BUSETNADEN OG GARDANE

Frå OS SOGA II side 83 – 89



BUSETNADEN OG GARDANE. 

Busetnaden i Osbygdi er gamall, og mange av gardane i Os er heilt frå eldgamall tid.  Soleis som bygdi ligg til er det ogso skyneleg at busetnaden tok tidleg til her.  Med dei breide fjordane utanfyre, dei mange logne vågar, vikar og sund millom øyane, med skog, elvar og vatn i alle luter av bygdi, so var lendet her som skapt for tidleg busetnad. 

Dei fyrste folk som ferdast i Osbygdi var ikkje fastbuande.  Det var veidefolk som flutte frå stad til stad etter som dei fann det høveleg og turvande.  Vart det tunnt um dyr i skogen og minka fisken i elvi eller vatnet, so flutte folket til ein stad der det var meir livande å finna.  Det var ikkje tungt å skiljast frå dei gamle bustadene.  «Husi» var slike som ein kunde finna make til kvar ein kom.  Hildrar og bergholor var vel gjenom lange tider det vanlege, og sjølv då dei vart bytte burt i verkelege «hus», so var dette berre jordhyttor som var snøgge å laga maken til på ein ny bustad. 

Gjenom tusund av år hev det vore ført eit slikt veidemannsliv i dei norske bygdene.  Folkesetnaden i landet var ikkje stor, og med dei skrale reidskap for fangst og fiske, som ein då rådde over, trong kvar mann ei stor landvidd til «arbeidsmark».  Stein og bein var i fleire årtusund einaste emni til våpn og bitjarn, arbeids- og fangstreidskap, og slike greidor gjorde heller ikkje arbeidet lett.  Smått um senn vart folket mindre flyttsame.  Folkesetnaden auka og veideumkvervet minka, bustadene vart betre og folket tok til å verta fastbuande i bygdene.  Og dei fyrste gardane vart rydja og bygde. 

Kva tid den fyrste garden i Os er rydja og bygd er det ingen som veit.  Truleg er det i den yngre steinalderen, for 3-4000 år sidan.  Men me hev ikkje noko visst som kann fortelja um det.  Det einaste som kann gjeva oss litt rettleiding um dei gamle gardane er fornminni, gravfunni og namni på gardane. 

Av fornminne frå steinaldren er her ikkje mange i Os.  Det eldste funn i bygdi er ei steinøks frå Lepsøy, s. O. B. 79  Ho er frå den eldste steinaldren, og truleg burt imot 6000 år gamall.  Øksi er frå veidemannstidi i Osbygdi, og er eldre enn dei fyrste gardane her.  Noko yngre er ei steinøks frå Bergstø ved Søfteland, og likeins tvo øksar frå Hovland og Askviknes, s. O. B. 81.  Ogso desse øksane er truleg frå veidemannstidi.  Det yngste funn frå steinaldren, ei øks frå Lepsøy ikring 4000 år gamall, s. O. B. 81, er kannhenda frå tidi for dei fyrste faste bustadene i Os.  Fleire fornminne frå steinaldren hev me ikkje i Osbygdi, og dei gjev oss ikkje mange upplysningar um busetnaden. 

Frå bronsealdren, ikring 3500-2500 år fyrr vår tid, hev me mange fornminne i Os.  Det er rett nok ikkje funne noko slag våpn eller reidskap frå denne tidbolken, men her finns andre minne som syner oss at det i den tidi var kome faste bustader i bygdi.  Det er gravminni frå den tidi, steinrøysane, «munkerøysane», som ber vitne um dette. 

Slike gravrøyser finns både i den ytre og indre luten av Osbygdi.  På Hauge er tvo røyser, ei på Lurane og ei på Langhamarneset, på Lifjellet hev vore tvo røyser, men den eine er no øydelagt, og på Vassliåsen austanfyre Halhjem finn me leivder av ei gravrøys.  På Strøno er det heile tre røyser, ei på Langetangen og tvo på Husfjellet, og på Alholmen utanfyre Forstrøno finn me ogso ei røys.  Me tore soleis tru at det i bronsealdren var gardar både i Lyssand-bygdi, på søre og nore Neset og i Øyane. 

Frå jarnaldren som tok til ikring 2500 år fyrr vår tid hev me mange minne i bygdi, serleg gravhaugar.  Me hev slike på Bø, Hauge, Lunde, Døsen, Skjeie og Haugland, og yngre graver på Moberg, Søfteland og andre stader, s. O. B. 80-112.  Desse gravhaugane syner minne frå ei tid då folkesetnaden i bygdi var vorten større, gardane fleire, og då bygdelagi, grendene i Osbygdi, tok til å skipa seg.   

