Den amerikanske draumen

Den amerikanske draumen
Av Lars Skorpen
Publisert i Osingen2001

Kyrkjegarden, ein fredeleg stad. Oktober.
Stansar ved ein kvit gravstein, grava er av dei finaste.  
Men tida er ute.  
Denne grava skal slettast.  Atti år er gått.  
Grava til Johan Midtsæter.  
Vêr til å vandra vidare.

Johan Ingvald Nilsson Midtsæter
var ein motig mann.  Kva var det som dreiv denne ungdommen ut i eventyret?  Til å kryssa havet?  Han burde vera redd sjøen.  Hausten 1904 var far hans, Nils Midtsæter, saman med andre frå grenda til kyrkje på konfirmasjonssøndagen.  
Båt på kyrkjeveg var vanleg.  43-åringen, Nils, kom bort då dei kollsigla utafor Lio.  Stormen tok fem liv.  Likevel har ungguten manns mot.  Reiser ut i 1911, berre 18 år gammal.  Heimom ein tur i 1913 og kryssar på ny Atlanteren året etter.  Blir målarsvein i Cleveland, Ohio, seinare Minneapolis og Philadelfia.  Kva er det som driv denne ungdommen frå Kleivo på Midtsæter fram til ein verdsborgar?

Kleivo i dag. Folo: H. Flalerås.

Eg prøver meg allereie no med eit veikt vink;
eit uvanleg pågangsmot og hardt arbeid.  Johan fekk «den amerikanske draumen» til å verka i vaken tilstand.  

Korleis kunne han elles teke den kostbare heimturen etter berre eit par år?  
Var det eit møte med mora, Magdela, som dreiv sonen heim?  
Han har nok følt mykje ansvar for mora på Midtsæter.  Skriv om pengar han har prøvd å senda heim.  Vi ser ein gut med stor omsorg for enkja på Kleivo.

Eventyrlyst
Johan Midtsæter vart fødd på Kleivo på Midtsæter 6.februar 1893 som nummer tre i ein søskenflokk på åtte.  Tronge kår på småbruket fekk fart på utferdtrongen og eventyrlysta, som også låg genetisk og lurte.  Eldstebroren, Engjel, slo seg seinare ned i Tacoma, Washington, med kone og fire døtrer, og bruket på Midtsæter gjekk ut av slekta 1931.

Johan Ingvald Midtsæter 1893 – 1920.

Vi veit ikkje så svært mykje om Johan desse første åra som utvandrar.  Men tørre tal fortel oss at i perioden 1890-1920 blei USA innvadert av 18,2 millionar innvandrarar.  Han var altså ein av mange som kom til den nye verda i desse åra.  Ein tradisjon som kan førast tilbake til Knut Knutson ytre Lekven som den aller første osingen.  I 1852 slo han seg ned i Iowa og kalla farmen sin Lequin.
Digitalarkivet over emigrantar over Bergen frå Os kommune gir oss følgjande tørre fakta om Johan andre gongen han reiser:  

Avgang frå Bergen den 7.juli 1914 med reisenummer 1738.  Han skal til Cleveland, Ohio, og grunnen til reisa er at han har vore på besøk heime.  Han er målar av yrke og reiser med Den norske Amerikalinje.

Når vi ser på avreisedatoen kan vi i ettertidklokskap sjå for oss at han seglar frå Bergen og inn i ei svært vanskeleg tid.  Fjorten dagar etter landkjenning i USA står Europa i brann.  I april 1917 går USA med i krigen.  Frå no av er det spesielt spennande å følgja ungguten frå Midtsæter.  

Flygar
Så hamnar Johan på Kelly Field, San Antonio, Texas, sommaren 1917.  Han skal bli flygar.  Han skriv heim til mora, Magdela, som no er i 50-årsalderen.  Brevet er datert 14. Oktober 1917.

«Jeg er nu inde i den Amerikanske flyve Eskadron, skal lære at »fyka».  Jeg er nu nede i Texas, og du kan tro det er varmt hernede. » .

