Søfteland

Frå OS SOGA II side 146 – 178

8.  SØFTELAND

Kva namnet Søfte — kjem av er heilt uvisst.  Det er fleire gardsnamn i landet som byrjar med Søf – eller Syfte -, og ein hev tenkt seg at dei kjem av eit gamallnorsk mannsnamn Sviptir e.l.  Det er ogso gissa på at namnet kann korna av svipta, snu eller gjera vending, soleis som elvi gjer her.  Det siste tykkjest meir rimeleg.  Men truleg kjem namnet av eit gamallt og no gløymd namn på Søftelands-vatnet (Vindalsvatnet), likeins som me tore tru at Gåssand hev fenge namnet sitt av eit gamallt namn på Gåssand-vatnet.

Uttale: Sø’ftelann.  Skrivemåtar:  Swetteland (1519), Soffteland (1521), Søffttlanndt (1591), Støfflanndt, Støffeland, Heffteland (1610), Søfftelaandt, Søfteland (1621), Seffteland, Søvteland, Søbteland, Søpteland, Sypteland o. fl. skrivemåtar.
Eikhaug er skriven m. a.: Eighoug (1657), Echou, Eghou, Egehoug, Eggehoug, Eighoigen, Eichhoug (1723), Enghouff (1727).

Garden ligg på dei flate vollane nordanfyre Vindalsvatnet, på vestsida av Oselvi, der ho gjer ein sving austover att for å falla ut i Gåssandvatnet.
Eikhaug, som tvillaust er uppteken frå Søfteland, var sjølvstendig gard i 1600 åri.  Ikring 1700 fall garden attende til Søfteland, som han grensar heilt upp til på nordsida, og hev sidan vore ein lut av denne garden.
Søfteland var Lyseklostergard tildess han i 1872-77 vart kjøpt av brukarane.

Or gamle matriklar og teljingar:
Søfteland.  1668: Såar 8 tønder, afler 30 tønder, god brendeskoug till med tiere (tjøra) og kullbrenden, paalagt at plante homblehagge.  1723: Ingen sætter men skoug til gaardens reparation og fornøden brendefang, ingen fiskeri, men 2 smaa flomqverne allene til opsiddernes fornødenhed!
Aarvand og uvis til korn, dog maadelig letvunden.  Har ingen næring uden gaardens aufl, hvor med de farer til byen og giør samme i penge, men ellers har stor incommodite af den ved gaarden flydende elf, som dels bryder noget af engen.  1865: Haver 19½ mål dyrket åger og eng, deraf 11 maal god, 7 maal middels og 1½ maal slet, 181 maal naturlig england, deraf 40 god, 52 middels og 89 maal slet, dyrkbart england 31 maal.  Haver skov til husbrug, men kun 2 opsiddere sælger furu og birk for 6 spd. aarlig, føder 2½ kjør og 1½ ungnød med lyng, gaarden er meget letbrugt og almindelig drevet.
Eikhaug.  1668: Saar 1 tønde, afler 4 tønder, hafe brendeskoug, paalagt at plante homblehagge sampt at røde og forbedre gaarden, thi der ehr god pladtz og leylighed till.  1723: Bruges af Søftelands opsiddere.  Ingen sætter, skoug til huusenes reparation og brendefang ei videre, ingen qvern eller fiskeri.  1865: Haver 3 maal dyrket åger og eng, hvoraf intet godt, 72 maal naturlig england, hvoraf 65 maal slet, af dette er 35 maal dyrkbart england.  Kun brendeskov, ½ kjør fødes ved lyng, letbrugt og mindre godt drevet. 
Bergstø.  1865:Haver 2½ maal dyrket åger og eng hvoraf intet godt, 38 maal naturlig england, hvoraf 2 maal godt, 9 middels og 27 slet, intet dyrkbart, haver kun brendeskov, er letbrugt men mindre godt drevet, haver en 23 maal stor myr nu udyrket.

Busetnad og buskap

 Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.skje,tar.fe.ler.ter. korn.poteter.
16574 229212     
16684 543   9tun.  
17234 43712   »  
1800424         
18354284242420 12»6tun.
186564054111146421»22»
1900208284865 108,5»82hl.
19204316176053 1322,8mål26mål
19305019895811361158,3»23,3»
1939           

SØFTELAND 1.

Magnus pa Swetteland (Magnus Søfteland) var brukar på garden i 1519 saman med grannen Anders, og er dei fy ste menn på garden som me veit namnet på.  I 1563 er brukaren her skriven for Mons, og er kannhenda den same Magnus Søfteland, som hadde bruket i 1519 og 1521.

Jon Søfteland var brukar i 1591 og hadde bruket til 1610.  Jon hadde ein dreng som heitte Grim, og som lagde skatt, noko som var sjeldan millom drengjer i Os.  Drengjeløni her var so liti, at det var ikkje noko å leggja skatt av.  Jon sjølv sat smått i det.  I 1611 måtte han ut i herferd til svenskegrensa, til Svinesund, og det er det siste me høyrer um han.  Truleg kom han ikkje heimatt, men døydde under herferdi.

Kolbjørn Søfteland vart brukar i 1612.  Attimillom er han skriven for Kolbein, men rette namnet er truleg Kolbjørn.  Han sat tolleg godt i det, men fall frå alt i 1618.

Jakob Søfteland vart brukar etter Kolbjørn, truleg vart han gift med ekkja hans.  Jakob sat smått i det.  Truleg greidde han seg ikkje på bruket, som han hadde berre til 1624.

Christopher Chøller fekk heile Søfteland i 1625.  I 1628 og 1630 var han skriven for Christoffer Tøller og seinare vart han skriven som Christoffer Søffthelanndt.  Me finn ikkje noko ætt med slikt namn i Bergen på dei tider.  Truleg var han tollar i Bergen, og rette namnet er soleis Kristoffer tollar (tøller).  Kristoffer hadde garden til 1633.

Ola Søfteland som hadde vore dreng hjå Kristoffer fekk dette bruket i 1634.  Han var gift med ei som heitte Kristi.  Ho var fødd ikring 1614, men meir veit me ikkje um henne.  Av borni kjenner me tvo, Rasmus, f.ikr.  1634, s.  br.  3, og Bård, f. ikr. 1639, g. 1668 Ingeleiv Bjånes, s. B. 1.  Ola lagde berre halv skatt dei fyrste åri, men seinare lagde han skatt som dei beste bønder i bygdi.  Han døydde alt i 1644. 
Ekkja Kristi Søfteland hadde so bruket eit par år.  Ho hadde då taus og dreng på garden. 

Peder Søfteland vart gift med ekkja Kristi i 1646.  Han vart skriven for «gamle Peder» til skilnad frå «unge Peder» på br . 3, og hev soleis vore ein gamall mann då han vart gift til Søfteland.  Han døydde alt i 1648. 

Jakob Søfteland vart gift med ekkja Kristi i 1649 og fekk bruket.  Dei fekk ein son, Ola, f. 1653.  Truleg var ogso Barbru Særvoll, s. S.  4, dotter deira.  Jakob var fatigmann og skattefri.  Han døydde alt i 1656.
Kvar dei her nemnde brukarane var frå veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje noko til ætti deira.  Grannane på garden, Daniel og Peder Søfteland, stjorna bruket dei fyrste åri etter at Jakob døydde.  I 1660 tok ekkja
Kristi Søfteland atter styringi av bruket, og hadde dette saman med sonen Ola radt til 1690.  Kristi døydde i 1699.

Lars Hansson Hjelle, f.  1669, bygsla bruket etter Kristi.  G. 1692 Guro Daniels dtr.  Søfteland, f. 1647.  Dei fekk tvo døtre som begge døydde unge.  Lars sat ei tid tolleg godt i det, men det minka med medelen etterkvart.  Han kjøpte garden Gjemdal, men til dette måtte han låna mykje pengar, og då han nett fyrr sin død i 1753 selde Gjemdal att til lensmannen Vinsjans Hauge for 100 daler, so vart dette forlite til å betala lånet attende.  Lars døydde i 1753 og Guro i 1739. 

Anders Andersson, som fyrr hadde vore dreng hjå Lars og sidan 1739 havt bruk på Røykenes, vart gardstyrar for Lars i 1744 og fekk bygsel på bruket i 1746.  Kvar Anders var frå veit me ikkje.  G. 1739 Brita Hans dtr. Molda, f. 1715.  Born: Guro, f. 1739, d. ung, Lars, f. 1741, Hans, f. 1744, tok borgarskap som felemakar i Bergen 1770, Anders, f. 1748.  Anders kom rett som det var i strid med jordeigaren, godseigar Formann.  I 1744 var Anders i brudlaupet åt Vigleik Sjøbøen, og då han der hadde sagt si hjartans meining um Formann, samstundes som han gav drengjen hans, Lars Nordvik, dugeleg pryl, so fekk han ei stor bot.  I 1749 måtte han segja bruket frå seg og flytja frå Søfteland.  Me finn han ikkje meir i Osbygdi. 

Johannes Johannesson Kolle frå Fusa, f. 1721 på Ådland i Samnanger, bygsla bruket då Anders flutte i 1749.  G. 1750 Marta Ols dtr. Ådland frå Samnanger, f. 1720.  Dei fekk 5 born, men berre sonen Johannes, f. 1753, vaks upp, s. br.  5.  Johannes var ein drivande kar, han sat godt i det, og hadde den største buskapen i bygdi på dei tider.  Han døydde alt i 1765.  Ekkja Marta Ols dtr.  hadde so bruket nokre år. 

Mons Olson Søfteland, f. 1742, vart i 1769 gift med ekkja Marta Ols dtr. og bygsla bruket i 1771.  Marta døydde i 1782 og Mons gifte seg att året etter med Eli Hans dtr. Lunden, f. 1753.  Born: Ola, f. 1754, s. n., Marta, f. 1787, g. 1820 Jon Bø, s. B 6, Anna, f. 1788, d. ug., Kari, f. 1790, g. 1836 Anders Bø, s. Bø 6, Hans, f. 1794, døydde 1802 av eit økkel som vaks inn i auga på han, Mons, f. 1796, d. ung.  Mons var skulehaldar i Ossokni, men slutta med skulen då han gifte seg, s. O.  B.  366.  Det vart i hans tid halde ettersyn av alle kvernar i Osbygdi, og på Søfteland hadde dei då 2 eldgamle kvernhus.  Mons sat tolleg godt i det, men trass at han hadde vore skulemeistar i fleire år, so fanns det ikkje ei bok i huset etter han.  Han døydde i 1811 og Eli i 1824. 

