Kuven

Frå OS SOGA III side 378 – 415

54. KUVEN.

Namnet er korn, samansett med -vin, og tyder soleis beintfram ei kornmark, korngarden. Truleg er namnet heilt frå den tidi då garden vart rydja, og då det vart sådd korn fyrste gong i rudjingsjordi.  Kuventræ er træet, utgjerdet, åt Kuvengarden.

Uttale: Ku’enn. Skrivemåtar: Kornuin (1320), Quem (1519), Kuffuenn (1521, 1567), Kuenn (1591), Kuuen (1597), Kven (1603), Kuffen, Kuffuen, Kuwen, Quenn, Kliffuen (1638), Kuffwen, Kufføen, Kuven (1723).

Garden ligg ved søre enden av Ulvenvatnet, rett overfor indre Moberg.  Elvi som gjeng frå vatnet til sjøen skil millom gardane.  Kuventræ ligg nordanfyre Kuven, på austsida av Ulvenvatnet.  Oskyrkja åtte Kuven tildess bygslemennene kjøpte halve garden i 1832-34. Den andre helvti som var lagt ut til «sjefsgård», bustad åt kapteinen for Oskompaniet, vart kjøpt i 1855.

Or gamle matriklar og teljingar:

1668: Saar 8 smale tønder, afler 28 tønder, ehr toe quærn møller till, god ager, tynd eng, god feehagge och temmelig brende veedskoug, paalagt at plante homblehagge.  1723: Skoug til fornøden brendefang og lidt huusfornødenhed, ingen sætter. Een flomqvern til huusfornødenhed og endnu lejlighed til en flomqvern, tør jord og tungvunden.  Haver ingen næring eller brug, og ingen lejlighed til handling.  1865: Kuven: Har 31 maal dyrket ager og eng, deraf 15 maal godt, 8 middels og 8 slet, har 147 maal naturlig england, hvoraf 28 maal godt, 60 middels og 59 slet, 25 maal england kan dyrkes, har skog til husbrug, og 1 brug derhos til ½ husreparation, føder 1½ ungnød ved lyng og har adgang til mere, er letbrugt og almindelig drevet.  Har vandfald for 2½ spd. og møller indbringende 14 spd. aarlig.  Kuventræ: Har 4 maal dyrket ager og eng, hvoraf 1 maal godt, 2 middels og 1 slet, har 17 maal naturlig england, deraf intet godt, 12 maal middels og 5 slet, største del af englandet er dyrkbart, ingen skog, 2 ungnød kan fødes ved lyng, er meget letbrugt og almindelig drevet.

Busetnad og buskap.

 Hus- Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.skje,tar.fe.ler.ter. korn.poteter.
16572 220       
16682 228   8tun.  
17232 227   10»  
1800733         
183583951827  10,5»6,5tun.
1865116232983 712,8»27»
1900209643972 1111hl.59hl.
19203212985453 938,7mål14,5mål
193051221106669268»25,5»
1939  98147 79,7»22,7»

KUVEN 1.

Nils Kuven er fyrste brukar her som me veit namnet på. I 1519 er han skriven for Niels pa Quem og i 1521 for Niels pa Kwffuenn.
I skattemanntall 1563 og 1567 er ikkje brukaren på Kuven namngjeven. Det stend berre at garden betalte sin skatt, men kven det var som lagde skatten, fær me ikkje vita. Kannhenda brukte Ospresten garden då som han gjorde seinare, s. n.

Presten Kristoffer Larsson stend skriven som brukar på garden i 1591 og 1597. Prestebolet åtte heile Kuven, men garden var då skift i tvo partar og presten brukte eine parten.  Kristoffer Larsson vart ikkje prest i Os fyrr i 1597, s. O. B. I 406, og korleis han då kunde vera prest og brukar på Kuven alt i 1591 er vandt å skyna.  Truleg må han på dei tider ha vore kapellan hjå soknepresten Jens Pedersøn og havt bustaden sin på Kuven.  Kristoffer døydde i 1600.

Jakob Kuven vart brukar i 1600.  Han bygsla samstundes br. 2 og hadde soleis heile Kuven. Jakob døydde i 1607.

Lars Kuven bygsla dette bruket etter Jakob.  I 1611 måtte han fara til Svinesund saman med dei andre hermennene frå Os.  Lars sat godt i det og var ein av dei likaste bøndene i Osbygdi. Han døydde i 1618. Ekkja etter Lars hadde so bruket eit par år.

Simon Kuven vart gift med ekkja etter Lars i 1620 og fekk bygsla bruket.  Kona døydde ikr. 1630, og Simon gifte seg att straks med ei som heitte Anna.  Av borni kjenner me: Mikkjel, f. ikr. 1632, s. n., Kari, f. ikr. 1640, g. 1671 Ola indre Haugland, s. i. H. 2, Gunnar, f. ikr. 1642, s. br. 3, Lars, f. ikr. 1644, s. n., Marta, f. ikr. 1646, g. 1674 Nils Olson Bjånes. Simon var i ætt med Simon Hovland, men kvar han var frå, veit me ikkje. Me kjenner heller ikkje noko til heimstaden åt fyremennene hans. Simon sat tolleg godt i det.  I 1652 let han bruket frå seg til eldste sonen, men livde fleire år etter den tidi.

Mikkjel Simonson Kuven, f. ikr. 1632, bygsla bruket etter faren i 1653, men døydde alt fire år etter.  Han var truleg ugift då han døydde.

Simon Kuven tok atter bruket då sonen døydde og hadde det no til 1665.  Sonen Lars, f. ikr. 1644, stjorna bruket saman med faren, men fekk ikkje bygsla.  Simon og Lars hogde timber i skogen og selde til skotteskipi.  Presten, som åtte skogen, fekk tridjeparten av salsumen for trevyrket, og Simon og Lars fekk tvo tridjepartar for arbeidet sitt.

Presten Jens Loss, som fekk rådvelde over Kuven då han vart sokneprest i 1659, vilde ikkje bygsla bruket burt, men skifte det i tvo partar og tok ein gardstyrar på kvart bruk.  I 1665 vart Ola Knutson Ferstad, f. ikr. 1620, styrar på denne parten. Jens Loss døydde i 1668, og då det kom ny prest, fekk Ola bygsla bruket. Ola var gift fyrr han kom til Kuven, men kven kona var, veit me ikkje.  Hanhadde ein son Aksel, f. ikr. 1657, som i 1687 vart gift med Gjertrud Peders dtr. Rød i Hålandsdalen (f. p. Berge i Kuven 381 Fusa) og vart busett på Midtrød i Hålandsdalen. Ola døydde i 1691.

Simon Gunnarson Kuven, f. ikr. 1663, bygsla bruket i 1692.  Simon hadde tent hjå Ospresten i mange år, og i bygslebrevet hans hadde Kristoffer Garmann sjølv skrive at «den bygslende får Jorden for sin lange Tjeneste hos Præsten».  G. I 1692 Magdela Johannes dtr. nedre Rød, f. ikr. 1663, d. 1693, g. II 1694 Ragnhild Antonius dtr. Skjeie, f. ikr. 1653. Då Simon vart gift andre gongen, flutte han til Skjeie, og vart sidan buande der. Sjå meir um han under Skjeie 4.

Klokkar Ola Olson Deberg, f. ikr. 1663, bygsla bruket i 1694, samstundes som han bygsla br. 3. Garden Kjønn i Hålandsdalen var klokkargard i dei tider, men Ola Deberg vilde ikkje flytja dit og fekk bygsla Kuven istadenfor Kjønn.  G. 1693 Else Jens dtr. Brun frå Bergen, f. ikr. 1660. Born: Else (tvilling), f. 1699, g. 1720 Knut Olson Strand frå Bergen. 3 born døydde unge. Ola sat smått i det, og då han skulde svara skatten i 1705, krov han heile tingålmugen til vitne på at han var ein fatig mann.  Dei svara alle som ein at «Klokkeren Ole Deberg er en fattig mand som ei nogen middel og formue haver, skulde han betale den paabudne løbsskat og ildstedskat saa vilde han ruineres.» Sjå meir um Ola og ætti hans O. B. I 436. Ola døydde i 1732.
Ekkja Else Jens dtr. Deberg hadde so bruket i tvo år.  Klokkarekkjone hadde likeins som presteekkjone eit «naadsensaar» etter at mannen døydde, og dei slapp flytja frå bruket fyrr nådsensåret var ende.  Sjå meir um Else O. B. I 436.  Ho vart buande i Os til ho døydde i 1736.

Einar Vold, f. ikr. 1700, som i 1732 vart klokkar etter Ola Deberg, bygsla bruket frå våren 1734.  Einar var gift fyrr han kom til Os med Margreta Ellings dtr. Eek. Born: Maria, f. ikr. 1730, g. 1764 Henrik Torbjørnson Synnestvedt, b. Lyssand, s. L. 2.  Kvar Einar og kona var frå, veit me ikkje. Sjå meir um dei O. B. I 436—37. Einar Vold døydde i 1759.
Ekkja Margreta Ellings dtr. Vold hadde so bruket i «naadsensaaret» og endå i tvo år til. Ho flutte so frå Kuven og reiste or Osbygdi.

Klokkar Jens Lerche, f. ikr. 1700, bygsla bruket i 1762.  Han vart klokkar i 1759, men måtte då ta bustad på klokkargarden Kjønn avdi han ikkje hadde pengar nok til å bygsla Kuven.  I 1762 bygsla han bruket og flutte til Kuven året etter.  Samstundes kjøpte han husi på bruket, som klokkarekkja Margreta Vold åtte, for 51 dalar. Kjøpesummen for husi lånte han av presteekkja Maria Leganger til 5 prosent renta.  I 1765 bygsla han ogso den parten som vart skild frå bruket 100 år tidlegare, s. br. 3, og fekk då rådvelde over halve Kuven.

Jens Lerche var gift fyrr han kom til Os med Else Hans dtr. Ravn, f. ikr. 1715. Born: Hans Petter, f. ikr. 1752, g. 1783 Anne Marie Pfeiffer, Johan Markus, f. ikr. 1755, s. br. 3, Pefrer Brandal, f. ikr. 1758, Else, f. ikr. 1760, Gjertrud, f. 1764.  Jens hadde etter måten gode innkomor av klokkaryrket, men han sat likevel sverande tungt i det.  I 1774 vilde futen panta han for skatt, men klokkaren krov vitnemål frå ålmugen på tinget for at han var fatig og ikkje kunde betala.  Dei vitna alle at klokkaren «sidder i de aller fattigste omstændigheder, så at han hartad mangler det nødvendigste, og om der hos ham skal exeqveres aldrig findes andet end de klæder han og hans familie ei kan undvære».  Dotteri Else var trulova med ein fendrik og fekk barn med han, men han rymde og let henne og barnet sitja att.  Gjenta vart difor dømd på tinget til å leggja «leiermaals» bøter for misferdi, men ho åtte ikkje ein skjeling å svara boti med.  Ho bad so tingålmugen um hjelp og det fekk ho.  Ein mann gjekk rundt med kollhuva si for å samla inn, og osingane lagde so mykje i huva at dei greidde boti åt klokkardotteri. — Sjå meir um Jens O. B. I 437—38 og F. B. I 437.  Han døydde i 1778.
Ekkja Else Hans dtr. Lerche stjorna dette bruket etter at mannen døydde. Den andre parten bygsla sonen Johan Markus, som vart klokkar etter faren, s. br. 3. Else sat smått i det likeins som mannen hadde gjort i si tid.  I 1794 måtte ho lata bruket frå seg, men då ho straks etter fekk ein liten «pensjon» av nyeklokkaren, s. O. B. I 440, berga ho likevel livemåten på sine gamle dagar.  Ikring 1797 flutte ho frå bygdi og me veit ikkje meir um henne.

