Amerikafararar

Frå OS SOGA II side 27 – 50

AMERIKAFARARAR.

Knut Knutson ytre Lekven, f. 1824, reiste til Amerika sumaren 1852 og er, etter det me veit, den fyrste osing som er reist beinveges frå Osbygdi til Amerika.  Det hadde gjerne hendt fyrr at sjømenn frå Os gjekk iland i Amerika og vart verande der utan at det spurdest i heimbygdi, men mange hev ikkje fare den vegen.  Knut Lekven lyt difor reknast som den fyrste Amerikafarar frå Os.  Han busette seg i Iowa og kalla farmen sin for Lekquin.  Han vart gift med Kari Villums dtr. Tysseland frå Samnanger som reiste over til Amerika same året som Knut.

Asbjørn Nilsson Berge, f. 1808, reiste med kona Gjertrud Johannes dtr. og dei tvo borni Nils og Marta til Amerika våren 1853.  Det var fyrste huslyden som for frå Os til Amerika, men det vart ikkje den siste.  Overfarten tok lang tid og utvandrarane leid mykje vondt på ferdi.  Sjå um dei i gardsoga under Berge 2.

Kristen Knutson ytre Lekven, f. 1820, bror åt den fyrste utvandraren, og halvbror hans Jon Jonson ytre Lekven, f. 1811, reiste over i 1854.  Dei tok vegen til broren Knut og vart farmarar som han.

Hans Hansson Øvredal, f. 1812, reiste til Amerika um våren 1859 og hadde med seg heile huslyden, kona Magdela Haldors dtr. og borni Hans, Haldor, Jan og Stein.  Sjå um dei under Øvredal 2.  Året etter reiste brørne åt Hans, Gudmund Hansson, f. 1823, og Johannes Hansson, f. 1825.  Den fjorde broren, Engjel Hansson, f. 1813, reiste ogso til Arnerika saman med kona si Sesilia Sædal, men kva år det var veit me ikkje.  Alle brørne vart farmarar.

Stein Haldorson Lønningdal, f. 1812, som var bror åt den ovennemnde kona Magdela Haldors dtr., reiste over våren 1861, og hadde med seg sønerne Stein og Isak.  Dei vart farmarar.  Sjå um dei under Lønningdal 1.

Engjel Hansson Hatvik, f. 1801, reiste ogso til Amerika våren 1861 og hadde med seg heile 9 menneskje: Kona Anna Bertine Gunnars dtr. og borni Malena, Gunnar, Adolf, Armalia, Frans, Bernhard, Harald og Dortea.  Den yngste dotteri var berre ein månad gamall då dei for frå landet. Sjå um dei under Kvalesund 1, der dei budde fyrr dei kom til Hatvik. 


Det reiste soleis 30 menneskje frå Os i den fyrste 10 årsbolken etter at utvandringi tok til frå Osbygdi.  Det auka på seinare, og mange osingar hev sidan 1860 funne vegen over havet.  Me skal nedanfyre stutt nemna nokre av dei som er farne or landet frå dei ymse grender i Osbygdi og tek gardane i rekkjefylgje.  Når ikkje alle dei utfarne er nemnde her, so er det avdi ein vantar turvande upplysningar, men dei vil i fleste høve verta nemnde i gardssoga seinare.

Jon Jonson Røykenes, f. 1858, reiste til Amerika i 1902, men kom att nokre år etter og busette seg i Hardanger.  Fleire av borni hans er sidan reist over og bur no i A. (Amerika). S. Røykenes 1.

Jørgina Mons dtr. Søfteland, f. 1861, reiste over.  Ho vart gift med ein mann frå Bergen som heitte Bergesen, men er no død.

Nils Nilsson Osøren, f. i Bergstø 1900, er busett i A.  Systrene Johanna Olsen Bergstø, f. 1897, og Anna Olsen, i. 1902, er reist over og er gifte og busette i A. Likeins er 5 av syskeni deira som var fødde fyrr faren kom til Os, Maria, Rasmus, Aletta, Olaus og Berta, i A.  Dei tvo siste er døde

Torstein Torkjellson Lien (Holelien ved Lysekloster), f.1855, reiste til A. i 1884, der han vart farmar.  Han var gift der, men då kona døydde og borni vart vaksne reiste han attende til Norig og er no busett på Hauge i Os, s. der.

Hans Eivindson Sjøbøen, f. 1867, reiste over ikr. 1890 og vart buande i A.

Johannes Larsson Sørstraumen, f. 1907, reiste tilsjøs i 1927, men gjekk i land året etter i A. og gifte og busette seg der.  Han var heime i Norig 1936 – 37.

Nils Larsson Sperrevik, f. 1858, busette seg rett nok ikkje i Amerika, men me nemner han her likevel.  Han var sjømann og forliste på Afrikastrendene, gjekk so i land og vart buande i Sudafrika.  Han var med i boerkrigen som han slapp heilskinna frå.  Ein veit ikkje noko um han seinare.

Ola Jakobson Sperrevik, f. 1886, reiste til A. i 1908 og broren Steffen Jakobson, f. 1890, tok over i 1910. Dei busette seg i Portland, Oregon, der dei dreiv skogsarbeid.  Tridje broren Kristian Jakobson, f. 1893, reiste over i 1913 saman med verbroren Alfred Boga og tok farm i Sud Dakota.  Verbroren kom att men Kristian vart verande i A.

Jonas Larsson Leirvåg (Sperrevik), f. 1891, reiste til A. i 1914 og busette seg i Seattle, Wash., der han er gift.  Han hev drive med fiske på Alaskastrendene.

Johan Andersson Sperrevik, f. 1901, reiste over i 1927 og busette seg i Brooklyn.  Han er ugift.

Anders Villumson Søvik, f. 1864, reiste til A. i 1887.  Han var då utlærd møbelsnikkar.  Han busette seg i Chicago og vart der gift med ei gjenta frå Ølen.  I 1887 var han med og skipa songlaget «Bjørgvin» og var ihuga songar der.  Han døydde alt ikr. 1890.

Engjel Danielson Søvik, f. 1866, reiste til A. i 1885 saman med fleire andre og busette seg som farmar i Iowa.  Han vart gift der med Kristina Nils dtr. indre Drange, f. 1862, som reiste over samstundes med Engjel.  Kristina er død.

Mons Størkson Salbuvik, f. 1877, reiste til A. ikr. 1900. Hev reist som sjømann med bustad i Seattle.

Anna Peders dtr. Salbuvik, f. 1888, reiste over i 1908, og er gift i A. med ein danske.  Ho hev vore ein snøggtur heimatt.

Gabriel Hansson Bjoarvik, f. 1844, reiste over ikr. 1870.  Han var farmar og vart tvo gonger gift.

Nils Nilsson indre Drange, f. 1849, reiste til A. i 1870.  Han var ugift og døydde ved eit uhende i 1888.  I 1885 var han ein snøggtur heimatt.

Mons Johannesson indre Drange, f. 1862, reiste over i 1885 og busette seg i Minnesota der han var uppsynsmann ved jernbaneanlegg.  Han var ugift og tok ein snøggtur heimatt i 1893.  Er no død.  Broren Ola, f. 1870, reiste i 1891.  Han var skogsarbeidar til 1900 og reiste so til Alaska der han hev drive med utførsla av laks og kveita.  Han er ugift og tok ein snøggtur heim i 1930.  Yngste broren Knut, f. 1874, reiste over i 1894 og tok bustad i Alaska.  Han er ugift som dei andre, men elles veit me ikkje noko um han.