Ola Monsson Søfteland, f. 1784, vart brukar då faren døydde.  G. 1818 Anna Lars dtr. Hjelle, f. 1790.  Dei hadde ikkje born.  Ola var postbonde på Søfteland og hadde på seg, saman med grannen Johannes, å skyssa posten sørover til Hatvik og nordover til Byrkjeland.  Ola var uheppen med postturane sine.  I 1828 vart det stole 300 spd. or postsekken på vegen frå Stavanger til Bergen, og då Ola eller drengjen hans ogso hadde ført denne sekken i ruta Søfteland – Byrkjeland, so måtte han for retten saman med dei andre postbøndene.  Det var ogso i hans posttur at drengjen hans, Jon Røykenes, vart påteken og rana utanfyre Hatvik i 1832, s. O. B.  672.  I 1833 vart hovudvegen lagt um frå Søftelandstunet sørover til bøgjerdet, som stod 399 alner sør for Johannes si løda, der umleggjingi tok til.  Ola hadde ein skinflor og eit smalehus ved bøgjerdet, og han måtte flytja smalehuset og ein stall heime i tunet for vegen si skuld.  Vegen vart bygd 8 alner breid, og Ola og Johannes, som måtte lata grunn til vegen, fekk for denne ein skjeling for kvar alen i firkant.  Ola døydde i 1852 og kona i 1862. 

Hans Olson Sørstrønen, f. 1823, vart brukar etter Ola.  G. 1851 Elen Marie Ask (far: kaptein Bætzmann på Kuven), f. 1822.  Dei hadde ikkje born.  Hans vart ikkje gamall.  Han fekk spillesykja og døydde alt i 1863. 

Johannes Rasmusson Haukeland, f. 1831, vart i 1864 gift med ekkja Elen Marie Søfteland og fekk bruket.  I 1872 kjøpte han bruket av Lysekloster for 575 spd.  Born: Hans, f. 1865, s. n., Anna, f. 1867, d. 1882.  Ein gut døydde tidleg.  Johannes var ein dugande jordbrukar og var millom dei fyrste i bygdi som fekk påskyning for jordbruk og beisteal, s. O. B. 169.  Attåt gardsarbeidet laga han treskuflor o. a.  Johannes døydde i 1909 og kona i 1915. 

Hans Johannesson Søfteland, f. 1865, skøytte farsbruket i 1886.  G. 1885 Nilsina Nils dtr. Nordvik frå Fana, f. 1862.  Born: Nils Olai, f. 1889, s. n., Anna, f. 1892, s. br. 2, Johannes, f. 1895, styrar av Brandsøy planteskule, g. 1924 Engelina Nils dtr. Bergstø, Borghild, f. 1897, g. I. 1919 Jon Johannesson Haukeland, g. II.  1924 skogforvaltar i Torridal Laurits Sølvberg, Hans, f. 1899, s. br. 44, Hilda, f. 1902, Nancy, f. 1904.  Ein gut døydde ung.  Hans dreiv i mange år med handel og slakting, men i den siste tidi arbeidde han på planteskulen.  Han døydde i 1934 og kona i 1936. 

Endre Rasmussen frå Bergen kjøpte bruket i 1903.  Han selde straks storparten av bruket til son åt den fyrre brukaren, s. n., men heldt att ein part, s. br. 20. 

Nils Olai Hansson Søfteland, f. 1889, kjøpte storparten av farsbruket att i 1905 og hev det no.  G. 1916 Ingeborg Mons dtr. Sørstrønen, f. 1891.  Born: Håkon, f. 1917, Magne, f. 1919, Helga, f. 1920, Kåre, f. 1923, Nils, f. 1925, Einar, f. 1930.  Ein gut døydde ung.  Nils er arbeidsformann på Eikhaug planteskule. 

SØFTELAND 2.

Anders Søfteland var brukar på garden i 1519 saman med grannen Magnus, s. br. 1.

Åntonius Søfteland var brukar i 1563.  Namnet er tvillaust kome frå Bergen og kannhenda mannen med.

Fabian Søfteland var brukar i 1591.  Fabian var truleg son åt Åntonius, og dette namnet kom ogso frå Bergen.  Namnet Fabian vart brukt ei tid utover i Osbygdi, og hev tvillaust sitt upphav frå Fabian Søfteland.

Hans Søfteland var brukar i 1597, men me finn han ikkje nemnd seinare.

Anders Søfteland var brukar i 1603 og Endre Søfteland frå 1605 til 1610.

Paul Søfteland er nemnd i 1611, då han måtte fara til Svinesund saman med dei andre hermennene i Os for å vera med i Kalmarkrigen.  Um Paul var brukar, eller um han berre var son eller dreng på garden er uvisst.  Men truleg var han brukar, då me ikkje finn nokon annan nemnd her det året.  Me finn ikkje Paul nemnd seinare, og han kom truleg ikkje att frå herferdi. 

Kolbjørn Søfteland hadde so heile garden frå 1612 til 1616, s. br. 1. 

Ivar Søfteland vart brukar her i 1617.  Han lagde skatt som ein vanleg bonde dei fyrste åri, men seinare lagde han berre husmannskatt. 

Christopher Chøller fekk heile garden i 1625.  Sjå um han under bruk 1. 

Rasmus Søfteland fekk dette bruket i 1634.  Han døydde alt 3 år etter. 

Me kjenner ikkje noko til dei ovannemnde brukarar og veit ikkje kvar dei var frå.  Sume var kannhenda berre paktarar og ikkje bygslemenn, då kvar av dei hadde bruket so stutt tid.

Daniel Jakobson Borgen, f. ikr. 1618, vart brukar i 1638.  Kona som heitte Magdela, f. ikr. 1616, var tvillaust ekkja etter Rasmus.  Magdela var truleg frå Hålandsdalen og høyrde til Gjønætti.  Daniel åtte i 1640 åri ein laup jord i Gjøn og eit spand jord i Øvredal, noko som han tvillaust hadde fenge med kona.  Daniel og Magdela hadde mange born, og me kjenner 11 av dei: Kari, f. ikr. 1640, g. 1675 Ola indre Tven, s. i. T. 1, Marta, f. ikr. 1642, g. 1672 Mikkjel indre Moberg, s. i. M. 1, Kristi, f. ikr. 1644, g. 1670 Anders Lyssand, s. L. 2, Nils, f. ikr. 1645, s. Haukeland 1, Guro, f. ikr.  1648, g. 1692 Lars Hjelle, s. br. 1, Ingjerd, f. ikr. 1650, g. 1676 Rasmus Søvik, s. S. 2, Anna, f. ikr. 1652, g. 1680 Erik Sanden, s. S. 1, Mari, f. ikr. 1654, g. 1685 Jon Nordstrønen, s. N. 1, Rasmus, f. 1656, Lars, f. 1658, s. n., Jakob, f. 1660, g. 1680 Marta Midtsæter, s. M. 1.  Brita Daniels dtr., f. ikr. 1660, g. 1681 Nils Gåssand, s. G. 1, var truleg ogso dotter deira, men meir uvisst er det um Kari Daniels dtr. Kuven, s. K. 1, var frå Søfteland.  Daniel døydde i 1690 og Magdela i 1700. 


Lars Danielson Søfteland, f. 1658, vart brukar etter faren i 1684.  G. 1685 Kari Johannes dtr. Hatvik, f. 1666.  Born: Mari, f. 1687, g. 1710 Anders Lyssand, s. L. 1, Magdela, f. 1689, g. 1720 Hans Øvredal, s. Øvreide 2. Lars døydde alt i 1691. 
Ekkja Kari Johannes dtr. hadde so bruket eit par år. 

Helje Olson Tveit, f. 1669, vart i 1693 gift med ekkja Kari Johannes dtr.  og fekk bruket.  Dei fekk ei dotter Lisbet, f. 1694, g. 1718 Mikkjel Kuven, s. K. 3.  Helje vart heller ikkje gamall på garden, då han døydde alt i 1696. 
Ekkja Kari Johannes dtr. vart atter styrar av bruket i nokre år.  I 1700 gifte ho seg att med Erik Øvreide, s. Ø. 1, og flutte då frå Søfteland. 

Jørgen Nilsson indre Moberg, f. 1675, bygsla bruket i 1700 då Kari flutte.  G. 1700 Agneta Eriks dtr. Øvreide, f. 1672.  Agneta var dotter åt den nye mannen til Kari Johannes dtr., og fekk soleis bruket etter stykmori.  Born: Nils, f. 1701, sjømann og kom ikkje heimatt, Gjertrud, f. 1703, g. Ola Sandvik i Bergen, Magdela, f. 1706, d.  ug., Erik, f. 1710, d.  ug.  Guro, f. 1712, g. «Ola tidig» i Bergen.  2 born døydde unge.  Jørgen greidde seg ikkje på bruket, og i 1706 flutte han frå Søfteland.  Han var sidan busett på Bahus i Fana, der han døydde ikr. 1716. 

Nils Tomasson Fjelltveit frå Fana, f. ikr. 1678, vart brukar her då Jørgen flutte.  G. 1704 Kristi Rasmus dtr. Søfteland, f. 1677.  Born: Magdela, f. 1705, g. 1723 Størk Sælen, s. S. 1, Anna, f. 1707, s. n., Kristi, f. 1709, ug, Lisbet, f. 1710, g. 1733 Alv Bø, s. Holen 1.  Nils var ute i hertenesta i 1700, men kom velberga heim att.  Han døydde i 1729. 