Styremaktene hadde lenge vore på leiting etter ein høveleg gard i bygdene her til bustad for dei militære kompanisjefane ved Hordalandbataljonen, og Kuven var ein av dei gardane som i 1791 vart utpeika som høyande «sjefsgaard» for kapteinen ved Oskompaniet.  I 1792 vart det halde ettersyn og takst over garden, og styremaktene fann garden brukande til fyremålet. Takstmenn var Lars Valle, Bagge Lyssand og Johannes Heggland. Då Else Lerche sa bruket frå seg i 1794, vart det umskipa til kapteinsgard, og seinare vart det andre klokkarbruket lagt til, s. br. 3.  I dei fyrste åri kom det likevel ikkje nokon offiser til Kuven, og bruki vart difyr bygsla burt som fyrr, s. n.

Jon Jørgenson Lunde, f. 1766, bygsla bruket her i 1796.  G. I 1796 Ingeborg Ols dtr. Ulven, f. 1768, d. 1835, ,g. II 1836 Anders dtr. Ulven, f. p. Mobergslien 1775. Born: Kari, f. 1797, g. 1817 Stein ytre Lekven, s. ytre Drange 4, Lisbet, f. 1800, s. n., Ingeborg, f. 1802, g. ikr. 1835 Abraham Abrahamson, b. Fana, Marta, f. 1808, g. 1829 Ola Larsson Hamre, b. Midttun i Fana. Tvo born døydde av koppane i ung alder. I 1822 sa Jon upp bygsla og flutte til Kuventræ, s. br. 6.

Ola Larsson Ferstad, f. 1784, vart i 1821 gift med Lisbet Jons dtr. Kuven, f. 1800, og fekk pakta bruket etter verfaren då han flutte burt i 1822. Samstundes pakta han det andre bruket som høyrde til sjefsgarden, s. br. 3. Born: Ingeborg, f. 1823, s. br. 7, Lars, f. 1825, sjømann, Magdela, f. 1826, g. 1852 Nils Bø, s. Molda 2, Jon, f. 1828, g. 1851 Brita Valle, s. indre Moberg 6, Kristi, f. 1831, g. 1853 Anders Orra, s. Ulven 1, Olina, f. 1834, g. 1858 Eivind Sjøbøen, s. S. 1, Johanna, f. 1838, g. Gunnar Straume frå Valestrand, b. Valestrand.  Tvo gutar døydde unge. I 1828 sa Ola dette bruket frå seg og hadde berre br. 3, s. d.

Mons Monsson nedre Rød, f. 1799, busette seg her i 1829 då huset stod tomt.  Han hadde vore skulehaldar i Os sidan 1821, s. O. B. I 367. G. 1828 Marfa Jons dtr. Indre Moberg, f. 1802. Born: Maria, f. 1828, g. 1852 Klaus Klausson Kjøkkelvik i Laksevåg, s. F. B. 221, Mons, f. 1829, timbermann, g. II 1857 Olina Rasmus dtr. Gravdal, g. III 1865 Ingeborg Johannes dtr. Ramnøy frå Gulen, g. IV 1873 Kari Ols dtr. Vik frå Fjaler, b. Laksevåg.  I 1829 sa Mons skulen frå seg, men hadde likevel yrket til 1833.  Han reiste so til Gravdal i Laksevåg, der han sidan vart buande.

Jon Jørgenson Lunde, som hadde bygsla bruket fyrr, pakta det då versonen sa det frå seg i 1828.  Jon var busett på Kuventræ og vart framleis buande der.  I 1833 kom versonen att, og Jon sa då pakti frå seg.  Sjå um han vidare under br. 6.

Ola Larsson Ferstad, som flutte frå bruket i 1828, pakta bruket att i 1833. Han hadde i millomtidi vore paktar på Kuven, s. br. 3, og på Molda, s. M. 1.  Ola vart no buande her til han døydde i 1852. Kona døydde nokre år seinare.

Kaptein Christian Ulrich Bætzmann, f. Innvik i Nordfjord 1774, vart kaptein ved Oskompaniet i 1809 og busette seg her på «sjefsgarden».  Han førde Oskompaniet då det i dei tvo ufredsåri 1813-14 låg ved grensa, s. O. B. I 514-520 og 535.  Bygslemannen Jon Lunde stjorna garden i Bætzmann si tid, s. o. Bætzmann døydde på Kuven i 1824, nett etter at han var utnemnd til oberstløytnant.  Garden vart i hans tid driven ved paktarar.

Wollert Konow Luther Rolfsen, f. i Bergen 1817, kjøpte kapteinsgarden, br. 1 og 3, i 1855 for 1700 spd.  Attåt dette skulde han svara 9 dalar og 4 ort i årleg avgift til prestebolet. Rolfsen var då styrar på landbruksskulen i Kvinnherad, og han tenkte på å skipa ein liknande skule på Kuven.  Det vart likevel ingen landbrukskule her. Rolfsen, som var prestlærd, stjorna skulen i Kvinnherad til 1862, men gjekk so inn i presteyrket og døydde som prest i Haus 1870.  Bruket vart ogso i Rolfsen si tid drive ved paktarar.

Peder Hansson Ulven, f. 1825, pakta bruket i 1848. G. 1846 Ingjerd Ols dtr. Skogen (syskenborn), f. 1819.  Peder slutta som paktar i 1857 og fekk sidan festa eit lite bruk på Kuven, s. br. 9. Då Peder vart gift andre gongen i 1877, flutte han til Ulven og vart sidan buande der. Sjå meir um han og huslyden hans under br. 9.

Hans Matiasson Fosse frå Strandebarm vart paktar i 1857.  Kona heitte Lars dtr. I 1861 flutte han frå Osbygdi att.

Sjur Mikkjelson Valen frå Fjelberg, f. 1837, pakta bruket då Hans flutte. G. 1871 Brita Peders dtr. Øye frå Kvinnherad, f. 1835.  Brita hadde vore husstyrar hjå Sjur heile tidi frå han kom til Kuven.  Dei fekk ein son, Vollert, f.1873, medan dei var på Kuven.  Då det i 1875 kom ny eigar, som tok bruket sjølv, flutte Sjur burt.

Matias Erichsen frå Bergen, f. p. Dyngjeland i Fana 1845, kjøpte bruket i 1875 saman med br. 3 av arvingane etter Wollert Rolfsen for 3500 spd.  Han var agronom frå det fyrste kurs på Stend landbrukskule og hadde i nokre år vore lærar ved folkehøgskulen på Halsnøy i Sunnhordland.  G. 1878 Judith Wellin frå Bergen, f. 1846. Born: Dorthea, f. 1879, lærarinna, b. Bergen, Judith, f. 1880, s. n., Agot, f.1882, lærarinna, g. 1924 Ole Gullakson Horvei frå Skånevik, b. Bergen, Signy, f. 1886, g. 1913 Daniel Grindevoll, s. Os 34, Astrid, f. 1889, s. n. Erichsen hadde umlag alle tillitsyrke som var i Osbygdi og sat i heradstyret frå 1878 til 1910, derav i heile 27 år som ordførar.  Han var forlikskommissær i 40 år og like lenge styreformann i Os privatbank.  I over 30 år var han med i styret for Stend landbruksskule og Hordaland landbruksselskap. Han var R.2 St. O. O. og hadde Kongens fortenstmedalje for godt landbruksarbeid, s. O. B. I 579, 592, 603, 691, 696 o. fl. st. Matias Erichsen døydde i 1935 og kona i 1923.

Jon Olson Tøsdal, f. 1882, vart i 1913 styrar på garden og skøytte i 1920 bruket etter verfaren.  Han hadde fyrr vore styrar av Os forbruksforening på Osøyri. G. I 1908 Judith Erichsen, f. 1880, d. 1917, g. II 1921 Astrid Erichsen, f. 1889.  Jon er tilsynsmann for R. T. V.  Han hev havt mange kommunale tillitsyrke likeins som fyremannen og hev vore med i heradstyret 12 år.  Han er ogso formann i ljosverkstyret og hev vore styreformann i Os privatbank frå 1928, s. O. B. I 603.

KUVEN 2.
Lars Kuven
var brukar her i 1591 og var truleg fyrste mann på bruket etter at det var skilt ut frå br. 1 ikr. 1580.  Lars hadde bruket til 1600, men han livde i fleire år etter den tid.  Han hadde ein son Ola, s. n. Elles veit me ikkje noko um huslyden hans.

Jakob Kuven, som hadde br. 1, stjorna ogso dette bruket nokre år etter 1600.

Johannes Kuven vart brukar i 1607.  Han let bruket frå seg alt i 1611, men var livande og betalte tiend i 1614.  Kvifor han hadde bruket i so stutt tid, veit me ikkje visst, men me kann tru at han måtte gjeva bruket frå seg då Ola gjorde krav på det, s. n.

Ola Larsson Kuven bygsla farsbruket i 1611.  Han sat tolleg godt i det dei fyrste åri, men i 1619 vart det snøgt slutt med velstandet.  Han fekk då barn med ei gjenta, trass han var gift, og for misferdi vart han dømd til å leggja ei bot av 16 dalar.  Det var umlag eit jordeverd i dei dagar.  Ola greidde leggja boti, men so vann han heller ikkje meir og måtte lata bruket frå seg til so lenge.  Jordeigaren presten Samuel Loss stjorna då sjølv bruket nokre år, men i 1624 kom Ola att.  Han streva hardt dei fyrste åri for å greida seg, men det gjekk framover etterkvart til han døydde i 1636.
Ekkja etter Ola hadde so bruket eit par år.

Fabian Nilsson vart gift med ekkja i 1638 og fekk bruket.  Kona døydde straks etter, og Fabian gifte seg att i 1641 med ei som heitte Synneva.  Ho fekk fyrste barnet sitt berre eit halvt år etter brudlaupet, og for det måtte Fabian leggja ei stor bot.  Av borni kjenner me: Lars d. e., f. 1741, s. n., Nils, f. ikr. 1643, s. n., Johannes, f. ikr. 1645, s. n., Lars d. y., f. ikr. 1647, Marta, f. ikr. 1650, s. n. Kvar Fabian var frå, veit me ikkje.  Han var ein mykje vyrd mann i bygdi og var doms- og lagrettemann i mange år.  Fabian var ogso lagrettemann på «fylkestinget» for Sunnhordland, og var med og sagde dom i mordsaki på Steinsland, s. S. B. 464.  Han dreiv mykje med skogarbeid og selde timber og trevaror til skotteskipi som låg i Hatvik.  Jordeigaren presten Loss hadde sett forbod mot å hogga skog i «Brandaneset», og då Fabian i 1656 likevel hadde hogge der, tok presten han for retten.  Fabian døydde i 1664.
Ekkja Synneva Kuven hadde so bruket eit par år. I ei lista frå 1666 stend at ho då hadde tvo søner, Jens Olson og Aksel Olson, som begge var 8 år gamle. Truleg var det fostersøner.

Nils Fabianson Kuven, f. 1643, bygsla bruket etter mori i 1666, men døydde alt tvo år etter. På eit ting nokre år seinare vart det prova at Nils «druknet 1668 i en stor storm tilligemed andre».  Truleg kom han burt på sjøen under vårsildfisket.

Lars Fabianson Kuven, f. 1641, overtok bruket då broren fall frå, men hadde det ikkje meir enn eit års tid.  I 1669 vart han gift med Anna Lars dtr. Hauge, f. ikr. 1651, og dei flutte straks etter giftarmålet til Berge og busette seg der.  Sjå meir um dei under Berge 2.

Johannes Fabianson Kuven, f. ikr. 1645, bygsla bruket i 1670.  Han vart gift med ei som heitte Anna, men kvar ho var frå, veit me ikkje.  Då ho døydde i 1724 vart det uppgjeve at ho var 97 år, 7 vikor og 1 dag gamall, og etter denne uppgåva skulde ho vera fødd i 1627. Johannes og Anna fekk tvo tvillingdøtre, Anna og Brita, i 1672, og i 1676 fekk dei ei dotter Kari.  Eine dotteri døydde ung, og kvar  det vart av dei andre tvo, veit me ikkje. Johannes let bruket frå seg til verbroren i 1680, s. n.