Breva heim viser ein gut som er svært glad i mora si.  Ei mor som sit åleine med ansvar for småbruk og tenåringar.  Veslejenta, Nilsina, er berre 13 år gammal.  Vi kan så inderleg vel sjå for oss Magdela på Midtsæter når ho motar seg til å opna brevet frå andre sida av havet – og les.

Johan fortel mora at han har brukt alle sparepengane sine på flyskulen.  
«Dersom krigen varer en tid.  Gud forbyde at den gjør.  Saa kan jeg nok tjene de pengene op igjen.»
Det er tydeleg at J ohan er ein frivillig, verva soldat (enlisted) .  Han vil verkeleg noko.  Han er ikkje statist.  Han er aktør.

«Du kan tro at jeg liker den amerikanske vei US lærer sine soldater at føre krig paa.  Amerika er den eneste nation paa jorden for mig utenom Norge. «
Guten gløder.  Vi kan vera samde eller usamde i engasjementet hans.  Pasifist eller ikkje.  Men noko rører oss med pågangsmotet.

«Dersom det blir en tid førend du faar brev fra mig saa bliv bare ikke bange.  Gud han styrer alle vore veie og han har vor fremtid i sin haand. «
Heilt klart er det også at barnetrua til Johan er halden i hevd.  Brevarket er då også merka med: «Young men ‘s Christian Association Army and Navy. «

Krig
I det følgjande er Odin Leirvåg sterkt medverkande.  Som medarbeidar har han delteke aktivt for å finna fram til fakta om Johan og flygarlivet hans.  Som flygar i Braathens og kronisk flyinteressert har han vore i Washington DC og saumfare krigshistoriske arkiv.  

Johan er klar til krig.  Vi kan følgja dei på reisa.  Turen er levande skildra i ein rapport Signert løytnant Averbach den 8. Januar 1919.  490th Aero Construction Squadron er på veg til Europa.  Klokka fire om morgonen 22. november 1917 seglar dei ned East River til Cunard-linja sin kai nr. 56.
«We were leaving for France to help win the fight for democracy,» står det i rapporten.

De Havilland 4. Dette, eller liknande fly, har nok Johan floge til fronten.

Ein militær avdeling beståande av ni offiserar, 23 sersjantar, 12 korporalar og 100 menige er på veg for å vinna kampen om demokratiet.  Sergeant John I Sathre, som han no kallar seg, skal kryssa Atlanteren for fjerde gong i sitt 24-årige liv.  Dei er glade for å kunna gå om bord i ein såkalla «heldig båt», Carpathia, som nokre år tidlegare var med på å plukka opp overlevande frå Titanickatastrofen.  Med kaptein Robert Bell i spissen sette dei kursen mot det ukjende.  Nokre mata krabbar, andre, oppegåande, let seg underhalda av eit innleigd jazz-orkester.  Overfarten blei i alle fall fattig på frykta ubåtar.  Og i skumringa den 7.desember klappa dei til kai i Liverpool.  Ei vekes tid seinare blei dei «Jaga» over kanalen av ein tysk ubåt og kom via Le Havre til Saint Maixent i Frankrike.
Då vi først høyrde om flypioneren frå Os for nokre år sidan, var vi sikre på at han var jagarflygar som kanskje hadde vore i kamp med Manfred von Richthofen og andre «eventyrfigurar».  Etter at vi grov høgt og lågt for å finna «nytt frå Vestfronten» om akkurat Johan Ingvald, fekk vi etter kvart puslebitane på plass.  Men det tok tid og var vanskeleg.  Skvadronen vi leita etter, hadde skifta namn, og Johan Midtsæter var blitt til John Sathre.  Vi fann ut at han kanskje hadde eit endå meir variert og spennande liv på Vestfronten enn vi hadde rekna med.

