TVEIT
Frå OS SOGA III side 715 – 727
75. TVEIT.
Gardsnamnet er det gamallnorske pveit, rydjing, ein ny gard i skogen.
Uttale: Tveit.
Skrivemåtar: Twedt (1519), Twet (1521), Thvedt (1563), Tuedt (1591), Tued (1597), Thued, Thuedt, Thuet, Tuett, Tuedenn (1624), Tueed, Tvedt (1668).
Garden ligg ved øvste enden av Tveitavatnet i sørhallet under høgste fjellet Møsnuken. Tveit var Lyseklostergard tildess brukarane kjøpte i 1870 og 1880 åri.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saar 3 stadtztønder, afler 10 tdr., temmelig ager og eng, med fæhagge og veedskoug til hussbehoff, paalagt at plante homblehagge.
1723: Ingen sætter, skoug til fornøden brendefang, gar og grin, ingen qvern eller fiskerie, dog leilighed til en flomqvern, maadelig jordart men aarvand og skiels letvunden. Haver ei anden næring end gaardens aufl.
1865: Tvedt med 1 plads: Har 12 maal dyrket ager og eng, deraf 2 maal godt, 6 middels og 4 slet, har 96 maal naturlig england, hvoraf 10 maal godt, 49 middels og 37 slet, 17 maal naturlig england kan dyrkes. Har kun skog til brændefang, føder 2 kjør og 1 ungnød ved lyng og skav, er letbrugt og almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 2 | 1 | 13 | 1 | 7 | ||||||
1668 | 2 | 2 | 16 | 8 | 3 | tun | |||||
1723 | 2 | 2 | 14 | 6 | 4 | » | |||||
1800 | 2 | 10 | |||||||||
1835 | 2 | 17 | 2 | 12 | 12 | 4 | 6,5 | » | 3,5 | tun. | |
1865 | 3 | 18 | 2 | 23 | 45 | 9 | » | 8,5 | » | ||
1900 | 5 | 27 | 3 | 16 | 25 | 1 | 6 | hl. | 16 | hl. | |
1920 | 6 | 30 | 2 | 24 | 23 | 5 | 14,5 | mål | 8 | mål | |
1930 | 4 | 27 | 3 | 27 | 62 | 2 | 6,6 | » | 8,4 | » | |
1939 | 2 | 30 | 70 | 7 | 1,3 | » | 6 | » |
TVEIT 1
Iffwar pa Twedt (Ivar Tveit) var brukar i 1519 og er fyrste mann som me finn namngjeven på garden.
Arne Tveit hadde garden i 1521. Han fostra den vinteren ein stut for lensherren på Bergenhus og fekk 12 skjeling i fosterløn for det.
Lars Tveit hadde garden i 1563. Korlenge han var brukar er uvisst.
Ola Tveit var brukar i 1591 og hadde då havt garden ei tid. Kvar han og fyremennene hans var frå, veit me ikkje. Ola let garden frå seg i 1603, men livde i fleire år etter den tid. Han lagde då skatt og tiend som kårmann og stjorna kannhenda garden ihop med ettermannen.
Rasmus Tveit vart brukar i 1603. Han var truleg son åt Ola eller gift med ei dotter hans. I 1611 måtte Rasmus fara til Svinesund for å vera med i Kalmarufreden, og Størk Heggland og Ola Eide reidde han ut til ferdi. Rasmus var velstandsmann dei fyrste åri, men det gjekk nedover med han, og i 1625 måtte han lata halve garden frå seg. Seinare var han radt fatigmann.
