NORDSTRØNEN
Frå OS SOGA II side 347 – 374
27 NORDSTRØNEN
Namnet kjem av at garden er nordste luten av Strøneøyi. Um namnet på sjølve øyi, Strøno, er mange gissingar. Etter den eldste skrivemåten lyt me tru at det gamle namnet er Strjona, og ei liknande namneform kann me firma i fleire eldgamle namn, m. a. i bygdenamnet Stryn, gardsnamnet Strønstad, o. fl. Dei målkunnige hev funne at ordet strjon hev med vinning å gjera, og Strjona er soleis øyi der ein kann vinna noko, skapa seg vinning, anten ved fiske-fangst på gode fiskeplassar, rik jakt på dyr i skogen, e. 1. Og eit slikt namn er ikkje uhøvelegt på Strøneøyi. Skorpo er eit vanlegt øynamn, og er brukt um øyar som ikkje er flate, men som er høge og runde med åsar eller fjell.
Uttale: No’rstrøno.
Skrivemåtar: Striona (1427), i ander Strøme (1519), inder Strøm (1563), Nordstrønen (1591), Nordstrønn, Nordstrømme, Nordstrømm, Nordstrømb, Noer Strønen, Noerstrøen, Noor Strønen, Strøm (1600), Midtstrøne (1612), Store Strønne (1668), Strøne, Stryme, Nordstrand (1777).
Garden ligg på nord- og vestsida av øyi Strøno. Ein åsrygg gjeng midt etter øyi og skil millom Nordstrønen og Sørstrønen. Skorpen som høyrer til garden (jamt skrive for Strøneskorpen) ligg på øyi Skorpo vestanfyre Strøno ut mot Krossfjorden. Garden hev vore Lyseklostergard og Statseigedom tildess brukarane kjøpte han utan skog i 1901. I 1936 fekk dei ogso kjøpa utmarki og skogen som fyrr hadde høyrt til garden.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar 8 tdr., afler 29 heller 30 tdr., brendeskoug till, sampt silde kast, beleylig ved fiskeriet, paalagt at plante homblehagge.
1723: Ingen sætter, haver brendefang, en liden flomqvern allene til gaardens fornødenhed, temmelig god jordart og maadelig letvunden. Haver ingen anden næring end gaardens aufl og ved et fiskesnøre kand forhværve sig lidet til hielp til deres rettigheders betalling. Sildefiskeriet er gandske uvist.
1865: Nordstrønen med 5 pladse: Har 24 maal dyrket åger og eng, hvoraf 6 maal godt, 11 middels og 7 slet, har 162 maal naturlig england, hvoraf 31 maal er godt, 81 middels og 60 maal slet, en opsidder har 5 maal dyrkbart england og paa 3 pladse kan ialt 8 maal england dyrkes, har skog til husbrug og en opsidder kan sælge furu for 2 spd. aarlig, 12 ungnød kan fødes ved lyng, gaarden er letbrugt, hos en opsidder Nils Nilsen meget letbrugt, er almindelig drevet, bruget ved Strønesøen er grundlændt.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 2 | 2 | 25 | 4 | |||||||
1668 | 2 | 2 | 32 | 8 | tun | ||||||
1723 | 4 | 4 | 31 | 6 | 8 | » | |||||
1800 | 6 | 31 | |||||||||
1835 | 10 | 35 | 1 | 25 | 25 | 3 | 9,5 | » | 9 | tun. | |
1865 | 11 | 69 | 1 | 65 | 80 | 41 | 3 | 17 | » | 25,5 | » |
1900 | 14 | 71 | 1 | 49 | 68 | 9 | 12 | hl. | 50,5 | hl. | |
1920 | 25 | 98 | 1 | 49 | 62 | 7 | 17 | mål | 34,5 | mål | |
1930 | 24 | 120 | 2 | 41 | 113 | 2 | 7 | » | 24 | » |
NORDSTRØNEN 1.
Erick i ander Strøne (Erik Nordstrønen) var brukar her i 1519 og er fyrste namngjevne mann på garden.
Bordt på inder Strøm (Baard Nordstrønen) var brukar i 1563 og hadde bruket radt til 1608. Medan han hadde garden, vart den skift i tvo partar, s. br. 2. På sine gamle dagar vart Bård vanleg skriven for Gamle-Bård til skilnad frå Unge-Bård på det andre bruket.
Åmund Nordstrønen vart brukar i 1608. Han var anten son åt Gamle-Bård eller gift med ei dotter hans. Han hadde ein son, Bård, f. ikr. 1610, s. Røttingen 4, og kannhenda fleire born som me ikkje veit um. Åmund er skriven med ymse namn, i 1611 er han kalla Anders, i 1612 er han nemnd for Andbjørn Midtstrøne, og i 1613 hev han fenge namnet Åmund att. Åmund sat godt i det og lagde skatt som dei beste bønder i bygdi. Han hadde bruket til 1629, og frå 1622 stjorna han ogso det andre bruket på garden, s. br. 2.
Albert Berner, f. i Kjøpenhamn 1595, fekk feste på heile Nordstrønen i 1628 og flutte dit i 1629 eller 1630. Han hadde då i fleire år vore fut i Lysekloster, og var den største bonde-plagaren av alle futar som hev vore i Os, s. O. B. 131 og 478. Same året som han festa Nordstrønen fekk han dom på seg og vart avsett som fut i 1633, men straks etter vart han utnemnd som «stiftskrivar» i Hordaland. Han var gift ikr. 1625 med Cecilia Morits dtr. Busk, f. i Bergen ikr. 1611, som var dotter åt den fyrre futen i Lysekloster, s. O. B. 130 og 478. Dei hadde truleg ikkje born. Albert Berner hadde garden til 1645, og døydde i Bergen året etter. Kona var truleg død nokre år fyrr.
Peder Nordstrønen og Torstein Nordstrønen er skrivne som brukarar på garden i 1640 åri. Peder var gift med ei som heitte Synneva Lars dtr., f. ikr. 1600, d. 1703, og hadde ein son Jon, f. ikr. 1640. Jon var med i ufreden 1658 – 1660 og døydde truleg under herferdi i 1660. Torstein var gift, men me veit ikkje namnet på kona. Korkje Peder eller Torstein var bygslemenn, men var truleg paktarar eller gardstyrarar hjå Albert Berner. Peder hadde ogso vaksen dreng og taus i 1645.
Ove Jenssøn, f. i Tørsing i Jylland 1601, festa garden i 1646. Ove kom til Bergen ikr. 1635 som skrivar, vart rådmann i 1642 og vart i 1653 utnemnd til borgarmeistar i Bergen, det han var til han døydde. Han vart gift i 1635 med Karen Morits dtr. Busk, f. 1618, som var syster åt Albert Berner si kona Cecilia Morits dtr. Karen døydde i 1652 og Ove gifte seg att i 1662 med Maren Hermans dtr., som var ekkja etter presten til Domkyrkja i Bergen, Hans Samuelsen Schreuder. Ove hadde 8 born i fyrste giftarmålet, Gjertrud, Holger, Margrete, Cecilia, Karen, Strange, Maurits og Beata. Holger vart rådmann, Strange vart klokkar og Maurits doktar i Bergen, eldste dotteri vart gift med ein doktar, dei 3 næste døtterne vart prestekonor og den yngste var ugift.
Ove Jenssøn var ein rik mann som åtte hus i Bergen og fleire gardar ute i bygdene. For pengar som han hadde lånt kongen fekk han m. a. Fjøsanger i Fana, Kjøkkelvik i Laksevåg, Åstveit i Åsane og Herdlevær i Herdla i pant. Ove døydde i Bergen 1675.
Lars Nordstrønen bygsla garden i 1649, då Ove Jenssøn let den frå seg. Han hadde likeins som Ove heile garden til 1655, då tridjeparten av garden gjekk til eit nytt bruk att, s. br. 2. Det er fleire ting som tyder på at Lars var ein tilårskomen mann då han kom til Nordstrønen og at Rasmus, som fekk bruk 2, var ein son hans. Ikring 1653 gifte han seg att med ei som heitte Kari, f. ikr. 1618. Av borni frå dette giftarmålet kjenner me: Guro, f. 1653, Ola, f. 1655, Mari, f. ikr. 1660. Då borni fekk seg stykfar og mori ogso døydde, måtte dei reisa ut og me finn dei ikkje att i Osbygdi. Lars døydde i 1661.
Kvar Lars og dei andre fyremennene hans var frå, veit me ikkje, med undantak av dei tvo som kom frå Bergen.
