HALHJEM
Frå OS SOGA III side 195 – 215

44. HALHJEM
Upphavet til gardsnamnet er noko uvisst. Sume granskarar hev meint at fyrste namneleden er heilagr, og at namnet soleis tyder den heilage heimen. Det er fleire ting som stydjer denne tanken, m. a. gardsnamnet Lunde som truleg minner um ein heilag lund i nærleiken av eit gudehov. Hovet kunde då ha stade på Halhjem og gjeve garden heilagnamnet. Men like truleg er det at fyrste namneleden er hollugr, hallande, og at namnet tyder den hallande heimen, garden som hallar mot sjøen i fleire leider. Det kann ogso tenkjast at mannsnamnet Helje, gamallnorsk Helgi, kann vera namneupphavet her som det er til andre gardsnamn, men dette er lite truleg etter namneformi no. Ein lyt tru at upphavet er heilagr eller hollugr.
Uttale: Ha’lljemm.
Skrivemåtar: Halgheimir, af Halgeime (1463), Halgheimer (1480), Halgem (1519), Halgiem, Halgim, Haldgim, Halgimb, Halgemb, Halgiemb.
Garden ligg sunnanfyre Haugland på Bjørnehalvøyi, der Vargavågen på austsida og Hauglandsosen med Naustvågen på vestsida næsten skjer halvøyi av på midten. Halhjem var ått av Munkeliv Kloster til 1662 og kom sidan i baroniet Rosendal si eiga. I 1931 fekk bygslemennene kjøpa bruki sine av Oslo Universitet som då åtte garden.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saar 3½ stadtztønder, afler 17 tdr., god agger og eng, temmelig udmarch, 1 god fiskeuog, brendeved til at selge, sider en hussmand paa som ehr forarmed, hafe homblebagge.
1723: Ingen skoug, ei heller brendefang, ingen qvern eller fiskerie, god jordart, men tungvinden.
1865: Har 25 maal dyrket ager og eng, hvoraf 6 maal godt, 9 maal middels og 10 maal slet, har 80 maal naturlig england, hvoraf 27 maal godt, 31 maal middels og 22 maal slet, intet af englandet er dyrkbart. Har skog til husbrug men intet at sælge, føder 12 ungnød ved løv og lyng, 4 af brugene er letbrugte og de 2 andre meget letbrugte, alle er almindeligt drevne. 3 brugere kan faa 30 voger hø fra en holme, Villum faar 30 voger hø fra en udslaatte. Villums og Ole Larsens brug lider af tørke.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 2 | 1 | 13 | 1 | 7 | ||||||
1668 | 3 | 2 | 16 | 8 | 3 | tun | |||||
1723 | 3 | 2 | 13 | 6 | 4 | » | |||||
1800 | 7 | 33 | |||||||||
1835 | 6 | 43 | 12 | 12 | 4 | 6,5 | » | 3,5 | tun. | ||
1865 | 7 | 41 | 2 | 23 | 45 | 9 | tun. | 8,5 | tun. | ||
1900 | 6 | 31 | 3 | 16 | 25 | 1 | 6 | hl. | 16 | hl. | |
1920 | 11 | 44 | 2 | 24 | 23 | 5 | 14,5 | mål | 8 | mål | |
1930 | 9 | 42 | 3 | 27 | 62 | 2 | 6,6 | » | 8,4 | » | |
1939 | 6 | 38 | 50 | 6 | 1 | » | 12,5 | » |
HALHJEM 1.
Swen pa Halgem er nemnd saman med grannen Torstein i 1519, og desse tvo er dei fyrste brukarane her som me veit namnet på. Svein hadde truleg då havt bruket ei tid, og det kom ny brukar året etter.
Ola Halhjem var brukar i 1520. Han fostra den vinteren, likeins som fleire andre osingar, ein stut åt lensherren på Bergenhus og fekk 12 skjeling i fosterløn. Same året kjøpte han ei liti bud på Bergenhus for 3½ ort og 4 skjeling. Dei fekk noko for pengane i dei tider.
Mikkjel Halhjem hadde bruket i 1563. Han var lagrettemann i bygdi, og i 1569 var han med og sagde dom i laksesaki på prestegarden, s. O. B. I 217. Han hadde då halve garden, men seinare brukte han heile Halhjem. Mikkjel var brukar til 1603.
Kvar dei ovannemnde brukarane var frå, veit me ikkje.
Ola Halhjem vart brukar i 1603. Han var anten son åt Mikkjel eller gift med ei dotter hans, og hadde heile garden til 1620. I 1605 vart Ola lensmann og var med i Oslo 1610 for å hylla prins Kristian, den seinare kong Kristian V. Lagrettemennene Simon Hovland og Lars Tysse var saman med han til Oslo som utsendingar frå Os. Han slutta som lensmann i 1622, men var lagrette- og domsmann radt til han døydde 13 år seinare.
Ola var velstandsmann og åtte m. a. ein laup jord i Sande. Som lensmann var han fri tiend, leiding og utreidsla til herferd, og slapp jamnast ogso å leggja skatt. Då han i 1619 var i Røttingen for å krevja skatt, fekk han pryl av Mattis Røttingen som brukte ein staur til å dengja han med. I 1617 hadde Ola ein dreng, Anders, som straks etter vart gift med ei dotter hans, Gunhild, og fekk halve garden, s.br.2. Han hadde ogso ein son eller ei dotter som fekk den andre halvparten, s. n. Ola døydde i 1635.
Ekkja etter Ola hadde so bruket nokre år. Kven ho var og kva ho heitte, veit me ikkje. Bruket vart i hennar tid skift i tvo partar, s. br. 3.
Paul Halhjem bygsla halve bruket etter ekkja, som anten var mor eller vermor hans. Kona heitte Magdela. Av borni kjenner me: Kari, f. ikr. 1632, s. br. 3, Lars, f. ikr. 1635, g. 1656 Kristi Halhjem, s. Lepsøy 1, Ola, f. ikr. 1636, g. 1670 Kari ytre Haugland, s. y. H. 4, Dag, f. ikr. 1638, s. n. Han hadde ogso ei dotter som ikr. 1662 vart gift med Ola Lunde, s. L. 4, men som me ikkje veit namnet på. Paul døydde i 1644.
Peder Halhjem vart i 1644 gift med ekkja Magdela Halhjem og fekk bygsla bruket. Anna Lunde, s. L. 2, var truleg dotter deira. Kvar Peder var frå, veit me ikkje. Han sat sverande smått i det og var i dei siste åri radt fatigmann.
Ved krøterteljingi i 1657 hadde ikkje Peder nokon kjyr, men grannen Nils Jonson stend skriven for buskapen ogso på dette bruket. Korleis samanhengen var, veit me ikkje. Peder døydde i 1662.
