HAUKELAND

Frå OS SOGA II side 122 – 129


5. HAUKELAND 

Namnet kjem truleg av fuglenamnet hauk, samansett med den vanlege ending av gardsnamni i bygdi, -land.  Det er ogso gissa på at elvenamnet Hauka kann vera upphav til gardsnamnet men dette er lite truleg.  Det er ikkje andre elvar i nærleiken enn Oselvi, og sjølv um ho i gamle tider skulde havt eit slikt namn – noko som elles er heilt ukjend – er det lite truleg at denne garden fyrst og fremst fekk namn etter elvi.

Uttale: Hau’kelann.  
Skrivemåtar: Ouckland (1611), Ochland, Oechlannd, Huchland (1625), Hucheland, Houchlannd, Hougland, Houlannd, Hoikeland, Haukeland (1723) o. fl.

Garden ligg på solsida i åshallet austanfyre Oselvi upp frå Gåssandvatnet.  Garden finn me nemnd for fyrste gong i 1610, men er tvillaust mykje eldre og er truleg frå same tidbolken som dei andre i Osbygdi.  Truleg hev garden, likeins som so mange andre, vorte øydegard etter den store mannadauden og er teken uppatt ikring 1600.  Haukeland var Lyseklostergard som dei andre i Søftelandsbygdi til han vart kjøpt av brukaren i 1873. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: Såar 2 tønder, afler 7 tønder, brendeskoug till, paalagt at plante homblehagge jorden at røde og forbedre.  1723: Sætter ¼ mil fra gaarden, skoug till huusenes reparation og fornøden brendefang, en liden flomqvern, allene till opsiddernes fornødenhed og ei videre, maadelig jordart og skiels letvunden.  Har ingen anden næring uden af gaardens aufl, tilføyes aarlig skade paa hans egn (eng) af den ved gaarden flydende elv.  1865: Har 5½ maal dyrket åger og eng, deraf halvparten god, 77 maal naturlig england, deraf 6 maal godt, 14 maal middels og 57 maal slet, 40 maal af dette kan opdyrkes, sælger furu aarlig for 12 spd., føder 1 ko ved lyng og skav, gaarden er letbrugt, almindelig drevet. 

Busetnad og buskap. 

 Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.skje,tar.fe.ler.ter. korn.poteter.
16571 1956     
16681 110   2tun.  
17231 186  »  
180016         
1835171434 2»1tun.
186511017232114»4»
190032021725 43hl11hl.
192031621727 68,5mål4,1mål
19304182154213 »3,4»

HAUKELAND 1 

Iffuer Ouckland
(Ivar Haukeland) var brukar her i åri 1611 – 1616 og er fyrste mann som me finn nemnd på garden.  Truleg er det han som tok garden upp att ikring 1600.  Ivar var rekna som øydegards- og rydjingsmann, men å døma etter skatten som han lagde i 1612 til utreidsla av hermenn, so sat han betre i det enn vanlege øydegardsmenn i dei tider.  Han døydde i 1616. 

Edis Haukeland vart brukar i 1617.  I dei fyrste tvo-tri åri vart han rekna som vanleg øydegardsmann, sidan som husmann.  Han sat smått i det og hadde bruket berre til 1624 då han truleg flutte burt. 

Peder Haukeland fekk bruket etter Edis.  Han lagde skatt som ein velhalden øydegardsmann i dei fyrste åri, men det gjekk nedover, og frå 1631 vart han rekna som fatigmann og var heilt skattefri.  Peder hadde bruket til 1633. 

Håvard Haukeland vart brukar i 1633.  Det gjekk med Håvard som med Peder, han greidde seg godt dei fyrste åri, men vart so fatigmann og var heilt skattefri.  Frå 1640 kom han med i skattelistone att, og lagde no skatt som ein vanleg bonde til han døydde i 1648.  Kona hans heitte Maria.  Av borni veit me berre um ein son, Anders, som i 1663 var dreng hjå ein kjøpmann i Bergen. 

Halvard Haukeland vart gift med Marta, ekkja etter Håvard i 1649, og fekk bruket.  Halvard sat etter måten godt i det.  Både han og fyremannen dreiv jordi godt, og i 1657 fostra dei på garden hest, 5 kjyr, 4 ungnaut, og sauer og gjeiter attåt.  Halvard hadde bruket til 1662. 

Kvar dei ovannemnde brukarar på Haukeland var frå veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje noko til ætti deira. 