Jon Larsson Hauge, f. ikr. 1644, vart i 1662 gift med ekkja Kari Nordstrønen og fekk bygsla bruket. Han måtte likevel gjeva so mykje frå seg til br. 2, at begge bruki vart jamstore. Kari døydde i 1684 og Jon gifte seg att året etter med Mari Daniels dtr. Søfteland, f. ikr. 1654. Born: Nils, f. ikr. 1666, Jørgen, f. ikr. 1670, Mari, f. 1688, g. 1706 Bård Sørstrønen, s. S. 4, Kari, f. 1691, s. br. 2, Maria, f. 1694, g. 1716 Ørjan Torson Kausland i Sund. Dei tvo borni frå fyrste giftarmålet måtte ut likeins som dei fyrste borni åt mori. Jon, som var son åt lensmannen på Hauge, sat etter måten godt i det og var ein mykje vyrd mann i bygdi. Han åtte m. a. ein part i garden Midthus. Jon døydde i 1708. Ekkja Mari Daniels dtr. hadde so bruket nokre år. Bruket vart i denne tidi skift i tvo partar, s. br. 4.
Mikkjel Kristofferson Godøy frå Tysnes, f. ikr. 1684, vart i 1711 gift med ekkja Mari Daniels dtr. og vart brukar her. Mari døydde i 1722 og Mikkjel gifte seg att året etter med Kari Johannes dtr. Åkre frå Strandvik, f. p. Skåtun 1783. Mikkjel og Kari fekk 4 born medan dei var i Nordstrønen: Synneva, f. 1723, Johannes, f. 1724, d. ung, Mari, f. 1725, g. 1745 Ola Endreson Haugen, b. Åkre i Strandvik, Sygni, f. 1729, g. 1747 Nils Andersson Foer frå Fusa. Mikkjel dreiv mykje med sjøen og sat godt i det. Han og broren på br. 2 åtte kvar sin fjordepart i garden Midthus, og attåt dette åtte Mikkjel partar i tvo Tysnesgardar og hadde pengar ute på renta. Han hadde mange sylvstaup og andre sylvsaker, og kona hadde eit gyllt sylvbelte som ved skiftet vart sett i same verde som 4 kjyr. I 1730 flutte han frå Nordstrønen til Åkre i Strandvik og vart sidan buande der. Han døydde på Åkre i 1739.
Lars Larsson Hauge, f. 1705, bygsla bruket då Mikkjel flutte. G. 1731 Agata Ols dtr. Grindevoll, f. 1711. Born: Lars, f. 1732, s. n., Marta, f. 1734, d. 1754, Ola, f. 1744, ug., Anna, f. 1746, g. 1776 Ola ytre Drange, s. Askvik 4. Ein gut døydde ung. Lars var brorson åt Jon Hauge, som hadde bruket her frå 1662 til 1708. Lars dreiv med fiske likeins som fyremannen, men hadde lite fiskegreidor og sat sverande tungt i det. Han døydde i 1759 og kona i 1769.
Lars Larsson Nordstrønen, f. 1732, bygsla farsbruket då faren døydde. G. 1761 Anna Ingebrigts dtr. Djupevik frå Strandvik, f. ikr. 1738. Av 8 born vaks berre 3 upp: Marta, f. 1762, s. n., Agata, f. 1766, g. 1793 Mons indre Drange, s. i. D. 2, Kristi, f. 1777, g. 1803 Mons Halvardson Søvik, s. S. 3. Lars sat like smått i det som faren hadde gjort. Medan Mikkjel var brukar her hadde han sett upp kvern i elvi; men Lars’ane hadde ikkje steilt godt med kverni, og i 1781 vart ho «kassert» som kvern av futen. Lars døydde i 1802 og Anna i 1799.
Anders Olson Nordstrønen, f. 1763, vart i 1784 gift med Marta Lars dtr. Nordstrønen, f. 1762, og hadde alt året fyrr fenge bygsel på bruket etter verfaren. Marta døydde alt i 1787, på barseng, og Anders gifte seg att tvo år etter med Kari Ols dtr. Askvik, f. 1769. Kari vart heller ikkje gamall, då ho døydde på barseng i 1792, og året etter gifte Anders seg att med Anna Nils dtr. indre Drange, f. 1768. Anders fekk 13 born, men 7 av dei, m. a. eit tvillingpar døydde unge. Fleire av dei døydde av koppane. Dei 6 som vaks upp var: Anna d. e., f. 1785, g. ikr. 1814 Ola Lepsøy, s. L. 4, Ola, f. 1795, s. n., Kari, f. 1804, g. 1840 Søren Lepsøy, s. L. 4, Sander, f. 1807, s. br. 10, Nils, f. 1810, g. 1840 Kristine Jens dtr., b. Os, Anna d. y., g. 1852 Lars Olson Nordstrønen, s. br. 3. Anders dreiv mykje med fiske og greidde seg nokolunde. Han døydde i 1840 og siste kona i 1845.
Ola Andersson Nordstrønen, f. 1795, bygsla farsbruket i 1815 og hadde bruket saman med faren til 1825. G. 1814 Kristi Nils dtr. Lepsøy, f. 1789. Born: Anna, f. 1815, g. 1837 Paul Særvoll, s. S. 2, Anders, f. 1820, s. n., Kari, f. 1824, s. br. 5. Magdela, f. 1834. 3 born døydde unge. Ola var fiskar og dreiv med sjøen likeins som faren. Han fall frå i 1848 og kona i 1855.
Anders Olson Nordstrønen, f. 1820, bygsla bruket etter faren i 1845. G. 1842 Gjertrud Hans dtr. indre Moberg, f. 1812. Born: Kristina, i. 1842, s. br. 15, Magdela, f. 1844, g. Jørgen Olai Borgen, s. B. 2, Olina, f. 1847, g. 1880 Ola Flatøy, s. Forstrønen 3, Hans, f. 1850, s. n., Anna, f. 1853, g. Johannes Johannesson Lundetræ, i Amerika, Ola, f. 1857, handelsmann i Bergen, g. Ingeleiv Ols dtr. Ulven. Ein gut døydde tidleg. Anders dreiv med sjøen som fyremennene hans hadde gjort. Gjertrud døydde i 1872, og i 1880 let Anders bruket frå seg til sonen. Nokre år etter flutte han til dotteri på Rød i Fana, men kom seinare til dotteri på Flatøy, der han døydde i 1909.
Hans Andersson Nordstrønen, f. 1850, vart brukar etter faren. G. 1879 Anna Anders dtr. Nordstrønen, f. 1857. Born: Gjertrud, f. 1880, g. Lars Andersson Trengereid i Samnanger, b. Askeland i Haus, s. S. B. 224, Ingeborg, f. 1882, g. Nils Gitleson Våga i Samnanger, b. Trengereid, s. S. B. 201, Andreas, f. 1886, g. Kristina Gitles dtr. Våga, b. Våga i Samnanger, Annanias, f. 1890, Olina, f. 1896. I 1885 let Hans bruket frå seg og flutte til Nordbø i Samnanger, der han sidan vart buande, s. S. B. 224.
Håkon Olson Steine frå Kvam, f. ikr. 1850, bygsla bruket her då Hans flutte. G. ikr. 1880 Anna Lars dtr. Aksnes frå Kvam, f. 1855. Born: Ola, f. 1881, Lars, f. 1883, Jørgen, f. 1884, d. 1901, Helmer, f. 1886, Hanna, f. 1889. Håkon var smed og steinarbeidar. Kona døydde i 1891, og då det var vandt å greida seg utan kvinnehjelp let Håkon bruket frå seg i 1900 og reiste med huslyden attende til Strandebarm, der han hadde vore busett fyrr han kom til Nordstrønen.
Vinsjans Anderson Ljotun (Ljotå) frå Strandvik, f. p. Revna 1867, kjøpte bruket (innmarki) av Staten i 1901 for 3200 kroner. G. 1894 Anna Jons dtr. Sørstrønen, f. 1864. Born: Anna, f. 1895, g. lærar Trygve Johannessen, s. Bø, Jon, f. 1898, s. n., Sigurd, f. 1900, g. 1926 Guro Nils dtr. Frå Sunde i Sunnhordland, Vilhelm, f. 1902, s. n., Anders, f. 1908, sjømann. Vinsjans var sjømann fyrr han kom til Nordstrønen og hadde ogso pakta jord nokre år. Han døydde i 1916.
Ekkja Anna Jons dtr. stjorna so bruket nokre år. Ho døydde i 1934.
Jon Vinsjansson Nordstrønen, i. 1898, skøytte bruket etter mori i 1919. Jon reiser tilsjøs som stuert.
Vilhelm Vinsjansson Nordstrønen, f. 1902, fekk skøyte på bruket frå broren i 1928. G. 1931 Olina Jons dtr. Flatøy, f. 1908. Born: Vinsents, f. 1932, Bjørg, f. 1933, Jonn, f. 1935, Anna, f. 1936.
NORDSTRØNEN 2
Bård Nordstrønen vart fyrste brukar her, då garden vart skift i tvo partar ikr. 1595. Han vart vanleg kalla «Unge-Bård» til skilnad frå «Gamle-Bård» på br. 1. Unge-Bård hadde bruket til 1610.
