NORDSTRAUMEN

Frå OS SOGA II side 216 – 221  

14. NORDSTRAUMEN 

Garden hev fenge namnet avdi han ligg på nordsida av straumen, med Sørstraumen på hi sida. 

Uttale: Straumen.  
Skrivemåtar: Strønøen (1657), Strømen (1666), på Strømen, ved og med Strømmen, Noerstrønen (1690), Strønen, Noere Strømen (1722), Nore Strømmen (1750).

Garden ligg på neset nordanfyre straumen som gjeng frå Pøylevatnet ut i Lysefjorden.  Han vert berre kalla «Straumen», eit vitnemål um at dette er den upphavelege Straum-gard, og at han er eldre enn grannegarden på sørsida av straumen.  Garden er uppteken frå klostret som stødt hev ått garden og eig han enno. 

Or gamle matriklar og teljingar:  
1668: Saar 2 smale tønder, afler 8 tdr., ringe og tynd eng, noget agger ind kneben, ingen lodter uden j ordens afuel, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, skoug til huusbehov og brendefang, ingen qvern eller fiskeri.  Maadelig agerland, men skrin og mager jord til høe aufling, haver ingen anden næring end gaardens aufl.  Skylden forhøies.  
1865: Har 5 maal dyrket åger og eng, af dette 1 maal godt, 2 middels og resten slet, 27 maal naturlig england, af dette 2 maal godt, 16 middels og resten slet, intet dyrkbart, skov til husbehov men intet for salg, kan føde 3 ungnød ved lyng, er middels letbrugt og almindelig drevet. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje,tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571  1     
16681  67  2tun 
17231  8   2» 
1800110       
1835111 45  2,5»2tun.
1865214 1020  4»4»
1900217 924  2,5hl.11hl.
19203141824 12mål3m.
1930291216 1 »2»

NORDSTRAUMEN 1. 

Mons Pederson Straumen var brukar her i 1657.  Han hadde då berre ei ku, so garden var nett uppteken.  Kona åt Mons heitte Mari.  Meir veit me ikkje å fortelja um fyrste rudningsmannen på Nordstraumen. 

Erik Straumen er nemnd under Sørstraumen.  Då han er skriven «ved Strømen» likeins som fleire av mennene på Nordstraumen, so var han kannhenda busett her.  Um so er, so var ei Brita Nordstraumen som døydde i 1726 kannhenda kona hans. 

Lars Straumen vart brukar her i 1676.  Kona hans heitte Kari.  Dei var jamt fadrar på Borgen og Hetleflåten so at dei hadde ætti si der, men korleis ættesambandet var, veit me ikkje.  Dei vart kvar gong skrivne for «Lars ved Strømen og Kari ved Strømen». 

Jens Hansson Skogen, f. 1658, vart brukar her i 1690.  G. 1689 Anna Ols dtr., f. ikr. 1647.  Born: Elsebet, i. 1690, s. n., Hans, f. 1694, g. 1722 Kari Bårds dtr. Kuven.  Jens døydde i 1720 og Anna i 1728. 

Villum Nilsson indre Moberg, f. 1694, vart i 1720 gift med Elsebet Jens dtr. Nordstraumen, f. 1690, og bygsla bruket etter verfaren.  Dei fekk tvo døtre, men berre den eine, Anna, f. 1727, livde då faren flutte frå Os.  Villum greidde seg ikkje på bruket, og i 1731 flutte han frå garden med huslyden.  Kvar det vart av dei, veit me ikkje. 

Johannes Olson Sørstrønen, f. 1695, bygsla bruket då Villum flutte.  G. 1726 Anna Anders dtr. Salbu frå Fana, f. ikr. 1695.  Born: Anna, f. 1727, g. 1760 Johannes Høyspolen, s. Lysekloster 3, Ola, f. 1729, s. n., Brita f. 1731, g. 1777 Daniel Sperrevik, s. S. 1, Anders, f. 1733, g. 1757 Marta Kalvetræ, s. K. 1, Kari, f. 1736, g. 1768 Torkjell Salbuvik, s. S. 1, Mons, f. 1739, ug., Kristi, f. 1742, ug., Eli, f. 1745, g. 1774 Kristoffer Larsson Skaga frå Fana, b. p. Hjellestad, s. F. B. 720.  Johannes var ein vyrd mann i bygdi, var jamt lagrettemann, og dreiv mykje med fiske og sjøferdsla.  Dotteri Kristi kom i 1780 åri upp i mykje musk.  Det var kjent i heile grendi at ein av styrarane på Lysekloster heldt seg med ei grannekona, og at hans eigi kona spelte seg med ein av grannane.  Alle hadde tala um det, men då godseigar Formann krov at styraren skulde gjera seg fri og ta Lysefjordingane for det dei fortalde um han, so vilde ingen stå ved det dei hadde sagt.  Berre Kristi som tente hjå gardstyraren sanna at ho hadde sagt alt som kunde segjast um det, og ho kom i heisen for det heile.  Johannes døydde i 1777 og kona i 1783. 

