Samferdsle

Samferdsla og Ferdslevegar

SAMFERDSLA OG FERDSLEVEGAR.

VEGAR.

Radt frå den eldste tid høyrer me um vegear her i landet.  Alt i Gulatinglovi er nemnd at bønderne skal halda bruer og vegar vedlike.  Kva tid desse vegar er vortne til og kven som hev laga dei fær me ikkje vita, som heller ikkje ventande er.  For desse vegane er ikkje «bygde» eller laga av nokon.  Ferdsla av folk og beist gjekk etter visse rutor som lendet låg til, gjenom det eine hundradåret etter det andre vart det trakka og trødt etter dei same fari og dei same leider, og på denne måten vart det ein «veg» etter leidi.  Det var vegar som i sanning «hadde gjort seg sjølv«.

Desse vegar og farleider hadde bønderne å halda vedlike so mykje at dei var farande for folk og fe.  Det meste arbeidet var å hogga vekk tre og greiner som vaks utover vegarie.  Kongen hadde umbodsmenn som såg etter at vegane var rydja og det vart etterrøkt på sovoren måte:

Ein mann som vart sett til å rida etter vegen tok eit spjot og lagde framanfyre seg tvert over hesteryggen. På kvar ende av spjotet som var 4 alner langt vart hengd ei vidjehank.  Stod då skogen so mær at vidjehanki tok hurt i ein busk eller eit tre under ferdi var »vegen« for smal, og grunneigaren måtte leggja bøter og gjera rudningen breidare.

Vegarbeidet elles var å halda vedlike bruer og klopper over bekkjer og dike.  Attåt dette kunde det vera steinar å velta tilsides og urar og klovor å jamna so at det vart farande for ein hest med mann på ryggen.

Danskekongen gav jamt  »forordning om forbedring» av vegane, men noko røynlege brigde vart det ikkje til.

Vegane låg som dei hadde lege gjenom hundrader av år over hump og hamar, upp etter bakke og ned etter bakke, soleis som kannhenda gjeiti eller eit anna dyr for fyrste gong hadde staka upp farleidi. Og påbodi fra danskekongen og uppgaåva for dei tvo »generelveimestre« som vart tilsette her i landet gjekk vanleg heller ikkje ut på anna enn å sjå etter dei vegar som hadde havt gjeiti til fyrste ingeniør og byggmeistar.

Soleis var ogso tilhøvi i Osbygdi. Bygdi hadde mykje samband med Bergen og grannebygderne, serleg var det stor ferdsla til og frå Lysekloster.  All vareførsla gjekk sjøvegen og jamt gjekk vel ogso folkeferdsla i båt.  Men Bjørnafjorden og Krossfjorden var ikkje alltid i godlune og det var tryggast å taka foten eller hesteryggen fat.  Ogso folk frå hi sida Bjørnafjorden tok gjerne vegen gjenom Os og Fana når dei skulde til Bergen.

Me skal fylgja ein mann frå hi sida fjorden på ferdi når han i gamletidi skulde taka landvegen gjenom Os til Bergen.  Han rodde over fjorden og lende i Moldavagen. Derifra tok han vegen framum Lyssend og Borgen til Tøsdel.  På Tøsdal fekk han seg skyss upp over vatni til Søftelend (Bergstøi).  Det var ikkje alltid greidt å ro upp straumane, Hellestraumen og Storestraumen, og det hende ikkje sjeldan at båten kvelvde i straumane. Serleg var Hellestraumen kjend for å vera vrang.  Soldatar som skulde til Bergen reiste jamt denne vegen, og det syner seg at når ein soldat miste byrsa si eller andre ting ved ulukka i Hellestraumen so

vart tapet rekna som tilgjevande.  Fra Søfteland gjekk ferdi vidare til Kaland og derifra over VaIlaheien til Nesttun eller med skyss over Kalandsvatnet til Fana og vidare gjenom Rådalen og Bergensdalen til Bergen.

Ridevegen frå Bergen til Os gjekk over Valleheien til Kaland og etter liderne sørover til Søftelend. (Ein kunde ogso rida rundt Fana og framum Hamre og Sandven der ein kom inn på Vallaheidvegen). Fra Søfteland gjekk vegen um Gåsakilen over høgdi til Hetlefloten, vidare langs etter Skogaliderne ovanfyre Ulven stasjon og kom so fram til den gamle garden på Kuven.  Fra Kaland til Kuven gjekk vegen umlag stødt gjenom skog og ulend mark, og det var mange stader svert vanskeleg å koma fram på hesteryggen.

