FORSTRØNEN
Frå OS SOGA II side 334 – 341
25. FORSTRØNEN.
Namnet kjem av at øyi, som hev same namnet som garden, ligg framfyre eller utanfyre sjølve Strøneøyi og er soleis FortStrønen. Øyi er ogso kalla VetlaStrøno, Lille Strønen, då ho er mindre enn den andre Strøneøyi.
Uttale: Fo’rstrøno.
Skrivemåtar: Strøm (1600), Forstrøne (1605), Forstrøenn, Forstrønn, Forstrømme, Fosterrødt (1621), Forstrønnøe, Forstrøndøen, Forstrønen, Lille Strønne (1668, 1723), Forstryne (1777).
Øyi ligg ut mot Krossfjorden vestanfyre Strøno, med Flatøyi utanfyre Forstrøno att. Garden er tvillaust uppteken frå Nordstrønen, soleis som ogso namnet syner. Lysekloster åtte heile garden til 1873 då Staten kjøpte helvti og den eine brukaren resten.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar 2 ½ tdr. afler 9 tdr., ligger ved fiskeriet og brendeskoug till, – paalagt at plante homblehagge.
1723: Ingen sætter, lidt skoug til brendefang, ingen qvern eller fiskerie. Ligger på en liden øe, maadelig jordart, middels letvunden. Haver ingen næring uden sin gaards aufling, og at fiske med et snøre på søen.
1865: Forstrønen med 1 plads: Har 8 maal dyrket åger og eng, deraf 1 maal godt, 5 middels og 2 slet, 35 maal naturlig england, hvoraf 7 maal godt, 17 middels og 11 slet, intet at dyrke, har kun skov til husbehov, føder 2 ungnød og 3 faar ved lyng, er letbrugt og almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | 1 | |||||||||
1668 | 1 | 10 | 2,5 | tun | |||||||
1723 | 1 | 10 | 2,5 | » | |||||||
1800 | 1 | 9 | |||||||||
1835 | 2 | 11 | 2 | 6 | 6 | 6 | 2 | » | 2 | tun. | |
1865 | 3 | 20 | 17 | 2 | 12 | 2 | 6 | » | 6 | » | |
1900 | 4 | 17 | 11 | 14 | 2 | 4,5 | hl. | 15 | hl. | ||
1920 | 4 | 26 | 14 | 2 | 3 | 4 | mål | 5 | mål | ||
1930 | 4 | 13 | 11 | 31 | 3 | 2 | » | 4 | » |
FORSTRØNEN 1.
Svend Strøm (Svein Forstrønen) var brukar her i 1600 og er fyrste mann som me kjenner på garden. Truleg er han ogso fyrste rudningsmannen her. I 1610 vart han rekna som «husmann» og er då skriven for Svend Forstrønn.
Nils Forstrønen vart brukar i 1603. I 1611 måtte han fara til Svinesund for å vera med i herferdi mot Sverik, men kom att året etter. Han vart berre dei fyrste åri rekna som øydegardmann på nytt bruk. Sidan var han medteken i skattelista over dei vanlege bønder, og etter skatten å døma sat han like godt i det som dei fleste andre Os bønder. Men det gjekk nedover med han, og frå 1643 var han fatigmann og heilt skattefri. I 1630 åri hadde han tvo andre menn, Jakob og Lars Forstrønen, buande i huset hjå seg. Kona døydde ikr. 1644, og då skattemanntalet vart uppteke i 1645 var det ei gjenta som stjorna huset for han. Straks etter gifte han seg att, men døydde i 1653. Kvar Nils og fyremannen hans var frå veit me ikkje.
Ekkja etter Nils hadde bruket til 1659. I 1657 var det ein «rådsmann» på garden (ein som styrer for andre), og heile fodnaden her var då ei ku. Rådsmannen heitte Rasmus.
