FYREORD til Os Soga II

FYREORD til Os Soga II

FYREORD.

Endeleg kjem framhald av Os soga med bolken um gardane og ættene.  Bolken vart større enn pårekna og vert difor skift i tvo band.  I dette bandet som no kjem er medteke grendene Søftelandsbygdi, Lysefjorden, Askvik og Øyane.  Resten av bygdi kjem i siste bandet.

Dei som er flutte frå bygdi vil lett verta gløymde, og eg hev difor teke med ein liten bolk um dei utflutte osingane.  Nokre som ved arbeid eller på annan måte hev gjort heimbygdi serleg æra er nemnde litt nær mare. Det var fleire som fortente ei umtala, men romet vart lite, og trass mykje strev hev det vore uråd å få litande upplysningar um alle.

I gardsoga hev eg freista å ta med alle bruk med buande folk.  Eige domar utan bunadshus er ikkje medtekne.

Gardane hev fenge same nummer og rekkefylgje som dei hev i den prenta matrikulen for Os.  Nummeri på dei ymse bruk på gardane hev derimot ikkje noko med matrikulen sine bruksnummer å gjera.  Bruki hev her fenge nummer etter som dei er upptekne eller skift ut som sjølvstenduge bruk, og kjem soleis nærast i kronologisk rekkefylgje.

I ættesoga hev eg freista å få med alle osingar som hev vakse upp i bygdi i dei siste 2 – 300 åri.  Lenger attende enn til midten av 1600-talet er det diverre uråd å koma.  Då osingane ikkje åtte gardane, men berre var leiglendingar, finns det umlag ikkje skøyte eller skifte som syner ættene i eldre tider, og det vert mest berre gissingar um ættene fyrr 1600.

Eg hev ikkje funne det turvande å ta med namni, fødeår o. l. for dei borni som er døydde i ung alder, men berre talet på slike i kvar huslyd.  Tvillingfødslor i huslydane vert vanleg nemnde.

Det er brukt nokre avstyttingar: b. = bur i eller på, fer. = bruk, d. – død, e. = ekkja eller ekkjemann, f. – fødd, g. = gift med, g. b. = gift og bur i eller på, s. = sjå, s. d. = sjå der, s. n. = sjå nedan fyre, s. o. = sjå ovanfyre eller framanfyre, ug. = ugift.

Døme på avstytting ved tilvisingar til andre bruk eller gardar:  «Helga, f. 1780, s. br. 5», = Helga, fødd 1780, sjå um henne under bruk nr. 5 på denne garden.  «Ola Bø, g. 1800 Kari Hauge, s. H. 3», = Ola Bø gift i 1800 med Kari Hauge, sjå um dei under Hauge bruk nr. 3.

Det er attimillom synt til andre bygdebøker og brukt nokre avstyttingar her.  Døme: «s. O. B. 450» = sjå Osboki band I sida 450, «s. S. B.220.» = sjå Samnangerboki sida 220,  «s. F. B. 300» – sjå Fanaboki band II sida 300.

Kjeldone som er nytta under arbeidet er mange.  Sjølvsagt er stor parten av tilfanget leita fram i arkivi, serleg i Riksarkivet og Bergens statsarkiv, men det er ogso samla mykje tilfang i Universitetsbiblioteket, Bergens bibliotek, Bergens Museum og andre samlingar.  Johannes Sund vor hev gjeve meg fritt tilgjenge til sine samlingar og andre hev gjeve verdfulle upplysningar.

Å finna gode bilæte av gardane i Os synte seg sers vanskeleg.  Dei fleste innsende bilæte måtte vrakast, og å leiga ein fagmann til å reisa bygdi ikring hadde eg ikkje råd til.  Dei fleste bilæte i boki er tekne av Henrik Tveit, som hev ofra mykje tid og pengar på dette arbeidet.  Eg takkar alle dei nemnde og andre som hev gjeve hjelp under arbeidet.  Ei serleg takk sender eg doktor Strønen som hev hjelpt til med utgjeving av boki.  Utan studnad frå han hadde eg ikkje makta å få boki prenta no.

Tvillaust vil ein finna mange misstak i boki.  Det let seg ikkje gjera å setja upp ei gards- og ættesoga med titusund av namn og årstal utan misstak.  For å få litande upplysningar hev eg sendt ut nokre hundrad brev med spurnader til folk på gardane, men mange fann det ikkje umaken verd å svara på brevi trass fleire purringar.  Fær eg melding um misstaki, so kann dei verta retta i siste bandet av boki.

Hegglandsdalen, 26. august 1938.
Nils Tveit