Botnahytto 75-års minne

Eit 75 års minne om Ei redningsbragd i Os
1944                    2019

KANADISK FLYMANNSKAP PÅ SEKS OVERLEVDE NAUDLANDING- VART BERGA OG SENDE ATTENDE TIL ENGLAND.

Ei heilt eineståande krigshending gjekk føre seg i Os, Samnanger og Austevoll for 75 år sidan. Spennande som ein kriminalroman, dramatisk, men ublodig og med lukkeleg slutt. Eit stort alliert krigsfly med seks mann naudlanda i eit terreng, på Haugland i Os, der ein skulle tru at ingen kunne koma frå det i live, med store tyske styrkar på alle kantar. Alt tydde på at dette aldri kunne gå vel, men likevel var dei seks kanadiske gutane uskadde attende i England mindre enn tre veker etter naudlandinga.

Ein kjend filmregissør planlegg no å laga spenningsfilm om hendingane.

Naudlanding i tyskokkupert land.

Det var eit tomotors Wellingtonfly frå det kanadiske flyvåpenet i England som

var på leit etter tyske ubåtar over Nordsjøen, tidleg om morgonen den 26. september 1944. Dei fekk brann i ein motor og måtte kasta ut mykje utstyr, miner og drivstoff for å letta flyet. Dei kunne likevel ikkje nå attende til England og valde å gå mot norskekysten. Flyet kom inn over Os frå vest, snudde over Sandholmane mot Hatvik, miste meir og meir høgde og den siste motoren slokna. Kaptein Gordon Biddle hadde ikkje anna å gjera enn å prøva naudlanding i det lendet som låg under han, småkupert, med haugar, humpar og små dalsøkk; Baggane på Søre Neset. På veg ned kortslutta flyet

høgspentlinja til Halhjem, Haugland og Lunde. Deretter kutta venstre ving nokre tre i ein granhekk i 1,5 meters høgde, like ved huset på Baggane. Så tok eine vinga nedi slik at flyet vart dreid rundt nitti gradar, deretter tok det nedi med halepartiet og til slutt med framparten.

Slik greidde han seg med ei «landingsstripe» på 20-25 meter.

Flygarar som har vore og sett på staden seinare, kan vanskeleg skjøna at det kunne gå bra.

Ikkje berre kom mannskapet frå landinga i live, men dei hadde ikkje andre skader enn nokre mindre sår og kutt, ingen beinbrot. Dei kanadiske gutane krabba ut or flyvraket og det strøymde til folk frå gardane omkring for å sjå kva som hadde hendt, men få av dei kunne engelsk.

Bort frå landingsstaden.

Flyet landa eit lite stykke frå det gamle skulehuset på Søre Neset, og til alt hell traff kanadiarane på lærar Magnus Askvik, ein av dei som kunne engelsk. Han forklarte flygarane kvar dei var og viste dei i veg til Bjørnen, dit det ikkje var bilveg den gongen. Dei seks la i veg gjennom utmarka, gøymde ein del flygarklede, vaska skrubbsåra sine og kom fram til Bjørnen der dei traff på Marta Bruarøy og Ingeborg Bjørnen. Dei losa flygarane opp i skogen til ei hole og fekk forklart at dei måtte vera der til dei høyrde meir. Her fekk kanadiarane varm drikke og mat.

Ein som hadde lagt merke til det uvanlege flyet, var Einar Evensen på Bjørnarøy. Han skjøna at flyet måtte ha gått ned, og sidan det ikkje hadde vore nokon eksplosjon eller brann, kunne det vera overlevande. Han prøvde å finna ut kva som hadde skjedd, men fekk, i første omgang, ikkje greie på mykje.

Då han kom heimatt var Hans Bjørnen, far til Ingeborg, komen innom. Han var svært oppteken av å hjelpa kanadiarane, og ville høyra om Einar kunne gå til Shetland med dei med motorbåten han hadde. Det var klart at båten ikkje var brukande til slikt, men Einar sa at han skulle ta seg av dei seks.

Det vart ordna slik at Ingeborg Bjørnen og Johannes Ferstadvoll, som snakka engelsk, gjekk med kanadiarane i svarte natta, same kvelden, i det krunglete

terrenget, til Trynevika ytterst på Bjørnatrynet. Her tok Einar Evensen og medhjelparane hans over.

Med sekkestrie rundt årane.

Det var tyske vaktbåtar i området og tyske kanonstillingar på Røttingjo, så kanadiarane vart frakta i oselvarar med sekkestrie rundt årar og keipar for å laga minst muleg støy.

Med flinke roarar ved årane gjekk transporten lydlaust. Også under brua over det smale sundet mellom Bruarøy og Vedholmen. Der måtte dei ha vakter på land for å vera trygge på at det ikkje var tyskarar i vegen og på brua.

Dei som var med Einar på dette var: Torvald Jakobsen, Magnus K. Røttingen, Hans Holmefjord og Nils Røttingen. Nils hadde vore i Amerika, og hadde den viktige oppgåva som tolk.