Ekkja Magdela Halhjem hadde so bruket nokre år. Magdela hadde heller ikkje nok kjyr og leigde difor kjyr av kyrkja. I 1665 let ho Peder Røttingen få ei kviga av dei som kyrkja åtte, og då kviga ikkje hadde kalv i seg, vilde Peder ikkje betala kjyrleiga og måtte for retten. Magdela let bruket frå seg straks etter.
Dag Paulson Halhjem, f. ikr. 1638, bygsla bruket etter mori i 1665. Kona Anna Ols dtr., f. ikr. 1638, var truleg frå Haugland. Av borni kjenner me tvo: Paul, f. 1666, g. 1693 Marta Søfteland, s. Berge 3, Jakob, f. 1674, g. 1705 Anna Lars dtr. Djupvik frå Samnanger. Dag var ein mykje vyrd mann i bygdi, men døydde alt i 1680.
Ekkja Anna Ols dtr. hadde so bruket eit par år.
Anders Erikson ytre Haugland, f. 1654, vart i 1682 gift med ekkja Anna Ols dtr. og fekk bygsla bruket. Anna døydde i 1684, og Anders gifte seg att tvo år etter med Anna Johannes dtr. Skjeie, f. ikr. 1650. Ho døydde i 1697, og Anders fann seg ei ny Anna året etter, då han gifte seg med Anna Fabians dtr. indre Tysse frå Samnanger, f. ikr. 1670. Av tvo born vaks sonen Johannes, f. 1687, upp, men me veit ikkje meir um han. Anders sat sverande smått i det. Han døydde i 1703.
Ola Nilsson, f. ikr. 1680, vart i 1704 gift med ekkja Anna Fabians dtr. og bygsla bruket. Anna døydde i 1728, og Ola gifte seg att same året med Brita Ols dtr. Totland frå Samnanger. Ho døydde i 1749, og Ola gifte seg att året etter med Mari Mons dtr. Gåssand, f. 1702. Dei hadde ikkje born.
Kvar Ola var frå, veit me ikkje. Han hadde 3 halvsysken, Lars Larsson, Jakob Larsson og Marta Lars dtr,. og av dei budde eldste broren Lars på «Goss, lidt nordenfor Kilstrømmen». Andre broren hadde 3 born, Johannes, Erik og Marta, som alle var gifte, og systeri hadde 5 born, Mons, Ola, Ragnhild, Marta og Mari. Ola dreiv fiske og sat litt betre i det enn fyremannen. Han døydde i 1752.
Ola Olson Halhjem, f. 1704, som hadde bruk 2 på garden, og som nett var vorten ekkjemann, gifte seg att i 1752 med ekkja Marta Mons dtr. og bygsla bruket. Sjå um han og huslyden hans under br. 2.
Nils Olson Halhjem, f. 1732, bygsla dette bruket etter faren i 1761. G. 1761 Marta Lars dtr. Tøsdal, f. 1727. Born: Lars, f. 1763, g. 1788 Anna indre Haugland, s. i. H. 5, Kari, f. 1767, s. n. Tvo born døydde unge. Nils skulde saman med verbroren Halvard, som nyss hadde bygsla br. 2, gjeva faren kår, og kåret var tvo tunnor havrekorn og foster åt tvo kjyr. Nils døydde i 1796 og kona straks etter.
Mons Pederson Nordstrønen, f. 1757, vart i 1789 gift rned Kari Nils dtr. Halhjem, f. 1767, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren. Kari døydde alt i 1795, og Mons gifte seg att same året med Guro Samsons dtr. Ulven, f. 1757. Ho døydde eit halvt år etter giftarmålet, og Mons gifte seg att seks vikor etter med Kristi Ols dtr. Nesbjørg frå Strandvik, f. 1767. På trettan månader hadde Mons havt 3 konor, so han var snøgg i vendingi. Born: Peder, f. 1789, g. 1830 Brita Rindedalen, s. Lysekloster 2, Marta, f. 1790, g. 1857 e. Ola Nilsson Breivik, b. Alvøy, Nils, f. 1792, g. b. i Sandvik, Sund, Øllegård, f. 1798, s. n., Ola, f. 1801, b. på Nesbjørg i Strandvik, Kari, f. 1804, s. br. 6, Brita, f. 1807, g. ikr. 1840 Anders Pederson Drotningsvik i Loddefjord, Mons, f. 1810, g. 1832 Dortea Peders dtr. Glesnes, b. Hummelsund i Sund. Tvo gutar døydde unge. Mons dreiv med sjøen og stod seg tolleg godt. Han døydde i 1835 og Kristi nokre år etter.
Ola Larsson indre Moberg, f. 1783, vart i 1822 gift med Øllegård Mons dtr. Halhjem, f. 1798, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren. Born: Anna, f. 1822, s. n., Lars, f. 1823, sjømann, kom burt på sjøen, Kristi, f. 1826, d. ug. 1848, Olaf, f. 1829, fiskar, g. 1877 Marta Hans dtr. Taranger, b. Håkensund i Sund, Peder, f. 1836, sjømann, g. b. Sidney i Australia. Tvo gutar døydde unge. Ola vart utskriven som soldat i 1801 og var med i ufreden 1808 – 1814. Han var fiskar likeins som fyremannen og greidde seg tolleg godt. Ola døydde i 1844.
Ekkja Øllegård Mons dtr. hadde so bruket eit par år.
Johannes Andersson Helland frå Fusa, f. 1807, vart i 1846 gift med ekkja Øllegård Mons dtr. og fekk bygsla bruket. Han dreiv mindre med sjøen enn grannane men meire med jordi og var ein av dei fremste gardbrukarane i bygdi på dei tider. Johannes døydde i 1889 og Øllegård i 1880.
Villum Jakobson ytre Haugland, f. 1832, vart i 1860 gift med Anna Ols dtr. Halhjem, f. 1822, og fekk året etter bygsla bruket etter vermori og siste mannen hennar. Born: Jakob, f. 1863, s. n., Anna, f. 1868, d. ug. 1908. Villum var bøkkar og dreiv ogso med sjøen. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi. Villum døydde i 1892 og kona i 1903.
Jakob Villumson Halhjem, f. 1863, bygsla farsbruket i 1897 og kjøpte det av Oslo universitet i 1931. Han hev drive bøkkararbeid attåt gardsbruket og hev i nær 40 år vore reisetalar (emissær) for Kinamisjonen. Jakob hev havt mange tillitsyrke i bygdi, hev m. a. vore lagrettemann og domsmann, formann i ljosverkstyret, og med i forliksrådet og soknerådet. Han hev vore medlem av heradstyret i heile 28 år, derav lengste tidi i formannskapet, og varaordførar i tvo bolkar. S. O. B. I 330 – 31, 547 og 594 – 95.
