LYSEKLOSTER

Frå OS SOGA II side 179 – 196


9. LYSEKLOSTER. 

Namnet kjem av ljos, den ljose, og gardsnamnet hev tvillaust upphavet sitt av fjordnamnet.  Inste luten av fjorden hev truleg ein gong havt namnet Lysi.  Då det i 1146 vart skipa kloster her fekk dette namn etter garden att og vart Lysu kloster, seinare Lysekloster.

Uttale: Klø’sster.  
Skrivemåtar: Klostret i Lysa, Lysu kl., Liuse kl., Lysæ, Lyevse, Lywsze, Liewsze, Lieuse, Liuse, Lyse kloster. 

Garden ligg på hallet der Lysedalen skrånar ned mot fjordbotnen.  Den gamle garden låg umlag der tunet ligg no, men i klostertidi var garden knytt til sjølve klostret som låg på dei flate myrane lengre aust i Lysedalen. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: Borgermester Niels Hansen residerer.  Forblifuer 8 løber 1 spand, ei i summa regnet.  1723: Ingen sætter, men skoug til huusenes reparation og fornøden brendefang, een flomqvern til nogen hielp, men ei tilstrechelig til gaardens fornødenhed.  Kold og vaad og vanschelig til korn, maadelig letvunden.  Buegaard: Over mange aar øde for opsiddere, men slaaet og bruges af L. C. H. g. (Lyse Closter Hovedgaard).  Ingen sætter, brendefang og ei videre, ingen qvern eller fiskerie.  Tvet: Ingen opsidder, bruges under L. C. H. g. brendefang og ei videre, ingen qvern eller fiskerie. Lien: Øde og haver været ubrugt og ubeboet over 50 aar.  Brendefang og ei videre, ingen qvern eller fiskerie, field jord og fast iche til nogens ringeste nytte.  Er ingen leilighed til nogen næring, kand ei heller bruges til nogen nytte uden allene til fæbete som den og bruges til under L. C. H. g. saasom den ikke haver kundet blive bebygget og hvilket er aarsagen til aftaget.  
Foranførte 6 platze Buegaard, Tvet, Siøbøen, Kalvetræ, Haallen og Lien er under L. C. H. g. ryddet, men dog hver for sig taxerede og skyldsatte, opsidderne har ingen anden næring end platzernes ringe aufling og dels af arbeide på hovedgaarden.  
1865: Har 280 maal dyrket åger og eng, deraf 100 maal godt, 100 maal middels og resten slet, 180 maal naturlig england, deraf intet godt og lige dele middels og slet, dyrkbart england 100 maal.  Har skov til husbrug og kan sælge for 200 spd. aarlig af furu, birk og eg, føder 6 storfæ ved lyng, skav og løv, er middels letbrugt og almindeligt drevet.  Har 1 vandfald i Friskogen. 

Busetnad og buskap. 

 Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.Skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571         
16681       tun.  
17232 447   29tun  
1800644        
1835948748503920»14tun.
186564295852 323,5»29»
1900315535  3 hl8hl.
1920527519  28,5mål5mål
193032167171 810»6,3»


LYSEKLOSTER 1. 

Lysekloster si soga er medteki i fyrste bandet av bygdeboki, s. O. B. 446 – 493, og me syner til denne.  Som eit tillegg skal me her berre nemna nokre ord um sume av dei som hev arbeidt i klostret gjenom dei siste hundradåri.  Fleire osingar stend i ættesamband med desse. 
I 1563 er det nemnt 4 «bønder» i Lysekloster, Joenn, Siurdt, Mogens og Olluff (Jon, Sjur, Mons og Ola).  Då dei er skrivne som bønder lyt me tru at dei hadde kvar sitt bruk, og truleg sat desse karane som bygslemenn på småbruki Lien, Tveit, Buegarden eller dei andre bruki, som etter meldingi frå 1723 hadde havt brukarar fyrr.  Desse gardane var radt frå midten av 1600 åri rekna som serskilde gardar.  Seinare vart dei nemnde bruki tekne heilt inn under Lysekloster, sjå ogso br. 2 – 7.

Då Lysekloster i 1660 kom over i privat eiga vart det slutt med klosterfutane som er umskrivne i Os soga I.  Men istaden for dei kom det gardstyrarar, forvaltarar, eller som dei attimillom vart nemnde, forpaktarar.  Etter det me kann skyna so dreiv sume av gardstyrarane ogso ein liten part av garden for eigi rekning, med di dei pakta eitt eller fleire av småbruki som låg til garden, t. d. Lien eller Buegarden.  Sume av styrarane kalla seg elles for «fullmegtig». 

Den fyrste gardstyrar som kom i 1660 åri var Nils Rasmussøn, f. ikr. 1647.  Kona heitte Tage Berents dtr., og etter namni å døma var dei truleg frå Danmark.  Nils døydde i 1685. 

Peder Pedersen, f. ikr. 1656, fekk gardstyringi etter Nils.  Fyrste kona hans heitte Sisilie Thyges dtr., sidan vart han gift med ei som heitte Elin eller Ellen.  Frå 1687 til 1705 fekk dei 12 born, og fadrane på desse var mest frå Bergen.  Ein skulde soleis tru at Peder hadde ætti si der.  Han døydde i 1705.

Det var mange arbeidsfolk i klostret i denne tidi.  Frå 1670 til 1700 finn me soleis 14 ymse karar og kvinnfolk frå Lysekloster som var fadrar ein eller fleire gonger desse åri.  Fleire av dei var gifte fyrr eller gifte seg medan dei var i klostret, s. n.
Kven som vart gardstyrar etter Peder Pedersøn er ukjent.  Mikkel Olsen på Lyseklostret gifte seg i 1708 med Dordi Hans dtr., men um Mikkel var gardstyrar veit me ikkje. 

