Lyssand

Frå OS SOGA III side 563 — 585

64. LYSSAND

Eldste og tvillaust rette namnet på garden er Lutvin, ein namneled lut samansett med –vin. Fyrste namneleden er truleg det gamallnorske lutr, ein lut, ein part av noko større.  Lyssand er truleg i utgamle tider skild ut frå storgarden Bø, som då åtte alt millom Oselvi, Vallaelvi og fjorden, og namnet Lutvin høver då godt: den utskilde bøen, den utskilde garden.  Namnet vert framleis uttala med endingi –enn som dei andre vin-gardar i Osbygdi, og vart skrive med same endringi radt til etter 1700.
Uttale: Lø’ssenn. Skrivemåtar: Lutini (1320), Lussem (1519), Luussen (1563), Lusenn (1567), Ludtzenn (1591), Lutzenn (1597), Lutzen (1600), Lussen, Løsenn, Løssenn, Lydtzen (1612), Luhen, Lutten, Ludtzen, Lødtzen, Leppsøenn (1618), Ludtsøen (1621), Lysen, Lyssen, Ludsen, Løszen, Lysøe (1646), Lyssøen, Lydtzøen, Lydzøn, Lysand (1663), Løsen, Løssen, Lypsen, Lussem, Lussogn (1772), Lussang (1777), o. s. b.

Garden ligg på flatane nordanfyre Hauge, millom denne garden og Bø.  Os prestebol åtte garden tildess brukarane kjøpte i 1830 åri.

Or gamle matriklar og tetjingar:

1668: Saar 6 stadtztønder, afler 24 tdr., god ager, tynd eng, noget lidet vedskoug at selge, paalagt at plante homblehagge.  1723: Ingen sætter, knap brendefang og ei videre, ingen qvern eller fiskerie, maadelig jordart, vis til korn og letvunden.  Ingen næring uden af gaardens aufl. 1865:  Har 22 maal dyrket ager og eng, deraf 16 maal godt, 2 maal midels og 4 slet, har 116 maal naturlig england, hvoraf 44 maal godt, 50 middels og 22 slet, af englandet kan 1 maal dyrkes.  Har kun skog til ¾  brendefang, føder 3 ungnød ved løv og kjøbt lyng, gaarden er meget let brugt og almindelig drevet, Torbjørn Steffensens brug er mer end almindelig godt drevet 


Busetnad og buskap.

 Hus- Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.skje,tar.fe.ler.ter. korn.poteter.
16572 120       
16682 22815  6tun.  
17233 32511  8»  
1800730         
1835733 2542  15»11tun.
186573752963 415,5»19,5»
190064263150 812hl.35,5hl.
1920135462532 312,5mål14,3mål
1930157664484366,5»14,2»
1939  67346 93»11,6»

LYSSAND 1.

Jon Lyssand var brukar i 1519 og er fyrste mann på garden som me veit namnet på. 

Mons Lyssand var brukar i 1563 og 1567.  Korlenge han hadde garden, veit me ikkje.

Rasmus Lyssand var brukar i 1591.  Han hadde heile Lyssand likeins som fyremennene.  Rasmus var brukar til ikr. 1595.

Tørris Lyssand bygsla garden etter Rasmus.  Han hadde heile Lyssand til 1603, då garden vart skift i tvo partar, s. br. 2.  Seinare hadde han den eine parten, som truleg var den største, i nokre år.  Tørris døydde ikr. 1607.

Lars Lyssand vart brukar her då Tørris døydde.  I 1611 måtte han fara til Svinesund saman med dei andre hermennene i Os for å vera med i Kalmarufreden.  Lars kom att frå ufreden, men han hadde ikkje bruket meir.  Kannhenda hadde han fenge skade og var ufør til å driva gardsbruket.  I ei lista finn me at han lagde tiend i 1614, og det er det siste me høyrer um han. 
Bruket vart no skift att i tvo partar so det vart 3 bruk på garden.  Dei var ikkje jamstore, då bruk 2 vart halvparten og dei andre bruki kvar ein fjordepart av garden.

Ivar Lyssand vart brukar her etter skiftingi i 1611.  Me veit ikkje kvar han eller fyremennene hans var frå.  Ivar var velstandsmann etter den store skatten hans å døma, men kannhenda sat han ikkje so lett i det likevel.  I 1620 skulda han Marta Borgen for å ha stole ein skoleist frå han, men då Ivar ikkje kunde prova tjuvriet, fekk han sjølv dom på seg.  I domen heiter det at han «for armods skyld» skal sleppa med ei bot av tvo dalar.  På dei tider var ei ku verd tvo dalar, so det vart ein dyr skoleist for Ivar.  Han let bruket frå seg i 1628, men livde og betalte tiend fleire år seinare.

Ola Halvardson, f. ikr. 1590, bygsla bruket i 1628.  Ola var ikkje osing, men elles veit me ikkje noko um heimstaden hans.  Han var gift fyrr han kom til Lyssand, men kven kona var, veit me ikkje.  Ho døydde i 1630 åri, og Ola gifte seg att i 1638 med Anna Anders dtr., f. ikr. 1606, som kannhenda var frå indre Haugland.  Av borni kjenner me: Mari, f. ikr. 1625, d. ug. 1693, Anders, f. 1638, s. n., Ola, f. ikr. 1648, vart utskriven til soldat i 1665 og fall truleg under herferdene i 1670 åri, Ragnhild, f. ikr. 1653, s. br. 3, f. ikr. 1656, d. ug. 1729.
Ola var ein velstandsmann, noko som kom sers vel med, for han kom gjenom åri upp i mykje musk og måtte jamt leggja svere bøter.  I 1632 måtte han leggja bot for slagsmål med Hans Kuven, og likeins i 1638 avdi andre kona hans fekk barn fyrr det var gjenge 9 månader etter brudlaupet.  I 1643 måtte han leggja heile 7 dalar i fredskjøp for å ha slege ein mann ihel i eit slagsmål, og like mykje måtte han bøta i 1655, då han under vårsildfisket i Kinnasundet hadde knipe ein sekk mask frå Ola Bjelkarøyi.  Desse bøtene var meir enn halve bruket hans var verd.
I 1656 kom han i strid med Ospresten.  Ola skulde då føra noko tiendkorn frå Strandvik til Os, og so tok han ei tunna av kornet.  Lyssand høyrde til prestebolet, og presten krov at Ola til straff for tjuvriet skulde missa bygsla si og fara frå garden.  Ola lova no høgtidsamt at han aldri meir skulde stela frå presten eller frå dei næraste grannane sine, og han slapp gå frå bruket.  Men trass den høgtidsame lovnåden sin gjorde han likevel meistarstykket sitt med presten tvo år seinare.  Um vinteren tok han hesten og sønene sine med seg, leigde begge Hjellekarane med kvar sin son og hestane deira attåt, hogde so uløyves 30 furestokkar i prestegardskogen og 2 eikestokkar og 57 furestokkar i Moldaskogen, (presten åtte Molda), kjørte timberet fram til Hatvik og selde det heile til eit skotteskip som kom um våren.  For dette måtte han leggja svere bøter, men slapp fara frå garden.  Truleg vart han no noko spakare av seg, og me høyrer ikkje meir um han seinare, enn at han i 1662 vilde ha att ein stor koparkjel som futen hadde teke frå han avdi han ikkje vilde betala ei bot.  Ola døydde i 1670 og Anna i 1681.

