KYRKJA, PRESTAR OG KLOKKAR

Frå OS SOGA 1 side 381 – 445

KYRKJA, PREST OG KLOKKAR.

KYRKJA.

Kva tid den fyrste kyrkja i Osbygdi vart reist er noko uvisst.  Me hev ikkje noko slag vitnemål um tidi, men fleire ting tyder på at det kann vera ikring 1050.

Dei fyrste kyrkjor i landet vart bygde i Olav Trygveson si styringstid år 995-1000.  Men det var ikkje mange.  I Olav Hereldson si tid vart bygd noko fleire, men fyrst etter hans død i 1030 var det at kristendomen skaut vokster, og at folket verkeleg fekk syn for kristen tru og kristen kyrkja,

Busetnaden i Os var etter måten stor i dei tiderne.  Storparten av dei »gamle gardane« i Osbygdi var då rydja og bygde.  Ein hev difyr all grunn til å tru at Osbygdi, som låg so lagleg til og hadde so stor busetnad, ikkje var av dei sisste bygder som fekk seg kyrkja men heller var ei av dei fyrste.

Me hev enno eit par ting att frå den fyrste kyrkja i Os, soleis altartavla og døypefonten, som me seinare skal nemna meire um.  Kunnige folk hev funne ut at døypefonten kann vera frå tidi ikring 1050, eller litt seinare.

Kyrkja er sjølvsagt like gamall eller gjerne noko eldre enn den døypefonten som stod i henne, og me kann soleis tru at den fyrste kyrkja i Os ikkje er bygd seinare enn 1050.
Den gamle kyrkja var tvillaust ei trekyrkja.  Hadde ho vore bygd av stein soleis som mange av dei eldste kyrkjorne var, so hadde me kannhenda enno havt leivder av henne, Kyrkja stod truleg på den same staden der Oskyrkja no stend.  Segni segjer at den eldste kyrkja stod på Moberg, men ein kann ikkje finna nokon grunn for denne segni. Tvertimot tyder alt på at kyrkja alle dagar hev stade på Os.  Alt den eldste kyrkja fekk namnet Os kyrkja, og då soknenamnet i dei tider ikkje var Os men Fremnes, so kunde ikkje kyrkjenamnet koma av bygdi, men det kom sjølvsagt av garden der kyrkja stod.  Og garden hadde då som no det eldgamle namnet Os.

Um storleiken og skapet på den eldste Oskyrkja veit me diverre ikkje noko.  Det er ting som tyder på at storleiken var mykje den same som på «gamlekyrkja« i Os, (som me seinare skal nemna meire um) men noko visst veit me ikkje um dette.

Me veit heller ikkje mykje om kva ting som fanns i den eldste kyrkja.  Av upphavelege ting kjenner me berre døypefonten.  Ved eit heppeleg høve kom det for nokre år sidan fram ei lista over dei ting som i 1306 fanns i Hålandsdelen kyrkja.   Dette er den eldste inventar lista i landet.  Då ein kan tru at det ikkje var stor skilnad på det som var i Oskyrkja og det som fanns i Hålandsdalkyrkja på den tid tek me den nemnde inventarlista med her.
Ho lyder so i heilom:

Anno domini MCCC sexto a fyrsta are virðuligs herra biskups herra Arna var ϸetta goz ok skrud kirkiunnar j Halande j Rossadale In primis æin messo serkr með pellz
hokli ok ollum bunade Item annare með pellz hokli Item priðia med kamaloz hokli Item æitt antependium með tuæim stæinklædum Itern æitt hanklæði Item priar blægior ok er æin með bunade Item allar koren tialdat með ræflum ok vndir tioldum Item oll forkirkian tialdat með dukum ok vndir tioldum Item eit merki af silki Itern tuær klokor j stoplinum Item tuær handklokor Item æit æld kær Item æin vassketill Item tuæir tinamplar Item æit
ϸælog ok æit græf Item æin kalikkr giltr innan með knapp er stendr ærtog fatt j atta auræ Item æin corporale með husi pessar skriptir tuæir træ krossær Item æin Mari skript Item æin kærtis stafr af kopar Item æin kross stor cum  Maria et Johanne með sex si1fr spongum priar flrir huærn arm ok æin silfr sylgia.  Item æin Josalæ kross Item tuau biarnskin huit ok onnur tuau suort ϸessar bækr æin messo bok de tempore et de sanctis per annum Item ϸessæ legenda per annum Item æit aspiciens de tempore et de sanctis per annum Item æin psaltare forn Item æin ymno bok litil Item æin litil psaltare Item gott commune suffragium Item æin hand bok.

