Osingen 1985

Utgjeve av Os Mållag
INNHALD:
Anders Kåre Engevik : Banen som konkurrerte ut seg sjølv
Marta N. Tveit: Hegglandsdøl, lysefjording og europear .
Barnesider .
Bente Bratlund Mæland: Englekyss
Bente Bratlund Mæland: Den blå tonen
Tom Hetland: Lys gjennom piggtråden
Tor Lunde: Stadnamn og vegnamn i Os

Skriftnemnd :
Henning Henriksen
Kåre Herdlevær
Tom Hetland
Magne Krüger
Margit Tøsdal

Framside og teikningar:
Bernt Kristiansen
Sats og trykk:
Risan & Larsen AlS, Os

Til lesaren
Jula nærmar seg. Fram gjennom hundreåra har folket her i Osbygda halde jul under ulike tilhøve. No er det vår tid.
I år vil Os Mållag for første gong freista å gje ut eit lite årsskrift -som kjem og bed om rom mellom all annan julelesnad som vert boden fram.
Heftet gjev ymse glimt om menneske som har levt og om arbeid som er gjort her i tidlegare tider. Litt om kva som er skapt.
Nye generasjonar veks til. Og mellom alt det nye som bryt på – i fjernsyn – skrift og tale vert det lite rom, særleg mellom dei unge, for det som har vore. Like eins er her mange innflyttarar i Osbygda no -folk som har valt denne bygda som si nye heimbygd.
Det gjeld for oss alle: Å sjå seg attende – gjev styrke framover.
Mållaget vil gjerne vera med å føra vidare dei kulturtradisjonar som er i bygda. Og her er mykje godt å byggja på – berre me stoggar litt og gjev oss tid til å sjå oss attende.
Historien – gjennom tiltak og arbeid – gjennom målet vårt – skriftleg og munnleg er ikkje berre eit band attover, men også ei barlast, ei bør – og som alle bører kallar ho på krefter – på livsviljen.
Inn i dette biletet kjem føremålet og arbeidet med dette vesle heftet – ei hjelp til å styrkja rotfestet. Kanskje kunne det og nyttast som ei julehelsing til utflytta osingar.
Måtte det verta vel motteke!
God jul!
Skriftnemnda

Banen som konkurrerte ut seg sjølv

AV ANDERS KÅRE ENGEVIK

I år er det 50 år sidan Os miste jernbanen sin. «Osbana» hev på skjemt vorte kalla Osmerri. Den hev kanskje meir enn noko anna drege heile bygdi framover», vart det skrive då banen vart lagd ned i 1935. Men det var få som sørgde då rutebilane tok over.
Den l. september i år var det 50 år sidan Osbanen vart lagd ned. Det var ei vemodig stund for mange, og enno i dag vekkjer minnet om «det vesle koselege toget» nostalgiske kjensler.
Det smalspora jernbaneanlegget mellom Nesttun og Os var ein del av den store tekniske og økonomiske omveltinga som gjekk føre seg i samfunnet i siste halvdel av l800-talet. Ved sida av dampskipet var jernbanen den viktigaste kommunikasjonsforma, og utbyggjinga gjekk føre seg som ei rekkje «anfall av jernbanefeber». Desse hadde nøye samanheng med takten i den økonomiske utviklinga. Osbanen vart til som resultat av eit slikt feberanfall.
«Nesttun-Osbanem» var det offisielle namnet på føretaket.
Det vart bore fram både av bygde- og byinteresser. Byen var interessert i å få større del i det omsetningslivet som hadde vakse fram på landet etter at bygdehandelen vart gjeven fri kring midten av førre hundreåret.
Omlegginga til salsjordbruk skjedde nett i denne tida, og bygdane fekk difor trong for sikrare avsetnad av produkta sine. Dei få og dårlege vegane var til hinder for dette. Då Ulvensletta vart teken i bruk som militært øvingsområde, fekk også hæren interesse av betre transport-tilhøve over land. Sist i I880-åra var tida inne for å realisera draumen til distriktslege Daniel Krüger om ein privatfinansiert jernbane mellom Nesttun og Os.
Saman med Krüger hadde ei rekkje interesserte menn i sentrale stillingar teke til å arbeida for saka. Desse var Mathias Erichsen, gardbrukar og ordførar i Os, Wollert Konow, brukseigar og ordførar i Fana, Ole Sandberg, jordbruksskulestyrar på Stend, og to store næringsdrivande i Bergen, konsul F. G. Gade og kjøpmann Johan A. Mowinckel. Det var særleg dei to sistnemnde som skaut kapital inn i føretaket.

Os Stasjon
Os Stasjon

Med Osbanen kom ei ny tid til bygda. Dei ytre kjenneteikna var, forutan toget sjølv, uniformar med distinksjonar og blanke knappar og ein ny byggjestil med store takutstikk og glefsande drakekjeftar til pynt.

Ikkje til å stogga
Jernbanedrifta vart høgtideleg opna på Os stasjon søndag 1. juli 1894. «Consul Gade ønskede paa Perronen Hæld for Banen, hvorefter første Tog afgik fra Osøren kl. 9.15 Morgen», fortel styreprotokollen. Opninga sarnla den største folkemengda som til då var sett på Os. Mange såg eit jernbanetog for første gong den dagen.
Nyfikna varde ved dei første driftsmånadene. Det kosta 5 øre å koma inn på stasjonsområdet, og det vert fortalt om dagar då meir enn 100 menneske løyste platformbillettar.

Osbanen opp Kuvenbakken
Osbanen opp Kuvenbakken

I den bratte stigninga opp mot Ku ven arbeidde lokomotiva under høgtrykk når det var mange vogner tilkobla. Likevel gjekk det ikkje fortare eingong enn at ein sprek kar som kappsprang med toget nådde det att.