Johannes Olson indre Drange, f. 1839, som var farbror åt dei sistnemnde 3 karane, reiste til A. i 1864 og vart farmar i Minnesota.  Han vart gift der med Anna Arnes dir. ytre Drange.  Dei var barnlause.

Larsina Ols dtr. indre Drange, f. 1882, reiste over i 1902 og vart gift med ein røyrleggjar Hans Botten.  Dei var fyrst i U. S. A. men flutte seinare til Kanada.  Ho er no ekkja.

Nils Arneson ytre Drange reiste til A. ikr. 1860 saman med systeri Anna Arnes dtr., s. o., som etter segni då alt hadde vore ein tur til Amerika.

Ola Jørgenson Eidsvik (ytre Drange), f. 1862, reiste over i 1885 og vart gift i A.  Han er no død.

Kristen Eivindson ytre Drange, f. 1853, reiste til A. i 1882.  Han tok farm og vart gift med Malla Sangolt frå Sund.  Eivind Eivindson reiste over i 1889.  Han er no død.

Hans Kristofferson ytre Drange, f. 1875, reiste til A. i 1889.  Han tok bustad i Montana, der han er farmar.

Torstein Jakobson Balland, f. 1846, reiste over i 1878 og tok farm.  Han vart gift i A. med Kari Jakobs dtr. ytre Haugland frå Os, f. 1844, s. n.  Torstein var ein snøggtur heimatt i 1890 åri.  Systerdotter hans, Jakobia Eriks dtr. Balland, f, 1867, reiste ogso over i 1893, men er for nokre år sidan komi attende til Os.

Marta Sjurs dtr. Skåtøy, f. 1884, reiste i 1924.  Ho vart gift i A. 1935 med Henry Gisleberg.

Lars Annaniasson Garvik, f. 1891, og broren Svein, i.1894, reiste til A. i 1911.

Ola Torkjellson Forstrønen f. 1840, reiste til A. i 1869.  Ola som var 1 år då faren døydde var uppfostra hjå Torstein Forstrønen, og 3 av borni åt Torstein reiste ogso over so snart dei var vaksne.  Det var Brita, i. 1848, Ola, f. 1851 og Torstein, f. 1864.  Brita reiste til vestkysten der ho gifte seg.  Ola busette seg i Minnesota, der han var gift og hadde huslyd.  Torstein var ungkar og tok ein tripp heim ikr. 1905, men sidan hev ikkje nokon høyrt frå han.

Helena Ols dtr. Skipparvik (Nordstrønen), f. 1876, reiste til Oslo i 1899 og derfrå til A. i 1913.  Ho er kjøkensjef og er busett i New York.  Ho var ein snøggtur heimatt i 1931 og 1936.  Brordotteri Borghild Jakobs dtr. Skipparvik, f. 1901, reiste over i 1922, der ho vart gift med ein Birch frå Bergen, som driv agenturverksemd i New York.  Borghild hev vore ein snøggtur heimatt.

Anna Anders dtr. Nordstrønen, f. 1853, reiste til A. i 1882.  Ho vart gift med Johannes Johannesson Lundetræ og var busett på Vestkysten.

Arne Pederson Skorpen, f. 1885, reiste til A. i 1907.  Han er formann ved jernbaneanlegg og gift der burte.  Broren Anders Pederson, f. 1883, reiste over i 1909 og var der i fleire år, men kom att og er busett i Skorpen.  Arne var ein tripp heim i 1923.

Ola Jonson Nordstrønen, f. 1896, er ogso busett i A.
Ingemår Larsson Sørstrønen, f. 1831, reiste til A. i 1873 og hadde kona med seg.  Han var gift 1871 med Ingeborg Taralds dtr. frå Fosnes i Trøndelag.  Dei tok farm i Minnesota.

Sesilia Lars dtr. Sørstrønen, f. 1884, er ogso reist over.

Knut Jonson Rottingen, f. 1863, reiste til A. i 1880.  Han vart fyrst gift med ei tysk kvinna, seinare med ei amerikansk, og var for det meste busett i San Fransisko, der han var formann ved skipsbyggjing.  Hadde ei dotter.  Han var ein snøggtur heimatt i 1930 og døydde året etter.  Bror hans, Jon Jonson, f. 1879, var sjømann og reiste på Vestkysten av A.  Han var ugift og døydde ved eit uhende i Honolulu 1921.

Johannes Jensson Røttingen, f. 1866, reiste over i 1884.  Han var farmar, og vart sidan gift med Brita Hans dtr. Bjørnen frå Os, s. n.

Nils Gabrielson Røttingen, f. 1891, reiste til A. i 1910 men kom att i 1912.  Han vart gift i 1914 med Elen Dalsgard frå Tysnes og fekk 3 born, Gudrun, Sigurd og Håkon.  I 1921 reiste han over att, men var heime eit par snøggturar i dei næraste åri.  I 1926 fekk han huslyden over og busette seg i Brooklyn der han driv som skipsbyggjar.  Broren Kristoffer, f. 1898, reiste over i 1926 saman med kona Petra Anders dtr. Lepsøy, f. 1897, og sonen Gerhard, f. 1925.

Karl Johannesson Rottingen (Træet), f. 1903, reiste til A. i 1927 og busette seg i Edmonton, Alberta i Kanada.  Han driv der som skogshoggar og på farmarbeid.

Ola Jonson Bruarøy, f. 1889, reiste over i 1910 og tok bustad i Los Angeles på Vestkysten, der han ogso vart gift med ei amerikansk gjenta.  Han var ein snøggtur heime i 1919.

Jonas Olson Bruarøy, f. 1893, reiste tilsjøs i 1909.  I 1923 gjekk han i land i A. og busette seg i New York, der han gifte seg same året men døydde alt i 1924.  Han hadde ikkje born.

Ola Engjelson Bruarøy, f. 1906, reiste over i 1925 og tok bustad i Neobrara, der han gifte seg og er busett.

Engjel Olson Sundøy, f. 1877, var sjømann og gjekk iland i A., der han busette seg i Brooklyn og gjorde tenesta på taugbåt.  Han vart gift i 1933 med ei norsk Sørlandsgjenta men døydde tvo år etter.  Dei hev ikkje born.  Broren Nils Olson d. e., f. 1879, reiste over i 1901 og busette seg i A.  Systeri Randina Ols dtr., f. 1882, reiste til A. i 1908 og vart gift der i 1910 med ein amerikanar William Hassett.  Dei bur i Mount Vernon, New York, og hev ei dotter, Ruth, som saman med mori gjesta Norig i 1930.  Broren Nils Olson d. y., f. 1885, reiste tilsjøs og busette seg i Baltimore.  Han vart gift med ei engelsk gjenta og dei hev tvo born.  Nils er styrmann på ein amerikansk båt.

Jonas Johannesson Sundøy, f. 1886, reiste i 1911 til A, der han vart farmar og dreiv med bruarbeid.  Då heimskrigen kom i 1914 vart han kalla inn til militærtenesta og vart med i fyrste sendingi av soldatar frå U. S. A. til Frankrik.  Han var fleire gonger med i elden men kom livande frå det og reiste attende til A.  Han busette seg no i Los Angeles og vart byggjeformann.  I 1924 vart han gift med ei gjenta frå Trøndelag og dei fekk ein son, John.  Jonas var mykje vyrd og godt likt av sine arbeidsfolk.  Han døydde i 1930.

Nils Jonson Sundøy, f. 1893, reiste over i 1910 og busette seg i Brooklyn der han er lagerarbeidar.  Han vart gift i 1916 med ei svensk gjenta Helga Frimann og hev 3 søner.  Han var ein snøggtur heimatt i 1914.