Bård Olson Hetleflåten, f. ikr. 1628, vart i 1680 gift med Marta Fabians dtr. Kuven, f. ikr. 1650, og bygsla bruket etter verbroren.  Han hadde fyrr vore gift med ei som heitte Kari Ols dtr., f. ikr. 1640, d. 1678, og havt farsbruket sitt på Hetleflåten, s. H. 1.  Marta Fabians dtr. døydde alt i 1689, og Bård gifte seg att same året med Brita Arnes dtr. Hjelle, f. 1663. Me veit um 13 born i desse giftarmåli, og av dei vaks 9 upp: Ola d. e., f. 1662, g. 1685 Anna indre Moberg, s. Hetleflåten 1, d. e., f. 1669, d. 1684, Endre, f. 1677, d. 1696, Marta, f. 1681, g. 1720 Lars Osøyri, s. O. 1, d. y., f. 1691, g. 1726 Mortem Morteinson, s. Osøyri 1, Kari, f. 1693, g. 1722 Hans Jensson Nordstraumen, Ola d. y., f. 1695, g. 1721 Anna ytre Moberg, s. Skogen 1, Mari, f. 1697, g. 1727 Eivind Sjøbøen, s. S. 1, Ingeborg, f. 1700, g. 1730 Bård Kalvetræ, s. K. 1. Bård var ein vyrd mann i bygdi og var lagrettemann i lang tid.  Bård døydde i 1706 og Brita i 1731.

Eivind Arneson Hjelle, f. 1677, som hadde tent hjå Bård i mange år og var bror åt kona hans, bygsla bruket då Bård døydde. G. 1706 Kari Ols dtr. Hauge, f. 1683. Born: Marta, f. 1707. Eivind sat tungt i det.  Han døydde alt i 1709.
Ekkja Kari Ols dtr. hadde so bruket nokre år.  I 1714 let ho det frå seg og flutte frå garden. Kvar det vart av henne og dotteri, veit me ikkje.

Edis Olson Lyssand, f. 1677, bygsla bruket i 1714. G. 1712 Marta Bårds dtr. Grindevoll, f. 1688.  Dei fekk ei dotter som døydde tidleg.  Edis sat sverande smått i det. Han dreiv fiske og jolevika 1717 kom han burt på sjøen.  Kona vart ikkje uppattgift, men sat som ekkja til ho døydde i 1752.

Mikkjel Olson Lyssand, f. 1684, bygsla bruket då broren døydde.  Mikkjel hadde fyrr tent på Lysekloster, og i 1708 gifte han seg der med Dordi Hans dtr. som ogso tente i klostret.  Dordi var død fyrr Mikkjel kom til Kuven, og i 1718 gifte han seg att med Lisbet Heljes dtr. Søfteland, f. 1694. Born: Kari, f. 1721, s. n., Ola, f. 1724, d. ug. 1763, Helje, f. 1727, g. 1755 Ingeborg ytre Haugland, s. Klyva 2, Nils, f. 1731, g. I 1755 e. Anna Lars dtr. Haugsdal, g. II 1764 Johanna Peders dtr. Søvik, g. III 1768 Kari Nils dtr. Ulsmåg, b. Haugsdal i Fana, s. F. B. 472, Brita, f. 1734, g. 1759 Lars Molda, s. M. 3.  Tvo born døydde unge.  Mikkjel sat tolleg godt i det og greidde seg på bruket, trass at det i 1728 vart skift i tvo partar, s. br. 4. Sønene Helje og Mikkjel vart utskrivne til hertenesta i 1751, men då dei vart gifte straks etter, slapp dei frå tenesta.  Mikkjel døydde i 1745 og kona nokre år seinare.

Bård Olson Skogen, f. 1722, vart i 1746 gift med Kari Mikkjels dtr. Kuven, f. 1721, og hadde alt året fyrr fenge bygsla bruket etter verfaren.  Born: Mikkjel, f. 1746, d. ug. 1805, Eivind, f. 1748, g. 1782 Anna indre Moberg, s. ytre Moberg 6, f. 1750, g. 1798 Knut ytre Moberg, s. Lepsøy 6, Lars og Ola (tvillingar), f. 1751, begge d. 1762, Knut, f. 1755, g. 1793 Brita Røttingen, s. Lyssand 3, Einar, f. 1761, g. 1793 Anna Nordstrønen, s. Halhjem 7. Bård var 63 tumar høg og skulde utskrivast til hertenesta i 1745, men same året fekk han seg gard. Han vart då overført til «reserven».  Bård sat sverande smått i det. Han døydde i 1763 og kona i 1775.

Lars Larsson Halhjem, f. 1739, bygsla bruket då Bård døydde. G. I 1763 Mari Asbjørns dtr. Søvik, f. 1743, d. p. barseng 1766, g. II 1767 Marta Arnes dtr. ytre Haugland, f.1744. Born: Asbjørn, f. 1766, g. 1795 Margreta Ols dtr. Ulland frå Samnanger, Lars, f. 1769, g. 1789 Mari Tøsdal, s. T. 2, Mari, f. 1771, g. 1800 Jon indre Moberg, s. i. M. 2, Margreta, f. 1775, g. 1798 Ola Jonson Dalland frå Strandvik, f. 1779, s. n., Nils, f. 1784, var likeins som yngste broren med i ufreden 1808-14, g. 1811 Brita Bårds dtr., b. Bergen, Jakob, f. 1785, s. br. 4. Tvo born døydde unge.  Lars var 64 tumar høg og vart som «dygtig» utskriven til hertenesta.  Då han gifte seg og fekk jord, slapp han heim att or tenesta.  Lars var ein dugande båtbyggjar, s. O. B. I 196,  og han hadde ogso kvernbruk i Mobergselvi.  I 1792 slepte drengjen hans vatn på kverni medan Lars Moberg sat og vølte kvernekallen, s. indre Moberg 3.  Lars var ein mykje vyrd mann i bygdi, han var stemnevitne og medhjelpar i kyrkja og mykje anna.  Han døydde ikr. 1808 og kona i 1826.

Arne Larsson Kuven, f. 1779, bygsla farsbruket i 1804.  G. 1804 Brita Hans dtr. øvre Rød, f. 1773. Av 5 born vaks 3 upp: Marta, f. 1807, g. 1832 Anders Halhjem, s. H. 2, Hans, f. 1810, s. n., Lars, f. 1813, g. 1845 Ingjerd Hetleflåten, s. H. 1.  Arne vart utskriven til hertenesta som «jæger» og var med i ufreden 1808-1810.  I 1811 gjekk han over i landvernet.  Arne var båtbyggjar og hadde kvernbruk likeins som faren.  Han hadde båtbyggjarnaustet sitt standande på Osøyri på ein grunn som han festa av indre Moberg i 1806.  Arne døydde i 1853.

Hans Arneson Kuven, f. 1810, kjøpte farsbruket av Os prestebol i 1834 for 330 spd. kontant og 1 tunna 5 skjepper bygg i årleg avgift. G. 1835 Guro Halvards dtr. Halhjem, f. 1804. Born: f. 1836, s. n., Ingeborg, f. 1839, d. ug. 1866, Halvard, f. 1841, smed, g. 1867 Anna Kristofers dtr. frå Solvom i Hafslo, Sogn, b. Solheimsviki ved Bergen, Hans, f.1844, s. n., Anna, f. 1845, g. 1879 Ivar Tvedt, s. Osøyri 35, Anders, f. 1853, s. br. 11. Hans dreiv kvernbruket som fyremennene hadde gjort og var båtbyggjar likeins som faren.  Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1860-1863.  Han døydde i 1875 og Guro i 1888.

Arne Hansson Kuven, f. 1836, skøytte farsbruket i 1861 for 400 spd. G. 1874 Thala Johannes dtr. Hopland frå Alversund, f. 1838.  Dei hadde ikkje born. Arne var skogvaktar for statskogane i Os og hadde mykje arbeid med det.  Han hadde ymse kommunale yrke og var m. a. medlem av heradstyret 1874-77.  Arne var med å skipa Os forbruksforening i 1877 og vart vald inn i det fyrste styre for laget, s. O. B. I 599.  I 1890 skøytte han bruket frå seg til broren og tok sjølv eit nytt bruk, s. br. 14, der ein finn meir um han.

Hans Hansson Kuven, f. 1844, kjøpte bruket av broren i 1890 og busette seg her. Han hadde fyrr vore busett på Osøyri, s. O. 17. G. 1876 Rakel Ivars dtr. Lepsøy, f. 1850.  Born: Hans, f. 1876, s. br. 14, Ivar, f. 1879, s. n., Engjel, f.1886, s .br. 38. Hans var smed og dreiv smidjearbeid.  Han døydde i 1925 og kona i 1934.

Ivar Hansson Kuven, f. 1879, skøytte farsbruket i 1915. G. 1909 Elisabet Jons dtr. Haukeland frå Fana, f. 1884. Ivar hev vore Bergens telefonkompani sin tilsynsmann i Osbygdi.  I 1935 selde han bruket, men tok undan eit stykke og skipa ny bustad, s. br. 41.

Elias Larsson indre Moberg, f. 1903, kjøpte bruket i 1935 og hev det no. Elias hev i mange år vore i Amerika.  Han er båtbyggjar og driv ogso med leggjing av parkettgolv.

KUVEN 3.

Knut Ambrosiusson, f. 1635, vart gardstyrar her då bruket vart skilt ut frå br. 1 ikr. 1665, og seinare fekk han bygsla bruket.  Kvar Knut var frå er uvisst, men me kann tru at han var frå Bergen.  Han hadde ein bror, Wessel Amtbrosiusson, som tente på Kuven og døydde der i 1669.  Knut vart gift i 1675 med Gjertrud Lars dtr., som tente hjå han.  Dei fekk ein son Ambrosius, f. 1680, g. 1711 Magdela Bø, s. Bø 3. Knut døydde i 1684 og ekkja flutte då frå Kuven.

Gunnar Simonson Kuven, f. ikr. 1642, vart brukar då Knut døydde. Han hadde fyrr vore busett ein stad utanfyre Osbygdi og var gift med ei som heitte Kari Daniels dtr., f. ikr. 1642. Kannhenda var ho dotter åt Daniel Søfteland. Born: Simon, f. ikr. 1663, s. br. 1, Daniel, f. ikr. 1665.  Gunnar døydde ikr. 1694 og Kari i 1688.

Klokkar Ola Olson Deberg, f. ikr. 1663, bygsla dette bruket samstundes som han bygsla br. 1 i 1694. Sjå um han og huslyden hans under br. 1.

Jakob Nilsson Rolfsvåg frå Samnanger, f. 1693, fekk bygsla bruket då klokkar Deberg døydde i 1733. Han hadde fyrr i 10 år havt farsbruket sitt på Rolfsvåg, men måtte flytja frå dette då jordeigaren sjølv vilde ha bruket, s. S. B. 171. G. I 1719 Marta Morteins dtr. Sævild frå Samnanger, f. ikr. 1690, d. 1750, g. II 1751 Brita Anders dtr. Øvredal, f. 1719. Born: Mortem, f. 1720, g. 1745 Kari indre Moberg, s. i. M. 3, Mari, f. ikr. 1723, g. 1744 Halvard Røttingen, s. R. 4, f. 1730, g. 1757 Nils ytre Lekven, s. y. L. 2, Ola, f. 1732, g. 1753 Marta Borgen, s. B. 1, Gunvor, f. 1735, Anders, f. 1752, g. 1782 Brita Særvoll, s. S. 3, Nils, f. 1754, g. 1777 Kari Rasmus dtr. ytre Drange. 3 born døydde unge.  I 1754 og 1755 vart det prova på tinget at Jakob Kuven «holdt et lidet øltapperie», men då øltapparen det eine året vart uppgjeven til å heita Jakob Morteinson, var det kannhenda ein verbror åt Jakob som selde øl på Kuven.  Jakob døydde i 1665 og Brita nokre år etter.

