RØTTINGEN

Frå OS SOGA II side 397 – 432

29. RØTTINGEN. 

Gardsnamnet er det same som det gamle namnet på øyi Roting, Ræting.  Ein hev gissa på at upphavet til namnet kann vera wrot, tryne, snabel, som øyi hev fleire av i dei mange og lange nesi.  Ræting, Rotting, er eit kjent øynamn.  Det er ogso gissa på at øynamnet kann ha samband med rot, røter, men dette er lite truleg.  Namneupphavet er soleis heilt uvisst.  Bruarøyi tyder greidt øyi med brui, men det er heilt uskynlegt at denne øyi hadde noko med bru å gjera i gamall tid.  Ein kann snarare tru at namnet hev vore brorøyi, broderøyi, ei liti øy som ligg attmed og nær upp til ei større.  Mange øyar hev slike namn, men dei fleste hev fenge systernamnet, t. d. Agasyster i Fitjar o. a. 

Uttale: Rø’tingjo.  

Skrivemåtar: Rodyngh (1519), Rødingh (1563), Røthing (1591), Røttingen (1597), Røtthnig (1600), Rotting, Røtting, Røttig, Røttinge, Rødtingen, Ryttingen, Rødingen. 

Øyi Røttingen med garden av same namn ligg ut mot Krossfjorden, vestanfyre neset der Krossfjorden og Bjørnafjorden møtest.  Garden er gamall og hev truleg ei tid vore «krungods», kongegods.  I 1500 åri og til midten av 1600 åri rådde lensherren på Bergenhus for garden, med undantak av ein liten part som hadde høyrt til Munkeliv kloster.  I 1660 åri åtte bisp Jens Schjelderup garden.  Den rike presten Garmann i Os kjøpte storparten av garden ikr. 1670, og frå han fylgde den dotteri Gjertrud som vart gift med presten Leganger.  Då Leganger døydde, fekk fyrst ekkja, og seinare sonen Johan som budde på Ferstad, garden i arv.  Då eigedomane åt Johan Leganger vart selde på auksjon i 1796, kjøpte fleire av leiglendingane bruki sine.  Eitt av bruki åt Leganger kom over i godseigar Formann sine hender, og det eine bruket som ikkje hadde vore i Garmann si eiga var ått av utanbygds bønder.  Ein vil finna meir um dette under dei einskilde bruki. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
Såar 6 tdr., afler 24 tdr., god åger og eng, ner søen og temmelige fische, selger brendeued, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen skoug uden lidt brendefang af furre skoug og ei videre, ingen saug, qvern eller fiskerie.  Middelmaadig jordart og maadelig tungvinden, nogenlunde vis til korn.  Haver aldeles ingen brug eller handel uden hans gaards drift og aufling, som dog iche er nær tilstrechelig, der af at kunde indbringe deres rettigheders betaling, men ved et fiskesnøre på søen noget lidet kand fortiene, og ellers slet intet.  
1865: Røttingen med 3 pladse: Har 28 maal dyrket åger og eng, deraf 11 maal godt, 8 middels og 9 slet, har 138 maal naturlig england, hvoraf 44 maal godt, 65 maal middels og 29 slet, af england er 5 maal dyrkbart, har brændeskov men intet at sælge, kan føde 10½ ungnød ved lyng, er meget letbrugt og almindelig drevet.  Bruerøen: Har 2½ maal dyrket åger og eng, deraf 1 maal middels og resten slet, har 11 maal naturlig england, hvoraf 3 maal godt, 4 middels og resten slet, intet at dyrke, ingen skov, ingen havnegang, føder ½ ungnød ved lyng, er meget letbrugt og almindelig drevet.  

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.Skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16573  21     
16684 128   6tun 
17234  34   10» 
1800949       
18351161 2216 311»6,5tun.
18651581 641433620,3»29,5»
190023135 5680 1215,5hl.69hl.
19204117514160 1614mål29mål
193058241458671181,5»28»

RØTTINGEN 1. 

Endrit i Rodyngh (Endre Røttingen) hadde garden i 1519 og er den fyrste namngjevne mann her.  Heile garden var då eitt bruk. 

Biorn på Rødingh (Bjørn Røttingen) hadde garden i 1563.  Røttingen er ikkje medteken i leidangsmanntalet 1567, og det kunde tyda på at mannen på garden var lensmann og difor leidangsfri.  Men me hev rekna med at Nils Sørstrønen var lensmann på dei tider, s. S. 1, og Røttingen er kannhenda berre gløymd i lista. 

Asbjørn Røttingen var brukar i 1591.  Garden vart på dei tider skift i tvo bruk, s. br. 2.  Asbjørn var brukar til 1603. 

Lars Røttingen vart brukar etter Asbjørn.  Han var velstandsmann i 1620 åri, hadde pengar og åtte m. a. ein part i Sørstrønen.  I 1625 vart han lensmann, det han var til 1630, og var deretter lagrettemann i fleire år, s. O. B. 549 – 50.  Lars var noko likesæl av seg, og både han og grannen måtte leggja bøter avdi dei «gløymde» å skyssa skrivaren og andre storfolk.  I 1634 rende ei jakt på land ved Røttingen og vart øydelagd.  Lars tok nokre saumar or jakti, og ein av grannane melde det til styremaktene.  Det var Kongen som «åtte» alt som rak og rende på land, og Lars måtte ut med svere bøter avdi han tok saumane.  Det gjekk so nedover med Lars.  Bruket hans var skift i tvo partar 1632, s. br. 4, og frå 1635 til 1640 var Lars rekna som fatigmann og skattefri.  Men han arbeidde seg uppatt smått um senn og frå 1645 vart han rekna som vanleg bonde att.  Då han døydde i 1651, åtte han endå til noko i garden Foer i Fusa saman med Johannes Rød.  
Kvar dei ovannemnde brukarane var frå veit me ikkje, og ætti deira er ukjend. 

Peder Monsson Røttingen, f. ikr. 1616, fekk bruket etter Lars i 1651.  Han hadde fyrr havt eit anna bruk på garden, s. br. 2.  Peder hadde tent hjå Lars frå 1633 til 1642, og fyrste kona hans var tvillaust dotter åt Lars.  Han var brukar saman med Lars nokre år fyrr han tok heilt over bruket hans, og det tyder ogso på at han var gift med ei dotter der i huset.  Peder hadde bruket her til han døydde i 1696.  Sjå meir um han og huslyden hans under br. 2. 

Paul Erikson ytre Haugland, f. 1661, vart i 1697 gift med ekkja etter Peder, Guro Morteins dtr., og bygsla bruket her.  Guro døydde alt i 1700, og Paul gifte seg att tvo år etter med Kristi Lars dtr. Lepsøy, f. 1672.  Born: Anna, f. 1703, s. n., Anders, f. 1705, Lars, f. 1708, Karta, f. 1715.  Tvo born døydde tidleg.  Paul sat smått i det og fekk korn på borg i Bergen som han ikkje makta å betala.  Borni måtte tidleg ut til framande, og me finn berre eldste dotteri att i Osbygdi.  Paul døydde i 1737 og Kristi i 1739. 

Nils Hansson Røttingen, f. ikr. 1650, som hadde br. 2 og var ekkjemann, gifte seg i 1727, då han var ikr. 75 år gamall, med Anna Pauls dtr. Røttingen, f. 1703, og bygsla bruket etter verfaren.  Det andre bruket let han då frå seg til versonen, s. br. 2.  Nils og Anna fekk ikkje born.  Nils døydde i 1737. 
Ekkja Anna Pauls dtr. hadde bruket til 1740.  Ho vart då gift ein stad utanfyre Osbygdi og flutte frå Røttingen. 

Ola Ellingson Røttingen, f. 1689, som hadde vore gift med ei dotter åt Nils og som var busett på br. 2, bygsla ogso dette bruket i 1740.  Sjå um Ola og huslyden hans under br. 2. 

Johannes Johannesson Spansteigen (Heggeland), f. ikr. 1730, vart i 1756 gift med ei dotter åt Ola, Magdela Ols dtr. Røttingen, f. 1735, og vart brukar etter verfaren.  Born: Johannes d. e., f. 1757, s. br. 5, Johannes d. y., f. 1759, g. 1794 Barbru Ulven, s. Tømmernes 1, Marta, f. 1763, s. br. 2, Ola, f. 1765, s. br. 3, Elling, f. 1768, s. n., Brita, f. 1772, g. 1793 Knut Kuven, s. Lyssand 3, Hans, f. 1776, g. I. 1803 Berta Marie Klaus dtr. frå Bergen (ho døydde same året på barseng ved tvillingfødsla), g. II. 1805 Brita Årnes dtr. Taranger frå Sund.  3 born døydde unge.  Johannes streva hardt for å greida seg og sat tungt i det.  I 1792 måtte han lata bruket frå seg til sonen utan å ta kår, og gjekk sidan i arbeid hjå andre folk.  Han døydde i 1807 og kona nokre år seinare. 

Elling Johannesson Røttingen, f. 1768, tok over bruket etter faren i 1792 og fekk bygsla det i 1794.  G. 1793 Helga Lars dtr. indre Haugland, f. 1773.  Born: Halvard, f. 1793, s. br. 11, Lars, f. 1797, s. n.  Elling dreiv fiske og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1832 og kona i 1836. 

Lars Ellingson Røttingen, f. 1797, bygsla bruket etter faren.  G. 1824 Brita Lars dtr. indre Haugland, f. 1792.  Born: Johannes, f. 1826, s. n., Elling, f. 1828, g. Gurina Røttingen, s. Lepsøy 10, Anna, f. 1831 ug.  Lars var fiskar og dreiv mykje med sjøen.  Han fall frå i 1877 og kona i 1864. 

Johannes Larsson Røttingen, f. 1826, bygsla i 1854 farsbruket av Formann på Lysekloster, som no hadde kjøpt bruket av Legangerætti som åtte det fyrr.  I 1874 kjøpte Johannes bruket av Lysekloster for 500 spd.  G. 1855 Guro Anders dtr. Halhjem, f. 1822.  Born: Brita, f. 1847, s. br. 13, Ingjerd, f. 1855, s. n., Larsina, f. 1858, g. 1887 Nils indre Haugland, s. i. H. 5.  Johannes var fiskar og hadde sjøbruk.  Han døydde i 1882 og kona i 1895. 

Lars Nilsson ytre Moberg, f. p. Tuft i Strandvik 1850, vart i 1883 gift med Ingjerd Johannes dtr. Røttingen, f. 1855, og fekk same året skøyte på bruket av vermori.  Verfaren var då død.  Born: Kristina, f. 1884, Johannes, f. 1888, s. n., Nils, f. 1891, s. br. 26, Larsina, f. 1893, g. Ola Nordstrønen, s. N. 15, Gunvald, f. 1896, g. 1916 Anna Lepsøy, s. L. 21, Ingeborg, f. 1899, s. br. 15.  Ei gjenta døydde ung.  Lars dreiv fiske likeins som fyremennene hans hadde gjort.  Lars døydde i 1936. 

Johannes Larsson Røttingen, f. 1888, skøytte farsbruket i 1915.  G. 1912 Lina Hanssen, f. p. Tveit 1887.  Born: Lars, f. 1913, styrmann, Elias, f. 1917, fiskar, Ingolf, f. 1924.  Johannes er fiskar og hev drive med fiskefarty. 

RØTTINGEN 2. 