Men både bønder og bymenn, prestar og bispar reid denne vegen, og dei tok ikkje støkken um ei hangande grein reiv dei av hesten, eller um ein nedramla stein gjorde at både hest og mann måtte overende. Magister Absalon Pedersen fortel, at då han og kona hans Anna Peders dotter, bispefrua i Bjørgvin Susanna Skjelderup, Fanapresten hr. Peder og fleire andre storfolk på jonsokdagen 1565 skulde til bryllaup hjå presten Jens Pedersen i Os, so reid dei den nyss nemnde vegen på kvar sin hingst. Då dei ikkje kjende leidi fekk dei ei kona til å syna seg vegen sørover.  Ho reid på ei merr, og då kona ikkje vilde rida med lenger, men gjekk or salen og slepte øyken vart hingstane galne og vilde ha tak i merri.  Anna Peders dotter vart hangande etter eine foten i stigbøyglen medan hestane dansa rundt som galne, men då det var grasmark ikring kom ho frå det med livet.  Dette hende truleg ein stad i Kuvenmarki.

Når hegglandsdølingane skulde til Bergen tok dei vegen gjenom Hjemdalsskardet og vidare framum Krokvatnet og Gåssand til Søfteland. Folket frå Indregardane gjekk um Bøsætre til Gåssand og vidare same veg som

hegglandsdelingane.  Folket i den ytste lut av Osbygdi og 0yane tok vel jamnast båt ogso når dei hadde snøggrerind til byen.

Kjøreveger var det ikkje tale um i eldre tider.  Den fyrste kjøreveg i landet, millom Drammen og Kongsberg, vart påbyrja i 1624. På Vestlandet kom det ikkje kjørevegar fyrr fram mot 1800-åri.  Posten millom Bergen og Stavanger som gjekk gjenom Os frå 1650 til 1690 vart førd på hesteryggen etter den fyrr nemnde ridevegen til Os.

All vareførsla til og frå Bergen gjekk sjøvegen.  Når ein mann hadde noko å senda til byen so venta han til ein eller fleire av grannane ogso hadde det same, soleis at dei gjerne vart 3-4 mann i lag.  Dei bar so varorne til naustet, tok båten, (alle gardar sjølv um dei låg langt frå fjorden hadde naust og båt), og rodde so med varorne dei 5-6 milerne til Bergen.

Desse byferderne sjøvegen kunde taka lang tid.  Bjørnafjorden og Krossfjorden var ikkje alltid lett å ferdast med ein liten båt, og det hende jamt at byfarande vart liggjande verfast og ikkje kunde koma over fjorden.  Både sunnanfyre og nordanfyre fjordane var visse stader der ferdafolk stogga i sovorne høve.  Millorn Bjørnafjorden og Krossfjorden var soleis fleire slike lægerstader.  I den eldste tidi stogga ferdafolket i Sørstrøno.  Da det ikring 1650 sette seg til folk i Kvalesund vart det kvilestad der og det vart både herbyrge og gastgjevar i Kvalesundet.  Etter 1700 vart det ogso ein lægerstad i Kvernaviki, (sjå meir um dette ein annan stad) og i den seinare tid vart det læeger for byfarande på Sundøyberget og i Hildershamn.

Postførsla millom landsluterne auka og i slutten av 17-hundråri kom tanken upp um å byggja vegar ogso på Vestlandet so at postsambandet med Bergen kunde verta snøggare og tryggare.  Det var bruk for 3 sovorne »post veger« til Bergen, for Trondheimsposten, Osloposten og Stavangerposten.  Tankane vann fram, og i åri millom 1780 og 1800 vart dei 3 vegane frå Bergen, »Trondhjemske hoved» vei« nordover gjenom Åsane, Alversund og Lindas, »Christiania hovedvei« austover gjenom Fana, Haus, Bruvik og Voss, og »Stavengerske hovedvei« gjenom Fana, Os, Fusa og vidare sørover påbyrja.

Postruta millom Bergen og Stavanger som hadde vore nedlagt i umlag 100 år vart teki uppatt i 1786.  Ruta gjekk den same veg som fyrr gjenom Os.  Som ovanfyre nemnd vart den »Stavangerske hovedvei« bygd for denne postruta, og i åri 1790-1800 kom soleis den fyrste kjøreveg i Os, frå heradsgrensa ved Røykenes til Hatvik.  Osbrui vart bygd i 1797, og vegen frå Os innover mot Hatvik var truleg ogso i arbeid då.  Då vegen var bygd av umsyn til postferdsla vart han av bygdefolket stutt og godt kalla »postvegen«, og dette namn hev han den dag idag millom eldre folk.

Vegen gjekk nokonlunde etter same leid som den gamle ridevegen, over Kalandseid, Søfteland, Hetlefloten og sørover.  Han var mange stader so bratt og stygg at det var umlag uråd å fara vegen med kjerra.  »Galtekleivane« millom Søfteland og Hetlefloten var serleg illgjetne, og alle som skulde kjøra vegen var rædde desse kleivane.  »Gamle Finnebrekka« ved Osøyri og »Kvernhusbrekka« utanfor Hatvik syner enno at dei som bygde vegen ikkje var kveppen for ein liten bakke i veglina.