Folk kom langveges frå for å sjå og prøva desse nymotens køyregreiene; mange med skepsis og skrekk: «Datta får di aldri te gå», sa ei gamal kone. Men då ho vel var installert på toget og farten auka, skifta ho meining med ein gong: «Å nei, å nei, ditta klara di aldri å stoppa».
På ein måte hadde ho rett, den garnle kona. Toget vart symbolet på ei ny tid i bygda, med ei utvikling som ikkje let seg stogga. Ikkje alle var glade for det nye. Grunneigarane ved utlaupet av Oselva var redde for at anleggsverksemda og trafikken ville øydeleggja laksefisket deira. Dei klaga til banestyret og kravde erstatning. Ikkje alle arbeidde i det opne. Hausten 1894 vart banen ute for ein ukjend sabotør som velta steinar på lina. Han gav opp etter kort tid. Det gjorde ikkje hotelleigar Nilsen, næraste grannen til Os stasjon. Han reiste erstatningssak mot banen for ulempene hotellet leid av kolrøyk og toglarm. Dette er truleg den første forureiningssaka i Os, ei sak hotelleigaren vann.
Med nabokrangelen ute av verda, skulle banen «være fuldstendig sikret mod alt», trudde driftsstyraren. Men han tok feil. Det var eit stadig problem at folk ikkje let att grindane etter seg når dei nytta planovergangane. Resultatet var «Sauer paa Jernbanelinjen … i Flokker paa optil30 Stk.» Verre var det når folk nytta lina som gangveg.
Dette problemet var særleg stort den første tida, då vegane var få og dårlege. Det gjekk godt, trass i at det var nære på mange gonger. I dei 41 åra banen var i drift skjedde to ulukker der menneskeliv gjekk tapt. Fleire avsporingar og ein kjeleeksplosjon i eine lokomotivet kunne lett ha enda med tragedie, men folk slapp med skrekken og beinbrot.

Jernbaneuniform gav status.
Osbanen var ein stabil arbeidsplass. Å vera jernbanemann gav ein spesiell status i bygda. Uniformane med distinksjonar og blanke knappar understreka dette. Det var difor alltid stor pågang etter arbeid ved banen, trass i lang arbeidstid og låge løner. Det var trafikkmengda som avgjorde arbeidstida. I høgsesongen var det ikkje uvanleg at ekspeditørane ved dei største stasjonane måtte hengja i opp til 16 timar i døgeret. Dei kunne tillata seg 1/2 times middagspause. Styret såg det som si fremste oppgåve å syta for ei sunn forretningsmessig drift av selskapet. Tilhøve som etter deira syn ville auka utgiftene, vart motarbeidde. Sparekniven var jamnt framme når lønene skulle regulerast. Sist i 1890-åra låg gjennomsnittsløna ved Osbanen 40% under Statsbanane sine satsar. Fram gjennom åra, særleg under 1. verdskrigen, betra dette seg. Derimot var det inga forståing for oppmodinga frå Hegglandsdalens Ungdomslag om å gå over til nynorsk administrasjonsmål. Brevet vart stilteiande lagt til sides. Låge utgifter var eit middel til å halda låge fraktsatsar, meinte styret. Dette skapte eit stabilt trafikk-grunnlag for banen.

Tevling mellom båt og bane
Med toget gjorde folk turen Os – Bergen på 2 timar, omstigning på Nesttun medrekna. Dette var vel halve tida av ei dampbåtreis. Billettprisane var og rimelegare enn med båtane. Det låg såleis til rette for ei hard tevling mellom sjø- og landtransport. Men selskapa innsåg fordelane ved å samarbeida. Alt i 1893 la Midthordlandske fram utkast til snøggruter på Midthordlandsfjordane i samtrafikk med toget på Os. Men begge selskapa hadde stram økonomi og var lite villige til å fira på krava då det økonomiske hopehavet skulle fastsetjast. Det utvikla seg til ein prestisjestrid om kroner og øre som sette vondt blod mellom partane og førde til ubrukande samband mellom båt og bane i ein liten mannsalder framover.
Osbanen byrja samarbeid med andre dampskipsselskap og sytte for at toga var framme på Osøyro etter at Midthordlandske sine båtar var farne. Midthordlandske på si side freista halda passasjerane ombord heilt fram til Bergen. Båtane gjekk framleis til Os, men ofte slik at toget vel var ute or stasjonsområdet når båtane la til kai.
Føst frå 1920 kom det til eit positivt samarbeid, men då var bilar og motorbåtar blitt leie medtevlarar for begge dei gamle selskapa.

Ettermiddagstoget er framme på Os stasjon. Foto frå 1930 åra.

Bilane kjem
Sumaren 1922 kom jernbanekomiteen på vitjing til Os. Dei skulle sjå på planane om modernisering og utbyggjing av Osbanen. Det var i seg sjølv illevarslande at dei høge herrane nytta bil begge vegar. Det vart då heller inga hjelp å få. Osbanen fekk klara seg som best dei kunne i ein kamp på vikande front mot bilane.
Kring 1920 var vegnettet i Os og Fana såpass godt utbygd at folk kunne gjera seg nytte av biltransport. Dette baud på mange fordelar, mellom anna frakt frå dør til dør. I 1920 kom første personbilruta mellom Os og Bergen i gang. Samstundes tok drosjekøyring til, og fleire mjølkeruter. Dei dreiv eigentleg varefrakt for dei lokale meierilaga kringom i bygda, men tok og grannar og kjenningar med, om det høvde så. Osbanen freista møta tevlinga med to mot-trekk: Overta flest mogeleg av konkurrentanesine så langt dei makta kjøpa dei ut, og syta for at dei andre heldt seg innanfor rammene den nye konsesjonslova sette. Dette vart opptaket til stadige konfliktar med drosjeeigarar og lokale varetransportørar .
Styresmaktene, både lokalt og sentralt, laut ta omsyn til Osbanen som arbeidsplass og til trongen for stor og stabil transportkapasitet. I lengda støtta dei difor banen, trass i press frå ein stadig aukande folkeopinion til fordel for bilen. Løysinga vart difor å halda liv i banen til dess vegnettet var utbygt til å tola tungtransport. For å betra banen si konkurraneevne gav styresmaktene selskapet konsesjon på rutebiltrafikk mellom Os og Bergen.

«Osbanens Rutebiler» på haldeplassen ved «Permanenten». Foto frå sist i 1920 åra. Sjåfør Njøten til høgre.

Tida ute for «Osmerra»
«Osbanens Rutebiler» vart som nemnt opphavet til soga om jernbanen som konkurrerte ut seg sjølv. I røynda var bildrifta med og hjelpte banen å overleva dei siste åra. Rettnok gjekk alle tog stappfulle den strålande vakre avskilsdagen for banen, men dei einaste som verkeleg sørgde, får me tru, var dei tilsette. Mange av dei var eldre menneske som hadde følgd banen i gode og vonde dagar gjennom mesteparten av sitt yrkesaktive liv. For alle var det klårt: Banen hadde tent si tid – samtida kravde andre transportformer.
Kor godt hadde så banen makta oppgåva si? En peikepinn om samtida sin dom finst i eit avisinnlegg dagen før nedleggjinga: «Osbana hev på skjemt vorte kalla Osmerri.
Namnet er godt, bruka på rette måten. Den hev kanskje meir enn noko anna drege heile bygdi framover.  Når den no stillt og umerkande stoggar for alle tider so bør ein mest hugsa det.»