Anders Olson Lyssand, f. 1638, bygsla bruket då faren døydde.  G. ikr. 1669 Brita Mikkjels dtr. Opsal frå Fusa, f. ikr. 1645.  Av 3 born vaks 2 upp: Kari, f. 1670, d. ug. 1743, Kristi (tvilling), f. 1672, g. ikr. 1700 Ola Johannesson, s. Molda 3.  Anders sat etter måten godt i det.  Han var son åt faren i det at han var noko ustyrleg, men elles kom han godt av det med grannane.  På tinget i 1664 heldt han og granneguten Anders Paulson slikt uppstyr at futen måtte røma or tingstova.  For dette fekk dei kvar 6 ort i bot, og då dei stod i hertenesta, vart dei ogso dømde «til at straffes på kroppen».  Anders vart utskriven til hertenesta ikr. 1660 og var med i herferdene i 1660—1670 åri, s. O. B. 1 498—99.  Han døydde alt i 1672.

Ola Nilsson Bø, f. ikr. 1646, vart i 1673 gift med ekkja Brita Mikkjels dtr. og fekk bygsla bruket.  Born: Marta, f. 1674, ug., Anders, f. 1676, s. n., Edis, f. 1677, g. 1712 Marta Grindevoll, s. Kuven 2, Johannes, f. 1679, ug., Mikkjel, f. 1684, g. 1708 Dordi Hans dtr., s. Kuven 2, f. 1687, g. 1715 Johannes Storum, s. S. 3.  Tvo born døydde unge.  Ola sat tungt i det og streva hardt for å greida seg på bruket. Han døydde i 1712 og kona i 1698.

Anders Olson Lyssand, f. 1676, bygsla farsbruket i 1712. G. 1710 Mari Lars dtr. Søfteland, f. 1687.  Av 6 born vaks berre tvo upp: Brita, f. 1712, s. n., Kari, f. 1719, g. 1748 Ola Valle, s. V. 1.  Anders dreiv fiske og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1745 og kona i 1759.

Ola Jonson Hafskor frå Fusa, f. ikr. 1701, gifte seg i 1737 med Brita Anders dir. Lyssand, f. 1712, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren.  Av 6 born vaks 4 upp: Mari, f. 1741, g. 1764 Mortein Bogstrand, s. Bjoarvik 1, Bottilda, f. 1744, s. n., Ola, f. 1748, Anders, f. 1748, g. 1771 Eli Jons dtr. Ljotun frå Strandvik (syskenborn), b. Ljotun.  Ola sat ikkje so godt i det som fyremannen.  Han døydde alt i 1760.  
Ekkja Brita Anders dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde hjå sonen på Ljotun i 1793.

Asgaut Jørgenson Eide frå Fjellberg, f. 1738, som då tente på Kvernes i Samnanger, vart i 1764 gift med Botilda Ols dtr. Lyssand, f. 1744, og fekk same året bygsla bruket etter vermori.  Foreldri åt Asgaut var Jørgen Nilsson ytre Ålvik og Brita Asgauts dtr. Bjørke frå Kvam i Hardanger, som hadde kjøpt seg gard i Fjellberg.  Botilda, som vart spillesjuk, døydde på «Spetalen» i Bergen 1786, og Asgaut gifte seg att same året med Guro Ols dtr. Ådland frå Samnanger, f. 1749.  Guro døydde i 1805, og Asgaut gifte seg året etter med Margreta Jørgens dtr. ytre Moberg, f. 1761.  Born: Brita, f. 1765, d. ug. 1843, f. 1767, d. av spillesykja 1796, Jørgen d. e., f. 1769, d. av spillesykja 1794, Jørgen d. y., f. 1794, s. n., Botilda, f. 1795, d. ug. 1844. 4 born døydde unge.  Asgaut dreiv mykje med sjøen og var jamt ute i fiske.  Han sat tungt i det dei fyrste åri, men arbeidde seg fram etterkvart.  Asgaut døydde i 1837 og Margreta i 1827.

Jørgen Asgautson Lyssand, f. 1794, bygsla bruket etter faren i 1820 og kjøpte det av prestebolet i 1834 for 300 spd. G. 1820 Agata Vinsjans dtr. Hauge, f. 1801.  Born: Guro, f. 1821, g. 1852 Ola Berge, s. B. 1, Vinsjans, f. 1823, s. n., Ola, f. 1828, g. 1856 Ingeborg Eide, s. E. 1, Ingeborg, f. 1834, g. 1857 Mons Lien, s. L. 1.  Jørgen var trearbeidar og bygningsmann og var nytta som takstmann ved husbyggjing o. l.  Han var ein mykje vyrd mann og hadde mange tillitsyrke i bygdi, og var m. a. med i det fyrste heradstyret i Os 1838-1839.  Jørgen døydde i 1873 og Agata i 1889.

Vinsjans Jørgenson Lyssand, f. 1823, skøytte bruket etter faren i 1852. G. 1856 e. Kari Lars dtr. Berge, f. 1819, som fyrr hadde vore gift med Jon Øvredal, s. 0. 1.  Dei fekk eit barn som døydde tidleg.  Vinsjans dreiv med dreiing og ymse trearbeid.  Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, var soleis forlikskommissær i fleire år, og var saman med verbroren Mons Lien den fyrste bonde i Os som vart valmann av reint politiske umsyn, s. O. B. I 547, 704, 707 o. fl. st.  Vinsjans døydde i 1900 og Kari i 1881.

Martin Hansson Bjånes, f. 1843, kjøpte bruket i 1874 og vart brukar her.  G. 1874 Anna Bårds dtr. Steintveit frå Samnanger, f. 1854.  Born: Kari, f. 1875, g. 1898 kjøpmann Nils Andreasson Ringdal, b. Ålesund, Hans, f. 1879, s. n., Guro, f. 1887, s. br. 11, Borghild, f. 1892, hushjelp, Vinsjans, f. 1895, driv verksemd med skyssbilar på Osøyri.  4 born døydde unge.  Martin dreiv med skogarbeid attåt gardsbruket.  Han var mykje med i kommunalt arbeid og var medlem av heradstyret 1884-1891 og 1899-1901.  Martin og kona døydde begge i 1913.

Hans Martinson Lyssand, f. 1879, skøytte farsbruket i 1909 og hev det no. G. I 1904 Pernilla Andreas dtr. Ringdal frå Sunnylven, f. 1877, d. 1908, g. II 1910 Synneva Andreas dtr. Ringdal, f. 1881.  Born: Martin, f. 1905, s. n., f. 1907, d. 1930, Peder, f. 1911, gartnar, Asbjørn, f. 1916, bankassistent, Sigmund, f. 1918, student, Bård, f. 1921, d. 1935, Hanna, f. 1924.  Hans hev vore heradsrevisor o. a. og var i mange år uppmælar for jordstyret.

Martin Hansson Lyssand, f. 1905, arbeider på bruket saman med faren. G. 1934 Berta Sætre frå Hamre, f. 1911.  Born: f. 1934, Inger, f. 1935, Sigbjørg, f. 1936, Hans, f. 1938.