Bygdefolket i Os og dei næraste bygder måtte halda vegen vedlike. Tysnesbønderne hadde soleis vegstykket gjenom Søftelandsbygdi å halda istand og osingane heldt vegen frå Raøykeneskleivi til Smådalneset.  Bønderne i Samnanger hadde sitt vegstykke nordanfyre.  Osingane søkte um at ogso bønderne i Sund og Austevoll måtte få vegarbeid her, men dei slapp for dette.

Det var soleis komen kjøreveg frå Os til Bergen, og godseigar Formann på Lysekloster fann då at han ogso vilde kjøra frå Lysekloster til byen og ikkje lenger koma diltande på hesteryggen gjenom Stadsporten.  Han gav difyr påbod um at dei osbønder som var leiglendigar under Lysekloster skulde arbeida ein kjøreveg frå Lysekloster over Langedelen til hovudvegen ved Søfteland. Dette vart gjort og Langedalsvegen var ferdugbygd ikring 1810.  Vedlikehaldet av vegen vart ogso lagt på leiglendingane, og dette vart soleis den fyrste bygdeveg i Os.

Osbønderne hadde jamt ærind til Lysekloster der husbonden deira budde, og godseigaren sjølv hadde jamt ærind sørover til Os.  Han fann det difyr ogso turvande å få veg sørover, og då  Langedalsvegen var ferdug måtte bønderne laga veg frå Lengedalsbakken framum Åsen til Ulvenvatnet.

Over vatnet gjekk ferdsla med båt, so det trongst ikkje veg vidare.  I den fyrste tidi vart ogso denne vegen likeins som Langedalsvegen halden vedlike av leiglendingane, men då vegane sidan vart rekna som ålmenne bygdevegar vart vedlikehaldet lagt på alle bønder i prestegjeldet.

Det kom straks sterke krav frå ferdafolk um at dei brattaste bakkane på postvegen, eller hovudvegen som han vart kalla til skilnad frå bygdevegane, måtte vølast.  Serleg kom det mange og sterke klagemål over dei stygge »Galtekleivene«, som etter klagemåli å døma var radt livsfårlege for ferdafolk, og i 1845 fyreslog amtmannen at kleivane måtte vølast.  Men fyrst i 1850 gjekk amtstinget med på umleggjingi som kosta 3500 dalar.  Dei 500 dalane var etterløyving til vegbyggjaren avdi heile vegmuren ved Gåsakilen sokk ned i vatnet etter at han var heilt Ferdugmura.

Ogso ved Hetleflotgrindi sokk vegen ned i vatnet.  Lensmann Synnestveit fyreslog at ein skulde leggja vegen inn i fjellet der, men det vilde kosta 1000 dalar.  

Amtstinget sagde at det ikkje vilde løyva noko til vølingi, då Per Oskjer frå Voss som hadde havt akkorden her hadde andsvaret og fekk ta kostnaden.  Vegen vart likevel lagt noko inn i fjellet og stod sidan.

Veginspektøren og amtmannen kom ogso med framlegg um fleire vølingar og umleggjingar på hovudvegen, soleis umleggjing av Kvernhusbrekka ved Hatvik, Finnebrekka og likeins nokre bakkar millom Skogegrindi og »Gullristesmuget«.  Men amtstinget negta kvart år å løyva noko til dette.  Fyrst i 1850-åri vart vegen lagt over myrane frå Skogagrindi og sørover og i 1847 til 1849 vart vegen i Finnebrekka lagt um.  Hatvikbakkane fekk ingi vøling.

Osbrui som var ny då hovudvegen vart bygd til Hatvik var utsliti og måtte atter lagast ny i 1833-34.  I 1851 var brui vorten skral att og veginspektøren kom med framlegg um ny bru.  Men amtstinget sagde nei.  Framlegget vart teke uppatt i 1852.  Amtstinget sagde framleis nei, Osbrui kunde stå i mange år enno sagde vegnemndi.  Men same året ramla heile brui ned, og amtstinget måtte no ut med 1100 dalar til ny bru.  Lensmann Synnestveit var ihuga for utbetring av vegane og kom jamt med framlegg um utbetring og umleggjing av bakkane på hovudvegen.  I 1857 gjekk ogso amtstinget med på umleggjing av vegen ved Rundehaugen i Klyvamarki.  Pengane vart løyvde, men vegen er enno (1931) ikkje vølt og bakken ved Rundehaugen er like bratt idag som då vegen var bygd.  I 1858 fekk lensmannen amtstinget med på løyving til umleggjing av Bankkjønleitet, Moldabrekka og andre bakkar millom Hauge og Klyva. Det same hender her som med Rundehaugen.  Vegen ved Bankkjønleitet vart fyrst umlagt i 1924, og dei andre bakkar stend urikka den dag idag.

