Voksterlivet i Os


UM VOKSTERLIVET I OS.

Av

Olaf Hanssen.

Heimbygdi vår, som ligg so nærmundes Bjørgvin og lett å fara til og frå, hev lite vore gjesta av sovorne som granskar voksterlivet og tilhøvi, korkje av norske eller framande vitskapsmenn.  Dei som hev vore her hev berre gjesta bygdi på gjenomreis til andre stader.

Den fyrste, som me hev greida på, er den namngjetne presten Søren Christian Sommerfelt (f. 1794, t 1838; i sine siste år prest til Asker og Ringebu).  I sumarfritidi gjorde han lange ferder kring i ymse landsluter for å granska plantelivet.  Han reiste gjenom Os 1827, og um ferdi skriv han 1):

«Henimod Ous Kirke bliver Egen hyppigere og efter at Veien bortenfor den dreier sig lige i Øst, bliver det meget frugtbarere og frodigere, formodentlig fordi det ligger mere afsides fra Havvindene:

1) Magazin for Naturvidenskaberne i 1828. Hefte 1. Band 9, s. 13.

Sorbus hybridaCorylus
ViburnumCornvallariæ
Rhamnus FrangulaCarduus heterophyllus
Pyrus MalusIris pseudacorus
og første gang: Aspidiurn Oreopteris1). 

Jeg overnattede i Hatvigen, det dårligste og mindst gjestmilde Sted, jeg traf.  I Lien ned mod Søen særdeles drivende Vegetation, hvoriblandt Primula acaulis, AlIium ursinum, Garn panula latifolia, med hvide Blomster, Clinopodium2). Parrnelia herbacea3).»

Den næste, som vitjar Os, er forstmeistar J. M. Normann (f. 1823, † 1903) ein av dei mest dugande plantegranskarar landet vårt hev fostra. Han hev skrive um «en Botanisk reise i et strog av kysten mellem Stavanger og Bergen»4) og då det gjev eit framifrå bilæte av plantelivet  –  noko av det beste som i det heile er skrive tek eg det med:

— «hvorpaa jeg seilede nordover til Kvaløerne, en lille gruppe av smaa øer, nær fastlandet ved Oos. Disse smaa øer bestaae av en los skifer, som i meget steile styrtninger sænker sig ned i søen, og derved giver anledning til usædvanlig frodig kratdannelse, der i et næsten kontinuerligt belte beklæder bakkerne lige ned til vandspeilet, og omgiver sundenes og vikenes indelukkede, indsøstille vande med en vegetationsramme, som man ei skulde vente at finde ved en havkyst, men kun en indsø.  Nyperoser, Brombær, Viburner, Christtorne, Hassel, Haftorn og buskagtige løvtrær, omslyngede med den vilde Caprifolium (Lonicera Periclymenum), som opfyldte luften med sin stærke vanilleduft, alle disse syntes ved sin frodighed at ville fortrænge hinanden, idet deres grene voksede isammen til en ofte ganske ugjennemtrængelig kratmasse, hvis tæthed og yppighed skulde have gjort et langt sydligere landskab ære. Hvor krattet paa enkelte pletter aabnede sig eller hvor det ophørte i den øverste kant af brinken, vare disse beklædte med Triticurn caninum, Carex sylvatica og Brachiopodium

______
1) Bregni: Aspidium montanum.
2) Calamintha Clinopodium.
3) Ein lavart, som no vert kalla Lobaria laetevirens
4) Nyt Magazin for Naturvidenskaberne 1855.
Band 8, s. 264—65.
———-