Peder Johannesson Tysseland frå Samnanger, f. 1705, vart i 1729 gift med Anna Nils dtr. Søfteland, f. 1707, og vart brukar etter verfaren då han døydde.  Vermori Kristi Rasmus dtr. hadde elles bruket saman med Peder radt til 1749, då dotteri Anna Nils dtr. døydde.  Sjølv døydde Kristi i 1754.  Peder gifte seg att i 1750 med Brita Nils dtr. Hjelle, f. 1728.  Peder fekk 15 born, m. a.  tvo tvillingpar, i dei tvo giftarmåli, men 6 av borni døydde unge.  Dei som vaks upp var: Nils, f. 1729, d. ug. 1751, Unna (tvilling), f. 1731, g. 1755 Ola Storum, s. S. 3, Kristi, f. 1731, g. ikr. 1775 Lars Røykenes, s. R. 1, Mons (tvilling), f. 1733, s. Haukeland 1, Maria, f. 1735, Johannes, f. 1742, fløtmann i Bergen, d. 1805, Ola, f. 1745, Anna, f. 1753, Nils, f. 1756, g. 1795 Anna Jens dtr. Stendadalen frå Fana.  Peder sat svert tungt i det med den store huslyden sin, og i 1769 vart han uppsagt som bygslemann og måtte flytja frå garden «for manglende jordrettigheders betaling.»  Han døydde straks etter, i 1772, og kona og dei yngste borni flutte då frå bygdi. 

Lars Andersson indre Tysse frå Samnanger, f. 1734, vart brukar i 1769 og fekk bygsla bruket i 1772.  G. 1765 Ragnhild Knuts dir. Gjerde frå Samnanger, f. 1743.  Born: Marta, f. 1771, s. n.  Lars greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1796 og kona i 1817. 

Jon Olson Søfteland, f. 1766, vart i 1793 gift med Marta Lars dtr. Søfteland, f. 1771, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Born: Ragnhild, f. 1794, g. 1816 Engjel Haugland i Fana, s. f. B. 499.  Marta, f. 1799, g. 1820 Johannes Tømmernes, s. T. 1, Lars, f. 1805, s. n., Ingeborg, f. 1811.  Jon kom i 1813 upp i ein leid floke.  Eit kvinnfolk frå Bergen hadde stole ymse ting frå folk på Søre Neset og i Lysefjorden.  Etterpå budde ho på ymse stader ikring i Osbygdi, og betalte for hus og mat med dei stolne sakene.  Det var smått med mat i bygdi det året, og bygdefolket hadde ikkje råd å gjeva mat frå seg utan vederlag.  Jon hadde ogso fenge av dei stolne tingi, og saman med kvinnfolket frå Bergen og 8 andre osingar måtte han for retten.  Tjuvkvinna fekk 3 års tukthus, men Jon og dei andre slapp fri, mot at dei betala alle sakskostnader og «diæt og salær» til prokuratorane.  Den dømde kvinna hadde ikkje noko å betala med, og so lagde domaren likso godt alle kostnader på dei andre, trass at dei vart heilt frikjende.  Jon døydde i 1846 og kona i 1854. 

Lars Jonson Søfteland, f. 1805, fekk farsbruket i 1827.  G. 1828 Dordi Isaks dtr. Heggland, f. 1798.  Born: Anna, f. 1835, s. br. 8, Marta, f. 1837, s. n., Jon, f. 1840, ug., brann inne i 1875, Ragnhild, f. 1846, g. 1870 Jon Særvoll, s. S. 1.  3 gutar døydde unge.  Lars var tresko og trearbeidar.  Han døydde i 1871 og kona i 1870. 

Anders Olson Hagevik (Hovland), f. 1836, vart i 1860 gift med Marta Lars dtr. Søfteland, f. 1837, og vart brukar etter verfaren.  I 1869 vart noko av eigedomen lagt til eit nytt bruk, s. br. 7, og Anders kjøpte resten av bruket i 1872 for 465 spd.  Born: Johanna, f. 1860, g. 1892 Kristian Johannessen, arbeidar i Bergen, Anna, f. 1867, g. 1894 brannmeistar Rasmus Skorpen, b. Larvik, Ola, f. 1870, s. n., Dordi, f. 1872, d.  ung, Larsina, f. 1873, g. Kristian Nilsen, Bergen, Anders, f. 1876, uppsynsmann, b. Bø i Telemark, g. 1902 Maria Bakkfors frå Sverik, Didrik Olai, f. 1880, s. br. 23.  I 1875 brann husi på tunet upp og bror åt kona, Jon, brann inne.  Anders dreiv med treskoarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1915 og kona i 1923. 

Ola Andersson Søfteland, f. 1870, skøytte farsbruket i 1893.  G. I. 1893 Ingeleiv Engjels dir. Bergstø (Søfteland), f. 1869, d. 1910, g. II. Maria Hilt frå Bergen.  Born: Artur, f. 1899, d. ung, Emil, f. 1901, d. ung, Bjarne, Alma, Harma.  Ola var arbeidsformann på Eikhaug planteskule.  I 1912 selde han bruket og reiste til Tyssedal i Odda der han tok seg arbeid og sidan hev vore buande. 

Reidar Blytt, f. 1882 i Bergen, kjøpte bruket i 1912.  G. 1908 Mary Amalie Jahn, f. i Stockholm 1882.  Born: Reidar, f. 1913, Mary Amalie, f. 1915, 2 born døydde unge.  Blytt var skogforvaltar i Os skogforvaltning til 1934, då denne posten vart lagt til Sogn og Fjordane skogforvaltning og Blytt vart skogforvaltar her.  Han var ogso styrar av Os skogskule medan denne var i verksemd 1912 – 23, s. O. B.  187-89.  I 1918 selde han bruket, men var i fleire år etter buande på skogskulen, s. br. 28, til han seinare flutte til Fana, der han no er busett. 

Hans Martinusson Skinstad, f. i NordOdal 1878, kjøpte bruket i 1918.  G. 1912 Anna Hans dtr. Søfteland, f. 1892.  Born: Erling, f. 1913, gardbrukar i NordOdal, g. 1934 Ingebjørg Jons dottir frå Vestmannaøy, Island, Leif, f. 1916, skogmann, Aslaug, f. 1923.  Skinstad hev vore styrar av Eikhaug planteskule frå 1902 og er det framleis.  Han hev havt mange tillitsyrke i bygdi, hev m. a. vore formann i jordstyret, ljosverkstyret og soknerådet, og hev vore medlem av heradstyret i 15 år.  I bolken 1911-16 var han ordførar i Os og i 1923-25 var han varaordførar.  Sjå O. B. 188-89 og 593-94. 

SØFTELAND 3.

Umframt mennene på br. 1 og 2 er Jon, Ola og Sjur Søfteland nemnde som brukarar på garden i 1610.  Dei lagde alle saman skatt som husmenn eller øydegardsmenn.  Me finn ingen av dei nemnde seinare, og me veit ikkje korleis det heng saman med dei mange brukarane på Søfteland det året.  

Peder Søfteland vart brukar her, då dette bruk vart skild ut frå dei andre bruki på garden i 1638.  Han vart kalla «unge Peder» til skilnad frå «gamle Peder», på br. 1.  Kona heitte Barbra.  Av borni kjenner me: Anna, f. ikr. 1645, s. n., Ola, f. ikr. 1650, Kristen, f. 1655.  Peder var fatigmann og skattefri dei fyrste åri, men arbeidde seg noko fram seinare .  Frå 1656 til 1660 stjorna han saman med grannen Daniel ogso br. 1.  Peder døydde i 1665. 

Rasmus Olson Søfteland, f. ikr. 1634, vart i 1665 gift med Anna Peders dtr. Søfteland, f. ikr. 1645, og fekk bruket etter verfaren.  Rasmus vart fyrste gong gift i 1650, knapt 16 år gamall, og måtte då leggja ei stor bot avdi kona kom i barseng eit halvt år etter brudlaupet.  Kven denne kona var veit me ikkje.  Born: Anna, f. 1662, d. ug. 1689, Kristi, d. e., f. 1665, s. n., Ragnhild, f. 1669, g. 1696 Ola Røykenes, s. R. 1, Mikkjel, f. 1672, tente i Bergen 1701, Kristi d. y., f. 1677, s. br. 2, Kari, f. 1680, Hans, f. 1685, g. 1705 Marta Anders dtr., Størk, f. 1689, g. 1708 Ragnhild Sperrevik, s. S. 1.  Tvo born døydde unge.  I 1688 gav Rasmus bruket frå seg til versonen, s. n., og då bruket på Eikhaug vart falt nokre år seinare tok han over dette bruket og flutte til Eikhaug, s. br. 4. 

Mons Størkson Heggland, f. 1665, vart i 1688 gift med Kristi Rasmus dtr. Søfteland, f. 1665, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Kristi døydde alt i 1690 og Mons gifte seg att same året med Kari Johannes dtr. Askvik, f. 1668.  Då Kari døydde i 1710 gifte Mons seg på nytt tvo år etter med Anna Peders dtr. ytre Moberg, f. Bø 1660, som var ekkja etter Nils ytre Moberg.  Anna døydde i 1722, og Mons gifte seg i 1724 for fjorde og siste gong med Anna Ols dtr. Haukeland, f. 1693.  Av 14 born vaks 8 upp: Kristi, f. 1695, g. 1716 Nils Øvreide, s. Gåssand 1, Størk, f. 1698, g. 1722 Marta Midthus, s. M. 2, Johannes, f. 1700, b. Bergen, Kari d. e., f. 1705, s. n., Kari d. y., f. 1726, Anna, f. 1727, Brita, f. 1729, Mons, f. 1730.  Mons sat tungt i det og ved skiftet i 1722 hadde han umframt buskapen berre ein einaste verdeting i huset, ein koparkjel, som dei gifte borni Størk og Kristi fekk isaman som heimanfylgje.  Mons var elles ein mykje vyrd mann i bygdi.  Han døydde i 1740 og siste kona i 1742.  Dei 4 borni frå siste giftarmålet reiste då ut og me finn ikkje nokon av dei att i Osbygdi. 

Ola Olson Hauge, f. 1701, vart i 1729 gift med Kari Mons dtr. Søfteland, f. 1705, og vart brukar etter verfaren.  Kari døydde i 1749 og Ola var ekkjemann radt til 1758.  Han gifte seg då med Marta Jons dtr. Dalland frå Strandvik, f. 1732.  Det vart ei stor ætt etter Ola, og av 17 born vart 13 vaksne: Guro, f. 1730, g. 1760 Hans Hjelle, s. H. 1, Paul, f. 1733, g. 1766 Anna indre Moberg, s. i M. 1, Ola d. e., f. 1737, g. 1763 Gjertrud Lunden, s. Askvik 3, Mons, f. 1742, s. br. 1, Lars d. e., f. 1747, ug., Engjel, f. 1761, s. n., Kari, f. 1763, g. 1788 Hans Heggland, s. H. 4, Jon, f. 1766, s. br. 2, Ingeborg, f. 1768, g. b. Haugland i Fana, Marta, f. 1770, g. 1798 Nils ytre Moberg, s. y. M. 3, Johannes, f. 1772, g. 1803 Kari Søvik, s. S. 1, Ola d. y., f. 1774, g. 1803 Velina Bø, s. Askvik 1, Lars d. y., f. 1776, d. ug. 1815.  Trass den store huslyden sin sat Ola godt i det, men han heldt husi sine so kleint, at ved skiftet etter han vart tridjeparten av alt det han åtte teke til åbod for husi.  Kona hans hadde eit sylvbelte til 13 daler (3-4 kuverd).  Ola døydde i 1788. 
Ekkja Marta Jons dtr. hadde so bruket nokre år. 