Romorantin
13.februar i 1918 etablerte Air Service Production Center nr. 2 seg i Romorantin noko sørvest for Paris.  Frå no av var sergeant John I Sathre aviatør i kampen for demokratiet.  Ein kamp som kosta eit titals millionar livet.  Aviatør for å bruka tidstypisk terminologi.  Ein aviatør var mekanikar, montør og flygar.  Han sette seg ikkje berre inn i flyet og tok av.  Men la oss koma tilbake til Johan – som vi vel å kalla han – sitt daglege arbeid siste krigsåret på Vestfronten. Romorantin var som ein «by» med 15000 innbyggjarar.  50 flyhangarar.  Eit moderne hospital med 1000 sengeplassar.  Dette var altså eit servicesenter i god avstand frå fronten.  Vi anar dimensjonane.  Vi ser for oss aktiviteten mellom fronten og Romorantin.  
Her lever altså denne flygaren frå Os det siste krigsåret i første verdskrigen.  Vi kan så godt førestilla oss kontrasten, frå krigsskodeplassen, til Kleivo.  Johan er med på å montera fabrikknye fly frå det nye heimlandet sitt.  
Så skal han prøvefly.  Er alle vaierar og barduner rett monterte?  Ein snartur over Romorantin stadfester om flyet heng saman eller ikkje.  Men så kjem kjempeutfordringa.  Flyet skal flygast til fronten ein time eller to borte.  Ein transportetappe full av fiendar.  På ein slik tur kan ulukka ha vore ute.  
Nils Tveit skriv i band II av Os-soga:
«Her vart han nedskoten og fekk skade i halsen, men kom seg og vart verande i Frankrike som ordensvern til krigen var slutt.»
I eit anna notat frå ein ukjend står det:
» – hvor han efter et uheld i krigen blev syk – uheldet bestod i et knæk i halsvirvelen -. «
Vi veit ikkje kva som eigentleg skjedde.  Niesar og nevøar veit heller ikkje.  Odin Leirvåg gir ikkje opp og vil endå ein tur til Washington D.C.  Kanskje kan vi få vita meir etter snart hundre år?

Heim
Den 25.november 1918 skriv Johan brev til mora:
«Ja, krigen er nu slut, og snart saa stævner vi mot Amerika. – Jeg har været her ute på Vestfronten et helt aar – .  Det er sandelig en glæde at kunde komme fra dette med arme og ben -.  Vil gjøre mit bedste at komme hjem en tur saa snart jeg blir utskrevet. Ja, kjære mor, jeg ønsker dere alle en glædelig jul og et velsignet nyttaar. Din søn Johan. «
Når freden berre er fjorten dagar gammal, skriv han heim – varmt og venleg.  Han nemner ikkje noko om helsa.  Klagar ikkje.  Vi veit at han får permisjon frå Frankrike i mai 1919.  Han reiser via England mot «gamlelandet».  I London fører nakkeskaden til 14 dagar på sjukehus.  Kanskje eit varsel.  Johan Ingvald kom til Noreg i slutten av juni 1919.  
Grindagutane visste vel at «fykaren» var på veg og andre ungar sprang treskoa av seg for å sjå «astronauten» – etter dagens målestokk.  Han sat roleg i baksetet i ein open bil.  Kongeleg jubla fram gjennom Hegglandsdalen.  Det er mykje vi ikkje veit om Johan i denne fasen av livet heller.  

Etterord
Våre refleksjonar i ettertid tek tak i oss.  Ein einar med mot og meining blei ein slags tapar i det amerikanske systemet.  Han skriv i eit brev til mora at han etter flyskulen ville bli førsteløytnant.  Der tok han feil.  Ein offiser måtte ha den rette familiære bakgrunnen.  Men han gjorde det så godt som ein frå Kleivo kunne – flygar og førstesersjant, men fekk ikkje fly operativt.  
Ein oktoberdag i 1920 måtte Magdela følgja sonen til grava.  Den einaste vesle trøysta i ei vanskeleg tid var dei regelmessige dollarane som kom frå den andre sida av Atlanteren.  Men den amerikanske draumen enda på Os kyrkjegard denne haustdagen.  Den flotte, nyopp-pussa marmorsteinen bør bli ståande som eit varig kulturminne.

Foto: H. Flaterås.