Johannes Pederson fekk bygsla denne parten, då Tveit vart skift i 1625 og vart brukar her. Han vart gift med ei som heitte Ingjerd, og kannhenda var ho dotter åt Rasmus. Av borni kjenner me: Ola, f. ikr. 1635, var med i den namngjetne herferdi mot svensken i Trøndelag 1658 – 59 og fall ved Halden i 1660, Jakob, f. ikr. 1640, s. Spansteigen 1, Eli, f. ikr. 1642, s. n., Gunhild, f. ikr. 1650, g. 1693 Jon Olson Rød. Kvar Johannes var frå er uvist, men det er mykje truleg at han var frå Hålandsdalen eller ei onnor av Fusabygdene. Saman med broren Fabian Midthus åtte han noko i gardane Gjøn og Midthus, og han hadde odelsrett til sistnemnde garden. I 1663 vilde sonen Jakob ta eine bruket på Midthus ved odelsløysing, men greidde det ikkje, s. Midthus 1. Johannes døydde ikr. 1658.
Ekkja Ingjerd Tveit hadde so bruket nokre år. Ho sat smått i det og var skattefri.
Rasmus Olson vart ikr. 1661 gift med Eli Johannes dtr. Tveit, f. ikr. 1642, og fekk bygsla bruket etter vermori. Av dei borni som vaks upp, kjenner me berre sonen Ola, f. 1664, s. n. 3 born døydde unge. Eli døydde ikr. 1670, og Rasmus gifte seg att straks etter med ei som heitte Marta. Kvar ho var frå, veit me ikkje. Me finn korkje Rasmus eller kona att etter 1690, og truleg flutte dei frå Tveit då sonen tok bruket.
Ola Rasmusson Tveit, f. 1664, bygsla farsbruket i 1690. Han var då gift med ei som heitte Gjertrud, men som me elles ikkje veit noko um. Dei fekk i 1690 ein son Johannes, s. n. Det gjekk med Ola som med foreldri hans, me finn korkje han eller kona att på Tveit etter at dei let bruket frå seg til sonen, og me finn ingen av dei døde i Os. Kvar det vart av dei, veit me ikkje.
Johannes Olson Tveit, f. 1690, bygsla bruket etter faren ikr. 1720. G. 1721 Hans dtr. Heggland, f. 1691. Born: Hans, f. 1723, g. 1750 Gjertrud Gåssand, s. øvre Rød 1, Ola, f. 1727, Johannes, f. 1730 etter at faren var død, s. n. Alle 3 brørne stod i hertenesta i 1750 åri og var spreke karar. Etter kyrkjebøkene kunde ein tru at Johannes hadde 3 born til: Herborg, f. ikr. 1730, g. 1762 Peder Sundøy, s. S. 3, Marta, f. 1733, g. 1754 Bagge Lyssand, s. L. 4, Malena, f. ikr. 1735, g. 1770 Peder ytre Haugland, s. y. H. 2. Dei siste kann likevel ikkje vera borni åt Johannes, då han døydde alt i 1730, men er kannhenda frå Tveit i Strandvik.
Arne Ellingson indre Lekven, f. 1705, vart i 1731 gift med ekkja Anna Hans dtr. Tveit og fekk bygsla bruket. Dei hadde ikkje born. Arne sat godt i det og hadde m. a. for 10 dalar (3 kuverd) i sylvsaker. Han var ein vyrd mann og var lagrettemann og stemnevitne i Osbygdi. Arne døydde i 1762 og kona i 1772.
Arne var busett i den gamle gardstova, som begge bruki på garden åtte ihop. Ein timbra kove og ei lang sval attmed stova rådde Arne over åleine. Grannane hadde ogso løda, eldhus, kvernhus og vedskytja attmed gardstova ihop. Vedskytja var skift slik at det var «aargeved efter mønet» (skilnad etter midten) og inngangsdør frå begge sidor. Grannen rådde over heile skukken. Det var grave ein «kjellar» under den gamle gardstova, der begge grannane gjøymde alle sine reidskaper, med nedgang til kjellaren inne i vedskytja. Gardstova her var den einaste stova i Os, som me finn kjellar under på dei tider. Umframt dei sams husi på tunet hadde Arne desse husi på bruket sitt: Ei sengebud med ein uppbygd kove («trappekleve») attåt, eit fjos med sval attåt, eit lite timbra lambhus attmed eldhuset, hestestall og eit sauehus ved bøgjerdet. Alle husi var i god stand, med undantak av den sams løda, som var til nedfalls på Arne si sida.
