ASKVIK
Frå OS SOGA II side 313 – 333
24. ASKVIK.
Namnet kjem av trenamnet ask, ihopsett med -vik. Hildershamn tyder hamnen under eller ved hilderen, berget som gjev livd, og namnet høver godt på staden her.
Uttale: A’sskvikjo.
Skrivemåtar: Askeuig (1563), Aschuieg (1597), Askuigh, Ascheuigh, Ascheuigen, Ascheland (1618), Aascheuig, Askvigen (1680).
Garden ligg ved ei liti vik av Krokane, sundet som skil Strøneøyi og fastlandet, og grensar upp mot Drange i nord.
Askvik kjem fyrst fram i 1563, men er mykje eldre og hev truleg lege øyde i eit par hundrad år etter mannadauden.
Garden var Lyseklostergard, men vart kjøpt av Staten I 1872. I 1900 fekk brukarane kjøpa innmarki att av Staten, og i 1936 hev dei ogso fenge kjøpt noko av utmarki.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar 3½ stadtztdr., afler 12 tdr., nogget vedskoug. Ingen sætter heller lunder, tilsagt at plante homblehagge.
1723: Ingen sætter, skoug til huusfornødenhed og brendefang, ingen qvern, leilighed til fiskerie. Ganske ringe og tør jordart, uvis til korn, skiels letvunden. Næring af gaardens aufling, hielper sig lidt af skougen og ved fiskesnøre paa søen.
1865: Askvig med en plads Askvignæsset: Har 17½ maal dyrket åger og eng, deraf 5 maal godt, 7 middels og resten slet, har 92 maal naturlig england, af dette 21 maal godt, 47 maal middels og 24 slet, ingen dyrkbar jord, brænde til husbehov og kan sælge furu for 13 spd. aarlig, kan føde ½ kjør og 4 ungnød ved lyng samt pladset den ene af sine to kjør paa samme maade, er middels letbrugt og almindelig drevet men lider af tørke. Hillershavn: Har 1 maal dyrket åger, hvoraf det halve godt og resten slet, 8 maal naturlig england, deraf intet godt, 3 maal middels og resten slet, har brænde ¼ separat, føder ½ kjør ved lyng, er middels letbrugt og drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 2 | 2 | 14 | ||||||||
1668 | 2 | 2 | 20 | 3,5 | tun | ||||||
1723 | 3 | 2 | 26 | 9 | 8,5 | » | |||||
1800 | 4 | 21 | |||||||||
1835 | 6 | 38 | 1 | 16 | 16 | 14 | 6,5 | » | 4,5 | tun. | |
1865 | 6 | 33 | 1 | 28 | 93 | 41 | 5 | 13 | » | 13 | » |
1900 | 5 | 32 | 3 | 22 | 25 | 4 | 18 | hl. | 32 | hl. | |
1920 | 15 | 98 | 1 | 31 | 4 | 4 | 5 | mål | 13 | mål | |
1930 | 21 | 134 | 3 | 32 | 7 | 9 | 6,5 | » | 10 | » |
I folketalet som er uppført på lista er medrekna borni på Askviknes barneheim. Der var 21 born i 1920 og 24 born i 1930.
ASKVIK 1.
Niels i Aschuig hadde garden i 1563 og er fyrste brukar som me finn nemnd her. Truleg er det han som hev teke garden upp att etter at han i kannhenda 200 år hadde lege som øydegard. Nils hadde ogso garden i 1591 og døydde ikr. 1595.
Knut Askvik vart brukar ikr. 1595. Han var anten son åt Nils eller gift med ei dotter hans. Knut og ekkja etter Nils brukte garden ihop i fleire år. I 1597 – 98 svara Knut skatten for garden, i 1600 vart ekkja skriven for skatten, i 1603 var det Knut att og i 1605 var det ekkja. Ho betalte tiend i 1610, men sidan høyrer me ikkje noko um henne. Knut sat helst smått i det dei fyrste åri, men det besna etterkvart, og han hadde fleire tenarar på garden. I 1620 hadde han ein dreng som heitte Simon og seinare hadde han ein som heitte Echegielt (Esekiel). Då Knut fekk garden åleine ikr. 1605 vart han skift i tvo partar, s. br. 2. Knut døydde i 1630.
Ekkja etter Knut hadde so bruket eit par år, og hadde ein dreng, Hans, som stjorna gardsbruket. Ho sat smått i det og lagde berre husmannskatt desse åri. Det er mest truleg at Knut hadde vore gift tvo gonger og at ho var andre kona åt Knut.
Lars Askvik fekk gardsbruket i 1633, då han vart gift med ekkja etter Knut. Lars hadde vore gift fyrr og hadde m. a. sonen Johannes, s. n. Lars døydde alt i 1640.
Kvar dei ovannemnde brukarane var frå veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje noko til ætti deira.
Henrik Askvik, som hadde bruk 2, stjorna ogso dette bruket i nokre år etter at Lars døydde.
Johannes Larsson Askvik, f. ikr. 1620, bygsla farsbruket i 1644. Fyrste kona hans heitte Magdela, men seinare vart han gift med ei som heitte Brita, f. ikr. 1620. Av borni kjenner me: Peder, f. 1645, var soldat i 1660 åri og døydde då, Johannes, f. ikr. 1654, Kari, f. ikr. 1657, g. 1679 Mattis Døsen, s. D. 1, Gjertrud, f. 1660, d. ug. 1686. Mons Lepsøy, s. L. 3, var kannhenda ogso son hans. Johannes sått smått i det, og han vart sume år rekna som rein fatigmann. Han døydde i 1685 og kona i 1701, etter at han alt i 1670 hadde gjeve bruket frå seg.
Johannes Olson Hovland, f. ikr. 1635, vart brukar her i 1670. Han hadde fyrr havt bruk på Grindevoll, men måtte gå frå dette, s. G. I. Fyrste kona hans heitte Brita, men ho døydde tidleg, og ikr. 1660 vart han gift att med Kari Eivinds dtr. indre Haugland, f. ikr. 1640. Born: Kari d. e., f. 1656, s. n., Nils, f. 1663, g. 1693 Marta Ulven, s. Sjøbøen 1, Kari d. y., f. 1668, g. 1690 Mons Søfteland, s. S. 3, Marta d. e., f. 1670, g. 1693 Johannes Ulven, s. U. 3, Anders, f. 1674, g. 1700 Kari Sørstrønen, s. S. 1, Ingeborg, f. 1677, s. br. 2, Marta d. y., f. 1680, d. 1691, Ola, f. 1682, d. ug. Dei hadde ogso ei fosterdotter, Åsa, f. ikr. 1665, g. 1704 Anders Askvik, s. ytre Drange 2. Johannes greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1687 og ekkja gifte seg att eit par år etter med Ola Askvik, s. br. 2.