sylvestre eller med selskabelige masser av Luzula maxima, som i udkanten af krattet udelukkende dannede græsteppet, et beundringsværdigt græsteppe fremgaaet af de unge bladrosetters gigantiske brede, lysegrønne og hvidfarvede blade, medens den meer end alenhøie brunlige og halvvisne stængsel bugnede under væksten af en i det uendelige sammensat ligesaa riig som fiint bygget Inflorescents1). De ganske lodrette skifervægge vare lige saa lidt nøgne som de omtalte bakker. Kvarteerbrede, svampede og aldeles fladtrykte efter klippevæggene formede vedbende stammer, ofte bedækkede med nøddestore klumper af udvældet harpix, klinede sig fast til skiferen som de beklædte med sine kroners tætte espailler av glinsende, tungetdannede blade. I det indre av vikene optraadte et marinsk dynd, hvorpaa strand- og dyndplanter, som lris Pseudacorus, Callitricher og Tripolium, levede i selskab.  —  Jeg bemærkede her flere vexter, som jeg ei tidligere havde stødt paa i skjærgaarden, som f. eks. Carex Remota, den for vaart land saa sjeldne Festuca sylvatica og Callitriche stagnalis er ny for vor flora, uagtet den er angiven for Norge i Summa vegetabilium Scandinaviae Fr.2) ligesom flere andre, der neppe er fundne her. Efter at have forladt Kvaløerne gjorde jeg nogle udflugter paa fastlandet omkring Oos, hvor vild Humle og Paris qvadrifolia, som aldrig bemærkes i skjærgaarden, viste sig.»

Han rekna so upp ymse av plantefundi sine, og dei flestre finn ein att den dag idag i Os.

Arabis Thaliana*,Gallitriche stagnalis i en mudderpol
Cardamine hirsuta Skyggefulle stederløvskog og kratSanicula europæa
Sagine stricta*,Buniurn flexosum3),
Sagine nodosaAsperula ordorata
Sagine maritimaStachys sylvatica
Rubus suberectusSalicornia herbacea
Agrimonia Eupatoria*,Hurnulus Lupulus*, ved Os.
Sorbus Aria*,Orchis morio4), et eksemplar
Epipactis latifolia*Carex vulpine  på stranden
Iris pseudacorisCalamagrostis epigeios
Allium arenarium* 1)Festuca .sylvatica,   i fyrreskog.  
Luzula maxima1)Brachiopodium sylvaticum*   i krat.
Carex digitate  dårligt eksemplar 
Carex leporina     
Carex remotaAspidium anulare
Carex sylvaticaSparganium simplex
 Melissa Clinopodium1)*.

_____________
1) Blomsterstand.
2) Vidgjete latinsk botanisk verk av professor i Uppsala Elias Fries.
3) Conopodium flexosum. 0. H.
4) Må vera: Orchis mascula. 0. H.
______________

*) Ei stjerna er sett ved dei arter, som ikkje er so lette å finna her. 0. H.

Sidan Normann reknar upp H u m I e (Humulus Lupulus) høver det med det same å nemna, at denne endå finnst på tvo stader i Os. Ved Mobergelvi, «K j ø l n o», (ved Fargar Tvedt si stampa) og på garden L i e n.  Her er vel dei siste leivderne etter humlehagarne i heradet.

(Etter at Noreg vart sameint med Danmark kom der eit pålegg frå riksrådet av 4. desember 1490, der det vart påbode at kvar bonde mot ei bot av 6 øyre årleg, å halda 6 humlesenger («Humlakula»)2). Og for å fremja humledyrkingi i Bjørgvin bispedøme sette «Det Bergenske nyttige Selskab» i Bjørgvin upp ein premie på 6 riksdalar for «den bonde eller husmand, som i året 1781 avle den største og bedste mengde god og forsvarlig humle, plantet 1778 og avlet 1781, ikke mindre end to voger»).3).

I 1870 åri dreiv forstmeistar A. Gløersen botaniske etterrøkjingar4). Dr. Jørgen Brunchorst botaniserte i Os som ung student i slutten av 1880 åri.  Professor Axel Blytt, Oslo, var her ei snøggferd 1897 (5)). Dei siste åri er det serleg professorane Jens Holmboe, Oslo og Rolf Nordhagen, Bjørgvin, som hev gjort stuttare og lengere ferder hertil.  Ein oslomann, amanuensis R. E. Fridtz, var her i 1908 og samla noko.