Klokkar Jens Lerche, som hadde br. 1, bygsla ogso dette bruket då Jakob døydde. Sjå um Jens under br. 1.

Johan Markus Jensson Lerche, f. ikr. 1755, bygsla dette bruket etter faren i 1777.  Året etter vart han hjelpeklokkar hjå faren, og då faren døydde i 1779 vart Johan utnemnd til verkeleg klokkar. G. 1779 Ols dtr. frå Bergen, f. ikr. 1745. Bom: Else, f. 1782, Jens, f. 1785, Anna, f. 1787.  Johan var jamt sjukleg og kunde lite stella med bruket.  Han sat sverande tungt i det, og då han fall burt og det skulde haldast skifte, melde det seg over 30 kravsmenn som skulde ha pengar hjå han.  Sjå meir um han O. B. I 440-41.  Johan er ein av hovudpersonane i spelstykket frå 1795, s. Osøyri 1. Han døydde i 1796.
Ekkja Anna Ols dtr. hadde bruket eit år («nådsensåret») etter at mannen døydde. Ho flutte so med borni til Bergen, der ho var buande til ho fall frå i 1821.  Bruket vart no lagt til «sjefsgarden», s. br. 1, men då ingen militær tenestemann tok bustad her dei fyrste åri, vart det framleis bygsla burt.

Ola Kåreson Haugarvoll frå Hålandsdalen, f. ikr. 1754, bygsla bruket i 1797. G. 1792 Kari Nils dtr. Øyjordi (Berlandstveit) frå Hålandsdalen, f. 1767. Born: Anna, f. 1793, g. 1846 Anders Bø, s. Bø 6, Kari, f. 1794, g. 1828 Anders Orrebakken, s. Hauge 4, Kåre, f. 1800, g. 1823 Gunvor Dalland, s. Os 4, Ola, f. 1804, b. Bergen, Nils, f. 1806, kom burt på sjøen «galnemåndagen» 1822, s. O. B. I 629, Anders, i. 1808, g. 1833 Brita Gudbrands dtr. Håland, Marta, f. 1810, ug. 3 born døydde unge.  Ola streva hardt for å greida seg.  I 1817 flutte han frå Kuven og festa ein plass under prestegarden, s. Os 4, der ein finn meir um han.

Anders Olson Sandvik frå Samnanger, f. 1775, pakta bruket då Ola flutte burt. G. 1816 Ragnhitd Nils dtr. Ytre Moberg, f. 1782.  I 1822 flutte Anders frå Kuven og busette seg på Klyva, s. K. 3, der ein finn meir um han og huslyden hans.

Ola Larsson Ferstad, f. 1784, pakta bruket i 1822 samstundes som han pakta bruk 1. Sjå um Ola og huslyden hans under br. 1.  I 1830 flutte Ola frå Kuven og vart paktar på Molda, s. M. 1, men kom seinare attende til Kuven og vart paktar på br. 1, s. d.

David Johannesson indre Haugland, f. 1803, pakta bruket etter Ola i 1830. G. 1830 Agata Lars dtr. Særvoll, f. 1802.  I 1833 festa han ogso plassen Kuventræ, som høyrde til dette bruket, og busette seg seinare der. Sjå meir um han og huslyden hans under br. 6.

Wollert Konow Luther Rolfsen kjøpte bruket av prestebolet i 1855 og vart eigar. Sjå um han under br. 1.

Distriktslækjar Johan Henrik Olsen, f. i Oslo 1823, busette seg her då han vart distriktslækjar i Os 1861. G. Hanna Marie Thiis.  Doktar Olsen døydde alt i 1864, og ekkja flutte til Oslo der ho døydde i 1905. Sjå O. B. I 631.

Distriktslækjar Andreas Stoltenberg, f. i Troms 1822, pakta bruket og busette seg her då han vårt lækjar i Os 1864.  G. ikr. 1853 Elsebet Elise Thesen, f. i Flakstad 1831. Born: Maren, f. 1855, Elise, f. 1857, Anna, f. 1859, Henriette, f. 1861, Andreas, f. 1864.  Doktar Stoltenberg vart heller ikkje gamall.  Då han ein dag um hausten 1868 hadde vore på sjukevitjing i Strandvik, kollsigla han på heimferdi og kom burt saman med skysskaren Ola Kuven, s. br. 8. Ekkja flutte or bygdi med borni sine.  Ho døydde i 1907. Sjå O. B. I 631-32.

Distriktslækjar Jakob Andreas Heiberg, f. i Trondheim 1835, fekk lækjarposten etter Stoltenberg og busette seg her.  G. Marie Nikoline Andrea Lund.  I 1872 flutte han til Molda, og var busett der til han reiste frå Os i 1874.  Han døydde i Trondheim 1910. Sjå O. B. I 631-32.

Matias Erichsen kjøpte bruket saman med br. 1 i 1875 og slog begge bruki ihop til eitt.  Sjå um han under br. 1.

Jon Olson Tøsdal kjøpte bruki i 1920 og er eigar no. Sjå under br. 1.

KUVEN 4.

Steffen Monsson Ulven, f. 1703, vart fyrste mann på dette bruket, då det vart skilt ut frå br. 2 i 1728. G. 1729 Marta Ols dtr. ytre Drange, f. 1701. Born: Ragnhild, f. 1728, g. 1755 Ola indre Haugland, s. i. H. 4, Magdela, f. 1731, Ingjerd, f. 1732, g. 1760 Ingebrigt Skjeie, s. Lepsøy 1, Kari, f. 1737, g. 1771 Sander Olson Gangstø, Mons, f. 1739, vart saman med yngste broren utskriven til hertenesta i 1761, Ola, f. 1742, g. 1765 Brita Holen, s. H. 1. Steffen arva ein part i garden Gjemdal med kona, og saman med dei andre arvingane selde han jordeparten til Rasmus Søvik i 1736.  Steffen døydde alt i 1742.
Ekkja Marta Ols dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho sat sverande smått i det, og i 1743 fekk ho ei halv tunna korn av «Kongens naadegave til de fattige».

Johannes Olson Boga frå Fusa, f. 1709, vart i 1745 gift med ekkja Marta Ols dtr. og fekk bygsla bruket.  Dei fekk ei dotter, Barbru, f. 1747.  Johannes hadde odelsrett til eit bruk på Boga, men då han sat tungt i det og trong pengar, selde han odelsretten for 5 dalar. Han døydde alt i 1751.
Ekkja Marta Ols dtr. tok so atter styringi av bruket.  Ho greidde seg betre enn mannen gjorde, og då syskeni hennar kjøpte att noko av odelsgodset sitt i Gjemdal, var Marta med og tok sin part av kjøpet.  I 1857 gifte ho seg att med Halvard nedre Rød, s. n. R. 2.

Henrik Larsson Halhjem, f. 1730, bygsla bruket i 1754.  G. I 1754 Marta Mattis dtr. Berge, f. 1720, d. 1787, g. II 1789 Sesilia Lars dtr. Haugen frå Samnanger, f. 1753, d. 1795, g. III 1796 Kari Johannes dtr. Dalland frå Strandvik, f. 1750.  Born: Guro, f. 1753, g. 1781 Ola Holen, s. H. 1, Lars d. e., f. 1757, g. 1781 Ingeborg Hovland, s. Ulven 1, Mattis, f. 1761, s. br. 7, Hans, f. 1765, s. br. 5, Lars d. y., f. 1792, s. n.  Tvo born døydde unge. Henrik var 62 tumar høg og vart som «dygtig» utskriven til hertenesta.  Då han vart gift og fekk gard i 1754 slapp han heimatt.  Henrik hadde kvernbruk og dreiv fiske, men sat tungt i det.  Han døydde i 1811.

Jakob Larsson Kuven, f. 1785, vart i 1812 gift med ekkja Kari Johannes dtr. og fekk bygsla halvparten av bruket.  Den andre halvparten hadde ein son åt Henrik bygsla tidligere, s. br. 5. Jakob vart utskriven til hertenesta i 1808 og var med i ufreden 1808-14. Han var 67 tumar høg og sterkvaksen.  Kari, kona hans, var millom dei som uviljandes kjøpte tjuvesaker av Katrina Berle og måtte svara for det på tinget i 1813, s. Søfteland 2.  Jakob vart ikkje gamall, då han døydde ved eit stygt uhende i 1824.
Ekkja Kari Johannes dtr. stjorna bruket etter at mannen døydde og hadde det radt til 1832.

Lars Henrikson Kuven, f. 1792, kjøpte farsbruket i 1832 og vart brukar etter stykmori. Han hadde fyrr vore busett på Høyspolen, s. Lysekloster 3, og på Kuventræ, s. br. 6.  G. 1823 e. Brita Ols dtr. Høyspolen (Lysekloster), f. 1786.  Dei hadde ikkje born, men kona hadde frå fyrste giftarmålet sitt ein son Hans, f. 1809, s. n. Lars gjekk under daglegnamnet «GodfartLars».  Hlan og kona døydde begge i 1859.

Hans Danielson Kuven, f. p. Høyspolen 1808, skøytte bruket i 1840 etter mori og stykfaren for 200 spd.  Attåt dette hadde han å leggja 7 skjepper bygg i årleg avgift til prestebolet. G. 1838 Kristi Henriks dtr: Nordstrønen, f. 1812.  Bestefar åt Kristi var bror åt «Godfar-Lars», so at ho hadde ætti si frå garden her.  Born: Malena, f. 1838, s. n., Brita, f. 1841, g. 1864 Ola Hjelle, s. H. 3, Kari, f. 1843, d. ung.  Kristi døydde alt i 1845.  I 1860 let so Hans bruket frå seg til versonen og flutte sjølv til Fana, der han sidan vart buande.

Nils Morteinson Hjelle, f. 1839, vart i 1860 gift med Malena Hans dtr. Kuven, f. 1838, og skøytte same året bruket etter verfaren. Born: Lars, f. 1861, s. n., Mortem, f. 1863, i Amerika, s. O. B. II 43, Ingeborg, f. 1865, s. br. 18.  Nils var snikkar og bygningsmann, og saman med broren Ola Hjelle sette han upp mange hus i Midhordlandsbygdene.  Han hadde ogso eit sagbruk som han sette upp i 1885.  Nils var mykje med i kommunalt arbeid, var doms- og lagrettemann og ein mykje nytta utskiftingsmann.  I 1872-79 og 1890-93 var han medlem av heradstyret.  Han var med å skipa Os forbruksforening i 1877, og møtte på lagsmøti her til han var 95 år gamall.  Sjå O. B. I 548, 599 o. fl. st. Nils døydde i 1935 og kona i 1907.

Lars Nilsson Kuven, f. 1861, skøytte farsbruket i 1899.  G. 1898 Marta Bertels dtr. Os, f. 1877. Born: Nils, f. 1899, s. n., Bernhard, f. 1902, i Amerika, Lars, f. 1905, målar, g. Klara Espelid, b. Bergen, Martin, f. 1907, sjauffør ved Osbilane, g. 1933 Magnhild Johanna Rød frå Hålandsdalen, f. 1910, (Born: Hans, f. 1934, Leif, f. 1935, Alfred, f. 1937), Hans, f. 1908, snikkar, g. 1936 Johanna Rong frå Herdla, s. br. 43, Karl, f. 1911, trearbeidar. 3 born døydde unge.  Lars dreiv mykje med kvernbruket.  Han døydde i 1927.
Ekkja Marta Bertels dtr. hadde so bruket nokre år til ho let det frå seg i 1935.

Nils Larsson Kuven, f. 1899, skøytte bruket i 1935 og hev det no.