Arntstinget likte ikkje desse stenduge krav frå lensmann Synnestvedt (han var veginspektør etter 1850) um utbetring av vegane i Os og Fana, og i 1859 sagde amtstinget at no fekk det vera slutt med gnaget og gnålet hans.  Serleg var dei leid og keid av denne hersens Klyvalidi »som det år om andet bevilges flere summer til, snart til utbedring, snart til utvidelse« o. s. v.  No vilde dei ikkje høyra nemnd Klyvalidi meire i amtstinget.

Bygdefolki var storleg missnøgde med at dei måtte halda dei tvo bygdevegane, Langedelsvegen og Ulvenvegen, istand og det kom fleire skriv og klagemål til heradstyret um dette.  Bønderne fann desse tvo bygdevegane heilt uturvande, og heradstyret hadde det same syn som folket elles i bygdi.  Då heradstyret i 1854 fekk spurnad um det trongst vegar i nokon av dei 5 soknerne Os, Fusa, Strandvik, Hålandsdalen og Samnanger, so svara dei 36 mann i heradstyret samrøystes, at vegar var heilt uturvande.  Det trongst ikkje veg i nokon av desse 5 soknerne sa dei.  Og i same møte vedtok heradstyret å senda søknad um at den eine av dei 2 bygdevegane som var i Os, Ulvenvegen, måtte nedleggiest, Heradstyret segjer m. a. i sitt skriv um dette:

»Dei må ansees overflødigt at der for een bygd holdes 2 bygdeveier«.  Og i 1856 kom det søknad til heradstyret frå 3 medlemer av formannskapet um at ogso den andre bygdevegen, Langedelsvegen frå Søfteland til Buena, måtte leggjast ned.

Søknaden vart fyrehavt av heradstyret og dette rådde samrøystes til at vegen vart nedlagd.  Saki gjekk so til veginspektøren og amtmannen, men dei vilde ikkje vera med på nedleggjing.  I 1857 kom saki atter fyre i heradstyret som heldt på sitt, og det gav ei lang utgreiding med grunnar for nedleggjing av vegane.  Heradstyret sagde m. a. at det er berre 12 gardbrukarar i Søftelandsbygdi, og sjølv um alle desse hadde trong for vegen, so kann det ikkje krevjast at det skal haldast veg for ei so liti grend som Søftelandsbygdi.

Og det same galdt Lysefjorden, Lysefjordingane henta bork i Søftelandsbygdi og folket der henta sild o. a. frå LyseFjorden, det var so, men sovori kjøring var for lite til å halda veg for.  Og at folk frå andre bygder, t. d. fra Fana, jamt brukte denne vegen hadde ikkje noko å segja for vegtrongi. — Men trass alt strev og all skriving frå heradstyret si sida vart vedtaket um nedleggjing av vegane ikkje godkjendt, og bygdi vart ikkje kvitt vegane sine kor gjerne ho enn vil de.

Frå Osøyri upp til kyrkja og vidare til hovudvegen var ein skrapa veg, sovidt at folk kunde gå.  Å kjøra denne vegen var liti råd med.  Brui over Mobergselvi ved Osøyri hadde baronen (Rosendal) sine leiglendingar pligt til å halda vedlike, og ho hadde difyr ogso namnet »Beronsbrui».   I 1841 kom upp spursmålet um å arbeida ein køjereveg frå Osøyri framum kyrkja til Oshaugen der hovudvegen då gjekk. Men heradstyret sagde nei.  Vegen fra Osøyri upp til kyrkja var god nok sagde dei, og vegen frå kyrkja vidare til hovudvegen »befares af så få individer af Os prestegjeld med hest eller kjøreredskab«, at heradet ikkje kunde taka utlogorne.  Og nokon veg for tysnesingar og rekande haringar fann heradstyret heilt uturvande.  Den vesle vegstubben frå Osøyri til Oshaugen fekk ei lang skapingsoga.  I 15 år arbeidde heradstyret med saki fyrr det vart alvor av.  Alt i 1842 løyvde amtstinget 15 dalar til vegstubben imot at bygdi kosta resten.  Men heradstyret vilde berre taka vedlikehaldet av vegen, sjølve vegbyggjingi fekk amtet syta for.  I 15 lange år gjekk so saki att og fram, og i 1855 kom endeleg amtmannen med framlegg um at amtet skulde byggja heile vegstubben.  Framlegget fall i amtstinget det året, men i 1856 vart det vedteke at amtet skulde byggja vegen,  og det vart løyvt 110 dalar til arbeidet.  Heradet tok vedlikehaldet på seg.

