FORNMINNE I OS

Frå OS SOGA I side 77 – 120

FORNMINNE I OS.

Av Haakon Shetelig.

Det er lett å skyna at det på Hordalandsstrendene hev ferdast folk frå uminnelege tider.  Her var livemåten lett å finna, her var ein rikdom av matnyttig skjel, fisk, fuglejakt og kobbefangst, stutt sagt all den herlegdom som kunde freista dei fyrste veidefolk til å busetja seg.  Strandi sjølv er som skapt for veidemenn i steinaldren, med stillt farvatn millom øyane, og gode hamnar alle stader.  Her livde folk alt nær etter istidi, soleis som me ser det ved funn av eldgamle bustader på øyane ved Glesvær og på Minde ved Bergen.  Her heldt veidefolket fram med sitt enkle og einfelde liv gjenom tusund av år.  Frå slutten av steinaldren umlag 2000 år f. Kr., hev me rike funn frå fangstplassen på Ruskeneset ved Strømme i Fana.

Sjølvsagt heldt steinalderfolket seg ogso i dei trakter som no er Os herad, og det må vera dei reine slumpehøve som gjer at me til denne tid kjenner so få steinalderfunn frå Osbygdi.  Heile stroket frå Lysefjorden til Bjørnatrynet er nett soleis som veidefolket vilde ha det, med logne sund og vikar, og det same gjeld lendet ikring vatni i Osdalen frå Ulven til Gåssand. Me kan med vissa venta at det ein gong, ved eit heppelegt høve, vert uppdaga ein eller annan bustad her frå steinaldren.  Merki etter steinalderfolket er vanleg, som me veit, berre små leivder som ikkje fell lett i augo.  Dei funn frå steinaldren i Os, som me no veit um, er berre nokre få spreidde funn av steinøkser.  Desse er no i Bergens Museum.  Den eldste av dei er frå Lepsøy (fig. 1), ei øks av den sokalla trinnøks-typen, frå den eldre steinaldren i Norig upp imot 4000 år f. Kr.  Noko yngre er ei øks av grønstein, funni ved Bergstøi i nærleiken av Gåssandvatnet.  Ei øks av vestlandstype frå den yngre steinalder er funni på Askviknes, og likeins ei på Hovland frå den same tidbolken (fig. 2).  Tilslutt hev me frå den yngste steinaldren ei øks med hol for skaftet, funni i Lepsøy (fig. 3).  Det er det heile.
Men sjølv um funni er få so ser me at dei skifter seg markande på grendene.  Me hev ikkje noko funn ut imot den opne Bjørnafjorden, der det er mindre med hamnar, men ein finn dei i stroki ved Lepsøy og ved Gåssandvatet, der det nett var dei besste vilkor for dei primitive veidarar.

Frå den næste store bolk i forntidi, bronsealdren, hev Osbygdi berga rett vyrdelege minne.  Rett nok veit me ikkje um noko funn i bygdi av reidskap eller våpn av bronse frå denne tidbolken.  Men ein tidbolk kann ogso syna andre minne for ettertidi enn berre sovorne fornting, og nett det er tilfellet i Os.  På Vestlandet byrja ein i bronsealdren for fyrste gong å byggja vyrdelege og varande gravminne over dei døde, med di sjølve gravkista vart bygt av stein og over kista vart lagt upp ei større steinrøys.  Det er »munke-røysane« som dei jamt vert kalla i Hordaland, den sermerkte formi for graverne frå bronsealdren langs heile Norigs havstrand.


Det er uppteikna ikkje so få slike gravrøyser i Os.  Me hev dei på Alholmen ved Forstrøno, tvo røyser på Husfjellet og ei på Langetengen Strøno, og leivder av ei røys på Vassliåsen austanfyre Halhjem.  Av den sisstnemnde syner no berre gravromet.  På Lifjellet finn me tvo røyser, – den eine er øydelagt, – og til slutt hev me tvo røyser på Haugstræ under Hauge, den eine på odden av Langhamarneset og den andre på Lurane, på toppen rett opp for Langhamaren.  Her som elles ser me at det hev vore skikk i bronsealdren å leggja graverne høgt og fritt, på åsar eller nes med vidt utsyn over sjøen.

Noko funn frå desse gravrøyser i Os er ikkje kjendt, og heller ikkje andre fornting frå bronsealdren.  Men graverne er nok til å syna at det alt i den tidi hev teke til å skipa seg bygdelag eller grender med fast busetnad.  Veiding og fangst var ikkje lenger einaste levevegen. Husdyr og kornavl var kome til, og folket vart knytt til jord og eigedom på ein heilt annan måte enn dei kunde tenkja seg i dei eldre tiderne.  Det er i bronsealderen, frå bolken ikring tusundåret fyrr Kristus, at me finn dei fyrste teikn på at bygdelagi i Os vart til.