Erik Halsteinson, f. ikr. 1610, vart brukar i 1660. Truleg vart han då gift med ekkja etter Nils. Erik, som ikkje var frå Os, hadde vore gift fyrr og hadde ein vaksen son med seg då han kom til Forstrønen. Av borni kjenner me berre: Mons, f. ikr. 1636, s. n., Ola, f. 1660, g. 1688 Dordi Nordstrømnen, s. N. 2. Erik var fiskar og døydde i 1680.
Mons Erikson Forstrønen, f. ikr. 1636, vart brukar saman med faren i 1665. Kona hans, som heitte Gjertrud, var fødd ikr. 1638, men meir veit me ikkje um henne. Av borni kjenner me tvo: Brita, f. 1669, Anna, f. 1680, s. n. Mons dreiv fiske likeins som faren. Både han og kona døydde i 1709.
Nils Jonson, f. ikr. 1663, vart i 1696 gift med Anna Mons dtr. Forstrønen, f. 1680, og fekk bygsla bruket etter verfaren. Nils tente i Forstrønen då han vart gift, og hadde ætti si på Neset. Men um han var son åt Jon Storum, Jon Lunde eller Jon ytre Lekven er uråd å segja. Anna døydde i 1708, og Nils gifte seg att året etter med Helga Rasmus dtr. Nordstrønen, f. 1670. Born: Anders, f. 1698, d. ug. 1732, Jon, f. 1702, s. n., Anna, f. 1712, d. ug. 1732. Tvo gutar døydde unge. Nils vart merkeleg nok utskriven som soldat tilsjøs i 1712, då han var umlag 50 år gamall. Han døydde i 1744.
Jon Nilsson Forstrønen, f. 1702, vart brukar etter faren i 1730. G. 1731 e. Ingeborg Jakobs dtr. Opsal frå Fusa, f. 1692, som fyrste gong vart gift i 1728 med Lars Hansson Ljotå frå Strandvik. Ingeborg døydde i 1760 og Jon gifte seg att tvo år etter med Kari Lars dtr. Nordstrønen, f. p. indre Tuen 1707, som var ekkja etter Johannes Nordstrønen. Jon fekk 5 born, men berre ei tvillingdotter Anna, f. 1733, s. n., vaks upp. Jon dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han let bruket tidleg frå seg, s. n. Jon døydde i 1765 og Kari i 1771.
Ein Knut Forstrønen var ogso busett her i 1740 åri som husmann. Han var gift og hadde 3 døtre til dåpen i tidi 1738 – 1743, og det er det einaste me veit um han. Knut var ikkje frå Os.
Daniel Hansson Økland, f. 1725, vart i 1747 trulova med Anna Jons dtr. Forstrønen, f. 1733, og bygsla same året bruket etter Jon, som skulde verta verfar hans. Anna var då berre 14½ år gamall. Um dei vart gifte straks veit me ikkje, då sjølve giftarmålet ikkje er innført i nokor bok, men Daniel flutte til Forstrønen i 1747 og truleg vart dei gifte våren etter då Anna var 15 år. Daniel var brukar saman med verfaren til 1756. Born: Hans, f. 1757, s. n., Jon, f. 1761, ug., Maria, f. 1762, ug., Ingeborg, f. 1763, g. 1785 Nils ytre Drange, s. y. D. 1. Ei gjenta døydde ung. Daniel dreiv mykje med fiske og sat tolleg godt i det. Han var ein av dei svert få bønder i Os som ikkje fanns i skuld til nokon, og han stellte husi sine godt. Han døydde i 1802, og det vart halde eit drustelegt gravøl som kosta heile 5 kuverd. Kona døydde ikr. 1810.
