SJØBØEN
Frå OS SOGA II side 205 – 209
12. SJØBØEN
Namnet tyder bøen eller engi ved sjøen
Uttale: Sjø’bødn.
Skrivemåtar: Siøbøen (1657), Schiøbøen (1750), Søbøden, Søbøen,
Garden ligg ved sjøen på austsida av pollen «Pøylo» eller Pøylevatnet, som ved ein straum stend i samband med fjorden. Garden er uppteken frå Lysekloster på same måten som Kalvetræ, og høyrer som den framleis til klostret.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Indbem.te tvende gaarder Siøbøen og Thuedt ogsaa nest Lyse klosteret som tilforne i Lyse klosterets march hafe veret optagget og bebygt. – Mens nu ogsaa sledtet, bruges under klostret dog hafe veret gifuet seer schat og retighed af.
1723: Brendefang og ei videre, ingen qvern eller fiskerie. 1865: Har 3½ maal dyrket åger og eng, deraf 1 godt, 1½ middels og 1 maal slet, 34 maal naturlig england, deraf 4 maal godt, 14 middels og resten slet, intet dyrkbart england, skov til husbehov og kan sælge furu for 8 spd. aarlig, føder 1½ ungnød ved lyng, er letbrugt og almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | 4 | |||||||||
1668 | 1 | 7 | |||||||||
1723 | 1 | 1 | 6 | 3 | 1,5 | tun. | |||||
1800 | 1 | 5 | |||||||||
1835 | 1 | 7 | 5 | 5 | 2,5 | » | 2,5 | tun. | |||
1865 | 1 | 10 | 7 | 18 | 1 | 4 | » | 4 | » | ||
1900 | 1 | 6 | 8 | 1 | 1,5 | hl. | 7 | hl. | |||
1920 | 2 | 10 | 5 | 7 | 2,3 | mål | 2 | mål | |||
1930 | 3 | 11 | 1 | 5 | 9 | 1 | 1 | » | 1,5 | » |
SJØBØEN 1.
Kristoffer Sjøbøen var brukar her i 1657, og er fyrste mann som me finn nemnd på garden. Kannhenda var det ogso han som hadde rydja og bygt bruket, men då han i 1657 hadde 4 kjyr på båsen so måtte garden vera uppteken ei tid fyrr. Kristoffer var gift med ei som heitte Anna. Han døydde ikr. 1660.
Ekkja Anna Sjøbøen, f. ikr. 1625, vart so brukar, men i 1662 vart garden lagt inn under Lysekloster og brukt av hovudgarden. Kannhenda hadde ogso det vore gjort fyrr 1657. Anna døydde i 1699.
Mats Larsson og kona Brita vart brukarar her ikr. 1670. Kven dei var og kvar dei kom frå veit me ikkje. Dei hadde fleire born med seg, men av dei kjenner me berre 3: Marta, f. ikr. 1663, d. ug. 1740, Lars, f. 1665, d. ug. 1704, Sigrid, f. 1669. Mats hadde bruket til 1690.
Nils Johannesson Askvik, f. 1663, vart brukar etter Mats. G. 1693 Marta Mons dtr. Ulven, f. 1666. Born: Guro, f. 1696, d. 1718, Eivind, f. 1700, s. n., Mons, f. 1705, g. 1731 Kari Sørstrønen, s. Nordstrønen 2, Ola, f. 1713, d. 1729. 5 born døydde unge. Nils dreiv fiske attåt gardsarbeidet. Han døydde i 1744 og kona ikr. 1740.
Eivind Nilsson Sjøbøen, f. 1700, bygsla bruket etter faren i 1728. G. 1727 Mari Bårds dtr. Kuven, f. 1697. Born: Guro, f. 1726, g. I. 1761 Peder Arneson Krokeid, g. II. 1763 Ola Larsson Haukeland, b. Krokeid i Fana, s. F. B. 607, Ola, f. 1733, s. n., Brita, f. 1736, g. 1762 Paul Hauge, s. H. 2. 4 born i alderen 4 – 14 år døydde same vika i dødsåret 1742. Eivind sat svert tungt i det. Han døydde alt i 1743, og på tvo år var det 6 dødsfall i huset på Sjøbøen.
Vigleik Torsteinson Sperrevik, f. 1720, trulova seg med ekkja Mari Bårds dir., og bygsla bruket fyrr halvåret var gjenge etter at Eivind døydde. I 1744 heldt dei eit drustelegt brudlaup, der Søftelandsbygdarar og Lysefjordingar slost og kom for retten etterpå. Elles sat Vigleik svert smått i det likeins som fyremannen. Han døydde i 1769 og kona nokre år etter.
Husi på garden var desse i Vigleik si tid: Ei røykstova med skot og sval, ei sengebud med skot og sval attåt, og tilbygt vedskytja i søre gavlen, eit eldhus med tilbygt vedskytja i nore gavlen, fjos, løda med ei sval attåt, sauehus, skinflor, kvernhus og naust. Ein ser soleis at garden var vel bygd og husi var godt stellte. Tinget for Lysekloster vart vanleg halde på Sjøbøen, men um det vart halde i den nemnde røykstova eller um det var bygd ei serleg tingstova, soleis som det seinare vart gjort på Buena, veit me ikkje. Det fyrste er mest truleg.
