BJOARVIK
Frå OS SOGA II side 273 – 276
20. BJOARVIK
Upphavet til namnet er uvisst, og me veit ikkje no kva som fyrst hev gjeve viki namn. Ein kann tenkja på dyrenamnet bjor, men ein kann knapt tru at det nokor tid hev ferdast bjor her. Trulegst er det at viki, som er skapt som ein kile, hev fenge namnet Bjorrviki av bjorr, kile, og at dette gjenom tidene hev fenge formi Bjoarviki.
Uttale: Bjo’arvikjo.
Skrivemåtar: Bioruig (1657). Bjorvigh, Biøruigen, Biaarvigen, Bjoervigen (1796).
Garden ligg på sørsida av sundet millom Lysøy og fastlandet, der sundet lagar viki som hev gjeve garden namn. Garden er uppteken frå Drange som han ligg nær inntil, og hev som Drangsgardane vore Lyseklostergard til brukaren kjøpte han i 1874.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saaer 3 qv. korn, afler 4 tdr., brendeskoug till, paalagt at plante homblehagge.
1723: Ingen sætter men lidt skoug til brendefang og huusreparation, ingen qvern eller fiskerie. Vaadlent og kaald jord aarvand til korn, haver ingen anden næring end hans gaards aufl og undertiden farer paa fjorden med et fiskesnøre.
1865: Har 4 maal dyrket åger og eng, deraf 3 maal middels og 1 slet, 16 maal naturlig england, deraf intet godt, 14 middels og 2 slet, intet at dyrke, skov til husbehov og sælge furu for 3 spd. aarlig, kan føde 2 ungnød ved lyng, er letbrugt og almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | 3 | |||||||||
1668 | 1 | 5 | 1 | tun | |||||||
1723 | 1 | 5 | 1 | » | |||||||
1800 | 1 | 5 | |||||||||
1835 | 1 | 7 | 5 | 6 | 2 | » | 1 | tun. | |||
1865 | 1 | 10 | 6 | 25 | 10 | 1 | 2 | » | 3 | » | |
1900 | 2 | 9 | 1 | 5 | 12 | 4 | hl. | 6 | hl. | ||
1920 | 1 | 5 | 3 | 1 | 2,5 | mål | 1,5 | m. | |||
1930 | 2 | 8 | 1 | 3 | 14 | 1 | 1 | » | 1 | » |
BJOARVIK 1.
Jon Henrikson, f. ikr. 1605, busette seg her ikring 1650, og er etter det me kann skyna fyrste mann på garden. Kvar Jon var frå veit me ikkje visst, men fleire ting tyder på at han var son åt Henrik ytre Haugland. I 1657 hadde Jon rydja bruket so mykje, at han hadde 3 kjyr på båsen. Han var gift, men kven kona var veit me ikkje. Av borni kjenner me berre tvo, Anna, f. 1650, s. n., og Henrik, f. 1652. Jon døydde i 1680.
Ivar Bjoarvik vart i 1669 gift med Anna Jons dtr. Bjoarvik, f. 1650, og vart brukar etter verfaren. Kvar Ivar var frå veit me ikkje. Born: Gjertrud, f. 1669, Nils, f. 1672, dreng på Stend i Fana, Hans, f. 1675, Jon, f. 1678. Ivar døydde alt i 1693. Borni måtte då fara ut og me finn dei ikkje att i Osbygdi.
Anders Jonson ytre Drange, f. 1666, vart i 1694 gift med ekkja Anna Jons dtr. og fekk bruket. Han hadde ikkje born med kona, men i 1720 fekk han ein son, Lars, med tausi si. Anders var fiskar likeins som fyremennene truleg ogso hadde vore. Han døydde i 1729 og kona i 1722.
Ola Larsson Lunde, f. 1692, bygsla bruket i 1723. G. 1724 Anna Johannes dtr. Bogstrand frå Fusa, f. 1692. Born: Lars, f. 1725, d. 1742, Johannes, f. 1728, d. 1751, Villum, f. 1734, d. 1737. Ola dreiv fiske og sat tolleg godt i det. Han døydde alt i 1742.
Ekkja Anna Johannes dtr. hadde so bruket eit par år.
Jon Jonson indre Drange, f. 1678, vart i 1744 gift med ekkja Anna Johannes dtr. og vart brukar her. Han hadde fyrr havt bruket i Holen og vore gift der, s. H. 1. Jon dreiv ogso med fiske, men sat svert smått i det. Han døydde i 1763 og kona i 1766.