Hegglandsdøl lysefjording og europear

AV MARTA N. TVEIT

Haldor Midthus (1841-1906) var ein sermerkt lærar.
Han var diktar, songar, politikar og organisasjonsmann.
Og ikkje minst var han ei eldsjel for det internasjonale
hjelpespråket Esperanto. Haldor Midthus vert
rekna som grunnleggjaren av den norske Esperantistrørsla

Haldor Midthus. Biletet er teke av Brødrene Larm i Bergen

Tronge tider
Medan Haldor var lærar i Hegglandsdalen, var han og styrar for folkeboksamlinga i Os. Folkeboksamlinga I Os var skipa alt i 1828. «Selskabet for Norges Vel» var skipa i 1809, og det arbeidde for at det måtte koma boksamlingar ute i bygdene. Biskop Neumann i Bergen ivra i 1820 mykje for dette, og presten Andreas Unda! Jersin i Os tok opp tanken og fekk «skoleholderne» til å samla inn pengar til formålet.
Etter at Haldor var ferdig på lærarskulen, har han vore lærar utanom Osbygda nokre år. Truleg hadde Os då fenge 4 lærarar med utdaning. (Det var berre 4 lærarar i heile Os, alle hadde fleire skulekrinsar). Men det kan og vera at Haldor hadde hug å sjå seg litt i kring.
Me har ikkje noko stadfesting av kvar Haldor har vore i dei åra, men det finst vakre dikt til Hitterdal (det gamle namnet på Heddal) mellom papira hans. So truleg har han vore lærar der. Haldor Midthus vart lærar i Lysefjorden og Syfteland krinsar i 1869 og fekk då truleg 54 dalar i årsløn.  Han vart i 1870 gift med Marta Danielsdotter Vik frå Fjellberg. Dei budde i skulehuset. Berre 2 av 5 søner vaks opp – harde slag for foreldra. Haldor hadde kr. 1,30 for veka for å halda ljos, oppvarming og reinhald av skulehuset i Lysefjorden. ( I 1873 gjekk Noreg over til kroner som myntverde. Men kroner og dalar vart brukt sida om sida i fleire år). I 1877 søkte Haldor om å få kr. 1,50 for veka for ekstraarbeidet og utlogone. Men han fekk avslag med det bodet at då kunne han berre flytta ut or skulehuset. So han søkte ikkje fleire gonger.  Haldor Midthus var saman med Elias Hanssen, læraren i Hegglandsdalen, heradsrevisorar i tida 1860 – 1886, og hadde vel ei lita godtgjersla for dette. Men eg har hug til å sitera dei to siste versa av diktet «Efter tidens leilighet » som Elias Hanssen skreiv i 1872:

«Gud bedre oss for svar allarm !
En stakkels lærer kan blive harm,
thi lykken var ham saa svigefuld,
den gav ham arbeid men intet guld.
Se derfor staar han med kassen tom
og sukker midt i sin armodsdom.

Dog end han eier en trøst saa huld:
At om man eier all verdens guld,
og om man kjøber hver pIet, hver sti
for døden man sig ei kjøber fri.
Til slut saa faar vi et fælles hus
paa kirkegaarden blandt sten og grus».

Lodda ut bøkene
Den første verdskongressen for Esperanto vart halden i Boulogne-Sur-Mer i Frankrike i 1905. Haldor Midthus hadde hug å vera med, men han måtte kosta reisa sjølv.
Og korleis skulle han greida det? Han var ikkje rådlaus. Han lodda ut ein stor del av bøkene sine på den måten at det var vinst på kvart lodd. Truleg var ikkje loddprisen so svært høg for lodda gjekk unna. Han fekk pengar til turen.
Haldor Midthus vart vald som norsk medlem av Lingva Komitato, ei språknemnd som var samansett av dei fremste språkekspertane frå kvart land. Men han fekk diverre ikkje verka lenge i den nemnda. Han var nok vorten sjuk før han drog til Frankrike, og døydde alt i mars 1906. Sonen, Nils, hadde teke over lærarposten etter faren alt i 1905.
Haldor Midthus må ha hatt ein utruleg styrke, både sjeleleg og lekamleg. Mor mi fortalde om Haldor i Åsen, som dei kalla han på Tveit, at han kom syklande opp til broren etter at han var vorten alvorleg sjuk. Han hadde strupekreft, og den sykkelen skulle det nok krefter til å bruka. Haldor var sikkert den første syklisten i Os. Det vert fortalt at det var ein smed på Kalandseidet som hadde laga sykkelen, sikkert etter teikning frå Haldor sjølv.
Sonen, Nils Midthus, har gjeve sykkelen og eit skåp som var laga av ei av kyrkjedørene frå den garnle Oskyrkja, som vart riven i 1870, til museet i Os, som vonleg ein gong vert røyndom. Då vil folk få sjå den «makalause» sykkelen.

Sykkelen til Haldor Midthus, ein av dei mest særmerkte gjenstandane i museumssamlingane i Os.

Støtta som norske esperantistar har reist på grava til Haldor Midthus på Os kyrkjeg