LYSSAND 2.

Svein Lyssand vart fyrste mann på dette bruket, då garden i 1603 vart skift i tvo partar.  Um Svein var i ætt med Tørris som fekk den andre parten, veit me ikkje.  

Ola Lyssand vart brukar her i 1610.  Kvar han var frå, veit me ikkje.  Ola streva hardt for å berga seg på bruket, men han greidde det ikkje heilt og måtte få hjelp dei siste åri.  Han hadde ei dotter, Herborg, som vart buande på bruket etter han, s. n.

Paul Sæmundson, f. ikr. 1600, bygsla bruket i 1630. Han vart då gift med Herborg Ols dtr., som var dotter åt fyremannen, og Paul og verfaren dreiv bruket ihop dei fyrste åri.  Frå 1633 hadde Paul bruket åleine.  Av borni kjenner me: Lars, f. ikr. 1640, var husmann på Lyssand i 1666, Ola, f. ikr. 1646, Anders, f. ikr. 1648, s. n.  Kvar Paul var frå er noko uvisst.  Det kann tenkjast at han var son åt Simon Hovland, men då farsnamnet hans, som me finn nemnt ein gong, då er skrive Sæmund og ikkje Simon er det lite truleg.  Paul var ein mykje vyrd mann, og som lagrettemann, det han var i mange år, var han m. a. domar i drapsaki på Steinsland i Samnanger, s. S. B. 464. Han sat elles tungt i det og streva likeins som fyremannen hardt for å greida seg. Paul døydde ikr. 1670.

Anders Paulson Lyssand, f. ikr. 1648, bygsla bruket etter faren.  Likeins som Anders Olson på br. 1 var han soldat i 1660 åri, og i 1675 måtte han ut i herferd, s. O. B. I 499.  Han kom likevel heilskinna heimatt. G. 1670 Kristi Daniels dtr. Søfteland, f. ikr. 1644.  Dei fekk mange born, me veit soleis namnet på 13 av dei, men berre 5 vaks upp: Helga, f. 1672, g. 1700 Lars indre Haugland, s. i H. 2, Brita, f. 1684, g. 1713 Simon Haugland, s. Ferstad 4, Ingjerd, f. 1686, g. 1715 Rasmus ytre Moberg, s. y. M. 6, Paul, f. 1687, s. n., Magdela, f. 1688, g. 1717 Johannes Gjersvik, s. ytre Moberg 4.  Anders var ein drivande kar som arbeidde seg fram etterkvart og sat tolleg godt i det tilslutt.  Han dreiv mykje med skogarbeid, og i 1665 vart det uppgjeve at han det året hadde selt timber for 3½ dalar til eit skotteskip.  I sine unge år var han noko vill av seg og heldt uppstyr på tinget, s. br. 1, men vart seinare mykje vyrd og var lagrettemann i Os ikr. 30 år.  Anders døydde i 1715 og kona i 1717.

Paul Andersson Lyssand, f. 1687, bygsla bruket då faren døydde. G. 1716 Agata Ols dtr. Samnøy frå Fusa, f. ikr. 1681. Born: Herborg, f. 1717, s. br. 4. Paul døydde alt i 1717, berre 30 år gamall.

Ekkja Agata Ols dtr. hadde so bruket eit par år.
Ola Hansson Heggland, f. 1688, gifte seg med ekkja Agata Ols dtr. i 1719 og fekk bygsla bruket.  Born: Kari, f. 1722, s. n. Ola dreiv med sjøen og sat tolleg godt i det.  I 1740 vart bruket hans skift slik, at dotter åt Agata frå fyrste giftarmålet fekk fjordeparten av bruket og skipa eit nytt bruk, s. br. 4, medan Ola framleis hadde resten.  Ola døydde i 1756 og kona i 1751.

Sersjant Henrik Torbjørnson Synnestvedt, f. p. Sandven i Kvam 1727, vart i 1757 gift med Kari Ols dtr. Lyssand, f. 1722, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren.  Kari døydde i 1762, og Henrik gifte seg att tvo år etter med Maria Einars dtr. Vold, f. ikr. 1730, som var dotter åt klokkaren i Os.  Born: Torbjørn, f. 1759, s. n., Agata, f. 1760, g. 1795 sersjant Jon Larsson Rønne.  Ein gut døydde ung.  Um ætti åt Henrik, s. O. B. I 532.  Henrik var ein vyrd mann og hadde fleire tillitsyrke i bygdi.  I 1777 bygde han nye hus på bruket og lånte til dette 90 dalar av Regimentet, men greidde å betala lånet attende på 7 år.  Då sonen fekk bruket, flutte Henrik og Maria frå Osbygdi, og me veit ikkje meir um dei.

Torbjørn Henrikson Synnestvedt, f. p. Lyssand 1759, bygsla bruket etter faren i 1791. G. 1792 Kristi Ols dtr. Borgen, f. 1769.  Born: Kari, f. 1793, g. 1816 Steffen Grindevoll, s. G. 1, Henrik, f. 1794, s. n., Ola, f. 1805, s. br. 3.  Tre born døydde unge.  Torbjørn var lærar og gjorde fyrst tenesta 5 år i Strandvik og seinare 10 år i Os.  I 1796 vart han klokkar og slutta då med læraryrket.  Han vart utskriven til kystvernet i 1804 og fekk då utlevert spjot eller handspik til verja.  Sjå meir um han O. B. I 366 og 439-442.  
Av sumt som vert fortalt um Torbjørn under bolken «Klokkarar» i O. B. I, vil ein skyna at han ikkje var kveppen av seg, og han kom ogso upp i ymse strid.  Det gjekk etter måten godt millom han og presten so lenge Sandberg var prest i Os, men etter at Kristen Larsen kom i prestegarden vart det ikkje so fredelegt.  Klokkaren vyrde ikkje den usæle presten, og m. a. sa han at presten var ein gamall fyllehund som stal av fatigpengane i kyrkja, at han laug på preikestolen o.s.b.  Presten melde klokkaren for skuldingane, og det vart stemnd inn 20 mann frå alle luter av Osbygdi som vitne.  Alle vitni, med undantak av Peder Lepsøy, sa at klokkaren hadde rett, og då det vart prova at Peder Lepsøy hadde lova presten ein dalar, soframt han greidde å få klokkaren avsett, so reiste klokkaren sak mot Peder Lepsøy.  Klokkaren vann saki, og presten fekk skuldingane sitjande på seg.  Torbjørn døydde i 1832 og kona i 1844.

Henrik Torbjørnson Synnestvedt, f. 1794, bygsla farsbruket i 1815 og kjøpte det av prestebolet i 1849 for 500 spd. G. 1820 Mari Lars dtr. Tøsdal, f. 1801.  Dei hadde ikkje born, men systerson åt Henrik, Torbjørn Grindevoll, f. 1819, vart uppfostra hjå dei, s. n.  Henrik var fyrst lærar i Os, men vart so lensmann for Lysekloster gods i 1826.  Han var ein mykje vyrd mann i bygdi og hadde mange hugmål, s. O. B. I 329-30, 351-52, 366, 555, 563-64, 688-89 o. a. st., (underskrifti syner sida 564), og var med i heradstyret 1838-1855. Henrik døydde i 1880 og Mari i 1865.

