LYSØY
Frå OS SOGA II side 231 – 236
16. LYSØY
Lysøy er, som namnet segjer, øyi som ligg i Lysefjorden.
Uttale: Lysøio.
Skrivemåtar: Lysøen (1670), Liusøen (1700, 1723).
Øyi ligg i Lysefjorden nær landet på sørsida, og tunet er bygt på austsida av øyi mot fjordbotnen. Garden, som attimillom berre vart rekna for ein plass, er truleg uppteken frå Søvik eller Drange. Lysekloster åtte øyi tildess Ole Bull kjøpte henne i 1872.
Or gamle matriklar og meldingar:
1723: Ingen sætter, har fornøden skoug til huusreparation og brendefang af L. C. H. g., hvor under den er opryddet for 50 aar siden.
1865: Er plads, har kun 1 maal dyrket åger og eng som er middels, 6 maal naturlig england, deraf kun 1 maal godt, 4 maal middels og 1 maal slet, 2 maal england kan dyrkes, har skov til husbrug og kan sælge furu for 1 spd., er meget lyng og kan føde 1 ungnød derved, er meget letbrugt og almindelig drevet, har en 4 maal stor myr til at dyrke.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | |||||||||||
1668 | |||||||||||
1723 | 1 | 3 | 1 | tun | |||||||
1800 | 1 | 2 | |||||||||
1835 | 1 | 3 | 2 | 4 | 0,5 | » | 0,3 | tun. | |||
1865 | 2 | 15 | 3 | 15 | 1 | » | 1 | » | |||
1900 | 3 | 14 | 2 | 7 | hl. | 4 | hl. | ||||
1920 | 2 | 5 | 3 | 4 | 1 | mål | 0,6 | mål | |||
1930 | 3 | 15 | 4 | 3 | 1 | » | 1,5 | » |
LYSØY 1.
Jon Lysøy, f. ikr. 1625, var brukar her i 1670, og er fyrste mann som me finn på garden. Korkje i manntalet 1666 eller matrikulen 1668 er det nemnd nokon brukar i Lysøy, og me lyt difor tru at Jon var flutt hertil i 1669 eller 1670 og er fyrste rydjingsmannen her. Kona som heitte Brita var fødd ikr. 1635. Dei hadde ein son, Ola, f. 1670, s. n. Kvar Jon og Brita var frå veit me ikkje. Jon døydde i 1695.
Anders Albrigtson øvre Rød, f. ikr. 1643, vart brukar etter Jon. Han hadde ei tid havt farsbruket på Rød og sidan 1688 vore brukar på Hetleflåten. G. 1669 Kari Peders dtr. Berge, f. 1650. Kari døyde ikr. 1695, og Anders flutte so til Lysøy og gifte seg att med ekkja Brita Lysøy. Brita døydde i 1709 og Anders flutte då attende til Rød, der han døydde i 1721. Sjå um han og huslyden hans under øvre Rød 1.
Ola Jonson Lysøy, f. 1670, bygsla bruket i 1706 etter mori og stykfaren. G. I. 1706 Anna Jons dtr., som då tente på ytre Drange, f. 1678, d. 1712, g. II. 1712 Kari Lars dtr. Lepsøy, f. 1670, d. p. barseng 1713, g. III. 1714 Marta Ols dtr., som tente i Lysekloster, f. ikr. 1690. Born: Jon, f. 1707, Sander, f. 1708, Ola, f. 1715, s. n. Dei tvo eldste gutane døydde i 1712 samstundes med mori. Ola streva hardt for å greida seg, men det gjekk på ei vis. Då skiftet vart halde etter andre kona i 1713 hadde han merkeleg nok ikkje sjøreidskaper, so han dreiv nok lite fiske. Men jordi stellte han med, for han hadde ein stut, tvo kjyr og tvo kvigor i fjoset.
Ola døydde i 1742, medan Marta livde til fram i 1750 åri.
Ola Olson Lysøy, f. 1715, bygsla bruket då faren døydde. G. 1752 Anna Ols dtr. ytre Tuen, f. 1719. Born: Ola, f. 1753, Marta, f. 1755, Guro, f. 1757. Ola greidde seg ikkje i Lysøy, og i 1758 flutte han burt med huslyden. Me finn han ikkje att i Osbygdi, men i 1768 var han død, for då kom ekkja hans attende til Os og vart gift med Peder Rindedalen, s. Lysekloster 2.
