Ferstad

Frå OS SOGA III side 248- 266



47. FERSTAD.

Gardsnamnet kjem truleg av eit mannsnamn, Færek  e.l, samansett med stad. Tvo andre gardar i landet, som var kalla Færekstad og Færikstad i eldre tider, heiter no Ferstad likeins som garden i Os. Nokon onnor tyding av namnet veit ein ikkje å finna.
Uttale: Fær’sta. Skrivemåtar: Fergestada, Fergestad (1519), Færestad, Færrestad, Ferrestad, Ferrestadt, Fergestadt,
Garden ligg austanfyre Lunde og Hauglandsgardane, nærare inn mot Bjørnafjorden. Eigarar av Ferstad var i eldre tider dei same som åtte Røttingen, Sundøy og Lepsøy.
Då ekkja etter presten Leganger vart eigar i 1747 busette ho seg på Ferstad, og sidan har brukarane ått garden.

Or gamle matriklarr og teljingar:
1668: Saar 5 ½  stadtztønder, afler 26½ tdr., god ager og eng, med en laxeuog som aarlig besunes med anden goed fiskerj og ner fjorden, med brendeued skoug til gaardens fornødenhed. 1723: Ingen skoug eller setter, intet fiskerie, har vaaret et saakaldet Iaxeværpe som i lang tid har ligget øde og er til intet og af ingen værdi, ingen qvern, ei synderlig jordart, aarvand og tør mark. Har ingen brug eller næring uden gaarden og dens aufl. 1865: Færstad med 2 pladse: Har 26 maal dyrket ager og eng, deraf 7 maal godt, 12 middels og 7 slet, har 110 maal naturlig england, hvoraf 36 maal godt, 56 maal middels og 18 slet, af englandet kan 10 maal dyrkes. Har skog til brænde men ei videre, intet at sælge, kan føde 9 ungnød ved lyng, er meget letbrugt og almindelig drevet. Har 1 kastevåg som udbringer 1 spd. aarlig. 1 lidet brug lider af tørke.


   Buseiried og buskep,    
 Hus- Mcnnc-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsadUtsad
 lydar.skje.tar.fe.ler.ter, korn.poteter.
16572  5        
16685  26    5,5 tun  
17232  28    9,5»  
1800625          
183543312534  213,5»7,5 tun.
1865631 3373  514,5»14»
1900417 712  22,5 hl.22hl.
192032022423  36,5 mål6mål
193031932241  44,2»6,5»
1939  1209   1,5»5»
    FERSTAD1.     



FERSTAD 1.
Torsten pa Fergestada hadde garden i 1518 og er fyrste brukar her som me veit namnet på. Vinteren 1518—19 fostra han tvo stutar for lensherren på Bergenhus og fekk 4 pund kopar i fosterløn.

Engjel Ferstad vart brukar i 1519. Meir veit me ikkje um han.

Nils Ferstad hadde garden i 1563. Han var lagrettemann i Os og var m. a. med og sagde dom i laksesaki millom prestegarden og Lysekloster i 1569, s. O. B. I 217.