Ved avdukinga av minnesteinen heldt Johan Matland avdukingstalen.  Nils Midthus takka frå huslyden. Og det var helsing frå ein av dei første Esperanto-elevane, Nils Økland, lærar og kyrkjesongar på Stord.
I sumar hadde Norsk Esperanto-forbund landsmøte og seminar på Fana Folkehøgskule i tida 14. til 17. juni. Der var 53 utsendingar frå heile landet. Sume av dei vitja Os og la ned blomar på grava til Haldor Midthus.
Haldor må ha vore ein uvanleg mann. Etter det me har sett, so har han hatt utruleg mange jarn i elden. Likevel har han funne tid til å skriva dikt.  Då faren var borte, fann sonen Nils, skrivebordskuffa hans full. Mellom andre ting var der ogso brev frå Ole Bull. At Haldor Midthus og Ole Bull var godt kjende med kvarandre var rimeleg. Men dikta var det mest uventa for sonen. Nils Midthus viste lærar Henrik Lien som var redaktør av Os kyrkjeblad ein del av dikta. Henrik Lien fekk trykt fleire av dikta i Kyrkjebladet. Dei høvde godt der då dei hadde eit religiøst innhald. Men før dikta vart trykte i kyrkjebladet, hadde Nils Midthus modernisert målforma. For Haldor hadde sjølvsagt brukt den dansk-norske målforma som var brukt dei tider.
Etter Nils Midthus døydde, har Fredrik øvredal som no bur i Åsen, teke vare på bøker og skrifter etter Haldor Midthus. Fredrik er brorson til kona til Nils.
Då me no fekk lånt ut ein del av Haldor Midthus sine skrifter, viste det seg at han også hadde skrive opp det greske alfabetet med tydingar. Kor mykje han har nytta seg av det, veit me ikkje. Men at han har vore litt av eit språkgeni er sikkert. Difor var det heilt naturleg at han ogso hadde skrive dikt på dialekt. Det stive danske målet høvde sikkert ikkje med Haldor Midthus sitt lynne. At Ivar Aasen sine tankar og arbeid har gjort inntrykk på Haldor Midthus er visst. Der er dikt og andre ting som er skrive på det me vil kalla reint nynorsk, men mest har han nytta dialekt. Me veit at Haldor Midthus skreiv dikt frå 1865 til 1890, men truleg ogso seinare. I dikta sine er han mykje oppteken av døden og livet etter døden.  Men han hadde ogso humoristisk sans, og nokre av dikta på dialekt er verkeleg morosame, som ein vil sjå døme på nedanfor.
Haldor Midthus er vel verd ei rninnestytta på grava.

Kjelder:
Nils Tveit:
Os soga I, I/, III.
Nils Tveit:
Os Prestegjeld 1837 – 1937
Elias Hanssen: Femti digte
Haldor Midthus sine etterletne skrifter.
Ei serleg takk må eg gjeva til Henrik Tveit (brorson til Haldor) for mange verdfulle opplysningar og ogso
for avskrift av skriftene til Haldor Midthus.

———————————————————-
Englekyss
———————————————————-
Ho hutra og drog kåpa betre om seg. Kroppen var
stiv av ulyst. Kulden frå frukostbordet, det stengde
andletet ved bordenden, alt låg i henne og lamma kvar
nerv.
Tanken orka ikkje følja så langt som fram til
kontorpulten. Ho tvang seg mot busshaldeplassen og
utsette alle kjensler til ein gong ho betre kunne makta
dei. No galdt det å ta eit steg om gangen av den
dagen som låg framom.
Det sto kø ved haldeplassen, og til overmål byrja små,
dunlette dropar å falla på hennar frå før så tustrete
hår.
Gjennomkald prøvde ho å dukka så langt ned i
kåpekragen som mogeleg.
Bussen var forseinka, utolmodig stampa dei kringom
henne. Sjølv orka ho ikkje bry seg. Knytte hendene i
kåpelomma i rein avmakt.
Kva var skjedd mellom henne og han ho skulle dela
gode og vonde dagar med? Kor var det blitt av
varmen, av gleda i tilværet? Han, med sine tallause
møte, så viktig, så travel. Ho, med alle dei tomme
timane.
Ein gong hadde dei fletta hendene saman og hatt
draumar. Det var lenge sidan. Altfor lenge.
Kvifor var det blitt slik? Så vondt, så vanskeleg.
Kvar gong ho nærma seg han, vart andletet hans
samandrege, nesten plaga. Som om det skreik mot
henne: Kvifor piner du meg ….

Han hadde mykje på seg, ho visste det. Visste at han
sleit med avtalar, med konferansar. At han var
betrudd. Betrudd til han stupte, hadde ho tenkt.
Var det verd det?
Når han var heime, måtte han kvila. Måtte han ha ro.
Orka ikkje gå ut.
Men stakk nokon innom, var han positiv,
underhaldande.
Berre mellom dei to var det blitt heilt taust.
Kanskje hadde ho tagd og venta for lenge.
Blikket hennar for likesælt over dei som sto kringom.
Menn med mapper, travelt gløttande mot klokka.
Kvinner som henne, frysande, med innlært tolmod.
Ungdom, rastlaust stampande mot asfalten.
Dei mjuke dropane var gått over til meir tyngd no.
At ho skulle gløyma paraplyen. No ville ho ikkje sjå
ut på håret. Blikk ville granska henne, og vraka.
Ho kjende det som ein styng ein stad i magen.
Ho var ikkje fiks, søt og pen. Ikkje sirleg heller. Ho
var berre …. Ja, mislukka var ho. Heime, på jobben,
over alt. Eit null.
Dei hadde namnet hennar i medlemsboka i
husmorlaget.
Dei smilte til henne, og ho og smilte. Men det var blitt
vanskeleg å gå ut. Det var blitt så altfor lett å ta til
tårene i det siste. Brått og uventa misste ho taket på
seg sjølv. Og det makta ho ikkje mellom dei,
så smilande, ovanpå.
Kunne ho gje dei si einsemd, ho som hadde alt.
Heimen hennar var som plukka frå ein brosjyre. Det
ho ville, kunne ho kjøpa. Ein mann som var nådd
langt, hadde ho.

Kom ikkje bussen snart?
Jau, overfylt, humpande var han der.
Ho følde køen og steig inn. Visste vel kor håplaus ho
såg ut der ho rette kortet fram.
Der var ingen sete att, så ho klemde seg mellom to
ungdommar og fekk eit tak i stroppen.
Bussen humpa avgarde, og det var ei søvnig uro
omkring henne.
Andlet som konsentrert passa på å ikkje visa eit gløtt
av eit menneske. Hender som nøye passa på ikkje å
røra ved hender. Stemmer, som nøye sorterte kven dei
skulle nå. Då var klumpen i halsen der igjen. Augo
feste ho stivt i golvet. Kjende kor kvar nerv i
kroppen var i spenn.
Ho måtte greia denne dagen og.
Ho prøvde stengja tankane ute. Kraup inn i eit vakum
og klamra seg til stroppen medan ho heldt nøyaktig
avstand til dei to ungdommane.
Då skjedde det som skulle snu dagen for henne. Det
uventa, umogelege. Jorda opna seg ikkje under henne,
husa styrta ikkje, bussen humpa roleg vidare og ingen
andlet revna omkring henne. Det som skjedde var
nesten usynleg.
Nesten.
Ei lita, uventa rørsle, eit tak som glapp, eit ungt kinn
som rørte ved hennar. Og to varme, unge augo.
Han smilte til henne, fekk tilbake balansen. Og bad
ikkje om orsaking.
– Hei, sa han. – Er det ikkje deilig med ein ny dag.
Han gjekk av bussen ein haldeplass før henne.
Blikket hans møtte hennar til eit nytt smil. Han var så
ung at han kunne vore son hennar, om ho hadde
nokon.
– Er det ikkje deilig med ein ny dag?
Ein ny dag i ei sur, kald verd, der stengde andlet låser
seg for kvarandre. Der ein er einsam mellom tallause
skarar.
Likevel, orda hadde rørt ved noko i henne. Dirra og
song ein stad djupt inne.
Ubevisst løfte ho handa til kinnet han hadde berørt.
Han hadde ikkje bede om orsaking. Hadde ikkje
skjemst eller kjend ubehag.
Lukkelege menneske, så ung, så trygg. Glad for ein ny
dag.
Ho kjende ikkje kulden på same måten lenger.
Gløymde det mislukka håret. Stega blei lettare, meir
målbevisst.
Javisst hadde ho ein ny dag. Ho og.

