OSINGANE I FELTEN

Frå OS SOGA 1     side 494 – 538

OSINGANE I FELTEN.

SOLDATANE TILSJØS OG TILLANDS.

Korleis stridsskipnaden i dei eldste tider var i våre bygder hev me liti greida på.  Strid og ufred var det jamt, dei gamle nordmenner var stridbare folk, og ikkje minst horderne. Men sjølve stridsskipnaden var ulik i dei ymse landsluter og hjå dei ymse folkeætter.

Alt fyrr Harald Hårfagre fanns det ein slag herskipnad i landet.  Kongen kunde bjoda ut leiding og folket matte lyda bodet.  Det er ymse meiningar um korleis denne eldste leidingskipnaden var, og ein skal ikkje segja meir urn han her.

I Håkon den gode si tid vart det ein fast herskipnad for storparten av riket.  Landet vart skift i skipreider.
Kvart skipreide hadde å syta for eit langskip med reidnad og mannskap.  Når kongen baud ut herferd, leiding, so hadde skipreidet straks å setja skipet på sjøen, reida det ut med åror, segl, o. a., syta for våpn og mat til stridsferdi og fullt mannskap.  På Vestlandet skulde ein syta for mat til ei utferd på tvo månader.  Eit langskip av den storleik som var sett for Vestlandet trong umlag 100 stridsføre menn og dei måtte finnast i skipreidet.  Under full leiding hadde upp til kvart sjuande menneskje skyldnad a vera med i herferdi.  Ved »halv leiding« var ikkje so stort mannskap turvande.

Til Framnes skipreide (Framnes var det gamle namnet på Osbvgdi), høyrde Os og Samnanger, den luten av Fusa som ligg på nordsida av Eikelandsfjorden med Koldalselvi som skifte, og dei gardane i Fana som ligg sunnanfyre Fanafjorden og Kalandsvatnet.  Skipreidet rokk soleis frå Fanafjorden til Eikelandsfjorden.  Skipreidet heldt eit langskip med reidnad og mannskap.  Det var ikkje småfarty desse langskipi.  Ein 25-sesse som den Framnes skipreide hadde å reida ut var umlag dubbel so stor som Osebergskipet.
Kor samlingsplassen og skipsnaustet var veit me diverre ikkje, da det ikkje finnst leivder etter dette. (Sja meir um dette under sjøferdsla).

Denne skipnaden heldt seg i hundrader av år, og tvillaust var osingane ute i mangein strid med langskipet sitt.  Men soga veit ikkje noko sers å fortelja urn stridsmennerne frå Framnes skipreide.

Då kongane hadde rett tiI å bjoda ut leiding når dei vilde, so byrja dei alt i slutten av 1100 åri å krevja ei viss godtgjerdsla av skipreidet i dei åri då skipreidet var fri utreidsla til herferd. Etterkvart vart det til at leidingsskyldnaden vart ein skatt som måtte svarast årvisst i varor eller pengar, og som måtte leggjast bade i freds- og stridstider.  Skipreidet hadde til slutt ikkje noko å segja for landevernet, men vart berre ein skattekrins, det same som eit herad eller eit tinglag.  Leidingsskatten gav pengar i krigskassa, og når det kom ufred på so leigde kongen hermenner, innanlands eller utanlands, til å gjera stridstenesta.  Krigaryrket vart eit slag handverk, og serleg tyskarane lagde seg etter dette handverket.  Dei vanlege folk her i landet fekk ingi militær øving og nordmennerne kom etterkvart heilt burt frå hertenesta.  Soleis gjekk det til ikring år 1600.

I 1611 vart det ufred millom Danmark-Norig og Sverik, Kalmerkrigen, som ufreden er kalla.  Det vart då for sisste gang samla hermenn etter den gamle leidingsskipnaden.  Kvar grend hadde å senda ein soldat og reida han ut med våpn, klær, mat og anna turvande.  Fra Os vart sende 32 mann, tenestegutar og unge gardbrukarar.  Me veit namnet åt alle desse 32 osingane.

I juli 1611 var heren samla ved Svinesund, nær svenske-grensa.  Men det var kleine hermenner som var komne saman.  Ikkje hadde dei militær øving og ikkje vilde dei slåst.  Dei sagde at dei ingen pligt hadde til å verja landet, derimot var dei viljuge til å verja heimbygdi si.  Storparten av soldatane rymde heimatt, av 300 mann frå Tunsberg rymde soleis 227 på ein gang.  Og av dei 32 osingane rymde 2 heimatt.

Året etter vart det sendt 7 osingar nedover til Svinesund att.  Ogso av desse rymde 2 heimatt.  Um hausten same året og våren 1613 slapp soldatane heimatt utan å ha vore i strid.

At nordmennerne ogso då kunde verja seg når dei vilde fekk ein sjå same året da gudbrandsdølerne slog skottane ved Kringen.  Sinklarstytta og Sinklarvisa ber enno vitnemål om dette.

Røynslorne frå herferdi 1611 gjorde at det i 1615 vart vedteke ein ny herskipnad. Skipnaden vart likevel ikkje sett heilt i verk fyrr i 1628.

Bygderne vart skift i legder, kvar på 4 heile eller 8 halve gardar.  Kvar legd hadde å reida ut ein soldat og syta for at han fekk herøving.  Øvingane gjekk fyre seg um sundagane ved kyrkja etter at preika var ferdug.  Det vart tilsett militrere tenestemenn, og desse hadde fyrste retten til å bygsla dei gardar som låg nær kyrkja.
Legderne vart skipa saman i kompanier og desse att i 5 regiment for heile landet.  Bergenhus regiment med 4 kormpanier hadde ialt 1363 legder og like mange soldatar. Lensherren på Bergenhus Oluf Parsbjerg vart den fyrste regimentchef for bergenhusingane.

I 1643 vart det ufred med Sverik (Hannibalfieiden) og bergenhusingane måtte då avstad til Austlandet.  Dei var med på herferd mot Gøteborg og lenger inn i Sverik.  I fyrstningi rymde mange heimatt likeins som i 1611, men det vart betre etterkvart og tilslutt fekk bergenhusingane vellætta for si aåtferd.  Ein kann ikkje finna noko um kva kompani osingane var i eller kor det gjekk med dei i denne herferdi.

Frå 1646 vart regimentet skift i 6 kompanier, seinare 8, og osingane vart i dei fyrste åri med i Nordhordlenske kompani.

I 1656-57 vart det ufred med Sverik att.  Bergenhusingane vart no sende til Trøndelagen og var med på ei herferd til Jamteland.  Våren 1658 kom osingane heimatt utan å ha vore med i nokon strid.

Ved freden i Roskilde 28. februar 1658 fekk svensken mykje av Norig, soleis heile Trøndelagen, Romsdal og Nordland, og svenskane sette seg fast i Trøndelagen.  Det såg ut til at halve Norig skulde verta svensk.  Men til all lukka var det nokre nordmenner som ikkje fann seg i at den danske kongen gav burt halve Norig, og dei fekk krigen igang att.

Bergenhus-regimentet vart atter sendt til Trøndelegen.  Nordhordlenske kompani som osingane stod i hadde stuttaste veg til samlingsplassen i Bergen og vart fyrst ferdugt.  Kompaniet som var på 210 mann og hadde kaptein, seinare major, Eilerik Visborg til chef vart snøggast sendt nordover, og den 28. sept. 1658 kom dei til Trondheim der svensken no spela herre.

Men kompaniet stogga ikkje ved Trondheim.  Det spurdest at ein svensk herstyrke var på veg fra Sverik for å hjelpa sine samlendingar i Trøndelagen.  Kom ogso denne herstyrke til Trondheim so vilde det nær verta uråd å jaga svenskane utatt, og Nord-Norig vart tapt for nordmennerne.  Nordhordlenske kompani og Sognekompeniet som båe var komne nordover vart difyr straks sende vidare for å freista stogga svenskane, og den 30. september gjekk dei tvo kompanier iland på Verdalsøyri.

Same dag var svenskane komne til Steine iVerdalen.  Dei var 500 mann hestfolk, gamle vante stridsmenner som hadde vore med i mangt eit basketak.  Nordhordlendingane og sogningane var tilsaman 439 mann, berre bondegutar som nyss var utskrivne og utan militær øving. Det tyktest difyr vera heilt vonlaust for desse gutane å gjeva seg ikast med den svenske herstyrken som attåt var tilhest.  Men Eilerik Visborg gjekk på med bondegutane, og svenskane vart, som Visborg skreiv heimatt, »gjort caput«.  Dei andre svenske hermenner miste hugen å fara til Trondheim, og utan hjelp heimanfrå kunde ikkje svensken greida seg. Fyrr jol same året måtte svenskane rymja byen, og snart var Trøndelagen reinska for fiender. Landet var berga for nordmennerne.

I mai 1659 kom osingane heimatt, og dei fekk mykje heider for sitt storverk.  Heller aldrig hev vel osingane kome heim frå ei so ærefull ferd som denne.  Eilerik Visborg vart til takk for sin dugleik utnemnd til oberstløytnant og fekk Trondhjems regiment.

Same hausten måtte soldatane ut att, denne gang til Austlandet.  Ferdi gjekk frå Bergen til Leirdalsøyri, derfra over Filefjell til Oslo og vidare til Halden som dei var med å verja mot svensken sitt kvasse åtak i 1660.  Svenskane skaut på byen nott og dag.  Dei norske soldatane døydde i mengd, nokre av svenske kulor og fleire av tungt slit og lite svevn.  Av dei 215 mann i Os-kompaniet døydde 97, og like mange døydde i dei 3 andre Bergenhus-kompanier.  Dei som livde att fekk kvar 1 riksdalar for godt utført arbeid, og fyrr jol 1660 fekk dei fara heimatt.

Me veit namnet på 17 osingar som var ute i desse striderne.  Av dei kom 7 heimatt.  Det var Ola Heljeson Tveit, Mikkjell Lønningdal, Nils Ferstad, Mikkjell Døso, Per Bjørnen, Nils Sørstrøno og Bård Lepsøy.  Dei andre som me ikkje finn att seinare og som truleg døydde i herferdi var Ola Johannesson Tveit, Ådne, Ola og Anders Hegland, Torstein Berge, Nils Klyva, Jon Nordstrøno og Jens, Erik og Mons Rød.  Dei tvo sisstnemnde var kannhenda ikkje osingar, men frå Rødne i Samnanger.

Prestesonen Hans Samuelsen Loss frå Os var ogso i krigen med di han som student i Kjøpenhamn melde seg friviljug til landevernet der.

Frå 1666 vart kvar legd på 2 heile gardar og det kunde då ut skrivast dubbelt so mange soldatar som fyrr.  Men sume av legderne vart no rekna som sjølegder og gav mannskap til sjøvernet.  I Os vart gardane i Øyane, Søre Neset og nokre på Nore Neset rekna til sjølegderne.

Hausten 1675 måtte osingane atter i herferd.  Ferdi gjekk til Austlandet og um vinteren vart dei liggjande på grensevakt nede ved Halden.  General Gvldenløve var ikkje sers nøgd med bergenhusingane.  Dei åt for mykje, sagde han, han måtte gjeva dei tvo dags-etlingar kvar, og endå fekk dei for lite mat, so »forslugne« var dei.  Det vart mykje sjukdom millom soldatane og mange døydde um vinteren.

