SØRSTRØNEN

Frå OS SOGA II side 375 – 396

28. SØRSTRØNEN 

Namnet kjem av at garden er søre luten av Strøno.  Um upphavet til namnet sjå Nordstrønen.

Uttale:Sø’rstrøno, daglegnamn: Strø’no.
Skrivemåtar: Striona (1427), i Strøme (1519), Strønen (1563), Strønøen, Strommen (1567), Strøm, Strøne, Synderstrønen (1591), Søndstrøen (1597), Synderstrøm, Siørstrøm, Søerstrøm, Søerstrømme, Søerstrønnen, Sørstrønen (1620), Sør Strønne, Søre Strøne, Søstrøne (1676), Sørrstrønn, og umlag 20 andre skrivemåtar fyrr 1800. 

Garden ligg på sør- og austsida av Strøneøyi og vender mot fastlandet.  Namnet Strøno i dagleg tale og dei eldste skrivemåtane tyder på at Sørstrønen er den upphavelege og eldste garden på Strøno.  Garden hev for det meste vore sjølveigarjord.  I 1600 åri var soleis halve garden ått av brukarane, og den andre helvti var gjengi i arv frå tidlegare brukarar og var komi på fleire hender.  Peder Håvik i Strandvik samla desse skilde partane ihop att og var eigar av halve garden i 1650 åri.  Soga åt dei einskilde bruki på garden syner eigedomstilhøvi seinare. 

Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar 5½ tdr., afler 22 tdr., god åger og eng samt brendeved og botner hug, kand og rydes i udmarchen paa Nesset som leiglendingen skal indheigne, huilket ombudsmendene som ehr bønder skal lade bebygge, der til ligger 1 silde heller stenge voeg som udj lang tid intet udj ehr bekommet.  
1723: Liden furreskoug til huusfornødenhed og fornøden brendevedfang, ingen sætter støel, ingen saug, qvern eller fiskeri, middelmådig letvinden og nogenledes vis til korn.  Haver intet andet brug end sin gaards aufl, og ingen handel uden lidet kul, som de af skaugen brender og fører til byen, hvormed de noget lidet til deres rettigheders betalling fortiener.  
1865: Sørstrønen med 2 pladse: Har 24 maal dyrket åger og eng, deraf 8 maal godt, 7 middels og resten slet, har 114 maal naturlig england, hvoraf 31 maal godt, 51 maal middels og resten slet, af englandet kan 1 maal dyrkes, har skov til husbehov men intet at sælge, kan føde 6½ ungnød og 6 faar ved lyng, er to af brugene middels og de to andre letbrugte, er almindelig drevet. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje,tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16572  20     
16682 220   5,5tun 
17234 430   8,5» 
1800628       
1835847318182049»5tun.
186584843610445617»23»
190085513264 815hl.33hl.
1920124612235 47,5mål11m.
193084242141  6»10,5»

SØRSTRØNEN 1. 

Gwunder i Strøme (Gunnar Strønen) hadde halve Sørstrønen i 1519.  Grannen Bård hadde den andre halvparten, og desse tvo karane er dei fyrste på garden som me veit namnet på. 

Lars Sørstrønen hadde bruket i 1563. 

Håvard Sørstrønen var brukar i 1567. 

Nils Sørstrønen vart brukar ikr. 1580.  Han vart kalla «unge Nils» til skilnad frå «gamle Nils» på det andre bruket.  Han var brukar til 1603. 
Kvar dei nemnde brukarane var frå, veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje noko til ætti deira. 

Ola Nilsson Sørstrønen vart brukar etter verfaren i 1603.  Han var gift med ei dotter åt Nils, som me ikkje veit namnet på.  Ho døydde, og Ola vart sidan gift med Marta Mons dtr. Heggland.  Av borni kjenner me: Lars, f. ikr. 1605, s. br. 2, Ola, f. ikr. 1618, g. 1654 Barbru Sundøy, s. S. 1, Anna, f. ikr. 1640, g. Ola Eide, s. E. 1, Peder, f. ikr. 1642, Kristi, f. ikr. 1645, g. 1675 Elling Kristofferson Skåtun frå Strandvik.  Ola var ein mykje vyrd mann, og i 1621 vart han lensmann iOs likeins som faren hadde vore.  Han hadde ikkje lensmansyrket lenger enn til 1625.  Ola vart ein velstandsmann og var ein av dei 6 bønder i Os som hadde pengar og som i 1637 vart pålagt skatt «til de prester som skall schibes til Findmarken».  I dei fyrste åri åtte han tridjeparten av bruket sitt, men han løyste inn resten etterkvart, og i 1625 åtte han heile bruket og var då den einaste som var heilt sjølveigar i Osbygdi.  Han heldt vanleg tvo vaksne dren gjer og tvo tauser på bruket sitt.  I 1621, nett etter at han fekk lensmannsyrket, kom Ola upp i ein leid floke.  Han og grannen hadde gjeve ein framand mann Svend Claussøn rett til å byggja seg eit hus på Strøno i «Skjellekroken», (staden er nemnd fleire gonger i 1500 åri då skotteskipi tok timber inn der), for å driva som kræmar og gjestgjevar.  Styremaktene fann at dette var «i strid med Bergens byes privilegier», og då det attåt vart spurt at Svend Claussøn var ein burtrømd tjuv, so fekk Ola og grannen ei sver bot av 20 dalar (7 – 8 kuverd) for godviljen sin.  Truleg var dette hende grunnen til Ola si stutte lensmannstid.  Han døydde i 1648. 
Ekkja Maria Mons dtr. stjorna so bruket nokre år. 

Ola Bårdson Sundøy, f. ikr. 1630, vart i 1651 gift med ekkja Marta Mons dtr. og fekk bruket.  Marta døydde i 1673, og Ola gifte seg att året etter med ei ekkja, Anna Torbjørns dtr., f. ikr. 1620, som fyrr hadde vore gift med Mattis indre Haugland.  Anna hadde tvo vaksne døtre med seg til Sørstrønen, Kari, f. ikr. 1650, s. br. 2, og Eli, f. ikr. 1655, g. 1682 Vinsjans ytre Haugland, s. y. H. 5.  Av Ola sine born frå fyrste giftarmålet kjenner me: Rasmus, f. 1651, Ola, f. 1654, Helga, f. ikr. 1658, Kari, f. 1661, s. n., Lars, f. ikr. 1670, s. br. 3.  Ola sat godt i det likeins som fyremannen, men han åtte ikkje heile bruket sitt, då noko var kome til dei andre ervingane etter gamle Ola, soleis til Nils Eide o. fl.  Ola var ein vyrd mann i bygdi, var kyrkjeverja o. a., og tinget vart halde hjå han i fyrsten av 1660 åri.  Ola hadde elles mange saker på tinget gjenom åri, og rett som det var hadde han eit og anna med samningane å gjera.  Dei skulde leggja skysspengar til Ola, som hadde å krevja pengane inn, men han fekk dei ikkje.  Saki vart avgjort på den måten at Per Haga, som saman med Ola Grønsdal skulde leggja pengar for samningane, lova å føda ei «brugshørs» (merr) for Anders Røttingen som var verbror åt Ola.  Ola Langeland vilde ikkje betala 5 – 6 våger næver som han hadde kjøpt hjå Ola, men på tinget vart han dømd til å betala 13 skjeling for heile slumpen.  På tinget i 1675 krov futen pengar av osingane som løn til «veimesteren» kaptein Jens Hafrits, med 4 skjeling av kvar mann.  Osingane med Ola Sørstrønen i brodden sa at dei hadde ikkje vegar og vilde ikkje ut med pengar.  Det heiter um dette i tingboki: «Almuen svarede at de penge vilde de aldrig betale.  De der fornemmelig førte ordet imod var Ole Strønøe, Baar Røtting, Ole Hofland, Hans Aadland, Lars Ferestad og en dreng Peder Jørgensen, samt Erik Vafit, hvilke med stor forbandelse nægtet, at de aldrig vilde betale«. – Ola døydde i 1705 og Anna i 1698, etter at dei i 1681 hadde gjeve halve bruket frå seg til versonen, s. n. 

