SKULE OG UPPLÆRING

Frå OS SOGA I side 335 – 380

SKULE OG UPPLÆRING.

SKULEN.  

Fyrr reformasjonen finn me ingen folkeskule i Norig.  Rett nok var det ymse skular der ein fekk eit slag upplæring til prestar o. 1., men nokon skule for det ålmenne folk fanns ikkje. 
Heilt fritt for upplæring var det likevel ikkje i katolsketidi.  Den gamle norske kristenretten frå 1270 sagde at kvart barn over 7 år skulde læra trudomsartiklane, Fadervår og Ave Maria.  Foreldri og fadrane hadde pligt på seg å læra borni dette.  Prestane skulde ogso gjenom preikorne sine gjera ungdornen kjend med dei bibelske hendingar, og ein kann soleis segja at ogso i den katolske tid fekk ungdomen eit slag upplæring i noko av katekisma og bibelsoga.  I dei sisste århundrad fyrr reformasjonen var det elles lite av denne upplæringi i bygderne.

I 1521 gav kong Kristian II ei lov um folkeupplæring, men lovi vart ikkje gjenomført.  Det er fyrst etter reformasjonen at det for ålvor vert tale um skule og upplæring for det ålmenne folk.  
I 1539 gav kong Kristian III ei kyrkjelov, og ho fastsette at i kvart prestegjeld skulde det vera ein degn eller klokkar.  Han hadde på seg å læra ungdornen katekisma.  Ein gong i vika, jamnast um sundagen, vart ungdomen samla i kyrkja, og her fekk ungdomen upplæring på den måten, at klokkaren las katekismestykki høgt fyre og borni las etter til dess dei hugsa det.  Kravet var at alle skulde læra dei ti bodordi, trudomsartiklane og fadervåret.  Attåt dette lærde ungdomen jamnast nokre salmar.  Lesing i bok, rekning eller skriving var det ikkje tale um.  

I 1629 kom det påbod um at klokkaren ogso skulde taka ein kvardag um vika til upplæring av ungdomen.  Det var då fyresetnaden at ungdomen skulde samlast på ein høveleg stad i grendi.   Dette påbod vart lite halde, men då det i 1645 kom eit kongebod um at dei som ikkje kunde katekisma heller ikkje fekk gifta seg so vart det straks ein snunad.  Ungdornen fekk no sjølv interesse av å læra so mykje at dei ikkje stod heilt fast når dei på trulovings-dagen vart spurd i katekisma av presten. 


Umframt born og ungdom pligta ogso alle soldatar å møta hjå klokkaren til upplæring, men dei skulka jamnast undan. 
Til klokkarar vart det gjerne teke studentar som av ein eller annan grunn ikkje hadde fenge eksamen eller embætsmannssøner utan serleg skuleutdaning.  Dei hadde soleis gjerne nokre kunnskapar, men jamt kunde det vera ting attåt som gjorde dei mindre høvelege til upplærarar kristendom.  I bygder med små og trange tilhøve måte ein jamt greida seg med ein vanleg bondegut som klokkarar då ingen andre vilde taka dette arbeid for liti eller mest ingi løn.  Ein vil då skyna at nokon verkeleg skule eller upplæring var det ikkje tale um i sovorne bygder.   
I Os tykkjest det likevel å vera gjort noko for skulen, ogso i dei tider.  Samuel Loss som var prest i Os frå 1601til 1658 var sterkt interessert for upplysning, og enndå meir sonen Jens Loss som vart prest etter faren.  Samuel Loss sette i 1630 åri upp eit serskilt hus på prestegarden til skulehus.  Huset vart bygd av Tøsdalsmennerne på presten sin eigen kostnad og timberet til huset fekk han frå ein skogteig »Huchåsen« (Høgåsen eller Haukåsen?), som høyrde til Lyseklosterskogane.  Då Jens Loss var død i 1668 vilde etterfylgjaren hans, den pengekjære presten Garmann, taka huset til sitt bruk, men ervingane etter Jens Loss prova då at skulehuset var deira eigedom, og dei tok huset burt.  I dette huset heidt klokkaren skule for ungdomen, men korleis upplæringi gjekk fyre seg hev me diverre liti greida på.  

Prestane skulde sjå etter at klokkarane gjorde si plikt med upplæringi.  Attimillom kom ogso bispen på visitas, og då vart både presten, klokkaren og ungdomen sett på prøve. 

I 1668 var bisp Nils Randulf på visitas i Os og han skriv um dette: »D. 3. May visiterede jeg udj Ousz huor ungdomen var flitteligen kommen tilstæde oc giorde goed reede for sig udj deris børnelæsning.«  I 1672 var bisp Randulf atter på visitas og då skreiv han: »Den 12te juni 1672 visiterede jeg i Ous kireke huor ungdommen kom iehun faae til sammen, dog giorde goed rede for sig.  Sognepresten oc klocheren finge got skudszmaal aff almuen«.  Det ser soleis ut til at osingane i dei åri hev lært katekisma vel, og at klokkaren Ola Olson Deberg hev vore ein dugande lærar.  Men truleg hev prestane Jens og Samuel Loss største æra for at ungdomen i Os då stod millom den allerbeste i Hordalandsbygderne. 

Etter kyrkjelovi skulde bygdefolket gjeva ein årleg skatt til skulestellet.  Frå 1682 var han sett til 2 skjeling av kvar laup smør i jordverde, men futane som skulde krevja inn skatten var likesæle um det heile og pengane kom ikkje inn.  Klokkarane som berre hadde ei liti godtgjersla for arbeidet sitt skulde ha skattefridom attåt, men futane tok likevel klokkarane med på skattelista.  Det ser soleis mest ut til at futane gjorde kva dei kunde for å hindra folkeupplæringi. 

Denne skipnad vara i tvo hundrad år utan serleg store brigde.  Då konfirmasjonen vart innførd i 1736 vart kravi til kunnskap i barnelærdom noko stridare enn dei fyrr hadde vore, men elles vart skipnaden mykje den same.  
I 1739 kom so den fyrste »skulelovi«.  Ho fastsette at borni skulde læra å lesa, skriva og rekna.  Det skulde på jamnen sytast for serskilte skulehus med lærarbustad, skulejord m. v., og det skulde leggjast fast skuleskatt.  I det heile var lovi soleis at ho kann segjast å vera eit grunnlag for skulestellet si utvikling radt til våre dagar. 
Men skulelovi frå 1739 var i røyndi ei lov som var langt fyre si tid, og difyr greidde riksstyret heller ikkje å gjenomføra lovi.  I 1741 kom då ein »plaket» um korleis skipnaden verkeleg skulde vera.  Lovi frå 1739 skulde framleis gjelda, men kvart prestegjeld skulde sjølv få avgjera um kor mange av påbodi som kunde gjenomførast i bygdi og korleis dei skulde setjast i verk.  Amtmannen, futen, prosten presten, lensmannen og 4 av dei besste menner i kvar sokn skulde koma saman for å avgjera saki.  Men vanleg vart det berre presten og nokre bygdemenn som kom saman og fastsette skuleskipnaden i bygderne. 

I Os kom 4 menn frå kvar av dei fem sokner i prestegjeldet, Os, Fusa, Strandvik, Hålandsdalen og Samnanger, saman på prestegarden den 10. oktober 1742 for ilag med presten Nils Legenger å få istand ein skuleskipnad for Os prestegjeld.  Det vart då på dette møte sett upp ein »Skolefundats for Ous Prestegjeld« i 20 paragrafar, og fundatsen vart godkjendt av stiftsbefalsmann Møynichen og bisp Bornemenn den 20. mars 1743.  

Etter den vedtekne skipnaden skulde det tilsetjast 5 lærarar i prestegjeldet, ein i kvar sokn.  Løni vart sett til 10 daler for kvar, med fri kost og hus åt læraren hjå den bonden som heldt skulerom.  Dei andre i skulekrinsen skulde leggja pengar for dette til han som heidt skulestova og lærarkost.  Skulen skulde vara i 6 månader um året, soleis at han flutte millom grenderne med nokre vikor skule ein stad i kvar grend. 

Til utlogorne ved skulen skulde kvar gardbrukar leggja ein skatt av 8 skjeling um året, kvar tenestedreng 2 skjeling og kvar tenestegjenta 1 skjeling årleg.  Likeins skulde kvart par som vart trulova gjeva 4 skjeling, og tvo gong er um året skulde offertavla gå ikring i kyrkja til inn. samling.  Det som vart att av innkomorne når lærarløni var lagt skulde brukast til bøker åt fatige born o. a..  Til å krevja inn skuleskatten vart tilsett 2 menn i kvar sokn.  

Denne fundats vart underskriven av presten og 2 menn frå kvar av soknerne.  For Os vart han underskriven av dei tvo Lekvenmennerne, Lars Åmundson og Lars Ellingsen Lekven.  Til innkrevjingsmenn vart sett Hans Hatvik og Elias ytre Drange. 

Etter at skipnaden var godkjend i 1743 vart det av prosten tilsett 5 lærarar i prestegjeldet.  Me veit berre namnet på den eine av dei, Olav Haldorson Bakka frå Fusa.  Kven dei andre var veit me diverre ikkje.  

No var skuleskipnaden i Os greid – på papiret.  Men det gjekk ikkje so greidt i røynd.  Bygdefolket totte ille um den nye utloga og lærarane fekk ikkje løni si.  Likeins fann folket det heilt uturvande at borni skulde ha so mykje upplæring, og mange sende difyr ikkje borni sine i skulen.  Lærarane klagde til presten og bispen over denne likesæla og over at dei ikkje fekk løni si.  Bygdefolket fekk mykje skrubb for dette, men dei slog berre på at fundatsen var ikkje bindande for nokon.  Han var berre underskriven av presten og tvo soknemenn, og etter plakaten av 1741 stod det til bygdefolket sjølv å avgjera um det i det heile skulde vera skule i bygdi eller ikkje.  

Nils Leganger døydde i 1747, og den nye presten Gjert Geelmuyden freista å få betre skikk på skulestellet, men fåfengt.  Geelmuyden var ein strid kar som ikkje gav seg so lett, men her kom han ingen veg.  Han klagde difyr til bispen, og han gav det råd at bygdefolket burde samankallast til eit nytt møte.  Det måtte då lagast ny skulefundats og denne burde um mogelegt underskrivast av alle bygdefolk, anten med namn eller med bumerke, soleis at dei ikkje sidan kunde sleppa frå sine skyldnader.   

Presten freista å få eit sovore møte istand men fekk ikkje bygdefolket med, og han klagde på nytt til bispen.  Bisp Pontoppidan rådde no til at futen måtte taka seg av »den opsætsige almue i Os», og futen var straks viljug å hjelpa til med å aga osingane.  

Floken vart likevel løyst på ein meir sømeleg måte.  Futen i Sunnhordland Andreas Heiberg og prosten Morten Ruus kalla prestane og nokre av dei besste menn frå ymse bygder i Sunnhordland ihop til eit møte på Terøyi den 18. april 1750.  Her vart det semja um å taka ved ein ny skuleskipnad.  Ein ny fundats vart uppsett, og han vart underskriven av dei tvo kapellanane til Os, Hans Astrup og Fredrik Callundan. (Sokneprest Geelmuyden var ikkje med på møtet).  Likeins vart fundatsen underskriven av dei 4 lensmennerne i skipreidet, Hans Gjøn og Hans Lundarvik for lenets gods, Vinsjans Hauge for Lysekloster og Ola Halhjem for Rosendal gods, og dertil av 20 vyrde bønder i prestegjeldet.  Av underskrivarane var Hans Hatvik, Rasmus Haugland, Lars Lekven, Ola Bjørnen og Nils Hjelle frå Ossokni.  

Den nye skulefundatsen var for det meste lik fundatsen frå 1742.  Det serlege nye var at det no vart skipa ein retteleg umgangsskule.  Skulen skulde gå frå gard til gard, frå mann til mann, og læraren skulde ha hus og mat kor han kom.  Gardbrukarane slapp difyr å leggja kostpengar til læraren, og då skuleskatten til lærarløn ogso vart sett ned frå 8 til 7 skjeling vart skulen billegare for bygdefolket.  Lensmannen skulde no nemna upp innkrevjingsmennerne,
Då denne skulefundatsen vart grunnlaget for skulearbeidet i Os eit heilt århundrad tek me fundatsen inn i heilom.  Han treng ingi vidare tolking.

