MOBERGSLIEN
Frå OS SOGA III side 294 – 302

50. MOBERGSLIEN
Namnet kjem av at garden ligg uppe i lidi som i eldre tider høyrde til Moberg. I dagleg tale vart garden vanleg kalla Lien, Lio.
Uttale: Mo’bærslio, Li’o.
Skrivemåtar: Liid (1605), Lij (1614), Lide, Lj. Li, Lii, Liie, Lied, Lie, Lienn (1668), Lien (1723).
Garden ligg i åslidi i sørhallet av Lifjellet, og er uppteken som gard ikr. 1600 frå Moberg som åtte utmarki her. Lysekloster åtte garden til Staten kjøpte han i 1874. Brukaren fekk kjøpa innmarki i 1901.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saar 2 stadztønder, afler 7 tønder, liger høgt til fields, tynd eng, ingen skoug, mens goed fehagge, paalagt at plante homblehagge.
1723: Aldeles ingen sætter eller skoug, ingen qvern eller fiskerie, maadelig jordart men meget tungvinden. Har slet ingen næring uden af jordens aufling, har tilforn i nogle aar været ubeboet men nu beboes.
1865: Har 12 maal dyrket ager og eng, deraf 5 maal godt, 5 middels og 2 slet, har 64 maal naturlig england, hvoraf 12 maal godt, 26 middels og 26 slet, 10 maal england kan dyrkes. Har skog til brænde og ¼ huusreparation, føder 1 ko og 1 ungnød ved skav og lyng, er tungt at bruge og almindelig drevet, lider af tørke.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 2 | 7 | 5 | 4 | |||||||
1668 | 2 | 2 | 10 | 2 | tun | ||||||
1723 | 2 | 8 | 2,3 | » | |||||||
1800 | 1 | 5 | |||||||||
1835 | 8 | 1 | 7 | 12 | 1 | 3,5 | » | 2 | tun. | ||
1865 | 2 | 14 | 1 | 12 | 41 | 3 | 7,5 | tun. | 16,5 | tun. | |
1900 | 2 | 9 | 1 | 10 | 15 | 2 | 7,5 | hl. | 16,5 | hl. | |
1920 | 4 | 23 | 1 | 10 | 5 | 2 | 3,5 | mål | 2,5 | mål | |
1930 | 2 | 11 | 2 | 13 | 0 | » | 4,5 | » | |||
1939 | 1 | 18 | 3 | » | 6,5 | » |
MOBERGSLIEN 1.
Kolbein Liid var brukar her i 1605 og er fyrste mann som me finn nemnd på Mobergslien. Han var truleg den som hadde rydja og bygt garden. Kolbein, som vart rekna for øydegardsmann, døydde ikr. 1608.
Svein Mobergslien vart brukar i 1610. Året etter måtte han saman med dei andre osingane fara til Svinesund for å vera med i Kalmarufreden. I dei tvo åri han var burte finn me ein Johannes Lien skriven for garden. I 1613 kom Svein att og hadde garden til han døydde i 1618. Han var gift med ei som heitte Anna, men meir veit me ikkje um huslyden hans.
Ekkja Anna Mobergslien hadde so garden eit par år.
Mikkjel Mobergslien vart gift med ekkja Anna i 1620 eller 1621. Han døydde alt i 1623.
Ekkja Anna Mobergslien vart atter brukar nokre år. Sjå meir um henne under br. 2.
Garden vart no skift i tvo partar. Etter det me kann skyna, var det ein son åt Anna som fekk eine parten medan ho sjølv hadde resten, s. br. 2. Garden, som fyrr var skriven som øydegard, var no so mykje rydja og dyrka at han vart rekna millom dei vanlege gardane i Osbygdi.
Johannes Mobergslien vart brukar på denne parten i 1627. Han var truleg son åt Anna i fyrste giftarmålet hennar. Johannes var gift med ei som heitte Marta. Av borni kjenner me ein son, Ola, som var busett i Bergen og fekk i 1665 borgarskap der som «arbeidsmand med øxen». Johannes hadde ogso ei dotter, Kari, s. n. Husi på Mobergslien brann upp i 1628, og både Johannes og grannen hans på br. 2 vart «ganske forarmet». Dei vart deretter skattefrie i fleire år. Kannhenda var det fyrst då dei skulde byggja uppatt etter brannen at garden vart retteleg skift. Johannes døydde som fatigmann i 1644.