Anders Andersson Sundøy, f. 1909, reiste til A. i 1926 og busette seg i Brooklyn.  Han hev reist som mann på seglbåt og arbeidt i land attåt.  I 1933 vart han gift med ei Tysnesgjenta.

Johanna Arnes dtr. Sundøy, f. 1850, reiste over i 1874.  Ho var trulova med Lars Hovland som var reist over året fyrr og dei vart gifte iA.  Lars var farmar.  Dei fekk mange born, og då eldste sonen vart vaksen tok han garden og Lars og Johanna flutte inn til byen.  Bror åt Johanna, Nikolai Arneson, f. 1861, reiste over ikr. 1880, men han spurdest ikkje meir.

Ola Olson Sundøy, f. 1863, var sjømann og gjekk i land i Sudamerika.  Der døydde han i 1897.

Elling Nilsson Lepsøy, f. 1819, selde garden på Lepsøy i 1862, s. L. 1, og reiste til A.  Han hadde med seg heile huslyden, kona Maria Ols dtr. og borni Brita, Nils, Ola, Hans og smågjenta Helga, som berre var 8 vikor gml. Systeri Barbru Nils dtr., f. 1816, som i 1840 var gift med Jakob Hamre men som då var ekkja, reiste over samstundes.  Broren Nils Nilsson, f. 1833, reiste over til syskeni nokre år etter.

Kari Lars dtr. Lepsøy, f. 1856, som i 1882 var gift med Hans Hansson indre Haugland, reiste saman med mannen over til A. i 1884.  Det einaste barnet deira, Hans, f. 1883, var då nett død.  Hans busette seg som farmar i Iowa, men flutte seinare til Seattle på Vestkysten.  Her døydde han ikr. 1932.  Bror åt Kari, Lars Ivarson Lepsøy, f. 1859, reiste over i 1885, og hadde med seg kona Rakel Anders Ferstad. f. 1864, og sonen Ivar, som berre var eit halvt år gamall.  Dei busette seg i Iowa der Lars vart farmar.  Han døydde i 1932.  Brorson åt Kari og Lars, Ivar Hansson Lepsøy, reiste til sjøs, men gjekk i land iA. og vart buande i Seattle.  Her vart han gift med ei Sunnfjordgjenta og hev fenge tvo døtre, som begge er gifte.  Han hev for det meste drive med laksefiske i Alaska.  Brordotter åt Ivar, Petra Anders dtr. Lepsøy, f. 1897, reiste som ovanfyre nemnd til A. i 1926 saman med mannen Kristoffer Rottingen.

Elling Ellingson Bjørnerøy, f. 1891, reiste i 1910 og busette seg i Neobrara, der han er gift og driv som arbeidsformann.  Han var ein snøggtur heimatt i 1930.

Sivert Olson Askvik, f. 1899, reiste til A. i 1921 og hev drive som mekanikar i fljugemaskinverkstad.  Han hev teke fleire turar heim til Norig.

Nils Olson Hovland, f. 1842, reiste over i 1872.  Han vart gift med Anna Abrahams dtr. Lunden frå Os, f. 1845.  Broren Lars Olson Hovland, f. 1851, reiste året etter.  Han vart som fyrr nemnd gift med Johanna Sundøy, s. o.

Helga Nils dtr. Hovland, f. 1863, reiste til A. ikr. 1875.  Ho vart gift der burte og stod seg godt.  Ho døydde i 1936.

Engjel Torkjellson Døsen, f. 1880, reiste over i 1902.  Han var møbelsnikkar og driv trevarefabrikk i San Fransisko.  Er gift med Malena Ols dtr. Lekven, f. 1883, s. n.

Anna Ols dtr. Døsen, f. 1888, og broren Hans Olson, f. 1896, reiste til A. i 1914.  Anna vart gift med ein mann frå Fjell og er busett i Seattle.  Broren døydde eit par år etter at dei kom til A.

Torbjørn Torbjørnson ytre Tuen d. e., f. 1845, reiste til A. i 1872 og gifte seg her med ei norsk gjenta.  Han var farmar og arbeidde seg fram til velstandsmann.  Broren Torbjørn Torbjørnson d. y., f. 1855, reiste over i 1875 og vart farmar likeins som broren. Han vart gift med ei norsk gjenta, og fekk likeins som broren mange born.  Begge brørne vitja Norig i 1890, og den eldste likeins i 1907.  Eldste broren døydde i 1933 og den yngste nokre år fyrr.  Brorsønene deira Kristian Jonson ytre Tuen, f. 1866, og Torbjørn Martinusson ytre Tuen, f. 1868, reiste over i 1884.  Kristian kom att i 1900 og Torbjørn nokre år seinare.  Begge er no busette i Sunnhordland.

Peder Andersson ytre Tuen, f. 1860, reiste til A. i 1879.  Me veit ikkje meir um han.  Han hadde tvo eldre brør, Lars, f. 1853, og Didrik, f. 1855, og truleg reiste ogso dei til A.

Kristian Andersson ytre Tuen, f. 1861, var sjømann, f. 1853, og Didrik, f. 1855, som truleg ogso reiste til A.

Engjel Nilsson indre Tuen, f. 1848, reiste til A. i 1868.  Han kom heimatt i 1874 og gifte seg her tvo år etter med Ingeborg Nils dtr. Bø, f. 1849.  I 1877 reiste dei begge til A. og tok seg farm.  Eldste syster åt Engjel, Anna Nils dtr.f. 1828, reiste saman med broren til A. i 1868.  Ho vart her gift med ein norskfødd farmar.

Peder Jonson indre Tuen (Dalen), f. 1856, reiste til A. i 1880 og busette seg i Iowa, der han vart arbeidsformann ved jernbaneanlegg.  Her gifte han seg med ei dansk gjenta, men døydde straks etter.  Broren Lars Jonson, f. 1866, som kom til Amerika i 1882, gifte seg med ekkja og fekk arbeidet som broren hadde havt.  Tridje broren Anders Jonson, f. 1862, vart i 1882 gift med Anna Lars dtr. Fusa (når ho for til Amerika hev presten skrive henne for Anna Andreas dtr. Skåtun), og same året reiste dei til A. og hadde den nyfødde sonen Johan med seg.  Anders busette seg ogso i Iowa og vart arbeidsformann ved jernbanen likeins som brørne sine.  Brorson åt dei her nemnde 3 karane, Jonas Olson Bratlund (Solbakken), f. 1893, reiste ogso til A. og fekk jernbanearbeid i Iowa.  Han er gift med ei gjenta frå Aurland i Sogn og hev fleire born.

Torstein Jonson indre Tuen, f. 1869, reiste over i 1890 og vart farmar.  Broren Johannes, f. 1885, reiste nokre år seinare og vart farmar i Kanada.  Yngste broren Hans, f.1888, reiste over til broren ikr. 1905.  Systeri Synneva Jons dtr. f. 1876, reiste i 1900 og vart gift i A. med ekkjemann Anders Olson Haugland frå Os.  Han var busett i Story City, Iowa.  Eldste broren er no død og Synneva er ekkja.  Brordotter åt dei ovanfyre nemnde syskeni, Ragnhild Lars dtr. indre Tuen, f. 1907, er saman med mannen Johan Ivarson Leganger ogso reist til A., der dei driv farm i Kanada.

