FYREORD til OS SOGA

FYREORD

(Avskrift frå Os Soga 1)

Etter mange års arbeid kann eg endeleg leggja fram fyrste bandet av bygdeboki for Os.  Hadde eg tenkt meg at arbeidet vart so drjugt som det i røyndi var so hadde eg ikkje teke i ferd med det.  Og når attåt det heile skal gjerast utanum vanleg arbeidstid soleis som gjort i dette høve so tek eit sovore arbeid både dagar og år.

Boki er ikkje lytelaus og er ikkje so heilstøypt som ho burde vera.  Ein stor part av innhaldet er sett ihop på utferder, ei jernbanevogn eller på ei kjerra skranglande etter vegen millom Hegglandsdalen og Osøyri.  Serleg hev ferdene med Osbanen vore framifrå til arbeidet, med di Ostoget altid gjekk so høveleg seint og stogga so lenge på stasjonane.  Men dette hev ogso gjort at ihopsetjing, ordval og rettskriving er vorte so ymis i boki.  Under slike tilhøve er det uråd å gjera det onnorleis.

Dei kjeldor som er nytta under arbeidet hev vore mange og frå mange stader.  Det er uråd å nemna upp alle her.  Umframt alt tilfang som ein finn i Riksarkivet, statsarkivet i Bergen, Universitetsbiblioteket, Bergens bibliotek og Bergens Museum hev eg ogso i stor mun nytta tilfang frå andre samlingar og hjå private.  Eg må serleg takka Johannes Sundvor for fritt tilgjenge til hans rike samlingar og Nils Lauvskard for upplysningar frå hans granskararbeid.

Ei serskild takk sender eg dei menn som hev skrive dei tri verdfulle serbolkane i boki, professor Kolderup, professor Shetelig og Olaf Hansson, og likeeins dei gode hjelpesmennene Joh. Ludw. Mowinckel og Georg von Erpecom som hev gjort det mogleg å gjeva boki høvelegt utstyr med turvande bilæte.

Ogso mange osingar hev vore gilde og hjelp til med uppgåvor og upplysningar, soleis Olaf Hansson, Jacob Halhjem, lærarane Grindevoll, Midthus, Bøthun og Myrtveit og fleire.  Martin Heggland, Henrik Tveit og M. Mortensen hev skaffa mange bilæte, likeeins Norges Geografiske opmåling som attåt hev laga kartet i boki.  Os privatbank og Os heradstyre hev ogso hjelp til med utgjevingi av dette bandet.  Alle desse sender eg mi beste takk.

Tilfanget til andre bandet av boki, gards- og ættesoga, ligg no mykje ferdugt, men um eg kann magta å få det prenta og i bok er meir uvisst.  Det stend no på korleis ein tek mot fyrste bandet um det andre kan koma.

Hegglandsdalen 16. november 1932

Nils Tveit.