Johannes Nordstrønen vart brukar i 1610. Han sat sverande smått i det og greidde sjeldan å leggja noko skatt. I 1620 er nemnt ein Mattis Nordstrønen på bruket hans som lagde husmannskatt, men året etter svara Johannes sjølv for bruket att. I 1622 måtte han gjeva bruket frå seg.
Kvar dei ovannemnde brukarar var frå veit me ikkje.
Åmund Nordstrønen, som hadde br. 1, fekk ogso dette bruket i 1622. I 1629 fekk Albert Berner, som nemnd under br. 1, heile garden og hadde han til 1645.
Peder og Torstein Nordstrønen er nemnde under br. 1. Kannhenda var ein av dei styrar eller paktar på dette bruket i 1640 åri. Ove Jenssøn hadde so heile garden frå 1646 til 1649.
Lars Nordstrønen hadde, som nemnt under br. 1, heile garden frå 1649. I 1655 vart garden skift att soleis, at bruk 1 fekk tvo tridjepartar og bruk 2 resten. Nokre år etter fekk dette bruket so mykje jord tillagt at begge bruki vart like store.
Rasmus Larsson Nordstrønen, f. ikr. 1662, vart fyrste brukar her då bruket atter vart skilt ut frå br. 1 i 1655. Han var truleg son åt Lars Nordstrønen på br. 1, i hans fyrste ekteskap. Rasmus vart gift ikr. 1650 med Sisilia Mons dtr. Heggland, f. ikr. 1630. Born: Anna, f. ikr. 1652, d. ug. 1710, Marta, f. ikr. 1655, ug., Lars, f. 1658, s br. 3, Dordi, f. 1663, s. n., Helga, f. 1670, g. 1709 Nils Forstrønen, s. F. 1. 3 born døydde unge. Rasmus sat tungt i det og streva hardt for å greida seg. Han døydde i 1687.
Ola Erikson Forstrønen, f. 1660, vart i 1688 gift med Dordi Rasmus dtr. Nordstrønen, f. 1663, og vart brukar etter verfaren. Han fekk likevel ikkje bygsla meir enn halve bruket, med di ekkja etter Rasmus heldt den andre halvparten att, s. br. 3. Dordi døydde alt i 1691, på barseng, og Ola gifte seg att året etter med Anna Hans dtr. indre Drange, f. 1663. Av 11 born vaks berre 5 upp: Lars, i. 1689, Hans, f. 1696, Erik, f. 1700, Anna, f. 1705, Knut, f. 1706, s. br. 5. Ola sat svert smått i det. Kona døydde då siste barnet vart født, og Ola døydde 3 år etter. Borni måtte då ut til framande, og med undantak av yngste guten finn me ikkje nokon av dei att i Osbygdi.
Mikkjel Nordstrønen, som hadde br. 1, stjorna no ogso dette bruket nokre år etter at Ola døydde.
Ola Kristofferson Godøy frå Tysnes, f. ikr. 1688, som vart bror åt Mikkjel, bygsla bruket her i 1715. G. I. 1717 Kari Jons dtr. Nordstrønen, f. 1691, d. 1721, g. II. 1722 Agata Mikkjels dtr. Lunde, f. 1685, d. 1728, g. III. 1731 Anna Kanutta Knuts dtr. Gås. Born: Jon, f. 1718, Kristoffer, f. 1726, g. 1748 Brita Holsund, s. ytre Moberg 2. Ola sat godt i det likeins som broren, og åtte som han ein fjordepart i garden Midthus og jordepartar i Godøy og Frøkedal på Tysnes. I 1731 flutte han til Tho i Tysnes der han sidan vart buande og døydde i 1737.
Mons Nilsson Sjøbøen, f. 1705, bygsla bruket då Ola flutte burt. G. 1731 Kari Bårds dtr. Sørstrønen, f. 1707. Av 8 born vaks berre 3 upp: Kari, f. 1736, s. n., Mari, f. 1743, d. ug. 1786, Nils, f. 1750, g. 1785 Ingeborg Forstrønen, s. ytre Drange 1. Mons dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han åtte ein part i garden Midthus som han fekk med kona si. Mons døydde i 1760.
Ekkja Kari Bårds dtr. hadde so bruket til ho døydde i 1767. Ho var ei dugande kvinna, og greidde seg like godt i desse åri som mannen gjorde i si livetid.
Ola Asbjørnson Søvik, f. 1739, vart i 1768 gift med Kari Mons dtr. Nordstrønen, f. 1736, og bygsla bruket etter vermori. Born: Mons, f. 1769, d. ung, Mari, f. 1770, s. n., Kari, f. 1774, g. 1798 Rasmus ytre Drange, s. y. D. 3. Ola dreiv med sjøen likeins som fyremannen men sat ikkje lett i det. Han døydde alt i 1778.
Jakob Johannesson Dalland frå Strandvik, f. ikr. 1743, gifte seg med ekkja Kari Mons dtr. i 1779 og fekk bygsla bruket tvo år etter. Dei fekk ein son Ola, f. 1781, d. 1790. Jakob dreiv fiske, men sat svert tungt i det, og det gjekk nedover etter kvart. Han heldt husi sine kleint og måtte leggja stor husåbod til jordeigaren. Jakob let bruket frå seg i 1802, men sjølv livde han til 1821. Kona døydde i 1805.
Ola Johannesson Dalland frå Strandvik, f. ikr. 1765, som i fleire år hadde vore hjå Jakob, bygsla bruket i 1802. I 1798 vart han gift med Mari Ols dtr. Nordstrønen, f. 1770, som var dotter åt Jakob si fyrste kona og fyremannen hans på bruket. Mari døydde alt i 1805, og Ola gifte seg att året etter med Kari Nils dtr. Dale frå Fusa, f. 1768. Kari vart heller ikkje gamall, då ho døydde på barseng i 1807, og Ola gifte seg att i 1809 med Kari Nils dtr. ytre Drange, f. 1787. Born: Kari d. e., f. 1798, g. 1824 Eivind ytre Drange, s. y. D. 3, Gunvor, f. 1801, g. Hans Knutson Lerøy frå Sund, Kari d. y., f 1810, g. 1839 Lars Sperrevik, s. S. 1, Ingeborg, f. 1812, g. 1831 Mortein Hjelle, s. H. 1, Mari, f. 1814, g. 1836 Villum Nilsson Haugen frå Samnanger, b. Haugen, s. S. B. 233, Anna, f. 1816, g. 1837 Torkjell Forstrønen, s. F. 2, Johanna, f. 1817, g. 1839 Johannes Forstrønen, s. F. 1, Malena, f. 1819, g. 1842 Eivind ytre Drange, s. y. D. 3, Eli, f. 1822, Johannes, f. 1828, s. n. 4 born døydde unge. Ola var ein drivande kar, han vølte husi og greidde seg trass den store huslyden sin. Han døydde i 1831.
Ekkja Kari Nils dtr. stjorna so bruket nokre år.
Peder Larsson Nordstrønen, f. 1795, vart i 1834 gift med ekkja Kari Nils dtr. og fekk bygsla bruket året etter. Han døydde i 1854 og kona nokre år seinare.
Johannes Olson Nordstrønen, f. 1828, vart i 1849 brukar saman med mori og stykfaren. I 1854 fekk han bygsla bruket. G. 1850 Ingeborg Mons dtr. ytre Drange, f. 1831. Born: Ola, f. 1851, treskomakar, d. ug. 1925, Mons, f. 1852, g. 1880 Ingeleiv Sørstrønen, s. S. 3, Peder, f. 1854, s. n., Kari, f. 1856, g. 1896 Elias Gjersvik, s Sjøbøen 2. 4 born døydde unge. Johannes var fiskar og dreiv treskoarbeid. Han livde til 1904 medan kona døydde alt i 1883.
Peder Johannesson Nordstrønen, f. 1854, bygsla farsbruket i 1883 og kjøpte det utan skog av Staten i 1901 for 2100 kr. G. 1884 Kristi Kristoffers dtr. Nordstrønen, f. 1848. Dei hadde tvo fosterborn, Karina Jens dtr., f. p. Fanahamaren 1875, som var brordotter åt Kristi, s. Skjeie, og Bertel Nilsson, f. 1898, som var brorson åt Karina, s. n. Peder var snikkar og bygningsmann attåt gardsbruket. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var med i heradstyret 1902 – 1904. Peder døydde i 1935 og Kristi i 1936.
Bertel Nilsson Nordstrønen, som var fosterson åt Peder, f. p. Osøyri 1898, fekk skøyte på bruket etter fostermori i 1935. Foreldri var skomakar Nils Jensen (brorson åt Kristi) og kona Brita Bertels dtr. Os. G. Anna Jons dtr. Nordstrønen, f. 1894. Born: Marta, f. 1915, Kristi, f. 1916, Petra, f. 1919, Peder, f. 1920, Borghild, f. 1923, Jon, f. 1926, Nancy, f. 1929, Bjarne, f. 1931, Magda, f. 1933. Bertel driv fiske og steinarbeid attåt gardsbruket.