På nynorsk vert det i stuttmål soleis:

Det Herrens år 1306, i vyrdleg herre bisp Arne sitt fyrste år, var dette kyrkja sitt gods og skrud i Håland i Rossadal:
Ein messeserk med pell (fint ty) hagl og alt utstyr.
Ein annan sovoren med pell hagl. Ein tridje sovoren med kamalot (fransk ty) hagl.
Eit antependium (alterklæde) med tvo steinklæde.
Eit handklæde. Tri alterdukar, av desse ein med prydnad.
Heile koret tjelda med vevnad og undertjeld.
Heile forkyrkja tjelda med dukar og undertjeld.
Ei silkefana.
Tvo kyrkjeklokkor i støpulen.
Tvo handklokkor. Eit eldkjerald. Ein vatskjel. Tvo tinnstakar.
Ei tæleøks og eit grev.
Ein kalk gyllt innvendes med knapp, verd otte øyre minder ein ørtug.
Eit korporale (linklæde um alterbrødet) med hus.
Desse bilæti: Tvo trekrossar, eit Mariabilæte.
Ein ljosestake av kopar.
Eit stort kross (krusifiks) med Maria og Johannes med seks sylvplator, tri
på kvar arm, og ei sylv-sylgja.
Eit Jorsal (krossfarar) kross.
Tvo kvite bjørneskinn og tvo svarte.
Desse bøkerne:
Ei messebok for dei heilage tider og dagar i året. Ei lesebok for året.
Eit »aspiciens« for dei heilage tider i året.
Ein gamall psaltar. Ei liti hymnebok. Ein liten psaltar.
Eit godt »commune suffragium«, Ei handbok.


Den fyrste kyrkja i Os stod til ikring 1600. Etter segni og soga um kyrkjorne på Vestlandet vart ho då rivi og ei ny trekyrkja vart uppsett.  Men dette er likevel ikkje visst.  Det kann ogso tenkjast at den gamle kyrkja ikkje vart øydelagt men berre vølt og utbetra.  Det heiter i eit gamallt dokument at i 1608 vart  »skibet, koret og tårnet opskruet og en dygtig stenmur omkring underlagt«, og dette tyder på at det hev vore ei eldre kyrkja som då vart vølt.  Elles er det mykje truleg at den gamle kyrkja som var av tre kunde vera utsliti og uttent når ho var 500 år gamalI, og at ei heil ny kyrkja då vart bygd istaden.  Men det måtte truleg vera gjort ei tid fyrr 1600, kannhenda nærmare år 1500, og då kunde det vera den nye kyrkja somtrong og fekk ei sovori storvøling i 1608 som nemd.

Den nye kyrkja var timbre.  Dei 6 tumar tjukke veggjerne var heile timberstokkar som var øksa noko flate på båe sidor.  Veggstokkane var hyva og hadde ikkje dublingar.  Skipet var 26 alner og koret 12 alner langt.  Heile skipet var ikkje jambreidt.  Den atterste luten under tårnet hadde ei breidd av 14 alner medan midtluten var 18 alner.  Koret var 12 alner i breidd.  Ved inngangen under tårnet var som vanlegt bygt til eit våpnhus, 4 alner langt og 8 alner breidt.  Frå fyrst av hadde kyrkja ikkje bordklædnad utvendes, men seinare vart ho klædd med tjørebrædde bord som var øksa til av kløyvde stakkar.
Taket var av tjukke breide bord som vart lagde som vanlegt sutak.  Bordi var hoggde soleis til at dei vart tjukke i kvar ende, og når tvo endar vart sett i saman stod skøyten upp som ein kjøl.  Skøyten tok soleis ikkje inn vatn.
Heile taket var tjørebrædd.  I 1674 vart det lagt pannetak på det gamle bordtaket, og det gjekk 6500 pannor til arbeidet.

Tårnet på kyrkja var lågt og lite.  I 1712 vart det gamle tårnet rive, og eit nytt og høgare tårn vart uppsett.  Det var inne og ute klædd med tjørebrædde bord i fleire lag.  I tårnet hang tvo kvrkjeklokkor som båe var flutt frå den eldste kyrkja.  Den eine klokka som enno er i bruk i Oskyrkja er frå tidi ikring 1400, og er innvigd til Petrus og Johannes.  

Ringjaren som skulde ringja med klokkorne stod på kyrkjegolvet og trekte i toget som rokk frå klokkorne heilt ned i kyrkja.

Kyrkja fekk seg ogso eit tårn ur, likeins som det no er i dei store bykyrkjorne.  I 1700 gav nemleg presten Germann eit jarn »seierverk«, som sovorne klokkor jamt vart kalla, til Os kyrkja.  Um uret stod lenge i tårnet veit me ikkje.  Truleg kom det snart i ulag og vart teke burt.