Dei fornminne som her er nemnde kann fortelja oss eit og anna um den fyrste busetnaden og framvokstren i bygdi, men dei kann lite og ikkje fortelja um dei einskilde gardane.  Ei gravrøys på Lifjellet vitnar nok um at det var buande folk i nærleiken, men um dei gravlagde kom frå Moberg. Tuen, Skjeie, Ulven eller andre gardar fortel gravrøysi ikkje noko um.  Og likeins med andre fornminne.  

Ein ting som kann fortelja oss meir er dei gamle gards namni.  Rett nok løyner mange av namni upphavet sitt, og sume er ogso skipla mykje frå si upphavelege form, men likevel gjev namni på mange måtar ei god rettleiding um gardane og busetnaden i bygdi. 

Dei eldste namn som finns i Os er tvillaust øy-namni.  Vatn, fjordar, elvar og øyar var vel dei ting som fyrst fekk namn her i landet, og namni på øyane i Os, Strjona (Strøno), Surna (Sundøy), Ræting eller Rota (Røttingen) og Løps eller Leps (Lepsøy) er tvillaust dei eldste namn som me hev i Osbygdi. 

Diverre gjev ikkje desse namni oss nokon rettleiding um kor gamle gardane på øyane er.  Då det kom ein gard på kvar av desse øyane (garden på Strøno vart sidan skift i tvo) so fekk ikkje garden noko serskilt namn, men vart berre nemnd med sjølve øy-namnet.  Når dette hende veit me ikkje.  Me kann likevel tru at iminsto sume av desse gardane er eldgamle, frå bronsealderen.  Um dette hev me eit godt vitnemål i gravrøysene på Alholmen og på Strøno. 

Lysa (Lysekloster) hev kannhenda fenge namnet sitt på same måten, av fjordnamnet Lysi, som truleg hev vore det upphavelege namnet på innste luten av Lysefjorden, pollen innanfyre Lysøyi.  Etter alle merke å døma er ogso Lysa ein eldgamall gard. 

Dei eldste gardsnamni elles er einfelde naturnamn.  Av slike hev me i Osbygdi Bø, Berge, Drange, (Drang = koll, knaus), Eide, Hauge, Hjelle, Klyva, Molda, Os og Valle.  Av dei kann me tru at Bø, Berge, Drange, Eide og Os er eldgamle og høyrer til dei aller eldste gardane i Os.  Dei ligg ogso soleis til som me kann tru at dei gamle veidefolk vilde ha lægjet og lendet for ein gard. 

Dei andre nemnde gardane med naturnamn er truleg noko yngre.  Dei ligg ogso nær inn til andre gamle gardar og er truleg skild ut frå dei, Klyva og Molda frå Bø, Hauge og Valle frå Bø eller Lyssand, og Hjelle frå Borgen.  Hauge hev truleg fenge namnet sitt etter gravhaugane der.  Dei eldste gardar med naturnamn kann vera heilt frå siste luten av steinaldren og soleis radt upp til 4000 år gamle. 

Nær upp til desse gardane i alder, og eldre enn sume av desse, kjem gardar med namn som endar på svin.  Dette ordet som tyder ei eng, eller ein stad der det veks gras, er so gamallt at det var gjenge ut or det no kjende gamall-norske målet.  Osbygdi hev mange vin-namn, og av Hordalandbygdene er det berre Voss som hev fleire enn Os av det slaget.  Gardar med visse vin-namn er Tufvin (Tuen), Leikvin (Lekven), Kornvin (Kuven), Ulfrvin eller Alfrvin (Ulven), Borgvin (Borgen), Lutvin eller Lutsvin (Lyssand) og Ausfrvin.  Den sistnemnde garden låg ved Oselvi og hadde laksekjer, – han låg truleg ein stad nordanfyre Os-stølen, – men vart liggjande øyde etter den store mannadauden og vart teken til bruk av prestegarden, då han høyrde til Os kyrkja.  –  I heile landet finns det ikring 1000 gardar med vin-namn. 

Gardsnamn som endar på «heim» er ogso eldgamle, og sume granskarar meiner at dei kjem radt upp til vin-namni i alder.  Det er ikring 1000 slike gardsnamn i landet, og gardar med denne namneleden er vanleg alle gamle.  Skikken med å gjeva gardane heim-namn fall burt fyrr vikingtidi (800 år f. Kr.) og desse gardane er difyr eldre.  I Os hev me berre tvo heimegardar, Storum og Halhjem, som begge er frå utgamall tid. 