Um sumaren 1676 var soldatane med og slost mot svenskane ved Wenersborg og Bahus, næste sumar var dei med og tok byen Marstrand, og sumaren 1678 var dei med i stormåtaket på Bahus, som likevel heldt seg.  I 1679 vart dei sende ned til Danmark og gjorde tenesta på krigsskipi til dess krigen vart ende um hausten.  Um vinteren kom soldatane heim att etter ei herferd på 5 år, men mange av dei osingar som reiste ut kom diverre ikkje attende.

Me hev ei utskrivingslista fra 1665 over 20 osingar og likeins ei mannskapslista frå 1670 som syner namnet på 18 osingar, dei sisste utskrivne i åri 1665-68.  Um alle desse 38 osingane var ute i stridsåri veit me ikkje, men ein kann sjå at mange av dei var ute i ufreden.  Osingane kom i desse åri med i Nordre Sunnhordlandske kompani saman med soldatane frå Fusabygdeme, Strandebarm, Tysnes, Stord og Austevoll.  Sidan kom osingane i Søre Nordhordlendske kompani som me for stuttleiks skuld seinare vil kalla Os-kompaniet.

Kviletidi vart ikkje lang.  Våren 1683 måtte soldatane atter til Austlandet då ein venta ny ufred med Sverik.  Os-ingane låg um sumaren i Fredrikstad, men då det ingen krig vart av kom dei heimatt um hausten.

Det gjekk no 17 år utan herferd.  Men i året 1700 måtte soldatane atter ut.  Vel komne til Austlandet fekk dei påbod um å fara til Danmark for å gjera tenesta på krigsskipi og dei var her med i striden um Kjøpenhamn.
Um hausten vart det fredsemja, og soldatane fekk sleppa heimatt.  Det døydde mange osingar um sumaren, serleg av sjukdom.

Som ein ser hadde dette halvhundradåret vore ein uroleg tidbolk med mykje ufred og herferd.  Dei fleste huslydar i Osbygdi hadde havt ein eller fleire gutar ute i ufredane. Dette kann me ogso skyna av alle dei våpn som på denne tidi fanns i Osbygdi, noko som skifter og andre uppgåvor frå denne tid gjev fullgodt vitnemål um.  I umlag kvart einaste hus hadde dei eit spjot eller »hellebard- som det jamt vart skrive for.  På mange tun, um ikkje nett på alle, hadde dei ogso byrsor.  Ein mann på indre Haugland hadde soleis tvo gode byrsor i huset, ei stor og ei liti.  Dei var kvar verdsett til 1 dalar og 1 ort. Um mange heiter det at dei hadde »verje« i huset, utan at det er nemnd um det er spjot, byrsa eller anna våpn.

I 1709 byrja den store ufreden med Sverik, og soldatane måtte ut på nytt lag.  Osingane vart atter sende nedover til Halden.  Det hadde vore ny utskriving i 1709, og det var difyr mykje nye folk som no vart sende i striden.  Bergenhusingane hadde lite klær, dei måtte soleis få sko hjå austIendingane for å sleppa gå berrføtt, og dei leid mykje vondt. 
Dei tolde heller ikkje den uvande soldatkosten med grovt brød, då dei, som generalen skreiv, »var vand til å ha rnagen full av graut og mjølk«, og mange vart sjuke og døydde.  I dei fyrste åri låg osingane likeins som dei andre bergenhusingar i reserve og var ikkje med i fremste stridslina.
I 1713 vart dei sende over til Danmark og vart liggjande som garnison i Kjøpenhamn radt til 1716.  Um våren det året vart dei førde attende til Norig og ein del av osingane vart med i Tordenskiolds herstyrke då han tok den svenske floten i Dynekilen.  Løytnanten ved Oskompaniet fall i denne striden.  Etter striden i Dynekilen vart dei atter sende til Danmark.
Den norske generalen var mykje misnøgd med at bergenhusingane stødt skulde vera i Danmark, og um hausten 1716 fekk han dei laus frå Kjøpenhamn.  På heimvegen til Norig vart det ein storm som sette førsleskipi inn til svenskestrandi, dei fleste av skipi rak der på land, og svenskane tok soldatane til fange.  Det førsleskipet som hadde Oskompaniet umbord rak ogso inn til svenskelandet, men kom seg der inn i ein hamn, Torekoven.  For å koma seg ut att or skjergarden måtte skipet ha los, og sersjant Torkjell Skogseid frå Hålandsdalen vart send ut med 8 mann i ein liten båt for å finna los.  Båten vart då påteken av eit svensk skip og fleire svenske båtar, men Skogseid og mennerne hans slog so godt ifrå seg at dei kom seg vel attende til sitt eige skip.  Dette skaut no på svenskane so mykje det kunde, sette so til havs utan los og kom seg vel attende til Kjøpenhamn.  Fyrst i januar 1717 kom osingane attende til Norig. — Torkjell Skogseid vart for sitt meistarverk i Torekoven utnemnd til officer i heren.

Me veit namnet på 5 Osingar som i 1712 stod i det kompaniet der Torkjell Skogseid var, og som då låg ved Halden.
Det var Hans Lønningdal, Nils Lio, Kristen Hegland, Nils Sælo og Ola Sanden.  Av desse kom Kristen Hegland heim att etter ufreden og vart sidan buande på Hegland.  Dei andre kom ikkje att til Os, men døydde truleg fyrr ufreden var ende.

Vinteren 1717 vart osingane liggjande nede i Austfold.  Fleire osingar var med i dei åtaki som Tordenskjold gjorde på Gøteborg i mai 1717 og på Strømstad i juli same året.  Det fall mange i desse striderne, men det er uråd å finna noko visst um kor mange av dei som var osingar.

Bergenhusingane vart no verande i Austfold, og sume av dei kom med i fleire kvasse strider.  Ein lut av Oskompaniet, reserven, var ogso med i Halden sin sisste forsvarsstrid, som enda med at Karl den tolvte fall 11. desember 1718 og at svenskane rymde landet.

Soldatane fekk likevel ikkje fara heimatt.  Svenskane budde seg til ny strid og bergenhusingane måtte framleis gjera tenesta, serleg på krigsskipi.  Fyrst i oktober 1719 kom dei att til heimen etter å ha vare burte stødt i 10 år.  Dei reiste ut som unggutar og kom att som vaksne og mogne menn.

I denne tid hadde dei lide mykje vondt, serleg av sjukdom.  I februar 1719 var det berre ved halve regimentet 297 sjuke, og ialt var over 500 av bergenhusingane »krepert«,  MiIlom desse var ogso mange osingar, men kven alle desse var veit me ikkje, då korkje kyrkjebøker eller andre kjeldor gjev pålitande upplysningar um dette.


No gjekk det 35 år fyrr soldatane måtte ut att.  I 1755 byrja den store ufreden millom Frankrike og England, og Danmark-Norig som heldt med Frankrike måtte senda hermenner til den dansk-tyske grensa i Holsiein.   Mange bergenhusingar vart då sende nedover, serleg frå 1758 til 1762 då det ogso teikna til ufred med Rusland.  I 1762 vart ogso 1000 vestlendingar utskrivne til sjøvernet, og mange osingar kom i tenesta på krigsskipi.  Eit uppstyr i Rusland enda krigen snøgt og dei norske soldatane kom heim att våren 1763.  Fleire hadde då vore ute i 8 år.

Året etter var osingane med i ein ny »krig«, Strilekrigen» i  Bergen, og hjelpte til med å gjeva futen og fylkesmannen pryl.  Um dette er fortalt ein annan stad i boki.

No hadde soldatane kvild i 25 år, men i 1788 måtte dei ut att, denne gang til Austlandeti og svenskegrensa.  Det vart ufred millom Sverik og Rusland, og Danmark-Norig vilde hjelpa russen.  Det stod skralt til med dei norske soldatane.  Ikkje hadde dei klær, ikkje mat, ikkje våpn og ikkje øving, so det var liti von um at dei kunde greida svensken.  Men det synte seg at svenskane var like lite fyrebudde, og det vart nordmennerne som gjekk på.  Den 24. september gjekk dei over grensa inn i Sverik.

Herferdi gjekk no ned gjenom Båhuslen, nordmennerne tok Strømstad, Uddevalla, Wenersborg og stod snart for Gøteborg.  Men no byrja svenskane å tala um fred, England og Tyskland stydja under, og trass at nordmennerne stødt hadde vunne i striden so gjekk den danske kongen med på ei fredsemja um at alt skulde vera som fyrr.  Den 12. november gjekk nordmennerne attende over grensa og vart liggjande som grensevakt i tvo år til dess dei hausten 1790 fekk sleppa heimatt.

Dette var ei syrgjeleg herferd.  Det som nordmennerne vann gav den danske kongen attende til svenskane, og trass at svert få av dei norske soldatane fall i krigen, so kom berre vel halvparten av dei heim att.  Over tridjeparten døydde av sjukdom etter at dei kom inn att på norsk jord.
Det var mange osingar med i ufreden, og at ein stor part av desse døydde syner ymse uppgåvor frå den tid.  Men kor mange det i røyndi var er uråd å segja.

Ikring 1800 teikna det atter til ufred.  Det hadde i lang tid vore ein fast garnison av leigde hermenn i Bergen.  Det var husmannsøner som leigde seg til denne hertenesta, og det var jamt osingar millom dei.  Betalingi var 20 dalar for 10 års tenesta.  Umframt desse faste herrnenner vart det no ogso innkomandert soldatar frå bygderne ikring Bergen til garnisonen.

I fyrsten av 1801 vart det ufred med England, og soldatane vart innkalla for å verja Bergen. Mange av bygdegutane, soleis umlag halvparten av osingane, vart overførde til sjøvernet og sende nedover til Kjøpenhamn.  Det røynte likevel ikkje på denne gang.  Ut på sumaren same året fekk soldatane reisa heim att uten å ha vore i strid .

Denne ufred med England skaka styremagterne upp.  Sjøvernet vart styrkt og det vart utskrive fleire folk, m. a. vart det teke folk frå landlegderne og sett til sjøvernet.  I 1803 vart det halde utskriving i Kvalesund og 1804 i Bukken og Bekkjarvik.  Dei yngre gjekk til det vanlege sjøvernet, medan dei eldre som hadde gjort tenesta fyrr vart innskrivne i kystvernet.  Til dette var ikkje nok byrsor, og fleire vart innskrivne og sett til å bruka spjot, handspik, o. l. Av dei osingar som ved sessjonen i Bukken og Bekkjarvik sumaren 1804 vart innskrivne i kystvernet vart 21 tiletla byrsor, 1 skulde vera ved kanona, 4 skulde bruka handspik og 14 skulde bruka spjot.  Dette var elles, etter det ein skyna, umlag det same som handspik.  Av dei innskrivne skulle m. a. klokkar Synnestvedt bruka spjot og ein skulehaldar bruka handspik um ufreden kom på.