Torbjørn Steffenson Grindevoll, f. 1819, som var uppfostra hjå Henrik, skøytte bruket etter morbroren i 1856 og vart brukar her. G. 1853 Kristina Hans dtr. indre Moberg, f. 1826.  Born: Maria, f. 1853, g. 1875 Annanias Tveit, s. T. 1, Kari, f. 1855, g. 1880 Lars Gjemdal, s. G. 2, Henrik, f. 1857, s. n., f. 1861, g. 1883 Vinsjans Lien, s. L. 1.  Ei gjenta døydde ung.  Torbjørn var murar og bygningsmann.  Han hadde mange kommunale yrke, var med i byggjenemndi for Oskyrkja, medlem av matrikulkommisjonen o. a., og var med i skipingi av Os forbruksforening, s. O. B. I 396, 599, 697 o. fl. st.  I bolken 1864-67 var han medlem av heradstyret.  Torbjørn døydde i 1897 og Kristina i 1913.

Henrik Torbjørnson Lyssand, f. 1857, skøytte bruket etter faren i 1881. G. I 1881 Anna Mons dtr. Lien, f. 1857, d. 1887, g. II 1888 Anna Peders dtr. Åsen frå Samnanger, f. 1863. Born: Torbjørn, f. 1889, s. n., Mons, f. 1890, s. br. 13, Peder, f. 1892, s. br. 16, Andreas, f. 1894, g. 1920 Hilda Olsen, s. Os 23, Kristian, f. 1896, sjauffør, g. 1930 Haldis Henriksen frå Alstahaug, b. Bergen, f. 1898, g. 1918 Torbjørn Tveit, s. Kuven 28, Henrik, f. 1903, s. br. 17. Tvo born frå fyrste giftarmålet døydde unge.  Henrik dreiv snikkar- og dreiearbeid attåt gardsbruket.  Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, var forlikskommissær i mange år, og ein mykje nytta skyns- og utskiftingsmann, s. O. B. I 173, 547 o. fl. st.  I bolkane 1896-98, 1902-04 og 1908-10 var han medlem av heradstyret.  Henrik døydde i 1930.

Torbjørn Henrikson Lyssand, f. 1889, skøytte farsbruket i 1921 og hev det no.  G. 1915 Hanna Andersen frå Bergen, f. 1894, (foreldre Ola Andersson Nordstrønen og kona lngeleiv Ols dtr. Ulven, s. U. 7).  Born: Anna f. 1915, d. 1927, Ola, f. 1916, d. 1933, Henrik, f. 1918, postberar, Erling, f. 1921, Bjørn, f. 1923, Odd, f. 1934, Astrid, f. 1936.  Torbjørn hev vore med i ymse nemnder o. a. og er medlem av og fast uppmælar for jordstyret.

LYSSAND 3.

Jakob Lyssand vart fyrste mann på dette bruket, då det vart skilt ut frå br. 1 i 1611.  Kvar Jakob og dei tvo ettermennene hans var frå, veit me ikkje.  

Johannes Lyssand vart brukar i 1620.  Hans og Mons Moldadalen måtte det året på tinget saman med Johannes, avdi dei hadde slege einannan «thøre hugh med neffuerne».  Då dei ikkje hadde brukt handyvle, men berre nevane, slapp dei med ei bot på tvo dalar kvar. Johannes kom frå bruket alt i 1622.

Nils Lyssand tykkjest å ha vorte brukar i 1622.  Han vart gift det året og måtte leggja bot, avdi kona hans fekk barn fyrr det var gjenge 9 månader etter brudlaupet.  

Lars Dagson Ferstad, f. ikr. 1600, bygsla bruket i 1623.  Han var gift, men me veit ikkje kven kona hans var.  Han sat sverande smått i det, og det var med naudi han berga seg på bruket.  Lars døydde i 1642.  
Ekkja etter Lars freista sitja med bruket etter at mannen fall frå, men greidde det ikkje.  Alt i 1643 måtte ho lata bruket frå seg til grannane og flutte frå garden.  

Ola Halvardson og Paul Sæmundson Lyssand, som hadde dei andre bruki på garden, stjorna no ogso dette bruket til dei døydde ikr. 1670, s. br. 1 og 2.

Nils Pederson Berge, f. ikr. 1652, vart ikr. 1672 gift med Ragnhild Ols dtr. Lyssand, f. ikr. 1653, og fekk bygsla dette bruket som verfaren hadde stjorna dei siste åri.  Ragnhild døydde i 1701, og Nils gifte seg att året etter med Brita Johannes dtr. Lien, f. ikr. 1665.  Av 4 born vaks 3 upp: Peder, f. 1685, g. 1719 Lisbet ytre Moberg, s. y. M. 3, Anders, f. 1687, ug., Ingjerd, f. 1691, s. n.  Nils dreiv fiske og anna yrke, men sat sverande tungt i det.  Han døydde i 1724 og Brita i 1715.

Arne Tomasson Hjelle, f. 1692, vart i 1720 gift med Ingjerd Nils dtr. Lyssand, f. 1691, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Ingjerd døydde alt i 1721, og Arne gifte seg att året etter med Marta Ols dtr. Hauge, f. 1688.  Marta vart heller ikkje gamall på Lyssand, då ho fall burt alt i 1733.  Arne gifte seg då att året etter med Anna Jons dtr. Hafskor frå Fusa, f. ikr. 1700. Av 8 born vaks berre eit einaste upp: Tomas, f. 1723, s. n.  Arne sat tungt i det likeins som fyremannen.  Kva tid han og siste kona fall frå, veit me ikkje.  Kannhenda døydde dei i åri 1759-60, som er burte i kyrkjebøkene for Os.

Tomas Arneson Lyssand, f. 1723, bygsla bruket etter faren i 1757. G. I 1757 Brita Engjels dtr. øvre Vågen frå Strandvik, f. ikr. 1735, d. 1770, g. II 1773 Kari Johannes dtr. Spansteigen, f. 1737.  Born: Marta, f. 1758, Johannes, f. 1759, Kari, f. 1766.  Tomas var ute i hertenesta i 1740 og 1750 åri, men slapp heimatt då han skulde gifta seg og ta garden.  Han sat sverande smått i det og streva hardt for å greida seg.  Alle borni vart spillesjuke og døydde på «Spetalen» i Bergen.  Tomas fall frå i 1801 og Kari i 1817.

Knut Bårdson Kuven, f. 1755, bygsla bruket her i 1792. G. 1793 Brita Johannes dtr. Røttingen, f. 1772. Born: Kari d. e., f. 1794, g. 1817 Johannes Røttingen, s. R. 2, Magdela, f. 1798, s. n., Kari d. y., f. 1801, g. 1836 Nils Hansson Røttingen, b. Haukanes i Austevoll, Lisbet, f. 1805, g. 1831 Lars Sundøy, s. Lepsøy 10, Kristi, f. 1810, g. 1844 e. Nils Hansson Røttingen, b. Haukanes. Knut dreiv med sjøen, men vart ikkje rik av det og sat like tungt i det som fyremennene.  I 1804 vart han innskriven i kystvernet og fekk eit spjot til å verja seg med.  Han døydde i 1837 og kona i 1833.

