Utflutte osingar

Frå OS SOGA II side 23 – 82

UTFLUTTE OSINGAR.

Storparten av dei som er fødde og fostra i Os er ogso vortne buande i Osbygdi.  Her var rom åt alle som vaks til, og folkevokstren var ikkje serleg stor i eldre tider.  Vel var barneflokken i heimane jamnast større i eldre tid enn no, men berre ein liten part av borni greidde seg gjenom alle vanskane og vart vaksne.  Lista på sida 627 i fyrste bandet av Os soga syner dette best.  

I tidi fyrr 1700 vann berre 53 av kvart hundrad fødde i Os fram til 15 års alderen, frå 1700 til 1800 var det på jamnen 58 som rokk fram, etter 1800 auka det til væl 60, men fyrst etter 1865 greidde tvo tridjepartar av dei fødde her å nå fram til 15 års alderen, til vaksen alder.

Og folketalet i Osbygdi var ikkje stort. Ikring år 1300 var det truleg 5 – 600 menneskje i bygdi, men etter den store mannadauden ikring 1350 og dei andre sjukdomsbolkane noko seinare minka folketalet ned til ikring det halve.  Fyrst ikring 1600 var folketalet kome uppatt til 600, ved år 1700 var det truleg nær 900, og fyrst etter 1750 hadde Osbygdi 1000 menneskje.  I 1801 var folketalet auka til 1336. 

Det var soleis godt rom for folkevokstren i Osbygdi, og osingane trong ikkje røma heimbygdi avdi dei vanta rom.  Men likevel finn me utflytjing or Osbygdi so langt attende som soga gjeng.  Utferdshugen hev alle dagar vore stor hjå nordmennene, og ikkje minst i bygdene på Vestlandet.  Osbygdi hev heller ikkje synt noko undantak her, og frå fyrste dag me finn osingar nemnde finn me ogso nemnde slike som var farne or bygdi.

Den store utferdsveg var sjøen, og denne vegen vart ogso brukt av osingane.  Som ungdomar reiste mange tilsjøs, storparten av dei kom vel heimatt og busette seg i bygdi, men sume vart verande ute og «bosadte sig udj fremmed land», som det fleire gonger er nemnt um fråverande sjømenn.  I tidi fyrr og etter 1700 finn me mange osingar i Kjøpenhamn, noko som elles er lett skyneleg.  I dei hundradåri då Norig var ihop med Danmark samlast alt i Kjøpenhamn, i sjøvernet her måtte dei norske sjømenn jamt gjera hertenesta, og byen sjølv hadde stor handel og skipsferdsla.  Umframt Kjøpenhamn tykkjest det vera Holland, som sjømennene frå Os likte best å fara til og busetja seg i.

Ein annen stor utferdsveg gjekk frå bygdi til byen, til Bergen.  Det var små og trange tilhøve på gardane i Os, bøndene hadde ikkje råd til å ha mange vaksne søner og døtre i huset, og difyr måtte borni straks dei vart vaksne ut or heimen for å tena seg ein skjeling.  Mange av dei tok då tenesta i grannebygdene eller i Bergen, der lønene var betre enn heime i Os.  Storparten av dei kom vel sidan attende til heimbygdi, gifte og busette seg her, men med mange gjekk det likeins som med sjømennene, dei vart verande på den framande staden og kom ikkje attende til Osbygdi.

I ei soga um folket og ættene i Osbygdi burde ogso alle dei utfarne osingar vore medtekne.  Dei er av Os-ætt like godt dei som dei attverande.  Men det er overlag vanskeleg å kunne fylgja vegane åt dei utfarne osingar.  Som nemnd tok mange av dei tenesta i andre bygder.  Dei miste då jamnast det gamle Osnamnet sitt, fekk nye namn etter som dei flutte frå gard til gard, Ola Moberg eller Ola Kuven vart til Ola Kaland, Ola Hatlestad, Ola Hamre o. s. b. etter kvart som han fekk ny tenesta i Fana, og tilslutt vart det radt uråd å finna ut um ein slik Ola eller Per nokon tid hadde vore osing eller ikkje.

Det gjekk heller ikkje betre med mange av dei som flutte til Bergen.  Dei miste ogso det gamle Osnamnet sitt, og me finn dei jamnast berre att som Ole Olsen, Nils Nilsen, Peder Hansen, o. s. b.  Når mannen vart gift i Bergen so finn me han kannhenda skriven for «Ole Olsen fra Ous prestegjeld», men det er likevel ikke so greidt å finna ut kva for ein Ola dette retteleg er.  Os prestegjeld var stort i gamle dagar, radt til 1855 høyrde både Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen med til prestegjeldet, og det vart gjenom åri fødde mange Ole Olsen i desse bygdene.  Gardsnamnet frå heimbygdi, som her skulde gjeva beste rettleiding, let diverre storparten av desse utflytjarane etter seg når dei gjekk inn gjenom Stadsporten.

Ein annan flokk utflytjarar, som heller ikkje er lett å fylgja, er alle dei osingar som ikkje vilde men som måtte reisa or bygdi, avdi dei ikkje greidde seg her.  Som ein vil sjå av gardsoga måtte mange Osbønder gjeva upp og flutte burt avdi dei ikkje greidde sitja med bruket lenger.  Det var ikkje lett for ein slik mann med tvo tome hender, og gjerne stor huslyd attåt, åf å seg eit bruk att.  Dei som gjekk frå garden på slik måte nådde sjeldan lenger fram seinare enn til å verta husmenn, fiskarar eller dagarbeidarar.  Dei flutte då gjerne frå stad til stad, leigde seg husrom her eller der etter som det var arbeid å få, og storparten av dei osingar som gjekk frå gardane sine kjem tilslutt burt for oss.  Me kann likevel sjå at mange av dei flutte ut til sjøbygdene, der det var lettare å livja seg ved fiske, eller flutte til Bergen for å søkja arbeid og kom burt i den store folkestraumen der.  Når det ved skifte o. l. var spurnad etter arvingar frå Osbygdi, so heiter det rett som det er i skifteboki um slike:
«Bor ved havet», «ernærer sig i Bergen», «tjener en kjøbmand i Bergen», o. l.

Frå tidi fyrr 1700 finn me få pålitande upplysningar um dei utflutte osingane.  Dei som me jamnast finn nemnde er utfarne sjømenn.  Etter 1700 kann me fylgja utflytjingi betre.  Sjølvsagt vert det ogso no mykje gisningar, serleg er gjentone sine vegar vande å fylgja.  Når dei flutte or bygdi so miste dei endå lettare namnet sitt enn gutane, og mange kom burt ved at dei gifte seg til andre bygder.  Me ser difyr burt frå kvinnone i dette høve, og reknar berre med karane som vanleg hadde andsvar for flytjingi og den nye bustaden.

Det syner seg at utflytjingi ikkje hev vore like stor frå alle grender i Osbygdi.
 – Me reknar berre her med den «friviljuge» utflytjing, og tek ikkje med dei som måtte gå frå gardane sine.  – Nore Neset hadde minst utflytjing og er den grend i Os som syner dei stødaste tilhøvi.  Som nemnd hadde denne grendi etter måten og minst innflytjing frå andre bygder.  Serleg etter 1800 hev Nore Neset havt mykje mindre utflytjing enn alle dei andre grender i Osbygdi.

Frå Søftelandsbygdi hev det heller ikkje reist mange or bygdi.  Serleg var det få fyrr 1800, men sidan hev det auka noko.  Utflytjingi her hev gjenge mest til Fana og Bergen.

Søre Neset hev ogso halde mykje på folket sitt, og det er svert få som reiste ut fyrr 1800.  Seinare hev folket her fenge meir utferdshug, og serleg hev straumen til Amerika vore jamt stor i denne grendi.

Frå Mobergs- og Osgrendi var det umlag ingi utflytjing fyrr 1800, heller ikkje i dei fyrste halvhundrad åri etter.  Seinare hev utflytjingi frå denne grendi vore som frå andre luter av bygdi, og folk herfrå er spreidde til alle kantar av landet og me finn av dei i Amerika.

Frå Lyssandgrendi og Borgebygdi med Skogagardane hev utflytjingi vore noko større enn frå dei fyrr nemnde grendene.  Talet på dei utfarne frå desse krinsane, som kann reknast som medeltalet i Osbygdi, var noko større fyrr 1800 enn seinare, serleg i Borgebygdi.  Amerikafarten hev ikkje vore stor i desse grender, men mange av dei utfarne hev funne vegen til Bergen.

Øyane hev sendt mange av sine folk ut i verdi, serleg i tidi fyrr 1800.  Fleire er reist herfrå ut til Sund og dei andre sjøbygdene, og Amerika hev ogso teke sin part.  Ein kunde tru at Tysnes som ligg so nær til kunde fenge god innflytjing frå denne grendi, men me finn umlag ikkje ein einaste som er reist dertil.  Derimot finn me folk frå Øyane i alle andre bygder ikring Bjørnafjorden.

Frå Lysefjorden hev det stødt vore mykje utflytjing, serleg hev det reist mange ut frå grendi i tidi millom 1850 og 1900.  Utferdi frå krinsen her hev gjenge mest til Fana og Bergen.  Elles hev svert mange frå denne grendi reist burt utan me veit kvar dei er farne.

Hegglandsdalen og Lønningdalgrendi hev utan samanlikning havt den største utflytjing i Osbygdi.  Kva grunnen er til dette, anten folket der hadde størst utferdshug, eller um tilhøvi i grendene her hev gjort meir utferd turvande, er uråd å segja.  Amerikafarten hev vore liten frå Hegglandsdalen, noko større frå Lønningdal.  Men ferdene hev gjenge til alle landsens kantar, og det er herfrå reist fleire sørover, til Rogaland og Sørlandet, enn frå alle dei andre grender i bygdi ihop.  Mange er ogso reist til Austlandet.  Når talet på dei utflutte hev minka noko i den siste tidi kjem det truleg av at folketalet hev minka sterkt i desse grendene, og det er ikkje no so mange å ta av.

AMERIKAFARARAR.

Knut Knutson ytre Lekven, f. 1824, reiste til Amerika sumaren 1852 og er, etter det me veit, den fyrste osing som er reist beinveges frå Osbygdi til Amerika.  Det hadde gjerne hendt fyrr at sjømenn frå Os gjekk iland i Amerika og vart verande der utan at det spurdest i heimbygdi, men mange hev ikkje fare den vegen.  Knut Lekven lyt difor reknast som den fyrste Amerikafarar frå Os.  Han busette seg i Iowa og kalla farmen sin for Lekquin.  Han vart gift med Kari Villums dtr. Tysseland frå Samnanger som reiste over til Amerika same året som Knut.

Asbjørn Nilsson Berge, f. 1808, reiste med kona Gjertrud Johannes dtr. og dei tvo borni Nils og Marta til Amerika våren 1853.  Det var fyrste huslyden som for frå Os til Amerika, men det vart ikkje den siste.  Overfarten tok lang tid og utvandrarane leid mykje vondt på ferdi.  Sjå um dei i gardsoga under Berge 2.

Kristen Knutson ytre Lekven, f. 1820, bror åt den fyrste utvandraren, og halvbror hans Jon Jonson ytre Lekven, f. 1811, reiste over i 1854.  Dei tok vegen til broren Knut og vart farmarar som han.

Hans Hansson Øvredal, f. 1812, reiste til Amerika um våren 1859 og hadde med seg heile huslyden, kona Magdela Haldors dtr. og borni Hans, Haldor, Jan og Stein.  Sjå um dei under Øvredal 2.  Året etter reiste brørne åt Hans, Gudmund Hansson, f. 1823, og Johannes Hansson, f. 1825.  Den fjorde broren, Engjel Hansson, f. 1813, reiste ogso til Arnerika saman med kona si Sesilia Sædal, men kva år det var veit me ikkje.  Alle brørne vart farmarar.

Stein Haldorson Lønningdal, f. 1812, som var bror åt den ovennemnde kona Magdela Haldors dtr., reiste over våren 1861, og hadde med seg sønerne Stein og Isak.  Dei vart farmarar.  Sjå um dei under Lønningdal 1.

Engjel Hansson Hatvik, f. 1801, reiste ogso til Amerika våren 1861 og hadde med seg heile 9 menneskje: Kona Anna Bertine Gunnars dtr. og borni Malena, Gunnar, Adolf, Armalia, Frans, Bernhard, Harald og Dortea.  Den yngste dotteri var berre ein månad gamall då dei for frå landet. Sjå um dei under Kvalesund 1, der dei budde fyrr dei kom til Hatvik. 


Det reiste soleis 30 menneskje frå Os i den fyrste 10 årsbolken etter at utvandringi tok til frå Osbygdi.  Det auka på seinare, og mange osingar hev sidan 1860 funne vegen over havet.  Me skal nedanfyre stutt nemna nokre av dei som er farne or landet frå dei ymse grender i Osbygdi og tek gardane i rekkjefylgje.  Når ikkje alle dei utfarne er nemnde her, so er det avdi ein vantar turvande upplysningar, men dei vil i fleste høve verta nemnde i gardssoga seinare.

Jon Jonson Røykenes, f. 1858, reiste til Amerika i 1902, men kom att nokre år etter og busette seg i Hardanger.  Fleire av borni hans er sidan reist over og bur no i A. (Amerika). S. Røykenes 1.

Jørgina Mons dtr. Søfteland, f. 1861, reiste over.  Ho vart gift med ein mann frå Bergen som heitte Bergesen, men er no død.

Nils Nilsson Osøren, f. i Bergstø 1900, er busett i A.  Systrene Johanna Olsen Bergstø, f. 1897, og Anna Olsen, i. 1902, er reist over og er gifte og busette i A. Likeins er 5 av syskeni deira som var fødde fyrr faren kom til Os, Maria, Rasmus, Aletta, Olaus og Berta, i A.  Dei tvo siste er døde

Torstein Torkjellson Lien (Holelien ved Lysekloster), f.1855, reiste til A. i 1884, der han vart farmar.  Han var gift der, men då kona døydde og borni vart vaksne reiste han attende til Norig og er no busett på Hauge i Os, s. der.

Hans Eivindson Sjøbøen, f. 1867, reiste over ikr. 1890 og vart buande i A.

Johannes Larsson Sørstraumen, f. 1907, reiste tilsjøs i 1927, men gjekk i land året etter i A. og gifte og busette seg der.  Han var heime i Norig 1936 – 37.

Nils Larsson Sperrevik, f. 1858, busette seg rett nok ikkje i Amerika, men me nemner han her likevel.  Han var sjømann og forliste på Afrikastrendene, gjekk so i land og vart buande i Sudafrika.  Han var med i boerkrigen som han slapp heilskinna frå.  Ein veit ikkje noko um han seinare.

Ola Jakobson Sperrevik, f. 1886, reiste til A. i 1908 og broren Steffen Jakobson, f. 1890, tok over i 1910. Dei busette seg i Portland, Oregon, der dei dreiv skogsarbeid.  Tridje broren Kristian Jakobson, f. 1893, reiste over i 1913 saman med verbroren Alfred Boga og tok farm i Sud Dakota.  Verbroren kom att men Kristian vart verande i A.

Jonas Larsson Leirvåg (Sperrevik), f. 1891, reiste til A. i 1914 og busette seg i Seattle, Wash., der han er gift.  Han hev drive med fiske på Alaskastrendene.

Johan Andersson Sperrevik, f. 1901, reiste over i 1927 og busette seg i Brooklyn.  Han er ugift.

Anders Villumson Søvik, f. 1864, reiste til A. i 1887.  Han var då utlærd møbelsnikkar.  Han busette seg i Chicago og vart der gift med ei gjenta frå Ølen.  I 1887 var han med og skipa songlaget «Bjørgvin» og var ihuga songar der.  Han døydde alt ikr. 1890.

Engjel Danielson Søvik, f. 1866, reiste til A. i 1885 saman med fleire andre og busette seg som farmar i Iowa.  Han vart gift der med Kristina Nils dtr. indre Drange, f. 1862, som reiste over samstundes med Engjel.  Kristina er død.

Mons Størkson Salbuvik, f. 1877, reiste til A. ikr. 1900. Hev reist som sjømann med bustad i Seattle.

Anna Peders dtr. Salbuvik, f. 1888, reiste over i 1908, og er gift i A. med ein danske.  Ho hev vore ein snøggtur heimatt.

Gabriel Hansson Bjoarvik, f. 1844, reiste over ikr. 1870.  Han var farmar og vart tvo gonger gift.

Nils Nilsson indre Drange, f. 1849, reiste til A. i 1870.  Han var ugift og døydde ved eit uhende i 1888.  I 1885 var han ein snøggtur heimatt.

Mons Johannesson indre Drange, f. 1862, reiste over i 1885 og busette seg i Minnesota der han var uppsynsmann ved jernbaneanlegg.  Han var ugift og tok ein snøggtur heimatt i 1893.  Er no død.  Broren Ola, f. 1870, reiste i 1891.  Han var skogsarbeidar til 1900 og reiste so til Alaska der han hev drive med utførsla av laks og kveita.  Han er ugift og tok ein snøggtur heim i 1930.  Yngste broren Knut, f. 1874, reiste over i 1894 og tok bustad i Alaska.  Han er ugift som dei andre, men elles veit me ikkje noko um han.

Johannes Olson indre Drange, f. 1839, som var farbror åt dei sistnemnde 3 karane, reiste til A. i 1864 og vart farmar i Minnesota.  Han vart gift der med Anna Arnes dir. ytre Drange.  Dei var barnlause.

Larsina Ols dtr. indre Drange, f. 1882, reiste over i 1902 og vart gift med ein røyrleggjar Hans Botten.  Dei var fyrst i U. S. A. men flutte seinare til Kanada.  Ho er no ekkja.

Nils Arneson ytre Drange reiste til A. ikr. 1860 saman med systeri Anna Arnes dtr., s. o., som etter segni då alt hadde vore ein tur til Amerika.

Ola Jørgenson Eidsvik (ytre Drange), f. 1862, reiste over i 1885 og vart gift i A.  Han er no død.

Kristen Eivindson ytre Drange, f. 1853, reiste til A. i 1882.  Han tok farm og vart gift med Malla Sangolt frå Sund.  Eivind Eivindson reiste over i 1889.  Han er no død.

Hans Kristofferson ytre Drange, f. 1875, reiste til A. i 1889.  Han tok bustad i Montana, der han er farmar.

Torstein Jakobson Balland, f. 1846, reiste over i 1878 og tok farm.  Han vart gift i A. med Kari Jakobs dtr. ytre Haugland frå Os, f. 1844, s. n.  Torstein var ein snøggtur heimatt i 1890 åri.  Systerdotter hans, Jakobia Eriks dtr. Balland, f, 1867, reiste ogso over i 1893, men er for nokre år sidan komi attende til Os.