Inngangen til kyrkja var under tårnet i vestre gavl likeeins som no.  Ein kom fyrst inn i våpnhuset der kyrkjefolket etter garnall skikk sette våpni frå seg, og sidan gjenom ei breid men låg dør inn i sjølve kyrkja.  Det var stolar (benkjer) for kyrkjelyden ikring heile kyrkja solangt romet rokk, både i skipet og i koret.  Jamvel attanfyre altaret var stolar.  Det var dører for inngangen til kvar stol, og kvar gard hadde sin visse kyrkjestol som berre gardsfolket hadde rett til å bruka.  (I den eldste kyrkja var stolane til fritt bruk).  Langs stolerekkjorne på båe sidor av midtgangen låg ein tjukk stokk som tente til sess åt lesarborni som skulde »stå på golvet« og til sæte for kyrkjefolk elles.
Nedst i kyrkja, attmed inngangsdøri, stod døypefonten.  Det var ei stor firkanta steinblokk med uthola rund skål i øvste luten, og pryda på sidorne og i hyrni med ymse slag figurar uthoggde i steinen.  Millom dei uthoggde bilæti kann ein finna ein bisp, ei kvinna og tvo menn, ei løva som gjer åtak på den eine mannen, og ein medaljong med den krossfesta Kristus.  Nede på foten av steinblokki er innhoggd ei lang rekkja av ureine dyr, ormar, paddor o. l.
Døypefonten var flutt over frå den eldste kyrkja.  Som nemnd reknar kunnige granskarar han for å vera frå tidi ikring 1050, og er soleisein av dei allereldste kyrkjelege ting som no finns i Norig.  Døypefonten stend no på Bergens Museum og er ein av dei mest sermerkte ting frå den fyrste kristentidi i landet vårt.
Korgolvet låg eit par stig høgare enn golvet i skipet.  Eit traleverk skilde millom skipet og koret.  Preikesiolen stod likeins som han no stend i Oskyrkja.  Han vart laga ny i 1684, og ljodhimlen over stolen, som truleg ogso er frå same tid eller noko seinare, er enno i Oskyrkja over preikestolen.  Attmed preikestolen sat kvrkjebotsmennerne (medhjelparane) og frarnanfyre dei sat klokkeren.  På hi sida av koret var prestestolen som ogso tente til sakristi.  Stolen stod noko høgt og var heilt innklædd med traleverk, so at kyrkjelyden ikkje kunde sjå presten inne i stolen.
Presten kunde derimot sjå ut over heile kyrkja gjenom traleverket.
Altaret var svert lite med ein firkanta altarring.  Golvet var i same høgd som korgolvet elles.  Altartavla var likeins som døypefonten flutt over frå den eldste kyrkja, og kunnige menn finn henne å vera sers merkeleg.  Ho heng no i Oskyrkja over den nordre inngangsdøri.  Figurane er utskorne.  I midten er krossfestingi, med Maria, Johannes og 3 heilage kvinnor på den eine sida, og på den andre sida ein jødisk rabbin, ein høvedsmann og tvo soldatar.  Utanum på sidorne stend fire heilage menn og kvinnor, nedst Paulus og Petrus og øvst heilag Katarina og heilag Barbara.
Granskarar finn at tavla må vera frå tidi ikring 1450.  Dei fleste altartavlor frå den tidi er arbeidde i Tyskland, men tavla i Oskyrkja er so ulik desse i mange måtar at ein gissar på at ho er laga i Flandern. 

I 1719 gav sokneprest Garmann og kone ei ny råme til altartavla.  Råma er pryda med blomefigurar og 4 englefigurar, og gjevarane sine namnebokstavar og årstalet 1719 er sett på råma.  På råma er ogso bilætet av ein bondemann som ein finn avbilda ein annan stad her i boki.


Veggjerne innvendes i kyrkja var oljemåla og pryda med ymse slag figurar.  I koret var det serleg menneskjefigurar, englar, apostlar o. a. i naturleg mannastorleik, men i skipet var det ogso blomefigurar, rundingar, bogar og dekorasjonar av ymse slag.  Vindaugo var låge med små glasrutor innsette i bly.
På kvar sida av midtgangen stod ein prosessjonsstav frå katolsketidi.  Stavane hadde som vanleg ein menneskje-figur på toppen.  Dei var brukte på »gangdegene«, dei fire dagane frå måndagen i helgetorsdagsvika, då heile kyrkjelyden kvar ettermiddag gjekk i fylgje rundt kyrkja med bøn um godt år.
Ljosekrune var av messing med duble armar.  Ho var gjevi til kyrkja av Annanias Wrangell Molda som døydde i 1716.  På altaret stod 6 ljosestakar av messing og eit stort vinkrus av stein.  Altarkalken (ein sylvkalk) var svert liten, og då kalken i Samnangerkyrkja var stolen so vart kalken i Os gjeven til Samnangerkyrkja.  Ny altarkalk vart kjøpt til Oskyrkja i 1680.  