Ein, som hev samla mange plantor i Os, er skulestyrar cand, theol. Jan Greve, f. 1840 † 1926, Bjørvin. Han var

____________

1)  Allium vineale Luzula silvatika. Calamintha Clinopodium. Både Sommerfelt og Normann nemner denne siste blomen. Likevel hev eg endå ikkje kome yver han 1/8 26 0. H.

2)  Diplomatarium Norvegicum: II nr. 963 s. 708.

3)   Professor Schübeler: Viridarium Norvegicum B. H s. 546

4)   Professor Schübeler: Viridarium Norvegicum. B. II s. 246 og 414.

  • Han fann m. a. ved Solstrand: Holcus lanatus f. a r g e n t e a og på ein steingard ved Os prestegard: Saxitraga Sponhemica tvo sjeldsyrite plantor, ikkje seinare attfundne.

__________

son til Ospresten Georg Greve og dreiv i sumarferiarne, serleg 1902 — 1914 mykje med planteleiting og fann ymse sjeldsynte slag.  Hans samling er no på museet i Bjørgvin. Det er han som har planta Greve-granerne, som stend i prestegarden. (Segni um, at det var dei 3 brørne, prestesønerne Greve, som planta kvar sitt tre, er ikkje litande1).

Sermerkt form av Ljos-or (Alnus incana D. C. f. laciniata). Krekjen,

Tveitevatnet, Hegglandsdalen. Foto 306 1927.

Iglavatneiki. Ytre Haugland, Os Sisselrot (Polypodium vulgare L.), Einer(Juniperus Comunis) og Blåbærris som epifyter. Naturfreda 9/11 1923.

Skal ein skriva um plantevokstren i eit heilt herad, må ein sjå på dei ymse vokstra-slag, som hev eigna seg bustad og fenge rikaste og vidaste lendet. Plantorne hev lett for å skipa samlag. Eine vokstren hev hin i fylgje. Dei mætaste vokstra-s1ag  — trei — skipar det største plantesamfund — skogen, som under sine krunor, sin «himel», gjev livd og trygd og voksterhøve for andre planteslag, som eineren, lyngen, bregnor og blomar — heilt ned til mosen og lavi (stein- og tremosar). Desse mindre romfræge vokstrar skipar seg til i skogen etter greide måtar. Eine gjeng ikkje mykje i vegen for hin.  Ein stad briskar «brakjen» seg, ein annan stad lyngen, og andre stader graset og dei ymse villblomarne.  Det er ikkje alle skogstré, som gjev like voksterhøve for dei mindre vokstrar.  Med andre ord: Alle trei er ikkje like gode herrar i skogen. Det er dei tre, som er minst kravsame og mest ljoskjære, som skapar beste livshøve for småvokstren, og soleis også gjev menneskja det mest verdfulle.

_______

1) «Naturen» 1924 s. 221. Uppattprenta i «Morgenavisen», Bjørgvin  11/8 1924.

_______

Naturi hev gjeve heradet vårt nokre av dei beste treslag, soleis:  Fura og bjørki. Skal me tala om skog i grendi vår, vert det Fura, som er basen.  Og langsmed liderne er det Bjørki, som råder. Her er rikeleg av ljos – older og svart-older. Imillom desse kjem so andre tregruppor, som hatl, osp, ask, hegg, raun, selja (fleire slag) og e i k. Frametter urdarne og utpå bergufserne kann veksa store, krokute stuvar av alm og lind.  Dei kann hava reint rare skap sume tider.  Spreidd her og kvar vil ein reint høvesvis finna T r o 11 h e g g (Rhamnus Frangula), K r o s s v e d (Viburnurn opulus), H a g t o r n (Cratægus monogyna), Villapal (Pyrus malus) og K r i s t to r n (llex aquifolium).  På eit par stader – Innderøyarne – veks den naudvæne Sylv Asal (Sorbus Aria).  Han hev heile blad, som er sylvgråe under.  I Klyvalidi hev B a r 1 i n d (Taxus baccata) lett for å fræva og spreida seg, og i liderne langsetter fjordar og sund ser ein B e r g f l e t t a (Hedera Helix) aka seg uppetter fjellsprungorne.  Inn i millom alle desse vokstrarne slyngjer seg ein og annan V i v e n d e l (Lonicera periclymenum). Rett som det er råkar ein på eit Klungerkjørr (av desse fleire artar).

