YTRE TUEN

Frå OS SOGA III side 75 – 86

37. YTRE TUEN

Gardsnamnet kjem truleg av det gamallnorske Pufa, tue, liten haug, samansett med endingi -vin, s. O. B. II 86.  Namnet skulde soleis tyda den tuete, haugutte, ujamne bøen, og høver godt på garden.  

Uttale: Tu’en.  

Skrivemåtar: Twe (1519), Twenn (1521), Tuen (1563), Thuenn (1591)), Tuenn, Tuuen, Ytre Thun og lndrethun (1600), Thuffuen, Thuffwuenn (1603), Thuffueland (1612), Todtland (1634), Thuwen, Thuuen, Tuun, Tunn (1643), o. fl. skrivemåtar. 

Garden ligg i sørhallet av Lifjellet, austanfyre dei nemnde gardane Døsen og Grindevoll.  Tuen, som truleg er ein av dei eldste gardane i bygdi, vart tidleg skift i ytre og indre tunet.  Lysekloster åtte garden tildess Staten kjøpte han i 1874.  Statministar Chr. Michelsen kjøpte hovudbruki att av Staten i 1902, og brukarane hev sidan fenge kjøpt innmarki og storparten av utmarki. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: Saar 6 smale tønder, afler 17 tdr., goed agger og eng, lidet brendevedskoug til gaarden, paalagt at plante homblehagge, befindes udj deres udmarch it støche jord som kand bebygges og indheignes til gaardens beste.  
1723: Ingen sætter eller skoug end iche brendefang, ingen qvern eller fiskerie, god jordart, temmelig letvinden, ingen houg eller udmaark.  Haver ingen brug eller handling eller brug, uden allene gaardens aufling, ellers af lige beskaffenhed med forrige gaard (indre Tuen) og taaler ingen paalæg.  
1865: Har 13 maal dyrket ager og eng, deraf 4 maal godt, 4 middels og 5 slet, har 51 maal naturlig england, deraf 8 maal godt, 27 middels og 16 slet, 5 maal naturlig england kan dyrkes.  Har skog til husbrug og intet videre, intet til salg, føder 2 ungnød ved lyng og skav, er middels letbrugt og almindelig drevet.  Gaarden lider af tørke. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16572 11461   
16682  18   6tun 
17232 220   6» 
1800314       
183521621212 17»4tun.
186531621540 29»9tun.
19003152919 27,5»13»
192083721013 24,5mål6,5mål
193063221521 22,5»5,8»
1939  41523 73,5»8»

YTRE TUEN 1 

Olaff pa Twe (Ola Tuen) hadde garden her i 1519 og er fyrste mann som me finn nemnd på ytre Tuen.  Vinteren 1520 – 21 fostra han ein stut for lensherren på Bergenhus, og tok på seg å fostra ein av same slaget til næste vinter.  I fosterløn fekk han 7 alner hjeltevadmål. 

Sjur ytre Tuen var brukar i 1563.  Han hadde heile garden. 

Peder ytre Tuen hadde garden i 1591 og var brukar til 1610, då han døydde.  Ola ytre Moberg, s. y. M. 2, var kannhenda son hans. 

Jakob ytre Tuen vart brukar i 1611.  Truleg vart han då gift med ekkja etter Peder.  Jakob sat etter måten godt i det.  Han hadde garden til 1620 då den vart skift i tvo partar, s. br. 2.  Det er mykje truleg at dei som fekk dei tvo bruki var borni eller verborni åt Peder og Jakob.  Av huslyden åt Jakob kjenner me sonen Lars, s. n. 

Knut ytre Tuen vart brukar her i 1620.  Truleg var han son åt Peder ytre Tuen eller gift med ei dotter hans.  – Me veit elles ikkje kvar dei ovannemnde brukarane på garden var frå, og me kjenner ikkje til ætti deira.  – Knut fall frå alt i 1625. 