Johannes Abrahamson Grindevoll, f. 1661, vart i 1680 gift med Kari Johannes dtr. Askvik, f. 1656, og fekk bruket etter verfaren. Kari døydde alt i 1684 og Johannes gifte seg att året etter med grannegjenta Gjertrud Sveins dtr. Askvik, f. 1654. Dei fekk 9 born og av dei vaks 6 upp: Anders, f. 1682, g. 1704 Åsa Johannes dtr., s. o. og ytre Dange 2, Magdela, f. 1684, g. 1714 Håkon Olson Storebø i Austevoll, Kari, f. 1688, s. n., Svein, f. 1691, g. 1722 Anna Bjørnen, s. B. 1, Jens, f. 1696, g. 1724 Magdela Halhjem, s. H. 2, Abraham, f. 1704, g. b. «paa Ouland ved Havet», truleg Økland i Austevoll. Johannes streva hardt for å greida seg. Han døydde i 1737 og Gjertrud i 1725.
Johannes Olson Gjerdevik frå Fusa, f. p. Bakka i Fusa 1694, vart i 1726 gift med Kari Johannes dtr. Askvik og vart brukar saman med verfaren. Kari fall frå alt i 1727 og Johannes gifte seg att same året med Magdela Halvards dtr. Røttingen, f. ikr. 1685. Born: Ola, f. 1730, g. 1757 Herborg Storum, s. S. 1. Ein gut døydde tidleg. Johannes fekk ikkje bygsla på bruket då verfaren sat i bygsla heile tidi, og dei brukte ihop. Dei dreiv lite med fiske eller anna arbeid utanfyre bruket, men stellte jordi godt. Johannes greidde seg lettare enn verfaren og hjelpte ogso på han når det trongst. Han døydde i 1735.
Jon Ingebrigtson Skjeie, f. 1712, bygsla bruket i 1735. G. 1736 Barbru Ols dtr. ytre Drange, f. 1705. Dei fekk 4 born, men berre tvo gjentor vaks upp: Ragnhild, f. 1737, s. n., Dordi, f. 1741, g. 1767 Jon Hovland, s. H. 2. Jon greidde seg tolleg godt og åtte ein part i garden Gjemdal, som han fekk med kona. Han dreiv meir med sjøen enn fyremannen. Jon døydde i 1791 og Barbru i 1782.
Lars Jonson Hovland, f. 1731, vart i 1764 gift med Ragnhild Jons dtr. Askvik, f. 1737, og vart brukar saman med verfaren. Frå 1773 hadde han bruket åleine. Lars hadde ikkje born og sat godt i det, men han stellte kleint med husi sine og måtte leggja ei stor huseåbod til jordeigaren. Lars vart helseveik, og jordeigaren rekna med at han skulde segja upp bygsla, men han sat med bruket til han døydde i 1798.
Ekkja Ragnhild Jons dtr. tok stjorningi av bruket då mannen døydde. Godseigar Formann som åtte bruket hadde venta lenge på at bruket skulde verta fait då han hadde lova det til drengjen sin. Han krov difor at Ragnhild straks skulde segja upp bygsla, men ho sa nei. Ho hadde si bygsla på livetidi og dermed basta. Formann skreiv då i skatte- og bygsleboki: «Da enken ikke vil opsige bruget til min dreng Johannes som har faaet løfte paa bruget siden 1794, saa maa ikke hendes dreng faa det om Johannes skal dø e. 1. men da en anden af vore tjenere eller en fremmed». Ragnhild trassa og sat med bruket radt til ho døydde i 1815. Då var ho 78 år gamall.
Johannes Olson, f. ikr. 1760, som var dreng hjå Formann i Lysekloster og hadde venta på bruket i meir enn 20 år, fekk bygsla då Ragnhild døydde. Kvar Johannes var frå er uvisst. Han var ungkar radt til 1810, men då gifte han seg med Lisbet Anders dtr., som var fødd i Holen 1763, s. H. 1. Johannes hadde no mist hugen til å driva gard, men som bygslemann hadde han rett til å ta seg kår, og det gjorde han straks. Alt tvo år etter at han kom til Askvik let han bruket frå seg og vart kårmann. Han døydde ikr. 1840 og kona i 1827.
Ola Olson Søfteland, f. 1774, bygsla bruket etter Johannes i 1817. Ola hadde fyrr vore dreng eller paktar i Lysekloster, og Formann heldt soleis lovnaden sin at ein av tenarane hans elles skulde få bruket um ikkje Johannes tok det. G. 1803 Velina Engjels dtr. Bø (Nedrebø), f. 1779. Born: Ola, f. 1803, g. 1838 Agata indre Drange, s. i. D. 2, Engjel, f. 1808, s. n., Marta, f. 1810, ug. Johannes, f. 1813, g. 1842 Brita Ulven, s. U. 4, Anna, f. 1816, g. 1853 Nils Skjeie, s. S. 4. Tvo born døydde unge. Ola dreiv ikkje lite med sjøen. Han døydde i 1849 og Velina i 1840.
Engjel Olson Askvik, f. 1808, bygsla bruket etter faren i 1840. G. 1840 Mari Torkjells dtr. Skjeie, f. 1807. Born: Ola, f. 1841, s. n., Marta, f. 1846, g. 1867 Torkjell Døsen, s. D. 2, Velina, f. 1848, g. Albrigt Søvik, s. S. 5, Mari, f. 1851, g. 1873 Ola Drange, s. ytre Haugland 3. Tvo born døydde unge. Engjel dreiv med notbruk attåt gardsbruket. Han døydde i 1872 og kona i 1870.
Ola Engjelson Askvik, f. 1841, bygsla farsbruket i 1867 og fekk kjøpa innmarki i 1900, s. o. G. 1866 Kristi Ols dtr. indre Drange, f. 1844. Born: Maria, f. 1867, s. br. 4, Agata, f. 1870, s. br. 6, Olina, f. 1873, d. ug., Engjel f. 1875, s. n., Ola, f. 1877, s. br. 7, Kristina, f. 1880, g. 1903 Peder Søviknes, s. Søvik 5, Torkjell (tvilling), f. 1884. Ei gjenta døydde ung. Ola dreiv med notbruk likeins som faren. Han døydde i 1914 og kona i 1922.