Anders Monsson Lunde, f. 1887, kjøpte bruket av Jakob i 1932. Han hadde fyrr vore busett på Lepsøy og hadde ogso ein eigedom på Lunde, s. L. 17. G. 1913 Janetta Jans dtr. Lande frå Tysnes, f. 1884. Born: Asbjørn, f. 1914, gartnar, g. 1939 Torbjørg Lars dtr. Lekven, Bjarne, f. 1917, trearbeidar, Gjertrud, f. 1919, g. 1938 Johannes Engjelson ytre Haugland, s. Lunde 17, Aslaug, f. 1921, Magnus, f. 1923. Anders hev vore gardstyrar og drive gartnararbeid.
HALHJEM 2.
Torsten pa Halgem er nemnd som brukar jamsides med grannen Svein i 1519. Torstein hadde bruket i mange år, radt til 1563, og kannhenda ogso eit par år etter.
Mikkjel Halhjem som hadde bruk 1 fekk ogso dette bruket ikr. 1565. Sjå um Mikkjel under br. 1.
Lensmann Ola Halhjem hadde ogso dette bruket til 1620. Sjå um han under br. 1.
Anders Halhjem, som tente hjå lensmannen, vart i 1620 gift med ei dotter hans, Gunhild Ols dtr., og fekk då bygsla bruket etter verfaren. Bruket her vart likevel berre helvti so stort som det lensmannen hadde att. Kvar Anders var frå, veit me ikkje. Av borni kjenner me: Agata, f. ikr. 1620, s. n., Kristi, f. ikr. 1635, g. 1656 Lars Halhjem, s. Lepsøy 1. Det er mykje truleg at Abraham Grindevoll, f. ikr. 1625, s. G. 2, Erik Sperrevik, f. ikr. 1626, s. S. 1, Barbru Sundøy, f. ikr. 1626, s. S. 1, og Brita indre Drange, f. ikr. 1632, s. i. D. 1, ogso var borni hans. Det var smått for Anders, og han vart tilslutt rekna som beintfram fatigmann. Han døydde i 1635.
Ekkja Gunhild Ols dtr. hadde so bruket i 7 år etter at mannen døydde.
Lars Halhjem vart i 1640 gift med Agata Anders dtr. Halhjem, f. ikr. 1620, og fekk tvo år seinare bygsla bruket etter vermori. Kvar Lars var frå, veit me ikkje. Born: Anders, f. 1641, s. n., Anna, f. ikr. 1645, s. br. 3. Kannhenda hadde han ogso fleire born som me ikkje kjenner. Lars sat like tungt i det som fyremannen. Han døydde alt i 1656.
Håvard Olson Ferstad, f. ikr. 1622, vart i 1656 gift med ekkja Agata Anders dtr. og bygsla bruket. Dei fekk tvo born, Peder, f. 1660, og Kari, f. 1662, som begge døydde i1676. Håvard dreiv med sjøen og greidde seg noko betre enn fyremennene. Han vart heller ikkje gamall på Halhjem då han fall frå alt i 1669.
Ekkja Agata Anders dtr. hadde so bruket nokre år.
Anders Larsson Halhjem, f. 1641, bygsla bruket etter mori i 1673. G. ikr. 1672 Anna Lars dtr. Lunde, f. ikr. 1638. Born: Lars, f. 1676, Elias, f. 1677, d. ung, Magdela, f. 1678, s. n. Bruket hadde no fenge mykje tillegg og var det største av dei 3 bruki på Halhjem. Anders fall tidleg frå likeins som fyremennene. Han døydde alt i 1678.
Elling Halhjem, f. ikr. 1632, vart i 1679 gift med ekkja Anna Lars dtr. og fekk bygsla bruket. Anna døydde ikr. 1685, og Elling gifte seg att med ei som heitte Gunhild, f. ikr. 1653. Born: Sesilia, f. 1681, d. ug. 1718, Bård, f. 1684, d. ug. 1706. Kvar Elling var frå er uvisst, men han var ein stad frå Øyane, og det er mykje som tyder på at han var son åt Bård Sundøy i andre giftarmålet hans. Elling vart ein gamall mann, og trass at siste kona hans døydde i 1701, so sa han ikkje bygsla frå seg fyrr i 1724. Han var då 92 år gamall. Elling døydde i 1728.
Jens Johannesson Askvik, f. 1696, vart i 1724 gift med Magdela Anders dtr. Halhjem, f. 1678, og fekk bygsla bruket som var farsbruket åt Magdela. Ho døydde alt i 1725, og Jens gifte seg att same året med Kari Nils dtr. Frotveit frå Fana, f. ikr. 1693. Jens døydde året etter. Ein gut som kom til verdi etter at faren var død og fekk namn etter han, døydde ung. Jens sat tungt i det dei tvo åri han hadde bruket.
Ola Olson Dale frå Fusa, f. 1704, vart i 1727 gift med ekkja Kari Nils dtr., og hadde alt fjorde joledag året fyrr, nett etter at Jens var død, fenge bygsla bruket. Kari døydde i 1751, og Ola gifte seg att året etter med ekkja Mari Mons dtr. Halhjem, f. p. Gåssand 1702, s. br. 1. Ho døydde i 1768, og Ola var no ekkjemann i 11 år. I 1779 gifte han seg på nytt med ekkja Brita Ols dtr. Gjemdal, f. 1746. Born: Marta, f. 1727, s. n„ Ola, f. 1729, g. 1759 Barbru indre Haugland, s. i. H. 3, Nils, f. 1732, s. br. 1, Kari, f. 1735, s. br. 4. Ola var ein vyrd mann i grendi. I 1747 vart han lensmann «på prøve» for Rosendalgodset i Os og Fusabygdene, og i 1750 vart han fast tilsett. Han hadde yrket til 1762.
Ola var velstandsmann den fyrste tidi, men etterkvart som konone hans døydde og han måtte halda skifte, og gjeva jord frå seg, gjekk det nedover med han. Då han gifte seg siste gongen i 1779 med Brita Gjemdal, skreiv presten um dei i kyrkjeboki: «Et fattigt par». Han måtte tidleg gjeva noko av jordi si frå seg til grannebruki, so at bruket hans tilslutt vart det minste på garden. Ola døydde i 1782, og ekkja gifte seg att året etter med Johannes Bjørnen, s. B. 2.
Halvard Halvardson Rein frå Strandvik, f. 1732, vart i 1758 gift med Marta Ols dtr. Halhjem, f. 1727, og fekk året etter bygsla bruket etter verfaren. Born: Kari, f. 1759, g. 1790 Assor Nilsson Hjellestad frå Fana, Guro, f. 1761, Halvard, f. 1767, s. br. 4. Ein gut døydde ung. Halvard dreiv fiske, men sat tungt i det. Grannen Anders på br. 3 skulda Halvard for at han i jolehelgi 1766 hadde stole dei fiskelinone som Anders hadde hangande i naustet sitt. Dette hadde Anders fortalt med fleire Halhjems- og Hauglands-karar, då dei ein dag i slåtten 1767 kom roande over Krossfjorden på heimveg frå Bergen, og då saki kom for retten, måtte alle karane fram som vitne. Saki enda med at Halvard og Anders forlikte seg, «hvilket forlig forenedes ved haandbaand mellem parterne», segjer tingboki, og so fekk futen og skrivaren 5 ort og 9 skjeling «for sin umage». Halvard greidde ikkje å sitja med bruket, og i 1778 let han det frå seg. Han flutte då til plassen «Hamaren» under Halhjem, s. br. 4, der ein finn meir um han.