SKOLE:-FUNDATZ
for Ous Præsiegield forfattet Den 28de Aprilis Anno 1750.
Approbere! af Den høje Øvrighed Den 4de Junii
Anno 1750.


1) Præstegiældet har for nærværende Tid 525 Jordbrugende Mænd eller Huus-fædre, og som ikkun den mindste Deel deraf boer paa Øer, men de øvrige paa det faste Land, hvor den Plage er heele Aaret igiennem af glubende Dyr, saa behøver Almuen om Sommeren deris Tienere og Børn at vogte deres Qvæg, og altsaa kand Skole-holdet ikke være uden fra Michels-Dag til St. Hans-Dag, men dersom enten de paa Øerne eller nogle andre som have Leilighed, ville have Skole-hold længere Tid, nemlig imellem St. Hans-Dag og Michels-Dag, maa de derom accordere med de antagne Skolemestere for å par-te Betaling, saasom Almuen i Almindelighed kand ikke over Leilighed betynges, formedelst nogle bedre Omstændighed, dersom og nogen, som haver Leilighed, vil paa en eller anden Tid om Aaret holde en Skole-mester i sit Huus, maa han dog betale til Skoleholdet som de andre.

2) Præstegiældet har 5 Sogne og behøver 5 Skolemestere, hvis Districter lignes af Præsterne og Almuen selv saaledes, at saavidt skee kand, hver Skolemester haver lige stort District at læse udi.  Præsterne besøger Skoleholdet, naar de agter det af een eller anden Aarsag fornødent, da de nyder Fløtning hos Almuen, Almuen vil og, at Klokkeren efter gammel Skik, skal 2de Gange om Aaret nemlig Vaar og Høst reise om paa visse Samle-pladser udi Sognerne, at overhøre Ungdommen, hvortil han og nyder Flytning hos Almuen.  

3) Til Skole-mestere antager Præsterne saadanne Personer, efter den Kongl, Forordning, som opholder sig i Præstegiældet, fordi disse baade ere Landets Kost og Levemaade bevante, og kunde nøyes med mindre Løn til Lættelse for den fattige Almues Udgift.  Og naar da disse ere Bekandte af et Skikkeligt Levnet, og kunde forsvarligen lære Børnene ret at læse i Bog, maa de af Almuen uden Vægring antages.  Dersom og et eller andet Sogns Almue har selv nogen saadan Person at foreslaae, maa det staa dem frit for.   

4) Disse Skole-Mestere, som saaledes af de unge Karle i Præstegiældet, bør blive Skole-holdere udi 6 Aar, om de siden vilde nyde den tilsagde Frihed for Udskrivning, og da søge Præsternes Attest at de i den Tid have sig u-paaklageligen forholdt.  Men ville de selv vedblive længere Tid, maa det staae dem frit for, saa og om de antage noget Jorde-brug i Sognet, og endnu ville og kunde holde Skole uden Børnenis Forsømmelse, bør ikke andre ideris Stæd antages, men dersom nogen Skolemester befindes, Advarsel uagtet, enten at forsømme Undervisningen, eller at ilde medhandle Børnene, eller at forarge dem med Ord eller Adfærd, da bør han miste halvedelen af den Løn, som han det Aar har tient for, og strax viige Skole-holdet, efter Forhør i Sagen af Præsterne, Medhielperne og 2de Mænd i Districtet, hvorfor og Lønnen ikke maa leveres til nogen Skolemester forud. 

5) I henseende til at disse Skolemestere nyde Frihed for Udskrivning, tilstaaer Almuen i hvert District sin Skolemester for hvert Aars Skolehold, nemlig fra Michels-Dag til St. Hans Dag til Løn = 7 Skilling av hver Mand i Districtet.  Disse Penger indsamles ved hver St. Hans Dag af 2de Mænd i Districtet, som af Lensmanden opnævnes, og Pengerne til Skolemesteren leverer.  Samme Mænd maa og have Frihed uden Lov-maal at udpante Pengerne hos de modvillige.  

6) De Penger, som efter den Kgl. Forordning af 23. Januarii 1739 ere indsamlede af Ungdommen i Aarene 1739 og 1740, forbliver herefter som tilforn, hos Sogne-Præsten under Regenskab, efterdi samme ere dertil av Almuen henlagde, at deraf skulde kiøbes de Bibler og Huus-Postiller som ved Skoleholdet skulde forblive under Skolemesternes Ansvar, saavelsom fornødne Bøger til alle fattige Børn, som intet haver, og hvis Forældre ikke formaaer at kiøbe dem.  Saa bliver det og til samme Ende hos Sogne-Præsten, hvad til Skoleholdet gives eller udi Bøder kand dertil falde.  

7) Skolemesteren nyder Kost, Lys, Seng hos Almuen i Districtet, saalænge han der holder Skole, saaledes, at som Skole-holdet gaaer fra Gaard til Gaard og fra Mand til Mand, Skolemesteren da ogsaa uden ModsigeIse underholdes paa hvad Gaard han kommer, at Almuen kand bære lige Byrde med hverandre.  Hver Sogne-Mand drager tilbørlig Omsorg for, at saavel hans Tienere, som hans egne Børn holdes uden Forsømmelse i Skole, men skulde der findes saadanne fattige Børn, som ere Vanføre, svage og ubeqvemme til at tiene, da bekoster samtlig Districtets Almue tilsammen saadanne Børns Kost og Lære.  Have Huus-Mænd Børn, som de ikke ville lade tiene, da skulde de selv bekoste deris Børns Kost.  Skulde og nogen Mand i Districtet nægte Skolemesteren sin Kost, medens han er i hans Huus, da bør han betale i Mulct til Skole-Cassen for første Gang = 2 Mark, for anden Gang dobbelt, og saa fremdelis, hvilken Mulct af ovenmældte 2de Mænd udpantes, som foran er mældet.  

8) Skolemesterne nyde hos Almuen frie Flytning udi Districtet, saa skal og hver Skolemester, naar han ved St. Hans Dags Tider fratræder Skole-holdet levere Præsterne en rigtig Antegnelse paa de Børn han dette aar har lært, og dennem til Overhørelse fremstille. 

9) Paa det Almuens Udgift til Skoleholdet kand blive Børnene til Nytte, da maa det staae Almuen frit for, at inddeele Skole-Districterne efter deris Leilighed og Landets Situation, saa at hvert District bliver for saa mange Gaarders Børn, som beqvemmeligen kunde komme tilsammen, og Skolemesteren kand overkomme at lære, og gaaer saa Skolemesteren ikke fra et District til et andet, førend Børnene med engang har lært at læse i Bog, hvorfor, om det skulde skee, at Skole-holdet, enten formedelst Børnenes Seendrægtighed i at lære, eller Gaardernes Distance fra hinanden, ikke kand gaae Sognet omkring hvert Aar, saa betaler dog Almuen i Districtet Aarligen til Skolemesteren den Løn som foran er anført.  Ligesaa skulde Skolemesterne være forpligtede, når de holder Skole i Districterne, at foresætte Børnene, som ere hos dem, naar Leilighed er, visse Stykker i Catechismo og dens Forklaring at lære uden ad, og dem overhøre, saa ofte Tiden tillader det for dem, som lære at læse i Bog. 

Bygdefolki skyna no at det vart ålvor i leiken og dei fann seg i skipnaden.  Me ser heller ikkje at det seinare kjem serlege klagemål frå dei sjølv eller frå andre over dei.  At lensmannen fekk med innkrevjingi å gjera hjelpte ogso godt til at skuleskatten kom inn og at lærarane fekk løni si.  

Den stridshuga presten Geelmuyden kom sjølvsagt på stridsfot med lærarane som med alle andre.  Serleg var presten misnøgd med den fyrrnemnde læraren Olav Haldorson Bakka og han klagde til bispen for å få læraren avsett.  Men bispen svara at det var prosten og ikkje han som hadde med tilsetjing og avsetjing å gjera, soleis som det var etter den gamle skulefundatsen.  Elles fann bispen at når Olav Bakka lærde etter katekisma so burde han få læra i fred.  

I 1749 vart det etter upptak av bisp Pontoppidan skipa eit Lærerseminer i Bergen.  Dette gjekk ein nokre få år.  I 1749 – 50 var det fem læresveinar frå Os prestegjeld på seminaret og desse vart sidan lærarar i prestegjeldet.
Skulen var no komen i gjenge og alt gjekk sin jamne gang utan serlege hendingar.  Bisp Pontoppidan var sers interessert for skulestellet og såg vel etter at ingi bygd fekk skulka undan.  Det er mykje han å takka at skulen kom i so godt gjenge i vestlandsbygderne.  Lærebøkerne var A.B.C., Katekisma og Pontoppidans forklaring, Likeins vart lese or Bibelen, Franckes huspostil og »Paradisets urtegaard«, og det vart sunge or salmeboki.

Det vart ikkje kravd av lærarane at dei skulde greida skrive- og reknekunsten, men dei fleste lærarar var likevel skriveføre og hadde ein grand kjennskap til rekning.  Men nokon lærdom i skriving og rekning vart ikkje gjeve til borni, då bygdefolki fann dette heilt uturvande.  Det gjekk ogso noko trådt med lesingi.  Av dei 60 ungdomar som vart innskrivne til konfirmasjon i året 1770 kunde berre 30 lesa i bok. 

Lærarane stod vanleg ikkje lenger i skulearbeidet enn nett i so lang tid, vanleg 5 til 7 år, at dei slapp hertenesta.  Løni som frå fyrst av var 10 dalar um året var i 1790 komen ned i 7 dalar.  Løni skulde soIeis ikkje freista mange til å verta lærarar.  Dei militære befalsmenn var storleg misnøgde med at lærarane, som jamt kunde vera gode hermannsemne, skulde vera fri for hertenesta og det var mykje strid um dette.  Det gjekk so langt at bisp Arentz i 1770 sende ut eit rundskriv til prostane um, at dei so langt råd var berre måtte tilsetja »vanføre, halte, krogryggede og ellers små og uanseelige personer« til lærarar, so at »de ikke skal stikke de herrer officerer formeget i øinene«, –
Ein vil skyna at sovorne lærarar heller ikkje skulde skapa sers vyrdnad for skulen eller lærarstandet. 

Geelmuyden var prest i Os til 1780 og ettermannen hans, Sandberg, til 1806.  Båe desse såg vel etter at lærarane gjorde si pligt og skulen hadde no jamn og god framgang.  Presten Sandberg var mykje interessert for folkeupplysning, og lesekunsten var no vorten vanleg hjå ungdomen. 
Men frå 1806 kom det ei nedgangstid for skulen att.  Bygdi fekk då ny prest.  Det var Kristen Larsen, ein av dei mest vesale prestar som nokon tid hev stade på preikestol.  Han såg korkje etter skulen eller lærarane, og heile skulestellet i Os gjekk mykje attende i dei 10 åri han var i bygdi. 

Straks etter at Norig i 1814 fikk eigi lovgjevingsmagt kom det upp spursmål um ei ny og norsk skulelov.  Men det vart ikkje ålvor av fyrr i 1827.  I 1816 vedtok Stortinget likevæl ei lov um stjorningi av skulen so at denne vart meire tidhøveleg. 
Til dessar var det berre presten som hadde havt med tilsynet og stjorningi av skulen å gjera.  Men etter den nye lovi av 1816 skulde det i kvart herad vera ein skulekommisjon som hadde ansvaret for skulestellet i bygdi.  Umframt prosten som var formann var soknepresten, kapellanen, lensmennerne, valmennerne og medhjelparane i kvar sokn medlemer av kommisjonen.  Skulekommisjonen i Os prestegjeld hadde soleis i det heile 20 medlemer. 

Frå Os sokn var dei fyrste medlemer av skulekommisjonen: Soknepresten Andreas Undal Jersin, lensmennerne Hans Hanson Øvredal og Vinsjans Hanson Hauge, valmannen Lars Larson Berge, og medhjelparane Anders Hanson Søvik og Hans Hanson indre Moberg.