Hans Danielson Forstrønen, f. 1757, bygsla bruket etter faren i 1774. Hans var då berre 17 år, og trulova, men han overtok ikkje bruket fyrr 3 år seinare. G. 1776 Agata Sveins dtr. Rottingen, f. 1744. Born: Kari, f. 1779, g. 1800 Eivind Sjøbøen, s. S. 1, Anna, f. 1781, g. 1812 Sjur ytre Lekven, s. y. L. 2, Daniel, f. 1783, g. 1807 Brita Holen, s. Lysekloster 3. Tvo born døydde unge. Hans var ein drivande kar som var mykje ute på fiske. Han fekk ikkje noko av faren, men lånte pengar, kjøpte gode fiskegreidor og arbeidde seg godt fram. Av fiskegreidor hadde han m. a. ei drivnot verd 40 dalar, helvti i ei kastenot verd 13 dalar, 4 torskegarn, ei mengd sildegarn og andre reidskaper. Når me veit at verdet av ei ku då var 4 – 5 dalar, skynar me at dette var verdfulle fiskegreidor i dei tider. Då Hans eit år gjorde godt fiske, kjøpte han eit sylvbelte til kona for 12 dalar, ikr. 3 kuverd. Hans sette ogso upp ei kvern i Nordstrønelvi, men han hadde ikkje tid å sjå etter kverni, og i 1785 vart ho «kassert» som skattegrunnlag. Hans døydde i 1786, berre 29 år gamall.
Ekkja Agata Sveins dtr. hadde so bruket eit par år.
Johannes Ellingson Nordstrønen, f. 1753, vart i 1788 gift med ekkja Agata Sveins dtr. og vart brukar her. Agata døydde alt i 1790 og Johannes gifte seg att tvo år etter med Kari Steins dtr. Vandvik frå Fusa, f. 1758. Born: Lisbet, f. 1789, s. br. 2, Stein, f. 1793, s. n. Johannes heldt fram med sjødrifti etter fyremannen, og kjøpte ogso saman med ein av grannane ei laksenot til 50 dalar. Han var ein vyrd mann og greidde seg godt. I 1808 skifte han garden soleis at versonen fekk bygsla halvparten, s. br. 2. Johannes døydde i 1820 og kona eitt år etter.
Stein Johannesson Forstrønen, f. 1793, bygsla bruket som faren sat med i 1818. G. 1819 Marta Ols dtr. ytre Haugland, f. 1797. Born: Johannes, f. 1821, s. n., Kari, f. 1824, g. 1852 Nils Sundøy, s. S. 2, Ingeborg, f. 1827, g. 1862 Ola Bø, s. Bø 2, Anna, f. 1830, g. 1862 sjømann Johannes Larsson Sundøy, Ola, f. 1833, g. 1862 Brita Bø, s. Bø 9, Hans, f. 1836, g. 1871 Guro Ulven, s. U. 7. Ein gut døydde ung. Stein dreiv med sjøen likeins som fyremennene. Han døydde i 1864.
Johannes Steinson Forstrønen, f. 1821, bygsla farsbruket i 1849. G. I 1849 Johanna Ols dtr. Nordstrønen, f. 1817, d. p. barseng 1859, g. II. 1860 Anna Johannes dtr. Bø, f. 1830. Born: Stein, f. 1850, g. 1881 Anna Bjoarvik, s. Søvik 7, Maria, f. 1853, g. 1890 Hans Nordstrønen, s. N. 5, Ola, f. 1856, g. 1890 Maria Nils dtr. Sagstad, b. Sagstad i Fana, s. F. B. 593, Johan, f. 1865, s. n., Ingeborg, f. 1868, ug. b. Bergen, Johannes, f. 1871, bygningsmann, g. 1896 Maria Bertels dtr. Os, b. Bergen, Malena, f. 1875, g. 1898 Ola Nilsson Bergstø, snikkar, b. Bergen. Ein gut og tvo tvillingsystre døydde tidleg. Johannes var båtbyggjar. Han døydde i 1903 og Anna i 1908.