Jørgen Danielson, f. ikr. 1603, fekk bruket i 1626.  Jørgen var klokkar i Os, og var truleg son åt Daniel Hope i Fusa.  Kona heitte Barbru Hans dtr. og var fødd ikr. 1630. 
Daniel Jørgenson øvre Boga, g. 1675 Marta Mattis dtr. Bø, var truleg son åt Jørgen, og kannhenda hadde han fleire born. 
Jørgen var busett på Tuen til 1630.  Han flutte sidan til Hope i Fusa der han vart buande, s. O. B. I 434, der det elles ved ei misprenting stend at han flutte frå Tuen i 1636.  Medan Jørgen var busett på Tuen hadde han ein dreng, Fabian, til å stjorna bruket.  Fabian hadde fyrr tent på Storum, og seinare vart han busett på Kuven, s. K. 2.  Jørgen døydde i 1673 og kona i 1692. 

Amund ytre Tuen, som hadde br. 2, bygsla ogso dette bruket då klokkaren flutte i 1630.  Sjå um Amund under br. 2. 

Lars Jakobson ytre Tuen vart brukar i 1637 og bygsla heile garden etter Amund.  Lars var son åt den fyrre brukaren Jakob ytre Tuen.  Lars sat dei fyrste åri tolleg godt i det, men det gjekk nedover med han og i eit par år var han heilt skattefri.  I 1649 låg ytre Tuen usådd og øyde, og året etter heiter det at garden vart brukt av futen på Lysekloster som futegard.  Truleg måtte futen ta seg av garden, so at den ikkje kom radt til nedfalls.  I åri 1652 – 1655 vart Lars atter skriven som gardbrukar, men kannhenda var han berre gardstyrar for Lyseklosterfuten.  Kona åt Lars heitte Kari.  I sine velmaktsdagar hadde Lars både vaksen dreng og vaksi taus på garden, og Arne Særvoll, s. S. 1, tente hjå han i 1640 åri. 
Garden vart no skift att i tvo like store partar. 

Jakob ytre Tuen bygsla dette bruket då garden var skift i 1656.  Han var, etter det me kann skyna, son åt Lars og fekk soleis farsbruket.  Jakob var gift, men me kjenner ikkje noko til kona hans.  Av borni kjenner me ein son Jon, f. ikr. 1656, g. 1686 Lisbet Søvik, s. S. 1.  Jakob fall frå alt i 1662. 

Peder Monsson, f. ikr. 1615, bygsla bruket i 1663.  Peder var anten frå Hjelle eller Midthus og hadde vore busett i Særvollsvik, s. S. 1.  Han hadde ogso vore gift fyrr han kom til Tuen, men fekk no ei ny kona som heitte Brita.  Truleg var ho ekkja etter Jakob Tuen.  Av borni kjenner me: Ola, f. ikr. 1646, Jens, f. ikr. 1651, Johannes, f. 1655, s. n., Nils d. e. f. 1657, Kristoffer, f. 1659, Mons, f. 1672, reist til Nordland, utskriven til sjøvernet 1704, Nils d. y., f. 1675, g. 1696 Kari Skjeie, s. S. 2, Dordi, f. 1677, Peder d. e., f. 1678, reist til Nordland, utskriven til sjøvernet 1704, Peder d. y., f. 1681, d. 1696, Brita, f. 1683, d. ung.  Peder døydde ikr. 1685. 

Johannes Pederson ytre Tuen, f. 1655, bygsla bruket etter faren.  G. 1683 Anna Arnes dtr. Hjelle, f. 1661.  Born: Ingeborg, f. 1686.  Johannes var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde alt i 1690. 
Ekkja Anna Arnes dtr. hadde so bruket i 5 år. 