Dag Størkson Havsgård få Fusa hadde Ferstad i 1591.  Faren Størk er nemnd som brukar på Havsgård i 1563, og bestefaren Dag Havsgård var brukar i 1521. Dag Ferstad var gift, men me veit ikkje namnet på kona. Han hadde 3 søner: Knut, f. ikr. 1590, s. n., Størk, f. ikr. 1595, s. br. 3, Lars, f. ikr. 1600, s. Lyssand 3. Dag sat tolleg godt i det, og åtte m. a. garden Bjøndal i Hålandsdalen, som dei 3 nemnde sønene fekk i arv etter faren. I 1626 selde dei Bjøndal til syskenbarnet sitt, Svein Monsson Bolstad. Dag døydde i 1611.  Fyrr han døydde vart garden skift i tvo bruk, s. br. 2.
Ekkja etter Dag hadde so dette bruket eit par år.
Jon Ferstad vart gift med ekkja i 1613 og fekk bygsla bruket, men døydde alt året etter.  Kvar Jon var frå, veit me ikkje.
Bruket vart no skift att i tvo partar, som soleis kvar vart ein fjordepart av Ferstad. Dei tvo eldste sønene åt Dag fekk bygsla kvar sin part, s. n. og br. 3.
Knut Dagson Ferstad, f. ikr. 1590, fekk bygsla denne parten av farsbruket. Han var gift med ei som heitte Anna.  Ho døydde ikr. 1650, og Knut gifte seg att nokre år seinare med ei som me ikkje veit namnet på.  Av borni kjenner me: Kari, f. ikr. 1615, s. n., Ola, f. ikr. 1620, s. Kuven 1, Peder, f. ikr. 1630, s. br. 4. Kannhenda hadde han ogso ein son Helje, f. ikr. 1657, s. ytre Moberg 3.  Knut var ein dugande men mykje sjølvrådug kar som ikkje vilde lyda storfolket, og difor måtte han jamt på tinget.  I 1627 kom han og begge grannane hans på garden i håri på den illgjetne futen Morits Busk, s. O. B. I 130 og 478, og måtte då leggja store bøter.  Men Knut var likevel ein mykje vyrd mann, han var lagrettemann radt til han døydde, og i mange år var tingstova i skipreidet hjå han. Då han i 1627 måtte leggja store bøter til futen vart han fatigmann, men arbeidde seg godt upp att.  I 1645 brann heile Ferstadtunet upp, og frå den tid vart han fatigmann likeins som dei andre grannane på garden. I 1655 måtte Knut for retten avdi han skulda landskyld til jordeigaren.  Knut stod på at han hadde betalt, men då han ikkje hadde prov for dette måtte han betala på nytt og fekk ei stor bot attåt.  Han døydde i 1658.
Ekkja etter Knut Ferstad hadde so bruket eit par år.  Ho vart truleg seinare gift til ytre Moberg, s. y. M. 3.
Rolf Eivindson Lien, f. ikr. 1634, vart i 1660 gift med Kari Knuts dtr. Ferstad, f. ikr. 1615, og fekk bygsla bruket etter vermori.  Rolf måtte likevel gjeva noko av bruket frå seg til verbroren Peder, som skipa eit nytt bruk på garden, s. br. 4. Kari døydde ikr. 1663, og Rolf gifte seg straks etter med Marta Lars dtr. Gjerdevik frå Fusa.  Marta døydde i 1669, og Rolf gifte seg att med Ingeborg Jons dtr. Storum, f. ikr. 1650.  Rolf hadde ikkje born. Han var jamt lagrettemann og sat tolleg godt i det dei fyrste åri, men det gjekk stødt nedover med han.
I 1670 åri kom Rolf og dei andre mennene på Ferstad upp i ein stor strid um laksefisket i Lekvenvågen. Amund Klyva, Ola Sørstrønen og Ingebrigt Kleppe frå Austevoll åtte laksefisket i Lekvenvågen, og dei påstod at Ferstadmennene gjorde stor skade på laksefisket deira.  Ferstadkarane hadde soleis sume tider teke ilane upp og flytja laksenoti, og sume tider hadde dei teke heile noti på land.
Rolf Ferstad, som førde ordet for seg og grannane, sanna at dei hadde gjort det som dei var skulda for. Men laksenoti var ulovleg utsett, sa han, kvart år drog Amund Klyva og dei andre noti si lenger og lenger ut mot Ferstadneset, og Ferstadmennene som fyrr hadde fenge mykje fisk her fekk no ingen ting.  Amund Klyva sa at dei hadde rett på heile laksefisket her, og han synte til ein dom i den same saki som var gjeven i tingstova på Haugland den 12. juni 1632. Etter denne domen hadde Amund og dei andre rett på heile vågen og notevollen med.  Rolf og grannane hans kunde ikkje føra prov mot dette, og i 1675 vart saki sett ut for å takast upp att på åstaden året etter. Kor det gjekk, veit me ikkje, men etter alt å døma so tapte Ferstadmennene saki.  Noti vart likevel sett lenger frå Neset seinare, og etter 1700 kom laksevågen or bruk, so at Ferstadmennene sidan kunde fiska som dei vilde. Rolf Ferstad døydde i 1718 og kona Ingeborg i 1712.
Vermund Mikkjelson Holmefjord frå Fusa, f. p. Havsgård 1673, vart brukar i 1706 då Rolf vart for gamall til å greida arbeidet. G. 1706 Anna Rasmus dtr. Mobergslien, f. 1667. Born: Mikkjel, f. 1707, Sigrid, f. 1709, g. 1726 Torstein Olson, Rasmus, f. 1711, g. 1742 Anna indre Haugland, s. i. H. 2, Marta, f. 1714, g. 1754 Bård Bø, s. Bø 5. Vermund stod i sjøvernet og måtte ut i ufreden 1712—13, men kom heilskinna heim att.  Då vermori på Mobergslien døydde i 1718, flutte Vermund med huslyden til Mobergslien, s. M. 1, og vart sidan buande der.
Presten Kristoffer Garmanni Os hadde kjøpt Ferstad ikr. 1670, og kapellanen hans Nils Ivarson Leganger, som i 1708 vart gift med prestedotteri Gjertrud, arva eigedomen etter Kristoffer Garmann. Nils Leganger vart i 1721 sokneprest i Os etter verfaren, og han tok no sjølv styringi av hovudbruket på Ferstad og dreiv det med tenarar. Sjå um Nils Leganger O. B. I 413—417.
Ivar Nilsson Leganger, f. 1711, som var eldste son åt soknepresten, fekk bruket i 1732. Ivar var då student. I 1743 let han faren få bruket att. Ivar Leganger vart gift i 1748 med Katrina Astrup, f. 1714, og døydde som sorenskrivar på Sunnmør i 1751.  Katrina døydde i 1768.
Sokneprest Nils Leganger tok bruket attende i 1743 og dreiv det med tenarar i si tid. Fyrste kona hans Gjertrud Garmann døydde alt i 1726, og Nils var gift att i 1729 med Maria Fyren Ottos dtr. Finde, f. 1700. Nils Leganger døydde i 1747.
Ekkja Maria Leganger fekk garden då mannen døydde, og ho flutte sjølv til Ferstad og vart sidan buande der. Ho stjorna dei fyrste åri sitt eige bruk med tenarar, men tok sidan bygslemenn og paktarar på dette som på dei andre bruki, s. n. Maria Leganger døydde i 1777.