Ola Eivindson Sjøbøen, f. 1733, vart brukar etter mori og stykfaren i 1758. G. 1759 Kari Steffens dtr. Hauge, f. 1732. Born: Johannes, f. 1760, ug., dreng i Lysekloster, Vigleik, f. 1763, d. 1776, Mari, f. 1765, d. ug. 1821, Katrina, f. 1768, g. 1796 Steffen Hauge, s. H. 2, Eivind, f. 1772, s. n. Tvo born døydde unge. Ola var ein drivande kar som arbeidde seg godt fram og greidde seg bra. Han heldt ogso husi sine i god stand og fekk skikk på bruket. I 1783 var han og Ola Holen på båt ilag i vårsildfisket, då det vart kluss millom dei um fortenesta. Ola døydde i 1803 og kona i 1799.
Eivind Olson Sjøbøen, f. 1772, bygsla farsbruket i 1800 etter at han hadde vore brukar saman med faren nokre år. G. 1799 Kari Hans dtr. Forstrønen, f. 1779. Born: Kari, f. 1801, g. 1829 Ola Hauge, s. H. 3, Hans, f. 1804, d. 1822 samstundes med faren, Agata, f. 1806, s. n., Anna, f. 1813, tenar hjå Formann på Stedje i Sogn, Olina, f. 1816, g. 1843 Anders Bø, s. Lysekloster 6. Tvo born døydde unge. Eivind dreiv mest med sjøen og greidde seg tolleg godt. I 1822 var han på vårsildfisket saman med sonen Hans, Lars Rindedalen og Daniel Høyspolen. «Galnemåndagen» den 11. mars kollsigla dei, og alle kom burt, s. O. B. 629. Som lagrettemann brukte Eivind bumerke.
Ekkja Kari Hans dtr. hadde so bruket nokre år.
Daniel Nilsson ytre Drange, f. 1799, vart i 1825 gift med Agata Eivinds dtr. Sjøbøen, f. 1806, og bygsla bruket etter vermori. Av 7 born vaks 3 upp: Ingeborg, f. 1825, g. 1858 Vinsjans Borgen, s. Lysekloster 7, Eivind, f. 1830, s. n., Kari, f. 1833, g. 1855 Steffen Bø, s. Kalvetræ 1. Daniel var båtbyggjar likeins som faren, s. O. B. 196. Han heldt husi på garden godt, og i 1836 var dei verdsett til 500 spd. Eivind døydde i 1876 og kona i 1890.
Eivind Danielson Sjøbøen, f. 1830, vart brukar etter faren i 1860. G. 1858 Olina Ols dtr. Kuven, f. 1834. Born: Daniel, i. 1859, agronom, b. Fana, utv. til Amerika 1886, Nils, f. 1861, g. Ingeleiv Nils dtr. Nordvik, b. Nordvik i Fana, s.F. B. 601, Ola, i. 1865, s. n., Hans, f. 1867, i Amerika, Agata, f. 1869, utv. til Amerika 1892, Lars, f. 1871, utv. til Amerika 1893. Ei gjenta døydde ung. Sonen Nils Nordvik var ein kjend spelemann. Eivind var båtbyggjar likeins som faren og farfaren. Han døydde i 1890 og Olina i 1898.
Ola Eivindson Sjøbøen, f. 1865, bygsla bruket etter faren i 1898. G. 1890 Anna Kristina Sjurs dtr. Alfseike frå Vats i Ryfylke, f. 1866. Born: Olivia, f. 1891, g. 1926 Arne Storetveit, b. Natland i Fana, Agnes, f. 1893, Dagny, f. 1896, g. mekanikar Andreas Gjelsvik, b. Hosanger, Eivind, f. 1899, s. n., Sigurd, f. 1901, g. 1937 Jenny Johannessen, s. Sperrevik 12, Olina, f. 1904, g. 1931 Harald Drange, s. Sperrevik 3, Johannes, f. 1908, bakar, g. 1935 Hildur Halvards dtr. Haugland, Ingeborg, f. 1912, d. 1927. Ola hev vore bakar på Lysekloster (Buena). Kona hans døydde i 1918.
Eivind Olson Sjøbøen, f. 1899, driv bruket no. G. 1927 Agata Teodors dtr. indre Lekven, f. 1902. Born: Ola, f. 1927, Maria, f. 1929, Teodor, f. 1930, Edit, f. 1932. Eivind driv steinarbeid attåt gardsbruket.
SJØBØEN 2.
Elias Johannesson Gjersvik frå Tysnes, f. 1872, vart arbeidar på Lysekloster i 1888 og fekk byggja seg hus her. G. I. 1897 Kari Johannes dtr. Nordstrønen, f. 1856, g. II. 1910 Lovisa Mons dtr. Torsvik frå Masfjorden, f. 1871. Born: Ingeborg, f. 1897, b. Bergen, Johanna, f. 1898, g. Ole Bakke frå Austrheim, i Amerika, Georg, f. 1911, sjauffør, g. 1936 Agnes Bertelsen, Os. Elias er framleis gards- og jordarbeidar i Lysekloster.