Ola Nilsson Særvoll, f. 1665, vart i 1695 gift med ekkja Anna Arnes dtr. og fekk bygsla bruket.  Anna døydde i 1716, og Ola gifte seg att året etter med Marta Jons dtr. Valle, f. 1693.  Ola fekk tvillingar i begge giftarmåli og hadde ialt 16 born, men 7 av dei døydde unge.  Dei som vaks upp var: Arne, f. 1696, d. 1716, Peder, f. 1696, fall i ufreden 1716 – 1718, Nils, f. 1698, g. 1723 Ingeborg Storum, s. S. 1, Kari, f. 1699, d. ug. 1724, Anders d. e., f. 1703, d. ug. 1731, Anna, f. 1719, g. 1752 Ola Lysøy, s. L. 1, Marta, f. 1722, s. n., Ola, f. 1725, b. Kjøpenhamn, Anders d. y., f. 1736, g. 1763 Maria Alvs dtr. Holen, b. Bjånes i Sund.  Ola sat sverande smått i det, og då fyrste kona døydde, hadde han ingen ting i huset og åtte ikkje ein einaste ting som lensmannen kunde verdsetja.  Det vart noko likare for han seinare.  Ola døydde i 1744 og Marta i 1772. 

Ola Nilsson Eikeland frå Fusa, f. 1719, vart i 1744 gift med Marta Ols dtr. ytre Tuen, f. 1722, og bygsla bruket etter verfaren.  Born: Kari, f. 1744, d. ug. 1764, Anders, f. 1751, d. ung, Lisbet, f. 1753, d. ug. 1776.  Ola dreiv med sjøen og sat tolleg godt i det.  Han døydde i 1764. 
Då Ola kom til Tuen, var det berre desse husi på tunet hans: Ei sengebud med sval attåt og eit fjos.  Den gamle gardstova som Ola budde i hadde begge bruki ihop, men tvo timbra kovar ved sida av gardstova rådde Ola over åleine.  Attåt dette var eldhuset og løda med ei sval attåt sams for begge grannane på garden.  Husi var i tolleg god stand med undantak av den gamle gardstova som var ramskoti og måtte vølast.  Ola hadde tvo grytor i huset, og desse tok jordeigaren i pant til dess husi vart vølte. 
Ytre Tuen hadde greide grensor mot grannegardane med nedsette skiftesteinar i alle grenselinor.  I grensa mot Særvoll stod ein skiftestein i ein bekk som var kalla Trolldalabekken. 

Ola Steffenson Grindevoll, f. 1744, gifte seg i 1765 med ekkja Marta Ols dtr. og fekk bygsla bruket.  Marta døydde i 1788 og Ola gifte seg att året etter med Anna Haugnes dtr. Jarland frå Samnanger, f. 1754.  Born: Margreta, f. 1765, d. ung.  Ola sat smått i det dei fyrste åri, men han dreiv mykje med sjøen og arbeidde seg godt framover.  Han var ein vyrd mann i bygdi og var i mange år lagrettemann og skynsmann, men skreiv alltid under med bumerke.  I 1770 åri kom Ola upp i ein heil floke.  På ein fisketur vart det umtala at ein avliden ungkar frå Nordstrønen hadde lete etter seg mykje pengar, som ikkje kom fram i skiftet, og Ola som hadde sagt dette vart teken for retten av arvingane.  Det vart av dette ei stor sak som gjekk i mange år, men Ola slapp frå leiken mot å svara sakskostnaden.  Samstundes hadde han og grannane ein strid med ytre Moberg, avdi kjyrne frå Tuen og Lekven gjekk i Mobergsmarki, og Ola stod framst i striden på Tuenkarane si sida.  Det vert nemnt meir um dette under ytre Moberg 6.  Ola døydde i 1825 og Anna nokre år seinare. 