NORDSTRØNEN 3.
Sisilia Mons dtr. Nordstrønen heldt halvparten av br. 2 att då dotteri Dordi Rasmus dtr. og versonen Ola Erikson bygsla bruket etter mannen i 1688, s. br. 2. Sisilia hadde denne parten av bruket til ho døydde i 1694.
Lars Rasmusson Nordstrønen, f. 1658, fekk bygsla denne parten etter mori og vart fyrste mann på det nye bruket. G. 1695 i Lyseklosterkyrkja med Kari Ols dtr., f. ikr. 1660, som tente på Lysekloster. Av 6 born vaks berre sonen Rasmus’ f. 1702, upp. Lars sat sverande smått i det, og han let bruket frå seg alt i 1716. Både han og kona døydde same dagen i dødsåret 1733.
Mons Johannesson Særvoll, f. 1685, bygsla bruket i 1716. G. 1717 Kari Jons dtr. Sørstrønen, f. 1687. Born: Johannes, f. 1726, d. ung, Lisbet, f. 1728, g. 1753 Ola Sundøy, s. S. 1. Mons og Kari døydde ogso på same dagen i 1733, eit par dagar fyrr Lars og kona fall frå.
Kristen Monsson Sørstrønen, som var stykfar åt Kari, s. S. 2, vart no av godseigar Formann sett til å stjorna bruket.
Johannes Larsson ytre Moberg, f. 1708, vart i 1734 gift med Guro Jons dtr. Sørstrønen, f. 1699, som var syster åt den avlidne kona Kari Jons dtr., og fekk bygsla bruket. Guro døydde alt i 1737, og Johannes gifte seg att året etter med Kari Lars dtr. indre Tuen, f. 1707. Born: Ola, f. 1739, Barbru, f. 1743, Dordi, f. 1746, g. 1776 Mons Sørstrønen, s. S. 2. Johannes streva hardt for å greida skyldnadene sine. Med fyrste kona si fekk han ein part i garden Sørstrønen, men denne måtte han selja straks for å berga seg. Han måtte jamt låna pengar, og skuldi hans var større enn det han åtte. Johannes døydde i 1754, og ekkja gifte seg uppatt nokre år etter med Jon Forstrønen, s. F. 1.
Ola Olson, f. ikr. 1721, og kona Ingjerd Gjermunds dtr. bygsla bruket etter Johannes. Kvar Ola og Ingjerd var frå veit me ikkje, men dei var ikkje osingar og var heller ikkje gifte i Os. Dei fekk tvo born, Maria, f. 1757, d. ung, og Ola, f. 1762. Ola sat svert tungt i det, og ved skiftet etter han var skuldi hans dubbel so stor som det han åtte. Ola og Ingjerd vart ikkje gamle folk. Han døydde i 1764 og kona i 1763.
Peder Andersson Åsen, f. 1731, vart brukar etter Ola i 1765. Peder hadde fyrr havt bruk på Nordeide i Austevoll. G. 1753 Brita Mons dtr. indre Drange, f. 1731. Born: Lars, f. 1753, s. n., Anders, f. 1755, var ved sjøvernet i Kjøpenhamn 1787, sidan veit me ikkje meir um han, Mons, f. 1757, g. 1789 Kari Halhjem, s. H. 1, Jakob, f. 1760, b. i Sund, Daniel, f. 1765, d. ung, Anna, f. 1769, g. 1793 Einar Kuven, s. Halhjem, Peder, f. 1773, g. 1807 Ragnhild Halhjem, s. H. 5. Peder dreiv som fiskar og sat lettare i det enn fyremennene. Han døydde i 1787 og kona i 1792.
Lars Pederson Nordstrønen, f. 1753, bygsla i 1783, og hadde bruket saman med faren til han døydde. G. 1779 Brita Rasmus dtr. ytre Drange, f. 1750. Born: Dordi, f. 1780, d. ug. 1821, Brita, f. 1783, d. 1858 (son Jon, f. 1819, g. 1858 Anna ytre Haugland, s. y. H. 6), Ola, f. 1786, s. n., Rasmus, f. 1790, s. br. 8, Peder, f. 1795, s. br. 2. Ein gut døydde ung. Lars var fiskar og dreiv mykje med sjøen. Han fall frå i 1820 og kona i 1824.
Ola Larsson Nordstrønen, f. 1786, bygsla farsbruket i 1816. G. 1815 Herborg Jans dtr. Midthus, f. 1785. Born: Lars, f. 1816, g. 1852 Anna Anders dtr. Nordstrønen, b. i Nordstrønen (son Ola, f. 1855, s. Sundøy 6), Jan, f. 1817, g. 1855 Kristiana Bruarøy, s. Lepsøy 13, Ola (tvilling), f. 1819, g. 1848 Ingeborg Sundøy, s. Lepsøy 5, Nils, f. 1819, d. av kolera 1849, Anna, f. 1825, s. n., Magdela, f. 1828, d. ung. Ola heldt seg med sjøen likeins som fyremennene. Han døydde i 1863 og kona i 1862.
Anders Hansson indre Moberg, f. 1832, vart i 1856 gift med Anna Ols dir. Nordstrønen, f. 1825, og vart brukar etter verfaren. Born: Anna, f. 1857, s. br. 1, Herborg, f. 1859, d. ung, Hans, f. 1862, s. n., Olina, f. 1866, d. 1885. Anders dreiv med fiske og treskoarbeid attåt gardsbruket og hadde fleire tillitsyrke i bygdi. Han fall frå i 1897 og kona i 1904.
Hans Andersson Nordstrønen, f. 1862, vart brukar etter faren i 1890 og kjøpt bruket utan utmark i 1901 for 1900 kroner. G. 1889 Olina Lars dtr. Røttingen, f. 1864. Born: Anna, f. 1890, g. b. Bergen, Lars, f. 1892, d. ug. Hans var treskoarbeidar og fiskar likeins som faren. Han døydde alt i 1903.
Ekkja Olina Lars dtr. stjorna so halve bruket nokre år, med di den andre helvti vart seld og gjekk over til nytt bruk, s. br. 15. Olina vart i 1907 gift att med Johannes Bø, s. Bø 2, og flutte då frå Nordstrønen.
Peder Madsen frå Bergen, f. 1876, kjøpte bruket i 1907. Han hadde fyrr vore gartnar i Bergen og hadde ogso ei tid drive som verksarbeidar. G. 1898 Johanna Jakobs dtr. Bruarøy, f. 1871. Fosterdotter: Lilly, f. 1913. Peder hev ogso drive fiske attåt gardsarbeidet.
NORDSTRØNEN 4.
Jakob Danielson, f. ikr. 1660, vart fyrste brukar her, då bruket vart skilt ut frå br. 1 ikr. 1708. Jakob var tvillaust son åt Daniel Søfteland, og den same som i 1680 åri hadde vore brukar på Midtsæter, s. M. 1, og på Bø, s. Bø 5. I so fall var han bror åt kona på br. 1, Mari Daniels dtr., som hadde skilt denne parten frå bruket sitt, og då er det lett å skyna at Jakob fekk bygsla her. Kvar han hadde vore sidan han i 1686 flutte frå Bø, veit me ikkje. G. I 1680 Marta Johannes dtr. Midtsæter, g. II 1713 Malena Mikkjels dtr. Foer frå Fusa. Born: Anders, f. 1681, d. ung, Johannes, f. 1683, s. n. Jakob var mykje umvankande. Då han vart gift att i 1713 let han sonen få bruket i Nordstrønen, og reiste sjølv ut or Osbygdi med den nye kona si. Kvar det vart av dei sidan veit me ikkje.
Johannes Jakobson Nordstrønen, f. 1683, bygsla bruket då faren flutte. Johannes vart trulova i 1709 med Maria Ellings dtr. Skåtun frå Strandvik, f. ikr. 1675. Trulovingi er innført i kyrkjeboki av presten, men me kann ikkje sjå at det vart noko giftarmål eit halvt års tid seinare, soleis som skikk og bruk då var. I 1718, soleis 9 år seinare, vart Johannes gift i Oskyrkja med ei som heitte Marta Ellings dtr., utan at det er nemnd kvar ho var frå. Me lyt tru at dette er den same gjenta som han vart trulova med i 1709, men kva som hev kome ivegen for giftarmålet i dei 9 åri fær me diverre ikkje vita. Born: Elling, f. 1718, s. n., Johannes, f. 1719, Marta, f. 1722, Kari, f. 1724. Dei 3 sistnemnde borni reiste ut og me finn dei ikkje att i Os. Johannes døydde i 1741 og Marta i 1753.