Marta Sjurs dtr. Skåtøy, f. 1884, reiste i 1924.  Ho vart gift i A. 1935 med Henry Gisleberg.

Lars Annaniasson Garvik, f. 1891, og broren Svein, i.1894, reiste til A. i 1911.

Ola Torkjellson Forstrønen f. 1840, reiste til A. i 1869.  Ola som var 1 år då faren døydde var uppfostra hjå Torstein Forstrønen, og 3 av borni åt Torstein reiste ogso over so snart dei var vaksne.  Det var Brita, i. 1848, Ola, f. 1851 og Torstein, f. 1864.  Brita reiste til vestkysten der ho gifte seg.  Ola busette seg i Minnesota, der han var gift og hadde huslyd.  Torstein var ungkar og tok ein tripp heim ikr. 1905, men sidan hev ikkje nokon høyrt frå han.

Helena Ols dtr. Skipparvik (Nordstrønen), f. 1876, reiste til Oslo i 1899 og derfrå til A. i 1913.  Ho er kjøkensjef og er busett i New York.  Ho var ein snøggtur heimatt i 1931 og 1936.  Brordotteri Borghild Jakobs dtr. Skipparvik, f. 1901, reiste over i 1922, der ho vart gift med ein Birch frå Bergen, som driv agenturverksemd i New York.  Borghild hev vore ein snøggtur heimatt.

Anna Anders dtr. Nordstrønen, f. 1853, reiste til A. i 1882.  Ho vart gift med Johannes Johannesson Lundetræ og var busett på Vestkysten.

Arne Pederson Skorpen, f. 1885, reiste til A. i 1907.  Han er formann ved jernbaneanlegg og gift der burte.  Broren Anders Pederson, f. 1883, reiste over i 1909 og var der i fleire år, men kom att og er busett i Skorpen.  Arne var ein tripp heim i 1923.

Ola Jonson Nordstrønen, f. 1896, er ogso busett i A.
Ingemår Larsson Sørstrønen, f. 1831, reiste til A. i 1873 og hadde kona med seg.  Han var gift 1871 med Ingeborg Taralds dtr. frå Fosnes i Trøndelag.  Dei tok farm i Minnesota.

Sesilia Lars dtr. Sørstrønen, f. 1884, er ogso reist over.

Knut Jonson Rottingen, f. 1863, reiste til A. i 1880.  Han vart fyrst gift med ei tysk kvinna, seinare med ei amerikansk, og var for det meste busett i San Fransisko, der han var formann ved skipsbyggjing.  Hadde ei dotter.  Han var ein snøggtur heimatt i 1930 og døydde året etter.  Bror hans, Jon Jonson, f. 1879, var sjømann og reiste på Vestkysten av A.  Han var ugift og døydde ved eit uhende i Honolulu 1921.

Johannes Jensson Røttingen, f. 1866, reiste over i 1884.  Han var farmar, og vart sidan gift med Brita Hans dtr. Bjørnen frå Os, s. n.

Nils Gabrielson Røttingen, f. 1891, reiste til A. i 1910 men kom att i 1912.  Han vart gift i 1914 med Elen Dalsgard frå Tysnes og fekk 3 born, Gudrun, Sigurd og Håkon.  I 1921 reiste han over att, men var heime eit par snøggturar i dei næraste åri.  I 1926 fekk han huslyden over og busette seg i Brooklyn der han driv som skipsbyggjar.  Broren Kristoffer, f. 1898, reiste over i 1926 saman med kona Petra Anders dtr. Lepsøy, f. 1897, og sonen Gerhard, f. 1925.

Karl Johannesson Rottingen (Træet), f. 1903, reiste til A. i 1927 og busette seg i Edmonton, Alberta i Kanada.  Han driv der som skogshoggar og på farmarbeid.

Ola Jonson Bruarøy, f. 1889, reiste over i 1910 og tok bustad i Los Angeles på Vestkysten, der han ogso vart gift med ei amerikansk gjenta.  Han var ein snøggtur heime i 1919.

Jonas Olson Bruarøy, f. 1893, reiste tilsjøs i 1909.  I 1923 gjekk han i land i A. og busette seg i New York, der han gifte seg same året men døydde alt i 1924.  Han hadde ikkje born.

Ola Engjelson Bruarøy, f. 1906, reiste over i 1925 og tok bustad i Neobrara, der han gifte seg og er busett.

Engjel Olson Sundøy, f. 1877, var sjømann og gjekk iland i A., der han busette seg i Brooklyn og gjorde tenesta på taugbåt.  Han vart gift i 1933 med ei norsk Sørlandsgjenta men døydde tvo år etter.  Dei hev ikkje born.  Broren Nils Olson d. e., f. 1879, reiste over i 1901 og busette seg i A.  Systeri Randina Ols dtr., f. 1882, reiste til A. i 1908 og vart gift der i 1910 med ein amerikanar William Hassett.  Dei bur i Mount Vernon, New York, og hev ei dotter, Ruth, som saman med mori gjesta Norig i 1930.  Broren Nils Olson d. y., f. 1885, reiste tilsjøs og busette seg i Baltimore.  Han vart gift med ei engelsk gjenta og dei hev tvo born.  Nils er styrmann på ein amerikansk båt.

Jonas Johannesson Sundøy, f. 1886, reiste i 1911 til A, der han vart farmar og dreiv med bruarbeid.  Då heimskrigen kom i 1914 vart han kalla inn til militærtenesta og vart med i fyrste sendingi av soldatar frå U. S. A. til Frankrik.  Han var fleire gonger med i elden men kom livande frå det og reiste attende til A.  Han busette seg no i Los Angeles og vart byggjeformann.  I 1924 vart han gift med ei gjenta frå Trøndelag og dei fekk ein son, John.  Jonas var mykje vyrd og godt likt av sine arbeidsfolk.  Han døydde i 1930.

Nils Jonson Sundøy, f. 1893, reiste over i 1910 og busette seg i Brooklyn der han er lagerarbeidar.  Han vart gift i 1916 med ei svensk gjenta Helga Frimann og hev 3 søner.  Han var ein snøggtur heimatt i 1914.

Anders Andersson Sundøy, f. 1909, reiste til A. i 1926 og busette seg i Brooklyn.  Han hev reist som mann på seglbåt og arbeidt i land attåt.  I 1933 vart han gift med ei Tysnesgjenta.

Johanna Arnes dtr. Sundøy, f. 1850, reiste over i 1874.  Ho var trulova med Lars Hovland som var reist over året fyrr og dei vart gifte iA.  Lars var farmar.  Dei fekk mange born, og då eldste sonen vart vaksen tok han garden og Lars og Johanna flutte inn til byen.  Bror åt Johanna, Nikolai Arneson, f. 1861, reiste over ikr. 1880, men han spurdest ikkje meir.

Ola Olson Sundøy, f. 1863, var sjømann og gjekk i land i Sudamerika.  Der døydde han i 1897.

Elling Nilsson Lepsøy, f. 1819, selde garden på Lepsøy i 1862, s. L. 1, og reiste til A.  Han hadde med seg heile huslyden, kona Maria Ols dtr. og borni Brita, Nils, Ola, Hans og smågjenta Helga, som berre var 8 vikor gml. Systeri Barbru Nils dtr., f. 1816, som i 1840 var gift med Jakob Hamre men som då var ekkja, reiste over samstundes.  Broren Nils Nilsson, f. 1833, reiste over til syskeni nokre år etter.

Kari Lars dtr. Lepsøy, f. 1856, som i 1882 var gift med Hans Hansson indre Haugland, reiste saman med mannen over til A. i 1884.  Det einaste barnet deira, Hans, f. 1883, var då nett død.  Hans busette seg som farmar i Iowa, men flutte seinare til Seattle på Vestkysten.  Her døydde han ikr. 1932.  Bror åt Kari, Lars Ivarson Lepsøy, f. 1859, reiste over i 1885, og hadde med seg kona Rakel Anders Ferstad. f. 1864, og sonen Ivar, som berre var eit halvt år gamall.  Dei busette seg i Iowa der Lars vart farmar.  Han døydde i 1932.  Brorson åt Kari og Lars, Ivar Hansson Lepsøy, reiste til sjøs, men gjekk i land iA. og vart buande i Seattle.  Her vart han gift med ei Sunnfjordgjenta og hev fenge tvo døtre, som begge er gifte.  Han hev for det meste drive med laksefiske i Alaska.  Brordotter åt Ivar, Petra Anders dtr. Lepsøy, f. 1897, reiste som ovanfyre nemnd til A. i 1926 saman med mannen Kristoffer Rottingen.

Elling Ellingson Bjørnerøy, f. 1891, reiste i 1910 og busette seg i Neobrara, der han er gift og driv som arbeidsformann.  Han var ein snøggtur heimatt i 1930.

Sivert Olson Askvik, f. 1899, reiste til A. i 1921 og hev drive som mekanikar i fljugemaskinverkstad.  Han hev teke fleire turar heim til Norig.

Nils Olson Hovland, f. 1842, reiste over i 1872.  Han vart gift med Anna Abrahams dtr. Lunden frå Os, f. 1845.  Broren Lars Olson Hovland, f. 1851, reiste året etter.  Han vart som fyrr nemnd gift med Johanna Sundøy, s. o.

Helga Nils dtr. Hovland, f. 1863, reiste til A. ikr. 1875.  Ho vart gift der burte og stod seg godt.  Ho døydde i 1936.

Engjel Torkjellson Døsen, f. 1880, reiste over i 1902.  Han var møbelsnikkar og driv trevarefabrikk i San Fransisko.  Er gift med Malena Ols dtr. Lekven, f. 1883, s. n.

Anna Ols dtr. Døsen, f. 1888, og broren Hans Olson, f. 1896, reiste til A. i 1914.  Anna vart gift med ein mann frå Fjell og er busett i Seattle.  Broren døydde eit par år etter at dei kom til A.

Torbjørn Torbjørnson ytre Tuen d. e., f. 1845, reiste til A. i 1872 og gifte seg her med ei norsk gjenta.  Han var farmar og arbeidde seg fram til velstandsmann.  Broren Torbjørn Torbjørnson d. y., f. 1855, reiste over i 1875 og vart farmar likeins som broren. Han vart gift med ei norsk gjenta, og fekk likeins som broren mange born.  Begge brørne vitja Norig i 1890, og den eldste likeins i 1907.  Eldste broren døydde i 1933 og den yngste nokre år fyrr.  Brorsønene deira Kristian Jonson ytre Tuen, f. 1866, og Torbjørn Martinusson ytre Tuen, f. 1868, reiste over i 1884.  Kristian kom att i 1900 og Torbjørn nokre år seinare.  Begge er no busette i Sunnhordland.

Peder Andersson ytre Tuen, f. 1860, reiste til A. i 1879.  Me veit ikkje meir um han.  Han hadde tvo eldre brør, Lars, f. 1853, og Didrik, f. 1855, og truleg reiste ogso dei til A.

Kristian Andersson ytre Tuen, f. 1861, var sjømann, f. 1853, og Didrik, f. 1855, som truleg ogso reiste til A.

Engjel Nilsson indre Tuen, f. 1848, reiste til A. i 1868.  Han kom heimatt i 1874 og gifte seg her tvo år etter med Ingeborg Nils dtr. Bø, f. 1849.  I 1877 reiste dei begge til A. og tok seg farm.  Eldste syster åt Engjel, Anna Nils dtr.f. 1828, reiste saman med broren til A. i 1868.  Ho vart her gift med ein norskfødd farmar.

Peder Jonson indre Tuen (Dalen), f. 1856, reiste til A. i 1880 og busette seg i Iowa, der han vart arbeidsformann ved jernbaneanlegg.  Her gifte han seg med ei dansk gjenta, men døydde straks etter.  Broren Lars Jonson, f. 1866, som kom til Amerika i 1882, gifte seg med ekkja og fekk arbeidet som broren hadde havt.  Tridje broren Anders Jonson, f. 1862, vart i 1882 gift med Anna Lars dtr. Fusa (når ho for til Amerika hev presten skrive henne for Anna Andreas dtr. Skåtun), og same året reiste dei til A. og hadde den nyfødde sonen Johan med seg.  Anders busette seg ogso i Iowa og vart arbeidsformann ved jernbanen likeins som brørne sine.  Brorson åt dei her nemnde 3 karane, Jonas Olson Bratlund (Solbakken), f. 1893, reiste ogso til A. og fekk jernbanearbeid i Iowa.  Han er gift med ei gjenta frå Aurland i Sogn og hev fleire born.

Torstein Jonson indre Tuen, f. 1869, reiste over i 1890 og vart farmar.  Broren Johannes, f. 1885, reiste nokre år seinare og vart farmar i Kanada.  Yngste broren Hans, f.1888, reiste over til broren ikr. 1905.  Systeri Synneva Jons dtr. f. 1876, reiste i 1900 og vart gift i A. med ekkjemann Anders Olson Haugland frå Os.  Han var busett i Story City, Iowa.  Eldste broren er no død og Synneva er ekkja.  Brordotter åt dei ovanfyre nemnde syskeni, Ragnhild Lars dtr. indre Tuen, f. 1907, er saman med mannen Johan Ivarson Leganger ogso reist til A., der dei driv farm i Kanada.

Hans Jakobson ytre Haugland, f. 1825, som var utlærd smed, bødkar og bygningsmann var gift med Guro Gjerde frå Fusa.  I 1862 var han med og bygde Fusa kyrkja, og året etter reiste han med kona og born til A.  Han vart farmar og bygde og busette seg i Iowa.  Hans tok mot alle norske utvandrarar som kom til desse kantar av landet, og dei han hjelpte slik kann teljast i hundradtal.  Då han døydde ikr. 1900 var likfylgjet hans større enn noko fylgje som var set i dei norske nybygder.  Hans var ein snøggtur heimatt i 1884 og eldste sonen hans, Jakob, vitja Norig i 1903. 
Tvo brørne åt Hans, Anders Jakobson, f. 1842, og Jakob Jakobson, f. 1848, reiste over til broren i 1873.  Dei vart farmarar og bygningsmenn, og Anders vart sidan formann ved bruarbeid åt jernbanen.  Dei vart gift med tvo Kvinnheradsgjentor, som elles var systrer.  Jakob var ein snøggtur heimatt i 1893.
Fjorde broren, Ola Jakobson, reiste over til dei andre i 1876 og hadde med seg kona Gjertrud Sverkes dtr. og sønene Anders og Ola.  Eldste sonen Jakob var reist over alt i 1873, og yngste sonen Annanias døydde fyrr dei for frå landet.  Dei hadde fyrr vore busett på ytre Haugland, s. br. 12.  Ola vart farmar og busette seg i Gilbert, Iowa.  Sjølv kom han ikkje att til Norig, men alle sønene hans hev vitja heimlandet.  Sonen Anders, som var ekkjemann, vart ikr. 1900 gift att med Synneva Jons dtr. indre Tuen frå Os, s. o.  Dei er busette i Story City, Iowa.  Syster åt Ola, Kari Jakobs dtr., f. 1844, reiste over i 1876 saman med broren.  Ho vart sidan gift i A. med Torstein Jakobson Balland, som, kom over tvo år seinare enn henne. 
Endå ein bror kom over i 1880.  Det var Nils Jakobson f. 1838, som hadde heile huslyden med seg.  Han var gift i 1867 med Marta Kornelia Hans dtr. Hatvik, f. 1845, og hadde borni Anna og Engjel.  Han busette seg som farmar i Story City, Iowa, der brorsonen ogso kom seinare. 

Berge Paulson ytre Haugland, i. 1817, reiste til A. ikr. 1863 og busette seg i New Orleans.  Me kjenner ikkje meir til han.  Brordotteri, Olina Jakobs dtr. ytre Haugland, f.1865, tok over i 1884.  Ho vart gift iA. med Nils Oma frå Strandebarm og dei fekk seg farm i Sud Dakota.  Bror hennar, Peder Jakobson, reiste over nokre år seinare.  Han døydde ugift.

Lars Larsson ytre Haugland (Haugane), f. 1838, reiste til A. i 1870.  Han vart farmar og busette seg i Minnesota.  Systersonen Arne Hansson ytre Haugland, f. 1883, reiste i 1900, vart gift og er busett i Minnesota.  Systerdotteri Hansina Hans dtr., f. 1880, tok over i 1904.  Ho vart gift i A. med Elias Hansson Bjørnen frå Os, og dei hev busett seg i Colorado.  Ei onnor systerdotter åt Lars, Anna Anders dtr. ytre Haugland, f. 1903, reiste ikr. 1920.  Ho er gift i A. med Ingolf Helland frå Manger.

Asbjørn Pederson ytre Haugland, f. 1859, reiste over i 1880.  Han vart farmar, og er etter det ein veit i live enno.

Eivind Andersson ytre Haugland, f. 1858, reiste til A. i 1882, og vart farmar i Sud Dakota.  Han liver enno og bur hjå brorsonen sin Ola Jonson indre Haugland i Minnesota, s. n. Brorsonen Eivind Olson ytre Haugland, f. 1904, reiste over i 1925.  Han driv fiske i Kanada med eigen fiskebåt.

Ola Nilsson ytre Haugland, f. 1854, reiste til A. i 1884.  Han hadde huslyden med seg, kona Anna Nils dtr. og borni Anna og Nils.  Ola hadde fyrr havt bruk på ytre Haugland, s. br. 2.  Ola er død men kona liver enno.  Jon Olson ytre Haugland, f. 1905, som er uppvaksen på same bruket, reiste over ikr. 1926 og busette seg i Kanada.  Han er gift der og driv farm.

Fartein Jonson ytre Haugland, f. 1866, tok over i 1884.  Me kjenner ikkje meir til han.

Lars Nilsson ytre Haugland, f. 1873, reiste tilsjøs, men gjekk seinare i land i A.  Han gjekk her skulevegen og vart prest.  I 1928 kom han til Norig og yrka eit års tid som talar i Os.  I 1929 reiste han attende til A.  Broren Martin Nilsson, f. 1882, var ogso sjømann, men tok so vegen til A. likeins som broren.  I 1930 var han ein snøggtur heimatt og året etter døydde han.  Yngste broren Hans Nilsson, f. 1886, reiste over i 1904.  Han er jernbanemann og er busett i Beelwood, Illinois.