Nils Danielson Søfteland, f. ikr. 1645, fekk bruket her i 1662, då han berre var ikring 17 år gamall.  Han vart då gift med ei som heitte Kari, og som truleg var dotter åt Håvard og Marta.  Kari døydde alt i 1669 og Nils gifte seg att tvo år etter med ei Brita Lars dtr., f. ikr. 1653.  Kvar ho var frå veit me ikkje.  Ho døydde i 1683.  Nils greidde seg ikkje på Haukeland og i 1685 flutte han frå garden.  Me finn han seinare att som husmann på Midthus, s. M. 3, etter at han i 1690 var gift for tridje gong. 

Ola Knutson ytre Drange, f. 1667, vart brukar etter Nils.  Han vart ikr. 1685 gift med ei som heitte Mari, men då dei ikkje var gifte i Os veit me ikkje meir um kona.  Born: Nils, f. 1686, Dordi, f. 1688, d. ung, Anna d. e., f. 1693, g. 1724 Mons Søfteland, s. S. 3, Ola, f. 1700, g. 1728 Kristi Søvik, s. S. 1, Anna d. y., s. n., Mari, f. 1709, g. 1739 Kristen Sørstrønen, s. S. 2, Rasmus, f. 1713, d. ung.  Ola døydde i 1731 og kona stutt tid etter. 

Lars Monsson Gåssand, f. 1706, vart i 1729 gift med Anna Ols dtr. Haukeland, f. 1703, og fekk bruket etter verfaren.  Born: Ragnhild, f. 1731, Mons, f. 1733, Marta, f. 1735, Ola, f. 1738, Mari, f. 1740, Lars, f. 1743, Lisbet, f. 1743, g. 1785 Nils Åsen, s. Å. 1.  4 born døydde unge.  Det var svert smått for huslyden, noko som rimeleg kann vera, når det i mindre enn 12 år kom 11 born til verdi her.  Lars døydde alt i 1742. 

Nils Olson øvre Rød, f. 1716, vart i 1743 gift med ekkja Anna Ols dir., nett etter at ho hadde fenge dei tvo siste borni frå fyrste ekteskapet til verdi, og vart brukar her.  Dei fekk tvo born, Anna, f. 1745, og Marta, f. 1748.  Nils hadde skade i det eine kneet og slapp soldattenesta.  Det vart svert tungt for Nils, han greidde ikkje å livja den store huslyden som han fekk med kona si attåt sine eigne born, og i 1750 flutte han frå garden med kona og borni.  Me finn dei ikkje att i Os seinare. 

Lars Olson Hisdal frå Samnanger, f. 1712, bygsla bruket då Nils flutte.  G. ikr. 1745 Anna Anders dtr. Øpstad frå Fusa, f. ikr. 1720.  Born: Ola, f. 1748, g. 1777 Eli Sanden, s. S. 1, Anders, f. 1750, Brita, f. 1751, g. ikr. 1780 Mikkjel Midthus, s. M. 3, Johannes, f. 1753.  Det vart like stridt for Lars å greida seg som for fyremannen, men so døydde han alt i 1758.  Det vart då halde auksjon over alt han åtte, og det kom inn 47 daler som likevel vart forlite til å greida skuldi.  Då alt som fanns i husi vart seld måtte ekkja flytja frå garden, og me veit ikkje kvar det vart av henne. 

Mons Pederson Søfteland, f. 1733, fekk bruket i 1759.  G. 1760 Marta Johannes dtr., som truleg var frå Fana.  Born: Peder, f. 1762, Johannes, f. 1763, Nils, f. 1767, Anna, f. 1769.  Det gjekk med Mons som med fleire fyrr han på garden, han greidde seg ikkje, og i 1772 flutte han med huslyden til Bergen. 

Jon Andersson bygsla bruket i 1772.  Han var gift med ei som heitte Marta Isaks dtr., og dei fekk tvo born her, Kari, f. 1775, og Kristi, f. 1777.  Kvar Jon og Marta var frå veit me ikkje.  Jon var uvyrden til å hogga i skogen, og i 1777 let Formann 3 skogkunnige, Ola Buskengen, Lars Røykenes og Lars Sælen, sjå på skogen.  Dei fann at skogen var heilt skamhoggen, der låg skat so stort som timberstokkar og rotna i skogen, og han var ille medfaren.  Etter dette måtte Jon gå frå garden. 