Engjel Olson Askvik, f. 1875, skøytte bruket etter faren i 1903. G. 1902 Anna Nils dtr. Hovland, f. 1876. Born: Karen, f. 1903, s. br. 20, Ola, f. 1905, sjauffør, g. 1931 Larsina Engjels dtr. Halhjem, Kristina, f. 1907, Nils, i. 1910, s. n. Engjel hev vore bøkkar, og hev ogso drive med steinarbeid.
Nils Engjelson Askvik, f. 1910, er brukar etter faren. G. 1936 Borghild Hans dtr. Åsen, f. 1905. Born: Erling, f. 1938.
ASKVIK 2.
Mikkjel Askvik vart fyrste brukar her då garden vart skift i tvo partar ikr. 1605. Mikkjel var rekna som husmann og lagde liten skatt. Han hadde bruket til 1610.
Henrik Askvik vart brukar etter Mikkjel. Han var kann henda son åt Knut Askvik på br. 1. I 1611 måtte Henrik saman med dei andre osingane til Svinesund for å møta svenskane i Kalmarufreden. Straks etter at han kom heim att gifte han seg, men me veit ikkje kven kona var. Av borni kjenner me berre Svein, f. ikr. 1616, s. n., og Lars, f. ikr. 1620, s. br. 3. Henrik sat tolleg godt i det, og lagde då nokre år var gjengne skatt som andre bønder, noko som var uvanleg ved eit nytt bruk. Han døydde ikr. 1656.
Svein Henrikson Askvik, f. ikr. 1616, vart brukar saman med faren i 1642. Kona hans heitte Kari, men meir veit me ikkje um henne. Av borni kjenner me: Henrik, f. ikr. 1645, d. 1663, Jon, f. 1650, s. n., Gjertrud, f. 1654, s. br. 1, Johannes, f. 1656, g. 1678 Marta Særvoll, s. S. 1, Jens, f. 1665, Svein, f. 1669. Svein var skriven som øydegardsmann men stod seg tolleg godt. Han hadde bruket saman med faren til han døydde ikr. 1656, og då han vart brukar åleine, hadde han tvo tridjepartar av heile Askvik. Svein døydde i 1669.
Jon Sveinson Askvik, f. 1650, vart brukar saman med mori då faren døydde. G. 1682 Anna Steffens dtr. Borgen, f. ikr. 1660. Jon sat tungt i det, og i slutten av 1680 åri flutte han og kona frå Askvik. Me veit ikkje kvar dei tok vegen.
Ola Olson indre Moberg, f. 1666, bygsla bruket ikr. 1688. G. 1689 ekkja Kari Eivinds dtr. Askvik frå br. 1, f. ikr. 1640. Dei hadde ikkje born. Ola dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1725 og kona i 1723.
Jon Nilsson indre Moberg, f. 1682, bygsla bruket etter Ola, som var halvbror hans. G. 1712 Ingeborg Johannes dtr. Askvik, f. 1677. Dei fekk tvo born som døydde unge. Johannes vart utskriven til soldat og skulde ut i ufreden 1709, men då han var tunghøyrd og hadde brokk, so slapp han. Han bygde seg ei kårstova som han åtte sjølv og som ikkje fylgde bruket. Jon døydde i 1756 og Ingeborg nokre år etter.
Johannes Andersson, f. ikr. 1721, vart brukar i 1752. Um Anders var osing er mykje uvisst, men kannhenda var han son åt Anders indre Drange. G. I. 1749 Marta Åmunds dtr. indre Lekven, f. 1711, d. 1755, G. II. 1755 Ingjerd Rasmus dtr. ytre Drange, f. 1725. Johannes fekk 9 born, men heile 6 av borni døydde i ulukkesåret 1765. Dei som vaks upp var: Anders, f. 1750, hadde spillesykja i 1770 åri, Nils, f. 1752, d. ug. 1787, Jon, f. 1757, ug. Johannes dreiv mykje med sjøen, og det var knapt nokon mann i Osbygdi på dei tider som hadde so mykje sjøreidskap og fiskegreidor som han. Likevel sat han tungt i det og streva hardt for å greida seg. Han døydde alt i 1763.
Ekkja Ingjerd Rasmus dtr. hadde so bruket nokre år.
Johannes Arneson, f. ikr. 1742, vart i 1769 gift med ekkja Ingjerd Rasmus dtr. og fekk bruket. Kvar Johannes var frå veit me ikkje. I kyrkjebøkene er det ikkje noko å finna um giftarmålet hans, og i skattebøkene o. a. st. er han nemnd både som Johannes Alsaker og Johannes Mjånes. Men me kann ikkje firma at han er frå nokon av dei gardane. Ingjerd døydde i 1788, og Johannes gifte seg att tvo år etter med Marta Engjels dtr. øvre Bolstad, f. ikr. 1743. Han fekk ei dotter i fyrste giftarmålet, Johanna, f. 1770, s. n. Johannes dreiv sjøen likeins som fyremannen, og vart tilslutt ein velstandsmann for osing å vera. Han døydde i 1825 og Marta i 1815.
Engjel Olson Økland, f. 1770, som var systerson åt gamlekona på garden, Marta Engjels dtr., bygsla bruket i 1796. Engjel skulde gifta seg um hausten med dotter åt Johannes, Johanna, men same året døydde han, og Johannes måtte ta stjorningi av bruket att.
Johannes Olson Økland, f. 1772, som var bror åt Engjel bygsla bruket i 1797 etter broren, og tvo år etter gifte han seg ogso med broren sin kjærast, Johanna Johannes dtr. Askvik, f. 1770. I dei fyrste 8 åri dreiv han bruket saman med verfaren og vermori, som og var morsyster hans. Born: Ola, f. 1800, s. n., Ingjerd, f. 1803, g. 1844 Anders Sørstrønen, s. S. 6, Johannes, f. 1806, g. 1831 Agata indre Drange, s. i. D. 2. Johannes dreiv sterkt med sjøen likeins som fyremennene og stod seg godt. Ved skiftet etter han var det soleis sjøreidskaper for heile 6 kuverd og ein koparkjel til 5 kuverd. Kona hadde eit sylvkjede til l½ kuverd, mange sylgjor og ringar, og klær for 4 kuverd. Mannen hadde klær, sylvknappar og sylvstaup for ialt 2 kuverd. Johannes og Johanna døydde begge same dagen i 1815, og nokre vikor etter døydde gamlekona i huset, s. o.
