LUNDE

Frå OS SOGA III side 216 – 240

45. LUNDE.
Namnet er det same som lundr, lund, ein liten skog. Etter alt å døma hev det vore eit gudehov ein stad på Søre Neset, truleg på Haugland eller Halhjem, og lunden, som hev gjeve garden namn, hev truleg vore den heilage lunden som jamleg høyrde til ved gudehovi.
Uttale: Lo’nne. Skrivemåtar: Lund (1519) Lunde (1563), Lunne, Londe.
Garden ligg på høgdene som vender aust over mot Bjørnafjorden, på austsida av Hauglandsgardane.v Lunde hev stødt vore Lyseklostergard tildess han vart kjøpt av brukarane i 1874.

Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saar 6 stadtztønder, afler 24 tønder, brendeued til gaarden, ringe fehagge med agger og eng, paalagt at plante homlehagge.
1723: Brendefang til fornødenhed som dog med besværlighed maa hentes over søen og bæres til gaarden, ingen qvern eller fiskerie, temmelig god jordartt og maadelig letvinden, men har liden eller ingen houge til fæbete. Har ingen brug eller næring uden gaarden og dens aufl.
1865: Har 31 maal dyrket ager og eng, deraf 14 maal godt, 13 maal middels og 4 maal slet, har 116 maal naturlig england, deraf 46 maal godt, 54 maal middels og 16 maal slet, intet england eller udmark kan dyrkes. Har skog til brændeved og 2 af brugene desuden til ½ huusreparation. 2 brug har adgang til at hente lyng men benytter det ikke, de øvrige føder 1 ko og 5 ungnød ved lyng. 1 brug er letbrugt og de 6 øvrige meget letbrugte, alle er almindelig drevet.

Busetnad og buskap. Hus-

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsadUtsad
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
1657213
166841206tun.
17234288»»
1800423»
183573312424210»6tun.
186584639110517»18,5»
1900179114398928,5hl66hl.
19202712064173928,8mål217mål
193026111745108710»17,5»
19395617591,5»20»



LUNDE 1.

Ola Lunde var brukar i 1519, og er fyrste mann på garden som me veit namnet på. Men meir veit me heller ikkje um mannen.

Svein Lunde var brukar i 1563. Det var då ogso ein «løs karl», Tomas Lunde, på garden. Um han var dreng hjå Svein, veit me ikkje. Kannhenda hadde Tomas sett seg upp eit hus her og dreiv med fiske e. 1.

Orm Lunde var brukar i 1591 og hadde garden til 1605. Heile Lunde hadde til dessar vore eitt bruk, men då Orm let garden frå seg vart Lunde skift i tvo partar.

Ola Lunde fekk bygsla dette bruket etter Orm i 1605. I 1611 måtte Ola fara til Svinesund saman med dei andre soldatane frå Os for å vera med i herferdi mot svensken. Ola sat so måteleg i det. Han døydde i 1620. Um sønene hans, s. n. og br. 3.
Ekkja etter Ola hadde so bruket til 1624.

Ein ny Ola Lunde vart brukar i 1625, truleg på den måten at han då vart gift med ekkja etter den fyrre Ola’n.  Det var svert smått for Ola, og i dei siste åri vart han rekna som rein fatigmann.  I 1632 måtte han gå frå bruket, men fekk festa ein liten part av garden og vart sidan rekna som husmann, s. br. 4.
Kvar dei ovannemnde brukarane var frå, veit me ikkje. Me kjenner heller ikkje noko til ætti eller huslydane deira.
Garden vart no skift i 3 bruk med husmannsplassen, som fyrr er nemnd, attåt.

Rasmus Olson Lunde, f. ikr. 1606, bygsla denne parten i 1633. Han var tvillaust son åt den fyrre brukaren Ola, som fekk garden i 1605. Rasmus vart gift med ei som heitte Brita. Dei hadde fleire born, men av dei kjenner me berre sonen Jon, f. ikr. 1632, s. n. Rasmus sat svert tungt i det, og då tunet på Lunde brann upp ikr. 1640, vart han radt fatigmann. Han hadde bruket til ikr. 1660.

Jon Rasmusson Lunde, f. ikr. 1632, vart brukar etter faren. Han vart gift med ei dotter åt Jakob Borgen, men kva ho heitte, veit me ikkje.  Av borni kjenner me berre ein son, Jakob, f. 1666, s. n. Jon døydde i 1702.

Jakob Jonson Lunde, f. 1666, bygsla farsbruket i 1696. G. 1697 Magdela Johannes dtr. Røttingen, f. 1677.  Av 9 born vaks berre 3 upp: Jon, f. 1701, s. n., Marta, f. 1703, g. 1730 Anders Særvoll, s. S. 1, Nils, f. 1711, s. br. 4.  Jakob dreiv fiske og greidde seg nokolunde bra.  Han døydde i 1743 og kona i 1733.

Jon Jakobson Lunde, f. 1701, vart brukar etter faren i 1726. G.  1727 Synneva Torkjells dtr. Jarland frå Samnanger, f. 1690. Born: Jakob, f. 1728, s. n., Magdela, f. 1730, Johannes, f. 1733, s. br. 4, Ingeleiv, f. 1738, d. 1757. Tvo born døydde unge. Dotteri Magdela vart i 1766 gift med ein som heitte Peder, og dei fekk same året ein son Jon, s. br. 3. Peder døydde straks etter. Jon dreiv fiske likeins som faren, men sat tyngre i det enn han gjorde. Jon døydde i 1761 og Synneva i 1754.

Jakob Jonson Lunde, f. 1728, bygsla farsbruket i 1753. G. 1754 Inga Peders dtr. Berge, f. 1728. Born: Jon, f. 1756, g. 1783 Mari Bø, s. Bø 1, Peder, f. 1764, g. 1810 Anna Skjeie, s. S. 6, Samson, f. 1768, ug. b. Sandtorg i Sund.  Tvo born døydde tidleg. Jakob sat sverande smått i det og greidde ikkje sitja med bruket, som han let frå seg i 1773. Han flutte då til Kilen under Berge, s. B. 4, der ein finn meir um han.  Då Jakob tok mot farsbruket hadde det desse husi: Ei røykstova med sval attåt, eit stabur som var bygt upp av den gamle nedrivne røykstova på garden, eldhus, fjos, stall og gjeithus. Løda hadde bruket saman med br. 3. Eldhuset var heilt til nedfalls og dei andre husi var skrale, med undantak av gjeithuset som var nytt.  Huseåbodi vart rekna til 6½ dalar, og for dette tok jordeigaren pant i ein båt med segl og ei storegryta.  Båten og seglet vart verdsett til 4 dalar, og gryta som tok 18 kannor vart rekna til 2½ dalar (1 kuverd).

Anders Vinsjansson Lepsøy, f. 1744, bygsla bruket i 1774. G. 1773 Anna Jons dtr. indre Lekven, f. 1745.  Dei hadde ikkje born.  Anders dreiv fiske og greidde seg tolleg godt. I 1799 vart bruket hans skift i tvo partar, og tausi og drengjen hans, som gifte seg ihop, fekk bygsla eine parten, s. br. 5. Anders hadde sjølv resten av bruket til han døydde ikr. 1816. Kona døydde i 1824.

Nils Nilsson Lunde, f. 1770, som i 1800 hadde fenge bygsla den andre halvparten av det gamle bruket, s. br. 5, bygsla ogso denne parten då Anders døydde. Sjå um Nils under br. 5.

