SALBUVIK
Frå OS SOGA II side 266 – 272
19. SALBUVIK.
Namnet kjem av saltbud, viki der det stod saltbuder. Futen i Lysekloster Strange Jørgensen tok til med saltbrenning her i 1580 åri og sette upp buder for saltbrenning.
Uttale: Så’lbuvikjo.
Skrivemåtar: Salboeuig (1657), Salbovig (1666), Salboevigen, Salbuevig (1723), Wigen, Vigen, Saltbuevigen (1768 – 80).
Garden ligg under åshallet upp for viki på søre sida av Lysefjorden, der Lysøy knip fjorden inn til eit smalt sund. Garden er truleg uppteken frå Søvik, og hev vore Lyseklostergard til dess han vart kjøpt av brukarane i 1870 åri.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar ½ td. afler 2 tdr., brendeskoug til, liger ved fiskeriet.
1723: Ingen setter, brendefang og ei videre, ingen fiskerie, 1 flomqvern til fornødenhed, tør auflingsjord og tungvunden, jernagtig jord.
1865: Har 4 maal dyrket åger og eng, deraf intet godt og 3 mål middels, 26 maal naturlig england, deraf 5 maal godt, 11 middels og 10 slet, 2 maal england kan dyrkes, dertil 1 plads med 1 maal dyrket og 3 maal naturlig england, skov til husbehov men intet at sælge, kan føde 2 ungnød ved lyng, er letbrugt og almindelig drevet, en liden elv gjør undertiden skade.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | 4 | |||||||||
1668 | 1 | 4 | 0,5 | tun | |||||||
1723 | 1 | 5 | 1 | » | |||||||
1800 | 2 | 8 | |||||||||
1835 | 2 | 15 | 4 | 6 | 1 | 1,5 | » | 1,5 | tun. | ||
1865 | 2 | 18 | 8 | 29 | 1 | 4 | » | 5 | » | ||
1900 | 4 | 20 | 8 | 3 | 3 | 2 | hl. | 12 | hl. | ||
1920 | 5 | 16 | 1 | 8 | 1 | 2 | 3,5 | mål | 4 | m. | |
1930 | 5 | 17 | 1 | 5 | 12 | 2 | 0,5 | » | 1,5 | » |
SALBUVIK 1.
Anders Olson, f. ikr. 1636, vart brukar her i 1655 og er fyrste mann som me finn nemnd på garden. Den ting, at dei i 1657 hadde 3 kjyr og eit ungbeist på båsen, tyder likevel på at garden må vera rydja og bygd nokre år tidlegare. Kvar Anders var frå veit me ikkje, og me veit heller ikkje meir um kona hans enn at ho heitte Brita. Ikring 1670 er nemnd at «Nils i Vigen» og «Rangela i Vigen» var fadrar i Oskyrkja, og det kunde tenkjast at dette var gamlefolket og rydjingsfolket i Salbuvik. Men kannhenda var dei frå Særvollsviki eller ei onnor vik i Os, og hadde ikkje noko med Salbuvik å gjera. Anders døydde alt i 1672.
Mikkjel Salbuvik vart i 1673 gift med Brita, ekkja etter Anders, og vart brukar her. Kvar Mikkjel kom frå veit me ikkje. Born: Ola, f. 1673, s. n., Eli, f. 1675, Anders, f. 1680. Mikkjel døydde ikr. 1690.
Ola Mikkjelson Salbuvik, f. 1673, bygsla bruket etter faren. G. 1692 Herborg Ols dtr., f. ikr. 1670. Born: Kristi, f. 1693, d. ug. 1752, Ragnhild, f. 1694. Ola døydde alt i 1695.
Herborg vart i 1710 gift att med Kristen Bårdson Lepsøy.
Vinsjans Nilsson Søvik, f. 1672, bygsla bruket då Ola døydde. G. I. 1695 Anna Mons dtr. Nordvik frå Fana, f. ikr. 1674, d. 1710, g. II. 1711 Mari Nils dtr. Sælen, f. 1683. Born: Nils, f. 1697, med i sjøvernet og ute i ufreden 1716 – 1720, d. ug. 1733, Mons, f. 1700, sjømann, reiste til Holland 1717 og var fyrste gong inn um Bergen på eit skip i 1763, men spurdest ikkje meir, Anna, d. e., f. 1703, s. n., Lars, f. 1705, d. ug., Anna, d. y., f. 1712, d. 1736, Hans, f. 1714, d. ug. Vinsjans vart tidleg ekkjemann andre gongen, meddi kona Mari døydde alt i 1717. Sjølv livde han heilt fram til 1759.