Fura2) og bjørki1) kann verta reint storvaksne. Eiki hev vakse tettare og rikare i eldgamal tid. Det syner jordfund

—————————–

1) «Naturen» 1925 s 360: Olaf Hanssen: Litt um store tre i Os.

2) «Endalaus-foro i Endalausdalen ved Lysekloster var vidgjeti. Ho mælte yver 4 m. i rundmål ved roti. Var rakvaksi. Då ho vart hogd i slutten av 1860 åri og dregen til sjøs av mannemakt i dugnad, synte det seg, at ho ikkje var heilt frisk inni. Der var eit hol på 9” og 15 alner langt. Ho vart kappa i 5 stokkar, kvar på 4 alner. På 20 alner heldt ho 12” topp Av stokkarne fekk ein 36 tylvter bord. Herav vart mykje nytta til båta-bord.

———————–

i myrarne, der ein rett som det er kjem yver svære stomner.  Heggen, hev gjeve ei heil bygd Hegglandsdalen namn.  I denne bygdi, serleg på garden Øvreeide var mykje og sers storvaksen hegg.  Uvitug var den framferd, som her vart gjort mot kvitsun-treet vårt.  All hegg, som vaks etter lidi vart nedhoggen.  I heradet veks ogso nokre av den sers sjeldsynte hegg m e d  g u l e  b e r, som hev fenge namn Chlorocarpuss 1). Rød, Heggland, Hjella, Bø.

På Lien og Skavhedla veks dei sværaste hatletre, som til dessar er kjende i Noreg2). Båe er no freda. På hatlarne

Hattel (Coylus Avellana. L.). Lien, Hegglandsdalen. Naturfreda 23/1 1925.

Hattel Corylus Avellana, L.). Skavhedla. Hegglandsdalen.  Naturfreda 21/1 1926.

—————————–

Desse fråsegner hev eg frå Jens Haugland, Stord. Han var den som kaupte fura, men gjekk frå handelen då fura ikkje var frisk. (Stord 1912).

Bygdesegni her fortel at når fura vart dregen til sjøs, sat ein gamal bondemann på stokken med ein brennevisdunk og kringlehank i hendene.  Attanum ein spelemann Det hev vore ein fagna dugnad.

1)  «Naturen» 1925 s. 93—96: Oaf Hanssen: Eit nytt avbrigde av heggen.

2)  «Naturen» 1925 s. 118—121 og s. 357—358.

———————————-

her er funne den sers sjeldsynte soppen: Polyporus sul phureus, (funnen 29. juni 1929).

Her er berre nokre få gardar som hev fenge namn etter vokstrar: Hatlelidi. Eikhaug, Hetleflåt, Askvik, Heggland 1), og det er helst unge gardar, Dei tvo sisste finn ein år 1563.  I utmark og på bøar er der ellest mange småstader, som hev namn etter vokstrar.

Ved Møsnuken (734 m.) gjeng trevokstren på lag 600 m. upp.  I ei og onnor tunga litt lenger. Lenger i aust ved Svenningfjellet gjerne noko høgare.