Magnus Ivarson vart brukar etter Jon.  Han var gift med Sigrid Pauls dtr., og dei fekk i 1782 ein son, Hans, som døydde ung.  Magnus og Sigrid var ikkje frå Os.  Magnus kunde skriva og rekna, noko som var sjeldsynt millom bøndene i dei dagar, og i 1781 gjekk han og Anders Lekven på osingane sine vegne igjenom Formann sine leiglendingsrekneskaper.  Det gjekk med Magnus som med dei andre, han greidde ikkje sine skyldnader og måtte gå frå garden i 1782.  Samstundes måtte han for retten avdi han skulda presten tiende for fleire år. 
Både Magnus og fyremannen Jon vart verande i Osbygdi, men dei fekk seg ikkje jord att.  Dei heldt seg i fleire år på Haukeland.  Det heiter um dei i 1785: «Begge haver store vanskeligheder for at skaffe sig det nødtørftige brød, men staaer i gammel gjæld til hr. Formann.» 

Ola Berntson, f. ikr. 1749, bygsla bruket i 1782.  G. 1783 Dordi Lars dir., f. ikr. 1753.  Ola og Dordi vart gifte i Oskyrkja, men ingen av dei stend skrivne med gardsnamn, og me veit ikkje kvar dei var frå.  Dei var ikkje frå Os.  Born: Nils, f. 1783, Lars, f. 1786, Bernt, f. 1789, g. 1821 Marta Haugland, s. Lunde 4.  Ola greidde seg på garden.  Då Formann ruska upp i skoghogsten 1784 kom ogso Ola burt i dette, men han berga seg ved det at han var ein ny mann i grendi, som berre gjorde det som grannane hans gjorde.  Han døydde alt i 1789.
Ekkja Dordi Lars dir. hadde so bruket eit par år.  I 1794 vart ho gift att med Tomas Lunde, s. L. 4, og flutte dertil. 

Ola Monsson Boga frå Fusa, f. 1755, bygsla bruket i 1791.  Han var gift 1781 med Magdela Johannes dtr. Eide frå Hålandsdalen, f. 1755, og dei hadde fleire born då dei kom til Haukeland.  Kvar Ola hadde butt fyrr han kom hertil veit me ikkje, men truleg var det ein stad i Fana.  Magdela døydde i 1809 og Ola gifte seg att tvo år etter med Anna Ols dtr. Lassehaug frå Voss, f. ikr. 1749.  Born: Mons, f. 1784, var med i ufreden 1809 – 14 og døydde der, Johannes, f. 1784, g. 1811 Marta Eide, s. øvre Rød 2, Tomas, f. 1789, d. 1809, Olina, f. 1790, g. 1816 Ola Gåssand, s. G. 1, Rasmus, f. 1796, s. n.  Ei gjenta døydde tidleg.  Ola sat tolleg godt i det.  Både han og kona døydde i 1828. 

Rasmus Olson Haukeland, f. 1796, fekk farsbruket i 1822.  G. 1821 Guro Lars dtr. Hjelle, f. 1799.  Born: Ola, f. 1822, g. 1851 Katrina Søfteland, s. S. 3, Nils, f. 1824, s. n.; Lars, f. 1827, gesell i Bergen, Mons, f. 1829, g. 1859 Barbru Nils dtr. Sanden, b. Haugland i Fana, s. F. B. 498, Johannes, f. 1831, g. 1864 Elen Søfteland, s. S. 1, Peder, f. 1834, d. ug. 1857, Magdela, f. 1837, g. 1873 Anders Engjelson Haugland i Fana, s. F. B. 500, Kristi, f. 1839, g. 1866 Lars Mikkjelson Engjavik i Fana, s. F. B. 503.  Rasmus var skogmann og dreiv med stavriving attåt gardsbruket.  Han døydde i 1874 og kona i 1879. 

Nils Rasmusson Haukeland, f. 1824, bygsla farsbruket i 1852.  I 1873 kjøpte han garden av Lysekloster for 1000 spd.  G. 1851 Barbru Johannes dtr. Tømmernes, f. 1828. Born: Guro, f. 1851, g. 1876 Johannes Ulven, s. Sælen 3, Johannes, f. 1853, s. n., Marta, f. 1856, s. n., Barbru, f. 1860, g. snikkar Herman Eriksen, Bergen, Rasmus, f. 1865, s. br. 2, Malena, f. 1867, g. 1895 Lars Søfteland, s. Sælen 3. Tvo born døydde unge.  Nils var smed og bygningsmann, og attåt dette var han skyttar for godseigar Formann på Lysekloster.  Han skaut ein gong ein hjort som gav 10 voger kjøt, og då var Formann vel nøgd.  Nils døydde i 1893 og kona i 1899. 