Hans Jakobson ytre Haugland, f. 1825, som var utlærd smed, bødkar og bygningsmann var gift med Guro Gjerde frå Fusa.  I 1862 var han med og bygde Fusa kyrkja, og året etter reiste han med kona og born til A.  Han vart farmar og bygde og busette seg i Iowa.  Hans tok mot alle norske utvandrarar som kom til desse kantar av landet, og dei han hjelpte slik kann teljast i hundradtal.  Då han døydde ikr. 1900 var likfylgjet hans større enn noko fylgje som var set i dei norske nybygder.  Hans var ein snøggtur heimatt i 1884 og eldste sonen hans, Jakob, vitja Norig i 1903. 
Tvo brørne åt Hans, Anders Jakobson, f. 1842, og Jakob Jakobson, f. 1848, reiste over til broren i 1873.  Dei vart farmarar og bygningsmenn, og Anders vart sidan formann ved bruarbeid åt jernbanen.  Dei vart gift med tvo Kvinnheradsgjentor, som elles var systrer.  Jakob var ein snøggtur heimatt i 1893.
Fjorde broren, Ola Jakobson, reiste over til dei andre i 1876 og hadde med seg kona Gjertrud Sverkes dtr. og sønene Anders og Ola.  Eldste sonen Jakob var reist over alt i 1873, og yngste sonen Annanias døydde fyrr dei for frå landet.  Dei hadde fyrr vore busett på ytre Haugland, s. br. 12.  Ola vart farmar og busette seg i Gilbert, Iowa.  Sjølv kom han ikkje att til Norig, men alle sønene hans hev vitja heimlandet.  Sonen Anders, som var ekkjemann, vart ikr. 1900 gift att med Synneva Jons dtr. indre Tuen frå Os, s. o.  Dei er busette i Story City, Iowa.  Syster åt Ola, Kari Jakobs dtr., f. 1844, reiste over i 1876 saman med broren.  Ho vart sidan gift i A. med Torstein Jakobson Balland, som, kom over tvo år seinare enn henne. 
Endå ein bror kom over i 1880.  Det var Nils Jakobson f. 1838, som hadde heile huslyden med seg.  Han var gift i 1867 med Marta Kornelia Hans dtr. Hatvik, f. 1845, og hadde borni Anna og Engjel.  Han busette seg som farmar i Story City, Iowa, der brorsonen ogso kom seinare. 

Berge Paulson ytre Haugland, i. 1817, reiste til A. ikr. 1863 og busette seg i New Orleans.  Me kjenner ikkje meir til han.  Brordotteri, Olina Jakobs dtr. ytre Haugland, f.1865, tok over i 1884.  Ho vart gift iA. med Nils Oma frå Strandebarm og dei fekk seg farm i Sud Dakota.  Bror hennar, Peder Jakobson, reiste over nokre år seinare.  Han døydde ugift.

Lars Larsson ytre Haugland (Haugane), f. 1838, reiste til A. i 1870.  Han vart farmar og busette seg i Minnesota.  Systersonen Arne Hansson ytre Haugland, f. 1883, reiste i 1900, vart gift og er busett i Minnesota.  Systerdotteri Hansina Hans dtr., f. 1880, tok over i 1904.  Ho vart gift i A. med Elias Hansson Bjørnen frå Os, og dei hev busett seg i Colorado.  Ei onnor systerdotter åt Lars, Anna Anders dtr. ytre Haugland, f. 1903, reiste ikr. 1920.  Ho er gift i A. med Ingolf Helland frå Manger.

Asbjørn Pederson ytre Haugland, f. 1859, reiste over i 1880.  Han vart farmar, og er etter det ein veit i live enno.

Eivind Andersson ytre Haugland, f. 1858, reiste til A. i 1882, og vart farmar i Sud Dakota.  Han liver enno og bur hjå brorsonen sin Ola Jonson indre Haugland i Minnesota, s. n. Brorsonen Eivind Olson ytre Haugland, f. 1904, reiste over i 1925.  Han driv fiske i Kanada med eigen fiskebåt.

Ola Nilsson ytre Haugland, f. 1854, reiste til A. i 1884.  Han hadde huslyden med seg, kona Anna Nils dtr. og borni Anna og Nils.  Ola hadde fyrr havt bruk på ytre Haugland, s. br. 2.  Ola er død men kona liver enno.  Jon Olson ytre Haugland, f. 1905, som er uppvaksen på same bruket, reiste over ikr. 1926 og busette seg i Kanada.  Han er gift der og driv farm.

Fartein Jonson ytre Haugland, f. 1866, tok over i 1884.  Me kjenner ikkje meir til han.

Lars Nilsson ytre Haugland, f. 1873, reiste tilsjøs, men gjekk seinare i land i A.  Han gjekk her skulevegen og vart prest.  I 1928 kom han til Norig og yrka eit års tid som talar i Os.  I 1929 reiste han attende til A.  Broren Martin Nilsson, f. 1882, var ogso sjømann, men tok so vegen til A. likeins som broren.  I 1930 var han ein snøggtur heimatt og året etter døydde han.  Yngste broren Hans Nilsson, f. 1886, reiste over i 1904.  Han er jernbanemann og er busett i Beelwood, Illinois.

Ola Olson ytre Haugland, f. 1881, reiste til A. i 1900.  Han vart farmar i Iowa, og vart her gift med Hanna Tungesvik frå Skånevik.  Dei er barnlause.  Broren Johannes, f. 1888, tok over i 1909 og busette seg i Iowa som broren.  Han vart der gift med ei Rogalandsgjenta.  Systeri Maria Olsdtr. f.1885, reiste i 1911 og vart gift i A. med Lars Moss.  Ogso dei vart busette i Iowa.  Yngste systeri Olina Olsdtr., f. 1895, tok over i 1927.  Ho er gift med Lars Ekesdal og er busett i South City, Iowa.  Eldste broren var ein snøggtur heimatt i 1930.  Brorson åt desse syskeni, Ola Engjelson ytre Haugland, f. 1905 reiste over i 1925 og er busett i Wisconsin.  Han vart der gift med ei farmardotter som ættar frå Valdres.

Anders Olson ytre Haugland, f. 1884, reiste til A. i 1902 og fekk arbeid ved jernbanen.  Han er no «superweiser» her og er busett i Beelwood, Illinois.  Han vart gift med Maria Svoldal frå Kvinnherad og hev 5 born, Orwel, Telford, Eimar, Arden og Helen.  Tvo av gutane er ingeniørar ved

jernbanen.  Anders var ein snøggtur heim i 1914 og kona hans i 1912.  Broren Ingvald Olson, f. 1891, reiste over i 1909, og vart her gift med ei svensk gjenta, Anna Berg. Dei hev ikkje born.  Han arbeidde fyrst som bruformann i Wyoming, men hev no ein liknande plass som broren med bustad i South City, Iowa.  Brorsonen Olav Olson ytre Haugland, f.1902, tok over i 1923.  Han vart her gift med Gladys Berg som ættar frå Nedstrand i Ryfylke og hev ei dotter, Maria Olina.  Han er formann ved bruarbeid på jernbanen og er busett i Rochford, Illinois.  Dei hev vitja Norig i 1930 og 1937.

Johan Olson ytre Haugland, som var uppfostra hjå Jon Haugland, reiste til A. ikr. 1900.  Han hadde gjenge Bergens underoffiserskule, kom inn i den amerikanske heren, og var med i krigen på Kuba og på Filippinerne.  Etter 1916 hev ingen høyrt frå han.