Jakob Olsen var styrar i 1740 åri og døydde i 1746.  Kona hans heitte Magdela Anders dtr. og han hadde tvo smågutar, Ola og Anders, frå 1 til 3 år gamle.  Jakob hadde lagt seg upp mange pengar og hadde mykje innbu i huset.  Ein lyt tru at han, trass bondenamnet, ikkje var berre ein vanleg bonde.  Ein gift mann som heitte Nils var samstundes dreng eller paktar i klostret og hadde fleire born til dåpen i 1740 åri. 

I 1744 vart Lars Sæbøe styrar, eller som han sjølv kalla seg «forvaltar».  Bård Åmundson var «forpaktar» i 1750, men han flutte straks etter til Mobergslien, s. M. 1.  Johannes Andersson vart paktar etter Bård.  Kona heitte Maria Åmunds dir. og dei fekk tvo gutar, Anders og Åmund, i 1750 – 51.  Nils Sjurson i klostret, som var gift med Anna Lars dir., hadde tvo smågutar, Sjur og Lars, til dåpen i 1762 – 64, og Ola Olson som hadde huslyd og fyrr hadde vore brukar på ytre Moberg, s. y. M. 5, var dreng her i 1750 – 1760 åri. 

Mange av dei som var drengj er eller arbeidarar i Lysekloster vart sidan bønder i Osbygdi.  Torkjell Nilsson, som tente her i 1750 – 60 åri, kom til Salbuvik, s. S. 1,  Anders Eivindson, som var dreng her i 1760 åri, kom til indre Drange, s. i. D. 1,  Sjur Johannesson var dreng i 1770 åri og kom til ytre Drange, s. y. D. 1, Johannes Johannesson vart brukar på Tømmernes, s. T. 1, Lars Jonson, som all sin dag var arbeidar i klostret, fekk sonen busett i Søvik, s. S. 5, drengjen Nils Nilsson vart brukar på Ulven, s. U. 2, og Ola Olson, som var paktar her ei tid, fekk bruk i Askvik, s. A. 1.  Begge døtterne åt ein paktar på klostret, Gjertrud og Agneta Johannes dtr., kom til Høyspolen, s. Lysekloster 3.  Far deira var frå Osterøyi.  I seinare tid finn me ogso eit slikt døme, då drengjen Nils Paulson fekk bygsla Gåssand. 

Av andre arbeidarar i Lysekloster som var gifte og busette der kann nemnast: Mons Bjoarvik, s. B. 1, Ola Johannesson, g. Brita Knuts dtr., son Ola, f. 1791, Ola Larsson, g. Kari Anders dtr., son Anders, f. 1797, Mikkjel Jakobson, g. Dordi Tomas dtr., dotter Lisbet, f. 1789, Hans Andersson, g. Marta Ols dtr.,  born Paul, f. 1812 og Ola, f. 1813, Hans Hansson, g. Anna Jons dtr., born Anna, f. 1818 og Anna, f. 1820, Johannes Johannesson, g. Kari Anders dtr., born Synneva, f. 1824 og Johannes, f. 1834. Kannhenda vil me seinare finna at sume av desse vart buande i Osbygdi, og difyr nemner me dei her. 

Fredrik Jakobson Rå frå Fana, f. ikr. 1745, vart gardstyrar ikr. 1775.  G. I. 1776 Marta Johannes dtr. Myrdal, f. ikr. 1750, d. 1806, g. II. 1809 Rakel Markvards dtr. Sandvik frå Kinn.  Dei 4 borni som Fredrik fekk medan han var på Lysekloster vart alle busette i Fana, Fredrik, i. 1777, på Håland, Synneva, g. 1779, på Heidal, Gjertrud, f. 1781, og Anna, f. 1783, begge på Natland.  Fredrik kom upp i mykje musk medan han var på klostret og måtte på tinget rett som det var, for skuldingar mot grannane, formykje turing i brudlaup o. a.  Det hende og at han tok begge drengjene sine med seg når ein av grannane skulde gjevast dugeleg pryl, men då gav dei gjerne litt formykje.  I 1783 kjøpte han garden Håland i Fana og flutte dit, s. F. B. 488.  Han døydde der i 1821. 


Ein som heitte Hauerberg vart «forvaltar» då Fredrik flutte.  Hauerberg var ein strid herremann, og han tukta leiglendingane jamt og samt.  Ingen gardstyrar hadde leiglendingane på tinget so jamt som han.  Ei jomfru Sofie Engen hadde vore hjå han «siden han var barn» og Hauerberg hadde lova henne 100 dalar for det.  Men han var redd for at ho vilde gjeva «en vis person Nils Møllenpris» pengane, og difyr heldt han dei att solenge han livde.  Då han døydde i 1801 krov jomfru Engen pengane i buet. – Ein forvaltar Jersin kom etter Hauerberg. 

