GRENDENE I BYGDI
Frå OS SOGA II side 89 – 98
GRENDENE I BYGDI.
Når me talar um dei ymse luter av bygdi, so nemner me dei vanleg med serskilte namn: Søftelandsbygdi, Lysefjorden, Nore Neset, o. s. b. Det er grendene i bygdi me nemner på denne måten.
Grendeskipnaden er gamall, og me finn upphavet i dei tider då busetnaden var liten og gardane låg spreidde i bygdi. Den gamle garden låg åleine, og det var langt til grannegarden. Soleis var det gjerne gjenom fleire hundrad år. Men so ein dag tok ein mann til å rydja og byggja i nærleiken av gamlegarden, og fyrr næste hundradår var gjenge hadde gamlegarden fenge seg ein ny og nær grannegard.
Det kom fleire slike fram gjenom hundradåri, gamlegarden vart skift i tvo eller fleire bruk, dei andre gardane fylgde etter, og der gamlegarden for tusund år sidan låg åleine og gjøymd i storskogen, der var no eit lite bygdelag. Det var vorte ei grend.
Me skal sjå litt på korleis dei ymse grender i Osbygdi truleg kan ha skipa seg. Me skal freista so langt me kann å fylgja busetnaden og framvokstren i dei ymse grendene, frå dei tider då gamlegarden låg åleine i grendi, avgjøymd og avstengd, til dess grendi ser ut som ho gjer idag.
Søftelandsbygdi er ei av dei yngste grender i Os, og hev upphavet sitt frå dei tider då gardane gjerne fekk land-namn. Søfteland er tvillaust eldste garden, noko som me kann tru både etter namn, lægje, storleik o. a. Garden kann vera upp til 12 – 1500 år gamall.
Næste gard i grendi er truleg Haukeland, som kannhenda ikkje er mykje yngre enn Søfteland. Korkje Haukeland eller Gåssand er nemnde fyrr ikring 1600, men er tvillaust mykje eldre gardar. Dei hev truleg lege øyde etter mannadauden og er upptekne att ikring 1600. Sanden og Sælen som begge er utskilde frå Haukeland kjem fram ikring 1600, og Tømmernes og Røykenes eit halv hundrad år seinare. Tømmernes er truleg skild ut frå Haukeland og Røykenes frå Syfteland.
I 1520 var det berre 2 skattebønder i Søftelandsbygdi, og meir var det heller ikkje i 1600. I 1700 var talet på skattebønder auka til 10, og same talet var det i 1800. Det var då 58 menneskje i grendi. I 1865 var det her 16 huslydar med 109 menneskje, og i 1930 var det 67 hus med 75 fastbuande hyslydar og 326 menneskje. Vokstren i denne grendi hev vore serleg stor i dei siste 20 – 30 åri. I tali for 1930 er kårfolki på garden vanleg rekna som serskild huslyd, medan dei i 1865 gjekk inn i same huslyden som ungfolket. Talet på huslydar vert soleis etter måten større i 1930 enn i 1865.
I Lysefjorden er Lysa og Drange eldgamle gardar. Kven som er eldst av dei er uråd å segja noko um, men me kann tru at begge gardane er bygde for meir enn 2000 år sidan. Av dei andre gardane i grendi er Søvik den eldste, og er den einaste av dei som er nemnd fyrr 1600. Straks etter 1600 vart Bjoarvik skild ut frå Drange som eigen gard, og umlag 50 år seinare kjem dei andre gardane etter einannan, Salbuvik, Asen, Sjøbøen, Sørstraumen, Nordstraumen og Sperrevik. På same tid vart ogso smågardane Holen og Kalvetræ bygde. Nokre år etter vart Lysøy rydja og bygd, og i 1680 åri kom Balland som siste sjølvstenduge gard i grendi.
I 1520 var det berre 2 skattebønder i Lysefjorden, og ikring 1600 var talet auka til 3. Me reknar då ikkje med sjølve Lyseklostret, hovudbruket, som vart stjorna av ymse lensherrar eller futane deira. I 1700 var det heile 19 skattebønder i grendi, og auken hadde soleis vore stor i dette hundradåret. I 1800 var her 25 jordbrukande bønder og eit par husmenn utan jord. Folketalet i grendi var då 164. I 1865 var her 40 huslydar med 278 menneskje, og i 1930 var her 66 hus med 78 huslydar og 365 menneskje. Vokstren i denne grendi var soleis større i fyrste luten av 18 hundradåret enn det hev vore seinare.