Av gardar med namnet Tveit hev me ikring 600 i landet, av dei ikring 400 med ordet som ending i gardsnamnet.  Namnet som tyder ein ny gard, nyrydjing, er utgamallt og gjekk or bruk fyrr vikingtidi likeins som heim-namnet.  Fleire hundrad år seinare kom det i bruk att.  I Os er berre ein gard med dette namnet, Tveit i Hegglandsdalen, som er frå utgamall tid.  I Fana er det heile 7 tveit-gardar, dei fleste frå siste tidbolken.   

Noko yngre enn dei nemnde gardsnamni er dei som ender på «stad».  Mange av dei hev eit mannsnamn til fyreled, og namnet tyder stutt og greidt den nemnde mannen sin bustad.  Det finns meir enn 2500 gardar i landet med stad-namn, og ein stor part av dei kann vera 1000 – 1500 år gamle.  I Os er det berre ein gamall gard, Ferstad, av dette namneslaget.  

Næsten like mange som stad-gardane og nærpå av same alder er dei gardane som hev endingi -land.  Nær 2000 norske gardar hev land-namn, og ei bygd som Fana hev umlag 20 slike åleine.  Osbygdi hev ogso ein stor flokk av dei: Balland, Gåsaland (Gåssand), Haugland, Haukeland, Heggland, Heggeland, Hovland, Søfteland og Økland.  Av dei er vel Haugland, Heggland, Hovland og Søfteland dei eldste, og er kannhenda like gamle som stad-gardane.  Gåsaland, Haukeland og Økland er truleg noko yngre.  Balland og Heggeland er nye gardar og høyrer ikkje til dei gamle land-gardane. 

Den yngste men ogso største namneskikken i gamletidi var å gjeva gardane namnet Rud eller på Vestlandet Rød.  Over 200 norske gardar heiter Rud eller Rød, og nær 3000 gardar hev namn med denne endingi.  Namnet tyder beinte fram ei rydjing.  Denne namneskikken tok til for ikring 1000 år sidan og heldt ved nokre hundradår frametter.  I Os hev me berre Rød i Hegglandsdalen av dette namneslaget. 

Nokre gamle gardar i Os hev namn som både kann fortelja um upphavet til namnet, og um hendingar fyrr gardane vart bygde.  På vollane millom dei gamle gardane Tuen og Storum hadde dei gamle osingar sine skeid, hestetevlingar, og då det seinare vart bygt ein gard på skeidvollen, so fekk garden beintfram namnet Skeid (Skjeie).  På same måten hadde den eldre garden Leikvin (Lekven) fenge sitt namn etter leikvollen.  Lunde fekk namnet sitt etter den heilage lunden der på staden i nærleiken av gudehovet, og garden er soleis frå heidnetidi likeins som Hovland, men er truleg noko yngre enn den sistnemnde garden.  Døsen fekk namnet sitt etter dei mange dyser, gravhaugar som låg på staden, og sjølve garden er soleis yngre enn gravhaugane som var lagt der frå det 5te til det 8de hundradåret. 

Umframt dei gamle gardane med einfelde naturnamn, som er nemnde fyrr i denne bolken, hev me ei rekkja gardar med samansette naturnamn.  Det er namn som ender på berg, dal, nes, vik, voll, o. s. b. 

Den eldste garden i Osbygdi av dette slaget er tvillaust Modaberg (Moberg) som kannhenda er like gamall som grannegarden Kuven.  Gefnadal (Gjemdal) og Tyssedal (Tøsdal) er ogso utgamle gardar, gjerne like gamle som land- og stad-gardane.  Lønningdal er mykje yngre.  Av voll-gardane er Sævarvollum (Særvoll) ein gamall gard.  Grinde-voll, som er bygt på vollen der grindi stod i skiftet millom dei gamle gardane Tuen og Storum, er noko yngre. 

Askvik, Hatvik og Søvik er ogso gamle gardar, men er mykje yngre enn fleire av grannegardane. Dei andre vik-gardane i bygdi er frå nyare tid og vert nemnde seinare.  Av nes-gardane er berre Bøjarnes (Bjånes) frå eldre tid og er kannhenda like gamall som Hatvik.  Midthus fekk namnet avdi garden vart bygd midt millom dei tvo gamle gardane Gjemdal og Tveit, og er mykje yngre enn desse. 

Alle dei andre gardane i bygdi er etter måten nye gardar, og me kann jamnast finna fram til upphavet deira.  Ein vil sjå um dette under dei einskilde gardane, og ein vil ogso finna gardane nemnde i næste bolk um grendene i bygdi.