Forvaltarane hadde jamt rettsaker på tingi for Lysekloster.  Dei lagde ogso på godseigaren sine vegne saker fram for ålmugen og for styremaktene.  Me skal nemna eit par døme:  I 1790 søkte Wilhelmina Formann, som då åtte Lysekloster, um rett til å byggja ei sag i Sagstadelvi, og det fekk ho løyve til.  I 1806 vart det ei rettsak millom Formann og presten Sandberg um laksefisket i Oselvi, men det enda med forlik.  I åri millom 1800 og 1815 vart vegane Lysekloster – Søfteland og Lysekloster – Ulvenvatnet bygde.  Det hadde fyrr vore ein skrapa veg frå Lysekloster ned til Buena, men i 1836 spurde Formann leiglendingane sine i Vaags skipreide (Sund og Austevoll), um dei no vilde arbeida ein skapleg veg ned her, eller um han skulde leiga folk til arbeidet for deira rekning.  14 leiglendingar sa at dei vilde betala, og 10 sa at dei vilde arbeida sjølv.  Vegen vart bygd av leiglendingane. 

Anders Pederson var «forpakter» i 1780 åri, men kva det var han pakta veit me ikkje.  Ola Johannessen, som er nemnd fyrr, vart skriven som «forpakter» i 1790 åri.  Av drengjene var ein Johannes Olsen i tenesta på klostret radt frå 1780 til 1835 og kannhenda endå lenger.  Han var fødd ikr. 1760. 

Torgils Johannesson Djønne frå Kinsarvik, f. 1810, var dreng her i 1830 åri.  G. I.1833 Kari Nils dtr. Moberg, f. 1802, d. 1834, g. II. Ingebjørg Kjerland.  Torgils fekk tvo born medan han var i Os, Anna, f. 1833, og Johannes, f. 1834. Torgils flutte sidan attende til Djønne og vart buande der til han døydde i 1890. S. Kinsarvikboki 67.  Ætti bur enno på garden. 

Daniel Pederson Halhjem, f. 1813, vart dreng her i 1830 og stod i tenesta radt til han døydde.  G. 1831 Gyri Ols dtr. Hagevik (Hovland), f. 1797.  Born: Marta, f. 1834, g. 1867 Endre Hansson Lunden, b. p. Osøyri, s. Os.  Gyri og dotteri var busette i Åsen etter at mannen døydde. 

Mons Fredrikson Smørås frå Fana, f. ikr. 1816, var paktar her i 1840 åri.  G. 1842 Kari Nils dtr. Almeland frå Fana.  Han fekk 3 born medan han var i Os: Malena, f. 1844, Johanna, f. 1845, g. 1873 Svein Sveinson Sælen, b. Nordvik i Fana, s. F. B. 598, Fredrik, f. 1847, g. Anna Jons dtr. Nordvik, b. Nordvik i Fana, s. F. B. 598.  I 1855 fekk Mons farsbruket på Smørås, og flutte i 1874 til Nordvik og vart sidan buande der, s. F. B. 384 og 598. 

Petter Isak Søvig frå Bergen, f. 1772, vart forvaltar etter Hauerberg og hadde yrket radt til han døydde i 1832.  Ei halvsyster hans Dorthea Lemmichen Schjelderup, f. ikr. 1766, budde hjå han og døydde på Høyspolen i 1826.  Enevold Storm Arntsen, f. ikr. 1774, som hadde vore skrivarkar hjå Søvig vart forvaltar etter han.  Seinare vart ein som heitte Storm forvaltar for klostret. 

Det vart no mindre med gifte folk i arbeid på Lysekloster.  Drengjene og tenestegjentone her var mest unge folk som jamt var stutt tid i tenesta.  Etter at småbruki ikring klostret, Vasberget, Høyspolen o. a., var nedlagte vart det ogso mindre husrom for gifte folk.  Dei ugifte tenarane låg i ei tenarstova som stod i dei gamle klosterruinene og var bygd på murane der.  I ei rettsak frå 1844 fær me greidt vita korleis «tjenerboligen paa ruinerne» såg ut.  Huset, som då var i bruk, var berre på ei høgd, med rom for drengjer og tauser, og låge sengjer for tvo og tvo.  Arbeidstidi var frå kl. 5 um morgonen, då dei ringde med den store klokka heime i tunet, til seint på kvelden.  I 1844 hadde 3 drengjer og 3 gjentor legerplassen sin i huset på ruinene. 

Forvaltar Monssen frå Bergen var styrar på garden i 1860 åri og hadde yrket til frk. Wibecke Nicolaysen overtok eigedomen i 1873.  Steffen Andersson Buskengen, s. Åsen 3, var so gardstyrar eit par år.  Etter han kom Ingebrigt Haldorson Toften frå Strandvik, f. 1851, som styrar og hadde yrket i 5 år.  Han vart gift i 1882 med Anna Nils dtr. Midthus, f. 1858, og dei busette seg på Fusa, der dei kjøpte ein part av prestegarden.  Anna liver enno. 

Joakim Anfindson Skadsem frå Kleppe på Jæren, f. 1857, vart gardstyrar i 1880.  I 1885 fekk han pakta eigedomen, og sidan var det paktarar radt til 1919.  Joakim Skadsem vart gift i 1887 med Margreta Hans dtr. Utgjerdet ved Lysekloster, f. 1856.  Dei fekk fleire born medan dei var i Lysekloster, men dei døydde unge.  Joakim var med å skipa Os Privatbank i 1888 og var med i det fyrste styre der, likeins som han var med i heradstyret og formannskapet 1888 – 90.  I 1890 slutta han som paktar og vart seinare gardbrukar i Bærum.  Margreta døydde tidleg, medan Joakim livde til 1936. 

Laurits Skadsem, som var bror åt Joakim, pakta eigedomen i femårsbolken 1890 – 95.  I næste femårsbolken 1895 – 1900 var Johan Martens frå Bergen paktar.  Han flutte so til Frekhaug i Meland, men vart seinare gardbrukar på Austlandet.  Gjert Arneson Haugsvær frå Masfjorden var paktar til 1909, då han flutte attende til Masfjorden og tok farsgarden.  Etter han kom Paul Olson Lilletvedt frå Fana som var paktar til 1919.  Han flutte då attende til Fana og kjøpte seg seinare gard på Gimmeland i heimbygdi. 