Tarald Røttingen vart fyrste brukar her då garden vart skift i tvo partar ikr. 1590.  Um han var i ætt til mannen på br. 1 veit me ikkje.  Tarald hadde bruket radt til 1638, likevel soleis at sonen fekk ein part av bruket i 1612, s. br. 3.  Saman med grannen på br. 1 måtte han leggja bøter i 1630, avdi han «gløymde» å reisa i tilsagt skyss.  Tarald sat tolleg godt i det.  Han var gift og hadde ein son, Mattis, s. br. 3, men kven kona hans var veit me ikkje.  Tarald døydde i 1638. 
Ekkja etter Tarald hadde so bruket nokre år. 

Peder Monsson Sundøy, f. ikr. 1616, fekk bruket i 1642.  Han vart gift i 1643 med ei som heitte Synneva.  Ho var tvillaust dotter åt Lars Røttingen på br. 1 som Peder hadde tent hjå i mange år.  Då Synneva fekk fyrste barnet sitt berre eit halvt år etter brudlaupet, måtte Peder leggja ei stor bot.  Synneva døydde ikr. 1660, og Peder gifte seg att med Guro Morteins dtr., f. ikr. 1636.  Ho var ikkje frå Osbygdi, men truleg frå Fusa.  Av borni kjenner me 3: Marta, f. 1643, ug., død i 1696 same dag som faren, Ola, f. 1649, g. 1680 Brita Anders dtr. Røttingen, b. i Bergen, Mons, f. 1651, d. ug. 1680.  Lars Sundøy, s. S. 4, var truleg ogso son hans. 
Det gjekk upp og ned med Peder.  I dei fyrste åri var han fatig og skattefri, so lagde han i nokre år skatt som ein vanleg bonde, men i midten av 1650 åri gjekk det nedover att.  I 1657 hadde han soleis berre tvo kjyr på båsen, medan grannane hadde det 3 duble kjyretalet.  I 1660 leigde han kjyr av Oskyrkja, men so greidde han ikkje å svara den fastsette leiga som var 3 ort um året.  I 1665 hadde han fenge ei kviga frå Magdela Halhjem for å «yngja upp att» ei gamall kyrkjeku.  Men då kviga ikkje tok kalv, vilde ikkje Peder betala, og so måtte han for retten.  Elles var Peder for retten jamt og samt, sjølv um det ikkje galdt store saker.  I 1651 flutte han til bruk 1, s. d., og han skulde deretter ikkje ha noko med sitt gamle bruk å gjera.  Men her stod nokre kirsebertre, og ein dag hadde kona åt Peder og borni hausta kirseberi.  Grannen på br. 4, som heller ikkje hadde noko med trei å gjera, kom til i det same og dengde Guro og ungane for dei «stal» kirseberi.  Guro fekk då tak i mannen sin, Peder, og han sa m. a. at i grannen sitt hus var det ogso stolne saker, både skjortor og laken.  Det vart ei rettsak av dette, men kva endelykti vart veit me ikkje. 
Nokre år seinare var Peder på tinget for eit lam som både han og Ola Sundøy sa seg å vera eigar til.  Peder og Ola hadde sams smalehage, og Peder hadde teke lammet til seg og havt det til det «nu er en tilkommen sau», trass det hadde Ola sitt merke, kløyvt i vinstre øyra med skora attum.  Men Peder påstod at lammet var eitt som kona hans hadde fenge av verbroren sin, Rolv Gjerevik, og som hadde slikt merke.  Ola fekk lammet. 

Anders Sjurson Skjeie, f. ikr. 1640, bygsla bruket i 1651 då Peder flutte.  Han vart gift ikr. 1655 med ei dotter åt Bård Sundøy, som var fødd 1640, men det er noko uvisst kva ho heitte.  Jamnast er ho skrivi for Marta, men me finn henne ogso skrivi for Anna, og då ho døydde, vart ho skrivi for Brita.  Born: Agneta, f. ikr. 1656, g. 1682 Lars Lepsøy, s. L. 1, Brita, f. ikr. 1660, g. 1680 Ola Pederson Røttingen, b. Bergen, Gjertrud, f. ikr. 1665, g. 1691 Lars nedre Rød, s. n. R. 1, Helga, f. 1672, d. ung, Ola, f. 1677, s. br. 4.  I åri ikr. 1665 var Anders burte frå bruket av ein eller annan grunn, og grannen Bård stjorna då med bruket.  Anders døydde i 1680. 

Nils Hansson Skjørsand frå Fusa, f. ikr. 1650, vart i 1681 gift med ekkja Marta Bårds dtr. og vart brukar her.  Born: Helga, f. 1682, g. 1703 Johannes Nilsson Sundøy, b. Lunde, Hans, f. 1688, g. 1711 Ingjerd ytre Haugland, s. y. H. 1, Magdela, f. 1690, s. n.  Marta døydde i 1725 og Nils gifte seg att tvo år etter med Anna Pauls dtr. Røttingen, f. 1703.  Nils var ein mykje vyrd mann, og han var m. a. lagrettemann i mange år.  Han sat tolleg godt i det og var millom dei 6 «velhavende» bønder som i 1713 skulde likna ut krigsskatten i Os.  Då han som gamall mann fekk seg ei ung kona i 1727, let han bruket her frå seg til versonen og dotteri, og tok sjølv verfaren sitt bruk, s. br. 1.  Der døydde han i 1737.

Ola Ellingson indre Lekven, f. 1689, vart i 1712 gift med Magdela Nils dtr. Røttingen, f. 1690, og fekk bygsla bruket etter verfaren då han flutte til br. 1.  Magdela døydde i 1733, og Ola gifte seg att året etter med Marta Jakobs dtr. Særvoll, f. p. indre Haugland 1702.  Marta døydde alt i 1737 på barseng, og Ola gifte seg att næste år med Kari Haktors dtr. Gaugstad frå Fusa, f. 1691.  Born: Nils, f. 1713, ug, Johannes, f. 1715, s. n., Arne, f. 1719, g. 1740 Barbru ytre Haugland, s. y. H. 3, Kari, f. 1724, d. ug. 1769, Magdela, f. 1735, s. br. 1, Lisbet, f. 1737, ug.  Ola sat ikkje so lett i det som fyremannen.  Han dreiv fiske, og då han i 1741 vart stemnd til tings saman med dei andre øybuane for å ha hogge i Lepsøyskogen, so hadde han ikkje teke noko meir i skogen enn eit par byrdor turr ved som han trong når han brende lyse (tran) etter fisketuren.  Då verfaren på br. 1 var gamall, måtte han hjelpa til på hans bruk i fleire år, og i 1740 flutte han heilt over dit og bygsla bruket.  Der døydde han i 1765 og Kari i 1769. 

Johannes Olson Røttingen, f. 1715, bygsla farsbruket her i 1742.  G. 1742 Guro Anders dtr. Bjørnen, f. 1716. Johannes hadde ikkje bruket lenge her.  I 1746 flutte han til Sør-strønen og kjøpte eit bruk der, s. S. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Kristoffer Pederson Sundøy, f. 1726, bygsla bruket i 1746 då Johannes flutte burt.  G. I 1748 Mari Peders dtr. Berge, f. 1725, d. 1765, g. II 1765 ekkja Eli Jakobs dtr. Halhjem, f. ikr. 1710, som fyrr hadde vore gift med Mons Sundøy.  Born: Peder, f. 1750, g. 1775 Kari Sundøy, s. Sørstrønen 6, Hans, f. 1753, s. br. 6, Marta, f. 1756, g. 1777 Elling Sundøy, s. S. 1, Nils, f. 1759, s. br. 4, Johannes, f. 1762, s. n.  Ein gut døydde ung.  Kristoffer var ein kraftkar.  Han hadde bruket i nær 50 år, og hadde ogso ei hand med i styringi etter at sonen fekk det.  Um gardkjøpet s. n. Kristoffer var fiskar og hadde notbruk.  I 1802 var han med notbruket sitt på fiske i Hardangerfjorden og gjorde kast i Strandebarm og Varaldsøy.  Han var då 76 år gamall.  Kristoffer døydde i 1808 og Eli i 1795. 

Johannes Kristofferson Røttingen, f. 1762, bygsla farsbruket i 1793, men faren dreiv det framleis nokre år.  I 1796 døydde Johan Leganger på Ferstad som åtte bruket, og ved auksjonen etter han same året kjøpte Kristoffer det.  Skøytet vart overført på sonen Johannes som derved vart sjølveigar.  Johannes vart gift 1788 med Marta Johannes dtr. Røttingen, f. 1763.  Born: Kristoffer, f. 1788, døydde i ufreden 1808 – 1812, Johannes d. e., f. 1791, d. 1805, Johannes d. y., f. 1792, s. n., Mari, f. 1793, s. br. 5, Brita, f. 1794, d. 1815, Magdela, f. 1796, s. br. 9, Eli, f. 1799, g. 1821 Lars Sørstrønen, s. S. 2, Kari, f. 1802, g. 1826 Lars Sundøy, s. S. 1.  Johannes var ein drivande kar likeins som faren og arbeide seg godt fram.  Då han kjøpte bruket i 1796, hadde han ikkje noko å leggja i det og måtte låna til heile kjøpesummen, men då han døydde i 1814 hadde han greidt storparten av skuldi.  Då grannen på br. 5 døydde i 1807, bygsla Johannes ogso det bruket.  Han døydde i 1814, berre 52 år gamall. 
Ekkja Marta Johannes dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde i 1839. 

Johannes Johannesson Røttingen, f. 1792, skøytte bruket etter mori i 1816.  G. 1817 Kari Knuts dtr. Lyssand, f. 1794.  Born: Johannes, d. e., f. 1817, d. ung, Marta, f. 1819, g. 1844 Anders Sundøy, s. S. 3, Johannes d. y., f. 1822, kom burt på sjøen 1836, Knut, f. 1824, kom burt på sjøen 1836, Kristoffer, f. 1827, s. n., Hans, f. 1830, g. 1861 Mari Halhjem, s. H. 3, Brita, f. 1833, g. 1859 Engjel Skaatøy, s. Balland 3, Magdela, f. 1835, g. 1858 Nils Lunde, s. L. 5.  Johannes dreiv ogso med sjøen og greidde seg tolleg godt.  Han døydde 1844, i same alder som faren. 
Ekkja Kari Knuts dtr. stjorna so bruket eit par år etter at mannen fall frå.  Ho døydde i 1860. 

Kristoffer Johannesson Røttingen, f. 1827, fekk bruket etter mori i 1846.  G. I 1849 Barbru Halvards dtr. Sundøy, f. 1817, d. 1855, g. II 1857 Brita Hans dtr. Storum, f. 1823, som fyrr hadde vore gift med Jon Storum, s. S. 2.  Born: Kari d. e., f. 1851, d. 1865, Johanna, f. 1853, g. 1879 Tormund ytre Drange, s. y. D. 2, Jon, f. 1858, s. n., Barbru, f. 1859, s. br. 22, Johannes, f. 1864, s. br. 16, Kari d. y., f. 1866, s. br. 6.  3 gjentor døydde unge.  Kristoffer var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde i 1885 og kona i 1903. 

Jon Kristofferson Røttingen, f. 1858, skøytte farsbruket i 1883.  G. 1883 Kari Ols dtr. ytre Haugland, f. 1860.  Dei hadde ikkje born.  Jon dreiv fiske og var notbas.  Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, var m. a. formann i likningsnemndi og sat i heradstyret frå 1902 til 1907.  Han var nett attvald til heradstyret då han døydde i 1911.  Kari døydde i 1924. 

