ØKLAND

Frå OS SOGA II side 342 – 346  

26. ØKLAND 

Namnet er retteleg Aukland og tyder landet, jordi som er lagt til garden og hev auka han.  Jordi her hev vore rydja av folket i Nordstrønen og hev upphaveleg auka den garden, difor namnet.  Då bøen vart eigen gard, fylgde namnet med. 

Daglegnamn og uttale: Øi ҆joro.

Skrivemåtar: Ouckland  1612), Ochland, Oucheland, Haucheland, Huckkelandt, Auckland, Øgland, Agland, Øchland (1723), Øyjor (1670), Øioren, Øyjorden, Øyj erj orden, Yij Jorden. 

Garden ligg på Strøno sunnanfor Nordstrønen og nær upp til denne garden.  Garden er truleg rydja og bygd fyrr mannadauden, men er då lagt øyde og hev difor fenge namnet Øyjordi (Øyde jordi).   Garden var Lyseklostergard og statseigedom til brukaren fekk kjøpa innmarki i 1900. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: Såar 2 ½ tønde, afler 10 tdr., brendeskoug till, paalagt at plante homblehagge, liger ved fiskeriet, beleyligt silde kast.  
1723: Ingen sætter, skoug til gaardens reparation og brendefang, ingen qvern eller fiskeri.  Tørt agerland, skiels letvunden, haver ingen anden næring uden hans gaards aufling og hvad hand ved et fiskesnøre af søen kand forhverve, 
1865: Har 5 maal dyrket åger og eng, deraf 2 maal godt, 2 middels og 1 slet, har 27 maal naturlig england, deraf 6 maai godt, 10 middels og 11 slet, intet dyrkbart, har skov til husbrug, føder 1 ungnød ved lyng, er middels letbrugt og drevet. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje,tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571 176    
16681 110   2,5tun 
17231 193  3» 
180018       
183516 66312»2tun.
18651711014113»4»
190012 710 16hl.8hl.
1920171711  1,5mål1,3mål
1930417163   »2»


ØKLAND 1. 

Lauritz Ouckland (Lars Økland) var brukar her i 1612 og er fyrste mann som me finn nemnd på garden.  Han var skriven som øydegardsmann og er truleg den som hev teke garden uppatt og rydja han på nytt. 

Olluff Huckkelandt (Ola Økland) vart brukar i 1618.  Han var då ein noko tilårskomen mann og hadde ei vaksi dotter Kari, s. n.  Ola var rekna som øydegardsmann og lagde vanleg husmannskatt.  Han hadde garden til 1624. 

Jon Bårdson Sundøy, f. ikr. 1606, vart i 1625 gift med Kari Ols dtr. Økland, f. ikr. 1605, og vart brukar etter verfaren.  Av born kjenner me berre tvo: Brita, f. ikr. 1630, Ola, f. ikr. 1644, s. n. Eli Sperrevik, s. S. 1, var truleg ogso dotter hans.  Jon var rekna som øydegardsmann likeins som fyremennene, men lagde meir skatt enn storparten av dei.  Han dreiv garden so godt fram at han kom jamsides med dei gamle bruki i Øyane, og i 1657 hadde han hest og heile 7 naut på båsen.  Jon døydde i 1670 og Kari i 1669. 

Ola Jonson Økland, f. ikr. 1644, vart brukar saman med faren i 1664.  Han vart då gift og fekk ei dotter Kari, f. 1664, d. ug. 1705.  Kona, som me ikkje veit namnet på, døydde i 1669 og Ola gifte seg att året etter med Brita Lars dtr. Hauge, f. ikr. 1654.  Dei fekk 15 born, m. a. eit tvillingpar, men 9 av borni døydde unge.  Dei 6 som vaks upp var: Kari, i. 1674, g. 1709 Mikkjel ytre Moberg, s. y. M. 5, Marta, f. 1681, s. n., Mattis, f. 1687, d. 1704, Brita, f. 1691, d. ug. 1746, Jon, f. 1698, Lisbet, f. 1701, g. 1736 Peder Sundøy, s. S. 4.  Det var 34 år frå Brita fekk sitt fyrste barn til ho fekk sitt siste.  Ola dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt trass den store huslyden sin.  Både han og kona døydde ikr. 1720. 

