Tøsdal

Frå OS SOGA III side 490- 498

58 TØSDAL

Gardsnamnet er ~dal, samansett med eit gammalt elvenamn pyssa av puss, tusse eller troll, soleis her trollelvdalen. Ikkje mindre enn 9 elvar i Hordaland hev eit namn som liknar på elvenamnet her. Trollelvi som hev gjeve Tøsdal namnet kann ikkje vera storelvi som renn gjenom Osdalen, men må vera den mindre elvi som kjem ned gjenom glufsi frå Tøsdalsfjellet.

Uttale: Tø’sdal. Skrivemåtar: Twssedal (1519), Thesdal (1553), Tesdall (1597), Theesdall, Thisdall, Tiisdall, Tiesdall, Thysdall, Thøsdall, Thøsselanndt (1614), Thørissdall (1618), Toᶞtswold (1650), Tøsdall, Tøsdal (1723).

Garden ligg i dalsøkket millom Borgefjell og Tøsdalsfjellet, på austsida av Oselvi og Tøsdalsvatnet. Lysekloster åtte garden tildess bygslemennene kjøpte i 1872.

Or gamle matriklar og teljingar:

1668: Saar 4 1/2 tønder, afler 18 tdr., ehr god brende og løfskog til, paalagt at plante homblehagge, ehr it laxe heller ørret sedt till. 1723: Ingen sætter, men skoug til husene forbedring og brendefang, en liden flomqvern iche nær tilstrechelig til opsiddernes fornødenhed, tørt agerland, skiels letvunden. Haver ingen næring uden deres gaards aufling.  Ellers er gaardens ager og eng skade under given, ved et vand, som ligger ved gaarden, når stoer flom indfalder.  1865: Har 13 maal dyrket ager og eng, deraf 8 maal godt, 3 middels og 2 slet, har 86 maal naturlig eng, deraf 18 maal godt, 47 middels og 21 slet, af englandet kan 10 maal dyrkes. Har skog til husbrug og kan sælge furu og birk for 16 spd. aalig, føder 1 ko og 1 ungnød ved lyng, er letbrugt og almindelig drevet.  Har i vandfald for mølle til eget brug, svarer havneleie til Formann med 32 skilling for hvert brug gaarden lider af oversvømmelse.

Busetnad og buskap.

 Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsadUtsad
 lydar.skje.tar.fe.ler.ter. korn.poteter.
16572 11385     
16682 222   4,5tun.  
17232 21618  6»  
1800214         
1835221212201815»3tun.
18653191174727212»13»
190031631931 36hl20hl.
192041332125 38mål4,5mål
193031221952 35,5»4»
1939  32349 12»4,8»

TØSDAL 1.

Biorn i Twssedal (Bjørn Tøsdal) hadde garden i 1519 og er fyrste mann her som me veit namnet på.

Eivind Tøsdal var brukar i 1563. Korleige han hadde garden, veit me ikkje.

Ola Tøsdal var brukar i 1598. Han hadde heile garden likeins som dei tvo brukarane som er nemnde ovanfyre. Kvar dei var frå, veit me ikkje.   I skattelista for 1591 er ikkje Tøsdal medteken, men det var tvillaust ogso då ein brukar på garden. Kannhenda var brukaren ein fatigmann eller ei ekkja som var skattefri, og som difor ikkje kom med på skattelista.

Nils Tøsdal bygsla garden i 1603, men brukte han saman med Ola dei fyrste 4-5 åri.  Me kann soleis med vissa tru at Nils var ein son åt Ola, eller at han var gift med ei dotter hans. Frå 1608 var Nils brukar åleine.   I 1611 vart garden skift i tvo bruk, s. br. 2, men i 1618 måtte Nils ta det heile att.   I 1638 let han atter halve garden frå seg, s. br. 2. Nils var velstandsmann i mange år, men det gjekk so nedover med han, og tilslutt vart han fatigmann og skattefri. Nils var ein vyrd mann i bygdi, og han var m. a. domsmann i saki um Lekven laksevåg 1632. Han døydde i 1642.

Ekkja etter Nils, me veit ikke namnet hennar, hadde so bruket eit par år.