Elling Johannesson Nordstrønen, f. 1718, bygsla farsbruket i 1735, då han berre var 17 år gamall. G. I 1737 Anna Engjels dtr. Vinnes frå Strandvik, f. ikr. 1711, d. 1743, g. II. ikr. 1745 Lisbet Nils dtr., f. ikr. 1720. Den siste kona var ikkje frå Os. Born: Nils, f. 1749, s. n., Johannes, f. 1753, g. 1788 Agata Forstrønen, s. F. 1, Anders, f. 1756, b. i Kjøpenhamn, Marta, f. 1761, d. ug. 1790. Dei tvo eldste borni døydde unge. Elling dreiv mykje med fiske og arbeidde bruket godt fram, men sat tungt i det. Han døydde alt i 1764.
Ekkja Lisbet Nils dtr. tok stjorningi då mannen døydde og hadde bruket radt til 1781. Ho sat sverande tungt i det og hadde stor skuld å draga på, men greidde likevel å slita seg fram med barneflokken. Lisbet døydde i 1790.
Nils Ellingson Nordstrønen, f. 1749, bygsla bruket etter mori i 1781. G. 1784 Anna Anders dtr. indre Drange, f. 1758. Born: Lisbet, f. 1785, Marta, f. 1789, Elling, f. 1792, g. 1821 Kari Jons dtr. Krokeid frå Fana, b. Krokeid, s. F. B. 611. Nils sat svert smått i det. Kona fekk spillesykja og måtte på «Spetalen» i 1790 åri, og borni måtte ut i tenesta fyrr dei vart vaksne. Husi vart radt til nedfalls, so Nils måtte leggja ei sver husåbod til jordeigaren. Nils døydde i 1799 og kona i 1819.
Lars Henrikson Kuven, f. 1757, bygsla bruket etter Nils i 1799. Han hadde fyrr havt bruket på Buena, s. Søvik 4, men vart uppsagd der i 1799 då godseigaren på Lysekloster vilde ha bruket sjølv. G. 1781 Ingeborg Jons dtr. Hovland, f. 1751. Born: Henrik, f. 1781, s. br. 7, Kari (tvilling), f. 1783, g. 1810 Steffen Hetleflåten, s. H. 1, Lars, f. 1790, g. b. Bergen, Jakob, f. 1793, s. n., Jon, f. 1797, s. br. 9. Lars streva hardt dei fyrste åri for å greida seg, men han dreiv sterkt med sjøen og arbeidde seg fram. Jordbruket ansa han lite eller ikkje. Han var timbermerkjar for Lysekloster og var ein vyrd mann i bygdi. Då godseigar Formann spurde på tinget i 1805 um bøndene i Os vilde skyssa etter tur, eller leggja skysskostnader med tvo ort kvar mann, so var det Lars og grannen Anders som svara for alle osingane, at dei vilde ha greidt rekneskap over skysskostnaden og etter det svara inntil tvo ort. Lars døydde i 1827 og Ingeborg i 1829.
Medan Lars hadde bruket, vart dette skift i tvo partar soleis at eldste sonen fekk helvti og skipa eit nytt bruk, s. br. 7.
Jakob Larsson Nordstrønen, f. 1793, bygsla farsbruket i 1828. G. 1821 Magdela Isaks dtr. Økland, f. 1797. Born: Ingeborg, f. 1823, g. 1846 Nikolai indre Moberg, s. Røttingen 11, Synneva, f. 1826, s. br. 7, Henrikka, f. 1829, Lars, f. 1834, s. n., Kari, f. 1838, g. 1888 Anders Halhjem, s. indre Haugland, Magdela, f. 1841, g. 1884 Nils Lepsøy, s. L. 12. Ein gut døydde ung. Jakob var trearbeidar og dreiv fiske. Han fall frå i 1875 og kona i 1854.
Lars Jakobson Nordstrønen, f. 1834, vart brukar etter faren. I 1901 kjøpte han innmarki av Staten for 1900 kroner. G. 1860 Synneva Ols dtr. Økland, f. 1836. Born: Magdela, f. 1860, g. 1885 Ola Askvik, s. A. 3, Olina, f. 1863, g. 1884 Peder Lunde, s. Herevoll, Lunde, Ingeborg, f. 1865, g. 1906 Johannes Røttingen, s. R. 10, Olai, f. 1868, lærar på Vossestrand, d. ug., Synneva, f. 1870, d. 1887, Lars (tvilling), f. 1872, handelsmann på Hop i Fana, g. Kristi Nygard frå Kvam, Isak, f. 1872, d.ung, Jakob, f. 1875, g. 1904 Magdeli Jansen, s. Økland, 1, Annanias, f. 1877, s. n., Gjertrud, f. 1879, d. 1896, Henrik, f. 1883, d. i difterifarangen 1894. Ola Nilsson Tøsdal, f. 1855, seinare kjøpmann og reipslagar i Bergen, vart uppfostra hjå Lars, som var morbror hans. Lars var snikkar og dreiv mykje med arbeid av kistor, sengjer og annan husbunad for sal til andre bygder. Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, var soleis med i den fyrste likningskommisjon i 1883, og sat i heradstyret i 1874 – 77. Både han og kona døydde i 1911.
Annanias Larsson Nordstrønen, f. 1877, skøytte farsbruket i 1910. G. 1910 Sina Anders dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1880. Born: Lars, f. 1912, målar, g. 1937 Margit Lars dtr. Forstrønen. Annanias er rosemålar og driv ogso onnor målarverksemd attåt gardsbruket. Han hev havt mange kommunale tillitsyrke, er skyns- og domsmann, og var med i heradstyret bolkane 1911 – 13 og 1920 – 22.
NORDSTRØNEN 5 (Strønesjøen).
Knut Olson Nordstrønen, f. 1706, bygde ikr. 1732 eit lite hus nede ved Nordstrønesjøen og busette seg her. Han vart gift i 1730 med Eli Ivars dtr., f. ikr. 1700, som då tente i Nordstrønen, men som ikkje var herfrå. Ho kunde vera dotter åt Ivar Bø, men truleg var ho ikkje frå Os. Dei fekk ein son, Jørgen, f. 1734, som døydde ung. Knut fekk ikkje noko jord attåt huset, men dreiv berre som fiskar. Han døydde alt i 1734.
Lars Monsson, f. ikr. 1694, som fyrr hadde havt eit bruk på ytre Drange, s. y. D, 3, vart i 1735 gift med ekkja Eli Ivars dtr og vart buande her. Lars livja seg ogso ved fiske. Han fall frå i 1747.
Lars Andersson, f. ikr. 1720, som tente i Nordstrønen, vart i 1748 gift med ekkja Eli Ivars dtr. og fekk huset ved Strønesjøen. Lars var frå Lysefjorden og er tvillaust den Lars som i 1720 vart fødd i Bjoarvik, s. B. 1. Eli døydde i midten av 1750 åri og Lars flutte burt straks etter.
Ola Andersson Krokeid frå Fana, f. ikr. 1735, kjøpte huset ved Strønesjøen i 1757, og fekk bygsla so mykje jord attåt at han fostra ei ku. G. 1755 Anna Anders dtr. Åsen, f. 1733. Born: Anders, f. 1763, s. br. 1, Johannes, f. 1768, s. br. 6. 3 born døydde tidleg. Ola var ein «framstigsmann» som få i dei dagar. Han bygde nytt hus, og i dette sette han inn vindaugo med verkelege glasrutor og ein kakkelomn. Stova vart truleg den fyrste «glasstova» i Øyane. Ola hadde ikkje hest på bruket, men likevel hadde han ein retteleg god plog, som ved skiftet i 1784 vart sett i umlag same verde som den einaste kui hans. Han var ein glup fiskar og arbeidde seg so godt fram at han tilslutt sat betre i det enn storparten av bøndene i Osbygdi. Grannane hans misunnte han framgangen, og då dei i 1777 hadde tala vel høgt um at han hadde grave for mykje til seg frå andre, so tok han fleire av dei for retten. Han døydde i 1784.
Ekkja Anna Anders dtr. hadde so bruket eit par år.
Ola Olson Tveit, f. 1748, vart i 1787 gift med ekkja Anna Anders dtr. og fekk bygsla bruket. Anna døydde i 1796, og Ola gifte seg att året etter med Anna Sævareid frå Strandvik, f. ikr. 1753. Kva farsnamnet hennar var er noko uvisst. Då ho gifte seg vart ho skrivi for Anders dtr., ved folketeljingi i 1801 vart ho skrivi for Peders dtr., og då ho døydde vart ho skrivi for Ols dtr. Ola var fiskar likeins som fyremennene. I 1808 selde han husi sine til Formann, so at dei etter den tid fylgde med bruket. Han døydde i 1821 og kona i 1832.