Ola Olson ytre Haugland, f. 1881, reiste til A. i 1900.  Han vart farmar i Iowa, og vart her gift med Hanna Tungesvik frå Skånevik.  Dei er barnlause.  Broren Johannes, f. 1888, tok over i 1909 og busette seg i Iowa som broren.  Han vart der gift med ei Rogalandsgjenta.  Systeri Maria Olsdtr. f.1885, reiste i 1911 og vart gift i A. med Lars Moss.  Ogso dei vart busette i Iowa.  Yngste systeri Olina Olsdtr., f. 1895, tok over i 1927.  Ho er gift med Lars Ekesdal og er busett i South City, Iowa.  Eldste broren var ein snøggtur heimatt i 1930.  Brorson åt desse syskeni, Ola Engjelson ytre Haugland, f. 1905 reiste over i 1925 og er busett i Wisconsin.  Han vart der gift med ei farmardotter som ættar frå Valdres.

Anders Olson ytre Haugland, f. 1884, reiste til A. i 1902 og fekk arbeid ved jernbanen.  Han er no «superweiser» her og er busett i Beelwood, Illinois.  Han vart gift med Maria Svoldal frå Kvinnherad og hev 5 born, Orwel, Telford, Eimar, Arden og Helen.  Tvo av gutane er ingeniørar ved

jernbanen.  Anders var ein snøggtur heim i 1914 og kona hans i 1912.  Broren Ingvald Olson, f. 1891, reiste over i 1909, og vart her gift med ei svensk gjenta, Anna Berg. Dei hev ikkje born.  Han arbeidde fyrst som bruformann i Wyoming, men hev no ein liknande plass som broren med bustad i South City, Iowa.  Brorsonen Olav Olson ytre Haugland, f.1902, tok over i 1923.  Han vart her gift med Gladys Berg som ættar frå Nedstrand i Ryfylke og hev ei dotter, Maria Olina.  Han er formann ved bruarbeid på jernbanen og er busett i Rochford, Illinois.  Dei hev vitja Norig i 1930 og 1937.

Johan Olson ytre Haugland, som var uppfostra hjå Jon Haugland, reiste til A. ikr. 1900.  Han hadde gjenge Bergens underoffiserskule, kom inn i den amerikanske heren, og var med i krigen på Kuba og på Filippinerne.  Etter 1916 hev ingen høyrt frå han.

Hans Hansson indre Haugland, f. 1858, reiste til A. i 1884 og busette seg som farmar i Iowa. Seinare flutte han til Seattle på Vestkysten.  Han var gift i 1882 med Kari Ivars dtr. Lepsøy, som reiste med han til A.  Hans døydde ikr.1932.  Broren Anders Hansson, f. 1862, reiste tilsjøs i 1884 og kom ikkje att til Norig fyrr ikr. 1905 då han var ein snøggtur heimatt.  Sidan hev han vore utanlands, m. a. i Amerika.  Han var gift i 1883 med Ingeborg Eivinds dtr. ytre Moberg.

Bernhard Hansson indre Haugland, f. 1894, som var frå same bruket som Hans og Anders, reiste over ikr. 1920.  Han busette seg i Britisk Columbia, der han er gift og driv som mekanikar. Broren Hans Hansson, f. 1904, reiste i 1926 over til Kanada.  Han var ogso ei tid hjå broren, men bustaden no er ukjend.

Anders Jonson indre Haugland, f. 1875, reiste til A. i 1893 og tok til med jernbanearbeid.  Han er no banemeistar med bustad i Praktor, og er gift med Ragna Olson, som truleg er av norsk ætt.  Han vitja Norig i 1900 og 1912.  4 av brørne åt Anders er ogso reist over.  Ola, f. 1881, tok ut i 1898 og vart jernbanemann likeins som broren.  Han vart gift og busett i Minnesota.  Kona døydde og då Ola vitja Norig i 1908 vart han gift att med ei Sunnhordlandsgjenta.  Lars, f. 1884, reiste over i 1901, og Martin, f. 1890, tok ut i 1909.  Martin er gift med Emma Olson og er busett i Montana.  Yngste broren, Jon, f. 1894, reiste over til Anders i 1912 og er busett i Praktor.  Han er gift med ei gjenta av dansk ætt.

Ola Engjelson indre Haugland, f. 1887, reiste over ikr. 1910.  Han er gift og busett i Chicago, der han driv ein bensinstasjon.  Han var ein snøggtur heimatt i 1927.  Broren Lars Engjelson reiste ogso til A. og tok bustad i Iowa.  Han var smed og byrja med smedverksemd, men selde verkstaden i 1918 og flutte til Des Moines, Iowa, der han er gift og busett.  Han vitja heimlandet i 1918.

Johannes Nilsson indre Haugland, f. 1891, reiste til A. ikr. 1910.  I heimsufreden vart han med i den amerikanske heren til Frankrik og var med i fleire strider, men kom livande att til A.

Kristoffer Larsson indre Haugland, f. 1902, tok over i 1923 og byrja jernbanearbeid.  Han er no bruformann og er busett i Casper, Wyoming.  Han vart der gift med ei svensk gjenta Sigrid Jonson.

Peder Olson Halhjem, f. 1836, reiste tilsjøs i 1850 åri og spurdest ikkje meir.  Seinare hev ein son hans fortalt at Peder gjekk i land i Australia og busette seg i Sidney.  Han gifte seg der og fekk tvo born.  Sonen er busett i Amerika.

Peder Pederson Halhjem, f. 1847, reiste til A. i 1870, og vart gift der med ei gjenta frå Bjørnebøle i Kvinnherad.  Dei fekk 5 born.  Peder dreiv som byggmeistar og snikkar og hadde stor verksemd.  Han var mykje interessert i travsport og var vida kjend som eigar av fleire veddelaupshestar.

Hans Engjelson Halhjem, f. 1884, reiste over i 1900.  Han er ugift og arbeider som bruformann ved jernbanen.  Broren Karl, f. 1886, tok over i 1904 og vart farmar.  Han er gift med ei tysk gjenta og hev 4 born.  Systeri Maria, f. 1882, reiste over i 1907 og vart gift i A. med ein svensk verkstadarbeidar Janson.  Tvo yngre brør, Peder, f. 1889, og Martin, f. 1891, tok ut i 1909 og fekk begge arbeid ved jernbanen.  Peder, som vart gift med ei Oslogjenta, er bruformann, og Martin er mekanikar.  Han vart gift med ei amerikansk gjenta.

Knut Nilsson Lunde, f. 1874, reiste tilsjøs i 1896, men gjekk seinare i land i A. og busette seg i Nord Dakota.  Sidan flutte han til Vestkysten, der han dreiv som byggmeistar.  Broren Lars Nilsson, f. 1878, var ogso sjømann, men gjekk i land i A. likeins som broren og budde saman med han.  Begge er døde.  Yngste broren Johan, f. 1885, tok over i 1907 og busette seg i Seattle.  Han døydde i 1936.

Gurina Torkjells dtr. Lunde, f. 1888, reiste over i 1909, og vart gift med ein svensk mann, Erickson.  Dei busette seg i Minnesota, men Gurina døydde alt i 1913.

Lars Pederson Lunde (Herevoll), f. 1888, reiste til A. i 1906.  Han er busett i Cantaclora og er gift med Anna Steine frå Kvam i Hardanger.  Broren Ola Pederson, f. 1900, reiste over til Lars i 1920.  Han er tenestemann i den amerikanske heren og gift med ei amerikansk gjenta.

Johanna Martins dtr. Lunde, f. 1889, reiste over ikr. 1910.  Broren Severin Martinson, f. 1892, reiste ogso over men kom att i 1916 og busette seg på Laksevåg.

Brita Hans dtr. Bjørnen, f. 1860, reiste til A. i 1886 med sonen Johannes, f. 1885.  Ho vart gift der med Johannes Jensson Røttingen som var reist over 2 år fyrr, s. 0., og dei fekk 10 born.  Dei vitja heimlandet ein gong.  Brita døydde i 1936.  Systeri Malena Hans dtr., f. 1873, tok over i 1894.  Ho vart gift i A. med Stein Haugen frå Skånevik, men døydde alt på barseng i 1901.  Broren Johannes, f. 1887, reiste over i 1903 og busette seg på Vestkysten, der han vart gift med ei dansk gjenta.  Han dreiv kveitefiske og kom burt på sjøen.  Broren Elias, f. 1880, fylgde etter i 1905 og busette seg i Colorado, der han dreiv som bygningsmann.  Han vart gift i A. med Hansina Hans dtr. Haugland, som var reist over året fyrr, s. o. Elias var ein snøggtur heime i 1910.  Systeri Anna, f. 1876, reiste som den siste av syskeni over i 1912.  Ho er gift iA. med Andreas Sivertsen frå Sunnmør og er farmarkona.

Brorson åt dei nemnde syskeni, Hans Anderson Bjønnen, f. 1892, tok over til A. då farsysteri Anna reiste i 1912.  Han er gift med Petra Jensen frå Bergen og driv snikkarverkstad.  Han hev vore ein snøggtur heimatt.  Broren Jon Andersson, f. 1904, reiste over i 1923 og driv som bygningsmann.  Han er ugift.

Malena Simons dtr. Bjørnen (Bjørnevik), f. 1869, reiste til A. i 1892.  Ho vart gift der med Anders Oppedal frå Hardanger som var farmar.  Malena liver enno, men er ekkja.  Halvsysteri Berta Simons dtr., f. 1877, tok over i 1903.  Ho er gift i A. med ein farmar Carlsen, som er av dansk ætt.

Hans Knutson Ferstadvollen, f. 1874, reiste til A. i 1893, og dreiv med ymse slag arbeid.  Han var ugift og døydde i 1833.  Broren Annanias Knutson, f. 1877, reiste over i 1895.  Han vart gift med ei engelsk gjenta og hev vore arbeidar i hageanlegg.  Hans var ein snøggtur heimatt ikr. 1910.

Brørne Helge Kristofferson Ferstad (Vashaugen), f.1876, og Torstein Kristofferson, f. 1879, reiste til A. i 1901.  Dei tok, likeins som mange andre, fyrst vegen til den gamle farmen Lequin i Iowa, som den fyrste utvandraren frå Os bygde, men som no var ått av Hans Lekven, s. n.  Dei vart sidan farmarar, Helge i Sud Dakota og Torstein i Montana.  Torstein tok ein snøggtur heim i 1909. 

Systerne Kari Torsteins dtr. ytre Lekven, f. 1847 og Olina Torsteins dtr., f. 1850, reiste over i 1880 og tok inn på farmen Lequin til den fyrste utvandraren Knut Lekven som var farbror deira.  Begge systerne vart gifte i A., Kari med ein danskfødd farmar og Olina med ein svensk.  Bror deira Hans Torsteinson, f. 1860, fylgde etter i 1882 og tok ogso vegen til farbroren Knut på Lequin.  Her vart han gift med ei dotter åt Knut og fekk farmen hans.  Han var ein snøggtur heimatt etter 1900.  Katrina Knuts dtr. ytre Lekven, f.1832, som var syster åt gamle Knut, reiste ogso over til han i 1876.  Alle desse er døde.

Malena Ols dtr. ytre Lekven, f. 1883, reiste til A. i 1908.  Ho busette seg fyrst i Idaho og vart der gift med Engjel Torkjellson Døsen frå Os.  Dei flutte sidan til San Francisko, der Engjel driv ein trevarefabrikk.

Helga Anders dtr. indre Lekven, f. 1855, reiste over i 1855.  Ho vart gift iA. med ein Stavangermann.

Johanna Nils dtr. ytre Moberg, f. 1846, reiste til A. i 1876.  Ho vart der gift med Hans Hansson Solbjørg frå Samnanger, som reiste over samstundes.  Brordøtterne hennar Kristi Knuts dtr. ytre Moberg, f. 1871, og Marta Knutsdtr., f. 1879, reiste ogso over, Kristi i 1887 og Marta i 1896.  Kristi vart gift med ein mann frå Oma i Strandebarm som var farmar i Iowa.  Ho var ein snøggtur heim i 1924.  Marta vart busett i Los Angeles på Vestkysten, der ho vart gift med ein amerikansk meklar og entreprenør Holland.  Ho var heimatt i 1906 og 1924, og døydde i 1936.

Hans Johannesson ytre Moberg, f. 1885, reiste ut i 1908. Han vart farmar og var ei tid busett i Sud Dakota, men flutte seinare til Nord Dakota.  Han er gift med Malena Hans dtr. Bjånes frå Os, f. 1888, og var ein snøggtur heim att i 1938.  Systeri Johanna Johannes dtr., f. 1888, reiste over i 1909.  Ho vart der gift med ein skreddar av spansk’ ætt og er busett i Montana.

Nils Olson ytre Moberg, f. 1868, reiste til A. ikr. 1895 og busette seg i Brooklyn, der han dreiv med bygningsarbeid.  Systeri Kristi Ols dtr., f. 1879, reiste over nokre år seinare og er død der burte.  Broren Ola Olson, f. 1886, reiste ikr. 1911 og tok over til Vestkysten, der han busette seg i Seattle og driv som båtbyggjar.

Brørne Harald Andersson ytre Moberg, f. 1898 og Anders Andersson, f. 1906, tok ogso vegen til A.  Harald reiste i 1923 og Anders noko seinare.  Dei er begge busette i Brooklyn, der dei driv med bygningsarbeid.

Knut Engjelson indre Moberg, f. 1845, reiste over i 1875 og busette seg i Iowa, der han vart farmar.  Han var ugift.
Systeri Kari Engjels dtr., f. 1853, var i 1878 gift med ein handelsmann Severin Andersen frå Bergen, og dei reiste til A. same året og tok bustad i nærleiken av Knut.  Brorsonen Ola

Engjelson ytre Moberg, f. 1885, reiste i 1907 og tok over til Vestkysten.  Han busette seg i Seattle, og då han var utlærd båtbyggjar sette han der igang eit båtbyggjeri som han driv framleis.  Han hev no ei stor verksemd og er serleg kjend for sine gode fiskebåtar.  Han vart gift i A. med ei gjenta frå Kristiansund, og vitja Norig i 1914.

Engelina Anders dtr. indre Moberg, f. 1860, reiste til A. i 1883.  Ho vart der gift med Hans Hansson Osøyri, som dreiv slaktarverksemd.  Dei hev 5 born som alle er gifte.
Broren Haldor Andersson, f. 1863, reiste over i 1889 og vart farmar.  Han vart gift med Lina Hanssen, Osøyri.  Dei hev 6 born, alle gifte.  Systersonen Anders Nilsson indre Moberg, f. 1887, reiste ogso over ikr. 1905 og er busett i A.

Vilhelmina Ols dtr. Valle, indre Moberg, f. 1883, reiste til A. i 1909, og hev busett seg i Seattle.  Ho er gift med Harald Landås frå Bergen og var ein snøggtur heimatt i 1930.  Broren Henrik Olson Valle, f. 1896, reiste ut i 1925 og er busett i Seattle.  Han er ingeniør og driv med større byggjearbeid.  Han vart gift i A. med Ellen Strai som er fødd i A. men er av norsk ætt.  Henrik vitja Norig i 1931.  Brorsonen Ragnvald Larsson Valle, f. 1904, reiste ogso over i 1925.  Han er ugift og arbeider i ein fljugemaskinfabrikk.

Tora Tomas dtr. indre Moberg, f. 1895, tok over i 1923.  Ho er gift med Kristoffer Andersson Bø frå Os og er busett i Brooklyn.  Dei var ein snøggtur heimatt i 1933.

Ingeborg Ols dtr. indre Moberg, i. 1890, og systeri Ragna Ols dtr., f. 1892, reiste til A. fyrste gong i 1920 åri.  Dei hev vore fleire gonger heimatt og reiste siste gong over i 1937.

Mortein Nilsson Kuven, f. 1863, reiste over i 1884.  Han dreiv målararbeid o. l., og var ugift. Mortein var ein snøggtur heim i 1914 og er no død.  Brorsonen Bernhard Nilsson Kuven, f. 1902, tok over i 1922 og systerdotten Malena Peders dtr. Kuven, f. 1898, tok turen i 1924.  Ho er no gift i A.

Jakob Jonson Kuventræ, f. 1875, reiste ut i 1895 og busette seg i Sud Afrika.  Han døydde ikr. 1920.

Lars Ellingson Osøyri, f. 1854, reiste til A. i 1884 og hadde med seg kona Sigrid Elias dtr., f. 1852, og sonen Edvard, f. 1880.  Me veit ikkje meir um dei.

Engelina (Ellen) Nikolais dtr. Osøyri, f. 1863, reiste over i 1887.  Ho vart gift i A. med Haldor Andersson indre Moberg som reiste over i 1889, s. o.

Hans Hansson Osøyri, «Små-Hans», som var brorson åt handelsmann H. N. Hansen, reiste over i 1880.  Han vart gift i A. med Engelina Anders dtr. indre Moberg, som reiste i 1883.

Ingolf Kristianson Berg
, Osøyri, f. 1887, reiste til A. i 1906, og broren Einar Berg, f. 1889, fylgde etter um eit års tid.  Ingolf som er ugift hev drive fruktfarm, men bur no i San Francisko, og broren som er busett i same byen, driv som entreprenør, med byggjearbeid o. l.  I 1930 vitja dei begge Norig, og då dei reiste attende til A. vart mori Johanna Nikolais dtr. Berg, f. 1864, med dei og bur no i San Francisko.

Brørne Karl Djuvik, f. 1905, og Harald Djuvik, f. 1907, er ogso reist over til A.  Dei var snikkarar.  Karl hev vore ein tur til Norig att.

Lars Hansson Tøsdal, f. 1843, reiste til A. i 1870.  vHan hadde då vore lærar og var trulova med dotter til presten Greve i Os, Magdalena Margreta Koren Greve, men då den gamle aristokratiske presten ikkje kunde tenkja seg å gjeva dotter si til ein simpel skulemeistar og var mot giftarmålet, so måtte Lars Tøsdal freista å koma høgre upp.  Han gjekk presteskulen i A., vart tilsett som prest, og i 1873 kom han attende til Os og henta bruri, som no fekk faren si signing til giftarmålet.  Lars var prest all sin dag i dei norske nybygdene i Iowa, og då han døydde i 1932 var han den eldste norske presten i A.  Sjølv kom han ikkje attende til Norig, men i 1936 var tvo av døtterne hans og ei dotter åt den tridje på vitjing i heimbygdi åt faren.

Henrik Hansson Tøsdal, f. 1867, som var bror åt Lars, reiste over i 1883 og busette seg i Esterville, Iowa.  Han vart handelsmann og fotograf.  Kona som heitte Anna Ols dtr. var av norsk ætt.  Av dei 4 borni hans hev sonen Harry, som er professor ved Harward universitet, fleire gonger reist gjenom Europa, og på tri av turane hit hev han ogso vitja Osbygdi.  Broren Hans Tøsdal, f. 1871, reiste over berre 13 år gamall i 1884.  Han var fyrst farmar i Nord Dakota, men seinare flutte han til byen Stanley i nærleiken og er domar i byen.  Systeri Maria Tøsdal, f. 1862, reiste saman med yngste broren i 1884, og vart i A. gift med ein amerikanar Jan Henderson med bustad i Chicago.  Då mannen døydde flutte Maria med dotteri til San Diego, Kalifornia, der dei no bur og dotteri er styrarinna for ein stor skule.  Einaste sonen er professor.  Dotteri hev teke fleire ferder i Europa og vitja Osbygdi tvo gonger.  Siste gong i 1927 var ogso mori med henne til heimbygdi.

