INNFLYTJING TIL OSBYGDI

Frå OS SOGA II side 15 – 21

INNFLYTJING TIL OSBYGDI.

Når me skal skriva soga um gardane i Os, so vert det berre ein liten bolk av gardsoga me kann leggja fram.
Me greider diverre ikkje å fylgja gardane langt attende i tidi, og heller ikkje finna mange av dei som hev vore busette på gardane.  I dei siste 400 åri, frå umlag 1520, kjenner me gardane si soga her, men lenger attende kjem me heller ikkje.  Og i denne tidbolken kann me ogso finna namn på storparten av dei som hev brukt gardane.

Men i mange høve vert det berre med namni på brukarane.  Dette gjeld serleg tidbolken frå 1520 til 1660, då me vanleg berre finn bøndene nemnde i dei danske lensherrane sine skattelistor.  Og kvinnone fær ikkje eingong namni sine inn i desse skattelistone, sjølv um dei betalar skatt. Solenge mannen betalar skatten so vert han skriven for Ola Tveit, Jon Bø eller kva det no kann vera, men når han døyr og ekkja svarar skatt av garden so vert ho berre skrivi for «enken Tveit» og «enken Bø».  Anten ho heitte Kari eller Brita vyrde ingen å spyrja henne um.

Fyrst frå tidi etter 1660 kjenner me noko meir til bøndene i Os og ættene deira.  Og dei fleste er Os-ætter.  Av dei mange tusund brukarar på gardane i Os i dei siste 300 åri er storparten osingar, folk som er fødde og uppvaksne i Osbygdi.  Men i denne lange tidbolken hev det heller ikkje vore so radt liti innflytjing frå grannebygdene, serleg frå dei på hi sida av Fusafjorden.  Mange av desse innflytjarane hev sett merke etter seg i Osbygdi si soga, og me tek difyr med nokre ord um denne innflytjingi.

Som nemnd i fyrste bandet av Osboki hev folkestraumen i Hordalandsbygdene vanleg gjenge leidi mot Bergen.  Ein og annan hev sjølvsagt teke den motsette vegen, men dei aller fleste kom ved kvar flytjing nærare mot Bergen enn dei fyrr var.  I denne leid hev ogso folkestraumen gjenge mot Os og gjenom Osbygdi.

Dei som flutte til bygdi i eldre tider vart sjølvsagt allesaman gardbrukarar.  Noko anna yrke som kunde livja ein huslyd var ikkje å finna i Osbygdi.  Seinare fann nok innflytjarane ogso anna yrke, vart handverkarar, handelsmenn o. a., men i dette oversynet tek me med berre dei som fekk seg jord i Os, og som vart knyttte til bygdi på den måten.  Me reknar heller ikkje med dei som flutte til bygdi fyrr 1690 – 1700.  Me finn nok mange innflytjarar ogso fyrr den tidi, men det er då jamt uråd å finna ut kvar dei kom frå til Osbygdi.

I dei gjengne 250 åri, frå ikring 1690 til no, hev 377 utanbygds folk vorte vanlege gardbrukarar i Osbygdi.  Attåt desse kjem so busitjarane eller eigarane av Ferstad, Klyva og Molda, som umlag stødt hev vore utanbygds folk, likeins nokre handelsmenn på Osøyri, Kvalesund og Buena, som hev drive gard attåt handelsverksemdi, og brukarane av prestegarden og klokkargarden.

Av dei 377 vanlege Osbønder, som er flutt inn frå andre bygder, er heile 94, eller nett fjordeparten, komne frå Fusa.  Umlag helvti av desse hev busett seg i krinsane austanfyre Oselvi.  Frå Samnanger er komne 59, skift noko ut over heile Osbygdi.  Strandvik hev sendt 42 gardbrukarar til Os, dei fleste hev fenge gard på Søre Neset og i Øyane, og frå Hålandsdalen er komne 19 innflytjarar, som er spreidde til alle krinsar i bygdi med undantak av Lysefjorden. 

Frå grannebygdi på hi sida, Fana, hev berre kome 21 bønder, og umlag alle so hev dei busett seg i Søftelandsbygdi eller Lysefjorden.  28 mann frå Bergen er vortne bønder i Os, helst i nærleiken av Osøyri eller i Øyane.  Mange av dei kom i anna ærind til Osbygdi, men smått um senn vart dei knytte til jordi og fekk seg gard her.