Jens Andersson Håvikvågen frå Strandvik, f. p. Sævareid 1726, bygsla bruket i 1778 då Halvard flutte burt. Han hadde fyrr vore busett i Håvikvågen. G. I 1756 Elsa Anders dtr. Brekke, g. II 1766 Guro Jons dtr. Håland frå Fusa, f. 1729. Borni deira var fødde fyrr Jens kom til Halhjem, og me kjenner berre dotteri Ingeborg, f. 1771, s. n. Jens fekk fyrste gongen berre bygsla på tvo år, og måtte i 1780 bygsla og leggja bygslepengar på nytt. Han sat sverande tungt i det, og i 1789 måtte han lata bruket frå seg. Han vart sidan husmann på garden, s. br. 6, der ein finn meir um han.

Halvard Jakobson indre Haugland, f. 1759, bygsla bruket i 1789. Året etter vart han gift med Ingeborg Jens dtr. Halhjem, f. 1771, som soleis atter vart busett på farsbruket. Born: Brita, f. 1791, s. br. 7, Anders, f. 1792, s. n., Jakob, f. 1793, g. 1820 Brita Johannes dtr. Røttingen, s. br. 4, Halvard, f. 1801, dagarbeidar i Bergen, g. 1825 Pernille Steffine Peders dtr. frå Bergen, g. II 1839 Olina Bernts dtr. frå Sunnfjord, Guro, f. 1804, g. 1835 Arne Kuven, s. K. 2, Jens, f. 1807, g. 1834 Kristi Røttingen, s. R. 3. 5 born døydde unge. Halvard dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1837 og kona i 1847.
Anders Halvardson Halhjem, f. 1792, bygsla farsbruket i 1832. G. 1832 Marta Arnes dtr. Kuven, f. 1807. Born: Halvard, f. 1833, lærar, g. 1863 Agata Tyse, s. Særvoll 5, Arne, f. 1835, drukna 1852, Brita, f. 1844, s. n., Andrea (tvilling), f. 1849, g. 1879 Peder Røttingen, s. Hovland 4, Ingeborg, f. 1849, g. 1875 Ola ytre Haugland, s. y. H. 4. 3 born døydde unge. Anders dreiv med sjøen likeins som faren. Han døydde alt i 1848.
Ekkja Marta Arnes dtr. hadde so bruket i 6 år.
Ola Larsson Sørstrønen, f. 1827, vart i 1854 gift med ekkja Marta Arnes dtr. og fekk same året bygsla bruket. Ola dreiv fiske likeins som fyremennene. Han hadde ikkje lite bøker og var for dei tider å vera ein mykje upplyst mann. Ola døydde i 1879 og Marta i 1899.
Peder Andersson Døsen, f. 1850, vart i 1876 gift med Brita Anders dtr. Halhjem, f. 1844, og fekk bygsla bruket etter vermori og siste mannen hennar. Born: Anders, f. 1878, s. n., Arne, f. 1881, s. br. 11, Kari, f. 1885, g. 1927 Lars Røttingen, s. R. 2. Ein gut døydde ung. Peder dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1923 og kona i 1936.
Anders Pederson Halhjem, f. 1878, bygsla bruket etter faren og kjøpte det i 1931. G. 1902 Unna Torkjells dtr. Lunde, f. 1884. Born: Pernilla, f. 1902, d. ug. 1933, Anna, f. 1904, syerske, b. Bergen, Borghild, f. 1906, hushjelp, b. Oslo, Tilla, f. 1908, hushjelp, Astrid, f. 1910, hushjelp, b. Bergen, Marta, f. 1912, hushjelp, b. Bergen, Gurina, f. 1915, g. 1939 Jon Pederson Grindevoll (Born: Reidun, f. 1939), Haldis, f. 1917, Torkjell, f. 1920, s. n., Ester, f. 1922, Venke, f. 1924, Unn (tvilling), f. 1928, Alf, f. 1928. Anders hev drive bøkkararbeid attåt gardsbruket.
Torkjell Andersson Halhjem, f. 1920, fekk skøyte på bruket i 1931 og er eigar no.
HALHJEM 3.
Endre Halhjem vart fyrste mannen på det nye bruket her då det vart skilt ut frå br. 1 ikr. 1636. Kvar Endre var frå, veit me ikkje, men det er mykje truleg at anten han eller kona hans var frå br. 1 som skifte det nye bruket frå seg. Endre var ekkjemann i 1645 og hadde då ei taus som heitte Kari, men same året gifte han seg att. Året etter døydde han.
Ekkja etter Endre stjorna so bruket ei tid. Kor lenge ho hadde det, veit me ikkje, men truleg vart ho straks gift uppatt, s. n. Me kjenner ikkje namnet hennar.
Nils Jonson, f. ikr. 1624, bygsla bruket ikr. 1647. Truleg vart han då gift med ekkja etter Endre. Dette giftarmålet vara ikkje lenge, for ikr. 1650 gifte Nils seg att med Kari Pauls dtr. Halhjem, f. ikr. 1632. Ho døydde ikr. 1690, og i 1695 gifte Nils seg att med Anna Lars dtr. Halhjem, f. ikr. 1645. Av borni kjenner me: Paul, f. 1651, s. Ferstad 5, Ola, f. 1658, var i 1703 busett i Roskilde, Danmark, Jon, f. 1661, s. n. Kvar Nils var frå er uvisst, men ymse ting tyder på at han var son åt Jon Økland. Nils dreiv trearbeid attåt gardsbruket, og um vinteren 1665 selde han trevaror for 3 ort til eit skotteskip. Han sat sverande tungt i det, og skuldi hans var større enn verdet av alt det han åtte. Elles var han ein vyrd mann i bygdi og var doms- og lagrettemann i mange år. Nils døydde i 1703 og kona nokre år seinare.
Jon Nilsson Halhjem, f. 1661, bygsla bruket etter faren ikr. 1685. G. 1686 Marta Lars dtr. indre Haugland, f. ikr. 1660. Born: Anna f. 1692, g. 1712 Kristoffer Borgen, s. B. 1, Ola, f. 1696, g. 1718 Kari Sørstrønen, s. S. 3, Lars, f. 1698, s. n., Marta, f. 1700, g. I 1721 Tomas Tomasson Dalland, g. II Johannes Jonson Kvåle frå Strandvik, Nils, f. 1709, g. 1736 Barbru Solbjørg, s. ytre Haugland 3. Jon vart lensmann for Rosendalgodset i 1706 og hadde yrket til han døydde. Han sat ikkje lett i det, og var visstnok heller ikkje av dei mest dugande lensmennene. Jon døydde i 1717, og ekkja gifte seg att nokre år etter med Ola Kvåle, s. br. 5.