Bente Bratlund Mæland

DEN BLÅ TONEN
du er vinden
som ruskar
i mi natt
du er draumen
eg aldri nådde
du er den blå
blå tonen
som skjelv
gjennom mine dagar

Bente Bratlund Mæland



Lys gjennom piggtråden


AV TOM HETLAND

Anna Vårdal Søfteland og Marie Østrem var to av dei mange osingane som under krigen gjorde ein innsats for å hjelpa norske og russiske krigsfangar her i bygda.  Seinare gav dei ut bøker om opplevingane sine.  Det er gripande vitnemål som godt toler å bli lesne ein gong til.

8. mai i år trykte Midhordland eit utval bilete frå fredsdagane i 1945. Det er lokalhistoriske dokument av høg klasse: Osingar som har sarnla seg utanfor Hyllands kolonial for å høyra kong Haakons radiotale frå London, russiske krigsfangar som spelar trekkspel og pratar livleg med norske ungdommar, folkehopen i Os sentrum den regnversdagen Grini-fangane kom heim att. På dei svart-kvite bileta til tannlege Helge Hassel lyser det av raud, kvit og blå glede. Men me ser og alvor og uvisse i andleta. Det var ikkje alle osingane som skulle koma tilbake.
For mange står scenene på desse bileta som eit kjært minne. Men for dei fleste, meg sjølv inkludert, er dette historie dei ikkje sjølve har opplevd. Me må søkja vår kunnskap om krigen fra andre kjelder. Kvar ny generasjon lyt gå til «skriftene», og kanskje vil ein og annan «historisk dom» bli omgjort. Hendingane i Os under krigen er etter måten grundig omtala, både i historiske arbeid og i personlege nedteikningar. Eg har valt ut to bøker som begge er gripande vitnemål om den kanskje svartaste sida ved nazi-systemet: fangeleirane. Men dei fortel også om den store innsatsen mange osingar gjorde for å hjelpa fangane – norske som utanlandske. Bøkene er skrivne av to kvinner som sjølve stod midt oppe i dette arbeidet: Anna Vårdal Søfteland og Marie Østrem.

Ulven leir slik han var i krigstida. Teikning av Rudolf Næss, som sjølv sat der som fange

Meldingssentral på Søfteland
Ulven var den første og største fangeleiren i Os. Hit sende tyskarane alt frå tidleg i krigen jødar, kommunistar og motstandsfolk av alle slag. Nær på 40 menneske skulle bli avretta her i løpet av krigen.
Anna Vårdal Søfteland og familien hennar kom tidleg i kontakt med fangeleiren. Mannen, Jon O. Søfteland, var riksvegvaktar og reiste mykje rundt i landsdelen. Det var eit nyttig påskot til å treffa motstandsfolk i bygd og by og gje livsviktige meldingar til rette vedkomande. Ofte kunne det og vera nødvendig å få beskjedar fram til fangane i leiren. Etter kvart kom heimen på Søfteland til å bli litt av ein sentral for denne meldingstenesta og for illegalt arbeid elles. Frå hausten 1941 begynte nemleg norske fangar å koma heim til garden som arbeidshjelp, under tysk vakthald. Dette opna nye høve til kontakt mellom fangane og omverda. Koner og kjærastar kom til garden som «tenestefolk», og mange fekk på denne måten sjå sine næraste – kanskje for siste gong. Andre gonger kunne det vera folk som skulle i forhøyr som måtte få førehandsvarsel.  Og gjennom heile krigen arbeidde Søfteland-familien utrøytteleg for å hjelpa fangane på Ulven med mat. Krigsfangekosten var ikkje eigna til å halda motet oppe.

Mellom tyskarar og nordmenn
Dette spelet kunne vera dramatisk nok. Når boka til Anna Vårdal Søfteland i ettertid står fram som ei særmerkt krigsminnebok, er det likevel først og fremst på grunn av den opne og djupt personlege skildringa av korleis det kjendest å stå mellom tyskarar og nordmenn. Ein ting var at familien måtte stå på god fot med tyskarane for i det heile å kunna halda fram med fangehjelpa. Noko anna var at Anna sjølv instinktivt reagerte mot isfront-parolar som ikkje tok omsyn til at det fanst menneske også under tyske uniformer. Ikkje alle sambygdingane såg det like eins, og Anna hadde det heller ikkje lett med seg sjølv. Boka hennar er på mange måtar eit vitnemål frå eit heiderleg menneske som føler at det misser si uskuld, at det må kjøpslå med det vonde for å kunna gjera det gode. Ein dag kom den brutale leirsjefen Holenia på besøk og handhelste:
«Det var så eg gyste, det kjendes som eg hadde rørt ved noe simpelt, grufullt, vondt», skriv ho.
Anna oppdaga også at fienden var så mangt. Blant tyskarane var det primitive psykopatar, naive Hitlertruande, godmodige og krigstrøytte soldatar som berre lengta heim, og menneske som var fylte av skam over det terrorveldet landet deira stod for. Og somme var svært samansette personlegdommar. Sentralt i boka til Anna Vårdal Søfteland står Gestapo-offiseren Georg Fischer. Han var med i eksekusjonspelotongen som avretta det norske MTB-mannskapet på Ulven i 1943. I Gestapo-hovudkvarteret i Veiten var han vitne til fælslege forhøyr, kanskje tok han del sjølv og. Etter kvart seig Fischer ned i depresjonar, han kom til Søftelandfamilien og omtala seg som ein «Satans tenar» men samstundes søkte han fortvila etter varme og menneskeleg kontakt. Då det i 1944 vart ferda ut arrestordre på Jon Søfteland og Gestapo etla seg til å senda han til Tyskland, garanterte Fischer med sitt liv for at klagemåla om sabotasje, smugling og formidling av opplysningar var falske. Jon Søfteland gjekk fri. Men for Fischer sjølv vart livet i Gestapo for tungt å bera. I august 1944 skaut han seg.