Då det kom ny eigar på Lysekloster i 1919 vart det slutt med paktingi ei tid, og eigedomen vart stjorna ved gardstyrarar.  Den fyrste av dei var Arne Ingvollstad frå Voss, som var styrar til 1921. Bertin Engjelson Søvik hadde so styraryrket til 1925, då han flutte heimatt til Søvik og tok farsbruket, s. S. 2. 

Nils Erikson Flesland frå Fana, f. 1887, pakta eigedomen i 1925 og er der enno.  G. 1924 Ingeborg Elisabet Nils dir. Urheim frå Fana, f. 1889.  Born: Eirik, f. 1925, Bjørn, f. 1926, Gaute, f. 1927, Marta, f. 1930, Helga, f. 1933. 


LYSEKLOSTER 2. (Rindedalen). 

Peder Paulson «Smed», f. ikr. 1709 bygsla i 1757 eit stykke av «klostrets bøemark som kaldes Rindedalen», og vart fyrste buande mann her.  Som namnet segjer var han smed, og plassen var heretter jamnast kalla «Smeadalen».  For bygsla skulde han svara 1 daler og 4 ort um året, umlag eit halvt kuverd.  Då Peder kom hertil var han gift med ei som heitte Anna Ols dir., f. ikr. 1707.  Dei hadde ei dotter Lisbet, f. ikr. 1740, s. br. 4.  Korkje Peder eller Anna var frå Os.  Anna døydde i 1767 og Peder gifte seg att året etter med Anna Ols dtr. ytre Tuen, f. 1719, som var ekkja etter Ola Lysøy, s. L. 1.  Peder streva hardt for å greida seg, og då han i 1787 vart kravd for ei tunna korn som han hadde fenge av «undsetningskornet», (korn, som trengj ande huslydar fekk av styremaktene i uårsbolken ikring 1780), so vitna ålmugen på tinget at «Peder smed er gammel og skrøbelig og ide fattigste omstændigheder».  Han døydde i 1789 og siste kona i 1800. 

Lars Olson Børsheim frå Strandebarm, f. 1737, bygsla bruket i 1786.  Lars vart ogso skriven for «Lars smed» og var truleg i ætt med Peder.  G. I. 1765 i Strandebarm med Anna Ols dtr. Bru frå Strandebarm, f. 1730.  Dei hadde desse borni med seg då dei kom til Os: Anna, f. 1765, g. 1788 Paul Ulven, s. U. 1, Ola d. e., f. 1767, Ola d. y., f. 1769, d. ug. 1797, Lars, f. 1774, s. n., Torbjørn, f. 1779.  Anna døydde i 1787, og Lars gifte seg att året etter med Anna Torgeirs dtr. Augestad frå Jondal, f. ikr. 1740.  Lars var smed likeins som fyremannen og sat godt i det.  Han hadde mykje smidjereidskap, og smidjestedet og skruestikka hans var kvar verd 3 dalar (eit heilt kuverd).  Han åtte noko av husi på bruket sjølv, soleis staburet og eldhuset.  Av stova som han budde i åtte han langsidone og taket, medan godseigar Formann åtte sperrone og begge gavlane i huset.  Golvet var berre jordgolv so det høyrde truleg til grunnen under stova.  Då Lars var død selde arvingane staburet og eldhuset til Formann, men korleis det gjekk med langsidone i stova veit me ikkje.  Lars døydde i 1804 og kona i 1803. 

Lars Larsson Rindedalen, f. 1774, vart brukar etter faren og fekk feste på bruket i 1807.  G. 1803 Ingeborg Anders dtr. Kalvetræ, f. 1769.  Dei fekk 6 born på 5 år, m. a. eit tvillingpar, men berre yngste dotteri Brita, f. 1809, vaks upp, s. n.  Lars stod seg tolleg godt.  Han var smed likeins som faren, men um vintrane var han likeins som andre osingar ute i vårsildfisket, og der kom han burt på sjøen saman med tri av grannane «galnemåndagen» 11. mars 1822. 
Ekkja Ingeborg Anders dtr. stjorna so bruket i 8 år.  Ho døydde i 1832. 

Peder Monsson Halhjem, f. 1789, vart i 1830 gift med Brita Lars dtr. Rindedalen, f. 1809, og fekk festa bruket etter vermori.  Born: Lars, f. 1830, drukna på Bjørnafjorden i 1840 saman med Ola Tøsdal og Knut Lyssand, Kari, f. 1832, d. ung.  Peder og Brita døydde begge av ei stygg smittesykja i 1832. 

Lars Paulson, f. ikr. 1796, og kona Maria Engjels dtr., f. ikr. 1794, vart brukarar då Peder døydde.  Kven dei var og kvar dei kom frå veit me ikkje.  Truleg var dei frå Hardanger, då dei hadde pant i garden åt Steffen Bakke.  Dei fekk 3 born medan dei budde her, men berre dotteri Barbru, f. 1835, vaks upp.  Ho flutte til Fana i 1855.  Lars og Marta døydde begge i 1844. 

Ola Monsson Nordvik, f. 1805, som fyrr hadde vore busett på Sørstraumen, pakta bruket då Lars døydde.  G. I. 1838 Guro Torkjells dir. Sørstraumen, f. 1800, d. p. barseng 1841, g. II. 1843 Anna Nils dtr. Lunde, f. 1810.  Einaste barnet åt Ola døydde i 1841 samstundes med mori.  Ola dreiv fiske og anna arbeid.  Han døydde i 1870 og kona i 1868. 