Anders Mobergslien vart gift med ekkja Marta i 1645 og fekk bygsla bruket. Dotteri åt Marta, Kari Johannes dtr., var då vaksi og var heime hjå mori. Anders var fatigmann likeins som fyremannen. Det gjekk med han som med dei fyrre brukarane, han vart ikkje gamall på Mobergslien og døydde alt i 1654.
Kvar dei ovannemnde brukarane var frå, veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje noko til ætti deira.
Ekkja etter Anders hadde so bruket eit par år. Um ekkja var den nemnde Marta, eller um ho var død og Anders hadde havt ei ny kona, veit me ikkje. Det siste er mest truleg.
Jon Mobergslien lagde skatt for bruket i 1656. Me finn han nemnd berre det eine året, og han var truleg ikkje bygslemann her. Kannhenda var han dreng eller gardstyrar hjå ekkja.
Dag Eilifson, f. ikr. 1620, bygsla bruket i 1657 og kom truleg hertil på den måten at han gifte seg med ekkja etter Anders. Han hadde vore gift fyrr, og då han kom til Mobergslien, hadde han m. a. med seg ein son, Dag, som då var 9 år gamall. Kvar Dag var frå er noko uvisst, men truleg var han son åt Eilif Storum. Dag hadde bruket til 1668. Um han då døydde, eller um han måtte flytja frå bruket, veit me ikkje.
Nils Olson indre Lekven, f. ikr. 1640, vart brukar i 1668. Han var truleg i ætt med fyremannen og hadde ein bror som ogso heitte Dag. Nils var gift med ei som heitte Anna, f. ikr. 1638. Ho hadde ætti si i Røttingen og Sørstrønen. Av 6 born vaks 4 upp: Ola, f. 1669, g. 1702 Kari Grindevoll, s. ytre Moberg 2, Peder, f. 1675, g. 1706 Barbru Bø, s. Lunde 2, Guro, f. 1677, ug., Marta, f. 1689, ug. Nils greidde seg tolleg godt på garden og åtte m. a. ein part i garden Sørstrønen. Han døydde i 1712.
Ekkja Anna Mobergslien hadde so bruket til ho døydde i 1718.
Vermund Mikkjelson Holmefjord, f. p. Havsgård 1673, bygsla bruket etter Anna. G. 1706 Anna Rasmus dtr. Mobergslien, f. 1667. Vermund hadde fyrr havt eit bruk på Ferstad, s. F. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. Vermund døydde på Mobergslien i 1750 og kona i 1731.
Bård Åmundson indre Lekven, f. p. Lunde 1723, bygsla begge bruki på Mobergslien i 1751. G. 1748 Kornilska Guleiks dtr. Ho tente på Lysekloster saman med Bård då dei vart gifte, og me veit ikkje kvar ho var frå. Born: Amund, f. 1749, g. 1776 Brita indre Tuen, s. i. T. 3, Lisbet, f. 1753, Brita, f. 1756, Anna, f. 1758, Marta, f. 1761, g. 1791 Ola Hagevik, s. Hovland 3. Ein gut døydde ung. I 1761 flutte Bård med huslyden sin til Kilen under Berge, s. B. 3, der han sidan vart buande.
Då Bård kom til Mobergslien, var desse husi på bruket hans: Ei liti røykstova, sengebud, eldhus, vedskytja, løda med ei sval og ein timbra kove attåt, fjos med ein timbra kove og ei sval attåt og eit mura grisehus. Løda, fjoset og grisehuset var sams for begge bruki på garden. Alle husi var haldne i framifrå god stand.