Ola Johannesson Nordstraumen, f. 1729, vart brukar saman med faren i 1752 og fekk bruket åleine i 1765.  G. 1752 Anna Åmunds dtr. Balland, f. 1726.  Dei hadde ikkje born ihop, men Ola fekk eitt med tausi.  Ola var fiskar likeins som faren.  Han døydde alt i 1774. 
Då Ola vart gift var det desse husi på bruket:  Ei liti røykstova med skot, ei sengebud med sval, eit eldhus med vedskytja attåt, løda, fjos med skot utanfyre og eit smalehus ved bøgjerdet, det siste til nedfalls, elles alle i god stand.  Alle husi hadde torvtak. 

Ola Andersson indre Moberg, f. 1740, vart i 1775 gift med ekkja Anna Åmunds dtr. og fekk bygsla bruket i 1777.  Dei hadde ikkje born.  Ola sat tolleg godt i det, heldt husi i god stand og garden i god skikk.  Han var ein vyrd mann og vart nytta av Formann som skynsmann o. l.  Han døydde i 1803, og det vart halde eit like stort gravøl etter han som etter Jon Søvik, som døydde same hausten.  Kona døydde i 1807. 

Rasmus Albrigtson Særvoll, f. 1767, bygsla bruket i 1791.  Mor åt Rasmus var halvsyster åt gamle Ola, so ein kann segja at Rasmus fekk bruket etter morbror sin.  Rasmus vart gift i 1795 med Anna Anders dtr. indre Moberg, f. 1761.  Anna var ogso halvsyster åt gamle Ola, og ho fekk soleis bruket etter bror sin.  Rasmus var på den måten gift med «morsyster» si, men dei var likevel ikkje i nær ætt, sjå tilhøvet under indre Moberg 5.  Dei fekk 7 born, millom dei eit tvillingpar, men berre tvo born vaks upp: Maria, f. 1799, s. n., og Guro, f. 1801, g. 1830 e. Vinsjans Paulson Nordvik i Fana, s. F. B. 598.  Rasmus dreiv mykje med sjøen og sat godt i det.  Då han døydde i 1829 var han ein heilt skuldfri mann, som attåt hadde pengar i banken, og dette var sers sjeldsynt i Osbygdi.  Han hadde ogso bøker i huset for eit halvt kuverd, og det er meir enn me finn hjå nokon annan i dei dagar.  Kona døydde i 1849.  N

Ola Tolleivson Salbu frå Fana, f. ikr. 1794, vart i 1821 gift med Marta Rasmus dtr. Nordstraumen, f. 1799, og vart brukar etter verfaren.  I 1845 bygsla han bruket.  Born: Rasmus, f. 1822, s. n., Tolleiv, f. 1828, s. n., Peder, f. 1830, d. 1849, Lisbet, f. 1832, d. ug. 1905, Anna, f. 1834, d. ug. 1858, Kristi, f. 1842.  Tvo born døydde unge.  Ola dreiv ogso mykje med sjøen og var ein upplyst mann.  Han døydde i 1851 og kona nokre år seinare. 

Rasmus Olson Nordstraumen, f. 1822, bygsla halve bruket etter faren i 1846.  Den andre halvparten vart lagt til eit nytt bruk, s. br. 2.  G. 1846 Synneva Lars dtr. Buskengen (Lysekloster), f. 1821.  Born: Marta, f. 1846.  Rasmus vart ikkje gamall, då han døydde av kolera i 1849.  Han vart gravlagd på den nyskipa kolerakyrkjegarden på «Steinkulo» i Lyseklostermarki, og er den einaste som er gravlagd der. 
Ekkja Synneva Lars dtr. flutte frå bruket, då ho same året vart gift med Lars Sperrevik, s. S. 1. 