Johan Johannesson Forstrønen, f. 1865, bygsla bruket etter faren. G. 1890 Hansine Hans dtr. Lønningdal, f. 1868. Born: Johannes, f. 1895, kom burt på sjøen 1917, Anna, f. 1897, g. 1919 Evald Olsen, s. Nordstrønen, Ingeborg, f. 1899, g. Lars Olson Litle Kalsøy frå Austevoll, Hans, f. 1902, målar, g. 1923 Maria Samuels dtr. Vinnes frå Strandvik, b. Hagavik, Sigurd, f. 1905, bakar og sjauffør, g. b. Bergen. Tvo smågutar døydde i difterifarangen 1894. Johannes hev vore båtbyggjar og er kjend for dei gode båtane sine.
FORSTRØNEN 2.
Anders Andersson som tente hjå Johannes Forstrønen vart i 1808 gift med Lisbet Johannes dtr. Forstrønen, f. 1789, og fekk same året bygsla halvparten av verfaren sitt bruk. Anders og Lisbet hadde ikkje born. Kvar Anders var frå veit me ikkje, og korkje giftarmålet eller dødsfallet hans er innskrive i nokor kyrkjebok. Me finn heller ikkje noko um aldren hans. Han døydde alt i 1818.
Ekkja Lisbet Johannes dtr. hadde so bruket eit par år.
Torkjell Kristianson, f. ikr. 1791, som tente hjå Isak Økland, vart i 1820 gift med ekkja Lisbet Johannes dtr. Og hadde alt bygsla bruket året fyreåt. Lisbet døydde i 1836 og Torkjell gifte seg att året etter med Anna Ols dtr. Nordstrønen, f. 1816. Born: Torkjell, f. 1837, Ola, f. 1840. Kvar Torkjell var frå veit me ikkje. Far hans heitte Kristian Monsen, og då han tente hjå Isak Økland var Torkjell og Isak uppgjevne å vera «frender». Truleg var Torkjell uppfostra hjå Isak som ein gut av ætti. Torkjell dreiv med sjøen, um ikkje so sterkt som fyremennene. Han døydde i 1841 og kona i 1840. Dei tvo smågutane måtte då ut til framande, og den yngste som seinare vart uppfostra hjå den nye brukaren på garden, s. n., reiste til Amerika i 1869.
Stein Johannesson Forstrønen, som hadde bruk 1, stjorna no dette bruket saman med sitt i nokre år.
Torstein Gunnarson Århus frå Kvam i Hardanger, f, ikr. 1810, bygsla bruket i 1844. G. Ingjerd Ols dtr. frå Kvam, f. ikr. 1817. Born: Anna, f. 1843, b. Svartholmen i Fanafj orden, Agata, f. 1845, s. n., Brita, f. 1848, i Amerika, Ola, f. 1851, i Amerika, Pernilla, f. 1854, g. 1884 i Kinn, Sunnfjord, Gurina, f. 1856, ug. b. Fana, Torstein, f. 1864, i Amenka. Ei gjenta døydde ung. Torstein var kjørlamakar. Han døydde i 1866.
Ekkja Ingjerd Ols dtr. stjorna no bruket nokre år.
Matias Kristian Matiasson frå Bergen, f. 1845, vart i 1869 gift med Agata Torsteins dtr. Forstrønen, f. 1845, og bygsla bruket etter vermori. Matias var uppfostra på Tveit og tente i Forstrønen då han vart gift. Born: Olina, f. 1870, s. n., Maria, f. 1872, g. Karl Pedersen, Oslo, Ingjerd, f. 1875, g. kjøpmann Johannesen, Ålesund, Torstein (tvilling), f. 1877, bakar og handelsmann, g. 1901 Anna Ols. dtr. Berge frå Skånevik, b. Skånevik, Matias, f. 1877, bakar, g. b. Hanøytangen i Askøy, Sigrid, f. 1882, i Amerika. Ei gjenta døydde ung. Matias kjøpte bruket av Lysekloster i 1876 for 275 spd. Han døydde i 1912 og kona i 1932.