Johan Nilsson Leganger, f. 1738, som var yngste son åt Ospresten, arva Ferstad då mori døydde. Umframt Ferstad fekk han ogso det som mori åtte i Røttingen, Lepsøy og Særvoll. Sundøy hadde mori seld til bygslemennene fyrr.  Johan vart gift i 1778 med Elisabet Katrina Frimann Finne, f. 1759. Born: Nils, f. 1787, g. 1813 Marianne Nils dtr. Hertzberg frå Kinsarvik, s. Molda 1, Maria Fyren Finde, f. 1788.  3 born døydde unge. Johan stjorna sitt eige bruk med gardstyrarar eller paktarar, men hadde bygslemenn på dei andre bruki. Han var ein rik mann, og arven etter foreldri kom ikkje burt under hans hender. Johan døydde i 1796, og millom dei mange og sjeldsynte ting som då vart selde ved auksjonen etter han, var ogso ei verdfull boksamling. Kona hans, som var 21 år yngre enn han, døydde alt i 1791.
Kaptein Johan Koren Dahl, f. i Kvinnherad 1745, kjøpte Ferstad på auksjonen etter Johan Leganger i 1796. G. 1775 Else Alstrup, f. 1757. Dahl vart sersjant i 1763, løytnant i 1769 og kaptein i 1788. I 1801 vart han major, og då ufreden kom i 1807 førte han Sogns bataljon i herferdi. Medan han låg ute i 1808 fekk han ein ulækjande beinsjukdom og måtte søkja avskil.  Då avskilssøknaden kom til Kjøpenhamn var Dahl nett utnemnd til oberstløytnant. Av borni karm me nemna: Mathias, f. 1776, d. ung, Nils Griis Alstrup, f. 1778, sokneprest i Gulen, stortingsmann i 1814 m. v., g. 1805 Hylleborg Jens dtr. Hertzberg frå Finnås, Maria Frimann, f. 1780, d. ung, Henrik Miltzow, f. 1782, artillerikaptein, g. 1809 Anna Margareta Dahl, Mathias Dahl, f. 1784, d. ung, Inger Worm Fürstenberg, f. 1785, g. 1808 løytnant G. G. von Dahl, Nils, f. 1786, Mathias, f. 1790, var som løytnant med i ufreden 1808—14, og skreiv saman med løytnant F. H. Meidell på Molda ein klage på general Arenfeldt for klein krigsførsla og vart sett under krigsrett for det, Johan Koren, f. 1792, drukna på ei ferd til Hardanger 1820, Maria Frimann, f. 1791, g. 1830 Nagell Silchenstedt frå Fjelberg, Christian Lerche, f. 1798, Else Alstrup, f. 1799. Johan Koren Dahl døydde i 1835 og kona i 1838.
Me nemner no dei bygslemenn, gardstyrarar eller paktarar, som stjorna bruket frå 1750 åri til 1808:
Paul Simonson Ferstad, f. 1723, vart gardstyrar i 1754. Han hadde fyrr havt eit bruk på Storum, s. S. 3. G. I 1750
Kristi Jons dtr. Storum, f. 1723, d. 1766, g. II 1767 Anna Lars dtr. Lunde, f. 1736. Born: Simon, f. 1757, tok i 1803 borgerskap som bøkkarmeistar i Bergen, Brita, f. 1763, g. 1801 Hans Bjørnen, s. B. 1. 3 born døydde unge. Paul sat svert smått i det. Han var gardstyrar berre nokre få år, men gjekk sidan som arbeidar på bruket og var busett på Ferstad all sin dag. Han døydde i 1787 og siste kona i 1810.
Mons Andersson Sørstrønen, f. 1714, vart paktar eller gardstyrar i 1758. Han hadde fyrr havt eit bruk på Sundøy, s. Sundøy 3. G. 1740 Eli Jakobs dtr. Halhjem, f. ikr. 1710. Um huslyden hans elles, s. Sundøy 3. Mons døydde i 1763 og kona gifte seg att med Kristoffer Røttingen, s. R. 2.
Nils Sjurson fekk bygsla bruket i 1764. Kven Nils var, veit me ikkje, men han var ikkje frå Os, Bygsla hans vara berre i tvo år, men i skatteboki stend han skriven for bruket radt til 1780. Korleis dette heng saman, veit me ikkje. Me kann ikkje firma han på Ferstad etter 1766.
Tormund Jakobson Linga frå Strandebarm, f. p. Lysen 1724, fekk bygsla bruket i 1766. G. I 1754 e. Marta Hans dtr. Linga, g. II 1762 Gyri Ols dtr. Haukås frå Strandebarm, f. 1739. Born: Marta d. e., f. 1759, Lars, f. 1762, g. 1794 Anna Mons dtr. Almeland frå Fana, Brita, f. 1765, Marta d. y., f. 1767, Gjertrud, f. 1769, g. 1789 Asbjørn ytre Haugland, s. y. H. 5. Tormund sat svert smått i det. Då faren døydde og mori gifte seg att måtte borni ut på viddi, og me finn berre eitt av dei att i Os. Tormund døydde i 1771.
Torgeir Torsteinson Tordalen frå Strandebarm, f. 1740, vart i 1774 gift med ekkja etter Tormund, Gyri Ols dtr., og fekk pakta bruket. Born: Herborg, f. 1774, g. 1800 Matias Ivarson Hjellestad frå Fana, s. F. B. 719, Marta, f. 1776, g. 1835 e. Anders Andersson Ådland i Fusa. Torgeir sat smått i det likeins som fyremannen. Han fall tidleg burt, med di han døydde alt i 1782. Kona livde 46 år lenger og var nær 90 ar då ho fall frå i 1828.
Lars Kristenson, f. ikr. 1734, som truleg var frå Buskengen ved Lysekloster, vart paktar her i 1782. Han hadde fyrr havt eit bruk i Lepsøy, s. L. 6. Lars var berre i 3 år på Ferstad. I 1785 flutte han til Bjørnavik, s. Bjørnen 4, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Lars Olson Døsen, f. 1754, vart paktar eller gardstyrar i 1785. G. 1783 Magdela Simons dtr. Skjeie, f. 1757. Born: Ola, f. 1784, g. 1821 Lisbet Kuven, s. K. 1, Simon, f. 1786, g. 1826 Kristi Ferstad, s. Døsen 1. Ei gjenta døydde tidleg.  Lars og kona vart heller ikkje gamle på Ferstad. Han døydde alt i 1791 og ho i 1789.
Nils Jakobson Ferstad, f. 1768, fekk pakta bruket etter Lars. G. 1794 Kari Heljes dtr. Klyva, f. 1767. Eigaren av bruket, Johan Leganger, døydde i 1796, men Nils heldt fram med paktingi under den nye eigaren. Men då det i 1808 atter kom ny eigar som vilde ha bruket sjølv, måtte Nils lata paktingi fara.  Han fekk då festa eit stykke utmark på garden, Vashaugen, og tok upp eit nytt bruk her.  Sjå meir um han og huslyden hans under bruk 7.  Me tek so atter fyre oss eigarane på Ferstad
Major Johan Henrik Mariager von Krogh, f. i Luster 1762, kjøpte heile Ferstad i 1808 og busette seg her.  Han hadde fyrr vore busett i Kvinnherad o. a. st. G. i Kvinnherad 1792 Lovisa Juliana Maria Segelcke, f. 1754, som var dotter åt forvaltar Segelcke i Rosendal. Born: Wilhelmina, f. i Strandebarm 1793, g. 1815 Frantz Hendrich Meidell, s. O. B. I 531, Tomas Severin Vintzens, f. i Kvinnherad 1795, s. n.  Krogh var fyrste underskrivar på adressa frå Os til prins Kristian Fredrik i 1814, s. O. B. I 701, der ein finn skrifti hans. Han gjorde tenesta som sersjant i Slesvigske regiment frå 1777, var med Bergenhusiske grenaderkorps i herferdi mot Sverik 1788, vart løytnant året etter og kaptein i 1802.  I 1807 vart han sjef for Urlandske kompani, men var sjukleg og tok avskil med majors grad i 1810.