Lars Jonson Halhjem, f. 1698, bygsla farsbruket i 1717. G. 1720 Margreta Hans dtr. Munch frå Bergen, f. ikr. 1681. Ho hadde fyrr vore gift i Bergen med ein som heitte Jakob Balentin, og hadde med seg til Halhjem 3 born frå fyrste giftarmålet: Eli, f. ikr. 1710, g. 1740 Mons Sørstrønen, s. Sundøy 3, Lisbet, f. ikr. 1713, s. n., Hans, f. ikr. 1715, g. 1739 Kari Ferstad, s. F. 2. Lars og Margreta hadde desse borni: Jon, f. 1721, g. 1744 Marta indre Lekven, s. i. L. 2, Jakob, f. 1723, g. 1746 Kristi Ferstad, s. F. 3, Margreta, f. 1727, ug., Henrik, f. 1730, g. 1753 Marta Berge, s. Kuven 3. Lars vart lensmann etter faren i 1718, og var då berre 20 år gamall. Det er yngste lensmannen som hev vore i Osbygdi. Men han var ein mykje dugande mann og var både lese- og skrivekunnig. Han hadde fleire bøker i huset, m. a. mag. Henrik Tomesøn Arners huspostill, verd 1 dalar, eit nytestament verd 12 skjeling, Davids Psalter, verd 8 skjeling, og ein stor bibel, som han berre åtte seksteparten i. Bibelen som var verdsett til 6 dalar, meir enn verdet av 2 kjyr, hadde han truleg fenge med kona. Elles sat Lars tungt i det og hadde ikkje skrapa ihop pengar, soleis som lensmennene jamt gjorde. I 1723 skifte han bruket med broren, s. br. 5. Dotteri Margreta vart ille ute. Ho tente hjå systermannen sin i Sundøy, og i 1746 fekk ho eit barn med han. For dette måtte ho sitja i «Trondhjems spindehus» i mange år. Lars døydde alt i 1732.
Ekkja Margreta Hans dtr. hadde so bruket i 6 år. Ho døydde ikr. 1760.
Lars Halvardson Rein frå Strandvik, f. 1714, vart i 1738 gift med Lisbet Jakobs dtr. Halhjem, f. i Bergen ikr. 1713, og fekk same året bygsla bruket etter vermori. Av 6 born vaks 4 upp: Lars, f. 1739, g. 1763 Mari Søvik, s. Kuven 2, Anna Margreta, f. 1743, s. n., Jakob Balentin, f. 1753, d. 1772, Halvard, f. 1756, kom burt på sjøen i vårsildfisket 1775 på båt med Jon Halhjem. Lars dreiv med sjøen og sat tolleg godt i det. Han døydde i 1785 og kona i 1787.
Anders Asbjørnson Søvik, f. 1734, vart i 1763 gift med Margreta Lars dtr. Halhjem, f. 1743, og hadde alt året fyrr fenge bygsla bruket etter verfaren. Born: Asbjørn, f. 1764, g. 1783 Ingeborg ytre Haugland, s. y. H. 5, Lars, f. 1766, s. n., Hans, f. 1769, d. ung. Anders dreiv fiske og var med i Anders Haugland sitt notlag då han i 1774 kasta sild ved Tynnevik, s. ytre Haugland 5. I 1767 kom han i strid med grannen men det enda med forlik, s. br. 2. Anders døydde i 1794 og kona i 1806.
Lars Andersson Halhjem, f. 1766, bygsla farsbruket i 1787. G. 1795 Guro Peders dtr. Særvoll, f. 1775. Born: Anders, f. 1795, s. n., Peder, f. 1804, s. br. 6, Magdela, f. 1806, g. 1826 Ola Skjeie, s. S. 2, Lars, f. 1809, g. 1837 Brita ytre Haugland, s. y. H. 12, Margreta, f. 1810, g. 1834 Jakob Ferstad, s. Os 2, Didrik, f. 1813, g. 1843 Brita Mobergslien, s. Ulven 3. 4 born døydde unge. Dei 3 fall burt i koppefarangen 1803. Lars dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han var ein vyrd mann og var jamt nytta som skyns- og takstmann. I 1823 let han halve bruket frå seg til eldste sonen, s.n., men hadde sjølv resten til han døydde. Lars fall frå i 1832 og Guro i 1849.
Bruket vart no skift i tvo partar, med di den parten som Lars hadde brukt til han døydde gjekk over til nytt bruk, s. br. 9.
Anders Larsson Halhjem, f. 1795, bygsla halve farsbruket i 1823. Han hadde i 1822 festa ein plass «Kjølpå» under Halhjem, men då han året etter fekk bygsla farsbruket, let han Kjølpå fara og bygde ikkje der. G. I 1820 Ingjerd Ols dtr. ytre Haugland, f. 1798, d. 1834, g. II 1846 Mari Daniels dtr. Sørstrønen, f. 1815. Born: Lars, f. 1820, d. ug. 1853, Guro, f. 1822, g. 1855 Johannes Røttingen, s. R. 1, Ola, f. 1825, g. 1851 Anna Kuven, s. Kuven 8, Hans, f. 1827, g. 1863 Brita Moberg, s. Bjørnen 3, Anders, f. 1829, g. 1870 Ragnhild Skjeie, s. indre Haugland 8, lngjerd, f. 1847, d. ug. 1872, drukna, Gurina, f. 1848, g. 1872 Hans Særvollsvik, s. S. 1, Magdela, f. 1851, g. 1878 Jakob Balland, s. Bø 3, Larsina, f. 1854, s. n., f. 1856, g. 1878 Tomas ytre Haugland, s. y. H. 5. Tvo born døydde unge. Anders dreiv med sjøen likeins som faren. Han døydde i 1860.
Hans Johannesson Røttingen, f. 1830, vart i 1861 gift med ekkja Mari Daniels dtr. og fekk same året bygsla bruket. Hans dreiv fiske attåt gardsbruket som dei andre på garden. Han hadde ymse tillitsyrke og var m. a. medlem av heradstyret 1872 – 75. Hans døydde i 1904 og Mari i 1880.