Johannes Olson Nordstrønen, f. 1768, bygsla bruket etter stykfaren i 1815. Sjå um han under bruk 6, der han fyrr var busett. Han døydde i 1847.
Kristoffer Olson Røttingen, f. 1819, bygsla bruket i 1847 då Johannes døydde. G. 1846 Kari Ols dtr. Nordstrønen, f. 1824. Born: Ola, f. 1847, s. br. 9, Kristi, f. 1848, s. br. 2, Jakob, f. 1850, kom burt på sjøen, Jens, f. 1852, g. b. Fanahamaren i Fana, Anna, f. 1854, g. 1902 Nils Berge, s. B. 5, Hans, f. 1859, s. n., Olina, f. 1861, d. ug. 1902, Magdela, f. 1864, d. ug. 1936. Kristoffer dreiv mykje med sjøen. Han døydde i 1881.
Ekkja Kari Ols dtr. hadde so bruket eit par år. Ho døydde i 1916.
Hans Kristofferson Nordstrønen, f. 1859, pakta bruket av Staten på 20 år i 1883. I 1901 fekk han kjøpa innmarki for 200 kroner. G. 1890 Marta Johannes dtr. Forstrønen, f. 1853. Born: Kristoffer, f. 1898, s. n. Ei gjenta døydde tidleg. Hans var fiskar og treskoarbeidar. Han døydde alt i 1908.
Ekkja Marta Johannes dtr. stjorna so bruket etter at mannen fall frå. Ho døydde i 1934.
Kristoffer Hansson Nordstrønen, f. 1898, fekk bruket etter mori. G. 1937 Matilda Anders dtr. Hindenes frå Myking, f. 1896. Kristoffer er trearbeidar og driv treskoarbeid.
NORDSTRØNEN 6. (Nauststølen)
Johannes Olson Nordstrønen, f. 1768, bygde seg i 1797 eit hus her, og lagde ein dalar året i grunnleiga for huset til Lysekloster. I 1808 fekk han ogso bygsla eit lite jordstykke og fekk rett til å setja upp eit lite fjos nett utanfyre bøgjerdet på Nauststølen. G. I. 1795 Ingeborg Jons dtr. Lunden, f. 1759, d. 1806, g. II. 1807 Guro Anders dtr. Molda, f. 1777, som var systerdotter åt fyrste kona hans. I fyrste giftarmålet fekk han 4 born, m. a. eit par trillingar, som alle døydde unge, og i siste giftarmålet 2 born: Ola, f. 1807, d. 1824, Ingeborg, f. 1822. I 1815 bygsla han bruket Strønesjøen etter stykfaren og siste kona hans, og etter stykfaren sin død i 1821 flutte Johannes dit, s. br. 5, og vart buande der. Plassen på Nauststølen vart so nedlagd. Johannes var fiskar likeins som alle andre brukarar ved Strønesjøen. Han døydde i 1847 og Guro i 1855.
NORDSTRØNEN 7.
Henrik Larsson Nordstrønen, f. 1781, bygsla halve farsbruket, då dette i 1811 vart skift i tvo partar, og skipa nytt bruk her. G. I. 1811 Magdela Jakobs dtr. Krokeid frå Fana, f. ikr. 1785, d. p. barseng 1812, g. II. 1813 Brita Ols dtr. Økland, f. 1794. Born: Kristi, f. 1812, g. 1838 Hans Kuven, s. K. 3. Henrik var ein drivande kar likeins som faren og greidde seg godt. Han døydde alt i 1817.
Hans Hansson Røttingen, f. 1796, vart i 1818 gift med ekkja Brita Ols dtr. og bygsla bruket. Dei fekk tvo tvillingsøner, Hans og Henrik, i 1819, men begge døydde unge. Hans var fiskar og dreiv med sjøen. Han døydde i 1864 og kona i 1851.
Nils Nilsson Lepsøy, f. 1826, bygsla bruket då Hans døydde. G. 1855 Synneva Jakobs dtr. Nordstrønen, f. 1826. Born: Brita, f. 1852, s. br. 15, Jakob, f. 1856, s. n., Serina, f. 1861, d. ung, Malena, f. 1863, g. 1884 Nils Sørstrønen, s. Sperrevik 1, Lars, f. 1867, g. 1895 Olina Forstrønen, s. F. 2. Nils var båtbyggjar og trearbeidar. Han døydde i 1909 og kona i 1902.
Jakob Nilsson Nordstrønen, f. 1856, vart brukar etter faren og kjøpte bruket (innmarki) i 1901 for 1260 koner. G. 1884 Brita Ols dtr. Ulven, f. 1863. Born: Gurina, f. 1887, s. br. 8, Nils, f. 1895, s. n., Ola, f. 1899, s. br. 15. 3 born døydde unge, då dei strauk med i difterifarangen 1894. Jakob var sjømann i mange år, sidan var han fiskar og dreiv snikkararbeid. Han døydde i 1925.
Nils Jakobson Nordstrønen, f. 1895, vart brukar etter faren. G. I. Karta Johannes dtr. Røttingen, f. 1892, d. 1918, g. II. 1920 Agot Lars dtr. Forstrønen, f. 1897. Born: Ingeborg, f. 1917, Marta, f. 1918, Borgny, f. 1921, Lydia, f. 1922, Jakob, f. 1924, Signe, f. 1926, Lars, f. 1928. Nils hev vore sjømann og er motorbåtførar.
NORDSTRØNEN 8 (Bjørkhaug).
Rasmus Larsson Nordstrønen, f. 1790, bygsla i 1827 eit stykke av br. 3, som broren då hadde, og busette seg her. G. 1820 Kari Jans dtr. Kidthus, f. 1781, som var syster åt broren si kona. Born: Brita, f. 1820, s. n., Jan, f. 1823, d. 1845. Rasmus var fiskar og treskoarbeidar. Både han og kona døydde i 1861.
Nils Olson Askvik, f. 1828, vart i 1861 gift med Brita Rasmus dtr. Nordstrønen, f. 1820, og bygsla bruket etter verfaren. I 1867 vart bruket serskilt skyldsett, og Nils kjøpte det av Staten i 1901 for 300 kroner. Brita døydde i 1870, og Nils gifte seg att året etter med Magdela Johannes dtr. Bø, f. 1828. Ho døydde alt i 1872, og Nils vart gift att i 1874 med Eli Peders dtr. Utgjerdet ved Os, f. 1832. Nils hadde ikkje born. Han dreiv med treskoarbeid. Nils døydde i 1903 og Eli i 1908.
Jakob Nilsson Nordstrønen kjøpte bruket i 1901 og dreiv det i nokre år saman med sitt bruk, s. br. 7.
Berge Olson Bruarøy (Røttingen), f. 1878, vart i 1905 gift med Gurina Jakobs dtr. Nordstrønen, f. 1887, og fekk i 1906 skøyte på bruket frå verfaren. Born: Olav, f. 1906, s. n., Jakob, f. 1908, bakar, b. Sandane i Nordfjord, Gunvald, f. 1910, målar, Borghild, f. 1912, g. Johannes Jonson Nordstrønen, Klara, f. 1914, Severina, f. 1917, Olga, f. 1921. Ei gjenta døydde ung. Berge var sjømann og fiskar. I 1922 var han med ein båt til Tyskland og døydde dernede.
Ekkja Gurina Jakobs dtr. hadde so bruket til 1933, då ho let det frå seg til sonen, s. n Ho vart i 1934 gift att med Einar Austbø frå Sogn.
Olav Bergeson Bjørkhaug (Nordstrønen), f. 1906, skøytte bruket etter mori i 1933. G. 1930 Kristina Kristens dtr. Skorpen (Nordstrønen), f. 1908. Born: Ingrid, f. 1933, Bjarne, f. 1935. Olav driv målararbeid.
NORDSTRØNEN 9. (Skipevik).
Jon Larsson Nordstrønen, f. 1797, festa i 1827 eit utmarkstykke på farsbruket, der han rydja og bygde. G. 1826 Marta Nils dtr. Røttingen, f. 1804. Born: Ingeborg, f. 1825, g. 1869 Engjel Skåtøy, s. Balland 3, Mari, f. 1832, d. ug. 1903, Lars, f. 1836, s. n., Kristi, f. 1839, g. 1864 Størk Salbuvik, s. S. 2. 3 born døydde unge, og eitt av dei strauk med i kolerafarangen 1849. Jon var fiskar og dreiv mykje med sjøen. Han døydde i 1876 og kona i 1886.
Lars Jonson Skipevik, f. 1836, fekk feste på bruket etter faren. G. 1864 Marta Anders dtr. Ferstad, f. 1840. Born: Marta, f. 1865, s. br. 16, Jon, f. 1867, kom turt på sjøen 1886. Lars var fiskar likeins som faren. Ein preikesundag hausten 1867, då han og Ola Sperrevik var på heimferd frå kyrkja, kollsigla dei og begge kom burt.