Johannes Johannesson Tveit, f. 1730, bygsla bruket etter mori og stykfaren i 1759. G. I 1759 Gunvor Jakobs dtr. Kuven, f. 1735, d. 1780, g. II 1781 Barbru Ols dtr. ytre Haugland, f. 1749. Av 11 born vaks 8 upp: Hans, f. 1760, d. ug. 1794, Ola, f. 1764, d. ug. 1786, Marta, f. 1767, s. n., d. e., f. 1770, g. 1822 Ola Skogen, s. S. 1, Gunvor, f. 1776, g. 1819 Henrik Kuven, s. K. 7, Barbru, f. 1781, d. ug. 1867, Johannes, f. 1784, paktar på Neevengården ved Bergen, g. I 1818 Marta Jakobs dtr. Heggland, g. II 1835 Guro Johannes dtr. Blindheim, Anna d. y., f. 1787, d. ug. 1856. Johannes var ein drivande kar og sat tolleg godt i det trass den store huslyden sin. Han flutte bøgjerdet lenger upp og bygde nye saue- og gjeitehus ved bøgjerdet, og i 1771 bygde han seg nytt kvernhus so at kvart bruk fekk seg kvern åleine. Johannes døydde i 1798 og Barbru straks etter.
Lars Kristenson Gåssand, f. 1771, vart i 1792 gift med Marta Johannes dtr. Tveit, f. 1761, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren. Born: Kristi, f. 1793, s. n., Kristen, f. 1798, g. 1828 Marta Heggland, s. H. 5, Johannes, f. 1801, g. 1834 Eli Ulven, s. U. 5, Gunvor, f. 1805, g. 1836 Lars Larsson Tøsdal, b. Åstveit i Åsane. 4 born døydde unge. Lars sat ikkje so lett i det som fyremannen. Han døydde i 1842 og kona i 1846.
Hans Olson Gåssand, f. 1788, vart i 1818 gift med Kristi Lars dtr. Tveit, f. 1793, og bygsla bruket etter verfaren same året. Born: Brita, f. 1820, s. n., Ola, f. 1824, d. ung. Hans var ein vyrd mann og førte ordet for osingane på tinget. Han døydde alt i 1834.
Ola Johannesson Sanden, f. 1800, gifte seg med ekkja Kristi Lars dtr. Tveit i 1834 og fekk bygsla bruket året etter. Dei fekk ein son Hans, f. 1837, som døydde ung. Mannen hadde fyrr ein son Ola, f. 1832, g. 1863 Guro Bø, s. Bø 3. Soga um korleis giftarmålet millom Ola og Kristi kom istand, syner tilhøvi i dei dagar, då det galdt um for gutane å verta gifte til gard. Då gjestene sat ved bordet gravferdsdagen, etter å ha fylgt Hans Tveit til jordi, tala dei um kor tungt det vart for ekkja, som no sat åleme att med ei liti gjenta. Men gamle Johannes Sanden, som ogso var med i gravferdi, trøysta dei og sa: «Syt ikkje for ekkja, syt ikkje for ekkja. Ho greider seg nok, ho greider seg nok. Eg gjekk saman med henne nedover. Eg stakk henne eit ord i øyra, eg stakk henne eit ord i øyra. Det gjorde no ikkje vondt, det gjorde no ikkje vondt.» Då hadde Johannes alt på vegen til kyrkjegarden bore fram friing for sonen sin. Og eit halvt år etter var Johannes atter i gjestebod på Tveit, i brudlaupet åt sonen sin og ekkja etter Hans. – Ola var ein drivande kar, og likeins som ein av fyremennene flutte han bøgjerdet lenger uppover og bygde nye sauehus og gjeitehus ved bøgjerdet. Han døydde i 1854.