Anders Pederson indre Haugland, f. 1733, bygsla heile Mobergslien då Bård flutte burt. G. 1761 Barbru Pauls dtr. Midthus, f. ikr. 1740. Born: Brita d. e., f. 1761, ug., Paul, f. 1762, g. 1788 Anna Rindedalen, s. Ulven 1, Anna d. e., f. 1764, d. ung, Marta, f. 1766, g. 1795 Engjel Søfteland, s. S. 3, Barbru, f. 1769, g. 1794 Johannes Røttingen, s. Tømmernes 1, Brita d. y., f. 1772, d. p. barseng 1805, Anna, d. y., f. 1775, g. 1836 Jon Kuven, s. K. 1, Torbjørg, f. 1779, d. ung, Peder, f. 1781, vart utskriven til sjøvernet i 1801 og var med i ufreden 1808 – 14, men kom burt på sjøen nett etter at ufreden slutta. Anders var ein drivande kar og sat tolleg godt i det. Han var skulehaldar i Ossokni frå 1756 til han gifte seg, s. O. B. I 365 – 66, og var difor skrivefør, noko som var sjeldsynt i bygdi dei tider. Anders var ein mykje vyrd mann, var stemnevitne i mange år og lagrettemann all sin dag, og vart endå til teken som «forsvarer» i retten av bygdefolket, s. O. B. II 281. I 1784 flutte han frå Mobergslien til Ulven, s. U. 1, der ein finn meir um han.
Jon Larsson Berge frå Ølve, f. 1758, bygsla garden i 1784. G. 1783 Guro Ols dtr. Revna frå Strandvik, f. 1749. Av 7 born vaks berre 3 upp: Ola, f. 1786, s. n., Dordi, f. 1789, g. 1812 Tomas Søvik, s. S. 3, Kari, f. 1792, g. 1819 Ola ytre Moberg, s. y. M. 2. Jon dreiv mykje med fiske og greidde seg godt. Han livde til 1836, medan kona døydde alt i 1803.
Ola Jonson Mobergslien, f. 1786, bygsla eine bruket i 1807. I 1817 bygsla han ogso det andre bruket som faren hadde brukt til den tid. G. 1808 Brita Ols dtr. Grindevoll, f. 1784. Born: Jon (tvilling), f. 1809, s. n., Brita, f. 1809, g. 1843 Didrik Halhjem, s. Ulven 3, Guro, f. 1813, g. 1844 Engjel Øvredal, s. Osøyri 6, Kari, f. 1815, g. 1839 Ola ytre Haugland, s. y. H. 4, Mari, f. 1817, g. 1846 Anders ytre Haugland, s. y. H. 7, Ola, f. 1821, s. br. 2, lngeleiv, f. 1826, g. 1849 Kristen Skogen, s. S. 1. 3 born døydde unge. Ola dreiv med fiske likeins som faren. Han og kona døydde begge i 1834.
Jon Olson Mobergslien, f. 1809, bygsla Mobergslien då faren døydde. I 1845 let han ein mindre part av garden frå seg til broren, s. br. 2. G. 1833 Kari Ols dtr. indre Tuen, f. 1810. Born: Ola, f. 1840, s. n. Tvo gjentor døydde unge. Jon var ein mykje vyrd mann i bygdi. Han kom med i det fyrste formannskapet i Os 1838 – 41, og sat i heradstyret heile tidi frå 1844 til 1863, derav 8 år i formannskapet. Frå 1860 til 1863 var han varaordførar i bygdi og hadde elles mange andre tillitsyrke. Han skreiv seg ikkje for Mobergslien, men berre Lien, s. O. B. I 564, der ein finn underskrifti hans. Jon døydde i 1878 og kona i 1896.
Ola Jonson Mobergslien, f. 1840, bygsla farsbruket i 1865. G. 1864 Anna Lars dtr. indre Tuen, f. 1841. Av 4 døtre vaks 3 upp: Brita, f. 1864, g. 1892 Anders Tuen, s. Særvoll 5, Synneva, f. 1867, g. 1910 lokomotivførar Ola Johannesson Moberg, b. Bergen, Larsina, f. 1872, g. b. Bergen. Ola døydde alt i 1874.
Ekkja Anna Lars dtr. hadde so bruket eit par år.
Knut Torsteinson ytre Lekven, f. 1841, gifte seg i 1876 med ekkja Anna Lars dtr. og vart brukar her. Dei fekk ei dotter som døydde ung. Knut dreiv bruket godt fram. I 1901 kjøpte han det (innmarki) av Staten for 3550 kroner, men selde att året etter for same summen til Chr. Michelsen, s. n. Knut dreiv framleis bruket til han døydde i 1906. Kona døydde i 1909.
