SANDEN
Frå OS SOGA II side 130 – 135
6. SANDEN.
Namnet kjem truleg av sand, sandjord, som elvi hev lagt upp her gjenom tidene.
Uttale: Sa’n.
Skrivemåtar: Sanndtt (1611), Sandtt, Sannde, Sanden (1645), Sannd, Sand.
Garden ligg på austsida av Oselvi, ned mot Gåssandvatnet der elvi renn ut i vatnet. Garden er truleg uppteken frå Haukeland ikring 1600. Lysekloster åtte garden tildess han vart kjøpt av brukarane i 1872 – 73.
Or gamle matriklar og teljingar:
Såar ½ tønde, afler 6 tønder, god brendeskoug till, paalagt at plante homblehagge sampt at røde og forbedre gaarden.
1723: Ingen sætter, men skoug allene til brendefang, ingen qvern eller fiskeri. Maadelig jordart og letvunden. Haver ingen næring uden sin gaards aufling, tager aarlig skade paa sin eng af leven (elven).
1865: Har 4 maal dyrket åger og eng, deraf 2 godt, 30 maal naturlig england, deraf 10 godt og 16 middels, kun 4 maal slet, har 4 maal dyrkbart england, sælger furu og birk for 15 spd. aarlig, kan føde 1 ko med lyng, er meget letbrugt og almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | 1 | 6 | 2 | |||||||
1668 | 1 | 1 | 6 | ½ | tun. | ||||||
1723 | 1 | 1 | 6 | 4 | 2 | » | |||||
1800 | 1 | 8 | |||||||||
1835 | 1 | 7 | 1 | 4 | 5 | 6 | 1½ | » | 1 | tun. | |
1865 | 2 | 11 | 2 | 9 | 24 | 7 | 1 | 3 | » | 4 | » |
1900 | 3 | 16 | 3 | 6 | 17 | 1 | 8 | hl | 12 | hl. | |
1920 | 2 | 3 | 2 | 0,3 | mål | 0,3 | mål | ||||
1930 | 1 | 1 | 1 | 9 | 2 | » | 3 | » |
Sanden. 1
Siuord på Sanndtt (Sjur Sanden) er nemnd i 1611 og er fyrste mann som me finn nemnd på garden. I 1611 vart det ufred millom Danmark – Norig og Sverik, Kalmarkrigen, og det vart sendt hermenn austover til svenskegrensa, eller som det vanleg heiter, «sendt til Svinesund». Frå Os vart sende 32 hermenn, s. O. B. 496. og Sjurd Sanden var ein av dei. Lars Lunde og Ola Lekven reida han ut med mat, klær og våpn. Me finn ikkje Sjur nemnd seinare, kannhenda kom han ikkje att frå herferdi, og me finn ikkje brukarar på garden att fyrr i 1620 åri.
Jakob Sanden er nemnd som brukar her i 1623 og 1624. Han lagde skatt som husmann.
Josef Sanden vart brukar i 1625. I 1626 er han skriven for Jesper, men i 1628 er han vorten Josef att, den einaste Josef som me finn i Osbygdi. Det kann godt henda at Jakob og Josef og Jesper Sanden er ein og same mannen. Josef vart rekna millom øydegardsmennene.
Kristoffer Sanden er nemnd som brukar i 1629 og Fabian Sanden i 1630. Samstundes er ogso Nils Sanden skriven som brukar i dei åri. Korleis samanhengen var med alle desse brukarane veit me ikkje, og me finn korkje Kristoffer eller Fabian nemnde seinare. Sanden var då skyldsett som minste bruket i bygdi.
Nils Sanden, f. ikr. 1600, vart brukar i 1629 og hadde garden i nær 40 år. Han var i dei fyrste åri rekna som øydegardsmann og lagde skatt som dei likaste av desse. Seinare vart han rekna som vanleg bonde og heldt ogso tenestedreng som lagde skatt. Sanden var framleis rekna som minste garden i bygdi, jamsides Spansteigen, men Nils dreiv den vesle garden so godt, at i 1657 fostra han hest, 4 kjyr og 2 kvigor. Kona hans heitte Sigrid, men ho døydde i 1650 åri og Nils gifte seg att med ei som me ikkje veit namnet på. Av borni kjenner me 4: Herborg, f. ikr. 1630, d. ug.1700, Guro, f. ikr. 1635, d. 1712, Helga, f. ikr. 1640, s. n., Marta, f. ikr. 1645, d. ug. 1669. Nils døydde i 1667.
