Gaassand Kraftstasjon
Laurdag kom det over 30 på foredrag, søndag kom over 50 på omvising på Gassand kraftstasjon.
Kjetil Vasby Bruarøy
29. august 2016 – 11:12
Os sogelag har engasjert seg for Gaassand kraftstasjon. Laurdag arrangerte dei foredrag på Os folkebibliotek, søndag var det omvising.
– Vi er overvelda over interessa, seier Olav Søfteland og Oddbjørn Klyve frå sogelaget.
Bildeseriar: Så stygg og så fin er Gassand kraftstasjon.
Tidlegare overingeniør i Os E-verk og styreleiar i Os E-verk og Oskraft AS, Norvald Skåtøy, og seinare direktør for Oskraft AS, Øystein Moberg, stilte med fagleg kompetanse. Med på omvisinga var òg nokre av dei som har jobba ved stasjonen, Ragnar Nesheim og Johan Helland. .
Då Osbygda i 1914 fekk elektrisitet kom all straum frå denne kraftstasjonen. Gassand var einaste straumforsyning fram til 1920 og var i drift til 1965. Fram til 1979 var den òg i drift morgonane og ettermiddagane, då straumforbruket er på det høgaste.
– Det blei utført vedlikehald her seinast på slutten av 80-talet, men då Os kommune overtok eigarskapen slo dei av varmen. Eg jobba inn mot kultureininga og formannskapet med ei sak i 2012, i forsøk på å få tatt vare på stasjonen. Den gong konkluderte dei med at dette var for spesielt interesserte, fortel Norvald Skåtøy til Midtsiden.
Både Skåtøy og sogelaget ser for seg ei betre framtid for kraftstasjonen.
– Alt er autentisk, slik det var i 1914, både bygning og utstyr. Stasjonen er allereie som eit museum, og dette bør vera noko både skuleelevar, elektro-studentar og andre kan ha nytte og glede av, seier Klyve og Søfteland.
Under følgjer Olav Søfteland sitt referat frå sogelaget si helg med kraftstasjonen som tema:
Stor interesse for Gåssand kraftstasjon
Os Sogelag hadde søndag 28. august omvising i kraftstasjonen på Gåssand, og nær 60 personar møtte. Mange tok også turen langs røyrgata og til dei to dammane i Krokvatnet. Herifrå kom vatnet som dreiv kraftstasjonen. No får største delen av Os drikkevatnet sitt herifrå.
Dei frammøtte viste stor interesse og fekk sakkyndige orienteringar frå tidlegare tilsette ved Os E-verk og Oskraft AS, Norvald Skåtøy, Ragnar Nesheim, Johan Helland og Øystein Moberg. Det vart gitt ei god innføring i korleis ein kraftstasjon fungerte – korleis elektrisk kraft vart produsert – og i prinsippet fungerer i dag, sjølv om den tekniske utrustninga er heilt annleis no.
Kraftstasjonen på Gåssand var ferdig i 1914. Stasjonen forsynte åleine Os med elektrisk kraft fram til midten av 1920-talet. Seinare vart han samkjørt med BKK og var i full drift til og med 1965. I nokre kalde vintrar på 1970-talet måtte osingane også få kraft frå Gåssand.
Kulturminne i dårleg stand
Dessverre er kraftstasjonen no i dårleg stand. Delar av taket må reparerast snarast. Veggane ser fæle ut med avskalla maling p.g.a. fuktigheit. Turbinane, generatorane og anna utstyr ser ut til å ha klart seg bra.
Mange av dei som var i kraftstasjonen denne søndagen, var nok overraska over at det finst eit slikt anlegg i kommunen. Sidan stasjonen er slik som i 1914, har me her eit heilt spesielt kulturminne som bør takast vare på. Det var mange som sa dette då dei hadde vore inne i stasjonen.
Foredrag om kraftstajonen
30 personar møtte fram i Os folkebibliotek sist laurdag ettermiddag i fineveret for å høyra Øystein Moberg fortelja den fantastiske soga om Gåssand kraftstasjon og handlekraftige menn som fekk gjennomført dette anlegget.