Hans Hansson indre Haugland, f. 1858, reiste til A. i 1884 og busette seg som farmar i Iowa. Seinare flutte han til Seattle på Vestkysten.  Han var gift i 1882 med Kari Ivars dtr. Lepsøy, som reiste med han til A.  Hans døydde ikr.1932.  Broren Anders Hansson, f. 1862, reiste tilsjøs i 1884 og kom ikkje att til Norig fyrr ikr. 1905 då han var ein snøggtur heimatt.  Sidan hev han vore utanlands, m. a. i Amerika.  Han var gift i 1883 med Ingeborg Eivinds dtr. ytre Moberg.

Bernhard Hansson indre Haugland, f. 1894, som var frå same bruket som Hans og Anders, reiste over ikr. 1920.  Han busette seg i Britisk Columbia, der han er gift og driv som mekanikar. Broren Hans Hansson, f. 1904, reiste i 1926 over til Kanada.  Han var ogso ei tid hjå broren, men bustaden no er ukjend.

Anders Jonson indre Haugland, f. 1875, reiste til A. i 1893 og tok til med jernbanearbeid.  Han er no banemeistar med bustad i Praktor, og er gift med Ragna Olson, som truleg er av norsk ætt.  Han vitja Norig i 1900 og 1912.  4 av brørne åt Anders er ogso reist over.  Ola, f. 1881, tok ut i 1898 og vart jernbanemann likeins som broren.  Han vart gift og busett i Minnesota.  Kona døydde og då Ola vitja Norig i 1908 vart han gift att med ei Sunnhordlandsgjenta.  Lars, f. 1884, reiste over i 1901, og Martin, f. 1890, tok ut i 1909.  Martin er gift med Emma Olson og er busett i Montana.  Yngste broren, Jon, f. 1894, reiste over til Anders i 1912 og er busett i Praktor.  Han er gift med ei gjenta av dansk ætt.

Ola Engjelson indre Haugland, f. 1887, reiste over ikr. 1910.  Han er gift og busett i Chicago, der han driv ein bensinstasjon.  Han var ein snøggtur heimatt i 1927.  Broren Lars Engjelson reiste ogso til A. og tok bustad i Iowa.  Han var smed og byrja med smedverksemd, men selde verkstaden i 1918 og flutte til Des Moines, Iowa, der han er gift og busett.  Han vitja heimlandet i 1918.

Johannes Nilsson indre Haugland, f. 1891, reiste til A. ikr. 1910.  I heimsufreden vart han med i den amerikanske heren til Frankrik og var med i fleire strider, men kom livande att til A.

Kristoffer Larsson indre Haugland, f. 1902, tok over i 1923 og byrja jernbanearbeid.  Han er no bruformann og er busett i Casper, Wyoming.  Han vart der gift med ei svensk gjenta Sigrid Jonson.

Peder Olson Halhjem, f. 1836, reiste tilsjøs i 1850 åri og spurdest ikkje meir.  Seinare hev ein son hans fortalt at Peder gjekk i land i Australia og busette seg i Sidney.  Han gifte seg der og fekk tvo born.  Sonen er busett i Amerika.

Peder Pederson Halhjem, f. 1847, reiste til A. i 1870, og vart gift der med ei gjenta frå Bjørnebøle i Kvinnherad.  Dei fekk 5 born.  Peder dreiv som byggmeistar og snikkar og hadde stor verksemd.  Han var mykje interessert i travsport og var vida kjend som eigar av fleire veddelaupshestar.

Hans Engjelson Halhjem, f. 1884, reiste over i 1900.  Han er ugift og arbeider som bruformann ved jernbanen.  Broren Karl, f. 1886, tok over i 1904 og vart farmar.  Han er gift med ei tysk gjenta og hev 4 born.  Systeri Maria, f. 1882, reiste over i 1907 og vart gift i A. med ein svensk verkstadarbeidar Janson.  Tvo yngre brør, Peder, f. 1889, og Martin, f. 1891, tok ut i 1909 og fekk begge arbeid ved jernbanen.  Peder, som vart gift med ei Oslogjenta, er bruformann, og Martin er mekanikar.  Han vart gift med ei amerikansk gjenta.

Knut Nilsson Lunde, f. 1874, reiste tilsjøs i 1896, men gjekk seinare i land i A. og busette seg i Nord Dakota.  Sidan flutte han til Vestkysten, der han dreiv som byggmeistar.  Broren Lars Nilsson, f. 1878, var ogso sjømann, men gjekk i land i A. likeins som broren og budde saman med han.  Begge er døde.  Yngste broren Johan, f. 1885, tok over i 1907 og busette seg i Seattle.  Han døydde i 1936.

Gurina Torkjells dtr. Lunde, f. 1888, reiste over i 1909, og vart gift med ein svensk mann, Erickson.  Dei busette seg i Minnesota, men Gurina døydde alt i 1913.

Lars Pederson Lunde (Herevoll), f. 1888, reiste til A. i 1906.  Han er busett i Cantaclora og er gift med Anna Steine frå Kvam i Hardanger.  Broren Ola Pederson, f. 1900, reiste over til Lars i 1920.  Han er tenestemann i den amerikanske heren og gift med ei amerikansk gjenta.

Johanna Martins dtr. Lunde, f. 1889, reiste over ikr. 1910.  Broren Severin Martinson, f. 1892, reiste ogso over men kom att i 1916 og busette seg på Laksevåg.

Brita Hans dtr. Bjørnen, f. 1860, reiste til A. i 1886 med sonen Johannes, f. 1885.  Ho vart gift der med Johannes Jensson Røttingen som var reist over 2 år fyrr, s. 0., og dei fekk 10 born.  Dei vitja heimlandet ein gong.  Brita døydde i 1936.  Systeri Malena Hans dtr., f. 1873, tok over i 1894.  Ho vart gift i A. med Stein Haugen frå Skånevik, men døydde alt på barseng i 1901.  Broren Johannes, f. 1887, reiste over i 1903 og busette seg på Vestkysten, der han vart gift med ei dansk gjenta.  Han dreiv kveitefiske og kom burt på sjøen.  Broren Elias, f. 1880, fylgde etter i 1905 og busette seg i Colorado, der han dreiv som bygningsmann.  Han vart gift i A. med Hansina Hans dtr. Haugland, som var reist over året fyrr, s. o. Elias var ein snøggtur heime i 1910.  Systeri Anna, f. 1876, reiste som den siste av syskeni over i 1912.  Ho er gift iA. med Andreas Sivertsen frå Sunnmør og er farmarkona.

Brorson åt dei nemnde syskeni, Hans Anderson Bjønnen, f. 1892, tok over til A. då farsysteri Anna reiste i 1912.  Han er gift med Petra Jensen frå Bergen og driv snikkarverkstad.  Han hev vore ein snøggtur heimatt.  Broren Jon Andersson, f. 1904, reiste over i 1923 og driv som bygningsmann.  Han er ugift.

Malena Simons dtr. Bjørnen (Bjørnevik), f. 1869, reiste til A. i 1892.  Ho vart gift der med Anders Oppedal frå Hardanger som var farmar.  Malena liver enno, men er ekkja.  Halvsysteri Berta Simons dtr., f. 1877, tok over i 1903.  Ho er gift i A. med ein farmar Carlsen, som er av dansk ætt.

Hans Knutson Ferstadvollen, f. 1874, reiste til A. i 1893, og dreiv med ymse slag arbeid.  Han var ugift og døydde i 1833.  Broren Annanias Knutson, f. 1877, reiste over i 1895.  Han vart gift med ei engelsk gjenta og hev vore arbeidar i hageanlegg.  Hans var ein snøggtur heimatt ikr. 1910.