Det syn som heradstyret hadde i 1850 åri, at vegar var heilt uturvande, vart etterkvart noko onnorleis.  Fra utkantane av Osbygdi kom det krav um å få vegsamband med hovudvegen eller å få kyrkjeveg og kjøreveg til Osoyri.  Alt i 1855 kom det søknad fra Ola Tveit og nokre fleire hegglandsdølingar um å få veg til Hegglendsdelen, og same året sende Elies Moberg og nokre andre søknad um byggjing av veg til Skjeiestøi.  Dette hende samstundes med at heradstyret skreiv um å få burt dei tvo vegane som alt var i bygdi, og ein kann da skyna korleis heradstyret tok imot søknaderne um tvo nye lange bygdevegar.  Det sagde rett nok eit par væne ord um at vegar kunde vera »ønskelige«, men slog samstundes fast at i Osbygdi kunde det aldri verta tale um å byggja vegar.  Bygdi hadde ikkje råd til det.

Men kravi um vegar til grenderne kom att.  I 1860 åri tok det synet til å vinna fram at vegar ikkje var berre til tyngsla men ogso til gagn for bønderne, og dette synet fekk etterkvart ogso råderom i heradstyret.  Då det kom nye søknader frå Hegglandsdalen sagde ikkje heradstyret meire nei, og i 1869 vart det vedteke å byggja veg frå Hatvik til Rød.  Vegen som vart påbyrja i mai 1870 og ferdug i 1880 kosta 6800 kroner.  Av kostnaden gav heradet 75 kroner um året og fylket gav femteparten.  Resten av kostnaden tok grendi ved pliktdagsverk som gardbrukarane sjølv arbeidde etter ein pårekna pris av kr. 1.20 for kvart dagsverk.  Og umlag på same måten vart det skipa seinare ved alle bygdevegar som vart bygde fyrr 1913.  Heradstyret hadde no godkjendt vegkravi, og den eine bygdevegen kom etter den andre. 

Kjøretyet fyrr 1880.

I 1874 vart påbyrja veg fra Osøyri til Skjeiestøi med arm til Halhjem.  Han var ferdug i 1886 og kosta 11 666 kroner.  Same året vart vegen gjenom Borgebygdi ferdug med ein kostnad av 2500 kroner.

I 1889 vart vedteke å byggja 2 nye vegar, ein stubb fra Halhjem til sjøen som kosta 1509 kroner, og ein veg frå Buena til Drange med arm over Søvikesen til Ulven.  Denne som vart ferdug i 1903 kosta ialt 20487 kroner.

Fra 1891 til 1899 vart bygd ein ny veg frå Hauge til Hegglandsdalen som kosta kr. 8421.  I 1897 vart vedteke å byggja veg frå Rød i Hegglandsdalen til Øvredalsvatn.  Vegen som gjeng gjenom mykje ulende og bratt fjell vart ferdug i 1910 og kosta kr. 34338.  Same året vart bygd ferdug veg frå Hagevik til Askvik med kostnad kr. 6 511, veg fra Buena til Fana grense som kosta kr. 7122, og umbyggjing av Skjeiestøvegen ved Moberg med ein kostnad av kr. 3786.  I 1916 vart eit vegsamband millom Hagevikvegen og Skieiestøvegen ved Grindevoll ferdugt.  Det kosta kr. 6960.  I 1909 vart påbyrja ei umleggjing av Borgebygdvegen og ein ny veg frå Vedholmen til Røttingjo.  Den siste kostar i heilom kr. 6700, men kostnaden av Borgebygdvegen er enno ikkje uppgjort, Til no kostar han kr. 5613.

Alle desse vegar er arbeidde og kosta av folket sjølv i krinsane med eit lite tilskot av heradet og eit Fylkestilskot som vanleg hev vore 1/5 av kostnaden.  Statstilskot er berre gjeve til vegen Rød-0vredal med kr. 10000.

Kjøretyet no.

Umframt desse vegane som er arbeidde av bygdefolket hev heradet ogso tvo vegstubbar som er kosta på annan måte.  Det er tvo vegar til ekserserplessen.  Da staten i 1870 åri kjøpte garden Ulven til ekserserplass måtte han ogso laga veg til plassen  Det vart fyrst bygd veg frå hovudvegen utover til Ulven og sidan frå ekserserplassen til sjøen ved Hagevik.  Desse vegane er sidan upptekne av heradet som vanlege bygdevegar.

I 1915 vart påbyrja veg frå Lepsøy til Storum.  Vegen som vart ferdug i 1919 kosta kr. 111 420.  I 1920 vart lagt ny veg fra Osøyri (jernbanebryggja) til Moberg som kosta kr. 84383, og i åri etter 1922 er bygd ny veg frå hovudvegen ved Ulven stasjon til ekserserplessen.  Dette siste vegarbeid som seinare skal halda fram utover mot Hagevik kostar til no kr. 112644.  Av dette hev staten fyrebils lagt ut 50000 kroner.