Og ufreden kom.  Sumaren 1807 fekk Danmark-Norig atter i strid med England og soldatane vart innkalla til Bergen.
Det vart dette år halde ny utskriving av soldatar.  For Os-kompaniet vart utskrivingi haldi i Kvalesund 15. februar 1808.  I »Søndre Nordhordlens kompeni» som det offisielt var kalla stod soldatane frå Os prestegjeld som då var Os, Samnanger, Fusa Strandvik og Hålandsdalen sokner og dertil frå ein lut av Fanasokni.  Ein kann soleis med full rett kalla dette for Oskompaniet, og det fekk ogso seinare namnet »Ousiske kompani«.  Kompanichef var kaptein Urbanus Giesmann Møllerop som var gift med ei dotter åt oberstløytnant Pritzier på Klyva i Os og som budde hjå verfaren på Klyva,

Den 23. august 1807 gav generalkommandoen order um innkalling av soldatane og alt den 28. august var Oskompaniet samla på Osøyri og reiste derifrå til Bergen.

Umframt innkalling av soldatane vart det ogso teke andre rådgjerder.  Då krigen var mot England so var det greidt at fienden vil de koma frå sjøsida.  Det vart difyr reist vardar og skipa signalstasjonar langs landet, m. a. ein på Fusafjellet, og det vart sett vakt ved vardane som skulde kveikjast når fiendsmenn var i synom.  Likeins vart kystvernet frå 1804 skipa på nytt.

Kvar mann som ikkje var soldat, ikkje var over 56 år gamall og som ikkje budde over ei mil frå sjøen vart no innskriven i kystvernet.  Landet vart uppdelt i vernebolkar med tilsynsmenn i kvar.  Tilsynsmann for leidi frå Os til Fanafjorden vart godseigar Formann på Lysekloster som fekk seg tilsendt 100 byrsor og 2500 skarpe skot til bruk for kystvernet i Os.  Det vart heller ikkje no byrsor til alle, men dei som ikkje fekk byrsor skulde møta med gamle spjot, ljåar, båtshakar o. 1.  Det vart til all lukka ikkje bruk for dette, og kystvernet i Os kom ikkje i nokon strid.

Soldatane vart i Bergen til våren 1808.  Då vart det ogso ufred med Sverik og bergenhusingane måtte far a austover, skift i tvo bataljonar, ein grenader- og ein musketer-bataljon.  Grenaderane vart uttekne millom dei største og frægaste soldatane i regimentet, og denne bataljon skulde soleis ogso vera den gj ævaste.

Grenaderbataljonen som vart førd av osingen oberst-løytnant Torbjørn Ludvig Synnestvedt måtte fyrst ut.  Osingane stod i kaptein Hegelunds kompani.  Dei reiste frå Bergen den 1. april, tok sjøvegen til Stavanger og gjekk vidare søretter til Kristiansand, der dei kom den 15. april.  Ferdi som ein no kan gjera på eit døger tok soleis 15 dagar.  Etter ein månads stogg i Kristiansand gjekk ferdi austetter til Larvik og straks etter vidare til Austfold.  Bataljonen skulde gjera vakttenesta i Fredrikstad og bygderne der ikring, og fekk husvere i Borge sokn. Der vart bergenhusgrenaderane verande i 13 månader, radt til september 1809.

Oskompaniet vart straks sendt på grensevakt i Enningdalen og stod der i 20 dagar.  Det vart ikkje ute for noko åtak, men 3 dagar etter at osingane hadde fenge byte av vossingar og hardingar, den 12. september, stod den namngjetne striden ved Berby i Enningdalen, der bergenhusingane synte den største djervleik.  Osingane var då komne attende til Borge og vart soleis ikkje med I striden.  

Eit par månader etter at grenaderane var reist frå Bergen måtte ogso musketerbataljonen avstad.  Major Johan Henrik Grübeling førde bataljonen og broren, kaptein Kristian Grübeling, førde Oskompaniet, då kaptein Møllerop søkte og fekk avskil »i betraktning av hans sygelige forfatning« og soleis slapp vera med i herferdi.

Den 9. juni 1808 reiste musketerbataljonen frå Bergen.

Ferdi gjekk til Leirdalsøyri, over Filef’jell gjenom Valdres og til Toten, derifrå over Mjøsa til Vang på Heidmarki, austover til Elverom og vidare framum Kongsvinger til Matrand Eidskogen.  Dei kom dertil den 3. juli og ferdi hadde soleis teke 24 dagar.  Alle mann i Oskompaniet greidde fylgja med på ferdi og ingen av dei låg att på vegen.

Musketerane måtte straks på grensevakt, og det gjekk ikkje mange vikarne fyrr osingane fekk røyna seg.  Notti til den 2. september hadde bergenhusingane vakttenesta ved Vilsberg, og mange av osingane var med i vakti.  Løytnant Søren de Fine von Krogh hadde kommandoen over vakti, og sunnmøringen korporal Hatlemark stod fremst på forpost med 22 mann.  Kl. 4 um morgenen kom svenskane snøgt over dei med 400 jægarar, nokre kanoner og ein slump husarar (hestfolk).  Det var tjukk skodda sa at svenskane kom usedde fram.  Nordmennerne slag djervt ifrå seg, men svenskane var det mangeduble i tal og vann over vakti.  Då major Grübeling kom til hjelp med resten av musketerbataljonen rymde svenskane etter å ha teke 30 mann av vakti med seg som fangar, derav fleire osingar.
Både løytnant Krogh og korporal Hatlemark var millom fangane.

Løytnant Krogh og korporal Hatlemark hadde verja seg so vel og lenge at sjølv svenskane fekk stor vyrdnad for dei, og dei fekk seinare Danebrogsmerket for djervleiken sin.  3 soldatar som ogso hadde synt seg som framifrå djerve stridsmenner fekk likeins Danebrogsmerket.  Dei 3 var vossingen Nils Hauge og 2 frå Oskompaniet, Svein Larson Lund frå Os og Zakarias Sveinson Rød frå Hålandsdalen.  Svein Lund verja seg mot tvo svenske husarar og gav seg ikkje fyrr han etter å ha fenge 5 hogg i hovudet stupte og vart tek en til fange.  Zakarias Rød verja seg likeins mot hestfolki tildess han vart skamhoggen i høgre handi og vart teken.  I det heile fekk musketerane mykje ros for synt djervleik i denne striden, jamvel av svenskane.
Føraren for den svenske herflokken, oberst Adlersparre skreiv soleis i rapporten sin at striden frå nordmennerne si sida «var utmarkt af mycken enskild tapperhet, hvarföre också ibland fangerne funnos svårt blesserade«,

Musketerane vart verande ved grensa til våren 1809.  Då slapp ogso kameratane deira fri or det svenske fangelægret, men av dei 30 mann som vart tekne ved Vilsberg var berre 17 attlivande.  Dei andre 13 var døde um vinteren.  MiIlom dei attlivande var Svein Lund og Zakarias Rød som begge etter frigjevingi gjekk inn att i det gamle kompaniet sitt.

I mai 1809 fekk bergerhusingagne ganga attende til Nes på Romerike, for å »Friska seg uppatt« som generalen sagde.  Og det var turvande, for sjukdom og død hadde herja svert millom dei.  Soldatane var armodsleg klædde.  Buksorne var nye i 1803, styvlane i 1801, og kjolen (trøya) og vesten var radt fra 1794.  Ein kann skyna at klædi då var vel utslitne.  Um vinteren måtte dei skjera av trøya nede for å lappa ho lenger uppe, men av buksa var det ikkje noko å skjera til bot, og buksorne vart difyr berre fillor.  Maten var skral, husveret jamt enndå skralare og difyr fekk sjukdomane godt tak.  I musketerbataljonen som var på 550 mann låg det i januar 329 sjuke på ein gang, og i grenaderbataljonen som stod i Fredrikstad og Borge var det ikkje betre.

Frå september 1808 til september 1809 døydde det av sjukdomar 130 grenaderar, d. v. s. fjordeparten av heile bataljonen.  Ein kann ikkje undrast over at oberstl. Synnestvedt kalla Borge for eit »pesthol« og at soldatane gjerne ville koma derifrå.

For at ein kann sjå korleis soldatane i røyndi hadde det denne vinteren skal me taka med eit ordrag av dei meldingar som oberstløytnant Torbjørn Synnestvedt utetter vinteren sende til overkommandoen.  Ein vil av desse få eit røynlegt og pålitande bilæte av naudi og elendet millom bergenhusingane,

Den 11. oktober 1808 skriv Synnestvedt:
»Man kan forestille sig hvorledes mandskabet ser ud efter disse hårde afskyelige tourer i 24 dager, nemlig som sande kulsviere, ilde tilredt og forrevne.  Når de nogle dage har været i ro, er det halve mandskab i almindelighed syg. – – Folkene er desuden snart nøgne for undermunderings sager, skjorter, strømper, bukser og sko.  Jeg kan heller ikke få kjøbt læder til skosåler, og med uforrettet sag kom i den henseende lieutn. Rehling og en kommanderet tilbage fra Moss og Tønsberg.  Nu har jeg skrevet derom til Christiania og Drammen, med fornøielse skulde jeg betale over den forrige horrible pris 72 skilling pr. mark.

Mandskabets kjoler haves i reparasjon, de bliver afskåret nedentil og lappet af affaldet, samt påsat halv røde rabatter, saaledes at det sorte går til 3die knap ovenfra.
Opslagene er for det meste af rødt.  Om nogle dage tages fat på 3die divisjons kjoler som er de sidste.  For stykket i reparation betales 12 skilling og 2 skilling for tråd».

Den 18. oktober skriv han:
«Mine forrige saa fede og stærke grenaderer kjender jeg snart ikke igjen.  De er nu meget gustne og mavre, og deres fordums spøg og munterhed er borte, – man kan næsten blæse dem overende.  De forhen havte usle kvarterer i åbne skure og udhuse foruden klæder og enten aldeles ingen halm eller hø, eller dog kun såre lidt hø, det usle levnet i Enningdalen, og – overalt slet pleie, er vel årsag nok.«

Ein månad seinare, den 22. november, skriv Synnestvedt:
«Vore folk vakle af mathed som de vare drukne, og ved 4de division haves ikke 60 friske mandskaber og således næstendels med de øvrige divisioner.  Forrådnelsesfeberen tager overhånd, og mange døe hastig som i forveien er meget svækket.  Forleden dag døde 5 af mine grenaderer og ellers døe næsten daglig en på stråe, – en jammerlig krig som til foråret neppe levner mig halvdelen mandskaber!«

Då soldatane endeleg ut på vinteren fekk overklær men ikkje underklær skriv Synnesvedt den 19. januar 1809:
»Gid det isteden havde været skjorter, strømper og sko, da halvdelen af mandskabet derfor er nøgen, i særdeleshed for skjorter og bukser, – bare låret står frem i denne hårde kulde, og mange har kuns en fille der skal betyde skjorte og kan for nøgenhed ei mere gjøre tjeneste. Ingen under derfor, og med det usle vand og kost, at den hele egner et sandt pesthul, og at ligeså mange almuesfolk som soldater ere syge og bortdøe. – – Når bataljonen skal afgive et kommando til forpostkjeden må man næsten af- klæde de folk som bliver tilbage i kvartererne, – på anden måde kan det ei være.«

Osingane greidde seg elles bra etter måten.  Dei var rett nok sjuke mange av dei, men av grenaderane frå Os døydde ingen og av musketerane berre eit par mann.  Derimot døydde mange av soldatane frå grannebygderne, frå Fusa, Tysnes, o. a. bygder.