Ola Olson, f. ikr. 1654, vart i 1681 gift med Kari Ols dir. Sørstrønen, f. 1661, og fekk halve bruket av verfaren.  Den andre halvparten skulde yngste bror åt Kari ha, s. br. 3, og faren heldt den att til sonen vart vaksen.  Kvar Ola var frå, er noko uvisst, men truleg var han son åt Ola indre Lekven.  Johannes Røttingen og Nils Mobergslien var brørne hans.  Born: Bård, f. 1681, s. br. 4, Ola, f. 1683, g. 1712 Kari Søvik, s. S. 1, Mattis, f. 1685, g. 1713 Guro Berge, s. B. 2, Mons, f. 1688, g. 1722 Brita Anders dtr. Salbu frå Fana, s. F. B. 747, Hans, f. 1692, Karta, f. 1693, g. 1717 Johannes Ulven, s. U. 3, Johannes, f. 1695, g. 1726 Anna Salbu, s. Nordstraumen 1.  Tvo gjentor døydde unge.  Ola var ikkje velstandsmann, men greidde seg tolleg godt.  Han åtte ikkje noko i si eigi jord, då eiga her var skift på mange ervingar, men han åtte ein part i garden Kleppe.  Ola døydde alt i 1698. 
Ekkja Kari Ols dtr. hadde so bruket eit par år. 

Anders Johannesson Askvik, f. 1674, vart i 1700 gift med ekkja Kari Ols dtr. og vart brukar her.  Kari døydde alt i 1704 og Anders gifte seg att året etter med Kari Mons dtr. Ulven, f. 1670.  Dei fekk 9 born, men heile 7av dei døydde fyrr dei vart fem år gamle.  Dei som vaks upp var: Anna, f. 1702, g. 1751 e. Åmund Andersson Øpstad i Fusa, Mons, f. 1714, g. 1740 Eli Halhjem, s. Sundøy 3.  Anders sat ikkje so lett i det som fyremennene.  Då fyrste kona døydde, måtte han lata tridjeparten av bruket sitt frå seg til eldste sonen hennar og hadde no berre eit halvt bruk mot br. 2og 3.  På sine gamle dagar kom han burt i ymse rot, og var m. a. millom dei mange som presten Leganger tok for å ha naska i Lepsøyskogen.  Anders sanna, at han hadde hogge 4 – 5 tre på roti og teke 4 – 5 skatstokkar, og presten let saki fara.  Anders døydde i 1748 og siste kona i 1740. 

Peder Olson Brems, f. 1714, som åtte heile bruket sidan 1737, tok bruket sjølv i 1741.  Peder var frå Holmen under Lepsøy, s. L. 5, og hadde teke namnet etter bestefaren.  Då Peder skøytte bruket i 1737 av Eivind Lekven, Peder Lunde, Lars Røttingen og ekkja etter Peder Jonson Berge for 29 dalar, vart han skriven for Peder Storem, men me kann ikkje sjå at han hadde noko med Storum å gjera.  G. 1739 Kari Lars dtr. ytre Moberg, f. 1710.  Dei fekk 3 born som alle døydde unge.  Peder vart ogso stemnd til tings i 1741 for å ha naska i Lepsøyskogen, men då han fyrst kom til Sørstrønen det året, kunde han med sanning segja at han «havde ikke hugget i ringeste maade».  Han døydde alt i 1743. 
Ekkja Kari Lars dtr. fekk bruket etter mannen.  Det vart ved skiftet verdsett til 29 dalar. 

Johannes Olson Røttingen, f. 1715, kjøpte i 1746 bruket av Kari som flutte burt.  Truleg vart ho, som ei ung barnlaus ekkja med pengar, gift i ei av grannebygdene.  Johannes hadde fyrr havt eit bruk i Røttingen, s. R. 2.  G. 1742 Guro Anders dtr. Bjørnen, f. 1716.  Born: Mari, f. 1745, s. n., Anna, f. 1753, g. 1804 Ola Skjeie, s. S. 6, Anders, f. 1759, s. n.  3 born døydde unge.  Johannes åtte bruket sitt, og i 1751 kjøpte han endå ein liten part i eit av grannebruki.  Han døydde i 1773 og kona året etter. 

Mari, Anna og Anders Sørstrønen, borni etter Johannes, stjorna so bruket i 8 år.  Dei sat tungt i det. 

Anders Johannesson Sørstrønen, f. 1759, skøytte farsbruket i 1782.  Systerne hjelpte han med arbeidet, men det heldt hardt for han å greida seg.  Han døydde alt i 1784. 

Ingebrigt Pederson Skjeie, f. 1762, vart i 1785 gift med Mari Johannes dir. Sørstrønen, f. 1745, og skøytte bruket etter verbroren.  Mari døydde i 1790 og Ingebrigt gifte seg att året etter med Mari Hans dtr. Bø, f. 1759.  Born: Guro, f. 1787, s. n.  Ei gjenta døydde tidleg.  Ingebrigt var ein drivande kar som fekk seg sjøbruk og greidde seg godt.  Både han og kona døydde i 1836. 

Daniel Jonson Grindevoll, f. 1782, vart i 1809 gift med Guro Ingebrigts dtr. Sørstrønen, f. 1787, og fekk bruket etter verfaren.  Born: Marta, f. 1812, s. n., Mari, f. 1815, g. 1846 Anders Halhjem, s. H. 3, Ragna, f. 1818, g. 1841 Stein Lepsøy, s. L. 2, Ragnhild, f. 1823, g. 1847 Gitle Sundøy, s. br. 2.  Daniel dreiv sjøbruk likeins som fyremannen.  Han døydde i 1847 og Guro i 1853. 

Engjel Haldorson Lønningdal, f. 1815, vart gift i 1835 med Marta Daniels dtr. Sørstrønen, f. 1812, og skøytte bruket etter verfaren for 1200 spd.  Born: Herborg, f. 1837, g. 1860 Ola Skjeie, s. S. 1, Haldor, f. 1840, s. n., Daniel, f. 1843, g. 1865 Dordi Søvik, s. S. 3, Stein, f. 1846, d. ug. 1870, Engjel Ingebrigt, f. 1847, s. n., Marta, f. 1850, g. 1877 Lars Rasmusson Nordvik i Fana, s. F. B. 597, Anna, f. 1853, g. 1882 Martin Jonsholmen, s. Lysøy 2, Nils, f. 1856, g. 1884 Malena Nordstrønen, s. Sperrevik 1.  Ei gjenta døydde ung.  Engjel var skippar og hadde jakt som han sigla med.  Han døydde i 1899 og kona i 1882. 

Haldor Engjelson Sørstrønen, f. 1840, vart brukar saman med faren.  G. 1869 Ragnhild Hans dtr. ytre Drange, f. 1848.  Born: Ingjald (Engjel), f. 1870, lærar i Kvinnherad, g. 1898 lærarinna Guri Ols dtr. Nesheim frå Vossestrand.  Haldor døydde alt i 1872 utan å få bruket, og ekkja gifte seg att seinare med Ola Bjånes, s. Klyva 3. 