17. mai 1944 feira familien Søfleland nasjonaldagen saman med norske fangar og lyske poliliposlar. Tyskarane fekk 17. maisløyfer og songar med seg til minne. Framme Iii venstre Øystein og Anna Vårdal Søfteland, bak Anna sit Gunvor Søfteland Sæbø, som har lånt oss biletet.

Anna Vårdal Søfteland med garden i bakgrunnen. Biletet er teke i 1966.

Dødsstraff for rømingshjelp
Det trongst. Tyskarane sette strenge forbod mot kontakt med dei russiske fangane, og det som hjelpte ein russar med å røma, måtte rekna med dødsstraff. I november 1942 vart den 17 år garnle Odd Tveit arrestert, visstnok fordi han hadde helst på ein russisk fange. Odd Tveit døydde året etter i ein fangeleir i Tyskland. For dei russiske fangane, som nazistane såg på som «undermenneske» , var justisen nådelaus. To vart skotne etter fluktforsøk, ein annan fordi han hadde våga seg bort til ein gard og bede om mat.
Likevel, det var små opningar i den tyske jernringen. Marie Østrem og andre osingar begynte å leggja ut små matpakkar langs vegen der fangane skulle gå, eller dei stakk til russarane mat medan desse var ute og arbeidde. Ikkje alle dei tyske vaktene var like iherdige og pliktoppfyllande. Etter kvart gjekk jamvel somme av dei tyske offiserane med på at fangane kunne få mat, klede, medisin og blomar inn i leiren. Marie Østrem styrte til slutt ein heil liten hjelpeorganisasjon. Både frå Bergen og Midthordlands-bygdene kom folk til henne med mat dei hadde til overs, strømper dei hadde strikka eller andre ting dei ville ho skulle levera vidare til russarane. Sjølv gjekk ho mang ein tur rundt i bygda og sarnla inn. Då fangane på Haugsneset i 1944 vart flytta til Fjell og Bergen, freista ho å halda kontakten. Ho oppsøkte båe leirane, men det viste seg å vera vanskeleg og farleg. Gestapo hadde begynt å interessera seg for denne kvinna frå Os. I heimbygda heldt likevel Marie Østrem fram med hjelpearbeidet heilt til krigen var slutt. Det var nemleg att ein liten russarleir på Tøsdal, og vinteren 1945 kom ein del av fangane tilbake frå Fjell og vart plasserte på Ulven. Arbeidet tok på. Fredsdagen 8. mai er ho, som ofte før, på veg til Ulven. I dagboka står det:
«Sekken er så tung og jeg har så forferdelig vondt i ryggen, det kjennes som den vil gå rett av.»
Men også denne gongen kom sekken fram.

Den tidlegare fangen Aleksej Tsjeprov møter Marie Østrem igjen i Moskva.
Frå fredsdagane på Osøyro. Ein russisk fange spelar trekkspel. Er det nokon av dei som står omkring som kjenner seg att? (Foto: Helge Hassel).

Leonid i dekning
Ein russisk fange som heitte Leonid har ein sentral plass i dagboka til Marie Østrem. Han greidde å røma frå leiren ved juletider 1942, og med hjelp frå Østremfamilien og andre osingar greidde han utruleg nok å halda seg i dekning i hytter oppunder Borgafjellet og i Hegglandsdalen nesten eit år, før heimefronten fekk han over til Austlandet med Bergensbanen.

Marie Østrem saman med russiske krigsfangar på Osøyro i mai 1945. (Foto: Helge Hassel)

Marie Østrem fekk julekort frå «Håkon Hansen» i Drammen med beskjed om at han var komen vel fram. Namnet var ukjent, men ikkje skrifta. Leonid hadde heile tida i Os halde kontakt med Østrem-familien ved hjelp av lappar og små brev. Fleire av dei er gjengitt i dagboka. Først skriv han berre russisk, seinare ei herlig blanding av russisk, Os-mål og svensk (han hadde fått ei russisk-svensk ordbok å hjelpa seg med).
Leonid kom seg velberga gjennom krigen, og blei verande i Norge heilt fram til 1957. Det var nok fornuftig.  For i ettertid veit me at svært mange av dei russiske krigsfangane ikkje fekk nokon lukkeleg heimkomst. I Stalins auge var det jamngodt med svik å gje seg i fangenskap, og han hadde sine eigne leirar som venta. Marie Østrem venta fåfengt på livsteikn frå fangane dei første åra etter krigen. Berre eitt einaste brev kom frå Russland

Marie til Moskva
Men etter Stalins død i 1953 vart det gitt amnesti, og no fekk også Marie ø strem den heideren frå Sovjetunionen som ho fortente. Hausten 1958 vart ho og mannen Reinholdt bedne til Sovjetunionen, og vart dekorerte av sjølvaste president Vorosjilov med «Fedrelandskrigens orden av l. grad». Vitjinga fekk stor dekning i sovjetiske massemedia, og no strøymde breva på i tusental, både frå fangar og andre. Den russiske utgåva av dagboka hennar vart utselt på kort tid. Og ein av dei fremste sovjetiske lyrikarane, Jevgenij Dolmatovskij, skreiv eit varmt hyllingsdikt til «russkaja mama» frå Os.
Anna Vårdal Søfteland og Marie Østrem var ikkje dei einaste som gjorde ein innsats for krigsfangane i Os. Dei var to av mange. Men gjennom bøkene sine har dei gitt oss vitnemål som vert stadig meir verdifulle etter kvart som folk som sjølve minnest krigsåra, går bort. I ettertid kan ein spørja: Kvifor tok Anna, Marie og dei andre osingane på seg dei offer og vågnader som følgde med å hjelpa fangane? Den drivkrafta ein kan lesa ut av bøkene, og som sikkert var felles for fleire, var eit enkelt, men sterkt indre moralsk bod om å gjera det gode og mildna det vonde, om å minska lidingar – kort sagt å vera medmenneske. Desse kvinnene står fram som del av ein folkeleg-humanistisk gjevartradisjon som har vore sterk her i landet – ikje minst i bygde-Norge – frå misjon og Nansen-hjelp til våre dagars TV-innsamlingar. Under krigen måtte ein likevel vera uvanleg modig, sta og offervillig for å leva opp til denne tradisjonen. Dei som greidde det, fortener takksemd og respekt.