KUVEN 5.

Hans Henrikson Kuven, f. 1765, var berre 15 år gamall då han i 1780 vart brukar saman med faren, s. br. 4.  I 1783 bygsla han halve farsbruket og fekk samstundes sin part skild ut som serskilt bruk.  G. 1783 Marta Ols dtr. Ulven, f. 1755.  Hans var berre 18 år gamall då han gifte seg, og han måtte difor ha kongebrev til giftarmålet sitt.  I 13 år fekk Hans og Marta 10 born, men berre 5 av dei vaks upp: Marta, f. 1784, d. ug. 1847, Ola, f. 1785, var med i ufreden 1808-14, g. i Bergen 1811 Marta Malena Jakobs dtr., Lisbet, f. 1792, Margreta, f. 1794, g. 1827 Nils Holen, s. H. 1, Hans, f. 1797.  Hans dreiv fiske og hadde eit naust standande på Osøyri.  Dette vart sidan seld til Arne Kuven, som brukte det til båtbyggjarverkstad, s. br. 2.  Hans sat tungt i det, noko som er lett skyneleg.  Han døydde alt i 1804.

Peder Knutson Høysæter (ogso skrive Svensdal) frå Samnanger, f. 1768, gifte seg i 1805 med ekkja Marta Ols dtr. og fekk bygsla bruket.  Det gjekk ut med han, og alt i 1808 måtte han lata bruket frå seg.  Same året døydde han, og ekkja fekk seg upp eit lite hus på Kuven. Borni vart spreidde, men Marta livde her ved bygdi og god manns hjelp til ho fall frå i 1836.

Knut Olson Nordtveit frå Strandvik, f. p. Eikeland 1769, bygsla bruket i 1808. G. 1804 Magdela Hans dtr. Revna frå Strandvik, f. 1775. Born: Ola, f. 1804, g. 1831 Marta Tveit, s. T. 2, Ingjerd, f. 1806, d .ug. 1882, Hans, f. 1808, s. n., Ingeborg, f. 1813, Kristi, f. 1814, g. 1843 Torkjell Salbuvik, s. Holen 2, Guro, f. 1815, Anna, f. 1819.  Eit barn døydde tidleg.  Knut dreiv fiske og treskoarbeid, men sat ikkje lett i det, og borni måtte tidleg ut i tenesta.  Kona fall frå i 1834, og Knut flutte då til Haugland, der han gifte seg same året med ekkja Gjertrud Villums dtr. Ferstad, f. p. ytre Haugland 1778.  Sjå meir um dei under Osøyri 1.

Hans Knutson Kuven, f. 1808, kjøpte farsbruket i 1834 for 180 spd. og 7 skjepper bygg i årleg avgift til prestebolet.  G. 1835 Brita Ols dtr. Eide, f. 1814. Born: Magdela, f. 1836, Ola, f. 1839, g. 1877 Anna Hans dtr. Stokke, b. Alstadhaug i Nordland, Brita Anna, f. 1845. Ei gjenta døydde ung.  Hans greidde ikkje svara rentor og avdrag for gardskjøpet, og i 1847 selde han bruket til Engjel Hansen, Kvalesund.  Hans vart sitjande som paktar på garden til det kom ny eigar i 1857, og han flutte då til Osøyri, s. O. 8, der ein finn meir um han.

Johan Jonson indre Moberg, f. 1807, kjøpte bruket i 1857 og flutte hertil.  Han hadde fyrr vore busett heime hjå faren på indre Moberg, s. i. M. 2, der ein finn meir um han og huslyden hans. G. 1835 Magdela Hans dtr. Bø, f. 1808. Johan døydde her i 1878 og Magdela i 1876.

Johannes Johannesson Haugen frå Strandvik, f. 1821, vart i 1860 gift med Brita Johans dtr. Kuven, f. p. Moberg 1837, og skøytte bruket etter verfaren i 1862.  Johannes var son åt Johannes Rennesvik og soneson åt Jon Olson øvre Rød, s. ø. R. 1. Born: Johan, f. 1860, s. n., Paul, f. 1863, s. br. 15, Anna, f. 1865, g. 1886 tollmann Ola Arneson Reed frå Gloppen, b. Mosterhamn.  Johannes dreiv berre med gardsbruket.  Han døydde i 1894 og kona i 1917.

Johan Johannesson Kuven, f. 1860, skøytte farsbruket i 1886. G. 1886 Kristens dtr. Skogen, f. 1854. Born: Johannes, f. 1886, bakar, seinare stuert, g. Hilda Sværholt frå Bergen, b. Bergen, Ingeborg, f. 1888, i Amerika, Brita, f. 1892, g. maskinist Karl Andersson Storokse frå Alversund, Kristen, f. 1895, s. n. Johan var bygningsmann og snikkar.  Han døydde i 1924.
Ekkja Anna Kristens dtr. stjorna so bruket til yngste sonen vart vaksen.  Ho døydde i 1939.

Kristen Johanson Kuven, f. 1895, som hadde fenge skøyte på farsbruket i 1907, overtok bruket etter mori ikr. 1915. G. 1919 Anna Mons dtr. Haukanes frå Austevoll, f. 1898.  Born: Johannes, d. ung, Aslaug, Anna, Jenny.  I 1925 selde Kristen bruket og flutte til Austevoll. Han arbeider no i Åsane billag.

Villiam Vilhelmson Holmefjord frå Fusa, f. 1900, kjøpte bruket i 1925. G. 1925 Anna Brigtsen frå Samnanger, f. 1902.  Born: Vilhelm, f. 1926, d. ung, Kristina, f. 1929, Halfrid, f. 1933.  Villiam hadde bruket i berre 4 år.  I 1929 selde han her og flutte til Samnanger, men busette seg i 1931 på Milde i Fana, der han driv som bygningsmann.

Jakob Johannesson Krossøy frå Austrheim, f. 1885, kjøpte bruket i 1929 og hev det no. G. 1924 Ragnhild Hans dtr. Synnevåg frå Austrheim, f. 1902. Born: Odmund, f. 1925, Helge, f. 1926, Kari, f. 1930, Frøydis, f. 1939. Jakob hadde vore lærar i Austrheim fyrr han flutte til Os.

KUVEN 6 (Kuventræ).

Lars Nilsson Sanden, f. 1751, busette seg på Kuventræ ikr. 1782 og rydja og bygde her. G. 1780 Kristi Lars dtr. Haugen frå Samnanger, f. ikr. 1746.  Born: Nils, f. 1784, var med i ufreden 1808-14, timbermann i Bergen, g. I 1811 i Bergen, g. II 1834 e. Agata Erichsen, Bergen.  Tvo born døydde unge.  I 1802 flutte Lars til Bahus i Fana, der han sidan var buande.

Jon Jørgenson Lunde, f. 1 766, som bygsla br. 1 på Kuven, flutte til Kuventræ og busette seg i husi her som stod tome etter at Lars flutte.  Kuventræ høyrde elles til det bruket som Jon bygsla på Kuven.  I 1822 sa Jon bygsla på hovudbruket frå seg og hadde berre Kuventræ i nokre år.  I 1828 pakta han hovudbruket att, men budde framleis på Kuventræ.  Sjå meir um han og huslyden hans under br. 1.  Jon døydde i 1837 og kona nokre år seinare.

Lars Henrikson Kuven, f. 1792, flutte til Kuventræ frå Høyspolen i 1826 og busette seg hjå Jon Jørgenson.  Då Jon atter pakta br. 1 i 1828, tok Lars stjorningi av bruket her.  I 1832 flutte han frå Kuventræ og kjøpte farsbruket sitt på Kuven, s. br. 4, der ein finn meir um han og huslyden hans.

David Johannesson indre Haugland, f. 1803, festa bruket i 1833 og busette seg her då Jon Jørgenson døydde i 1837.  Han pakta ogso br. 3, s. d. G. 1830 Agata Lars dtr. Særvoll, f. 1802.  Born: Kari, f. 1830, d. ug. 1874, Magdela, f. 1835, g. 1868 Steffen Søfteland, s. S. 3, Johannes, f. 1838, s. n., Brita, f. 1841, d. ug. 1904.  Ei gjenta døydde ung.  David var bygningsmann og trearbeidar.  Han døydde i 1879 og kona i 1874.

Johannes Davidson Kuventræ, f. 1838, festa bruket etter faren i 1874 og kjøpte det i 1905 for 1000 kroner.  G. I 1872 Hans dtr. Åsen, f. 1849, d. 1886, g. II 1887 Marta Anders dtr. indre Lekven, f. 1847.  Av 9 born vaks 7 upp: Hans, f. 1873, telefonformann, g. b. Bergen, Karl, f. 1874, matrialforvaltar, g. 1903 Maria Geelmuyden, b. Sauda, Agata, f. 1876, d. ug. 1898, Maria, f. 1878, g. 1901 verksarbeidar Olaf Kristiansen frå Fjaler, b. Bergen, Johanna, f. 1880, Brita, f. 1882, Anna, f. 1889, s. n. Johannes var båtbyggjar.  Han døydde i 1917 og kona i 1921.

Albert Tomasson indre Moberg, f. 1890, vart i 1915 gift med Johannes dtr. Kuventræ, f. 1889, som i 1905 hade fenge skøyte på farsbruket, og busette seg her.  Born: Margit, f. 1917, g. 1939 trearbeidar Sverre Nilsson Drange, Tomas, i. 1918, s. n., Ågot, f. 1919, hushjelp, Nelly, f. 1921, hushjelp, Anna, f. 1925, Jenny, f. 1927.  Albert er parthavar i N. T. Mobergs handelsforretning på Osøyri, s. O. 7, og arbeider der.  Anna døydde i 1938.

Tomas Albertson Moberg, f. 1918, skøytte farsbruket i 1939.  Tomas arbeider i faren si handelsverksemd på Osøyri.  

KUVEN 7 (Kuventræ).

Mattis Henrikson Kuven, f. 1761, festa eit jordstykke og rydja og bygde her ikr. 1792. G. 1793 Brifa Lars dfr. Haugen frå Samnanger, f. ikr. 1760, som var syster åt konone på br. 4 og 6.  Born: Henrik, f. 1794, s. n., Lars, f. 1797, g. Ingeborg Nils dtr. Dyngjeland i Fana, s. F. B. 407 og 411, Jakob, f. 1804.  Tvo gutar døydde unge.  Mattis dreiv med fiske og treskoarbeid, men sat tungt i det. Han døydde ikr. 1814.
Ekkja Brita Lars dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1827.

Henrik Mattisson Kuventræ, f. 1794, bygsla bruket av prestebolet etter mori. G. 1819 Gunvor Johannes dtr: Tveit, f. 1776.  Born: Johannes, f. 1820.  Henrik dreiv fiske likeins som faren.  Han døydde alt i 1838.
Ekkja Gunvor Johannes dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho livde radt til 1870, då ho fall frå 94 år gamall.

Johannes Henrikson Kuventræ, f. 1820, vart brukar etter mori og kjøpte bruket i 1845 for 50 spd.  G. 1848 Ingeborg Ols dtr. Kuven, f. 1823.  Born: Gunvor, f. 1848, s. n. Johannes dreiv berre med gardsbruket.  Han døydde i 1901 og kona i 1906.

Jon Jakobson Balland, f. 1849, vart i 1873 gift med Gunvor Johannes dtr. Kuventræ, f. 1848, og skøytte bruket av verfaren året etter.  Born: Jakob, f. 1875, i Sud-Afrika, Johannes, f. 1877, s. n., Henrik, f. 1879, g. 1903 Dordi Bjørnen, s. Askvik 10, Torstein, f. 1881, jernbanemann, g. I Lina Espeland frå Tysnes, g. II Helena Johnsen, b. Hallingdal, Ola, f. 1885, s. br. 19, Ingeborg, f. 1889, s. Osøyri 39.  Jon var båtbyggjar og smed og hadde båtbyggjarverkstaden sin på Osøyri.  Han og Ola Drange var dei fyrste osingar som synte fram båtane sine og fekk påskyning for dei, s. O. B. I 197.  Jon hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var med i skule- og fatigstyre o. a.  Han døydde i 1916 og kona i 1919.