I Nes fekk musketerane gode dagar og dei var der heile sumaren til dei i september 1809 vart sende austover att til Kongsvinger for å gjera vakttenesta.  Den 10. desember vart det fred med svensken, og den 3. januar 1810 fekk bataljonen taka på heimveg. Heimferdi til Bergen tok likeins som utferdi 24 dagar.  Soldatane fekk straks reisa heim kvar til seg, men den 1. mars måtte dei attende til Bergen og den 8. mars heldt bergensarane stor fest for dei.

Som fyrr nemnd vart grenaderbateljonen verande ved Fredrikstad til hausten 1809, då han vart send på vestsida av Oslofjorden og fekk husvere ikring Larvik.  Grenaderane vart no sette til vegarbeid i Brunlanesbygderne, men då soldatane vart mykje misnøgde med dette, og det vart uppstyr i bataljonen stogga vegarbeidet snart.

Enndå det fyrr jol 1809 vart fred med Sverik so måtte grenaderane framleis gjera hertenesta.  Ufreden med England var ikkje stogga og det måtte vera vakt ved sjøkanten.  Grenaderane vart verande i Brunlanes til dei um våren 1810 vart sende lenger vest til Kristiansand, og der vart dei sette til tenesta på vaktskipi og måtte gjera krigstenesta tilsjøs.

Medan bataljonen stod i Kristiansand fekk oberstløytnant Synnestvedt sleppa ifrå og reisa til Bergen.  Broren, major Otto Chr. Synnestvedt, vart no bataljonschef.  Kapt. Hegelund var ogso flutt frå kompaniet og kapt. Broch komen istaden.  Denne var strid på drykken og ein dag fann dei han død i fjøra.  Løytnant Søren d. F. v. Krogh som førde vakti ved Vilsberg og då vart fanga av svenskane var no sloppen laus or fangenskapet, vart kaptein og fekk so Oskompaniet etter Broch.

Endeleg i januar 1811 fekk grenaderane taka på heimferd og den 9. februar var dei i Bergen.  Det vart halde store festar for dei i Bergen, enndå dei såg alt anna enn festlege ut.  Soldatane sjølv var usle og magre, og klædi var berre fillor.  Serleg buksorne var soleis at dei »knapt kunde gjøyma nokon part av kroppen«.  Den 20. februar 1811 fekk grenaderane reisa frå Bergen, og dagen etter såg osingane heimen sin att etter å ha vore burte i 3 ½  år. 

Herskipnaden vart no noko umskipa.  Det vart ikkje meir grenaderar, men ein skarpskyttarbataljon (vossebataljonen) og ein musketerbataljon, den sisste med 5 musketerkompanier og 1 Jægerkompeni.  Oskompaniet (Søndre Nordhordlenske) vart jægerkompani og alle osingane kom no i dette.  

Kaptein vart Kristian Ulrik Bætzmann som var busett på Kuven, og løytnant var Frentz Henrik Meidell, son til oberstløytnant Meidell Molda i Os.  Løytnant Meidell var ein ung men likevel røynd mann som alt berre 20 år gamall, var utnemnd til riddar av Dannebrog for «bravour og godt forhold imod fienden«.  Ogso bror hans, løytnant Christopher Meidell, hadde gjort seg namnspurd for mod og mannsferd i ufreden.  Då han som kanonkommandør i slaget ved Lier 2dre påskedag 1808 hadde skote burt alt krutet og svensken gjekk på sette han seg roleg ned på kanonstøda for å venta til svenskane kom og taka imot dei med bajonetten.  Umframt å få so dugande førarar fekk jægerkompaniet ogso den besste utreidnad, og fekk nye riflor og meir tidhøvelege våpn enn dei andre kompanier som enno hadde gamle slettbyrsor.  Likeins fekk kompaniet heilt nye klær.

Osingane fekk ikkje vera lenge i heimen.  Alt 26. februar 1811, berre 5 dagar etter at grenaderane var heimkomne fekk dei order um å møta att.  Då det ikkje var halde ny utskriving var det dei same soldatane som nett hadde vore ute i 3 ½ år som måtte avstad att. At det vart mykje missnøgje med dette er lett å skyna.

Soldatane måtte til Austlandet att.  Ferdi gjekk med Oskompaniet i brodden um Leirdalsøyri og Filefjell til Hadeland der dei vart verande um surnaren.  Sidan kom dei sørover til Drammen og 1. november gjekk dei vestover til Larvik, derfrå vidare til Kristiansand og Stavanger og i desember kom dei attende til Bergen.  Nyttårsdag 1812 fekk osingane fara heim kvar til seg.

Mange av osingane hadde no vore ute i 4 år.  Dei hadde gjenge att og fram gjenom landet, frå Bergen um Leirdalsøyri til grensa, frå grensa til Kristiansand, attende til Bergen, og so det same fleire gonger uppatt utan å brukast i striden.  At dei var lutande leide av desse stenduge marsane att og fram er skynelegt.  Bergenhusingane hadde i denne ufreden mykje meir strævsam tenesta enn austlendingane.

Den 9. og 10. april 1812 vart det halde ny utskriving av soldatar i Kvalesund.  Ein skulde då tru at dei gamle soldatane straks hadde fenge avløysing, men det vart ikkje av.
Mange av dei måtte framleis gjera tenesta i Bergen, og i juli 1812 fekk heile kompaniet order um å fara til Austladet att.  So vart det atter å taka den kjende vegen um Leirdalsøyri og Filefjell, Notti til den 20. august var dei komne so langt som til Berge, 4 mil upp frå Leirdalsøyri.
Då fekk dei bod um at dei kunde få reisa heim att, for, som det stod so vænt i skrivet frå generalen, «at soldatane kunde koma attende til sitt gardsbruk og sitt naudsynlege haustarbeid.«  Kosen vart so sett vestover att, og i september var dei atter heime etter å ha »gjenge april« frå Os til uppunder Filefjell i hardaste haustonni.  Dei som stod i garnisonen fekk ogso fritt um vinteren, men tidleg um våren 1813 måtte dei atter til Bergen.

Um våren 1813 teikna det til at krigen vil de byrja på nytt lag.  I midten av mai fekk difyr soldatane order um

å møta i Bergen, og i dei sisste dagar av mai stod Bergenhus-regimentet atter ferdug å fara til Austlandet.

Torbjørn Ludvig Synnestvedt som no var vorten oberst førte regimentet.  1ste musketerbataljon med Sunn- og Nordhordlendingane vart ført av major Kr. Grübeling, som i 1808-10 var kaptein ved Oskompaniet.  Kaptein Bætzmann var framleis kompanichef for jægerkompaniet (osingane) med løytnant Meidell som næste offiser.

Nokre av osingane stod ved garnisonen i Bergen.  Dei vart verande der og slapp fara til Austlandet.  Osingen oberstløytnant Otto Kristian Synnestvedt, bror til obersten, stjorna garnisonsbataljonen.

Den 4. juni 1813 gjekk Oskompaniet frå Bergen.  Ferdi gjekk den vanlege vegen um Leirdalsøyri og Filefjell.  Då soldatane kom til Gran på Hadeland fekk dei bod um å gå sørover, og jonsokdag var osingane i Drammen.

Soldatane venta no på order um å gå til grensa, men det vart ikkje av.  Istadenfor sovori order kom det påbod frå høgstkommanderande at bergenhusingane skulde hjelpa bønderne i Vestfold og Buskerud med gardsarbeidet og læra folket dernede dei nyaste framgangsmåtane i jordbruk og fiskedrift!

Bergenhusingane vart verande i Drammen heile sumaren.  Um dei i denne tidi lærte vestfoldingane tidhøvelegt jordbruk og rasjonelt fiske er lite trulegt, iminsto var ikkje osingane dei besste læremeistarar i jordbruksvitenskap.  Ein ser at det serskilt vart uttekne nokre sunnmøringar til å læra vestfoldingane tidhøvelege fiskemåtar, og truleg vart dei likaste lærarane i dette.  

Medan soldatane låg i Drammen var det mykje sjukdom millom dei og fleire døydde.  Av desse var likevel ingen osingar.

I fyrsten av september kom endeleg påbod um at regimentet skulde ganga austover, og den 12. september kom Oskompaniet til Rakkestad i Austfold, der det fyrebils vart verande. Bergenhusregimentet vart diverre lagt til brigaden åt general Staffeldt, den minst stridshuga av alle dei norske generalane i denne ufreden.  Medan osingane låg i Rakkestad kom prins Kristian Fredrik dertil, og det vart halde framsyning i eksis og våpnbruk for prinsen.  Jægerkompaniet fekk serleg vellæta for si framsyning.

Jægerkompanierne vart rekna for »lette tropper», som var serleg skikka for vakttenesta o. 1., og desse kompani vart difyr jamt skilde frå sine regiment for å taka serlege vakter eller ferder.  I midten av desember vart ogso Oskompaniet skild frå Bergenhus regiment og sendt sørover til Idesletta og Enningdalen på grensevakt.  Dagen etter at kompaniet kom til Enningdalen, den 18. desember, gjorde grensevakti eit innfall i Sverik, og Oskompaniet tok ei svensk patrulje på 10 mann til fange.

Jolehelgi 1813 stod soleis osingane på grensevakt.  Dei som kunde skriva sende vel alle ei helsing heim til folket sitt, dei som ikkje var skriveføre fekk vel ogso ei hjelp til det same, og truleg vart det sende mange jole- og nyttårshelsingar heim.  Det kom nemleg klage frå postkontori over at det frå Bergenhusregimentet vart sende so altfor mange brev heim, og postfolki fekk generalen til å gjeva påbod um at kvar soldat fekk berre senda eit brev um rnånaden og då ikkje meir enn eit halvt ark i kvart brev!   Det var postfolk som hadde samhug med fedrelandsforsvararane og folket deira!

Heime i bygderne hadde det vore ein vanskeleg sumar.   Menner som fyrr var fri hertenesta vart pånytt innskrivne som soldatar og måtte gjera vakttenesta i Bergen eller andre stader, og likeins alle unggutar som var minst 16 år.
Mange av desse vart ogso sende austover.  Heime i bygderne var soleis berre kvinnor, born og einskilde gamlingar att.

I februar 1814 slapp Oskompaniet frå grensevakti og skulde gå attende til regimentet sitt. Men dette låg på vestsida av Glåma, og Oskompaniet vart framleis verande på austsida avelvi, i Trøgstad sokn nørdst i Austfold.

Soldatane hadde det denne vinteren godt med klær.  Maten var det meir ymse med.  Dei hadde fyrr fenge utlevert mjøl og skulde sjølv baka flatbrød, koka graut o. 1.  Men no fekk dei utlevert ureinska havrekorn og måtte sjølv syta for å få kornet reinska, turka og mala.  Ein kann skyna at det vart store vanskar med dette, då soldatane ikkje kunde draga kvern og turkeomn med seg.  Det vart likevel lite sjukdom og få døydde.  Um vinteren døyd de tvo mann av Oskompaniet.