Engjel Olson Søfteland, f. 1761, fekk bruket etter mori i 1794.  G. 1795 Marta Anders dtr. Mobergslien, f. 1766.  Born: Marta, f. 1796, g. 1826 Lars Ulven, s. U. 1, Anders f 1799, s. n., Ola, f. 1805, g. 1844 Eli Ulven, s. U. 5, Peder, f. 1809, g. 1843 Marta øvre Rød, s. ø. R. 2.  Tvo born døydde unge.  Engjel greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1830 og kona i 1850. 

Anders Engjelson Søfteland, f. 1799, bygsla bruket etter faren.  G . I. 1829 Magdela Johannes dtr. Sanden, f. 1809 d 1844, g. II. 1846 Katrina Steffens dtr. Hauge, f. 1808.  Born- Johannes, f. 1830, d. ikr. 1850, Engjel, f. 1841, g. 1863 Johanna Sælen, s. S. 1, Barbra, f. 1844, g. 1862 Nils Bjånes, s. B. 3, Steffen, f. 1847, s. n., Anders, f. 1848, g. 1875 Ingeborg Hovland (Hagevik), s. H. 3.  5 born døydde unge.  Anders dreiv med skogarbeid og treskoarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde alt i 1849. 
Ekkja Katrina Steffens dtr. hadde so bruket eit par år. 

Ola Rasmusson Haukeland, f. 1822, vart i 1851 gift med ekkja Katrina Steffens dtr. og fekk bruket her.  Ola dreiv med ymse arbeid likeins som fyremannen.  Han døydde alt i 1863. 
Ekkja Katrina Steffens dtr. måtte so atter ta styringi av bruket.  Ho døydde i 1888. 

Steffen Andersson Søfteland, f. 1847, bygsla bruket etter mori i 1867.  I 1873 kjøpte han bruket av Lysekloster for 575 spd.  G. 1868 Magdela Davids dtr. Kuven, f. 1835.  Born: Gurina, f. 1874, s. n., Katrina, s. br. 30.  Tvo born døydde tidleg.  Steffen var treskoarbeidar likeins som fyremennene hans.  Han var med i skule- og fatigstyre og hadde elles ymse tillitsyrke i bygdi.  Han døydde i 1913 og kona i 1918. 

Hans Ivarson Hjetland, f. 1864, vart i 1901 gift med Gurina Steffens dtr. Søfteland, f. 1874, og fekk bruket etter verfaren.  Born: Hilda, f. 1904, Ingvald, f. 1910. 

SØFTELAND 4.  (Eikhaug).

Peder Eikhaug er nemnd som brukar i 1657 og er fyrste mann som me finn på bruket.  Han var fatig og skattefri.  Eikhaug var då serskilt gard likeins som Røykenes og Tømmernes.  Bruket er ikkje nemnt ved krøterteljingi i 1657, og Peder hadde truleg ingen buskap det året.  Han døydde i 1658.  Ekkja etter Peder, – me veit ikkje kva ho heitte, – hadde bruket i 1659.  Ho var fatig og skattefri likeins som mannen hadde vore. 
Bruket låg usådd og øyde i 1660 og 1661. 

Ola Monsson, f. ikr. 1620, som truleg var son åt Mons Midthus, vart brukar her i 1662.  Um han då vart gift med ekkja etter Peder, eller um ho var død fyrr, veit me ikkje.  Det siste er mest truleg avdi bruket var usådd eit par år.  Ola hadde vore gift fyrr han kom til Eikhaug og hadde med seg hertil 2 born: Anders, f. 1653, s. n., Brita, f. ikr. 1658, stod fadder i 1680.  Etter at Ola kom hertil fekk han dotteri Kari, f. 1664, g. 1689 Ola Røykenes, s. R. 1.  Ola døydde i 1674. 

Anders Olson Eikhaug, f. 1653, vart brukar etter faren.  G. 1670 Kristi Ols dtr.  Av dei 4 borni som me veit um vaks 2 upp: Rasmus, f. 1680, g. 1712 Brita Hans dtr., s. Søvik 2, Nils, f. 1686, var med i krigen 1708-09 og døydde i ufreden.  Anders og kona døydde begge i 1696. 

Rasmus Olson Søfteland, f. ikr. 1634, som fyrr hadde havt bruk 3 her, flutte til Eikhaug då bruket vart falt i 1696.  Han hadde bruket radt til han døydde i 1715.  Kona var død i 1703.  Sjå um Rasmus og huslyden under br. 3. 
Eikhaug fall no attende til Søfteland, som det tvillaust ogso er uppteke frå, og hev sidan vore ein lut av denne garden.  Dei 4 mennene på Søfteland, s. br. 1, 2, 3og 5, brukte so Eikhaug ihop radt frå 1715 til 1846.  Kvar av dei betalte skatt for fjordeparten av Eikhaug. 

Svein Andersson Kjønn frå Hålandsdalen, f. ikr. 1800, fekk bygsla bruket og flutte hertil i 1846.  Han hadde fyrr vore busett på Samdal i Fana.  G. ikr. 1823 Eli Åmunds dtr. Samdal frå Fana, f. 1801.  Born: Anders, f. 1824, s. n., Kristi, f. 1828, g. 1852 Mons Olson Gåssand, b. Lindås i Valestrand, Mikkjel, f. 1832, g. b. i Bergen, Kari, f. 1834, g. 1859 Eivind Johannesson øvre Rød, b.  Skåtun, Marta, f. 1839, g. 1863 Nils Larsson Søvik, b. Sagstad i Fana, s. f. B. 593, Ingjerd, f. 1844, g. 1866 Erik Balland, s. B. 1.  Svein var tresko- og trearbeidar.  Han døydde i 1886 og kona i 1881. 

Anders Sveinson Eikhaug, f. 1824, bygsla bruket etter faren i 1860, og kjøpte det av Lysekloster i 1875 for 350 spd.  G. 1859 Brita Pauls dtr. Sælen, f. 1838.  Born: Kari, f. 1860, ug., d. 1906, Eli, f. 1862, g. 1882 Anders Sælen, s. S. 1, Maria, f. 1864, s. n., Svein, f. 1867, s. br. 32, Anna, f. 1869, s. br. 21, Brita, f. 1872, d. ug. 1927, Paulina, f. 1876, d. ug. 1909, Gurina, f. 1879, g. 1902 Johan Midtsæter, s. M. 1, Johanna, f. 1883, g. 1910 Johan Salbuvik, s. S. 2.  Anders var treskoarbeidar likeins som dei andre grannane på garden.  Han døydde i 1903 og kona i 1914. 

Paul Jonson Tømmernes, f. 1867, vart i 1890 gift med Marta Anders dtr. Eikhaug, f. 1864, og fekk bruket etter verfaren.  I 1899 selde han bruket til Bergens skogselskap og flutte til Sælen, s. S. 6, der ein vil finna meir um han og huslyden hans. 

Bergens skogselskap kjøpte bruket av Paul i 1899 og skipa Eikhaug planteskule her.  Sidan vart ogso Os skogskule lagt på Eikhaug, s. O. B. 188.  Styrarar av planteskulen og garden hev vore J. Kaurin, L. Fladseth, M. Thujord og frå 1902 til idag H. M. Skinstad, s. br. 2. 
Umframt Eikhaug hev skogselskapet ogso kjøpt Sanden og ymse partar av Søfteland til bruk for planteskulen.  Sjå meir um dette O. B. 188-89. 

SØFTELAND 5. 

Ivar Hansson Hjelle, f. 1666, flutte hertil i 1706 og fekk bygsla eit nytt bruk her.  Alle dei 3 gamle bruki på Søfteland måtte gjeva noko frå seg til det nye bruket, soleis at det no vart 4 like store bruk på garden, Eikhaug ikkje medrekna.  Ivar hadde fyrr havt eit bruk på Bø, s. Bø 5. G.  I 1687 Marta Knuts dtr., f. ikr. 1664, d. 1721, g. II.  1722 Marta Eriks dtr. Krokeid, f. ikr. 1687.  Sjå meir um Ivar og den andre huslyden hans under Bø 5.  Ivar og siste kona hans døydde begge på Søfteland i 1741. 

Knut Ivarson Søfteland, f. på Bø 1704, vart brukar etter faren i 1732.  G. 1733 Kari Nils dtr. Hjelle, f. 1702.  Dei fekk 5 born medan dei var busette på Søfteland, men berre tvo av dei, Kristi, f. 1738, og Nils, f. 1742, var livande då huslyden flutte burt.  Det gjekk ut for Knut, og i 1745 måtte han lata bruket frå seg då han ikkje greidde sine skyldnader.  Han heldt seg i nokre år på Tømmernes men flutte sidan med huslyden til Bergen, der han gjekk som vanleg arbeidar i mange år.  I 1766 vart Knut gift i Hamre med Marta Ols dtr. Toppe

Nils Olson ytre Drange, f. 1712, bygsla bruket i 1746.  G. 1742 Marta Ingebrigts dtr. Skjeie, f. 1720.  Nils streva hardt for å greida seg, men det gjekk nedover, og i 1751 flutte han til Sperrevik og vart sidan buande der.  Sjå meir um Nils og huslyden hans under Sperrevik 1. 

Ola Olson ytre Tysse frå Samnanger, f. ikr. 1720, vart brukar etter Nils.  G.  I. 1748 Lussi Ols dtr. Bårtveit frå Strandvik, f. 1732.  Det gjekk ikkje stort likare med Ola enn med fyremennene hans.  Lussi hadde spillesykja.  Ola greidde seg ikkje på bruket, og i 1765 flutte han frå Søfteland og fekk bygsla Tømmernes.  Sjå meir um han og huslyden hans der. 