Os skulekommisjon hadde sitt fyrste møte den 27. september 1819.  Det vart då vedteke at lærartalet som i 77 år hadde vore det same, ein lærar i kvar sokn, skulde aukast til 6 i det heile.  Ossokni som fekk den nye læraren vart difyr skift i tvo skulekrinsar, austre og vestre krins.  Skulen skulde byrja Mikjelsmess og vara til 14. juni med 3 vikor jolefritt og 1 månad fritt i vårarbeidet.  Kvar mann skulde halda husrom åt skulen i 3 dagar, og i denne tid skulde han ogso gjeva læraren hus og mat.  Til løn åt læraren skulde kvar gardbrukar leggja 10 skjeling um året og kvar husmann 5 skjeling.  Læraren hadde sjølv å krevja pengane inn. 

Bispen var ikkje nøgd med vedtaket um at lærarane sjølv skuld e gå ikring gardane og krevja pengar til 1øni si.  Kvar gong han var i Os lagde bispen denne saki fram for skulekommisjonen og bad dei velja innkrevjingsmenn.  Skulekommisjonen samstava stødt med bispen og valde so kvar gong innkrevjingsmenn, – for det eine året.  Men næste år gjorde kommisjonen like so visst vedtaket um att og sette det til lærarane sjølv å krevja inn løni.  So vart det same leksa so snart bispen kom til Os att.  

Det vart no skipa ein skulekasse for prestegjeldet.  Garden Ådland i Samnanger, som Oskyrkja åtte, vart i 1809 seld til leiglendigane på garden for 550 dalar, og helvti av desse pengane skulde brukast til Fremjing av skulestellet og folkeupplysningi i Os.  Då skulestellet soleis fekk seg pengar og eigedom måtte det skipast skulekasse og tilsetjast reknskapsførar o. a.  Reknskapet var svert einfeld.  Av innkomor hadde skulekassen berre nokre dalar i rentor som vart brukt til bøker åt fatige skuleborn o. l.  Då lærarane sjølv hadde å syta for innkrevjing av løni si kom ikkje noko av skuleskatten eller lærarløni med i skulerekneskapet.   

Skulekommisjonen hadde møte berre ein gong um året, vanlegt i samband med proste- eller bispevisitasen.  På møtet i 1825 gjorde kommisjonen ymse vedtak, soleis um å kjøpa Grøgårds lesebok til borni og ei veggtavla til kvar skule.  Det vart ogso vedteke at lærarane heretter skulde få fast løn, 11 dalar um året, men dette vart gjort um inkje på møtet året etter.  Likeins vart vedteke å tilsetja ein 7-ande lærar til studnad for lærarane i Fusa og Strandvik.  Den nye lærarposten vart utlyst ved alle fem kyrkjor i heradet, men ingen melde seg.  Det ser soleis ikkje ut til at læraryrket var mykje agta, — Fusa og Strandvik fekk difyr hjelpa seg med kvar sin lærar som fyrr.  

Upplæringi i skulen var den same som tidlegare, katekisma, forklaring og lesing i bok.  Skriving og rekning var det lite med.  Av dei 240 born som i 1828 gjekk på skule i Ossokni lærde berre 11 å skriva og ingen å rekna.  

I 1827 kom endeleg den fyrste norske skulelovi. Ho fastsette at umframt kristendomskunnskap som framleis var hovudfaget skulde borni ogso få upplæring i lesing, skriving, rekning, song og »forstandsøvelser«.  I skulen skulde finnast bibel, nytestament, huspostill, salmebok, reknebok, skulelovi og grunnlovi.  Kvart barn skulde vanlegt ha 12 vikor skule um året.  I kvart prestegjeld skulde vera minst ein fast skule med kyrkjesongaren i hovudsokni som lærar.  Han skulde vera utlærd på eit seminar og hadde pligt å læra upp lærarar til dei andre skular (umgangsskulane) i bygdi.  Lærarløni skulde vera 20 dalar um ået.  

Den nye lovi vart likevel ikkje so snart gjenomførd i Os.  Skulekommisjonen fann at bygdi hadde ikkje råd til å skipa skulen soleis som lovi krov.  Soframt kvart barn skulde få 8 vikor årleg upplæring so måtte det verta 12 lærarar i prestegjeldet, av desse 4 i Os sokn, og det vart for mykje.  Skulekommisjonen vedtok difyr at det framleis fekk vera nok med 6 lærarar i prestegjeldet og løni skulde vera 10 dalar som fyrr.  Ein fast skule kunde heller ikkje skipast fyrr den gamle klokkaren tok avskil og bygdi fekk seg ny klokkar.  

Både prosten og presten krov kvart år i skulemøti at skulen måtte utvidast etter lovi, men skulekommisjonen pukka stødt på at bygdi ikkje hadde råd til sovore.  Skulde ein tilsetja 12 lærarar og løna desse etter lovi so måtte kvar gardbrukar leggja 24 skjeling um året i skuleskatt, og det orka dei ikkje.  Skulekommisjonen søkte difyr om at staten måtte gjeva serlegt tilskot til ein ny skuleskipnad i Os, men korkje presten, prosten eller bispen fann at Osbygdi var so fatig at ho kunde få sovori fatighjelp.  Og skulestellet Os vart difyr – trass den nye lovi – framleis som fyrr i heile 6 år.  

I møte den 18. september 1833 vedtok endeleg skulekommisjonen å skipa skulestellet i Os etter den nye lovi.  Lærarløni vart likevel sett som fyrr til berre 10 dalar um året.  I Ossokni vart no skipa 4 skulekrinsar med kvar sin lærar, av desse ein med fast skule.  1-ste krins var umlag den same som den noverande Os krins med Berge og Hatvik, og krinsen fekk fast skule på Lyssand hjå klokkaren.  
Dei andre 3 krinsar med umgangsskule vart skift i rutor.  2dre krins med 4 skulerutor vart Indregerdene, Hegglendsdalen, Søfelandsbygdi, og Lekven med Fersted.  3dje krins med 3 rutor vart Søre Neset, Nore Neset og Askvikgardene, og 4de krins med 4 rutor vart Sørøyane, Nordøyane, Drangsbygdi og Lysefjorden.  Alle borni i ei skuleruta hadde å gå i skulen kvar dag solenge denne vart halden einstad i ruta.  Kvar lærar fekk 32 vikor årleg skule, og i ein krins med 4 rutor fekk soleis kvart barn 8 vikor skule um året.  

Det vart dette år for fyrste gong uppsett eit skulebudsjet.  Heile budsjettet for dei fem soknerne var på 106 dalar (424 kroner), av dette fall på Os sokn 42 dalar (168 kroner).  
Skuleskatten vart 20 skjeling på kvar gardbrukar og 10 skjeling på kvar husmann.  Dertil vart utlikna nokre dalar på »formuende personer udenfor bondestanden« etter skulekommisjonen sitt skyn.  

Sokneprest Jersin som i 1817 vart Kristen Larsen sin ettermann i Os hadde ikkje sers interesse for skulen.  Men i 1836 kom Torstein Jersin »Vetle-Jersin« – til bygdi som personelkapellan hjå soknepresten, og det kom då meire fart i arbeidet.  Torstein Jersin var sterkt interessert for skulen og folkeupplysningi, og han gjorde mykje og godt arbeid for skulestellet i prestegjeldet.  I 1839 gjorde han framlegg um at umframt den vanlege skuleskatt skulde det ogso utliknast 1 skjeling um året på kvar skylddalar til fremjing av upplysning og skulearbeid, til utdaning av meir dugande lærarar e. 1.  Framlegget vart vedteke og pengane vart utlikna i mange år.  Dei vart likevel ikkje brukte til skulen men til skiping av folkeboksamlingar i soknerne, noko som ein finn meir um ein annan stad.  

Skulearbeidet gjekk no sin jamne gang utan serlege hendingar.  Det vart kvart år halde eksamensprøvor i skulen.  Frå 1836 byrja borni å skriva etter prenta forskrifter, men det var likevel mange som ikkje lærde skriving.  I 1834, då det var 284 skuleborn i Ossokni, lærde 71 å skriva og 21 å rekna, soleis lærde berre Fjordeparten av borni skriving og tolvteparten rekning.  I 1840 lærde framleis berre fjordeparten å skriva men tiandeparten å rekna, og likeins var tilhøvi i 1845.  I 1855 lærde halvparten å skriva og tridjeparten å rekna.  Når det var so få som lærde skriving og rekning so kom det mykje avdi at gjentorne var slett ikkje med i dette.  Kva i all verdi skal ein gjentunge med rekning og skriving, sa gamlingane, – Det vart ogso klaga over, at i dei små myrke stovorne som umgangsskulen hadde til skulerom var det uråd å gjeva borni skikkeleg skrive- og rekneupplæring,  

Ved visitasprøvorne fann prosten og bispen no vanleg at borni var flinke, og dei rosa skulestellet i bygdi.  Det Som stod att var lærarutdaningi og lærarane sjølv.  Likeins lærarløni som framleis var berre helvti av det som lovi fastsette.  I 1843 vart endeleg løni auka til 12 og i 1844 til 16 dalar um året, og dette vart gjeldande lærarløn i lang tid.  

Den eller dei lærarar som synte mest ihuga arbeid i året fekk vanleg eit tillegg på løni av eit par dalar. 
Til dessar hadde lærarane berre vore vanlege bondegutar som ved konfirmasjonen hadde synt seg dugande, og som utan meire utdaning vart godkjende av prosten som lærarar.  I 1838 vart Stord seminar skipa og det kunde no verta høve til å få seminarlærde lærarar.  
Men det kom ikkje sovorne til Os.  Skulekommisjonen vedtok i 1843 og kvart år deretter at soframt »et seminaristisk dannet subjekt« vilde vera lærar i bygdi so skulde han få 24 dalar i løn og seinare auka dei sumen radt til 35 dalar.  Skulekommisjonen var ogso viljug å gjeva lån til flinke gutar som vilde taka seminar-upplæring.  Men fyrst i 1853 fekk bygdi sin fyrste seminar-utdana lærar, Henrik Steffenson Grindevoll.  


Istaden for prosten var soknepresten no vorten sjølvskriven formann i skulekommisjonen, og frå 1837 då formannskapslovi kom vart valmennerne bytt med formannskapsmedlemerne som vanlege medlemer.  
I 1840 kom det framlegg um å skipa klokkargard i bygdi, og stiftsdireksjonen hadde gjeve løyve på fjordeparten av garden Vadla til dette bruk.  Med 12 mot 10 røyster gjekk skulekommisjonen med på dette, men då heradstyret neitta løyving av pengar vart det ikkje noko av saki.  

I 1842 vart fyreteke ny skifting av skulekrinsene og vedteke tilsetjing av ein lærar til i prestegjeldet.  I Ossokni vart gjort desse brigde: Skogagardane (Skogen, Hetleflåten og Ulven) vart tekne frå den faste skulen att og fekk umgangsskule, likeins Kuven og Moberg.  Indregardane og Hegglandsdalen vart saman med noko av Samnanger sokn laga til ein ny krins, som soleis skulde ha den nye læraren.  

Krinsskipnaden vart då soleis:  
1ste krins(den faste skulen) Lyssandbygdi og Borgebygdi.  
2dre krins
(4 rutor) Skogagardene, Søftelandsbygdi, Mobergsgardane, og helvti av Søre Neset.  
3dje krins
(4 rutor) resten av Søre Neset, Nore Neset og Askvikgardene.  
4de krins (4
rutor) Sørøyane, Nordøyane, Drangsbygdi og Lysefjorden.  
5te krins
(5 rutor) Hegglandsdalen, Indregardene, Rolfsvågstrandi Trengereidfjorden og Sævild-Utskotgrendi.  

Då ingen lærar melde seg til sisstnemnde krins vart ikkje skipnaden gjenomførd fyrr i 1845.  Det vart då skift um soleis at heile Søre Neset kom saman i 3dje krins, og istaden vart Askvikgardane og nedste luten av Hegglandsdalen lagt til 2dre krins som soleis fekk skulerutor ikring heile sokni.  