Hjå presten Legenger og nokre bygdefolk fekk kyrkja ny altardisk i 1723, og ein dreiels altarduk var gjeven av prestefrua Mergrete Garmann nokre år tidlegare.  Messehaglen som var frå tidi ikring 1600 var av brun damask med ei raud bord og eit breidt band langsetter.  I 1700 eller 1701 fekk kyrkja hjå Jakob Widding på Lysekloster ein ny messehagl som enno er i bruk. På messehaglen stend årstalet 1719, men messehaglen vart gjeven til kyrkja av Jakob Widding fyrr han døydde i 1702.

Kyrkjegarden låg ikring kyrkja.  Sers vyrde menn og kvinnor, prestar, offiserar o. 1. vart gravlagde under sjølve kyrkjegolvet.  Ein klokkar vart gravlagd under våpnhuset i kyrkja.  På graverne åt vanlege folk vart ikkje sett noko merke.  Berre på nokre få graver vart sett ei steinhella.  Det største minnesmerke på kyrkjegarden vart gepestokken, der dei som hadde gjort heilagbrot eller synt ulydnad mot dei kyrkjelege styremagter vart sette um sundagane.  Gapestokken stod nær ved hovudinngangen til kyrkja, tildess han kom burt ikring 1800.

Etter utbetringi av tårnet og den andre vølingi i 1712 var kyrkja i god stand.  I 1714 søkte presten Garmann um at han måtte få byggja eit likhus for seg og huslvden sin attåt kyrkjekoret på nordre sida, avdi han ikkje fann kyrkjegarden god nok til gravstad då grunnen var våt.  For dette baud han seg til å gjeva 4 kjyr til kyrkja, og attåt so mange pannesteinar som kyrkja »i langsommelig tid kan behøve«.  På dette vilkår fekk han ogso løyve til å byggja likhus, som vart uppsett same året.

Då det kan vera av interesse å sjå kva som var i den gamle kyrkja skal me ogso taka med ei lista over dette.
Etter kyrkjerekneskapet for 1714 som var avlagt av kyrkjeverjorne Kristen Sørstrøno og Mikkjel Nordstrøno hadde kyrkja då (me tek lista ordrett):

»1 forgyldt sølvkalk og disk, veier 35 lod.
1 messingstage til voksljus.
1 messehagel af rødt damask.
1 nye rød fløyels med guld broderet crusifix og omkantet med gullen messehagel foræret af Sig.r Jacob Widing.
1 messeskjorte,
1 nye do. foræret af deres velærv. Prousten (Garmann).
1 gml. dreiels alterdug,
1 gml, rødt alterklæde med silkefrøndser om.
1 viinkrus af steen.
1 glasflaske.
1 alterbog og 1 kirke ritual in quarto.
1 nye gradual in folio.
1 gml. do.
1 psalmebog.
1 Chris. 4res bibel in 8vo hos prousten.
1 gml, alterbog in 8vo.  
1 lysekrone af messing med dobbelte arme.
2 gml. messingstager.
2 klokker.
1 thiere kædel på 1 ½ tønde.
1 løgte.
3 stiger.
4 hampeliner, 24 og 16 favne Iang.»

Dertil åtte kyrkja 34 kjyr, 2 sauer og 8 gjeiter som ho hadde ute i bygdi på leiga.  Av kjyrne hadde kyrkja Fenge 5 det sisste året, 4 kjyr hjå presten avdi han som nemnd fekk bygja likhus åt seg og 1 ku hjå Kari Lekven.  Kyrkjebeisti var spreidde ikring heile bygdi, og dei som leigde dei betalte 1 ort for ei ku, 6 skjeling for ei gjeit og 2 skjeling for ein sau i årsleiga.  Når kjyrne vart gamle og uttente so betalte kyrkja ein dalar til leigaren for at han skulde »yngja uppatt«, d. v. s ala ein av sine eigne kalvar fram til kyrkjeku att.