Den 14. januar 1814 vart det ved Kielerfreden gjort den semja millom Sverik og Danmark, at Norig skulde gjevast til Sverik.  Det var då ingen grunn for Sverik som no hadde fenge det nett som det vilde å halda fram med krigen, og prins Kristian Fredrik som aldri hadde vore sers stridshuga vart no enndå spakare enn fyrr.  Fleire av dei mindre dugande soldatar fekk sleppa heim, og etter at det var vedteke å halda riksmøte på Eidsvoll stogga krigen mest heilt upp.  Mange soldatar fekk fyrebils heimlov, men då bergenhusingane hadde so lang veg til heimstaden var det likevel få av dei som nytta seg av heimløyvet.

Regimentet vart utover våren liggjande i Skiptveit og Spydeberg, medan Oskompaniet framleis låg i Trøgstad på austsida av Glåma.  I mai fekk 10-12 mann frå kvart kompani fara heim for å hjelpa til med gardsarbeidet, og enndå fleire fekk fara heim mot byte heimanfrå eller frå

garnisonen i Bergen.  Desse mange heimferdene gjorde at dei som låg att ogso vart missnøgde. – I fyrstningi i juli fekk Oskompaniet order um å gå noko lenger austover, medan dei andre bergenhusingar framleis låg vestanfyre Glåma.

Det hadde vore ei undarleg krigsførsla frå nordmennerne si sida sumaren 1814.  Då riksmøtet på Eidsvoll hadde vedteke at Norig ikkje vilde gå under Sverik, soleis som Kielersemja hadde fastsett, var det greidt at ein kunde venta eit åtak frå Sverik att.  Men svenskane var enno ikkje ferdug til å gå på, og ein skulde venta at nordmennerne i millomtidi vilde fyrebu alt til å møta åtaket.

Men kong Kristian Fredrik gjorde lite i den leid.  Han var ikkje meir stridshuga no enn fyrr, og han tyktes lita på at han ved tinging med svensken og ved stormakterne si millomkoma skulde greida floken utan strid.  Dei norske soldatar vart verande der dei var, for det meste langt frå grensa, og det vart ingen ting gjort for å møta svenskane ved grenseskilet.  Bergenhusingane låg framleis vestanfyre Glåma.  Dei var um sumaren med å byggja nokre skansar ved elvi, på Lengenæs, men osingane som låg austanfyre var ikkje med på denne skansebygnaden.

Svenskane låg ikkje på latsida.  Sosnart dei fekk fyrebudd herferdi vart heren samla att, og i midten av juli 1814 gav Karl Johan order um at heren skulde gå mot Norig,  Den 26. juli gjorde svenske krigsskip åtak på dei norske øyane ved sjøgrensa, og den 30. juli gjekk landheren inn på norsk jord i Enningdalen.  Fyrst då vakna kong Kristian Fredrik og det norske herstyret.  

Den 31. juli vart osingane sende fram i Herland sokn i Rødenes, grensebygdi mot Sverik. Dei vart der i 3 dagar.  Den 2. august fekk Bergenhus regiment order um å gå sørover til Rakkestad for å stydja grensevakterne der, og Oskompaniet skulde då gå til regimentet sitt att.

Svenskane var no komne fram i Tistedelen nær ved Halden, og då fann det norske herstyret endeleg at nordmennerne fekk setja kvasst mot kvasst og freista jaga svensken attende. Bergenhusingane skulde vera med, og same kvelden som Oskompaniet kom til Rakkestad måtte det fara vidare søretter til Kjølen, ½ mil nordanfyre Halden, der den norske herstyrken skulde samlast.  Oskornpaniet gjekk heile notti, og då det kom fram ut på Fyremiddagen vart det straks sendt ut som forpost på vinstre veng.  Og alle venta no på eit hardt basketak.

General Staffeldt som var høgstemann her hadde sendt ut speidarar, og desse kom attende med melding um at svensken hadde ein overlag stor herstyrke, – noko som likevel ikkje var sandt.  Generalen vart rædd som vanleg, og istadenfor å gjeva order um å gå mot svensken, ein order, som alle både venta og vilde ha, gav han påbod um at soldatane skulde gå – beinast attende til Rakkestad!

Og so måtte gjerast.  Oskompaniet som var lengst ifrå vart kalla innatt og kl. 9 um kvelden var regimentet på vegen attende.  Um morgonen var dei på Rakkestad og same kvelden gjekk dei vidare nordover til Grønsund ved Glåma, der dei kom dagen etter.  Hordalendingane hadde då gjenge 3 netter og sogningane 4 netter i rad, i hyljande regnver.  Det hadde rigna stødt i 14 dagar.  Både soldatar og officerar var storleg missnøgde med desse lange marsane som vart gjort berre til fånyttes.  Då general Staffeldt for frå Kjølen etter å ha gjeve order um atterferd gav han kommandoen til oberst Synnestvedt, men denne bad seg friteken for førarskapen.  Han vilde ikkje kommandera ein brigade som berre skulde gå og gå, men som ikkje fekk lov til å slåst mot svensken.  

Etter at general Staffeldt hadde sendt bergenhusingane burt frå Kjølen tok oberst Stabell, som låg att, imot svenskane med sine folk.  Men dei var for få til å stogga svensken på vegen vestetter.  

Til all lukka var ikkje alle officerar sa rædde som general Staffeldt.  Same dag som Bergenhusregimentet kom attende til Grønsund slog oberst Krebs svenskane ved Matrand og Skotterud, og ved Sækkeland synte det norske jægerkorps og den bergenhusiske skarpskytterbataljon (vossebataljonen) at nordmennerne både kunde og vilde slåst når dei bere fekk lov til det.

Bergenhusingane stogga berre ein dag ved Grønsund.  Dagen etter fekk dei påbod um å gå lenger vestover um Skiptveit til Svindel og Råde.

Tvo dagar etter, den 8. august, kom det bod til general Staffeldt frå major Schröder som låg på vakt ved Glåma, um at svenskane no vilde gå over elvi ved Sannesund, og han bad um snøgg hjelp for å hindra dette.  General Staffeldt var den dagen reist ut på ein ridetur, og ingen visste kor han var.  Då generalen ikkje var å finna tok oberst Synnestvedt mot bodet, og han sende straks major Griibeling med Hordalandsbataljonen for å møta svenskane.
Oberst Synnestvedt var sjølv med.  Kl. 7 um kvelden kom dei fram til Sannesund, og obersten tok straks til å skifta kompanierne ut på dei ymse postar i stridslina.  Straks etter at bataljonen var gjengen kom general Staffeldt attende frå rideturen.  Då han fekk vita at oberst Synnestvedt var reist til Sannesund med hordalendingane og »vilde i krigen« sende han snøggbod um at obersten straks måtte koma attende med bataljonen.  Obersten som fekk bodet kl. 8 um kvelden måtte lyda order, og kl. 11 same kveld gjekk bataljonen frå Sannesund att, utan å ha vore i striden.

Generalen hadde gjeve løyve til at eit kompani kunde vera att til hjelp ved Sannesund, og Oskompaniet vart att.  Men major Schröder, som etter alt å døma var like rædd for strid som general Staffeldt, våga seg ikkje i kast med svensken når han ikkje fekk større styrke til hjelp enn eit kompani.  Han gjekk difyr ogso attende og gav Oskompaniet order um å gjera det same.  Eit kompani åleine kunde sjølvsagt ikkje hindra svenskane i overgangen og dagen etter kom osingane attende til regimentet.  Major Schröder fekk sidan mykje skrubb avdi han ikkje tok upp striden, men let svenskane gå umeinka over Glåma.  General Staffeldt si åtferd denne dagen var ogso eit av klagepunkterne mot generalen då han seinare vart sett under tiltale for si undarlege krigsførsla.

Bergenhusingane vart no sende nordover til Spydeberg for å vakta dei tvo overgangane over Glåma, ved Grønsund og Onstadsund.  Oskompaniet vart verande ved Grønsund, der oberst Synnestvedt sjølv hadde førarskapen.  Nokon strid vart ikkje av der.  Den 14. august vart det ved semja i Moss vedteke våpnkvild som skulde vara til det serlege norske stortinget kom saman um hausten, og den 19. august fekk regimentet melding um at det kunde fara heim.

Den 24. august 1814 såg osingane Glåma for sissie gang og heimferdi byrja.  Oskompaniet var sisste kompani som gjekk.  Ferdi gjekk over Toten og Land, vidare gjenom Valdres og over Filefjell til Leirdalsøyri.  

På Leirdalsøyri møtte løytn. Kristensen upp med ymse gode ting frå folket i Bergen til soldatane.  Det var serleg brennevin og tobakk, ost, sukker og såpa.  Kvar officer fekk 6½ liter konjak og vin, og kvar soldat fekk 1 flaska brennevin og 2 merker bladtobakk.
Frå Leirdalsøyri gjekk ferdi med båt til Gudvangen, derfrå gjekk det landvegen over Stalheim til Voss og Evanger.  Frå Evanger fekk dei båtskyss til Bergen, der Oskompaniet som sisste kompani kom den 15. september etter 23 dagars ferd.  Den 25. september kom osingane attende til heimen etter ei fråvera på 16 månader.  

Den 10. oktober vart soldatane atter innkalla til Bergen då det såg ut til at svenskane trass våpnkvildi vilde gå over grensa i Trøndelagen.  Dette vart likevel ikkje noko av, og då stortinget den 20. oktober vedtok sambandet med Sverik var krigsfåren over og soldatane fekk fara heim.  Den 30. oktober 1814 kom osingane attende til heimcn og vart no heime for godt.

Som nemnd vart gardane på Neset og Øyane ikring 1660 lagde til sjølegderne, og gutane frå desse grender vart utskrivne til sjøvernet.  Seinare vart ogso Lysefjorden rekna til sjølegderne.  Både i slutten av 1600-talet og i næste århundrad finn me rett som det er osingar frå desse grender ved verftet i Kjøpenhamn eller andre stader.  Jamt vert det berre nemnd at dei er i »Hans Majestæts søetjeneste« utan at staden er nemnd.

Dei osingar som vart utskrivne til sjøvernet kom ikkje saman i tenesta soleis som landsoldatane.  Dei vart spreidde ikring på skipi etter som desse treng mannskap.  Elles veit me lite um ferdi åt dei osingar som var ved sjøvernet fyrr 1800-talet.

I 1801 vart mange osingar sende til sjøvernet i Kjøpenhamn.  Sume av dei var »søvante», men dei fleste var berre »halvbefarne« eller »usøvante«.  Um sumaren same året vart alle unggutar i sjølegderne utskrivne til tenesta sume til sjøvernet i Bergen og Stavanger, men storparten til Kristiansand og Kjøpenhamn.  Det vart stor skort på arbeidshjelp i bygdi då alle unggutane reiste ut.  Fleire gardbrukarar søkte difyr um å få ein av sønerne sine heimatt til hjelp på garden, då dei ellers ikkje kunde greida haustarbeidet.  Me tek til eit døme med ein sovoren søknad, som elles er frå ei tid seinare, då unggutane atter måtte ut.  Det var truleg ein skulehaldar som hadde skrive søknaden.