Me finn ogso innflytjing til Os frå andre Hordalandsbygder.  15 bønder er komne frå Kvinnherad, og næsten alle hev busett seg på Neset.  Frå Strandebarm og dei andreHardangerbygder er komne 19 ialt, frå Tysnes og Sunnhordlandsbygdene elles hev Osbygdi fenge 10 bønder, og frå Sund, Austevoll og bygdene nordanfyre Bergen er komne 11 ihop.  21 Osbønder er innflytjarar frå andre landsluter, dei fleste frå Sogn og Sunnfjord.

Det stend so att 38 innflytjarar med ukjend heimstad. og storparten av dei hev vore busette i Søftelandsbygdi og Øyane.  Mange av dei framande kom fyrst som drengjer til Osbygdi, serleg til Lysekloster der dei stødt hadde mange tenarar, og då dei seinare vart gifte og fekk seg gard i Os, so vart ikkje heimbygdi deira nemnd.  Ved å leita i kyrkjebøker o. a. i andre bygder hev me funne heimstaden og heimbygdi åt storparten av innflytjarane i Os, men for dei nemnde 38 stend det enno på det uvisse.  Vonleg kann me enno firma heimstaden for sume av dei.

Når me ser etter korleis dei framande hev spreidd seg ikring grendene i bygdi, so hev Øyane fenge størst innflytjing i 250 årsbolken med ialt 61.  Det er kome folk til denne grendi frå alle dei fyrrnemnde bygdene, men mest frå Fusa og Strandvik.  Største flokken frå Bergen og likeins dei med ukjend heimstad hev ogso busett seg her.  Garden Sundøy hev havt dei fleste framande busitjarar og der etter kjem Nordstrønen.  Til Økland er komne fleire bønder frå HåJandsdalen enn til nokon annan gard i bygdi.

Lyssand- og Klyvagrendi hev havt umlag like mange innflytjarar som Øyane, ialt 60. (Soframt hovudbruket på Molda og Klyva vert medrekna er talet langt større.)  Over tridjeparten av desse framande hev kome frå Fusa, likeins mange frå Samnanger og ikkje radt få frå Bergen.  I Hatvik hev den gamle garden, hovudbruket, berre havt utanbygds fødde brukarar radt frå 1662 til den noverande brukaren tok garden i 1920.  Dei innflutte hev elles spreidd seg ikring grendi.

Hegglandsdalen og Lønningdalgrendi hev ogso fenge mange framande, ialt 50.  Tvo tridjepartar av dei er frå Fusa og Samnanger.  Frå Fana eller Bergen er ikkje kome nokon hertil, heller ikkje frå Sunnhordlandsbygdene.  Av gardane hev Lønningdal fenge dei fleste framande brukarar.

Av dei innflutte hev 49 busett seg på Søre Neset, og av dei er helvti frå Fusa og Strandvik.  Mange er ogso frå Kvinnherad, som hev sendt storparten av sine folk til denne grendi.  Dette er ogso skyneleg, då den største jordeigaren her var baroniet Rosendal i Kvinnherad.  Frå Sunnhordlandsbygdene elles og frå Nordhordlandsbygdene kom ingen hertil, heller ingen frå Bergen.  Ytre Haugland tok imot dei fleste framande.

Til Moberg – Kuvengrendi, med ialt 44 framande bønder, hev den største innflytjarflokken kome frå Samnanger.  Likeins hev mange kome frå Fusa, og dei tvo nemnde bygdene hev ihop sendt helvti av dei framan de i denne grendi.  Det er ogso etter måten komne mange hertil frå Bergen, men ingen frå Fana. Av gardane hev serleg Kuven havt mange innflytjarar.

Søftelandsbygdi hev fenge 33 av sine buande bønder frå andre bygder.  Helvti av dei er folk frå bygder utanfyre Hordaland eller slike som f. t. hev ukjend heimstad.  Resten av dei innflutte er næsten alle frå Samnanger og Fana.  Ikkje ein einaste Fusasokning er komen til grendi her. Søftelands-garden hev teke imot brorparten av dei framande.

Lysefjorden hev ogso 33 innflytjarar i den nemnde tidbolken.  Av dei er tridjeparten komen frå Fana og resten frå alle dei andre fyrrnemnde bygder, Hålandsdalen og Kvinnherad undanteke.  Av gardane hev Sperrevik etter måten havt langt fleire framande brukarar enn dei andre gardane i grendi.