Då Jon kom til Bjoarvik var desse husi på garden: Ei gamall røykstova med sval og ein timbra kove på eine sida av stova, eit timbra eldhus bygd saman med stova ved stovedøri, ei sengebud med sval og skot, eit fjos med sval attåt, ei løda og eit naust. Husi var torvtekte.
Mortein Monsson Bogstrand frå Fusa, f. 1738, som var brorson åt gamlekona på garden, vart brukar etter Jon. G. 1764 Mari Ols dtr. Lyssand, f. 1741. Born: Ola, f. 1764, d. av koppane 1779, Maria, f. 1768, g. 1792 Nils Hjelle, s. H. 1, Mons, f. 1771, g. I. 1794 Magdela Ols dtr. frå Lysekloster, g, II. 1803 Kristina Bertels dtr. frå Bergen, Anna, f. 1776, s. n. Tvo born døydde unge. Mortein dreiv fiske, og var m. a. med i det notlaget som fann trantunna, s. indre Drange 1, men sat svert smått i det. Han var millom dei fatigmenn som fekk utetla kvar si tunna korn i 1780 åri, og då det i 1787 kom krav um å betala ei halv tunna korn attende, gav tingålmugen dette vitnemålet: «Morten er i yderlig fattig stand, og er ude af stand til at betale ½ tønde korn.» Han var likevel ein vyrd mann i grendi og sat jamt som lagrettemann. Både han og kona livde radt til 1824.
Hans Hansson Hjelle, f. 1774, vart i 1797 gift med Anna Morteins dir. Bjoarvik, f. 1776, og bygsla same året bruket etter verfaren. Anna døydde i 1827, og Hans gifte seg att året etter med Metta Nils dtr. Solbjørg frå Samnanger, f. 1787. Born: Ola, f. 1799, d. ug. 1824, Hans, f. 1810, g. 1833 Henrikke Arnts dtr. Solberg, b. i Bjoarvik og Salbuvik, (born: Hans, f. 1835, g. 1864 Brita ytre Haugland, s. y. H. 11, Gabriel, f. 1844, i Amerika), d. 1851, Nils, f. 1829, s. n., Anna, f. 1833, d. 1847. Ein gut døydde ung. Hans dreiv mykje med fiske og greidde seg tolleg godt. Han hadde fleire bøker i huset, noko som var sers sjeldsynt hjå i dei tider. Han døydde i 1835.
Gabriel Hansson Heggland, f. 1801, vart i 1836 gift med ekkja Metta Nils dtr. og vart brukar her. Han hadde fyrr vore gift med ei brordotter åt Hans, Brita Nils dtr. Hjelle, f. 1805, d. 1835, og var paktar på Lunden, s. L. 2. Metta døydde i 1862 og Gabriel, som då var kårmann, gifte seg att i 1864 med Brita Lars dtr. Rød frå Fana, f. 1817, som soleis vart kårkona hjå syster si, s. n. Born: Nils, f. 1829, g. 1850. Gjertrud Bertels dtr., s. Røttingen 6, Kari, f. 1832, g. 1870 Anders Hatlelien, s. Bøsæter 2. Gabriel gav bruket tidleg frå seg. Han døydde i 1892 og kona i 1905.
Nils Hansson Bjoarvik, f. 1829, bygsla farsbruket etter stykfaren i 1855. I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 525 spd. G. 1856 Marta Lars dtr. Rød frå Fana, f. 1831. Born: Anna, f. 1856, g. 1881 Stein Forstrønen, s. Søvik 7, Hans, f. 1858, s. n., Larsina, f. 1863, g. 1887 båtbyggjar Jon Jonson Fjeldstad frå Herdla, b. Bergen. Tvo born døydde unge. Nils var bygningsmann og arbeidde årar og tresko um vinteren. Han døydde i 1911 og kona i 1903.
Hans Nilsson Bjoarvik, f. 1858, skøytte farsbruket i 1887. G. 1895 Kari Nils dtr. Krokeid frå Fana, f. 1864. Born: Larsina, f. 1895, Gabriel, f. 1898, s. n., Matilda, f. 1899, g. 1930 sjauffør Anfin Nikolaison Rindedalen, b. Osøyri. Hans arbeidde tresko og årar og dreiv med anna trearbeid. Han døydde alt i 1903.
Ekkja Kari Nils dtr. hadde bruket i heile 30 år. Ho døydde i 1935.
Gabriel Hansson Bjoarvik, f. 1898, skøytte bruket etter mori i 1935. G. 1929 Tilla Anders dtr. Lunde, f. 1905. Born: Kirsten, f. 1930, Osvald, f. 1931, Torunn, f. 1934. Gabriel er sjauffør og driv skyssbilverksemd på Osøyri.