Villum Halvardson Hufthamar frå Austevoll, f. ikr; 1672, vart i 1706 gift med Marta Ols dtr. Økland, f. 1681, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Dei fekk tvo tvillingsøner i 1707, men begge døydde unge.  Villum var fiskar og dreiv med sjøen likeins som fyremannen, men han døydde alt i 1710. 

Hans Torsteinson Sundøy, f. 1688, vart gift med ekkja Marta Ols dtr. eit halvt år etter at Villum døydde og fekk bygsla bruket etter han.  Marta døydde i 1728 og Hans gifte seg att året etter med Helga Kristoffers dtr. Bø, f. 1706.  Helga vart ikkje gamall då ho døydde alt i 1731, og Hans gifte seg att i 1732 med Barbru Johannes dtr. Hjartåker frå Strandvik, f. p. Dale i Fusa 1684.  Born: Torstein, i. 1711, d. 1736, Villum, f. 1714, d. 1733, Ola, f. 1721, g. 1743 Marta Sundøy, s. S. 2, Daniel, f. 1725, g. 1747 Anna Forstrønen, s. F. 1.  Tvo gjentor døydde unge.  Hans var ein drivande kar.  Han hadde stort sjøbruk og arbeidde seg fram til ein velstandsmann.  Då han døydde, hadde han 58 dalar liggjande på kistebotnen, (det var meir enn heile Økland var verd), men han hadde ikkje lånt ut meir enn tvo einaste dalar.  Han hadde nok ikkje stor tiltru til andre når det galdt pengar.  Hans hadde ogso for ein halv dalar i bøker, noko som var sers sjeldsynt millom Osbøndene i dei dagar.  Han vart ikkje gamall då han døydde alt i 1737. 

Svein Sveinson Tombra frå Hålandsdalen, f. 1702, vart i 1738 gift med ekkja Barbru Johannes dtr. og vart brukar her.  Svein dreiv med sjøen likeins som fyremannen og sat like godt i det som han, men kvar skjeling som han tente lånte han ut til andre mot gode rentor, og sat sjølv i skuld til kjøpmenn og andre.  Han åtte ogso ein part i garden Hjartåker, som han hadde fenge med kona.  Svein døydde nyttårsdag 1767 og kona ei tid etter. 

Jon Pederson Tombra frå Hålandsdalen, som var brorson åt Svein, fekk bygsla bruket då Svein vart sjuk i 1766.  G. 1767 Brita Engjels dtr. Bolstad frå Hålandsdalen, f. 1736.  Dei fekk ein son, Jon, som kom til verdi i 1768 etter at faren døydde og som sidan vart buande på Bolstad.  Jon streva hardt for å greida seg i dei tvo åri han var på Økland.  Han døydde alt i 1768. 

Ola Johannesson Håland frå Hålandsdalen, f. p. Balleseim 1746, gifte seg i 1769 med ekkja Brita Engjels dtr. Og bygsla bruket.  Brita døydde i 1787 og Ola gifte seg att året etter med Synneva Lars dtr. Sælen, f. 1769.  Born: Engjel, f. 1770, d. 1796, Johannes, f. 1772, g. 1799 Johanna Askvik, s. A. 2, Kristi, f. 1774, g. 1803 Abraham Hansson Krokeid i Fana, s. F. B. 610, Ola, f. 1778, d. ug. 1810, Lars, f. 1789, g. 1814 Brita Buskengen, s. Lysekloster 6, Brita, f. 1794, g. 1811 Henrik Nordstrønen, s. N. 4.  3 gjentor døydde unge.  Ola dreiv med sjøen og sat tolleg godt i det.  Han åtte m. a. ein part i garden Steine i Kvam.  Ola døydde i 1795. 