Frå hundradåri nærast fyrr og etter Kristus, den fyrste luten av jarnaldren, hev me ikkje noko visse minne i Os.
Kannhenda er sume av dei røyser som er nemnd ovanfyre i røyndi frå den tidi, då me veit at den same form for gravminne som vart brukt i bronsealdren ogso vart nytta på Vestlandet i næraste tidbolken etter.  Me lyt tru at det ogso då, likeins som fyrr og seinare, var bygd og grender i Os, men me veit knapt å fortelja noko slag um bygdi i den tidbolken då vår tids rekning byrja.

Fyrst frå tidi ikring 300 e. Kr. vert kjeldorne rikare.  Då byrja for Vestlandet i det heile ei stor tid, som utan serleg brot heldt fram radt til vikingtidi.  Det mest sermerkte er då graverne frå det 5te og 6te hundradåret, folkevandringstidi.  Dei vart då gjerne bygt som store gravkistor av stein, og desse vart atter dekt av store og vyrdelege gravhaugar.  Slike graver ligg jamt ved dei gamle gardane, einskilde eller samla i krinsar, og dei syner oss korleis bygderne no byrja å skipa seg soleis som dei i store drag sidan hev vore.  

Os er ei typisk jarnalderbygd og rik på minne frå desse hundradåri fyrr vikingtidi.  Me skrimslar her tydeleg tvo visse grender som truleg i dei tider, umlag 500 år e. Kr., ogso var tvo små sjølvstendige bygder.  Den eine grendi var ikring gardane frå Skeie til Haugland og Halhjem, den andre ikring Hauge, Lyssand og Bø.  Her var det ein krins og eit samlag av gardar på kvar sin kant i heradet, medan Ulven og Kuven som ogso er frå same tid låg meire for seg sjølv ved Ulvenvatnet.  Tvillaust hadde kvar av dei tvo grenderne sin eigen midstad for heidensk gudsdyrking, den eine truleg på Bø der det sidan vart bygt kyrkja, og den andre trulegst på Halhjem, som i sjølve gardsnamnet hev noko som tyder på heilagdom.  Ogso namnet på granne-garden Lunde kann stå i samband med ein heilag lund.

I grendi millom Hauge og Bø hev me enno ei rekkja forvitnelege minnesmerke frå jarnaldren.
ved det nedre tunet, på knausen rett ovanfyre husi, ligg ein noko stor gravhaug, »Tynnhaugen«. Han er no avskoren og flat i toppen, men er framleis svert vakker og tek seg ut der han ligg på ein slik sermerkt stad i landskapet.  Det vart ein gong i 1880-åri grave i haugen, men ein gjorde ikkje noko funn.  Tett nedanfyre stova på same tunet var ein låg men breid gravhaug, som i 1922 vart jamna ut for ei umleggjing av vegen.  Haugen, som var inntil 15 meter i tverrmål og vel 2 meter høg, vart fyrr vegumleggjingi utgraven av Bergens Museum.  Han var i røyndi heilt bygt upp av stor sver rullestein, dekt med eit lag av tunn seig grastorv, og var tvillaust ein gravhaug sjølv um ein ikkje no kunde peika ut gravi.  Etter byggemåten er dette truleg ei av dei eldste jarnaldergraver som me veit um i Osbygdi.  Heilt ute i austre kant av haugen vart funne eit sokalla kvartsbryne frå folkevandringstidi.  

Frå Lyssand veit me ikkje um funn av fornting, men her ligg enno ein stor og vakker gravhaug millom husi på garden.

Hauge, fram mot bruni der bakken hallar nedover mot Solstrand, ligg det vyrdelegste fornminne i heile grendi.
Det er Kongshaugen (fig. 4), som vart utgraven for Bergens Museum i 1874.  Haugen var bygt upp av rullestein og dekt med grastorv.  På botnen, noko austanfyre midten, var eit stort gravrom av stein.  Ein fann i dette eit tvieggja sverd med bein-handtak og leivder av sverdslira som var av tre (fig. 5), tvo spjotoddar, fleire pileoddar, ei øks, jarnbulen til eit skjold, ei leirkrukka og jarnskoringen til ei bytta av tre.  Her hev ein hermann og hovding vore gravlagd, noko som ein kann sjå av gravutreidnaden og det storfelde minnesmerket. Gravi skriv seg frå 500 talet e. Kr.


Nordanfyre husi på Hauge hev vore fleire gravhaugar og dei er enno ikkje heilt burte.  I ein av dei vart det grave i 1893, og ein fann då ei liti gravkista bygt av hellor.  I gravkista stod ei leirkrukka full av brende bein.  Her er soleis den døde brend på bål, og beini er gravlagd i ei urna. Av skapet på urna (fig 6.) kann ein sjå at gravi her må vera noko eldre enn gravi i Kongshaugen, og truleg er ho frå 300 talet.