Flygarane vart sette på land i Sørstrøno og innlosjerte i eit sommarhus som låg tvers over for festningen på Røttingatongane, i Selvågen. Dette huset brukte ein tysk kommandant, men han var i Tyskland på ferie då dette hende.

Om natta låg dei i huset, om dagen heldt dei seg under ein presenning oppi skogen, mot Husfjellet.

Dei var der i 4 dagar, medan Milorg i Os dreiv å planla redningsaksjonen vidare.

Tyskarane saumfor store delar av Os på leiting etter kanadiarane, men dei kom ikkje til Haugland før eit par timar etter naudlandinga. Då var flygarane borte og bygdefolket hadde summa seg litt.

Ei kone som vart avhøyrd av tyskarane sa at ho hadde sett nokre framand- karar, men dei hadde gått bort til storevegen. Dei skulle kanskje til rutebilen, sa ho. Tyskarane gjekk hardt på med forhøyra, men fekk ingen opplysningar som kunne vera til hjelp. På kaien på Halhjem, der ferjekaien er no, var det til vanleg ein tysk vaktstyrke, men der var det vaktskifte og redusert beredskap då flyet naudlanda. Tyskarane leita på alle tenkjelege stader, men eit par stader var dei ikkje. Ein av dei var områda og huset på Strøno, der kanadiarane gøymde seg.

Mange år etter krigen slumpa ein av kanadiarane til å koma i samtale med ein tyskar som hadde vore i krigsteneste i Bergen. Han hadde vore med på leitinga etter kanadiarane, og han fortalde at tyskarane hadde 4000 mann med på leitinga. I heile Os Kommune budde det kring 4900 menneskjer i 1944.

Flytting til Lønningdal, Øvredal og Botnahytta.

Einar Evensen tok kontakt med sentrale personar i Milorg i Os, med Jakob Hjelle, Magnus Hauge og Johan Viken i spissen.

Det vart bestemt at dei seks skulle flyttast til Lønningdal, og vidare om Øvredal til Botnahytta. Den hadde Fredrik Øvredal bygd i fjellet mellom Os og Samnanger i 1942, som jakthytte (hytta ligg i Samnanger). Her skulle dei vera til det ordna seg med transport over Nordsjøen.

Alt dette gjekk føre seg i siste krigsåret, då det var knapt og vanskeleg med alt. Det var streng rasjonering og lite å få tak i, sjølv med rasjoneringskort. Berre det å skaffa mat til seks unge menn, var inga enkel sak. Det var først og fremst i sine eigne heimar og hos Anna og Nils Rolvsvåg i Rolvsvågen at hjelparane fekk dei forsyningane dei trong.

Situasjonen ellers gjorde det ikkje lett å ha seks utlendingar i uniform liggjande i dekning. Lettare var det ikkje å flytta dei over lange avstandar. I Os, med alle festningsverka, Ulven og ubåtreningsbasen i Hatvik, var det tyskarar over alt.

Tysk kontroll og rassia kunne koma til alle tider, ein måtte ha særskild løyve for å reisa, alle måtta ha pass – Grenzzonebescheinigung – på seg. Telefonen kunne vera avlytta. Gestapo hadde sine spionar ute, ein kunne aldri vera trygg på folk ein ikkje kjende – ikkje alltid på dei ein kjende heller.

Kommunikasjonane var dårlege, sykkel til lands og robåt til sjøs var det vanlege. Korkje Søre Øyane eller Strøno hadde bru til fastlandet og Øvredal var veglaus.

«Seks sekker poteter».

Ein fin godverssøndag – konfirmasjonsdagen i Os 1. oktober 1944 – gjekk turen frå Sørstrøno til Lønningdal. Dei brukte snekka til Evensen, rigga som størjebåt. Tre mann var synlege – Evensen, Jakobsen og Biddle. Dei fem andre låg på dørken under ein presenning. Turen gjekk først tvers over fjorden mot Vinnes.

Ein nærgåande tysk vaktbåt skapte stor spenning ei stund, men han la om kursen. Transporten gjekk vidare etter at Evensen hadde vore i land på Skjørsand og telefonert til ein kontakt som fekk veta at han var på veg til Lønningdal med «seks sekker poteter».

Fredelege dagar i Little Canada.

Det var Milorg karen Jakob Hjelle, Milorg/Saborg karen Haldor Øvredal og Linge-karen Helen Mowinckel Nilsen som tok imot kanadiarane på Lønningdal. Det var sett ut sikringspostar på alle viktige punkt.

Etter å ha fått mat hos Marta Øvredal, vart flygarane frakta over Øvredalsvatnet i robåt. Så bar det inn dalen, opp Baggjeskaret og til Botnahytta der Ivar Dyngeland tok imot dei. Her fekk rømlingane kvila seg, og hadde nokre fredelige dagar i hytta.

Botnane likna på området i Ontario der nokre av kanadiarane kom ifrå, så dei døypte området «Little Canada». Treningsstaden for norske flygarar i Canada under krigen heitte «Little Norway».