Jon Paulson Mjånes frå Strandvik, f. ikr. 1732, bygsla bruket etter Ola i 1765.  Jon var ætta frå Bjånes i Os, med di han var soneson åt Hans Paulson Bjånes, som ei tid var gardstyrar på Molda og som seinare vart busett på Bjøndal i Hålandsdalen.  G. I. 1759 Kari Ols dtr. Henanger frå Strandvik, f. 1727, d. 1760, g. II. 1763 Brita Ols dtr. Orra frå Hålandsdalen, f. 1734.  Born: Kari, f. 1766, s. n., Ola, f. 1772, g. 1793 Marta Tøsdal, s. T. 1.  3 born døydde unge.  Jon sat tolleg godt i det og heldt husi sine i god stand.  Buskapen på bruket var i hans tid 6 kjyr, 1 stut, 2 kvigor, 17 sauer og 9 gjeiter.  Koparkjelen hans vart ved skiftet sett til same verde som 4 kjyr, og han hadde m. a.  6 sylvskjeier i huset.  Jon kom upp i ymse strid med grannane og likeins med jordeigaren, Formann på Lysekloster, men då han stødt greidde sine skyldnader fekk han likevel ha bruket.  Han døydde i 1816 og kona i 1815. 

Johannes Johannesson Søfteland, f. 1753, vart i 1786 gift med Kari Jons dtr. Søfteland, f. 1766, og bygsla bruket etter verfaren i 1807.  Born: Johannes, f. 1787, s. n., Jon, f. 1790, g. 1820 Marta Johannes dtr. Gaugstad frå Fusa, b. Bahus i Fana, seinare Kleppe i Sund, Marta, f. 1796.  Alt i 1787 bygsla Johannes eit bruk på Bahus i Fana, og han stjorna dette ogso etter at han tok bruket på Søfteland.  Då eldste sonen vart vaksen fekk han bruket på Søfteland, og sjølv flutte Johannes attende til Bahus, der han døydde i 1827, s. f. B. 510.  Kona døydde ikr. 1813. 

Johannes Johannesson Søfteland, f. på Bahus 1787, bygsla farsbruket i 1813.  G. 1814 Brita Lars dtr. Hjelle, f. 1795.  Born: Kristi, f. 1822, g. 1854 Jørgen nedre Rød, s. Borgen 2, Jon, f. 1829, s. n., Kari, f. 1834, g. 1858 Nils Hjelle, s. H. 2.  Tvo born døydde unge.  Johannes var postbonde og hadde saman med grannen på bruk 1 å skyssa posten sør over til Hatvik og nordover til Byrkjeland.  Han døydde i 1851 og kona i 1865. 

Jon Johannesson Søfteland, f. 1829, bygsla bruket etter faren og kjøpte det av Lysekloster i 1875 for 640 spd.  G. 1856 Kristi Ols dtr. Lyssand, f. 1835.  Born: Johannes, f. 1858, g. 1885 Marta Haukeland, s. H. 1, Ola, f. 1861, s. br. 11, Brita, f. 1863, s. br. 14, Henrik, f. 1866, s. n., Jørgina, f. 1869, d.  ug . 1899, Lars, f. 1871, g. 1895 Malena Haukeland, s. Sælen 3, Jon, f. 1873, bakar i Oslo, g. 1894 Nelly Larsen frå Sunnfjord, Kristian, f. 1877, d. ung.  I 1889 skifte Jon bruket millom seg og eldste sonen, soleis at han fekk helvti, s. br. 11.  Jon var vognsmed og laga hestesko o. a.  Han døydde i 1908 og Kristi i 1906. 

Henrik Jonson Søfteland, f. 1866, fekk farsbruket i 1894.  Det var då skift soleis at broren hadde fenge helvti.  G. 1894 Marta Jons dtr. Tømmernes, f. 1873.  Born: Jon, f. 1895, s. br. 37, Johannes, f. 1897, postekspeditør i Bergen, g. 1935 Anna Henriksen frå Troms, Kristian, f. 1898, s. br. 41, Jørgen, f. 1901, s. br. 39, Johanna, f. 1908, g. Johan Sveinson Sælen, snikkar i Fana, Marta, f. 1914, gjekk i isen 1923.  4 born døydde unge.  Henrik hev vore underoffiser og var fanejunker då han tok avskil frå hertenesta.  Han hev havt dei fleste tillitsyrke som bygdi råder over og var med i ei rekkja styre, og likeins hev han vore doms- og lagrettemann, valmann o. a.  I heradstyret var han med i 4 valbolkar og stod som varaordførar i bolken 1908-10, s. O. B. 593 og 707.  Henrik hev enno bruket. 

SØFTELAND 6.  (Bergstø). 

Nils Sjurson Steinsland frå Samnanger, f. 1804, som fyrr hadde vore paktar på Klyva, s. K. 1, bygsla og busette seg her i 1847.  G. I. ikr. 1835 Ingeborg Nils dtr. Øvstun frå Fana, f. ikr. 1803, d. 1848, g. II. 1849 Kristi Pauls dtr. Åse, f. 1805.  Born: Sjur, f. 1836, g. b. i Skudesnes, Brita, f. 1838, s. n., Nils, f. 1840, s. br. 9, Ingeborg, f. 1842, g. 1864 Ola Hildersmark, s. ytre Moberg 7, Jan, f. 1845, skodespelar, g. b. i Oslo.  Synneva, f. 1847, g. 1875 Engjel Særvoll, s. S. 3.  Ein gut døydde ung.  Ein dag i 1861 var Nils ute i marki og hogde skav-ved.  Treet som han hogde i fall ned og knuste foten hans, og det vart døden for han. 
Ekkja Kristi Pauls dtr. hadde so bruket til 1869.  Ho døydde i 1871. 


Engjel Olson Sørstrønen, f. 1828, vart i 1862 gift med Brita Nils dtr. Bergstø, f. 1838, og fekk bygsla bruket etter vermori, då ho let det frå seg i 1869.  Han hadde då i 7 år vore paktar på Gåssand, s. G. 1.  I 1872 kjøpte Engjel bruket av Lysekloster for 225 spd.  Born: Ingeborg, f. 1863, s. br. 10, Hans, f. 1864, d. ug. 1890, Anders, f. 1866, g. 1887 Kari Sanden, s. S. 2, Ingeleiv, f. 1869, s. br. 2, Brita, f. 1871, s. br. 15, Nils, f. 1873, s. n., Engjel, f. 1878, s. br. 16, Anna, f. 1880, g. Kristian Pederson Bahus, sporførar i Odda.  2 born døydde unge.  Engjel var treskoarbeidar som dei andre på garden.  Han døydde alt i 1882. 
Ekkja Brita Nils dtr. stjorna so bruket i heile 13 år.  Då ho let bruket frå seg til sonen tok ho undan eit jordstykke og skipa eit nytt bruk, s. br. 16. 

Nils Engjelson Bergstø, f. 1873, skøytte bruket etter mori i 1895.  G. 1899 Gurina Mons dtr. Bø, f. 1873.  Born: Engelina, f. 1900, g. 1924 Johannes Hansson Søfteland, styrar på Brandsøy planteskule ved Florø, Maria, f. 1901, Hans, f. 1903, sjauffør i Fana, Anna, f. 1905, g. 1936 gardbrukar Alf Brandsøy ved Florø, Arne, f. 1907, s. n., Nils, f. 1911, arbeidar på planteskulen, Mons, f. 1914, d. 1931, Gustav, f. 1921.  Tvo born døydde unge.  Nils hev drive treskoarbeid attåt gardsbruket. 

Arne Nilsson Bergstø, f. 1907, vart brukar etter faren i 1937.  G. Astrid Svardal frå Florø. 

SØFTELAND 7.  (Vollen). 

Nils Hansson Tøsdal, f. 1842, fekk i 1866 bygsla ein part av Søfteland, der han bygde og busette seg.  I 1877 kjøpte han bruket av Lysekloster for 320 spd.  G.  1862 Kristi Nils dtr. Lunden, f. 1838.  Born: Hans, f. 1864, s. n., Nils, f. 1867, d. 1882, Kristian, f. 1872, g. 1898 Ragnhild Fjelltveit, s. Sælen 6.  5 born døydde unge.  Nils dreiv med bygningsarbeid og anna trearbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1918 og kona i 1924. 

Hans Nilsson Søfteland, f. 1864, fekk skøyte på farsbruket i 1893.  G. I.  1891 Anna Anders dtr. Hatlelid, f. 1865, d. 1903, g. II. 1910 Karolina Jakobs dtr. Hausvik frå Haus, f. 1881.  Born: Nils, f. 1892, s. n., Marta, f. 1894, g. 1922 Herman Kristiansen, b. Son, Ola, f. 1900, trearbeidar, b. Bergen, g. 1928 Aslaug Svoren frå Fana, Anna, f. 1910, b. i Haus, Johan, f. 1913, trearbeidar, Kristian, f. 1915, d. 1931, Hans, f, 1918, d.  1935, drukna, Karl, f. 1921, Malena, f. 1923.  Tvo gutar døydde unge.  Hans var treskoarbeidar.  Han døydde i 1923 og Karolina i 1924. 

Nils Hansson Søfteland, f. 1892, skøytte farsbruket i 1924 og hev bruket no.  G. 1923 Anna Sveins dtr. Sælen, f. 1900.  Nils er bygningssnikkar og arbeider mykje i Bergen.

SØFTELAND 8. 

Mons Eliasson Gjemdal, f. 1836, vart i 1863 gift med Anna Lars dtr. Søfteland, f. 1835, og fekk i 1868 bygsla ein part av verfaren sitt bruk.  Dette vart serskilt skyldsett i 1869, og i 1872 kjøpte Mons det av Lysekloster for 120 spd.  Mons hadde fyrr han kom til Søfteland vore paktar på Austevoll i Fana, og dei 3 eldste borni var fødde der.  Born: Jørgina, f. 1861, g. O. Bergesen frå Bergen, i Amerika, Anna, f. 1864, g. Johan Johnsen frå Askøy, skomakar i Bergen, Lars, f. 1866, s. n., Elias, f. 1869, s. br. 36, Johan, f. 1875, treskjerar, g. b. Trondheim.  Mons arbeidde tresko og laga treskuflor.  Han døydde i 1914 og kona i 1911. 

