Vedtekter for Os Sogelag
Os Sogelag
Vedtekter for Os sogelag.
§ 1 Føremål.
Os sogelag skal:
a) vekkja interesse og forståing for lokalsoge og kulturminne .
b) hjelpa til med å samla inn, ordna og gjera tilgjengeleg alt som kan kasta lys over livskåra til folk i farne tider, materielt og åndeleg
§ 2 Medlemskap.
a) Medlem kan kvar den verta som er samd i føremålsparagrafen, og som betalar dei årspengane som årsmøtet har fastsett.
b) Utmelding av laget må gjerast skriftleg.
§ 3 Leiing.
Laget sitt øvste styringsorgan er årsmøtet. Det vel styret og dreg opp retningslinene for arbeidet. Styret har leiinga for laget gjennom året.
§ 4 Årsmøtet.
a) Årsmøtet skal haldast på ettervinteren eller våren, helst før utgangen av april, og det skal kallast inn med minst 14 dagars varsel.
b) Alle frammøtte medlemer har røysterett.
c) Saklista skal alltid innehalda
1 – Godkjenning av innkallinga
2. Årsmøtet vel ordstyrar, referent og 2 til å underteikna protokoll
3 – Årsmelding
4 – Rekneskap
5– Val
6 – Fastsetjing av årspengar for neste år
7 – Andre saker
d) “Innkomne saker” (6) skal liggja føre skriftleg hos styret minst 14 dagar føre årsmøtet, elles kan årsmøtet avvisa saka.
e) Årsmøtet skal velja leiar, styremedlemer, ,valnemnd og revisor.
f) Dersom det skulle vera trong for det, kan årsmøtet setja ned undergrupper(organ) for ulike gjeremål.
§ 5 Styret.
a) Styret skal ha 7 medlemer med leiaren.
b) Leiaren skal veljast kvart år.
c) Styremedlemene skal veljast for to år , slik at tre av dei er på val det eine året, og dei andre tre året etter. Skulle ein av dei verta vald til leiar det året han/ho ikkje er på val, skal han/ho som overtek som styremedlem, verta vald for eitt år. Det same gjeld dersom ein styremedlem skulle falla frå.
d) Leiaren kallar inn styret når han meiner det er naudsynt, eller når minst tre av styremedlemene krev det.
e) Styret konstituerer seg sjølv og peikar ut nestleiar, kasserar og skrivar.
f) Styret kan gjere vedtak når minst fire av medlemene er til stades.
g) Styret kan peika ut ei nemnd til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.
§ 6 Valnemnd.
Årsmøtet vel etter framlegg frå styret ei valnemnd på tre personar, såleis at ein står på val kvart år. Styret peikar ut leiaren.
§ 7 Revisjon.
Årsmøtet vel kvart år ein revisor.
§ 8 Endring av vedtektene.
Endringar av desse vedtektene krev 2/3 fleirtal på eit lovleg innkalla årsmøte, og framlegg til endringar må vera kunngjorde minst 14 dagar på førehand.
§ 9 Oppløysing
Laget kan ikkje løysast opp utan at det vert vedteke med 2/3 fleirtal på to årsmøte etter einannan. Framlegg om det må vera kunngjort minst ein månad før årsmøtet.
Skulle laget verta oppløyst, skal eiga stå til rådvelde for eit nytt sogelag som vert skipa innan ti år. Hender ikkje det, skal eiga gå til Os kommune, som brukar midlane i samsvar med § 1 i vedtektene.
Denne paragrafen kan ikkje endrast.
Vedtektene vart vedtekne på stiftingsmøte 15.03.2016