Ekkja Kristi Lars dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen fall frå. Ho døydde i 1871.
Jon Larsson Søratrønen, f. 1814, vart i 1859 gift med Brita Hans dtr. Tveit, f. 1820, og fekk same året bygsla bruket etter vermori og siste mannen hennar. Jon var sjukleg og døydde barnlaus alt i 1866.
Ekkja Brita Hans dtr. stjorna so bruket nokre år saman med mori, som enno livde. Brita døydde i 1899.
Annanias Nilsson Midthus, f. 1847, kjøpte bruket av Lysekloster i 1872 for 600 spd. og busette seg her. G. 1875 Maria Torbjørns dtr. Lyaaand, f. 1853. Born: Nils, f. 1876, s. n., Anna f. 1878, g. 1901 Peder øvre Rød, s. ø. R. 2, Barbra, f. 1881, g. 1901 Ola Berge, s. B. 1, Kristina, f. 1885, s. br. 4, Maria, f. 1888, g. 1911 Mons Lien, s. L. 1, Johanna, f. 1890, d. ug. 1934, Torbjørn, f. 1892, g. 1918 Anna Lyssand, s. Kuven 28, Henrik, f. 1897, bankbokhaldar, g. 1938 Cecilia Lunde fra Stord, b. Bergen. (Henrik hev teke dei fleste bilete til denne boki). Ein gut døydde ung. Annanias var rosemålar likeins som forfederne hadde vore i fleire ættledar. Han hadde mange tillitsyrke i bygdi og var m. a. medlem av heradstyret i 22 år. I ein bolk var han varaordførar. Sjå O. B. I 203 – 04, 548, 579 – 80, 707 o. fl. st. Annanias og kona døydde begge i 1924.
Nils Tveit, f. 1876, skøytte farsbruket i 1912 og hev det no. G. 1901 Anna Ols dtr. Tøadal, f. 1880. Born: Maria, f. 1904, veverske, Marta, f. 1907, lærar, b. Asker, Anna, f. 1911, tannlækjar, b. Kongsberg. Nils var rosemålar fyrr han tok mot gardsbruket. Han hev rota med mangt, sjå «Hvem er Hvem», og m. a. hev han skrive og på eigen vågnad gjeve ut denne bygdeboki. Nils Tveit var ordførar i Os frå 1. januar 1917 til 7. januar 1941 og møtte på Stortinget i 12 år. Han hev Kongens fortenstmedalje i gull og hev ogso fenge fortenstmedalje i gull frå Norigs skyttarsamskipnad.
TVEIT 2.
Rasmus Tveit hadde dette bruket i 9 år etter at garden i 1625 vart skift i tvo bruk. Sjå um Rasmus under br. 1.
Helje Tveit vart brukar etter Rasmus i 1634. Kona hans heitte Guro. Kvar Helje var frå, veit me ikkje, men han hadde ætt på Bjånes. Det er mykje truleg at Guro var ekkja etter Rasmus. Av borni kjenner me ein son Ola, f. ikr. 1636, s. n.
Mons Tveit, f. ikr. 1620, bygsla bruket i 1645. Han var tvillaust ein son åt Rasmus og tok mot farsbruket, då han vart vaksen. Me kjenner ikkje noko til huslyden hans. Mons døydde alt i 1655.
Helje Tveit vart brukar att då Mons døydde, men han hadde ikkje bruket lenge no. Han fall frå alt i 1658.
Ekkja Guro Tveit stjorna bruket nokre år etter at mannen døydde. Ho sat tungt i det og vart i 1660 innskrivi i skatteboki som «en fattig enke».