Engjel Ingebrigt Engjelson Sørstrønen, f. 1847, vart brukar etter faren.  G. 1877 Engelina Engjels dtr. Gjemdal, f. 1853.  Born: Marta, f. 1878, g. Nils Vangsnes frå Sogn, b. Bergen, Synneva, f. 1880, g. 1904 Hans Skorpen, s. Nordstrønen 11, Engjel, f. 1882, s. n., Ingeborg, f. 1886, d. 1901, Anna (tvilling), f. 1889, g. 1918 handelsreisande Fredrik Johannessen, Bergen, Gurina, f. 1889, g. 1921 Teodor Karlsen Fredheim, Florvåg, Hanna, f. 1892, Ingvald, f. 1895, g. 1921 Hanna Bratholmen, s. Røttingen 13.  Ei gjenta døydde ung.  Engjel var treskoarbeidar og dreiv noko med sjøen.  Han døydde i 1919 og kona i 1920. 

Engjel Engjelson Sørstrønen, f. 1882, fekk skøyte på farsbruket i 1885 og er brukar no. 


SØRSTRØNEN 2. 

Bård Sørstrønen var brukar på garden i 1519 og er fyrste mann som me finn nemnd på dette bruket.  Etter den store skatten å døma, som han lagde i 1521, må han ha vore ein velstandsmann. 

Anders Sørstrønen var brukar i 1563. 

Nils Sørstrønen vart brukar etter Anders.  Nils hadde med innkrevjing av tollen å gjera, og me lyt difor tru at han var lensmann i skipreidet.  I 1567 hadde han gløymt å krevja toll av eit skotteskip, og for det måtte han leggja ei bot av 6 dalar.  Attåt dette miste han truleg lensmannsposten, s. O. B. 548 – 49.  Kona hans heitte Ingjerd.  Av borni kjenner me berre sonen Ola, s. br. 1.  Nils vart vanleg kalla «gamle Nils» til skilnad frå «unge Nils» på br. 1.  Han hadde bruket radt til 1600. 
Ekkja Ingjerd Sørstrønen hadde so bruket nokre år.  Ho åtte tridjeparten av bruket sitt saman med «unge Nils», og ein tore difor tru at dei tvo var sysken. 

Peder Sørstrønen vart brukar i 1605.  Han vart då anten gift med ekkja Ingjerd eller med ei dotter hennar.  Peder fekk den parten som Ingjerd åtte i bruket, og difor må han ha kome inn i ætti på ein av dei tvo måtane.  Peder var ein vyrd mann og var lagrettemann i mange år.  I 1621 måtte han saman med grannen Ola leggja ei sver bot som nemnd under br. 1.  Det gjekk nedover med Peder, og i dei siste åri lagde han berre fatigmannskatt.  Han hadde bruket til han døydde i 1628. 

Jørgen og Lars Sørstrønen svara skatt for bruket i 1629.  Kvar dei ovannemnde brukarane kom frå, veit me ikkje, og me kann heller ikkje fortelja noko um ætti deira. 

Lars Olson Sørstrønen, f. ikr. 1605, fekk bruket i 1630.  Han vart gift med ei som heitte Ingeborg, men me veit ikkje kvar ho var frå.  Kannhenda var ho dotter åt Peder.  Etter det me kann skyna døydde ho ikr. 1650, og Lars fekk då ei ny kona.  Av borni kjenner me: Ola, f. ikr. 1633, d. ung, Nils, f. ikr. 1636, g. Marta Rød, s. Sundøy 3, Anna, f. ikr. 1640, truleg gift til indre Moberg, s. i M. 1, Johannes, f. 1642, var med i ufreden i 1670 åri og kom ikkje att, Helga, f. ikr. 1644, g. 1679 Ola Sundøy, s. S. 1, Isak, f. 1646, Jon, f. 1650, s. n. Lisbet Søvik, f. ikr. 1648, s. S. 1, og Kari Balland, f. ikr. 1660, s. B. 1, var tvillaust ogso døtterne hans. 
Lars var radt fatigmann dei fyrste åri, men han arbeidde seg fram etterkvart.  Den rike borgarmeistaren i Bergen, Søfren Jenssøn Hoffmann, åtte bruket hans, eller kannhenda berre ein part av det, i 1658.  Men Lars kjøpte part etter part soleis at han greidde å verta sjølveigar fyrr han døydde.  Attåt dette åtte han noko jord i øvre Dalland, som han truleg hadde fenge med siste kona si.  I 1653 vart han lensmann likeins som faren og farfaren hadde vore, men hadde som dei yrket berre i stutt tid, s. O. B. 550.  Sørstrønen låg midt i byleidi, og Lars og grannane måtte jamt skyssa og hysa framande folk.  I 1662 vart Lars stemnd til tings avdi han hadde nekta nokre offiserar hus for notti.   Lars kunde prova at han gjerne vilde hysa dei, men han kunde ikkje gjeva dei mat, dei vart då sinna og tok vegen like til Bergen um notti.  Lars slapp med ei åtvaring. 

Jon Larsson Sørstrønen, f. 1650, vart brukar etter faren då han let bruket frå seg i 1672.  G. I. ikr, 1672 Kari Mattis dtr. Sørstrønen, f. p. indre Haugland ikr. 1653, d. 1678, g. II. 1679 Lisbet Ibs (Ebbes) dtr., f. ikr. 1655.  Lisbet var truleg frå Bergen.  Jon og Lisbet fekk 11 born, og av dei vaks 6 upp: Lars, f. 1680, g. 1709 Anna Røttingen, s. R. 4, Ingeborg, f. 1682, g. 1717 Jon ytre Moberg, s. y. M. 6 og Sørstrønen 5,, Peder, f. 1685, g. b. Bergen, Kari, f. 1687, g. 1717 Mons Nordstrønen, s. N. 3, Kristi, f. 1692, g. 1724 Ola Søvik, s. S. 1, Guro, f. 1699, g. 1734 Johannes Nordstrønen, s. N. 3.  Jon var ein vyrd mann i bygdi og greidde seg tolleg godt, men han åtte ikkje bruket slik som faren hadde gjort.  Johan Revna og Evert Roaldstveit åtte no bruket.  Jon døydde i 1702. 
Ekkja Lisbet Ibs dtr. hadde so bruket eit par år.  I 1704 måtte ho gjeva noko av bruket frå seg til skiping av eit nytt bruk på garden, s. br. 4. 

Kristen Monsson Nordvik frå Fana, f. ikr. 1676, vart i 1704 gift med ekkja Lisbet Ibs dtr. og vart brukar her.  Lisbet døydde i 1737 og Kristen gifte seg att tvo år etter med Mari Ols dtr. Haukeland, f. 1709.  Kristen og Lisbet fekk i 1705 ein son som døydde ung.  Kristen var ein drivande kar, og saman med verbroren Lars Røttingen kjøpte han bruket av dei fyrrnemnde eigarane.  Då 6 «velhavende» og 6 «ringere» bønder i Os skipreide skulde likna ut krigsskatten på bøndene var Kristen Sørstrønen og Nils Røttingen med som «velhavende» frå Ossokni. 
Kristen hadde ei taus, og grannen på br. 3 hadde ein dreng som gjerne vilde tala med tausi.  Ei sumarnatt i jonsokhelgi 1704 kom drengjen inn på budalemen, der Kristen låg i sengi, for å få tak i gjenta.  Kristen sprang upp for å kasta drengjen ut.  Grannen kom til for å hjelpa drengjen sin, og det enda med at grannane slost, og at Kristen som gjekk i berre skjorta ogso miste henne.  Dette spurdest i bygdi, og futen som gjerne vilde tena nokre skjelingar var snøgg til åta dei for retten.  Kvar av grannane måtte bøta 3 lodd sylv for jonsokleiken. 
Då Kristen i 1739 hadde fenge seg ny kona, flutte han med henne til Sundøy, s. S. 4, der ein finn meir um han. 