Lars Larsson Sørstrønen, f. 1886, skøytte bruket etter Jon i 1911.  G. I 1911 Pernilla Peders dtr. Røttingen, f. 1890, d. 1925, g. II 1927 Kari Peders dtr. Halhjem, f. 1885.  Born: Jenny, f. 1911, g. 1935 Nils Åse, s. indre Haugland, Lars, f. 1912, fiskar, Ingeborg, f. 1915, Peder, f. 1918, fiskar, Magnus, f. 1919, Kristoffer, f. 1921, Johannes, f. 1923.  Lars hev drive notbruk og vore notbas. 

RØTTINGEN 3. 

Mattis Taraldson Røttingen, f. ikr. 1590, fekk ein part av farsbruket, s. br. 2, då det vart skift i 1612.  Mattis sat smått i det og lagde berre husmannskatt.  Attimillom var han heilt skattefri, og kannhenda var bruket hans lite.  Han hadde ogso store ekstrautlogor.  Då lensmann Ola Halhjem kom til Røttingen i 1619 og skulde krevja skatten, tok Mattis ein staur og slog lensmannen med.  For dette måtte han leggja ei sver bot av 3 kuverd.  Mattis døydde i 1629. 

Klaus Røttingen vart brukar i 1630.  Han vart då gift med ei som heitte Anna, og som kannhenda var ekkja etter Mattis.  Kvar Klaus var frå, veit me ikkje; men etter namnet å døma var han truleg ikkje frå Os.  Det var sverande smått for Klaus dei fyrste åri, men seinare arbeide han seg godt fram.  Og det kom vel med.  Han kom upp i mykje kluss og bal og vart stemnd til næstan kvart einaste ting i mange år.  Ein gong måtte han leggja bot for å ha drege fisketeinone sine på ein sundag, og straks etter fekk han ei sver bot på 2 kuverd for å ha skjellt ut grannane sine. 
Ein gong var han og grannen Baard i basketak med ein mann og stakk etter han med eit spjot.  Det synte etter 4 stikk i stovedøri, der mannen sprang ut, og Klaus og Baard måtte bøta ein dalar (½ kuverd) for kvart stikk.  På mindre enn 4 år hadde han 7 domar på seg.  Trass at han var stemnd til dei fleste ting, møtte han aldri på tinget, og for det fekk han bøter og atter bøter.  Men trass alt greidde Klaus seg godt, og bruket fekk han utvida so at det vart jamstort med br. 2.  Han døydde i 1648. 

Baard Aamundson Røttingen som hadde br. 4 bygsla ogso dette bruket då Klaus døydde.  Sjå um Baard under br. 4. 

Johannes Olson, f. ikr. 1636, bygsla bruket i 1665.  I 1663 var han husmann på garden og var busett på Røttingen, men hadde ikkje fenge noko bruk då.  Ola(?) var bror åt Ola Sørstrønen og Nils Mobergslien, og ein kann tru at dei var sønene åt Ola indre Lekven, s. Sørstrønen 1.  G. ikr. 1660 Anna Baards dtr. Sundøy, f. ikr. 1642.  Born: Ola, f. 1662, g. 1700 Marta Lunde, s. L. 2, Peder, f. 1670, g. 1696 Anna Sundøy, s. S. 2, Brita, f. 1671, g. 1693 Peder Sundøy, s. S. 1, Marta, f. 1674, g. 1702 Aamund indre Lekven, s. i. L. 1, Magdela, f. 1677, g. 1697 Jakob Lunde, s. L. 1.  3 born døydde unge.  Johannes og brørne hans åtte saman med eit par andre garden Koldal og ein part i Sørstrønen.  Sonen Peder arva dette etter faren.  Johannes vart ikkje gamall då han døydde alt i 1678. 
Ekkja Anna Baards dtr. stjorna so bruket eit par år. 

Halvard Sveinson Opsat frå Fusa, f. ikr. 1650, gifte seg med ekkja Anna Baards dtr. i 1680 og vart brukar her.  Anna døydde i 1697, og Halvard gifte seg att i 1708 med Brita Anders dtr. Foer frå Fusa, f. 1673.  Born: Anna, f. 1681, s. br. 4, Johannes, f. 1683, d. 1696, Magdela, f. ikr. 1685, g. 1727 Johannes Askvik, s. A. 1, Helga, f. 1689, g. 1721 Peder Lunde, s. L. 2, Svein, f. ikr. 1710, s. n.  Ved skifte o. l. kann me ikkje finna Svein medrekna til borni åt Halvard, og me kann heller ikkje finna han innskriven i kyrkjeboki som fødd.  Men etter aldren og namnet må han vera son åt Halvard i andre giftarmålet hans, og me reknar han som sonen her, s. n.  Halvard var ein vyrd mann og var lagrettemann i mange år.  Han sat tolleg godt i det og åtte m. a. ein part i garden Foer som han truleg fekk med siste kona si.  Halvard døydde i 1734 og Brita i 1737. 

Svein Halvardson Røttingen, f. ikr. 1710, bygsla bruket etter faren i 1731.  G. I 1732 Kari Tomas dtr. Opsal frå Fusa, f. 1704, d. 1769, g. II 1781 Anna Lars dtr. Sørstrønen, f. 1732.  Born: Halvard, f. 1733, s. n., Brita, f. 1738, g. 1761 Lars Sørstrønen, s. S. 3, Marta, f. 1740, g. 1772 Jon Grindevoll, s. G. 2, Agata, f. 1744, g. 1776 Hans Forstrønen, s. F. 1.  4 born døydde unge.  Svein var ein dugande mann.  Han dreiv mykje med sjøen og arbeidde seg godt fram.  Han måtte ogso for retten for skoghogsten i Lepsøyskogen, men hadde ikkje hogge meir enn «en liden buske for 6 år siden».  Alt i 1757, fyrr han var 50 år, let han bruket frå seg til sonen; men han livde i 30 år etter den tid.  Svein døydde i 1786, og ekkja gifte seg uppatt 3 år etter med Ola Sundøy, s. S. 2. 

Halvard Sveinson Røttingen, f. 1733, bygsla farsbruket i 1757.  G. 1759 Helga Ols dtr. indre Haugland, f. 1735.  Dei fekk ikkje born.  Halvard dreiv fiske, og under vårsildfisket var han på båt saman med menn frå Sørstrønen.  Men Halvard var ikkje same karen som faren.  Han sat svert tungt i det og heldt husi sine so kleint, at han måtte leggja ei stor husåbod til jordeigaren.  I 1782 måtte han lata noko av bruket frå seg, s. br. 5.  Han døydde i 1793. 

Ola Johannesson Røttingen, f. 1765, bygsla bruket i 1793, straks etter at Halvard døydde, og gifte seg med ekkja Helga Ols dtr. året etter.  Helga døydde i 1810, og Ola gifte seg i 1811 med Kristi Hans. dtr Røttingen, f. 1792.  Born: Hans, f. 1812, s. br. 6, Johannes, f. 1816, s. br. 7, Kristoffer, f. 1819, g. 1846 Kari Nordstrønen, s. N. 5, Helga, f. 1822, ug., Jakob, f. 1827, død av kolera 1849, Magdela, f. 1831, ug.  Tvo born døydde unge.  Ola dreiv med fiske likeins som fyremannen, men sat noko lettare i det enn han.  Ola døydde i 1832.  
Ekkja Kristi Hans dtr. stjorna so bruket eit par år. 

Jens Halvardson Halhjem, f. 1807, vart i 1834 gift med ekkja Kristi Hans dtr. og bygsla bruket.  Jens måtte no bygsla av fleire eigarar.  Då bruket vart selt på auksjon etter Leganger i 1796 likeins som dei andre bruki på garden, s. br. 2 og 4, so kjøpte Tron Samland i Jondal dette bruket.  Han selde det att til nokre karar eller kvinnor ute i Sund.  Kvar av dei åtte sin part i bruket, partane gjekk i arv, i byte eller i handel, og frå 1830 til 1900 kann me finna meir enn 30 menneskje i Sundsokni som i lengre eller stuttare tid åtte større eller mindre partar i dette bruket.  Jens fekk i 1841 ei dotter Magdela, s. n.  Han var fiskar som dei andre på garden.  Jens døydde i 1887 og kona i 1872. 

Jon Knutson Lyssand, f. 1834, vart i 1860 gift med Magdela Jens dir. Røttingen, f. 1841, og bygsla bruket etter verfaren.  Born: Jens, f. 1861, s. n., Knut, f. 1863, i Amerika, Kari, f. 1865, s. br. 12, Magdela, f. 1867, s. br. 18, Hans, f. 1870, s. n., Helga, f. 1872, syerske, Kristi, f. 1877, syerske, d. ug. 1904, Jon, f. 1879, sjømann, d. ug. 1921.  Tvo tvillingsøner døydde unge.  Jon var sjømann og fiskar.  Han døydde i 1913 og kona i 1919. 

Jens Jonson Røttingen, f. 1861, bygsla farsbruket hjå sume eigarar i 1892 og hjå resten i 1896.  G. 1887 Marta Jakobs dtr. ytre Haugland, f. 1868.  Born: Anna, f. 1892, s. n., Jakob, f. 1889, d. p. sjøen 1904, Malena, f. 1897, g. 1918 Anders Sundøy, s. S. 3.  3 born døydde unge.  Jens var sjømann og fiskar.  Han døydde alt i 1899. 
Ekkja etter Jens, Marta Jakobs dtr., vart brukar då mannen døydde og sat i bygsla radt til 1915. 

Hans Jonson Røttingen, f. 1870, som var bror åt Jens, busette seg her.  G. 1894 Berta Maria Bernts dtr. Værøy frå Askevoll i Sunnfjord, f. 1869.  Born: Bernt, f. 1895, s. br. 18, Hilda, f. 1897, g. 1923 Olaf Sundøy, s. S. 4.  Hans var sjømann og reiste ute.  Han døydde alt i 1898 og kona i 1902. 

Kristian Monsson Sørstrønen, f. 1887, vart i 1912 gift med Anna Jens dtr. Røttingen, f. 1892, og vart brukar etter vermori.  I 1915 kjøpte han bruket av eigarane.  Born: Jenny, f. 1912, g. 1937 Nils Medås, b. Alver i Alversund, Haldis, f. 1915, Magnus, f. 1917, arbeidar i østersanlegg, Magnhild, f. 1920, Asta, f. 1924, Jens, f. 1927.  Kristian hev vore bygningsmann. 

RØTTINGEN 4. 

Bård Åmundson Nordstrønen, f. ikr. 1610, vart fyrste brukar her, då bruket vart skift ut frå br. 1 i 1632.  G. 1639 Magdela Lars dtr., f. ikr. 1605, som truleg var dotter åt Lars Lepsøy.  Då Magdela fekk fyrste barnet fyrr det var gjenge 9 månader etter brudlaupet, måtte Bård leggja bot.  Av borni kjenner me: Brita, f. ikr. 1640, d. ug. 1707, Anna, f. ikr. 1645, Marta, f. ikr. 1648, g. Ola Klyva, s. K. 1, Nils, f. 1651, s. n.  Det var smått for Bård i dei fyrste åri, men han arbeidde seg snart fram, vart lagrettemann og ein vyrd mann i bygdi.  I 1643 og 1644 vart han brått rekna for fatigmann, og etter det me kann skyna, so hadde husi hans brunne upp då.  Men han kom over det att og greidde seg bra i 1650 åri.  I 1649 bygsla han ogso br. 3, s. d.  Han stjorna ei tid br. 2 attåt, og han åtte part i ein gard utanfyre Osbygdi.  Det knirka stundom millom han og grannane, s. o., utan at det galdt store saker.  Bård døydde ikr. 1680. 