Brørne Helge Kristofferson Ferstad (Vashaugen), f.1876, og Torstein Kristofferson, f. 1879, reiste til A. i 1901.  Dei tok, likeins som mange andre, fyrst vegen til den gamle farmen Lequin i Iowa, som den fyrste utvandraren frå Os bygde, men som no var ått av Hans Lekven, s. n.  Dei vart sidan farmarar, Helge i Sud Dakota og Torstein i Montana.  Torstein tok ein snøggtur heim i 1909. 

Systerne Kari Torsteins dtr. ytre Lekven, f. 1847 og Olina Torsteins dtr., f. 1850, reiste over i 1880 og tok inn på farmen Lequin til den fyrste utvandraren Knut Lekven som var farbror deira.  Begge systerne vart gifte i A., Kari med ein danskfødd farmar og Olina med ein svensk.  Bror deira Hans Torsteinson, f. 1860, fylgde etter i 1882 og tok ogso vegen til farbroren Knut på Lequin.  Her vart han gift med ei dotter åt Knut og fekk farmen hans.  Han var ein snøggtur heimatt etter 1900.  Katrina Knuts dtr. ytre Lekven, f.1832, som var syster åt gamle Knut, reiste ogso over til han i 1876.  Alle desse er døde.

Malena Ols dtr. ytre Lekven, f. 1883, reiste til A. i 1908.  Ho busette seg fyrst i Idaho og vart der gift med Engjel Torkjellson Døsen frå Os.  Dei flutte sidan til San Francisko, der Engjel driv ein trevarefabrikk.

Helga Anders dtr. indre Lekven, f. 1855, reiste over i 1855.  Ho vart gift iA. med ein Stavangermann.

Johanna Nils dtr. ytre Moberg, f. 1846, reiste til A. i 1876.  Ho vart der gift med Hans Hansson Solbjørg frå Samnanger, som reiste over samstundes.  Brordøtterne hennar Kristi Knuts dtr. ytre Moberg, f. 1871, og Marta Knutsdtr., f. 1879, reiste ogso over, Kristi i 1887 og Marta i 1896.  Kristi vart gift med ein mann frå Oma i Strandebarm som var farmar i Iowa.  Ho var ein snøggtur heim i 1924.  Marta vart busett i Los Angeles på Vestkysten, der ho vart gift med ein amerikansk meklar og entreprenør Holland.  Ho var heimatt i 1906 og 1924, og døydde i 1936.

Hans Johannesson ytre Moberg, f. 1885, reiste ut i 1908. Han vart farmar og var ei tid busett i Sud Dakota, men flutte seinare til Nord Dakota.  Han er gift med Malena Hans dtr. Bjånes frå Os, f. 1888, og var ein snøggtur heim att i 1938.  Systeri Johanna Johannes dtr., f. 1888, reiste over i 1909.  Ho vart der gift med ein skreddar av spansk’ ætt og er busett i Montana.

Nils Olson ytre Moberg, f. 1868, reiste til A. ikr. 1895 og busette seg i Brooklyn, der han dreiv med bygningsarbeid.  Systeri Kristi Ols dtr., f. 1879, reiste over nokre år seinare og er død der burte.  Broren Ola Olson, f. 1886, reiste ikr. 1911 og tok over til Vestkysten, der han busette seg i Seattle og driv som båtbyggjar.

Brørne Harald Andersson ytre Moberg, f. 1898 og Anders Andersson, f. 1906, tok ogso vegen til A.  Harald reiste i 1923 og Anders noko seinare.  Dei er begge busette i Brooklyn, der dei driv med bygningsarbeid.

Knut Engjelson indre Moberg, f. 1845, reiste over i 1875 og busette seg i Iowa, der han vart farmar.  Han var ugift.
Systeri Kari Engjels dtr., f. 1853, var i 1878 gift med ein handelsmann Severin Andersen frå Bergen, og dei reiste til A. same året og tok bustad i nærleiken av Knut.  Brorsonen Ola

Engjelson ytre Moberg, f. 1885, reiste i 1907 og tok over til Vestkysten.  Han busette seg i Seattle, og då han var utlærd båtbyggjar sette han der igang eit båtbyggjeri som han driv framleis.  Han hev no ei stor verksemd og er serleg kjend for sine gode fiskebåtar.  Han vart gift i A. med ei gjenta frå Kristiansund, og vitja Norig i 1914.

Engelina Anders dtr. indre Moberg, f. 1860, reiste til A. i 1883.  Ho vart der gift med Hans Hansson Osøyri, som dreiv slaktarverksemd.  Dei hev 5 born som alle er gifte.
Broren Haldor Andersson, f. 1863, reiste over i 1889 og vart farmar.  Han vart gift med Lina Hanssen, Osøyri.  Dei hev 6 born, alle gifte.  Systersonen Anders Nilsson indre Moberg, f. 1887, reiste ogso over ikr. 1905 og er busett i A.

Vilhelmina Ols dtr. Valle, indre Moberg, f. 1883, reiste til A. i 1909, og hev busett seg i Seattle.  Ho er gift med Harald Landås frå Bergen og var ein snøggtur heimatt i 1930.  Broren Henrik Olson Valle, f. 1896, reiste ut i 1925 og er busett i Seattle.  Han er ingeniør og driv med større byggjearbeid.  Han vart gift i A. med Ellen Strai som er fødd i A. men er av norsk ætt.  Henrik vitja Norig i 1931.  Brorsonen Ragnvald Larsson Valle, f. 1904, reiste ogso over i 1925.  Han er ugift og arbeider i ein fljugemaskinfabrikk.

Tora Tomas dtr. indre Moberg, f. 1895, tok over i 1923.  Ho er gift med Kristoffer Andersson Bø frå Os og er busett i Brooklyn.  Dei var ein snøggtur heimatt i 1933.

Ingeborg Ols dtr. indre Moberg, i. 1890, og systeri Ragna Ols dtr., f. 1892, reiste til A. fyrste gong i 1920 åri.  Dei hev vore fleire gonger heimatt og reiste siste gong over i 1937.

Mortein Nilsson Kuven, f. 1863, reiste over i 1884.  Han dreiv målararbeid o. l., og var ugift. Mortein var ein snøggtur heim i 1914 og er no død.  Brorsonen Bernhard Nilsson Kuven, f. 1902, tok over i 1922 og systerdotten Malena Peders dtr. Kuven, f. 1898, tok turen i 1924.  Ho er no gift i A.

Jakob Jonson Kuventræ, f. 1875, reiste ut i 1895 og busette seg i Sud Afrika.  Han døydde ikr. 1920.

Lars Ellingson Osøyri, f. 1854, reiste til A. i 1884 og hadde med seg kona Sigrid Elias dtr., f. 1852, og sonen Edvard, f. 1880.  Me veit ikkje meir um dei.

Engelina (Ellen) Nikolais dtr. Osøyri, f. 1863, reiste over i 1887.  Ho vart gift i A. med Haldor Andersson indre Moberg som reiste over i 1889, s. o.

Hans Hansson Osøyri, «Små-Hans», som var brorson åt handelsmann H. N. Hansen, reiste over i 1880.  Han vart gift i A. med Engelina Anders dtr. indre Moberg, som reiste i 1883.

Ingolf Kristianson Berg
, Osøyri, f. 1887, reiste til A. i 1906, og broren Einar Berg, f. 1889, fylgde etter um eit års tid.  Ingolf som er ugift hev drive fruktfarm, men bur no i San Francisko, og broren som er busett i same byen, driv som entreprenør, med byggjearbeid o. l.  I 1930 vitja dei begge Norig, og då dei reiste attende til A. vart mori Johanna Nikolais dtr. Berg, f. 1864, med dei og bur no i San Francisko.