Jon Larsson Røttingen, f. 1710, som var soneson åt Jon Sørstrønen og Lisbet Ibs dtr., fekk skøyte på bruket i 1738 hjå faren og Kristen Sørstrønen som då åtte det ihop.  G. 1776 Ingeborg Mons dtr. Ulven, f. 1706.  Born: Anders, f. 1736, d. ung, Guro, f. 1738, g. 1759 Benoni Sundøy, s. S. 3, Lars, i. 1745, g. 1777 Anna Grindevoll, s. Sundøy 5, Kari, f. 1747, d. ug. ikr. 1770.  Jon var ein drivande kar som fekk seg stort sjøbruk, og han greidde seg godt.  Han døydde i 1791 og Ingeborg i 1775. 

Mons Jonson Sørstrønen, f. 1742, vart brukar saman med faren i 1775 og fekk bruket åleine i 1790.  G. 1776 Dordi Johannes dtr. Nordstrønen, f. 1746, som hadde tent i huset.  Born: Ingeborg, f. 1777, s. n., Jon, f. 1781, d. ung, Kari, f. 1784, g. 1808 Halvard Sundøy, s. S. 4.  Mons var ein drivar til kar likeins som faren og sat tolleg godt i det.  Han lånte likevel 130 dalar av Halvard Taranger til å kjøpa seg sjøbruk o. a. for, og dreiv sterkt med fiske.  Han døydde i 1814 og kona i 1804. 

Lars Olson Lien, f. 1776, vart i 1801 gift med Ingeborg Mons dtr. Sørstrønen, f. 1777, og hadde alt i mai året fyrr fenge skøyte på bruket av verfaren for 100 dalar.  Ingeborg døydde i 1820, og Lars gifte seg året etter med Eli Johannes dtr. Røttingen, f. 1799.  Born: Anna, f. 1801, g. 1825 Tormund ytre Haugland, s. y. H. 5, Mons, f. 1803, s. n., Ola d. e., f. 1805, d. 1827, Dordi, f. 1808, g. 1841 Knut Ferstad, s. F., Lars, f. 1811, s. br. 6, Jon, f. 1814, g. 1859 Brita Tveit, s. T. 1, Mari, f. 1817, g. 1856 Rolf Bjørnen, s. B. 3, Johannes, f. 1823, sjømann, g. 1862 Marta Bernts dtr. Lunde, Kristoffer, f. 1824, d. 1836, Ola d. y., f. 1827, g. 1854 Marta Halhjem, s. H. 2, Ingemaar, f. 1831, g. 1871 Ingeborg Taralds dtr. frå Fosnes i Trøndelag, i Amerika.  Lars dreiv mykje med fiske likeins som fyremennene og greidde seg godt trass den store huslyden sin.  Han var ogso ute på arbeid i andre bygder, og då han ein dag fyrr jol 1832 saman med Størk Lepsøy var på heimveg frå arbeid i Austevoll kollsigla dei, og begge kom burt.  
Ekkja var busett på garden til 1843, då ho flutte til Sund og busette seg der. 

Mons Larsson Sørstrønen, f. 1803, vart brukar då faren døydde.  Han hadde alt i 1824 fenge skøyte på bruket.  G. 1833 Kristi Hans dtr. Hatvik, f. 1806.  Born: Lars, f. 1834, s. n., Anna, f. 1836, g. 1874 Paul Halhjem, s. H. 5, Ingeborg, f. 1841, g. 1877 Frans Nilssen frå Holmedal, b. Bergen, Marta, f. 1844, d. 1859, Hans, f. 1847, sjømann, d. i England.  3 gjentor døydde unge.  Mons dreiv fiske likeins som faren.  Han døydde i 1860 og Kristi i 1867. 

Lars Monsson Sørstrønen, f. 1834, skøytte farsbruket i 1859.  G. Synneva Elias dtr. Myklebust frå Gloppen.  Lars hadde bruket i tvo år, men selde det då og fekk so eit bruk på Klyva, s. K. 1.  Han flutte sidan til Bergen, der han dreiv som byggmeistar.  Han døydde i 1922. 

Engjel Haldorson Sørstrønen, som hadde br. 1, kjøpte bruket av Lars i 1861.  Sjå um han under br. 1.  

Lars Hansson Tøsdal, f. 1825, skøytte bruket av Engjel i 1864 etter at han hadde pakta det i nokre år.  G. 1848 Margreta Eriks dtr. Hatvik, f. 1827.  Born: Anna, f. 1848, g. 1880 Lars Borgen, s. B. 1, Serina, f. 1850, g. 1875 Nils ytre Haugland, s. indre Moberg 2, Hans, f. 1855, kjøpmann i Oslo, ug., d. i Amerika 1912, Erik Nikolai, f. 1862, lækjar i Oslo, s. o. sida 71, Jørna, f. 1865, g. 1888 Ola Søfteland, s. S. 11, Larsina, f. 1868, g. 1892 Eivind Larsson indre Haugland, b. Brekke i Fitjar, s. Fitjarboki 11. 7.  Lars døydde alt i 1870.  Ekkja Margreta Eriks dtr. hadde so bruket nokre år. 
Ho selde det i 1872 og kjøpte so eit bruk på Rød i Fana.  Ho selde dette til versonen Nils Haugland og tok kår, men flutte seinare til Haugland i Os og døydde her i 1905. 

Isak Olson Sørstrønen, f. 1835, kjøpte bruket i 1872.  G. 1864 Maria Hans dtr. Tøsdal, f. 1838.  Isak vart sidan buande på Klyva, s. K. 5, der ein vil firma meir um han og huslyden hans. 

Staten kjøpte bruket av Isak i 1874 for 1200 spd., og eigedomen vart no driven ved paktarar.  Ein Hans Larsson pakta det i 1875 og Knut ytre Moberg i 1877. 

Gitle Larsson Sundøy, f. 1811, vart paktar i 1879 saman med sonen, s. n.  Han hadde fyrr vore busett i Hovlandsneset, s. Hovland 4.  G. 1847 Ragnhild Daniels dtr. Sørstrønen, f. 1823.  Born: Kristina, f. 1851, d. 1865, Lars, f. 1855, s. n.  Gitle var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde i 1897 og kona i 1881. 

Lars Gitleson Sørstrønen, f. p. Hovland 1855, pakta bruket frå 1879.  I 1900 kjøpte han innmarki på bruket av Staten for 3100 kroner.  G. 1877 Marta Jons dtr. indre Moberg, f. 1854.  Born: Kristina, f. 1877, g. 1897 Mons Sælen, s. S. 3, Rasmus, f. 1882, fabrikkarbeidar, b. Porsgrunn, Johan, f. 1884, s. n., Lars, f. 1886, g. Pernilla Røttingen, s. R. 2, Ola, f 1891, s. br. 12, Maria, f. 1898, g. 1925 Martin Lepsøy, s. Hovland.  Eit barn døydde tidleg.  Lars var fiskar likeins som faren.  I 1910 skifte han bruket millom tvo av sønene, s. n. og br. 12.  Lars døydde i 1927 og Marta i 1928. 

Johan Larsson Sørstrønen, f. 1884, skøytte denne parten av farsbruket i 1911.  G. 1908 Brita Lars dtr. Dorflått frå Stryn i Nordfjord, f. 1883.  Born: Magnhild, f. 1909, g. Albrigt Hagevik, Johannes, f. 1911, g. Synneva Døsen, Karolina, f. 1913, g. Jon Askvik, s. A. 22, Laura, f. 1916, Margit, f. 1923.  Ei gjenta døydde ung.  Johan hev drive fiske o. a. attåt gardsbruket. 