Nils Bårdson Røttingen, f. 1651, bygsla bruket etter faren.  G. 1672 Marta Eivinds dtr. indre Haugland, f. ikr. 1645.  Um dei hadde born veit me ikkje.  Me veit heller ikkje visst kor lenge Nils og Marta hadde bruket.  Nils Røttingen er nemnd jamt i 1680 åri; men um det kvar gong gjeld Nils Hansson på br. 2, eller det stundom gjeld Nils Bårdson her, veit me ikkje.  Det gjeld truleg den fyrstnemnde. 
Nils Bårdson flutte til Sundøy ein gong i 1670 eller 1680 åri og busette seg der, s. S. 4, der det er nemnt meir um han. 

Mikkjel Nilsson Røttingen, f. ikr. 1645, er nemnd fleire gonger i 1670 åri.  Men um han hadde dette bruket er uråd å segja.  Soframt Mikkjel var osing, so var han truleg son åt Nils Bø.  
Ein eller fleire av dei andre brukarane på garden stjorna dette bruket i 1690 åri.  Me kann ikkje finna kven som i denne tidi lagde skatten for bruket. 

Ola Andersson Røttingen, f. 1677, bygsla bruket i 1701.  G. 1699 Mari Nils dtr. Sundøy, f. 1680.  Ola hadde bruket her eit par år, men flutte so til Sundøy og tok verfaren sitt bruk der, s. S. 4. 

Lars Jonson Sørstrønen, f. 1680, bygsla bruket etter Ola.  G. 1709 Anna Halvards dtr. Røttingen, f. 1681.  Born: Jon, f. 1710, g. 1736 Ingeborg Ulven, s. Sørstrønen 2, Johannes, i. 1713, g. b. i Kjøpenhamn, Anna, f. 1716, d. 1727, Halvard, f 1719, s. n., Lisbet, f. 1725, g. 1745 Hans ytre Haugland, s. y. H. 9.  Lars var soldat i ufredsåri 1709 – 19 og var med i herferdi 1712, men tykkjest ikkje å ha vore ute seinare.  Lars sat tungt og trongt i det.  Han vart ogso teken for retten i saki um Lepsøyskogen, men «havde ikke hugget en pinde til nøtte».  Lars døydde i 1750 og Anna i 1749. 

Halvard Larsson Røttingen, f. 1719, bygsla farsbruket i 1745.  G. 1744 Mari Jakobs dtr. Kuven, f. ikr. 1723.  Born: Anna, f. 1744, d. ug. 1773, Marta, f. 1746, g. 1789 Jon Grindevoll, s. G. 2, Lars, f. 1748, g. 1775 Ingeborg Sundøy, s. S. 4, Kristi, f. 1750, sjukleg, d. 1774, Anders, f. 1755, g. 1791 Marta Ols dtr. Storum, b. Storum, Lisbet, f. 1759, g. 1791 Nils Storum, s. S. 4, Jakob, f. 1761, Halvard, f. 1766, g. 1791 Kari Storum, s. Sundøy 5.  Tvo gutar døydde unge.  Halvard dreiv fiske, men han sat sverande tungt i det og måtte lata bruket frå seg til framande i 1775.  Han døydde i 1791 og kona i 1794. 

Haugne Olson Boga frå Strandvik, f. 1742, bygsla bruket i 1776.  G. I. 1769 Agata Jons dtr. Skåtun frå Strandvik, f. ikr. 1730, d. 1777, g. II. 1778 Barbru Johannes dtr., f. ikr. 1740.  Barbru stend skrivi for Røttingen ved giftarmålet sitt, men truleg var ho ein annan stad ifrå og berre tente i Røttingen.  Born: Synneva, f. 1770, Johannes, f. 1779, g. 1817 Ragna Hans dtr. Dale frå Fusa, Ola, f. 1781, død av koppane 1803, Agata, f. 1785, død av koppane 1803.  Haugne var fiskar og dreiv med sjøen.  I 1805 fann han ei tunna terpentin rekande på sjøen og fekk nokre ort i finneløn.  Haugne sat svert tungt i det, og skuldi hans var 3 gonger so stor som det han åtte.  Han greidde heller ikkje å sitja med bruket, men måtte lata det frå seg i 1795.  Sidan gjekk han i arbeid hjå andre til han fall frå i 1810.  Barbru livde til 1817. 

Brørne Nils Kristofferson og Hans Kristofferson Røttingen, kjøpte bruket på auksjonen etter Johan Leganger i 1796.  Dei skifte bruket millom seg og Hans fekk det nye bruket, s. br. 6. 

Nils Kristofferson Røttingen, f. 1759, kjøpte som nemnt bruket i 1796 og busette seg her.  Han hadde fyrr saman med broren havt eit bruk på Sundøy, s. S. 3.  G. I. 1787 Kristi Jørgens dtr. Lunde, f. 1760, d. 1815, g. II. 1819 ekkja Anna Magnes dtr. Nordvik frå Fana, f. ikr. 1770.  Born: Mari, f. 1789, s. br. 7, Kristoffer, f. 1791, s. n., Ragnhild, f. 1794, g. 1819 Mons ytre Drange, s. y. D. 1, Kari, f. 1796, g. 1837 Engjel Rasmusson ytre Drange, b. Nordvik i Fana, s. F. B. 600, Kristi, f. 1801, g. 1834 Hans Abrahamson Krokeid i Fana, b. Krokeid, s. F. B. 610, Marta, f. 1804, g. 1826 Jon Nordstrønen, s. N. 9.  Tvo gutar døydde unge.  Nils var ein dugande kar, som dreiv mykje med sjøen og sat tolleg godt i det.  Då han vart gift andre gongen flutte han til Nordvik i Fana, der han fekk gard med kona, og vart sidan buande der, s. F. B. 597.  Han døydde i 1825. 

Kristoffer Nilsson Røttingen, f. 1791, skøytte bruket etter faren i 1812 for 200 dalar.  G. I. 1812 Kari Nils dtr. Lepsøy, f. 1789, d. 1861, g. II. 1871 ekkja Brita Johannes dtr. Bjørnen, f. 1825, som sist hadde vore gift med Jens Røttingen, s. br. 5.  Born: Kristi, f. 1819, g. 1844 Berge Sørstrønen, s. S. 3, Ola, f. 1824, s. n., Nils, f. 1828, g. 1852 Anna Sørstrønen, s. Lepsøy 4.  3 born døydde unge.  Kristoffer var fiskar og dreiv med notbruk.  Han døydde i 1872 og ekkja gifte seg att året etter med Anders ytre Haugland, s. y. H. 2. 

Ola Kristofferson Røttingen, f. 1824, skøytte farsbruket i 1848.  G. I. 1851 Synneva Ols dtr. Sørstrønen, f. 1829, d. 1865, g. II. 1866 Brita Ols dtr. Sørstrønen, f. 1833.  Born: Synneva, f. 1858, g. 1879 Jon ytre Haugland, s. y. H. 8, Nils, f. 1864, s. n., Karl (tvilling), f. 1866, s. n.  6 born døydde unge.  Olav var fiskar likeins som faren.  I 1867 kom han burt på sjøen saman med grannen Jens Røttingen, s. br. 5. 
Ekkja Brita Ols dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde i 1907. 

Nils Olson Røttingen, f. 1864, fekk skøyte på bruket etter stykmori i 1869.  Nils var ugift og reiste som skippar på farty.  Han døydde i 1920. 

Karl Olson Røttingen, f. 1866, skøytte bruket av broren i 1898.  G. 1890 Synneva Isaks dtr. Klyva, f. 1865.  Dei fekk ein son, Olaf, f. 1891, som døydde ung.  Synneva fostra upp 3 av brorborni sine: Otto Isakson Klyva, f. 1901, s. n., Barbra Isaks dtr., f. 1903, g. Sandov Toresen, Odda, Hans Isaks son, f. 1910, sjømann.  Karl var sjømann og hadde farty.  Han døydde i 1916. 
Ekkja Synneva Isaks dtr. stjorna so bruket ei tid.  I 1921 vart ho gift att med Johannes Røttingen, s. br. 10. 

Otto Isakson Røttingen, f. 1901, fekk skøyte på bruket av fosterfaren Karl Olson i 1916, og overtok bruket då fostermori gifte seg att.  G. 1925 Barbra Ystås frå Granvin, f. 1902.  Born: Sara, f. 1926, Brita Johanna, f. 1928, Karl, f. 1929, Synneva, f. 1933.  Otto hev vore førar på motorbåt. 

RØTTINGEN 5. 

Johannes Johannesson Røttingen, f. 1757, vart fyrste mann på bruket her då det vart skift ut frå br. 3 i 1782.  Johannes bygsla det av Leganger som då åtte det, men det vart likeins som br. 3 selt til Tron Samland i 1796 og fekk sidan dei same mange eigarane som bruk 3 hadde, s. d.  Johannes vart gift i 1783 med Lisbet Mons dtr. Sundøy, f. 1754.  Born: Magdela, f. 1785, vanfør, d. ug., Eli, f. 1788, død av koppane 1803, Johannes, f. 1791, død av koppane 1803, Johanna, f. 1793, g. 1826 Peder Halhjem, s. Lepsøy 9, Brita, f. 1796, g. 1820 Jakob Halhjem, s. H. 2.  Johannes fekk ogso noko av br. 2 so at bruket hans vart like stort som dei andre bruki på garden.  Han sat likevel svert smått i det, og skuldi hans var dubbel so stor som verdet av det han åtte.  Johannes døydde i 1807, og kona som ikkje greidde sitja med bruket flutte frå garden.  Ho døydde i 1838. 

Johannes Kristofferson Røttingen, f. 1762, som hadde bruk 2, stjorna ogso dette bruket til 1814, då versonen hans fekk det, s. n. 

Peder Hansson Røttingen, f. 1789, bygsla bruket i 1814.  G. 1815 Mari Johannes dtr. Røttingen, f. 1793.  Dei hadde ikkje born.  Peder var ein drivande kar med fisket og greidde seg betre enn fyremannen.  Han døydde i 1847. 
Ekkja Mari Johannes dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen døydde.  Ho fall frå i 1862. 

Jens Gunnarson Kvalesund, f. 1821, bygsla bruket i 1851.  G. I. 1845 Marta Lars dtr. Bruaroy (Røttingen), f. 1821, d. 1862, g. II. 1863 ekkja Brita Johannes dtr. Bjornen, f. 1825, som fyrr hadde vore gift med Nils ytre Moberg.  Born: Peder, f. 1847, s. n., Maria, f. 1849, g. 1873 Nils Lunden, s. L. 1, Gurina, f. 1851, g. 1876 Elling Røttingen, s. Lepsøy 10, Lars, f. 1860, skomakar i Bergen, Johannes, f. 1866, i Amerika.  Jens var fiskar likeins som dei andre på garden.  Han døydde alt i 1867, då han kom burt på sjøen saman med grannen Ola Røttingen, s. br. 4. 
Ekkja Brita Johannes dtr. stjorna so bruket nokre år.  I 1871 vart ho gift att med Kristoffer Røttingen, s. R. 4. 