Anders Nilsson Lunde, f. 1812, bygsla dette bruket då faren døydde i 1838. G. 1840 Herborg Torkjells dtr. Sørt straumen, f. 1802. Anders hadde ikkje born. Han dreiv med sjøen likeins som fleire av fyremennene. Anders døydde i 1876 og Herborg nokre år tidlegare.

Torkjell Halvardson Lunde, f. 1842, som var systerson åt Anders, bygsla bruket i 1866. I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 210 spd. G. I 1867 Brita Ols dtr. Sælen, i. 1843, d. 1875, g. II 1877 Anna Arnes dtr. Sundøy, f. 1847. Born: Anna, f. 1869, g. 1891 Lars Lepsøy, s. L. 1, Brita, i. 1879, s. n., Unna, f. 1884, g. 1902 Anders Halhjem, s. H. 2, Gurina, f. 1888, i Amerika. Tvo born døydde unge. Torkjell var bygningsmann og snikkar. Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, var m. a. medlem av den fyrste likningskommisjonen i Os og var med i heradstyret 1889—93. Torkjell døydde i 1913 og Anna i 1919.

Anders Engjelson Halhjem, f. 1877, vart i 1899 gift med Brita Torkjells dtr. Lunde, f. 1879, og fekk i 1900 skøyta bruket etter verfaren. Born: Engjel, f. 1903, s. br. 3, Tilla, f. 1905, g. 1929 Gabriel Bjoarvik, s. B. 1, Astrid, f. 1908, g. 1934 bygningsmann Edvin Olson Haugland, Larsina, f. 1911, butikkgjenta, Tomas, f. 1913, student, Gerhard, f. 1917, d. 1921, Anna, f. 1919, Gerd, f. 1922. Eit barn døydde tidleg. Anders er byggmeistar og hev drive mykje i Bergen.  Han hev havt ymse kommunale yrke og var m. a. medlem av heradstyret 1929—1934. Kona døydde i 1940.


LUNDE 2.

Lars Lunde vart fyrste brukar her, då garden i 1605 vart skift i tvo partar. Bruk 1 vart 2/5 og bruk 2 vart 3/5 av garden.  Um Lars var i ætt med folket på br. 1, veit me ikkje, men det er mykje truleg at garden vart skift millom tvo syskin. Det var smått for Lars likeins som for grannen, og då husi brann ikr. 1640, vart det radt ille for han. Han hadde bruket til 1642, då han truleg døydde.

Lars Olson Lunde, f. ikr. 1606, som hadde br. 3, stjorna no ogso dette bruket eit par år. Sjå um Lars under br. 3.

Ola Knutson, f. ikr. 1605, bygsla bruket ikr. 1645. Ola var truleg son åt Knut Askvik. Kona heitte Synneva, og det er mykje truleg at ho var dotter åt den fyrste Lars’n på bruket. Synneva døydde ikr. 1668, og Ola gifte seg att i 1670 med Guro Nils dtr. Midthus, f. ikr. 1640. Av borni kjenner me: Ola, f. ikr. 1648, s .n., Jon, f. ikr. 1651, Elling, f. ikr. 1656, Brita, f. ikr. 1660. Ola sat like tungt i det som fyremannen. I midten av 1670 åri måtte han gjeva bruket frå seg, og me veit ikkje kvar det vart av han.

Nils Sjurson Skjeie, f. ikr. 1630, vart brukar då Ola flutte burt. G. I 1675 Agata Mattis dtr. indre Haugland, f. ikr. 1635, d. 1682, g. II 1683 Peders dtr., f. ikr. 1650. Anna var truleg dotter åt Peder Halhjem. Nils hadde ikkje born. Ikring 1685 flutte han frå Lunde og me finn han ikkje att i Os seinare.

Ola Olson Lunde, f. ikr. 1648, bygsla bruket, som ogso var farsbruket hans, då Nils flutte. G. 1677 Marta Ols dtr. ytre Haugland, f. ikr. 1656. Born: Synneva, f. 1680, Anna, f. 1687, Ola, f. 1689. Då faren døydde og mori gifte seg att måtte borni reisa ut og me finn dei ikkje att i Osbygdi. Ola vart utskriven til soldat i 1668 og var med i ufredane i 1670 åri, s. O. B. I 499. Han døydde ikr. 1698.

Ola Johannesson, f. ikr. 1660, vart gift med ekkja Marta Ols dtr. ikr. 1700 og fekk bygsla bruket. Kvar Ola var frå er uvisst. Han var «bror» (halvbror) åt Ola Sørstrønen og Nils Mobergslien, og var soleis ein son åt Marta Jons dtr. Lekven frå fyrste giftarmålet hennar. Det er mest truleg at fyrste mannen var Johannes indre Tuen, s. i. T. 2. Men det kann ogso tenkjast at ho hadde vore gift med Johannes Tveit, s. T. 1. Ola hadde ikkje born med kona, men han fekk eitt med ei grannegjenta. Han døydde i 1714 og kona i 1724.

Peder Nilsson Mobergslien, f. 1675, bygsla bruket etter Ola, som var rekna som eit slag «bror» åt far hans. G. I 1706 Barbru Alvs dtr. Bø, f. 1675, d. 1719, g. II 1721 Helga Halvards dtr. Røttingen, f. 1689. Born: Marta, f. ikr. 1707, s. n. Tvo gjentor døydde unge. Peder dreiv ein grand med sjøen, men sat sverande smått i det. Han døydde i 1749 og Barbru i 1767.

Rolf Pederson indre Haugland, f. 1715, vart i 1737 gift med Marta Peders dtr. Lunde, f. ikr. 1707, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren. Dei brukte det elles ihop so lenge verfaren livde. Born: Marta, f. 1738, g. 1762 Peder Pederson Berge, Peder, f. 1744, s. n., Lars, f. 1747, g. 1779 Margreta Ferstad, s. Berge 1. 4 born døydde unge. Eldste dotteri, Marta, vart som nemnd gift med Peder Berge og dei vart busette på Lunde. Truleg fekk dei seg ein liten plass der. Peder døydde og Marta som var svert fatig fekk, for ikkje å svelta ihel, ei halv tunna korn på borg av styremaktene. Kornet var ikkje betalt då Marta døydde i 1779, og på kvart ting i 1786 og 1787 krov futen Marta Lunde etter pengar for korntunna. Tingfolket sa frå at Marta var død for mange år sidan, men futen krov henne etter pengar like godt på næste ting. — Rolf dreiv med fiske og greidde seg, sjølv um han ikkje sat lett i det. Han døydde i 1777 og kona i 1773.
Då Rolf vart brukar åleme i 1750, var desse husi på bruket: Ei røykstova med sval attåt, ei ny sengebud med skot, ei gamall sengebud heilt til nedfalls, ei liti stova med tvo svaler attåt, eldhus, fjos med sval og ein skinflor. Bruket hadde løda saman med br. 1. Storparten av husi var skrale, og det vart rekna heile 13 dalar (4—5 kuverd) i åbod. For dette tok jordeigaren pant i tvo koparkjelar, ein som Rolf rådde over og ein som vermori åtte. Lunde hadde då desse skiftemerke mot grannegardane: l grensa mot Lekven var «hagarsmon», leivder etter ein gamall hagard, i Hauglandskiftet var skiftesteinar på bøen og gjerde i utmarki, og «en høide eller ruste» var skifte millom Lunde og Halhjem. Skiftet millom Lunde og Bjørnen var ein skiftestein som stod midt i «Staatarhaugen», og grensa mot Ferstad gjekk etter skiftesteinar på bøen. Mot utmarki «skiller trene bekker, vas og hauge».