Paul Nilsson Søvik, f. 1709, som var brorson åt Vinsjans, vart i 1727 gift med Anna Vinsjans dtr. Salbuvik, f. 1703, og vart brukar etter verfaren. Dei hadde ikkje born. Paul og kona sat tungt i det, og då dei begge døydde i 1767 vart alt det dei åtte selt ved auksjon for å greida skuldi. Skuldi vart greidd, og det vart 10 dalar att til skifte millom dei 34 arvingar som hadde rett på skjelingane.
Det var mange hus på garden i Paul si tid: Ei gamall røykstova frå den tid då garden vart rydja og bygd, med ein kove attåt stova, ei ny stova med skot og sval, ei sengebud med skot, eit eldhus, løda, fjos med skot, eit sauehus frå den tid garden var bygd, eit lamhus uppbygd av trevyrket frå den fyrste sengebudi, kvernhus og naust.
Villum Olson Søvik, f. 1739, bygsla bruket i 1765. G. 1764 Ingjerd Ols dtr. ytre Lekven, f. 1742. Alt i 1767 let han bruket frå seg og flutte til ytre Haugland, s. y. H. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Torkjell Nilsson Jarland frå Samnanger, f. 1732, bygsla bruket i 1768. G. I. 1758 Sesilia Daniels dtr. Djupvik frå Samnanger, f. 1735, d. p. barseng 1767, g. II. 1768 Kari Johannes dtr. Nordstraumen, f. 1736. Born: Nils, f. 1762, g. b. i Bergen, Torstein, f. 1763, s. n., Ola, f. 1767, g. 1798 Marta Åmunds dtr. Store Milde, b. Lønningen i Fana, s. F. B. 763, Sesilia, f. 1769, d. ug. 1829 (ho hadde merkeleg nok fleire bøker i huset då ho døydde), Anna, f. 1770, d. ug. 1844, Guro, f. 1776, g. 1806 Lars Langeland, s. Sperrevik 1. 3 gutar døydde unge. Torkjell dreiv fiske og greidde seg tolleg godt dei fyrste åri, men det gjekk nedover etter kvart. Då han i 1787 vart kravd for ei tunna korn som han hadde fenge av styremaktene i uårsbolken ikring 1780, so vitna tingålmugen dette: «Jordemand Torkel Salbuvig er i yderlig forarmet tilstand med mange børn og et lidet jordbrug og kan intet betale». Torkjell døydde i 1802 og kona nokre år seinare.
Torstein Torkjellson Salbuvik, f. 1763, bygsla farsbruket i 1796. G. 1796 Guro Halvards dtr. Søvik, f. 1777. Born: Halvard, f. 1796, s. n., Daniel, f. 1801, g. Kristi Matias dtr. Hjellestad, b. Hjellestad i Fana, s. F. B. 719. Torkjell, f. 1807, g. 1843 Kristi Kuven, s. Holen 2, Brita, f. 1812, g. 1841 Jakob Balland, s. B. 1, Ola, f. 1815, g. 1848 Kristi Anders dtr. Kalvetræ, b. i Fana. Tvo born døydde unge. Torstein dreiv, mykje med fiske og sat tolleg godt i det, men husi på garden var mest til nedfalls i hans tid. Han var ein av dei få bønder i Os som hadde sylvsaker å leggja inn til skiping av Norges Bank. Då Torstein um vinteren 1806 var i vårsildfisket kollsigla han saman med Vinsjans Søvik, men grannen Anders Søvik og drengjen hans fekk berga dei. Torstein døydde i 1840 og Guro i 1829.
Halvard Torsteinson Salbuvik, f. 1796, vart brukar saman med faren i 1825. G. 1826 Gunvor Lars dtr., f. ikr. 1794, som tente i Søvik men som truleg var frå Fana. Dei fekk ei dotter, Guro, f. 1827, som seinare vart buande i Bergen. Halvard skulde bygsla farsbruket, men han livde ikkje so lenge at han fekk det i stand. Nokre vikor fyrr jol 1828 var han og tvo andre frå Lysefjorden til Bergen, og etter gamall skikk skulde dei ha kvar sitt anker jolebrennevin heim att med seg. Då dei skulde henta brennevinet i Rosendals brenneri var Halvard uheppen og fall upp i ein kokande kjel og skambrende seg slik at han døydde stutt tid etter. Gunvor vart buande i Salbuvik til ho døydde i 1836.