Major Krogh døydde på Ferstad i 1836 og kona i 1837.
Løytnant Tomas Severin Vincentz von Krogh, f. i Kvinnherad 1795, skøytte Ferstad etter faren i 1823. G. 1823 Anna Rye Jakobs dtr. Meidell, f. Førde i Sunnfjord 1794, som var sonedotter åt oberst Meidell på Molda, s. O. B. I 530. Dei hadde ikkje born, men tok ei systerdotter åt kona, Andrea Matzow, f. 1819, til seg som fosterdotter, s. Bø 13. Krogh reiste som ung gut til Danmark og gjekk inn i den danske heren, der han gjorde tenesta som løytnant til han reiste attende til Norig.  Titelen løytnant hadde han alle dagar, og i Osbygdi vart han berre kalla «lytmaen» (løytnanten).  Tomas Krogh var heile tidi busett på Ferstad, men hadde paktar på garden dei siste 20 åri. Han døydde i 1871 og kona i 1872.
Rasmus Kristian Tellefsen, f. i Arendal 1825, kjøpte Ferstad på auksjonen etter Krogh i 1872 for 2575 spd. G. Klaudina Maria Johnsen frå Rosvåg på Hitterøy ved Flekkefjord, f. 1824. Born: Teodor, f. 1859, dyrlæge i Trøndelag, g. frk. Lie frå Bergen. Tellefsen var skipsførar, og i mange år gjekk han med skuta si, skonnert «Sylfiden», med apelsin laster frå Messina til Bergen. Det var sett upp ein stor premi for den skuta som kom fyrst til landet med apelsinlast um haustane, og Tellefsen vann premien i fleire år.  Han hadde fleire tillitsyrke i Osbygdi, og m. a. var han med i heradstyret 1880—1883.  I 1897 selde han garden og flutte til Fana, der han døydde i 1909. Ekkja flutte so til Bergen og døydde der i 1917.
Finn Hjalmarson Løberg frå Årstad ved Bergen, f. 1864, kjøpte Ferstad i 1897. G. Inger Svendsen frå Stavanger, f. 1852.  Dei hadde ikkje born.  Finn var son åt den kjende stortingsmannen Hjalmar Løberg.  Han hadde gjenge Stend landbrukskule og var ein interessert gardbrukar.  I 1902 reiste han til Amerika og busette seg der.
Statsministar Chr. Michelsen kjøpte garden då Finn Løberg reiste til Amerika.  I 1904 selde han hovudbruket, s. n., men heldt att Ferstadvollen og Ferstadskogen, s. br. 6 og 8.
Ragnvald Pederson Øren frå Kyrkjebø i Sogn, f. 1864, kjøpte hovudbruket i 1904. G. 1887 Ragnhild Peders dtr. Dale frå Kyrkjebø, f. 1864. Born: Sigrid, f. 1887, g. lærar Kristvik, Porsgrunn, Åsta, f. 1890, g. maskinmeistar K. Stormoen, Nore i Numedal, Anna, f. 1891, butikkgjenta, b. Vittingfoss, Ragna, f. 1897, d. ug., Signe, f. 1899, g. handelsmann Hans Olsen, Notodden, Per, f. 1901, d. ug., Teodor, f. 1903, i Amerika, farmar i Nord Dakota, Petra, f. 1905, i Amerika, gift med ein farmar i Nord Dakota, Ruth, f. 1907, veverske. Ragnvald selde bruket same året som han kjøpte det, men fekk det att seinare, s. n.
Oskar L. Torstensen frå Bergen, f. i Oslo 1868, kjøpte Ferstad i 1904. Oskar var kjøpmann og dreiv handel i Årstad ved Bergen.  Han var ugift. Oskar dreiv ikkje bruket sjølv, men hadde styrar på garden, og verbroren Karl Brun, s. n., var gardstyrar heile tidi. Oskar selde garden att i 1911.
Karl Brun frå Austfold, f. 1867, var gardstyrar her i dei åri då Oskar Torstensen åtte Ferstad. Karl var gift 1897 med Maria Torstensen, f. i Oslo 1864, som var syster åt jordeigaren. Born: Åsta, f. 1898, Sverre, f. 1899, kjøpmann, g. Lovisa Steensæth, b. Bergen, Bjarne, f. 1901, frukthandlar, g. Ingeborg Espe, b. Bergen, Birgit, f. 1905, g. E. Sande. Då eigaren selde garden i 1911 flutte Karl Brun til Bergen, der han sidan dreiv som møbelsnikkar.
Ragnvald Pederson Øren kjøpte att i 1911.  Sjå um han ovanfyre og under Hauge 2.