Knut Jonson Gjemdal, f. 1792, vart i 1818 gift med Magdela Knuts dtr. Lyssand, f. 1798, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Born: Jon, f. 1818, drukna i Vallaelvi 1832, Knut, f. 1822, skulehaldar, s. O. B. I 369, kom burt på sjøen 1840, Brita, f. 1826, g. 1851 Jon Dale, s. Berge 4, Kari, f. 1830, g. 1850 Jørgen Vinsjansson Buena, b. Bakervik (Nordvik) i Fana, s. F. B. 601, Jon, f. 1834, g. 1860 Magdela Røttingen, s. R. 3. Knut kjøpte bruket av prestebolet og vart sjølveigar i 1832, men han måtte låna heile kjøpesumen og det vart tungt for han å greida seg.  Han døydde alt i 1836.
Ekkja Magdela Knuts dtr. hadde so bruket eit par år.

Vigleik Steffenson Hauge, f. 1811, gifte seg med ekkja Magdela Knuts dtr. i 1838 og skøytte bruket.  Dei fekk ikkje born.  Vigleik døydde alt i 1840.  Magdela greidde ikkje sitja med bruket etter at ho vart ekkja pånytt og let det straks frå seg.  Ho døydde i 1875.

Ola Torbjørnson Synnestvedt, f. p. Lyssand 1805, kjøpte bruket i 1841 for 300 spd. og busette seg her.  G. 1834 Jørna Jørgens dtr. nedre Rød, f. 1808.  Av 8 born vaks 6 upp: Kristi, f. 1835, g. 1856 Jon Søfteland, s. S. 5, Torbjørn, f. 1837, s. n., Marta, f. 1841, g. 1879 Knut Samsonson Hjortland frå Kvinnherad, Agata Jørgina, f. 1847, g. 1872 Engjel Gjemdal, s. G. 1, Kari, f. 1850, g. 1872 fargar Engjel Andersson Hauge, b. Rosendal i Kvinnherad, Jørgen Olai, f. 1852, kjøpmann, g. b. Bergen.  I 1845 brann alle husi på bruket, og Ola bygde då uppatt dei husi som stend der no.  Ola var lærar i bygdi frå 1826, og då faren døydde i 1832, fekk han ogso klokkarposten etter han.  Ola var mykje vyrd i bygdi likeins som broren Henrik, s. br. 2, og hadde dei same hugmåli som han, s. O. B. I 329-30, 367, 442-43, 570, 588-89 o. fl. st.  Ola var med i heradstyret 1842-53, og i denne tidi var han ordførar i 4 og varaordførar i 2 år.  Han døydde alt i 1854.
Ekkja Jørna Jørgens dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1894.

Torbjørn Olson Lyssand, f. 1837, skøytte farsbruket i 1862 og vart brukar etter mori.  G. I 1865 Marta Hans dtr. Bjånes, f. 1846, d. 1892, g. II 1903 Marta Hans dtr. Ådland frå Fusa, f. 1853.  Born: Jørgina, f. 1871, dreiv handel i Bergen, d. ug. 1931, Guro, f. 1873, d. ug. 1891, Olina, f. 1875, g. 1914 sjømann Johan Gjesdal, b. Bergen, Henrik, f. 1877, s. n., Marta, f. 1879, g. arbeidar Karl Johnsen, b. Bergen, Kari, f. 1881, g. 1908 målarmeistar Ola Larsson Lunde, b. Bergen, Hansina, f. 1883, g. 1922 sersjant Oluf Ågård Johnsen, b. Bergen, Jørgen, f. 1885, murar, g. 1914 Olufina Leivestad, b. Bergen, Kristi, f. 1887, g. 1912 Lars indre Lekven, s. i. L. 3. Torbjørn var handelstyrar på Os forbruksforening i mange år, og sidan dreiv han eigi handelsverksemd på Osøyri, s. O. 5 og 14. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi, m. a. var han med i den fyrste likningskommisjonen i Os, var forlikskommissær i fleire år og sat i heradstyret 1880-83, s. O. B. I 547, 579, 600 o. fl. st.  Torbjørn døydde i 1914 og siste kona i 1936.

Henrik Torbjørnson Lyssand, f. 1877, skøytte farsbruket i 1895.  I 1902 selde han bruket og reiste til Amerika, s. O. B. I 45.

Lensmann Harald Othar Svenke, f. 1871, kjøpte bruket i 1902 og busette seg her.  Sjå um han og huslyden O. B. I 558—59. I 1906 selde han bruket att og flutte til Hauge, s. H. 14.

Lars Monsson Lyssand, f. 1866, som hadde grannebruket, kjøpte ogso dette bruket i 1906. Sjå um Lars under br. 4.

Lars Larsson Lyssand, f. 1891, skøytte bruket etter faren i 1925 og hev det no.  G. 1918 Anna Anders dtr. Bø, f. 1896.  Born: Lars, f. 1919, trearbeidar, Alfred, f. 1920, gardsarbeidar, Karl, f. 1924, Ingebjørg, f. 1932.  Lars hev drive med ymse anleggsarbeid attåt gardsbruket.



LYSSAND 4.

Amund Pederson Bø, f. 1718, vart i 1740 gift med Herborg Pauls dtr. Lyssand, f. 1717, og fekk bygsla fjordeparten av vermori sitt bruk, s. br. 2.  Amund var tambur, og i skiftebøker og elles finn me han skriven berre som «Amund tambur».  Han stod ogso skriven som «korporal» i heren.  I 1754 flutte han frå Lyssand til Tømmernes, s. T. 1, og seinare til Utgjerdet ved Lysekloster, s. L. 5.  Ein finn meir um han og huslyden hans der.

Bagge Baggeson nedre Vågen frå Strandvik, f. ikr. 1723, bygsla bruket i 1755. G. I 1754 Marta Johannes dtr. Tveit, f. 1733, d. 1784, g. II 1786 e. Mari Samsons dtr. Berge frå Ølve, f. p. Lygre ikr. 1728.  Born: Magdela, f. 1757, g. 1785 Hans indre Haugland, s. i. H. 1, Johannes, f. 1766, s. n.  Eit barn døydde tidleg.  Bagge dreiv med fiske og sat tolleg godt i det.  Han døydde ikr. 1790.  
Ekkja Mari Samsons dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen fall frå.  Ho døydde i 1803.

Johannes Baggeson Lyssand, f. 1766, bygsla bruket etter mori i 1792.  G. 1794 Gjertrud Anders dtr. Øvredal, f. 1768.  På 14 år fekk dei 10 born, og 6 av dei vaks upp: Marta, f. 1794, g. 1827 Halvard Bjørnen, s. B. 2, Anders, f. 1796, s. n., Bagge, f. 1798, g. 1826 Gjertrud Klosteret, s. Klyva 1, lngeleiv, f. 1801, g. 1839 Halvard Røttingen, s. R. 11, Johannes, f. 1803, d. ug. 1827, Ola, f. 1808, s. br. 6. Johannes sat sverande tungt i det og streva hardt for å livja den store huslyden sin.  Han døydde alt i 1809.  