Johannes Jonson Kuventræ, f. 1877, skøytte farsbruket i 1908.  G. I 1903 Brifa Eriks dtr. Balland, f. 1871, d. 1918, g. II 1919 Maria Tomas dtr. ytre Haugland, f. 1882.  Born: Ingjerd, f. 1904, g. 1927 Hans Bjånes, s. B. 1.  Johannes var smed og var i mange år tilsett ved Osbanen.  I 1916 skipa han saman med Haldor Flaldorsen ein motorfabrikk i Askvik og hadde den til 1922, s. Askvik 11.  Han døydde i 1934.
Ekkja Maria Tomas dtr. vart brukar då mannen døydde.  Dotteri frå mannen sitt fyrste giftarmål, Ingjerd Johannes dtr., åtte bruket, som ho fekk skøyte på då mori døydde i 1918.

Leon Hansson Borgen, f. 1911, kjøpte bruket i 1938.  G. 1935 Gunvor Henriks dtr. Askvik, f. 1914.  Born: Hans, f. 1936, Henrik, f. 1939.  Leon er trearbeidar.

KUVEN 8.

Torgils Larsson Lid frå Tysnes, f. ikr. 1798, festa ikr. 1830 eit jordstykke av br. 4 og bygde her.  Han tente på Moberg fyrr han var gift og budde der ogso nokre år etter giftarmålet. G. 1828 Morteins dtr. indre Moberg, f. 1800.  Born: Mari, f. 1824, g. 1853 Ola Monsson Kalandseid, b. Rå i Fana, Ingeborg, f. 1827, g. 1850 Ola ytre Haugland, s. y. H. 6, Brita, f. 1834, s. n.  Torgils var ein drivande kar og greidde seg godt.  Han døydde alt i 1846.
Ekkja Anna Morteins dtr. stjorna so bruket nokre år.

Ola Andersson Halhjem, f. 1825, gifte seg med ekkja Morteins dtr. i 1851 og vart buande her.  Ola dreiv med fiske og treskoarbeid.  Han vart ikkje gamall.  Då han ein dag um hausten 1868 var i skyss med distriktslækjar Stoltenberg til Strandvik, kollsigla dei, og både han og doktaren kom burt på sjøen.  Ekkja døydde ikr. 1880.

Lars Larsson indre Tuen, f. 1838, vart i 1869 gift med Brita Torgils dtr. Kuven, f. 1838, og festa bruket etter vermori og siste mannen hennar.  Born: Lars, f. 1870, s. n., Torgils, f. 1873, d. ug. 1897, Mortem, f. 1875, sjømann, i Amerika.  Ein gut døydde tidleg.  Lars var treskoarbeidar.  Eldste sonen Lars var busett her og skulde ha bruket, s. n., men han døydde alt i 1900.  I 1901 skøytte so Lars huset til den einaste attlivande sonen Mortem, men han kom ikkje heimatt.  Lars døydde i 1914 og Brita i 1906.

Lars Larsson Kuven, f. 1870, var busett her og tenkte å festa bruket etter faren.  G. 1895 Harma Ols dtr. Titlestad frå Fana, f. 1873.  Born: Ingvald, f. 1896, ug., garveriarbeidar, b. Oslo, Birgit, f. 1897, g. 1917 Ola Tøsøy frå Sund, Torbjørg, f. 1898, g. 1923 telegrafist Ingvald Skiftesvik, b. Bergen, Lars, f. 1900, verkstadarbeidar, g. 1917 Ida Karlsen, b. Laksevåg.  Lars var tenestemann på Osbanen.  Han døydde i 1900, og ekkja busette seg på Osøyri der ho driv matstova.

Fru Anna Christensen frå Bergen kjøpte huset etter Lars og skøytte grunnen av br. 4 i 1918. Ho selde eigedomen att i 1926 til snikkarmeistar og likkistefabrikant Johannes Olsen frå Bergen, som hadde sumarbustad her.  Etter at han døydde, eig ekkja hans Dorthea Olsen bruket.  Det hev no fenge namnet Aftenro.

KUVEN 9.

Peder Hansson Ulven, f. 1825, som fyrr hadde vore paktar på br. 1, festa eit jordstykke her då han slutta den andre paktingi i 1857.  I 1877 vart han gift med ei ekkja på Ulven og flutte dertil, s. 9, der ein finn meir um han.

Ola Olson Skogen, f. 1817, som var eldste bror åt Peder si kona busette seg her hjå verbroren.  G. 1844 Olina Kristens dtr. Tveit (Heggland), f. 1821.  Born: Ola, f. 1845, lausarbeidar, g. Sara Rasmussen frå Fjaler, b. Bergen, Marta, f. 1848, g. bygningsmann Matias Olson Eigård frå Grytten, b. Bergen, Kristian, f. 1853, bygningsmann, g. Sara Kristens dtr. Søndervåg frå Kinn, b. Bergen, Olina, f. 1857, g. vegarbeidar Ola Peter Ulriksen frå Asker, Lars, f. 1861, renovasjonsarbeidar, g. Anna Maria Sakarias dtr. Kvamme frå Naustdal, b. Bergen, Kristen, f. 1865, for til Amerika og dreiv som handelsmann i Chikago, g. m. ei svensk gjenta.  Tvo born døydde unge. Ola var snikkar og dreiv ogso bøkkararbeid. Han døydde i 1896 og kona i 1895.

Hans Hansson Lyngbø frå Fana, f. 1826, busette seg ogso på bruket.  G. 1863 Olina Ols dtr. Lønningdal, f. 1834.  Born: Brita, f. 1863, s. br. 17.  Hans var gardsarbeidar på br. 1 og 3. Han døydde i 1875.  Ekkja flutte til Osøyri, s. O. 9, der ho døydde i 1900.

Nils Morteinson Kuven, f. 1839, som åtte bruket, busette seg her då han gav hovudbruket frå seg til sonen og vart kårmann.  Sjå br. 4, der ein finn meir um han. Nils døydde her i 1935.

Malena Peders dtr. Kuven, f. 1898, som er dotterdotter åt Nils, skøytte bruket i 1931.  Malena er i Amerika.

KUVEN 10 (Heien).

Svein Pederson Ulven, f. p. Kuven 1849, festa i 1880 eit stykke utmark av br. 4 og 5 og busette seg her.  G. 1878 Marta Ivars dtr. Lepsøy, f. 1846. Born: Peder, f. 1878, s. n., Ivar, f. 1880, g. 1905 Anna Hetleflåten, s. Bø 21, Karina, i. 1881, hushjelp, Karl, f. 1884, g. 1907 Borgny Bø, s. Bø 22, Engjel, f. 1886, asylvakt i Bergen, d. ug. 1909.  Ei gjenta døydde ung. Svein var gardstyrar hjå Mowinckel på Molda.  Han døydde i 1900 og kona i 1906.

Peder Sveinson Kuven (bruker namnet Peder Svendsen), i. 1878, kjøpte bruket etter faren i 1901 og 1909. Han hev ogso seinare utvida eigedomen ved nytt jordkjøp i 1924.  G. 1898 Olina Ols dtr. Lepsøy, Lyssandtræ, f. 1875.  Born: Sofia, i. 1898, fabrikkarbeidar, Gunhild, f. 1899, g. 1921 Sigvald Svarthumle, s. Osøyri 4, Petra, f. 1902, g. 1926 sporvognsførar Olav Steinson Bruarøy, b. Bergen, Sverre, f. 1904, s. br. 39, Emma, f. 1914, fabrikkarbeidar.  Ei gjenta døydde tidleg.  Peder hev vore arbeidar i hermetikkfabrikk på Osøyri.  Olina døydde i 1931.

KUVEN 11 (Solheim).

Anders Hansson Kuven, f. 1853, festa i 1878 eit jordstykke av br. 5 og busette seg her.  G. 1887 Maria Ellings dtr. Tveit frå Tysnes, f. 1863.  Born: Anton f. 1888, s. n., Hans, f. 1890, s. br. 23, Dortea, f. 1891, hushjelp, b. Bergen, Ingeborg, f. 1893, g. Karl Reidarson, b. Sveio, Gurina, f. 1896, hushjelp, b. Bergen, Maria, f. 1898, g. Alfred Henriksen, Bergen, begge døde, Arne (tvilling), f. 1900, sjømann, g. Hilda Wilhelmsen, b. Bergen, Tilla, f. 1900, d. ug. 1924, Inga, f. 1902, g. Georg Knutsen, b. Bergen. Anders var smed og trearbeidar.  Han hadde ogso eit anna bruk på garden, s. br. 23.  Anders døydde i 1915 og kona i 1914.

Anton Andersson Kuven, f. 1888, kjøpte bruket då faren døydde og brukar eigedomen til sumarbustad.  Han er gift med Maria Rolfsen frå Fitjar.  Anton er busett i Bergen, der han driv som bygningsmann.

KUVEN 12.

Anders Tomasson Os, f. 1849, kjøpte eit jordstykke av br. 1 i 1878 og bygde her.  G. I 1869 Berra Mons dtr. Floen frå Manger, f. 1835, d. 1893, g. II 1895 Birgitta Berges dtr. frå Bergen, f. 1866.  Born: Andreas, f. 1875, s. n., Bernhard, f. 1896, b. Stavanger.  Anders var arbeidar ved Arna fabrikker og var lengste tidi busett der.  Han døydde i 1918.

Andreas Andersson Kuven, f. 1875, vart brukar etter faren og skøytte bruket i 1920.  G. 1899 Dortea Ols dtr. Skjelnes frå Varaldsøy, f. 1870.  Born: Anton, f. 1899, sjømann, Synneva, f. 1900, d. 1915, Olaf, f. 1902, sjømann, no målar, Andrea, f. 1903, d. 1915, Nils, f. 1907, sjømann, no vegarbeidar, g. 1937 Olga Nilssen, Slettebakken, b. Bergen, Tomas, f. 1908, gjekk i isen og drukna 1920, Harald, f. 1910, målar, Jørg, f. 1914.  Ei gjenta døydde ung. Andreas er snikkar og trearbeidar.

KUVEN 13 (Kuventræ).

Mons Nilsson Skjeie, f. 1859, festa ikr. 1890 eit stykke av br. 3 og rydja og bygde her.  G. 1885 Anna Johannes dtr. Ulven, f. 1860.  Born: Nils, f. 1886, s. n., Brita, f. 1891, g. 1913 fabrikkarbeidar Olaf Olaison Rosvoll, Annanias, f. 1894, korgmakar, g. 1919 Astrid Lie frå Oslo, b. Oslo. Mons var anleggsarbeidar. Han døydde alt i 1895.
Ekkja Anna Johannes dtr. hev havt bruket sidan mannen døydde.  I 1913 fekk ho skøyte på bruket.

Nils Monsson Kuventræ, f. 1886, vart brukar saman med mori.  G. 1913 Elina Ols dtr. ytre Moberg, f. 1893.  Born: Magnus, f. 1915, sjømann, Alfred, f. 1917, trearbeidar, Ingeborg, f. 1919, hushjelp, Nils, f. 1922, trearbeidar, Erling, f. 1924, Harald, f. 1926.  Ein gut døydde tidleg. Nils er veg- og steinarbeidar.

KUVEN 14 (Flåten).

Arne Hansson Kuven, f. 1836, tok undan ein part av bruket sitt då han selde det til broren i 1890, og skipa eit nytt bruk her.  Sjå um Arne og huslyden hans under br. 2.  Arne døydde i 1916 og kona i 1926.