Engjel Engjelson ytre Haugland, f. 1853, vart i 1875 gift med Larsina Anders dtr. Halhjem, f. 1854, og fekk bygsla bruket etter vermori og siste mannen hennar. Born: Engjel, f. 1875, s. n., Anders, f. 1877, g. 1899 Brita Lunde, s. L. 1, Maria, f. 1882, i Amerika, s. O. B. II 39 – 40, Hans, f. 1884, i Amerika, Karl, f. 1886, i Amerika, Peder, f. 1889, i Amerika, Martin, f. 1891, i Amerika, Engelina, f. 1894, g. 1925 Karl Hovland, s. Askvik 14. Engjel dreiv fiske og treskoarbeid attåt gardsbruket. Han hadde ymse kommunale tillitsyrke og var med i skule- og fatigstyre, likning o. a. Engjel døydde i 1935 og Larsina i 1913.
Engjel Engjelson Halhjem, f. 1875, vart brukar etter faren og kjøpte bruket av Universitetet i 1931. G. 1904 Marta Elena Ols dtr. Helland frå Fusa, f. 1876. Born: Larsina, f. 1905, s. br. 14, Ola, f. 1910, bygningsmann. Engjel er bygningsmann og trearbeidar, og hev havt ymse kommunale yrke. Kona døydde i 1938.
HALHJEM 4 (Hamaren).
Askild Jonson Halhjem var husmann på garden i 1640 åri og var truleg busett her. Han var gift og hadde 4 born, men meir veit me ikkje um huslyden. I 1649 hadde han teke ein færingsbåt frå Lars Sørstrønen og eit lerretstykke frå Nils Halhjem, og for dette måtte han for retten. Då alle grannane gav han det beste vitnemål for framferdi hans elles, og då båten og lerretstykket vart gjeve attende, slapp han straff på kroppen, men måtte leggja ei bot av 8 dalar (4 kuverd), som syskeni hans skrapa ihop. For eit sovore brot var det elles i dei tider jamt straff på livetidi, avhogging av ei hand, og i verste fall ogso av hovudet, so at Askild slapp etter måten lett frå det.
Ola Rasmusson, f. ikr. 1616, vart husmann her etter Askild. Kvar han var frå, veit me ikkje, men han var kannhenda son åt Rasmus Tveit. Kona var i ætt med folket på br. 3, men meir veit me ikkje um henne. Av borni kjenner me berre 3 gutar, Nils, f. ikr. 1654, Lars, f. ikr. 1658, og Paul, f. ikr. 1661. Ola døydde ikr. 1680 og gutane reiste truleg or bygdi. Kannhenda var det Nils som budde på Storum, s. S. 3.
Nils Paulson nedre Rød, f. ikr. 1650, busette seg her då Ola fall burt. G. 1680 e. Anna Gåssand, som fyrr hadde vore gift med Lars Gåssand, s. G. 1. Dei hadde ikkje born. Nils døydde ikr. 1705, og Anna flutte attende til Gåssand, der ei dotter hennar frå fyrste giftarmålet var gardmanns-kona, og døydde der i 1709.
Plassen låg no truleg øyde nokre år.
Amund Nilsson indre Lekven, f. 1675, flutte hertil i 1735 og busette seg her. Han hadde fyrr havt bruk på indre Lekven, s. L. 1, og på Lunde, s. L. 4, der ein finn meir um han og huslyden hans. Amund dreiv fiske og stod seg godt etter at han kom på Hamaren. Han døydde i 1756 og kona noko tidlegare.
Johannes Åmundson Halhjem, f. p. indre Lekven 1708, festa bruket etter faren. G. 1743 Kristi Steffens dtr. Døsen, f. 1708. Dei hadde ikkje born. Johannes var fiskar likeins som faren. I 1760 flutte han til Hildershamn ved Askvik og tok upp eit bruk der, s. Askvik 4, der ein finn meir um han.
Nils Olson Tøsdal, f. 1735, som tente hjå lensmann Ola Halhjem på br. 2, festa bruket då Johannes flutte. G. 1754 Kari Ols dtr. Halhjem, f. 1735, som var dotter åt lensmannen. Dei fekk eit barn som døydde tidleg. I 1678 flutte dei frå bruket, og me finn dei ikkje att i Osbygdi. Kvar det vart av dei, veit me ikkje.
Halvard Halvardson Rein frå Strandvik, f. 1732, som fyrr hadde havt bruk 2 på Halhjem, busette seg her i 1778 då han måtte lata det andre bruket frå seg. Sjå um huslyden hans under br. 2. Då han flutte til Hamaren, tok han tvo kjyr med seg frå garden på Halhjem. Husi på Hamaren vart heilt til nedfalls, og til bruk for husevølingi og til festepengar måtte han låna 10 dalar hjå madam Else Sofia Smidt i Bergen. For lånet tok madam Smidt pant i dei tvo kyrne, «Fagrei» og «Ruel». Den fyrste var kollut og blådroplut, den andre var kvit og brunsala og hadde horn. Halvard dreiv fiske og greidde seg tolleg godt på Hamaren. Han døydde i 1803 og kona i 1801.
Halvard Halvardson Halhjem, f. 1767, var buande her etter at faren døydde. Um han hadde huslyd, veit me ikkje. Han flutte burt fyrr 1820, og me finn han ikkje att i Osbygdi.
Jakob Halvardson Halhjem frå br. 2, f. 1793, festa bruket i 1821 og busette seg her. G. 1820 Brita Johannes dtr. Røttingen, f. 1796. Born: Halvard, f. 1820, d. ung, Jakob, f. 1822 etter faren sin død, b. Bergen. Jakob dreiv fiske dei tvo åri han var busett her. «Galnemåndagen» den 11. mars 1822, då han var med i vårsildfisket, kom han burt på sjøen likeins som so mange andre frå Osbygdi.
Ekkja Brita Johannes dtr. var busett på bruket til 1832, då ho døydde. Det vart sidan ikkje buande folk på «Hamaren».
HALHJEM 5.
Ola Jonson Kvåle frå Fusa, f. 1699, vart i 1723 gift med ekkja Marta Lars dtr. Halhjem, f. p. indre Haugland ikr. 1660, og fekk same året bygsla dette nye bruket som då vart skilt ut frå dei andre bruki på garden. Marta hadde fyrr vore gift med lensmann Jon Halhjem som døydde i 1717, s. br. 3. Ola fekk so mykje jord at det nye bruket med ein gong vart umlag like stort som dei andre. Ola var ein mykje vyrd mann i bygdi. Han var lagrettemann umlag kvart år frå han kom til Halhjem til 1732, då han vart tilsett som lensmann for Rosendalgodset etter styksonen Lars Halhjem som døydde det året. Ola var ein dugande lensmann. I 1745 måtte han stemna alle grannane sine til tings avdi dei ikkje vilde vera med i ulvejaget, s. ytre Haugland 4. Ola greidde seg tolleg godt, men hadde ikkje skrapa ihop pengar i lensmannsyrket. Han døydde i 1746 og kona i 1748.