Kjell Harmens låg i dekning på Lønningdal og gjekk i rute med mat og beskjeder, han fungerte også som tolk. Rolf (Piten) Olsen låg i dekning i Rolvsvåg, han var og sikring og gjekk med mat og beskjedar. Torbjørn (Tobben) Lyssand hadde mykje ansvar for opplegget med flygarane på Lønningdal og i Øvredal, saman

Botnahytta i 2018, etter restaureringa.

med Jakob Hjelle, Haldor Øvredal og Helen M. Nilsen.

På grunn av nokre mistydingar i radiomeldingane mellom Noreg og England, gjekk det litt ekstra tid før det skjedde noko meir.

Men så ein kveld kom særmeldinga frå BBC, »hold kjøttkakene varme», som fortalde at kanadiarane skulle hentast på Austevoll to døgn seinare.

Tilbake til England.

Om kvelden 9. oktober gjekk kanadiarane og dei norske hjelparane ned i Øvredalen. Etter rømmagraut hos Ida og Nils Øvredal bar det vidare med robåt til Lønningdal, der vart dei plasserte i eit naust i Bjørndalen.

Ved middagstid den 10. oktober kom Lars Orrebakken med motorbåten

«Snøgg», tok om bord dei seks kanadiarane og Haldor Øvredal og la kursen ut fjorden. Det var mange tyske vaktbåtar i fjorden og ubåtar frå den store ubåthamna i Hatvik. Men «Snøgg» heldt stø kurs over mot Vinneslandet.

Utanfor Hatvik ville navigatøren Neil opp og ta posisjonen, han ville attende å bomba ubåthavna, men Haldor fekk dytta han nedatt i kahytta.

Etter ein tur innom ei vik på nordsida av Tysnes gjekk turen til Ospøy i Austevoll. Der møtte dei Einar Evensen som ville seia farvel til kanadiarane. Han hadde og ein kar med seg som og skulle til England.

Frå Ospøy frakta Sverre Østervold dei til Kjøpmannsholmen, der det stod eit gamalt naust, i det vart alle dei sju englandsfararane plasserte.

Etter planen skulle det koma båt frå Shetland same kvelden, to veker etter naudlandinga. Men det vart dårleg ver og hentinga vart utsett i tre døgn. Men så kom meldinga «vi går på gummisåler».

Det tydde at Leif Larsen – « Shetlands-Larsen» – skipper på ubåtjagaren

«Vigra», med Harald Drønen som kjentmann, henta dei i Følesvågen og førte dei over Nordsjøen til Shetland.

Haldor fortalde at då spesialmeldinga «det regner i fjellet» kom frå BBC dagen etter, stoppa det meste opp nokre sekundar både på Os, i Samnanger og på Austevoll. Det tydde at flygarane var trygt attende i England. Ei utruleg oppleving.

Mange år seinare var nokre av osingane med på tilskipingar i Canada, til minne om det som hendte hausten 1944. Der opplyste ein kanadisk talar at dette var den einaste gongen under den andre verdskrigen at alle i eit så stort flymannskap kom velberga og uskadde heim etter naudlanding i tyskokkupert land. Det var med særleg glede dei norske veteranane høyrde dette.

Tyskarane fann aldri ut av kven som hadde hjelpt det kanadiske mannskapet. Rassiane og torturen Gestapo gjennomførte i bygda seinare på hausten i 1944 hadde andre årsaker.

Det første bildet på side 1 er teke framfor Botnahytta i 1944, det viser frå venstre: Jakob Hjelle, Thorbjørn (Tobben) Lyssand, Kjell Harmens (døydde i 2019), Ivar Dyngeland, Haldor (Sigvald) Øvredal og Rolf (Piten) Olsen.

Det andre bildet på side 1 viser dei kanadiske flygarane, under trening i England. Frå venster bak: Harvey Firestone (lever i 2019), Ken Graham, George Grandy Frå venstre framme: George Deeth, Gordon Biddle, Maurice Neil.

Bildet viser frå v bak: Haldor Øvredal, Lars Orrebakken, Torbjørn (Tobben) Lyssand, Sverre Østervold, Magnus Hauge, Harvey Firestone, Einar Evensen. Frå v framme: Jakob Hjelle, Henrik Lyssand, Marta Bruarøy, Ingeborg Bjørnen, Hanna Bjørnen, Magnus K. Røttingen og Helen Mowinckel Nilsen.

Kjelder: Samtaler med Einar Evensen, Jakob Hjelle, Haldor Øvredal og Arthur Lunde. Harvey Firestone: « Six sacks of potatoes»

Kjell Harmens sine notater.

Arnfinn Haga sine bøker: «Det regner i fjellet» og « Nødlanding».

Finn Dyngvold og Trond Hagenes:»Eit lite øysamfunn i den store krigen 1939-1945»

Minnearrangementa i 2019 er eit samarbeid mellom Os kommune, Os Sogelag, Os Turlag, Samnanger Turlag og Os Rotary(Snøgg).

Dette minneskriftet: Gustav Moberg i 1994, 2004 og Bjarne Øvredal i 2019.

Os Sogelag