Peder Jensson Røttingen, f. 1847, bygsla bruket etter stykmori då ho flutte i 1871.  G. I. 1871 Ingeborg Jons dtr. Storum, f. 1848, d. 1892, g. II. 1893 Kristi Johannes dtr. Bjørnen, f. 1840, som var syster åt stykmori.  Born: Marta, f. 1872, s. br. 8, Jens, f. 1877, s. n., Brita, f. 1880, g. 1902 Jon Lepsøy, s. L. 2, Jon, f. 1882, g. 1913 Anna ytre Lekven, s. y. L. 6, Ingeborg, f. 1884, g. 1910 Anders Bremsholm, s. Lepsøy 5, Kristina, f. 1887, g. Abraham Lunden, s. L. 1, Malena, f. 1889, g. 1913 Kristoffer Sørstrønen, s. S. 6, Pernilla, f. 1890, s. br. 2.  Ein gut døydde ung.  Peder var fiskar og dreiv med notbruk.  Han døydde i 1934 og kona i 1926. 

Jens Pederson Røttingen, f. 1877, kjøpte bruket av eigarane i 1910.  G. 1902 Marta Johannes dtr. Sundøy, f. 1880.  Born: Peder, f. 1902, s. n., Johannes, f. 1904, notbas og skippar, g. 1931 Ingeborg Peders dtr. Grindevoll, b. Ålesund, Ingolf, f. 1907, s. br. 39, Magnus, f. 1910, g. 1935 Klara Sundøy, s. S. 1, Ingeborg, f. 1918, Margit, f. 1922.  Jens driv notbruk og er notbas.  Han hev havt ymse kommunale yrke og var med i heradstyret 1914 – 16. 

Peder Jensson Røttingen, f. 1902, skøytte farsbruket i 1933.  G. 1935 Klara Anders dtr. Lepsøy, f. 1913.  Peder er skippar og notbas likeins som faren. 

RØTTINGEN 6. 

Hans Kristofferson Røttingen, f. 1753, vart fyrste brukar her, då han og broren Nils skifte bruk 4 i tvo partar etter at dei hadde kjøpt det av Johan Leganger i 1796, s. br. 4.  Han hadde fyrr havt eit bruk i Sundøy, s. S. 3.  G. 1782 Maria Jakobs dtr. Ferstad, f. 1759.  Born: Kristoffer, f. 1782, s. n., Jakob, f. 1785, d. 1805, Peder, f. 1789, s. br. 5, Kristi, f. 1792, s. br. 3, Hans, f. 1796, g. 1818 Brita Nordstrønen, s. N. 7, Nils, f. 1809, g. I. 1836 Kari Knuts dtr. Lyssand, g. II. 1844 Kristi Knuts dtr. Lyssand, b. Haukenes i Austevoll.  3 born døydde unge.  Hans var ein drivande kar og greidde seg godt på det nye bruket, men let det tidleg frå seg.  Han døydde i 1824 og kona ikr. 1812. 

Kristoffer Hansson Røttingen, f. 1782, skøytte farsbruket i 1806.  G. 1806 Kari Ols dtr. Heggland, f. 1777.  Dei hadde ikkje born.  Kristoffer dreiv mykje med fiske og sat tolleg godt i det.  Han døydde i 1844 og kona i 1842. 

Hans Olson Røttingen, f. 1812, kjøpte bruket av Kristoffer i 1835 for 200 spd. og busette seg her.  G. 1835 Kari Jons dtr. ytre Haugland, t 1813.  Born: Kristina, f. 1836, g. 1878 Ola Skorpen, s. Nordstrønen 11, Guro, f. 1838, ug., Ola, f. 1842, s. br. 7, Anna, f. 1846, ug., Jon, f. 1848, g. 1889 Marta Nordstrønen, s. N. 10, Kristoffer, f. 1851, g. 1875 Kristina ytre Drange, s. y. D. 5, Peder, f. 1854, g. 1879 Andrea Halhjem, s. Nordstrønen 11.  Ei gjenta døydde ung.  Hans var fiskar likeins som fyremannen.  Han døydde alt i 1855. 
Ekkja Kari Jons dtr. freista ikkje å sitja med bruket, men selde det ved auksjon.  Kari hadde vore ekkja og kårkona i 40 år då ho døydde i 1895. 

Kristoffer Nilsson Røttingen, f. 1791, som hadde br. 4, kjøpte bruket på auksjon i 1856 for 462 spd., og dreiv det saman med sitt bruk eit par år. 

Nils Gabrielson Bjoarvik, f. p. Lunden 1829, kjøpte bruket av Kristoffer i 1859.  G. ikr. 1850 Gjertrud Bertels dtr. Krokeid frå Fana, f. 1830.  Born: Brita, f. 1853, g. 1880 sjømann Johannes Ingebrigtson Våge frå Tysnes, Hans, f. 1858, d. ug., Gabriel, f. 1861, s. n., Eli, f. 1864, g. 1889 Vinsjans Tømmernes, s. T. 1, Nils, f. 1866, s. br. 12.  Nils dreiv som båtbyggjar.  Han døydde i 1906 og Gjertrud i 1904. 

Gabriel Nilsson Røttingen, f. 1861, skøytte farsbruket i 1889.  G. 1890 Kari Kristoffers dtr. Røttingen, f. 1866.  Born: Nils, f. 1891, s. n., Birgitta, f. 1893, g. 1917 Torkjell Lepsøy, s. Sundøy 7, Gjertrud, f. 1896, s. n., Kristoffer, f. 1898, g. Petra Anders dtr. Lepsøy, i Amerika, Gunhild, f. 1902, s. br. 40.  Tvo born døydde unge.  Gabriel hev vore båtbyggjar likeins som faren.  Han hev havt ymse kommunale yrke, og var med i heradstyret 1899 – 1901. 

Nils Gabrielson Røttingen, f. 1891, skøytte bruket etter faren i 1919.  G. 1914 Elen Sjurs dtr. Dalsgård frå Tysnes, f. 1892.  Born: Gudrun, f. 1915, Sigurd, f. 1918.  Nils var i Arnerika frå 1910 til 1912, var so heime nokre år, men reiste over att i 1921.  I 1926 fekk han ogso huslyden over til seg.  I 1938 hev han atter vore heime i Røttingen. 

Hans Jakobson Bøthun frå Leikanger i Sogn, f. 1888, kjøpte bruket av verbroren Nils i 1933.  Han hadde fyrr pakta det i nokre år etter at Nils reiste til Amerika.  G. 1919 Gjertrud Gabriels dtr. Røttingen, f. 1896.  Born: Jakob, f. 1920, Gunnar, f. 1921, Sigrun, f. 1923, Kjellfrid, f. 1925, Håkon, f. 1927, d. 1935, Sverre, f. 1930.  Bøthun hev vore lærar i Os frå 1915, og hadde fyrr vore lærar i Fresvik, Sogn.  Han hev vore med i ymse kommunalt arbeid, er formann i Os skulestyre og hev vore medlem av heradstyret frå 1935. 

RØTTINGEN 7. (Bruarøy). 

Ola Ivarson Kvalesund, f. 1775, rydja og bygde her i 1799, og var fyrste mann som busette seg på øyi.  G. I. 1795 Anna Nils dtr. Utskot frå Samnanger, f. ikr. 1760, d. 1815, g. II. 1816 Mari Nils dtr. Røttingen, f. 1789, d. 1832, g. III. 1833 Marta Mikkjels dtr., f. ikr. 1794.  Marta tente i Røttingen då ho vart gift med Ola, men ho var ikkje frå Os.  Born: Eli d. e., f. 1796, d. ug. 1829, Ivar, f. 1797, g. 1826 Kristina Steffens dtr. Garvik (Balland), b. Trælevik i Sund, Nils f. 1820, g. I. 1844 ekkja Malena Ols dtr. Krokeid frå Fana, g. II. Kari Lars dtr. Breidvik frå Fana, g. III. 1850 Brita Jons dtr, Sundøy, b. Krokeid i Fana, s. F. B. 612, Hans, f. 1823, g. 1858 Brita Hans dtr. Krokeid, b. Krokeid, s. F. B. 607, Kristiana, f. 1825, g. 1855 Jan Nordstrønen, s. Lepsøy 13, Eli d. y., f. 1829, g. 1853 Jørgen Eidsvik, s. ytre Drange 4.  4 born døydde unge.  Ola dreiv mykje med fiske, og trass han var nybyggjar, greidde han seg like godt som nokon annan i grendi.  Han døydde i 1839. 
Ekkja Marta Mikkjels dtr. stjorna so bruket eit par år. 

Jon Olson Skjeie, f. 1808, gifte seg i 1835 med ekkja Marta Mikkjels dtr. og bygsla bruket av eigarane som ogso var eigarar av br. 3og 5.  Jon var ikkje so drivande som fyremannen.  Han greidde ikkje sitja med bruket og lét det frå seg i 1850.  Han livde til 1882 og kona til 1876. 

Johannes Olson Røttingen, f. 1816, festa bruket etter Jon i 1850.  G. 1849 Maria Lars dtr. Bruarøy (Røttingen), f. 1827.  Born: Jakob, f. 1849, g. 1870 Maria Simons dtr. Ferstad, (Born: Johanna, f. 1871, g. 1898 Peder Madsen, s. Nordstrønen 3).  Jakob døydde alt i 1871 og vart ikkje brukar her.  Johannes var fiskar som dei andre grannane.  Han døydde i 1899 og kona i 1903.  

Ola Hansson Røttingen, f. 1842, som var brorson åt Johannes, festa bruket i 1875.  G. 1870 Kari Berges dtr. Sørstrønen, f. 1846.  Born: Hans, f. 1870, s. n., Berge, f. 1878, g. 1905 Gurina Nordstrønen, s. N. 8, Johannes, f. 1881, g. 1908 Elina Lepsøy, s. L. 16.  Ola var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde alt i 1886. 
Ekkja Kari Berges dtr. hadde so bruket i heile 17 år.  Ho døydde i 1931, 85 år gamall. 

Hans Olson Bruarøy, f. 1870, var brukar saman med mori og kjøpte bruket i 1903.  G. 1901 Inga Bertina Gulbrands dtr. frå Bergen, f. 1875.  Born: Olav, f. 1902, s. n., Hilda, f. 1904, s. br. 38, Kamilla, f. 1906, g. 1931 Eirik Molland, Bergen, Gudrun, f. 1908, g. 1935 sjauffør Eivind Olson Lepsøy, Gjertrud, f. 1910, sygjenta, b. Bergen, Herman, f. 1915, sjømann.  Ei gjenta døydde ung.  Hans var arbeidsformann på salteri.  Han døydde i 1928. 
Ekkja Inga Bruarøy hadde so bruket nokre år etter at mannen døydde.  I 1929 let ho bruket frå seg til sonen.  Ho døydde i 1930. 

Olav Hansson Bruarøy, f. 1902, skøytte bruket etter mori i 1929.  G. 1931 Marta Engjels dtr. Skåtøy, (Balland), f. 1909.  Born: Hans, f. 1932, Erling, f. 1935.  Olav er arbeidsformann på salteri likeins som faren. 

RØTTINGEN 8. (Bruarøy). 