Tomas Tomasson Kvåle, f. p. Dalland i Strandvik 1722, som var dotterson åt Marta, bygsla bruket i 1746 etter bestemori og siste mannen hennar. G. I 1747 Ragnhild Lars dtr. Opsal frå Fusa, f. 1724, d. 1773, g. II 1775 Anna Bårds dtr. Sørstrønen, f. 1728. Born: Agata, f. 1748, s. n., Tomas, f. 1750, g. 1774 Maria Ferstad, s. Lunde 4, Lars, f. 1752, g. 1774 Marta Kristoffers dtr., s. Bjørnen 3, Jon, f. 1755, drukna i vårsildfisket 1775 saman med Halvard Halhjem, s. br. 3, Nils, f. 1762, g. 1787 Malena Johannes dtr. Spilde frå Sund. Tvo born døydde unge. Tomas dreiv fiske og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1787 og Anna i 1796.
Anders Olson Søvik, f. 1759, vart i 1779 gift med Agata Tomas dtr. Halhjem, f. 1748, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren. Born: Ola, f. 1780, g. 1799 Guro Peders dtr. ytre Haugland, var sjømann og vart utskriven til sjøvernet i 1802, Ragnhild, f. 1782, s. n., Guro, f. 1785, Tomas, f. 1792, g. 1816 Anna Lunde, s. L. 2. Ein gut døydde ung. Anders dreiv fiske likeins som dei andre på garden. I 1813 var han uheppen likeins som fleire i grendi og kjøpte nokre av dei stolne tingi åt Katrina Berle, so han måtte for retten, s. O. B. II 155. Anders døydde i 1808 og kona i 1820.
Peder Pederson Nordstrønen, f. 1773, vart i 1807 gift med Ragnhild Anders dtr. Halhjem, f. 1782, og bygsla samstundes bruket etter verfaren. Av 6 born vaks 5 upp: Anders, f. 1807, s. n., Peder, f. 1809, s. br. 8, Daniel, f. 1813, g. 1831 Gyri Hagevik, s. Lysekloster 1, f. 1814, g. 1840 Peder Bjørnerøy, s. Lepsøy 9, Brita, f. 1823, g. 1852 Jon indre Tuen, s. i. T. 4. Peder dreiv med sjøen, likeins som fyremannen. Han døydde i 1844 og kona i 1832.
Anders Pederson Halhjem, f. 1807, bygsla farsbruket i 1826. G. I 1825 Kari Eivinds dtr. ytre Moberg, f. 1786, d. 1844, g. II 1846 Kari Pauls dtr. ytre Moberg, f. 1821. Born: Ragnhild, f. 1825, g. 1854 Arne Lunde, s. L. 6, Anna, f. 1827, g. 1852 Anders Lunde, s. L. 2, Peder, f. 1829, g. 1857 Marta Lepsøy, s. L. 8, Eivind, f. 1834, fiskar, g. 1867 Kari Anders dtr. ytre Haugland, b. i Garvik, Balland, Kari, f. 1847, d. ug. 1916, Paul, f. 1850, s. n. Tvo born døydde unge. Anders vart ikkje gamall. Då han ein dag um hausten 1852 skulde sigla heim frå Krosshamn saman med Arne Halhjem og Peder Halhjem, kollsigla dei, og alle kom burt.
Ekkja Kari Pauls dtr. hadde so bruket nokre år.
Ola Nilsson Storum, f. 1825, vart i 1855 gift med ekkja Kari Pauls dtr. og fekk bygsla bruket tvo år seinare. Born: Anders, f. 1856, g. 1895 Nilsina Hjelle, s. H. 4, Nils, f. 1859, g. 1883 Rakel Storum, s. S. 3, Lars, f. 1863, g. 1887 Engelina Tomas dtr. Skåtun, b. Vinnes i Strandvik. Tvo tvillingsystre døydde unge. Ola dreiv fiske attåt gardsbruket likeins som fyremennene. Han døydde i 1899 og kona i 1898.
Paul Andersson Halhjem, f. 1850, bygsla bruket etter mori og stykfaren i 1876. G. 1874 Anna Mons dtr. Sørstrønen, f. 1836. Born: Mons, f. 1874, s. n., Karina, f. 1877, b. Fjøsanger i Fana. Paul dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1924 og kona i 1916.
Mons Paulson Halhjem, f. 1874, bygsla farsbruket i 1906 og kjøpte det av Universitetet i 1931. G. 1902 Kari Eivinds dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1876. Mons dreiv med ymse arbeid umframt gardsbruket. Kona døydde i 1931.
Karl Paulson Sælen, f. 1906, kjøpte bruket i 1937. G. 1937 Randi Karls dtr. Manger, f. 1915. Born: Kari, f. 1937, Eiolf, f. 1940. Karl er trearbeidar.
HALHJEM 6
Jens Andersson Håvikvågen, f. 1726, som fyrr hadde havt bruk 2, flutte frå dette bruket i 1789 og festa ei hustuft på garden. Her bygde han seg eit lite hus og freista livja seg ved fiske. Han var gamall og lite arbeidsfør då han flutte frå garden, og det vart vanskeleg for han å greida seg utan hjelp. Sjå um huslyden hans under br. 2. Jens døydde i 1805 og kona i 1801.
HALHJEM 7 (Langeneset).
Einar Bårdson Kuven, f. 1761, festa i 1798 ein plass på Halhjem, der han bygde og busette seg. Han hadde fyrr vore busett i leigd hus på Lyssand og indre Haugland. G. 1793 Anna Peders dtr. Nordstrønen, f. 1769. Av 6 born vaks berre 2 upp: Eivind, f. 1797, Peder, f. 1801, g. 1826 Johanna Røttingen, s. Lepsøy 9. Einar dreiv fiske og gjekk i ymse arbeid hjå bygdefolket. Han døydde alt i 1804.
Ekkja Anna Peders dtr. hadde bruket til ikr. 1830. Ho flutte so til sonen i Bjørnarøy, s. Lepsøy 9, og døydde der i 1839.
Jan Janson Skjeie, f. 1804, busette seg her då Anna flutte burt. Han var son åt sersjant Jan Olson Sandal frå Fusa og Kari Skjeie. G. 1829 Brita Halvards dtr. Halhjem, f. 1791. Ikr. 1840 flutte Jan til Sørstrønen, s. S. 9, der ein finn meir um han og huslyden hans.
HALHJEM 8.
Peder Pederson Halhjem, f. 1809, bygsla i 1821, då han berre var 12 år gamall, ein part av farsbruket og busette seg her då han vart vaksen. G. 1828 Kari Nils dtr. Ferstad, f. 1803. Born: Nils, f. 1828, s. n., Peder, f. 1830, sjømann, d. ug. 1913, Ragnhild, f. 1833, d. ug. 1912, Anders, f. 1835, g. b. Bergen, Jakob, f. 1842, sjømann, Margreta, f. 1846, d. ug. 1921. Peder vart ikkje gamall. På ei heimferd frå Krosshamn hausten 1852 saman med Anders og Arne Halhjem kom dei alle burt på sjøen.