Peder Pederson Utgjerdet ved Lysekloster, f. 1800, bygsla bruket då Torstein let det frå seg i 1829. G. I. 1827 Karta Johannes dtr. Winqvist frå Bergen, f. 1796, d. 1830, g. II. 1832 Kristina Ols dtr. Berg, f. 1797, som tente i Lysekloster og var dotter åt «mesterkobbersmed» Ola I. Berg frå Bergen. Born: Peder, f. 1827, d. 1848, Johan Winqvist (tvilling), f. 1828, s. n., Kristina, f. 1828. d. ug. 1856, Ola, f. 1839, Olina, f. 1840, g. 1862 Johannes indre Drange, s. i. D. 2. Ei gjenta døydde tidleg. Peder var ein dugande smed og snikkar, og smedkunsten lærde han tvillaust av verfaren Ola Berg som budde i Salbuvik etter at dotteri kom dit, og som døydde her i 1840. Peder var ein vyrd mann i bygdi, og var m. a. med i heradstyret 1842 – 45 og i formannskapet 1848 – 51. Han døydde i 1883 og Kristina i 1876.
Johan (Jan) Pederson Salbuvik, f. 1828, bygsla farsbruket i 1859. G. 1851 Agneta Jons dtr. Bahus frå Fana, (foreldre: Jon Høyspolen og kona, s. Lysekloster 3), f. 1824. Born: Peder, f. 1851, s. n., Agneta, f. 1852, b. Nordvik i Fana. Maria, f. 1854, s. br. 2, Kristian, f. 1857, g. 1884 Marta Bjoarvik, s. Bøsæter 2, Jon (tvilling), f. 1859, s. br. 3, Johanna, f. 1862, d. 1879, Pemilla, f. 1864, g. 1887 Engjel Tomasson Fjelltveit i Fana, s. F. B. 494, Johan, f. 1865, d. ung, Ingjerd, f. 1867, g. 1896 gardbrukar Andreas Johannes Torsteinson Kirkelid i Gaular. Tvo born døydde tidleg. Jan var ein dugande snikkar og smed, og serleg var han kjend for kistearbeidet sitt. Han døydde i 1910 og Agneta i 1889.
Peder Johanson Salbuvik, f. 1851, kjøpte farsbruket av Lysekloster i 1875 for 400 spd., og vart brukar etter faren. G. 1879 Elina Ols dtr. Hovland, f. 1851. Born: Hanna, f. 1883, g. Kornelius Sæterstøl på Askøy, Johannes, f. 1885, b. Sperrevik, Anna, f. 1888, i Amerika, Ola, f. 1892, g. Jenny Sæterstøl, b. Askøy, Peder, f. 1902. Peder var smed og snikkar likeins som bestefaren, og var serleg kjend for sitt framifrå smedarbeid. I 1917 selde han bruket, men vart likevel buande her i fleire år framover. Ikring 1925 flutte han til Leirvåg, Sperrevik, der han døydde i 1933 og kona i 1930.
Fritz Rieber frå Bergen kjøpte bruket i 1917. Han busette seg ikkje sjølv på bruket.
Ola Larsson Fossen frå Kyrkjebø i Sogn, f. 1894, kjøpte bruket i 1923. G. 1917 Hanna Jens dtr. Leirvik frå Gaular, f. 1896. Born: Lars, f. 1918, Johannes, f. 1920, Sigvard, f. 1922, Ingrid, f. 1924. Ola er vegvaktar på Lyseklostervegen.
SALBUVIK 2. (Haugen).
Peder Olson Åsen, f. 1745, busette seg her i 1799. G. 1798 Kari Lars dtr. indre Tuen, f. 1751. Dei hadde ikkje born. Peder hadde ikkje jord men berre eit hus i dei fyrste åri, seinare fekk han ogso eit lite jordstykke. Han dreiv mykje med fiske og anna arbeid, men det heldt hardt for han å greida seg. Han døydde i 1824.
Ekkja Kari Lars dtr. hadde so bruket nokre år. Ho flutte attende til Tuen og døydde der i 1831.