Ola Johannesson Askvik, f. 1800, bygsla bruket i 1815 då foreldri døydde. Han var soleis berre 15 år gamall då han vart gardbrukar, men han greidde yrket. Bestefaren livde framleis og kunde hjelpa til med stjorningi. Ola vart gift i 1820 med Marta Mons dtr. indre Drange, f. 1794. Born: Johannes d. e., f. 1821, s. n., Johanna, f. 1822, g. 1860 Ola Borgen, s. ytre Lekven 5, Mons, f. 1825, d. ug. 1870, Agata, f. 1828, g. 1852 Torkjell Grindevoll, s. Skjeie 2, Marta, f. 1829, d. ung, Johannes d. y., f. 1832, s. n., Marta, f. 1835, b. Laksevåg, Ola, f. 1838, g. 1861 Anna Nordstrønen, s. N. 10. Ola var fiskar og dreiv med notbruk. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1855 – 58. Han døydde i 1880 og kona i 1871.
Johannes Olson Askvik, f. 1821, vart brukar saman med faren i 1850 åri, men bygsla ikkje bruket fyrr i 1862. G. 1851 Kari Ols dtr. Sørstrønen, f. 1816. Born: Marta, f. 1853, Ingeleiv, f. 1856, g. Nils Halvardson Stend, b. Lyngbø i Fana, s. F. B. 506, Ola, f. 1860. Ein gut døydde ung. Johannes døydde av spillesykja.
Johannes Olson Askvik, f. 1832, som var ein yngre bror åt den fyrre brukaren Johannes, bygsla bruket i 1870. Han hadde fyrr vore busett på Lyngbø i Laksevåg. G. 1861 Ingeborg Johannes dtr. Tømmernes, f. 1836. Born: Johan, f. 1865, arbeidsformann i Årstad, g. 1889 Karina Nils dtr. Halhjem, Ola, f. 1869, d. 1884, Martin, f. 1872, kyrkjegardsarbeidar i Bergen, Edvard, f. 1875, arbeidsformann på steinhoggarverkstad, Bergen, g. Laura Eriksen, Johanna, f. 1878, d. ug. 1910. Johannes var treskoarbeidar. Han døydde ikr. 1890 medan Ingeborg livde til 1927.
Ola Olson Askvik kjøpte bruket utan utmark av Staten i 1900 saman med sitt eige bruk nr. 3. Sjå um han under br. 3.
Lars Olson Askvik, f. 1866, kjøpte bruket av broren Ola og fekk skøyte av Staten i 1903. Han selde bruket att i 1906 og tok seg seinare eit nytt bruk, s. br. 9, der ein finn meir nemnd um han.
Henrik Jonson Kuventræ, f. 1879, kjøpte bruket av Lars i 1906. Han selde atter i 1911 men tok undan ein part, der han sjølv bygde og busette seg og der ein finn meir um han, s. br. 10.
Sigurd Michelsen, f. i Bergen 1868, kjøpte bruket i 1911 og skøytte det på kona som er eigar no. Han hadde fyrr vore arkitekt i Bergen. G. 1911 Clara Sanders frå Svelgen i Bremanger, f. 1882. Born: Clara, f. 1905.
ASKVIK 3.
Ola Askvik er nemnd i 1638 som «husmand uden gaardepart», og hadde soleis berre eit hus utan jord. I 1645 er han ført upp som brukar i Askvik og hadde då ogso fenge eit jordstykke av garden. Etter 1646 svara han skatt for fjordeparten av Askvik. I 1640 åri var han rekna som fatigmann, men sidan lagde han like stor skatt som dei andre bøndene i grendi. Elles kjenner me ikkje noko til han eller ætti hans. Kona hans som heitte Kari Ols dtr. var fødd ikr. 1624. Ola fall frå ikr. 1656.
Ekkja Kari Ols dtr. stjorna so bruket i mange år. Ho døydde i 1669.
Lars Henrikson Askvik, f. ikr. 1620, bygsla bruket då Kari døydde. Lars hadde fyrr vore busett i Askvik, men var då rekna som berre husmann. Kona hans heitte Magdela, men meir veit me ikkje um henne. Av borni kjenner me 3: Nils, f. 1656, Ola, f. 1658, Kristi, f. 1660, s. n. Lars døydde i 1703, og kona var falli frå tidlegare.
Mattis Jonson ytre Drange, f. 1672, vart i 1695 gift med Kristi Lars dtr. Askvik, f. 1660, og vart brukar etter verfaren. Born: Kari f. 1697, Lars, f. 1699, Brita, f. 1705. Mattis sat tungt i det, og då han i 1716 fekk eit barn til, men ikkje nett med kona si, so måtte han leggja svere bøter, og det vart for mykje for han. Han greidde ikkje sitja lenger med bruket, og i 1723 flutte han frå Askvik med huslyden. Me veit ikkje kvar det vart av dei.
Jens Jørgenson indre Moberg, f. 1700, bygsla bruket då Mattis flutte. G. I. 1725 Ingeborg Ols dtr. indre Moberg, f 1702, d. 1744, G. II. 1745 Ragnhild Amunds dtr. indre Lekven, f. 1716. I fyrste giftarmålet fekk Jens tvo gutar som begge døydde unge, men i siste giftarmålet fekk han 6 gjentor på rad: Ingeborg, f. 1746, Brita, f. 1747, Kari, f. 1749, Guro, i. 1751, Anna, f. 1756, Gjertrud, f. 1758. Jens dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han var ein vyrd mann og vart mykje nytta som skyns- og lagrettemann. I 1746 måtte han likevel for retten avdi han hadde gjeve bror sin dugeleg pryl i eit brudlaup på Drange, men han som måtte leggja bot for det heile var broren. Jens døydde i 1763, og ekkja Ragnhild flutte då burt med alle smågjentone sine. Me veit ikkje kvar dei tok vegen, og me finn ikkje nokon av gjentone gifte i Os eller buande her seinare.
Ola Olson Søfteland, f. 1737, vart brukar etter Jens. G. 1763 Gjertrud Jons dtr. Lunden, f. 1734. Dei fekk 7 born, men berre 4 vaks upp: Ola, f. 1763, g. 1792 Eli Jakobs dtr. Samdal frå Fana, Kari, f. 1769, g. 1789 Anders Nordstrønen, s. N. 1, Anna, f. 1772, d. ug. 1792, Guro, f. 1774, s. n. Ola dreiv sterkt med fiske og sat tolleg godt i det. Kona fekk spillesykja. Ola døydde i 1814 og Gjertrud i 1816.