Rasmus Jakobson Borgen, f. ikr. 1620, vart brukar i 1645.  Han vart då gift med ei som heitte Magdela Ols dtr., f. ikr. 1622. Ho var truleg Osgjenta, men det var so mange Ola’er i bygdi på dei tider, at det er uråd å segja kven si dotter ho var. Av borni kjenner me berre tvo: Kristi, g. 1682 Nils Borgen, s. B. 1, og Jakob, som var ungkar i 1669, men som likevel fekk tvo born det året. Rasmus og grannen hans var vitne i saki som vart reist mot Ola Lyssand i 1659, avdi han hogde uløyves i prestegardskogen, s. Lyssand 1. Det var ein laurdag at Ola Lyssand kjørte timberet or skogen over Oselvi, og begge Tøsdalsmennene, som skulde gå til alters den dagen, gjekk då vegen langs Oselvi og såg hendingane. Rasmus døydde i 1670.

Ekkja Magdela Ols dtr. hadde so bruket eit par år.

Ola Pederson Bø, f. ikr. 1646, vart i 1672 gift med ekkja Magdela Ols dtr. og fekk bygsla bruket. Ho døydde alt i 1677, og Ola gifte seg att året etter med Brita Henriks dtr., f. ikr. 1650, som då tente hjå han. Kvar ho var frå, veit me ikkje, men ho var truleg ikkje Osgjenta. Born: Kristen, f. 1679, ug., Peder, f. 1682, g. 1703 Mari Gjemdal, s. G. 2, Magdela, f. 1685, g. 11706 Nils Sælen, s. S. 1, g. II Jon Nilsson Grimen i Fana, s. F. B. 117, Henrik, f. 1689, ug., Kari, f. 1692, s. n. Tvo born døydde unge.  Ola sat godt i det og var ein av dei likaste bøndene i bygdi.  Saman med Paul Bjånes var han kyrkjeverja i mange år, men han tente ikkje på det umbodet.  Det kom nye kyrkjeverjor i 1705, og det fyrste desse karane gjorde, var å ta Ola Tøsdal og Paul Bjånes for retten avdi dei ikkje hadde vakta skogen i Steindalen. Steindalskogen høyrde då til Oskyrkja. Ola døydde i 1719 og Brita i 1732.

Ola Olson Gjemdal, f. 1694, vart i 1716 gift med Kari Ols dtr. Tøsdal, f. 1692, og fekk bygsla bruket etter verfaren. Dei fekk 10 born, og av desse vaks 5 upp: Kari, f. 1718, g. 1746 Ola Gjemdal, s. G. 1, Brita, f. 1720, g. 1751 Samson Berge, s. Ulven 1, Ola, f. 1722, Lars, f. 1726, s. n., Kristen f. 1728, gjekk «Seminarium Catecheticum» i Bergen og vart den fyrste skulemeistaren i Os, s. 0. B. I 365. Av dei andre 5 borni døydde tvo i ung alder, men korleis det gjekk med Nils, Marta og Magdela, veit me ikkje. Kannhenda fall dei frå tidleg, då me ikkje finn nokon av dei att i Osbygdi. Vegen til Bergen gjekk i dei tider framum Tøsdal, s. 0. B. I 653, og i 1742 skyssa Ola og eldste sonen ein tambur og nokre soldatar upp over vatni.   Dei greidde ikkje ro upp Hellestraumen, men måtte trekkja båten uppover. Båten kvelvde og karane miste munderingsakene sine. Ola døydde 11775 og Kari 11773.

Lars Olson Tøsdal, f. 1726, bygsla farsbruket i 1767. G. 1766 Magdela Ols dtr. Solbjørg frå Samnanger, f. 1kr. 1742. Born: Kari, f. 1767, g. 1790 Isak Nilsson Solbjørg frå Samnanger, Marta, f. 1769, s. n., Lars, f. 1773, g. 1802 Kristi Røykenes, s. R. 1. Lars var båtbyggjar, s. 0. B. I 196, og sat tolleg godt i det.  Grannen var ogso båtbyggjar, og i 1777 kom dei i håri på einannan um båtane.  Saki enda med forlik, og då Hans Hauge nokre år etter fann på å sleppa heile kjyrflokken sin, ialt 12 beist, i Tøsdalsmarki uløyves, var begge grannane samde um å gjera upp med Hans Hauge.  Lars døydde i 1802 og kona i 1810.