Inntil 1838 hadde gardbrukarane gjeve den same skatt til skulestellet.  Frå 1838 vart skatten kravd inn med ein viss sum – 8 til 16 skjeling – for kvar skylddalar, og dei som hadde største gardane måtte soleis svara høgste skatten.  Dertil måtte dei husmenner som hadde råd til det leggja 6-8 skjeling kvar etter serskild likning, og likeins måtte framleis »formuende personer udenfor bondestanden« leggja ½-1 dalar i skatt, og ymse rike folk, soleis godseigar Formann, lagde upp til 15~20 dalar.  Seinare vart ogso sovoren serskatt etter likning lagt på dei gardbrukarar som hadde pengar og innkoma utanfyre garden.  Attåt dette kom det inn mange pengar ved mult og bøter for skuleforsøming og visitasskulking, jamnast ½ dalar for kvar gong, og det hende, t. d. i 1846, at det kom so mange pengar inn ved mult at dei »formuende personer udenfor bondestanden« slapp leggja ein einaste skjeling i skuleskatt.  Skulekassen fekk nok pengar likevel.  Men gardbrukarane og husmennerne måtte kvart år leggja sitt.  

I 1846 fekk ogso Samnanger fast skule og fekk difyr ein lærar til.  Utskotgardane gjekk då frå Hegglandsdal-krinsen.  Prestegjeldet hadde no 14 lærarar og frå 1850, då Strandvik ogso fekk ein ny lærar, vart det 15.  Fleire krinsar var likevel jamt utan lærar då det skorta på sovorne folk.  Løni, 16 dalar for 32 skulevikor eller 10 skjeling um dagen, skulde sovisst heller ikkje freista mange til å søkja lærarpostane. 

Men sjølv um lærarløni framleis var liti, so hadde likevel samhugen med skulen vakse mykje.  Det vart kjøpt fleire bøker til bruk for borni og læraren, og skulen fekk fleire hjelpegreidor.  Budsjettet, der som nemnd var 106 dalar i 1833, var 20 år seinare auka til 264 dalar.  Ymse interesserte bygdemenn hadde ogso gjeve gåvor til skulen.  Serleg må nemnast lensmann Henrik Synnestvedt som i mange år gav nokre dalar anten til dei mest dugande lærarar eller til dei skuleborni som synte mest interesse og framgang i året.  

I 1855 vart Fusa, Strandvik og Hålandsdalen skild frå Os, og det vart deretter berre Os og Samnanger som fekk skuleskipnaden saman.  Det fyrste skulebudsjet for det nye Os prestegjeld synte ein sum av 153 dalar.  Lærarløni i Os vart no auka til 20 dalar um året for vanlege lærarar og 45-50 dalar for seminaristar.  

Sjølv um skulestellet i bygdi hadde synt framgang so var det framleis store vandskar ved upplæringi i umgangsskulen.  Den største vandsken var som fyrr nemnd at lærarane jamnast heilt vanta lærarutdaning.  Nyss konfirmerte gjekk dei beint til læraryrket, og det var skynelegt at ein 16 år gamall gut, utan annan upplæring enn den han sjølv fekk i ein umgangsskule, ikkje altid var heilt vaksen som lærar.  Kannhenda synte dette seg allermest når dei ved visitaserne skulde ketekisere og når prost og bisp stod over dei som høge og strenge domarar.  Det er ikkje å undrast over at desse unge urøynde bondegutane kunde verta forfjamsa og gløymde eit turvande spursmål når ein streng og kaldklok bisp stod over dei og beit merke i kvart spursmål og kvart ord som dei sagde. I sovorne høve kunde sjølv ein meire lærd mann verta forfjamsa, og me kann lett skyna at bisp Pavels kan skriva soleis um ein visitas i Os 1821:  »Kapellan Stub katekiserer slet, sognepresten Jersin endda slettere og så mådelige skoleholdere har jeg intet sted fundet», Men i dei same åri skriv prosten at han fann kunnskapen hjå ungdornen i Os »tålelig god« og at lærarane hadde »ulastelig forhold og dannelse».  Me lyt soleis tru at lærarane vanleg gjorde sitt besste, men det er ogso visst at skort på kunnskap og utdaning meinka dei mykje i skulearbeidet. 

Ein annan vandske under arbeidet var uhøvelege skulerom.  Det trongst eit stort skulerom åt borni i ein krins, og ei sovori stova fanns jamnast på gard.  Men dette var nett den same stova som folket på garden brukte til sitt eige arbeid.  Huslyden kunde sjølvasagt ikkje fara or huset eller stagga sitt arbeid um skulen kom til tuns, og difyr måtte stova i skuletidi samstundes tena til arbeidsrom, matrom, soverom og skulerom.  

Kom me ein vinterdag inn i ei skulestova i Osbygdi, so vilde det jamt sjå soleis ut: Midt på golvet stod mannen i huset attmed den store treskostabben og hoggde til tresko so fliserne fauk.  Drengjen sat på treskokrakken og grov or skorne, medan ein halvvaksen gut »skjylpa« so det gnall i huset.  Ikring dei låg ferduge og halvferduge skor, treskoemne og tresko spon i store haugar.  Kona i huset sat i vevgogni og vov so det hadde skikk, og tauserne spann so det dura og kvein i rokkane.  Burte ved gruva skramla ei halvvaksi gjenta med kjerald og kar, og nokre småborn sprang ikring i stova og gjorde so mykje ståk og bråk som dei kunde.  Men innst i stova ikring det store langbordet sat læraren med skuleborni.  Borni las innanboks, alle so høgt som dei orka og alle på ein gong, og attimillom tok ogso læraren i med kraftig røyst.  Og under bordet låg hunden og gnog på eit kjøtbein som han hadde knipe or ei skuletina, medan katten sat uppe i vindauga og såg velnøgd ut over det heile.  

At eit sovore skulerom var heimlegt og unelegt er greidt.  Men det tente ikkje altid til fremjing av skulearbeidet og upplæringi.  Det var difyr rimelegt at spursmålet um byggjing av serskilde skulehus kom fram i ordskiftet millom dei som hadde interesse for skulestellet.  

Det vart fyrst spursmål um å byggja hus åt den faste skulen, og i 1855 vart det sett ei nemnd med presten Greve, lensmann Henrik Synnestvedt og lensmann Claus Nieuwejaar som nemndarmenn til å granska saki.  Og i skulekornmisjonen sitt møte den 12. september 1856 vart so etter framlegg frå nemndi gjort det vigtuge vedtaket: Å byggja det fyrste skulehus i Os.  

Skulehuset skulde byggjast på prestegarden, eller klokkargarden som no er.  I huset skulde vera ei timbra stova 9 alner i firkant og 5 alner høg, ei timbra stova åt læraren, 7½ x 6½ alner, kjøken, gang, matbud og vedskjol.  Kostnaden var rekna til 350 dalar.  Stiftsdireksjonen vilde ikkje godkjenna vedtaket då han fann huset for lite, og avdi det var teke forlite umsyn til »symetriens fordringer« utvendes.  Etter at ei ny nemnd hadde granska saki vart det i 1857 vedteke at skulestova skulde vera 10 alner i firkant, lærarstova 7½ X 7 alner og det skulde ogso lagast ein liten kjellar under huset.  Kostnaden vart no rekna til 589 dalar, som heradet fekk låna av »Oplysningsvæsenets fond«.  Skulehuset vart ferdugt og teke i bruk i 1861.  

Til denne tid hadde skulelovi frå 1827 vare gjeldande.  Denne lovi hev fenge mykje lastord, soleis segjer ein kjend skulesogemann at »gåva frå embetsstanden til bonden i 1827 var ein umgangsskule i husmannskår«.  Men ein lyt vel segja at lovi høvde nokolunde med tidi.  Når ein ser kor seigt og trådt det gjekk med å få sett iverk dei små umbøter som lovi frå 1827 krav so vil ein skyna, at um lovi då hadde kravd ein mykje meir moderne skuleskipnad so hadde det berre vorte væne ord på eit papir og ikkje anna.  Ei onnor sak er at lovi burde vore brigda noko når ei stuttare tid var gjengi og bygderne hadde fenge syn for skulen si uppgåva.  

I 1860 kom endeleg ei ny skulelov.  Kristendomskunnskap, lesing, skriving, rekning og song skulde framleis vera hovudfagi, men attåt dette skulde borni ogso få noko upplæring i geografi, soga og naturkunna etter utvalde stykke i leseboki.  Skipnaden med skulerutor fall no burt, og istaden vart det faste skulekrinsar med samla eller skift skule.  I kvar krins skulde byggjast skulehus eller leigast serskild skulestova.  I små krinsar med under 30 born kunde ein likevel halda ved med umgangsskulen so lenge.  Kvart barn skulde ha 12 vikor skule um året i samla skule, og 9 vikor um året i skule med fleire klassar. 

Staten og amtet skulde no ogso taka ein part av skuleutlogorne.  Skulen skulde framleis stjornast av ein skulekommisjon, der presten og ordføraren var sjølvskrivne medlemer, den fyrste ogso som sjølvskriven formann. Dei andre medlemer skulde veljast av heradstyret millom interesserte bygdemenn.  Lærarane fekk ogso ein mann med i skulekommisjonen. 

Den 11. desember 1860 heldt skulekommisjonen i Os møte for å fyrebu skuleskipnaden etter den nye lovi.  Os-bygdi vart skift i 12 skulekrinsar: 1. Lyssandbygdi, 2. Mobergsgardane, 3. Søftelandsbygdi, 4. Lysefjorden, 5. Drangs-bygdi, 6. Nordøyane, 7. Sørøyane, 8. Askvikgardane, 9. Nore Neset, 10 Søre Neset, 11 Hegglandsdalen, 12. Indregardane.  Krinsane nr. l og 2 skulde ha det nye skulehuset, i krinsane nr. 6, 7, 9, 10 og 11 skulde leigast skulestovor, og dei andre fem krinsar fekk umgangsskule.  I krinsane nr. l, 2, 9 og 10 skulde skipast tvodelt skule, i dei andre vart skulen samla.  Fyrr det heile var sett iverk vart skipnaden brigda soleis at Hatvik og Berge vart lagt til Hegglandsdalen krins og han vart atter skift i tvo krinsar. 

Det vart ikkje lett å få leiga høvelege skulestovor, og difyr måtte umgangsskulen halda fram i umlag alle krinsar.  Berre i Hegglendsdelen fekk dei leiga skulerom.  I 1861 vedtok difyr skulekommisjonen å byggja eit skulehus til bruk for båe Nesjakrinsane på Mosevollen i Ytre Lekven si utmark.  Huset skulde byggjast noko mindre og lægre enn huset i Oskrinsen, og lærarstova skulde berre vera 5½ X 4¾ alner. 

Huset var ferdugt i 1863 men var so kleint bygt, at skulekommisjonen heldt fleire møter i huset og granska det både vel og lenge fyrr dei våga å godkjenna det.  Byggmeistaren fekk berre utbetalt 4/5 av byggjesumen og fekk attåt påbod um å gjera mykje arbeid umatt.  Sume ting, som t. d. at sjølve skulestova var ¼ alen for låg, kunde diverre ikkje vølast utan ved å riva huset nedatt, og det måtte difyr godkjennast.  Læraren i krinsen, Halvard Halhjem, fekk lov til å setja kjellar under huset på eigen kostnad, og etter serskild søknad fekk han ogso løyve til å bu i lærarromet i den tid av året då han ikkje heldt skule.  

I 1863 vart det leigt fast stova åt skulen i Nord- og Sørøyane, og i 1865 likeins i Søftelandsbygdi, Lysefjorden, Drangsbygdi og Indregardene.  Det var soleis berre Askvikgardene som enno fekk umgangsskule.  Men det hende at det eit og anna året ogso kom noko i vegen med dei leigde skulestovor elles i krinsane, og ein måtte då fyrebils attende til umgangsskulen.  

Lærarane som ved umgangsskulen hadde fenge hus og mat hjå kvar mann fekk no kostpengar av skulekassen med 3½ ort um vika.  Skulekassen tok no ogso utlogorne ved leiga, reinhald og uppverming av skuleromi, og lærarane fekk noko meir løn, frå 22 til 50 dalar um året etter utdaning og skuletid.  Skulebudsjettet var difyr i 1863 auka til 728 dalar.  