Annanias Knutson Lunden, f. 1836, reiste til A. ikr. 1870.  Me kjenner ikkje meir til han.

Nils Gunnarson Halseth, Lunden, f. 1852, reiste over ikr. 1880.

Johannes Johannesson Lundetræ (Lunden)
, f. 1857, reiste til A. i 1882.  Der vart han gift med Anna Anders dtr. Nordsstrønen.  I 1884 reiste ogso broren Knut Johannessen Lunden, f. 1851, over og hadde med seg heile huslyden sin, kona Brita Ols dtr., og borni Ola, Velina, Johannes og Johanna, den siste berre tvo år gamall.  Knut hadde fyrr havt eit bruk i Lyssandtræ, s. Lyssand 8. Mori Kari Knuts dtr. Luntdetræ, f. 1818, som då var ekkja, reiste ogso over og likeins systeri Maria Johannes dtr., f. 1859.  Både Knut og Johannes vart farmarar.

Henrik Torbjørnson Lyssand, f. 1877, selde garden sin og reiste over i 1902.  Han vart farmar.  I 1914 var han ein tur heime, men reiste attende året etter.  Han var ugift.

Peder Larsson Bø, f. 1829, reiste til A. i 1869 og busette seg i Minnesota, der han vart farmar.  Han hadde då vore handelsmann i Bergen nokre år, s. n. under handelsmenn.  Peder var gift i 1858 med Maria Engjels dtr. Kvalesund, men um ho livde og reiste med til A. veit me ikkje.

Kristen Nilsson Bø, f. 1840, tok over i 1876 og vart farmar i Minnesota.  Systeri Ingeborg Nils dtr. f. 1849, som i 1876 var gift med Engjel Nilsson indre Tuen, reiste året etter saman med mannen, s. o.

Jakob Jakobson Bø (Balland), f. p. Osøyri 1878, reiste over til A. i 1900 og tok farm.  Der vart han gift i 1905 med Anna Johannes dtr. Holmefjord frå Fusa, f. 1882.  I 1908 kom han attende til Os og rydja og bygde då bruket Fagertun ved Ulven st., der han var til han atter i 1921 for til A. og vart farmar i Kanada.  Han hadde då med seg kona og borni Hjalmar, Magdalena, Jakob, Johannes, Harald, Maria og Olina.  Broren Torstein Jakobson, f. 1890, reiste ogso over i 1920 åri og hev farm i Kanada.

Anders Sjurson Bø, f. 1885, reiste til A. i 1906 og busette seg i San Francisko.  Han driv der som byggmeistar og er gift med Brita Romslo frå Haus.  Han var ein snøggtur heime i 1927.  Broren Annanias Sjurson fylgde etter i 1908.

Mons Monsson Bø, f. 1886, tok vegen til A. i 1905, og broren Knut Monsson, f. 1888, tok same vegen i 1909.

Vinsjans Olson Midtbø, f. 1885, er officer i Frelsesarmeen og gjer tenesta utanlands.  Han hev i mange år vore busett på Sumatra i Ostindien.  Vinsjans er gift og kona gjer tenesta i Frelsesarmeen saman med han.  Han hev vitja Osbygdi att eit par gonger.

Fredrik Ingebrigtson Bø, f. 1896, reiste til A. og vart farmar i Kanada.  Han var heime ein tur og reiste over att i 1927.

Kristoffer Andersson Bø, f. 1895, tok over i 1923 og busette seg i Brooklyn.  Han er gift med Tora Tomas dtr. Hoberg, s. o.  Dei var ein snøggtur heime i 1933.

Albrigt Johannesson Bø, f. 1897, tok vegen til A. i 1923.  Han er busett i New York.

Malena Hans dtr. Bjånes, f. 1888, reiste over og vart gift med Hans Johannesson ytre Moberg, s. o.  Dei bur i Brooklyn.

Harald Hansson Tvedt, Hatvik, f. 1868, var sjømann og reiste på Vestkysten av A.  Han var ei tid busett i Seattle.

Asbjørn Olson Berge, f. 1856, reiste til A. i 1881.  Han tok fyrst inn til grannen Asbjørn Nilsson Berge, som var reist over 30 år fyrr, men tok seinare vegen vestover og busette seg i nærleiken av Seattle, der han dreiv farm og hadde sagbruk.  Han vart gift med ei svensk gjenta.  Broren Fredrik Olson, f. 1854, reiste over i 1883 og vart farmar i Iowa.  Han var ein snøggtur heime i 1914. 
Asbjørn og Fredrik fekk 3 brorsøner over seinare.  Ola Nilsson Berge, f. 1882, reiste ut som sjømann, men gjekk i land i A. 1904 og tok vegen til Alaska.  Her var han gullgravar i 13 år, men reiste so sudover att og busette seg i Washington i nærleiken av Seattle.  Her vart han gift med ei gjenta frå San Francisko og er dammbyggjar.  Broren Johan Nilsson Berge, f. 1887, tok over i 1906, og fekk farbroren Asbjørn sin farm og sagbruk i nærleiken av Seattle.  Han vart gift med ei gjenta av svensk ætt, men er no død.  Yngste broren Bernhard Nilsson, f. 1900, reiste over med farbroren Fredrik i 1914 og arbeider i ein av dei store bilfabrikkane i Detroit.  Han er ugift.

Vinsjans Larsson Berge, f. 1873, tok vegen til A. i 1893.
Johan Johannesson Berge og Annanias Pederson Heggland reiste saman med han, men dei kom straks att til Norig.  Vinsjans var i A. ei tid, men kom so att til Os og var heime eit par år.  I slutten av 1890 åri reiste han attende til A., der han sidan hev vore og driv som handelsmann.  Han er gift med Lena Rud frå Telemark.  Broren Alfred Berge, f. 1888, reiste over til broren i 1905. Han er gift med Milla Rud, som er syster åt brorkona hans.

Jakob Olaison Berge, f. 1866, reiste til A. i 1887.  Han tok farm i Iowa og skal seinare vera i Kanada.

Ola Arneson Heggland, f. 1873, reiste ut i 1890 åri og hev teke bustad i A.  Han hev vitja heimbygdi fleire gonger.

Mortein Olai Tomasson Heggland, f. 1870, som var uppfostra hjå Nils Kuven, reiste over i 1891.  Han dreiv som fabrikkarbeidar.

Tomas Olson Heggland, f. 1880, er utdana som ingeniør og arbeider i Filadelfia.  Han hev vitja heimbygdi ein gong.

Fredrik Fredrikson Heggland, f. 1891, er sjømann og reiser på kysten av A., der han er busett. Systeri Henriette Heggland, f. 1883, hev ogso teke vegen til A. og er gift der.

Engjel Nilsson Midthus, f. 1844, gjekk underoffiserskulen og vart sersjant, men flutte so til Bergen og vart handelsmann der.  I slutten av 1880 åri reiste han til A. og busette seg i Chicago, der han dreiv som målar.  Huslyden var att i Norig.  Seinare tok han over til Vestkysten og busette seg.  Han var vida kjend som skeiselaupar og heldt mange framsyningar i A.  M. a. tevla han med den kjende skeiselauparen Axel Paulsen og vann over han fleire gonger.  Engjel døydde ikr. 1930.

Engjel Olson Midthus, f. 1879, og broren Anders Olson, f, 1884, reiste over ikr. 1903.  Anders var ein snøggtur heim nokre år etter, men reiste attende og vart farmar i Iowa.  Han er gift med Lisa Haga frå Strandvik.  Broren Annanias Olson, f. 1886, fylgde etter brørne nokre år seinare og vart som dei farmar i Iowa.  Han er ugift.  Engjel kom sidan attende til Norig og bur på Hauge i Os.

Jørgen Monsson Lien, f. 1863, tok vegen til A. ikr. 1890.  Han var målar og arbeidde ei tid i Chicago.  Brorsonen Andreas Vinsjansson Lien, f. 1891, reiste over i 1924 og vart farmar i Iowa saman med Anders Rød.  Han slutta seinare som farmar og driv no lastebilkjøring.

Lars Olson Spansteig (Heggeland), f. 1877 reiste til A. ikr. 1900.  Han kom heimatt og dreiv som steinarbeidar o. a. nokre år, men reiste so med huslyden sin attende til A. og driv no smedverksemd i Kanada.

Brørne Tomas Steffenson Rød, f. 1890, og Jørgen Steffenson, f. 1893, reiste over ikr. 1910.  Dei dreiv ei tid som farmarar i Iowa og hadde farm saman, men driv no med ymse arbeid.  Jørgen var under heimsufreden med i Frankrik, men kom ikkje i fremste eldlina då han var med i eit ingeniørkompani.  Han er ugift.

Anders Haldorson Rød, f. 1902, tok over havet i 1924, og vart farmar i Fort Dodge, Iowa.  I den fyrste tidi hadde han farmen saman med Andreas Lien, s. o.  Broren Jon Rød. f. 1907, fylgde etter i 1926 og busette seg likeins i Iowa.  Han er styrar for ein alestasjon for fjørfe.  Begge brørne er ugifte.

Hans Steinson Lønningdal, f. 1841, tok vegen over til A. i 1886, likeins som faren hadde gjort i 1861, s. o. Hans hadde huslyden med seg, kona Marta Anders dtr. og borni Herborg, Agata, Anna, Stein, Andreas og Nils.  Hans vart farmar i Iowa, og han tok mot mange av dei osingar som seinare kom over til A.  Brorsonen Ragnvald Haldorson Lønningdal, f. 1887, kom over ikr. 1904. Han tok ein snøgg tur heim nokre år etter, og broren Harald Haldorson, f. 1890, fylgde med Ragnvald då han reiste attende.  Yngste broren Johan Haldorson, f. 1893, fylgde etter nokre år seinare.  Ragnvald driv med ein fiskebåt på Austkysten, Harald hev bensinstasjon og garasje i Chicago, og Johan driv som farmar i Iowa.

Lars Larsson Lønningdal, f. 1891, reiste over ikr. 1910 og busette seg i Brooklyn, der han driv som lekterførar.  Systeri Tea Lars dtr., f. 1894, vart gift med Johannes Aspenes frå Fusa.  Dei reiste over og bur likeins i Brooklyn.

Engjel Olsson Øvredal, f. 1812, vart i 1844 gift med Guro Ols dtr. Mobergslien.  Engjel reiste seinare over til Amerika, men kva tid det var og um huslyden var med, veit me ikkje.

Jon Jonson Øvredal, f. 1827, reiste over i fyrsten av 1860 åri.  Han gjekk inn i den amerikanske heren og vart underoffiser (fanejunkar) der.

David Nilsson Øvredal, i. 1851, tok vegen over havet i 1870.  Han var ein snøggtur heime i 1876 men reiste attende til A.  Ein veit ikkje meir um han.

Olav Nilsson Øvredal, f. 1911, reiste i 1929.  Han vart gift i A. med ei amerikansk gjenta Sylvia Thompson og driv som farmar i Iowa.

Marta Ols dtr. Midtsæter, f. 1826, som var gift med Elling Nilsson Lepsøy, reiste i 1862 til A. saman med mannen og borni, s. o.  Systeri Helga Ols dtr., f. 1830, som i 1855 var gift med lærar Hans Knutson Eikedal frå Samnanger, reiste i midten av 1860 åri over med huslyden sin.  Broren Hans Olson, f. 1840, vart i 1870 gift med Guro Steffens dtr. Bogstrand frå Fusa.  Han var sjømann og dei budde ei tid på Rød i Fana, seinare i Bergen, men i 1906 reiste ogso dei til A., der dei budde resten av livetidi.

Karl Hansson Midtsæter, i. 1883, var målar og reiste i 1904 til A., der han ogso dreiv målarverksemd.  I 1922 vart han påteken av ein grekar og døydde av medferdi.

Engjel Nilsson Midtsæter, f. 1888, let bruket på Midtsæter frå seg i 1925 og reiste til A. saman med huslyden, kona Julianna Jørgensen og døtterne Margit, Signe, Laura og Jorunn.  Han busette seg i Tacoma, Washington, der han kjøpte ein liten farm og driv med anleggsarbeid.
Broren Johan Nilsson Midtsæter, i. 1893, reiste over i 1911.  Han kom heim i 1913, men reiste attende året etter og byrja målarverksemd i Cleveland, Ohio.  Seinare var han i Minneapolis og Filadelfia.  Han kom inn i den amenkanske heren, og då heimsufreden kom gjekk han fljugar-skule og vart sendt til Frankrik som fljugar.  Her vart han nedskoten og fekk skade i halsen, men kom seg og vart verande att i Frankrik som ordensvern til krigen var slutt.  I 1919 fekk han fritt ei liti tid og tok ein snøggtur heim, men her braut krigsskaden upp att og i 1920 døydde han i heimbygdi.  Han var ugift.

UTFLUTTE GARDBRUKARAR.

Ein stor part av dei som flutte ut or Osbygdi vart bønder, gardbrukarar, i andre bygder.  Fyrr 1800 og likeins ei tid etter var det berre jordi og sjøen som kunde føda sin mann i bygdene, og kvar gut som det var noko tak i freista å få seg jord.  Det var jordi som drog, og mange osingar hev vore med å rydja og dyrka jord i framande bygder.
Av dei osingar, mannfolk, som er flutte ut or bygdi i tidi 1680 – 1900 og som hev funne ny heimstad her i landet, (me reknar ikkje Amerikafararane med), er umlag fjordeparten vortne gardbrukarar.  Me tek her eit lite utsyn over denne utflytjingi frå dei ymse grendene, og vil med det same stutt nemna nokre av dei osingar som hev vore med å rydja og byggja landet utanfyre Osbygdi.

Frå Søftelandsbygdi hev det vore liti utflytjing, og dei nokre få utflutte som vart gardbrukarar kom umlag alle til Fana.   Fyrr 1800 tok Nils Søfteland og Mons Gåssand vegen dit, og sidan for Bård Raudlidi, Lars Gåssand, Mons Haukeland, Ola, Lars og Svein Sælen, Jon Søfteland og seinare Karl og Leonhard Sælen same vegen.  Ein annan Mons Gåssand fekk gard i Valestrand, og Jon Søfteland som flutte til Fana kom sidan til Sund og vart gardbrukar der.

Lysefjorden hev sendt mange gardbrukarar til Fana.  Det er serleg Nordvik, Krokeid og einskilde gardar ved Fanafjorden som hev fenge sine busitjarar herfrå.  Ikring 1700 reiste Nils og Rasmus Søvik til Fana, og noko seinare tok Anders Drange, Ola Salbuvik, Eivind Sperrevik og Ola Holen same vegen.  Etter 1800 fekk Fana mange bønder frå denne grendi: Hans Balland, Kristian og Mons Drange, Daniel Salbuvik, Nils, Engjel og Jon Søvik, Jørgen Buena, Nils og Daniel Sjøbøen, Ola og Nils Buskengen, Jon, Peder og Johannes Høyspolen, Ola Utgjerdet og Ola Kalvetræ.  Kristen Kalvetræ og Haktor Salbuvik vart gardbrukarar i Sund, og Peder Vasberget fekk seg gard i Kinsarvik.
Ogso ein og annan mann frå Øyane vart bonde i Fana.  Ikr. 1700 reiste Mons Sørstrønen dit, og hundrad år etter for Elling Nordstrønen same vegen.  Seinare fekk Nils og Hans Rottingen, Nils Sundøy, Hans Økland og Ola Forstrønen seg jord i Fana.  Jakob Nordstrønen, Hans Rottingen og Vinsjans Lepsøy vart gardbrukarar i Sund, dei tvo fyrste flutte ut fyrr 1800.  Lars Lepsøy og Johannes Rottingen vart tidleg bønder i Fusa, og millom dei som fekk jord i Strandvik var Peder Sundøy, Johannes Lepsøy og Anders Rottingen.  Johannes Sundøy vart bonde i Samnanger og Jon Rottingen flutte heilt upp til Trøndelag.  Etter 1900 er Nils Rottingen vorten garbrukar i Hardanger.

Frå Nore Neset er kome få bønder til andre bygder.  Arne Særvoll reiste til Fana ikr. 1700, og seinare hev Ola Askvik, Ola Hagavik, Peder og Ola Hagevik fenge jord i Fana.  Anders Tuen og Ola Storum vart bønder i Sund, Jon Storum i Austevoll og Abraham Askvik vart bonde «på Ouland ved Havet», truleg i Austevoll.  Peder Særvoll vart ikr. 1800 plassmann ein stad i Sunnhordland, Sjur Hovland vart bonde i Laksevåg, Nils Hovland flutte alt til Lofoten, og Eivind Hovland vart bonde på «Sorvik i Foslandsosen.» 

Dei nokre utflytjarar frå Søre Neset som vart bønder kom umlag alle til Sund: Lars Lekven, Samson Lunde, Jon og Engjel Haugland, Nils Halhjem frå tidi fyrr 1800, og Mons og Ola Halhjem noko seinare.  Eivind Haugland vart gardbrukar i Fitjar.

Utflytjarane frå Mobergs og Oskrinsen hev umlag ikkje teke jord.  Dei få undantaki er Hans Johnsen Osøyri, Vinsjans Moberg og Lars Kuven som vart bønder i Fana Bård Osøyri det same i Sund, og Jon Osøyri som fekk seg gard på Askøy.  Etter 1900 hev Kristen Kuven flutt til Austevoll.

Frå Borgebygdi og Skogagardane hev gjenge fleire bønder ut til grannebygdene.  Ola og Johannes Ulven, Lars Skogen, Ola og Henrik Hetleflåten, Ola og Nils Lunden er alle vortne bønder i Fana, dei fleste fyrr 1800.  Bård Lunden, Johannes, Engjel og Johannes Borgen hev fyrr 1800 fenge seg jord i Fusa, og Svein Ulven og Johannes Lunden fekk gard i Strandvik.  Elias Hetleflåt kom til Sund, Ola Hetleflåt til Tysnes og Anders Hetleflåt til Fitjar.  Etter 1800 vart Ola Ulven bonde i Årstad og Lars Tøsdal i Åsane.