Hans Hansson Bjøndal frå Hålandsdal, f. 1793, bygsla bruket i 1822.  Han hadde fyrr vore busett i Lysekloster, s. O. B. II 182.  G. I 1817 Anna Jons dtr. Dalland frå Strandvik, f. 1783, d. 1822, g. II 1823 Kari Engjels dtr. Gjøn, f. 1792.  Born: Anna d. e., f. 1818, s. br. 3, Anna d. y., f. 1820.  Hans sleit hardt for å greida seg.  Han sette seg i skuld til den eine og andre og måtte jamt på tinget for å svara på skuldkravi.  Dei 100 dalane som han skulde leggja i bygslepengar då han tok mot bruket var ikkje lette å finna for han.  Då han fekk ny kona, vart det noko likare ei tid, men kravi kom att seinare, og i 1838 let han bruket frå seg og tok kår.  Det var so lite skog på Tuen at Hans skulde berre ha brakje til ved i kårstova.  Hans som budde i eit gamalt skralt hus hadde teke ei fura til ved, men dette kom upp og vart meldt til godseigaren.  Dei visste talet på furone i Tuenmarki, og då dei talde trei so vanta det ei fura.  Heile Tuen måtte på tinget for å vitna, og det synte seg at Hans hadde brukt noko av fura til å vøla båten sin med og noko til ved.  Furekubbane hadde han bore heim på ryggjen med brakje i kring.  Retten fann at Hans kunde ha trong for ei furuspik i den kalde hytta si, og saki fall burt etter lovnaden frå Hans um aldri meir å røra dei nokre Tuenfurone.  Han døydde i 1843.  Kona var busett på Tuen til 1847, då ho flutte til Sund der ho sidan vart buande. 

Torbjørn Jonson Haavik frå Strandvik, f. 1802, bygsla bruket i 1838.  G. 1840 Marta Martinus dtr. Vinnes frå Strandvik, f. 1817.  Born: Jon, f. 1840, s. n., Kristi, f. 1842, g. 1865 Ola Larsson indre Tuen, d. 1866, Martinus, f. 1844, s. br. 3, Torbjørn d. e., f. 1845, i Amerika, Karina, f. 1847, g. 1873 Knut ytre Moberg, s. y. M. 3, Eli, f. 1850, d. ung, Vinsjans, f. 1851, sjømann, spurdest ikkje meir, Torbjørn d. y., f. 1855, i Amerika.  Torbjørn dreiv med sjøen likeins som fyremennene hadde gjort.  Han døydde alt i 1854. 
Ekkja Marta Martinus dtr. hadde so bruket i heile 12 år.  Ho livde radt til 1903. 

Jon Torbjørnson ytre Tuen, f. 1840, bygsla bruket i 1866 etter mori.  G. 1866 Barbru Nils dtr. Skjeie, f. 1844.  Born: Kristian, f. 1866, i Amerika, Marta, f. 1868, g. 1895 Paul Særvoll, s. S. 2, Nils, f. 1872, g. 1897 Ingeborg Særvoll, s. S. 3, Torbjørg, f. 1879, g. 1924 Elias Lønningdal, s. L. 4, Torbjørn, f. 1882, s. n., Gjertrud, f. 1886, g. gardbrukar Johannes A. Birkeland i Fana.  3 born døydde unge.  Jon dreiv med treskoarbeid attåt gardsbruket.  Han vart heller ikkje gamall på garden, då han døydde alt i 1891. 
Ekkja Barbru Nils dtr. hadde so bruket nokre år.  I 1901 kjøpte ho bruket av Staten for 1800 kroner, men statsministar Chr. Michelsen gjekk inn i handelen soleis at det vart han som fekk skøyte på bruket året etter.  Barbru døydde i 1913. 

Torbjørn Jonson Tuen, f. 1882, kjøpte bruket (innmarki) av Chr. Michelsen i 1904 og vart brukar etter mori.  G. 1904 Anna Maria Engjels dtr. Hammersland frå Hålandsdalen, f. 1882.  Born: Jon, f. 1905, steinarbeidar, g. 1930 Anna Johannes dtr. Kvingedal frå Masfjorden, f. 1906, Engjel, f. 1907, styrmann, g. 1938 Haldis Hagensen frå Namsos, b. Døsen, Kristian, f. 1909, sementstøypar, g. 1938 Olga Blom frå Herdla, b. Hagevik, Elna, f. 1911, g. 1939 gartnar Konrad Janson Nesttun, b. Nesttun, Barbra, f. 1914, d. 1938, Kristi, f. 1916, hushjelp, Ruth, f. 1919, butikkgjenta, Johan, f. 1922, Torbjørn, f. 1926.  Torbjørn er emissær og reisetalar for Det Norske Misjonsselskap 


YTRE TUEN 2. 