Peder Olson Øpstad frå Fusa, f. ikr. 1762, festa eit jordstykke på Bruarøy i 1802 og bygde og busette seg her.  I 1795 var han busett på Fusa og i 1798 kom han til Sundøy, der han dreiv som fiskar og gjekk på leigearbeid.  G. 1795 Anna Anders dtr. Sævareid, f. p. Boga i Fusa 1758.  Born: Anders, f. 1804, g. 1822 Brita Ingebrigts dtr. Vågen frå Strandvik, Henrikka, f. 1809, s. n.  Ei gjenta døydde i koppeåret 1803.  Peder var fiskar og sat sverande smått i det.  Han døydde i 1819. 
Ekkja Anna Anders dtr. hadde so plassen radt til 1830.  Ho døydde i 1839. 

Helje Nilsson Ferstad, f. 1807, gifte seg med Henrikka Peders dtr. Bruarøy i 1830 og festa bruket etter vermori.  I 1833 flutte han attende til Ferstad og fekk farsbruket Vasshaugen, der han sidan vart buande, s. Ferstad 7. 

Engjel Sveinson Sævareid frå Strandvik, f. 1792, festa bruket då Helje flutte burt.  Engjel hadde då vore busett på Bruarøy sidan 1825.  G. 1821 Anna Kristoffers dtr. Tuft frå Strandvik, f. 1794.  Born: Anna, f. 1823, d. p. Skåtøy 1901 (Born: Sjur Sjurson, f. 1856, s. Balland 3), Svein, f. 1827, s. n., Kristoffer, f. 1831, Engjel, f. 1833, g. 1858 Brita Røttingen, s. Balland 3.  4 born døydde unge.  Engjel var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde i 1866 og kona i 1870. 

Svein Engjelson Bruarøy, f. 1827, festa bruket etter faren, og kjøpte det i 1875 etter at det var serskilt skyldsett tvo år fyrr.  G. 1863 Ingjerd Simons dtr. Ferstad, f. 1840.  Born: Anna, f. 1865, g. 1895 Nils Sælen, s. Bøsæter 2, Engjel, L 1868, s. n., Maria, f. 1871, g. bakar Martinus Hermansen, Bergen, Johanna, f. 1872, g. arbeidar Anton Hermansen, Laksevåg, Simon, f. 1876, sjømann, Brita, f. 1879, g. steinarbeidar Nils Dalsvoll, Fana.  Tvo gutar døydde tidleg.  Svein dreiv med fiske attåt gardsbruket.  Han døydde i 1889. 
Ekkja Ingjerd Simons dtr. fekk bruket då mannen døydde.  Ho fall frå i 1928, 88 år gamall. 

Engjel Sveinson Bruarøy, f. 1868, skøytte bruket etter mori i 1890.  G. 1893 Marta Peders dtr. Røttingen, f. 1872.  Born: Simon, f. 1893, s. n., Peder, f. 1897, g. 1918 Agnes Engelsen, s. Kuven, Ingeborg, f. 1900, g. 1920 Gunvald ytre Lekven, s. y. L., Ola, f. 1906, i Amerika, Ingrid, f. 1912, g. 1935 Simon Bjørnevik, s. ytre Haugland.  Tvo born døydde unge.  Engjel er bygningsmann og snikkar. 

Simon Engjelson Bruarøy, f. 1893, skøytte farsbruket i 1925 og hev det no.  G. 1917 Matilde Nils dtr. Bratholmen (Røttingen), f. 1895.  Born: Klara, f. 1917, Margot, f. 1920, Signy, f. 1924, Egil, f. 1926, Nils, f. 1927, Hilmar, f. 1932.  Ein gut døydde ung.  Simon er bygningsmann og trearbeidar. 

RØTTINGEN 9. (Bruarøy). 

Lars Larsson Sundøy, f. 1789, festa eit jordstykke og busette seg her i 1822.  Han hadde fyrr vore busett hjå verfaren i Røttingen.  G. 1816 Magdela Johannes dtr. Røttingen, f. 1796.  Born: Ingeborg, f. 1817, s. n., Maria, f. 1821, s. br. 5, Sesilia, f. 1825, g. 1850 Lars Sørstrønen, s. S. 6, Maria, f. 1827, s. br. 7, Johanna, f. 1830, s. n., Larsina, f. 1833, b. Bergen, Kristoffer, f. 1835, drukna 1844, Magdela, f. 1838, b. Bergen.  4 born døydde unge.  Lars var ein dugande fiskar og greidde seg nokolunde trass den store huslyden sin.  Han døydde alt i 1843. 
Ekkja Magdela Johannes dtr. fekk so plassen då mannen døydde. 

Anders Nilsson indre Haugland, f. 1823, vart i 1846 gift med Ingeborg Lars dtr. Bruarøy, i. 1817, og vart brukar saman med vermori.  Born: Nils Kristoffer, f. 1847, sjømann, g. 1872 Kristina Margreta Simons dtr. Ferstad, b. Bergen.  Anders var sjømann og fiskar.  Han døydde av kolera vinteren 1849. 
Ekkja Ingeborg Lars dtr. hadde so bruket saman med mori. 

Jon Tomasson Hovland, f. 1829, vart i 1853 gift med Johanna Lars dtr. Bruarøy, f. 1830, og busette seg her hjå vermori og versysteri.  Born: Tomas, f. 1854, Lars, f. 1857, Kari, f. 1860, Kristoffer, f. 1862, Johannes, f. 1866, Andreas, f. 1868.  Jon var fiskar, men det heldt hardt for han å livja den store huslyden.  I 1869 flutte han til Fosnes i Nordtrøndelag og busette seg der.  Bruket fall då attende til hovudbruki. 

RØTTINGEN 10. (Stølshaugen). 

Ola Larsson indre Haugland, f. 1798, festa eit jordstykke i 1834 og rydja og bygde her.  G. 1832 Ingeborg Reinerts dtr., f. 1800, som tente på Lekven.  Born: Lars, f. 1835, s. n.  Ola var fiskar og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i kolerafarangen 1849. 
Ekkja Ingeborg Reinerts dtr. stjorna so bruket i heile 10 år. 

Lars Olson Røttingen, f. 1835, festa bruket etter mori i 1859.  I 1883 kjøpte han bruket av Lysekloster som då åtte det.  G. 1859 Marta Johannes dtr. Haugland frå Sund, f. 1835.  Born: Ingeborg, f. 1859, g. 1886 Annanias Nordvik, s. Balland 2, Magdela, f. 1861, ug., Olina, f. 1864, g. 1889 Hans Nordstrønen, s. N. 3, Johannes, f. 1866, s. n., Larsina, f. 1869, g, 1894 Nils Eidsvik, s. ytre Drange 4, Olai, f. 1871, sjømann, g. 1895 Karoline Amalie Hansen frå Kjøpenhamn, Henrik, f 1874, møbelsnikkar i Bergen, g. Marta Ols dtr. Fedje, Ola, f. 1877, d. 1897, Sjur, f. 1880, g. 1903 Ingeborg Otteråen, s. ytre Drange 10.  Lars var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde i 1921 og kona i 1922, etter at dei hadde vore gifte i heile 62 år. 

Johannes Larsson Røttingen, f. 1866, skøytte farsbruket i 1892.  G. I. 1891 Ingeborg Ols dtr. Lien, f. p. Henanger i Strandvik 1872, d. 1904, g. II. 1906 Ingeborg Lars dtr. Nordstrønen, f. 1865, d. 1920, g. III. 1921 ekkja Synneva Isaks dtr. Klyva, f. 1865, som fyrr hadde vore gift med Karl Røttingen, s. br. 4.  Born: Marta, f. 1892, g. Nils Nordstrønen, s. N. 7, Ingeborg, f. 1896, s. n., Olida, f. 1899, g. 1923 Hans Lepsøy, s L. 25, Hanna, f. 1902, s. br. 33.  Johannes hev vore sjømann og fiskar. 

Eivind Steinson Eidsvik, f. p. Lepsøy 1895, vart i 1917 gift med Ingeborg Johannes dtr. Røttingen, f. 1896, og skøytte bruket etter verfaren i 1920.  Born: Marta, f. 1918, Johannes, f. 1922.  Eivind var førar av motorbåt.  Han døydde alt i 1934. 
Ekkja Ingeborg Johannes dtr. fekk bruket då Eivind døydde og hev det no. 

RØTTINGEN 11. (Garkroken, Garbrekken). 

Halvard Ellingson Røttingen, f. 1793, rydja og bygde her ikr. 1830 på eit jordstykke av faren sitt bruk, s. br. 1.  G. I. 1823 Malena (Magdela) Lars dtr. Akre frå Strandvik, f. 1775, d. 1839, g. II. 1839 Ingeleiv Johannes dtr. Lyssand, f. 1801.  Born: Gjertrud, f. 1841, g. 1863 Mons Hansson Åsen, b. i Lofoten, Helga, f. 1845, d. ung.  Halvard vart skriven både for Garkroken og for Garbrekken, og då kona døydde, for Garkrekhaugen.  Han var fiskar og sat sverande smått i det.  Halvard døydde i 1840, og ut på hausten same året døydde Ingeleiv i kolerafarangen. 

Nikolai Hansson indre Moberg, f. 1824, festa bruket av Formann i 1850.  G. 1846 Ingeborg Jakobs dtr. Nordstrønen, f. 1823.  Born: Anna, f. 1846, g. I. 1878 Ola Hansson Ulven, b. i Årstad, g. II. 1885 Nils Moldavågen, s. Molda 3, Hansina, f. 1849, g. 1884 Nils Hovland, s. H. 2, Jakob, f. 1853, s. n., Magdela, f. 1856, g. Mons Hansson Skåtun, b. Bergen, Hans, f. 1862, s. n.  Ein gut døydde ung.  Nikolai (Niklas) var fiskar som dei andre på garden.  Han døydde i 1907 og kona i 1895. 

Jakob Nikolaison Røttingen, f. 1853, kjøpte bruket av Lysekloster i 1879 for 460 kroner.  G. 1878 Brita Jons dtr. Søvik, f. 1857.  Born: Jon, f. 1878, s. br. 16, Ingeborg, f. 1882, g. 1908 Ola Hjelle, s. Hauge.  Jakob dreiv med fiske likeins som faren.  Han døydde alt i 1882. 
Ekkja Brita Jons dtr. fekk bruket då mannen døydde og hadde det nokre år. 

Hans Nikolaison Røttingen, f. 1862, som var bror åt Jakob, gifte seg i 1885 med ekkja Brita Jons dtr. og vart brukar her.  I 1894 skøytte han bruket.  Born: Jakob, f. 1890, s. n., Hans, f. 1892, s. br. 41.  Tvo born døydde unge.  Hans hev vore fiskar og driv med notbruk.  Han hev vore med i ymse kommunalt arbeid, skulestyre, likning o. a.  Brita døydde i 1912. 

Jakob Hansson Røttingen, f. 1890, skøytte farsbruket i 1912 og hev det no.  G. 1912 Johanna Jons dtr. Lepsøy, f. 1889.  Fosterdotter: Borghild, f. 1921.  Jakob hev farty og driv sjøbruk.  Han hev vore med i skule- og fatigstyre, likning o. a. 

RØTTINGEN 12. (Bratholmen). 

Knut Nilsson Lepsøy, f. 1829, festa eit jordstykke her av br. 6 i 1858 og bygde og busette seg her.  G. 1857 Anna Didriks dtr. Særvoll, f 1827.  Dei fekk tvo tvillingsøner, men begge døydde tidleg.  Knut var fiskar som dei fleste andre i grendi.  Han døydde i 1890 og kona ikr. 1910. 