Peder Rolfson Lunde, f. 1744, bygsla bruket etter faren i 1763 men dreiv det saman med han til 1775. G. I 1763 Valborg Nils dtr. Hjelle, f. 1734, d. 1786, g. II 1788 Brita Arnes dtr. ytre Haugland, f. 1760. Av 12 born vaks berre 6 upp: Rolf, d. e., f. 1764, g. 1801 Ingeborg Nils dtr. Tveit frå Fusa, b. Bergen, Nils, f. 1767, g. 1808 Anna Sørstrønen, s. S. 3, Peder, f. 1777, s. n., f. 1795, s. br. 6, Mons, f. 1800, s. br. 6, Rolf, d. y., f. 1803, g. 1837 Helga Bjørnen, s. B. 3. Eldste sonen Rolf var sjømann og vart teken med i sjøvernet då ufreden byrja i 1808. Han fall i krigen 1814, og kona Ingeborg vart buande i Bergen.  Peder dreiv med sjøen likeins som fyremennene og sat noko betre i det enn dei.  Han var ein vyrd mann i grendi, var jamt lagrettemann og stemnevitne, og svara for heile ålmugen på tinget. Peder døydde i 1818 og kona nokre år seinare.

Peder Pederson Lunde, f. 1777, bygsla halve farsbruket i 1811.  Den andre halvparten fekk broren, s. br. 6. G. 1810 Anna Størks dtr. ytre Haugland, f. 1782. Peder vart sjukleg og døydde alt i 1815.

Tomas Andersson Halhjem, f. 1792, gifte seg i 1816 med ekkja Anna Størks dtr. og fekk bygsla bruket. Born: Pet der, f. 1818, g. 1849 Ingeborg ytre Haugland, s. y. H. 5, Anders, f. 1822, s. n. Ei gjenta døydde tidleg. Tomas vart utskriven til soldat i 1812 og var med i ufreden 1812—1814.  Han dreiv med sjøen attåt gardsbruket likeins som dei fleste av grannane. Tomas døydde i 1884, 92 år gamall, medan kona fall frå i 1857.

Anders Tomasson Lunde, f. 1822, bygsla bruket etter faren og kjøpte det av Lysekloster i 1874 for 275 spd. G. 1852 Anna Anders dtr. Halhjem, f. 1827. Born: Tomas, f. 1852, s. n., Brita, f. 1855, s. br. 7, Kari, f. 1859, g. 1879 Jon Vinsjansson indre Haugland, s. i. H. 7, Anna, f. 1862, g. 1885 Lars ytre Haugland, s. y. H. 7, Agata, f. 1866, s. br. 16. Anders var jakteskippar og dreiv ogso fiske. Han døydde i 1915 og kona i 1905.

Tomas Andersson Lunde, f. 1852, skøytte farsbruket i 1886. G. 1879 Olina Ols dtr. Økland, f. 1853. Born: Ola, f. 1884, s. n., Anders, f. 1886, s. br. 20, Anna, f. 1888, g. 1911 Reinert Åse, s. indre Haugland 11, Kristian, f. 1890, g. 1916 Maria ytre Haugland, s. y. H. 18. 4 born, millom dei eit par tvillingar, døydde unge. Tomas var treskomakar og dreiv fiske som faren. Han døydde i 1934 og kona i 1933.

Ola Tomasson Lunde, f. 1884, skøytte bruket etter faren i 1910. G. 1904 Kristina Eivinds dtr. Leganger, f. p. ytre Tuen 1878. Born: Tomas, f. 1904, s. n., Kristina, f. 1906, g. 1932 Sigurd Larsson ytre Tuen, (Born: Einar, f. 1933, Ola, f. 1935, Lillian, f. 1937, Solveig, f. 1939), Ingeborg, f. 1908, g. 1939 trearbeidar Einar Karlson Børtveit frå Hamre, Olina, f. 1910, hushjelp, meierske, Øyvind, f. 1913, målar, g. 1935 Birgit Karls dtr. ytre Tuen, Anna, f. 1915, hushjelp, Ingvald, f. 1918, målar, Ola, f. 1921, målar. Ola dreiv målararbeid attåt gardsbruket. Han hadde ymse tillitsyrke i grendi og var med i skulestyre, fatigstyre o. a. Ola døydde i 1936.
Ekkja Kristina Eivinds dtr. har havt bruket sidan mannen døydde.

Tomas Olson Lunde, f. 1904, driv bruket saman med mori. G. 1934 Kristina Lars dtr. ytre Tuen, f. 1910. Born: Ola, f. 1937. Tomas driv målararbeid likeins som faren.


LUNDE 3.

Lars Olson Lunde, f. ikr. 1608, var fyrste mannen på dette bruket då garden i 1633 vart skift i 3 like partar. Lars var tvillaust son åt Ola Lunde og bror åt Rasmus på br. 1. Kona heitte Helga Lars dtr. og var kannhenda frå grannebruket på Lunde, s. br. 2. Av borni kjenner me: Lars, f. ikr. 1633, Anna d. e., f. ikr. 1635, s. br. 4, Anna d. y., f. ikr. 1638, g. ikr. 1672 Anders Halhjem, s. H. 2, Nils, f. ikr. 1640, d. ug. 1670, Ola f. ikr. 1643, s. n. Lars sat smått i det og vart likeins som grannane radt fatigmann då tunet brann upp ikr. 1640. Lars hadde bruket til 1668.

Ola Larsson Lunde, f. ikr. 1643, bygsla bruket etter faren. G. 1667 Marta Borgen, som truleg var dotter åt Jakob Borgen og syster åt kona på br. 1. Born: Lars, f. 1669, s. n., Helga, f. 1670, g. 1700 Torkjell Hansson Storebø frå Austevoll, d. p. Lunde 1704, Steffen, f. 1673, g. b. Bergen, Marta, f. 1674, Ola, f. 1678, Brita, f. 1681, Nils, f. 1682. Tvo born døydde unge. Det var smått for Ola, og då kona døydde ikr. 1683, måtte han gjeva bruket frå seg, og borni vart spreidde. Ola døydde i 1709.

Mikkjel Lunde hadde so bruket nokre år. Kven han var, veit me ikkje. Han var gift og fekk i 1685 ei dotter Agata, g. 1722 Ola Nordstrønen, s. N. 2. Mikkjel flutte frå garden att ikr. 1690.

Lars Olson Kolle frå Fusa, f. ikr. 1668, bygsla bruket då Mikkjel flutte. G. 1691 Synneva Halvards dtr. Holmefjord frå Fusa, f. ikr. 1666. Born: Ola, f. 1692, g. 1724 Anna Bogstrand, s. Bjoarvik 1, Halvard, f. 1695, Nils, f. 1698, Villum, f. 1700, g. 1727 Gjertrud Søvik, s. S. 3. Tvo born døydde unge. Lars sat smått i det og streva hardt for å greida seg. Han døydde alt i 1706.