Millom dei gravhaugar på Hauge som no er burte var ein liten rund haug som var kalla Askhaugen.  Han vart jamna med jordi i 1871 for å gjeva tuft til eit hus.  Ein fann då eit eineggja sverd, ein spjotodd, ei øks, tvo armringar av bronse, og ymse perler av rav og fleirfarga glas.  Funnet låg under ei flat hella og i »ein viss orden« som det vart sagt av dei som fann desse forntingi.  Gravi må vera lagt ikring år 800 e. Kr., og ho er av serleg interesse avdi her berrsynt er gravlagd ein mann og ei kvinna i den same gravi.  Me finn her i denne gravi på Hauge eit hende som ikkje var so heilt sjeldsynt i vikingtidi, at mann og kona vart gravlagd ihop.  Det var ogso rimelegt at so vart gjort når båe tvo døydde samstundes, men me hugsar ogso ymse ting i gamle sogeforteljingar, der det vert nemnd at ei kona heilt friviljug fylgde mannen sin i døden og gravi.  Funni vitnar um at sovore også verkeleg kunde henda.

Som eit minnesmerke frå forntidi kan me kanskje og nemna ein liten bautastein på Haugstræet, litt austanfyre bronsealdersrøysi på Lurane.  Dei fann han då dei arbeidde upp park på staden ikring 1900; han låg omvelt i lynget.  Han vart reist på den flekken som han låg.

Ogso på Molda veit me om ei grav frå vikingetidi.  Ho kom for dagen då det i 1885 vart rydja burt ei røys.  Ein fann då eit tvieggja sverd, ein spjotodd og ei øks, soleis gravutreidnaden åt ein mann.

Me vender oss no til jarnalderminni i vestre luten av heradet og tek til på Herevollen under Lunde.  Her hev vore fleire gravhaugar, og fleire gonger hev ein gjort funn frå den eldre jarnaldren her.  Enno syner »Brennhaugen« ein ikkje so liten rundhaug som no er heilt uppdyrka til åker.  Namnet kjem av at ein jamleg fyrr brende båtar på denne haugen i jonsokhelgi. Tett ved Brennhaugen er det leivder av ein annan rundhaug, og fleire stader i vollen elles kunde ein sjå samlingar av små låge haugar, upptil 5-6 meter i tverrmål.  Ved jordarbeid på Brennhaugen 1912 fann ein leivder av ei grav med likbrand, med fleire farga glasperler og småbitar av ein bein-hårpil.  Det var soleis ei kvinnegrav som må reknast å vera frå folkevandringstidi.  Seinare, i 1926, kom det for dagen ei eldre urnegrav frå den tidbolken som ein kallar romartidi, dei fyrste hundradåri etter Kristus.  Urna var ei stor krukka av leir, som stod nedgravi under flate vollen og var dekt med ei hella. Krukka var full av brende bein frå likbålet, men elles fann ein ingi fornting.

Ein sjeldsynt vakker krins av gravminne frå heidnetidi finn me på gardane Døso og Skieie.  Her var leivd att til vår tid seks gravhaugar, dei fire tett attmed husi på Døso, den femte midt i bøskiftet millom gardane, og den sisste lenger vest på Skjeiebøen (kart fig. 7).  Det er ein liten samla gravstad som høyrer til garden, og som tvillaust er vigsla til den same ætt gjenom hundradåri nærast fyrr vikingtidi,

Fire av haugane vart i 1906-07 utgravne for Bergens Museum, medan tvo av dei var so øydelagt fyrr. at ei utgraving av dei var fåfengd.  Etter utgravingi vart haugane lagt upp att i si gamle form og er freda etter lovi um vern av fortidsminne.

Dei seks gravhaugane vart etterrøkt og granska i rekkja frå aust til vest, og dei hev i denne utgreiding ogso fenge numer på same måten.  Den fyrste haugen som låg austanfyre men tett attmed uthuset på Døso var ein stor vyrdeleg rundhaug, bygt heilt av jord og grus.  I auren midt under haugen var nedskori ei grav med merke etter ei upptæra trekista og leivder av ty frå klædebunaden og tepper som var sveipt um liket.  
(Bilæte av gravi opna og reingjort fig. 8).  
Til klædebunaden høyrde ogso ei brystnål av bronse (fig 9),
fire farga glasperler (fig 10) og nokre små bronseringar som hev vore festa i beltet.  
Attåt dette var ogso lagt i gravi ein tollekniv ved beltet (fig. 11),
ein sigd (fig. 12),
ein bundel pileoddar (fig 13)
og ei vakker leirkrukka (fig. 14).  Noko høgre i haugen enn gravi og laust i grusmyrja stod ogso tvo vænt pryda leirkrukkor (fig. 15-16).  
Alle desse ting høyrde ihop og stend i samband med ei gravleggjing frå tidi ikring år 500 e. Kristus.  
I denne tidi vart soleis gravi bygt.  Men ved tvo seinare høve vart nye graver lagt inn i toppen av den same gravhaugen.  Den fyrste var ei mannsgrav frå 500 talet, tilbudd med øks (fig. 18), sigd og eldstein, og dertil nokre små bronsehekter til ermerne på klædebunaden.  Gravi var laga svert einfeld, utan kista og berre dekt med tvo hellor som låg nær upp under grastorvi (fig. 17).
Tett attmed og ved sida av denne låg enndå ei manns grav frå 600 talet, utreidd med eit stutt saksesverd (fig 20),
ein kniv (fig. 19)
og eit eldstål (fig. 21. Sams planteikning av dei tvo sisstnemnde graver fig. 22).
På toppen av haugen stod fritt uppreist ei avlang steinblokk av kritkvit kvarts (fig. 23). Steinen hev tvillaust vore sett på haugen som eit slag heilagt teikn til vern og vigsling av gravi