Johannes ytre Tuen vart fyrste mann på dette bruket då det vart skilt ut frå br. 1 i 1620.  Det er mykje truleg at Johannes var son åt Peder Tuen som hadde heile garden til 1610, s. br. 1.  Johannes vart vanleg rekna som husmann og sat smått i det.  Han fall frå alt i 1628. 

Amund ytre Tuen bygsla bruket i 1629.  Året etter bygsla han ogso br. 1 og hadde då heile ytre Tuen.  Kvar Amund var frå, veit me ikkje.  Av huslyden kjenner me ein son, Ola, f. ikr. 1621, s. n.  Amund hadde garden til 1637. 

Lars ytre Tuen bygsla begge bruki etter Amund.  Sjå um han under bruk 1. 

Ola Åmundson ytre Tuen, f. ikr. 1621, bygsla i 1656 dette bruket som ogso faren hadde havt.  Det vart no berre helvti so stort som br. 1.  Kona åt Ola heitte Kari, men meir veit me ikkje um henne.  Av borni kjenner me: Anna, f. ikr. 1660, Magdela, f. ikr. 1665, g. 1688 Jørgen Eliasson Hatletveit frå Strandvik, b. p. Sandal, seinare Sørtveit i Strandvik, Mons, f. 1676, g. 1720 Sesilia Gjemdal, s. G. 1.  Ola døydde ikr. 1680 og Kari i 1700. 

Gudmund Johannesson, f. ikr. 1650, bygsla bruket då Ola døydde.  G. I i Strandvik 1678 Guro Jens dtr., f. ikr. 1650, d. 1697, g. II 1698 Marta Nils dtr. Særvoll, f. 1669.  Gudmund og Guro var ikkje frå Os, men elles kjenner me ikkje heimstaden deira.  Kannhenda var dei frå Strandvik.  ?
?Ola fekk 13 born, men 8 av dei døydde i ung alder.  Dei som vaks upp var: Johannes, f. 1699, s. n., Brita, f. 1706, g. 1733 Vinsjans Lepsøy, s. L. 1, Anders, f. 1708, g. 1730 Brita Åsen, s. Å. 1, Ola, f. 1714, g. 1736 Gjertrud Hetleflåten, s. H. 1, Guro, f. 1716, d. ug. 1741.  Gudmund dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt trass den store huslyden sin.  Han døydde i 1717. 
Ekkja Marta Nils dtr. hadde so bruket i 5 år.  Bruket var no atter vorte jamstort med det andre på garden. 

Johannes Gudmundson ytre Tuen, f. 1699, bygsla bruket etter mori i 1722.  G. 1722 Kari Jonsdtr. Valle, f. ikr. 1683, som var syster åt kona på grannebruket.  Born: Marta, f. 1724, s. n., Gudmund, f. 1726, d. 1736.  Johannes dreiv fiske likeins som faren og sat tolleg godt i det.  Han døydde alt i 1741. 
Ekkja Kari Jons dtr. hadde so bruket ei stutt tid.  Ho døydde i 1750. 

Abel Teveson, f. ikr. 1711, vart i 1742 gift med Marta Johannes dtr. ytre Tuen, f. 1724, og bygsla bruket etter vermori.  Kvar Abel var frå, veit me ikkje, men han tente på Tuen då han gifte seg.  Han vart vanleg skriven for Tevesøn, men ein gong finn me han skriven som Abel Tevidsøn, og det kunde tyda på at farsnamnet hans retteleg var David (kalla Dave i Osbygdi).  Abel og Marta fekk 10 born, men 8 av dei døydde unge.  Heile 5 av dei fall burt i ulukkesåret 1765.  Dei tvo som vaks upp var: Margreta, f. 1755, g. 1796 Ola Storum, s. Berge 4, Kari, f. 1767, d. ug. 1859.  Abel var fiskar likeins som fyremannen.  Han døydde i 1784 og kona i 1797.  I dei siste åri budde dei truleg i serskilt hus, s. br. 3. 
Då Abel hadde bruket var desse husi på tunet: Ei røykstova med sval, timbra kove og vedskytja attåt, ei sengebud med sval og skytja i gavlen, eit fjos med sval attåt og eit smalehus av stein.  Saman med grannen hadde han den gamle gardstova, som grannen framleis budde i, eldhuset og løda.  Ein kove i gangen til den gamle gardstova rådde Abel over åleine.  Husi var i god stand med undantak av dei tvo stovone.  Abel fekk påbod um å vøla stovone, og til dess det vart gjort tok jordeigaren, pant i ein koparkjel som var verd 6 dalar. 