Erik Sanden gifte seg i 1668 med ekkja etter Nils og fekk bruket. Kona døydde i slutten av 1670 åri, og Erik gifte seg att i 1680 med Anna Daniels dtr. Søfteland, f. ikr. 1652. Born: Anna, f. 1668, s. n., Marta, f. 1670, d. 1679. Erik hadde bruket saman med Lars Sanden, s. n., til 1689. Kva tid Erik og kona døydde veit me ikkje.
Lars Sanden vart i 1668 gift med Helga Nils dtr. Sanden, f. ikr. 1640, og hadde bruket saman med Erik som var gift med stykmor åt kona hans. Born: Anna, f. 1669, d. ug. 1701, Brita, f. 1675, Ingeborg, f. 1679, d. 1687. Då dotter åt Erik vart gift i 1689 og vilde ha heile bruket, s. n., flutte Lars frå Sanden, og me finn han ikkje meir i Osbygdi
Kvar dei ovannemnde brukarar på Sanden var frå veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje noko til ætti deira.
Mons Erikson Gjemdal, f. 1665, vart i 1689 gift med Anna Eriks dtr. Sanden, f. 1668, og fekk bruket etter verfaren. Han fekk no heile garden då Lars samstundes flutte burt. Av borni vaks sonen Erik, f. 1696, upp, men døydde ugift, og tvo gjentor døydde unge. Mons døydde alt i 1696 og ekkja reiste frå bruket.
Hans Olson, f. ikr. 1650, bygsla bruket etter Mons. Kvar Hans var frå er uvisst, men truleg var han frå Samnanger. Han hadde havt gard i ei onnor bygd fyrr, og i militærrulla stend at han hadde vore gardbrukar sidan 1679. G. ikr. 1679 Guro Fabians dtr. indre Tysse frå Samnanger, f. ikr. 1745. Dei hadde ein son, Ola, f. 1680, som vart utskriven til soldat og som måtte ut då den store ufreden byrja i 1709. Ola var livande i 1715, men døydde straks etter i ufreden. Guro døydde i 1712, og Hans gifte seg att i 1714 med ei som heitte Kari Jons dtr. Men alt året etter døydde Hans og ekkja flutte frå garden. Hans sat svert tungt i det.
Johannes Larsson Gåssand, f. 1679, vart brukar etter Hans. G. I. 1712 Kari Samsons dtr. Berge, f. 1680, d. 1729, g. II. 1729 Marta Nils dtr., som truleg var frå Fana. Born: Lars, f. 1714, d ung, Samson, f. 1716, g. 1750 Agata Bø, s. Røykenes 1, Marta, f. 1720, g. 1754 Jon Lunden, s. L. 2, Kari, f. 1730, s. n. Johannes sat smått i det likeins som fyremannen. Han døydde i 1749 og kona nokre år seinare.
Nils Larsson Lunden, f. 1720, vart i 1750 gift med Kari Johannes dtr. Sanden, f. 1730, og fekk bruket etter verfaren. Born: Lars, f. 1751, g. 1780 Kristi Lars dtr. Haugen frå Samnanger, b. Bahus i Fana 1802, Mari, f. 1753, g. Jakob Monsen i Bergen, Johannes, f. 1754, g. b. i Bergen, Ola, f. 1756, g. 1785 Brita Heggland, s. Gåssand 1, Brita, f. 1757, s. n. 3 born døydde unge. Nils greidde seg noko betre enn fyremennene. Han døydde alt i 1765.
Ekkja Kari Johannes dtr. hadde so bruket i heile 12 år.
Ola Larsson Haukeland, f. 1748, vart i 1777 gift med ekkja Kari Johannes dtr. og fekk bruket. Dei hadde ikkje born. Ola sat tolleg godt i det. Han døydde i 1809 og kona i 1802.
Johannes Olson Skogen, f. 1769, vart i 1796 gift med Brita Nils dtr. Sanden, f. 1757, og fekk garden etter vermori og siste mannen hennar. Brita døydde i 1820 og Johannes gifte seg att året etter med Barbru Anders dtr. Tømmernes, f. Ulven 1769, som var ekkja etter Johannes Tømmernes. Born: Nils, f. 1798, s. n., Ola, f. 1800, g. 1834 Kristi Tveit, s. T. 1, (son Ola, f. 1832, s. Bø 3), Magdela, f. 1801, g. 1829 Anders Søfteland, s. S. 3. Johannes dreiv med båtbyggjing og anna handverksarbeid og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1850 og siste kona i 1844.
Nils Johannesson Sanden, f. 1798, bygsla farsbruket i 1838. G. I. 1824 Barbru Johannes dtr. Tømmernes, f. 1799 d 1829, g. II. 1838 Eli Torkjells dtr. Skjeie, f. 1805. Born: Johannes d. e., f. 1824, s. n., Barbru, f. 1839, g. 1859 Mons Rasmusson Haukeland, b. Haugland i Fana, s. F. B. 498, Brita, f. 1841, s. br. 2, Torkjell, f. 1845, g. Eli Haugland frå Fana, b. Gravdal ved Bergen, Johannes d. y., f. 1848, kjørar i Bergen. 2 born døydde unge. Nils dreiv ymse trearbeid. Han døydde i 1877 og Eli i 1879.