Ola Halvardson Lunde, f. 1838, vart brukar i 1870.  G. 1864 Henrikka Nils dtr. Holen, f. 1833.  Born, Halvard, f. 1866, dreng ved Bergen, d. ug., Unna, f. 1870, g. Emil Berentsen, arbeidar ved Bergens mek. verkstad, Anna, f. 1875, g. Lars Larsen, arbeidar ved Bergens mek. verkstad.  Ein gut døydde ung.  Ola arbeidde på hovudbruket i Lysekloster attåt sitt eige bruk.  I 1881 reiste han til Bergen der han tok arbeid på Bergens mek. verkstad. 

Nikolai Hansson Utgjerdet (Lysekloster), f. 1872, bygsla bruket i 1899.  G. I. 1896 Anna Martinussen, f. p. Evanger 1871, d. 1911, g. II 1912 Sina Jons dtr. Haugsvær frå Masfjorden, f. 1880.  Born: Hans, f. 1896, sjømann, d. i Amerika 1918, Karl, f. 1899, sjauffør i Bergen, g. Anna Elias dtr. Drange, Magnus, f. 1902, sjauffør, b. Oslo, Anfin, f. 1907, sjauffør, g. Matilda Hans dtr. Bjoarvik, b. Osøyri, Anna, f. 1913, Jon, f. 1914, trearbeidar, Malena, f. 1917, butikgjenta.  Nikolai hadde vore hagearbeidar o. a. fyrr han kom til Rindedalen.  Seinare var han i arbeid på hovudbruket når han ikkje var uppteken med sitt eige gardsbruk. 


LYSEKLOSTER 3. (Høyspolen). 

Johannes Larsson Lien, f. 1727, festa i 1761 eit jordstykke som var kalla «Høyspolen» av Lysekloster hovudgard.  Bruket vart ogso jamt skrive for «Eisbolet».  I feste skulde Johannes leggja 10 dalar og svara 3 dagsverk um året.  Stova på bruket åtte han sjølv, med di han betalte 12 dalar for henne til godseigar Formann.  Dei andre husi på tunet åtte Lysekloster.  G. 1760 Anna Johannes dtr. Nordstraumen, f. 1727.  Born: Lars, f. 1760, s. n. Johannes dreiv mykje med fiske og greidde seg tolleg godt.  Han var elles ein vyrd mann i grendi, og døydde i 1790. 
Ekkja Anna Johannes dtr. stjorna so bruket ei tid. 

Lars Johannesson Høyspolen, f. 1760, vart brukar saman med mori i 1791.  G. 1792 Berta Maria Peders dtr. frå Sogndal, f. ikr. 1760.  Born: Johannes, f. 1794, Anna, f. 1797, Guro, f. 1799. Ein gut døydde ung.  Lars dreiv fiske likeins som faren, og var m. a. med i det båtlaget under vårsildfisket 1783, som Ola Holen var bas for, s. Holen 1.  Lars greidde seg tolleg godt, men han måtte i fleire år bu i tingstova på Buena, då det ikkje var rom for både mori sitt folk og han i den vesle stova heime på Høyspolen.  Lars døydde alt i 1799, og ekkja vart i nokre år etter verande på Buena.  Ikring 1806 flutte ho med borni frå bygdi, og me veit ikkje kvar det vart av dei.  
Ekkja Anna Johannes dtr. vart so åleine brukar att då sonen døydde i 1799.  Ho hadde bruket til 1807, då ho flutte til tingstova på Buena som sonekona nett hadde flutt ut or.  Her døydde ho i 1809. 

Daniel Hansson Forstrønen, f. 1783, pakta bruket etter Anna.  G. 1807 Brita Ols dtr. Holen, f. 1786.  Born: Hans, f. 1809, g. 1838 Kristi Nordstrønen, s. Kuven 3.  Daniel var fiskar likeins som fyremennene.  I 1822 var han som vanleg i vårsildfisket, og den 11. mars, «galnemåndagen», kom han og heile båtlaget hans burt på sjøen. 
Ekkja Brita Ols dtr. hadde so bruket eit års tid. 

Lars Henrikson Kuven, f. 1792, gifte seg i 1823 med ekkja Brita Ols dtr. og vart brukar her.  I 1826 flutte han til Kuven, s. K. 3 og 6, der ein finn meir um han og huslyden. 

Bagge Johannesson Lyssand, f. 1798, pakta bruket i 1826.  G. 1826 Gjertrud Johannes dtr. Klosteret, f. 1793.  Han flutte alt året etter til Molda og sidan til Klyva, s. K. 1, der ein finn meir um han. 

Jon Pederson Utgjerdet (Lysekloster), f. 1796, som var gift med syster åt Gjertrud, hadde festa bruket i 1826, men let verbroren ha det til han tok det sjølv året etter.  G. 1821 Agneta Johannes dtr. Klosteret, f. 1800.  Born: Ingjerd, f. 1822, g. Samson Sørenson Engjavik i Fana, s. F. B. 510 – 11, Kristina, f. 1824, d. ung. Peder, f. 1827, g. I. 1858 Guro Jons dtr. Hauge, g. II. 1866 Kristina Jons dtr. Hauge, g. III. Kari Ols dtr. frå Lysekloster, b. Bahus i Fana, s. F. B. 510, Agneta, f. 1829, g. 1851 Jan Salbuvik, s. S. 1, Kristina, f. 1832, g. 1872 Steffen Buskengen, s. Åsen 3, Johannes, f. ikr. 1835, g. Brita Ols dtr. Fortunet, b. Bahus, s. F. B. 510, Johanna, f. ikr. 1837, g. Lars Olson Fortunet, b. Austevoll i Fana, s. F. B. 518.  I 1829 flutte Jon med huslyden til Bahus i Fana og busette seg der, s. F. B. 510. 