I Øyane er gardane gamle, men kor gamle dei i røyndi er, det er uråd å segja. Ein syner til det som er sagt um dei 4 gamle gardane i fyrre bolken. Kven som er eldst av desse gardane er like uvisst, men Sundøy er tvillaust den yngste av dei. Ein kann ogso tru at Nordstrønen er yngre enn Sørstrønen, og at sistnemnde garden er den gamle Strjona-garden. Namnet Strøno tyder i dagleg tale berre Sørstrønen, og dette skulde atter tyda at denne garden er den eldste og upphavelege på øyi.
Økland er ikkje nemnd fyrr ikring 1600, men er tvillaust fleire hundrad år eldre. Daglegnamnet Øyjordi vitnar um at garden hev lege øyde, og er uppatt-teken. Ikring 1600 vart ogso Forstrønen bygd, og Kvalesund som er yngste garden i grendi kom til ikring 1640.
I 1520 var det 7 skattebønder i Øyane, og talet var auka til 11 i 1600. Øyane var då største grendi i Os. Hundrad år seinare var det 18 bruk i krinsen, og i 1800 var her 27 jordbrukande bønder, og 9 husmenn som kvar hadde lite eller ikkje jord, men som livde av fiske o. a. Folketalet i grendi var då 197, og vokstren hadde vore stor siste hundradåret. Auken heldt fram i det nye århundradet og held ved enno. I 1865 var her 57 huslydar med 342 menneskje, og ved siste teljing i 1930 var her 102 hus med 119 fastbuande huslydar og 564 menneskje.
På Nore Neset er gamall busetnad. Tuen er frå eldgamall tid og Storum er ogso ein utgamall gard. Hovland og Skjeie er ogso frå heidnetidi, men er tvillaust yngre enn dei tvo fyrrnemnde gardane. Hovland låg øyde etter mannadauden og vart teken uppatt ikring 1550. Særvoll kann vera like gamall som Hovland, medan Askvik og Grindevoll er yngre. Askvik som er utskild frå Hovland fylgde denne garden, både då han vart øydegard og då han vart uppatt teken. Døsen er truleg frå vikingtidi, men vart øyde etter mannadauden, og kom fram til gard att fyrr 1600. Viken (Særvollsvik), som er yngste garden i denne grendi, er truleg frå det 12te eller 13de hundradåret.
Det var 9 skattebønder på Nore Neset i 1520, og det same i 1600. Det var ved hundradårsskiftet 1600 rett nok kome folk att på øydegardane Hovland, Askvik og Døsen, men istaden var brukartalet minka på dei gamle gardane og Viken var lagt inn under Særvoll. I 1700 var her 26 bruk i grendi, som stod umlag med det same til 1800. Det var då 27 bønder og 3 husmenn i krinsen, og folketalet var 166. Vokstren, som soleis hadde vore god frå 1600 til 1700 og var stogga heilt upp på 1700 talet, var heller ikkje stor etter 1800. I 1865 var her berre 37 huslydar med 237 menneskje. Sidan hev krinsen teke sin mun att, og i 1930 var det 84 bunadshus i grendi ved 94 fastbuande huslydar og 514 menneskje. Attåt sistnemnde tali kom so Hagevik Kysthospital med 185 sjuke i huset.
Søre Neset hev ogso mykje gamall busetnad. Den eld-gamle garden Lekven som tidleg vart skift i tvo partar, ytre og indre, er tvillaust eldste garden. Etter denne kjem truleg Halhjem frå den tidi då namneskikken gjekk på «-heim», og Ferstad frå noko seinare tid då det var skikk å gjeva gardane stadnamn.