Ola Olson Sørstrønen, f. 1775, vart i 1796 gift med Guro Ols dtr. Askvik, f. 1774, og bygsla bruket etter verfaren. Dei hadde elles bruket saman so lenge verfaren livde, og trass at Ola hadde bygsla i 1796, so bygsla han uppatt i 1815, då verfaren var død. Born: Anna, f. 1796, s. br. 4, Ola, d. e.. f. 1797, s. n., Ola d. y., f. 1803, g. 1835 Anna Gjerde, s. Hovland 3, Brita, f. 1806, g. 1836 Ola UlVen, s. U. 2. Tvo born døydde tidleg. Ola dreiv med fiske likeins som fyremennene, og i 1839 kom han burt på sjøen. Kona var død i 1834.
Ola Olson Askvik, f. 1797, bygsla bruket etter faren i 1835. G. 1822 Marta Nils dtr. Solbjørg frå Samnanger, f. 1795. Born: Marta, f. 1823, g. 1851 Jon Lønningdal, s. Forstrønen 3, Guro, f. 1824, g. 1850 Ola Sørstrønen, s. Ulven 7, Ola d. e., f. 1826, s. n., Nils, f. 1828, g. 1861 Brita Nordstrømnen, s. N. 8, Ola d. y., f. 1831, g. 1852 Mari Eivinds dtr. Ytre Tuen, b. Krokeid i Fana, s. F. B. 613, Gjertrud, f. 1841, d. ug. 1864. 3 born døydde unge. Ola dreiv med sjøen som faren og forfederne hadde gjort. Han vart ikkje gamall, då han døydde alt i 1843.
Ekkja Marta Nils dtr. stjorna so bruket nokre år.
Ola Olson Askvik, f. 1826, vart brukar etter mori ikr. 1848. Han hadde elles fenge bygsla på bruket alt i 1838, då han berre var 12 år gamall, for at bygsla ikkje skulde gå ut or ætti. G. 1849 Anna Steins dtr. Hovland, f. p. Lepsøy 1828. Born: Stein, f. 1852, kom burt på sjøen i 1869 saman med Kristian Hagevik, Ola, f. 1856, s. n., Elias, f. 1861, g. 1892 Frida Storum, s. S. 2, Lars, f. 1866, s. br. 2 og 9. Ein gut døydde ung. Ola var notbas og dreiv stort sjøbruk. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi. Ola døydde i 1895 og kona i 1902.
Ola Olson Askvik, f. 1856, bygsla farsbruket i 1884. I 1900 kjøpte han bruket (innmarki) av Staten saman med br. 2 for ialt 5450 kroner, men selde det sistnemnde bruket att til broren, s. br. 2. G. 1885 Magdela Lars dtr. Nordstrømnen, f. 1860. Born: Stein, f. 1885, s. n., Ola, f. 1887, målar, b. Opdal i Sør-Trøndelag, Lars, f. 1890, g. 1912 Ingebjørg Horvei, s. Hovland, Anna, f. 1892, sjukesyster, Henrik, f. 1895, handelsstyrar i Hagevik, Sivert, f. 1899, i Amerika, s. br. 19, Magnus, f. 1903, lærar på Søre Neset, g. 1931 Hjørdis Tunold. Ei gjenta døydde ung. Ola var treskoarbeidar og gardbrukar. Han døydde i 1927 og Magdela i 1924.
Stein Olson Askvik, f. 1885, skøytte farsbruket i 1913 og hev det no. G. 1908 Ingeborg Halvards dtr. Sundøy, f. 1883. Born: Ingeborg, f. 1911. Stein hev vore medlem av soknerådet og havt andre tillitsyrke i bygdi.
ASKVIK 4. (Hildershamn).
Johannes Åmundson Lunde, f. 1708, busette seg her i 1760 og vart fyrste brukar her. Formann skreiv um dette i skatteboki: «Aamund har 1760 fæstet et stykke af udmarken til at rydde, og skal herfor svare 1 rigsdaler 2 mark og 1 dagsværk». Johannes hadde fyrr vore busett på Halhjem, s. H. 4. G. 1743 Kristi Sfeffens dtr. Døsen, f. 1708. Dei hadde ikkje born. Det var smått for Johannes, og han freista fleire utvegar for å greida seg. Hildershamn låg midt i byleidi, og folk på byveg stogga gjerne upp i Hildershamn fyrr dei tok ut på den verharde Krossfjorden. Gjestgjevaren i Kvalesund likte ikkje at Johannes Hildershamn tok imot ferdafolk, og då Johannes ogso byrja som ein slags gjestgjevar, selde øl til ferdafolket og selde stomp ved kyrkja, so bar det laust. På hausttinget 1771 møtte Kvalesundmannen upp og upplyste at han «havde ved lensmanden og tyende andre mænd anseet sig nødt til at konfiskere 7 treskillingsbrød, 5 kager og 3 kringler», som kona åt Johannes hadde havt med seg til Oskyrkja for å selja til kyrkjefolket. Attåt dette melde han Johannes for ulovleg ølsal. Johannes baud seg til å svara ein dalar året, um han kunde få selja øl og brennevin til ferdafolket, solenge han kunde makta å svara desse pengane. Me veit ikkje kva retten sa um tilbodet.
Johannes var ein mann som kunde meir enn folk flest. Prestesonen Michael Sandberg fortel i boki si frå 1811, at Johannes Hildershamn var den siste mann i Os som skyna seg på kråkemål og kunde høyra kva kråka sa. Han døydde i 1779 og Kristi i 1786.
Åmund Nilsson ytre Lekven var ogso busett i Hildershamn i Johannes si tid. Åmund var fødd på ytre Lekven i 1741 og er skriven som «ægte født», men det er uskyneleg kven foreldri då kunde vera. Då han døydde i Hildershamn 1775 vart han skriven for «mand» og skulde difor vera gift, men me veit ikkje noko um kona eller den andre huslyden hans.
Ola Rasmusson ytre Drange, f. 1740, bygsla bruket i 1780, g. 1776 Anna Lars dtr. Nordstrønen, f. 1746. Born: Magdela, f. 1776, Rasmus, f. 1778, Agata (tvilling), f. 1781, Anna, f. 1781, g. Nils Hansson «Janbrugen», Dordi, f. 1784, d. ung, Maria, f. 1786. Ola hadde fyrr havt eit bruk på ytre Drange, s. y. D. 2, og dei tvo eldste borni var fødde der. Ola kom upp i mykje musk og måtte jamt til tings for eit eller anna. I 1784 hadde nokre karar frå Samnanger skote dyr (hjort) i Askvikmarki og på Strøno, og Ola og kona vart klaga av Formann for at dei hadde «staalet og hælet» med dyreskyttarane. Men Ola og Anna greidde seg. Han kunde prova at han då var ute på fiske, og ho kunde prova at ho på dei tider «var høist frugtsommelig». Ola døydde alt i 1790.