Jon Andersson Solås frå Hålandsdalen, f. 1709, og kona hans Brita Nils dtr. Tveitnes, f. 1708, flutte til Lysøy i 1759 og tok bruket etter Ola. Dei var gifte i 1741, og kvar dei no kom frå veit me ikkje. Brita døydde i 1775, og Jon gifte seg att same året med Marta Nils dtr. Boga frå Fusa, f. 1736. Jon hadde ikkje born. Han sat svert smått i det og skulda mykje meir enn han åtte. Han døydde i 1783.
Ekkja Marta Nils dtr. hadde so bruket eit års tid.
Lars Albrigtson Særvoll, f. 1756, bygsla bruket i 1784 for berre tvo år, med den grunngjeving at han i den tidi vilde sjå på ekkja Marta Nils dtr., og vonleg gifta seg med henne. I 1785 vart dei gifte, og året etter bygsla han bruket for livetidi. Marta døydde i 1824 og Lars gifte seg att året etter med Marta Jons dtr. Søvik, f. 1783. Lars sat like smått i det som fyremannen, og syster hans Anna Særvoll tente hjå han i heile 30 år utan å få ein skjeling i løn. Då han fekk andre kona si vende lukka seg, for kona hadde lagt upp pengar. Det gjekk framover, og i dei siste åri greidde Lars seg godt. Han dreiv mykje med fiske saman med broren Anders, som var skulehaldar i bygdi og budde hjå han, men som ogso var fiskar når han ikkje heldt skule. Lars døydde i 1829.
Ekkja Marta Jons dtr. hadde so bruket i heile 10 år. Ein arbeidar i Lysekloster, Jan Amundson og kona Kristi Ols dtr., budde hjå henne i 1840 åri. Jan og Kristi hadde ei dotter Brita, f. 1844, g. 1872 Eivind Bjørnerøy, s. Balland 4.
Ola Pederson, f. ikr. 1799, vart i 1839 gift med ekkja Marta Jons dtr. og bygsla bruket i 1844. Ola tente på indre Haugland då han vart gift, men han var ikkje fødd i Os og me veit ikkje kvar han var frå. Ola dreiv fiske likeins som fyremennene. Då han ein dag fyre jol 1864 var uppe i skogen på timberhogst fall ei fura over han og tok livet hans. Kona døydde tvo år etter.
Ola Bårdson Hildersmark frå Samnanger, f. 1838, vart brukar då Ola Pederson fall burt. Han hadde fyrr vore busett nokre år i Sund. G. 1864 Ingeborg Nils dtr. Bergstø (Søfteland), f. 1842. I 1872 kjøpte Ola eit bruk på ytre Moberg, s. y. M. 7, og flutte dertil, men namnet «Lysøy*Ola’n» hadde han sidan alle sine dagar. Sjå meir um han ytre Moberg 7.
Jon Sveinson Sælen, f. 1838, pakta bruket i 1872. Han hadde fyrr vore paktar på Sagstad i Fana og i Holelien, s. Holen 2. Då han i 1876 ikkje fekk pakta meir avdi eigaren sjølv vilde nytta bruket flutte han til Øvreide, s. Ø. 2, og vart sidan buande der. G. 1867 Magdela Torkjells dtr. Holelien (Holen), f. 1845. Ein vil firma meir um Jon og huslyden hans under Øvreide 2.
Ole Bull kjøpte Lysøy i 1872 for 600 spd. og bygde det store huset som stend på øyi. Ole Bull er so verdskjend og det er skrive so mange og tjukke bøker um han, at me treng ikkje å nemna noko um han her. Han døydde på Lysøy i 1880.
Ole Bull skøytte eigedomen i 1873 til verfar sin Joseph G. Thorp i Madison, U. S. A., og han skøytte den atter i 1876 til dotterdotter si, yngste dotter åt Ole Bull, Sara Olea Bull, f. 1871. Ho vart gift i 1894 med ein amerikansk advokat Henry G. Vaughan, og var busett i Amerika, men var jamt på Lysøy um sumrane. Olea Bull hadde ikkje born, men ho hadde ei fosterdotter Sylvia og fostermon testamentera Lysøy til henne i 1911. Det vart noko strid um Sylvia kunde få eigedomen, då ho var ei amerikansk gjenta, men i 1920 avgjorde riksstyret at Sylvia Bull Vaughan var rett eigar av Lysøy. Ho tok i 1929 namnet Shapleigh istadenfor Vaughan, men hev sidan atter fenge nytt namn, med di ho i 1932 vart gift med Mortimer B. Smith som ogso er amerikanar. Sylvia Bull Smith eig soleis Lysøy no.
