Snøgg

Overtok eigarskapen til MS «Snøgg»

– Om ikkje den får status som verna, så er den historiske skuta ferdig.

Overtok eigarskapen til MS «Snøgg»
På slipp i 2019, for overfladisk vedlikehald. No treng ny eigar sterkare lut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy

KJETIL VASBY BRUARØYSØNDAG 21. MAI 2023 09:24

MS «Snøgg» blei bygd av Askeladden-verftet Henrik J. Askvik i 1928.

Snøgg var sentral i redningsaksjonen som berga dei seks canadiske pilotane som nødland på Haugland under andre verdskrig, og har hatt ulike eigarar opp gjennom åra.

No har Os Sogelag overtatt som eigar etter Ole Einar Lunde.

– Vi har vore i dialog med familien Linde i halvanna år, og fekk overta båten på tampen av 2022, seier Oddbjørn Klyve frå Os Sogelag.

– Det krev sitt å ta vare på gamle trebåtar, og det er eit arbeid vi er innstilte på å ta. Men det vil kosta.

Mats Hjelle, Leo Corneliussen og Øystein Moberg i Vargavågen i går. Fluktbåten MS Snøggi bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Les ògBåtpuss for krigshistoria

Sjølv om «Snøgg» var gjennom omfattande restaurering før markeringa av 60-årsdagen til flukten i 2004, og fekk overfladisk vedlikehald før 75-årsmarkeringa i 2019, er det ifølgje ny eigar mykje å gjera med båten.

Treng nytt styrhus

Os Sogelag har i vinter tatt opp dørken og oppdaga lekkasje, dekka til med presenning og gjort ulike tiltak for å hindra at Snøgg skulle gå ned ved kai.

– Dørkarmar er rotne og styrhuset må byggast opp på nytt, seier Klyve.

Dei har også hatt Snøgg på slipp for vurdering av skroget.

– Folk frå fylkeskommunen og fartøyvernsenteret har også vore og sett på skroget.

Målet no er at Snøgg skal få status som verna, og snarast få midlar til restaurering.

– Tilstanden er sånn at om vi ikkje får vernestatus på Snøgg, og midlar ganske raskt, så er skuta ferdig.

Har håp om oppstart til hausten

Snøgg har vore gjennom omfattande restaurering før.

I 1998 starta ein prosess som førte til at både Os kommune, ulike firma og privatpersonar samla inn pengar til full restaurerering hos Einar Sauholmen på Bergegrend.

Os Rotary skaffa ein 40 år gamal Sabb som blei restaurert på dugnad.

– Motoren går framleis fint, seier Klyve.

– Vi har tru på Snøgg, med si historie, skal få verna status, og håper at vi også får midlar om ikkje så lenge. Til å vera verneverdig er dette eit forholdsvis lite kostbart prosjekt.

Riksantikvaren sitt føremål med å gje status som verna skip er å sikra historiske fartøy som kulturminne etter prinsippet om vern gjennom bruk.

Om status og midlar kjem, vil Os Sogelag gå i gang med restaureringa over sommaren.

– Får vi dette til kan Snøgg brukast til mange ulike føremål, for eksempel fiske og turar med barn og ungdom. Målet er òg at den kan få fast hamn i Oselvar-hopen i Hamnevegen.