Sud for haug nr. 1 men nær denne låg jamsides tvo avlange haugar, umlag like store med ei lengd av 17-18 meter.  Den eine av desse vart heilt teken burt fyrr Museet tok til med si gransking, men den andre som me nemner nr. 2 vart ut graven (fig 24).  Likeins som i haug nr. 1 var det ogso her ei grav med trekista nedskori i auren under haugen og dekt med stein.  Som det syner av planteikningi (fig 25) vart det i gravi funne leivder av klædebunad og tepper, ei rik sylgja av gylt sylv (fig. 26) og tvo mindre sylgjor av bronse (fig. 27-28), hekter med gyllte sylvknappar til ermerne (fig. 29), lyklering (fig. 30) og ein kniv ved beltet.  
Ved hovudet låg rester av ei tretina med ein syl og ei handsnelda, og ved føterne ei vakker krukka av leir (fig 31).  Dette er ei kvinnegrav, fornæmt utreidd, frå umlag midten av 500 talet e. Kr.


Men ogso over og millom steinane som dekte denne kvinnegravi fann ein fornting.  Det vart her funne fleire sylgjor (fig. 32-33) og ei nål (fig 34) av bronse, hekter av sylv, bitar av eit glas-staup, tvo leirkrukkor (fig. 35), leivder av ei tretina og ymse anna.  Dette er ting som syner seg å vera umlag heil utreidnad til gravi åt ei kvinna, og pålag ein mannsalder eldre enn dei ting som låg nede i gravi.  Det heile er noko underlegt.  Men eg hev tenkt meg ei tyding soleis:
Dei fornting som vart funne over steinane hev høyrt til ei kvinna som fyrst vart lagt til kvild i gravi.  For henne var gravi skipa og haugen bygt i fyrsten av 500 talet.  

Men umlag halvhundrad år seinare hev dei opna gravi att for å gravleggja ei onnor kvinna av ætti som då var død.  Gravutreidnaden åt den fyrste kvinna vart då vyrdlaust kasta tilsides, so at ein no fann tingi spreidde millom stein og grus over gravi.  Bilætet (fig 36) syner korleis leirkrukka låg innklemd millom steinane.

Dette er eit sers merkelegt tilfelle som ein knapt finn maken til.  I heidnetidi vart det altid lagt overlag stor vigt på å freda graverne for alle tider.  Ei slik vyrdlaus skipling av ei nyss tilstelt grav må nok hava sin serlege grunn i fiendskap eller vanæra.  Me skrimslar her eit drag av uhyggje i garden si ættesaga under folkevandringstidi.
Ogso denne haugen var merkt med ei steinblokk av kritkvit kvarts.

Noko vestanfyre haug nr. 1, på den andre sida av løda, ligg ein sjeldsynt vakker rundhaug, nemnd som haug nr. 4 (fig. 37).  Av haugen er noko uppdyrka som åker.  Då haugen vart opna kom det for dagen tvo skilde steinrøyser som gjøymde kvar si grav (fig. 38–40).  Båe tvo var gravkistor, mura av stein og dekt med hellor.  Eit bilæte (fig. 41) syner båe graver opna og reinska.  Den eine må ha vore ei barnegrav då ho berre er 1.30 meter lang.  Det syner av utreidnaden at ein gut hev vore gravlagd her.  Funni var eit beltespenne av jarn, kniv, syl, eldstein og ei krukka av leir.

Den andre gravkista var rikeleg i storleik, heile 2.70 meter lang, og var dekt med tvo store steinhellor.  Dei fall sa godt til, at gravi var heilt fri for nedrasa jord og sand.
Då gravi vart opna låg alle leivder frå gravleggjingi fritt i dagen (fig. 42), og takk vere dei makelause heppne tilhøvi her var i denne gravi berga mange av dei emner som ein elles aldrig ser att, men som sporlaust kverv burt i jordi.  Denne gravi på Døso er difyr eit av dei mest forvitnelege funn frå folkevandringstidi som er gjort i Norig.  Me kjenner ikkje noko anna tilfelle der me soleis som her kann skildra både korleis gravi var tilbudd og korleis gravleggjingi hev gjenge for seg.