Hans Hansson Kuven, f. 1876, som var brorson åt Arne, skøytte bruket i 1914.  G. I 1899 Olina Lars dtr. Øfstegård frå Hamre, f. 1874, d. 1915, g. II 1917 Magdeli Lars dtr. Øfstetgård, f. 1869.  Born: Haldis, f. 1900, s. n., Lilly, f. 1902, g. 1926 Laurits Meling frå Bremnes, b. Bremnes, Arne, f. 1903, sjauffør, g. 1927 Gurina Pauls dtr. ytre Haugland, b. Fana, Berta, f. 1906, butikkgjenta på Osøyri, Henrik, f. 1909, snikkar, g. 1934 Gerda Elisabet Rein frå Fusa, (Born: Inger, f. 1935), Marta, f. 1912, hushjelp. Hans var konduktør på Osbanen. Han døydde i 1931.

Ludvig Johannesson Tysseland frå Samnanger, f. 1898, vart i 1922 gift med Haldis Hans dtr. Flåten, f. 1900, og skøytte bruket etter verfaren i 1930.  Born: Nancy, f. 1924, Hans, f. 1925, Johan, f. 1927, Reidar, f. 1932, Otto, f. 1936, Leiv, f. 1936.  Ludvig er sjauffør og hev drive skysskjøring i Os og Samnanger.  Haldis døydde i 1937.

KUVEN 15 (Flåten)

Paul Johannesson Kuven, f. 1863, kjøpte i 1893 ein part av broren sitt bruk og busette seg her.  G. 1897 Berta Melling frå Hetland ved Stavanger, f. 1874.  Fosterdotter: Berta Jonassen, f. i Stavanger 1903, s. n. Paul var maskinist til sjøs og seinare maskinist i hermetikkfabrikk. Han døydde i 1931.
Ekkja Berta Flåten (Kuven) hadde so bruket nokre år.

Oskar Haldorson indre Drange, f. 1902, vart i 1929 gift med Berta Flåten, f. 1903, og fekk i 1939 skøyte på bruket etter vermori.  Born: Paul, f. 1930, Bjørnhild, f. 1932, Adolf, f. 1933, Reidun, f. 1935.  Oskar er snikkar og trearbeidar.

KUVEN 16 (Nytræ).

Bertin Haldorson indre Tuen, f. 1867, fekk grunnsetel på eit stykke utmark av br. 5 i 1894. Året etter kjøpte han stykket og bygde her.  G. 1893 Kari Elias dtr. Døsen, f. 1871.  Born: Kristina, f. 1894, b. Bergen, Gurina, f. 1896, g. 1925 løytnant Sigurd Osen frå Bygstad, b. Bergen, Hanna, f. 1899, g. 1934 smed Ingvald Lien frå Sogn, b. Bergen, Elias, f. 1901, s. n., Haldor, f. 1903, s. br. 42, Anders, f. 1905, murar, g. 1934 Anna Nyhus frå Gudbrandsdalen, b. Oslo, Sigurd, f. 1908, trearbeidar, g. 1936 Hanna Maria Gjerde frå Fusa,  (Born: Bernhard, f. 1937).  Bertin var jord- og steinarbeidar, og var i dei siste åri linearbeidar ved ljosverket. Han døydde i 1939.
Ekkja Kari Elias dtr. hadde bruket ei tid etter at mannen døydde.

Elias Bertinson Nytræ, f. 1901, fekk skøyte på bruket i 1939 etter mori.  G. 1928 Jenny Arnes dtr. Synnevåg frå Austrheim, f. 1904.  Born: Bertin, f. 1929, Ingebjørg, f. 1932.  Elias er snikkar og trearbeidar.

KUVEN 17.

Samson Nilsson Hjelle, f. 1867, festa i 1895 ei tuft av br. 1, der han bygde og busette seg.  G. 1890 Brita Hans dtr. Lyngbø, Kuven, f. 1863.  Born: Karen, f. 1893, syerske, Olina, f. 1896, g. 1919 lagerarbeidar Ivar Olson Sæbø frå Vik i Sogn, b. Bergen. Samson var jord- og steinarbeidar.  Han døydde alt i 1903.
Ekkja Brita Hans dtr. hev havt bruket etter at mannen døydde.

KUVEN 18 (Bjørkhaug).

Peder Hansson ytre Moberg, f. 1874, bygde og busette seg i 1899 på eit jordstykke som verfaren då skilde ut frå sitt bruk, s. br. 4, og gav til dotteri.  I 1922 fekk ho og mannen skøyte på bruket.  G. 1898 Ingeborg Nils dtr. Kuven, f. 1866.  Born: Malena, f. 1898, s. br. 9, Nils, f. 1899, snikkar, g. 1939 Johanna Amanda Stølsnes frå Hjelma, Halfdan (tvilling), f. 1900, i Amerika, Ingeborg, f. 1903, d. 1918, Inga, f. 1906, hushjelp.  Ei gjenta døydde ung.  Peder hev i mange år vore landpostbod i Oskrinsen.

KUVEN 19 (Fagertun)

Jakob Jakobson Balland (Bø), f. 1878, kjøpte i 1910 ikr. 60 mål utmark av br. 1 og rydja og bygde her.  G. i Amerika 1905 Anna Johannes dtr. Holmefjord frå Fusa. f. 1882.  Born: Hjalmar, f. 1906, Magdalena, f. 1907, Jakob, f. 1908, Johannes, f. 1912, Harald, f. 1914, Maria, f. 1916, Olina, f. 1918.  Jakob hadde vore i Amerika frå 1900 til 1908, s. O. B. II 45, og var nyss komen att til landet då han tok seg nytt bruk her.  I 1921 selde han bruket og reiste attende til Amerika med huslyden.

Ola Jonson Kuventræ, f. 1885, kjøpte bruket i 1921.  Han hadde fyrr vore busett på Kuventræ, der han åtte ein part av farsbruket.  G. 1917 Ingeborg Ols dtr. Valle, f. 1886.  Born: Jon, f. 1918, s. n., Odd, f. 1920, s. n., Gunvald, f. 1922, Bjarne, f. 1923, Tordis, f. 1926. Ola var båtbyggjar fyrr han tok bruket her.  Han var formann i styret for Os sparebank då han døydde i 1937.

Jon Olson Fagertun (Kuventræ), f. 1918, og broren Odd Olson, f. 1920, fekk skøyte på bruket saman med faren i 1921 og er eigarar no.

KUVEN 20 (Elverum).

Ola Hansson ytre Moberg, f. 1872, kjøpte i 1911 ei tuft som året fyrr var utskild og skyldsett for Os turnforening og bygde her.  I 1917 fekk han skøyte på bruket.  G. 1898 Ninna Johans dtr. Leganger, f. p. Molda 1866.  Born: Elisa, f 1898, g. 1926 gartnar Ivar Olson Jahr, b. Fetsund, Ingrid, f. 1899, fabrikkarbeidar, Anna, f. 1901, kontorist, b. Oslo, Ivarna, f. 1903, g. 1924 handelsmann Karl Jonson Moberg, b. Bergen, Ola, f. 1905, s. br. 33, Lilly, f. 1907, g. 1936 maskinvakt Magnus Eilifson Lund, b. Gåssand (born: Ninna Maria, f. 1938). Ola hadde fyrr vore busett på Molda, s. M. 2, der han hadde eit bruk saman med verbroren.  Han var bygningsmann og taktekkjar.  I 1928 selde han bruket her og flutte til nytt bruk, s. br. 33.

Ola Bertelson Næss frå Kvinnherad, f. 1866, kjøpte bruket i 1928 og flutte hertil i 1931.  G. 1909 Ovidia Johannes dtr. Dalsgård frå Tysnes, f. 1883.  Ola hadde i over 30 år reist i langfart tilsjøs, men hadde i dei siste 12 åri fyrr han kom til Os vore arbeidar i Samnanger ullvarefabrik.  Han er no gravar og fører tilsynet med Os kyrkjegard.

KUVEN 21 (Furuly).

Marie Monssen frå Gaustad i Alversund, f. 1880, og Emilie Katrine Dåe frå Masfjorden, f. 1869, kjøpte i 1914 eit jordstykke av br. 15 og bygde på stykket.  Dei dreiv sy- og skreddarforretning.  Emilie døydde i 1926 og Marie i 1930.

Ingeborg Jakobsen Isdal frå Hamre fekk eigedomen etter testament i 1930 og er eigar av bruket.  Ho er no gift med ein sjømann Strand og er busett i Bergen.

KUVEN 22 (Soltræ).

Karl Olson Ulven, f. 1878, kjøpte i 1915 eit jordstykke av br. 2, der han bygde og busette seg.  G. 1914 Anna Eriks dtr. Balland, f. 1876.  Born: Ida, f. 1915, s. n. Karl er veg- og steinarbeidar.

Ida Karls dtr. Ulven, f. 1915, skøytte bruket etter faren i 1923.  Ho døydde i 1937.  Foreldri er framleis busette på bruket.

KUVEN 23 (Skogheim).

Anders Hansson Kuven, f. 1853, hadde festa ei tuft av br. 5 og bygt på tufti.  Sjå um han under br. 11.

Hans Andersson Kuven, f. 1890, kjøpte eigedomen då faren døydde i 1915.  Han er gift med Karina Tellevik frå Hamre og er busett i Bergen, der han driv som formann i ein skofabrikk. Eigedomen her vert nytta til sumarbustad.

KUVEN 24 (Granli).

Johannes Johannesson Moberg, f. 1896, kjøpte i 1920 eit lite jordstykke av br. 14 og busette seg her.  G. 1920 Kari Lars dtr. Hjelle, f. 1897.  Born: Gudrun, f. 1921, g. 1940 Teodor Olafson Moberg, Lars, f. 1928.  Johannes, som var møbelsnikkar og byrja med eigen verkstad i 1918, kjøpte i 1925 dei gamle prestehusi i Os og bygde dei uppatt på bruket sitt til møbelfabrikk.  Fabrikken brann upp i 1935, og Johannes sette uppatt ein større fabrikk, der umlag 30 mann no hev arbeid.  Han er med i styret for trygdekassen o. a.

KUVEN 25 (Knausen).

Erik Rasmusson Ørdal frå Jølster i Sunnfjord, f. 1871, kjøpte eit jordstykke av br. 14 i 1920 og bygde på bruket.  G. 1899 Anna N. Bårdsen frå Bergen, f. 1861. Erik var postekspeditør på Osbanen frå 1919 til banedrifti stogga og hev sidan havt same yrket på Bergensbanens postekspedisjon.  Han hev vore tilsett i postverket sidan 1901 og tok avskil frå 1. november 1940.

KUVEN 26 (Bratli).

Peder Engjelson Bruarøy (Røttingen), f. 1897, kjøpte i 1921 ei tuft av br. 14 og bygde her.  G. 1918 Jens dtr. Andervåg frå Ibestad i Troms, f. 1898.  Born: Einar, f. 1919, Jon, f. 1920. Peder hadde vore timbermann tilsjøs og arbeidde no i trevarefabrikk . I 1928 reiste han tilsjøs att, og huslyden busette seg i Bergen.
Os kommune som hadde gjeve trygd for småbruklån til bruket kjøpte det i 1930.

Halfdan Hanssen frå Bergen kjøpte bruket i 1933.  G. Borghild Nils dtr. Oma frå Strandebarm.  Born: Erling, Berit, Helge og Jorun.  Halfdan var maskinist på ein av Mangerbåtane.  I 1937 selde han bruket her og flutte attende til Bergen, der han ogso fyrr hadde vore busett.

Elisabet Haugstvedt frå Hosanger, f. 1870, kjøpte bruket i 1937 og busette seg her.  Ho hev fyrr vore i arbeid hjå Pettersen & Dekke på Hop i Fana.

KUVEN 27 (Solheim).