Frå slutten av 1800-talet fekk me ei rivande utvikling av elektrisk kraft. Thomas Edison fann opp glødelampen i 1879.
Os heradstyre vil ha elektrisk kraft
Osingane vart inspirert av Stend kraftverk som var ferdig i 1912. Fabrikkeigar Svendsen, kjøpte Lundetræfossen i Oselva og tilbaud kommunen rettane slik at det kunne byggjast kraftverk der. Den 28. november 1911 valde heradstyret ei nemnd for å arbeida med saka. I nemnda var planteskulestyraren på Søfteland Hans M. Skinstad, direktøren for Osbanen Johan Wilhelm Michelet Heidenreich og ordførar Hans Eide. Heidenreich og Eide var stemt for å byggja kraftverk i Lundetræfossen som skulle kunna yta 180 hk. Skinstad meinte dette var for lite, og han fekk med seg to andre, Ole A.O. Haugland og Ole Lundetræ, og desse tre peika på vassdraget frå Krokvatnet til Gåssand. Eit vassfall på 63 meter skulle kunna gje ca. 1000 kw.
Avgjerande vedtak
Etter at heradstyret først i august 1912 hadde gjort vedtak om å kjøpa vassfallet i Lundetræfossen for inntil 10000 kroner, gjorde heradstyret nye samrøystes vedtak 14. og 28. desember 1912 om kjøp av vassrettane på Gåssand. «Lysverkskomitéen» som vart forsterka med to menn, Jakob Halhjem og Ole Lundetræ, fekk fullmakt til å avslutta handelen om vassrettane med grunneigar Peder Gaassand. Kontrakt vart underskriven 17. januar 1913 og 18. januar vedtok heradstyret bygging av kraftverket på Gåssand. Til byggjekomité vart valde Heidenreich, H.M. Skinstad, Ole O.A. Haugland, Ole Lundetræ og Hans Eide. 15. februar 1913 vedtok heradstyret å låna 150000 kroner med tilbakebetaling over 40 år. Lånet var seks gongar kommunebudsjettet! Modig kommunestyre!
Anleggsperioden
Først vart det bygd veg frå Gåssand til kraftstasjonen, ca. ein kilometer. Stasjonstomten, den 320 meter lange røyrgata, og begge demningane var ferdige våren 1914. Det var arbeidarar frå Sunnfjord som bygde demningane for 5 kroner pr. dag. Det var den tids oljeløner.
Sand, sement og anna til dammane måtte kløvjast med hest. Seinare vart det lagt ein skinnegang i røyrgata. Jens Hjelle kom med motor og fekk utstyret lett opp. For å frakta utstyr til Gåssand vart det kjøpt ein motorbåt, «Tordenskjold», av Nicolaisen på Osøyro. Motoren var så lunefull at det var berre Nicolaisen som kunne føra båten. Turbinen på ca. to tonn måtte dei ta på isen frå Storestraumen, men det hasta, våren og isløysing nærma seg. Turbinen kom med halv fire-toget og vart ført til Gåssand same kvelden. Transporten vart styrt etter eit lys som var hengt opp på Gåssand. Ein vågsam tur.
Generatoren som vog to og eit halvt tonn, vart ført frå Søfteland stasjon på fire skinner langs vegen. Mykje strevsamt arbeid berre med handemakt!
Dørseljarar selde kraft. Dyrt å bruka strykejern
Dørseljarar selde kraft, kr 2,50 pr. lyspære pr. år. For strykejern var prisen kr 5,00 pr. år og med klausul om at strykejernet ikkje måtte brukast etter at det var blitt mørkt!
Om kvelden var det lyspærene som skulle ha førsteretten.
Så vart det lys
Den 28. november 1914 vart straumenen sett på. Då fekk ein elektrisk lys på Søfteland og på Os. Året etter kom elektrisiteten til Halhjem og Lysefjorden.
Øystein Moberg avslutta foredraget med å gje ros til det framsynte kommunestyret og «lysverkskomitéen» som klarte å få kraftverket bygd på knapt to år – tre år etter at idéen var sådd.
Fantastisk effektivitet, sa Moberg. Noko ein kan læra av i dag!
Os Sogelag
Olav Søfteland