« I dybeste underdanighed tager jeg mig den frihed at forestille deres høyædle velbyrdighed: Min søn Ole Ævindsen Haueland, af søe lægderne som ere i Christiansand, var den eneste hielp ieg havde i hensyn til mit jordebrug, hvilket saa meget mere har sat mig i den sørgeligste forfatning, ieg er en gammel mand i mit 60de aar, og derhos behæftet med brok, som volder at jeg undertiden maae holde ved sengen, og derhos har en gammel kone, der er ganske blind, følgelig er uden al hielp og umueligt i denne tid at faae leie folk, langt mindre tieniste drenge, saa ieg desformedelst ikke ved det mindste raad til at faae min gaard indhøstet.  Ieg bønfalder derfor ydmygst, at De naadige herre ville ynkes over mig gamle mand i min kummerlig e forfatning, og forhielpe ovennevnte min søn Ole Ævindsen til at be-
naades med frihed at reyse hiem, for at hielpe mig med gaardens indhøstning, da ieg uden denne hielp udsettes for uopretteligt tab og ubodelig skade og desformedelst haaber, at De, naadige herre giør hvad De formaaer til min redning, hvilken udmerket velgierning Gud vil vederlegge.

Yttre Haueland i Ous prestegield den 5te aug, 1811
Underdanigst
Ævind Jonsen Ytter Haueland.

Høyædle og Velbyrdige
Herr Krigskommisair Grunk!«


Ein kann nemna at søknaden vart tilrådd av Ospresten og forvaltaren på Rosendalsgodset, og søkjaren fekk ogso guten sin heim att til haustarbeidet.

I 1801 og likeins i 1803 og 1807 vart det teke mange fleire osingar til sjøvernet enn berre dei som høyrde sjølegderne til.  Soleis måtte gutane frå Hegglandsdalen og Søftelandsbygdi ogso til sjøvernet i dei åri.  Då ufreden med Sverik tok til i 1808 måtte alle som høyrde til landlegderne gå attende til sitt kompani, og seinare vart det berre teke folk frå sjølegderne til den vanlege tenesta ved sjøvernet.

Um det kystvern som ogso vart skipa i Os desse åri hev me nemnd nokre ord tidlegare.

Både i 1808, 1809 og 1810 vart det utskrive folk til sjøtenesta.  Etter det ein kan sjå vart storparten av osingane utskrivne våren 1810.  Det var gutar frå Søre og Nore Neset, Øyane og Lysefjorden, og det vart ogso teke nokre frå Hegglandsdalen.  Dei fleste vart innskrivne som «usøvante«, då dei ikkje hadde reist tilsjøs fyrr.  

Gutane frå Os vart spreidde ikring på ymse stader og på ymse skip.  Sume gjorde tenesta i Bergen, sume vart sende ned til Stavanger, Kristiansand eller lenger austover, og mange måtte radt ned til Kjøpenhamn.  Av dei osingar som me finn nemnd i tenesta desse åri var 3 med kanonjolla »Cori Adler«, 2 med kanonjolla »Nordnes», 1 med kanonjolla »Den gode Hensigt«, 3 på skonner »Belder«, 2 på skonner »Hother», 1 på skonner »Velkyrien«, 1 på prov derings-skonneren, 1 på brig »Lollend«, 1 på krigsskipet »Ove Høeg Guldberg«, o. s. fr.  Me finn ogso nokre ved Kristiansands roflotille, og ein osing var med i Fredrikshavns roeflotille.  Dei vart ogso flutte frå det eine skip til det andre og frå ein stad til ein annan, etter som det var bruk for folk.

Ein osing som var ved sjøvernet, Torkjell Tuen, var i åri 1810-12 ute med skonnerne »Nornen» og »Thor«, og dei tok m. a. fleire framande handelsskip til »prise« uppe ved Nordkap.  Torkjell Tuen gjorde krav på ein lut av prisepengane, men um han fekk noko av dei veit me ikkje.

Soldatane ved sjøvernet heldt seg sjølv med klær og skoty, og for dette fekk dei ei godtgjersla av 20 dalar um året.  Det vart ogso rekna ein viss sum for maten.  Anders Ulven (han var sidan busett på Drange) vart i 1810 som 20 år gamall gut utskriven til sjøvernet.  Han vart same året send heim att som sjuk, men jonsok året etter vart han atter innkalla til tenesta på skonner »Belder«.  Han kjøpte seg då klædebunad til tenesta på krigsskipet: Ei blå vadmålsbuksa for 3 dalar 32 skjeling, ei blå vadmålstrøya 3 dalar, ei kvit lerrefts skjorta 1 dalar 76 skjeling, og eit par sko 1 dalar 68 skjeling.  Til jol 1812 hadde han spara so mykje på smør til maten at han med det fekk betalt klærne og skoparet.  Dei 20 dalane som han fekk i godtgjerdsla for sko og klær hadde han soleis i rein fortenesta.

Det var fleire av osingane som ikkje brukte smør til brødet i den tid dei var ute i sjøtenesta, og dei spara soleis upp smørpengane.   Nils Buskengen var ein av dei som ikkje åt smør, men då han etter 13 månaders tenesta hadde brukt for 5 dalar og 1 art i tobakk vart ikkje fortenesta so stor for han som for sume andre.

Fleire av dei osingane som var ute i sjøvernet døydde under ufreden, men um dei døydde i strid eller av sjukdom er uvisst.  Ola Lio frå Hegglandsdalen fall under ein strid.  Storparten av dei som vart sjuke, – og det var mange av dei »usøvante« som vart kleine av den uvande kosten og tenesta på krigsskipi, – vart sende heimatt snarast råd var.  Det var ogso mykje lettare å senda dei sjuke heim frå sjøtenesta enn frå landtenesta ved svenskegrensa.  Dei fleste i sjøvernet gjorde tenesta ein stad på Vestlandet, og for dei som gjorde tenesta lenger burte, t. d. i Kjøpenhamn var det ogso høve attimillom å koma til Bergen med eit skip.

Fleire av dei »søvante« osingar som vart utskrivne til sjøtenesta kom ikkje med i ufreden.  Det var sovorne som alt fyrr krigen var reist ut som sjøfolk, og som ikkje heim då ufreden tok til men framleis for utanlands.  Det var soleis mest dei »usøvante«, folk som aldrig hadde vore i eit større farty enn ein fiskebåt, som frå Os gjorde sjøtenesta i ufredsåri.  Då ufreden slutta hausten 1814 fekk ogso karane i sjøvernet heimlov og fekk taka upp att sitt vanlege arbeid på landjordi.

Som nemnd i ein annan bolk gjekk soldatøvingi frå gamall tid fyre seg um preikesundagane ved kyrkja eller i nærleiken av denne.  I Os var det ein framifrå øvingsplass på Osøyri, og det var kvar preikesundag um sumaren eksisher.  Osøyri som upphaveleg høyrde til prestegarden gjekk etterkvart over til å verta fast militær eksisplass, og tilslutt rekna forsvarsdepartementet seg som røynleg eigar av plassen.  Det vart bygt opplagshus og depot, »Telthuset- som osingane kalla det, på plassen, og radt fram til 1850 åri vart det halde årvisse militærøvingar på Osøyri.

I 1864 vart soldatane innkalla avdi Norig hadde lova å hjelpa Danmark mot mogeleg åtak frå Tyskland.  Soldatane frå Bergen og Hordaland vart samla i ein stor leir på Ulvensletta i Os, og dei vart liggjande der utover sumaren.  Som kjendt vart det ikkje noko av den norske hjelpi til Danmark, og då det leid på sumaren fekk soldatane fara heimatt kvar til seg.  Til minne um denne »leirsamlingi« vart ein gamall nedfallen bautastein reist upp att midt på Ulvensletta, der han enno stend.  

I Bergen gjekk soldatøvingane for seg på Engi og Årstadvollene, og i midten av 1800-talet fekk ogso gutane frå Os si militærøving der.  Soldatane låg »innkvartert« hjå private i byen og i nærleiken av denne.  Spursmålet um ein større eksisplass kom upp, og valet fall på Ulvensletta.  Staten leigde garden Ulven av Lysekloster, dei 3-4 brukarane på garden måtte flytja burt, og det gamle Ulventunet som låg burt under lidi vestanfyre Lyseklostervegen vart rive.  Det vart bygt hus åt soldatane og offiserane i skogbruni austanfyre sletta, dei gamle grasvollane vart tekne til øvingsplass, og sidan hev gutane frå Bergen og Nordhordland havt si militærøving på Ulven.  Osingane som høyrde til Hardanger bataljon måtte radt til 1910 gjera si soldattenesta på Voss, men sidan hev dei havt si militær øving i heimbygdi som dei hadde det i gamle dagar.

I hundrad år, frå 1814 til 1914, vart det med undantak av leirsamlingi på Ulven ikkje spurnad etter soldatane frå Os utanfyre dei vanlege øvingar.  I 1914 vart det atter spurnad etter dei, um ikkje nett til stridstenesta so til nøytralitetsvern.  Osingane gjorde tenesta ymse stader ikring Bergen, på Kvarven og andre stader som høyrde til »Bergens befæstninger«, og langs byleidi sørover med hovudlæger i Fana.  Dei fleste slapp med ein 30 dagars vakttur um hausten 1914, berre dei som høyrde til festningsfolket måtte taka vaktturar gjenom fleire år. – Dette er sisste og vert vonleg ogso sisste gang at ein kann fortelja noko um osingane i felten.

OFFISERAR.

I bolken um soldatane tilsjøs og tillands er ogso nemnde ymse offiserar.  Me tek med eit lite utsyn over nokre av desse, serleg dei som i ufredsåri førde Oskompeniet og andre som i ufreden var førarar for osingane.  Attåt desse nemner me ogso nokre som, um dei ikkje beinveges hadde samband med Oskompaniet, likevel var knytt til Osbygdi ved sin fødestad eller bustad.  Fleire kjende hermannsætter, soleis ætterne Pritzier, Meidell og Synnestvedt, hev vore knytt til Osbygdi og mange av dei som førde osingane i felten hev høyrt til desse ætterne.  Dei er verd å nemnast.

1. Oberst Johan Jakob Pritzier. Han var fødd 1682 i festning! Harburg i Nordtyskland og kom ikring år 1700 som ung løytnant til Danmark med ein flokk tyske hjelpesoldatar.  I 1705 gjekk han inn i den dansk-norske heren og fem år seinare gifte han seg med ei ung ekkja, Gye Hans dtr. Rosenberg frå Fredricia i Danmark.  I 7-8 år flakka so Pritzier um i Danmark, Holstein og Nordtyskland, etter som han vart send ikring med kompaniet sitt, og kona fylgde han trutt på ferderne.  I desse vandreåri fekk dei 7 born men 5 av dei døydde unge.  I 1718 kom dei til Norig, der Pritzier frå 15. august same år vart kaptein ved Søndre Nordhordlandske kompani (Oskompaniet). Det var um hausten dei kom til Os, og det fortelst at då dei kom siglande inn um Bjørnen og kona såg alle kornstaurane på Lyssand og Bø so ropte ho til mannen: »Sjå baggen, Johan Jakob, sjå baggen kor han flokkar seg!«  Ho hadde i 8-10 år sett berre hermenn og strid og trudde at det var norske herfolk (»nordbaggar«) som fylka seg på Lyssand- og Bø-flatane.  For pengar som Pritzier hadde fenge med kona kjøpte han no gardane Klyve og Molda og busette seg på Molda.  Medan dei budde her fekk dei 5 born og nokre av dei vert nemnde nedanfyre. Pritzier vart major ikring 1730, oberstløytnant i 1745 og døydde på Molda som oberst i 1751.

