GARD OG ÆTTER
Frå OS SOGA II side 11 – 14
GARD OG ÆTTER.
Garden og ætti hev altid vore knytt nær saman i Norig. I dei eldste tider var det ætti og ætteskipnaden som bar samfundet, som og i stor mun var tufta på sambandet millom ættene. Einskildmannen og ætti var mykje eitt og det same. Gjorde nokon brot mot ein mann so hadde han samstundes gjort brot mot ætti hans, og heile ætti hadde rett og plikt til å taka hemn for brotsverket.
Når ein mann vart namnkjend og vann heider og æra, so fall æra på heile ætti. Me ser t. d. i vår eldste soga, at når ein mann berre kunde segja seg å vera av Horda-Kaare si ætt, so hadde han ein fyremun gjenom heile livet. Kom ein mann i slik stoda at han ikkje kunde greida seg sjølv, so var det heile ætti som måtte ta skammi og som hadde skyldnåden til å hjelpa. Ætti var samfundsgrunnlaget både i vonde og gode tider.
Og ætti rådde for jordi og garden. Heile tilværet var tufta på jordi, og det var ho som skapte livsvilkori og livsgrunnlaget gjenom tidene. Når garden var rydja og bygt so skapte han grunnlag for tilværet, ikkje berre for rydjingsmannen sjølv, men ogso for mannen si ætt gjenom hundrad, ja kannhenda gjenom tusund av år frametter.
Og ætti fekk odelsretten til garden. Det var ikkje berre rydjingsmannen, det var ikkje berre eigaren av jordi som fekk garden til full odel og eigedom, men heile ætti hadde rett til han. Um eigaren selde jordi og gav henne frå seg til framande, so kunde ætti ta henne att. Odelsretten, råderetten til garden, låg til heile ætti og ikkje berre til dei som til kvar tid åtte eller brukte jordi.
Rett nok gjekk ikkje odelsretten so langt, at nokon mann kunde ta ein gard att ved odel utan godtgjerdsla til han som sat med garden. Men retten gav ætti og odelsmannen gode vilkor. Hadde mannen forlite eller ikkje pengar til å løysa garden med i rett tid, so kunde han møta på tinget og «lyse sin pengemangel» som grunn for at han ikkje kunde ta garden nett då. Og dermed hadde han framleis odelsretten sin. I dei gamle tingbøkene finn me rett som det er at odelskrevjarar møtte på tinget og «lyste sin pengemangel», i von um betre tider og fleire pengar seinare.
Gardane i Osbygdi var knytte til ættene som elles i landet. Dei gjekk frå faren til ein son eller ei dotter, kann henda jamnast til sistnemnde, og vart i ætti. Odelsretten vart nytta so snart som ein gard eller eit bruk vart seld til framande eller gjekk ut or ætti på annan måte. Odelsmannen møtte på tinget og bar fram sitt odelskrav, og kunngjorde samstundes ved prov og vitne at han var rett odelsmann, og sa frå korleis ættleggi hans var. Han kunde jamt vera langt ute i ætti. På tinget i 1663 vilde soleis Jakob Tveit ta garden Midthus ved odel frå Hans Lønningdal som hadde kjøpt garden i 1654. Jakob vilde då prova at han var nærare odelsmann enn Hans, som ogso var i ætti, og ættleggi vart upprekna og skrivne slik, at «Hans er beslægtet til Jacob i det 5te led og Jacob til Hans i det 7de led.» På denne måte vart i kvart høve ættesambandet granska og ættarrettene verna.
I Osbygdi miste likevel storparten av bøndene odelsretten sin. Alt i det 12te hundradåret fekk bygdi ein jordherre som eigna til seg dei fleste gardane i Os, og som ingen reiste odelssak imot. Det var Lyseklostret. Ved gåvor, ved «provent», godtgjerdsla for upphald i klostret, og ved kjøp og byte fekk Lysekloster nær 2/3 av gardane i Osbygdi i si eiga. Istaden for å vera odelsbønder og sjølveigarar vart storparten av Os-bøndene leiglendingar.
Men um Osbonden og ætti hans soleis miste eigedomsretten, so miste ho ikkje sambandet med jordi og bruksretten til gardane. Samanhengen millom gard og ætt var so sterk, at dei som åtte jordi fann det rimeleg og rett at ætti framleis hadde bruksretten til garden. Sonen eller dotteri hadde framleis rett, sjølv um det var etter ei uskrivi lov, til å få garden etter faren. Skilnaden millom odelsætt og leiglendingsætt vart soleis ikkje stor, og i bygdelivet var det ikkje nokon skilnad å sjå millom desse ættene.