Haugland er av dei eldste i bygdi, og er kannhenda umlag like gamall som Ferstad. Haugland vart største garden i grendi, og vart likeins som Lekven tidleg skift i ytre og indre parten. Lunde er tvillaust mykje yngre enn dei nemnde gardane i grendi, men kann vera frå heidnetidi med sitt gudehov og den heilage lunden som garden fekk namnet sitt etter. Bjørnen er ny gard og vart bygd ikring 1640.
Grendi hadde 10 skattebønder i 1520, og fleire var det heller ikkje i 1600. I 1700 var her 28 brukarar, og i 1800 var her 34 jordbrukande bønder og 6 husmenn. Folketalet var då 199. I 1865 var busetnaden auka til 52 huslydar med 300 menneskje, og i 1930 hadde grendi 78 bunadshus med 93 huslydar og 450 menneskje. Vokstren hev soleis vore stød og jamn i dei siste par hundradåri.
I Mobergsgrendi er gardane eldgamle. Os og Kuven er vel dei eldste, truleg 2 – 3000 år gamle, men Moberg er kannhenda ikkje langt etter. Etter alt å døma vart Moberg fyrr enn nokon annan gard i bygdi skift i tvo partar, ytre og indre. Berre Mobergslien er ny gard i denne grendi, då han vart utskild frå Moberg ikring 1600.
I 1520 var det 6 skattebønder i grendi, og same talet var det ogso i 1600, prestegarden medrekna. I 1700 var talet auka til 15. Då er både presten, klokkaren som var busett på Kuven, og einaste mannen på Osøyri med i talet. I 1800 var ikkje busetnaden i heile grendi auka meir enn til 20 huslydar med 117 menneskje, men i 1865 hadde det gjenge fram til 44 huslydar med 256 menneskje. Etter 1865 hev vokstren auka sterkt på, og i 1930 var her 119 hus med heile 175 fastbuande huslydar. Folketalet var auka til 712. Til Mobergsgrendi er medrekna den luten av Osøyri som ligg vestanfyre Oselvi, og det er serleg her at vokstren hev vore uvanleg stor i siste tidbolken.
Av Skogagardane er Ulven ein utgamall gard, og er truleg ein av dei eldste i Osbygdi. Garden låg øyde etter mannadauden og kom fyrst i bruk att ikring 1590. Tøsdal er mykje yngre, men kann ogso vera frå vikingtidi eller endå eldre. Dei tvo andre gardane her, Skogen og Hetleflåten, er nye gardar som vart upptekne millom 1620 og 1650.
I 1520 var det berre ein brukar i grendi, mannen på Tøsdal. I 1600 var ogso han som tok Ulvengarden uppatt komen med. I 1700 var her 7 brukarar, og i 1800 var brukartalet nett det same. Folketalet var då 44. I 1865 var her 15 huslydar med 87 menneskje, og i 1930 hadde grendi 21 hus med 24 huslydar og 118 buande menneskje. Dei nye bruki ikring Ulven stasjon som er rydja i Kuven- og prestegardsmarki er då rekna med til grendi her. Når vokstren trass dei mange nye bruki ikkje er større sidan 1865 so kjem det av, at største og eldste garden i grendi, Ulven, vart nedlagt som gard i 1870 åri og teken til eksisplass.
I Borgebygdi er Borgen frå eldgamall tid og er den eldste i grendi. Hjelle er ogso ein gamall gard, men mykje yngre enn Borgen. Lunden er ein ny gard som fyrst vart rydja og bygd etter 1600. I 1520 hadde grendi 3 skattebønder, men berre 2 i 1600, avdi dei tvo tidlegare bruki på Hjelle no var brukte ihop. I 1700 var her 5 brukarar, og i 1800 hadde grendi 6 huslydar og 44 menneskje. I 1865 var busetnaden auka til 9 huslydar med 62 menneskje, og i 1930 var det 14 bunadshus med 20 huslydar og 90 buande menneskje i grendi.
Lyssandbygdi er ei av dei eldste grendene i Os. Bø er eldste garden i grendi og kannhenda ogso eldste garden i heile Osbygdi. I utgamall tid er Lyssand (det gamle Lutvin) skild ut frå Bø, og dette hende i dei tider då gardane fekk «vin-namn» kanhenda for meir enn 2000 år sidan. Hauge er ogso ein gamall gard, men er truleg noko yngre enn Lyssand.