Lars Olson Lunde, f. 1669, gifte seg i 1706 med ekkja Synneva Halvards dtr. og fekk bygsla bruket som ogso var farsbruket hans. Synneva døydde straks etter og Lars gifte seg att i 1709 med Sigrid Ols dtr. Ådland frå Fusa. Sigrid døydde i 1723, og Lars gifte seg att same året med Kari Nils dtr. indre Lekven, f. 1678. Ho vart heller ikkje gamall på garden, då ho døydde alt i 1727. Lars gifte seg so att i 1729 med Brita Gitles dtr. Gjøn (Dale) frå Hålandsdalen, f. ikr. 1698. Ho fall tidleg frå som dei andre konone med di ho døydde i 1740. Lars gifte seg då, for femte og siste gong, i 1742 med Kristi Johannes dtr. Særvoll, f. 1709. 4 born, eitt frå kvart giftarmål, døydde unge. Dei som vaks upp var: Johannes, f. 1706, g. 1739 Brita Skjeie, s. S. 5, Ola, f. 1720, s. n., Villum d. e., f. 1722, d. 1737, Halvard, f. 1726, d. 1745, Lars, f. 1733, g. b. Bergen, Anna, f. 1736, g. 1767 Paul Ferstad, s. F. 1, Villum d. y., d. ug. Kannhenda var ogso Ragnhild Lunde, s. n., dotter hans. Det er ikkje heilt visst at Lars vart gift 5 gonger. Kannhenda var det ein annan Lars Olson som vart gift med Sigrid Ådland i 1709 og fekk bruket her då. Lars Olson Lunde var kannhenda død eller han flutte burt, og i det høve er det Lars Olson Tveit frå Fusa som var brukar frå 1709 og vart gift fire gonger. I 1740 var Lars og grannen hans Nils på tinget avdi dei hadde prylt einannan. Då basketaket hadde gjenge fyre seg inne i stova åt Lars, der dei var åleme, so kunde ikkje vitni fortelja noko um kven som byrja slagsmålet, og saki fall burt. Lars sat sverande tungt i det. Han døydde i 1747.
Ekkja Kristi Johannes dtr. hadde so bruket eit par år. Då styksonen vart brukar, flutte ho burt, og me veit ikkje kvar det vart av henne.

Ola Larsson Lunde, f. 1720, bygsla farsbruket i 1749. G. I 1748 Malena Nils dtr., g. II 1752 Mari lngebrigts dtr. Skjeie, f. 1723. Det var svert smått for Ola. I 1750 var det ettersyn over husi hans, og dei var so skrale, at han skulde leggja 23 dalar i åbod. Jordeigaren krov pant for summen tildess husi vart sette istand. Men då dei skulde ta pantet hjå Ola, åtte han ikkje noko anna enn det han og kona hans gjekk og stod i. Ola greidde ikkje sitja med bruket, og i 1758 måtte han lata det frå seg til andre. Han festa då ein plass under garden, Bjørnaviki, og ein finn meir um han og huslyden hans der, s. Bjørnen 2.
Då Ola tok bruket, hadde det desse husi: Ei gamall røykstova, heilt til nedfalls, ei sengebud med vedskytja attåt, eit eldhus til nedfalls, fjos, hestestall og stabur. Løda, med ei skytja attåt, hadde bruket saman med bruk nr. 4. Fleire av husi var svert skrale, og som nemnt skulde Ola leggja ei stor husåbod.

Jørgen Nilsson Gåssand, f. 1729, bygsla bruket då Ola flutte burt. G. 1759 Ragnhild Lars dtr., f. ikr. 1725, som kannhenda var ei halvsyster åt den fyrre brukaren Ola. Ragnhild døydde alt i 1760, og Jørgen gifte seg att året etter med Kari Jons dtr. Hovland, f. 1724. Born: Kristi, f. 1760, g. 1787 Nils Røttingen, s. R. 4, Jon, f. 1766, g. 1796 Ingeborg Ulven, s. Kuven 1. Jon dreiv med sjøen, men sat ikkje lett i det. Han greidde likevel å sitja med bruket til han døydde i 1767. 
Ekkja Kari Jons dtr. hadde bruket i 5 år etter at mannen døydde.

Sjur Pederson Sævareid frå Strandvik, f. 1747, bygsla bruket i 1772. G. 1772 Marta Johannes dtr. Haugarvoll frå Hålandsdalen, f. 1740. Born: Brita, f. 1780, s. n., Anna, f. 1783, g. 1826 Jon Osøyri, s. O. 1. Tvo born døydde unge. Sjur sat tungt i det, og for å greida seg hogde han meir i skogen enn han hadde rett til. I 1778 stemnde difor godseigar Formann han for «grov og skadelig skoghugst», og han måtte leggja bot for hoggingi. Det gjekk stødt nedover med han, og ved skiftet etter kona var husi hans radt til nedfalls. Til gjestgjevaren i Kvalesund og kjøpmann Smidt i Bergen skulda han heile 33 dalar (6 kuverd) for korn, og drengjen hadde ikkje fenge løn på 5 år. Drengjen fekk elles dotteri i huset, s. n., so han fekk då noko for arbeidet.  Det vart mindre for dei andre kravsmennene. Sjur døydde i 1814 og Marta i 1803.

Jon Pederson Lunde, f. 1766, s. br. 1, som i mange år hadde tent på tunet, vart i 1800 gift med Brita Sjurs dtr. Lunde, f. 1780, og fekk i 1811 bygsla bruket etter verfaren. Born: Peder, f. 1800, kom burt på sjøen «galnemåndagen» i 1822, Klaus, f. 1804, s. n., Marta, f. 1808, g. 1839 Helje indre Haugland, s. i. H. 4, Sjur, f. 1813, s. br. 4. 3 born døydde unge. Jon stod seg betre enn verfaren og var ein av dei som Katrina Berle stal klær og matvaror frå, s. O. B. II 155. Han stod i sjøvernet og måtte med i ufreden 1809 trass han då var 43 år gamall. Jon døydde alt i 1819.
Ekkja Brita Sjurs dtr. hadde so bruket i heile 15 år. Ho døydde ikr. 1850.

Klaus Jonson Lunde, f. 1804, bygsla bruket etter mori i 1834. G. 1840 Brita Hans dtr. indre Haugland, f. 1819. Born: Jon, f. 1842, s. n., Hans, f. 1846, s. br. 9, Brita, f. 1847, g. 1876 Hans Hjelle, s. H. 1, Anna, f. 1851, d. ug. 1924. Ei gjenta døydde ung.  Klaus dreiv med sjøen likeins som dei fleste av fyremennene.  Han døydde alt i 1856.
Ekkja Brita Hans dtr. hadde so bruket eit par år.

Anders Hansson Særvoll, f. 1823, vart i 1858 gift med ekkja Brita Hans dtr. og fekk bygsla bruket. Born: Klaus, f. 1859, s. br. 15, Guro, f. 1861, g. 1887 Hans Ferstad, s. indre Haugland 1. Anders var bøkkar og trearbeidar. Han livde til 1909, medan kona fall frå alt i 1872.

Jon Klausson Lunde, f. 1842, kjøpte farsbruket i 1874 for 550 spd. og vart brukar etter stykfaren. G. 1874 Olina Hans dtr. Tøsdal, f. 1842. Born: Klaus, f. 1885, s. n. Ein gut døydde ung. Jon var med i ymse kommunalt arbeid.  Han døydde i 1919 og kona i 1918.

Klaus Jonson Lunde, f. 1885, skøytte farsbruket i 1903 og hadde det til 1933. Klaus hev vore bygningsmann og drive anna arbeid.

Engjel Andersson Lunde, f. 1903, kjøpte bruket i 1933. G. 1936 lærarinna Anna Tørris dtr. Grindheim frå Etne, f. 1902. Born: Bjørg, f. 1937. Engjel er byggmeistar, og kona er lærarinna i Søre Neset krins. Han er med i bygningsrådet og er medlem av heradstyret frå 1938.


LUNDE 4.

Ola Lunde, som fyrr hadde havt bruk 1, fekk ein liten part av garden og busette seg her som husmann då han måtte gå frå bruket i 1632, s. br. 1. Ola døydde ikr. 1660.

