Haraldson Gille frå Fana, i Bergen 1899, kjøpte bruket i 1931 og er busett her no. G. 1926 Brita Klaus dtr. Lunde, f. 1901. Born: Aslaug, f. 1927, Haldis, f. 1934. Harald var gartnar og hagearbeidar. Han døydde i 1941.
BØ 20 (Fagerbø).
Ingebrigt Olson Bø, f. 1866, kjøpte i 1895 ei tuft av farsbruket sitt og busette seg her, då han flutte frå br. 3 som han hadde havt frå 1887. Sjå um Ingebrigt og huslyden hans under br. 3. I 1901 selde han her og flutte til Berge, s. B. 5.
Ola Johannesson Nedrebø, f. 1827, kjøpte bruket og flutte hertil, då han selde det fyrre bruket sitt i 1901. Sjå um han under br. 8. Ola døydde her i 1920 og kona i 1915.
Ingeborg Ommunds dtr. Mæland frå Kinsarvik, f. 1861, som hadde tent hjå Ola i mange år, fekk skøyte på bruket i 1917. I 1921 selde ho att og flutte heimatt til Kinsarvik.
Kristoffer Hansson Vindenes frå Strandvik, f. 1895, kjøpte bruket i 1921 og er busett her no. G. 1918 Anna Birgitta Eriks dtr. Hagesæter frå Hamre, f. 1896. Born: Håkon, f. 1919, trearbeidar, Ingolf, f. 1922, trearbeidar, Gerd, f. 1926, Aud, f. 1934. Kristoffer er snikkar og trearbeidar.
BØ 21 (indre Bø, Bøtræ).
Rasmus Olai Olson Bøtræ, f. 1872, skøytte i 1895 ei tuft av farsbruket, der han bygde og busette seg. G. 1894 Rakel Tomas dtr. Krokeid frå Fana, f. 1872. Rasmus var gardsarbeidar og gardstyrar. I 1909 flutte han til Heggland, s. H. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Ivar Sveinson Kuven, f. 1880 kjøpte bruket og flutte hertil i 1910. G. 1905 Anna Johans dtr. Hetleflåten, f. 1878. Born: Sverre, f. 1905, sjauffør, Einar, f. 1909, målar, g. 1934 Margit Johannessen frå Bergen, (born: Tore, f. 1935, Aud, f. 1937, Kjell, f. 1939), Dagny, f. 1915, hushjelp. Ivar var gards-arbeidar og dreiv ogso med telefonarbeid. Han døydde i 1930.
Ekkja Anna Johans dtr. hev bruket no.
BØ 22 (Nyheim).
Marta Anders dtr. Bø, f. 1853, tok undan eit stykke av av bruket sitt, då ho selde det i 1906, og bygde her. Sjå um henne under br. 1. Ho døydde her i 1935.
Borgny Sjurs dtr. Bø, f. 1883, fekk skøyte på bruket av mori i 1906 og busette seg her. Ho vart gift i 1907 med Karl Svendsen, f. p. Kuven (Heien) 1884. Born: Sverre, f. 1909, s.n. Karl var gardstyrar på Molda, s. M. 1, til han døydde i 1932. Borgny hadde so bruket til ho fall frå i 1939.
Sverre Svendsen, f. 1909, fekk bruket etter mori. G. 1932 Gudrun Antonette Jensen frå Bergen, f. 1909. Born: Borgny, f. 1932, Karen, f. 1934, Karl, f. 1936. Sverre er sjauffør.
BØ 23 (Nybø).
Hans Monsson Bø, f. 1886, kjøpte i 1910 ei tuft av broren sitt bruk og bygde på tufti. G. 1910 Olina Lars dtr. Utskot frå Samnanger, f. 1888. Born: Synneva, f. 1911, hushjelp, Lars, f. 1913, sjauffør, Mons, f. 1916, trearbeidar. Hans var steinarbeidar. Han døydde alt i 1922.
Ekkja Olina Lars dtr. hev havt bruket etter at mannen fall frå.
BØ 24 (Heggelund).
Ingebrigt Olson Bø, f. 1866, kjøpte i 1910 ein part av broren Johannes sitt bruk og busette seg her, etter at han ei tid hadde vore busett på Berge og Hauge, s. B. 5 og H. 20. Sjå um han under Bø 3 og 20.
BØ 25.
Anna Johannessen, f. i Nordstrønen 1895, fekk i 1927 utskild ei tuft av verfaren sitt bruk, br. 3, og bygde på tufti. Anna vart gift 1918 med lærar Trygve Johannessen, som døydde i 1925, s. 0. B. I 373. Born: Torleif, f. 1919, Arnlaug, f. 1921, Eldbjørg, f. 1923, Trygve, f. 1925.
BØ 26 (Bøthun).
Fritz Johannesson Bø, f. 1904, skøytte i 1934 eit stykke av broren sitt bruk og busette seg her. G. 1932 Inger Tangerås frå Strandebarm, f. 1909. Born: Torolf, f. 1933. Fritz er trearbeidar.
BØ 27 (Vågsbø).
Ola Steinson Våge, f. 1904, tok undan eit jordstykke då han selde hovudbruket i 1937 og vart sidan buande her. Sjå um han og huslyden hans under br. 1.