Statsministar Chr. Michelsen kjøpte bruket i 1902 og bygde eit nytt bunadshus her i 1916. Året etter selde han bruket.

Frithjof Blytt frå Bergen, f. 1866, kjøpte bruket i 1917 for 80 000 kroner og busette seg her. Han hadde fyrr vore kjøpmann i Bergen. G. 1916 Clara Bianca Johnsen frå Bergen, f. 1888. Born: Herman Reinholdt Fleischer, f. 1916, Erna Bianca, f. 1917, Frithjof, f. 1919, Ester, f. 1920. Blytt bygde nye uthus på eigedomen og utvida bruket ved nydyrking. I 1924 selde han her og flutte til Bergen, der han atter tok til med handelsverksemd. Han døydde i 1940.
Chr. Michelsen skøytte bruket att i 1924. Han dreiv eigedomen ved gardstyrar til han døydde i 1925.
Hordaland fylke fekk eigedomen som gåva frå Chr. Michelsens dødsbu i 1930, og skipa her ein barneheim med namnet «Chr. Michelsens barnehjem, Mobergslien, for tuberkulosetruede barn». Styrarinnor på barneheimen hev vore Esther Orning Olsen (no fru Smitt, Nesttun), Aslaug Kristensen (no fru Vatne, Høianger), og Ragnhild Heiberg. Sjå elles um barneheimen O. B. I 644 – 45.
Hans Johnsen, f. i Årstad 1900, vart gardstyrar her i 1925 og pakta gardsbruket åt barneheimen i 1930. G. 1925 Inga Vågsbø frå Fana, f. 1897. Born: Magna, f. 1926, Liv, f. 1928, Kåre, f. 1932. Hans slutta paktingi her i 1940.
Olav Andersson Døsen, f. 1912, vart gardstyrar her i 1940. G. 1939 Gudrun Hans dtr. Borgen, f. 1915. Born: Arvid, f. 1939.
MOBERGSLIEN 2 (Litlelien).
Nils Mobergslien vart ikr. 1627 gift med Anna Mobergslien, som var ekkja etter brukarane Svein og Mikkjel på br. 2, og fekk ein part av garden. Kvar Nils var frå, veit me ikkje. Som nemnt brann husi på Mobergslien i 1628, og Nils vart fatigmann. Han døydde alt i 1632.
Ekkja Anna Mobergslien måtte so for tridje gong ta stjorningi av bruket sitt. Ho var fatig og skattefri, og me finn henne ikkje nemnd etter 1635.
Johannes Mobergslien på br. 1, og ettermannen hans, Anders, dreiv no bruket saman med bruket sitt til 1654 då Anders døydde. I 1642 stend ein Ola Mobergslien skriven som brukar her, men han er berre nemnd det eine året og hadde tvillaust ikkje feste på bruket.
Rasmus Albrigtson øvre Rød, f. 1629, bygsla dette bruket i 1655. Han var gift med ei som heitte Kari. Av borni kjenner me: Johannes, f. ikr. 1658, s. n., Albrigt, f. 1665, d. 1680, Anna, f. 1667, s. br. 1. Rasmus døydde alt i 1671.
Ekkja Kari Mobergslien hadde so bruket i heile 12 år.
Johannes Rasmusson Mobergslien, f. ikr. 1658, bygsla bruket etter mori i 1683. G. 1688 Ingeborg Ols dtr. Samnøy frå Fusa, f. ikr. 1650. Born: Kari, f. 1688, Brita, f. 1691, s. n. Johannes var utskriven som soldat tilsjøs, men slapp å vera med i ufreden 1709 – 19, då dei tykte at han var for gamall. Han døydde i 1731 og kona i 1729.
Lars Danielson Flateråker frå Tysnes, f. ikr. 1707, vart i 1731 gift med Brita Johannes dtr. Mobergslien, f. 1691, og fekk bygsla bruket etter verfaren. Han døydde alt i 1733, og ekkja flutte då frå bruket. Kvar det vart av henne, veit me ikkje.