Ola Jonson Søfteland, f. 1772, vart i 1793 gift med Marta Lars dtr. Tøsdal, f. 1769, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren.   Lars hadde ellers bruket ihop med versonen so lenge han livde. Marta døydde alt i 1795, og Ola gifte seg att tvo år etter med Magdela Nils dtr. Berge, f. p. Gaupholm 1770, s. Berge 2. Born: Jon, f. 1794, d. ug. 1847, Marta, f. 1799, g. 1823 Johannes Bø, s. Bø 2, Asbjørn, f. 1800, g. 1840 Marta Borgen, s. B. 1, Nils, f. 1807, g. 1835 Kristi Sundøy, s. Lunden 2, Hans, f. 1813, s. n. 6 born døydde i ung alder.  Ola var båtbyggjar likeins som verfaren.  Han var ein velstandsmann og hadde ymse tillitsyrke i bygdi.  M. a. var han mykje nytta som skyns- og takstmann og var lagrettemann i mange år. Då han i 1817 var i vårsildfisket saman med Ola Skogen o. fl., var han med og berga nokre Hålandsdølingar, s. Skogen 1. Ola døydde i 1843 og Magdela i 1842.

Hans Olson Tosdal, f. 1813, bygsla farsbruket i 1842. G. 1841 Marta Lars dtr. Tøsdal, i. 1821. Born: Nils, f. 1842, 1862 Kristi Lunden, s. Søfteland 7, Lars, i. 1843, prest i Amerika, g. 1876 Magdalena Greve, s. 0. B. I 377 og II 44, Ola, I. 1845, s. n., Hans, i. 1849, d. 1868, Malena, f. 1852, g. 1874 Jon indre Haugland, s. i H. 4, Anna, f. 1856, g. 1885 Ola Knutson Mjånes i Strandvik, Ingeborg, f. 1859, g. 1879 Johannes Haukeland, s. H. 1, Maria, f. 1862, g. 1888 John Henderson, i Amerika, s. 0. B. II 44, Henrik, f. 1867, i Amerika, Hans, d. y., IL 1871, i Amerika. Hans var båtbygg]ar og dreiv ogso treskoarbeid. Han døydde i 1882 og kona i 1876.

Ola Hansson Tøsdal, f. 1846, kjøpte farsbruket av Lysekloster i 1872 for 1500 spd. og vart buande her. G. 1875 Maria Jons dtr. Rød, f. 1852. Born: Marta, I. 1876, g. 1905 Ola Gjemdal, s. G. 1, Hans, f. 1878, d. ug. 1913, Anna, f. 1880, g. 1901 Nils Tveit, s, T. 1, Jon, f. 1882, g. 1908 Judith Erichsen, s. Kuven i, Ola, f. 1885, s. n., Maria, f. 1888, s.n. Ola dreiv mykje med skogarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1936, vel 90 år gamall. Kona fall frå i 1922.

Ola Olson Tøsdal, f. 1885, skøytte bruket etter faren i 1918. G. 1914 Klara Johannes dtr. Fosse, f. i Bergen 1890. Dei hadde ikkje born. Ola døydde alt i 1928.

Ekkja Klara Johannes dtr. Hadde so bruket ei stutt tid.  I 1928 let ho bruket i frå seg og flutte til Osøyri, der ho var busett tildess ho vart gift att i 1936 med e. Ola Olson Valle, s, indre Moberg 7.

Maria Ols dtr. Tøsdal, f. 1888, skøytte i 1928 farsbruket av brorkona si og driv bruket no.  Ho hadde fyrr vore styrarinna på Ulven soldatheim.




TØSDAL 2.

Jakob Tøsdal vart fyrste brukar her då garden vart skilt i tvo partar i 1611. Etter det me kann skyna, var Jakob bror åt grannen på br. 1 eller gift med ei syster hans. Jakob sat godt i det alt frå fyrste dag han kom på garden og vart velstandsmann å rekna.  Av huslyden hans kjenner me Ola, f. ikr. 1615, s. n. Marta, g. Ola Jonson Hamre i Fana, s. F. B. 555. Jakob døydde alt i 1618.

Nils Tøsdal, som hadde br. 1, tok no atter bruket som var skilt ut frå hans bruk og stjorna heile garden til dess son åt Jakob vart vaksen.

Ola Jakobson Tøsdal, f. ikr. 1615, fekk i 1638 bygsla bruket som faren hadde havt, og vart då gift med ei som heitte Eli.  Kvar ho var frå, veit me ikkje.  Av borni kjenner me berre tvo: Nils, f. ikr. 1640, s. n., Sesilia, f. ikr. 1645, g. 1670 Jakob Andersson Sælen.  Ola var bygningsmann likeins som grannen på br. 1. Ikr. 1640 bygde dei tvo grannane eit skulehus i prestegarden. Timberet til huset vart hogge i ein skogteig «Huchaasen» som høyrde til Lysekloster, og presten Samuel Loss kosta huset uppsett. Ola døydde alt i 1647.