I 1917 vart det teke til med ei større utbetring og umleggjing av hovudvegen frå Fana grense til Osøyri.  Mange bakkar og svingar er umlagde, men mykje stend enno att.  Vonleg vil utbetringsarbeidet halda vidare fram på vegen Osøyri-Hatvik so at ogso denne vert farande på skapleg måte.

Det stend enno fleire vegarbeid att.  Eit av dei som stend for tur er umleggjing av den eldste bygdeveg i heradet, vegen Søfteland-Lysekloster.  Ei umleggjing her er rekna til å kosta 80-90000 kroner.  På Strøneøyi vantar ogso veg, likeins som det enno vantar veg til ymse einstaka gardar ikring i bygdi.

Dei vegar som vart lagde fyrr 1910 vart alle lett bygde, utan pukk og jamnast med snaud grusing.  Solenge ferdsla gjekk med hest og kjerra greidde dei seg nokonlunde likevel, men etter at bilane hev fenge råderomet greider ikkje dei lettbygde vegane den svere påkjenningi.  Det vert difyr turvande å byggja desse vegane um og byrjingi er gjort med vegen frå Moberg til Grindevoll og frå vegskiftet ved Tuen til Lekven.  Umbygnaden kostar til no (1931) 34000 kroner.  Det vert soleis ein stor kostnad å byggja um alle dei gamle vegane i bygdi.

Vedlikehaldet av vegane hev gardbrukarane havt på seg, med di det var lagt på den matrikulera jordi i heradet som fast byrda, »naturalarbeid«.  Vegane var bytt i rotor som atter var skift millom gardane etter storleiken av matrikulskyldi.  Etterkvart som det kom fleire vegar til vart rotorne større, og kvar gardbrukar fekk større vegbyrda.  Vedlikehaldet av dei vegar som er ferdugbygde i 1910 og seinare år vart likevel ikkje lagt på matrikulen men heradet tok det på seg.  Frå 1. januar 1928 tok heradet vedlikehaldet av alle bygdevegar og naturalarbeidet fall dermed heilt burt.  I heradet er tilsett 8 vegvaktarar som for ei viss årleg godtgjerdsla hev teke vedlikehaldsarbeidet på seg.

Denne godtgjerdsla er no umlag 13 000 kroner årleg.  Heradet hev no ialt 14453 m. hovudveg og 55300 m. bygdeveg.  Dertil kjem umlag 10 km. privat veg til gardar som ligg langt frå bygdevegane, og bygdi hev soleis ialt 80 km. kjørevegar.  Ein lyt soleis segja at bygdi no er tollegt godt berga med vegar, um ikkje nett alle er gode.  Bygdi hev teke sterkt i når det galdt vegbyggjing.  Underlegt er det berre at for mindre enn 70-80 år sidan var det synet rådande, at vegar var heilt uturvande i Osbygdi.

DAMPBÅT OG JERNBANE.

Som nemnd gjekk vareførsla frå bygdi mest sjøvegen, og dette heldt ved langt ned gjenom tidi.  Sjølv um det ikring 1800 var kome veg frå Hatvik til Bergen so vanta grenderne vegar til å koma i samband med hovudvegen, og bønderne hadde heller ikkje kjøregreidor på gardane til å kjøra varorne fram til Bergen.  Båten vart difyr brukt som fyrr.

I 1828 kom den fyrste dampbåten i gang her i landet.  I 1850 åri kom det upp tankar um dampbåtsfart på Vestlandsfjordane, og i 1857 vart halde umfrarnt fylkesting for Hordaland for å avgjera um fylket skulde taka til med dampbåtfart.  Det vart ikkje noko av, men i 1861 sette eit privat lag dampbåten »Vøringen« igang på Hardangerfjorden.  Denne ruta gjekk ogso um Osbygdi, med di dampbåten fekk ein stoppestad i Hatvik, og osingane kunde no fylgja dampbåt til Bergen um dei vilde.

I 1866 kom ogso dampbåtane »Bjørnen« og »Vikingen« igang på fjordane.  Ruta um Hatvik var til stort hefte for dampbåten når han skulde til og frå Hardanger, og det vart klaga mykje over denne krok på vegen.  Fylkestinget tilrådde difyr i 1864 at båten skulde gå upp under Lepsøy istadenfor Hatvik, men dette vart ikkje godkjend av departernentet.  Dampbåtane gjekk difyr framleis under Hatvik som einaste stoppestad i Os, tildess dei noko seinare tok Osøyri til stoppestad.  Da det seinare kom ein serskild dampåt igang på Bjørnafjorden slutta Hardangerbåtane med si ruta på Os, men då desse båtane framleis gjekk «Krokane» og stoppa under Lepsøy kunde osingane få samband med ruta der.