Isak Torkjellson Bolstad frå Hålandsdalen, f. 1758, vart i 1796 gift med ekkja Synneva Lars dtr. og bygsla bruket same året.  Born: Magdela, f. 1797, g. 1821 Jakob Nordstrønen, s. N. 4, Ingeborg, f. 1799, g. 1822 Hans Storum, s. S. 2, Ola, f. 1802, s. n., Synneva, f. 1804, g. 1828 Ola Sørstrønen, s. S. 4, Frida, f. 1808, g. 1834 Hans indre Moberg, s. i M. 1.  Ein gut døydde tidleg.  Isak dreiv mykje med sjøen, hadde mange og gode fiskegreidor, og sat romsleg i det.  Han hadde ikkje so lite bøker i huset og var ein vyrd mann i bygdi.  Isak døydde i 1829 og Synneva i 1846. 

Ola Isakson Økland, f. 1802, bygsla farsbruket i 1830.  G. 1833 Ingeborg Hans dtr. indre Moberg, f. 1808.  Born; Isak, f. 1834, d. ug. 1898, Synneva, f. 1836, g. 1860 Lars Nordstrønen, s. N. 4, Hans, f. 1838, g. 1879 Kristina Nordstrønen, s. N. 15, Anna, f. 1843, d. ug. 1874, Torkjell, f. 1847, g. 1879 Kristi Ferstad, s. F. 4, Olina, f. 1853, g. 1879 Tomas Lunde, s. L. 2.  Tvo gutar døydde unge.  Ola dreiv sjøbruk likeins som fyremennene.  Han døydde alt i 1854. 
Ekkja Ingeborg Hans dtr. hadde so bruket radt til 1878.  Dei tvo eldste sønene var heime og hjelpte mori.  Ingeborg døydde ikr. 1890. 

Hans Steinson Forstrønen, f. 1836, som fyrr hadde havt bruk på Ulven, s. U. 7, fekk bygsla her i 1878.  Staten hadde då kjøpt Økland, og militærstellet, som skulde ha Ulven til eksisplass og vilde ha Hans burt, sytte fyre at han fekk bruket på Økland då han flutte frå Ulven.  G. I. 1871 e. Guro Ols dtr. Ulven, f. i Askvik 1824, d. 1884, g. II. 1886 Guro Didriks dir. Ulven, f. 1847.  Born: Stein, f. 1887, og Didrik, f. 1891, som begge døydde i difterifarangen 1894.  Hans var båtbyggjar.  Han døydde i 1894, same året som sønene. 
Ekkja Guro Didriks dtr. hadde so bruket nokre år, og kjøpte bruket (innmarki) av Staten i 1900 for 2570 kroner.  I 1901 vart ho gift att med Nikolai Hansen på Osøyri og flutte då frå Økland. 

Jakob Larsson Nordstrønen, f. 1875, kjøpte bruket i 1901 og fekk skøyte på det av Staten i 1903.  G. 1904 Magdeli Jans dtr. Nesttun, f. 1878.  Born: Lars, f. 1905, s. n., Klara, f. 1906, g. 1933 snikkar Johannes Haldorson Frotaule frå Sæbø, Ingrid, f. 1907, Ola, f. 1909, målar, Sigvald, f. 1912, d. 1934.  Ein gut døydde ung.  I 1902 brann husi på garden, og Jakob måtte då byggja nye hus.  Jakob er målar og hev vore mykje ute på arbeid.  Han hadde difor i fleire år paktar på garden. 

Lars Jakobson Økland, f. 1906, vart brukar i 1936.  G. 1935 Ingrid Lars dtr. indre Tuen, f. 1914.  Lars er målar likeins som faren. 


ØKLAND 2. (Nybø). 

Karl Pederson Skorpen, f. 1891 kjøpte i 1923 eit stykke av Staten si utmark her, der han bygde og busette seg.  G. 1919 Severina Lars dtr. Forstrønen, f. 1900.  Born: Alfred, f. 1919, Lars, f. 1921, Petra, f. 1923, Lina, f. 1925, Karl, f. 1928.  Karl er bygningsmann og driv ogso med støypingsarbeid.