Jon Torkjellson ytre Lekven, f. p. Jarland i Samnanger 1795, bygsla bruket i 1735 då fyrste kona hans døydde. Han flutte ikkje til Mobergslien. Året etter gifte han seg att, sa Mobergslien frå seg og vart framleis buande på ytre Lekven, s. y. L. 3.
Jakob Ellingson Ulland frå Samnanger, f. 1705, bygsla bruket i 1736. G. 1731 Anna Sveins dtr., som truleg ogso var frå Samnanger. Born: Ingeborg, f. 1733, Elling, f. 1735, g. 1764 Anna Nils dtr. Håland frå Fana, Agata, f. 1738, g. 1774 Daniel Sperrevik, s. S. 1. Jakob sat svert smått i det. Han døydde alt i 1742.
Ekkja Anna Sveins dtr. hadde so bruket nokre år.

Peder Abrahamson Haukanes frå Samnanger, f. 1708, bygsla bruket i 1745. G. 1732 Synneva Ols dtr. Svensdal frå Samnanger, f. 1714. Peder hadde fyrr havt eit bruk på Særvoll, s. S. 1, der ein finn meir um han og huslyden. Han flutte frå Mobergslien alt i 1748 og busette seg i Bergen, der han i 1753 vart tilsett som fast gatevektar.
Endre Endreson Haugen frå Strandvik, f. p. Foer i Fusa 1720, bygsla bruket i 1749. G. 1747 Kristi Ols dtr. Presthus frå Kvinnherad, f. 1716. Kristi døydde alt same året som ho kom til Mobergslien, og Endre, som fann at han ikkje kunde greida seg her, sa upp bygsla. I 1753 gifte han seg att med ei ekkja på Lunde og flutte dertil, s. L. 4, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Bård Åmundson indre Lekven bygsla begge bruki på Mobergslien i 1751 og dreiv dei saman. Det same gjorde ettermennene, Anders Pederson, Jon Larsson og Ola Jonson. Sjå um Bård og ettermennene hans under bruk 1. I 1855 vart garden skift att, men bruki vart ikkje då so jamnstore som fyrr.
Ola Olson Mobergslien, f. 1821, fekk bygsla dette bruket etter faren i 1855. Han hadde fyrr vore paktar på Hatlestad i Fana. Bruket var no mindre enn fyrr og fekk namnet Litlelien. G. 1844 Ols dtr. indre Tuen, f. 1813. Born: Brita, f. 1845, d. ug., Dordi, f. 1846, ug., Lars, f. 1852, s. n., Ola, f. 1856, murar, g. 1881 Andrina Anders dtr. Krokeid frå Fana, b. Grimen i Fana, Jon, f. 1859, byggmeistar, b. Stabekk ved Oslo. Ola dreiv fiske attåt gardsbruket. Han døydde i 1902 og kona i 1890.
Lars Olson Mobergslien, f. 1852, bygsla bruket etter faren i 1884. I 1901 vart bruket serskilt skyldsett, og same året kjøpte Lars det av Staten. G. I 1882 Anna Lars dtr. Nesse frå Fjell, f. 1845, d. 1899, g. II 1899 Sigrid Peders dtr. Myrland frå Samnanger, f. 1865. Born: Brita, f. 1883, g. 1905 Eivind Kolskogen, s. Ulven 8, Lars, f. 1885, arbeidsformann ved vegstellet i Bergen, g. Andrina Brakstad, Anna, f. 1886, g. August Brakstad, b. Meland, Agata, f. 1888, hushjelp i Bergen, d. ug., Marta, f. 1902, g. Birger Åkre, b. Bergen, Olga, f. 1904, hushjelp, b. Ålvik, Johan, f. 1908, s. n. Lars var i sine yngre år verksarbeidar og dreiv seinare med vegarbeid og ymse anna. Sigrid døydde i 1937.
Johan Larsson Mobergslien, f. 1908, skøytte farsbruket i 1924. G. 1939 Ingrid Karls dtr. ytre Lekven, f. 1914. Born: Solveig Johanna, f. 1939. Johan hev drive som hermetikkarbeidar.