Av grendene i bygdi hev Nore Neset havt minst innflytjing etter måten, med berre 25 framande bønder.  Av dei er meir enn tridjeparten frå Fusa, resten frå dei andre nære grannebygdene.  Berre ein mann med kjend heimstad hev gjort langferd hertil.  Dei framande hev spreidd seg på gardane i grendi.

Borgebygdi og Skogagardane (Ulven-Tøsdal), som er minste grendi, hev ogso minste innflytjartalet, ialt 22.  Dei fleste er frå Fusa eller frå bygdene i nærleiken av Bergen.  Frå Hardanger- og Sunnhordlandsbygdene er ikkje komen nokon hertil.  Tvo tridjepartar av dei framande i denne grendi hev vore busette på gardane Ulven og Lunden.

På fire gardar i bygdi, Gåssand, Grindevoll, Sjøbøen og Tøsdal, hev det i 250 årsbolken berre vore busett bønder som er fødd og fostra i Osbygdi.

Skifter me den nemnde tidbolken i tvo bolkar, tidi fyrr og etter 1800, so finn me stor skilnad på innflytjingi i bolkane.  Innflytjingi hev minka etterkvart.  Medan det i fyrste bolken, tidi fyrr 1800, var umlag 220 utanbygds folk som fekk seg jord i Os, so er det i siste bolken berre 160.

Serleg hev innflytjingi til Os minka frå Fusa.  Medan det i fyrste bolken kom heile 66 mann frå Fusasokni som bønder til Os, so kom det i siste og største tidbolken berre 28.  Frå Strandvik, Hålandsdalen, Hardanger og Sunnhordslandsbygdene flutte umlag dubbelt so mange til Os i fyrste bolken som i siste, og frå Kvinnherad kom umlag alle innflytjarane fyrr 1800 årsskiftet.  Frå Fana kom umlag like mange fyrr og etter 1800.  Frå Samnanger er det derimot kome noko fleire i siste bolken, og av innflytjarane frå Bergen, Nordhordlandsbygdene og bygder utanfyre Hordaland er umlag alle komne til Os etter 1800. 

Det var på ymse måtar dei mange utanbygds mennene fyrst vart knytte til gardane i Os.  Sume kom fyrst i tenesta eller anna arbeid hjå jordeigaren, han lika dei, og dei fekk seinare bygsla jord hjå han.  Mange av bygslemennene på Lyseklostergardane fekk seg jord på denne måten.  Godseigaren på Lysekloster hadde mange drengjer frå andre bygder, og me finn dei jamt att seinare som bønder i Os.
Etter det ein kann skyna kom storparten av innflytjarane frå Hardanger til gard i Os på denne måten.  Det same hende vel ogso med fleire av dei som kom frå Kvinnherad og fekk bygsla jord på baroniet Rosendal sine gardar i Osbygdi.

Mange innflytjarar, kannhenda dei fleste frå Fusa og Strandvik, vart bønder i Os på den måten at dei gifte seg med gjentor eller ekkjor i Osbygdi, som hadde eller kunde få gard.  I sers mange høve galdt dette ekkjor.  Det var berre jordi som gav livemåten, og difyr var alle ungdomar som ikkje kunde få garden heime på leiting etter jord annanstad. 

Når ein gardmann døydde spurdest det straks både i heimbygdi og grannebygdene, og hadde han då ikkje ein vaksen son som skulde ta garden med ein gong, so vart det straks eit renn av friarar på garden.  Han som kunde få ekkja og garden med henne, eller dotteri um mori var altfor gamall, hadde berga livemåten, og difyr freista mange lukka si som friar i slike høve.  Og det ser ut som um Fusa- og Strandvik-sokningane i lange tider hadde like so stor lukka på dette umkverve som osingane sjølve.

Storparten av dei framande vart vel likevel bønder i Os utan å gå nokon av dei nemnde vegane, men ved å bygsla eller kjøpa eit falt bruk i bygdi.  Som ein vil sjå av soga um dei einskilde gardane sat osingane jamnast smått i det, og mange bønder måtte beint fram gå frå bruki avdi dei ikkje greidde skyldnadene sine.  Bruki vart fale, og dei fyrste som melde seg fekk bygsla på nytt, anten det var osingar eller utanbygds folk, soframt jordeigaren ikkje alt fyreåt hadde lova burt den fale bygsla.  Sjølvsagt gjekk det ogso lettare for ein mann å få jord når han var ei kjend og vyrd ætt, og her hadde folk frå grannebygdene jamt ei fyremun.