I stervbuet etter Formann, 1872, vart den norske stat eigar av skogen og skoggrunnen i Os, som høyrde til L y s e k 1 o s te r gods.  Den gjeng, som eit belte frå Øyarne yver Ulven nordaustyver til dalbotnarne mot Samnanger.  Marki millom Møsnuken og Syftelandsgrendi er kalla F r i s k o g a r n e.  Fura stod her tett og væn og bargrøne var alle heidar og rindar.  Her »spela» hjorten i skogen.  So kom staten sine tenstemenn og skulde syna folket »rasjonel» drift.  Halvthundrad år er lidne.  Eit utsyn yver lendet gjev no ei sår kjensla. Raude og mest snaude ligg kollarne og åsarne burtyver.  Mætaste skogen er kvorven.  Einsleg stend ei og onnor fura og svagar sorgsamt i vinden.  Men der er planta store mengder av eit for lendet og jordbotnen framandt tre – granen.

Um den vil gjeva att same verd som fura, lyt framtidi avgjera, og ætti som kjem etter fær høve til å skriva soga um skogen i Os.

*

Ein sundag i godveret tek me oss ein tur for å sjå på b l o m e veldet frå fjøra til fjell. Det vert berre ein liten orskurd av det ein k a n n finna. Me lyt fara snøgt og ikkje for vida. Bokarki er dyre og plantelatinen keidsam for flestre av lesararne.  Dei glupe namn, som federne gav oss på kvar blom og gras, hev me for det meste gløymt!  Og dei meiningslause dansk-tyske namn, som stend i lærebøkerne, skal ein prenta mindst mogeleg av.

Oldefar og oldemor nytta mange slag blomar og gras til ymse lækjeråder. Det hev me ogso gløymt!

——————

1)  O. Rygh: Norske gårdsnavne. S. Bergenhus amt. Band II.

—————

Nede ved fjøresteinarne merkar me oss blomen, med den ljosraude kollen: Armeria maritima – vidare finn me Linaria vulgaris, Pontentilla anserina, Triglochin maritima, Silene maritima, Cochlearia officinalis, Plantago maritima.  Og i tangreksteren veks ein og annan einsleg Galium aparine og Sonchus arvensis.  Ute i fjøra, serleg der det er leirbotn, stend store mengder av Zostera marina.  Og i båredraget ligg tang og ymse andre alger i rike mengder og voggar seg. Algevokstren er ikkje etterrøkt i serleg mun.

Lind (Tiliacordata. Mill.) Liåsen. ­Hegglandsdalen, Naturfreda. 21/2 1930.

Barlind (Taxus baccata. L) Bjorndalslidi. Rød, Hegglandsdalen. Naturfreda 27/2 1930.

På bergknattarne finn me Sedum acre, anglicum og annuum, Silene rupestris, Lotus corniculatus »Tiri1tunga» Er det ikkje som vår og sumar smilar til oss i namnet?). Oxyria digyna, litt meir sjeldsynt er den godangande Rhodiola rosea, og er me sers heppne, vil me finna (t. d. ved B j å n e s) den stolte »bergfruva» Saxifraga Cotyledon.

Me tek uppetter liderne. Lat oss tenkja oss ei av solliderne ved Bjørnefjorden. Her er fjellunderlaget gneis’). Lautre rår for det meste grunnen.  Det angar og skin imot oss.  Alle slag liter helsar oss. Dei grøne bladi og gule blomen av Primula acaulis (Kusymra) ligg som eit teppe burt etter hatleliderne.  Viole canina og rivinine, Ficerie renunculoides, Anemone nemorosa (»Symra», »Geitvisa«), Convellaria majalis, Lisiere ovata, Orchis masculus, Polygonum viviperium; Stellerie nemorum og greminee, Melendrium rubrum, Ranunculus ecris og repens, Cerdemine silveiice, Hypericum quedrengulum og pulchrum, Oxalis acetosella, Caltha pelustris Geranium silveiicum og roberiienum, Chrysospleniurri elterniiolium og oppositijolium, Ponieniille erecta, Geum rivele og urbanum, Alchemilla vulgaris, Rubus idæus, Rubus suberectus, Viccie silvatica og craccs, Circæa elpine, Cerum Cervi, Bunium flexuosum, Lysimechie nemorum 1), Arenerie trinervie 1), Myosotis ervensis, Urtice urens, Scrophulerie nodosa, Digitalis purpuree, Veronica chamædrys og officinalis, Euphrasia (fIeire artar), Ajuga pyremidalis, Campanula latifolia, Stachys silvatica, Sanicula europaea, Prunelle vulgaris, Gallium saxatile, Asperula odorata, Gnaphalium dioicum og silvaticum, Senecio Jacobæa, Achilea millejolium, Lepsene communis, Crepis peludose, Lactuca muralis, Polysiichum filix mas, Cystopteris fragilis, Pteridium equilinum, Lycopodium selego og clavatum o. m. fl.