Prosessjonsstav frå gamlekyrkja

Kyrkjorne hadde frå gamall tid vore bygdi og bygdefolket sin eigedom.  I 1720 åri tok likevel danskekongen Fredrik IV som var i ei syrgjeleg pengeknipa utan vidare kyrkjorne og kyrkjeeigedomane til seg og sette dei til auksjon.  Pengane gjekk i kongen sin tome kasse.  Presten Nils Legenger i Os kjøpte Oskyrkja, og Legangerætti åtte kyrkja til 1794 då ho vart seld til Trond lngebrigison Samland i Jondal.  
I 1834 kjøpte godseigar Formann på Lysekloster kyrkja og han åtte henne til dess ho i 1859 atter kom i bygdi si eiga. – Me skal nemna meire um dette seinare.

I 1781 vart halde ettersyn av kyrkjorne.  Oskyrkja som hadde vore i god stand sidan vølingi i 1712 tok no til å få ymse skavankar både ute og inne.  Vinteren 1795 bles stormen tårnet so på skeive at det ville falla ned og det måtte ei storvøling til på tårnet. Elles stellte Legangerfolki godt med kyrkja medan dei åtte henne.  Det vart verre seinare då kyrkjeeigaren var busett i Jondal og han soleis sjeldan hadde høve til å sjå til kyrkja.

Folketalet auka i bygdi og kyrkja vart trong.  Um sundagane var kyrkja, og koret med, fullsett av folk, ja enndå til altaret vart teke i bruk til sess og sæte av kyrkjefolket.  Då kyrkja berre hadde ei inngangsdør var det ei sver folketrengsla ved døri når kyrkjelyden skulde inn og ut.
I 1822 søkte bygdefolket um at kyrkja måtte vølast på ymse måtar, m. a. ogso um at det måtte lagast ei inngangsdør i koret og byggjast »pulpitur«, d. v. s. lem i kyrkja.  Det hadde ikkje fyrr vore kyrkjelem.  Husmennerne i bygdi og dei ugifte gutar og gjentor som fyrr hadde halde til i koret skulde då få sitt rom på lemen.  Kyrkjelemen skulde byggjast langs nordre langsida, på kvinnfolksida eller som det vart skrive i søknaden »over fruentimmerstolene«.
Det vart halde ettersyn av kyrkja, og noko av dei påtenkte arbeid vart ogso gjort i åri frå 1823 og frametter.
Kordøri vart utvida so at alle som sat i kyrkja kunde sjå og høyra presten når han stod for altaret, og døypefonten vart flutt frå inngangsdøri og sett i koret framanfyre prestestolen.  Langt um lenge vart det ogso laga inngang til koret gjenom likhuset på nordre sida og sett inngangsdør i korveggjen.  Derimot vart det ikkje noko av kyrkjelemen.  Då ein ikkje kunde leggja det på kyrkjeeigaren å syta for ny lem og nye dører som ikkje hadde vore fyrr so måtte bygdefolket sjølv greida med det, og når dei sjølv skulde taka kostnaden so minka interessa både for lemen og døri.  Fyrst i 1832 kom inngangsdøri i koret, men kyrkjelemen kom ikkje og kyrkja vart som fyrr utan »pulpitur«.


Det vart soleis ikkje betre rom i kyrkja enn det hadde vore, og umframt folkeauken kom det ogso jamt andre ting til som gjorde det enndå verre enn fyrr.  
I 1823 krov soleis kaptein Bætzmenn som hadde busett seg på Kuven at han vilde ha ein serskild stormannsstol i kyrkjekoret.  Prost og prest gjekk med på dette og det vart laga ein serskild stol åt han.  Men for å finna rom åt kapteinstolen måtte kyrkjefolket frå Moberg, Haugland og Røttingjo, som fyrr hadde sine sessar i koret, burt derifrå og finna seg plassar nede i kyrkja, der det var meir enn trangt nok fyrr.  
Umframt at kyrkja var for liti tok ho ogso til å verta skral i mange andre måtar.  Bygdi krov difyr av godseigar Formann, som i 1834 var vorten eigar av kyrkja, at han straks måtte vøla og utvida kyrkja eller so burde han gjeva henne til bygdi.  Formann gav ikkje svar, og enndå formannskapet i 1840 åri sende fleire skriv til han um saki so let han ikkje høyra eit ord frå seg um dette.
Men um Formann ikkje gav noko greida på kva han vilde gjera med Oskyrkja so gjorde han likevel eit framlegg i kyrkjesaki.  Han gav tilbod um å gjeva Lyseklosterkyrkia til bygdi.  Formannskapet sagde nei takk, dei vilde ikkje ha klosterkyrkja men tok upp att kravet um at Oskyrkja måtte vølast og utvidast.  Formann svara framleis ikkje på det, men tok upp att sitt tilbod um klosterkyrkja.  Han gjorde ogso framlegg um at Ossokni skulde skiftast i tvo, og at klosterkyrkja skulde flyttast ned til Sjøbøen og verta soknekyrkja for Lysefjorden og Nordøyane.  Formannskapet gjekk heller ikkje med på det.  Sjølv um Lysefjorden og Nordøyane gjekk frå so vart Oskyrkja likevel for liti åt den parten som vart att av sokni, og dertil var kyrkja no so skral at ho i røyndi var lite brukande.  Formannskapet heldt fast på kravet um vøling og utviding.
Formann gav framleis ikkje noko svar på bygdekravet, men heldt på framlegget sitt um Lyseklosterkyrkja.  Etter at saki i fleire år hadde gjenge att og fram sende formannskapet i 1854 eit sovore tilbod til Formann:

Bygdi er viljug å taka Oskyrkja i den stand ho er og skal sjølv kosta vølingi, soframt Formann vil gjeva henne fritt til bygdi med dei gardar og skogteigar som høyrer til.
Fyrst i 1857, umlag 20 år etter at dei fyrste spurnader var sende, gav Formann sitt fyrste svar:
Han vilde ikkje vøla kyrkja men var viljug å selja henne til bygdi for 1500 daler.
– Formannskapet vilde ikkje gjeva dette, men gjorde vedtak um å taka kyrkja etter takst.


Året etter vart det halde skyn, og ved overskyn den 5. juli 1858 vart avgjort at Ossokni skulde få kyrkja kvitt og fritt utan godtgjerdsla, og Formann skulde attåt betala 75 daler og 94 skjeling til sokni for takstutlogorne.  Enno gjekk det ei tid med skriving att og fram, men i 1859 vart endeleg Osbygdi atter eiger av kyrkja si.
Heradstyret tok straks til med å fyrebu reising av ei ny kyrkja, då dei fann det lite tenleg å kosta noko storvøling av den gamle som var for liti.  Alt i 1858, straks taksten var halden over kyrkja, vart det vedteke å likna ut eit større kyrkjebudsjett, og det vart sytt for teikningar til ny kyrkja.  Kven som laga desse teikningane er noko uvisst.  Dei vart ikkje godkjende av departementet, og heradet tinga so ny teikning til kyrkja hjå den kjende kyrkjebyggjaren Øfsthus.  Men denne tekningi kom ikkje, og det vart so for tridje gang tinga kyrkjeteikning og no hjå den narnngjetne arkitekten Chrisiie i Oslo.
Arkitekt Christie hadde kyrkjeteikningi ferdug hausten 1866, og det vart då vald ei nemnd på 3 mann, presten Greve, Torbjøn S. Lyssend og Ola J. Eide, til å fyrebu kyrkjebyggjingi.  Nemndi var ikkje heilt nøgd med planen for kyrkja og krov ymse brigde i teikningane, men arkitekt Christie vilde ikkje gjera noko slag brigde.  Heradstyret var samd med nemndi og arkitekten krov då teikningane sine attende.  Det vart ein kvass strid millom heradstyret og arkitekten um dei 60 daler som han skulde ha for teikningane, men enden vart at arkitekten fekk både pengane og teikningane sine.
Heradstyret vende seg so til byggmeister Ole Vangberg etter teikningar som ogso vart gjevne. Dei vart godkjende av heradstyret og departementet, og 13. juli 1869 vart uppsett konkrakt med Vangberg um byggjing av ny kyrkja for 6750 daler.  For umframtarbeid fekk han 13 daler.  Ola Sjurson Heglend fekk 132 daler for å greida med grunnmuren.  Den nye kyrkja vart sett på sørsida av den gamle, soleis at gamlekyrkja ikkje trong rivast fyrr nyekyrkja var ferdug og kunde takast i bruk.
Som nemnd hadde heradstyret radt frå 1858 sett upp eit serskilt kyrkjebudsjett, jamnast 1 daler um året for kvar skylddaler, til byggjing av ny kyrkja.  Då arbeidet tok til i 1869 hadde kyrkjekassen 4098 daler til bygnaden og umlag 400 daler vart utlikna det året.  For å greida restkostnaden vart uppteke eit lån på 2000 daler.
Straks etter at heradstyret hadde gjort vedtak um nybyggjing kom det uppmoding frå Bergens Museum um, at det måtte få den gamle sermerkte altartavla når den nye kyrkja var ferdug.  Heradstyret lova det, men då gamlekyrkja vart rivi fann heradstyret likevel at altartavla ikkje burde sendast or bygdi.  Ho vart då hengd attanfyre altaret i nyekyrkja, der ho hang til 1903, då dei som måla kyrkja innvendes utan vidare tok tavla fram or gjøymsla og hengde henne på veggjen der ho no er.