Brørne Karl Djuvik, f. 1905, og Harald Djuvik, f. 1907, er ogso reist over til A.  Dei var snikkarar.  Karl hev vore ein tur til Norig att.

Lars Hansson Tøsdal, f. 1843, reiste til A. i 1870.  vHan hadde då vore lærar og var trulova med dotter til presten Greve i Os, Magdalena Margreta Koren Greve, men då den gamle aristokratiske presten ikkje kunde tenkja seg å gjeva dotter si til ein simpel skulemeistar og var mot giftarmålet, so måtte Lars Tøsdal freista å koma høgre upp.  Han gjekk presteskulen i A., vart tilsett som prest, og i 1873 kom han attende til Os og henta bruri, som no fekk faren si signing til giftarmålet.  Lars var prest all sin dag i dei norske nybygdene i Iowa, og då han døydde i 1932 var han den eldste norske presten i A.  Sjølv kom han ikkje attende til Norig, men i 1936 var tvo av døtterne hans og ei dotter åt den tridje på vitjing i heimbygdi åt faren.

Henrik Hansson Tøsdal, f. 1867, som var bror åt Lars, reiste over i 1883 og busette seg i Esterville, Iowa.  Han vart handelsmann og fotograf.  Kona som heitte Anna Ols dtr. var av norsk ætt.  Av dei 4 borni hans hev sonen Harry, som er professor ved Harward universitet, fleire gonger reist gjenom Europa, og på tri av turane hit hev han ogso vitja Osbygdi.  Broren Hans Tøsdal, f. 1871, reiste over berre 13 år gamall i 1884.  Han var fyrst farmar i Nord Dakota, men seinare flutte han til byen Stanley i nærleiken og er domar i byen.  Systeri Maria Tøsdal, f. 1862, reiste saman med yngste broren i 1884, og vart i A. gift med ein amerikanar Jan Henderson med bustad i Chicago.  Då mannen døydde flutte Maria med dotteri til San Diego, Kalifornia, der dei no bur og dotteri er styrarinna for ein stor skule.  Einaste sonen er professor.  Dotteri hev teke fleire ferder i Europa og vitja Osbygdi tvo gonger.  Siste gong i 1927 var ogso mori med henne til heimbygdi.

Annanias Knutson Lunden, f. 1836, reiste til A. ikr. 1870.  Me kjenner ikkje meir til han.

Nils Gunnarson Halseth, Lunden, f. 1852, reiste over ikr. 1880.

Johannes Johannesson Lundetræ (Lunden)
, f. 1857, reiste til A. i 1882.  Der vart han gift med Anna Anders dtr. Nordsstrønen.  I 1884 reiste ogso broren Knut Johannessen Lunden, f. 1851, over og hadde med seg heile huslyden sin, kona Brita Ols dtr., og borni Ola, Velina, Johannes og Johanna, den siste berre tvo år gamall.  Knut hadde fyrr havt eit bruk i Lyssandtræ, s. Lyssand 8. Mori Kari Knuts dtr. Luntdetræ, f. 1818, som då var ekkja, reiste ogso over og likeins systeri Maria Johannes dtr., f. 1859.  Både Knut og Johannes vart farmarar.

Henrik Torbjørnson Lyssand, f. 1877, selde garden sin og reiste over i 1902.  Han vart farmar.  I 1914 var han ein tur heime, men reiste attende året etter.  Han var ugift.

Peder Larsson Bø, f. 1829, reiste til A. i 1869 og busette seg i Minnesota, der han vart farmar.  Han hadde då vore handelsmann i Bergen nokre år, s. n. under handelsmenn.  Peder var gift i 1858 med Maria Engjels dtr. Kvalesund, men um ho livde og reiste med til A. veit me ikkje.

Kristen Nilsson Bø, f. 1840, tok over i 1876 og vart farmar i Minnesota.  Systeri Ingeborg Nils dtr. f. 1849, som i 1876 var gift med Engjel Nilsson indre Tuen, reiste året etter saman med mannen, s. o.

Jakob Jakobson Bø (Balland), f. p. Osøyri 1878, reiste over til A. i 1900 og tok farm.  Der vart han gift i 1905 med Anna Johannes dtr. Holmefjord frå Fusa, f. 1882.  I 1908 kom han attende til Os og rydja og bygde då bruket Fagertun ved Ulven st., der han var til han atter i 1921 for til A. og vart farmar i Kanada.  Han hadde då med seg kona og borni Hjalmar, Magdalena, Jakob, Johannes, Harald, Maria og Olina.  Broren Torstein Jakobson, f. 1890, reiste ogso over i 1920 åri og hev farm i Kanada.

Anders Sjurson Bø, f. 1885, reiste til A. i 1906 og busette seg i San Francisko.  Han driv der som byggmeistar og er gift med Brita Romslo frå Haus.  Han var ein snøggtur heime i 1927.  Broren Annanias Sjurson fylgde etter i 1908.

Mons Monsson Bø, f. 1886, tok vegen til A. i 1905, og broren Knut Monsson, f. 1888, tok same vegen i 1909.

Vinsjans Olson Midtbø, f. 1885, er officer i Frelsesarmeen og gjer tenesta utanlands.  Han hev i mange år vore busett på Sumatra i Ostindien.  Vinsjans er gift og kona gjer tenesta i Frelsesarmeen saman med han.  Han hev vitja Osbygdi att eit par gonger.

Fredrik Ingebrigtson Bø, f. 1896, reiste til A. og vart farmar i Kanada.  Han var heime ein tur og reiste over att i 1927.

Kristoffer Andersson Bø, f. 1895, tok over i 1923 og busette seg i Brooklyn.  Han er gift med Tora Tomas dtr. Hoberg, s. o.  Dei var ein snøggtur heime i 1933.

Albrigt Johannesson Bø, f. 1897, tok vegen til A. i 1923.  Han er busett i New York.

Malena Hans dtr. Bjånes, f. 1888, reiste over og vart gift med Hans Johannesson ytre Moberg, s. o.  Dei bur i Brooklyn.

Harald Hansson Tvedt, Hatvik, f. 1868, var sjømann og reiste på Vestkysten av A.  Han var ei tid busett i Seattle.

Asbjørn Olson Berge, f. 1856, reiste til A. i 1881.  Han tok fyrst inn til grannen Asbjørn Nilsson Berge, som var reist over 30 år fyrr, men tok seinare vegen vestover og busette seg i nærleiken av Seattle, der han dreiv farm og hadde sagbruk.  Han vart gift med ei svensk gjenta.  Broren Fredrik Olson, f. 1854, reiste over i 1883 og vart farmar i Iowa.  Han var ein snøggtur heime i 1914. 
Asbjørn og Fredrik fekk 3 brorsøner over seinare.  Ola Nilsson Berge, f. 1882, reiste ut som sjømann, men gjekk i land i A. 1904 og tok vegen til Alaska.  Her var han gullgravar i 13 år, men reiste so sudover att og busette seg i Washington i nærleiken av Seattle.  Her vart han gift med ei gjenta frå San Francisko og er dammbyggjar.  Broren Johan Nilsson Berge, f. 1887, tok over i 1906, og fekk farbroren Asbjørn sin farm og sagbruk i nærleiken av Seattle.  Han vart gift med ei gjenta av svensk ætt, men er no død.  Yngste broren Bernhard Nilsson, f. 1900, reiste over med farbroren Fredrik i 1914 og arbeider i ein av dei store bilfabrikkane i Detroit.  Han er ugift.