Kjelder:
Anna Vårdal Søfteland: Som menneske til menneske. (Oslo 1966).
Marie
Østrem: Dagbok. (Bergen 1962) Os-soga Kulturhistorisk band.

Faksimile av oppslaget i Pravda 15. november 1958. Tittelen lyder: «Overrekking av sovjetiske ordenar til dei norske patriotane Marie og Reinholdt Østrem. »

Marie Østrem møter ein annan fangehjelpar, Mamma Karasjok, hos Otto Nielsen i NRK.

Stadnamn og vegnamn i Os

AV TOR LUNDE

Vegnamna vert ikkje alltid så gode som ein skulle ønskja, og frå stadnamngranskarar og andre vankar det både ros og ris. Artikkelforfattaren, som er teknisk etat sin sakshandsamar i vegnamnsaker , gjev her si vurdering av ein del av dei vedtekne vegnamna i Os.

Det er ein stor rikdom på stadnamn i Osbygda. Rektor Asbjørn øye har samla inn og kartfesta om lag 9000 namn. øye sitt materiale kan interesserte få tilgang til ved å venda seg til teknisk etat i kommunen. 
Stadnamna hadde ein praktisk funksjon i det garnle bondesamfunnet. Med dei garnle driftsmåtane var stadnamna heilt nødvendige for lokaliseringa. Hadde nokon sett sauene borte i Lekholene eller på Klanten, visste alle kvar dei var. Mest alt særmerkt både på sjø og land hadde namn. Namna var råkande og fortalde oftast noko om staden t.d. Idlelia, Kvernhusrenen og Gråsteinen.
For å få ei presis lokalisering, når me idag avtaler å treffast på Osøyro, nyttar me Dragesethjørnet, Lundehjørnet, Brannstasjonen, Essostasjonen o.s.v. Dei gamle nytta stadnamna og kunne gjera avtale om å treffast  på Katlaberget, eller i Revabotnen o.s.v.

Synd at ikkje Ådrotten vart namnet på vegen langs Naustvågen på Halhjem. Stadnamnet Ådrotten tyder på at dei fiska med landnot her i tidlegare tider

Stadnamn vert gløymde
Driftsmåtane i jordbruket har etter kvart endra seg. Dei små teigane vart borte med utskiftingane. Små åkrar er brotne saman og gjort om til eng. Ein slår ikkje utslåttar, lauvar ikkje og brenn ikkje trekol lenger. Vidare er det slutt på den garnle stølsdrifta m.v. Ungdomen er ikkje på same måten som før med i gardsarbeidet. Det siste gjer også sitt til at stadnamna vert gløymde etter kvart som dei garnle fell frå.
Stadnamna er ein av våre største kulturarvar og fortel mykje om livet på gardane i garnle dagar. Mange namn er svært garnle og er vår eldste kjelde til norsk mål. Det er ei kulturoppgåve å ta vare på den store stadnamnrikdomen.  Namna kan best haldast levande ved å nytta dei i vegnamn. Det har langt på veg vore semje om at ein på denne måten skal prøva å ta vare på stadnamna i Os.
Saksgangen ved fastsetjing av vegnamn er denne: Teknisk etat – Kulturutvalet – Formannskapet og til slutt Kommunestyret som gjer endeleg vedtak. Dei mest nytta kjeldene er rektor øye si samling og lokalkjende ofte eldre folk. Vidare vert gjerne stadnamngranskarar kontakta med omsyn til tydinga av namna. «Føresegner om skrivemåten av stadnamn, Kronprinsregentens resolusjon 31. mai 1957» vert også nytta i arbeidet. Artikkelskrivaren er teknisk etat sin sakshandsamar i vegnamnsaker.

Framfor huset med flatt tak ser me noko av den framskotne fjellnabben som har gjeve namn til vegen Lurane på Haugsneset.

Både ros og ris
Frå stadnamngranskarar og andre har me fått både ros og ris for vegnamna våre. Artikkelskrivaren vil her gje si vurdering av nokre av dei vedtekne vegnamna. Det kan vera delte meiningar om ei sak, og det gjeld ikkje minst i vegnamnsaker.
Det er fleire grunnar til at vegnamna ikkje alltid vert så gode som me skulle ønskja. Det kan ofte vera vanskeleg å finna gamle stadnamn som er særmerkte for dei vegane som skal ha namn. Vidare kan mindre gode namn alt vera innarbeidde. Me vil helst ikkje endra på namn som folk er blitt vane med. Døme på vegnamn som på den måten vart offisielle er: Gymnasvegen, Industrivegen, Idrettsvegen, Furulunden, Kuhnlevegen, Helglybakken og Internatvegen. Alle desse namna har bakgrunn i nyare tid og er meir «bynamn».
Dei folkevalde har ofte vanskeleg for å godta vegnamn som dei ikkje er kjende med. Men det er nett gløymde stadnamn ein bør ta vare på ved å nytta dei i vegnamn. Døme på svært gode framlegg til namn som på denne måten har falle frå er Ådrotten og Larsapervegen på Halhjem, samt Kvelven, Kampen, Husflaten, Stanghaugen og Kvednabakken på Søfteland.
Til no er det vedteke vegnamn i skulekrinsane Os, Søfteland og Søre Neset. Vidare har me vegnamn i byggefelta Skorvane på Nore Neset og Hellebakkane i Lysefjorden.  I det etterfølgjande vil ein gje ei krinsvis vurdering.  Vidare vil ein for enkelte stadnamn prøva å koma inn på den opphavlege tydinga.  Det er her å merka at same namnet kan ha fleire tydingar.