Frå Lyssandbygdi gjekk ikkje mange bønder til Fana: Erik Bø fyrr 1800, Engjel Hauge og Haldor Berge noko seinare, det er det heile.  Til dei andre grannebygdene er reist fleire: Nils og Olaus Berge, Jon Hauge og Stein Bø til Samnanger, Johannes, Vinsjans og Nils Berge til Fusa, Anders Berge og Paul Molda til Strandvik, og Hans Hatvik til Hålandsdalen.  Lars Molda vart gardbrukar i Laksevåg og Ola Lyssand i Hamre. Nils og Steffen Bø vart bønder i Valestrand, Peder Bø i Kinsarvik og Lars Bø i Ullensvang.

Hegglandsdalen og Indregardane hev etter måten sendt dei fleste gardbrukarar til framande bygder.  Til Fana er reist nokre få: Hans Eide, Nikolai Skavhellen, Nils Tveit og tvo med namnet Hans Midtsæter, alle utfarne etter 1800. 
Til Fusa er flutt so mange fleire: Ola, Svein og Nils Heggland, Nils Lønningdal og Ola Midtsæter fyrr 1800, og seinare Mons Midthus, Berge Spansteig, Jon, Lars og Jon Gjemdal, Ola og Peder Rød, Hans Lien, Jørgen Midtsæter og Haldor Øvredal.  Haugne Eide, Eivind Rød og Ola Lønningdal er vortne bønder i Strandvik og Jon Rød i Hålandsdalen.  I Samnanger finn me desse bønder frå grendi: Hans og Nils Eide, Nils Rød og Hans Øvredal flutte fyrr 1800, og seinare Bård Midthus, Haugne og Torstein Spansteig, Ola Lien og Nils Øvredal. Johannes Tveit og Eivind Øvre-eide fekk jord i Årstad, Lars Heggland og Jon Gjemdal på Askøy, Mons Rød i Laksevåg, Ola Eide i Sveio, Ola Øvreide i Kvinnherad og Johannes Spansteig på Karmøy.  

Etter 1900 er Nils Rød vorten gardbrukar på Stord og Severin Rød på Karmøy.  Det er tvillaust mange fleire enn dei her nemnde som hev flutt frå Osbygdi og er vortne gardbrukarar i andre bygder.  Men me kjenner lite til dei og veit ikkje kvar dei vart buande.  Mange av dei som gjenom åri måtte gå frå gardane sine i Osbygdi freista ogso å få seg jord att andre stader, og me lyt tru at sume av dei greidde å verta gardbrukarar pånytt.  Men ogso dei er ukjende.

Um mange av dei gardbrukarar som er flutt frå Os til framande bygder vil ein finna upplysningar i andre bygdebøker, soleis i bøkene for Fana, Samnanger, Fitjar, Kinsarvik, Ullensvang, og i bygdeboki for Fusabygdene når ho kjem.  I gardsoga seinare i denne boki vil ein attimillom ogso finna nemnd kvar ein skal leita etter desse upplysningane.

UTFARNE SJØMENN OG ARBEIDARAR.


Dei fyrste utvandrarar som me kjenner frå Os er sjømenn som «seiglet på fremmed land» og som busette seg i utlandi.  Det er sjølvsagt lite me veit um desse.  Berre ein og annan gong finn me ein slik sjømann nemnd ved eit skifte eller under ei sak på tinget, men tvillaust er det mange fleire osingar som hev teke den vegen enn dei som me veit um.
Den fyrste sjømann av det slaget som me kjenner er Mattis Haugland som sigla ut i 1680 åri og som busette seg i Kjøpenhamn.  På same tid sigla Mons Lekven på Spania og vart verande der nede.  På 1700 talet finn me mange sjømenn frå Os som busette seg i Kjøpenhamn: Johannes Røttingen, Anders P. og Anders E. Nordstrønen, Ola Hovland, Ola Tuen, Ola Lekven, Ola Tøsdal o. fl.  Ola Haugland kom til Kjøpenhamn som. soldat i sjøvernet, truleg var han sjømann, og der vart han verande, gifte seg og fekk huslyd.
Og det gjekk truleg med fleire som med han.  Mons Salbuvik busette seg i Holland, Nils Storum «seiglet på Kina» og kom ikkje derfrå, og Helje og Hans Tveit «seiglet udenlands» og kom aldri att til Norig.

Sjømennene frå Os reiste sjølvsagt mykje med skip frå Bergen, og mange av dei busette seg ogso i byen.  I 1700 åri finn me av slike Nils Søfteland, Nils Salbuvik, Anders Søvik, Peder og Torkjell Tuen, Ola Klyva o. fl.  Seinare vart det mange fleire.

Fyrr 1800 finn me ingen osing nemnd som skipper til sjøs.  Seinare vart mange osingar skipparar eller losar, og fleire av dei tok bustad i Bergen.  – Dei vert nemnde under gardsoga.  – Johannes Søfteland var fløtmann i Bergen ikr. 1770, og var soleis «skippar» på eit rett nok lite farty.  Fleire osingar reiste or bygdi og vart fiskarar i andre bygder eller landslutar.  Dei fleste reiste ut til Sund eller Austevoll, men sume reiste heilt upp til Nordland og Lofoten.  Som eit serhende kann nemnast at Kristen Vasberget reiste frå Osbygdi i slutten av 1700 talet og vart fiskar i Tysnes.

Etter 1800 hev ogso mange sjømann og fiskarar flutt frå Osbygdi.  Dei vert nemnde, so langt me kjenner dei, under gardsoga.

Storparten av dei osingar som flutte til Bergen vart vanlege arbeidarar.  Kva yrke kvar og ein hadde der er uråd å segja.  Me finn mange av dei berre nemnde som «opholdende sig i Bergen», «boende i Bergen», «ernærer sig i Bergen», «arbeider i Bergen», o. s. b., og det gjev ikkje mykje rettleiding.  Attimillom finn me kannhenda ein osing som «tiener en Kiøbmand i Bergen», og det gjev då greida på at mannen er i eit eller anna slag arbeid hjå ein kjøpmann.  Som eit reint undantak finn me Jakob Sundøy nemnd i 1770 åri med sitt yrke, han er då mylnarsvein. 
I dei tvo hundrad åri frå 1700 til 1900 er det reist ut ikring 100 osingar som vart arbeidarar ein eller annan stad.
Umframt dei er det ogso flutt frå bygdi ikring 200 karar som me ikkje veit meir um enn at ein god slump av dei, umlag tridjeparten, tok vegen til Bergen.  Kvar resten vart av veit me ikkje, men kannhenda kom storparten av dei ogso til Bergen eller næraste bygdene.  Kva yrke desse tvo hundrad utflutte fekk er uvisst, men me lyt tru at dei fleste vart vanlege arbeidarar og sjømenn.  Sume hamna kannhenda i andre landsluter eller i utlandi.

Det vil føra for langt å nemna her alle desse utfarne sjømenn og arbeidarar.  Storparten av dei kjenner me ogso berre ved namn.  Det som me veit um dei vil verta nemnd i gardsoga under den garden der dei er fødde eller uppfostra.

UTFLUTTE HANDVERKARAR OG HANDELSMENN.

Osingane hev alle dagar vore med i arbeidslivet.  Me finn dei tidleg som båtbyggjarar, treskomakarar, kjiparar og som andre handverkarar.  Mange av dei utflutte osingar synte ogso givnad og hadde hug for handverk, og når me nemner sume av dei her, so er det for å syna at ogso dei hev «halde arven istand» som dei fekk frå Osbygdi.  Me kjenner diverre ikkje alle, og sjølv um dei var kjende so vart romet truleg forlite til å kunne få alle med.

Den fyrste utflutte osing som me finn nemnd som handverkar var Eiliv Torsteinson Sundøy, f. 1682.  Han vart kjiparmeistar (bødkar) i Bergen ikr. 1720. 

Anders Olson øvre Rød, f. 1711, vart kjiparmeistar i Bergen i 1740 åri.
Erik Larsson Lien, f. 1733, vart kjipar i Bergen ikr. 1760 og fekk borgerskap som kjiparmeistar i 1779.
Hans Andersson Søfteland, f. 1744, var felemakar og reiste til Bergen ikr. 1760.  I 1770 tok han borgerskap i Bergen som felemakar.
Simon Paulson Ferstad, f. 1757, gjekk ogso kjiparvegen og vart kjiparmeistar i Bergen ikr. 1780.
Mons Monsson Molda, f. 1765, lærte smedhandverket og vart smedmeistar i Bergen i 1790 åri.
Hans Olson Ferstad, f. 1791, var snikkar og busette seg som skipstimbermann i Drammen.  Han var med i ufreden 1812 – 14 fyrr han for frå Os.  Han skal vera ættarfar til den kjende musikaren Johan Halvorsen.

Fleire handverkarar enn dei her nemnde veit me ikkje um millom utflytjarane frå Os fyrr 1800.  Det var tvillaust mange fleire, men dei gjøymer seg i den store ukjende utflytjarflokken frå Osbygdi og vert gløymde.
Etter 1800 finn me fleire, og me skal nemna nokre som me kjenner til frå dei ymse grender i bygdi.

Nils Johannesson Haukeland, f. 1887, driv byggmeistarverksemd på Lofthus i Hardanger.  Han hev havt ymse tillitsyrke i bygdi.  Nils kallar seg for Søfteland.

Rasmus Larsson Sælen, f. 1895, dreiv ei tid byggmeistarverksemd i Fana.  Han hev m. a. bygt husi på prestegarden Os.

Didrik Anderson Søfteland, f. 1880, var sementstøypar og arbeidde som formann ved mange anlegg i Oslo og andre stader på Austlandet.  Sjå ogso Søfteland 19 i gardsoga.

Kristian Størkson Salbuvik, f. 1871. busette seg på Laksevåg og dreiv båtbyggjing.  Han var ein kjend båtbyggjar som kunde tevla med båtbyggjarane heime i Os.  Broren Johan Salbuvik, f. 1882, flutte til Askøy og driv no båtbyggjing der.

Nils Pederson Nordstraumen, f. p. Skavhella 1874, dreiv blekkmakarverkstad i Bergen.

Elias Tolleivson Nordstraumen, f. 1868, var skomakar og hadde verkstad i Fana.  Broren Halvard Nordstraumen hadde trevarefabrikk ved Hamar. 

Brørne Torstein og Matias Kristiansøner Forstrønen, fødde 1877, er bakarar.  Den fyrste driv bakeri i Skånevik, den andre på Askøy.

Johannes Johannesson Forstrønen, f. 1871, var snikkar og bygningsmann i Bergen.  Han var tambur på Ulven.

Jens Kristofferson Nordstrønen, f. 1852, dreiv skomakarverkstad på Fanahammaren.

Edvard Johannesson Askvik, f. 1875, vart steinhoggar og er arbeidsformann på P. G. Riebers steinhoggeri og marmorverkstad i Bergen.  Han kann i 1939 halda 40 års høgtid som tenestemann på verkstaden.

Engjel Engjelson Hovland, f. 1873, hev i mange år drive røyrleggjarforretning i Bergen, lengste tidi under firmanamn Antvedt & Hovland.

Ola Olson Askvik, f. 1890, var målar og dreiv si verk semd i Opdal, Sørtrøndelag.

Ola Larsson Lunde, f. 1884, gjekk i målarlære på Tveit, flutte sidan til Bergen og tok borgerskap som målar i 1913.  Driv under firmanamn O. L. Lunde.  Han hev i fleire år vore styremedlem i målarmeistarlaget, og hev arbeidt i kommunalpolitikken for frisinna vinstre.

Karl Larsson Lunde, f. p. Moberg 1883, flutte til Bergen og vart skomakar.  Seinare hev han ogso opna utsal av skoty og hev no stor skotyforretning på Strandgata i Bergen under firmanamn K. L. Moberg.

Bertin Nilsson Lekven, f. 1875, gjekk i blekkmakarlære på Osøyri, arbeidde so på ymse stader og skipa eigen forretning på Voss.  Han selde den i 1914 og dreiv sidan verksemdi på Laksevåg til han døydde i 1930.  Sønerne hev no verkstaden.

Karl Jonson Moberg, f. 1863, dreiv skomakarverksemd i Bergen.

Karl Tomasson Moberg, f. 1881, og Ola Johannesson Moberg, f. 1883, er lokomotivførarar i Bergen.

Karl Engjelson Moberg, f. 1888, var bakar på Voss.

Engjel Olson Ulven, f. 1845, hadde hjulmakarverkstad på Nesttun, og Hans Hansson Ulven, f. 1856, dreiv som skomakar i Bergen.

Brørne Olai Kristenson Skogen, f. 1864, og Johannes Skogen, f. 1873, dreiv som byggmeistarar i Fana og Bergen.

Hans Hansson Osøyri, f. 1834, var skreddar og dreiv i mange år stor forretning i Bergen.

Jon Knutson Lunden, f. 1833, dreiv skomakarverkstad, og broren Lars Lunden, f. 1843, dreiv smidja i Bergen.

Karl Rasmusson Hauge, f. 1857, dreiv snikkar- og bygningsarbeid i Bergen, og Johannes Andersson Hauge liknande verksemd i Fana.

Øyvind Pederson Hauge, f. 1876, var snikkarmeistar og dreiv ei større verksemd i Bergen.  Han hadde fleire tillitsyrke i faget og i byen, der han m. a. var ein mykje nytta skyns- og takstmann.

Engjel Andersson Hauge, f. 1846, var fargar og dreiv verksemdi si i Rosendal, Kvinnherad.

Brørne Mons Sjurson Bø, f. 1888, og Sigurd Bø, f. 1896, driv bygningsarbeid i Fana.
Ola Ingebrigtson Bø, f. 1889, er snikkar og driv trevarefabrikk i Haugesund.  Likeins Johan Jonson Øvreide, f. 1879.

Hans Nilsson Berge, f. 1888, er gullsmed i Oslo og styrer no ei stor gullsmedforretning der.  Nils Olson Heggland, f.1890, er ogso gullsmedsvein i Oslo og er formann i faglaget for landet.

Tomas Olaison Heggland, f. 1897 er murmeistar i Bergen og hev ogso bygt fleire av murhusi på Osøyri.  Broren Ole Heggland, f. 1899, driv som byggmeistar i Bergen.

Hans Olson Heggland, f. 1884, er snikkarmeistar i Bergen og driv ein større trevarefabrikk.  Han hev ymse tillitsyrke i faget og elles i byen.  Broren Lars Heggland, f.1887, er målar på Notodden og driv ogso ein større fargehandel der.  Han hev mange tillitsyrke, er med i bystyret, bankstyret, o. a.

Johannes Knutson Øvreide, f. 1877, var murmeistar i Stavanger.  I sine unge dagar var han sjømann, og var då med på «Seladon»s namngjetne forlis som det vart skrive bøker og laga songar um.  Dei forliste sjømenn var ein månad i open båt og etterpå var dei eit år på ei liti øy fyrr dei spurdest.

Brørne Nils Hansson Utgjerdet (Tveit), f. 1872, og Lars Hansson, f. 1874, dreiv begge skomakarverkstader i Bergen.

Torbjørn Vinsjansson Lien, f. 1890, er målarmeistar i Fana.
Severin Olson Spansteigen (Heggeland), f. 1878, er murar og driv verksemd i Stavanger.

Kristian Larsson Hjemdal, f. 1892, er byggmeistar i Bergen og hev havt mange større byggearbeid der.

Heine Olson Øvredal, f. 1820, flutte til Strandvik og dreiv som murar all sin dag.

Det er tvillaust fleire utflutte handverkarar frå Os som burde vore nemnde, men me kjenner forlite til dei og veit heller ikkje um dei hev drive som sjølvstendige handverkarar.  Sume av dei yngste er heller ikkje medtekne, men dei vil alle verta nemnde under gardsoga.  Dei handverkarar som vart buande att i Osbygdi fær ogso si umtale der, og einskilde utflutte vil verta nemnde i næste bolk.
Fleire utflutte osingar hadde hug til handelen og vart handelsmenn, dei aller fleste i Bergen.  Me nemner stutt nokre av dei her.

Hans Vinsjansson Hauge, f. 1814, er den fyrste me finn som utflutt handelsmann.  Han var kjellarhandlar i Bergen, og osingane samla handelen sin mykje hjå han.  Han døydde ugift 1854.
Peder Larsson Bø, f. 1829, var næste handelsmann frå Os.  Han byrja som handelskar i Bergen 1852, tok handelsborgerskap i 1857 og handla mykje med folk frå desse bygdene.  Men handelen gjekk ikkje godt og i 1869 reiste han til Amerika.

Lars Larsson Gjemdal, f. 1831, reiste til Bergen i 1850, stod som krambudkar nokre år, fekk borgerskap og tok til med kjellarhandel i Strandgata.  Han vart no osingane sin handelsmann og i mange år var det «Gjemdal’n» og «Bjånes’n», s. n,,  som samla osingane i Bergen.  Lars Gjemdal

dreiv handelen til han var ein gamall mann.

Nils Johannesson Bjånes, f. 1845, reiste til Bergen som ung gut og vart krambuddreng.  Sidan byrja han eigen handel i ein kjellar ved Muren, og vart som ovanfyre nemnd ein mykje nytta handelsmann av osingane.

Peder Heljeson indre Haugland, f. 1839, reiste til Bergen i 1858 og tok handelsborgerskap i 1865.  Han dreiv kjellarhandel som dei andre karane frå Os, og folk frå dei ytre luter av Osbygdi handla gjerne hjå han.
Nils Torsteinson ytre Lekven, f. 1840, reiste til Bergen i slutten av 1850 åri og byrja med kjellarhandel der.  Det gjekk ut for han og bror hans Sjur Torsteinson, f. 1843, overtok handelen. Nils døydde i 1885.  Sjur gjekk no saman med ein mann frå Kristiansund, og handelen vart driven under namnet Torstensen & Arnesen.  Det gjekk no godt, og osingane handla mykje der.  Arnesen gjekk frå og Sjur dreiv handelen åleine til han vart gamall og let den frå seg til sonen. Han busette seg so på Sagstad i Fana og døydde i 1914.

Jørgen Olai Olson Synnestvedt, Lyssand, f. 1852, reiste til Bergen i 1872 og vart handelsmann der.  Sønene tok forretningi etter han, og fleire handelsmenn i Bergen ættar no frå Jørgen Synnestvedt.
Hans Larsson Sørstrønen, f. 1855, gjekk underoffiserskulen og vart sersjant i 1882.  Han var so ei tid politikonstabel, men vart sjukleg og slutta dette yrket.  Han vart då kontormann og agent hjå Singer symaskinforretning, gjorde ei tid tenesta for firmaet i Trondheim, og skipa sidan eigen manufaktur- og maskinhandel i Oslo under firmaet H. Tøsdal (etter faren sin fødestad).  Seinare tok han ei utferd til Amerika og fekk hug til landet her.  Etter å ha vore heime ei tid reiste han difyr attende til Amerika og tok seg farm i Kanada, der han døydde i 1912.