I 1876 byrja dampbåten »Bjørnen« ruta i Midthordlandsfjordane.  Han gjekk inn under Lysekloster, Lepsøy (Vedholmen), Osøyri og Hatvik, og Osbygdi fekk no fast dampbåtsamband med grannebygderne og med Bergen.  Varefersla til og frå Bergen byrja no å gå med dampbåten, og bygdefolket sjølv som fyrr hadde slite med årane den lange vegen att og fram til Bergen fylgde ogso med dampbåten og kom snøggt og lett fram.  Ved eit snøggærind til Bergen tok folket enno foten fat, eller dei etterkvart som det kom vegar til grenderne tok hest og kjerra og kjørte til byen.  Men vareførsla gjekk til dampbåtane.

Då det kom veg frå Ulven til Hagevik fekk ogso dampbåten stoppestad der.  I 1899 vart det nye Midthordlandsdampbåtslag skipa for fart på Midthordlandsfjordane og dette tok upp fleire stoppestader i Os. Soleis vart det etterkvart ogso stoppestader ved Helhjemsjøen, Nordstrøno og Lønningdal.  Storparten av bygdefolket kann soleis no lett koma i samband med dampbåtane.  I den fyrste tidi gjekk dampbåtane berre inn under landet, og folk og varor vart sett til og frå i båt.  «Ekspeditøren» som skulde føra folket og varorne til dampbåten hadde jamt eit surt arbeid, og serleg var det ille på Osøyri når sjøen i stormdagar vilde fylla feringsbåtane.  Bertel Kåresen hadde ekspedisjonen der i over 30 år, og hadde ikkje han vore den kjempekaren som han i røyndi var so hadde dampbåten mangein gong lote gå framum Osøyri utan å få folk eller varor iland.  Etterkvart vart det uppsett bryggjor, fyrst på Lysekloster og Vedholmen, og i 1894 ogso på Osøyri der jernbanen sette upp bryggja.  No er det bryggja på alle stoppestader, og det røyner ikkje lenger på å »ekspedera dampen«.

I den sisste tidi hev motorbåtene fenge stort råderom og tevlar no hardt med dampbåtane.  Jamvel små færingsbåtar fær gjerne ein liten motor i bakskuten, og åror og segl gjeng meir og meir or bruk.  Ein kann soleis no fara sjøvegen både trygt og lett, og det stend heller ikkje att på farten.

I 1883 vart det opna ein jernbane fra Bergen til Voss (Vossebenen), og vestlendingane fekk sjå dei store fyremuner som ein jernbane hadde i samferdsla.  Det kom då ogso fram tankar um ein jernbanestubb fra Bergen til Os.

Den fyrste som tok tanken upp for alvor var disirikislækjar Krüger på Klyva, og han er ogso den mann som meir enn nokon annan hev æra for at tanken vart sett i verk.  Det vart bode inn til lutteikning i ein »Osbane«, og det vart teikna luter for 1/2 mill. kroner.  Av dette vart kr. 140000 teikna av staten som ogso gav ein tilsvarande sum som rentefritt lån.  Os kommune teikna luter for kr. 25000 og mange osingar teikna luter.

Ingeniør N. N. Sontum tok banebyggjingi på seg, og i 1891 kunde arbeidet taka til.  Banen vart ikkje førd ned til Bergen men stogga på Nesttun der den fekk samband med Vossebanen.  Det var frå fyrst av tanken å byggja banen fram til Hatvik der det var god hamn, og bygderne åa austre sida av Bjørnafjorden var sterkt interessert for dette.  Men pengane strakk ikkje til, og banen vart difyr bygd berre til Osøyri og fekk namnet Nesttun-Osbanen.

Den 19. april 1893 vart halde skipingsmøte i lutlaget, og den 3. januar 1894 vart halde fyrste møte i styret for banen.  Styresmenn vart konsul F. G. Gade, distriktslækjar Krüger og ingeniør Sontum med Gade som formann.  Til formann i representantskapet vart vald styraren på Stend landbruksskule Sandberg og som driftsstyrar vart tilsett ingeniør Eivind Grieg, Bergen.  Johennes Væhle frå Voss vart tilsett som stasjonsmeistar på Osøyri.  Banen kosta då han var ferdugbygd kr. 701 761, og seinare er det kosta ny-anlegg for kr. 242712.  Heile baneanlegget med hus, lokomotiver og vogner kosta soleis kr. 944473.