Gravbotnen var dekt med eit lag av laus småstein som hev tent til å leida burt væta og råske. Over småsteinen låg atter ein botn eller golv av næver i tjukke lag, det eine over det andre, og ut over nævergolvet var breidd ein bjørnefeild med lodnesida upp (fig 43). Håri på felden hadde halde seg utifrå godt med den myrke fargen sin mesta ubrigda og likeins klørne, medan sjølve skinnet var uppløyst og upptæra.
Ovanpå bjørnefelden låg noko som likna ei stor langstrakt puta av ihoprulla ty.  Då ho vart breidd ut synte det seg at det innst låg leivder etter ein klædebunad av fint veva ullty.  I samband med dette låg det i nordenden av gravi, der den døde hadde kvilt hovudet, noko menneskjehår.  Det var myrkt krulla hår, som det synte seg ved mikroskopisk gransking.  Elles var alle rester av kroppen kvorvne heilt burt.  Ikring klædebunaden var rulla ihop eit tjukt myrklita ullteppe, og ikring dette var atter sveipt eit noko større, men tunnare og lausare teppe av ull.  Over desse teppi var det breidd ut eit svert fint og tunnt ty, og øvst av alt låg det so ei mengd lauvkvistar og einstabbe (bregne) stilkar.

Me ser soleis her korleis den døde, ein mann med myrkt krulla hår, hev vorte påklædd, innsveipt i tvo ulltepper og lagt ned på bjørne felden i gravkista.  Deretter vart eit teppe breidd over, og gravi fyllt med friskt lauv og einstabbe fyrr hellorne vart lagt på.

Elles var utreidnaden av denne gravi svert einfeld.  Det heile utstyr var ein kniv, ei saks, ei liti klypa (pinsett) av bronse (fig 44), og eldgreidor, knusk og eldstein (fig. 45) i ei cylindrisk tre-øskja, som elles er ein heilt sjeldsynt ting (fig. 46.  Bilætet teke etter ein laga kopi).


Likeins som i haug nr. 1 og 2 låg ogso her ei steinblokk av kvit kvarts i toppen av haugen.
Gravhaug nr. 5 som ligg i skiftet millom Døso og Skjeie var ein låg rundhaug.  Storparten av haugen var kjørt burt fyrr museet si etterrøkjing.  Det skal då vera funne nokre ting av jarn, men dei vart ikkje berga og tekne vare på.  

Den siste haugen, nr. 6, låg heilt på Skjeie sin grunn.
Det var ein rundhaug, litevetta avlang og bygt som ei steinrøys iblanda med jord, og det vart ved opningi ikkje funne noko slag fornting eller andre merker etter gravleggjingi.  Ein kann av det heile få den trui at gravi ein gong hev vore plundra og etterpå er dekt til att.
Graverne på Døso gjev samla eit overlag verdfullt bilæte av kulturen i folkevandringstidi.  Dei vitnar ikkje um noko stor rikdom.  Her møter me ikkje serleg kostesame ting, ikkje den storferd og stas i utreidnad som me kjenner frå ymse andre graver på Vestlandet i den tidi.  Folket På Døso hev vore ei bondeætt i gode kor.  Der var jamn velstand, med vyrdleik i klædebunad og prydnadsting.  Kona bar lyklering i beltet som teikn på sin rang.  Skori av eit glasstaup syner at dei ogso åtte ein og annan verdfull kostnadsting på garden, men den vanlege bordbunad var prydelege leirkrukkar av norsk arbeid attåt kjørler og kjerald av tre.  Vakre og vyrdelege gravminne samla um garden var symbolet på ættekjensla, på sambandet millom dei livande og dei avlidne ættleder.  Her bar etterkomarane i alle ættleder gravofret fram til dei eldre, for at desse atter skulde verna og signa livet på garden.  Slik ser me ei god bondeætt i Os fra tidi ikring 400 til 700 år e. Kr.

Nærast etter funni på Døso hev me ei vigtug samling av heidne gravminne på Haugland.  Det hev vore fleire gravhaugar der på garden, og ved ei slumpegraving i 1890 åri i ein haug som kallast Storhaugen råka dei på ei mannsgrav frå vikingtidi.  Frå denne gravi finns no i Bergens Museum ei øks, ein avlstein og eit rått jarnstykke.  Mannen som vart gravlagd her hev berrsynt vore smed, men tvillaust hev ein ikkje berga alt som vart lagt i gravi med han.  I ein annan haug på ytre Haugland fann ein seinare ved jordarbeid i 1911-12 ei grav med bålbrende menneskjebein, men det vart ikkje teke vare på nokon fornting.  På indre Haugland er enno tvo store gravhaugar.  Tenhaugen og Kongshaugen.  Den sisstnemnde vart utgraven for Bergens Museum i 1912.

Kongshaugen er ein vakker og vyrdeleg gravhaug.  Han ligg på ein framskoten stad i landskapet med utsyn vida ikring, mot vest radt mot havet, mot sud over Bjørnafjorden, og mot aust og nord til åsane og høgderne ved Hegglandsdalen og Ulven.  I toppen av haugen ligg ei sver firkanta steinblokk av kvit kvarts, 1 meter i storleik på kvar kant (fig. 47). Ein kunde ved utgravingi sjå at den svere steinblokki var sett opp her etter at haugen elles var ferdug.  Det var det sisste lekk i gravbygnaden, det som fullenda og sette kruna på reisingi av gravminnet.