Mattis Olson Heggland, f. 1738, vart brukar saman med Abel i 1766, og i 1775 fekk han bygsla bruket.  Han hadde fyrr vore busett på Lyssand.  G. 1762 Kari Nils dtr. Hjelle, f. 1738.  Dei fekk 7 born, men berre 3av dei vaks upp.  Det gjekk ut for Mattis, og i 1785 måtte han flytja frå bruket.  Han vart sidan buande i Lønningdal på plassen Mattistræ som fekk namn etter han.  Sjå meir um han og huslyden hans under Lønningdal 3. 

Samson Larsson Berge frå Kvinnherad, f. 1755, bygsla bruket då Mattis flutte.  G. 1785 Margreta Eriks dtr. Berge frå Kvinnherad, f. 1752.  Born: Mari, f. 1787, d. ung, Lars, f. 1789, g. 1812 Lisbet Storum, s. S. 4, Erik, f. 1792, sjømann, var med i sjøvernet under ufreden 1811 – 1813 og kom ikkje heimatt, Mari, f. 1796, s. n.  Samson heldt seg mykje med sjøen og var ein drivande kar.  I 1786 kjøpte han ein part i Skjeiesagi, og i 1790 bygsla han grunnen der sagi stod og rådde soleis meir over sagi enn Skjeiemennene.  Han sat godt i det og var elles ein vyrd mann i bygdi.  Han og kona døydde begge i 1823. 

Eivind Andersson indre Lekven, f. 1788, vart i 1816 gift med Mari Samsons dtr. ytre Tuen, f. 1796, og bygsla bruket etter verfaren.  Dei fekk 8 born, som alle vaks upp og vart gifte: Anna f. 1818, g. 1846 Anders indre Lekven, s. i L. 1, Margreta, f. 1819, g. 1859 Daniel ytre Haugland, s. y. H. 1, Guro, f. 1821, g. 1877 Anders ytre Haugland, s. y. H. 7, Anders, f. 1823, s. n., Mari, f. 1826, g. 1852 Ola Olson Askvik, b. Krokeid i Fana, s. F. B. 613, Kari, f. 1828, g. 1854 Ola Grindevoll, s. G. 1, Metta, f. 1830, g. 1866 Lars indre Moberg, s. i. M. 3, Eli, f. 1838, g. 1876 Daniel ytre Haugland, s. y. H. 1.  Eivind dreiv med fiske likeins som fyremennene.  Han døydde i 1851 og kona i 1872. 

Anders Eivindson ytre Tuen, f. 1823, bygsla bruket etter faren.  G. I 1849 Kristi Steffens dtr. Grindevoll, f. 1823, d. p. barseng 1859, g. II 1860 Malena Johannes dtr. Bjørnen, f. 1827. d. 1864, g. III 1866 Helga Nils dtr. indre Lekven, f. 1818.  Born: Mari, f. 1853, g. 1902 Haldor indre Tuen, s. i. T. 2, Eivind, f. 1856, s. n., Kristian, f. 1861, sjømann, siste melding um han var frå Australia.  4 born døydde unge.  Anders var treskoarbeidar og dreiv ogso fiske.  Han døydde i 1887 og Helga i 1891. 