2. Kaptein Johan Ferdinand August Pritzier var det eldste av oberst Pritziers born som vaks upp.  Han var fødd 1713 medan foreldri var med kompaniet på mars gjenom Elmenhorst i Holstein, og han var soleis 5 år gamall då han kom med foreldri til Molda.  Berre 10 år gamall vart han innskriven i heren som kadet, kom i 1733 som fenrik til Oskompaniet og vart nokre år seinare løytnant ved same kompani.  Han busette seg på Molda som han fekk etter faren og gifte seg i 1763 med Elisabet Jakobi Reuff.  Dei fekk 5 born og av desse vart båe sønerne offiserar.  Ingen av dei vart buande i Os.  Pritzier var ei tid tilsett ved eit regiment på Fyn og vart kaptein der men fekk sidan eit kompani i Norig å stjorna.  Han døyd de på Molda i 1786.

3. Oberst Chrisiopher Pritzier vart fødd på Molda 1721 og var det fyrste av Johan Jakob og Gye Pritzier sine born som kom til verdi i Norig.  Christopher gjekk ogso inn i heren, vart kadet 1735, løytnant 1741 og vart i 1751 kaptein i 2dre Bergenhusiske regiment.  Medan eldste broren som nemnd busette seg på Molda fekk Christopher garden Klyva av faren og busette seg der.  Han vart i 1748 gift med Anna Eleonora Jakobi og dei fekk 6 born.  Av sønerne vart den eine offiser og den andre gjekk tilsjøs, men båe døydde ugifte og med desse gjekk Pritzier-namnet ut i Osbygdi.  Eit par av døtterne vil verta nemnde seinare.  Christopher Pritzier vart major 1767, oberstløytnant 1779, og tok i 1789 avskil frå heren med rang som oberst.  Han var den fyrste forlikskommissær i Os og var mykje vyrd i bygdi.  Han døyd de på Klyva i 1806.

4. Kaptein Johan Jakob Pritzier d. y. vart fødd på Molda i 1724 som yngste son åt Johan Jakob og Gye Pritzier.  Likeins som dei eldre brørne sine gjekk han hermanns-vegen, var fyrst korporal og sersjant ved Oskompaniet, men vart i 1747 løytnant og i 1757 kaptein ved »Kongens livregiment« i Kjøpenhamn.  Han var gift med Elisabeth Hallmann som døydde på fyrste barselsengi og det vart soleis ikkje born etter han.  I 1759 døydde han i Rendsborg, Danmark, og vart gravlagd der.

5. Oberst Frantz Hendrich Meidell var fødd 1740 på Aurland i Sogn som nr.9 av oberst Jakob Gerhard Meidell sine 13 bom.  Ættarfaren Gert Meidell var frå Estland, men hadde ikring 1625 gjenge inn i dansk-norsk hertenesta og vart seinare tollmann i Norig.  Eine sonen hans vart prest i Holla og eldste son åt presten var den nemnde oberst Jakob Gerhard Meidell i Aurland.  Av obersten sine 13 bom var dei 8 søner, og alle desse gjekk inn i heren, soleis ogso Frantz Hendrich.  I 1757 vart han korporal og i 1766 løytnant ved Søndre Nordhordlands kompani (Oskompaniet) og Nordre Nordhordlands kompani (Fanakompaniet) som i desse åri var samanslegne og stod under kommando av major Christopher Pritzier på Klyva.  I 1763 gifte han seg med Elisabet Margrethe Middelthon og busette seg då i Bergen. Kona døydde i 1779 og i 1782, same året som han vart kaptein, gifte han seg uppatt med Gye Johanne-Christine Pritzier, yngste dotter åt oberst Christopher Pritzier på Klyva.  Då bror åt verfaren, den fyrr nemnde kaptein Johan Ferdinand Pritzier på Molda, var sjukleg og vilde slutta med gardsbruket flutte Frantz Hendrich i 1782 til Molda i Os og fekk garden her.  Han vart major i 1791, oberstløytnant og chef for Vossebataljonen i 1803 og fekk i 1808 avskil frå hertenesta med rang som oberst.  Sidan var han postopnar i Os til han døydde i 1813, 73 år gamall.

Oberst Meidell var ein dugande offiser og god bygdemann.  Som ung løytnant var han i 1763 med i herferdi til Holsiein, og general Hesselberg som ogso var med på herferdi gav Meidell mykje ros for hans framferd der.  Ogso seinare fekk han rnykje ros av sine overmenn for dugleik og djervleik i tenesta.  Ogso bygdefolket hadde stor tiltru og vyrdnad for han.  Meidell hadde 6 søner og 1 dotter, og av sønerne vart dei 5 offiserar i heren.  Dei vert nemnde nedanfyre.  Dotteri vart gift med kapellan Cemmermeyer i Os.  Berre etter eldste sonen, skippar Isak Meidell, finns det no ættlingar i Os.

6. Kaptein Jakob Gerhard Meidell, fødd 1765, var næst-eldste son til oberst Meidell på Molda.  Han var løytnant i 1786, kaptein i 1802 og vart i 1807 chef for Strynskompaniet.  Han kjøpte garden Slåtten i Førde, Sunnfjord, og busette seg der.  Under ufreden med England måtte han gjera tenesta i Bergen, og då han ei myrk nott hausten 1808 skulde sjå etter vaktpostane på Nordnes fall han i sjøen og bleiv.  Han var gift I. i 1792 med Anna Rye de Fine og II. i 1799 med Karen Marie Geelmuyden Dahl og hadde 6 born.  Eldste dotteri vart gift med tollbetjent Matzow i Trondheim, og dotter deira Drea Matzow var busett på Bø i Os der ho hadde hus i »Solbakken«.  Andre dotteri Anna Rye Meidell var gift med løytnant Thomas Severin Wincentz von Krogh Ferstad i Os (»Lytmannen«) og budde der til sin døyande dag i 1872.

7. Kaptein Stephan Barclay Meidell var nr. 3 av sønerne på Molda.  Han var fødd 1772, gjekk inn i heren og vart fenrik 1788, løytnant 1799, og var med i ufreden 1807-08.  I Bergen gjekk han under namnet »Store-Stefan«, då ingen i byen kunde mæla seg med han i stor leik og styrke.  I 1810 vart han kaptein og chef for Nordre Nordfjords kompani og busette seg på garden Osnes ved Nordfjordeid.  Våren 1813 gjekk han til svenskegrensa med Bergenhusiske
musketerbataljon og gjorde tenesta her til ufreden var slutt.  I 1818 gjekk han ut or hertenesta og døyd de i Bergen 1834.  Han var ugift.

8. Oberstløytnant Christohper Pritzier Meidell, fødd 1783, var eldste son åt oberst Meidell på Molda i hans 2dre ekteskap, og hadde fenge sitt namn etter morfaren på Klyva.  Som ung gut gjekk han inn i heren og vart løytnant i 1803, og var som artillerioffiser med i ufreden 1807-14.  I striden ved Lier 2dre påskedag 1808 var han kanonkommandør og skaut på svensken med sine fire kanoner so lenge han hadde krut.  Då krutet var ende og svenskane framleis gjekk på sette han seg på ei av sine tome kanoner, lagde armane i kross og venta roleg på svenskane for å taka so mange som han kunde med bajonetten.  I sisste liten kom det hjelp og han fekk berga kanonerne sine.  For sin djervleik i denne striden vart han utnemnd til riddar av Dannebrog.  Ogso i striderne ved Lier 2. august og ved Matrand 5. august 1814 hadde han som kanonkommandør mykje av æra for dei store sigrar som nordmennerne vann dei dagane (sjå bilæte s. 513).
Christopher Meidell var gift med Laurentine Christine Catrine Fogh og hadde 11 born.  Han var busett på garden Klyva i Os som han fekk etter morfaren, oberst Christopher Pritzier då denne døydde i 1806.  Han vart kaptein i 1814, var ei tid artillerichef i Bergen og Trondheim, og vart sidan tollinspektør i Kristiansand der han døydde 1851.

9. Kaptein Ditmar Kahrs Meidell var fødd i 1785 på Molda og gjekk likeins som broren Christopher inn i heren som artillerist.  I 1803 vart han offiser og gjorde som artilleriløytnant tenesta i ufredsåri 1807-14.  I åri 1811-13 var han i Bergen som instruktør for artilleristane der og var sisste året høgstkornmanderande for artilleriet i Bergen.  I 1817 vart han kaptein og flutte til Trondheim som chef for artilleribatteriet der.  Han vart gift i 1823 med Kirstine Bie Udbye, men ekteskapet vart barnlaust.  Etter å ha vore sjukleg i lang tid døydde han i Trondheim 1825.

10. Oberstløytnant Frantz Hendrich Meidell jr., fødd 1790 på Molda, var yngste son åt oberst Meidell.  Berre 9 år gamall vart han innskriven som kadet og var Ferdug på krigsskulen i Kjøpenhamn 1805, vart fenrik i 1808 og løytnant same år.  Då ufreden byrja i 1807 gjekk han med i krigen og synte i fleire strider slik djervleik at han i 1809, berre 19 år gamall, vart utnemnd til riddar av Dannebrog »for bravour og godt forhold imod fienden».  I 1811 vart han løytnant ved Oskompaniet og var med dette til grensa i 1811 og 1813-14 som framanfyre nemnd.  I 1815 vart han kaptein og chef for Nordre Søndfjords kompani som han i 1818 bytte med Førdekompaniet.  Han busette seg no på garden Vollen i Førde, der han budde til 1837 då han flutte til Bergen.
Frantz Meidell vart i 1815 gift med Anna Wilhelmine von Krogh, syster til den fyrr nemnde løytnant Krogh på Ferstad.  Dei hadde 7 bom og av desse vart 4 søner offiserar i heren.  I 1842 vart Meidell oberstløytnant det han var til han søkte avskil i 1864.  Han var den lengstlivande av alle norske offiserar som var med i krigen 1807-14 då han døydde i Bergen 1871.

11. Oberst Torbjørn Ludvig Synnestvedt var fødd på Ådlend i Samnanger 1754.  Ættarfaren Olav Torsteinson Sygnestveit var gardbrukar på garden Sygnestveit i Ulvik, Hardanger, frå 1670.  Eine sonen hans, Torbjørn, gjekk inn i heren og vart »captain des armes« (høgste grad av underoffiserar) ved eine Sunnhordlandskompaniet.  Han var busett på Sandven i Kvam.  Av Torbjørn sine tri søner gjekk dei tvo, Henrik og Ludvig, inn i heren.  Henrik vart korporal og sersjant men stagga so på militærvegen, då han i 1757 vart gift med ei gjenta frå Lyssend i Os og vart gardbrukar der.  Ludvig gjekk derimot gjenom alle underoffisersgradane, vart løytnant og fekk avskil med kapteins rang.  Han var gift med ei kapteinsdotter, Gjertrud Johanna Urbanus dtr. Giesmenn frå Kvinnherad, og var busett på Adland i Samnanger til han seinare flutte til Nordalen på Møre.