Gullak Markusson Dyrdal frå Kyrkjebø i Sogn, f. 1879, kjøpte Ferstad i 1912 og er eigar no. G. 1916 Hansina Hans dtr. Sørebø frå Kyrkjebø, f. 1887.  Born: Markus, f. 1917, agronom, Harald, f. 1919, Ering, f. 1920, Signy, f. 1922. Foreldri åt Gullak, Markus Jonson Dyrdal, f. 1842, og kona Sesilia Gullaks dtr. Håland, f. 1849, var ogso busette her. Markus døydde i 1939 og Sesilia i 1935.

FERSTAD 2.
Ola Ferstad vart fyrste mann på dette bruket, då det ikr. 1595 vart skift ut frå det andre på garden. Frå fyrst av var bruket berre ein liten part av Ferstad, men det fekk straks meire jord lagt til seg, og vart um nokre år auka til halve garden. Ola hadde bruket til 1603.
Peder Ferstad hadde so bruket eit par år.
Endre Ferstad vart brukar i 1605.  Bruket var no vorte jamstort med bruk 1, og begge brukarane på garden sat tolleg godt i det.  Kvar Endre var frå er uvisst, men han hadde noko med Midthus å gjera og var kannhenda derfrå. Han døydde i 1618.
Ola Endreson Ferstad fekk farsbruket ikr. 1620. Kona heitte Marta, men elles veit me ikkje meir um henne. Av borni kjenner me: Kristi, f. ikr. 1620, s. n., Håvard, f. ikr. 1622, g. Agata Anders dtr., s. Halhjem 2, Nils, f. ikr. 1634, s. br. 5, Mons, f. ikr. 1640, var med i ufreden i 1670 åri, s. O. B. I 499. Ola var velstandsmann og åtte m. a. jord i Midthus, Lien og Bårtveit, men vart fatigmann likeins som grannane på garden då tunet brann upp i 1645. I 1668 selde han Lien til Aksel Mowatt på Hovland i Tysnes, og Lien kom dermed til Rosendalgodset. I 1627 og 1634 måtte Ola leggja store bøter på tinget, men han var då ein velstandsmann som lett greidde utlogone sine. Han let bruket frå seg ikr. 1655.
Lars Larsson, f. ikr. 1636, vart ikr. 1655 gift med Kristi Ols dtr. Ferstad, f. ikr. 1620, og fekk bygsla halve bruket etter verfaren. Den andre halvparten vart lagt til eit nytt bruk, s. br. 5. Lars var anten frå Lunde eller Haugland. Kristi døydde i 1675, og Lars gifte seg att same året med Gjertrud Jens dtr. ytre Moberg. Ho døydde i 1709, og presten skreiv då at ho var 46 år gamall. Etter det skulde ho vera 12 år då ho vart gift, men truleg var ho eldre. Lars fekk 5 born, Ola, f. ikr. 1658, Jens, f. 1676, Lars, f. 1679, f. 1682, og Kristi, f. 1687, men alle døydde ugifte i 20 års aldren. Lars Ferstad var ein av dei som førte ordet på tinget i 1675, då osingane nekta å leggja løn til vegmeistaren, s. O. B. II 378. Lars døydde i 1691.
Peder Eivindson Kolle frå Fusa, f. ikr. 1667, bygsla bruket då Lars døydde. G. 1691 Guro Vinsjans dtr. indre Moberg, f. ikr. 1673. Born: Kari, f. 1693, Ingjerd, f. 1697, Eivind, f. 1699. Tvo born døydde unge. Peder hadde bruket til ikr. 1725, då han let det frå seg til framande og flutte attende til Fusabygdi. Kvar det vart av borni, veit me ikkje.  Peder og kona døydde på Kolle, han i 1729 og ho i 1747.
Peder Jørgenson indre Moberg, f. 1697, bygsla bruket ikr. 1725. G. I 1724 Marta Lars dtr. indre Haugland, f. 1702, d. 1733, g. II 1734 e. Anna Jons dtr. Borgen, f. p. Halhjem 1692. Born: Kari, f. 1725, d. ung, Gjertrud, f. 1726, g. 1750 Jon Hovland, s. H. 2, Lars, f. 1731, g. 1753 Kari ytre Lekven, s. y. L. 1. Peder dreiv med sjøen og sat tolleg godt i det.  Han døydde alt i 1738.
Hans Jakobson Halhjem, f. i Bergen ikr. 1715, bygsla bruket då Peder døydde. G. 1739 Kari Simons dtr. Ferstad, f. 1715. Born: Brita, f. 1742, g. 1762 Lars indre Haugland, s. i. H. 2, Mari, f. 1748, g. 1774 Tomas Halhjem, s. Lunde 4, Margreta, f. 1756, s. n. 3 gutar døydde unge. Hans var ein mykje vyrd mann i bygdi, var domsmann, presten sin medhjelpar og kyrkjebodsmann, o. m. a. Hans hadde notbruk, og då han i 1774 var vitne i ei sak millom Helland og Lundarviki um landslut prova han, at han då hadde vore notbas i 34 år. Han sat likevel smått i det. Hans dødde i 1797 og Kari i 1780.
Ola Andersson Særvoll, f. 1755, vart i 1783 gift med Margreta Hans dtr. Ferstad, f. 1756, og bygsla same året bruket etter verfaren. Born: Kari, f. 1783, g. 1810 Martinus Kilen, s. Hatvik 2, Nils, f. 1786, g. 1816 Margreta Storum, s. S. 3, Hans, f. 1791, var ute i ufreden 1812—14 og vart seinare skipstimbermann i Drammen, (er bestefar til den kjende musikaren Johan Halvorsen), Anders, f. 1795, s. n., Jakob, f. 1798, g. 1826 Anna ytre Haugland, s. y. H. 1. 3 born døydde unge. Ola dreiv med sjøen likeins som fyremannen, men sat sverande tungt i det. Han døydde i 1824 og kona i 1828.
Anders Olson Ferstad, f. 1795, vart brukar saman med faren i 1816. G. 1815 Gjertrud Villums dtr. ytre Haugland, f. 1778. Born: Margreta, f. 1816, d. ug. 1901, Ingjerd, f. 1820, g. 1847 Johannes Osøyri, s. Os 1. Anders døydde alt i 1821, fyrr han fekk bygsla bruket.
Ekkja Gjertrud Villums dtr. stjorna bruket i 5 år etter at mannen døydde.  I 1834 vart ho gift att med Knut Olson Kuven, s. K. 5.
Engjel Hansson Hatvik, f. 1800, bygsla bruket i 1826. G. 1823 Guro Berges dtr. Sørstrønen, f. 1799. Born: Anna, f. 1823, g. 1852 Knut Paulson Brathus frå Hålandsdalen, b. Bakholmen, Kristi, f. 1826, g. Mons Johannesson Haugland frå Kvinnherad, Sesilia, f. 1830, Hans, f. 1832, d. 1846, Guro, f. 1836. Det gjekk ikkje for Engjel på Ferstad, og i 1832 flutte han til Teigland i Hålandsdalen, der han sidan vart buande. Engjel og kona vart ikkje gamle folk. Han døydde alt i 1838 og ho i 1844.
Eigaren Tomas Severin Vincentz von Krogh stjorna no bruket sjølv nokre år.  Sjå um han under br. 1.
Knut Knutson Ferstad, f. 1813, bygsla bruket i 1840. G. I 1841 Dordi Lars dtr. Sørstrønen, f. 1808, d. 1848, g. II 1849 Guro Mons dtr. Lunde, f. 1827. Born: Ingeborg, f. 1841, g. 1863 Nils Lunde, s. L. 5, Larsina, f. 1846, g. 1879 Mons ytre Drange, s. y. D. 6, Mons, f. 1850, g. 1885 Guro ytre Moberg, b. Osøyri, s. O. 23, Knut (tvilling), f. 1855, snikkar, g. 1888 Elisa Massilia Rasmina Larsen, b. Bergen, Ola, f. 1855, snikkar, g. Kristi Knuts dtr. Mjånes frå Strandvik, b. Bergen.  Ein gut døydde tidleg. Knut dreiv fiske og anna arbeid attåt gardsbruket.
Eigaren tok bruket sjølv i 1872 og lagde det til hovudbruket, som det no er ein part av.