Eivind Andersson ytre Tuen, f. 1856, bygsla farsbruket i 1880.  I 1900 kjøpte han bruket (innmarki) av Staten for 2300 kroner, men likeins som ved br. 1 vart det statsministar Chr. Michelsen som i 1902 fekk skøytet på bruket.  I 1931 kjøpte Eivind det att av Chr. Michelsen, etter at det i 7 år ogso hadde vore i Frithjof Blytt si eiga.  Eivind vart gift i 1878 med Kristina Albrigts dtr. Holsund frå Fusa, f. 1849.  Born: Kristina, f. 1878, g. I 1900 Ivar Leganger, s. Molda 2.  g. II 1904 Ola Lunde, s. L. 2, Albrigt, f. 1881, blekkmakar, g. Sina Hamre frå Ølen, b. Haugesund, Lars, f. 1884, s. br. 6, Karl, f. 1887, g. 1913 Johanna ytre Lekven, s. y. L. 5, Eivind, f. 1889, paktar på Fantoft i Fana, g. 1915 Kari Johannes dtr. indre Lekven, Ingvald, f. 1893, s. n.  Eivind var steinarbeidar og arbeidde tresko.  Han døydde i 1934 og kona i 1923. 

Ingvald Eivindson ytre Tuen, f. 1893, skøytte farsbruket i 1934.  G. 1930 Ingeborg Pauls dtr. Særvoll, f. 1897.  Born: Erling, f. 1930, Marta, f. 1932, Kristi, f. 1937.  Ingvald driv som stein- og gruvearbeidar. 


YTRE TUEN 3. 

Ola Larsson Haugen
frå Samnanger, f. ikr. 1752, som fyrr hadde havt eit bruk på ytre Haugland, s. y. H. 6, flutte til Tuen og busette seg her i 1798.  Formann skriv um dette i skatteboki: «Ole tillades ath flytte ind i den ledige stue paa ytre Tuen, dog ikke længer end vi finder for godt». 
Det stod soleis ei stova her fyrr Ola kom til Tuen, og etter det me kann skyna, hadde Abel Tuen og kona hans busett seg her, då dei let heimebruket på Tuen frå seg til Mattis Heggland.  Kona åt Abel, som livde lengst av dei tvo, døydde i 1797 og stova var då nett «ledig» i 1798, soleis som Formann skriv i skatteboki. 
Ola fekk bu her so lenge han vilde, og han fekk ogso bygsla noko jord attåt stova.  I 1806 hadde han umframt stova ogso fenge seg upp stabur, smalehus og naust.  Ola dreiv med fiske, men sat sverande smått i det, og då han døydde fanns det ikkje ein einaste ting å skifta etter han.  Han var gift i 1789 med Barbru Eivinds dtr. Hetleflåten, f. 1757.  Um huslyden elles s. ytre Haugland 6.  Ola døydde i 1825 og Barbru i 1814. 

Haugne Tomasson Haug frå Samnanger, f. p. Tøena under Høyseter 1782, festa plassen i 1815.  G. Magdela Johans dtr., f. ikr. 1790.  Dei fekk tvo born medan dei var her, Ola, f. 1817, og Anna, f. 1819.  Ein son Johannes, f. ikr. 1808. vart i 1835 gift med Herborg Nils dtr. Troland i Sund.  Kvar Magdela var frå er noko uvisst, men etter det me kann skyna so var dei begge frå Samnanger og kannhenda i ætt med Ola, som dei kalla eldste sonen sin uppatt etter.  Haugne var med i ufreden 1808 – 14.  Han var ikkje lenge på Tuen.  Ikr. 1830 flutte han burt med huslyden, og me veit ikkje kvar det vart av dei. 