Seinare vart Molda og Klyva skift ut frå Bø på hi sida av garden, og fekk kvar sine serlege namn då dei vart rydja og bygde. Neset på austsida av Moldavågen skifte ikkje namn, men vart framleis heitande Bøjarnes (Bø-neset), no Bjånes, då det vart bygd gard her. Bjånes, som kannhenda er like gamall som Molda, vart liggjande øyde etter mannadauden, men vart uppatt teken ikring 1560. Det same hendte Valle som ein gong vart skild ut frå Lyssand, vart øyde etter mannadauden, og bygd att som gard kring 1580.
Berge, som me tek med under denne grendi, er ogso ein utgamall gard, kannhenda like so gamall som Lyssand eller Hauge. Hatvik er tvillaust mykje yngre.
I 1520 hadde grendi 8 skattebønder, men i 1600 var her berre 7. Heile Bøgarden var då brukt av ein mann, Lyseklosterfuten Strange Jørgensen. I 1700 var her 18 bønder, og i 1800 var her 22 gardbrukarar og 8 andre huslydar med ialt 161 menneskje. I 1865 var busetnaden auka til 42 huslydar med 229 menneskje, og i 1930 hadde grendi 103 bunadshus med 101 fastbuande huslydar og 433 menneskje. Det er serleg dei mange nybyggi på Hauge, Lyssand og Bø som hev skapt auken. I den indre luten av grendi hev vokstren vore liten. I Kilen under Berge var det 3 huslydar i 1865, medan det no ikkje bur folk der.
I Hegglandsdalen er ogso gamall busetnad. Eide og Tveit er her eldste gardane, noko som bådi namni og lægjet tyder på. Gjemdal er truleg noko yngre men er ogso ein utgamall gard. Heggland er frå den tidi då det var skikk å gjeva gardane land-namn, og er tvillaust yngre enn dei 3 fyrrnemnde gardane. Rød, som er skild ut frå Gjemdal, er frå den store «rud»-tidi og er truleg 800 – 1000 år gamall. Midthus som er yngst av dei gamle gardane i dalen vart utskild frå Tveit og bygd millom dei tvo gamle gardane Tveit og Gjemdal, og fekk difyre namnet sitt. Han er soleis frå ei seinare tid. Dei andre gardar i grendi er nye. Lien er teken upp som gard ikring 1600 og Øvreeide vart på dei tider skild ut frå Eide. Heggeland (Spansteigen) kom nokre år etter. Det er ting som tyder på at Lien kann vera ein eldre gard og ha lege øyde ei tid fyrr 1600, men me hev ikkje noko vissa for det.
I 1520 var talet av skattebønder i Hegglandsdalen 7, og i 1600 var det auka til 9. I 1700 var brukartalet 17. I 1800 var her 23 gardbrukarar og 1 husmann, med eit folketal på 145. Dette var auka til 208 i 1865, skift på 31 huslydar, men i 1930 var det minka att til 185, skift på 39 huslydar i 38 bunadshus. Denne grendi gjekk soleis ein annan veg i siste tidbolken enn alle dei andre grendene i Os. Medan Hegglandsdalen i 1800 og 1865 hadde nærpå det same folketal som Lyssandbygdi, so hadde grendi ved siste teljing mindre enn halvparten.
Indregardane er yngste og minste grendi i Osbygdi. Lønningdal er fyrste garden her. Me finn han ikkje nemnd fyrr ikring 1590, men det er mest truleg at garden var bygd fyrr den store mannadauden, og ei tid vart liggjande som øydegard. Fram imot år 1600 kom ogso Øvredal til medan Midtsæter fyrst vart rydja og bygd ikring 1650.
I 1520 var det ikkje buande folk i Indregardane, men i 1600 var det komen ein mann i Lønningdal og ein i Øvredal. I 1700 var det 4 buande menn i grendi, og i 1800 var her 6 bruk med eit folketal på 36. I 1865 var det 9 huslydar i grendi med 64 menneskje, og i 1930 hadde grendi 14 hus med 15 huslydar og 66 fastbuande menneskje.