FERSTAD 3.
Størk Dagson Ferstad, f. ikr. 1695, vart fyrste mann på det nye bruket, som vart skild ut frå bruk 1 i 1614. Han vart dei fyrste åri nemnd som husmann og lagde berre husmannskatt, men vart seinare rekna som vanleg bonde. Kona hans heitte Marta.  Av borni kjenner me berre ein son Nils, f. ikr. 1616, s. n. Størk måtte likeins som grannane leggja store bøter i striden med futen Morits Busk i 1627, men same året døydde han.
Ekkja Marta Ferstad stjorna bruket i heile 28 år etter at mannen døydde. Det var smått for henne heile tidi, og ho var i mange år skattefri.  Då tunet brann i 1645 vart det radt ille for henne, men ho greidde likevel å sitja med bruket til sonen tok det i 1655, s. n.
Nils Størkson Ferstad, bygsla bruket etter mori i 1655.  Kona hans som heitte Kari Mons dtr. var truleg frå ytre Haugland.  Dei hadde ikkje born. Nils sat smått i det likeins som mori, og i 1658 vart han stemnd til tings avdi han ikkje hadde greidt bygslepengane.  Han slapp likevel gå frå bruket og sat med det til han døydde i 1680. Kona var død i 1673.  Bruket vart no skift millom dei andre grannane på garden og kom burt som sjølvstendugt bruk.


FERSTAD 4.
Peder Knutson Ferstad, f. ikr. 1630, fekk bygsla eit nytt bruk her ikr. 1660. Bruk 1 og 3 lagde noko jord kvar til det nye bruket, so at desse bruki vart jamstore. Tilsaman var dei halve Ferstad, og br. 2 hadde den andre halvparten.  Peder var gift med ei som heitte Brita Haldors dtr. Ho døydde i 1669, og Peder gifte seg att same året med Dordi Mikkjels dtr. ytre Haugland. Av borni kjenner me: Størk, f. 1661, f. 1670, d. ung, Magdela, f. 1672, d. 1695. Då alle Ferstadmennene måtte på tinget i 1670 åri um laksefisket i Lekvenvågen, vart Peder skriven for Bård Ferstad.  Korleis dette heng ihop, veit me ikkje. Peder dreiv med sjøen, men sat sverande smått i det. Han døydde ikr. 1695.
Lars Nilsson indre Moberg, f. 1670, bygsla bruket etter Peder. G. 1697 Eli Rasmus dtr. nedre Rød, f. ikr. 1675. Born: Magdela, f. 1701, ug., f. 1703, ug., Rasmus, f. 1708. d. ung. I åri etter 1700 var Lars ute i sjøvernet og kom heilskinna heim att. Han sat sverande smått i det og døydde alt i 1707.
Ekkja Eli Rasmus dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1717.
Simon Olson indre Haugland, f. 1689, bygsla bruket i 1713. G. 1713 Brira Anders dtr. Lyssand, f. 1684. Born: Kari, f. 1715, s. br. 2, Anders, f. 1720, ug., Paul, f. 1723, s. br. 1, Kristi, f. 1726, s. n. Simon dreiv fiske, men sat like smått i det som fyremennene. Han døydde i 1743 og kona i 1741.
Jakob Larsson Halhjem, f. 1723, vart i 1746 gift med Kristi Simons dtr. Ferstad, f. 1726, og hadde alt året fyrr bygsla bruket etter verfaren. Dei fekk 10 born, men berre 4 vaks upp: Margreta, f. 1753, g. 1779 Lars Lunde, s. Berge 1, Mari, f. 1759, g. 1782 Hans Røttingen, s. R. 6, Brita, f. 1764, s. n., Ni7s, f. 1768, s br. 1. Jakob var ein drivande kar og arbeidde seg godt fram. Han hadde ein part i notbruket åt grannen på br. 2, og var saman med han på fiske i mange år. Jakob døydde i 1793.
Ekkja Kristi Simons dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde i 1798.
Jakob Simonson Skjeie, f. 1761, vart i 1794 gift med Brifa Jakobs dtr. Ferstad, f. 1764, og fekk året etter bygsla bruket etter vermori. Born: Kristi, f. 1794, g. 1818 Paul ytre Haugland, s. y. H. 11, Jakob, f. 1797, d. ug. 1825, Simon, f. 1803, s. n. Tvo born døydde unge. Jakob dreiv fiske likeins som fyremannen og greidde seg godt. Han døydde i 1838 og kona i 1841.
Simon Jakobson Ferstad, f. 1803, bygsla farsbruket i 1829. G. 1828 Maria Ols dtr. ytre Haugland, f. 1806. Born: Brifa, f. 1829, g. 1850 Ola Bjørnen, s. Ulven 1, Jakob, f. 1832, sjømann, g. 1862 Gjertina Ingebrigts dtr. Gauset, Ola, f. 1834, s. n., Ingjerd, f. 1840, g. 1863 Svein Bruarøy, s. Røttingen 8, Maria, f. 1843, g. 1870 Jakob Bruarøy, s. Røttingen 7, Kristina, f. 1846, g. 1872 Nils Bruarøy, s. Røttingen 9. Ein gut døydde ung. Simon dreiv med sjøen likeins som fyremennene. Han døydde i 1863.
Ola Simonson Ferstad vart brukar saman med mori til ho døydde i 1875, men fekk ikkje bygsla bruket. G. 1860 Kristi Peders dtr. Halhjem, f. 1835. Dei hadde ikkje born.  Ola var m. a. ein dugande tambur.  Han døydde alt i 1876.
Ekkja Kristi Peders dtr. stjorna so bruket eit par år.  I 1879 vart ho gift att med Torkjell Olson Økland og flutte då til Lunde, s. L. 16, der ho er nemnd vidare. Bruket gjekk no likeins som br. 2 inn i hovudbruket og er framleis ein part av det.