Jon Vinsjansson indre Haugland, f. 1855, var lenge busett på Haugland, men flutte til Kronstad ved Bergen i 1895.  Han var sjømann og fiskar, men vart etter at han kom til Kronstad fabrikkarbeidar og dreiv handel attåt.
Ola Andersson Nordstrønen, f. 1857, reiste til Bergen og byrja kolonialhandel der.  Han døydde tidleg og ekkja heldt fram med handelen i fleire år.

Annanias Engjelson Midtsæter, f. 1867, reiste ikr. 1885 til Skålevikneset i nærleiken av Bergen.  Han arbeidde ei tid som bødkar ved Vestlandske Petroleumskompani, men byrja so med landhandel på staden.  Sonen driv handelen no.

Lars Larsson Nordstrønen (kallar seg Strønen), f. 1872, reiste til Bergen i ung alder og byrja handel.  Han var deretter ei tid i O. Nilssen & søns forretning, var so i 18 år styrar av Nesttun forbruksforening og byrja i 1920 åri eigen handel på Hop i Fana.  Han hadde ogso ei tid garden Rød ved Fanafj orden.

Torgils Nilsson Lekven, f. 1874, reiste som 16 års gut til Voss og vart betjent hjå handelsmann Jersin der.  I 1901 byrja han eigen handel på Voss og hadde denne i 10 år.  Han reiste so til Bergen og byrja manufakturhandel som han dreiv til 1927.  Han tok då stogg nokre år, men tok so atter til og skipa skjortefabrikken Tempo i Bergen som han driv no.
Vinsjans Monsson Lepsøy, f. 1865, styrde i mange år marketenteriet på Ulven og handelen her for fru Hanssen på Osøyri, som hadde denne.  Sidan flutte han til Bergen.  Um broren Halvard sjå seinare.

Nikolai Nikolaisen, Osøyri, f. 1872, dreiv ei tid snikkarverkstad o. a. på Osøyri.  Seinare reiste han til Stavanger der han driv med brusfabrikk og handel.  Fleire av brørne hans gjekk ogso handelsvegen og vart knytte til handel i Oslo o. a. st.

Elias Martinussen ytre Tuen, f. 1872, reiste som ung gut til Bergen, gjekk handelsvegen og byrja med manufakturhandel.  Han arbeidde seg godt fram og dreiv ein stor manufakturhandel på Torget under firmanamnet E. M. Thuen.  Han døydde for nokre år sidan, og borni greider no med

handelen.
Kristoffer Johnsen, Vedholmen, f. 1580, flutte etter 1900 til Våge i Tysnes og byrja landhandel der.  Han er ogso ekspeditør for dampbåtane på staden.

Jon Hansson Tøsdal, f. 1876, byrja i 1899 handel på Osøyri, men flutte sidan or bygdi og vart handelsmann i Odda, Laksevåg o. a. st.  Han er no busett på Nesttun. 
Elias Olson Sørstrønen, f. 1887, var ei tid sjømann, men busette seg sidan i Bergen der han driv hotell.
Henrik Engjelson Gjemdal, f. 1889, var ei tid handelsbetjent i Os, men flutte so til Haugesund der han driv ein større handelsforretning.

Av yngre folk frå Os finn me ogso sume som hev gjenge handelsvegen og som er knytte til handel e. l. utanfyre bygdi:
Oskar Forstrønen i Hjelme, Annanias Skorpen i Strandvik, Karl J. Moberg, Teodor Lekven, Ola Skåtøy, Mons Eide, o.fl. i Bergen.  Hjalmar Gjerde er bankmann i Oslo, og Anders Hauge og Henrik Tveit er bankmenn i Bergen.

ANDRE UTFLUTTE OSINGAR.


Umframt dei mange gardbrukarar, arbeidarar, handverkarar og handelsmenn som er utfarne or Osbygdi hev det ogso reist ut ymse andre, som hev gjort godt arbeid og jamt sett merke etter seg på den nye bustaden.  Me nemner nokre av dei nedanfyre.

Olai Larsson Nordstrønen, f. 1868, vart lærar i Vossestrand.  Han døydde ikr. 40 år gamall.
Ingjald Haldorson Sørstrønen (han kalla seg Strøno), f. 1870, var fyrst skomakar, men gjekk seinare lærarskulen og vart lærar i Kvinnherad.  Han var ein mann med mange hugmål og arbeidde for skyttarsaki, målsaki, fråhaldsaki o. m. m.  Han døydde etter eit uhende for nokre år sidan.
Vinsjans Jonson Hauge, f. 1838, vart lærar i Bergen.  Han var ein dugande og vyrd lærar.  Ætti etter han liver i Bergen.

Av yngre lærarar frå Os er August Vinsjansson Lien, f. 1895, lærar i Trøndelag, og Ola Olson Lundetræ, f. 1899, lærar i Kinsarvik, Hardanger.
Lars Hansson Tøsdal, f. 1878, er postopnar på Stend i Fana og hev fyrr vore stasjonsmeistar på Osbanen.  Han hev vore og er med i Fana heradstyre og formannskap.
Lars Nilsson Hjelle, f. 1877, var trearbeidar då han reiste til Odda og vart snikkar ved fabrikkane der.  Han kom straks med i lagsarbeid og fekk mange kommunale og andre tillitsyrke.  Han hev i mange år vore med i heradstyre og formannskap, og i 1931 vart han vald til ordførar i Odda, det han enno er.
Ola Monsson Drange, f. 1885, gjekk landbrukskulen og var i nokre år fjøsmeistar på Stend.  Var ei tid gardstyrar på Fjøsanger, arbeidsformann på Eikhaug planteskule, og vart i 1917 styrar av Fana heradsgard på Milde.  Kona Alvilde Mossige frå Jæren er tilsett som styrar av Fana gamleheim som ligg på heradsgarden.  Begge hev fenge mykje ros for sitt arbeid her, og det er skrive at heradsgarden «nu er opdrevet til en av de mest veldrevne gårder i Fana.»

Nils Nilsson Osøren (frå Bergstø, Søfteland), f. 1869, gjekk underoffiserskulen, vart so stikkningsformann ved byggjingi av Osbanen og Lillesandbanen, og vart i 1895 uppsynsmann ved Bergens befestninger.  I 1906 vart han uppsynsmann ved karbidfabrikane i Odda, der han enno er.  Han er ein vyrd mann, og på 60 års dagen hans skreiv Oddabladi m. a. slik um han: « en særdeles dygtig mann, er lett at arbeide sammen med, og er avholdt av overordnede og underordnede ».

Engjel Engjelson Bergstø (Søfteland), f. 1878, reiste til Bergen i 1897 og fekk arbeid ved Bergens befestninger.  I 1905 kom han til Bergenhus og vart uppsynsmann, det han framleis er.  I 1937 fekk han Kongens fortenestmedalje for langt og godt arbeid her.

Lars Jonson Søfteland, f. 1871, var ei tid busett på Sælen.  Han gjekk musikkskulen og vart tambur, flutte i 1896 til Bergen, og vart tilsett i Bergens brandkorps.  I 1924 vart han brandformann, og hadde yrket til han i 1931 fall for aldersgrensa.  Han var serleg interessert i musikk og stod heile tidi i brandstellet sitt musikkorps.  Døydde 1935.

Anders Andersson Søfteland, f. 1876, gjekk som stikkningsgut ved byggjingi av Osbanen og Lillesandbanen, vart seinare stikkningsformann ved ymse anlegg, derav 3 år i Sverik, og vart deretter formann og uppsynsmann ved vasdragsstellet.  Han hev m. a. gjort tenesta ved anleggi i Tistedalen, Kykkelsrud, Svelgfoss, Rjukan, Bjølvefoss, Hakavik, o. a. st.  Frå 1923 hev han gjort tenesta ved Staten sine senkningsarbeid og var ein mykje vyrd arbeidstyrar.  Han var busett i Bø, Telemark, og døydde i 1937.

Vilhelm Nilsson Moberg, f. 1875, gjekk underoffiserskulen, var ei tid politimann, og kom i 1897 i jernbanen si tenesta.  Vart fyrstefullmekt ved hovudkontoret i Oslo 1924, og var ei tid lærar på telegrafistskulen.  Han hev vore med i Aker heradstyre o. a., og Oslobladi skreiv um han på 60 årsdagen: «En djerv, grei mann, hvis vennesæle og likefremme væsen har skaffet ham mange venner.»
Johannes Hansson Søfteland, f. 1895, gjekk landbrukskule og vart tilsett som arbeidsformann ved Eikhaug planteskule på Søfteland.  Då den nye planteskulen vart skipa på Brandsøy ved Florø vart han styrar av skulen og hev sidan drive skulen fram til ein av dei likaste på Vestlandet.  Han hev mange tillitsyrke i bygdi og er m. a. varaordførar i heradet.

Jon Johannesson Haukeland, f. 1888, gjekk jordbruks- og skogskule, og vart tilsett som skogassistent i Møre fylke med bustad i Tingvoll.  Her døydde han alt i 1920.

Johannes Johannesson Haukeland, f. 1895, gjekk hagebrukskule og landbrukshøgskulen, og vart lærar ved Sogns jord- og hagebrukskule i Aurland.  I 1923 vart han styrar av skulen, men flutte seinare til Tveit landbrukskule i Ryfylke der han no er hagebrukslærar.

Mons Hansson Bjånes, f. 1898, gjekk jordbrukskule og landbrukshøgskulen.  Han er assistent ved Møystad forsøksgard på Upplandi.

Hans Kristianson Midtsæter, Moberg, f. 1904, tok artium og hev teke eksamen som ingeniør ved den tekniske høgskule i Trondheim.  Han er no tilsett ved ein større elektrisk forretning i Oslo.
Nils Haldorson Lønningdal, f. 1885, vart student 1906 og tok med. eks. 1913.  Han vart sanitetsløytnant i 1907 og kaptein i 1922, men tok avskil frå dette yrke i 1930.  Etter å ha gjort tenesta som lækjar på ymse stader vart han i 1917 lækjar på Svalbard, og vart i 1919 tilsett som distriktslækjar i Kjelvik, Finnmark, med bustad i Honningsvåg.  Då det var stor skort på lækjarar her måtte han samstundes styra 3 andre distriktslækjarpostar, Måsøy, Kistrand og Lebesby.  I 1926 vart han stadslæge i Risør, der han enno er.  Han hev gjort fleire ferder til Sverik, Danmark, Tyskland, Frankrik og Austerrike for serleg å studera røntgen og kirurgi.

Nils Nilsson Haugland, f. p. Moberg 1879, vart student 1903 og tok med. eks. 1909.  Etter å gjort tenesta eit års tid i Nordland vart han i 1910 kommunelækjar i Ulvik, men byrja alt året etter som privat lækjar på Toten.  I 1915 flutte han til Fredrikstad der han sidan hev vore.  Sidan 1920 hev han attåt vore lækjar ved St. Josefs hospital, og er spesialist i kirurgi, som han ogso hev studert ute i Europa.  Han er interessert i kristelegt arbeid.

Engjel Larsson Gjemdal, f. 1899, vart student 1919 og tok med. eks. 1926.  Etter å ha gjort tenesta som lækjar i Trøndelag o. a. st. vart han i 1929 utnemnd til distriktslækjar i Tjøtta, Nordland.  I 1933 flutte han til Rogaland og vart distriktslækjar i Hjelmeland, Ryfylke, der han enno er.

Johannes Jakobson Bø, f. 1908, tok artium 1927, gjekk universitetsvegen og tok med. eks. i 1935.  Han var ei tid lækjar i Sulitjelma og er no lækjar ved Vensmoen sanatorium for tuberkuløse i Saltdalen, Nordland.

Salmund Jakobson Djuvik, f. 1904, gjekk skulevegen og vart teologisk kandidat i 1926.  I 1929 vart han utnemnd til sokneprest i Sund, Hordaland, der han enno er.  Då han vart sokneprest var han berre 25 år gamall, og var truleg den yngste soknepresten i landet.

Karl Nilsson Lekven, f. 1870, gjekk underoffiserskulen og vart tilsett som sersjant i 1897.  Han gjekk gjenom gradene som underoffiser og vart i 1921 utnemnd til kaptein.  I 1929 tok han avskil som offiser.  Han var busett på Ådland i Stord, der han ogso var gardbrukar og ekspeditør på Leirvik for kystrutebåtane.  Han var m. a. direktør i Sunnhordlands privatbank og formann i Stord høireforening.  Hans største interesse var skyttarsaki.  I lang tid var han formann i Sunnhordland skyttarsamlag, og han hadde mange medaljer og andre utmerkjingar som skyttar.  Han døydde i 1933.

Mons Johannesson Haukeland, f. 1892, tok artium 1915 og eksamen på krigsskulen 1917, og vart same året utnemnd til premierløytnant.  I 1930 vart han kaptein ved 9. regiment, det han framleis er med bustad i Bergen.  Han hev i fleire år gjort tenesta som lærar ved Bergens underoffiserskule og ved Statens gymnastikkskule, og hev sidan 1923 vore gymnastikklærar ved Sydneshaugen skule i Bergen.

Olaf Hanssen, f. p. Utgjerdet, Tveit, 1883, gjekk millomskulen og eit års handelsskule, men heldt ikkje vidare fram på skulevegen og gjekk over i praktisk arbeid.  I umlag 12 år var han materialforvaltar ved Stord Kisgruber, og i 1923 var han tilsett ved gruveselskapet på Bjørnøy.  Seinare vart han tilsett ved gruveselskapet på Svalbard men reisi dit vart ikkje av, og han fekk sidan plass som vaktmeistar ved Botanisk museum i Oslo, der han enno er.  Han er mykje literært interessert og hev skrive mykje i bøker og blad.  I festskriftet, som han fekk til 50 årsdagen sin, er det soleis nemnd over 300 stykke som han hev skrive i blad og tidsskrifter.  Han hev ogso gjeve ut mange skrifter.  Hans største interesse er botaniken og her hev han samla mykje frå heile landet og frå ishavslandi til bruk for botaniske samlingar i Oslo og Bergen.  I 1930 var han som botanikar med på ein ekspedisjon til Frans Josefs land og dei andre ishavsøyane, og var då med og fann leivderne etter Andrée på Kvitøya.  Han hev skrive um plantelivet i Os i fyrste bandet av denne bygdebki.

Johannes Nilsson Lekven, f. 1878, lærte hotellfaget i Bergen og arbeidde vidare som hotellmann i England, Tyskland, Frankrik, Sveits og Rusland.  I 1903 vart han hotellinspektør i Kjøpenhamn, var so i fleire år inspektør i Stokholm, og overtok i 1914 saman med ein annan Grand hotell i Odense.  Seinare fekk han hotellet åleine og arbeidde det fram til det likaste danske hotell utanum Kjøpenhamn.  Det danske storblad «Politiken» skreiv um han i 1928 at «han er som borger i sin by med rette anseet og populær som faa» og då han døydde året etter skreiv eit anna dansk blad:
«Han arbeidet hotellet op til det førende i den danske provins og blev det bedste, smukkeste og hyggeligste i provins sen.  En fremragende hotelmand som nød almindelig anseelse og blev betragtet som et mønster i hotelkredse i ind og udland.  Men var meget mere, et betydeligt og fint menneske, en personlighed hvis elskværdighed og charme maatte indtage alle.»  Han døydde i 1929.

Halvard Monsson Lepsøy, f. 1860, reiste til Bergen i 1886, var ei tid handelsbetjent, og byrja seinare med agenturverksemd.  I 30 år var han soleis agent for Ragnar Næss og hadde hovudagenturet for Halvard Drægni o. fl.  Han var ein ihuga siglar, kom i 40 års alderen med i fråhaldsarbeidet, og vart m. a. ei berande kraft i losje «Oscar».  Då han døydde skreiv bladet «Fremad» um han: «Han var som en sol for hele familien, og alle som kjendte ham lærte snart at sætte pris på hans fine, noble karakter.  Og stor var den flok som fulgte ham til det siste hvilested.»  Han døydde i 1921.

Lars Tomasson Heggland, f. 1858, gjekk blekkmakarlære og byrja som ung mann blekkmakarverksemd i eige hus på Osøyri.  Her dreiv han til 1901 då han flutte til Haugesund og byrja verksemdi der.  Hans fyrste store arbeid i Haugesund var tekkjingi av Vår Frelsars kyrkja, og det gjorde han til ein kjend handverkar med ein gong.  Han vart ein vyrd mann i byen, og på 75 års dagen hans skreiv Haugesundsbladi um han som «en dyktig og innsiktsfull mann, en av vår bys eldste og mest kjente handverksmestre.»  Han dreiv handverket sjølv radt til 1934, då sonen overtok verksemdi, og døydde i 1937.

Nils Nilsson Lekven, f. 1886, byrja som 15 års gut i broren Torgils Lekven si krambud på Voss, kom 19 år gamali til Joh. Petersen i Bergen, og byrja i 1907 som handelsreisande.  Etter vidare utdaning i England dreiv han so ei tid agenturverksemd til dess han i 1925 skipa den store trikotasjefabrikken «Rundvæveriet» i Bergen.  På 50 årsdagen hans skreiv Aftenposten: «Lekven hører til våre yngre, energiske industrimenn som vil at norsk fabrikata på alle områder skal høre til tidens ypperste.  Han er meget avholdt av en stor vennekrets og ikke minst av sine medarbeidere i bedriften.»

Ole Nilssen, f. p. Nordstrønen 1855, kom som ung mann til Bergen og vart krambudgut i Ole Jansens not- og garn-handel.  Der fekk han interesse for nøter og garn, og livsvegen hans vart uppstaka.  I 1881 vart han styrar for Bergens Notforretning, og skipa i 1887 saman med eit par andre firmaet Nilssen, Sunde & Co. med eigne reiparbanar på Stølen og Nygard.  I 1897 skipa han eigi verksemd, O. Nilssen & søn, og bygde året etter saman med ein annan Solheims trådfabrikk og fleire anlegg.  Han var med å skipa Bergens liberale forening, var stødt valmann for vinstre, var styresmann i Håndverkerforeningen, var med i bystyret, skule- og fatigstyre og var kyrkjeverja m. m. m. Ole Nilssen gløymde heller ikkje heimbygdi si, og han hev gjeve god hjelp til reising av gamleheimen og til andre bygdetiltak.  På 70 årsdagen hylla alle Bergensbladi han i sterke ordelag: Bg.Tidende: «En av de mest kjente og fremstående menn innen Bergens håndverkerstand.» Mrg.avisen: «Om Nilssen kan sies at han er en pryd for sin stand og sin by.» Bg. Aftenblad: «Til sine mange medarbeidere har han alltid stått i et forhold der kan tjene til mønster.  Han kan se tilbake på et rikt arbeidsliv hvor han selv har vært sin lykkes smed, takket være sin store arbeidsomhet og energi like fra ungdommen op til de grånende dage.» Ein son driv no verksemdi.