Ekkja Anna Lars dtr. hadde so bruket nokre år. Hadde ho vore burte i eit og anna medan mannen livde, so vart det endå verre etterpå. Det tok jamt ferdafolk inn i Hildershamn, og attimillom kom det ogso andre fylgje rekande og gav seg til der. Det var strengt forbode å hysa splint og farande fant på Lyseklostergardane, og då Anna ikkje hadde halde huset heilt reint for slike folk, so vilde forvaltaren på Lysekloster jaga henne frå bruket. Men Anna beit frå seg og stemna godseigaren på Lysekloster til tings for ulovleg uppsegjing. Det vart ei stor rettsak av dette, og ikkje mindre enn 33 menn og kvinnor frå Drangsbygdi, Nore Neset og Øyane måtte for retten og vitna i saki. Godseigaren krov at Anna skulde flytja frå bruket «da hun er aldeles uværdig til ene at bebo og betjene pladset paa grund af de mange lastværdige bedrifter hun har udøvet ved at huse løsgjængere», o. s. b. Grannane frå Askvik og Hovland hadde berre godt å segja um Anna, medan Drangsfolket var mykje misnøgd med at ho hyste splintar og tente pengar på dei. Då forvaltaren ikkje fekk tak på Anna for dei «lastverdige bedrifter» so skulda han henne for tjuveri, avdi ho skulde havt ein slump sylvpengar med seg på ei byferd. Men futen Koren, som var klagar for Anna over den urette uppsegjingi, gav svar på dette: «Det er almindelig blandt bondestanden at enken forbeholder sig de faae penge som hun i sin pigestand har erhvervet, og det var slige penge enken nu var nødt at tåge af og havde med sig til Bergen». Domen i saki gjekk likevel ut på at Anna skulde flytja frå bruket i 1793, og det gjorde ho. Tvo år etter vart ho gift att med Steffen Lepsøy og vart seinare busett på plassen Luren under Sørstrønen, s. S.
Steffen Larsson Ulven, f. 1745, hadde fenge løyve på Hildershamn hjå Formann so snart Anna kom burt, og i 1793 fekk han festa bruket utan fast bygsla. Steffen kjøpte korn o. a. for 10 dalar til utsåd og sådde plassen til um våren 1793, men um hausten kom Anna og tok heile avlen. Etter gamall skikk og bruk hadde bygslemannen rett på avlen i det året dei flutte frå bruket. Steffen reiste då sak mot Lysekloster for å få sine 10 dalar att, og krov dei i buet etter forvaltar Hauerberg. Steffen var gift i 1791 med Kristi Eriks dtv. Sagstad frå Fana, f. ikr. 1771. Born: Lars, f. 1792, Erik, f. 1794, d. ung, Kristi, f. 1802. Steffen dreiv fiske likeins som fyremennene sine. Han døydde i 1803.
Ekkja Kristi Eriks dtr. stjorna so bruket nokre år. Ho hadde ikkje bygsla, men «er der tilhuse mod tilsyn af pladset» skreiv Formann i skatteboki. Han betalte sjølv skatten for bruket og hadde innkoma av det. Kristi døydde i 1807 og borni reiste ut.
Erik Sørenson Eldholm, Kvalesund, vart brukar etter Kristi. Det vart tinglese festesetel til Erik Nilsson i 1807 og til Erik Eldholm i 1810, men me lyt tru at dette er ein og same mannen. Erik var gift, men me veit ikkje kven kona hans var. Han hadde fyrr vore gjestgjevar på Tjernagel i Sveio, men det gjekk ut for han der, og han festa no Hildershamn. Av borni kjenner me 3: Fredrik, f. ikr. 1793, s. n., Tomas Friis, f. ikr. 1795, kjøpmann i Amsterdam, Holland, Maria, f. ikr. 1802, g. 1837 Jon Kristofferson Sunnfjord frå Strandvik. Maria hadde i fleire år vore i Holland likeins som broren og tent so mange pengar at ho i 1836 kunde låna ut 400 dalar til Peder Svinestein i Strandvik. Då Erik i 1829 let bruket frå seg til sonen, sette han upp eit serskilt hus åt seg sjølv i Hildershamn, og sette huset i pant til sonen i Amsterdam for 50 dalar. I 1835 fekk dotteri Maria skøyte på huset.
Fredrik Erikson Eldholm, f. ikr. 1793, bygsla bruket etter faren i 1829. G. 1829 Anna Ols dtr. Askvik, f. 1796. Born: Anna, f. 1830, d. ung, Ola, f. 1833, g. 1858 Kristi Mons dtr. ytre Drange, Tomas Friis, f. 1836, g. Maria Lars dtr. Storhaug frå Kinn, Sunnfjord. I 1858 flutte Fredrik med huslyden til Krokeid i Fana, der sonen Ola hadde fenge seg eit bruk. Ola, kona hans, og eine barnet deira kom burt på sjøen i 1871 under ei heimferd til Krokeid, og broren Tomas fekk bruket på Krokeid etter han. S. F. B. 612 – 13.
Jon Jonson Grindevoll, f. 1831, bygsla bruket då Fredrik flutte. G. 1862 Ingjerd Hans dtr. Storum, f. 1835. Born: Jon, f. 1864, s. n., Hans, f. 1871, s. br. 6, Lars, f. 1874, g. 1902 Olina ytre Haugland, s. Storum. Jon var fiskar og reiste med notbruk. Han døydde i 1895 og Ingjerd i 1902.
Jon Jonson Hildershamn, f. 1864, vart brukar etter faren og kjøpte bruket (innmarki) av Staten i 1900. G. I. 1891 Maria Ols dtr. Askvik, f. 1867, d. 1903, G. II. 1904 Ingeborg Anders dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1869. Born: Magnus, f. 1904, s. n., Borghild, f. 1906, sjukesyster, Anders, f. 1908, s. n., Jon, f. 1910, s. n. Jon hev vore sjømann og reist i over 30 år.
Brørne Magnus, Anders og Jon Hildershamn fekk skøyte på bruket etter faren i 1936. Jon er målar. Anders er mekanikar. Han er gift i 1936 med Jenny Andreas dtr. Krossnes frå Hamre, f. 1909.
ASKVIK 5. (Askviknes).