FERSTAD 5.
Nils Olson Ferstad, f. ikr. 1634, fekk i 1660 bygsla halve farsbruket, s. br. 2, og skipa nytt bruk her. G. ikr. 1658 Brita Johannes dtr., som truleg var frå indre Tuen.  Av born veit me berre um ei dotter Marta, f. ikr. 1669, d. 1673. Brita døydde «ved en ulykkelig hændelse» i 1669. Truleg drukna ho på den byturen, då fleire andre kom burt på sjøen. Nils vart utskriven til soldat ikr. 1656 og var med i ufredane i 1660 og 1670 åri, s. O. B. I 499. Han sat sverande smått i det, og då kona fall burt let han bruket frå seg. Nils døydde i 1677.
Paul Nilsson Halhjem, f. 1651, bygsla bruket i 1670.  Han var då nyss gift, men kven kona var, veit me ikkje. Born: Lars, f. 1672, Nils, f. 1674, Anna, f. 1677, Kristi, f. 1679. Alle borni vart vaksne og var ute i tenesta i 1704, men meir veit me ikkje um dei. Paul sat like tungt i det som fyremannen. Han døydde alt i 1680.
Ekkja etter Paul hadde so bruket ei tid. Ho døydde fyrr 1700, og grannane på garden stjorna bruket etter henne.
Sefrej Mikkjelson Holmefjord frå Fusa, f. 1679, som var bror åt mannen på br. 1, bygsla bruket i 1702. G. 1703 Brita Anders dtr. Ådland frå Fusa, f. ikr. 1680. Dei fekk tvo born, Mikkjel og Sefrej, som begge døydde unge, Sefrej fall frå alt i 1704.
Ola Larsson Hauge, f. 1681, vart i 1706 gift med ekkja Brita Anders dtr. og bygsla bruket. Ola var ein vyrd mann i grendi.  I 1716 flutte han til Lekven og vart sidan buande der, s. ytre Lekven 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. Bruket vart so lagt til br. 1, som dermed vart største bruket på garden.


FERSTAD 6 (Ferstadvollen).
Knut Håvardson Fet frå Kvinnherad, f. p. Netland 1769, festa eit jordstykke i utmarki på Ferstad og busette seg her ikr. 1799. G. 1798 Ingeborg Anders dtr. Skjeie frå Kvinnherad, f. p. Nedre Fet 1773. Born: f. 1803, g. 1828 Knut Lunden, s. L. 4, Anders, f. 1809, s. n., Knut, f. 1813, s. br. 2. Tvo born døydde unge. Knut dreiv fiske og greidde seg tolleg godt.  Han hadde vore underoffiser, men måtte slutta med yrket då han fekk skade i ei hand.  I 1804 vart han med i kystvernet og fekk då utlevert byrsa, medan grannen Ola på br. 2 berre fekk spjot.  Både Knut og kona var gamle folk då dei døydde, han i 1850 og ho i 1863.

Anders Knutson Ferstadvollen, f. 1809, festa bruket etter faren i 1836. G. 1834 Helga Nils dtr. Sundøy, f. 1807.  Born: Knut, f. 1836, s. n., Marta, f. 1840, g. 1864 Lars Nordstrønen, s. N. 9, Ingeborg, f. 1844, g. 1877 Jon Grindevoll, s. G. 2, Kari, f. 1847, g. 1870 Nils Storum, s. S. 5, Nils, f. 1849, lossearbeidar i Bergenske D/S, g. b. Bergen. 4 born døydde unge. Anders dreiv med sjøen likeins som faren. Han døydde i 1894 og kona i 1886.

Knut Andersson Ferstadvollen, f. 1836, bygsla farsbruket då det vart serskilt skyldsett i 1867. G. 1864 Ingeborg Bagges dtr. indre Haugland, f. 1841. Born: f. 1864, d. 1876, Anders, f. 1867, skipsbyggjar, g. b. Oslo, Helga, f. 1871, s. n., Hans, f. 1874, i Amerika, Annanias, f. 1877, i Amerika, Knut, f. 1880, fløtmann, seinare gartnar, g. b. Bergen, Maria, f. 1883, g. maskinist Hatletveit, b. Bergen.  Knut dreiv med fiske likeins som fyremennene. Han døydde i 1917 og kona i 1931.