Nils Nilsson Røttingen, f. 1866, kjøpte bruket av broren på br. 6 i 1891 og busette seg her.  G. I. 1887 Margreta Nils dtr. Jonsholmen (Lysøy), f. 1864, d. 1894 p. barseng, g. II. 1895 Kari Jons dtr. Røttingen, f. 1865.  Born: Hans, f. 1890, d. ug., Matilda, f. 1895, s. br. 8, Nils, f. 1898, s. br. 37, Hanna, f. 1899, s. br. 13, Karl, f. 1901, s. n., Jon, f. 1903, s. br. 32, Gjertrud, f. 1908, s. br. 36.  Tvo born døydde unge.  Nils var sjømann, men tok so til med båtbyggjing og hev i dei seinare år ogso havt verkstad for byggjing av større båtar.  Han hev havt ymse tillitsyrke i bygdi.  I 1927 gav han bruket her frå seg til sonen og flutte til eit nytt bruk som han hadde kjøpt, s. br. 32. 

Karl Nilsson Bratholmen, f. 1901, skøytte farsbruket i 1927.  G. 1925 Anna Hans dtr. Skorpen (Nordstrønen), f. 1904.  Born: Karen, f. 1925, Sigrun, f. 1929, Norvald, f. 1930, Hans, f. 1933. Karl var ei tid maskinist på motorbåt, men hev no teke over faren sin båtbyggjarverkstad. 

RØTTINGEN 13. (Træet). 

Jon Nilsson ytre Moberg, f. 1851, festa i 1877 eit jordstykke her av verfaren på br. 1.  Jon hadde vore busett hjå verfaren sidan 1872 og vart buande der til 1884, då han bygde og busette seg på det festa jordstykke.  G. 1872 Brita Johannes dtr. Røttingen, f. 1847.  Born: Nils, f. 1875, s. n., Johannes, f. 1877, s. br. 20, Anna, f. 1881, g. b. Frekhaug i Meland, Peder, f. 1886, s. n.  4 born døydde tidleg.  Jon gjekk i ymse arbeid og dreiv ogso fiske.  Då sonen fekk bruket, tok Jon undan det gamle huset med tuft som soleis vart «nytt» bruk og der han sidan vart buande, s. br. 20. 

Nils Jonson Røttingen, f. 1875, kjøpte bruket av br. 1 i 1894 og vart brukar etter faren.  G. 1905 Sesilia Johannes dtr. Flygansvær frå Tysnes, f. 1878.  Born: Jon, f. 1906, gardsarbeidar, Johannes, f. 1909, snikkar, Nils, f. 1910, sjømann, Sverre, f. 1913, sjømann.  Nils var fiskar og gjekk ogso i anna arbeid.  I 1925 selde han bruket til broren og flutte til Hardanger, der han hev gard på Engjadal i Strandebarm. 

Peder Jonson Røttingen, f. 1886, kjøpte bruket av broren Nils i 1925.  Peder var bakar og hadde bruket i berre tvo år då han selde og flutte frå bruket att. 

Ingvald Ingebrigtson Sørstrønen, f. 1895, kjøpte bruket i 1927.  G. 1921 Hanna Nils dtr. Bratholmen (Røttingen), f. 1899.  Born: Emma, f. 1922, Konstanse, f. 1923, Emil, f. 1926, Ingvald, f. 1929.  Ingvald var fiskar.  Han døydde alt i 1929. 
Ekkja Hanna Nils dtr. hev stjorna bruket etter at mannen døydde. 


RØTTINGEN 14. (Vedholmen). 

Hans Johnsen, f. p. Storum 1844, kjøpte holmen i 1878 og busette seg her.  I 1890 kjøpte han noko meir jord og fyllte ut i sundet soleis, at holmen vart «fastland».  I 1879 byrja Hans landhandel på Vedholmen, bygde dampbåtbryggja og vart ekspeditør for rutebåtane, og frå 1894 vart han ogso postopnar her.  I 1888 tok han upp føring og tilverking av fisk, dreiv sidan ogso med sildesalting og hadde tunneverkstad m. m.  Hans vart gift 1878 med Ingjerd Anders dtr. Særvoll, f. 1856.  Born: Jonas, i. 1879, s. n., Kristoffer, f. 1880, landhandlar på Våge i Tysnes, g. Hanna Lande, Tysnes, Hans, f. 1882, s. br. 30, Matilda, f. 1883, g. 1916 Ola Sundøy, s. S. 1, Arnt, f. 1887, s. br. 29, Ingvald, f. 1890, g. 1915 Nora Garpestad frå Stavanger, b. Stavanger, Gunvald, f. 1892, s. br- 35, Ingolf, f. 1895, s. n.  Hans hadde ymse kommunale tillitsyrke og var m. a. med i heradsstyrt 1884 – 87. Han døyde i 1926 og kona i 1922.

Jonas Johnsen, f. 1879, skøytte bruket i 1900 og overtok handelsplassen etter faren.  Han vart likeins dampbåts-ekspeditør, postopnar og styrar av telefonstasionen.  G. 1911 Lydia Eikedal frå Samnanger, f. 1887.  Born: Margit, f. 1918, Hjalmar, f. 1920, Jonas, f. 1928.  Fosterdotter: Cecilia Tvedt, f. 1913, g. 1938 Helge Nilsson Hagevik.  Tvo born døydde tidleg.  Jonas vart sjukleg og døydde alt i 1928. 
Ekkja flutte då til nytt bruk der ho hev postopnerie og telefonstasionen, s. br. 34 

Ingolf Schumann Johnsen, f. 1895, skøytte bruket med handelsplassen og dampbåtbryggja etter broren i 1927.  G 1928 Johanna Johannes dtr. Gaupholm frå Samnanger, f 1904.  Born: Hans, f. 1929, Johannes, f. 1930, Ingar, f. 1931, Nanny, f. 1937.  Ingolf er handelsmann og ekspeditør for rutebåtane. 


RØTTINGEN 15. (Nystykket, Bruarøy) 

Johan Engjelson Os, f. 1848, kjøpte i 1889 eit stykke br. 8 og bygde her.   Han hadde fyrr vore busett på Drange og Haugland.  G. 1879 Brita Ols dtr. Ytre Haugland, f. 1849.  Born Engjel, f. 1879, Engelina, f. 1882, g. 1917 Andreas Skutevik frå Strandebarm, Ola (tvilling), f. 1889, s n.  Tvo born døydde unge.  Johan var sjømann og fiskar.  Han døydde i 1912 og kona i 1925. 

Ola Johanson Bruarøy, f. 1889, skøytte farsbruket i 1911.  G. 1920 Ingeborg Anders dtr. Bjørnen, f. 1888.  Born: Johan, f. 1921, Marta, f. 1923.  Ola hev vore arbeidsformann ved sementstøyping o. l.  I 1931 flutte han til Bjørnen og tok over bruket etter verfaren, s. B. 1, der ein finn meir um han. 

Laurits Jonson Bruarøy, f. 1895, vart brukar då Ola flutte.  G. 1919 Ingeborg Lars dtr. Røttingen, f. 1899.  Born: Laura, f. 1920, Judit, f. 1926.  Laurits driv fiske og ymse anna arbeid. 


RØTTINGEN 16. (Vollheim). 

Johannes Kristofferson Røttingen, f. 1864, festa ei tuft og bygde her ikr. 1890.  G. 1888 Ingeborg Jons dtr. Indre Moberg, f. 1866.  Johannes var sjømann og dreiv fiske attimillom og Ingeborg var skreddar.  I 1908 selde dei huset her og tok eit nytt bruk, s. br. 21. 

Jon Jakobson Røttingen, f. 1878, kjøpte huset av Johannes då han flutte.  I 1913 vart bruket serskilt skyldsett, og Jon kjøpte det av eigarane i 1920.  G. 1903 Hanna Karis dtr. indre Moberg, f. 1880.  Born: Borghild, f. 1904, g. 1927 Lars Lepsøy, s. L. 24, Jenny, f. 1906, g. 1931 Olav Lepsøy, s. Hauge, Harald, f. 1909, snikkar.  Jon hev vore sjømann og motorbåtførar og driv framleis med sjøen. 


RØTTINGEN 17. (Brattegjerdet, Bruarøy). 

Ola Janson Bratholmen
(Lepsøy), f. 1868, kjøpte eit stykke av br. 4 og 6 i 1894 og bygde her.  Han hadde fyrr vore busett på Bratholmen under Lepsøy, s. L. 13.  G. 1892 Inga Størks dtr. Salbuvik, f. 1865.  Born: Jonas, f. 1893, sjømann, sidan b. Amerika, d. 1924, Kristina, f. 1894, Nils, f. 1896, s. n., Maria, f. 1898, g. b. Askøy.  Ola var fiskar.  Han døydde alt i 1901. 

Stein Jørgenson Lepsøy, f. i Eidsvik, ytre Drange 1853, gifte seg i 1902 med ekkja Inga Størks dtr. og vart brukar her.  Stein var fiskar og hadde fyrr vore busett på Lepsøy, s. L. 15, der ein finn meir um han og huslyden hans.  Han døydde i 1933.

Nils Olson Bruarøy, f. 1896, skøytte bruket etter mori i 1916 og hev det no.  G, 1919 Brita Anders dtr. Sælen, f. 1890.  Born: Odd, f. 1919, Elsa, f. 1922, Jonas, f. 1924.  Nils hev vore fiskar og er maskinist på motorbåt. 


RØTTINGEN 18. (Vesterheim). 

Hans Johnsen, Vedholmen, bygsla i 1895 eit jordstykke her som var kalla Utgjerdet.  Um Hans s. br. 14. 

Ola Jakobson ytre Haugland, f. 1877, kjøpte bruket av Hans i 1902, og i 1915 kjøpte han eit større stykke av br. 3.  G. 1903 Magdela Jons dtr. Røttingen, f. 1867.  Dei fekk ei dotter, Anna, som døydde tidleg.  Ola er uppsynsmann ved ostraanlegget på Indreøy, s. Kvalesund 2, og hev arbeidet og bustaden sin der. 

Bernt Hansson Røttingen, f. 1895, hev vore busett på bruket.  G. 1916 Anna Ols dtr. Sundøy, f. 1888.  Fosterdotter: Borgny, f. 1927.  Bernt er sjømann og hev vore førar på motorfarty. 


RØTTINGEN 19. (Kveldsol, Bruarøy). 

Jon Olson ytre Haugland, f. 1852, festa eit jordstykke av br. 3 og fekk «husmannsetel» på det i 1896.  G. 1889 Larsina Ols dtr. Sundøy, f. 1866.  Born: Ola, f. 1889, i Amerika, Laurits, f. 1895, s. br. 15, Karl, f. 1897, s. br. 36, Johannes, f. 1901, s. n., Karolina, f. 1903, g. b. Bergen, no død.  Jon var treskoarbeidar og dreiv ogso litt med fiske.  Han døydde i 1920. 
Ekkja Larsina Ols dtr. hadde so bruket nokre år. 

Johannes Jonson Bruarøy, f. 1901, kjøpte huset av mori, og i 1930 skøytte han bruket av br. 5.  G. 1933 Ingeborg Forland frå Sund.  Born: Laila, f. 1934. 


RØTTINGEN 20. (Træet). 

Jon Nilsson Røttingen, f. 1851, som hadde br. 13, tok som nemnt undan huset då han let bruket frå seg til sonen ikr. 1905.  Sjå um Jon og huslyden hans under br. 13.  Jon døydde her i 1922 og kona i 1928. 