Av det som elles var i gamlekyrkja fekk Bergens Museum døypefonten, prosessjonsstavene og den eldste messeheglen.  Ogso nokre glasrutor med ymse innskrifter kom til museet.  Den største kyrkjeklokka, messeheglen fra 1719, kalken, disken og ljodhimlen over preikestolen vart tekne i bruk i den nye kyrkja.  Preikestolen vart laga til kateter i Os skulehus.  Den minste kyrkieklokke vart i 1884 seld til messingstøyparen Mikkjel Heldal for 64 kroner. Gamlekyrkja vart so rivi og materialane seld på auksjon.  Brørne Nils Kuven og Ola Hjelle kjøpte mykje av trevyrket og ein kann enno finna noko av det i husi på Kuven og Hjelle.
I 1870 var den nye kyrkja ferdug, og den 23. august 1870 vart ho innvigd av bisp Birkeland som vigde so mange nye kyrkjor i si tid.  Kyrkja er bygd i den same stil som dei fleste kyrkjor frå den tid med stor hall og høgt tårn.  Skipet og 21.10 m. langt og 14.10 m. breidt, koret 8.20 og 7.70 m.
Kyrkja var rekna til å ha 795 sitjeplassar, og er soleis den næststørste i Hordaland, men orgelet hev sidan teke noko av romet.  Over kordøri er ein kopi av Torvaldsens namngjetne Kristusbilæte.  Det store bilæte på altartavla er truleg måla av J. Losting, og under dette er ein kopi av Leonardo da Vinci sitt verdskjende bilæte »Nadverden«.
Kyrkja som fyrr berre var stroken med limfarge vart i 1903 oljemåla, og i 1927-29 vart ho måla på nytt innvendes etter fargeplan av arkitekt Landmark.  I 1897 fekk kyrkja omnar til uppvarrning og i 1901 kom det ogso orgel i kyrkja.  Seinare hev kyrkja ogso fenge elektrisk ljos.
Den gamle kyrkjegerden var liten.  Han var truleg utvida noko ikring 1800, men alt i 1822 var han vorten for trang att og vart utvida.  Presten Jersin gav då fri grunn av prestegarden til utvidingi.  Folketalet vaks i bygdi og ikring 1840 kom det atter krav um utviding.  Spursmålet var fleire gonger til dryfting av heradstyret men saki vart kvar gong utsett.  Fyrst i 1860 vart det gjort vedtak um utviding av kyrkjegarden.  Det vart kjøpt grunn til utvidingi på søre sida av kyrkja, mot Osøyri.  Vegen frå Osøyri til hovudvegen gjekk då på vestsida av kyrkja, men heradet kjøpte no ogso noko grunn på austsida og lagde vegen der han no gjeng.  Utfyllingi på den utvida kyrkjegarden vart påbyrgja i 1862, og både dette arbeid og vegarbeidet vart utført av bygdefolket som pligtarbeid med Torbjørn S. Lyssend som uppsynsmann.  Steingjerdet ikring kyrkjegarden vart sett upp av Ola J. Bø. Det heile var ferdugt i 1866.


Det vara ikkje lenge fyrr kyrkjegarden vart for liten att.  Den nye kyrkja som var ferdug i 1870 tok mykje større rom enn gamlekyrkja, og mykje av grunnen som ein vann ved utvidingi gjekk med til ny kyrkjetuft.  Alt i 1880 vedtok heradstyret, etter framlegg frå presten Meyer, å kjøpa eit stykke av »Giskervollen» til ny kyrkjegard. Jordstykket som låg umlag 40 m. ovanfyre den gamle kyrkjegarden vart kjøpt for kr. 433.50.  Ola Sjurson Heglend tok for 250 kroner på seg å jamna ut kyrkjegarden og setja steingjerde ikring, og i 1884 vart den nye kyrkjegarden teken i bruk.
Samstundes vart det vedteke å tilsetja fast »kulegravar.«  Fyrr hadde kvart likfylgje sjølv havt på seg å kasta gravi upp og til, men dette skapte etterkvart missnøgje hjå mange.  Likfylgji si graving vart ogso gjort på so mange og ulike måtar at heradstyret fann det turvande å setja ein mann til å gjra arbeidet.  Tomas Olson Orrebakken vart tilsett som gravar og han hadde yrket i meir enn 20 år, til sonen Karl Orrebakken bytte med han.  Seinare hev Beriel Lund og Jonas Moberg havt yrket ei tid kvar, men då den sisstnemnde døydde i 1928 vart Karl Orrebakken atter gravar.