Mons Arneson Åsen, f. 1804, som var systerdotterson åt Peder, vart brukar då Kari flutte, og fekk feste på bruket i 1834. G. ikr. 1825 Ingjerd Haktors dtr., f. ikr. 1803. Ingjerd var ikkje frå Os. Born: Arne, f. 1830, Haktor, f. 1833, g. 1866 Synneva Simons dtr. Balland, b. Søreide i Sund, Størk, f. 1836, s. n. Mons dreiv med fiske likeins som fyremannen. Han døydde i 1886 og kona i 1883.
Størk Monsson Salbuvik, f. 1836, vart brukar etter faren og fekk feste på bruket i 1866. I 1873 vart bruket serskilt skyldsett, og same året kjøpte Størk det av Lysekloster. G. I. 1864 Kristi Jons dtr. Nordstrønen, f. 1839, d. 1881, g. II. 1881 Maria Jans dtr. Salbuvik, f. 1854. Born: Inga, f. 1865, g. 1892 Ola Bratholmen, s. Lepsøy 13, Larsina d. e., f. 1869, d. 1876, Kristian, f. 1871, båtbyggjar på Laksevåg, g. 1896 Jørna Jakobs dtr. Bø, Mons (tvilling), f. 1877, i Amerika, Larsina d. y., f. 1877, i Sverik, Johanna, f. 1880, ug., Johan, f. 1882, s. n., Kristina, f. 1883, g. 1907 Elias Engjelson indre Haugland, Anton, f. 1889, arbeidar, g. b. Oslo, Anna, f. 1899. Tvo gutar døydde unge. Størk var båtbyggjar og trearbeidar. Han døydde i 1921 og siste kona i 1916.
Johan Størkson Salbuvik, f. 1882, skøytte farsbruket i 1905. G. 1910 Johanna Anders dtr. Eikhaug (Søfteland), f. 1883. Born: Maria, f. 1911. Johan var båtbyggjar likeins som faren. I 1927 selde han bruket og flutte fyrst til Lindås, seinare til Askøy, der han no er gardbrukar og båtbyggjar.
Peder Andersson Drevvand frå Bergen kjøpte bruket i 1927 og hadde det eit par år. Han var møbelsnikkar og flutte attende til Bergen då han selde bruket.
Peder J. Knudsen frå Bergen kjøpte bruket i 1930. Han er maskinist på dampbåt. Sonen Jon, f. 1910, som er elektrikar styrer bruket no. Han er gift med Maria Eriks dtr. Søviknes, f. 1902. Born: Per, f. 1937.
SALBUVIK 3.
Jon Jonson Salbuvik, f. 1859, bygde og busette seg på eit tuft av farsbruket, som han fekk feste på i 1908. Frå 1895 til 1900 var han busett i Hatlelidi, s. Bøsæter 2. G. 1884 Marta Håkons dtr. Raudlidi (Bøsæter), f. 1858. Born: Agneta, f. 1885, g. Peder Olson Hagevik, b. Sagstad i Fana, s. F. B. 593, Hanna, f. 1887, d. 1905, Peder, f. 1891, smed, b. Kalandseid i Fana, Marta, f. 1893, g. Johannes ytre Drange, s. y. D. 5, Larsina, f. 1896, g. 1918 Ola Larsson Leirvåg, b. Kismul i Fana, Malena, f. 1899, g. sjømann Ludvig Rasmusson Synnevåg, Ragnhild, f. 1902, g. 1924 Lars ytre Lekven, s. y. L. 3. Ein gut døydde ung. Jon var smed og snikkar. Då han flutte frå garden fall tufti attende til hovudbruket. Han døydde i 1935 og kona i 1919.
SALBUVIK 4. (Skulehuset).
Maria Johans dtr. Særvoll frå Strandvik, f. 1892, vart fyrste lærar som busette seg i skulehuset etter at dette vart bygt i 1916. Ho hadde fyrr havt lærarpost i Lom og i Austevoll, og var lærar her frå 1919 til 1932 då ho flutte til Søfteland der ho enno er.
Alfred Jonson Gjersvik frå Meland, f. 1904, vart lærar her i 1933. Han hadde fyrr vore lærar i Meland og i Vega. G. Anna Lutro frå Kinsarvik i Hardanger, f. 1906. Born: Jostein, f. 1935.