SØRSTRØNEN 3. 

Ola Bårdson Sundøy, f. ikr. 1630, heldt denne parten att då han let den andre halvparten av bruket sitt, br. 1, frå seg til versonen i 1681 . Um Ola s. br. 1. 

Lars Olson Sørstrønen, f. ikr. 1670, fekk dette bruket etter faren i 1698.  G. 1701 Kari Anders dtr. indre Haugland, f. 1676.  Born: Kari, f. 1702, s. n., Guro, f. 1706, g. 1734 Peder ytre Haugland, s. y. H. 2.  Tvo gutar døydde unge.  Lars dreiv fiske og greidde seg tolleg godt.  I 1705 kjøpte han halve bruket sitt av Evert Roaldstveit og Johan Revna, som åtte det då.  Lars døydde alt i 1717. 

Ola Jonson Halhjem, f. 1696, vart i 1718 gift med ekkja Kari Anders dtr. og vart brukar.  Dei fekk ikkje born.  Då eldste dotter åt Kari vart vaksi og gifte seg i 1731 fekk ho bruket her, og Ola flutte so heim til Halhjem att og fekk farsbruket der.  Ein finn meir um Ola og Kari under Halhjem 5. 

Lars Paulson ytre Haugland, f. 1708, vart i 1731 gift med Kari Lars dtr. Sørstrønen, f. 1702, og fekk bruket etter vermori og siste mannen hennar då dei flutte til Halhjem.  Born: Anna, f. 1732, g. 1781 Svein Røttingen, s. R. 2, Kristi, (tvilling), f. 1734, g. 1767 Ola Pederson Hammersland frå Hålandsdalen, døydde same året, Lars, f. 1735, s. n., Paul, f. 1736, Hans, f. 1738, d. ug. 1773, Kari, f. 1742, d. ug. 1783.  Tvo born døydde unge.  Lars åtte likeins som verfaren helvti av bruket sitt, men sat elles tungt i det.  Han dreiv ogso ein grand med sjøen.  Då presten Leganger i 1741 ruska upp med øybuane for dei hadde vore burt i Lepsøyskogen, so måtte ogso Lars for retten, men han hadde ikkje teke meir enn 10 bøttekrokar av brakje, sa han.  Og det vart godteke.  Han likte ikkje å leggja skatt, og då lensmannen ikkje fekk skatten, vart kaptein Smitt og tvo mann med han sende for å krevja pengane eller ta pant for dei.  Lars sa då kva kar kapteinen var.  Me kann ikkje skriva ordi hans her, men dei kosta han tvo dalar i tillegg til skatten.  Lars døydde alt i 1742. 
Ekkja Kari Lars dtr. hadde so bruket i 4 år.  Ho streva hardt for å greida seg, og då Kongen i 1743 gav ein «naadegave til de fattige», so fekk Kari ei tunna korn av «naadegåven».  Det fall 15 tunnor på Os skipreide. 

Anders Pederson som var dreng hjå ekkja Kari Lars dtr., gifte seg med henne i 1746 og vart brukar.  Kvar han var frå, veit me ikkje, men det er lite truleg at han var osing.  Dei fekk ikkje born.  Anders døydde i 1758 og Kari straks etter. 

Lars Larsson Sørstrønen, f. 1735, vart brukar etter stykfaren då han døydde.  Han hadde ogso fenge skøyte på bruket hjå Anders og dei andre som åtte i det.  Lars vart soleis heil sjølveigar.  G. I. 1761 Brita Sveins dtr. Røttingen, f. 1738, d. 1767, g. II. 1768 Bårni Nils dtr. Jarland frå Samnanger, f. 1730.  Born: Lars, f. 1764, s. n.  Lars hadde stort sjøbruk og dreiv mykje med fiske.  Han sat tolleg godt i det. 
Lars hadde ein dreng som kom til han i 1772 og var hjå han i 12 år.  I 1784 stemnde drengjen, som elles var syskenbarnet åt Lars, husbonden til tings avdi han ikkje hadde fenge løn for tenestetidi.  Fyrr drengjen kom til Lars, hadde han som 13 år gamall gut tent på Halhjem, og for eit års tenesta der fekk han mat, sko og klær og ½ dalar i pengar.  Etter vanleg skikk skulde han ha for tenesta si hjå Lars:  For dei 2 fyrste åri, då han var 14 – 15 år gamall, berre mat, sko og klær, i dei tvo næste åri 1 dalar um året attåt, i dei tvo komande åri 2 dalar, og seinare 3 dalar året umframt mat, sko og klær.  Lars gav drengjen nokre dalar og det vart forlik millom dei. 

Det var eit godt steintak på Sørstrønen, og grannen på br. 4 hadde selt 8 jaktelaster med stein frå steintaket utan å gjeva Lars nokon part av pengane for steinen.  Prisen var frå 3 ort til 4 ort og 8 skjeling for kvar jaktelast, av dette vart tridjeparten rekna for arbeidet med lastingi.  Då Lars krov sin part av pengane sa grannen at Lars fyrr hadde selt nokre laster stein frå Kverneviki, og saki fall burt. 

Lars Larsson Sørstrønen, f. 1764, skøytte farsbruket i 1785 og vart brukar saman med faren.  Lars, som var ugift, døydde alt i 1789. 

Gamle Lars Larsson måtte so atter ta stjorningi av bruket då sonen fall frå.  Han selde i 1791 og sette so upp eit serskilt hus åt seg.  Her døydde han i 1825, 90 år gamall, og Bårni i 1812. 

Berge Knutson Vinnes frå Strandvik, f. 1763, kjøpte bruket i 1791 for 410 riksdalar.  G. 1790 Anna Anders dir. Rein frå Strandvik, f. ikr. 1762.  Born: Brita, f. 1791, d. ug. 1869, Ola, f. 1793, s. n., Sesilia, f. 1796, d. ug. 1828, Guro, f. 1799, g. 1823 Engjel Hatvik, s. Ferstad 2, Knut, f. 1806, d. ug. 1836.  Tvo gjentor døydde unge.  Berge dreiv fiske attåt gardsbruket, men sat tungt i det.  Han døydde alt i 1806. 
Ekkja Anna Anders dtr. stjorna so bruket eit par år. 

Nils Pederson Lunde, f. 1767, vart i 1808 gift med ekkja Anna Anders dtr. og flutte hertil som brukar.  Son åt Anna, Ola, hadde fenge skøyte på bruket fyrr faren døydde, og Nils skulde vera brukar til han vart vaksen.  Men då Nils flutte hertil, so krov Ola bruket straks, trass han berre var 15 år gamall, og Nils flutte med huslyden til plassen Gangstø som han rydja og bygde, s. br. 7. 

Ola Bergeson Sørstrønen, f. 1793, overtok farsbruket då han var 15 år gamall.  G. 1812 Ingeleiv Nils dtr. Lepsøy, f. 1791.  Born: Berge, f. 1815, s. n., Kari, f. 1816, g. 1851 Johannes Askvik, s. A. 2, Nils, d. e., f. 1818, ug., Anders, f. 1820, drukna på Krossfjorden 1839, Ola d. e., f. 1821, g. 1850 Guro Askvik, s. Ulven 7, Hans, f. 1823, g. 1851 Elen Marie Ask, s. Søfteland 1, Anna, f. 1826, Engjel, f. 1828, g. 1862 Brita Bergstø, s. Søfteland 6, Nils, d. y., f. 1832, b. Fana, Lars, f. 1834, d. ung, Ola d. y., f. 1835, tok handelsborgarskap i Bergen 1865.  Ola dreiv med sjøen likeins som fyremennene.  Han døydde i 1870 og kona i 1869. 