Ekkja Kari Nils dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde 92 år gamall i 1895, og hadde då vore ekkja i meir enn 40 år.
Nils Pederson Halhjem, f. 1828, bygsla bruket etter mori i 1857. G. 1857 Kari Jans dtr. Sørstrønen, f. p. Halhjem 1830. Born: Nils, f. 1850, s. n., Karina, f. 1860, g. 1889 Johan Johannesson Askvik, arbeidsformann, b. Solheimsviken ved Bergen, Johanna, f. 1866, ug., b. Bergen, Brita, f. 1871, ug., b. Bergen. Nils hadde notbruk og dreiv ogso med slakting. Han døydde i 1894 og kona i 1892.
Nils Nilsson Halhjem, f. 1850, bygsla farsbruket i 1878. G. 1877 Herborg Gulbrands dtr. Bakke frå Sund, f. 1854. Born: Arne, f. 1884, s. n. Nils var sjømann og dreiv ogso med fiske, seinare vart han treskoarbeidar. Han døydde i 1934.
Arne Nilsson Halhjem, f. 1884, bygsla farsbruket i 1906 og kjøpte det av Universitetet i 1931. G. 1905 Marta Nils dtr. Presthus frå Kvinnherad, f. 1883. Born: Nils, f. 1906, sjauffør, g. 1934 Agnes Sjurs dtr. Ferstad, f. p. Haugland 1908, (Born: Arne (tvilling), f. 1935, Sjur, f. 1935), Harald, f. 1914, student. Arne hev drive fiske likeins som faren og hev ogso havt farty.
HALHJEM 9.
Lars Andersson Halhjem, f. 1766, som hadde br. 3, let halve bruket frå seg til eldste sonen i 1823, men hadde sjølv den andre halvparten til han døydde i 1832.
Peder Larsson Halhjem, f. 1804, bygsla denne parten etter faren i 1833 og skipa eit nytt bruk her. G. 1826 Kari Mons dtr. Halhjem, f. 1804. Born: Guro, f. 1827, g. 1854 Jon ytre Lekven, s. y. L. 1, Olina, f. 1832, g. 1858 Jakob ytre Haugland, s. y. H. 9, Kristi, f. 1835, g. 1860 Ola Ferstad, s. F. 4, Anna, f. 1839, g. 1864 Jakob ytre Haugland, s. y. H. 9, Lars, f. 1843, s. n., Peder, f. 1847, i Amerika. 3 born, millom dei eit par tvillingar, døydde unge. Peder dreiv mykje med sjøen. Han døydde i 1888 og kona i 1892.
Lars Pederson Halhjem, f. 1843, bygsla farsbruket i 1870. G. 1869 Aletta Mons dtr. Hummelsund frå Sund, f. 1837, som var brordotter åt gamlekona på bruket og syskenbarnet åt Lars. Born: Peder, f. 1870, sjømann, kom burt på sjøen då slupp «Venus» gjekk under ved Støtt 1895, Dortea, f. 1874, g. 1897 Anders Lepsøy, s. L. 3, Mons, f. 1877, s. n. Eit barn døydde tidleg. Lars var notbas og fiskar, og dreiv ogso bøkkararbeid. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var med i fleire styre og nemnder. Lars døydde i 1913 og Aletta i 1906.
Mons Larsson Halhjem, f. 1877, bygsla farsbruket i 1901 og kjøpte det i 1931. G. 1901 Ingeborg Jons dtr. Lepsøy, f. 1869. Born: Lars, f. 1902, s. n., Jon, f. 1904, g. 1927 Gurina Særvollsvik, s. br. 15 og Lunde 13, Peder, f. 1906, sjømann. Mons hev drive bøkkararbeid attåt gardsbruket.
Lars Monsson Halhjem, f. 1902, arbeider på bruket saman med faren. G. 1934 Ingrid Anders dtr. Særvollsvik, f. 1912. Born: Inglaug, f. 1934. Lars er fyrbøtar.
HALHJEM 10 (Mattisstova).
Mattis Olson Lønningdal, f. 1829, festa ei tuft og busette seg på Halhjem i 1863. Han hadde fyrr leigt seg husvære i Bjørnen. G. 1860 Marta Sveins dtr. Lunde, f. 1825. Born: Ola, f. 1860, Jon (tvilling), f. 1862, gardbrukar i Kjøkkelvik, g. 1888 Andrine Anders dtr. Kjøkkelvik, Laksevåg, Svein, f. 1862. Mattis hadde berre hus utan jord og dreiv som skomakar. Ikring 1870 flutte han til Loddefjord med huslyden og busette seg der. Mattisstova vart flutt burt, og tufti fall attende til hovudbruket.
HALHJEM 11 (Nyheim).
Arne Pederson Halhjem, f. 1881, festa ikr. 1916 eit jordstykke av farsbruket og busette seg her. I 1931 kjøpte han bruket. G. 1915 Olina Johannes dtr. nedre Rød, f. 1893. Born: Johannes, f. 1915, bøkkar, Birgit, f. 1918, hushjelp, Gudrun, f. 1920, hushjelp, Pernelly, f. 1924, Aslaug, f. 1927, Per, f. 1933. Arne er bøkkar og driv ein større bøkkarverkstad.
HALHJEM 12 (Brattestø).
Lærar N. Nilssen frå Bergen festa ikr. 1920 eit stykke av garden og bygde seg sumarhus her. I 1931 kjøpte han bruket. Dotteri frk. Gudrun Nilssen, som hadde kjøpt noko meir jord i 1932, skøytte eigedomen etter faren i 1939 og hev bruket no.
HALHJEM 13 (Gjetlehaugen).
Fru Margrete Catharine Dåe frå Bergen kjøpte i 1934 eit stykke av br. 9 og bygde her. Fru Dåe og mannen kaptein Dåe nyttar eigedomen som sumarbustad.
HALHJEM 14 (Dalheim).
Ola Engjelson Askvik, f. 1905, skøytte i 1936 eit stykke av verfaren sitt bruk og bygde her. G. 1931 Larsina Engjels dtr. Halhjem, f. 1905. Born: Anny, f. 1932, Marta, f. 1934, Edel, f. 1939. Ola er sjauffør og hev drive lastebilkjøring.
HALHJEM 15 (Norheim).
Jon Monsson Halhjem, f. 1904, skøytte i 1939 ein part av farsbruket og byggjer her. G. 1927 Gurina Anders dtr. Særvollsvik, f. 1903. Sjå um han og huslyden hans under Lunde 13, der han fyrr hadde vore buande.
HALHJEM 16 (Midthaug).
Johan Palmstrøm frå Bergen kjøpte i 1940 eit stykke av br. 8 og hev bygt seg sumarbustad her. Palmstrøm hev vore skipsførar i Bergenske D/S.