Ola Heljeson Tveit, f. ikr. 1636, bygsla bruket etter mori i 1661. Ola var, likeins som granneguten Ola på br. 1, med i Trøndelagsferdi 1658 – 59 og i stridene ved Halden 1660. Men han var heppnare enn grannen og kom velberga heimatt. Ola Heljeson vart gift ikr. 1663 med Aselina (Aseli) Jørgens dtr., f. ikr. 1635, som truleg var frå Holmefjord i Fusa. Av borni kjenner me: lngeleiv, f. 1666, s. n., Helje, f. 1669, g. 1693 Kari Søfteland, s. S. 2, Lisbet, f. 1676, ug., Guro, f. 1677, g. 1702 Lars indre Moberg, s. i. M. 3, Barbru, f. 1681, s. n, Jørgen, f. 1688, s. n. 3 born døydde unge. Ola sat ikkje lett i det, men han greidde seg tildess han let bruke frå seg i 1700.
Mortein Halvardson Holmefjord frå Fusa, f. ikr. 1663, vart i 1700 gift med lngeleiv Ols dtr. Tveit, f. 1666, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren. Dei fekk eit barn som døydde tidleg. Mortein var ekkjemann, då han kom til Tveit, og vart fyrste gong gift i 1693 med Guro Johannes dtr. Hafskor frå Fusa, f. ikr. 1669, d. 1699. Mortein og Ingeleiv døydde begge i 1701.
Ola Heljeson Tveit måtte no ta bruket att og hadde det nokre år tildess yngste sonen vart vaksen. Ola døydde i 1717 og kona i 1715.
Jørgen Olson Tveit, f. 1688, bygsla bruket i 1706 etter faren. G. 1706 Marta Hans dtr. Gaugatad frå Fusa, f. 1687. Born: Helje, f. 1706, var sjømann og reiste or landet, Hans, f. 1710, reiste or landet saman med broren, Engjel, f. 1713, tente i Lønningdal 1734 og er ukjend seinare, Aselina (Aseli), f. 1714, d. ug. 1790. I 1715 sa Jørgen bruket frå seg her og flutte til ytre Haugland, s. y. H. 2, der ein finn meir um han.
Ola Tomasson Hjelle, f. 1694, vart i 1715 gift med Barbru Ols dtr. Tveit, f. 1681, og fekk bygsla bruket etter verbroren då han flutte til Haugland. Barbru døydde i 1725, og Ola gifte seg att året etter med Marta Ols dtr. Særvoll, f. 1695. Marta fall frå i 1737, og Ola gifte seg næste år med Guro Mons dtr. nedre Rød, f. 1713. Ola hadde 17 born, og av dei vaks 13 upp: Eivind, f. 1716, g. 1742 Gjertrud Hetleflåten, s. H. 1, Aseli, f. 1718, ug., Agata, f. 1719, g. 1735 Nils nedre Rød, s. Bø 5, Brita, f. 1725, g. I Jon Samsonson Havn, g. II Rasmus Kvaløy, Ola d. e., f. 1727, g. 1750 Lisbet Ulven, s. U. 3, Tomas, f. 1730, g. 1734 Anna Høysæter, s. Ulven 1, Gunvor, f. 1732, g. 1768 Eivind Storum, s. S. 2, Marta d. e., f. 1734, g. 1762 Hans ytre Haugland, s. y. H. 9, Marta d. y., f. 1743, g. 1794 Ola Lyssand, s. L. 5, Kari, f. 1745, g. 1770 Endre Storevik, s. Hetleflåten 1, Ola d. y., f. 1748, g. 1787 Anna Nordstrønen, s. N. 5, Peder, f. 1752, g. 1779 Synneva Heggland, s. H. 1, Barbru, f. 1756, g. 1781 Jon øvre Rød, s. ø. R. 1. Straks etter at Ola var gift fyrste gongen, måtte han ut i den store ufreden, men han kom heilskinna heimatt. Ola sat godt i det trass den store huslyden sin, og som eit serhende millom Osbøndene skreiv lensmannen um han:
«Ole befandtes ikke at være nogen den ringeste skilling skyldig».