Klaus Johan Bendixen frå Bergen, f. 1848, kjøpte eit jordstykke av br. 4 i 1922 og bygde her.  Han hadde fyrr vore busett i Bergen.  G. I Olufine Gjertine Martine Olsen frå Bergen, f. 1855, d. 1897, g. II 1899 Maria Gunnars dtr. Halseth, f. p. Osøyri 1866.  Born: Dagny, f. 1878, d. ug. 1926, Johan Karl, f. 1879, ug., sjømann, i Amerika, Jenny, f. 1884, g. b. i Amerika, Augusta, f. 1885, sjukesyster, Borghild, f. 1890, g. b. i Amerika, Astrid, f. 1892, hushjelp, Gerda, f. 1892, d. 1905.  Klaus var i mange år førar på ein av Midtnordlandsbåtane. I 1903 reiste han til England, der han dreiv skipshandel til 1919 då han kom att til Norig.  Han døydde i 1934.

KUVEN 28 (Vårheim).

Torbjørn Annaniasson Tveit, f. 1892, kjøpte ein part av br. 2 i 1922 og busette seg på bruket.  G. 1918 Anna Henriks dtr. Lyssand, f. 1898.  Born: Margit, f. 1919, hushjelp, Åse, f. 1921, kontorgjenta, Annanias, f. 1922, Helga, f. 1924.  Torbjørn er målarmeistar og driv mykje i Bergen og elles i Vestlandsbygdene.  Han er styremedlem i Os privatbank.

KUVEN 29 (Skogheim).

Ingebrigt Andersson indre Lekven, f. 1884, kjøpte i 1923 eit utmarkstykke av br. 5 og rydja og bygde her.  Han hadde fyrr vore busett i Bergen o. a. st.  G. I 1910 Hanna Gustava Nikolaisen frå Bergen, f. i Solum ved Skien 1886, d. 1920, g. II 1922 Marta Nils dtr. Skjørsand frå Fusa, f. 1872.  Born: Karl, f. 1911, sjømann, b. Bergen, Ingrid, f. 1914, g. 1936 sporvognsførar Olav Skulstad, b. Bergen, Hanna, f. 1915, hushjelp, b. Bergen, Rikard, f. 1917, sjømann, Ingebrigt (tvilling), f. 1920, Gustava, f. 1920, hushjelp, b. Bergen. Ingebrigt var veg- og steinarbeidar.  I 1934 let han bruket frå seg og døydde i 1939.

Johannes Sivertson Sundvor frå Bergen, f. 1871, kjøpte bruket i 1935.  Sjå um han under Lyssand 12.

Ola Hansson Eide, f. 1883, kjøpte bruket då Johannes Sundvor selde att i 1936 og busette seg her.  Ola hadde fyrr havt eit bruk på Eide, s. E. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans.

KUVEN 30 (Fagerheim).

Johannes Rasmusson Haukeland, f. 1893, bygde og busette seg på eit stykke som han kjøpte av br. 1 i 1925.  G. 1922 Klara Johannessen, f. på Søfteland 1900.  Johannes er elektrikar og arbeidsformann ved ljosverket.

KUVEN 31 (Furuly).

Engjel Sveinson Øvreide, f. 1897, kjøpte eit jordstykke av br. 1 i 1926 og busette seg her.  G. 1922 Olga Olsen frå Svolvær i Lofoten, f. i Buksnes 1893.  Born: Erna, f. 1923, Gunnar, f. 1926.  Engjel er linjemontør ved ljosverket.

KUVEN 32 (Strønensminde).

Lars Larsson Borgen, f. 1891, kjøpte i 1929 eit større utmarkstykke av br. 5, der han rydja og bygde.  G. 1917 Anna Lars dtr. Røykenes, f. i Gaupne, Luster 1890.  Born: Lars, i. 1918, trearbeidar, Leif, f. 1920, trearbeidar, Margreta, f. 1923. Lars hev vore snikkar og trearbeidar.

KUVEN 33 (Elvebakken).

Ola Hansson Moberg, f. 1872, kjøpte ei tuft og bygde her då han i 1929 selde den fyrre eigedomen sin på Kuven, s. br. 20.  Sjå um Ola og huslyden hans under br. 20.  Ola døydde her i 1937.

Ola Olson Moberg, f. 1905, fekk skøyte på bruket då faren kjøpte det i 1929.  G. 1935 Hilda Lars dtr. Slinde, i. 1898.  Born: Olav, f. 1935, Solvår, f. 1937.  Ola er trearbeidar.

KUVEN 34 (Grønlien).

Anders Johannesson Grøneng frå Balestrand, f. 1897, bygde i 1930 på ei tuft som han då kjøpte av br. 2.  G. 1930 Teresia Karls dtr. Leganger, f. p. Osøyri 1904.  Born: Rosa, f 1931. Anders er arbeidsformann i møbelfabrikk.  Han er medlem av Os heradstyre i bolken 1938-1940.

KUVEN 35 (Lunheim).

Ola Olson Ulven, f. 1889, kjøpte eit utmarkstykke av br. 1 i 1931 og rydja og bygde her.  G. 1918 Olina Johannes dtr. Nordbø frå Samnanger, f. 1893.  Born: Margit, f. 1918, hushjelp, Ragnhild, f. 1923, Olga, f. 1924, Johannes, f. 1927.  Ola hev vore steinarbeidar og arbeidsformann på veganlegg, og er no tilsett vegvaktar på bygdevegane i Os.

KUVEN 36 (Solvang).

Gustav Bahus, f. i Fana 1881, kjøpte i 1931 eit stykke av br. 14 og bygde her.  G. 1906 Lina Bakke frå Balestrand, f. 1881.  Born: Ingolf, f. 1907, s. br. 37, Ruth, f. 1909, g. 1932 møbelsnikkar Eivind Sørheim, Nesttun, Kristian, f. 1910, trevarefabrikant, g. Ruth Johannessen frå Bergen, b. Fana, Paul, f. 1911, trevarefabrikant, b. Fana, Aslaug, f. 1912, syerske, Ester, f. 1913, g. Rolf Ruland, b. Oslo, Olav, f. 1916, arbeidsformann, Gerd, f. 1918, kontorgjenta, Gustav, f. 1921, teknikar.  Gustav byrja med møbelfabrik på Osøyri i 1906 og utvida denne etterkvart til ein stor bedrift.  I 1934 selde han fabrikken til eldste sonen og arbeidde sidan ei tid i sønene sin møbelfabrikk på Nesttun i Fana.  Han byrja verksemdi si på Osøyri med tvo mann i arbeid og hadde upp til 80 arbeidarar då han slutta.  Sjå ogso Osøyri 27.

KUVEN 37 (Furulund).

Ingolf Bahus, f. 1907, bygde i 1931 på eit jordstykke som han då kjøpte av br. 2. G. 1931 Mally Sofie Saure, f. 1907.  Ingolf var i fleire år med i faren sin møbelfabrikk og kjøpte heile verksemdi i 1934.  Då fabrikken brann upp i 1934, bygde han ein stor og tidhøveleg fabrikk på ei tuft som han kjøpte av prestegarden, og hev no upp til 180 mann i arbeid ved fabrikken. Det er den største verksemdi i Osbygdi, og sender varor over heile landet og til utlandi.  I 1939 hev Ingolf kjøpt ein stor eigedom i Fjaler med tanke på vidare verksemd.

KUVEN 38 (Ekeberg).

Engjel Hansson Kuven, f. 1886, kjøpte i 1933 ei tuft av broren sitt bruk, br. 2, og bygde seg sumarhus her.  G. 1907 Laura Johans dtr. Remme frå Nordfjordeid, f. 1878.  Engjel er fabrikkarbeidar i Bergen.

KUVEN 39′ (Solvoll).

Sverre Pederson Kuven, f. 1904, (han brukar namnet Svendsen likeins som faren, s. br. 10), kjøpte ein part av br. 4 i 1934.  G. 1936 Magnhild Frøland frå Samnanger, f. 1905.  Sverre er trearbeidar.

KUVEN 40 (Myrvoll).

Bertin Sveinson Tveit, f. 1900, kjøpte i 1934 eit jordstykke av br. 4, der han bygde og busette seg.  G. 1933 Maria Eilerts dtr. Haugland frå Askøy, f. 1906.  Born: Paul, f. 1933, Kåre, f. 1935, Bjarne, f. 1937.  Bertin hev lastebil og driv bilkjøring.

KUVEN 41 (Bakkatun).

Ivar Hansson Kuven, f. 1879, skilde frå eit stykke då han selde hovudbruket i 1935 og busette seg på det nye bruket.  Sjå um han under br. 2.

KUVEN 42 (Bjørkhaug).

Haldor Bertinson Nytræ (Kuven), f. 1903, kjøpte i 1936 eit stykke i utmarki av br. 1 og bygde på bruket.  G. Marta Ols dtr. Løberg frå Strandvik, f. 1906.  Born: Ingvald, f. 1926, Bjarne, f. 1929, Kitty, f. 1937.  Haldor er sjømann.

KUVEN 43 (Solheim).

Hans Larsson Kuven, f. 1908, skøytte likeins som dei andre syskeni sine eit stykke av farsbruket i 1935, s. br. 4.  G. 1936 Johanna Rong frå Herdla, f. 1919.  Born: Hans Leon, f. 1937.  Hans fekk ikkje byggja på bruket, då han døydde alt i 1937.

Abraham Gundersen, f. p. Osøyri 1891, kjøpte ein part av bruket i 1937 og bygde på tufti.  Han hadde fyrr vore busett på Osøyri, s. O. 13.  G. 1922 Rakel Andreas dtr. Sætenes frå Dale i Fjaler, f. 1892.  Born: Gunnar, f. 1923, Johanna, f. 1927, Anna, f. 1931.  Abraham er bakar og hev sitt arbeid umbord på turistbåten «Stella Polaris».

KUVEN 44 (Vegmot).

Ingvald Olson Lundetræ (Lunden), f. 1904, kjøpte i 1938 den gamle Ulven jernbanestasjon med stasjonstufti og busette seg her. G. 1933 Klara Olsen frå Fjell, f. 1906. Born: Paul, f. 1933, Ingrid, f. 1934, Aud, f. 1935. Ingvald er trearbeidar.  Broren Jon Olson Lundetræ, f. 1908, skøytte eigedomen i 1938 og er eigar av bruket. Sjå um han Lunden 3.

KUVEN 45 (Fridalen).

Anders Pederson Vaktdat
, f. 1913, kjøpte i 1938 eit stykke av br. 1 og bygde her.  G. 1935 Amanda Ols dtr. Sperretvik, f. 1914.  Born: Liv, f. 1936, Ola, f. 1937, Gerd, f. 1939.  Anders er trearbeidar.

KUVEN 46 (Heimli).

Ingvald Ivarson Njøten frå Austrheim, f. 1902, kjøpte eit jordstykke av Johanna Kuven (s. br. 43) i 1938 og busette seg her.  G. 1930 Karen Ivars dtr. Torsvik frå Herdla, f. 1908.  Born: Ingrid, f. 1930, Magnar, f. 1937.  Ingvald er sjauffør på Osbanen sine rutebilar.

KUVEN 47 (Litun).

Jon Nilsson Lien (Heggland), f. 1911, kjøpte i 1939 eit jordstykke av Johanna Kuven, br. 43, og bygde på tufti.  Jon er byggmeistar og er busett på Heggland, s. H. 8.
Kontormann Einar Rasmusson Kvamme frå Sæbø, g. Berly Hilland frå Alversund, er busett i huset, likeins styraren av Os millomskule Gisle Færevåg.

KUVEN 48 (Soltun).

Eivind Olson Lepsøy
, f. 1907, kjøpte eit stykke av br. 4 i 1940 og bygde her.  G. 1935 Gudrun Hans dtr. Bruarøy (Røttingen), f. 1908.  Born: Oddvar, f. 1936, Håkan, f. 1937.  Eivind hev drosjebil og driv skysskjøring.