Lars Monsson Søfteland, f. 1866, fekk farsbruket i 1894.  G. 1894 Marta Jons dtr. Flatøy (Forstrønen), f. 1864.  Born: Mons, f. 1895, s. n., Jon, f. 1896, gullsmedarbeidar i Bergen, g. Agnes Urang frå Bergen, Ola, f. 1899, Anna, f. 1901, syerske, Elias, f. 1903, g. 1930 Kristi indre Moberg, s. i. M., Leonhard, f. 1904, murar i Bergen, g. Agnes Sagstad frå Bergen, Jørgina, f. 1907.  Ein gut døydde ung.  Lars var vegarbeidar og vegvaktar på hovudvegen.  Han døydde i 1926. 
Ekkja Marta Jons dtr. hadde so bruket eitt års tid.  Ho døydde i 1933. 

Mons Larsson Søfteland, f. 1895, skøytte bruket etter mori i 1927.  G. 1927 Borghild Boge frå Bruvik, f. 1901.  Born: Marta, f. 1928, Erna, f. 1931, Lars, f. 1933, Anfrid, f. 1936.  Lars arbeider med vedlikehaldet av riksvegen til Os.

SØFTELAND 9.  (Bergstø). 


Nils Nilsson Bergstø, f. 1840, bygsla ei hustuft på farsbruket i 1883.  G. I. 1868 Marta Ols dtr. Bjøndal, f. 1843, d. 1883, g. II. 1884 Karina Elias dtr. Gjemdal, f. 1843.  Born: Nils, f. 1869, s. br. 15.  Marta, f. 1873, d. ung, Ola, f. 1875, g. 1898 Malena Johannes dtr. Forstrønen, var vegarbeidar, død ved skjoteulukka, Hans, f. 1882, d. ug. 1907.  Nils var sjømann og hadde vore busett på Osøyri tildess han flutte til Bergstø.  Sidan var han treskoarbeidar og dreiv med anna trearbeid.  Nils døydde i 1931, 91 år gamall, og Karina døydde same året.  Huset vart seld og grunnen fall attende til hovudbruket. 

SØFTELAND 10.  (Lonebakken)


Svein Johannesson Sanden, f. 1858, vart i 1884 gift med Ingeborg Engjels dtr. Bergstø (Søfteland), f. 1863, og fekk i 1886 ein part av vermori sitt bruk, der han bygde og busette seg.  Born: Eli, f. 1885, g. 1909 Peder Nygard, vaktmann i Odda, Engelina, f. 1887, g. 1923 Ingebrigt ytre Drange, s. y. D. 9, Brita, f. 1891, s. br. 13.  Svein var treskoarbeidar og dreiv med kolbrenning um sumaren.  Han døydde alt i 1893. 
Ekkja Ingeborg Engjels dtr. hadde so bruket til 1901, då ho selde det og flutte til Hordabø, der ho vart gift med gardbrukar og bygningsmann Johannes Ivarson Soltveit.  Han døydde i 1920 og Ingeborg flutte seinare attende til Os, der ho framleis bur. 

Johan Olsen frå Hyllestad i Sogn, f. 1859, kjøpte bruket i 1901.  Han hadde fyrr vore busett på ymse stader.  G, 1894 Sesilia Johannes dtr. Børdal frå Samnanger, f. 1862.  Born: Helena, f. 1895.  s. br. 34, Johanna, f. 1897, g. b. i Amerika, Jenny, f. 1898, g. Ludvig Johannessen, Bergen, Anna, f. 1902, g. b. i Amerika, Ingeborg, f. 1907, d. 1920.  Johan hadde fyrr han kom til Os vore gift med Anna Boga frå Bruvik og hadde med henne 7 born: Olaus, August, Maria, Berta, Rasmus, Aletta og Edvard.  Av dei liver berre Maria, Rasmus og Aletta no.  Johan var uppsynsmann ved veganlegg, og då han fall for aldersgrensa fekk han ein liten pensjon.  I 1927 selde han bruket og bygde nytt hus på ein part som han tok undan, s. br. 38. 

Helge Johannesson Furnes frå Bruvik, f. 1899, kjøpte bruket i 1927.  G. 1926 Ingebjørg Nils dtr. Rødland frå Evanger, f. 1906.  Born: Johannes, f. 1928, Nils, f. 1933.  Helge hev vore emissær og arbeider no som møbelsnikkar attåt gardsbruket. 

SØFTELAND 11.


Ola Jonson Søfteland, f. 1861, fekk halve farsbruket då det vart skift i 1889, s. br.  5.  G.  1888 Jørna Lars dtr. Sørstrønen, f. 1865.  Born: Jon, f. 1888, s. n., Kristi, f. 1893, g. Jon Samseth frå Voll i Romsdal, skogforvaltar, b. Skien, Lars (tvilling), f. 1897, jernbanemann, b Nesttun, g. Berta Titlestad frå Fana, Jørgen, f. 1903, s. br. 25.  Tvo born døydde unge.  Ola var i mange år banevaktar på Osbanen og hev ogso drive med trearbeid.  På sine eldre dagar rydja og bygde han eit nytt bruk som han seinare skøytte til yngste sonen, s. br. 25.

Jon Olson Søfteland, f. 1888, vart brukar etter faren og skøytte bruket i 1934.  G. 1919 Anna Samsons dtr. Vårdal frå Fjaler, f. 1895.  Born: Jorunn, f. 1920, Olav, f. 1922, d.  1928, Sigmund, f. 1923, Øystein, f. 1927, Olav (tvilling), f. 1930, d. 1934, Gunvor, f. 1930, Audun, f. 1932, Randi, f. 1935.  Jon var ei tid bygningsmann, men er no vegvaktar på riksvegen Osøyri – Fana grensa.  Han er ein interessera skyttar og hev sidan 1928 vore formann i Hordaland skyttarsamlag. 

SØFTELAND 12.  (Nordal).


Elling Nielsen frå Bergen kjøpte ein part av br. 2 i 1892.  Elling som var restauratør i Bergen tenkte på å byggja eit hotell her, men det vart ikkje noko av.  I 1906 selde han bruket utan å ha bygt hus på det. 

Svein Larsson Lunden, f. 1857, kjøpte bruket i 1906, då han hadde selt det fyrre bruket sitt på Sanden til Bergens skogselskap.  Husi på Sanden flutte han og bygde upp att på det nye bruket.  G.  1883 Malena Jons dtr. Nordvik frå Fana, f. 1855.  Born: Kari, f. 1883, g. gardbrukar Anders Bjørnson Midttun i Fana, Johan, f. 1884, sjømann, Severin, f. 1886, murar, g. 1915 Berta Helges dtr. Høisæter frå Samnanger, begge døde, Stina, f. 1888, g. Olav Knutson Oppedal, fiskar, b. Vågsvåg i Nordfjord, Lars, f. 1890, bygningsmann, g. 1917 Barbru Rasmus dtr. Haukeland, s. H. 2, Marta, f. 1893, g. 1914 Olaf Moberg, s. indre Moberg, Hansina, f. 1895, g. gardbrukar Jakob Lilletvedt i Fana, Ingeborg, f. 1896, Hans, f. 1898, snikkar, g. Anna Pauls dtr. Sælen, b. Bergen.  Sjå ogso Sanden 1.  Svein døydde i 1938.

SØFTELAND 13 (Høglonda)


Karl August Johannessen, f. i Sunersberg, Sverik, 1849, kjøpte ein liten part av br. 1 i 1892, der han bygde hus og byrja landhandel.  Då han kom til Norig fyrste gong vart han tunnelarbeidar ved byggjingi av Vossebanen og hadde seinare ymse anleggsarbeid ikring Bergen.  Då byggjingi av Osbanen tok til, fekk han arbeid her og var den som løyste fyrste skotet ved anlegget.  G.  1881 Brita Godskalks dtr. Fosse frå Evanger, f. 1861.  Born: Anna, f. 1881, g. 1903 Johan Bruland frå Førde, b. Kalandseid i Fana, Johan, f. 1883, kjelsmed i Bergen, g. Katinka Andersen frå Bergen, Georg, f. 1884, arbeidar i Odda, g. Karolina Danielsen frå Nannestad, Fritz, f. 1886, s. n., Birgitta, f. 1889, g. Finn Paus, begge døde, Joakim, f. 1893, d. ung, Klara, f. 1900, g. 1922 Johannes Haukeland, s. Kuven.  Karl Johannesen vart stasjonsmeistar på Søfteland då Osbanen byrja drifti og vart ogso postopnar der, s. O. B. 602 og 676.  Han døydde i 1932.  S.  ogso br.  19. 

Fritz Johannessen, f. 1886, fekk handelsplassen etter faren og vart likeins postopnar, stasjonsmeistar og styrar av telefonstasjonen.  G.  1912 Brita Sveins dtr. Bergstø, Søfteland, f. 1891.  Born: Betty, f. 1913, s. br. 43, Sigurd, f. 1916, sjauffør, Ingeborg, f. 1919, Egil, f. 1924.  Fritz Johannessen er framleis landhandlar og postopnar.

SØFTELAND 14.  (Vesletun).


Jon Johannesson Søfteland skilde ut ein liten part av bruket sitt i 1892, fyrr han gav bruket frå seg til sonen, s. br. 5. 

Brita Jons dtr. Søfteland, f. 1863, fekk skøyte av faren på denne parten i 1905, og bygde og busette seg her.  Ho dreiv med strikking og gjekk i arbeid på Eikhaug planteskule.  I 1934 skøytte ho bruket til fosterdotter si, Hjørdis Hansen, s. n. 

Hjørdis Hansen, f. 1899, fekk bruket i 1934.  Ho hev i mange år vore på kontoret åt Os elektrisitetsverk og er der enno.

SØFTELAND 15.  (Rosenlund).

Nils Nilsson Bergstø (Søfteland), f. på Osøyri 1869, kjøpte i 1896 ein part av br. 4, der han bygde og busette seg.  G. 1892 Brita Engjels dtr. Bergstø, f. 1871.  Born: Maria, f. 1892, g. bankkasserar Svein Medås, Odda, Borghild, f. 1895, g. timeskrivar Albert Skår, Odda, Harald, f. 1897, g. Kristina Årnes dtr. Lund, Odda, Nils, f. 1900, ug., i Amerika, Olga, f. 1905, g. elektrikar Jon Aursland, Odda, Betzy, f. 1906, g. politibetjent H. Evjen, Bergen.  Nils kalla seg Osøren etter fødestaden.  Han var underoffiser men slutta yrket i 1895.  I 1901 fekk han post i Bergen, og i 1904 selde han bruket på Søfteland og reiste til Bergen, der han var til 1906.  Han reiste då til Odda og hev heile tidi sidan vore uppsynsmann der. 