Både i 1865 og 1867 tok presten upp framlegg um å byggja skulehus i Hegglandsdalen og Sørøyane.  Framlegget fall kvar gong med 6 mot 2 røyster.  Men i 1868 vart det vedteke med 4 mot 3 røyster å byggja skulehus i Sørøyane, og i 1869 vedtok skulekommisjonen samrøystes å byggja 5 skulehus, av desse eit i Hegglendsdelen, eit i Lyseiiorden og tri i Samnanger.  Husi skulde byggjast etter same skap som skulehuset på Lekven, men vera litegrand større enn dette.  

Det vart strid um kor skulehuset skulde stå i Hegglandsdalen.  Skulekommisjonen hadde vedteke å byggja det på Tveit, men Berge og Hatvik som då vilde få lang skuleveg vilde ha huset bygt lenger ute i dalen.  Heradstyret måtte slå imillom og huset vart bygt på Tveit.  Berge og Hatvik søkte då um å sleppa frå Hegglandsdalkrinsen for å skipa eigen umgangsskule hjå seg, men skulekommisjonen gjekk ikkje med på dette.  Ein enndå verre lagnad fekk skulehuset i Sørøyane.  Det vart stor strid um huset skulde stå på Sundøy, Lepsøy, Bruarey eller Røttingjo.  Skulekommisjonen heilt serskilde møter på Lepsøy for å granska saki nøgje, men det vart ingi semja og ingi byggjing.  Fyrst 18 år seinere, i 1886, kom ein so langt at det vart ålvor med byggjingi og huset vart då sett på Sundøy.  I 1910 vart huset flutt over sundet til Bruarøy, der det no stend.  

I 1865 vart P.A. Jensens lesebok kjøpt til dei krinsar som hadde skulehus og etter kvart fekk ogso dei andre krinsane leseboki.  Men det vart på fleire stader stort uppstyr for skuld denne boki.  Bygdefolket fann at boki var for mykje verdsleg, ho var beintfram ei »rolsebok« som enndå til hadde eventyr, og frå fleire krinsar kom søknad um å verta kvitt boki.  Frå ein krins i Samnanger kom soleis søknad um å få bruka Vogts bibelhistorie og Berlins naturhistorie til lesebok istadenfor denne rolseboki åt stiftsprost Jensen.  Skulekommisjonen heldt fast på leseboki, men då det kom nye søknader og nye tilbod um at krinsane var viljuge å taka i bruk ei »Nordens og Norges historie«, ein »Jordbeskrivelse« og enno fleire lærebøker soframt dei berre vart kvitt leseboki, so gav skulekommisjonen seg.  Men etterkvart stillna striden mot leseboki og ho vart tilslutt teki i bruk i alle skulane.  


Som nemnd kom det alt i 1840 fram spursrnål um å kjøpa klokkargard.  I 1860 vart spursmålet teke uppatt men vart fram drygt til dess ein fekk ny prest, då ein vilde freista å få ein part av prestegarden.  I 1871 vart eit husmannsplass under prestegarden falt, og spursmålet um å taka dette til klokkargard kom no fram.  Skulekommisjonen vedtok fyrst å kjøpa so mykje av plasset at klokkaren kunde føda tvo kyr, men i 1873 vart vedteke å leiga jordstykket so lenge for ei årleg leiga av 10 dalar.  Året etter vart plasset kjøpt for 250 dalar.  På plasset som låg sers lagleg til attåt skulehuset vart bygt flor og løda i 1876.  


Lærerløni var no auka til 54 dalar um året for dei som hadde 36 vikor skule, og meire for dei som hadde lenger skuletid.  Skulebudsjettet var i 1875 auka til 1030 dalar.  

Presten Greve som i 1850 vart sokneprest etter «Gamle-Jersin« var interessert for kulestellet.  Men han var jamt sjukleg og kunde sjeldan møta i skulekommisjonen.  I 1874 vart Bernt Støp sokneprest og formann i skulekommisjonen, og han sette meire fart i arbeidet.  Han gjorde straks framlegg um meir upplæring i dei ålmenne skulefag, rekning, skriving o. s., men fekk ikkje skulekommisjonen med seg.  Han fekk likevel sett igjenom ein ny krinsskipnad med fleire skulevikor.  Etter denne fekk krinsane sovori skuletid:

1. Oskrinsen fireskift skule med 36 vikor skuletid, ein lærar.  
2. Hegglandsdalen tvoskift skule med 18 vikor + 3 vikor serskild skule for Berge og Hatvik, Lønningdal 12 vikor samla skule, og ein klasse av den tvoskifte skulen i Søftelandsbygdi, ihoplag 42 vikor, ein lærar.  
3. Lysefjorden tvoskift skule med 18 viker, Drangsbygdi 12 vikor samla skule, og ein klasse i Søftelandsbygdi 9 vikor, tilsaman 39 vikor, ein lærar.  
4. Neset treskift skule med 27 vikor, som sidan vart auka til 30, og Askvik 9 vikor samla skule, tilsaman 39 vikor, ein lærar.  
5. Nordøyane tvoskift skule 18 vikor og likeins Sørøyane tvoskift skule 18 vikor, ihoplagd 36 vikor, ein lærar.  

I 1878 vart gjort det brigde i skipnaden at det vart skipa ein heilt ny skulekrins Klyve for gardane Berge, Hatvik, Molda, Klyva og Bjånes med 12 vikor samla skule.  Læraren i Hegglandsdalen tok denne krins og læraren i Øyane tok den eine klassen i Søftelandsbygdi då Nordøyane berre fekk samla skule.

Under Støp sin førarskap gjekk skulekommisjonen enndå eit stig vidare på skulevegen.  Det vart send søknad til heradstyret um å løyva pengar til kveldskular i bygdi, og heradstyret løyvde pengane.  I kveldskulen skulde likevel gjentor og gutar ikkje koma ihop, men måtte møta kvar sin kveld.  Seinare vart det halde serskild kveldskule for gjentorne.  Skulekommisjonen bad ogso heradstyret gjera kva det kunde for å få amtsskulen til Os, likevel med det fyreord at ingen av lærarane ved amtsskulen måtte vera Grundtvigianar.

Presten Støp er vel den mest interesserte skulemann som hev vore i Osbygdi.  Umframt dei umbøter som fyrr er nemnde freista han ogso å få vedteki ei fast løn av 2 dalar for kvar skulevika til lærarane.  Skulekommisjonen gjekk ikkje med på det, men alt i 1877 vart denne vikeløni lovfest.  Kostpengane vart no 4 ort um vika.  

Støp vart diverre ikkje lenge i Osbygdi, då han døydde alt i 1877.  Etter han vart presten Meyer formann i skulekommisjonen til dess presten Wille kom i 1884.  

Skulestellet var no i tolleg godt gjenge.  Lærarane var upplærd til skuleyrket og hadde interesse for arbeidet.  Skulen hadde fenge tidhøvelege hjelpegreidor, lærebøker, kart, o. d.  I 1884 vart etter framlegg av presten vedteke at borni skulde skriva stilar, og at stilbøkerne skulde leggjast fram ved skuleprøvorne.  Pålag alle lærarar heldt kveldskular i krinsane sine, og den vaksne ungdornen fekk vidare upplæring i lesing, skriving og rekning.  Ymse av dei leigde skulestovor var likevel lite høvelege til skulebruk, og det kom jamt klagemål over dei, serleg frå Sørøyane.  

Millom bygdefolket var ogso samhugen for skulen større enn nokon tid fyrr.  Skuleforsømingi vart mindre, og det var sers sjeldsynt at nokon av foreldri fekk påminning for sovore.  Då det eit år, som eit undantak, var klagemål frå læraren over mykje forsøming i Askvik-krinsen, so vedtok skulekommisjonen at presten skulde reisa ut i Askvik og »holde oppbyggelse for gårdbrugerne« for at skulesøknaden kunde verta betre.  Det kunde nok henda at borni var lite forsynt med bøker, men det kom jamnast av at foreldri hadde ikkje råd til bokkjøp.  Bygdefolket hadde etter kvart fenge syn for at skulen ikkje berre var til byrda men ogso til gagn for bygdi, og det vart difyr ogso mykje lettare for lærarane å arbeida i skulen.  Lærarane stod likevel under streng age og ettersyn.  Då ein lærar på ein skuledag i 1888 utan løyve frå presten eller stiftsdireksjonen hadde vore med i eit møte på Os forbruksforening so fekk han skrubb for dette både frå skulekommisjonen, frå presten og frå stiftsdireksjonen.   


l 1885 vart det vedteke å tilsetja ei lærerinne som kunde taka nokre skulevikor i dei krinsane der viketalet var størst.  Men dette vakte sterk motburd frå dei krinsar som skulde ha lærarinna.  Dei vilde ikkje ha noko kvinnfolk til lærar, og skulekommisjonen måtte lata saki fara. 

I 1886 vart atter send søknad um å få amtsskulen til Os og i 1888 fekk Osbygdi skulen.  Han vart flutt frå Os att i 1893.  I 1889 vart av Stortinget vedteke ei ny skulelov som enno for det meste er gjeldande.  Skulen vart no lagt på eit breidare grunnlag, og istadenfor ein »almueskole« som han fyrr var kalla vart det no ein »folkeskule« for borni frå alle klassar og stender.  Dei ålmenne fag fekk no stort rom i upplæringi ved sida av kristendomskunnskapen.  Tvo gonger um året kom alle lærarane saman til møte ilag med skulestyret (fyrr skulekommisjonen), og dette hjelpte mykje til godt samarbeid.  Lærarane fekk betre lønsvilkår og kunde leggja all si arbeidskraft i skuleyrket.  Grunnløni vart 12 kroner um vika i storskulen og 10 kroner i småskulen med 4 kroner i kostpengar og dertil alderstillegg for eldre lærarar.  

I 1890 vart det skipa ein framhaldsskule på 4 vikor i kvar av soknerne.  Same året vart det i Samnanger skipa ein arbeidsskule for gutar, men noko sovore kom ikkje i gang i Os.  

Det vart no fyreteke krins skifting att.  Etter ei uppgåva for 1892 var barnetalet då soleis i krinsane: Søftelandsbygdi 19, Lysefjorden 21, Drangsbygdi 28, Nordøyane 12, Sørøyane 49, Neset 91, Askvikgardane 12, Oskrinsen med Klyva og Bjånes 115, Hegglandsdalen med Berge og Hatvik 47 og Indregardane 15 born.  Det vart fyrst vedteke å skifta krinsane som ovanfyre nemnd, og Klyvakrinsen skulde då dragast inn.  Men dette sette både Klyvakrinsen, Hegglandsdalen og Oskrinsen seg imot, og Klyvakrinsen vart verande.  Attåt dei andre gardane vart no Lyssandbygdi lagt til denne krinsen.  Nesjakrinsen vart skift i tvo, og skulehuset på Lekven vart flutt nordanum Skjeie so at Askvikgardane kunde gå inn i den nordre Nesjakrinsen.  

Etter ymse vedtak att og fram vart den endelege krinsskipnaden:
1. Søftelandsbygdi, Lysefjorden og Drangsbygdi, 1 lærar.  
2. Nordøyane og Sørøyane, 1 lærar.  
3. Nore og Søre Neset, 1 lærar.  
4. Oskrinsen, 1 lærar.  
5. Klyva, 1 lærar, som ogso skulde ha ein klasse i ein av Nesjakrinsane.  
6. Hegglandsdalen og Lønningdal, 1 lærar.  

Det vart ogso uppsett klasseskifting og skuleviketal, men då dette sidan vart brigda rett som det var etter som barnetalet auka eller minka, so tek me det ikkje med her.  Krinsskipnaden vart ogso brigda seinare.  Dei tvo Nesjakrinsane vart skilde, likeins Øyakrinsane, og Søftelandsbygdi og Indregardane vart serskilde skulekrinsar.  