Amund Hansson Molda (Moldadalen), f. 1770, rydja og bygde her i 1816. Han vart ikr. 1804 gift med Anna Jons dtr. Lyngbø i Fana, f. ikr. 1781, og fekk i 1804 vermori sitt bruk på Lyngbø, s. F. B. 506. Det gjekk ikkje for han der og i 1816 let han bruket frå seg og flutte attende til Os der han tok bustad i Askviknes. Anna døydde i 1841 og Amund gifte seg att i 1844 med Anna Margreta Peders dtr. Møller frå Bergen, f. ikr. 1801, som hadde vore i huset hjå han sidan kona døydde. Born: Jon, f. 1809, s. n., Hans, f. ikr. 1812, s. n., Kristi, f. 1815, Anders, f. 1818, b. i Sogn, Amund, f. 1821, s. n. Amund var fiskar, men sat sverande smått i det og måtte ha hjelp. Han døydde i 1849 og ekkja flutte truleg attende til Bergen.
Jon Amundson Askviknes, f. 1809, vart busett her etter faren. Han vart gift med ei som heitte Kristi Ols dtr., og etter aldren hennar og elles høver det på Kristi Ols dtr. Øvredal, f. 1812. Jon døydde alt i 1849 og Kristi i 1850. Um brørne Hans og Amund, sjå nedanfyre.
Stein Steinson nedre Vågen frå Strandvik, f. ikr. 1804, flutte hertil i 1851. Han hadde fyrr vore busett i Sundøy, der han i 1846 vart gift med Agata Johannes dtr. Sundøy, f. 1804, som var ekkja etter Jon Sundøy, s. S. 6. Born: Jon, f. 1844, spinnearbeidar i Fana, g. Synneva Mikkjels dtr., Lars Olai, f. 1846, spinnearbeidar i Fana, Lisebrigt, f. 1848. Ei gjenta døydde ung. Stein var fiskar og rydja plassen so mykje at han kunde fostra ei ku. Han var halt og fekk difor namnet «Pjonkjen». Stein døydde i 1876 og plassen vart nedlagd.
Askviknes barneheim for omstreifarborn vart bygd på staden i 1898. »
Hans Amundson Molda, f. ikr. 1812, s. o., busette seg ogso i Askvik. Plassen der han bygde kalla dei for «Vombo», og Hans fekk namnet «Vomba-Hans’n». Kona hans heitte Rikka, og seinare gjekk plassen under namnet «Rikkeplasset». Bror åt Hans, Amund Amundson Molda, f. 1821, busette seg på Rikkeplasset. Han vart gift 1850 med Boel Jons dtr. indre Tuen, f. 1804. Amund, «Aumen», flutte sidan til Hatvik og vart seinare buande på Flatøy i Fana.
ASKVIK 6. (Langgård).
Hans Jonson Hildershamn (Askvik), f. 1871, kjøpte ein part av br. 2 i 1903 og bygde her. G. 1896 Agata Ols dtr. Askvik, i. 1870. Born: Johanna, f. 1896, b. Alversund, Kristina, f. 1898, b. Alversund, Ola, f. 1903, stuert, g. Sigrun Rydland frå Seim i Alversund, b. Alversund. Hans var sjømann 25 år og reiste ei tid med notbruk. Han selde bruket i 1935 og reiste til sonen i Alversund. Her døydde han i 1938. Kona var død i 1928.
Lærar Albert Lien kjøpte bruket i 1935.
ASKVIK 7. (Solheim).
Ola Olson Askvik, f. 1877, fekk i 1908 ein part av farsbruket, br. 1, og busette seg her. G. 1903 Lena Matias dtr. Tviberg frå Askevoll, f. 1878. Born: Kristina, f. 1904, sjukesyster, Matias, f. 1905, lagerarbeidar i Bergen, g. Sigrid Gardshol frå Ålesund, Matilda, f. 1907, d. 1932, Georg, f. 1911, Olav, f. 1914. Ola var målar. Han vart ikkje gamall, då han døydde alt i 1916.
Ekkja Lena Matias dtr. overtok so bruket og hev det enno.
ASKVIK 8. (Sørheim).
Engjel Eivindson Skåtøy (Balland), f. 1879, kjøpte ein part av br. 2 i 1908 og bygde her. G. 1904 Nilla Maria Kristiansen frå Haugesund, f. 1878. Born: Eivind, f. 1905, møbelsnikkar, Nesttun, g. 1932 Ruth Gustavs dtr. Bahus, Kristian, f. 1907, møbelsnikkar, g. Anna Lars dtr. Lepsøy, b. Nesttun, Arnt, f. 1910, Nelly, f. 1912, Brita, f. 1914, Anna, f. 1917. Ein gut døydde ung. Engjel kalla seg Sørheim. Han var arbeidsformann på salteri. I 1929 selde han bruket og flutte til Fana, der han no er busett.
A. Nygard kjøpte bruket i 1929 men selde det att året etter.
Harald Hansson Kvalheim frå Hordabø, f. 1898, kjøpte bruket i 1930. G. 1926 Oliva Nils dtr. Storum, f. 1901. Born: Henry, f. 1929, Ragnhild, f. 1932, Oddmund, f. 1935. Harald er diakon på sjukehus (asyl) i Bergen.
ASKVIK 9. (Friheim).
Lars Olsson Askvik, f. 1866, som fyrr hadde havt br. 2, men hadde selt det att, kjøpte i 1909 eit stykke av broren sitt bruk, br. 3, og busette seg her. G. 1902 Guro Håkons dr. Soldal frå Kvam, f. 1876. Born: Olav, f. 1903, snikkar i karosserifabrikk, b. Bergen, Anna, f. 1905, Håkon, f. 1907, g. 1936 Maria Lyssand, s. indre Moberg, Harald, f. 1909, Gyrid, f. 1912, g. 1935 Jakob Hetleflåt, s. H. 1. Lars er snikkar og hadde arbeid på snikkarverkstad i Bergen fyrr han flutte til Askvik.
ASKVIK 10. (Framnes).
Henrik Jonson Kuventræ (Kuven), f. 1879, som hadde br. 2, tok undan ein part av dette bruket, då han selde det i 1911, og vart buande her. G. 1903 Dordi Hans dtr. Bjørnen, f. 1883. Born: Georg, f. 1906, båtbyggjar, g. 1928 Kristina Jons dtr. Skjeie, Hansina, f. 1907, Jon, f. 1909, båtbyggjar, g. 1935 Karolina Sørstrønen, s. br. 22, Sigurd, f. 1911, båtbyggjar, Hilda, f. 1913, g. Sigurd Olson Hagavik, Gunvor, f. 1914, g. 1935 Leon Hansson Borgen, Hans, f. 1916, båtbyggjar, Henrik, f. 1918, båtbyggjar, Sesilia, f. 1919, Otto, f. 1921, Dagmar, f. 1923, Tordis, f. 1925, Nimann, f. 1926, Harald, f. 1928. Henrik var båtbyggjar. Han var vida kjend for sine framifrå båtar og fekk høgste utmerkjing ved fleire utstillingar. Henrik dreiv ogso sagbruk. Han døydde i 1937.