Anders Jakobson Bø, f. 1803, vart brukar etter Haugne.  G. I 1831 Didrika Serina Gullaks drt. Frå Bergen, g II Marta Ola dtr., f. ikr. 1807, d. 1845, g. III 1846 Anna Hans dtr. ytre Tuen, f. 1818.  Born: Hans, f. 1846, g. 1871 Engelina Engjels dtr. Skjelbreid, b. Lundarvik i Fusa, Berta Kari, f. 1848, d. 1863, Lars, f. 1853, Didrik, f. 1855, Annanias, f. 1857, d. 1876, Peder, f. 1860, i Amerika.  Ei gjenta døydde tidleg.  Kvar andre kona åt Anders var frå veit me ikkje, men ho var truleg ikkje frå Os.  Anders dreiv med fiske og treskoarbeid.  Han døydde i 1863. 
Ekkja Anna Hans dtr. hadde so bruket nokre år. 

Martinus Torbjørnson ytre Tuen, f. 1844, bygsla bruket i 1874.  I 1901 kjøpte han bruket av Staten.  G. 1868 Brita Nils dtr. ytre Moberg, f. 1843.  Born: Torbjørn, f. 1868, g. 1908 Maria Mehus frå Bremnes, gardbrukar i Bremnes, Elias (tvilling), f. 1872, s. br. 5, Nils, f. 1872, sjømann, ikkje høyrt frå han etter 1900, Johannes (tvilling), f. 1874, s. br. 4, Kristen d. e., f. 1874, d. ung, Kristen d. y., f. 1878, g. 1904 Maria Osnes, b. Torvestad, Johanna, f. 1880, g. 1903 motorfabrikkarbeidar Ola Halderaker, Bremnes, Karl f. 1883, s. n.  Martinus var tresko- og trearbeidar.  Han og kona døydde begge i 1914. 

Karl Martinusson ytre Tuen, f. 1883, skøytte bruket etter faren i 1914.  G. 1908 Magdela Dortea Hans dtr. Berge frå Hålandsdalen, f. 1884.  Born: Birgit, f. 1909, g. 1935 målar Øyvind Olson Lunde, Matilda, f. 1911, hushjelp, b. Sande i Vestfold, Magnus, f. 1913, snikkar, b. Bergen, Hans f. 1917, gartnar, b. Asker, Kristian, f. 1925, Kristina, f. 1929.  Karl er målar og driv målararbeid attåt gardsbruket. 


YTRE TUEN 4 (Nyland). 

Johannes Martinusson ytre Tuen
, f. 1874, kjøpte i 1909 eit stykke utmark av Chr. Michelsen som åtte denne, og bygde her.  G. 1906 Elen Engjels dtr. Gjøn frå Hålandsdalen, f. 1876.  Born: Markus, f. 1906, fabrikkarbeidar, Erna, f. 1908, g. 1931 Nils Bakka frå Samnanger, b. Voss, Borghild, f. 1909, g. 1934 Lars Birkeland, Fana, Nils, f. 1912, sjauffør, g. 1936 Elsa Nymark frå Tysnes.  Johannes var ei tid sjømann, seinare fabrikkarbeidar.  Han døydde alt i 1913. 
Ekkja Elen Engjels dtr. hev havt bruket sidan mannen døydde. 


YTRE TUEN 5 (Storhaug). 

Elias Martinusson ytre Tuen, f. 1872, kjøpte eit stykke av broren i 1918 og bygde seg sumarhus her.  Elias var kjøpmann i Bergen til han døydde i 1935, s. O. B. II 60.  G. 1895 Dina Pedersen frå Bergen. 


YTRE TUEN 6 (Fjellhaug). 

Lars Eivindson ytre Tuen, f. 1884, skøytte i 1934 eit stykke av farsbruket og busette seg her.  G. 1904 Marta Sjurs dtr. Kåtebø frå Ølen, f. 1882.  Born: Sigurd, f. 1904, sjømann, no målar, g. 1932 Kristina Ols dtr. Lunde, Kristina, f. 1910, g. 1934 Tomas Olson Lunde, s. L. 2, Einar, f. 1911, steinarbeidar, d. 1933, Anna, f. 1913, hushjelp, Leif, f. 1919, arbeidar.  Lars var ei tid skomakar i Bergen og dreiv seinare skomakarverksemd i Os.  I dei siste åri hev han teke anna yrke og er no arbeidsformann ved gruveanlegg.