Berge Olson Sørstrønen, f. 1815, skøytte farsbruket i 1842. G. 1841 Kristi Kristoffers dtr. Røttingen, f. 1819.  Born: Ingeleiv, f. 1845, s. n., Kari, f. 1846, g. 1870 Ola Røttingen, s. R. 7, Ola, f. 1850, d. ug. 1873, Kristiana, f. 1853, s. br. 6, Kristoffer, f. 1855, kom burt på sjøen 1879, Hansina, f. 1859, s. n.  Tvo gjentor døydde unge.  Berge byrja som lærar i sin ungdom, s. O. B. 369, men vart sidan ved gardsbruket.  Han livde radt til 1911, då han var 96 år gamall.  Kona døydde i 1890. 

Mons Johannesson Nordstrønen, i. 1852, vart i 1880 gift med Ingeleiv Berges dtr. Sørstrønen, f. 1845, og fekk bruket etter verfaren i 1882.  Ingeleiv døydde på barseng i 1881, og Mons gifte seg att tvo år etter med syster hennar Hansina Berges dtr. Sørstrønen, f. 1859.  Born: Engjel, f. 1884, s. n., Kristian, f. 1887, g. 1912 Anna Røttingen, s. R. 3, Ingeborg, f. 1891, g. 1916 Nils Søfteland, s. S. 1, Kristoffer, f. 1896, g. 1924 Ingeborg Sundøy, s. Røttingen 42, Johannes (tvilling), f. 1900, sjømann, g. Ingeborg Ystås frå Granvin, Berge, f. 1900, g. 1925 Borghild Lunde, s. L.  Tvo born døydde unge.  Mons dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1913 og Hansina i 1920. 

Engjel Monsson Sørstrønen, f. 1884, skøytte farsbruket i 1914.  G. 1911 Thea Peders dtr. Sandvik frå Samnanger, f. 1892.  Born: Borghild, f. 1912, g. 1936 Nils Bjånes, s. B. 3, Hanna, f. 1913, Magnus, f. 1915, død, Per, f. 1917, sjømann, Trygve, f. 1921, Kåre, f. 1924, Leon, f. 1927.  Engjel hev vore med i skule- og fatigstyre, likningi o. a. 


SØRSTRØNEN 4. 

Bård Olson Sørstrønen, f. 1681, fekk i 1704 då mori døydde tridjeparten av hennar og stykfaren sitt bruk, s. br. 1, og seinare fekk han ogso ein part av br. 2 og 3.  Bruki på Sørstrønen fekk etter dette slik storleik:  Bruk 2 og 4 hadde kvar sin tridjepart av garden, og bruk 1 og 3 hadde ein tridjepart ihop.  Dette stod ved lag i mange år, men seinare vart skilnaden millom bruki jamna noko ut ved at dei som hadde minste bruki kjøpte partar av dei største. 
Bård vart gift i 1706 med Mari Jons dtr. Nordstrønen, f. 1688.  Born: Kari, f. 1707, g. 1731 Mons Nordstrønen, s. N. 2, Jon, f. 1712, d. 1733, Mari, f. 1713, g. 1737 Lars indre Tuen, s. i. T. 3, Ingjerd, f. 1717, Maria, f. 1720, g. 1750 Knut Midthus, s. M. 2, Ola, f. 1722, s. n., Kari (tvilling), f. 1725, d. ug. 1767, Anna, f. 1728, g. 1775 Tomas Halhjem, s. H. 5, Magdela, f. 1730, g. 1765 e. Jakob Eivindson Hatletveit frå Strandvik.  Tvo born døydde unge.  Bård sat smått i det den fyrste tidi og var rekna millom dei «ringere bønder», då han i 1713 var med å likna ut krigsskatten, men arbeidde seg framover etterkvart.  Han døydde i 1731. 
Ekkja Mari Jons dtr. hadde so bruket eit par år. 

Åmund Kristofferson Bø, f. p. Sælen 1703, gifte seg med ekkja Mari Jons dtr. i 1733 og vart brukar her.  Dei fekk ei dotter, Kari, f. 1734, g. 1761 Mikkjel Nilsson Nordvik i Fana, b. Nordvik, s. F. B. 600.  Åmund åtte ein liten part i garden som han fekk med kona, men fekk ikkje skøyte på bruket.  Han måtte saman med grannane til tings i 1741 og svara for hoggingi i Lepsøyskogen, men slapp lett frå det då han ikkje hadde havt øks med seg i skogen.  Mari døydde i 1743, og året etter flutte Åmund til Nordvik og gifte seg der med ekkja Anna Vinsjans dtr. Nordvik som var mor til Mikkjel, s. F. B. 599. 

Ola Bårdson Sørstrønen, f. 1722, fekk skøyte på farsbruket i 1744, med di han då ogso fekk kjøpa dei partane i bruket som ymse folk i Strandvik og Fusabygdi åtte.  G. I. 1745 Guro Ols dtr. indre Moberg, f. 1719, d. 1760, g. II. 1763 Brita Steffens dtr. Grindevoll, f. 1737.  Born: Ola, d. e., f. 1752, d. 1767, Jon, f. 1765, s. n., Steffen, f. 1768, s. Midthus 2, Baard, f. 1773, g. 1798 Marta Lien, s. Midthus 2, Ola d. y., f. 1775, g. 1796 Guro Askvik, s. A. 3.  4 born døydde unge. 
Ola åtte bruket sitt og greidde seg godt.  Han åtte ogso saman med eit par andre eit bruk i Midthus, og i 1746 skøytte dei bruket på syster åt Ola, Marta Baards dtr.  Ola krov no at Størk Midthus som budde på bruket skulde flytja burt for at Marta kunde ta bruket sjølv, og straks etter måtte Størk flytja.  Marta vart sidan gift og buande på Midthus, s. M. 2.  
Ola var jamt på tinget for eitt eller anna, og han måtte fleire gonger leggja bøter, ein gong heile 4 dalar, for at han hadde sagt ting som ikkje kunde provast.  Han døydde i 1803 og Brita i 1824. 

Jon Olson Sørstrønen, f. 1765, skøytte farsbruket i 1787 for 92 dalar.  Han var ungkar til 1800, men gifte seg då med Anna Johannes dtr., f. ikr. 1770, som tente hjå han.  Born: Ola, f. 1800, s. n., Elias, f. 1803, g. 1838 Kristi indre Moberg, s. i. M. 3, Synneva, f. 1806, g. 1827 Lars indre Tuen, s. i T. 3, Jon, f. 1812, g. 1829 Ingeborg Lepsøy, s. L. 2.  Jon var ein drivande kar, hadde stort notbruk og mykje fiskereidskaper, og sat godt i det.  Då han ein dag i jonsokvika 1827 lauga seg i sjøen fekk han ilt og drukna.  Kona livde til 1863, då ho var over 90 år gamall. 

Ola Jonson Sørstrønen, f. 1800, vart brukar då faren døydde.  G. 1827 Synneva Isaks dtr. Økland, f. 1804.  Born: Anna, f. 1828, g. 1852 Nils Røttingen, s. Lepsøy 4, Synneva, f. 1829, g. 1851 Ola Røttingen, s. R. 4, Jon, f. 1831, s. n., Brita, f. 1833, g. 1866 Ola Røttingen, s. R. 4, Isak, f. 1835, g. 1864 Maria Tøsdal, s. br. 2, Johanna, f. 1839, g. 1860 Arne Heggland, s. H. 1, Ola, f. 1842, s. br. 10, Engjel, f. 1847, d. 1865.  Tvo born døydde unge.  Ola dreiv med sjøen likeins som faren.  Han døydde i 1875 og Synneva i 1882. 