Rasmus Larsson Røykenes, f. 1821, vart berre 18 år gamall tilsett som umgangskulelærar i Fana.  Han gjekk sidan inn på Stord lærarskule og fekk seg lærarpost i Fana att.  I 1853 vart han tilsett ved den nye skulen på Midttun og vart samstundes klokkar ved Birkeland kyrkja.  I 1855 kjøpte han seg gard på Øvsttun og busette seg der.  Han var mykje med i kommunalt arbeid, var m. a. varaordførar i tvo år og ordførar i Fana 1868 – 69.  I nokre år var han ogso heradskasserar.  I 1892 tok han avskil frå skulen etter 53 års tenesta som lærar og døydde i 1900.

Kristian Olson Lyssand, f. 1841, var berre 16 år gamall då han tok til som lærar.  I 1860 tok han eksamen ved Stord lærarskule, var so huslærar nokre år hjå prosten Lampe i Strandebarm, og vart i 1864 lærar ved Stensby skule i Ullensaker, Akershus.  I 1871 vart han kyrkjesongar til Hovin og lærar ved Låke skule, der han var til han i 1891 vart fyrstelærar ved Gislevoll skule.  Same året kjøpte han garden Hannestad i Ullensaker, der han sidan var busett.  Då han tok avskil i 1915 hadde han vore lærar i 55 år, derav 51 år i Ullensaker, men han heldt framleis ved som kyrkjesongar.  Han sat mange år i heradstyret og var m. a. forlikskommissær i 2l år.  I 1913 fekk han borgerdådsmedaljen, og alle var samde um at han fortente den for sitt makelause arbeid for skulen i Ullensaker.  Då han døydde skreiv bladet «Romerike»: «Som lærer var Lyssand slik at man bør bruke ordet enestående».  Av borni vart ein son byråsjef og fleire vart lærarar.  Kristian Lyssand døydde i 1931, vel 90 år gamall.

Arne Halvardson Halhjem (kalla seg Halgjem), f. 1871, gjekk fyrst millomskulen, men gjekk sidan inn på Stord lærarskule og tok eksamen der.  Han var ei tid vikar for faren ved skulen på Neset i Os, gjekk deretter ei rekkja spesialkurs og var so i stuttare eller lengere tid lærar i Bygland, Søgne og Søndeled.  I 1898 vart han lærar i Haugesund og vart i 1913 tilsett i den nye posten som Statens filmsensor med bustad i Oslo.  I Haugesund var han med i bystyre, skulestyre og verjeråd.  Då han var i Søndeled 1894 kom han med i fråhaldsrørsla og gjekk i 1899 inn i I. O. G. T.  Han kom straks med i losjen sitt råd og vart vald til Stortemplar i 1906, det han var radt til 1918.  I 1912 vart han formann for Norges avholdspolitiske parti og stod som formann i Avholdsfolkets landsnævnd frå 1921 til han døydde.  Han var ogso bladstyrar av fråhaldsfolket sitt hovudblad «Folket». 
Arne Halgjem kom sjølvsagt upp i mykje strid.  I politikken var han vinstremann, men då han fann vinstre for veikt i fråhaldspolitikken gjekk han over til socialdemokratane.  Då han etter ei tid fann dei like veike kom han attende til vinstre.  Det var serleg som fråhaldspolitikar han eggja til strid, og mange av dei store bladi hogde etter han både seint og tidleg som førar for «den grå her».  Men Halgjem tok det heile med godt humør, og han hadde trass all motburd mykje å segja i politikken.  Det var sagt at han, utan å vera stortingsmann, hadde mest å segja i heile Stortinget.  Utnemningi hans til filmsensor vakte mykje uppstyr, men etter nokre års arbeid måtte alle sanna at han fyllte romet sitt der på ein framifrå måte.  Han var helseveik i mange år, men arbeidde likevel som få og Goodtemplar bladet skreiv um han: «Alltid og overalt var han påferde, ordnet, rettledet, la nye planer, et yrende rikt arbeidsliv, en åndens fruktbarhet som var likefrem overveldende.» Han døydde alt i 1927.

Carl Henrik Nieuwejaar, f. p. Lyssand 1852, vart student i 1871 og vernepl. løytnant i 1873.  Året etter reiste han til Tyskland og studerte skogbruk og skogstell i Sachsen, tok eksamen ved ein tysk skogskule i 1876, og vart året etter utnemnd til skogassistent i Saltdalen, Nordland.  I 1896 vart han skogforvaltar i Søre Saltdalen, og gjorde mykje til fremjing av skogen og fremjing av skogfolki sine interesser.  Då han i 1902 kom upp i noko kluss tok han avskil som skogforvaltar og reiste til Amerika, der han vart skogstyrar i Anticosti, Kalifornia.  På ein tur frå Bay Ellis til heimstaden, saman med den 18 år gamle sonen Klaus, kom dei begge burt på sjøen. Skogmandsforbund hev reist ein bautastein i Saltdalen til minne um han.

Tomas Knutson Lekven, f. 1846, gjekk jordbruksskule og tenkte på å verta fylkesagronom e. l.  I 1874 var det stor skort på dyrlækjarar i fylket, og fylkestinget sa seg viljug til å gjeva studnad um ein dugande ung mann vilde studera til dyrlækjar.  Tomas Lekven meldte seg og reiste til veterinærhøgskulen i Kjøpenhamn.  I 1877 vart han tilsett som dyrlækjar i Nordhordland, som då femnde over både Nordhordland og Midthordland, med påbod um å bu i Bergen, og for dette gav fylket han eit serskilt tillegg.  Dyrlækjarkrinsen var stor, det var halve fylket, og Lekven var på ferde seint og tidleg, lækja sjuke dyr, gav rettleiding um jordbruk og feal, teikna lødor og fjos, o. s. b.  Kvart menneskje i halve fylket kjende «den gasta Lekven».  I 1907 vart krinsen skift i tvo, soleis at Lekven frå den tid fekk berre Midthordland.  Då han tok avskil flutte han attende til Os og døydde der i 1916.  Han skipa eit legat til gagn for norske dyrlækjarar, og gav hjelp til reising av gamleheimen i Os o. a.  Då han døydde skreiv Bergensbladi: «Han har oparbeidet sig et kjent og aktet navn på grunn av sin dyktighet og hjelpsomhet.  Han hadde både ansvarsfølelse og medfølelse og var en pryd for sin stand.»

Johannes Tomasson Heggland (skriver Hægland), f. 1862, vart student i 1885 og tok eksamen frå krigsskulen i 1888.  Året etter vart han utnemnd til løytnant, vart kaptein i 1895 og major i 1911.  Som major hadde han ei tid Vesterlen regiment i Rogaland, men elles hadde han kompani og bataljonar som høyrde til Bergens brigade og hadde bustaden sin i Bergen.  Seinare budde han i Os til 1928 då han flutte til Austlandet.
I 1895 skipa Hægland ein ungdomskule på Os som han sjølv stjorna, og som gjekk til 1898.  Då han året etter flutte til Bergen vart han lærar ved Bergens maskinistskule, og hadde dette yrket i mange år.  Han hev gjort fleire studieferder til utlandi og var m. a. utsending frå den norske heren i krigslandi under heimsufreden.  Han er «far» for Soldatboki, «Soldatens bok», då han etter uppmoding frå departementet arbeidde ut den nye instruksjonsboki for soldatane.  Boki fær no berre lovord for sitt innhald og form i demokratisk leid, men då ho kom ut skriv ein kjend bladstyrar i Oslo: «Med det preg den nu bærer kan boken aldri bli annet enn en usømmelighet overfor soldaten.»  Han hev ogso skrive ei lærebok i praktisk geometri og hev skrive mykje i bladi.

Hægland var i 1920 åri mykje med i ordskiftet um ein ny herskipnad og fekk statsløyving til utgreiding av ein ny herplan.  I dei siste åri hev han drive sosiologiske granskingar vedkomande freds- og forsvarspursmåli, og hev gjort upptaket til ein ny samskipnad «Folkefred».  Han hev ogso gjeve ut fleire skrifter um desse spursmåli.  I politikken hev han svinga over frå sitt konservative syn i ungdomen til eit frilynd og radikalt syn, noko som ogso merkjer dei mange talor og foredrag som han hev halde i folkeakademi, kurser, stemnor o. l.  Sume av hans skrifter og bladstykke er no ogso skrivne på nynorsk.

Erik Nicolai Larsson Strønen er fødd i Sørstrønen 7. september 1862.  Han arbeidde seg fram til lækjareksamen, utdana seg vidare i utlandi og byrja i 1898 som lækjar i Oslo.  Han fekk ein stor praksis og vart ein vyrd og mykje kjend lækjar i byen.  For nokre år sidan let han lækjarverksemdi i Oslo frå seg til andre.  Dr. Strønen hadde mange interesser og hev m. a. skrive mykje i bladi.  I 1904 skreiv han boki «Billeder fra Strilelivet» som same året kom ut i 3 upplag.  Han freista her å retta på det skeive syn som byfolket og andre hadde på «strilane», fiskarfolket på øyane ikring Bergen. 

Dr. Erik Nicolai Strønen.

Han gløymde heller ikkje heimbygdi si.  Folket på Strøno hev han hjelpt til vegar, bryggjor, ungdomshus o.a., og då heradet fann det for dyrt å byggja elektrisk leiding til Nordøyane tok dr. Strønen ein stor part avbyggjekostnaden på seg og skaffa dermed grendi elektrisk ljos og kraft.  Gutar frå Osbygdi og andre stader hev han hjelpt fram på skular eller sett igang med bureising o. l.  Det største merke sette dr. Strønen etter seg, då han i 1936 gav heimbygdi eit legat på 50 000 kroner til utdaning av evnerik ungdom på lærarskular, handelsskular, tekniske skular og universitetet.  Um hans gåvor elles syner me til sjølvbiografien nedanfyre.

Då dr. Strønen på 75 årsdagen sin var på vitjing i Osbygdi nytta osingane høvet til å takka han, med di formannskapet, skulestyret og mange andre møtte upp hjå han den dagen.  Frå formannskapet fekk han ei serleg adresse og det kom blomar og gåvor i mengd.  At dr. Strønen ogso er vyrd utanfyre Osbygdi synte dei mange heidrande artiklar um han i bladi den dagen, ikkje minst i dei store Bergens- og Oslobladi.
For eit par år sidan skreiv dr. Strønen sin sjølvbiografi til mogeleg bruk for ei bygdebok, og då alle osingar kann ha interesse av å sjå korleis ein Os-gut arbeider seg fram tek me nedanfyre med heile sjølvbiografien:


ET LEVNETSLØP.
Å gi sig av med å skrive sin egen biografi er av lett forståelige grunner ikke alltid så like til.  Når venner og bekjente såvel i Os som andre steder har opfordret mig til å utgi min biografi og livserindringer, har jeg alltid avslått opfordringene, tiltross for at jeg nok kunde ha noget på hjertet – bl. a. for ikke å bli beskyldt for ubeskjedenhet.
Da nu Os’ historie skal utgis, har jeg allikevel besluttet mig til å se bort fra de hensyn, som tidligere har holdt mig tilbake, idet jeg her finner en av flere grunner passende anledning til såvel å utløse en personlig trang som til å imøtekomme mine venners, spesielt osingenes, ønsker om å fortelle litt om mitt levnetsløp, og det er da også især til dem, jeg henvender mig med disse linjer.

Plassen tillater mig kun å ta med, hvad der ved denne anledning trenger sig mest på og ligger mig mest på hjertet.  Det øvrige jeg kunde ha å fortelle fra forskjellige områder av mitt lange liv, må jeg la ligge, til tross for at jeg formaster mig til å mene at det i flere henseender kunde fange en lesers interesse.

Jeg begynner med barndomsdagene og skal da oplyse at jeg den 7. september 1862 er født på Sørestrønen i Os, hvor mine foreldre, Lars Hansen Tøsdal og Anna Margrethe Eriksdatter Hatvik, kjøpte gard.  Min far døde, da jeg var 7 år gammel, og mor sått igjen med sine 6 barn, Anna, Serine, Hans, undertegnede, Jørna og Larsine.  Ikke lenge efter fars død solgte mor gården og kom på kår.  De tre eldste barn tok da ut, Anna og Serine for å «tjene» hos bøndene, Hans for å gå inn på underoffisersskolen efter et års tid å ha fart til sjøs.  Han blev flere år senere kjøpmann i Oslo og døde for mange år siden.  Vi tre yngste, undertegnede, Jørna og Larsine blev med små avbrytelser, hvor vi var borte hos fremmede, hjemme på kåret i vilkårsstuen, til vi blev konfirmert.  Selv hadde jeg en ubendig higen efter å komme bort fra forholdene, som jeg følte knugende.  Bort vilde jeg snarest mulig.  Ut vilde jeg – ut for å «bli til noget».  Derfor vilde jeg bli tidlig konfirmert og lot mig 14 år gammel innskrive til konfirmasjonsforberedelsen hos presten i nabosognet Fana.  Hos ham kunde jeg bli konfirmert et år tidligere enn hos presten i Os.

Såvel mor som mine eldre søsken stillet visstnok forhåpninger til mig, og opmuntret av min kjære lærer Lars Walle, gjorde de sitt beste for at jeg kunde komme på amtsskolen, hvad foreløbig var mitt brennende ønske for senere å bli «krambodkar» i Bergen.  Der blev skrapt sammen til et fem måneders kursus på amtsskolen på Utne.  Opholdet der kom nok ikke på mere enn 16 – 18 kr. måneden.  Skolen var gratis.  Pensjonen hos ”mor Utne” var eventyrlig billig dengang.

Da så mor kunde sende mig avsted, var hun både glad og forventningsfull, fordringsfull og syntes jeg, idet hun ved avreisen uttalte: ,Ja nu, Niclas, tar du det første skritt til din utdannelse, bli nu flink, så du selv med tiden blir amtsskolestyrer».  ”Det kan du ikke vente mor», svarte jeg.  ”Jeg måtte bli en studert mann da, og så høit må du ikke tenke.  Blev jeg foreløbig krambodkar, skulde jeg være fornøid» . «Ja», falt mor videre inn  ”jeg har nu en anelse om at der blir noget av dig Niclas, og kommer du nogen gang til penger, må du endelig være god mot dine søsken og de fattige».  Det kom som en inntrengende bønn til mig og illustrerte så klart et fremtredende karaktertrekk hos mor – hennes omtanke for sine og varme hjertelag for de fattige.  Likesom far var hun alltid betlerens venn, bad ham inn, lot ham varme sig, gav ham mat, og han forlot aldri tomhendet hennes hus, om enn hun selv måtte gi avkall på nokså meget.

Ca. 15½ år gammel var jeg ferdig med amtsskolen med en første klasses attest i lommen, hvor det bl. a. sies at jeg alltid vilde komme til å utvide mine kunnskaper.  Lærerne var kand.teol. Kullmann-Olsen, den senere skoledirektør Kullmann, og seminaristen Aasmund Winje, den senere statsråd, begge siden mine venner for livet.  Nu fikk jeg straks plass som handelsbetjent ved en bondehandel nederst i C. Sundts «gård» i Bergen, takket være min kjære hjelpsomme fetter og venn Ole Nilssen, som dengang var bokholder og prokurist hos nothandlerfirmaet Ole Jansen i Bergen.  Senere blev han sjef og innehaver av det ansette bergensfirma O. Nilssen & Søn.  Han var født på vår ættegard Tøsdal og blev der til 3 års alderen, hvorefter han kom til Strønen og vokste op der.

Efter 5 måneder var bondehandelen konkurs, og jeg stod på bar bakke, uten stilling.  Skulde det vart mange dagene, vilde jeg kommet i nød.  Jeg speidet flittig i avisene efter ledige plasser og fant 2 ledigaverterte, en skomakerlærling – og en løperguttplass.  De tiltalte mig ikke, men jeg måtte allikevel under forhåndenværende omstendigheter være glad til, om jeg kunde få dem.  Begge plassene var besatte, da jeg innfant mig – til alt hell som det snart skulde vise sig.

Umiddelbart efter å være avvist på begge steder kiker jeg i en meget trist sinnsstemning på avertissementene i en annen avis og finner et, hvor der søkes en apotekerdisippel på Løveapoteket i Bergen, hos Lars Monrad-Krohn.  Lå det ikke for høit for mig?  Jeg dristet mig dog til å våge forsøket og innfant mig straks hos apotekeren, som mottok mig med den aller største elskverdighet, da jeg fortalte ham mitt ærend.
Denne gang var jeg ikke for sent ute.  Han spurte efter min skolegang, kunnskaper og attester, prøvet mig i forskjellige fag.  Hans frue Cicilie og sønnen Hjalmar kom tilfeldigvis også tilstede, og fruen blev meget interessert i mitt forehavende, leste mine attester, spurte efter mine familieforhold, og da jeg kunde fortelle at mor var enke og kårkone uttalte hun, henvendt til sin mann: «Han er jo en flink og bra gutt efter attestene fra amtsskolen og hans prinsipal å dømme.  Det kunde være en god gjerning å gjøre noget for en fattig enkes sønn.  Vi kunde kanskje gjøre noget ut av gutten».  Gemalen og sønnen lyttet omtenksomt til hennes tale, som vant den deres bifall.  Jeg hadde nesten følelsen av at jeg var antatt. «Ja gutten min», fortsatte apotekeren, «vi vil sove på det, kom igjen i morgen ved halvtolvtiden, skal du få svar».  Jeg behøver vel ikke å fortelle at jeg innfant mig presis neste dag.  Alle 3 fra dagen før kom mig smilende imøte og gratulerte mig med at jeg var antatt. «Du er blitt den utvalgte blandt 25 ansøkere, hvorav flere med middelskoleeksamen», fortalte man mig, «om nogen år er du farmasøit og med tiden apoteker.  Du kommer til å spise ved vårt bord.  Du er vel glad nu?»  Jeg var yr av glede.
Den overveldet mig, kunde nesten ikke tro det var sant.  Var det virkelig mig? Jeg som for nogen minutter siden var uten stilling, så å si uten mat og tak over hodet, og nu sikret en så, som jeg syntes, fin stilling med kost og losji og årslønn til.  Spise til bords med apotekerens i stedetfor å være henvi st til losji og kost på den upropre, mørke «bondestuen» nede i det stinkende, svarte smuget.  Og selv bli apoteker med tiden? Jo, det sa de da.  Gutten syntes det var en stor ophøielse, da det snart stod klart for ham at det var virkelighet og ikke bare et fata morgana.  Jeg fikk stammet frem en takk og bad farvel.  Fru Cicilie rakte mig hånden med ordene: «Velkommen imorgen, gutten min».  Tristheten og bekymringene var som ved et trylleslag forvandlet til glede og lykkefølelse i en helt ny verden.  Latinen og duften fra krukker og glass i det ærverdige apoteks reoler og de lærde miner hos de fine mennene innenfor skranken talte allerede til guttens fantasi.  Det ser ut for at det ikke alltid er så dårlig lodd å være en fattig enkes sønn.