Johannes Jonson Røttingen, f. 1877, fekk kjøpekontrakt på huset av faren i 1922.  Han hadde heile tidi vore busett her.  G. 1899 Anna Knuts dtr. Salbutræ frå Fana, f. 1875.  Born: Olina Bertina, f. 1900, b. Bergen, Karl, f. 1903, sjømann, i Amerika, Jon, f. 1906, sjømann, Borghild, f. 1909, g. 1929 Nils Midtsæter, s. M. 1, Jenny, f. 1912, Harald, f. 1915, fiskar.  Johannes driv med treskoarbeid. 


RØTTINGEN 21. (Havblik, Bruarøy). 

Johannes Kristofferson Røttingen, f. 1864, som fyrr hadde havt bruk 16, kjøpte eit stykke av broren sitt bruk, br. 2, i 1908 og bygde her.  G. 1888 Ingeborg Jons dtr. Indre Moberg, f. 1866.  Fosterson: Georg Johnsen, f. 1897. S. br. 16.  Johannes døydde i 1922. 

Georg Johnsen, f. i Bergen 1897, fekk skøyte på bruket av fosterfaren i 1922.  G. 1921 Karen Ols dtr. Lepsøy, f. 1900.  Born: Olga, f. 1923, Kåre, f. 1926, Ingrid, f. 1932.  Ein gut døydde ung.  Georg er skomakar. 


RØTTINGEN 22. (Solheim, Bruarøy). 

Ola Larsson indre Haugland, f. 1860, kjøpte ei tuft av br. 5 i 1911 og busette seg her.  G. 1886 Barbru Kristoffers dtr. Røttingen, f. 1859.  Dei hadde tvo born, som no er døde.  Ola var steinarbeidar og hadde i mange år arbeidt i Bergen.  Han døydde i 1929 og Barbru i 1931. 

Engjel Kristofferson Dale frå Fusa, f. 1893, kjøpte bruket i 1929.  G. 1917 Kari Ols dtr. Kolle frå Fusa, f. 1893.  Born: Kristina, f. 1918, Olaf, f. 1919, Erling, f. 1926.  Engjel hev vore bøkkar og trearbeidar. 


RØTTINGEN 23. (Torshaug). 

Disponent A. Rodsæth kjøpte ein part av br. 10 i 1915.  Han selde eigedomen att i 1918 til skipsreidar Johan C. Wiese, som atter selde til kjøpmann Sigurd Døsvig frå Bergen i 1932.  Eigedomen er brukt til sumarbustad. 


RØTTINGEN 24. (Kobbevågen). 

Skipsreidar Wilhelm Jebsen frå Bergen kjøpte i 1915 ein større part av utmarki åt br. 3 og bygde sumarbustad her. 
Hans Hansson Røttingen hev vore gardstyrar her i mange år.  Sjå um han under br. 41. 


RØTTINGEN 25. (Rødnesklubben). 

Disponent Lars Pihl Johannessen frå Bergen kjøpte i 1916 ein part av br. 18 og bygde sumarbustad her. 


RØTTINGEN 26. (Fagerheim). 

Nils Larsson Røttingen, f. 1891, kjøpte i 1917 ein part av broren sitt bruk, br. 1, og busette seg der. G. 1914 Kristina Sjurs dtr. Dalsgard frå Tysnes, f. 1894.  Born: Lars, f. 1915, Sigvald, f. 1917, Nils, f. 1919.  Eit barn døydde tidleg.  Nils var fiskar og reiste med motorfarty og drog i 1920 over til Amerika. Huslyden stjorna bruket medan han var burte. 

RØTTINGEN 27. (Gulholm). 

Skipsreidar Sverre Hansen, seinare Sverre Sturlung, kjøpte i 1917 og åri framover fleire partar av bruki på Røttingen til sumarbustad.  I 1934 selde han noko av eigedomane til kaptein Lauritz Pettersen og resten vart selt til major Albert Lundquist i 1936. 


RØTTINGEN 28. (Øynes, Bruarøy). 

Øyernes handelsforening kjøpte tuft og bygde her i 1919.  Fyrste styrar var Nils Kleveland frå Hosanger.  Han slutta i 1923. 
Tørris Eike frå Vats i Ryfylke, f. 1895, vart handelsstyrar etter Kleveland.  Han hadde fyrr vore handelsstyrar i Strandvik.  G. 1920 Elen Bårtveit frå Strandvik, f. 1901.  Born: Synneva, f. 1921, Elfrid, f. 1922, Johannes, f. 1924, Torbjørg, f. 1928, Einar, f. 1932. 


RØTTINGEN 29. (Kveldsro, Bruarøy). 

Arnt Johnsen, Vedholmen, f. 1887, kjøpte ei tuft av br. 15 i 1920 og bygde her.  G. 1919 Signe Johanson frå Forshella i Sverik, f. 1895.  Born: Hugo, f. 1920, Asbjørn, f. 1929.  Arnt er maskinist og hev havt sitt arbeid i B. D. S.  I 1918 bygde han saman med broren Ingvald ein motorverkstad, som dei dreiv til verkstaden brann upp i 1924. 


RØTTINGEN 30. (Skogly). 

Johan Samnøen frå Fusa, f. 1897, kjøpte eit stykke av br. 2 i 1920 og bygde her.  Johan dreiv bøkkararbeid på Sundøy. 

Hans Johnsen, Vedholmen, f. 1882, kjøpte bruket i 1924.  G. 1914 Olina Ols dtr. Sundøy, f. 1891.  Born: Osny, f. 1916, Ida, f. 1918, Karen, f. 1921, Hans, f. 1932.  Hans hev vore maskinist på dampbåt og hev vore fleire turar på arbeid i Amerika.  Olina døydde i 1938. 


RØTTINGEN 31. (Vårli). 

Elias Jonson Sundøy, f. 1886, kjøpte i 1920 eit jordstykke her av br. 4og bygde på bruket.  G. 1921 Frida Ols dtr. Indre Moberg, f. 1889.  Born: Jon, f. 1922, Synneva, f. 1926, Olaug, f. 1930.  Elias er sjømann og hev reist med bergingskøytor og andre båtar. 


RØTTINGEN 32. (Solhaug). 

Nils Nilsson Bratholmen (Røttingen), f. 1866, kjøpte i 1926 ein part av br. 4 og busette seg her då han flutte frå Bratholmen, s. br. 12.  Det er nemnt um han og huslyden hans der. 

Jon Nilsson Bratholmen, f. 1903, skøytte dette bruket av faren i 1934.  G. 1926 Borghild Lars dtr. Sørstrønen, f. 1906.  Jon driv båtbyggjing saman med faren. 


RØTTINGEN 33. (Fredheim). 

Karl Olaison Åsen, f. 1898, kjøpte i 1927 ei tuft av verbroren sitt bruk, br. 10, og busette seg her.  G. 1924 Hanna Johannes dtr. Røttingen, f. 1902.  Born: Olav, f. 1925, Ingrid, f. 1927, Andrea, f. 1929, Hanna, f. 1931, Johannes, f. 1932, Einar, f. 1935, Sigmund, f. 1937.  Karl er murar og steinarbeidar. 


RØTTINGEN 34. (Vegarlid, Bruarøy) 

Lydia Johnsen, f. Eikedal i Samnanger 1887, bygde her då ho flutte frå br. 14 i 1928.  Sjå um huslyden under br. 14.  Lydia er postopnar og styrar av telefonstasjonen. 


RØTTINGEN 35. (Vestli). 

Gunvald Johnsen, Vedholmen, f. 1892, skøytte i 1935 ei tuft som var skyldsett frå br. 15 i 1931, og busette seg her.  G. 1936 Magdelena Johannes dtr. Gaupholm frå Samnanger, f. 1901.  Born: Irma, f. 1937.  Gunvald er sjømann og hev reist med dampbåt. 


RØTTINGEN 36. (Nyheim, Bruarøy). 

Karl Jonson Bruarøy, f. 1897, skøytte eit jordstykke av broren på br. 19 i 1933 og bygde her.  G. 1931 Gjertrud Nils dtr. Bratholmen (Røttingen), f. 1897.  Born: Jon, f. 1933, Kirsten, f. 1935. 


RØTTINGEN 37. (Urli). 

Nils Bertin Nilsson Bratholmen, f. 1898, kjøpte ei tuft av br. 4 i 1933 og bygde her.  G. 1918 Larsina Mons dtr., f. i Sørstrønen 1897.  Born: Nils, f. 1919, Osvald, f. 1920, Kamilla, f. 1921, Liv, f. 1924, Klara, f. 1925, Helena, f. 1928, Karl, f. 1929, Nottung, f. 1931, Magne, f. 1933.  Nils reiste ei tid som maskinist på motorfarty og var med på faren sin båtbyggjarverkstad.  Han hev no slipp og driv båtbyggjing for eigi rekning. 


RØTTINGEN 38. (Høgheim, Bruarøy). 

Svein Stokkeland, f. i Stavanger 1904, kjøpte ei tuft av verbroren på br. 7og bygde her.  G. 1926 Hilda Hans dtr. Bruarøy (Røttingen), f. 1904.  Svein hev vore stuert tilsjøs. 


RØTTINGEN 39. (Eikebø). 

Ingolf Jensson Røttingen, f. 1907, skøytte i 1936 eit stykke hjå broren på br. 5 og busette seg her.  G. 1931 Ingebjørg Ols dtr. ytre Haugland, f. 1909.  Ingolf er notbas og driv notbruk. 


RØTTINGEN 40. (Heimro). 

Hans Strønstad frå Hadsel i Nordland, f. 1900, skøytte ei tuft av verbroren sitt bruk, br. 6, i 1937 og bygde her.  G. 1930 Gunhild Gabriels dtr. Røttingen, f. 1902.  Born: Hilmar, f. 1931, Gottfred, f. 1932, Kari, f. 1936, Øystein, f. 1937. Strønstad er fiskar. 


RØTTINGEN 41. (Furelid). 

Hans Hansson Røttingen, f. 1892, kjøpte ein part av br. 5 i 1936 og bygde på bruket.  G. 1924 Ingrid Johans dtr. Bø, f. i Bergen 1902.  Born: Bjørg, f. 1925, Torunn, f. 1926, Hervor, f. 1933, Jan Henrik, f. 1935, Jenny, f. 1937.  Hans hev vore gardstyrar på br. 24 i mange år.  Han hev vore med i skule- og fatigstyre, likning o. a. 


RØTTINGEN 42. (Fredhaug, Sundøy). 

Kristoffer Monsson Sørstrønen, f. 1896, kjøpte i 1931 eit stykke av den utmarki som ligg på Røttingen, men høyrer til br. 4 på Sundøy, og bygde her.  G. 1924 Ingeborg Anders dtr. Sundøy, f. 1896.  Born: Henny, f. 1925, Harriet, f. 1926, Inglaug, f. 1927.  Kristoffer hev vore motormann på farty og drive anna arbeid. 


RØTTINGEN 43. (Fredly, Sundøy). 

Svein Samnøy frå Fusa, f. 1899, kjøpte i 1935 eit stykke av verfaren, Stein Sundøy, si utmark på Røttingen, der han bygde og busette seg.  G. 1922 Karen Steins dtr. Sundøy, f. 1900.  Born: Malvin, f. 1923, Sigvard, f. 1926, Aud, f. 1930, Kari (tvilling), f. 1937, Svein, f. 1937.  Svein er bøkkar og hev reist med fiskefarty.