Eivind Olson ytre Haugland, f. 1863, vart i 1892 gift med Helga Knuts dtr. Ferstadvollen, f. 1871, og bygsla bruket etter verfaren i 1897.  Born: Karl, f. 1893, s. br. 13, Ola, f. 1895, i Amerika, Ingvald, f. 1897, d. 1908, Karolina, f. 1899, d. 1909, Ingeborg, f. 1902, Emma, f. 1905, g. 1926 Hans Søfteland, s. S. 44, Johannes, f. 1907, fiskar, Ingvald, f. 1909, sjømann, g. 1937 Ingrid Anders dtr. Bremsholmen (Lepsøy), Karolina, f. 1911, b. Bergen, f. 1913, g. b. Bergen, Hilda, f. 1916. Eivind dreiv fiske og treskoarbeid. Han døydde i 1934.
Ekkja Helga Knuts dtr. hadde bruket etter at Knut fall frå. Ho døydde i 1939, og sume av borni stjornar no bruket.


FERSTAD 7 (Vashaugen).
Nils Jakobson Ferstad, f. 1768, som hadde pakta hovudbruket på garden frå 1791, festa i 1808 eit jordstykke på Ferstad, der han rydja og bygde.  G. 1794 Kari Heljes dtr. Klyva, f. 1767. Born: Kristi, f. 1794, g. 1826 Simon Ferstad, s. Døsen 1, Margreta, f. 1797, d. ug., Jakob, f. 1800, g. 1834 Anna Margreta Halhjem, s. Os 2, Kari, f. 1803, g. 1828 Peder Halhjem, s. H. 8, Helje, f. 1807, s. n. Nils dreiv med fiske og arbeidde attimillom på hovudbruket. Han døydde i 1848 og kona i 1834.

Helje Nilsson Ferstad, f. 1807, bygsla bruket etter faren i 1832.  Han hadde fyrr havt verfaren sitt bruk på Bruarøy under Røttingen, s. R. 8. G. I 1830 Henrikka Peders dtr. Røttingen, f. 1809, d. 1842, g. II 1843 Ingeborg Anders dtr. Foer frå Fusa, f. 1797. Born: Kristoffer, f. 1832, s. n., Ingeborg, f. 1835, g. 1862 Lars Lepsøy, s. L. 7, Kari, f. 1838, g. 1866 Nils Lepsøy, s. L. 11, Johannes, f. 1841, drukna i Brønnøysund 1864.  Ei gjenta døydde tidleg. Helje dreiv med fiske o. a. Han døydde i 1881 og Ingeborg i 1869.

Kristoffer Heljeson Ferstad, f. 1832, bygsla farsbruket i 1866. G. 1860 Torsteins dtr. ytre Lekven, f. 1838.  Born: Henrikka, f. 1860, g. 1883 Bertel Lunden, s. Osøyri 29, Ingeborg, f. 1862, g. 1892 Anders Klyva, s. Bø 11, Johanna, f. 1864, g. 1894 Johannes Bøtræ, s. Bø 9, f. 1865, d. ug. 1915, Ti7/a, f. 1870, g. 1894 Lars indre Haugland, s. i. H. 2, Nils, f. 1872, Helje, f. 1876, i Amerika, Torstein, f. 1879, i Amerika, Johannes, f. 1881, Sjur, f. 1885, g. 1907 Gjertina Johannes dtr., s. ytre Haugland 16.  Kristoffer hadde farty og dreiv med føring av murstein o. a. Han døydde i 1918 og kona i 1915.
Henrik Pederson Lunde, f. 1895, kjøpte bruket av eigaren på Ferstad i 1917 og hev det no. Sjå um han og huslyden hans under Lunde 10.

FERSTAD 8 (Ferstadskogen).
Statsministar Chr. Michelsen
skilde skogen frå garden då han selde Ferstad i 1904, s. br. 1, og heldt skogen att.  Ferstad feriekolonier vart bygde her i 1906, og i 1919 fekk dei grunnen og ein part av skogen som gåva av Chr. Michelsen.  Storparten av Ferstadskogen er seinare seld til andre, s. br. 10 og 11, og den luten som vart att er sett til rådvelde for Chr. Michelsens fond, som her hev bygt Ferstadvollens plantefysiologiske stasjon.

FERSTAD 9 (Nubben).
Dr. Gunnar Bøe
kjøpte i 1917 eit stykke av br. 1, og bygde her eit hus til sumarbustad. 

FERSTAD 10 (Ferstadskogen).
Statministar Chr. Michelsen bygde i 1917 eit sumarhus på ein part av br. 8.  Eigedomen gjekk sidan over til Chr. Michelsens fond, som selde att i 1934 til kontorsjef Sophus Schanche frå Bergen.  Han hev sumarbustad her.  A/S «Inger» fekk i 1939 skøyte på bruket.

FERSTAD 11 (Ferstadneset).
Skipsreidar Ferdinand Berg Olsen frå Bergen kjøpte storparten av br. 8 i 1918 og bygde sumarbustad her.  Då han døydde vart ekkja Benedicte Berg Olsen og sonen Eyolf Berg Olsen, g, m. Betty Hægland, s. Os 11, eigarar.  Dei skøytte eigedomen i 1938 til sakførar E. Steen-Olsen, men er framleis brukarar.  Eigarane bur i Bergen og hev berre sumarbustaden her.

FERSTAD 12 (Bakketun).
Sakførar Christian Wesenberg og kona Klara kjøpte i 1919 ein part av br. 1 og bygde sumarhus her. vChristian døydde i 1938 og ekkja Klara Wesenberg hev no bruket.

FERSTAD 13 (Vollen).
Karl Eivindson Ferstadvollen, f. 1893, kjøpte eit stykke av br. 6 i 1920 og bygde på bruket. G. 1917 Janna Kristina Jans dtr. Søreide frå Austevoll, f. 1891. Karl er sjømann og motorbåtførar.  I 1922 skøytte han bruket på systeri Hilda Eivinds dtr. Ferstadvollen, f. 1916, men er framleis busett her.