Jon Olson Sørstrønen, f. 1831, skøytte farsbruket i 1859.  G. 1861 Anna Jons dtr. Lepsøy (syskenborn), f. 1842.  Born: Synneva d. e., f. 1861, s. n., Anna, f. 1864, g. 1894 Vinsjans Ljotun, s. Nordstrønen 1, Ingeborg d. e., f. 1867, d. 1882, Olina, f. 1871, g. Johan Tveten, Bergen, Johanna, f. 1873, s. n., Synneva d. y., f. 1877, g. Halvor Halvorsen, Skien, Josefia, f. 1881, g. Ingebrigt Søreide, Austevoll, Ingeborg d. y., f. 1883.  Jon dreiv notbruk attåt gardsbruket.  Han døydde i 1894 medan kona livde til 1928. 

Lars Jonson Rossvoll frå Fusa, f. 1851, vart i 1894 gift med Synneva Jons dtr. Sørstrønen, f. 1861, som hadde fenge skøyte på bruket fyrr faren fall frå.  Synneva døydde i 1900 på barseng, og Lars gifte seg att same året med syster hennar Johanna Jons dtr. Sørstrønen, f. 1873.  Då Johanna var død i 1909 gifte Lars seg att i 1911 med Hansina Haktors dtr. Søreide frå Austevoll, f. 1870.  Born: Synneva, f. 1901, Jonas, f. 1903, s. n., Borghild, f. 1906, g. 1926 Jon Bratholmen, s. Røttingen 32.  Eit barn døydde tidleg. Lars hadde vore sjømann og skippar fyrr han kom til Sørstrønen.  Han døydde i 1921. 

Jonas Larsson Sørstrønen, f. 1903, skøytte farsbruket i 1923 og hev det no.  G. 1927 Sofia Engjels dtr. Uglenes frå Fitjar, f. 1903.  Born: Lars, f. 1927, Magnhild, f. 1928, Jon, i. 1929, Erling, f. 1930. 


SØRSTRØNEN 5 (Kvernevik). 

Kristian Kvernevik er fyrste mann som me finn nemnd her og er kannhenda den som rydja bruket.  Me kann tru at han var eit slag handverkar og var truleg frå Bergen.  Han døydde i 1663. 

Ola Kvernevik, f. ikr. 1620, var brukar her i 1650 åri.  Um han var i ætt med Kristian veit me ikkje.  Ola var tvillaust skreddar likeins som sonen vart det, då plassen i hans tid ogso var kalla «Skreddarviki».  Då han døydde i 1696, vart han ogso skriven for Ole Skræddervigen. 

Peder Olson Kvernevik, f. ikr. 1640, vart brukar etter faren og hadde alt fenge bruket i 1662.  Han vart då rekna som husmann under Sørstrønen.  Kona heitte Helga, og me veit um 3 born, Jakob, f. 1669, Johanna, f. 1673, Ola, f. 1678, d. ug. 1706.  Peder var skreddar og vart jamleg skriven i bøkene for «Peder Skrædder».  Me kann ikkje finna at Peder og Helga er døde i Os, og truleg flutte dei frå bygdi etter 1700. 

Arne Arneson Kvernevik, f. ikr. 1695, busette seg her ikr. 1725.  Kvar Arne var frå er noko uvisst.  I militærrulla stend at han var fødd i Bergen, men på tinget vart uppgjeve at han var fødd på øvre Titlestad.  Fyrr han kom til Kvernevik, var han dreng hjå oberst Pritzier på Klyva.  G. I ikr. 1720 Sigrid Eriks dtr., g. II 1727 Ingeborg Jons dtr. Sørstrønen, f. 1682, som fyrr hadde vore gift med Jon ytre Moberg, s. y. M. 6.  Av borni kjenner me berre tvo: Arne, f. ikr. 1725, g. 1749 Barbru Nils dtr., s. Sundøy 4, Nils, f. 1728, d. ung.  Arne var tambur og stod i 13 år ved oberst Pritzier sitt kompani.  I 1738 tok han avskil frå hertenesta.  Då han kom til Kverneviki byrja han som eit slag gjestgjevar her og heldt hus for ferdafolk, noko som han fekk svida dyrt og lenge for, s. O. B. 138 – 139.  Det var lite å tena for Arne som gjestgjevar, han hadde ikkje pengar til å kjøpa nok øl og brennevin til ferdafolket, og han måtte for det meste livja seg ved fiske.  I 1746 tok han saki upp att, som han vart dømd uretteleg for i 1744, s. O. B. 138 – 139, og tok ein prokurator Cramer til å hjelpa seg.  Det vart ei lang og flokut sak og det vesle Arne tente på saki, og meire til, gjekk som «salær» til prokuratoren.  I 1751 brann husi hans upp, og han makta ikkje å byggja dei upp att.  Kona var då død og han gjekk sidan og bad seg i bygdi.  Ein gamall mann fortalde i 1925, at då husi brann i Kverneviki berga dei borni sine på den måten, at dei fekk dei upp i ein stamp og sette stampen med ungane i på sjøen.  Um det ligg noko til grunn for denne segni veit me ikkje, men me kann ikkje sjå at det var born i Kverneviki då husi brann.  Kona døydde i 1750 og Arne sjølv ikr. 1760.  Det vart etter hans tid ikkje buande folk i Kverneviki. 

SØRSTRØNEN 6 (Strøneneset). 

Peder Krisfofferson Røttingen, f. 1750, festa eit jordstykke her i 1774, og rydja og bygde på bruket.  G. 1775 Kari Mons dtr. Sundøy, f. 1744.  Born: Mari, f. 1776, g. 1827 Jon Sundøy, s. S. 3.  Peder dreiv mykje med fiske og greidde seg tolleg godt trass han var rudningsmann.  Han døydde alt i 1780. 

Daniel Albrigtson Grindevoll, f. 1752, vart i 1781 gift med ekkja Kari Mons dtr. og vart brukar her.  Kari døydde på barseng etter tvillingfødsla i 1783, og Daniel gifte seg att året etter med Anna Morteins dtr. ytre Moberg, f. 1746.  Av 4 born vaks det upp berre ei dotter, Kari, f. 1786, g. 1835 Anders Halhjem, s. H. 3.  Ikr. 1788 flutte Daniel til Lekven, der han var busett til 1810, og sidan vart han buande på Ferstad, s. F. 

Jørgen Pederson ytre Haugland, f. 1737, som fyrr hadde vore brukar på Særvoll, s. S. 1, vart brukar då Daniel flutte.  G. I 1758 e. Gunhild Steffens dtr. Særvoll, f. ikr. 1704, d.1779, g. II 1780 Marta Ols dtr. Tveit, som fyrr hadde vore gift med Hans ytre Haugland, s. y. H. 9.  Jørgen var fiskar og sat sverande tungt i det.  Han døydde i 1806. 
Ekkja Marta Ols dtr. hadde so bruket til ho døydde i 1814. 

Anders Asbjørnson ytre Haugland, f. 1784, festa bruket etter Marta.  G. I 1816 Johanna Peders dir. Skjeie, f. 1780, d. 1838, g. II 1844 Ingjerd Johannes dtr. Askvik, f. 1803.  Born: Ingeborg, f. 1818, g. 1844 Rasmus Askvik, s. Forstrønen 3, Synneva, f. 1822, g. 1853 Henrik Steffenson Hetleflaat, b. Stendadalen i Fana.  Anders dreiv med sjøen likeins som fyremennene.  Han døydde i 1860 og Ingjerd i 1857. 