Ekkja Eli Tøsdal hadde so bruket nokre år.

Ola Nilsson vart gift med ekkja Eli Tøsdal ikr. 1650 og vart brukar her.  Dei fekk ei dotter, Kari, som vart gift i 1691 med Henrik Olson Engjavik i Fana.  Kvar Ola var frå, veit me ikkje.  Han hadde bruket tildess styksonen vart vaksen og let det so frå seg.

Nils Olson Tøsdal, f. ikr. 1640, bygsla bruket etter mori og stykfaren i 1666. Han vart då gift med ei som heitte Anna, f. ikr. 1635, men som me ikkje veit meir um. Anna døydde i 1695, og Nils gifte seg att tvo år etter med ei ekkja som heitte Kari Jørgens dtr., f. ikr. 1651. Kari hadde fyrr vore gift med ein som heitte Halvard Nilsson, og hadde 4 born frå det giftarmålet med seg til Tøsdal.  Kvar Kari og Halvard hadde vore busette, veit me ikkje.  Nils og Anna hadde 6 born, og av dei vaks 4 upp: Brita, f. 1667, g. 1692 Tomas Hjelle, s. H. 2, Anna, f. 1669, g. 1689 Lars Halvardson Holmefjord i Fusa, Ragnhild, f. 1675, g. 1699 Bård Bjånes, s. Øvreide 1, Lars, f. 1680, s. n. Dei 4 borni, som kom med mori til Tøsdal, var: Jørna, f. ikr. 1675, s. n., Anna, f. ikr. 1682, ug., Nils, f. ikr. 1685, g. 1709 Agata Hjelle, s. H. 1, Brita, f. ikr. 1687, ug. Nils var ein vyrd mann i bygdi og sat godt i det.  Han døydde i 1724 og siste kona i 1711.

Lars Nilsson Tøsdal, f. 1680, vart brukar etter faren ikr. 1705. G. I 1703 Jørna Halvards dtr. Tøsdal (dotter åt faren si andre kona, s. o.), I. ikr. 1675, d. 1720, g. II 1721 Marta Ols dtr. Midthus, f. 1693, d. 1723, g. III 1724 Kari Mons dtr. Lønningdal, f. 1688. Med dei 3 konone sine hadde Lars ialt 13 born, men berre 7 vaks upp: Ola, f. 1704, reiste til Kjøpenhamn og kom ikkje heimatt, Halvard, f. 1708, g. 1732 Brita nedre Rød, s. n. R. 2, Nils, f. 1711, g. 1740 Mari Gjemdal, s. G. 3, Lars, f. 1714, g. 1742 Anna Lien, s. L. 1, Jørgen, f. 1717, s. n., Marta, f. 1727, g. 1761 Nils Halhjem, s. H. 2, Mons, f. 1730, ug. Lars var ein velstandsmann, men etterkvart som han måtte halda skifte etter konone sine, minka det på medelen hans.  I 1723 måtte Lars og grannen hans til tings og vitna um perlefisket i Oselvi, s. 0. B. 436. Lars døydde i 1752 og Kari i 1748.

Jørgen Larsson Tøsdal, f. 1717, bygsla farsbruket i 1746, og hadde det saman med faren til 1750. G. 1746 Marta Ols dtr. Valle, f. 1719. Born: Kari, f. 1748, g. 1772 Ola Heggland, s. H. 2, Eli, f. 1751, d. ug. 1787, Lars, f. 1754, g. 1798. Marta Heggland, s. H. 5, Ola, f. 1756, s. n., Tvo born døydde unge.  Jørgen var båtbyggjar likeins som grannen, s. 0. B. I 196. Han var ein mykje vyrd mann i bygdi, var lagrettemann i mange år og stemnevitne med lensmannen i Os.  Jørgen var velstandsmann og den likaste bonden i bygdi på dei tider.  Ved skiftet etter han var der m. a. tvo sylvbelter, det eine verd 8 og det andre 12 dalar, tvo sylvstaup verd 3 dalar kvar, tvo gullringar verd 4 dalar, ein sylvkamb verd 2 dalar, o. s. b. Verdet av ei ku var då knapt 4 dalar, og berre sylvsakene i huset var meir verd enn ein heil buskap. Jørgen døydde i 1784 og Marta tvo år etter.