———————–

  1. Hans Reusch: Silur Fossiler og pressede konglomerater i Bergens­skifrene. s. 19 o. fl st.

———————–

I bergskorerne finn me den vesle bregni Hvrnenophyllum pelieium (funnen fyrst her i 1924 av prof. Holmboe),  Polypodium vulgere, Asplenum irichomenis, Crypiogremme crispa, Blechnum spiceni, Allium ursinum, Fregerie vesca, Spiræe ulmaria, Angelica silvesiris, Luzula silveiice, Soli. dago virgeureens, Cenieuree nigre, Epilobium eugusii folium (Hev sisste åri spreid seg mykje langs etter banelina Os – Syfteland). Campanula roiundiiolie, Valeriana officinalis o. fl.

Fylgjer me bekkjefaret uppetter vil me m.a råka på Montia fontana Calitriche verna, Ranunculus flammu’a, polygonum hydropiper, Stellaria uliginosa, Saxifragaaizoides, Menyanthes trifoliata.

———————–

  1. I Blytt: «Haandbok i Noregs flora» er dette nemde som sjeldsynte her vest.  Her er dei svært vanlege.

———————–

Kjem me uppetter i dalbotnen til tjørn og småvatn gror der rikt av Potemogeion (fleire artar), Triglochin pelusiris Carex (fleire arter, serleg rosireie), Scirpus cæspiiosus (som kann verta svert høge), Phrgmiies communis, Spergenium simplex, Glycerie fluitans, Nymphæa alba, Nupher luieum, Iris pseudacorus (den gamalnorske M æ k u r ~ »Mækja«), Lobelia dortmanna, Myriophyllum elterniilorum. Den ikkje vanlege Subulerie equeiice (m. a. i T vei t e v a t n e t, Funner her fyrste gong 1924 av professor Holmboe), Hippuris vulgaris o. s. b.

I kjosar, myrar og i vått lende vil me finna: Equisitum (fl. artar), Iuncus (fl. artar), Carex (fl. artar), Eriophorum vegineium, Orchis mesculus, Nerihecium ossifragum, Viola pelustris, fluge og myetaren Drosere rotundiiolie; Oxycoccus palustris, Pediculeris pelusire, Parnassia pelustris, Comerum pelusiris, Pinguicule vulgaris, Gelium palustre, Cirsium palustre, Myrica gale o. fl.

Øvst i liderne er det Alchemilla alpina, Tofieldia pelu«iris, Lycopodium elpinum, og av lyngartane, (som hjå oss gjeng lengst tilfjells av vokstrane), hev me Celline vulgaris og Erica tetralix. Av bærlyngen: K r e k j e b æ r (Empetrum nigrum), t y t e b ær, b l å b æ r, b l o k k e b æ r. Inn i millom ofte s k r u b b a: b æ r e t (Cornus suecie), og heilt til fjells r’ j u p e b æ r e t (Arctostaphylos alpine). Av blomstrar finn me inni millom desse: Majanthemum bijolium, Polygala vulgare, Pyrole secunda, Trientelis europea, Melampyrum pratense, Linnæa boreale, Molinia cærulee.