Lars Nilsson Nordstrønen, f. 1867, vart i 1895 gift med Olina Matias dtr. Forstrønen, f. 1870, og skøytte bruket etter verfaren i 1896. Born: Nils, f. 1895, s. n., Ågot, f. 1897, g. 1920 Nils Nordstrønen, s. N. 7, Severina, f. 1900, g. 1919 Karl Skorpen, s. Økland 2, Oskar, f. 1902, handelsmann på Nautnes i Hjelme, Laura, f. 1905, Jakob, f. 1908, bakar, Mangit, f. 1914. Lars var sjømann fyrr han kom til Forstrønen. Ikr. 1915 byrja han landhandel her, men flutte seinare handelen til Nordstrønen og busette seg der, s. N. 22. Lars hev havt ymse kommunale tillitsyrke, hev vore med i soknerådet og var medlem av heradstyret bolken 1914 – 16.
Nils Larsson Forstrønen, f. 1895, vart brukar her då faren flutte. G. I 1919 Sina Nils dtr. Hellevang frå Førde i Sunnfjord, f. 1898, d. 1928, g. II 1933 Anna Brekke frå Tysnes, f. 1903. Born: Lars, f. 1920, Karen, f. 1922, Agnes, f. 1924, Anna, f. 1933.
FORSTRØNEN 3 (Flatøy)
Rasmus Rasmusson ytre Drange, f. 1819, festa eit jordstykke og rydja og bygde her i 1847. G. 1844 Ingeborg Anders dtr. Sørstrønen, f. 1818. Born: Rasmus, f. 1846, Anna, f. 1849. Rasmus var fiskar, men vart ikkje lenge i Flatøyi, då han døydde alt i 1849. Ekkja og borni flutte straks etter frå bruket.
Jon Olson Lønningdal, f. 1822, festa bruket etter Rasmus. G. 1851 Karta Ols dtr. Askvik, f. 1823. Born: Ola, f. 1854, s. n., Marta, f. 1858, g. 1882 Sjur Skåtøy, s. Balland 3, Karina, f. 1864, g. 1894 Lars Søfteland, s. S. 8. Ein gut døydde ung. Jon var fiskar, men rydja bruket so mykje attåt at han fostra 2 kjyr. Kona døydde alt i 1868 medan Jon livde radt til 1905.
Ola Jonson Flatøy, f. 1854, vart brukar etter faren. Staten som då åtte bruket vilde ikkje bygsla det burt, men Ola fekk pakta det i 1883 på 20 år. I 1909 fekk han kjøpa bruket. G. 1880 Olina Anders dtr. Nordstrønen, f. 1847. Av 6 born vaks berre ein son upp: Jon, f. 1885, s. n. Ola var fiskar og dreiv mykje med sjøen. Han døydde i 1916 og kona i 1931.
Jon Olson Flatøy, f. 1885, skøytte farsbruket i 1909. G. I. Brita Johannes dtr. Sælen, f. 1883, d. 1913, g. II. 1914 Marta Nils dtr. ytre Drange, f. 1886. Born: Anna, f. 1906, g. 1926 Peder Skorpen, s. Nordstrønen 17, Olina, f. 1886, g. 1931 Vilhelm Nordstrønen, s. N. 1, Johannes, f. 1911, fiskar, Bernhard, f. 1913, trearbeidar, Olea, f. 1916, Nils, f. 1918. Jon er fiskar likeins som fyremennene. I 1934 flutte han frå bruket.
Olav Steinson Hauge, f. Hauge i Strandvik 1873, busette seg her då sonen Ørnulv Dannevig Hauge kjøpte bruket i 1934. Olav døydde i 1937.
FORSTRØNEN 4. (Strønheim).
Statsministar Chr. Michelsen kjøpte i 1916 noko utmark frå kvar av br. 1 og 2, og bygde hus her. Nokre år etter flutte han huset burt og selde eigedomen til Staten att.