Heile gravhaugen var reist med uvanleg umsut.  Innst inne var han ei rein steinrøys med svere store steinar att imillom.  Røysi var med vilje bygt so open og innhol som mogeleg, med di hellor og flate steinar var nytta til å dekkja dei store opningar millom steinane.  Over dette var atter lagt eit tjukt lag av reint seigt leir, for at ikkje jord og grus skulde rasa ned millom steinane.  Til slutt var resten av haugen bygt upp i skiftande lag av leir, sand og jord (fig. 48).  Det er forvitneleg å sjå korleis dei her hev gjenge fram etter visse reglar ved den indre bygnad av gravhaugen.

Det var ogso lett å sjå at haugen var uppført i ei støyping over ei einskild grav.  Ho låg på fjellgrunn noko austanfyre midten av haugen, (merkt med svart på fig. 48), og var eit lite ope rom kringsett med stein og dekt med hellor (fig. 49).  

I dette romet var lagt alle ting frå likbålet: kol, brend stein, stykker av brende bein, og dei ting av utreidnaden som elden ikkje hadde øydt på bålet.  Det var små jarnringar, skoningstykker til eit belte, små runde beinbrikkor til eit brettspel (fig 50), skor av tvo leirkrukkor (fig. 51), ein eldstein av kvarts (fig. 52), og tilslutt umlag 60 små båtsaum og 12 spikrar. Gravi er ei manns grav frå 500 talet.


Me ser her som jamt elles, at det vart lagt mykje vigt på å reisa den døde eit vyrdelegt gravminne, medan sjølve gravi tykkjest vera heller fatig og smålåti.  Men dette gjev likevel ikkje eit rett bilæte av det røynlege.  Storparten av det som vart ofra ved gravleggjingi hadde elden øydt på likbålet, skinn, tepper og andre eldfengde ting, og millom desse ogso ein båt, som det syner ved at det var spikar og saum i bålmyrja.


Det er ein sermerkt skikk dette, å leggja den døde i ein båt ved gravleggjningi eller på likbålet.  Denne gravskikken var heller vanleg i vikingtidi, men svert sjeldsynt i eldre tider.  Gravi i Kongshaugen på Haugland er ei av dei få og aller eldste graver av dette slag som me veit um, og hev difyr ogso overlag mykje å segja for oldgranskingi.  Båt eller eit anna farty i gravi fortel oss um visse sider av dødstrui i dei tider, um tankar og tru på at den avlidne hadde bruk for ein båt til den ferdi, som han etter døden måtte gjera til ei onnor verd.  Hauglandsfolket i folkevandringstidi hev vore millom dei fyrste på Vestlandet som let denne trui koma fram i gravskikken.  Ein ting som dette syner at Osbygdi hev fylgt med i dei åndelege straumdrag som då rørte seg i tidi.

Me endar dette utsyn over graverne frå jarnalderen med å nemna nokre spreidde funn frå andre gardar.  I Munkehaugen på Moberg fann dei i 1874 ei grav frå vikingtidi med ei våpnøks og eit tvieggja sverd.  Gravhaugen er framleis lett å sjå i den dyrka bøen nær husi. Året etter fann dei på same garden ei øks frå vikingtidi.

Ei grav på Søfteland, som kom for dagen i slutten av 1880 åri, skriv seg frå hundradåret nærast fyrr vikingtidi.
Ein råka på gravi ved pløgjing i flat mark nordanfyre husi, og ho synte seg no berre som ein kol-dunge med spildror av brende menneskjebein frå likbålet.  I kol-laget vart funne eit beislemunbit, ein ljå, ein navar og tvo jarn til trearbeid.  Eit stykke nordanfyre denne gravi var ogso tidlegare funne ei sovori grav med ymse ting av jarn som ikkje vart teke vare på.

I ei serklassa for seg sjølv stend som eit sjeldsynt vyrdelegt minnesmerke baustasteinen på Ulven, ein vakker høgreist stein utan innskrift eller merke.  Han er tvillaust frå heidnetidi.  Steinen er kannhenda sett på ei grav, soleis som det hende i dei eldre bolkar av jarnaldren, men trulegst er han berre ein minnestein etter ein mann frå garden som ikkje vart gravlagd heime.

Som ein ser er det berre frå nokre få av gardane i Os at me kjenner gamle gravminner av gravfunn.  Men me lyt hugsa at det som no finnst er berre ein liten part av det som her eingong var.  Mykje er rydja vekk og kvorve burt gjenom dei lange tiderne.  I ei uppskrift frå 1817 vert tala um funn frå gravhaugar og røyser i Osbygdi fyrr den tid, soleis frå ein stad eit drikkehorn, frå andre stader urnemolar og ymse fornting.  Men alt i 1817 var desse funni burtkomne.