Svein Larsson Gåssand, f. 1792, pakta bruket då Jon flutte i 1829.  G. 1826 Lisbet Nils dtr. Bø, f. 1800.  I 1831 flutte Svein til Sælen, s. S. 2, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Eivind Sjovatson Eidsvik (ytre Drange), f. 1795, pakta bruket då Svein flutte.  Alt året etter flutte Eivind til Ulven og sidan til ytre Drange, s. y. D. 3, der ein finn meir um han og huslyden. 

Samson Hansson Ulven, f. 1806, pakta bruket i 1832. G. 1830 Anna Nils dtr. Storum, f. 1798.  I 1838 vart Høyspolen lagt inn under hovudbruket, og Samson måtte då flytja burt.  Han fekk so bygsla eit bruk på Ulven, s. U. 6, der ein finn meir um han.  Stova på Høyspolen vart no brukt som tingstova, med di tingi for Lysekloster vart haldne her nokre år framover.  Huset som var utvida i dei siste åri var 17½ X 12 alner i storleik, hadde tvo stovor, tvo kammers eller kover og eit kjøken i nedste høgdi, og ovanpå var det eit arkrom og eit gjesterom.  Alle romi hadde vindaugo og det var tvo kakkelomnar i huset.  Det hadde ogso fenge pannetak no. 


LYSEKLOSTER 4. (Vasberget). 

Sjur Sjurson busette seg her i 1761.  Det heiter um det i festeboki: «Sjur har 1761 fæstet de 2de Vasberge af hovedgaarden, som ere ud-mærkede.  Alle huse tilhører jordeparten og ikke ham».  Kvar Sjur var frå veit me ikkje.  Han var gift med Lisbet Peders dtr. Rindedalen, f. ikr. 1740.  Born: Sjur, f. 1760, Peder, f. 1761, Magdela, f. 1764, f. 1766.  Sjur sat sverande smått i det.  Han døydde alt i 1767, og ekkja flutte seinare burt med borni sine.  Me veit ikkje kvar det vart av dei. 

Peder Nilsson Bø, f. 1742, festa bruket då Sjur døydde.  G. I. 1767 Kristi Alvs dir. Holen, f. 1744, d. 1777, g. II. 1783 Marta Helges dtr., g. III. 1808 Brita Torbjøms dtr. Meland frå Kinsarvik, f. 1757, d. 1838.  Born: Lisbet, f. 1770, g. 1792 Odd Jonson Vines, b. Kvandal i Kinsarvik, s. Kinsarvikboki 125.  Ei gjenta døydde ung.  I 1779 flutte Peder med huslyden til Kinsarvik og vart buande på garden Svarttveit, s. Kinsarvikboki 208.  Han døydde her i 1823. 

Nils Kristenson Buskengen (Lysekloster), f. 1738 p. Nedre Vik i Kvam, festa bruket i 1779.  G. I. 1771 Brita Nils dtr. Stue frå Kvam, f. 1754, d. 1790, g. II. 1790 Brita Asbjørns dtr. nedre Vik frå Kvam, f. 1754.  Born: Sigrid, f. 1772, trulova i Fana 1801 med Ola Larsson Sæle frå Fana, Nils d. e., f. 1773, d. 1791, Kristen, f. 1777, g. 1802 Marta Peders dtr. Dalland frå Tysnes, Ola, f. 1782, Ingjerd, f. .1784, Nils d. y., f. 1787, s. br. 6, Brita, f. 1791, s. br. 6, Ragnhild, f. 1794, g. 1818 Vinsjans ytre Haugland, s. Søvik 4.  Tvo born døydde unge.  Nils greidde seg tolleg godt trass den store huslyden sin.  Han døydde i 1821 og siste kona i 1817.  Etter han fall bruket attende til hovudbruket. 


LYSEKLOSTER 5. (Utgjerdet). 

Åmund Pederson Bø, f. 1718, busette seg her i 1765, og i 1777 fekk han bygsel på bruket.  Han hadde fyrr havt eit bruk på Lyssand, s. L. 4, og ffrå 1754 hadde han vore brukar på Tømmernes, s. T. 1.  G. 1740 Herborg Pauls dtr. Lyssand, f. 1717.  Born: Peder, f. 1752, d. ug. 1792, Agata, f. 1760, ug.  3 born døydde unge.  Det var svert smått for Åmund og han og kona måtte få hjelp på sine gamle dagar.  Då han i 1785 vart kravd for skuld til Formann og etter pengar for «undsetningskornet», s. br. 2, so vitna ålmugen på tinget at «Aamund er nu saa svag at han ikke kan tigge, men konen tigger for dem begge».  Åmund døydde i 1790 og Herborg i 1801. 

Peder Albrigtson Grindevoll, f. 1755, bygsla bruket i 1788.  G. 1781 Kristi Pauls dtr. Molde, f, 1757.  Born: Paul, f. 1787, s. n., Ragnhild, f. 1790, s. br. 6, Albrigt, f. 1791, g. 1821 Guro Grindevoll, s. ytre Moberg 1, Kari, f. 1793, g. 1819 Anders Kalvetræ, s. K. 1, Jon, f. 1796, s. br. 3, Peder, f. 1800, g. 1827 Maria Winqvist, s. Salbuvik 1.  Peder dreiv med fiske likeins som grannane.  Han døydde alt i 1816. 
Ekkja Kristi Pauls dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho døydde hjå versonen i Salbuvik 1838. 