Ekkja Maria Anders dtr. var so brukar nokre år. I 1867 vart bruket serskilt skyldsett.
Ola Kristofferson Nordstrønen, f. 1847, vart i 1870 gift med ekkja Marta Anders dtr. og bygsla bruket. I 1901 kjøpte han det av Staten for 400 kroner. Born: Helena, f. 1876, i Amerika, Jakob, f. 1880, s. n. 3 born døydde unge. Ola var fiskar og dreiv med treskoarbeid attåt. Han døydde i 1935 og kona i 1927.
Jakob Olson Skipevik, f. 1880, skøytte farsbruket i 1913. G. 1901 Berta Ols dtr. Soltveit frå Hordabø, f. 1878. Born: Borghild, f. 1901, i Amerika, Margit, f. 1902, g. Andreas Hagen frå Stamnes i Bruvik, Olav, f. 1904, fiskar, Synneva, f. 1905, Olga, f. 1906, Hanna, f. 1908, død, Oskar, f. 1910, styrmann, g. Bergljot Hammersnes frå Selje, Alfred, f. 1911, stuert tilsjøs, Hjalmar, f. 1913, sjømann, Anna, f. 1914, død, Harald, f. 1917, død, Reidar, f. 1918, sjømann, Jonn, f. 1920, Otto, f. 1921. Dotterborni Berny Hagen, f. 1925, og Olga Hagen, f. 1927, er ogso uppfostra hjå han. Jakob hev vore fiskar og drive anna arbeid.
NORDSTRØNEN 10. (Stølen).
Sander Andersson Nordstrønen, f. 1807, festa i 1836 eit jordstykke «Stølen» av farsbruket, s. br. 1. Etter han vart det nye bruket vanleg kalla «Sanderstølen». G. 1834 Brita. Lars dtr. Særvoll, f. 1807. Born: Magdela, f. 1834, Anna, f. 1836, s. n. Sander var jakteskippar og dreiv ogso fiske. Han døydde i 1879 og kona i 1877.
Ola Olson Askvik, f. 1838, vart i 1861 gift med Anna Sanders dtr. Nordstrønen, f. 1836, og festa bruket etter verfaren. I 1867 vart bruket serskilt skyldsett. Born: Marta, f. 1863, s. n., Brita, f. 1867, ug. b. Nesttun i Fana. Ola var fiskar og dreiv med sjøen likeins som fyremannen. Både han og kona døydde i 1890.
Jon Hansson Røttingen, f. 1848, vart i 1889 gift med Marta Ols dtr. Nordstrønen, f. 1863, og vart brukar etter verfaren. I 1901 kjøpte han bruket, innmarki, for 700 kroner. Born: Hans, f. 1891, s. n., Anna, f. 1894, s. br. 2, Ola, f. 1896, i Amerika, Olina (tvilling), f. 1901, husstyrar hjå broren, s. n., Karina, f. 1901, g. 1920 målar Johannes Nilsson Hellevang frå Førde i Sunnfjord, b. Nordstrønen, (Born: Aslaug, Magnhild, Norvald, Jorunn, Kåre, Sigrun), Johannes, f. 1904, målar, g. 1932 Borghild Berges dtr. Nordstrønen, Johan, f. 1899, d. 1910. Jon var fiskar og dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han livde til 1926, medan kona døydde alt i 1908.
Hans Jonson Nordstrønen, f. 1891, skøytte farsbruket i 1913 og hev det no. Han er målar og er ute på arbeid. Systeri Olina styrer huset for han.
NORDSTRØNEN 11. (Skorpen).
Anders Olson Lid frå Samnanger og broren Erik Olson Lid festa våren 1846 kvar sin halvpart av Skorpo. Dei var då busett på Hjelle i Os saman med broren Ola Olson Lid, og alle 3 karane vart skrivne for Jelle då dei festa her.
Erik Olson Lid, f. ikr. 1814, bygde og busette seg på dette bruket. Han hadde fyrr eit lite bruk på Hjelle, s. H. G. 1838 Kristi Jons dtr. indre Moberg, f. 1812. Born: Ola, f. 1839, s. n., Marta, f. 1841, s. br. 13, Jon, f. 1844, s. n. Erik var underoffiser og dreiv som fiskar. Han døydde alt i 1853.
Ekkja Kristi Jons dtr. hadde bruket til 1872. I 1867 vart bruket serskilt skyldsett. Kristi døydde i 1889.
Jon Erikson Skorpen, f. 1844, kjøpte bruket av Formann i 1872 for 100 spd. Jon var jakteskippar og var gift med ei som heitte Anna Larsen frå Bergen. Han kalla seg sjølv Gjelle etter fødestaden. Jon selde straks bruket og vart buande i Bergen.
Ola Erikson Skorpen, f. 1839, kjøpte bruket av broren i 1875. G. 1878 Kristina Hans dtr. Røttingen, f. 1836. Dei fekk eit barn som døydde tidleg. Ola dreiv fiske og var notbindar. I 1894 selde han bruket til verbroren men tok sidan eit nytt bruk, s. br. 14, der ein finn meir um han.
Peder Hansson Røttingen, f. 1854, som var bror åt Kristina, kjøpte bruket av Ola i 1894. Han hadde fyrr vore busett på Hovland, s. H. 4. G. 1879 Andrea Anders dtr. Halhjem, f. 1849. Born: Olina, f. 1880, d. 1899, Hans, f. 1882, s. n., Arne, f. 1885, i Amerika, Anders, f. 1888, s. br. 14, Karl, f. 1891, g. 1919 Severina Forstrønen, s. Økland 2. Peder var bygningsmann og dreiv fiske attåt. Han døydde i 1904 og kona i 1931.
Hans Pederson Skorpen, i. 1882, skøytte farsbruket i 1904. G. 1904 Synneva Engjels dtr. Sørstrønen, f. 1880. Born: Anna, f. 1904, g. 1925 Karl Bratholmen, s. Røttingen 12, Peder, f. 1905, s. br. 17, Engjel, f. 1907, fiskar, g. 1934 Agnes Kristoffers dtr. Sørstrønen, Ingeborg, f. 1909, g. 1930 Ingvald Larsson Bjørnarøy, Olaf, f. 1912, fiskar, g. 1935 Edit Sveins dtr. Balland, Hans, f. 1914, Engelina, f. 1919. Hans driv fiske attåt gardsbruket.
NORDSTRØNEN 12. (Skorpen).
Anders Olson Lid, f. 1808, festa som nemnd ved br. 11 dette bruket våren 1846. Um hausten same året let han det frå seg att til broren, s. n. Anders vart gift 1836 med Sesilia Jakobs dtr. Sandvik frå Samnanger. Dei var sidan busette i Skutevik.
Ola Olson Lid, f. 1813, festa bruket um hausten 1846. Han vart gift ikr. 1845 med ei som heitte Marta Johannes dtr., f. 1818. Me kjenner ikkje heimstaden hennar. Vika fyrr jol 1859 hadde Marta vore ein tur til Osøyri, og på heimferdi frå Skjeisleiro til Skorpo kom ho ut i storm og snjokave. Ho tok imiss av leidi, kom ut i Krossfjorden og rodde ikring heile den lange vinternotti til ho fann land ein stad ved Krossneset. Der fann dei henne dagen etter, ihelfrosi.
Ola gifte seg att året etter med Eli Samsons dtr. Gjemdal, f. 1816. Born: Marta, f. 1847, g. 1870 Ola Balland, s. Søvik 6, Brita, f. 1850, g. 1901 Hans Hetleflåten, s. H. 3, Olina, f. 1857, d. ug. Ei gjenta døydde ung. Ola var sjømann og fiskar. Han døydde i 1890 og Eli i 1887.
Johannes Eivindson ytre Drange, f. 1833, festa bruket ikr. 1875. G. 1866 Larsina Simons dtr. Balland, f. 1846. Dei hadde ikkje born. Johannes var bygningsmann og fiskar. Han døydde i 1888.
Engjel Engjelson Skåtøy (Balland), f. p. Bruarøy 1833, vart i 1889 gift med ekkja Larsina Simons dtr. og vart brukar her. I 1902 kjøpte han bruket av Staten for 950 kroner. Engjel hadde fyrr havt eit bruk på Skåtøy, s. Balland 3, og dette var tridje giftarmålet hans. Han hadde ikkje born. Engjel var fiskar som dei andre på Skorpo. Både han og kona døydde i 1908.
Kristen Kristofferson ytre Drange, f. 1882, kjøpte bruket i 1905. G. 1904 Inga Haktors dtr. Søreide frå Austevoll, f. 1874. Born: Synneva, f. 1905, d. 1932, Engelina, f. 1906, d. 1930, Kristina, f. 1908, s. br. 8, Kristoffer, f. 1912. Kristen selde bruket i 1919.