Peder Johannesson Steinsland frå Samnanger, f. ikr. 1763, vart i 1810 gift med ekkja Gjertrud Anders dtr. og fekk bygsla bruket.  Dei hadde ikkje born.  Peder dreiv med sjøen og greidde seg på garden.  Han døydde i 1831 og kona i 1830.

Anders Johannesson Lyssand, f. 1796, vart brukar etter mori og stykfaren.  I 1832 kjøpte han bruket av prestebolet for 200 spd.  G. 1831 lngeleiv Ols dtr. Øvredal, f. 1802.  Born: Peder, f. 1834, sjømann, g. 1864 Torine Severine Ellingsen, b. Bergen, Johannes, f. 1836, sjømann, g. 1866 Dortea Helene Petersen, b. Bergen, Kari, f. 1841, g. 1873 Andreas Samuelsen frå Årstad, Ola, f. 1846.  Ein gut døydde ung.  Anders måtte låna alle pengane til jordkjøpet, og det vart tungt for han å greida seg.  I 1845 brann ogso storparten av husi hans upp og skuldi vaks.  Ved skiftet etter han vart bruket verdsett til 250 spd., men skuldi var 300 spd.  Elles var han ein vyrd mann og vart jamt nytta som takstmann i bygdi.  Anders døydde i 1848.  
Ekkja lngeleiv Ols dtr. hadde so bruket eit par år.

Eivind Eivindson Skåtun frå Strandvik, f. 1821, gifte seg med ekkja lngeleiv Ols dtr. i 1850 og busette seg her.  lngeleiv døydde alt året etter, og då Eivind ikkje hadde fenge skøyte på bruket, flutte han burt i 1854.  Han vart sidan gift att og vart paktar på Os prestegard.  I 1864 flutte han til Kalvetræ, s. K. 1, der ein finn meir um han og huslyden.  

Mons Larsson Berge, f. 1823, kjøpte bruket i 1854 for 550 spd. og vart brukar her.  G. 1854 Ingeborg Lars dtr. Bø, f. 1825.  Av 7 born vaks 4 upp: Kristina, f. 1858, d. ug. 1883, Marta, f. 1860, g. 1882 Hans Eide, s. E. 1, Johanna, f. 1864, g. 1888 Lars indre Moberg, s. i. M. 3, Lars, f. 1866, s. n.  Mons var smed og hadde ymse tillitsyrke i grendi.  Han døydde i 1887 og kona i 1895.

Lars Monsson Lyssand, f. 1866, skøytte bruket etter faren då han døydde.  G. 1888 Kristi Lars dtr. indre Moberg, f. 1869.  Born: Mons, f. 1889, s. n., Lars, f. 1891, s. br. 3, Kristian, f. 1893, g. 1915 Elen Heggland, s. Hauge 15, Ingvald, f. 1895, g. 1918 Brita Hjelle, s. H. 1, Martin, f. 1898, s. br. 20, Laura, f. 1901, g. 1927 Ola Våge, s. Bø 1, Ingeborg, f. 1905, g. 1930 Lars Borgen, s. B. 1. Lars dreiv smedverksemd likeins som faren.  I 1906 kjøpte han grannebruket og hadde det nokre år tildess andre sonen overtok det, s. br. 3.  Lars hev havt ymse kommunale yrke og var med i heradstyret 1911-16.

Mons Larsson Lyssand, f. 1889, skøytte farsbruket i 1925 og er brukar no.  G. 1913 Anna Nils dtr. Lunden, f. 1885.  Born: Maria, f. 1915, g. 1936 Håkon Askvik, s. indre Moberg 23, Nils, f. 1917, trearbeidar, Lars, f. 1918, trearbeidar, Kristian, f. 1920, sjauffør, Ingolf, f. 1921, trearbeidar, Magne, f. 1923, gardsdreng, Olav, f. 1925, Sverre, f. 1926, Jens, f. 1928.  Ein gut døydde ung.  Mons hev vore gardstyrar hjå andre samstundes som han stjorna sitt eige gardsbruk.  


LYSSAND 5 (Rasmusbakkane).  

Mattis Olson Heggland, f. 1738, festa i 1764 eit utmarkstykke millom Lyssand og Valle og busette seg her.  Rasmus Boga, som var brukar på Valle, gjorde motmæle og sa at stykket høyrde til hans gard, men då presten som hadde festa stykket burt, rådde over både Lyssand og Valle, vart det ikkje teke umsyn til motmælet.  Mattis vart stundom skriven for Mattis Lyssand og stundom for Mattis Valle.  G. 1762 Kari Nils dtr. Hjelle, f. 1736.  I 1776 flutte Mattis frå Lyssand, og han kom seinare til Lønningdal, s. L. 3, der ein finn meir um han og huslyden hans.  

Ola Johannesson Boga, f. ikr. 1740, vart busett anten hjå Mattis eller ein annan stad på Lyssand.  G. 1765 Johanna Ludvigs dtr. Synnestvedt, f. ikr. 1747, som var brordotter åt mannen på br. 2.  Born: Kari, f. 1766, g. 1804 Haldor Gullakson Midtmjelde frå Haus.  Ola døydde alt i 1766.  

Ola Nilsson, truleg f. p. Røykenes 1735, vart i 1767 gift med ekkja Johanna Ludvigs dtr. og fekk festa bruket her då Mattis flutte burt i 1776.  Ola, som var korporal, vart vanleg skriven for Ola Valle so lenge han var busett her.  Johanna døydde i 1793, og Ola gifte seg att året etter med Marta Ols dtr. Tveit, f. 1743.  Born: Ludvig, f. 1769, g. 1801 Brita Ols dtr. Os, Urbanus, f. 1771, Nils, f. 1774, Gjertrud (tvilling), f. 1776, Kristi, f. 1776, Dordi, f. 1778, g. 1812 Lars Erikson Husa i Kvinnherad, Otto, f. 1781, vart utskriven til sjøvernet i 1800 og var med i ufreden 1808-1814, Mari, f. 1784, Torbjørn, f. 1787, Jakob (tvilling), f. 1790, Ola, f. 1790.  Alle borni reiste ut, og me finn ingen av dei att i Os.  I 1778 flutte Ola frå bruket her og busette seg ein annan stad på Lyssand, s. br. 6.

Rasmus Olson Valle flutte kårstova si hertil og busette seg her, då han let bruket på Valle frå seg til sonen i 1778.  Stykket fekk no namnet «Rasmusbakkane» og fall attende til Lyssand då Rasmus døydde i 1790.  Sjå um han under Valle 1.


LYSSAND 6 (Lyssandbøen)

Lars Jonson Lunden, f. 1732, festa ei tuft ved Lyssandsjøen ikr. 1765 og busette seg her. Han hadde fyrr havt husvære heime på Lunden.  G. 1760 Herborg Johannes dtr. Sundøy, f. 1737.  Dei fekk ein son, Jon, f. 1768, som er nemnd som skulehaldar i 1804.  Det stend då skrive um han: «Er skoleholder og har skrivehaand, udskrives til kystvernet, har spyd som værge».  Herborg døydde på barseng då ho fekk sonen.  Lars var med i herferdi til Holstein i 1755-60 og hadde mykje å fortelja frå den tidi.  I Mikael Sandberg sitt spelstykke frå 1795, der Lars er ein av spelarane, vert det fortalt at Lars var bakar og at han stjorna kverni for lensmannen på Hauge.  Han døydde i eit av åri millom 1806 og 1815, då presten ikkje skreiv nokon døde inn i kyrkjeboki.  