Garden vart no skift i tvo bruk.
Johannes Nilsson Sanden, f. 1824, bygsla denne parten i 1860, medan systeri fekk den andre, s. br. 2. G. 1855 Eli Sveins dtr. Sælen, f. 1827. Born: Svein, f. 1858, g. 1884 Ingeborg Bergstø, s. Søfteland 10, Barbru, f. 1866, g. 1898 Mons Pederson Henne i Fana, s. F. B. 444. Tvo gutar døydde unge. Johannes dreiv med treskoarbeid og kjøpte hestar m. v. Han døydde i 1899 og kona i 1883.
Peder Nilssen frå Bergen, – «Nils i Marki» som han vanleg var kalla, – kjøpte bruket av Formann i 1872 for 600 spd. Dei tvo bruki på Sanden som fyrr hadde vore ihop vart no skyldsett kvar for seg. Ola Larsson Valle kjøpte dette bruket av Peder Nilssen i 1883, og åtte det til 1886, då han selde innmarki m. v. til Svein Lund, medan han heldt skogen og utmarki att. Ola Valle si ætt eig enno skogen.
Svein Larsson Lunden, f. 1857, kjøpte bruket utan skog i 1886 og busette seg her. Han hadde fyrr vore paktar på Os prestegard o. a. st. G. 1883 Malena Jons dtr. Nordvik frå Fana, f. 1855. Svein var bygningsmann og snikkar. I 1906 selde han bruket og flutte til Søfteland, s. S. 12, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Bergens skogselskap kjøpte bruket i 1906. Samstundes vart fyreteke eit makeskifte slik, at eigaren av br. 2, Anders Sanden, fekk dette bruket mot å avstå helvti av sitt bruk, men tvo år etter vart det heile seld til skogselskapet som sidan hev vore eigar.
SANDEN 2.
Johannes Steffenson Hetleflåten, f. 1826, vart i 1861 gift med Brita Nils dtr. Sanden, f. 1841, og fekk bygsla halve farsbruket hennar då dette var skift i 1860. Han kjøpte bruket av Lysekloster i 1873 for 550 spd. Born: Svein, f. 1863, d. 1883, Kari (tvilling), f. 1867, s. n., Eli, f. 1867, s. br. 3, Ingeborg, f. 1871, g. 1895 Hans Hjelle, s. H. 3. Johannes var båtbyggjar og trearbeidar. Han døydde i 1906 og kona i 1922.
Anders Engjelson Bergstø (Søfteland), f. 1866 vart i 1887 gift med Kari Johannes dir. Sanden, f. 1867, og skøytte bruket etter verfaren i 1891. Born: Brita, f. 1887, d. 1897. Anders var bygningsmann og seinare arbeidsformann på Eikhaug planteskule. Han var med i ymse kommunalt arbeid skule- og fatigstyre, likning o. ar Han døydde alt i 1907.
Ekkja Kari Johannes dtr. fekk so bruket. Ho selde det i 1908. S. br. 3.
Bergens skogselskap kjøpte resten av bruket i 1908, etter at halvparten var kjøpt alt i 1906. Skogselskapet driv ogso planteskule på Sanden.
SANDEN 3. (Karistykket).
Johannes Steffenson Sanden skilde ut ei hustuft då han selde til versonen i 1891. Attåt dette skilde Kari Johannes dtr. ut ein part fyrr ho selde i 1908, s. br. 2, og det vart bygd hus på bruket. Kari døydde i 1919.
Eli Johannes dtr. Sanden, f. 1867, eig bruket no.
SANDEN 4.
Thorvald Irgens frå Bergen pakta eit jordstykke med tvo holmar av Ola Valle, s. br. 1, i 1905, og fekk seinare bygsla grunnen. Han bygde her eit sumarhus saman med Wilhelm Olsen.
Harald Mowinckel kjøpte eigedomen i 1912, men selde atter i 1915 til fru Lilly Blichfeldt. Ho selde i 1919 til ingeniør L. Frønsdal som hadde eigedomen til 1934, då den vart kjøpt av E. S. Madsen. Han hev atter selt den til skulestyrar Anker-Goli.
SANDEN 5.
Elisa (Lisbet) Lars dtr. Sælen, f. 1869, bygsla i 1915 ei tuft av br. 1 og bygde hus her. Ho arbeider på Eikhaug planteskule.