Paul Pederson Utgjerdet, f. 1787, vart brukar etter mori i 1820.  G. I. 1820 Brita Nils dtr. Borgen, f. 1799, d. p. barseng 1829, g. II. 1830 Kari Nils dtr. Borgen, f. 1804.  Born: Brita, f. 1829, g. 1862 Ola Hagevik, s. Hovland 3, Marta, f. 1831, g. Hans Johnsen, timbermann i Bergen, Kristi, f. 1834, ug., d. p. Gåssand 1906, Peder, f. 1836, d. ug., Nils, f. 1841, g. 1865 Barbru Tømmernes, s. Gåssand 1.  Tvo born døydde unge.  Paul sat tolleg godt i det.  I 1830 flutte han til Kismul i Fana, s. F. B. 566, der han hadde gard til 1854.  Han flutte då attende til Utgjerdet, men døydde her alt året etter.  Kona døydde på Gåssand i 1887. 

Anders Andersson Steinsland frå Samnanger, f. 1805, som var dreng på Lysekloster, vart no buande på Utgjerdet nokre år og stellte bruket.  G. 1834 Anna Ols dtr. Holen, f. 1807.  Dei fekk desse borni medan dei var her: Anna, f. 1834, Marta, f. 1836, Anders og Ola (tvillingar), f. 1838, Olina, f. 1840 og Kristoffer, f. 1842.  I 1844 flutte dei til Formann sin gard på Stedje i Sogn og vart sidan buande på nedre Hagen i Sogndal. 

Ola Olson Sælen, f. 1816, festa bruket i 1844.  G. 1843 Brita Nils dtr. Buskengen (Lysekloster), f. 1817.  Born: Brita, f. 1843, Kari, f. 1845, g. 1875 Knut ytre Moberg, s. y. M. 6.  Tvo born døydde unge.  Brita døydde på barseng i 1848, og Ola flutte i 1849 til Fana, der han same året vart gift med Johanna Vinsjans dtr. Nordvik og vart buande i Nordvik, s. F. B. 599.  Her døydde Ola alt i 1857. 

Hans Nilsson Holen, f. 1824, pakta bruket då Ola flutte.  G. 1849 Marta Hans dtr. Nordvik frå Fana, f. 1828.  Born: Hans, f. 1849, kommunearbeidar i Bergen, g. 1872 Berta Ols dtr. Kronstad frå Årstad, Nils, f. 1851, g. 1875 E. Maria Simons dtr. Ferstad, var kommunearbeidar i Bergen, Malena, f. 1854, g. 1877 Lars Kalvetræ, s. K. 1, Margreta, f. 1856, g. 1887 Joakim Skadsem, s. br. 1, Agneta, f. 1859, g. 1894 Kristian Nordvik, s. Gåssand 2, Magne, f. 1864, d. 1890, Annanias, f. 1867, g. 1889 Lina Jakobs dtr. Samdal frå Fana, er kommunearbeidar i Bergen, Martin, f 1869, gardsdreng i Lysekloster, Nikolai, f. 1872, br. 2.  Tvo born døydde unge.  I 1876 vart Utgjerdet lagt attende til hovudbruket og Hans flutte då til Kalvetræ, s. K. 1. 


Hans Hansson Ulven, f. 1846, var busett hjå Hans Utgjerdet frå 1870.  G. 1871 Dordi Peders dtr. Bahus.  Dei fekk tvo born medan dei budde her: Hans, f. 1872, Peder, f. 1873.  Hans var skomakar, og då han i 1876 måtte flytja herfrå likeins som dei andre på bruket dreiv han sidan skomakarverksemd i Bergen. 


LYSEKLOSTER 6. (Buskengen). 

Kristen Olson Nedre Vik frå Kvam i Hardanger, f. 1701, kom i 1768 hertil med kona, born og borneborn, og bygde og busette seg på eit jordstykke «Buskengen», som han festa av klostret.  G. 1724 Sigrid Sjovats dtr. Tjosås frå Kvam, f. 1699.  Born: Ola, f. ikr. 1730, s. n., Elseborg, f. ikr. 1732, g. 1770 Engjel Nesbjør, s. Bø 8, Sjovat, f. ikr. 1735, g. 1764 Herborg Århus, s. ytre Drange 4, Nils, f. ikr. 1738, s. n. Lars Ferstad, s. F. 1, var truleg ogso son hans.  Kristen fekk berre feste men ikkje bygsel på bruket.  Han døydde i 1783 og kona i 1786. 

Ola Kristenson Buskengen, f. i Nedre Vik ikr. 1730, vart brukar saman med faren og fekk bygsla bruket i 1777.  G. 1756 Eli Ols dtr. Børve frå Kvam, f. ikr. 1735.  Dei hadde fleire born med seg til Os, men me veit ikkje kor mange det var eller kva dei heitte.  Etter at dei kom hertil fekk dei sonen Ola, f. 1768.  Ola var ein vyrd mann, var lagrettemann, takstmann og i 1781 vart han ogso fyrebils tilsett som lensmann for Lysekloster.  Ola kom i strid med Formann og gardstyraren på Lysekloster, med di ein son hans hadde rota seg burt i den soga som Kristi Nordstraumen måtte svida for, s. N. 1, og difor flutte han frå bruket og bygdi i 1782.  Det siste han gjorde her var å byggja ny kvern til bruket.  Han busette seg no på Byrkjeland i Austevoll, der han døydde etter 1800.  Kona flutte då attende til ætti si i Os og døydde her i 1817. 

