Utfarne sjømenn og arbeidarar
Frå OS SOGA II side 53 – 54
UTFARNE SJØMENN OG ARBEIDARAR.
Dei fyrste utvandrarar som me kjenner frå Os er sjømenn som «seiglet på fremmed land» og som busette seg i utlandi. Det er sjølvsagt lite me veit um desse. Berre ein og annan gong finn me ein slik sjømann nemnd ved eit skifte eller under ei sak på tinget, men tvillaust er det mange fleire osingar som hev teke den vegen enn dei som me veit um.
Den fyrste sjømann av det slaget som me kjenner er Mattis Haugland som sigla ut i 1680 åri og som busette seg i Kjøpenhamn. På same tid sigla Mons Lekven på Spania og vart verande der nede. På 1700 talet finn me mange sjømenn frå Os som busette seg i Kjøpenhamn: Johannes Røttingen, Anders P. og Anders E. Nordstrønen, Ola Hovland, Ola Tuen, Ola Lekven, Ola Tøsdal o. fl. Ola Haugland kom til Kjøpenhamn som. soldat i sjøvernet, truleg var han sjømann, og der vart han verande, gifte seg og fekk huslyd.
Og det gjekk truleg med fleire som med han. Mons Salbuvik busette seg i Holland, Nils Storum «seiglet på Kina» og kom ikkje derfrå, og Helje og Hans Tveit «seiglet udenlands» og kom aldri att til Norig.
Sjømennene frå Os reiste sjølvsagt mykje med skip frå Bergen, og mange av dei busette seg ogso i byen. I 1700 åri finn me av slike Nils Søfteland, Nils Salbuvik, Anders Søvik, Peder og Torkjell Tuen, Ola Klyva o. fl. Seinare vart det mange fleire.
Fyrr 1800 finn me ingen osing nemnd som skipper til sjøs. Seinare vart mange osingar skipparar eller losar, og fleire av dei tok bustad i Bergen. – Dei vert nemnde under gardsoga. – Johannes Søfteland var fløtmann i Bergen ikr. 1770, og var soleis «skippar» på eit rett nok lite farty. Fleire osingar reiste or bygdi og vart fiskarar i andre bygder eller landslutar. Dei fleste reiste ut til Sund eller Austevoll, men sume reiste heilt upp til Nordland og Lofoten. Som eit serhende kann nemnast at Kristen Vasberget reiste frå Osbygdi i slutten av 1700 talet og vart fiskar i Tysnes.
Etter 1800 hev ogso mange sjømann og fiskarar flutt frå Osbygdi. Dei vert nemnde, so langt me kjenner dei, under gardsoga.
Storparten av dei osingar som flutte til Bergen vart vanlege arbeidarar. Kva yrke kvar og ein hadde der er uråd å segja. Me finn mange av dei berre nemnde som «opholdende sig i Bergen», «boende i Bergen», «ernærer sig i Bergen», «arbeider i Bergen», o. s. b., og det gjev ikkje mykje rettleiding. Attimillom finn me kannhenda ein osing som «tiener en Kiøbmand i Bergen», og det gjev då greida på at mannen er i eit eller anna slag arbeid hjå ein kjøpmann. Som eit reint undantak finn me Jakob Sundøy nemnd i 1770 åri med sitt yrke, han er då mylnarsvein.
I dei tvo hundrad åri frå 1700 til 1900 er det reist ut ikring 100 osingar som vart arbeidarar ein eller annan stad.
Umframt dei er det ogso flutt frå bygdi ikring 200 karar som me ikkje veit meir um enn at ein god slump av dei, umlag tridjeparten, tok vegen til Bergen. Kvar resten vart av veit me ikkje, men kannhenda kom storparten av dei ogso til Bergen eller næraste bygdene. Kva yrke desse tvo hundrad utflutte fekk er uvisst, men me lyt tru at dei fleste vart vanlege arbeidarar og sjømenn. Sume hamna kannhenda i andre landsluter eller i utlandi.
Det vil føra for langt å nemna her alle desse utfarne sjømenn og arbeidarar. Storparten av dei kjenner me ogso berre ved namn. Det som me veit um dei vil verta nemnd i gardsoga under den garden der dei er fødde eller uppfostra.