I 1894 vart vedteke å byggja skulehus på Sælo og i 1895 likeins på Haugland.  Spursmålet um å byggja skulehus i Lønningdal og Nordøyane var fleire gong er uppe men vart ikkje noko av, fyrr det i 1900 vart vedteke å byggja i Nordstrøno.  Ved hundradårskiftet var det berre Drange og Lønningdal krinsar som hadde leigde skulestovor.  Lønningdal fekk skulehus i 1911 og Drange kom sidan saman med Lysefjorden.  

I 1895 vart vedteke å taka Klaveness forklåring istadenfor Sverdrups.  Fleire krinsar gjorde motmæle og likeins ein part av skule styret med presten i brodden, men vedtaket vart fasthalde kvar gong saki var føre i skule styret.  I 1896 vart vedteke å taka fyrste bandet av Nordal Rolfsens si lesebok, landsmålsutgåva, til bruk i småskulen.  Same året kom ogso dei fyrste ordi på nynorsk inn i skulestyret si møtebok, med di ein skuleplan for Samnanger arbeidsskule vart vedteken i dette målføre.  I 1899 vart Nordal Rolfsen si lesebok ogso innført i storskulen.  Søre Neset krins fekk likevel løyve til å bruka Jensen si lesebok ein nokre år enno.  
Spursmålet um å tilsetja lærarinnor i skulen hadde fleire gong er vore fyrehavt, men det hadde ikkje vorte noko av.  Men i 1896 vart tilsett tvo lærarinnor, Tora Landvik som hjelpelærar i Os, Klyva og Drange krinsar i Os, og Brita Stue i Samnanger.  Sidan hev lærarinnorne vunne rom i bygdi jamsides lærarane.  

Som nemnd hadde Samnanger alt i 1890 fenge sin arbeidsskule, utan at noko i den leid var gjort i Os.  I 1901 kom det framlegg frå Anna Moberg um å skipa ein arbeidsskule for gjentor i Os, men framlegget vann ikkje fram.  I 1905 tok heradstyret spursmålet upp og ein arbeidsskule for gjentor vart no skipa.  Malena Rød vart tilsett som lærar ved skulen som framleis gjeng med tvo kurs um året, kvart på 3 månader.  

I åri etter 1900 vart det av og til halde kurs i trearbeid på Osøyri.  I 1922 vart det skipa fast erbeidsskule for gutar med Ola Bjelle som lærar, og skulen hev sidan gjenge med eit 7 månaders kurs um året.  I 1919 vart det av Hordaland fylke skipa ein skule i metalarbeid og elektroteknik, og skulen vart lagt på Kuven i Os.  I 1926 stogga skulen etter vedtak av fylkestinget.  

Som nemnd vart det alt i 1890 sett igang ein stutt framhaldskule i bygdi.  Denne vart nærast som ein kveldskule å rekna, og han gjekk ogso seinare inn millom dei andre kveldskulane.  I 1916 vart atter skipa ein framhaldskule men det vart liten og ujamn søknad fram gjenom åri og skulen vart ikkje årviss.  Fyrst frå 1925 er skulen vorten fast og gjeng inn som ein lekk i skuleskipnaden.  

Spursmålet um å slå fleire skulekrinsar saman var jamt uppe til dryfting i skulestyret.  I 1908 kom det framlegg um å slå dei tvo Lysefjordkrinsane saman til ein, men Drangskrinsen gjorde sterkt motmæle og spursmålet vart framdrygt.  Etter framlegg frå ei nedsett nemnd vart det i 1914 vedteke å leggja ned Klyvekrinsen, og året etter vart vedteke å slå Lysefordkrinsane ihop.  Av Klyvakrinsen vart Berge og Hatvik lagt til Hegglandsdalen medan resten gjekk til Oskrinsen som no hadde fenge seg nytt og stort skulehus.  Den samla Lysefjordkrinsen fekk seg nytt skulehus i Salbuvik.  Det vart bygt lærarbustader i dei nye skulehusi og likeins i eller attåt dei eldre hus i so at 12 av lærarane no hev fenge bustad.  


Den vanlege skuletid for kvar klasse hadde i lang tid vore 12 vikar.  I 1916 vart skuletidi auka til 18 vikar i dei fleste krinsar og kvar lærar fekk då berre tvo klassar.  Det måtte dif yr tilsetjast fleire lærarar i bygdi.  Talet på lærarane vart då 13 og etter den tid er det ogso auka.  Det er no 19 lærarar i bygdi, medrekna dei tvo lærarane i arbeidsskulen.  

I 1909 kom det framlegg um å taka nynorsk A B C i bruk ved Sørøyane skule, men framlegget vart vraka i skulestyret.  Same året vart likevel nynorsk godkjend som hovudmål i Hegglandsdalen skule, og i 1911 likeins for Lønningdal.  I 1919 tok ogso Søfteland, Lysefjorden, Nordøyane, Sørøyane, Nore Neset og Søre Neset nynorsk til hovudmål og i 1931 vart ogso Oskrinsen med.  Skulestyret si møtebok er førd på nynorsk frå 1921.  

Ved alle skular i bygdi er no skipa barneboksamlinger.  Sjå meir um desse i ein annan bolk.  
Inntil 1908 hadde skulestyret berre 5 medlemer men talet vart då auka til 11.  Etter umskipingi av krinsane er talet 10, ein frå kvar bygdekrins og tvo frå Oskrinsen.  Som nemnd var presten lenge sjølvskriven formann i skulestyret.  Etter 1889 valde skulestyret sin formann, men i dei fyrste åri vart dette framleis presten.  I 1894 vart lærar Haldor Midthus vald til formann og han hadde yrket til 1898 då det kom ny prest i bygdi.  


Den nye presten Fr. Jørstad var formann til 1914.  Gardbrukar Steffen Grindevoll hadde deretter formannsyrket i tvo år.  Presten Andreas Åmot var so formann til 1919 då gardbrukar Didrik Heglend bytte med han.  Hegland stod som formann radt til 1928 då lærar Johan Myrtveit fekk formannsplassen som han enno hev.  

LÆRARAR. 

Kven den fyrste læraren i Ossokni var veit me diverre ikkje.  Då folkeskulen i Os prestegjeld vart skipa i 1742 vart det tilsett 5 lærarar.  Me veit som fyrr nemnd berre namnet på den eine, Olav Haldorson Bakkafrå Fusa, men um han var lærar i Ossokni eller i ei av dei andre soknerne veit me ikkje.  Det er trulegst at han var lærar i Fusa.  

Kristen Olson Tøsdal (1750 – 1756?) var den fyrste lærar i Ossokni som me veit um.  Han var fødd på Tøsdal 1728.  Då bispen Erik Pontoppidan i 1749 fekk skipa sitt »Seminarium Catecheticum« i Bergen gjekk Kristen Tøsdal som 21 års gutt inn på dette.  Han byrja der den 2dre oktober 1749, men etter å ha vore der i 3 vikor vart han sjuk og måtte reisa heim att.  Den 25de februar 1750 kom han inn att på skulen og var der til 14de juli same året då han var utlærd.  Læretidi var soleis 23 vikor. 
Kristen Tøsdal byrja sitt læraryrke i Os hausten 1750.  Kor lenge han var lærar veit me ikkje då ein ikkje kann finna meir um han.  Kannhenda flutte han frå bygdi, då ein heller ikke kan finna at han er gift eller død i Os.  

Anders Haugland(1756-1763?) vart Kristen Tøsdal sin etterfylgjar.  Då presten Geelmuyden i 1760 kom i strid med den nye klokkaren i Os, Lercke, gjorde han framlegg um at Anders Haugland skulde få klokkarposten.  Lercke budde på klokkargarden Kjønn i Hålandsalen, og presten skulda på at denne budde for langt burte til å vera klokkar i Os og Samnanger.  Til dette vilde han ha »en dygtig skoleholder som er i Ous sogn.  Anders ytre Hougland«.  Um hans dugleik som lærar fortel presten: »Han er ærbar af væsen, bogstaverer og læser vel for børnene, skriver en god hånd og kan regne«.  Korlenge Anders Haugland var lærar er noko uvisst.  Anders Halvorson Rein, flutte til ytre Haugland i 1747 og etter namnet «ytre Haugland» å døma kunde dette vera læraren.  Det er likevel meire truleg at mannen er Anders Person indre Haugland, som i 1761 då han gifte seg bygsla eit bruk i Mobergslien og sidan vart buande der.  

Mons Olson Søfteland(1763?-1770) fekk lærarposten etter Anders Haugland.  Truleg hadde han ingi serleg utdaning for læraryrket.  Ein vil finna meire um han i gardssoga under Søfteland der han var busett som gardbrukar.  

Ola Jonson Heglend(1770-1778) hadde gard på Hegland. Sjå meire um han der. 

Lars Rolfson Lunde(1779-1786). Sjå um han under Berge der han fekk gard og vart busett. 

Torbjørn Henrikson Synnestvedt(1786-1796).  Han var fyrst lærar i Strandvik nokre år og fekk i 1786 lærarposten i Os.  I 1796 fekk han klokkarposten i prestegjeldet og slutta då med læraryrket.  Sjå meir um han i bolken um klokkarane og i gardssoga under Lyssend der han var busett på farsgarden.  

Anders Albrigtson Særvoll(1796-1806) vart so lærar.  Han budde hjå broren i Lysøy til han i 1805 gifte seg og fekk gard på Nordstraumen.  Sjå um han der.  Anders Særvoll var lærar i heile 10 år. 

Stein Steinson Lønningdal(1806-1816) var berre 16 år då han byrja læraryrket.  Ogso han hadde dette i 10 år.  Han vart gift og fekk gard på Lepsøy, men seinare var han busett på Hovland.  Sjå um han under desse gardane.  

Torstein Torsteinson Spensteig(1816-1819) var lærar berre ei stutt tid.  Truleg hadde han forlite kunnskapar til å vera lærar.  I 1833 gifte han seg med Ågota Eivinds dtr. Jarland og flutte då til Samnanger.  

Til dessar hadde det berre vore 1 – ein – lærar i Ossokni.  I 1819 vedtok skulekommisjonen å skifta sokni i tvo skulekrinsar, vestre og austre krins, som fekk kvar sin lærar.  

Henrik Torbjørnson Synnestvedt(1819-1826) vart den fyrste lærar i vestre krins.  Til denne krinsen høyrde Øyane, Neset og Oskrinsen.  Henrik Synnestvedt var son til den fyrr nemnde læraren Torbjørn Synnestvedt og hadde farsgarden på Lyssand.  I 1826 vart han lensmann i Os og slutta då som lærar.  Sjå meir um han under andre bolkar.  

Ola Torbjørnson Synnestvedt (1826-1854) fekk lærarposten etter broren Henrik.  Han hadde ogso gard på Lyssand.  I 1832 vart han klokkar i Os etter faren og var den fyrste klokkaren i bygdi som hadde vanleg lærarpost attåt klokkaryrket.  Sjå ogso um han i bolken um klokkarane og under Lyssand.  

Nils Larsson Hjelle (1819-1821) vart den fyrste lærar i austre eller som det ogso var kalla øvre krinsen, Lysefjorden, Søftelandsbygdi og Hegglandsdalen.  Nils Hjelle var berre lærar i tvo år, då han alt i 1821 døydde ved eit uhende.  Han hadde gard på Hjelle der ein finn meir um han.  

Mons Monsson Rød(1821-1829) fekk so lærarposten.  I 1828 vart han gift med Marta Jons dtr. Moberg, og året etter sagde han skuleyrket frå seg og flutte til Gravdal ved Bergen.  

Arne Arneson Åsen(1829-1854) fekk lærarposten etter Mons Rød.  Då sokni i 1833 vart skift i 4 skulekrinsar fekk han Lysefjorden og Øyane krins, og seinare var han nokre år i Søftelandsbygdi.  Han slutta skuleyrket ikring 1854 og døydde ugift i 1879.  

Frå 1833 vart sokni skift i fire og frå 1845 i fem skulekrinsar.  Me tek no kvar krins for seg og byrjar med  


Oskrinsen.  

Ola Synnestvedt
var som nemnd lærar til 1854.  I dei tvo sisste åri hadde han systersonen Henrik Grindevoll som vikar for seg.  

Ola Olson Austestad (1854-1884) vart so lærar og klokkar.  Han hadde frå 1847 vore lærar i Fusa, men flutte til Os då han fekk klokkarposten der.  Sjå um han ‘under klokkarer.  