Kristian Rasmusson Nordvik, f. 1875, kjøpte bruket av Nils i 1904.  G. 1894 Agneta Hans dtr. Utgjerdet ved Lysekloster, f. 1859.  Kristian hadde fyrr vore busett i Bergen, der han m. a. dreiv ein brusfabrikk, og då han flutte til Søfteland tok han til med same yrket her.  I nokre år var han ogso arbeidsformann på Eikhaug planteskule.  I 1916 vart han vaktmann på Os elektrisitetsverk og sidan styrar av kraftstasjonen på Gåssand.  Sjå um han og huslyden hans under Gåssand 2. 

Malvin Kristiansen Nordvik, f. 1896, skøytte bruket etter faren i 1920 og eig det no.  Malvin er vaktmann ved kraftstasjonen på Gåssand og er difor mest busett der. 

Kristoffer Bertelsen, f. på Osøyri 1890, pakta bruket i fleire år.  G. 1914 Gunda Jørgine Grønås frå Moster, f. 1890.  Born: Lilly, f. 1917, Henrikka, f. 1920, Anna, f. 1923.  Kristoffer var bakar hjå handelsmannen på Søfteland tildess han i 1933 flutte til Solheimsviki ved Bergen og tok til med eige bakeri der.  Han var med i Os heradstyre 1923 – 25 og 1932 – 33.

SØFTELAND 16.  (Bjørkhaug)


Brita Nils dtr. Bergstø, f. 1838, tok undan eit jordstykke, då ho skøytte bruket frå seg til sonen i 1895, s. br. 6, og vart sidan buande på det nye bruket til ho døydde i 1931.  Ho var då 93 år gamall. 

Engjel Engjelson Bergstø, f. 1878, fekk skøyte på dette bruket i 1913 etter mori.  G.  1900 Stina Olsen frå Lærdal i Sogn, f. 1872.  Born: Egil, f. 1901, Bergljot, f. 1902, s. br. 33, Kristian, f. 1904, Eyolf, f. 1906, Astrid, f. 1909, Ingrid, f. 1919.  Engjel reiste til Bergen i 1897 og fekk arbeid ved Bergens befestninger, der han enno gjer tenesta som uppsynsmann på Bergenhus. 


Søfteland 17. (Helgly).


Skipsbyggjar Kristian Dekke frå Bergen kjøpte ein part av br. 2 i 1899 og bygde seg sumarhus her.  I 1918 selde han eigedomen til Einar Rasmussen som atter selde i 1925 til Bergens handels- og kontorfunksjonæren forening.  Laget driv eigedomen som ferieheim for sine lagsmenn. 


SØFTELAND 18 .  (Helgly).

Kristian Dekke
, s. o., kjøpte i 1911 ein ny part av br. 2, som eigaren hadde skilt ut frå dette bruket og skyldsett i 1903.  Bruket fylgde med bruk 17 til 1930, då det vart seld til ny eigar. 

Karl Pederson Gåssand, f. 1902, kjøpte bruket i 1930 og busette seg her.  G. 1924 Kari Kristians dtr. Nordvik, f. 1898.  Born: Kirsten, f. 1926, Anbjørg, f. 1931.  I 1924 byrja han i ein liten møbelverkstad med eit par mann med seg, men utvida etterkvart til dess han i 1935 – 36 sette upp ein heilt ny fabrikk med plass til ikring 50 arbeidarar.  Ved full drift er 54 mann i arbeid her.  I 1934 gjekk verksemdi over til lutlag, men Karl stend framleis som styrar av det heile.  Sjå ogso br. 29 der møbelfabrikken ligg.


SØFTELAND 19.


Karl August Johannessen
, f. 1849, kjøpte i 1907 ein ny part av br. 1 som var skyldsett frå hovudbruket i 1900.  Då han selde det andre bruket til sonen, s. br. 13, bygde han på dette bruket og var buande her til han døydde i 1932.  Um huslyden elles s. br. 13.


SØFTELAND 20.


Vilhelm Jessen,
f. 1880 i Vadsø, kjøpte i 1905 den parten av br. 1 som Endre Rasmussen ikkje hadde seld fyrr.  Vilhelm Jessen hadde fyrr vore gartnararbeidar ved Bergen og havt post på kontor.


SØFTELAND 21.  (Nore Søfteland).


Gustav Gundersen, f. 1872 i Fana, kjøpte i 1904 ei hustuft av br. 11, der han bygde og busette seg.  Han hadde fyrr vore busett på Osøyri og andre stader.  Gustav kom til Os som arbeidar ved Osbanen då denne vart bygd 1891 – 94, og var ei tid fyrbøtar ved banen.  Sidan hev han drive som murar og vegarbeidar.  G. 1893 Anna Anders dtr. Eikhaug (Søfteland), f. 1869.  Born: Albert, f. 1896, arbeidar i Høyanger, g. Olina Ols dtr. Drange frå Tysnes, Andreas f. 1898, arbeidar i Høyanger, g. Sigrid Lars dtr. Bryn frå Voss, Gerda, f. 1903, s. br. 35.  4 born døydde i ung alder. 


SØFTELAND 22.  (Solli). 


Eli Lars dtr. Sælen, f. 1866, g. 1895 Johannes Nilsson Haukeland, s. H. 1, bygde og busette seg her på eit jordstykke som var kjøpt av br. 7 i 1906.  I 1912 vart ogso kjøpt eit stykke av Røykenes br. 1.  Um huslyden s. Haukeland 1.  Eli døydde her i 1915.

Ivar Jonson Haugsvær frå Masfjorden, f. 1883, kjøpte bruket i 1915, og hev det no.  Ivar er murar og steinarbeidar.  Han er ugift og systerne hans, Marta Jons dtr., f. 1869, og Malena Jons dtr., f. 1887, s. n., hev steilt bruket saman med han. 

Malena Jons dtr. Haugsvær, f. 1887, som hev steilt hjå broren, vart i 1908 gift med Karl Haldorson Lysøy frå Os, f. 1881.  Karl arbeidde ved fabrikkane i Odda og døydde der ved eit uhende i 1916.  Malena flutte då til Os og vart buande her.  Born: Amanda, f. 1909, g. 1929 sjauffør Ola Årdal frå Jølster, Jon, f. 1911, sjømann, død 1929, Hilmar, f. 1913, sjauffør, Karl, f. 1915, møbelsnikkar.

SØFTELAND 23.  (Grønlien).


Didrik Olai Andersson Søfteland
, f. 1880, kjøpte i 1906 eit jordstykke av bruk 8 og likeins eitt av farsbruket sitt, bruk 2, der han bygde og busette seg.  G. 1903 Klara Johannessen frå Eidsberg i Austfold, f. 1884.  Born: Anna, f. 1903 i Askim, g. 1924 Adolf Skorpen frå Larvik, anleggsarbeidar.  Ein gut døydde ung.  Didrik var arbeidsformann ved sementstøyping o . l, og hadde det meste av arbeidet sitt på Austlandet.  Han dødde alt i 1922. 
Ekkja Klara Søfteland hev havt bruket sidan mannen døydde.

SØFTELAND 24.  (Rugdeneset).


Ingeniør Johan Fr. Irgens
frå Bergen kjøpte i 1908 ein part av bruk 8, og bygde seg sumarhus her.  I 1918 selde han eigedomen til kjøpmann Alfred Sjursen frå Bergen.  I 1930 kjøpte Bergens distrikts stasjonspersonales forening eigedomen og hev den no. 

SØFTELAND 25.  (Liborg).


Ola Jonson Søfteland
som hadde br. 11 kjøpte i 1911 eit utmarkstykke av br. 2, der han rydja og bygde.  Sjå um Ola under br. 11.

Jørgen Olson Søfteland, f. 1903, fekk bruket etter faren i 1935.  G. 1935 Ingrid Johannes dtr. Eikeland frå Fusa, f. 1912.  Born: Olav, f. 1937.  Jørgen var nokre år i Amerika, men er no arbeidar på riksvegen Os – Bergen.


SØFTELAND 26.  (Solgangshaugen).


Anders Andersson Søfteland, f. 1876, skøytte i 1911 eit stykke av farsbruket sitt, br. 2.  Han bygde ikkje på bruket. 

Nils Pederson Gåssand, f. 1900, kjøpte bruket i 1926 og busette seg her.  G. 1920 Margit Skorpen, f. i Ålesund 1895.  Born: Per, f. 1924, Arnljot, f. 1928.  Nils var i fleire år gardstyrar på ymse stader, men arbeider no i broren sin møbelfabrikk.  Han hev vore medlem av skulestyret o. a. 

SØFTELAND 27.  (Birkelund).


Mons Johannesson Sælen, f. 1876, og kona Kristina Lars dtr, f. 1877, kjøpte i 1911 eit stykke av br. 2, der dei bygde og busette seg.  Dei hadde fyrr vore busette på Sælen, s. S. 3.  Born: Lars, f. 1897, s. n, Johannes, f. 1899, s. n.  Kristina døydde i 1932, og Mons gifte seg att i 1934 med Marta Kristina Kinserdal frå Hafslo, f, 1891.  Huslyden kalla seg no Birkelund

Lars Monsson Birkelund, f. 1897, fekk skøyte på bruket etter faren i 1929.  Lars var i mange år handelsmann på Osøyri.  G. 1934 Margit Johannes dtr. Torsvik frå Herdla, f. 1911.  Born: Kirsten, f. 1935, Oddrun, f. 1937. 

Johannes Monsson Birkelund, f. 1899, skøytte bruket etter broren i 1935.  G. 1920 Johanna Espetvedt frå Kalandseid i Fana, f. 1894.  Born: Kitty, f. 1920, Judith Marie, f. 1923, Ruth, f. 1924, Leif, f. 1927, Karsten, f. 1929, Harald, f. 1930 .  Johannes er snikkar og hev i mange år vore arbeidar ved møbelfabrikkane på Osøyri. 

SØFTELAND 28.  (Haregården).