Men ogso utanfyre graverne kann ein gjera fornfunn som gjev upplysningar um liv og ferd hjå folket fyrr sogetidi.  Eit forvitnelegt døme på dette er eit funn som ved eit slumpehøve vart gjort i 1901 på Vaksinen ved Ulven.
Dei militære grov då tuft til nytt kjøkenhus, og komen vel ein halv meter ned i gruset råka dei på ei liti gryta av kleberstein (fig. 53).  Gryta låg sidesnudd på ein liten brandstad med kol, nett som ho skulde vera gløymd der etter koking.  Det fanns ikkje merke etter noko hus, og det må difyr ha vore ein kokesetad under berr himmel, kannhenda under kvild på ei ferd.  Gryta hev eit skap som høyrer til tidi ikring 3-400 år e. Kr.



Eit meir tydelegt minne um dei gamle ferdamenn i Folkevandringstidi hev me fenge ved utgravingi av Klubbhellaren ved Hildershamn.  Denne vart granska av Bergens Museum i 1919.  I livd under ein bergknatt Klubben skjer det seg inn ei væn liti vik som gjev god hamn i alt slag vind.  Ferskt vatn kann ein få frå ein bekk i botnen av viki, og under berget i sudvest er ein rett romsleg hellar som kann tena som tak og livd mot uveret.

 (fig. 54-55.  Hellaren syner til vinstre på bilætet). 
Det var overlærar I. Ross som vart vis med at det uppe under hellaren var avfallslag med bål-leivder, kjøtbein og skjel frå gamal tid.  Ved utgravingi kom det for dagen ei verkeleg gruva med tjukke brandlag, brot av kokekar, og mange slag beinleivder etter måltid (fig. 55).

Storparten av beini var frå tamdyr, mest av okse men ogso av sau og gjeit, og einskilde bein av gris og hest.  Leivderne etter villdyr var mest av hjort, nær like mykje som av okse, og dertil noko bein av fugl og fisk.  Det vart ogso funne nokre småbitar av jarn og flint som ein ikkje veit kva dei er bruka til.  Alt dette er ting som ein kann venta å finna ved ein bålstad der folk hev halde til med koking og matmål.  Men radt underleg er det at her ogso vart funnen ein fin liten gullring (fig 56).  Han er laga av ein slett gulltein som er snurra rundt i spiral vel tre umgangar og veg 6.6 gram.  Ringen er tvillaust mist ved ei uheppa og er vorten liggjande i avfallet.

Me kann sjå at tilheldet under Klubbhellaren gjeng attende til 400 talet e. Kr.  Um dette vitnar leirkrukkorne som var bruka til kokekar (fig. 57).  Men det hev visst ikkje vore fastbuande folk som stødt hev halde seg her.  Det må heller ha vare farande folk på ferd etter leidi, folk som fann seg nattelega her i hamnen, der det var lett å landa og ein logn stad for måltid og kvild under hellaren.  Alt frå sogetidi veit me at ferdafolk i leidi vanleg lagde seg i hamn for natti og kokte maten sin uppe på land.  Soleis var det enno i manns minne her i Hordaland.  Ved langveges roing var ferdi skift i høvelege dagsferder, og ein hadde då altid dei same kjende stader for nattelegorne.  Soleis hev det vore ved Hildershamn.  Alt frå Folkevandringstidi hev farty på ferd langs strenderne vanleg teke nattelega her i hamnen, og folki hev halde til under hellaren med koking og matstell.  Det er eit sermerkt livande trekk i vårt bilæte av kulturtilhøvi i den tidi.


Noko radt for seg sjølv og av eit heilt anna slag er eit funn frå ei liti hola eller hellar ved Økland på Strøno (fig. 58 – 59).

Hola ligg høgt upp i ein bratt ås med eit storfeld vidt utsyn mot sud og vest.  Dr. Koren-Wiberg gjorde ei prøvegraving då han vitja hola sumaren 1916, og seinare same året vart hola heilt utgravi for Bergens Museum.
Ved utgravingi vart funne leivder av ei menneskje-beingrind og nokre få bein av lam, dertil nokre fiskebein og skjel,

Av fornting fann ein ikkje anna enn ein kam av bein med tilhøyrande hylstra av beinplator (fig 60), og eit stykke av ein jarnspjotodd.  Her var ikkje kol eller leivder av bål, og heller ikkje noko slag kokekar eller avfall frå måltid.  Det var i det heile ikkje merke som tyda på at det nokon tid hadde budd folk i hola.  Dei nokre få beini av fugl og fisk kann like so snart ha vore ført dertil av dyr eller fugl.  Hola er ogso altfor liti til å tena som bustad, sjølv um det berre var for eit einskild menneskje.  Og likevel fann ein her beingrindi av ein mann og eit par bruksting, ein kam og eit spjot.
Kammen hev eit skap som syner at han skriv seg frå tidi ikring år 500 e. Kr.