Anders Olson Engen(1884-1909) vart Austestad sin ettermann.  Han hadde fyrr vore lærar og klokkar i Dale, Sunnfjord, og likeins ei tid i Brekke, ytre Sogn.  Under klokkarar er nemnd meir um han.  

Jakob K. Djuvik (1909-19..) fekk skule. og klokkaryrket etter Engen.  Han er fødd på Askøy, seminarist fra Notodden lærarskule og vart tilsett som lærar på Søre Neset i Os 1899.  Sjå meir under klokkarar. 

Tora Landvik(1896-1909).  I 1896 vart det vedteke å tilsetja ei lærarinna med småskuleklassar i Os, Klyva og Drange krinsar.  Tora Landvik frå Fjæra i Austagder fekk posten og vart fyrste lærarinna i Ossokni.  Då ho i 1909 vart gift til Lekven i Os slutta ho med skulearbeidet.  Sjå under Lekven.  

Daniel Steffenson Grindevoll(1912 – 19 .. ) vart lærar no. 2 i Oskrinsen.  Han hadde fyrr vore lærar i Klyvakrinsen, og hev sidan 1909 vore organist i Oskyrkja.  Hev vore medlem av skulestyret, med i heradstyret 1920 – 22 og 1926 – 31, er heradsrevisor m. m.  Han er sterkt avhaldsinteressert.  G. m. Signy Erichsen, Kuven. Barn: Hjørdis.  

Sigrid Bleie (1916 – 1917).  Då barnetalet vaks sterkt i Oskrinsen måtte det tilsetjast serskild lærarinna i småskulen, og Sigrid Bleie frå Ullensvang fekk posten.  Ho flutte frå Os alt året etter.  

Katrine Kronstad(1917-19 .. ) frå Årstad ved Bergen fekk posten etter Sigrid Bleie, den ho enno hev.  Ho hev m. a: gjenge Norigs lærarhøgskule.  Katrine Kronstad er med i styret for Os folkeboksamling og hev vore bibliotekar der sidan 1922.  

Kari Instefjord (1918-1924) frå Lavik i Sogn vart lærar no. 4 ved Os skule.  Då skuletidi vart utvida i 1918 trongst det ein fjorde lærar ved skulen og Kari Instefjord fekk posten.  Ho hadde fyrr vare lærar i Evanger.  I 1924 flutte ho frå Os og tok lærarpost på Voss.  

Jørgine Bjånes (1924-19 .. ) frå Os fekk den fale lærarposten.  Ho er hjelpebibliotekar ved folkeboksamlingi.  

Torbjørn Vik (1925-19 .. ) frå Kvam vart lærar no. 5 ved skulen.  Framhaldsskulen i Ossokni er knytt til hans lærarpost.  Hev gjenge hagebruksskule og Norigs lærarhøgskule.  Vik var fyrr han kom til Os lærar i Kinsarvik, Samnanger og ved folkehøgskulen på Sand.  Er sterkt interessert i spæjar-rørsla og idrottsarbeid.  G. m. Hjørdis Kvale frå Samnanger.  Born: Harald, Eldbjørg, Knut og Norvald.  


Neset.

Berge Olson Sørstrønen
(1833-1835) vart fyrste lærar i krinsen då denne vart utskild som serskild krins i 1833.  Berge Sørstrønen hadde skuleyrket berre eit par år.  Sjå um han under Sørstrønen der han hadde gard.  

Knut Knutson Lyssand (1835-1840) var berre 14 år då han fekk lærarposten etter Berge Sørstrønen.  Han hadde truleg vorte ein dugande lærar um han hadde fenge livedagane, men hausten 1840 bleiv han på Bjørnefjorden saman med tvo andre.  Han var då knapt 20 år gamall, Ugift.  

Henrik Steffenson Grindevoll (1842-1852) var heller ikkje meir enn 14-15 år då han vart lærar.  Det hadde til denne tid ikkje vore seminar-utdana lærarar i Ossokni, når ein ser burt frå Kristen Tøsdal som i 1750 gjekk »Seminarium Catecheticum« i Bergen.  Henrik Grindevoll sagde upp skuleposten sin i 1852 og gjekk inn på Stord seminar som den fyrste seminarist frå Os.  Då han kom att var han ei tid vikar i Oskrinsen og fekk i 1854 lærarposten i Søftelandsbygdi.  I 1862 vart han klokkar i Davik, Nordfjord, men kom på sine gamle dagar att til Os og døydde her 1900.  G. m. Kari Didriks dtr. Særvoll.  Ikkje born.  

Halvard Anderson Halhjem (1853-1891) tok arbeidet etter Henrik Grindevoll.  I 1859-60 gjekk han lærarskule og hadde då Lars Hanson Tøsdal til vikar for seg.  I sine sisste skuleår var han noko sjukleg og hadde då sonen Arne Halhjem og Olav Engen til vikarar.  Han var i 20 år styrar av folkeboksamlingi, men lagde elles si heile interesse i skulearbeidet.  G. m. Agate Anders dtr. Tyse frå Stord.  Born: 1. Arntine, 2. Andreas, 3. Arne, lærar og seinare filmcensor, stortemplar, g. m. Tora Lykkedrang, Randøysund.  Halvard Halhjem døydde i 1891, 59 år gamall.  

Olav Engen (1891-1899) fekk posten etter Halhjem.  Han gjekk ut frå Stord seminar i 1887, var eit par år lærar i Rogaland og kom so til Os, fyrst som vikar for Halhjem og sidan som tilsett lærar på Neset og seinare ogso i Klyvakrinsen.  I 1899 vart han lærar i Ålesund, men etter storbranden i 1904 flutte han og fekk lærarpost i Stavanger der han enno er.  I Os arbeidde han mykje med songlag og lagde ogso mykje arbeid ned i skyttarlaget.  Han hev i 20 år vore sekretær i Stavanger turistforening og hev i tvo bolkar vore med i bystyret.  G. m. Dagny Nedrebø, Forsand i Ryfylke. 


I 1893 vart Neset krins kløyvd i tvo krinsar, Nore og Søre Neset.  Det vart tilsett ny lærar på Nore Neset, medan lærar Engen som var i krinsen fekk Søre Neset og Klyvakrinsen.  Me tek no dei tvo Nesjakrinsane kvar for seg. 

Nore Neset. 


Lars
Kristian Meberg (1893-1903) frå Vanse vart fyrste læraren i den nye Nore Neset krins. Han hadde ogso ein klasse på Søre Neset.  I 1903 flutte han frå Os til heimbygdi att der han sidan hev vore lærar.  

Arne Skieie(1903-1910) frå Strandebarm fekk posten etter Meberg.  Han hadde fyrr vore lærar i Strandebarm, Hålandsdalen og Varaldsøy.  I 1910 vart han tilsett ved Søre Neset skule der han var til 1922 då han vart lærar og klokkar i Ølen.  I rasjoneringstidi var han formann i Os provianteringsråd.  Han er sterkt interessert i fråhaldssaki og stend i brodden for barnelosjearbeidet.  G. m. Ingeborg Nikoline Føyen frå Stord.  

Paul Moberg (1910-19 ).  Han var fyrst lærar i Samnanger, deretter eit par år i Øyane og stogga so ei tid med skulearbeidet tildess han i 1910 fekk lærarposten på Nore Neset.  I 1915 gjekk han over til småskulen i krinsen og hev enno klassane der.  Sjå meir under Moberg der han er busett og hev gard.  

Knut G. Horvei(1915-1919) frå Skånevik fekk storskulen etter Paul Moberg.  I 1915-16 var han ogso lærar i Nore Øyane krins.  Han flutte i 1919 frå Os til Vang i Hedmark der han enno hev lærarpost.  G. m. Sara Nilssen.  

Jakob Sande
(1919-1923) frå Gaular kom etter Horvei.  Alt i 1923 flutte han frå bygdi til Vang i Hedmark der han framleis er.  G. m. Ida Oline Sande frå Gaular.  

Hartvig Evensied(1923-19 .. ) fekk posten etter Sande.  Han er fødd i Vikna og var fyrst lærar i heimbygdi, seinare i Namsos og Austevoll.  I 1923 kom han til Os.  Er med i styret for Os sparebank.  G. m. lærarinna Ingeborg Bjørø frå Austevoll.  Bom: Einar og Alvhild.  


Søre Neset

Olav Engen (1891-1899) var som nemnd fyrste læraren.  Sjå um han fyreåt,  

Jakob K. Djuvik (1899-1909).  Han flutte i 1909 til OS-krinsen der det er nemnd um han.  

Arne Skjeie (1910-1922) kom frå Nore Neset skule.  Sjå um han der.  

Georg Johnsen (1922-1929) frå Åsane fekk lærarposten etter Arne Skjeie.  Han hadde fyrr vore lærar i Meland og Åkra.  I 1929 vart han lærar ved Skjeie skule i Fana og flutte difyr frå Os.  G. m. Borghild Hagen, Meland. Bom: Kjell.  

Magnus O.
Askvik(1929-19 .. ).  Han var fyr r lærar i Eidskog i Hedmark og var ogso eit år i Amerika for å studera skulestell.  G. m. Hjørdis Tunold.  

Marta Heglend
(1921-19 .. ) vart i 1921 lærar nr. 2 ved Søre Neset skule.  Ho var fyrst lærar i Bryggja, Nordfjord, vart i 1916 lærar i Lønningdal krins i Os og kom derfrå til Søre Neset skule.  Ho hev vore med i skulestyret og er f. t. medlem av soknerådet.  


Øyane.

Arne Arneson Åsen
(1833-1843) er nemnd fyrr.  Han hadde ogso skulen i Lysefjorden og fekk seinare krinsen i Søftelandsbygdi.  

Lars Erikson Valle (1843-1880) tok arbeidet etter Arne Åsen.  Han hadde ogso Lysefjorden krins, men frå 1860 fekk han Askvikgardane attåt Øyarkrinsen.  Han var busett på Bjånes og ein vil finna meir um han der.  

Jens E. Fjærestad (1881-1904) frå Balestrand i Sogn vart so lærar.  I 1896 sa han upp posten, og Sigurd Engen tok posten som vikar.  Då posten vart utlyst søkte Fjærestad um å få plassen att.  Han fekk den og tok til att med skulen hausten 1897.  I 1904 søkte han og fekk Iærarposten på Søfteland der han var tildess han i 1914 slutta heilt upp med skulearbeidet.  Han var med i ymse kommunale umbod og var ein bolk ogso medlem av heradsstyret.  G. m. Maria Fjærestad frå Balestrand.

Paul Moberg (1904-1906) fekk lærarposten då Fjærestad reiste til Søfteland.  Sjå um han under Nore Neset skule.  

Johan Austbø (1906-1912) frå Lavik i Sogn fekk posten i 1906.  Han hadde fyrr vore lærar i Leikanger, Sogn.  Han skipa m. a. ungdomslaget i Øyane og skreiv ogso eit par bøker.  I 1912 flutte han til Skotselven i Nedre Eiker der han enno er lærar.  G. m. Karoline Bøthun, Fresvik. 

Henrik Stafsnes (1912-1915) frå Stangfjorden i Askvoll var so lærar i nokre år.  Han hadde fyrr vore lærar i Askvoll.  I 1915 fekk han lærarpost i Sund, flutte derifrå til Odda og er no i Florøy. 

I 1915 vart krinsen skift i tvo, Søre Øyene og Nore 0yane krinsar.  

Sørøyane. 

Hans Bøthun (1915~19 .. ) frå Leikanger, Sogn, vart lærar i den nye Sørøyane krins, der han enno er.  I dei fyrste tvo åri hadde han ogso Lønningdal krins attåt.  Han hadde fyrr vore lærar i Fresvik i Sogn.  Sjå meir under Røttingen der han hev gard. 

Anna Såkvitne (1925-19 .. ) vart lærar nr. 2 i krinsen, og hev småskulen der.  Ho hadde fyrr havt lærarpost i Vossestrand. 

Nordøyane. 

Knut Horvei (1915-1916) hadde fyrste året skulearbeidet her attåt lærarposten sin på Nore Neset.  Sjå um han der. 