Vinsjans Larsson Berge, f. 1873, tok vegen til A. i 1893.
Johan Johannesson Berge og Annanias Pederson Heggland reiste saman med han, men dei kom straks att til Norig.  Vinsjans var i A. ei tid, men kom so att til Os og var heime eit par år.  I slutten av 1890 åri reiste han attende til A., der han sidan hev vore og driv som handelsmann.  Han er gift med Lena Rud frå Telemark.  Broren Alfred Berge, f. 1888, reiste over til broren i 1905. Han er gift med Milla Rud, som er syster åt brorkona hans.

Jakob Olaison Berge, f. 1866, reiste til A. i 1887.  Han tok farm i Iowa og skal seinare vera i Kanada.

Ola Arneson Heggland, f. 1873, reiste ut i 1890 åri og hev teke bustad i A.  Han hev vitja heimbygdi fleire gonger.

Mortein Olai Tomasson Heggland, f. 1870, som var uppfostra hjå Nils Kuven, reiste over i 1891.  Han dreiv som fabrikkarbeidar.

Tomas Olson Heggland, f. 1880, er utdana som ingeniør og arbeider i Filadelfia.  Han hev vitja heimbygdi ein gong.

Fredrik Fredrikson Heggland, f. 1891, er sjømann og reiser på kysten av A., der han er busett. Systeri Henriette Heggland, f. 1883, hev ogso teke vegen til A. og er gift der.

Engjel Nilsson Midthus, f. 1844, gjekk underoffiserskulen og vart sersjant, men flutte so til Bergen og vart handelsmann der.  I slutten av 1880 åri reiste han til A. og busette seg i Chicago, der han dreiv som målar.  Huslyden var att i Norig.  Seinare tok han over til Vestkysten og busette seg.  Han var vida kjend som skeiselaupar og heldt mange framsyningar i A.  M. a. tevla han med den kjende skeiselauparen Axel Paulsen og vann over han fleire gonger.  Engjel døydde ikr. 1930.

Engjel Olson Midthus, f. 1879, og broren Anders Olson, f, 1884, reiste over ikr. 1903.  Anders var ein snøggtur heim nokre år etter, men reiste attende og vart farmar i Iowa.  Han er gift med Lisa Haga frå Strandvik.  Broren Annanias Olson, f. 1886, fylgde etter brørne nokre år seinare og vart som dei farmar i Iowa.  Han er ugift.  Engjel kom sidan attende til Norig og bur på Hauge i Os.

Jørgen Monsson Lien, f. 1863, tok vegen til A. ikr. 1890.  Han var målar og arbeidde ei tid i Chicago.  Brorsonen Andreas Vinsjansson Lien, f. 1891, reiste over i 1924 og vart farmar i Iowa saman med Anders Rød.  Han slutta seinare som farmar og driv no lastebilkjøring.

Lars Olson Spansteig (Heggeland), f. 1877 reiste til A. ikr. 1900.  Han kom heimatt og dreiv som steinarbeidar o. a. nokre år, men reiste so med huslyden sin attende til A. og driv no smedverksemd i Kanada.

Brørne Tomas Steffenson Rød, f. 1890, og Jørgen Steffenson, f. 1893, reiste over ikr. 1910.  Dei dreiv ei tid som farmarar i Iowa og hadde farm saman, men driv no med ymse arbeid.  Jørgen var under heimsufreden med i Frankrik, men kom ikkje i fremste eldlina då han var med i eit ingeniørkompani.  Han er ugift.

Anders Haldorson Rød, f. 1902, tok over havet i 1924, og vart farmar i Fort Dodge, Iowa.  I den fyrste tidi hadde han farmen saman med Andreas Lien, s. o.  Broren Jon Rød. f. 1907, fylgde etter i 1926 og busette seg likeins i Iowa.  Han er styrar for ein alestasjon for fjørfe.  Begge brørne er ugifte.

Hans Steinson Lønningdal, f. 1841, tok vegen over til A. i 1886, likeins som faren hadde gjort i 1861, s. o. Hans hadde huslyden med seg, kona Marta Anders dtr. og borni Herborg, Agata, Anna, Stein, Andreas og Nils.  Hans vart farmar i Iowa, og han tok mot mange av dei osingar som seinare kom over til A.  Brorsonen Ragnvald Haldorson Lønningdal, f. 1887, kom over ikr. 1904. Han tok ein snøgg tur heim nokre år etter, og broren Harald Haldorson, f. 1890, fylgde med Ragnvald då han reiste attende.  Yngste broren Johan Haldorson, f. 1893, fylgde etter nokre år seinare.  Ragnvald driv med ein fiskebåt på Austkysten, Harald hev bensinstasjon og garasje i Chicago, og Johan driv som farmar i Iowa.

Lars Larsson Lønningdal, f. 1891, reiste over ikr. 1910 og busette seg i Brooklyn, der han driv som lekterførar.  Systeri Tea Lars dtr., f. 1894, vart gift med Johannes Aspenes frå Fusa.  Dei reiste over og bur likeins i Brooklyn.

Engjel Olsson Øvredal, f. 1812, vart i 1844 gift med Guro Ols dtr. Mobergslien.  Engjel reiste seinare over til Amerika, men kva tid det var og um huslyden var med, veit me ikkje.

Jon Jonson Øvredal, f. 1827, reiste over i fyrsten av 1860 åri.  Han gjekk inn i den amerikanske heren og vart underoffiser (fanejunkar) der.

David Nilsson Øvredal, i. 1851, tok vegen over havet i 1870.  Han var ein snøggtur heime i 1876 men reiste attende til A.  Ein veit ikkje meir um han.

Olav Nilsson Øvredal, f. 1911, reiste i 1929.  Han vart gift i A. med ei amerikansk gjenta Sylvia Thompson og driv som farmar i Iowa.

Marta Ols dtr. Midtsæter, f. 1826, som var gift med Elling Nilsson Lepsøy, reiste i 1862 til A. saman med mannen og borni, s. o.  Systeri Helga Ols dtr., f. 1830, som i 1855 var gift med lærar Hans Knutson Eikedal frå Samnanger, reiste i midten av 1860 åri over med huslyden sin.  Broren Hans Olson, f. 1840, vart i 1870 gift med Guro Steffens dtr. Bogstrand frå Fusa.  Han var sjømann og dei budde ei tid på Rød i Fana, seinare i Bergen, men i 1906 reiste ogso dei til A., der dei budde resten av livetidi.

Karl Hansson Midtsæter, i. 1883, var målar og reiste i 1904 til A., der han ogso dreiv målarverksemd.  I 1922 vart han påteken av ein grekar og døydde av medferdi.

Engjel Nilsson Midtsæter, f. 1888, let bruket på Midtsæter frå seg i 1925 og reiste til A. saman med huslyden, kona Julianna Jørgensen og døtterne Margit, Signe, Laura og Jorunn.  Han busette seg i Tacoma, Washington, der han kjøpte ein liten farm og driv med anleggsarbeid.
Broren Johan Nilsson Midtsæter, i. 1893, reiste over i 1911.  Han kom heim i 1913, men reiste attende året etter og byrja målarverksemd i Cleveland, Ohio.  Seinare var han i Minneapolis og Filadelfia.  Han kom inn i den amenkanske heren, og då heimsufreden kom gjekk han fljugar-skule og vart sendt til Frankrik som fljugar.  Her vart han nedskoten og fekk skade i halsen, men kom seg og vart verande att i Frankrik som ordensvern til krigen var slutt.  I 1919 fekk han fritt ei liti tid og tok ein snøggtur heim, men her braut krigsskaden upp att og i 1920 døydde han i heimbygdi.  Han var ugift.