Sundegen den 1. juli 1894 var ein høgtidsdag for Os, med di Osbanen den dag byrja drifti.  Det var sett upp ruta med 4 tog kvar veg um kvardagane og 5 tog um sundagane til å byrja med, men ein våga likevel ikkje å gjera so mange ferder um dagen i dei fyrste vikorne.  Det synte seg mange veilor ved banen, lina var ikkje heilt ferdug, vognerne var ikkje som dei skulde vera, og alt tridje sundagen etter at drifti tok til gjekk toget av sporet ved Nesttun.  Vognhjuli var so skrale at då ein hadde kjørt i tvo månader måtte ein skifta hjul på alle vognerne.  Ingeniør Sontum som var med i styret og som sjølv hadde bygd banen heldt på at tvo tog um dagen var nok både for banen og for bygdefolket, men dei andre i styret fann at det minst måtte vera 3-4 tog um dagen.  Og sumar-ruta 1895 vart jamvel sett upp med 5 tog um kvardagane og 6 tok um sundagane med enndå til eit par ekstratog um dagen millom Nesttun og Stend.

Osbanen på Osøyro stasjon

Fyrste driftsåret skyssa banen 63952 menneskje og kjørte heim 782 tonn varor.  Dette var meir enn pårekna, men drifti vart ogso dyrare enn nokon hadde venta og reknskapet synte stort underskot. For å minka på utlogorne vart det sett upp færre tog og alle tenestemenn ved banen var uppsagde frå nyttar 1896.  Dei fleste fekk vel postane sine att men med mykje mindre løn.

Banen gjekk likevel med underskot og ein måtte taka upp lån til å halda drifti gangande.  I 1900 var det kome so langt at ein tenkte på å stogga drifti, og um hausten 1900 vart det halde umframt årsmøte for å avgjera um banen skulde leggjast ned og selskapet melda seg konkurs.

Det vart vedteke å halda fram og drifti tok no ei vending til det betre.  Rekneskapet for 1900-01 synte overskot, for fyrste gang i banen si soga.  I driftsåret hadde 82393 menneskje reist med banen og det var kjørt 2622 tonn varor.  I 1902 vart det tilsett ein ny og dugande driftsstyrar og smått um senn arbeidde banen seg upp.  I krigsåri auka reisetrafikken, banen kjøpte betre reidskap og vogner, og drifti gav so mykje overskot gjenom åri at banen sjølv greidde dei fyrr nemnde nykostnader til næer ein kvart million kroner.  Og i 1923 hadde enndå til banen ei vyrdeleg bankbok i skåpet.

Men so kom snunaden.  Ikring 1920 byrja bilene å føra folk og varor millom Os og Bergen, og Osbanen fekk straks kjenna verknaden av bilferdsla.  Attåt dette kom nedgangstidi med mindre pengar hjå folk og mindre reisetrafikk, og baneinnkomorne minka.  Istadenfor overskot synte drifti underskot, som for 1926-27 var heile 40000 kroner.  Ferdsla gjekk meir og meir frå banen over til bilane, og i 1927 overtok difyr Osbanen sjølv ruiebilferdsle til Bergen.  Banen hev no 13 rutebilar, og umframt hovudruta Os-Bergen er det ogso uppsett bilrutor til alle grender i bygdi.  Staten og nokre kommuner hev trygda banen si drift for resten av konsesjonstidi som gjeng ut 1. juli 1934.

I styret for Osbanen hev desse vore: Konsul F. G. Gade 1894-1905, dr. Krüger 1894-1913, ing. Sontum 1894-96, kjøpm. Johan A. Mowinckel 1897-1915, overlækjar H. G. Gade 1906-27, M. Erichsen 1914-26, Joh. Ludw. Mowinckel 1916-23, J.W.M. Heidenreich 1924-31, Nils Tveit 1927-32, G. Berg 1928-29 og 1932, og kjøpm. Johan A. Mowinckel jr. 1930-32. Av desse hev F. G. Gade, Krüger, J. A. Mowinckel, H. G. Gade, Heidenreich og Nils Tveit vore formenn i styret.

Driftsstyrarar hev vore: Eivind Grieg 1894-96, Johs. Wæhle 1896-98, E. A. Svenke 1898-1902, J.W.M. Heidenreich 1902-17, Gustav Pettersen 1917-18, og J.R. Landmark 1918-32. Sofus Hansen hev i mange år vore stasjonsmeistar på Os.

Vegane og Jernbenen hev vore ei stor lyftestang for Osbygdi.  Dei hev knytt grenderne saman, gjort vareumsetnaden lett og hev skapt tilhøve for eit tidhøvelegt og lønsamt jordbruk i bygdi.  Umframt skulane og den auka upplysning er det vegane og jernbanen som mest hev umskapt bygdi og gjort henne til det som ho er idag.

Eit nytt slag ferdslegreidor hev no teke råderomet på vegane og hev ogso teke luven frå Osbanen. Det er bilane.

Kann dei skapa den same framgang i Osbygdi som dei gamle samferdslegreidor skapte so er det ogso voner for framtidi.