Av Ludvig Synnestvedt sine søner var Torbjørn Ludvig den eldste som vaks upp.  Som liten gut vart han saman med fleire av syskeni uppfostra hjå farbroren på Lyssand.  Berre 9 år gamall vart han innskriven som kadet og som 16 år gamall gut var han i 1770-72 med på herferdi til Afrika for å aga beyen av Algier for hans sjørøvarferd.  I 1777 vart han løytnant og reiste deretter i 4 år ikring i Tyskland for å leiga soldatar til dansk-norsk hertenesta.  I 1788 vart han kaptein og chef for Gloppen kompani, var same året med på herferdi til Sverik og busette seg deretter på garden Sjøholt i Ørskog på Møre.  Han var gift med Marie Sofie von Tauentzien frå Kjøpenhamn.  I 1804 vart han major og i 1808 oberstløytnant då han som nemnd gjekk i krigen som chef for Bergenhusiske grenaderbataljon.  Det er fyrr nemnd so mykje um hans arbeid under ufreden at me tek ikkje meir med her.

Torbjørn Ludvig Synnestvedt var ein god mann og ein dugande offiser som fekk dei sterkaste lovord både av overmenn og undermenn.  Prins Kristian som var overgeneral brukte m. a. desse ordi um han i eit skriv til kongen: »Den fortrinlig ved nidkjærhed, aktivitet og duelighed som offiser sig udmærkede oberstliutenant Synnestvedt».  Og soldaten Jakob Vasbotn som stod under han skreiv m. a.: »Synnestvedt var alle tider god mod sine krigs folk hvor vi var komne frem.  Han var meget tålmodig og venskabelig og straffede kun sine soldater efter fortjeneste«.  Etter krigen tok han avskil med obersts rang og døydde i Bergen 1829.  

12. Oberst Otto Christian Synnestvedt, bror til nyssnemnde Torbjørn Ludvig, var eit år yngre enn denne.  Han vart same år som broren innskriven som kadet, vart korporal som 15 år gamall gut, sersjant 4 år seinare og løytnant i 1779.  I 1788 var han med i herferdi til Sverik, vart året etter kaptein ved Nordre Sunnmørske kompani og busette seg likeins som broren i Ørskog på garden Apalset.  Då ufreden kom vart han i 1808 med på ferdi til grensa med grenaderbataljonen som broren førde, men då han same sumaren vart major og chef fyrst for Vossebataljonen og sidan for Nordfjord bataljon måtte han fara attende til Bergen i garnisonstenesta.  Som fyrr er nemnd fekk han um sumaren 1810 grenaderbataljonen etter broren og førde i 1811, då han var vorten oberstløytnant, Bergenhusbataljonen på veg mot grensa til dess dei måtte snu upp under Filefjell.  Sidan vart han verande ved garnisonen i Bergen og kom ikkje i krigen.

Otto Synnestvedt var ein dugande offiser som vann vyrdnad hjå alle.  General Hesselberg skreiv at han var »ein sehr verdienter und würdiger officer«, og Jakob Vasbotn kalla han »en retskaffen offiser«, og »en god og retfærdig mand».  Han vart ogso vald til eidsvollsmenn for Bergenhus regiment saman med soldat Sjur Horvik og dei møtte på Eidsvoll den 7. april 1814.  Men dagen etter kom det tvo eidsvollsmenn til frå Bergenhusregimentet med di den parten av regimentet som låg ved svenskegrensa ogso hadde vald tvo utsendingar til riksmøtet på Eidsvoll.  Då det berre kunde møta tvo frå kvart regiment måtte ein kasta lodd um kven som skulde fara heim att, og loddet fall på Otto Synnestvedt og Sjur Horvik.  Då krigen var slutt vart Synnestvedt chef for jægerkompaniet, og han selde då eigedomen på Møre og kjøpte att garden Lønningen i Fana.  Han tok avskil med oberst rang og døydde på Lønningen i 1830.  Otto Synnestvedt var gift med Anna Magdalena Milling og einaste sonen deira vart buande i Fana.

13. Oberst Johan Henrich Grübeling var fødd ved Ålborg i Danmark 1750 og kom til Bergen 1767 med eit holsteinsk (Delmenhorts) regiment etter å ha vorte korporal same året.  Han reiste attende til Holstein, men kom som løytnant atter til Bergen i 1788 og vart same året kaptein og chef for Nordhordlandske kompani.  Han hadde dette radt til 1808 men var næsten heile tidi i Bergen der han stjorna eit garnisonskornpani.  I 1808 vart han fyrst major og sidan oberstløytnant og førde som fyrr nemnd Bergenhusiske musketerbataljon i krigen same år.  I 1809 søkte han avs kil og fekk denne med obersts rang.  Overgeneralen skreiv då soleis um han: »Oberstliutenant Grübeling er i alle henseender en fortrinlig og dueligmand, kun skade at hans alder og helbred ikke kan udstå krigens besværligheder».  Um hans tenesta under krigen er nemnd meire i bolken um soldatane. 

14. Kaptein Nicolay Christian Tausan var fødd 1751.  Han vart korporal i 1769, sersjant i 1772 og løytnant i 1780.  I 1786 vart han løytnant ved Oskompaniet og i 1797 vart han kaptein og chef for same kompani som han hadde i ufredsåret 1801.  Då krigen byrja i 1807 fekk han Nordre Sunnhordlandske kompani og var med på ferdi til Austlandet sumaren 1808 som førar for 3dje divisjon av musketerbataljonen.  Same dag som divisjonen kom til grensa vart kaptein Tausan sjuk og straks etter vart han heimsend til Bergen.  Um hausten tok han avskil frå hertenesta.

15. Kaptein Urbanus Giessmann Møllerup var fødd i Kvinnherad 1755.  Han vart korporal i 1772 og kom som løytnant til Oskompaniet i 1789.  I 1802 vart han kaptein og chef for Strynske kompani som han hadde til våren 1807 då han vart kaptein Tausan sin etterfylgjar som chef for Oskompaniet.  Han stod for utskrivingi av soldatar frå Os våren 1808og skulde retteleg vore med til Austlandet um sumaren, men han var ikkje med, truleg avdi han melde seg sjuk.  Hausten 1809 fekk han avskil »i betragtning av hans sygelige forfatning».  Han var gift 1789 med yngste dotter åt oberst Christohper Pritzier på Klyva, Hedvig Sophie Cathrine Pritzier, og han budde på Klyva.  Han døydde nyttårsafta 1829 og vart gravlagd på Os kyrkjegard.  Gravsteinen hans er sidan komen som dekkhella i ei bru over Kuvenbekken.

16. Oberstløytnant Christian Ulrich Bætzmann vart chef for Oskompaniet etter Møllerop. Han var fødd i Innvik, Nordfjord, 1774, vart korporal 1781 (7 år gamall!), furer 1788 og vart løytnant 1799.  Hausten 1809 vart han utnemnd til kaptein og chef for Oskompaniet. Han busette seg på Kuven i Os som frå 1791 var vorten »chefgård« for Oskompaniet (»Søndre Nordhordlandske kornpani«).  Våren 1813 gjekk han til Austlandet med Bergenhusiske regiment som chef for »jægerdivisjonen« (Oskompaniet) og hadde denne til regimentet kom heim att hausten 1814.  Um hans ferd med Oskompaniet i dei tvo ufredsåri 1813-14 er fyrr nemnd i bolken um soldatane.  Han stod som chef for Oskompaniet ogso etter at dette ved herskipingi i 1818 fekk det offisielle namnet «Osiske kompani«.  I 1823 vart han oberstløytnant men døydde alt året etter.

17. Kaptein Mathias Dahl Hegelund var fødd 1766 i Etne, vart korporal 1783 og løytnant 1789.  Som tenestgjerande kaptein gjekk han med grenaderbataljonen til Austlandet våren 1808, og då han under ferdi vart verkeleg kaptein fekk han Oskompaniet av grenaderane å føra.  Han sutla noko so han brukte pengane sine, og då han i september 1808 skulde på forpost i Enningdalen med kompaniet sitt skreiv oberst Synnestvedt um han: »Han er næsten uden klæder«.  Han vart ogso sjuk medan han var i Enningdalen men kom seg att.  Hausten 1809 bytte han kompani og fekk då Vossekompaniet.  Oberst Synnestvedt var av fleire grunnar missnøgd med han som kompanichef og våren 1810 fekk han avskil.  

18. Kaptein Johan Peter Wessel Broch vart førar for Oskompaniet i felten då kaptein Hegelund gjekk frå.  Han var fødd 1777, vart korporal 1788 og løytnant 1790. Han var busett på Tonning i Nordfjord.  Sumaren 1808 gjekk han til Austlandet med musketerbataljonen, men då han i 1809 vart kaptein kom han over til grenaderbataljonen og fekk som nemnd Oskompaniet å føra etter kaptein Hegelund.  Broch var ogso glad i det våte og det gjekk nedover med han.  Medan bataljonen låg i Kristiansand sumaren 1810 fann dei han ein dag liggjande død i fjøra.

19. Oberstløytnant Søren de Fine von Krogh var fødd i Hoganvik ved Stavanger 1777. Han vart fenrik 1788, løytnant 1790 og kom i 1799 til Søndre Søndhordlandske kompani.  I 1807 gjorde han tenesta i Bergen og vart året etter med musketerbataljonen til Austlandet.  Som fyrr nemnd var det han som hadde feltvakti ved Vilsberg den 2. september 1808 då det vart eit basketak med svensken og Krogh vart teken til fange. Året etter slapp han laus og vart då utnemnd til kaptein og chef for Nordre Nordhordlandske kompani.  For sin djervleik ved Vilsberg vart han riddar av Dannebrog.  Då kaptein Broch døydde so snøgt i Kristiansand sumaren 1810 overtok Krogh Oskompaniet og førde dette attende til Bergen året etter.  I 1813 gjekk han atter i felten med ein divisjon, men som nemnd hadde Oskompaniet då fenge sin eigen kompanichef, kaptein Bætzmann, til før ar.  Etter krigen vart Krogh chef for Lavik kompani og døydde i Bergen som oberstløytnant 1826.  

20. Oberstløytnant Christian Grübeling var fødd 1758 i Romdrup ved Ålborg, Danmark, som ein yngre bror av den fyrr nemnde oberst J. H. Grübeling.  Han vart kadet 1768, løytnant 1778 og kom til Norig i 1786 som løytnant ved Mellem Nordhordlandske kompani (Fanakompaniet).  I 1791 vart han kaptein fyrst som chef for eit sognekompani og i 1797 for Fanakompaniet.  Då musketerbataljonen i 1808 måtte til Austlandet var det som fyrr nemnd kaptein Grübeling som førte Oskompaniet og stjorna dette til det kom heimatt i 1810.  Då broren J. H. Grübeling i 1808 vart oberst-løytnant var Chr. Grübeling ogso ei tid førar for heile musketerbataljonen.  I 1809 vart han major og i 1814 oberstløytnant.  Um hans arbeid som førar for Oskompaniet er nemnd meir i bolken um soldatane.  Grübeling var vel likt av alle og general Hesselberg skreiv um han: »Grübeling er en sjelden duelig og brugbar offiser til alt som kan forefalde«.  Då krigen var slutt tok han avskil frå heren.

Ulven ekserserplass.
Mynstring for kronprins Olav under hans vitjing på Ulven sumaren 1929.
Kronprinsesse Märtha ser på mynstringi frå vegen til vinstre