Os-krinsen
Her vart dei fleste vegnamna vedtekne kring 1970.  Det var like før øye gjorde si framifrå registrering, slik at ein ikkje hadde hans samling å støtta seg til. Det er også å merka at svært få av dei gamle stadnamna har overlevd på Os prestegard og i Kuven utmark. Her er likevel mange gode vegnamn.
Giljavegen på Moberg: Ei gilje er tårnet der fiskarane sat og passa på når laksen gjekk i nøtene. Vegen ut til laksegiljene langs den brattaste Mobergstranda skal ha gått omlag der Giljavegen i dag ligg. Der skal framleis vera restar etter fundamentet til ei laksegilje i brota nedanfor Kuhnle.
Holt ovanfor Bahusfabrikken: Holt er eit gammalt ord for ein ujamn gjerne steinet haug.
Lurane (Austre og Vestre) på Haugsneset: Lur var namnet på ein framskoten fjellnabbe.
Sjoarvegen mellom Midtbøvegen og Solstrand: Dette er det gamle ordet for vegen som fører til sjøen.
Kolabakkane i Mobergshaugane: Namnet tyder på at her har vore trekol- og tjørebrenning i gammal tid. Stadnamna seier oss at denne verksemda har vore mykje utbreidd i Osbygda.
Giskavollen frå kyrkjegardsvingen til gamleskulen:  Utan å ha fått det stadfesta skal å giska seg vera eit gammalt uttrykk for å pynta seg. Det var her dei tok den siste finpussen på klesdrakta før dei gjekk inn i kyrkja. Tidlegare hadde denne vegen det lite gode namnet Skulevegen.
Landboden frå øyro til gamlebrua: Opphavet til namnet er usikkert. Landboden var frå gammalt området frå Baronselva og oppover langs elvebredda. Det som er heilt sikkert er at kyrkjekaien låg her. Folk frå utkantane rodde oftast til kyrkje. Dei kledde seg om frå reiseklede til kyrkjestas i ei bu som stod her. Landboden kan vera ei «fordansking » av landbuo?

Skorvanefeltet
Vegnamna er jamt over gode og er alle framkomne av stadnamn. Skorvane, Svartabrotet, Skeismyra, Korsavegen og Skorvatjørno skulle tala for seg når det gjeld tydinga av stadnamna som er nytta. Noko som ikkje høver er at ein må kjøra om vegen Skeismyra for å koma til Skorvatjørno. Skulle ein nytta dialektforma, burde ein teke steget fullt ut og kalla vegen Skorvatjødno. 
Om ein skal nytta a- eller o-ending i bunden form eintal av hokjønnsord har vore mykje drøfta. Føresegnene er klare, og det er berre i særleg individuelle namn ein har høve til å nytta o-ending. Døme på særleg individuelle namn i Os er Strøno, Skorpo, Reio, Sveo og Osøyro.

Hellebakkane
Her har ein berre gode namn. I vegnamna Edne, Revhaugen, Grønskaret, Hellebakkane og Fiskarhaugane er det nytta stadnamn.
Edne kjem av gammalnorsk enni som tyder skalle eller panne. I naturen vart namnet brukt på enden av ein fjellrygg.

Søfteland
Her kunne vegnamna vore langt betre enn det som vart sluttresultatet. Av svært gode framlegg som fall frå under vegs kan nemnast Kvelven, Husflaten, Kampen, Stanghaugen og Kvednabakken. Men me står likevel att med mange gode vegnamn også her. 
Gamlevegen er ein del av den garnle postvegen mellom Bergen og Stavanger.
Stallen ovanfor fotballplassen: Stall er eit gammalt ord for ei hylle i fjellet eller ein framskoten flate i brattlendet.

Stallen er stadnamnet på den framskotne flata i terrenget bak til høgre for skiltet. Stadnamnet har gjeve namn til vegen Stallen på Søfteland.

Skarphaugen tar av frå Stallen: Namnet tyder at her er grunnlendt, gjerne steinet og ujamnt.
Trosavikjo ved enden av Vindalsvatnet: Tros var eit gammalt ord for småved, gjerne mindreverdig ved, som kvistar og kvas.
Døme på eit vegnamn som ikkje høver godt på Søfteland er Hjetlandsvegen. Vegen har fått namn etter tidlegare eigar av hovudbruket der vegen går.  Hjetlandnamnet skriv seg frå Sogn og ville høvd betre som vegnamn der. Framlegget Husflaten på denne vegen ville vore eit framifrå godt namn

Søre Neset
Her har me utan tvil dei beste vegnamna. Tilhøva låg også svært godt til rette. Mest alle hovudbruka, og dei er det mange av, har sams namn på tunet og folket som ættar frå vedkomande bruk. Mange namn er svært gamle og skriv seg frå det mest dominerande mannsnamnet som har gått att på bruket. I eit par tilfeller er det nytta kvinnenamn.
Nilsavegen har fått namn etter Nilsane.
Klasavegen etter Klasane, av namnet Klaus.
Monsavegen etter Monsane.
Jonavegen etter Jonafolket.
Knutavegen etter Knutafolket.
Ingjelsbrekko etter Ingjelsfolket, av namnet Engel.
Velumsbrekkene etter Velumsfolket, av namnet Villum.
Larsavegen etter Larsane.
Baggavegen etter Baggane, av namnet Bagge.
Marivegen etter Marifolket.
Ein har prøvd å leggja skrivemåten tett opp til uttalen, ellers ville namna verka framand.  Her er også mange gode vegnamn der vanlege stadnamn er nytta.
Lyhaugen på Lekven: Det var vanleg å gå opp på denne haugen og lyda etter kvar buskapen var i utmarka.
Tveiten ved ungdomshuset: Tveit var eit gammalt ord for ein rydning i skogen.
Mardalen i Halhjemsfeltet: Mar kjem av merr som også i dag vert nytta i tydinga ho-hest.
Eit par gode framlegg kom ikkje gjennom «nålauga», desse var Ådrotten og Larsapervegen på Halhjem. Særleg ille var det at Naustvågvegen kom i staden for Ådrotten.  Ein ådrott var ein kastevåg der dei fiska med landnot.  Her var mange ådrottar langs strendene i Os. 
Det vedtekne vegnamnet Halhjemsmarkjo verkar noko tungt. Framlegget Halhjemsmarka ville vore betre og i samsvar med føresegnene.

Sluttord
Dette med stadnamn og tydinga av desse er eit vanskeleg emne.  Kommunane sjølve har oftast for liten kunnskap.  Det er no i emning ei ny lov om skrivemåten av stadnamn med tilhøyrande vedtekter. I samband med gjennomføringa av lova vil det verta oppretta regionale stillingar som stadnamnkonsulentar. Konsulentane vil verta rådgjevarar for kommunane. Det trengs med den ulikt gode praktiseringa ein har hatt til no.

Hjetland er ein stad i Sogn.  Vegnamnet Hjetlandsvegen høver derfor ikkje på Søftelnd der me finn dette skiltet.





Annonser