Ola Olson, f. ikr. 1640, som truleg var son åt husmannen, vart brukar her ikr. 1662. Han fekk no so mykje jord tillagt av br. 1 og 2 at desse 3 bruki vart jamstore. Ola vart fyrst gift ikr. 1662 med ei dotter åt Paul Halhjem, som me ikkje veit namnet på, og sidan med Anna Lars dtr. Lunde, f. ikr. 1635. Born: Paul, f. 1665, Ragnhild, f. 1669, Arne, f. 1672, Lars, f. 1676, Ola, f. 1678. Det var svert smått for Ola, han greidde ikkje sitja med bruket, og i 1684 måtte han lata det frå seg. Borni måtte ut til framande, og me finn ikkje nokon av dei att i Osbygdi. Ola døydde i 1715 og kona i 1701.

Mikkjel Lundevart brukar i 1684. Kvar han var frå og kven han var gift med, veit me ikkje. I 1685 fekk han ei dotter, Agata, og same året flutte han frå Lunde.

Ivar Knutson, f. ikr. 1640, bygsla bruket då Mikkjel flutte. G. 1686 Anna Tomas dtr. Henanger frå Strandvik, f. ikr. 1644. Kvar Ivar var frå, veit me ikkje, men truleg var han frå ei av Fusabygdene. Anna døydde i 1704, og Ivar gifte seg att året etter med ekkja Brita Bjørnen, og flutte til Bjørnen, der han sidan vart buande. Sjå meir um han under Bjørnen 1.

Amund Nilsson indre Lekven, f. 1675, bygsla bruket her då Ivar flutte til Bjørnen i 1705. men var busett på indre Lekven til 1716. G. I 1702 Marta Johannes dtr. Røttingen, f. 1674, d. 1704, g. II 1705 Brita Lars dtr. nedre Rød, f. 1681. Amund hadde tvo bruk, eitt på Lunde og eitt på Lekven, frå 1705 til 1732 då siste kona hans døydde.  Han let so bruket på Lekven frå seg til sonen, og i 1734 let han bruket på Lunde frå seg til dotteri, s. n., etter at han hadde bygt fleire nye hus på bruket. Året etter flutte han frå Lunde og busette seg på ein plass under Halhjem, s. H. 4. Sjå meir um Amund og huslyden hans under indre Lekven 1.

Nils Jakobson Lunde, f. 1711, vart i 1734 gift med Marta Amunds dtr. Lunde, f. p. indre Lekven 1710, og fekk bygsla bruket her etter verfaren. Av 8 born vaks 5 upp: Amund, f. 1736, Jakob, f. 1738, Brita, f. 1739, Magdela, f. 1748, Anna, f. 1751. Då faren døydde og mori vart gift att, måtte alle borni ut på viddi, og me finn ingen av dei gifte eller busette i Os. Eldste sonen Amund tente hjå godseigar Formann i 1769, då Formann hadde han på tinget for «løgnagtige beskyldninger». Nils sat svert smått i det og var rekna for radt fatigmann. I 1740 hadde han eit basketak med grannen, s. under br. 3. Nils døydde alt i 1753. I 1750 hadde Nils desse husi på bruket sitt: Ei gamall røykstova med timbra kove attåt, ei ny røykstova som Amund hadde sett upp, ei ny sengebud, ei timbra vedskytja, eldhus, fjos og sjøbud. Løda hadde bruket saman med br. 3. Sume av husi måtte vølast noko, og for dette skulde Nils leggja ei åbod av 5 dalar. For dette tok jordeigaren pant i ei grå kollut ku, verd 3 dalar, og attåt i ein båt og ein sau, som tilsaman var verd 2 dalar.

Endre Endreson Haugen frå Strandvik, f. p. Foer i Fusa 1720, gifte seg med ekkja Marta Amunds dtr. i 1753 og bygsla bruket.  Endre hadde fyrr havt eit bruk i Mobergslien, s. M. 2, og var fyrste gong gift i 1747 med Kristi Ols dtr. Presthus frå Kvinnherad, f. 1716, d. 1749. Endre og Marta fekk i 1754 ein son, Nils, som me ikkje veit meir um. Endre sat smått i det. Han døydde alt i 1755 og Marta i 1765.

Johannes Jonson Lunde, f. 1733, bygsla bruket då Endre døydde. G. 1755 Ragnhild Peders dtr. ytre Moberg, f. 1719. Johannes dreiv mykje med fiske og greidde seg godt. I 1776 flutte han til Bjørnavik, s. Bjørnen 2, der ein finn meir um han og huslyden hans.

Tomas Tomasson Halhjem, f. 1750, bygsla bruket i 1777. G. I 1774 Maria Hans dtr. Ferstad, f. 1748, d. 1793, g. II 1794 e. Dordi Lars dtr. Haukeland, f. ikr. 1753.  Dordi hadde fyrr vore gift med Ola Berntson og hadde med han m. a. sonen Bernt, f. 1787, s. br. 7.


Tomas og Maria fekk 8 born, men berre tvo vaks upp: Hans, f. 1775, g. 1798 Brita Pauls dtr. Solbjørg frå Samnanger, Tomas, f. 1778, g. 1798 Sofia Lars dtr. indre Haugland. Begge sønene var sjømenn, sjå um dei nedanfyre. Tomas greidde seg godt dei fyrste åri, men kom i uåri fyrr hundradårsskiftet i stor skuld til kjøpmenn i Bergen og andre. Han døydde i 1801.
Som nemnt var begge sønene åt Tomas sjømenn og vart utskrivne til sjøvernet i 1801. Den eldste, Hans, var nett då reist med eit skip til Grønland og kom att i 1804. Året etter måtte han ut i sjøvernet. I 1807 reiste han atter til Grørrland og døydde der same året. Kona fekk ein liten studnad av sjøvernet.  Tomas var ute i sjøvernet 1801, dreiv fiske i 1802, for tilsjøs 1803-05, var heime 1806—08, og var ute i sjøvernet 1809—13. I 1816 var han med på eit skip som gjekk under med alle mann. Ekkjone etter Hans og Tomas og borni deira vart ikkje buande i Os. Ein son åt Hans, Paul, f. 1800, vart buande på Eide i Hålandsdalen.
Ekkja Dordi Lars dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen døydde.

Anders Halvardson Skåtun frå Strandvik, f. 1768, vart i 1805 gift med ekkja Dordi Lars dtr. og fekk bygsla bruket. Dordi døydde i 1826 og Anders gifte seg att året etter med Kari Knuts dtr. Havsgård frå Fusa, f. 1776. Dei hadde ikkje born. Anders dreiv med sjøen og stod seg godt. I 1827 skifte han bruket soleis at son åt kona i fyrste giftarmålet hennar fekk halvparten, s. br. 7. Anders, som var ein mykje vyrd mann i bygdi, døydde i 1835.

Sjur Jonson Lunde, f. 1813, vart i 1836 gift med ekkja Kari Knuts dtr. og fekk bygsla hennar part av bruket året etter. Sjur hadde ikkje born. Han dreiv med fiske likeins som fyremennene og døydde i 1852.
Ekkja Kari Knuts dtr. hadde so bruket til ho døydde i 1855.

Ola Monsson Lunde, f. 1831, bygsla bruket i 1855 og kjøpte det av Lysekloster i 1875 for 265 spd. G. 1856 Dortea Bernts dtr. Lunde, f. 1821. Born: Mons, f. 1858, s. n., Peder, f. 1860, s. br. 10, Marta, f. 1863, d. ug. Ola var sjømann og reiste mange år i utanriks fart. Han døydde i 1895 og kona i 1896.