Ekkja Dordi Hans dtr. hev bruket etter mannen døydde. Sønene driv sagbruket og båtbyggjarverksemdi.
ASKVIK 11. (Torsvik).
Haldor Haldorsen frå Bremnes, f. 1863, kjøpte i 1916 saman med Johannes Kuventræ, s. Kuven 7, tvo små jordstykke her og bygde motorfabrikk. Haldor hadde fyrr drive dette arbeidet hjå broren på Rubbestadnes i Bremnes. G. I. Ingeborg Johannes dtr. Mjåtveit frå Meland, f. 1866, d. 1915, G. II. 1921 Gunda Tellefsen frå Fjæra ved Grimstad, f. 1890. Born: Hilmar, f. 1885, sjømann, d. 1907, Johannes, f. 1887, hamnebetjent i Bergen, g. Frida Hafstad, Maria, f. 1889, g. smed Hugo Johnsen, Kalmar i Sverik, Helga, f. 1894, g. Monrad Kristoffersen, Bergen, Elias, f. 1895, s. br. 15, Hilda, f. 1901, g. res. kapellan Karl Torp, Finnmark, Jenny, f. 1903, d. 1925, Astrid, f. 1922. Ei gjenta døydde ung. Haldor var utlærd snikkar og arbeidde i Bergen mange år. Han var so ei tid sagmeistar og førde motorbåt i 9 år. Etter å ha arbeidt ei tid på Rubbestadnes kom han hertil i 1915.
ASKVIK 12. (Opheim).
Paul Helgesen, f. p. indre Haugland 1858, kjøpte eit stykke av br. 3 i 1919. Han hadde fyrr vore busett i Bergen. G. I. Teodora Ingebrigtsen frå Bergen, G. II. 1912 Ragnhild Eivinds dtr. Skåtøy (Balland), f. 1884. Born: Birger, f. 1891, skipshandlar i New Jersey, Amerika, Paul, f. 1897, kyrkjesongar i Nannestad, g. Inga Olsen frå Bergen, Jenny, f. 1887, g. fyrbøtar Randolf Sørensen, Bergen, Brita, f. 1913, s. n. Paul er maskinist tilsjøs og hev i mange år vore tilsett i Midthordlandske D/S.
Brita Pauls dtr. (Helgesen), f. 1913, skøytte bruket etter faren i 1935 og eig det no.
ASKVIK 13. (Austrheim).
Engjel Sørheim, s. br. 8, kjøpte eit jordstykke av br. 1, og hadde dette til 1929 då det vart selt til A. Nygard. Han skøytte det att i 1932 til restauratør Harald Knutsen frå Bergen, som bygde på bruket. I 1933 vart det atter selt til Ole Wergeland og dotteri Laila Wergeland, som eig det no. Eigedomen er berre nytta til sumarbustad for eigarane.
ASKVIK 14. (Breidablik).
Karl Nilsson Hovland, f. 1886, kjøpte eit stykke av Staten si utmark i 1924 og bygde her. G. 1924 Engelina Engjels dtr. Halhjem, f. 1894. Born: Lilly Johanna, f. 1928. Karl var arbeidsformann på salteri. Han døydde alt i 1932.
Ekkja Engelina Engjels dtr. hev bruket no.
ASKVIK 15. (Solhaug).
Elias Haldorsen, f. 1895, bygde og busette seg på ein part som han kjøpte av br. 3 i 1927. G. 1923 Petra Kristine Kristoffers dtr., f. p. Sagenes i Fana 1898. Born: Ingeborg, f. 1924, Jenny, f. 1926, Jessy Kitty, f. 1928, Kristian, f. 1930. Elias er mekanikar og driv motorfabrikken saman med faren.
ASKVIK 16. (Haugset).
Jon Sjurson Skåtøy (Balland), f. 1887, som fyrr hadde vore busett i Skåtøy, s. Balland 5, kjøpte i 1927 eit stykke av br. 10 og busette seg her. G. 1915 Malena Nils dtr. Ytre Drange, f. 1894. Born: Hilda, f. 1916, Magnhild, f. 1918, Gudrun, f. 1921, Sverre, f. 1923, Nils, f. 1925, Malena, f. 1927, Jon, f. 1929, Elsa, f. 1933, Artur, f. 1936. Jon er fiskar og driv med sjøbruk.
ASKVIK 17. (Klubben)
F. C. Moldenhauer og Aksel Storjohann frå Bergen kjøpte i 1927 eit stykke av br. 9. Dei selde det att same året til Bergens avdeling av Norsk motorcykkelklub, som ogso kjøpte ein part av br. 13 i 1930 og bygde på bruket.
ASKVIK 18.
Arnfin Nikolai Magnussen frå Bergen kjøpte i 1927 eit stykke av br. 10 og bygde sumarhus her.
ASKVIK 19. (Askhaug).
Sivert Olson Askvik, f. 1899, fekk i 1931 eit stykke av broren sitt bruk, s. br. 3, og bygde hus her. Sivert er busett i Amerika, der han arbeider i ein fljugemaskinfabrikk, men hev fleire gonger vore heimatt i Askvik.
ASKVIK 20. (Slettebakken).
Johan Johannesson Fosse, f. i Bergen 1894, skøytte i 1933 eit stykke av verfaren sitt bruk, s. br. 1, der han bygde og busette seg. G. 1926 Karen Engjels dtr. Askvik, f. 1903. Born: Henny, f. 1927, død 1934, Anna, f. 1929, Johannes, f. 1930, Henny, f. 1935. Johan driv som målar.
ASKVIK 21. (Odland).
Johannes Ellingson Odland frå Meland, f. 1897, kjøpte i 1933 eit stykke av Staten si utmark og bygde hus her. G. 1926 Anna Samuels dtr. Slåtten (Gjerde) frå Samnanger, f. 1902. Born: Edvin, f. 1927, Alfred, f. 1929, Astrid, f. 1932. Johannes er mekanikar og arbeider i Haldorsens motorfabrikk.
ASKVIK 22. (Solberg).
Jon Henrikson Askvik, f. 1909, skøytte i 1934 eit stykke av farsbruket, br. 10, og bygde her. G. 1935 Karolina Johans dtr. Sørstrønen, f. 1913. Jon er båtbyggjar likeins som faren, s. br. 10.