Alle mannabeini som ein fann her hev høyrt til eit og det same menneskje, ein mann på 20-25 år, uvanleg stor og sterkvaksen.  Det er visst at denne mannen ikkje hev fenge ei skapleg og sømeleg gravleggjing etter skikken i dei tider.  Under vanlege tilhøve vart graverne lagt på innmarki nær gardane, kvar gard med sin krins av graver som det er nemnd fyrr.  
Soleis som beini vart funne her var det teikn som tyda på at mannen i det heile ikkje var gravlagd, men at han hev funne døden sin her i den vesle hola.

Botnen i hola var laus turr jord, blanda med mykje stein som var nedrasa frå taket, og millom desse var ogso ei mengd svere steinblokker.  Av beingrindi fann ein stykker av hovudskallen og fleire av dei øvste sidebeini under sovorne store steinar, men, som ein måtte merkja seg, fanns det ikkje noko frå lår eller hofter under steinane.  Me skynar det soleis at det berre var hovud og bryst som vart gjøymt under jordi og steinane, og at kroppen elles var udekt og difyr burtkomen no.

Heile funnet kann då tydast greidt nok.  Mannen hev lege i hola med hovudet fram mot opningi, då han miste livet ved eit jord- og steinras som losna over han.  Steinane er so store og svere at han tvillaust vart drepen med ein gong.  Kven han var fær me aldri vita, kannhenda ein mann på flukti, ein fredlaus, som ved eit høve ein gong (for ikring 1400 år sidan) søkte livd i hola for ei natt eller berre for ei stutt kvild på ferdi.  Han tykkjest ha vore av godt folk, med di han bar hjå seg ein liten vakker kam for å kjemba håret, nett ein slik kam som velstandsfolk i dei tider jamt fekk med seg i gravi.

Enno eit drag til upplysning um bygdelivet i forntidi bør nemnast.  Det er den rett vigtuge industri som vaks fram ved brot og tilverknad av kleberstein.  Radt frå utgamle tider hev klebersteinen havt mykje å segja i Norig.  I steinaldren vart han bruka til slagvåpn som klubbor, runde og kvasse, og i bronsealdren var han nytta til støypeformer.  Frå den eldste jarnalderen nokre hundradår fyrr Kristus byrja ein ogso å skjera grytor av kleberstein, og denne tilverknad heldt seg og auka på i tiderne deretter.  Den fyrrnemnde gryta frå Ulven syner ei av dei eldre formerne.  Serleg frå vikingtidi vart tilverknaden stor, grytor av kleberstein vart bruka alle stader i bygdeme, og vart attimillom ogso selde til utlandet.  Til dette kom ogso bruk av steinen til mange andre fyrernål, til kljåstein, sneldehjul, fiskesøkk og mykje anna.


Kleberstein finn ein mange stader i Os.  Han er sjeldan av besste slaget, men er likevel brukande, og fleire stader i bygdi hev klebersteinbroti vore drivne frå utgamall tid.  Ein snaud kilometer sudvest for Hatvik er eit gamalt brot, der ein skal sjå merke etter ei påbyrja gryta.  Elles vart steinen her bruka til notsøkk. 
Ved Vargavågen på Ferstad er ei hola, Varghola.  Ho er i røyndi eit gamalt klebersteinbrot, som for lang tid sidan er nytta heilt ut.  Klebersteinen stend her linseforma innsprengd i skiferberget, og hev vore driven ut ovanfrå nedover i jamhøgd med strandi inntil steinen tok ende.  Frå dette brotet er vel ogso komne dei fire klebersteingrytorne som vart funne på Ferstad i 1881.
Dei tvo var berre i brotstykke, og ingi av dei vart heilt ferduglaga.  Her hev me kannhenda eit merke etter arbeidstaden der grytor av kleberstein frå Varghola vart tilverka.

Søfteland råka ein under jordbryting i 1899, då planteskulen vart tilskipa, på ein sikker arbeidstad for tilverknad av kleberstein.  Her vart funne mange stykker av misslukka arbeider og uferduge grytor av kleberstein, kljåstein, runde klebersteinskivor med hol i midten, bitar av tunne rifla kleberhellor, sume tilskorne som emne og andre ikkje tilemna, eit langbryne av hard skifer og ymse annan stein.
Steinemnet er etter det professor Kolderup hev funne ut ikkje teke langveges frå, men henta i nærleiken av arbeidstaden. Som ved alle klebersteinbrot i dette stroket er det urein og skiferblanda stein, og det er ogso skuld i dei mange misslukka arbeid.  Tilverknaden hev vel for det meste vore driven i den kristne millomaldren, men hev kannhenda byrja alt i vikingtidi.
Då kristendomen kom til landet vart det meire og nytt bruk for kleberstein, til kyrkjebygnad og utstyr i kyrkjehus.
Dette kann me millom anna ogso sjå ved den gamle døypefonten i Os kyrkja og i klostermurane på Lyse.