Nils Kristenson Buskengen, f. p. nedre Vik ikr. 1738, som var bror åt Ola og hadde bruket på Vasberget, s. br. 4, tok ogso over dette bruket då Ola flutte.  Nils busette seg no på Buskengen.  I dei fyrste åri dreiv han berre som paktar, men i 1791 fekk han bygsla bruket.  For dette skulde han svara 6 dagsverk um året.  Sjå um han og huslyden under br. 4. 

Lars Olson Økland, f. 1789, vart i 1815 gift med Brita Nils dtr. Buskengen, f. 1791, og fekk festa bruket etter verfaren saman med verbroren, s. n.  Born: Brita, f. 1815, g. 1843 Simon Erikson Balland, Synneva, f. 1821, g. 1846 Rasmus Nordstraumen, s. N. 1, Ola, f. 1824, g. 1847 Marta Størks dtr. Lepsøy, b. Rød i Fana, s. F. B. 621, Ragnhild, f. 1826, g. Jørgen Vinsjansson Bakervik (Nordvik) i Fana, s. F. B. 601, Engjel, f. 1828, g., b. i Bergen.  Tvo born døydde unge.  I 1830 flutte Lars med huslyden til Rød i Fana, der han sidan vart buande, s. F. B. 621. 

Nils Nilsson Buskengen, f. 1787, som var bror åt Brita, festa bruket saman med verbroren i 1815.  G. 1814 Ragnhild Peders dtr. Utgjerdet (Lysekloster), f. 1790.  Born: Peder, i. 1815, g., b. i Fana, Brita, f. 1817, s. br. 5, Kristi, f. 1819, Nils d. e., f. 1820, Albrigt, f. 1822, Paul, f. 1824, Nils d. y., f. 1826, d. ung, Ragnhild, f. 1828, Kristian, f. 1830, g. Kari Nils dtr. Lepsøy, fekk bruket etter faren på Krokeid.  I 1816 vart Nils tilsett som skyss-skaffar i Lysefj orden.  I 1835 flutte han med huslyden til Krokeid i Fana, der han vart buande til han døydde i 1874, s. F. B. 605. 

Nils Olson Holen, f. 1799, som hadde bruk i Holen pakta no ogso dette bruket i 10 år.  Sjå um Nils under Holen 1. 

Sjur Monsson Reigstad frå Samnanger, f. 1819, pakta bruket i 1845.  G. 1845 Marta Anders dtr. Kalvetræ.  I 1848 flutte han til Nordstraumen, s. N. 2. der ein finn meir um han. 

Ola Olson Skogen, f. 1817, pakta bruket etter Sjur.  G. 1844 Olina Kristens dtr. Tveit, f. 1821.  I 1851 flutte han til Kuven, s. K. 9, der ein finn meir um han og huslyden. 

Nils Tomasson, gift med Barbru Ols dtr., vart paktar i 1851.  I 1854 flutte dei til Fana som kannhenda var heimbygdi deira.  Dei var ikkje frå Os. 

Anders Steffenson Bø, f. 1818, bygsla bruket i 1854.  Han var busett i Buskengen i 1840 då Nils Holen og Sjur Reigstad var paktarar, var so i nokre år dreng på Hauge, og kom no attende til Buskengen.  G. 1843 Olina Eivinds dtr. Sjøbøen, f. 1816.  Born: Steffen, f. 1843, g. 1872 Kristina Bahus, s. Åsen 3, Hans, f. 1851, uppkjøpar, g., b. i Bergen, Eivind, f 1854, g. Sigrid Lars dtr. Tveitåsen, b. Tveitåsen, (Storetveit) i Fana, s. F. B. 170, Brita, f. 1856, ug., b. Bergen, Kari, f. 1861, g., b. Bergen, Anna, f. 1863, b. Bergen.  Då Buskengen ikr. 1875 vart teken inn under hovudbruket att måtte Anders flytja burt, og han og kona vart sidan buande hjå sonen i Åsen.  Han døydde der i 1904 og kona i 1890. 


LYSEKLOSTER 7. (Tveitane). 

Vinsjans Hansson Borgen, f. 1829, som fyrr hadde vore dreng i Lysekloster, fekk i 1861 pakta eit jordstykke her, «Tveitane».  Vinsjans hadde siste året vore paktar på Molda, s. M. 2.  G. 1858 Ingeborg Daniels dtr. Sjøbøen, f. 1825. Dei fekk 4 born medan dei var i Os: Daniel, f. 1859, Hans, f. 1860, Vinsjans, f. 1861, Maria, f. 1863.  I 1868 flutte Vinsjans til Kronstad ved Bergen, der han vart arbeidar i eit jarnstøyperi. 

Peder Andersson Halhjem, f. 1829, pakta bruket då Vinsjans reiste.  G. 1857 Karta Nils dir. Lepsøy, f. 1817.  I 1872 flutte Peder til Bergen, der han vart arbeidar i ein fabrikk på Møllendal.  Seinare kom han attende til Os og vart brukar på Røykenes, s. R. 1, der ein finn meir um han og huslyden. 

Brita Pauls dir. Utgjerdet (Lysekloster), f. 1829, som hadde vore gift med Ola Hagevik, s. Hovland 3, pakta bruket etter Peder.  I 1877 vart ho gift att med Nils Jonsholmen, s. Lysøy 2, og flutte då frå Tveitane.  Bruket fall då attende til hovudgarden.