Mons Olson Lunde, f. 1858, skøytte farsbruket i 1887. G. I 1880 Brita Anders dtr. Lunde, f. 1855, d. 1916, g. II 1919 Brita Johannes dtr. Halhjem, f. p. ytre Moberg 1861. Born: Ola, f. 1882, s. n., f. 1884, hushjelp, Anders, f. 1887, g. 1913 Janetta Lande, s. br. 17, Marta, f. 1892, g. 1917 Ingvald Nygård, s. Skogen 4, Tomas, f. 1895, g. 1923 Margreta Brekke, s. ytre Haugland 6, Teodor, f. 1898, handelsmann i Bergen. Ei gjenta døydde ung. Mons hev vore bøkkar og trearbeidar, og hev ogso drive skomakararbeid. Han døydde i 1938.

Ola Monsson Lunde, f. 1882, skøytte bruket etter faren i 1913. G. 1903 Olga Jens dir. Eldøen, f. i Bergen 1882. Born: Borghild, f. 1903, s. br. 13, Jens, f. 1905, gartnar, Mons, i. 1906, g. 1929 Hjørdis Østgulen, s. Skjeie 30, Ingeborg, f. 1908, g. 1931 byggmeistar Konrad Hansson Lepsøy, Olav, f. 1911, gartnar, g. 1933 Sigrunn Sjurs dtr. Ferstad, (Born: Gullborg, Lunde, 231 f. 1933, Olga, f. 1935), Gunhild, f. 1913, g. 1935 Hans ytre Haugland, s. y. H. 24, Sverre, f. 1915, hagearbeidar, Einar, f. 1917, butikkmann, Ida, f. 1919, hushjelp, Trygve, f. 1921, hagearbeidar, Elsa, f. 1926. Ola hev drive gartnararbeid attåt gardsbruket.


LUNDE 5.

Nils Nilsson indre Tuen, f. 1770, fekk i 1799 bygsla helvti av Anders Lunde sitt bruk, br. 1, som det året vart skift i tvo partar. Nils var då dreng hjå Anders, og året etter vart han gift med Brita Johannes dtr. Bjørnen, f. 1782, som var tenestgjenta i huset. Nils og Brita fekk 10 born, men berre 5 vaks upp: Unna, f. 1808, s. n., Anna, f. 1810, g. 1843 Ola Sørstraumen, s. S. 2, Anders, f. 1812, s. br. 1, Herborg, f. 1815, d. ug. 1905, Nils, f. 1822, g. 1847 Anna ytre Haugland, s. y. H. 6. I 1816 bygsla Nils ogso den andre halvparten av br. 1, og hadde den til han døydde. Nils dreiv fiske attåt gardsbruket. Han døydde i 1838 og kona nokre år seinare.

Halvard Nilsson Storum, f. 1799, vart i 1829 gift med Unna Nils dtr. Lunde og fekk bygsla dette bruket etter verfaren. Unna døydde på barseng etter tvillingfødsla i 1844, og Halvard gifte seg att året etter med Mari Nils dtr. Hjelle, f. 1802. Born: Elisabet, f. 1830, g. 1867 Tollef Nordstraumen, s. N. 1, Brita, f. 1831, g. 1853 Ola Pederson Gangstø, b. Holsund, Nils, f. 1834, s. n., Lars, f. 1836. g. 1863 Kristi Særvoll frå Strandvik, s. Ulven 5, Ola, f. 1838, g. 1864 Henrikka Holen, s. Lysekloster 2, Torkjell, f. 1842, s. br. 1, Hab yard, f. 1844, kommunearbeidar i Bergen. Ei gjenta døydde ung. Halvard dreiv fiske likeins som fyremannen. Han døydde i 1863 og Mari i 1862.

Nils Halvardson Lunde, f. 1834, bygsla farsbruket i 1860 og kjøpte det av Lysekloster i 1890 for 1150 kroner. G. I 1858 Magdela Johannes dtr. Røttingen, f. 1835, d. p. barseng 1862, g. II 1863 Ingeborg Knuts dtr. Ferstad, f. 1841. Born: Magdela, f. 1864, s. br. 13, Dordi, f. 1866, g. 1893 Nils Nilsson Nordvik i Fana, b. Nordvik, s. F. B. 599, Halvard, f. 1869, d. 1887, Unna, f. 1872, s. n., Knut, f. 1874, i Amerika, s. O. B. II 40, Lars, f. 1878, i Amerika, Anna, f. 1882, g. Ola Olson Hagevik, b. Hegvik i Fana, Johan, f. 1885, i Amerika.  Nils dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1913 og Ingeborg i 1916.

Lars Jørgenson Bakervik (Nordvik) frå Fana, f. 1875, vart i 1894 gift med Unna Nils dtr. Lunde, f. 1872, og skøytte bruket etter verfaren i 1896. Born: Ragnhild, f. 1894, s. br. 18, Nils, f. 1896, s. n., Halvard, f. 1899, s. br. 21. Lars var sjømann likeins som grannen på br. 7 og kom burt på sjøen saman med han under eit forlis ved Støtt i 1899.
Ekkja Unna Nils dtr. hadde so bruket i nær 20 år.

Nils Larsson Lunde, f. 1896, skøytte bruket etter mori i 1917. G. 1918 Borghild Nils dtr. Særvoll, f. 1898. Born: Unni, f. 1920, Ingeborg, f. 1922, Lars, f. 1926, Nils, f. 1930, Sigvald, f. 1932, Hjørdis, f. 1934, Gunnar, f. 1936. Nils hev vore bøkkar og er no tilsett vegvaktar på bygdevegane i Os. Han hev vore formann i likningsnemndi o. a.


LUNDE 6.
Arne Pederson Lunde, f. 1795, fekk i 1818 bygsla halve farsbruket, s. br. 2, og skipa nytt bruk her. Nett fyrr han skulde gifta seg um sumaren 1819, døydde han.

Mons Pederson Lunde, f. 1800, bygsla bruket etter broren. G. 1822 Ols dtr. Halhjem, f. i Bergen 1797. Born: Arne, f. 1823, s. n., Guro, f. 1827, g. 1849 Knut Ferstad, s. F. 2, Ola, f. 1831, s. br. 4. Mons dreiv mykje med sjøen. Han døydde i 1857 og kona i 1870.

Arne Monsson Lunde, f. 1823, bygsla bruket etter faren i 1854 og kjøpte det av Lysekloster i 1874 for 275 spd. G. 1854 Ragnhild Anders dtr. Halhjem, f. 1825. Born: Agata, f. 1855, s. n., Mons, f. 1859, d. 1866, Kari, f. 1865, g. 1885 Ola ytre Haugland, s. y. H. 7. Arne hadde ei jakt saman med Anders Tomasson Lunde og dreiv ogso fiske. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1864 —67. Han døydde i 1922 og Ragnhild i 1893.

Ola Andersson ytre Haugland, f. 1853, vart i 1878 gift med Agata Arnes dtr. Lunde, f. 1855, og skøytte bruket etter verfaren i 1881. Born: Maria, f. 1879, g. 1899 Teodor indre Lekven, s. i. L. 1, Mons, f. 1881, s. n., Arne, f. 1886, s. br. 19, Anna, f. 1893, g. 1917 sjømann Johan Johannesson Vestervik frå Varaldsøy, b. Varaldsøy. Ola var bøkkar og dreiv med treskoarbeid o. a.  Han hadde ymse kommunale yrke og var med i likningi, skule- og fatigstyret o. a. Ola døydde i 1937.