Ola Nilsson Lyssand, som fyrr hadde vore busett på «Rasmusbakkane», s. br. 5, festa i 1778 eit jordstykke ved sjøen på «Lyssandhamaren» og flutte huset sitt hertil.  Sjå um han og huslyden hans under br. 5.  I bygdi gjekk Ola under namnet «Sorlaren», truleg avdi han surla og drakk so smått.  Skal ein tru kyrkjeboki, so døydde Ola tvo gonger.  Fyrste gong er i 1816, då presten hev skrive at Ola er død, 84 år gamall.  I 1821 hev presten atter skrive at no er Ola død, 88 år gamall.  Kva som er rett, veit me ikkje.
Ekkja Marta Ols dtr. var busett på bruket etter at mannen fall frå.  Ho døydde ikr. 1830.  

Ola Johannesson Lyssand, f. 1808, festa bruket då Marta døydde.  G. I 1831 Kristi Jons dtr. Lunden, f. 1809, d. 1832, g. II 1840 Inga Størks dtr. Ulven, f. 1815.  Born: Kristian, f. 1841, lærar, g. Anna Hans dtr. Bru frå Strandebarm, b. Ullensaker, s. O. B. I 377 og II 67-68, Synneva, f. 1843, Gjertrud, f. 1845, Inga, f. 1848, Anna f. 1855.  Tvo born døydde unge.  I 1857 flutte Ola frå Lyssand med kona og døtterne og busette seg på søre Ervik i Hamre. Bruket fall då attende til garden.


LYSSAND 7.  

Lensmann Claus Andreas Nieuwejaar, f. i Bergen 1816, kjøpte i 1851, då han vart lensmann i Os, eit jordstykke av br. 3 og busette seg her.  G. 1851 Gjertrud Gårmann Astrup Krüger frå Skjørsand i Fusa, f. 1831.  Sjå um huslyden hans elles O. B. I 558 og II 69.  Lensmannen var postopnar på Os i mange år, og då han døydde fekk dotteri Harriet yrket, s. Osøyri 32.  Han hadde ogso mange kommunale yrke i Os, var forlikskommissær i lang tid, valmann, rekneskapsførar o. a., og var med i heradstyret 1856-63 og 1868-75.  I 1873 kjøpte han ogso eit bruk på Hauge, s. H. 2.  Lensmann Nieuwejaar døydde i 1897 og kona i 1917.  Systerne Harriet, Klaudina og Elisa Nieuwejaar fekk skøyte på bruket etter faren i 1891.  Dei selde i 1915 til brigadelækjar Helge Myhre frå Bergen, som nytta eigedomen til sumarbustad.
Ekkja Tora Myhre har bruket no.  


LYSSAND 8 (Lyssandtræ).

Knut Johannesson Lundetræ, f. 1851, festa eit utmarkstykke av garden i 1874 og rydja og bygde her.  G. 1873 Brita Ols dtr. Nordvik frå Fana, f. 1849.  Born: Ola, f. 1874, Velina, f. 1877, Johannes, f. 1879, Johanna, f. 1882.  Det var vanskeleg for Knut å greida seg på det nye bruket, og i 1884 tok han huslyden med seg og reiste til Amerika, s. O. B. II 45.  Han tok ogso mori og systeri med, s. Lunden 4.

Henrik Steffenson Grindevoll, f. 1828, festa bruket då Knut reiste burt.  G. 1862 Kari Didriks dtr. Særvoll, f. 1832.  Dei hadde ikkje born.  Henrik var nokre år lærar i Os, s. O. B. I 349 og 369, men vart so klokkar i Davik, Nordfjord, der han var frå 1862 til 1884.  Då han tok avskil, flutte han attende til Os og busette seg her.  Henrik døydde i 1900 og Kari i 1885.  

Ola Ivarson Lepsøy, f. 1854, festa bruket i 1891 og kjøpte det i 1905.  G. 1876 Gurina Jens dtr. Særvoll, f. 1848.  Born: Olina, f. 1875, g. 1898 Peder Kuven, s. K. 10, f. 1878, s. br. 12, Brita, f. 1883, syerske, d. ug. 1916, Ivar, f. 1885, g. 1907 Mary Osnes, s. Osøyri 30.  Ola var sjømann i mange år og vart seinare bryggjearbeidar i Bergen.  I 1906 selde han bruket, men tok undan eit stykke og skipa der nytt bruk, s. br. 12, der det vert nemnt meir um han.

Nils Godskalkson Kroka (Kysnes) frå Strandebarm (Frå Mauranger?), f. 1876, kjøpte bruket av Ola i 1906 og hev det no.  G. 1904 Berta Mons dtr. Solbjørg frå Samnanger, f. 1880.  Born: Godtfred, f. 1905, i Amerika, gift med ei finsk gjenta, Mons, f. 1911, snikkar, g. 1939 Klara Berges dtr. Bjørkhaug (Nordstrønen), Sigurd, f. 1913, linjearbeidar, g. 1935 Marta Lars dtr. Grave frå Voss, (born: Birgit, f. 1936, Kristi, f. 1938), Bernt, f. 1919, sjømann, Emma, f. 1922, Tomas, f. 1927. Tvo born døydde unge.  Nils hev drive gartnararbeid o. l. attåt gardsbruket.  Berta døydde i 1940.


LYSSAND 9 (Knausen).  

Frk. Fanny Schnelle frå Bergen kjøpte i 1894 ein part av br. 1 og bygde seg sumarbustad her.  Ho hev vore lærarinna i Bergen og hev enno eigedomen.  


LYSSAND 10 (Breidablik).  

Torstein Lunde og kona Ragna Lunde kjøpte i 1900 eit stykke av br. 4 og bygde på stykket.  Sjå um dei under Hauge 6, Solstrand, der dei vanleg var busette og hadde yrket sitt.  

Frk. Maria O. Fløysand frå Meland, f. 1882, kjøpte bruket i 1915 og busette seg her.  Ho dreiv strikkeforretning saman med systeri Randina, f. 1896, tildess ho selde i 1921 og flutte heimatt til Fløksand.  

Kjøpmann Henrik Platou og kona Annie Sylvesta Platou frå Bergen kjøpte eigedomen i 1921 og nytta han til sumarbustad.  Dei selde att i 1925 til agent K. Hegland frå Bergen, og dotter hans Else Jorunn Malena Rustung Hegland fekk skøyte på bruket.  
Byggmeistar Haldor Eide frå Bergen kjøpte so bruket i 1931 og er eigar no.  Han nyttar likeins som dei tvo fyremennene eigedomen til sumarbustad.  


LYSSAND 11 (Solhaug).

Guro Martins dtr. Lyssand, f. 1887, skøytte i 1902 ein part av farsbruket, saman med eit hus som stod på eigedomen, og er no busett her.  Ho bygde i 1930 ei handelsbud på eit jordstykke, som ho då kjøpte av br. 2, og hev sidan drive landhandel.  Broren Vinsjans og systeri Borghild, s. br. 1, er ogso busette her.