Ola var ein vyrd mann og var stemnevitne i Osbygdi. Han døydde i 1759.
Ola hadde desse husi på bruket sitt: Ei liti røykstova med sval attåt, ei sengebud med timbra kove, stabur, fjos med ei sval attåt, ein stall attåt løda og ein annan stall, som stod for seg sjølv, eit sauehus heime i tunet og eit sauehus ved bøgjerdet. Den gamle gardstova, som grannen budde i, og ei vedskytja attmed gardstova rådde begge grannane over, men ein timbra kove attmed stova rådde Ola over åleme. Eldhuset, løda og kvernhuset hadde ogso begge bruki ihop. Ola heldt husi sine i god stand. Millom Tveit og Midthus var det då skiftegjerde, både på bøen og i utmarki, og det gjekk heilt upp under fjellet. Millom Tveit og Lien var ogso skiftegjerde, men i grensa mot Eide, Øvreide og Heggland var berre gamle merke.
Ekkja Guro Mons dtr. hadde bruket eit par år etter at mannen fall frå.
Johannes Erikson øvre Rød, f. 1737, vart i 1761 gift med ekkja Guro Mons dtr. og fekk bygsla bruket same året. Guro fall frå i 1787, og Johannes gifte seg att i 1789 med Eli Haldors dtr. Leigland frå Strandvik, f. 1754. Eli døydde i 1811, og Johannes gifte seg året etter med Marta Tomas dtr. Øvreide, f. 1777. Johannes fekk ei dotter i andre giftarmålet sitt, men ho døydde i ung alder.
Johannes vart klein i 1808, og Hans Hatvik, som då skulde gjeva bruket sitt frå seg til bruk for presteekkja Inger Margrete Sandberg, s. Hatvik 1, fekk løyve på å bygsla bruket når Johannes vonleg snart starva. Men det gjekk ikkje etter uppskrifti. Johannes kom seg att, og i 1812 fekk han seg ei ny og ung kona og vart sprekare enn nokon tid fyrr. Hans Hatvik måtte finna seg ny bustad i Hålandsdalen, der han døydde straks etter, og Johannes hadde bruket på Tveit radt til 1830, då han fall frå. Han var då over 93 år gamall og hadde vore gardbrukar på Tveit i 69 år.
Ola Knutson Kuven, f. 1803, vart i 1831 gift med ekkja Marta Tomas dtr. og fekk bygsla bruket året etter. Ola døydde alt i 1842.
Ola Olson Gåssand, f. 1822, gifte seg med ekkja Marta Tomas dtr. i 1843 og hadde alt året fyrr fenge bygsla bruket. Marta fall frå i 1851, og Ola gifte seg att året etter med Brita Sveins dtr. Sælen, f. 1824. Born: Ola, f. 1853, g. 1872 Anna Gjemdal, s. Spansteig 1, Marta, f. 1855, b. Bergen, d. ug., Olina, f. 1857, g. filhoggar Johannes Johannessen, b. Bergen, Kristi, f. 1861, g. Peder Røykenes, s. R. 1, Paulina, f. 1863, s. n., Elisabet, f. 1866, g. hamnearbeider Johannes Martinussen, b. Bergen, Brita, f. 1869, g. hamnearbeidar Martin Haugland frå Fana, b. Bergen, Ola, f. 1871, g. 1895 Marta Lars dtr. Sælen, s. Sælen 2, Kari, f. 1875, g. bakar Emanuel Schou, b. Bergen. Ola var smed og trearbeidar. Han let bruket frå seg til dotteri i 1888, og det hadde då ikkje vore nytt ættled på bruket i 182 år. Sidan Jørgen Tveit bygsla i 1706, hadde bruket berre gjenge frå bror til syster, og frå mann til ny kona eller frå kona til ny mann, utan å koma i nye ættled. Ola Tveit døydde i 1893 og Brita i 1880.