Mons Olson Lunde, f. 1881, skøytte farsbruket i 1917. G. 1909 Frida Halvards dtr. Sundøy, f. 1880. Born: Ingeborg, f. 1910, g. 1932 Lars Grønnevik frå Varaldsøy, b. Varaldsøy, Ola, f. 1912, sjauffør, g. 1936 Anny Antons dtr. indre Haugland, (Born: Karin, f. 1938), Arne, f. 1918, Halvard, f. 1920, trearbeidar, Mons, f. 1922. Ein gut døydde ung. Mons er bøkkar og hev ogso drive steinarbeid o. a. Han hev havt ymse tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1923-25.


LUNDE 7.

Bernt Olson Lunde, f. p. Haukeland 1787, fekk i 1827 bygsla halvparten av mori og stykfaren sitt bruk, s. br. 4, og skipa nytt bruk her. G. 1821 Marta Ols dtr. ytre Haugland, f. 1792. Born: Dortea, f. 1821, s. br. 4, Anna, f. 1822, d. ug. 1890, Ola, f. 1825, s. n., Anders, f. 1828, g. 1853 Rakel Lepsøy, s. br. 11, Marta, f. 1831, s. br. 8. Bernt dreiv med sjøen likeins som grannane. Han døydde ikr. 1860 og kona i 1844.

Ola Berntson Lunde, f. 1825, bygsla farsbruket i 1845 og kjøpte det av Lysekloster i 1890 for 1100 kroner. G. I 1845 Brita Samuels dtr. Kvernes frå Samnanger, f. 1816, d. 1871, g. II 1872 Marta Pauls dtr. ytre Moberg, f. 1834. Born: Marta, f. 1850, s. br. 12, Gyrid, f. 1852, g. 1885 Jens ytre Moberg, s. y. M. 10, Bertina, f. 1855, d. ug. 1936, Olina, f. 1858, s. br. 14, Brita, f. 1875, s. n., Anna, f. 1878, s. br. 13. Tvo gutar døydde tidleg. Ola dreiv med treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1899 og Marta i 1924.

Hans Hansson Bjørnen, f. 1871, vart i 1896 gift med Brita Ols dtr. Lunde, f. 1875, og skøytte same året bruket etter verfaren. Born: Hans, f. 1896, s. n., Marta, f. 1898, g. 1938 Paul ytre Haugland, s. y. H. 8. Hans var sjømann og kom burt på sjøen i 1899 saman med grannen på br. 5.
Ekkja Brita Ols dtr. hadde so bruket i over 20 år. Ho døydde i 1925.

Hans Hansson Lunde, f. 1896, skøytte bruket etter mori i 1920. G. 1920 Kristina Engjels dtr. indre Haugland, f. 1898. Born: Harald, f. 1920, Erling, f. 1925, Bernt, f. 1935, d. ung. Hans hev drive ymse anleggsarbeid og vore i Amerika. Han er no steinarbeidar og driv ogso fiske.


LUNDE 8.

Johannes Larsson Sørstrønen, f. 1823, festa i 1862 eit stykke av verbroren sitt bruk, br. 7, for å busetja seg her.  Det vart ikkje noko husbyggjing med Johannes, og han vart buande i huset hjå verbroren. G. 1862 Marta Bernts dtr. Lunde, f. 1831.  Dei hadde ikkje born. Johannes, som i grendi gjekk under namnet «Verten», var sjømann og fiskar, og i 1879 kom han burt på sjøen saman med Knut ytre Moberg og 3 andre. Dei kom siglande på ein notbåt frå Nordlandsfisket, og i Sognasjøen sigla dei på ei flu. Kona var død i 1871, og jordstykket var falle attende til hovudbruket.


LUNDE 9.

Hans Klausson Lunde, f. 1846, festa i 1889 ei hustuft av broren sitt bruk, br. 3, og bygde her. G. 1877 Ingeborg Jons dir. indre Haugland, f. i Askvik 1855. Born: Brita, f. 1881, g. 1920 timbermann Albert Meyer Olufsen frå Lenvik, b. Laksevåg, Andrea, f. 1888, kokk på Chr. Michelsens barneheim, Gjertrud, f. 1890, b. Bergen, Kristina, f. 1893, s. n., Sofia, f. 1896, g. møbelsnikkar David Grov, b. Stavanger, Klaus, f. 1900, sjauffør, g. 1931 Inga Andreas dtr. Indrebø frå Førde, b. Bergen. Tvo born døydde unge. Hans var bøkkar og trearbeidar. Han døydde i 1937.
Dotteri Kristina Hans dtr. bur no saman med mori i huset. Ho vart gift 1919 med gartnar Ludvig Jonson Vindt vand frå Grimstad, f. 1894, men han døydde alt i 1924. Born: Jon, f. 1920, Hans, f. 1921, Liv, f. 1924.


LUNDE 10 (Herevollen).

Peder Olson Lunde, f. 1860, kjøpte i 1891 ein part av broren sitt bruk, der han rydja og bygde. G. 1884 Olina Lars dtr. Nordstrønen, f. 1863. Born: Dortea Matilda, g. 1913 gardbrukar Anfin Monsson Vabø i Lindås, Lars, f. 1888, i Amerika, Henrik, f. 1895, s. n., Ola, f. 1900, i Amerika. Peder var bøkkar og arbeidde lang tid i Bergen. Han døydde i 1930 og kona i 1926.

Henrik Pederson Lunde, f. 1895, skøytte farsbruket i 1916. I 1917 kjøpte han ogso bruket «Vashaugen» under Ferstad, s. F. 7. G. I 1913 Eli Markus dtr. Dyrdal, Ferstad,


f. i Kyrkjebø 1882, d. 1920, g. II 1923 Sigrid Markus dtr Dyrdal, Ferstad, f. i Vik 1884. Born: Gudrun, f. 1914, hushjelp, b. Bergen, Olea, f. 1916, meierske, Per, f. 1923, Eli, f 1926. Henrik hev drive bøkkararbeid likeins som faren.


LUNDE 11.
Anders Berntson Lunde, f. 1828, hadde ikr. 1870 bygt eit hus på Lunde.  Han var paktar på Ferstad, og då han slutta paktingi der i 1872 busette han seg i huset på Lunde.  Han var gift 1853 med Rakel Hans dtr. Lepsøy, f. 1827.  Sjå elles um han og huslyden hans under Ferstad 1. Anders døydde her i 1906 og Rakel i 1916.
Dotteri Marta Anders dtr. Lunde, f. 1859, er no busett i huset.


LUNDE 12.
Martinus Olson Åsen frå Førde i Sunnfjord, f. 1853, bygde og busette seg her i 1891.  Han hadde fyrr vore busett på Moberg og Osøyri. G. 1883 Marta Ols dtr. Lunde, f. 1850. Born: Olina, f. 1883, b. Lunde, Brita, f. 1886, d. 1910, Olai, f. 1885, skomakar i Bergen, død, Johanna, f. 1889, i Amerika, Severin, f. 1892, arbeidar på Laksevåg. 3 born døydde unge. Martinus var murar og steinarbeidar. Han døydde i 1926 og kona i 1925.
Ola Monsson Lunde som hev bruk 4 kjøpte huset etter Martinus. Sonen Olav Olson og kona Sigrun Sjurs dtr. er no busette her.


LUNDE 13 (Herevollen).
Ola Torkjellson Skjeie, f. 1860, kjøpte i 1894 eit stykke av verfaren sitt bruk, br. 5, og vart buande her. Han hadde fyrr vore busett på Skjeie. G. I 1883 Magdela Nils dtr. Lunde, f. 1864, d. 1913, g. II 1914 Anna Ols dtr. Lunde, f. 1878. Born: Anna, f. 1883, s. n., Ingeborg, f. 1890, strikkerske, b. Lunde, Hanna, f. 1892, g. Harald ytre Haugland, s. y. H. 12. Ola dreiv med hagearbeid o. a., og var ein sers dugande tambur. Han døydde i 1931.