LYSSAND 12 (Lyssandhamaren, Lyssandtræ).  

Ola Ivarson Lepsøy, f. 1854, tok undan eit jordstykke, då han selde bruket sitt i 1906, og bygde på stykket.  Sjå um han under br. 8.

Brita Ols dtr. Lepsøy (Lyssandtræ), f. 1883, fekk skøyte på bruket hjå faren i 1909.  Brita var syerske.  Ho døydde alt i 1916.  

Ola Ivarson Lepsøy skøytte bruket att i 1921, etter at ei onnor dotter hans Olina Svendsen, s. Kuven 10, hadde vore eigar nokre år.  Ola døydde her i 1937 og kona i 1933.

Johannes Sivertson Sundvor frå Strandvik, f. 1871, og kona Anna Ols dtr. Lepsøy (Lyssandtræ), f. 1878, skøytte bruket etter far åt kona i 1937 og er eigarar no.  Dei vart gifte i 1901.  Born: Eirik, f. 1902, redaksjonsekretær, g. 1927 Helena Leknes, b. Trondheim, Olav, f. 1905, journalist, g. 1931 Gunnbjørg Lind, b. Bergen, Johannes, f. 1907, politimann i Laksevåg, g. 1939 Maria Strømmen, Gudrun, f. 1909, g. 1937 arkitekt Ludolf Eide Parr, b. Haugesund, Metta (tvilling), f. 1913, sjukesyster, Jens, f. 1913, student, Anna, f. 1922, hushjelp.  Johannes Sundvor var politibetjent i Bergen til han tok avskil i 1931, og han hev Kongens fortenstmedalje for godt arbeid.  Han er soge- og ættegranskar, og mykje av det som er nemnt i denne boki er leita fram i dei store samlingane hans.  


LYSSAND 13 (Lysheien).  

Mons Henrikson Lyssand, f. 1890, skøytte i 1915 ein part av farsbruket, der han bygde og busette seg.  G. 1912 Bergljot Johannes dtr. Fosse, f. i Bergen 1892.  Born: Henrik, f. 1912, målar, g. 1939 Margit Mons dtr. Hauge, Harald, f. 1914, d. 1940, Johannes, f. 1915, kontormann, g. 1940 Eldbjørg Kristians dtr. Aksnes, Molda, Anna f. 1917, hushjelp, Torbjørn, f. 1922, målar, Helga, f. 1924, Bergljot, f. 1926. Mons er målar.  Han hev i mange år vore styrar og instruktør for musikk- og songlag i Os.  


LYSSAND 14 (Lyssandfjæren).  

Konsul Johan Gran frå Bergen kjøpte i 1916 ein part av br. 1 og 2.  Han døydde fyrr det vart bygt på bruket, og dette vart i 1931 selt til Ola Eivindson Moberg, Hauge.  Sjå um han under Hauge 5.

Advokat J. Hagelsteen kjøpte storparten av bruket i åri 1932-35 og bygde her.  Han nyttar eigedomen til sumarbustad.  


LYSSAND 15 (Fossheim).  

Johan K. Fjeld frå Gaular i Sunnfjord, f. 1889, kjøpte ei tuft av br. 8 i 1924, men han selde att fyrr han fekk bygt hus på tufti.  G. 1911 Maria Bertels dtr. Lunden, f. p. Osøyri 1888.  Born: Agnes f. 1908, Kitty, f. 1912, Ola, f. 1913, Solveig, f. 1915, Edit, f. 1917, Kristoffer, f. 1919.  Johan var steinarbeidar.  I 1926 flutte han frå Os og busette seg i heimbygdi.  

Reinholdt Østrem frå Austrheim, f. 1884, kjøpte bruket i 1926 og bygde på tufti.  G. 1909 Maria Helgesen, Osøyri, f. 1890.  Born: Karen, f. 1909, g. 1940 bygningsmann Ragnvald Olaison Heggland, b. Fana, Jussie, f. 1912, g. 1932 fiskehandlar Magnus Korneliusson Håland frå Fjaler, (born: Kate, f. 1933), Roll, f. 1913, trearbeidar, g. 1936 Magny Hagesæter, (born: Bjørn, f. 1937), Ruth, f. 1915, g. 1939 snikkar Gustav Eilefson Lund, s. Os 38, Jakob, f. 1926.  Reinholdt var ei tid smed på Osbanen og hev seinare vore gards- og jord- arbeidar.  


LYSSAND 16 (Lutvin).  

Peder Henrikson Lyssand, f. 1891, kjøpte i 1928 ein part av broren sitt bruk og busette seg der i eit hus som faren hadde sett upp.  Han hadde fyrr vore busett i Haugesund o. a. st.  G. 1932 Kornelia Jakobs dtr. Eide frå Haugesund, f. 1910.  Peder er gartnar og driv med hagebruk.  


LYSSAND 17 (Vetlabråtet).  

Henrik Henrikson Lyssand, f. 1903, fekk i 1933 utskilt eit stykke av broren sitt bruk og bygde på stykket.  G. 1931 Signe Rasmus dtr. Samnøy frå Fusa, f. 1912.  Born: Reidar, f. 1932, Annbjørg, f. 1934, Berit, f. 1936, Herdis, f. 1938.  Henrik er målar.  


LYSSAND 18 (Eikebakken).  

Paul Andreas Paulsen frå Bergen, f. 1896, kjøpte i 1934 ein part av br. 14 og bygde her.  G. 1930 Synneva Hans dtr. Sten, Bø, f. 1900.  Born: Maria, f. 1931, Paul, f. 1934.  Paul er styrmann og reiser i utanriks fart.  


LYSSAND 19 (Solglytt).  

Nils Nilsson Midtsæter, f. 1895, kjøpte i 1935 eit stykke av br. 1, der han bygde og busette seg.  G. 1928 Agnes Mons dtr. Hauge, f. 1898.  Born: Norvald, f. 1929, Marit, f. 1931.  Nils er tilsett uppsynsmann ved riksveganleggi i Hordaland fylke.  


LYSSAND 20 (Leite).  

Martin Larsson Lyssand, f. 1898, kjøpte i 1935 ei tuft av eldste broren sitt bruk og vart buande her.  G. 1925 Agnes Jons dtr. Høysæter frå Bruvik, f. 1902.  Born: Kirsten, f. 1926, Jonn, f. 1929.  Martin er sjauffør på Osbanen sine rutebilar.  


LYSSAND 21 (Heimly).  

Matias Vefring frå Vevring i Sunnfjord, f. 1908, kjøpte ein part av br. 14 i 1938 og bygde på bruket.  G. 1935 Ruth Johannessen, Bø, f. 1910.  Born: Unni, f. 1936.  Matias er trearbeidar.  


LYSSAND 22 (Granbakken).  

Ola Johannesson Bø, f. 1903, kjøpte eit stykke av br. 14 i 1938 og busette seg her.  G. 1927 Gerda Bratland frå Fana, f. 1905.  Born: Frank, f. 1928.  Ola hev vore gartnar og driv no med jord- og steinarbeid