Lars Larson Sørstrønen, f. 1811, festa bruket i 1850 av br. 2 som rådde over det.  G. 1850 Sesilia Lars dtr. Bruarøy (Røttingen), f. 1825.  Born: Lars, f. 1852, s. n. Lars var fiskar som dei andre fyrr han.  Han døydde i 1885 og kona i 1882. 

Lars Larsson Sørstrønen, f. 1852, vart brukar etter faren.  G. I 1877 Kristiana Berges dtr. Sørstrønen, f. 1853, d. 1902, g. II 1906 Anna Peders dtr. Sætersdal frå Haus, f. 1851.  Born: Lars, f. 1877, d. 1899, Kristoffer, f. 1882, s. n., Sesilia, f. 1884, i Amerika, Kristi, f. 1887, Birgitta, f. 1890, Anna, f. 1892, g. 1914 Hans ytre Haugland, s. y. H. 5.  Tvo born døydde tidleg.  Lars var fiskar likeins som faren.  I 1901 fekk han bruket skyldsett og skift ut frå hovudbruket som serskilt bruk.  Lars døydde i 1925 og Anna i 1922. 

Kristoffer Larsson Sørstrønen, f. 1882, skøytte farsbruket i 1910.  G. 1913 Malena Peders dtr. Røttingen, f. 1889.  Born: Agnes, f. 1913, g. Engjel Hansson Skorpen, Magnus, f. 1917, Ingeborg, f. 1922.  Kristoffer var fiskar som forfederne hadde vore.  Han døydde alt i 1928. 
Ekkja Malena Peders dtr. hev stjorna bruket sidan manmen fall frå.  


SØRSTRØNEN 7 (Gangstø). 

Nils Pederson Lunde, f. 1767, flutte hertil og rydja og bygde i 1809 då han ikkje fekk bruket heime i Sørstrønen, s. br. 3.  G. 1808 med Anna Anders dtr. Rein, f. 1763, som fyrr hadde vore gift med Berge Sørstrønen, s. br. 3.  Nils og Anna hadde ikkje born.  Nils dreiv treskoarbeid og var fiskar.  Han døydde i 1847 og kona i 1846.  Bruket, som i dagleg tale fekk namnet «Frenkeplasset», fall attende til garden. 


SØRSTRØNEN 8 (Luren). 

Steffen Ingebrigtson Lepsøy, f. 1761, flutte frå Lepsøy der han fyrr hadde vore busett, s. L. 7, til Sørstrønen og rydja og bygde her ikr. 1810.  Han var gift i 1795 med ekkja Anna Lars dtr. Hildershamn, f. p. Nordstrønen 1746, som fyrr hadde vore gift med Ola Hildershamn, s. Askvik 4.  Dei hadde ikkje born.  Steffen var fiskar og gjekk i dags-lønsarbeid.  Steffen døydde i 1823, og verson åt Anna, Nils Hansson «Janbrugen», tok då utan vidare henne og alt det ho åtte til seg utan å halda skifte.  For dette måtte han leggja ei bot til fatigkassen.  Då Anna flutte vart bruket nedlagt. 


SØRSTRØNEN 9. (Søre Neset). 

Johannes Haugneson Røttingen, f. 1779, festa eit jordstykke her i 1818.  G. 1817 Ragna Hans dtr. Dale frå Fusa, f. 1781.  Born: Hans, f. 1817, b. Bergen, Agata, f. 1820, d. 1840.  Johannes var fiskar, men døydde alt i 1820. 
Ekkja Ragna Hans dtr. hadde so bruket i mange år.  Ho døydde i 1853. 

Jan Janson Skjeie, f. ikr. 1803, flutte hertil ikr. 1840 og sette seg upp hus her.  Han hadde fyrr vore busett på Halhjem.  G. 1829 Brita Halvards dtr. Halhjem, f. 1791.  Born: Kari, f. 1830, g. 1857 Nils Halhjem, s. H. 7, Ingeborg, f. 1831, s. n.  Jan dreiv fiske og gjekk i anna arbeid.  Han livde til 1880, medan kona døydde i 1859. 

Jon Jonson Sundøy, f. 1818, festa bruket som Ragna hadde havt i 1860.  G. 1858 Ingeborg Jans dtr. Sørstrønen, f. 1831.  Born: Jon, f. 1860, b. Bergen, Bertina, f. 1865, d. 1892.  Jon var fiskar som dei andre i Strøneneset.  Då han ein dag i 1891 skulde gå i båten med ei byrda på ryggen, gjekk han utanbords og drukna.  Kona var død i 1887, og bruket fall attende til garden. 


SØRSTRØNEN 10. (Varden). 

Ola Olson Sørstrønen, f. 1842, festa i 1878 eit jordstykke av broren sitt bruk, s. br. 4, eller som det stend i tingboki, «en udengjerdes plads kaldet Store-Varden».  Ola hadde fyrr vore busett i Sundøy hjå verfaren.  G. 1871 Kari Ols dtr. Sundøy, f. 1849.  Born: Kristian, f. 1873, d. ung, Kristiana, f. 1876, g. 1916 Torstein Lien, b. Hauge, s. H., Synneva, f. 1878, Lars, f. 1880, g. 1912 Hansina Jakobs dtr. Osøyri, b. Sjøvoll, Hauge, s. H., Ola, f. 1884, stuert tilsjøs, b. Bergen, Elias, f. 1887, hev vore sjømann, styrer no Fylkeshotellet i Bergen.  Ola var sjømann all sin dag.  Han døydde i 1924, og ekkja flutte sidan til sonen i Bergen. 


SØRSTRØNEN 11. (Selvågen). 

Peter Johan Normann, f. i Ølve 1850, vart styrar av Strønens østerskompani og busette seg her.  G. Augusta Knagenhjelm, f. Kaupanger i Sogn 1856.  Normann var kand.jur., men gjekk ikkje embetsvegen.  Han fekk interesse for østers-al og arbeidde med dette heile si tid.  Han var busett her til han døydde i 1934. 


SØRSTRØNEN 12. (Bjørkli). 

Ola Larsson Sørstrønen, f, 1891, fekk dette bruket då faren skifte bruket sitt i 1910 millom Ola og eldste broren, s. br. 2.  G. 1916 Gurina Anders dtr. Sundøy, f. 1894.  Born: Leif, f. 1918, Anders, f. 1920, Gunhild, f. 1922, Olaf, f. 1924, Harald, f. 1926, Margreta, f. 1927, Ingeborg, f. 1929.  Ola hev drive ymse slag arbeid, m. a. bryggjearbeid o. 1. 


SØRSTRØNEN 13. (Gangstø). 

Christian Stoltz frå Bergen kjøpte ein part av br. 12 i 1911 og hev sidan kjøpt fleire jordstykke.  På eigedomen er bygt sumarhus. 


SØRSTRØNEN 14. (Solrenning). 

Johan N. L. Blytt frå Bergen kjøpte eit stykke av br. 1 i 1912 og bygde sumarhus her.  Eigedomen vart i 1918 seld att til skipsmeklar Halfdan Grieg og frua Ragna Grieg som er eigar no. 


SØRSTRØNEN 15. (Langøen). 

Kristoffer Lepsøe, Jakob von Tangen Kielland og Otto Roll kjøpte øyi Langøen i 1916, der dei bygde sumarhus.  I 1925 selde dei øyi att til borgarmeistar Wilhelm Lie.