Anders Hansson Særvollsvik, f. 1873, skøytte bruket av verfaren i 1918 og flutte hertil frå Særvollsvik, der han fyrr hadde vore busett. G. 1902 Ols dtr. Lunde, f. 1883. I 1927 flutte Anders attende til Særvollsvik, s. S. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans.

Jon Monsson Halhjem, f. 1904, vart i 1927 gift med Gurina Anders dtr. Særvollsvik, f. 1903, og flutte hertil. I 1931 fekk han skøyte på bruket av verfaren. Born: Mons, i. 1928, Arnold, f. 1929, Olav, f. 1931, Ingeborg, f. 1932, Anny, f. 1934, Gunnleiv, f. 1937. I 1937 flutte Jon frå bruket og busette seg i Særvollsvik. Han hev vore bøkkar og er no arbeidar i Statens hamnestell.

Berge Monsson Sørstrønen, f. 1900, kjøpte bruket i 1937. G. 1925 Borghild Ols dtr. Lunde, f. 1903. Born: Mons, f. Lunde 237 1926, Olga Helena, f. 1929, Odny, f. 1932. Berge hev drive med fiske og ymse anna arbeid. I 1939 skøytte han bruket til Maria Olava Wik som no er eigar.


LUNDE 14 (Herevollen).

Lars Hansson ytre Moberg, f. 1859, kjøpte i 1895 ein part av verfaren sitt bruk, br. 7, der han bygde og sidan vart buande. Han hadde fyrr vore busett på ytre Moberg, s. y. M. 9, der han dreiv som skomakar, og hadde ogso eit par år pakta br. 4 på ytre Moberg. Ikring 1890 kjøpte han eit bruk på garden Vintertun i Odda, men vart ikkje buande der. Då han flutte til Lunde, tok han namnet Herevold. G. 1881 Olina Ols dtr. Lunde, f. 1858. Born: Hansina, i. 1883, g. metalstøypar Sten Flateraker, b. Bergen, Ola, f. 1884, målarmeistar, g. 1908 Kari Torbjørns dtr. Lyssand, b. Bergen, Karl, f. 1886, skomakarmeistar og kjøpmann, g. Sina Skjold, b. Bergen, Brita, f. 1888, g. målar Edvard Strømsø, b. Bergen, Marta, f. 1890, g. sementstøypar Petrus Øster, Sverik, død, Maria, f. 1893, g. snikkar Gustav Hærdig, b. Bergen, Johannes, f. 1895, snikkar, d. ug., Lovisa, f. 1897, s. n., Borgt hild, f. 1903, g. garveriarbeidar Peder Eldevik, b. Bergen. Ei gjenta døydde ung. Lars var militærskomakar ved regimentet på Ulven og dreiv ogso skomakarverksemd heime. S. O. B. I 332—33. Han døydde i 1932.

Olav Johannesson Holmås frå Lindås, f. 1899, skøytte bruket etter verfaren i 1932. G. 1922 Lovisa Lars dtr. Herevoll (Lunde), f. 1897. Born: Sygni, f. 1923, Dagny, f. 1927, Lars, f. 1939. Olav var betjent på Os jernbanestasjon til 1930, var so nokre år i Amerika, og styrer no Os forbruksforening sin filial på Lunde.


LUNDE 15 (Herevollen).

Klaus Andersson Lunde, f. 1859, kjøpte i 1895 ein part av halvbroren sitt bruk, br. 3, der han rydja og bygde. G. 1893 Olina Tomas dtr. Heggland, f. 1864. Born: Anders, f. 1893, s. n., Marta, f. 1897, driv matstova i Bergen, Brita, f. 1901, g. 1926 Harald Gille, s. Bø 19, Tomas, f. 1908, sjauffør. Klaus var bøkkar og trearbeidar. Han døydde i 1932. 

Anders Klausson Lunde, f. 1893, skøytte bruket etter faren i 1930. G. 1929 Ingeborg Elias dtr. Storum, f. 1902. Born: Frida, f. 1930, Kåre, f. 1932, Elias, f. 1936, Haldis, f. 1938. Anders er snikkar og arbeidar i trevarefabrikk.


LUNDE 16 (Herevollen).

Torkjell Olson Økland, f. 1847, bygde seg i 1879 eit hus her og festa tufti i 1899. G. I 1879 e. Kristi Peders dtr. Ferstad, f. p. Halhjem 1835, d. 1905, g. II 1906 Agata Anders dtr. Lunde, f. 1866. Dei hadde ikkje born. Torkjell var treskoarbeidar og dreiv ogso med hagearbeid. Agata døydde i 1931, og Torkjell flutte til Os gamleheim, der han døydde i 1940. Huset vart selt, og tufti fall attende til hovudbruket.


LUNDE 17 (Eikelund).
Anders Monsson Lunde, f. 1887, skøytte i 1913 eit stykke av farsbruket, br. 4, og bygde her. G. 1913 Janetta Jans dtr. Lande frå Tysnes, f. 1884. Anders vart gardstyrar hjå Thorolf Sundt på Lepsøy og flutte dertil, s. L. 14, og leigde burt eigedomen her. Han kjøpte seinare eit bruk på Halhjem, s. H. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans.

Dotteri Gjertrud Anders dtr. Lunde, f. 1919, og mannen hennar Johannes Engjelson indre Haugland, f. 1916, bur no på bruket. Born: Eldbjørg, f. 1938. Johannes er trearbeidar.


LUNDE 18 (Louisville).
Johannes Olson ytre Haugland, f. 1888, kjøpte i 1915 eit stykke av vermori sitt bruk, br. 5, og busette seg her. G. 1914 Ragnhild Lars dtr. Lunde, f. 1894. Born: Lorense, f. 1915, hushjelp, b. Bergen, Ingeborg, f. 1917, butikkgjenta, Ola, f. 1921, sjømann, Lars, f. 1925. Johannes hev havt farty og drive med føring og fiske, men driv no med bygningsarbeid. Han hev ogso vore fleire år i Amerika.


LUNDE 19 (Lundheim).
Arne Olson Lunde, f. 1886, fekk i 1917 ein part av farsbruket, der han bygde og busette seg. G. 1915 Kari Ols dtr. Lunde, 239 ytre Haugland, f. 1881. Born: Arne, f. 1916, trearbeidar, Ågot, f. 1919, Olida (tvilling), f. 1923, Ingeborg, f. 1923. Arne er bøkkar og driv ogso med steinarbeid o. a.


LUNDE 20 (Solberg).
Anders Tomasson Lunde, f. 1886, kjøpte i 1918 ein part av broren sitt bruk og bygde her. G. 1912 Anna Gjertina Gjertsen frå Bergen, f. 1883. Dei hadde ikkje born. Anders er skomakar og hev ogso drive mykje med fjørfeal o. a. Han hev havt ymse kommunale tillitsyrke og var m. a. medlem av heradstyret 1935-1937. Anna døydde i 1937.


LUNDE 21 (Bjørkheim).
Halvard Larsson Lunde, f. 1899, skøytte i 1933 ein part av broren sitt bruk, der han bygde og busette seg. G. 1924 Olina Anfins dtr. Prestegard frå Årdal i Sogn, f. 1901. Born: Liv, f. 1925, f. 1926, Henry, f. 1931, Magne, f. 1935. Halvard hev drive med fiske o. a. og var ei tid i Amerika.  Han er no murarhandlangar i Bergen.