Trygve Johannessen (1916-1919) var den fyrste som fekk heil lærarpost i krinsen.  Han var fødd i Bergen, men flutte seinare saman med foreldri til Bø i Os.  I 1919 fekk han lærarpost i Askøy der han var til han døydde i 1925.  G. m. Anna Vinjans dtr. Nordstrønen. Born: Torleiv, Trygve, Arnlaug og Eldbjørg. 

Ole Erstad (1919-1921) frå Alversund vart so lærar i krinsen.  Han hadde posten berre i tvo år og reiste frå bygdi då han for skuld sjukdom måtte slutta som lærar.  

Magdeli Tvedt (1921-19 .. ) frå Strandvik er sisste lærar.  Ho er gift med handelsstyrar Karl Troland, Sund.  Bom: Eirik.

Lysefjorden.

Arne Arneson Åsen (1833-1843) er fyrr nemnd under Øyane.  

Lars Erikson Valle(1843-1860) likeins.  

Frå 1860 vart Lysefjorden krins lagt saman med Søftelandsbygdi til ein lærarpost. 

Johannes Skjelåen (1860 – 1863) vart fyrste lærar i den nye krinsen.  Han var frå Samnanger og fekk seinare lærararbeid der.  Han var busett på Skjelåen der han hadde farsgarden og døydde fyrst i 1926 som ein utgamall mann.  G. m. Kari Ingeleiv Nils dtr. Solbjørg frå Samnanger.  

Elias Hanssen (1863-1869).  Han var fødd på Osøyri, gjekk i skomakarlære i Bergen, men tok so til med læraryrket og gjekk lærarskulen.  Etter 6 års lærararbeid i Lysefjorden og Søftelandsbygdi fekk han lærarposten i Hegglandsdalen og busette seg på Tveit.  Sjå meir um han der.  

Haldor Midthus(1869-1904).  Han var fyrst lærar nokre år i Hegglandsdalen, gjekk so lærarskulen og fekk i 1869 posten i Lysefjorden og Søftelandsbygdi etter Elias Hanssen.  Han busette seg i Åsen og ein vil finna meir um han under denne garden.  I sine sisste skuleår hadde han jamt vikar i Søfteland krins.  

Nils H. Midthus(1905-19 .. ) fekk lærarposten etter faren.  Han var fyrr lærar i Hegglandsdalen, men flutte til Lysefjorden og fekk faren sitt bruk i Åsen då denne døydde.  Sjå meir um han under Åsen. 

Nilsina Næs (1916-1919) frå Varaldsøy vart lærar nr. 2 og fekk småskulen i krinsen 1916.  Attåt hadde ho småskulen på Søre Neset.  I 1919 fekk ho seg lærarpost i SørFron der ho er enno.  

Maria Særvoll(1919-1932) frå Strandvik hev havt lærarposten i småskulen til ho i 1932 flutte til Søfteland.

Søftelandsbygdi.  

Hans Vinsjanson Hauge
(1834-1844) var den fyrste lærar i krinsen etter skiftingi i 1833.  Han hadde ogso skulearbeidet i Hegglandsdalen.  I 1845 flutte han til Bergen og tok handelsborgarskap der i 1847.  Han døydde ugift i 1854.  

Even Johannesson Rød (1845- umlag 1850).  Han var fødd på øvre Rød i Hegglandsdalen og var 17 år då han tok skulearbeidet.  Han hadde dette berre ein nokre år.  Då han vart gift flutte han or bygdi og busette seg på Skåtun i Strandvik.  G. m. Kari Sveins dtr. Eikhaug.  

Arne Arneson Åsen(uml. 1850-1854) var lærar her i ein nokre år etter Even Rød.  Det er nemnd um han under Neset og Øyane krinsar.  

Henrik Steffenson Grindevoll (1854-1860) fekk lærarposten her etter at han i 1853 kom frå seminariet.  Sjå um han under Neset skule der han fyrr hadde lærararbeid.  

Johannes Skjelåen(1860-1863).  Elias Hanssen (1863-1869) og Haldor Midthus(1869-1904) som var lærarar i den tid då krinsen var saman med Lysefjorden er nemnde under denne krins.  

Jens Fjærestad(1904-1914) fekk lærarposten her då han slutta i Øyane krins.  Sjå um han under denne.  Under si skuletid på Søfteland hadde han fleire gong er vikar, jamnast pensjonert lærar Nils Wergeland.  Denne var ogso vikar i den sisste tid då Haldor Midthus hadde lærarposten, og hadde attimillom ogso vikararbeid i andre krinsar.  

Johan Myrtveit (1915-19 .. ) frå Manger tok arbeidet etter Fjærestad.  Han hadde fyrr vore lærar i Sæbø, Manger.  Han er ogso militær tenestemann, hev gjenge underoffisersgraderne og er frå 1930 løytnant i heren.  Hev i 10 år vare varaformann i 9. regiments underoffiserslag og hev tilskipa boki: Søndre Bergenhus regiments under offisersforening.  Frå 1928 hev han vore formann i Os skulestyre.  G. m. Hildur Askeland frå Sæbø. Barn: Kåre, Solveig, Liv og Margrete


Hegglandsdalen. 

Hans Vinsjanson Hauge (1834-1844) hadde lærarposten her attåt arbeidet i Søftelandsbygdi.  Sjå um han der. 

Hans Knutson Eikedal (1845-1850) frå Samnanger hadde posten her i 5 år attåt ein lærarpost i heimbygdi si, Samnanger.  Ogso i slutten av 1850 åri hadde han skulearbeid i Hegglandsdalen.  Han var gift med Helga Olavs dir. Midtsæter frå Os. 

Vinsjans Jonson Hauge (1850-1853), brorson åt ovannemnde Hans Hauge, var lærar her ein nokre år.  Skulekommisjonen i Os gav han eit lån av skulekassen so at han fekk reisa på seminaret.  Då han kom att derifrå fekk han lærarpost i Bergen og vart buande der. 

Frå 1853 til 1860 var det lite skikk på skulen i Hegglandsdalen, og det var ingen fast lærar der med undantak av eit eller tvo år.  Lærarane i Søftelandsbygdi, Grindevoll og Skjelåen, og likeins andre lærarar, mest frå Samnanger, hadde ein eller fleire stutte skuleturar i krinsen. 

Kristian Olson Lyssand var lærar i krinsen 1856-57.  Han var då berre 15 år gamall.  Etter seinare å ha gjenge seminaret reiste han til Austlandet og vart lærar og klokkar i Ullensaker.  Han vart bygdi sin fremste mann, og døydde der i 1931, over 90 år gamall.  G. m. Anna Hans dtr. Bru, Strandebarm.  

Haldor Midthus (1860-1863) hadde skulearbeidet her fyrr han reiste til lærarskulen.  Sjå um han under Lysefjorden krins som han fekk seinare.  

Annanias Tveit (1863-1865) hadde lærarposten eit par år medan broren Haldor Midthus gjekk lærarskulen.  Sjå um han under Tveit der han hadde gard og var busett.  

Ola M. Hanson Gaugstad (1865-1868) frå Fusa var so lærar i 3 år.  Han reiste sidan til Bergen, vart sorenskrivarkontorist og hadde ogso ei tid handel i Bergen.  G. m. Ingeborg Gundersen.  

Lars Hansson Tøsdal (1868-1870) fekk arbeidet etter Gaugstad.  Som nemnd var han eit par år vikar i Neset krins og hadde ogso ymse vikararbeid i Oskrinsen og ved andre skular i bygdi.  Seinare gjekk han Stord seminar og då han kom att fekk han lærarposten i Hegglandsdalen som han elles hadde i berre tvo år.  Han reiste so til Amerika og gjekk presteskule der, kom att til Os og gifte seg med dotteri til presten Greve i Os, Magdalena Greve, og reiste attende til Amerika der han sidan vart prest.  Han døydde i 1932, vel 90 år gamall.  

Elias Hanssen (1870-1894).  Han hadde fyrr vore lærar i Lysefjorden der ein finn meire um han.  

Nils H. Midthus (1894-1905) fekk posten etter Elias Hanssen.  I 1905 flutte han til Lysefjorden, og ein finn meir um han der.  

Olav Skorpen(1905-19 .. ) frå Kvinnherad er sisste lærar i krinsen.  Han hadde fyrr ei stutt tid vore lærar i Skånevik og Kvinnherad.  Han er busett på Tveit og sjå um han der.  

Lønningdal.  

Inntil 1915 hadde læraren i Hegglandsdalen ogso skulearbeidet i Lønningdal.  Lærarlista for Hegglandsdalen gjeld ogso for Lønningdal inntil den tid.  I 1915 vart krinsen løyst frå lærarposten i Hegglandsdalen.  

Hans Bøthun(1915-16) fekk lærararbeidet her dei fyrste åri etter skilnaden.  Han hadde elles lærarposten sin i Sørøyane der det er nemnd um han.  

Marta Heglend(1916–1921) var den fyrste som fekk heil lærarpost her.  I 1921 fekk ho lærarpost på Søre Neset.  Sjå der.  

Nils Amundsen (1921-1929) frå Bergen kom etter Marta Hegland.  Frå 1926 då det berre vart halv lærarpost i Lønningdal fekk han ogso arbeidet i Bogstrand krins i Fusa.  I 1929 slutta han skulearbeidet her.  G. m. Hildur Lønningdal.  Born: Elna og Egil.  

Henrik Lien
(1930-19 .. ) er sisste lærar.  Han var ei tid vikar på Søre Neset og i Lønningdal og fekk lærarposten her 1930.  G. m. Nilsine Midtsæter. Born: Aud.  

Klyva. 

Klyvagrendi med Berge og Hatvik vart serskild skulekrins i 1878, og læraren i Hegglandsdalen skulde ogso ha skulearbeidet her. 

Elias Hanssen (1878-1893) var fyrste lærar i den nye krinsen.  Sjå um han under Hegglandsdalen der han elles hadde lærarposten sin. 

Olav Engen (1893-1899) fekk deretter skulearbeidet her med di krinsen i 1893 vart lagt til læraren på Søre Neset.  Sjå der. 

Jakob Djuvik (1899-1909) fekk storskulen på Klyva då Olav Engen slutta.  I same tid hadde Tora Landvik småskulen i krinsen.  Sjå meir um desse lærarane under Oskrinsen. 

Daniel Grindevoll (1909-1912) vart lærar her i 1909.  Han hadde ogso ein klasse på Søre Neset.  Sjå um han under Oskrinsen der han sidan fekk post.  

Anton Aure (1912-13) frå Fræna fekk skulearbeidet etter Grindevoll.  Han hadde fyrr vore lærar i Vestnes.  Han reiste straks frå Os att og var seinare lærar i Nes og i Solum.  Han er mest kjend for sitt store samlarverk »Nynorsk boklista« som kom med fyrste bandet 1916.  G. I m. Halgerd Røsok, Sandøy, II Marta Ådne, Solum.  

Johan Hetle (1914-15) frå Gloppen vart sisste lærar i krinsen.  I 1914 vedtok skulestyret at krinsen skulde leggjast ned.  Berge og Hatvik vart lagt til Hegglandsdalen og dei andre gardar til Oskrinsen.  Hetle reiste so frå bygdi i 1915, tok artium og vart tilsett ved Narvik høgre skule der han sidan 1920 er adjunkt.  

Ein hev her berre teke med dei lærarar som var tilsette i krinsen.  Umframt desse var det i millomromi fleire lærarar, dei fleste berre ei stutt tid og dei vert difyr ikkje nemnde her.  

Arbeidsskulen.  

Malena Rød (1905-19 .. ) hev den heile tid sidan skulen tok til vore lærar i arbeidsskulen for gjentor.  Ho er busett på Rød der ho hev sett opp hus på farsgarden.  

Ola O. Hjelle (1922-19 .. ) hev vore lærar ved arbeidsskulen for gutar sidan skulen vart fast.  Han stod ei tid i Bergens husflidsforening si tenesta og heldt kurs for dette laget ikring bygderne, men skipa so ein snikkar- og treskjerarverkstad på Os som han framleis driv ved sida av skulen.  Sjå meir under Berglund, Hauge, der han er busett.