Etter at Ole Bull overtok Lysøy vart bruket stjorna ved gardstyrarar. Haldor Jonson Nordvik frå Fana, f. 1849, vart gardstyrar i 1877 og hadde yrket radt til 1907. G. 1873 Malena Hans dtr. Krokeid frå Fana, f. 1844. Born: Johanna, f. 1874, g. 1896 Peder indre Drange, s. i. D. 2, Malena, f. 1877, g. 1897 Anders Søvik, s. S. 9, Kari (Kaja), f. 1879, g. 1903 Nils Særvoll, s. Bø, Karl, f. 1881, g. 1908 Malena Haugsvær, s. Søfteland 22, Hilda, f. 1887, g. 1908 Ingebrigt ytre Drange, s. y. D. 9. Haldor døydde i 1910 og Malena flutte sidan til Drange, der ho døydde i 1936.
Karl Haldorson Lysøy, f. 1881, var gardstyrar frå 1907 til 1910 då han flutte til Tyssedal i Odda. S. Søfteland 22.
Jørgen Knutson Bakervik (Nordvik) frå Fana, f. 1887, vart gardstyrar då Karl flutte. I 1917 flutte han til Eidsvik, s. ytre Drange 4, der ein finn meir um han og huslyden.
Berge Monsson Gjervik frå Hamre, f. 1874, vart styrar her i 1917. G. 1896 Anna Nils dtr. Røsland frå Hosanger, f. 1866. Han hadde fyrr vore busett i Haus o. a. st. Born: Ålvhild, g. b. Bergen, Nils, g. b. Bergen, Helga, g. Karl Garvik, s. Balland 2, Margit, g. Hans Johansen Åsen, b. Bergen.
I 1933 flutte Berge herfrå til Røsland i Hosanger og busette seg der.
Jørgen Knutson Bakervik, s. o. vart so atter styrar og er det no.
LYSØY 2. (Jonsholmen).
Jakob Steffenson Garvik (Balland), f. 1814, rydja og bygde her ikring 1845. Han hadde fyrr, ogso etter at han var gift, tent på Ulven o. a. st., og hadde tilslutt bygt seg eit hus heime i Garvik. Då han flutte til Jonsholmen tok han huset med og bygde det upp att her. G. 1834 Marta Nils dtr. Hovland, f. 1798. Born: Nils, f. 1835, s. n., Ola, f. 1838, b. i Fana, Barbra, f. 1841, b. i Fana. Jakob var fiskar og livja seg av sjødrifti. Han døydde i 1890 og kona i 1877.
Nils Jakobson Jonsholmen, f. 1835, festa farsbruket i 1865, og kjøpte det av Lysekloster i 1874 for 100 spd. G. I. 1859 Marta Nils dtr. Dale frå Fusa, f. 1830, d. 1875, g. II. 1877 Brita Pauls dtr. Hagevik, f. 1829, som fyrr hadde vore gift med Ola Hagevik, s. Hovland 3. Born: Jakob, f. 1860, g. 1884 Anna Hagevik, s. Sperrevik, 3, Erik Martin, f. 1861, s. n., Margreta, f. 1864, g. 1887 Nils Røttingen, s. R. 12, Steffen, f. 1868, sjømann, gjekk iland i Spania og døydde der, ug., Metta, f. 1870, drukna 1872, Metta, f. 1873, drukna 1877. Nils var båtbyggjar, dreiv sildesalting og gjorde ferder til Nordland. Han døydde i 1929 og kona i 1919.
Erik Martin Nilsson Jonsholmen, f. 1861, skøytte farsbruket i 1880. G. 1882 Anna Engjels dtr. Sørstrønen, f. 1853. Born: Nils, i. 1883, fiskar og notbas, d. ug. 1906, Engjel, f. 1886, d. ug. 1927, Haldor, f. 1890, i Amerika, Maria, f. 1893, g. Martin Haukås, b. Lindås, Ingvald (tvilling), f. 1896, s. n., Malena, f. 1896, g. Kristoffer Krokeid, b. Fana. Martin var båtbyggjar og laksefiskar. Han døydde i 1919 og kona i 1920.
Ingvald Martinson Jonsholmen, f. 1896, vart brukar etter faren og hadde i dei fyrste åri bruket ilag med broren Engjel. G. 1923 Emma Arnes dtr. Sperrevik, f. i Fana 1898, som var ekkja etter Haldor Nilsson Sperrevik. Born: Martin, f. 1923, Anna, f. 1926, Arne, f. 1928, Nils, f. 1930. Ingvald er båtbyggjar likeins som faren og farfaren.