På slåtte-engi finn me spreidd ut yver i større og mindre flokkar: Luzula pilosa og campestris, Cerex (fl. erter), Platsnthra bifolia, Rumex acetosa og acetosella, Lychnis floscuculi, Renunculus acris og euricomus, Cerdemine pratiensis, Trifolium pratiense og repens, Myosotis ervensis, Rhinanthus minor, Pleniego lanceolata, Gentiene sempesiris, Succisa pratensis, Arnica moniene, Chryseniliemum leucanthemum, Hieracia (fl. artar), Leontodon euiumnelis, Hvpochæris  radicata, Taraxacum (fl. artar) m. fl.

Av vablege grasslag kann me leita opp ,desse: Agrostis vulgaris, Alopecurus pratensis, og geniculatus, Phelum pratense, Anthoxanthum ororatum, Aera cæspitosa, Holcus mollis, Poa (fl. Artar), Melica nutans, Molina cærulea, Cynosurus cristatus Triticum repens, Lolium perenne, Briza media, Nardus stricta m. fl.

Ugras i eng og åker vantar det heller ikkje på: Rumex domesticus og obtisiiolius, Polygonum persicerie, ericulere og convolvulus, Spergule ervensis, Stellaria media, Chenopodium album, Renunculus repens, Fumaria muralis (sjeldsynt, eit enkelt eksempl. frå Tveit), Sinapis ervensis, Barbarea vulgaris, Viola ervensis, Aegopodium podegrerie, Stachys pelusiris, Geleopsis ieirehii og speciosa, Cirsium arvense, Carduus cripus, Senecio vulgaris, Matricaria inodora m. fl.

Dette var berre vanlege kjende blomeslag, som er lett å leita upp. Men me skal freista finn a andre meir sjeldsynte ting, og som ikkje endå er tekne med i dette yversynet.  Det er alt nemnt, at plantelivet i bygdi ikkje er granska til fullnads av plantekunnige folk.  Mange forvitnelege ting vil difor enno koma fram.  Me kjenner no til umlag 400 artar.

Tilsisst vil me gjera ei liti gonga kring i bygdi og tek til i austre luten av bygdi – Lønningdal. Ved skulehuset der, vil me finna Nasturtium sylvestre, eit ugras, som hev breidt seg stygt på vestlandet sisste åri. I Os er den ellest fl. st. serleg ved Syfteland.  Her inne finn me ogso den forvitnelege Malricaria discoidea 1) (ogso fl. st. i Os). På vegen ut yver gjenom lidi vil ein i urdi tilhøgre finna Lappa minor (ogso i Klyvalidi o. fl. st.) I Bjørndalen lyt ein taka ein avstikkar upp til b a r l i n d a r n e2) (Taxus beccete), no fredlyste.  I Hegglandsdalen veks alle stader i liderne um våren mengdevis av Gagea lutea.  Er sikkert eit av dei rikaste Gagealende på vestlandet. (Hev funne eksemplar med 9 blomar på ein stylk) 1926.   Ved Krekjen, Tveit hev mc eit eksemplar av den sers sjeldsynte kvit-older med innskornc blad Alnus incana  form. laciniata (funnen 15<9′<26:3). Det sjeldsynte kløverslag Trifolium minus same stad.  I Tveitabotnen, hev me um våren Lathræa sqamaria, ei bladlaus planta, som snyltar på lautrerøter (funnen fl st. i Os).

———————–

  1. Ei planta som hev heimen sin i Klippefjelli , Nord Amerika.  Ho kom til Europa i 1840.  Til Uppsala, serige.  I 1856 til Oslo.  I 1862 hadde ho spreidd seg som ugras der. Er alt ei vanleg planta og funnen heilt nord til Narvik.
  2. Um barlind på Vestlandet sjå «Naturen 1924 s. 279 – 285
  3. Funnen av Engel S. Tveit