Me kjenner diverre lite til bondelivet her i dei tider då sjølve klostret på Lyse var jordherre i Osbygdi. Berre frå det siste hundradåret i klostret si soga, frå tidi ikring 1500, hev me nokre spreidde upplysningar. Men alt det me veit og finn nemnt frå dei tider tyder på, at ogso klostret bygsla gardane sine burt etter ætteumsyn. Sonen eller dotteri i huset fekk bruket etter faren, eller um det ikkje var born som trong gard, so ein mann eller ei kvinna lenger ute i ætti.
Me finn fleire vitneprov frå 1500 talet um at ætter i Os då hadde havt bruki sine i mange ættlegg, trass det at gardane var leiglendingsbruk og hadde vore klostergods eller anna kyrkjegods i fleire hundrad år.
Bygsle- og bruksretten til gardane i Os vart for det meste som fyrr, ogso etter at klostret vart nedlagt i 1536, og etter at den danske kongen hadde eigna klostergodset til seg. Dei lensherrane som kongen gav rådvelde over Lysekloster, – det var heile 17 slike lensherrar frå 1537 til 1660, – og futane deira freista nok å få mest mogeleg ut av godset, og pina so mykje som råd var ut av dei bygslemenn som sat på gardane. Sume futar var soleis reine meistrar i den kunsten å skava bøndene til skinnet. Men dei fann likevel ikkje på å gjera noko brigde i ættene sine bygsle- og bruksretter til gardane. Mannen fekk framleis bygsla bruket på livetidi si, han slapp bygsla tridjekvart år eller leggja «tredje års tåge» som det vart kravd for mykje av det vanlege krongodset, og bygsleretten gjekk framleis i arv frå far til son eller til andre nære ættlingar. Sambandet millom garden og ætti stod framleis ved lag.
I 1661 kom Lysekloster i privat eiga, og sidan vart den største jordherren i Os buande i bygdi att. I denne tidbolken kom ogso dei fleste av gardane i Os, som hadde høyrt til Munkeliv kloster, over i privat eiga og gjekk inn i Rosendalsgodset, «Baroniet». Dei nye eigarar gjorde ikkje noko brigde i tilhøvet for leiglendingane. Brukarane fekk bygsla for livetidi, og bygsleretten og bruksretten knytte seg til ættene som fyrr. Berre i einskilde høve fall retten ut or ættene, og dette kom jamnast som ei straff for bygslemannen eller ætti hans. Godseigar Formann, som hadde Lysekloster frå 1796 til 1815, gav fleire gonger slike «straffedomar», og ikring 1814 finn me t. d. dette skriv i tinglesingsboki og bygsleboki hans: «John Thomassens børn skal ikke få bygsle sin faders jord, da han stedse har opført sig slet mod eieren.» Borni skulde soleis ha straff for det vonde som faren hadde gjort, og straffi var at dei miste ætti sin gamle bruksrett til jordi. Men på denne måten sanna jordeigaren sjølv, at borni åt brukaren eller ætti hadde ein rett som var knytt til garden, og under vanlege tilhøve vilde ikkje jordeigaren ha skipla denne retten.
Me ser soleis, at sjølv um Osbonden ikkje var jordeigar eller odelsmann i den 700 år lange leiglendingstidi, so var likevel både han og ætti hans umlag like sterkt knytt til jordi og garden sin som bonden i dei bygder, der han var sjølveigar og odelsmann. Men dette galdt berre solenge han greidde skyldnaden sin mot styremaktene og jordeigaren. Måtte ein leiglending gå frå garden, avdi han ikkje greidde seg, so miste jamleg både han og ætti all rett. Odelsretten, bruksretten til ættarjordi var burte for godt.
Og slike hendingar vart det diverre mange av gjenom tiderne hjå dei fatige leiglendingane i Os. Men på mange gardar i Osbygdi finn me ogso ætter, som trass leiglendingstid og tunge kår hev vore knytt til same gardane i fleire hundrad av år. Um desse og andre ting vil elles soga um dei einskilde gardane sjølv kunne fortelja vidare.