Tolleiv Olson Nordstraumen, f. 1828, vart brukar då broren døydde.  G. I. 1852 Elisabet Ols dtr. Ådland frå Fana, f. 1824, d. 1864, g. II. 1867 Lisbet Halvards dtr. Lunde, f. 1830.  Born: Olina, f. 1854, Ola, f. 1856, s. n., Marta, f. 1858, d. 1871, Peder, f. 1860, d. ug. 1890, Elias, f. 1868, g., skomakar på Nesttun i Fana, Halvard, f. 1871, trevarefabrikant, Hamar.  Tolleiv døydde i 1889 og Lisbet i 1901. 

Ola Tolleivson Nordstraumen, f. 1856, bygsla bruket etter faren i 1881.  G. 1882 Ingeborg Nils dtr. Nordvik frå Fana (foreldre Nils Sørstrønen og kona Nilsina Sundøy, b. Nordvik), f. 1859.  Born: Tolleiv, f. 1884, d. ug. 1918, Elisahet, f. 1887, g. 1909 Nils Nordvik, Fana, Nils, f. 1891, s. n., Olina (tvilling), f. 1894, d. ug. 1926, Birgitta, f. 1894, g. 1918 Rasmus Sveinson Sælen, b. Bergen, Sina, f. 1897, g. 1921 snikkar Leonard Stordal, b. Søfteland, Martin, i. 1901, g. 1928 Sigurda Haug, reiste til Amerika 1929.  Ola døydde i 1938 og kona i 1906. 

Nils Olson Nordstraumen, f. 1891, hev stjorna bruket saman med faren i mange år og er brukar no.  G. 1923 Matilda Risa frå Hålandsdalen.  Born: Ingeborg, f. 1924. Matilda døydde i 1927. 


NORDSTRAUMEN 2. 

Sjur Monsson Reigstad frå Samnanger, f. 1819, vart brukar her då garden vart skift i tvo partar i 1848.  Han hadde fyrr vore paktar på Buskengen, s. Lysekloster 6.  G. 1845 Karta Anders dtr. Kalvetræ, f. 1827.  Born: Mons, f. 1847, skipstimbermann, g. b. Vik i Namdalen, Kari, f. 1848, s. n., Brita, f. 1853, g. 1873 Engjel Larsson Søvik, b. Sagstad i Fana, s. F. B. 593 og Søvik 2, Anders, f. 1857, verkstadarbeidar, g. 1890 Ida Lars dtr. Sæle, b. Bergen, Peder, f. 1861, møbelsnikkar, g. b. Bergen, Anna, f. 1866, g. 1899 Gunnar Lunden, s. Os.  6 born døydde unge.  Sjur var trearbeidar og dreiv fiske.  Han døydde i 1889 og kona i 1907. 

Peder Johannesson Tveiterås frå Samnanger, f. 1839, vart i 1878 gift med Kari Sjurs dtr. Nordstraumen, f. 1848, og fekk i 1880 bygsla bruket etter verfaren.  Bruket vart fyrst serskilt skyldsett i 1879.  Peder, som var ekkjemann, vart fyrste gong gift i 1873 med Anna Nils dtr. Skavhella (Eide), f. 1854, d. 1874, og hadde fyrr vore busett hjå verfaren på Skavhella.  Born: Nils, i. 1874, blekkmakar i Bergen, d. 1919, Anna, f. 1878, g. 1901 Karl Johanson Bøthun frå Leikanger, b. i Odda, Severina, f. 1880, g. Ola Nordby, b. Evje i Setesdalen, Johannes, f. 1887, s. n.  Tvo gjentor døydde unge.  Peder var skomakar og dreiv ogso noko fiske.  Han døydde i 1915 og Kari i 1924. 

Johannes Pederson Nordstraumen, f. 1887, bygsla bruket i 1915.  G. 1908 Ingebjørg Ols dtr. Espe frå Ullensvang, f. 1883.  Born: Peder, f. 1908, g. Ovidia Nordbø, b. Fana, Ingvald, f. 1910, g. Ingibjørg Jonsdottir frå Arnarsysla, Island, Johanna, f. 1912, g. Henning Pedersen frå Dønna i Helgeland, Maria, f. 1914, g. Alf Nyegård frå Bergen, Olga, f. 1915, g. Olav Rød frå Fana, Ola, f. 1921, Klara, f. 1923.  Johannes er murar og steinarbeidar.  Han hev vore med i skulestyret, likning o. a.