Svein Engjelson Gjemdal, f. 1862, vart i 1888 gift med Paulina Ols dtr. Tveit, f. 1863, og kjøpte same året verfaren sitt bruk av Lysekloster for 2600 kroner. Born: Engjel, f. 1889, s. n., Synneva, f. 1891, hushjelp, b. Bergen, Ola, f. 1893, g. 1924 Elna Haga, s. Hauge 20, Peder, f. 1895, g. 1925 Dortea Sollesnes, s. Hauge 29, Ragnvald, f, 1897, g. 1935 Maria Klyva, s. K. 5, Bertin, f. 1900, g. 1933 Maria Haugland, s. Kuven 40, Marta, f. 1903, hushjelp, Svein, f. 1905, g. 1934 Sofia Heggland, s. Hauge 40. Svein hadde vore sjømann fyrr han kom til Tveit. Han døydde i 1911.
Ekkja Paulina Ols dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1935.
Engjel Sveinson Tveit, f. 1889, skøytte bruket etter mori i 1920 og hev det no. G. I 1917 Anna Nils dtr. Våge frå Samnanger, f. 1894, d. 1920, g. II 1929 Agata Nils dtr: Rød, f. 1895. Born: Sverre, f. 1918, Nils, f. 1919, d. 1920, Anna, f. 1931, Petra, f. 1934. Engjel hev drive sterkt med skogplanting og er tvillaust den bonden som hev planta mest skog i Osbygdi.
TVEIT 3 (Utgjerdet).
Lars Larsson Øvreide, f. 1783, festa i 1821 eit lite stykke av farsbruket på Øvreide og busette seg her. Seinare fekk han festa eit større utmarkstykke på Tveit, som grensa til det stykket han hadde fyrr, og bruket vart sidan rekna som ein part av Tveit. Lars var gift fyrste gong ikr. 1810 med ei som heitte Marta Østens dtr., f. ikr. 1786. Ho døydde i 1819, og Lars gifte seg att året etter med Anna Tomas dtr. Øvreide, f. 1783. Born: Lars, f. 1820, d. ug. ikr. 1850, Marta, f. 1821, d. ug. 1904, Hans, f. 1824, g. b. Haukeland ved Bergen. Kona hadde frå fyrr sonen Knut, f. 1803, g. 1828 Anna Ferstad, s. Lunden 4. Lars gjekk ikring gardane på arbeid. Han døydde i 1835.
Lars Larsson Sørstrønen, f. 1812, vart i 1836 gift med ekkja Anna Tomas dtr. og fekk festa bruket året etter. Anna døydde i 1858, og Lars gifte seg att same året med Magdela Nils dtr. Øvreide, f. 1825. Av 3 born vaks tvo upp: Nils, f. 1833, g. I 1860 Kari Sveins dtr. Sælen, g. II 1878 Marta Ols dtr. Midthus, b. Krokeid i Fana, s. F. B. 614, Hans, f. 1854, s. n. Lars dreiv med fiske o. a. Han døydde i 1860.
Ekkja Magdela Nils dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen fall frå.
Hans Arneson øvre Rød, f. 1797, gifte seg i 1865 med ekkja Magdela Nils dtr. og fekk festa bruket. Han hadde fyrr vore gift og busett på øvre Rød, s. ø. R. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. Hans døydde her i 1876 og Magdela i 1879.
Hans Larsson Utgjerdet (Tveit), f. 1854, kjøpte bruket av Lysekloster i 1872 for 125 spd. og vart brukar her etter mori og stykfaren. G. I 1872 Ingeborg Ols dtr. Ådland frå Fusa, f. 1849, d. p. barseng 1875, g. II i Bergen 1882 Emilie Kristofine Fredriksen. Born: Nils Olai, f. 1872, skomakar i Bergen, d. ug., Lars, f. 1874, skomakar, g. Marta Nilsen (foreldre: Jon Tuen og kona, s. Kalvetræ 1), b. Bergen. Eit barn døydde samstundes med mori. Då fyrste kona døydde, flutte Hans til Bergen, der han sidan var busett og dreiv som kjørar.