Skipsmeklar Frithjof Sundt frå Bergen kjøpte bruket. i 1919. Han døydde i 1922, og dødsbuet hans selde i 1923 bruket attende til Kristen, men heldt att storparten av utmarki, s. br. 17.
Kristen Skorpen, s. 0., kjøpte bruket att i 1923 og hev det no. Han driv fiske attåt gardsbruket. Kristen hev vore med i skulestyret, likningi o. a., og var medlem av heradstyret 1929 – 1931.
NORDSTRØNEN 13. (Skorpen).
Isak Larsson Hanevik frå Meland, f. 1846, vart i 1878 gift med Marta Eriks dtr. Skorpen, f. 1841, og fekk same året skøyte på ein part av verbroren sitt bruk, s. br. 11. Born: Johanna (tvilling), f. 1878, s. n. Tvo gutar døydde unge. Isak var arbeidar i Laksevåg og dreiv fiske. Han døydde i 1932 og kona i 1909.
Ingvald Knutson Rossnes frå Hordabø, f. 1876, vart i 1898 gift med Johanna Isaksdtr. Skorpen, f. 1878, og fekk skøyte på bruket etter verfaren i 1906. Born: Johan, f. 1898, s. n., Ingolf, f. 1900, fiskar, Marta, f. 1903, g. 1927 Jakob Helland, s. Kvalesund 1, Jenny, i. 1905, Ingvald, f. 1907, fiskar, Karl, i. 1910, fiskar. Ingvald var skomakar, men tok sidan arbeid på skipsbygg i Laksevåg likeins som verfaren. Han døydde alt i 1910.
Ekkja Johanna Isaks dtr. overtok bruket då mannen døydde.
Johan Ingvaldson Skorpen, f. 1898, hev ei tid vore brukar saman med mori. G. 1930 Brita Rasmus dtr. Solheim frå Tysnes, f. 1907. Born: Ingvald, f. 1932, Rasmus, f. 1933, Jorunn, f. 1935. Johan er målar.
NORDSTRØNEN 14. (Skorpen, Langhaugen).
Ola Erikson Skorpen, f. 1839, tok ein part undan av sitt bruk fyrr han selde det til Peder Røttingen, s. br. 11.
Jon Hansson Røttingen, f. 1848, kjøpte dette bruket av verbroren Ola i 1893 og bygde her. Han flutte likevel ikkje til Skorpen, men vart framleis buande i Nordstrønen, s. br. 10.
Ola Erikson Skorpen kjøpte so bruket att av Jon i 1901 og hadde det til han døydde i 1916.
Ekkja Kristina Hans dtr. overtok bruket då mannen fall frå. Ho døydde i 1919.
Anders Pederson Skorpen, f. 1888, skøytte bruket av Kristina i 1917. Anders var brorson åt Kristina og var uppfostra hjå henne og mannen. G. 1917 Maria Lars dtr. Indre Haugland, f. 1895. Born: Peder, f. 1918, bygningsmann, Leif, f. 1919, Alfred, f. 1922, Trygve, f. 1932. Anders var mange år i Amerika fyrr han tok bruket her. Seinare er han bygningsmann og snikkar. Han hev havt mange tillitsyrke i bygdi, hev m. a. vore medlem av heradstyret 1923 – 1934 og er attvald for bolken 1938 – 1940.
NORDSTRØNEN 15.
Hans Olson Økland, f. 1838, kjøpte dette bruket av Staten då det vart skilt ut frå br. 3 i 1903. Hans hadde fyrr vore busett på Rød i Fana, s. F. B. 620. G. I. 1879 Kristina Anders dtr. Nordstrønen, f. 1842, d. 1895, g. II. 1897 Brita Nils dtr. Nordstrønen, f. 1852. Dei hadde ikkje born. Hans var fiskar og dreiv treskoarbeid. Han var heile 97 år gamall då han døydde i 1935. Brita døydde i 1916.
Ola Jakobson Nordstrønen, f. 1899, som var brorson åt Brita, skøytte bruket etter Hans i 1917. G. 1920 Larsina Lars dtr. Røttingen, f. 1893. Born: Borghild, f. 1922, Lars, f. 1924, Jakob, f. 1926, Ingvald, f. 1930. Ola er fiskar og gardbrukar. Han hev vore med i skulestyret o. a.
NORDSTRØNEN 16. (Lahammar).
Oskar Johannessen Utgard frå Aker, f. 1867, kjøpte I 1913 ein part av br. 3 og likeins ein part av br. 9 og bygde her. G. 1901 Karta Lars dtr. Skipevik (Nordstrønen), f. 1865. Born: Magnhild, telegrafdame, f. 1901. Fosterborn: Anders Hagen, f. 1922, Johannes Hagen, f. 1923. Utgard og kona hev vore offiserar i Frelsesarmeen. Han er no styrar av Nordstrøno telefonstasjon.
NORDSTRØNEN 17. (Skorpen, Sjølyst).
Skipsmeklar Frithjof Sundt kjøpte som nemnt br. 12 av Kristen Skorpen, og dødsbuet hans selde i 1923 innmarki attende til den fyrre eigaren. På den parten som var att hadde Sundt bygt ein sumarheim med mange hus.
Vestenfjeldske kreds av Norsk postmannslag kjøpte eigedomen i 1923 og skipa ein ferieheim her. Peder Hansson Skorpen (Nordstrønen), f. 1905, hev vore uppsynsmann her dei siste åri. G. 1926 Anna Jons dtr. Flatøy (Forstrønen), f. 1906. Born: Harald, f. 1926, Borgny, f. 1928, Jon, f. 1931.
NORDSTRØNEN 18. (Skulehuset).
Trygve Johannessen var lærar i Nordøyane krins 1916 – 1919, og er den fyrste lærar som var busett i skulehuset. G. Anna Vinsjans dtr. Nordstrønen, f. 1895. Um Trygve og huslyden hans elles sjå Bø.
Ola Immanuel Erstad frå Alversund, f. 1896, var som lærar busett i skulehuset 1919 – 1921.
Magdeli Tvedt Troland frå Strandvik, f. 1899, hev vore lærar og er busett her sidan 1921. G. 1925 Karl Troland frå Austevoll, som fyrr hev vore handelsstyrar i Sund o. a. st. Han er no busett i Nordstrønen. Born: Eirik, f. 1927.
NORDSTRØNEN 19. (Furehaug).
Johannes Lunde frå Bergen kjøpte i 1916 eit stykke av br. 15, der han bygde seg sumarhus. Han hev sidan kjøpt meir og lagt til bruket. Lunde er vaskeristyrar i Bergen.
NORDSTRØNEN 20. (Solvang).
Styrmann Halfdan Hansen frå Bergen kjøpte i 1917 ei tuft på Nauststølen, der det fyrr hev vore eit gamallt bruk, s. br. 6, og bygde sumarhus her. Han er død, og ekkja Hanna Hansen hev no eigedomen.
NORDSTRØNEN 21. (Einarhaug).
Einar Sundsbak frå Bergen kjøpte ei tuft i 1929 og bygde seg sumarhus. Han er lagerarbeidar i Bergen.
NORDSTRØNEN 22.
Johannes Lunde kjøpte i 1928 eit stykke av br. 3, men selde det året etter til Lars Nilsson Forstrønen som bygde seg handelshus her. Han hadde fyrr havt handel på Forstrønen, s. F. 2, der ein finn meir um han.
NORDSTRØNEN 23. (Solvang).
Karl Ingvaldson Skorpen, f. 1910, skøytte i 1933 eit stykke av mori sitt bruk, br. 13, og bygde her. Karl er fiskar.
NORDSTRØNEN 24. (Furuly).
Olina Kristians dtr. Forstrønen, f. 1877, kjøpte ei tuft av br. 5 i 1935, og bygde og busette seg her. Olina hadde fyrr vore gift med Nils Nybø frå Askøy og hadde havt gard på Ask. Då mannen døydde selde ho garden og flutte hertil.
NORDSTRØNEN 25. (Skoglund).
Evald Olson Troland frå Ofoten, f. 1892, kjøpte i 1935 ein part av br. 5, der han bygde og busette seg. G. 1919 Anna Johans dtr. Forstrønen, f. 1897. Born: Johannes, f. 1920, Einar, f. 1922, Magne, f. 1923, Anfin, f. 1926, Sigmund, f. 1929, Anfin Erling, f. 1931. Evald hev drive steinarbeid og fiske og hev i dei siste åri vore mann på ein telegrafbåt.
NORDSTRØNEN 26. (Grimshaug).
Kirsten Grimstad kjøpte i 1936 ei tuft av br. 3 og hev bygt seg sumarhus her.
NORDSTRØNEN 27. (Bergheim).
Olav Bergo hev bygt seg sumarhus på ei tuft som han kjøpte av br. 9 i 1938.