Ola Jørgenson Tøsdal, f. 1756, bygsla bruket etter faren i 1785. G. 1785 Mari Nils dtr. Gjemdal (syskenborn), f. 1757. Dei fekk 3 born, men alle døydde fyrr dei var årsgamle. Ola var båtbyggjar likeins som faren.  Han vart ikkje gamall på garden, då han alt i 1788 kom burt på sjøen.

Lars Larsson Kuven, f. 1769, vart i 1789 gift med ekkja Mari Nils dtr. og fekk bygsla bruket same året. Dei fekk 5 born, men alle døydde tidleg. Mari døydde i 1799, og Lars gifte seg att året etter med Anna Hans dtr. Hatvik, f. 1779.  Det vart 10 born i dette giftarmålet, men ogso av dei døydde 4 i ung alder.  Dei som vaks upp var: Mari, f. 1801, g. 1820 Henrik Synnestvedt, s. Lyssand 2, Hans, f. 1804, s. n., Ingeborg, f. 1811, d. 1827, Lars, f. 1813, g. 1836 Gunvor Lars dtr. Tveit, b. Åstveit i Åsane, Ola, f. 1817, var lensmannsdreng, men kom burt på sjøen under ei reis over Bjørnafjorden 1840, Marta, f 1821, s. hr. 1.  Lars var 40 år gamall då han i 1809 stod eksis på Osøyri og var vitne til at tvo karar vart berga or Oselvi, s. ytre Moberg 3.  Lars var båtbyggjar likeins som fyremennene. Ikr.  1830 bygde han eit hus på Osøyri til å bu i under båtarbeid, s. Osøyri 1. Lars døydde i 1842 og Anna i 1862.

Hans Larsson Tøsdal, f. 1804, bygsla farsbruket i 1828. G. 1825 Sigrid Nils dtr. Ulven, f. 1804. Born: Lars, f. 1825, g. 1847 Margreta Hatvik, s. Sørstrønen 2, Ingeborg, f. 1827, g. 1846 Hans Eide, s. E. 1, Nils, I. 1830, g. 1859 Sigrid Lasses dtr. Sørebø frå Lavik i Sogn, b. Bergen, Nikolai, f. 1832, g. 1862 Sofia Nielsen, s. Osøyri 4, Maria, f. 1838, g. 1864 Isak Sørstrønen, s. Klyva 5, Olina, f. 1842, g. 1874 Jon Lunde, s. L. 3, Anna, f. 1847, g. 1870 Ola Ulven, s. U. 3, Hans, f. 1850, s. n. Hans dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1885 og kona i 1882.

Hans Hansson Tøsdal, f. 1850, vart brukar etter faren og kjøpte bruket i 1872 for 1350 spd. G. 1873 Kari Jons dtr. Lepsøy, f. 1853. Born: Jon, f. 1876, g. 1899 Kristina Hauge, s. Osøyri 19, Lars, f. 1878, postopnar, g. Sofia Svarthumle frå Kinn i Sunnfjord, b. Stend i Fana, Ingeborg, f. 1881, g. 1902 Didrik Heggland, s. H. 2, Serina, f. 1886, g. 1908 Nils Bø, s. Bø 5, Hans, f. 1888, kjøpmann, g. 1917 Olga Bestul, f. i Bærum, b. Notodden, Nikolai, f. 1892, s. n., Anna, f. 4896, g. 1919 Karl Midtbø, s. Bø 12. Hans dreiv treskoarbeid o. a. attåt gardsbruket.  Sonen Lars skøytte bruket i 1913 men han overtok det ikkje og faren skøytte det att same året. Hans døydde i 1930 og kona i 1936.

Nikolai Hansson Tøsdal, f. 1892, skøytte farsbruket i 1928 og hev det no. G. 1915 Margreta Ols dtr. Bø, f. 1896. Born: Harald, f. 1916, agronom, Ingeborg, f. 1917, hushjelp, Kari, f. 1918, hushjelp, Olav, f. 1920, Signe, f. 1922, Solveig, f. 1923, d. 1932, Magne, f. 1925, Elsa, f. 1927, Nikolai, f. 1928. Margreta døydde alt i 1930.