Elias Hanssen, f. p. Osøyri 1840, s. O. 4, kjøpte bruket i 1876 og busette seg her. Han hadde fyrr vore busett i Hegglandsdalen skulehus. G. 1869 Ragnhild Ols dtr. Sørstraumen, f. 1846. Born: Olina d. e., f. 1869, d. 1885, Hans, f. 1875, d. 1893, Marta, f. 1878, d. 1885, Olaf, f. 1883, s. n., Olina d. y., f. 1886, g. 1912 Johannes Røttingen, s. R. 1. Elias kom fyrst i skomakarlære i Bergen, men gjekk sidan inn på lærarskulen og vart lærar i Lysefjorden. Frå 1870 vart han lærar i Hegglandsdalen, s. O. B. I 359 og 374. Han skreiv mykje, og sume av dikti hans er seinare utgjevne under titlen «Femti digte». Elias var i mange år heradsrevisor og vart den fyrste postopnar i Hegglandsdalen. I åri 1878 – 1881 var han med i heradstyret. Han døydde i 1915 og kona i 1903.
Olaf Hanssen, f. 1883, skøytte bruket etter faren i 1908. G. 1904 Mina Jons dtr. Selsvoll frå Strandvik, f. 1883. Born: Ragnhild, f. 1904, g. 1929 Severin Steffenson Rød, b. ved Veavåg på Karmøy, Inga, f. 1905, g. 1932 målar Annanias Olson Berge (born: Bjørg, f. 1934, Odd, f. 1938), Marta, f. 1907, husstyrar, b. Oslo, Einar, f. 1909, s. n., Olaf, f. 1913, teknikar, b. Oslo, Hjørdis, f. 1916, g. 1938 Karl Midtsæter, s. M. 4, Alf, f. 1920, handelsdreng, b. Haugesund, Trygve, f. 1925. Olaf var i mange år matrialforvaltar ved Stord Kisgruvor og hadde eit år yrket på Bjørnøy. Han arbeidde seinare for Bergens Museum o. a. og er no vaktmeistar ved Botanisk Museum i Oslo. Olaf hev samla og gjeve ut mange skrifter og hev sjølv skrive mykje um botaniske, historiske og andre emner. M. a. hev han skrive bolken um plantelivet i denne bygdeboki. s. O. B. I 63 -76. Kona er postopnar i Hegglandsdalen.
Einar Hanssen, f. 1909, er busett på eigedomen, som i 1922 vart skøytt på morsyster hans fru Inga Hjemdal. Einar er gift 1939 med Velina Engjels dtr. Søviknea (Søvik), f. 1907. Han er snikkar og treskjerar.
TVEIT 4 (Tveitnes).
Olav Larsson Skorpen frå Kvinnherad, f. 1883, kjøpte ein part av Tveit som verfaren skilde ut frå bruket sitt, då han selde det til sonen i 1912. G. 1907 Kriatina Annanias dtr. Tveit, f. 1885. Born: Lars, f. 1908, g. 1936 Ingebjørg Mosafinn, s. Osøyri 41, Annaniaa, f. 1909, handelsmann, g. 1941 Birgit Tomas dtr. Langeland frå Samnanger, Gudrun, f. 1916, sjukesyster, b. Bergen, Margit, f. 1918, lærar, b. Granvin. Olav hev sidan 1905 vore lærar i Hegglandsdalen, s. O. B. I 376 og 378, og bur i skulehuset som stend på bruket. Han hev m. a. vore formann i fatigstyret i fleire år og var medlem av heradstyret i 1923 – 1925.