Snøgg Vedtekter for Vernelaget
Vedtekter for Vernelaget for MB SNØGG
Vedtatt på stiftingsmøte på Os Folkebibliotek 25.04.2024
Vedtekter
§ 1 Føremål.
V MB S skal:
- Eige det verna fartøyet MB Snøgg.
- Rehabilitera, drifta og halda ved like MB Snøgg etter antikvariske retningsliner.
- Gjera historia om redningsaksjonen av det Kanadiske flymannskapet i 1944 kjent
§ 2 Medlemskap.
- Medlem kan kvar den verta som er samd i føremålsparagrafen, og som betalar dei årspengane som årsmøtet har fastsett.
- Utmelding av laget må gjerast skriftleg.
§ 3 Leiing.
Laget sitt øvste styringsorgan er årsmøtet. Det vel styret og dreg opp retningslinene for arbeidet. Styret har leiinga for laget gjennom året.
§ 4 Årsmøtet.
- Årsmøtet skal haldast før utgangen av april, og det skal kallast inn med minst 14 dagars varsel.
- Alle frammøtte medlemer har røysterett.
- Saklista skal alltid innehalda
- Godkjenning av innkallinga
- Val av ordstyrar, referent og 2 til å underteikna protokoll
- Årsmelding
- Rekneskap
- Val
- Fastsetjing av årspengar
- Andre saker
- “Innkomne saker” (7) skal liggja føre skriftleg hos styret minst 14 dagar føre årsmøtet, ellers kan årsmøtet avvisa saka.
- Årsmøtet skal velja leiar, styremedlemer, valnemnd og revisor.
- Dersom det skulle vera trong for det, kan årsmøtet setja ned undergrupper(organ) for ulike gjeremål.
§ 5 Styret.
- Styret skal ha 7 medlemer med leiaren.
- Leiaren skal veljast kvart år.
- Styremedlemene skal veljast for to år , slik at tre av dei er på val det eine året, og dei andre tre året etter. Skulle ein av dei verta vald til leiar det året han/ho ikkje er på val, skal han/ho som overtek som styremedlem, verta vald for eitt år. Det same gjeld dersom ein styremedlem skulle falla frå.
- Leiaren kallar inn styret når han meiner det er naudsynt, eller når minst tre av styremedlemene krev det.
- Styret konstituerer seg sjølv og peikar ut nestleiar, kasserar og skrivar.
- Styret kan gjere vedtak når minst fire av medlemene er til stades.
- Styret kan peika ut ei nemnd til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.
§ 6 Valnemnd.
Årsmøtet vel etter framlegg frå styret ei valnemnd på tre personar, såleis at ein står på val kvart år. Styret peikar ut leiaren.
§ 7 Revisjon.
Årsmøtet vel kvart år ein revisor.
§ 8 Endring av vedtektene.
Endringar av desse vedtektene krev 2/3 fleirtal på eit lovleg innkalla årsmøte, og framlegg til endringar må vera kunngjorde minst 14 dagar på førehand.
§ 9 Oppløysing
Laget kan ikkje løysast opp utan at det vert vedteke med 2/3 fleirtal på to årsmøte etter einannan. Framlegg om det må vera kunngjort minst ein månad før årsmøtet. Skulle laget verta oppløyst, skal eiga stå til rådvelde for eit nytt «vernelag» . Hender ikkje det, skal eiga gå til Os Sogelag, som brukar midlane i samsvar med § 1 i vedtektene.
Denne paragrafen kan ikkje endrast.
Vedtektene vart vedtekne på stiftingsmøte 25.04.2024
Medlemmer
Av de frammøtte har 17 personer inklusive styret tegnet seg på som medlemmer i vernelaget.