Jeg glemmer aldri hine foran citerte hjertelige ord fra fru Cicilies munn.  De har alltid gjenlydt i mitt øre.  Hvilken edel sjel, hvilken hjertensgodhet og sjelsnoblesse hos denne kvinne, hvilken forståelsesfullhet og godhet hos hele familien!   De er nu døde alle disse tre gode, høit kultiverte mennesker, sønnen Hjalmar for bare nogen år siden.  Hvor jeg er dem takk skyldig!

Æret og fredet være deres minne:  De vil alltid komme til å stå som et lysende eksempel. 

Selv om farmasien og det medisinske studium griper så lite inn i hinannen, har så lite til felles at farmasøiteksamen efter den gamle ordning ingen forutsetninger hadde for å lette eller forkorte det medisinske studium, blev dog min utdannelse i farmasien den naturlige veiviser og inngangsport til den bane, som skulde føre mig frem til læge.  Dessuten hadde jeg som farmasøit anledning til i studietiden å ta en jobb, når det blev altfor galt med finansene, i det tilfelle hvor der ikke gas andre nærliggende chanser til å tjene noget til mitt underhold, for eksempel ved å selge symaskiner blandt arbeiderbefolkningen i Oslo, gi informasjoner, skrive avisnotiser av og til o.s.v.

Sikkert er at min farmasøitutdannelse blev den ubestridelig direkte foranledning til mitt medisinske studium, og var jeg ikke blitt antatt som apotekerdisippel, vilde livet ha fortonet sig ganske anderledes for mig – og for mange andre.

Apoteker Lars Monrad-Krohn, tilskyndet av sin høisinnede frue Cicilie, født Konow, og sønnen Hjalmar, kastet ved hin anledning en sten i vannet som satte ringer, større og større ringer.  Efter utstått disippeltid, der ved en gunstbevisning fra apotekerens side blev nedsatt fra kontraktstiden på 5 til bare 3 år, fikk jeg farmasøiteksamen, dengang kalt medhjelpereksamen, hvorefter jeg et par år fungerte som farmasøit ved apoteket.  I denne tid begynte jeg efter fattig leilighet – der blev ikke levnet megen tid til det – å forberede mig til middelsskoleeksamen med artium for øie.  Jeg tenkte allerede på å bli læge – uten å innse det dumdristige i denne plan.  Uten midler eller forbindelser, uten engang å ha middelskoleeksamen å tænke på lægestudiet forekom alle undtagen mig seilv for det rene vanvidd.
«Vær fornøid med kjøttgrytene i farmasiens trygge havn, gi dig ikke ut på de villsomme vidder», foreholdt fru Cicilie mig.  Det manglet ikke på gode råd og formaninger.  Apotekeren misbilliget i høi grad slike «høitflyvende planer».  «Legg denne bondeforfengeligheten til side, gutten min», irettesatte han mig alvorlig.  

«Du bli doktor! Hvorledes kan du flyve, når du ingen vinger har?  Det henger for høit for dig det eplet, gutten min».  

Just det at det hang så høit, gjorde det ennu mere attråverdig, og vingene fikk jeg da anskaffe mig, selv om de bare blev rudimentære, så jeg måtte flyve langsomt, etappevis.  Jeg satte alle vanskeligheter, alle hensyn – også hensynet til at jeg gjorde familien så meget imot – ut av betraktning, så ondt denne min hensynsløshet enn gjorde mig.  Egenrådige knekter går så ofte sine egne veier.  Læge vilde og skulde jeg bli.  Lægegjerningen var blitt mit ideal, stod for mig i rosenrødt.  Å kunne helbrede sykdommer, lindre smerter, være de sykes trøst og og hjelper i deres viktigste og intimeste legemlige og sjelelige anliggender, ha menneskers ve og vel mellem sine hender, være alles herre og alles tjener – noget som jeg et eller annet sted hadde lest falt i lægens lodd – det stod for mig som det mest ophøiede, det mest attråverdige her i livet.  Og så det interessante studium som ventet mig!

Så tok jeg da spranget ut på min nye bane, fik artium, og en god dag stod jeg begeistret midt oppe i lægestudiet.  Jeg var ikke kommet langt på vei, før jeg begynte å skjele til fru Cicilies kjøttgryter og nok fikk sanne spådommen om de «villsomme vidder»; men var de enn noget ublide av og til, hadde de dog viddens charme, så jeg aldri bebreidet mig at jeg hadde begitt mig ut på dem.  Vanskelighetene var der for å overvinnes.  Friskt mot Antonius!

Ved viljestyrke, selvtillit og seig utholdenhet, altsammen verdifulle karakteregenskaper og ikke de minst verdifulle «evner» nådde jeg det mål, jeg i ungdommelig naiv dristighet og ungdommens uvorne uforferdethet hadde sått mig.  Jeg hadde satt mig et mål, vilde og måtte nå det.  Selvfølgelig blev veien lettere, efter at jeg endelig langt ute i studiet fikk verdifull støtte hos min bror Hans, som var blitt kjøpmann i Oslo (kjøpmann H. Tøsdal) – æret være hans minne – og til slutt også hjelp fra annet hold.  Lykken stod den dristige bi.  Mor og mine søsken oplevet å se mig som læge i stedetfor amtsskolestyrer.

Jeg har hat megen glede og tilfredsstillelse i min lægegjergjerning.  Den har på mange måter gjort mig tilværelsen interessant og innholdsrik.  Jeg vilde ikke ha byttet den i en apotekers eller noget annet metier.

Det er falt i min lodd å være to ganger gift, første gang med enkefru Karen Olava Olsen, født Kalseg, fra Eidsvoll, enke efter urmaker Hans Olsen i Oslo.  Hennes foreldre var gårdbruker Ole Kalseg og hustru Karen.  Efter 35 års barnløst ekteskap rykket døden henne for snart 7 år siden fra mig.  Borte var hun til min usigelige sorg, dette gode menneske, min venn og kamerat, som betydde så meget for mig, hadde vært min hjelp, trøst og støtte på så mange måter.  Jeg skylder henne takk for så meget og kan ikke gjøre mig fortrolig med nogen annen tanke enn at adskillelsen bare er midlertidig.
Med hensyn til mitt annet giftermål må det nu være mig tillatt å foreta en digresjon og uten mange omsvøp forutskikke en beretning om, hvorledes – høist merkverdig – knallende pistolskudd med en derav forårsaket forsinket avreise skulde komme til å gripe så dypt inn og få så skjebnesvangre følger. 
Hvor livet kan være mangfoldig, eventyrlig.  Jeg kommer gående gjennem boulevarden Rambla i Barcelona for å hente min håndkoffert på hotellet og innen en halv time avreise til Perpignan i Sydfrankrike, da jeg plutselig blir vidne til et oprørsforsøk.  

Det knaller skudd fra begge sider, en mann faller død om et par meter fra mig, rammet av en kule.  Publikum forsvinner som avner for orkanen under skrik og hyl.  Selv søker jeg fortumlet inn i den første og beste sidegate, og jaget av skrekk iler jeg uten mål og med, inntil jeg plutselig finner mig igjen ute på utstillingsterrenget, langt borte fra Rambla.  Her hersket den dypeste fred og ro.  Jeg kom i samtale med en herre, en rnarineingeniør, og fortalte ham min uhyggelige oplevelse.  Med et skuldertrekk og et smil, som sa: «Blås, er det noget å snakke om», fortalte han at slikt var man blitt så vant til at der ikke blev lagt nogen brett på det.  Fullstendig uberørt slår han det hele ganske kynisk hen i morsomheter.  Merkverdig forresten hvordan hans optreden beroliget mig, måskje bidrog hertil at jeg litt efter litt hadde vennet mig til politiske optøier – om enn av mindre alvorlig art – i andre spanske byer.  Han distraherte hypnotisk mine tanker fra oplevelsen.  Skrekken fortok sig fullstendig.  Det var alt glemt.  Stedet åndet som sagt bare fred. 

Toget til Perpignan var gått, jeg slo mig til ro, og snart overlatt til mig seilv begynte jeg å tumle med minner fra tidligere besøk i dette strøk, minner som overveldet mig og fremkalte en blanding av vemods- og gledesstemning.  Det var en av disse Sydens betagende, solfyldte dager under skyfri, eventyrblå himmel.  Jeg slentrer omkring, betrakter de herlige utstillingsbygninger, og lokket av minnene gjør jeg en avstikker inn i parken, som så innbydende grenser umiddelbart inn til terrenget og rolig og malerisk hever sig mot toppen av en høide med utsikt over Middelhavet.  Hvem kunde vel tenke på skudd og ufred her.  Et par år før min hustrus død hadde hun og jeg tilbragt mangen uforglemmelig stund sammen her, frydet oss over parkens skjønnhet og prakt.  Denne gang kom jeg der alene, uten henne.  Jeg forsøker å la vemodet fare og hengir mig i lykkelige erindringer.

Det var mig umulig å løsrive mig fra stedet, fra den vidunderskjønne park, opbygget i terrasser langs skråningene med Sydens trær og blomster i all sin rike mangfoldighet, en ubeskrivelig farve- og blomsterprakt og dens berusende aroma, «kjærlighetsstier», irrganger og labyrinter av blomstrende og duftende rosenbusker mellem forfriskende fontener og sprudlende kaskader.  Alt dette med en henrivende utsikt over det historiske, asurblå Middelhav i tilgift.   Jeg gjennemtråler parken, møter det ene lykkelige par efter det annet, gående eller sittende på benkene i rosengangene.  Jeg var nesten fristet til å misunne dem, vemodet innfant sig på ny, jeg følte mig ensom og fattig, tross all den naturens herlige rikdom jeg fråtset i.  Jeg finner en benk, mens to damer, som jeg ganske riktig antok for mor og datter, setter sig på en benk skrås over for mig.  De talte et sprog, som jeg mente var spansk.  Til min overraskelse faller datteren plutselig inn på norsk, idet hun tørrer sveden av pannen: «Phu, hvor varmt!  Det smakte godt å få sette sig». «Å», falt jeg umiddelbart inn, «her er så skyggefullt og herlig.  Varmen bør ikke genere».

«Er De nordmann?» spør damene forbauset.  «Jo, jeg var da det».  Presentasjon. Datteren var en meget smukk dame, som snart viste sig også å være meget livlig og elskverdig.  Det var det første, men ikke det siste møte med henne.  Når jeg mange ganger senere promenerte i rosengangene i dette henførende paradis, var jeg aldri ensom.  Skjebnen skulde her innhente to mennesker.  Ingen kan undgå sin skjebne, kjære leser.  Den kan endog – som man ser – med revolver i hand tvinge en til underkastelse.  For mitt vedkommende hadde den meget lunefullt bestemt at jeg efter en enkemannsstand på 5 år, tross mine tidligere fromme forsetter og 72 år skulde komme til å inngå nytt ekteskap med dåamen fra denne «Edens have», som jeg da tillater mig å presentere som den dengang 46-årige argentinerinne Anita Helena Lastenia Bøhm – alderen opgitt med rette vedkommendes tillatelse.

Hennes foreldre var norske, faren overingeniør og en tid sjef for ingeniørdepartementet i en av Argentinas provinser.  Han fikk under denne sin departementssjefstid efter eget initiativ innført desimalsystemet i sin provins, en oplysning som muligens kunde interessere, for så vidt som det var en nordmann, som fikk denne hedrende opgave.  Bedstefaren på morsiden var den navnkundige distriktslæge Torstein Næsheim på Voss.  Begge besteforeldrene på morsiden var ætlinger henholdsvis av den kjente Galtung- og Rustungslegt i Hardanger.

En ubarmhjertig plassmangel forbyr mig ved denne anledning å berette om trekk fra min praksis, patienters psyke, samt inntrykk fra reiser og av personer, jeg er kommet sammen med, så meget jeg enn kunde ha lyst og av flere grunner opfordring dertil.  Jeg må også la være å fortelle nærmere om de tre anledninger, jeg har svevet i ytterste livsfare, siste gang for ca. 15 år siden.  Hvis plassen tillot at jeg fortalte de nærmere omstendigheter ved hendelsene og redningen hver gang, vilde leseren like så lite som jeg selv være i tvil om at der var skjedd undere.  Miraklenes tid er ikke forbi.  Hvem var så den usynlige redningsmann som var hos mig hver gang?  Sikkert den samme som i sin tid lot mig finne veien til Løveapoteket.  Men hvorfor var det så om å gjøre å redde min karriere, mitt liv og helse ?  En annen begivenhet trer frem i min erindring som et lysende billede på bakgrunn av en noget trist stund i slutten av min studentertid.  Jeg finner å burde ta den med, ikke bare på grunn av den betydning den fikk for mig og den menneskelige godhet og bekymring for medmenneskers ve og vel, som den så smukt vidner om, men også fordi leseren her vil bli styrket i troen på at der ikke bare gis likegyldige ignoranter likeoverfor medmenneskers vanskeligheter.  Jeg hadde meldt mig til eksamen til 2. avdeling, men overarbeidet og nervøs som jeg var hadde allerede eksamensfeberen sått inn, og i skrekken for eksamen hadde jeg likesom ved forrige semester bestemt mig til å trekke mig tilbake også denne gang.  De medisinske studenter frk. Dagny Bang (nu læge i Oslo), frk. Harma Jæger, professorens søster, fru Martha Peersen (senere læge i Stavanger) og frk. Johanne Hwallmann (nu læge i Oslo, fru Johanne Feilberg) måtte ha hørt om dette, hatt kjennskap til min nervøse nedstemthet og skjønt hvad grunnen var.  De var så langt fra å være mine kamerater som vi tidligere næsten ikke hadde vekslet ord med hverandre.  Det var mig derfor så meget mere påfallende at de alle 4 en god dag passet mig op, for som de sa å ta mig i skole og snakke mig til fornuft.  «De tenker vel ikke på å trekke Dem tilbake nu igjen, Strønen?» begynte de.  «Det må De absolutt ikke gjøre.  Kast engsteligheten overbord.  De kan meget mere enn De innbiller Dem.  Gå bare op og De skal se det går godt».  Således bearbeidet de mig inntrengende en stund.  Deres opmuntringer og forsikringer om godt utfall kurerte mig.  De gav mig nytt mot, blev den avstivning og det puff fremad fra på «på stedet marsj», som jeg just trengte til.  Så gikk jeg da op til eksamen, og det gikk godt.  Så meget godt og så megen moralsk ansvarsfølelse der kan bo i kvinnehjerter.  Det er mange måter, hvorpå man kan yte sine medmennesker verdifull hjelp.  Mere enn engang har jeg siden sendt disse mine gode kolleger en vennlig tanke og en lønnlig takk.

Skulde nogen av leserne ha interesse av å vite mere om mitt vita, må jeg ha lov til å henvise til en artikkel i Bergens Tidende i anledning av min 70-årsdag.  Den lyder:  ”Efter sin lægevidenskapelige embedseksamen blev dr. Strønen assistentlæge hos distriktslægen i Holla og var en tid konstituert i embedet, inntil han drog utenlands, til Berlin, Wien og Paris for å studere videre.  Efter hjemkomsten nedsatte han sig som læge i Oslo, hvor han i over 30 år har praktisert og erhvervet sig en sjelden stor praksis.  I årenes løp har han gjentatte ganger foretatt lengere studieophold ved utenlandske klinikker og således holdt sig ajour med fremskrittene på sitt spesialområde. Dr. Strønens motige kamp mot begrensningen av adgangen til det medisinske studium, som blev en seier for de synspunkter han hevdet såvel i polemikk i dagspressen som i sine brosjyrer til Stortinget, vil i interesserte kretser sikkert minnes med takknemlighet.  Strønen har også optrådt som skjønnlitterær forfatter, og hans  «Billeder fra Strilelivet» fikk i sin tid en meget god mottagelse av kritikken.  Likeledes har han fra sine mange og utstrakte reiser leilighetsvis levert reiseskildringer i den norske presse, likesom han også har deltat i diskusjonen om aktuelle spørsmål, som har hatt hans interesse.  Hans bidrag har alltid tatt farve av hans originale livssyn og særpregede personlighet.
Som menneske nyter doktoren i vide kretser godt ord for sin rundhåndede hjelpsomhet, bl. a. til begavet ungdom, som han har hjulpet på den akademiske bane.  Ifjor skaffet han sin fødeø Strønen og omliggende øer elektrisk lys og kraft, da kommunen ikke så sig istand til å bekoste det på egen hand, likesom han har skjenket penger til ungdomshus, veier og dampskipsbrygge på Strønen.  Glemmes skal det heller ikke at han ved pokaler og pengebidrag har støttet skyttersaken i Os.  Hans store hjelpsomhet også mot nærmere og fjernere slektninger er noksom kjent.  Nevnes kan i så henseende bl. a. at der på Strønens-minne og Liborg i Os ved hans hjelp er blitt lagt henved 50 mål brakkmark under kultur.

Strønen savner ikke sosiale og politiske interesser, men hans lægegjerning har utelukket aktiv deltagelse i politikken, bortset fra enkelte tillitshverv innen Oslo høires organisasjon.  Til minne om sin avdøde frue har doktoren efter hennes ønske oprettet et legat på 25 tusen kroner til beste for gamlehjemmet på hennes fødested Eidsvoll.  Beløpet er innbetalt.  Rentene skal anvendes til sommerutflukter og festbespisninger for de gamle utenfor de stove høitider». 

*

Når jeg nu snart 74 år gammel og ennu ved god helse ser mig tilbake, føler jeg mig sant å si som en lykkelig mann.  Seiren og hellet synes å ha fulgt mig.  Jeg kan se tilbake på resultater, som har gagnet og gledet også andre enn mig selv, og mest lykkelig er jeg ved å være nådd så langt at jeg har lært å gi Gud først og fremst æren og takken for hans nådige førelse. 
Jeg vil slutte med et inderlig ønske om fremgang, hell og lykke for Osbygden.  Jeg har det håp at den vil komme til å fostre mange sønner, som tar sig frem i verden til glede og gagn for sig selv og andre.  Gud velsigne min kjære vakre hjembygd.

1 august 1936.
Erik Nicolai Strønen.