Johannes Nilsson Haukeland, f. 1853, skøytte farsbruket i 1880.  G. I. 1879 Ingeborg Hans dtr. Tøsdal, f. 1859, d. 1893, g. II. 1895 Eli Lars dtr. Sælen, f. 1866, d. 1915, g. III. 1924 Jonella Nils dtr. Boga frå Fusa, f. 1883.  Born: Barbru, f. 1880, g. Rikard Haugen, skomakarmeistar i Narvik, Marta, f. 1882; g. Hans Hansson ytre Moberg, jernbanesnikkar, b. Bergen: Nils, f. 1884, byggmeistar på Lofthus (hev teke namnet Søfteland), g. Marta Sekse frå Ullensvang, Hans, f. 1886, Peder, f. 1890, g. Anna Engjels dtr. indre Haugland, s. i H. 3, Ingivald, f. 1896, d. ung, Lars, f. 1900, sjauffør, b. Fana.  Johannes selde halve garden i 1886 til broren Rasmus, s. br. 2, og året etter selde han resten til verbroren, s. n., og kjøpte sjølv eit bruk på Ådland i Fusa.  Han kom sidan attende til Os, budde ei tid på Tøsdal, var so busett på Søfteland, s. S. 22, og hev sidan 1920 vore busett på Hetleflåten.  Han var ei tid bygningsmann og hev seinare drive treskoarbeid. 

Johannes Jonson Søfteland, f. 1858, kjøpte dette bruket av verbroren i 1887, etter at den andre halvparten av garden var skild ifrå året fyrr.  Johannes hadde fyrr vore paktar på Fridalen i Årstad og vart difor jamt kalla «Fridalen», til skilnad frå den andre Johannes Haukeland.  G. 1880 Marta Nils dtr. Haukeland, f. 1856.  Born: Kristi, f. 1880, s. br. 3, Nils, f. 1882, s. n., Barbru, f. 1885, s. br. 3, Jon, f. 1888, g. 1919 Borghild Hans dtr. Søfteland, var skogassistent i Møre, d. 1920, Mons, f. 1892, kaptein i heren, g. 1919 Hjørdis Langseth, b. Bergen, Johannes, f. 1895, g. 1921 Anna Jæger, er hagebrukslærar på Tveit landbrukskule, Jørgina, f. 1899, s. br. 3.  1 barn døydde tidleg.  Johannes dreiv som bygningsmann attåt gardsbruket.  Han hadde mange kommunale yrke, var med i skule- og fatigstyre, småbrukarnemndi o. a. og var ein mykje nytta utskiftningsmann.  Han var med i heradstyret 1892 – 1901 og var ein av dei som fyrst gjorde upptaket til jordbrukslag i Osbygdi, s. O. B. 173.  Han døydde i 1932 og kona i 1931. 

Nils Johannesson Haukeland, f. 1882 skøytte farsbruket i 1912.  G. 1912 Metta Lars dtr. indre Moberg, f. 1888.  Born: Marta, f. 1913, Lars, f. 1915, trearbeidar, Johanna, f. 1919, Jorunn, f. 1929.  Nils hev vore bygningsmann likeins som faren og dreiv skogarbeid.  Han hev vore med i skulestyret, likningi o. a., og var med i heradstyret 1920 – 22. 


HAUKELAND 2. 

Rasmus Nilsson Haukeland, f. 1865, kjøpte halve farsbruket av broren Johannes i 1886, og bygde og busette seg her.  G. 1890 Anna Nils dtr. Hjelle, f. 1871.  Born: Nils, f. 1891, g. 1925 Inga Sælen, s. Søfteland 40, Johannes, f. 1893, g. 1922 Klara Johannessen, s. Kuven, Barbru, f. 1895, s. n., Bernhard, f. 1898, g. 1923 Betzy Nordvik, s. Søfteland 28.  Rasmus var trearbeidar.  Han døydde alt i 1905.
Ekkja Anna Nils dtr. stjorna bruket ettermannen døydde og hev drive det radt til no. 

Lars Sveinson Nordal (Søfteland), f. 1890, vart i 1917 gift med Barbru Rasmus dtr. Haukeland, f. 1895, og var busett hjå vermori.  Born: Anna, f. 1918, Solveig, f. 1920, Reidar, f. 1922, Kristi, f. 1924, Leif, f. 1930, Lars, f. 1932. Lars var snikkar og bygningsmann.  Han døydde alt i 1932. 


HAUKELAND 3. (Nesheim). 

Johannes Jonson Haukeland, s. br. 1, skilde denne parten frå, då han selde bruket til sonen i 1912, og var buande her til han døydde. 

Systerne Kristi, Barbru og Jørgina Johannes dtr. Haukeland, s. br. 1, fekk skøyte på dette bruket etter faren i 1912.  Kristi styrer eit mjølkeutsal i Bergen, Barbru er kokke og hev ogso anna arbeid, og Jørgina døydde i 1934.