———————–

Her veks ogso Arabis thaliana (Valle o. a. st.), Cerex sylvatica og Verbescum Thepus (»Kongeljoset«), som kann verta mannshøg i varme sumrar.  På Lien finn me Convellerie polygonatum og på Eide (Olderhauglidi) storvaksen Convallaria verticillata. På båe sidor frametter vegen i Lyssandmarki hev me Sparganum glomeratum. På Vadla kann me leita upp Paris quedrijolie (fl. st. i Os), Actæa spicata, Achillee piermice og Mentha aquatica.  I Fidnabrekko veks i veggrefti Lyssimachie numulerie (villvaksande hageblom).  På Haugsneset finn me i fjøra Scutellaria galericulata. Under Langhamaren, Hauge, den sjeldsynte Hypericum monienum (funnen av Jan Greve). På Osøyri, noko upp frå stasjonen hev me eit vænt kjørr av Scirpus vilveiicus (funne 1925 av Olaf Hanssen).

I bergskorerne burt yver mot Mobergviki hev me Aquilegie vulgaris. I bekken, som kjem frå Banktjørni, veks den væne og sjeldsynte Spergenium ramosum (funnen av Jan Greve).   I Ulvenvatnet ved Moberg og Kuven den væne Lythrum celicerie (funnen av Jan Greve). Ved vegen ut yver frå Moberg veks tilhøgre uppe i lidi nokre fåe eksempl. av Bjørnebærriset Rubus Selmeri 1). Um dei voksterrike øyarne i Hauglandsosen viser eg til det, som fyrr er medteke av forstm. Normann. Eg kann skøyta til, at prof. Holmboe her hev funne dei sjeldsynte Scirpus maritimus og Ophioglossum vulgare (ein bregne). I Skitnevågen – Røttingen – er ein samnad av væn Rosa mollis, og ved bryggja der fann Olaf Hanssen 1919 Geranium columbinum og Erodium cicuierium (blømande i oktober). På Lysøy er funenn den sers sjeldsynte Monotropa hypopitus (av Heiberg), og ved Søvik – vegen yver Søvikåsen – Listera cordata. På Syfteland hev Olaf Hanssen 1925 og 1926 funne Sisymbriurn altissimum form. panicea, Anthemis cotula, og ved Hegglandsdalens meieri (1926) den sers sjeldsynte Sisymbrium austriacum og Lepidium virginicum.

———————–

  1. Det var den svenske vitskapsmannen dr. Murbeck, som på ei ferd her vest 1884 «oppdaga» dette bjørnebær-riset.  I dei dagar raste riksrettsstriden på det hardaste.  Til æra for den dåv. Norske riskminister Selmer, tok so den svenske plantegranskaren lektor Lindeberg, Gøteborg og kalla busken Selmeri

———————–

»Snjoklokka» (Galanthus nivelis) og »Pintselilja» (Narcissius pørticus) er nemnde som villvaksande på eng ved Lysekloster 1).  Eg hev fåfengt leita etter desse her. Sameleis etter den væne og sjeldsynte Linnerie Cymbelerie, som ogso skal vore funnen i nærleiken av klosterruinorne2).  Av klosterplantorne hev eg fyrr nemnd »Akeleia« (Aouilegie vulgaris] som hev spreidd seg til fleire stader. Berberriset (Berberis vulgaris) veks langs med strandi ved Os bryggja og banesporet.

Ein vakker barlindkoloni veks i Røsliderne – »Svarta-holet» – 310 m. y. h. (Eigar av teigen: Hans J. Rød).

Hadde høve å vit ja desse barlindtrei 31. mai 1931.  Største treet er 2.8 m. i rundmål ved roti og 9 m. høgt. Krune-tvermål 8 m. Trei – 10 ialt – høyrer til dei sjeldsynte rester av gamal barlindskog og er yverlag forvitnelege. (Det var Steffen S. Rød d. æ. som gav meg fråsegn um dette).

Klyngja av Kongle-sev. (Scirpus silvaticus, L.) ved Os jernbanestasjon Foto 20/10 1925.

———————–

  1. Axel Blytt: Haandbok i Noregs flora, s. 218 og 219
  2. Kjen m.a. frå Ulstein kloster.

———————–