Staten kjøpte i 1917
eit jordstykke av Bergens skogselskap og bygde her Os skogskules internat, der lærarane ved skulen og elevane budde til skulen vart nedlagt i 1923. 

Skogforvaltar Reidar Blytt var busett her og hadde tilsyn med eigedomen so lenge skulen var i gang.  Um han s. br. 2. 

Bernhard Rasmusson Haukeland, f. 1898, hev sidan vore busett her.  G. 1923 Betzy Kristians dtr. Nordvik, f. 1900.  Born: Rolf, f. 1923.  Bernhard er skogvaktar og hev tilsynet med statsskogane i Os.  Han hev vore formann i likningsnemndi o. a. 

SØFTELAND 29.  (Bjørge).  


Paul Vinsjansson Tømmernes, f. 1895, kjøpte eit stykke av br. 2 i 1918 og bygde her.  G. 1920 Anna Mons dtr. Høisæter frå Samnanger, f. 1901.  Born: Vilhelm, f. 1920.  Paul var smed og tok til med smidjeverkstad her.  I 1924 selde han bruket og flutte til Odda der han driv som smed på Eitrheimsneset. 

Karl Pederson Gåssand, f. 1902, kjøpte bruket av Paul i 1924 og tok til med trevarefabrikk her.  Sjå um han under br. 18.

SØFTELAND 30.  (Myren). 


Katrina Steffens dtr. Søfteland, f. 1877, festa i 1919 eit jordstykke av Bergens skogselskap og bygde her.  I 1925 vart Katrina gift med Svein Sælen og flutte då til Sælen, s. S. 2. 

Hans Sveinson Nordal, f. på Sanden 1898, vart buande her då Katrina flutte.  G. 1925 Anna Pauls dtr. Sælen, f. 1901.  Born: Klara, f. 1925, Paul, f. 1927, Armand, f. 1931.  Hans er anleggsarbeidar og hev arbeidt mykje i Odda. 

Katrina Steffens dtr. flutte attende hertil då mannen døydde i 1935 og er buande her no. 

SØFTELAND 31.  (Furrely). 


Maskinist Henrik N. Hansen frå Bergen kjøpte i 1919 eit jordstykke av br. 15 og bygde hus her.  Det er for det meste nytta til sumarhus. 

SØFTELAND 32. (Eikhaug)


Svein Andersson Eikhaug, f. 1867, fekk i 1913 bygsla eit jordstykke med det gamle bunadshuset på farsbruket sitt, s. br. 4, og vart soleis fastbuande der.  G. 1914 Eli Eivinds dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1862.  Svein driv med treskoarbeid og arbeider på planteskulen o. a.

SØFTELAND 33.  (Birkevoll)


Kristoffer Tormundson Drange, f. 1885, kjøpte i 1920 eit jordstykke av Bergens skogselskap og bygde og busette seg her.  G. 1914 Berta Johanne Langlo frå Sykkylven på Møre, f. 1891.  Born: Trygve, f. 1917, Lilly, f. 1918, kontorist, Bjarne, f. 1920, Klara, f. 1923, Elsa, f. 1926.  Kristoffer er skomakarsersjant ved 9. regiment og hev sitt arbeid på Ulven.  Han hev ogso havt skomakarverkstad på Søfteland.  I 1936 selde han her og flutte til Os, s. Os.  Kristoffer hev vore med i skulestyret, og er skyns- og domsmann o. a. 

Georg Pederson Gåssand, f. 1905, kjøpte bruket av Kristoffer i 1936.  G. Bergljot Engjels dtr. Bergstø, f. i Bergen 1902.  Born: Gunnar, f. 1931.  Georg arbeider i broren sin møbelfabrikk.  Han hev ogso havt skyssbil og driv som sjauffør. 

SØFTELAND 34.  (Bjørk).


Hans Schjønberg, f. 1886 i Spydeberg, Austfold, fekk i 1924 kjøpa eit jordstykke av br. 2 og bygde her.  G. 1919 Helena Olsen (Bergstø), f. 1895.  Born: Ellinor, f. 1920, Johan, i. 1921, Odd, f. 1923, Astrid, f. 1926.  Ein gut døydde ung.  Hans hadde vore agent men vart sjuk og døydde alt i 1928. 
Ekkja Helena Schjønberg hev eigedomen no. 

SØFTELAND 35.  (Bjørkheim). 


Engjel Jonson Holdhus frå Samnanger, f. 1897, kjøpte eit jordstykke av br. 2 og bygde her i 1928.  G. 1921 Gerda Gundersen, Søfteland, f. 1903.  Born: Anna (tvilling), f. 1921, Malena, f. 1921, Gustav, f. 1923, Erling, f. 1924, Jenny, f. 1925, Birger, f. 1926, Solveig, f. 1927, Egil, f. 1930, Godtfred, f. 1933, d. ung.  Engjel er steinarbeidar og driv med vegarbeid. 

SØFTELAND 36.  (Bjørkhaug). 


Elias Monsson Søfteland, f. 1869, kjøpte i 1928 ein part av farsbruket der han seinare bygde seg hus.  Elias er maskinist på dampskip og er busett i Bergen.  G. Beate Jakobsen frå Florø. 

SØFTELAND 37.  (Frøyatun).


Jon Henrikson Søfteland, f. 1895, fekk i 1921 eit stykke av farsbruket, der han bygde og busette seg.  G. 1918 Ingeborg Iversen frå Kristiansand, f. 1895.  Born: Eldbjørg, f. 1921, Henrik, f. 1922, Sofia, f. 1926, Roald, f. 1929.  Jon er trearbeidar og hev arbeidt i møbelfabrikk.  Ei tid dreiv han ogso bilkjøring med eigen lastebil.

SØFTELAND 38.  (Ljosheim).


Johan Olsen, Bergstø, tok undan eit jordstykke då han selde bruket sitt i 1927, s. br. 10, og bygde seg nytt hus på dette.  Bruket vart skøytt på dotteri Johanna som er i Arnerika.  Um Johan og huslyden s. br. 10.  Johan døydde her i 1934. 
Ekkja Sesilia Johannes dtr. er no busett på eigedomen.

SØFTELAND 39.  (Sviptun).


Jørgen Henrikson Søfteland, f. 1901, bygde på eit stykke av farsbruket som han kjøpte i 1930.  G. 1930 Oline Vevle frå Bergen, f. 1901.  Born: Berit, f. 1931.  Jørgen var ei tid i Amerika og er no arbeidar ved møbelfabrik.  Han er med i jordstyret o. a.  Oline døydde i 1937,

SØFTELAND 40.  (Bergli).


Nils Rasmusson Haukeland, f. 1891 kjøpte i 1931 eit jordstykke av br. 7, og bygde og busette seg her.  G. 1925 Inga Sveins dtr. Sælen, f. 1903.  Born: Reidar, f. 1926, Alf, f. 1928, Nora, f. 1933.  Nils var ei tid styrar av Os treskofabrikk i Hatvik, men byrja sidan med eigen treskofabrikk på Haukeland.  Då han kjøpte eigedom på Søfteland flutte han fabrikken hertil.  Han hev vore med i skulestyre, likning o. a., og var medlem av heradstyret 1935 – 37.

SØFTELAND 41.  (Opheim).


Kristian Henrikson Søfteland, f. 1898, kjøpte i 1932 eit stykke utmark av farsbruket der han bygde og busette seg.  G. 1927 Anna Myking frå Manger, f. 1905.  Born: Henrik, f. 1928, Audun, f. 1929, Kirsten Karta, f. 1932, Åge, f. 1933.  Kristian hev vore bygningsmann og er arbeidar i Bergens telefonkompani.

SØFTELAND 42.  (Myrvoll).


Vinsjans Paulson Sælen, f. 1903, kjøpte i 1932 eit jordstykke av Bergens skogselskap og bygde her.  G. 1923 Borg’hild Alfrida Olsen frå Bergen, f. 1902.  Born: Magnus, f. 1926, Willy, f. 1928, Paul, f. 1929, Bjørg, f. 1936.

SØFTELAND 43.  LITLESTRAUMEN.  (Furuholt).


Gustav Preus Olsen,
f. 1890, kjøpte eit utmarkstykke her av Lars og Ola Hjelle i 1914 og bygde på bruket.  Litlestraumen høyrer frå gamall tid til garden Hjelle, gards nr. 61 i Os.  Sjå um Gustav og huslyden hans under Røykenes 3.

Johannes Strand frå Bergen kjøpte bruket i 1918, men selde det alt i 1920 til kjøpmann Frithjof Bratland frå Bergen.  Han hadde det til 1931.  Eigedomen vart i desse åri for det meste nytta til sumarbustad. 

Johan Martinusson Myrtveit, f. i Manger 1884, kjøpte bruket i 1931.  G. 1916 Hildur Karls dtr. Askeland frå Manger, f. 1883.  Born: Kåre, f. 1916, Solveig, f. 1919, Liv, f. 1921, Margreta, f. 1928.  Myrtveit er løytnant ved 9.  regiment, og hev frå 1915 vore lærar i Søfteland krins.  Han hev vore formann i Os skulestyre, og hev m. a.  gjeve ut «Underoffiserar ved Søndre Bergenhus Regiment 1911 – 1930».  S. O. B. 364 – 65 og 375.  I 1936 selde han bruket og tok atter bustad i skulehuset på Sælen som fyrr.

Johan Akselson Kvamme frå Gaular, f. 1910, kjøpte bruket i 1936.  G. 1936 Betty Johannessen, Søfteland, f. 1913.  Born: Bjørg, f. 1936.  Johan er arbeidar i møbelfabrikken på Søfteland.

SØFTELAND 44.  LITLESTRAUMEN.  (Strømsrud).


Hans Hansson Søfteland, f. 1899, kjøpte i 1932 eit stykke jord av br. 43 og bygde og busette seg her.  G. 1926 Emma Eivinds dtr. Ferstadvollen, f. 1905.  Born: Edvard, f. 1927, Asbjørn, f. 1928, Edith, f. 1930, Helga, f. 1931, Bjørg, f. 1933, Harald, f. 1934.  Hans er korgmakar og driv korgmakarverkstad på eigedomen.

SØFTELAND 45.  LITLESTRAUMEN.  (Straumsneset).


Einar Sund Madsen frå Bergen kjøpte eit jordstykke i 1937 av br. 1 på Hjelle og bygde sumarhus her.