Ved århundradskiftet var storparten av den nye kyrkjegarden uppteken og ein måtte atter tenkja på utviding.  
Ei nemnd som i 1903 vart sett til å fyrebu saki gjorde framlegg um kjøp av »Kalhagen« til ny gravplass, og framleggget vart vedteke av heradstyret med 6 mot 5 røyster.  Saki vart teki uppatt, og det vart då med 6 mot 6 røyster vedteke at ein istadenfor å skipa ny gravplass skulde fylla 1 meter jord på den eldste kyrkjegarden ikring kyrkja og grava på nytt der. Saki kom upp att i heradstyret gang etter gang, med di ein part av heradstyret fann at ei sovori påfylling vilde skjemma ut ikring kyrkja.  Men vedtaket um påfylling vart diverre fasthalde og gjenomført i 1906.

Påfyllingi av den gamle kyrkegarden løyste ikkje kyrkjegardsspursmålet for framtidi, og i 1918 vanta det gravplass att.  Heradstyret vedtok då å kjøpa det umlag tvo mål store jordstykket som låg att imillom den gamle kyrkjegarden og den i 1880 åri skipa gravplass på Giskarvollen.
Stykket måtte påfyllast mykje jord for å verta tenleg til gravplass, og kostnaden med fyllingi var rekna til heile 20000 kroner.  Dette magta ein ikkje å gjera med ein gang og ein måtte difyr gjera gravplassen i stand noko etterkvart.  Fyrst no er den nye kyrkjegarden ferdug og alle tri gravplassar samla til ein stor og samanhengjande kyrkjegard.


Umframt kyrkja på Os kom det ogso tidleg ei kyrkja på Bø.  Denne finn me nemnd fyrste gong i 1288 som Bøjar kyrkie på Framnes, men ho er tvillaust mykje eldre.  Upphavet til Bøkyrkja veit me ikkje noko um, men truleg var det ei »høgjendeskyrkja« som ein stormann på Bø bygde på garden sin til bruk åt seg sjølv.  Kannhenda er det det gamle gudehovet på Bø som ved innføringi av kristendomen vart umskipa til kyrkja.

Ymse ting tyder på at Bøkyrkja ei tid var soknekyrkja for ein lut av Osbygdi.  Korleis sokni då var skift millom dei tvo kyrkjorne, Os og Bø, hev me liti greida på.  Det er i skriv frå dei tider nemnt Os og Framnes sokner, og sogegranskarane hev då tenkt seg at Bøkyrkja måtte vera soknekyrkja for Framnes sokn.  Men i eit skrift frå 1410 finn me at gardane Hovland, Haugland, Halhjem, Hauge og Klyve høyrde til Framnes kyrkja, og soframt denne kyrkja då var den same som Bøkyrkja so måtte sokni vera undarleg skift.

Det er vel like truleg at Bøkyrkja aldrig hev vore nokon retteleg soknekyrkja, og at Oskyrkja og Framneskyrkja hev vore ei og den same, likeins som bygdenarnnet Os og Framnes ogso hev vore brukt um einannan.  Den ting at den same mann var prest til båe kyrkjorne tyder ogso på at berre Oskyrkja var retteleg soknekyrkja.  I eldre tider var det skikk at kvar soknekyrkja hadde sin eigen prest.


Me hev soleis liti greida på Bøkyrkja si soga, som heller ikkje var lang.  Kyrkja stod ved lag i katolsketidi, men i 1544, nokre år etter reformasjonsinnføringi, vart det av lensherren på Bergenhus Kristoffer Hvitfeldt og bispen i Bergen Geble Pedersen vedteke at Bøkyrkja i Os og 3 kyrkjor i Sogn skulde rivast, og at alt det kyrkjorne åtte skulde gjevast til Korskyrkja i Bergen.  Kyrkja på Bø var då noko til nedfalls.  Ho vart likevel ikkje rivi so snart, og i 1574 kom det difyr kongebrev med nytt påbod um at Bøkyrkja måtte rivast og det snart.  Og no vart det gjort.  Kyrkja hadde då 2 kyrkjeklokkor, 2 kjelar, 9 kjyr som var ute på leiga, og ho åtte garden Haga på Revnestrandi.  Kyrkja si heile innkoma var berre tiend av 4 lauper smør. Materialane av kyrkja og alt det som kyrkja åtte vart gjeve til Korskyrkja i Bergen.

Grunnmurane etter kyrkja på Bø synte til fram i 1870 åri.  No er det ikkje noko att å sjå. Kyrkja stod nedanfyre det gamle Bøtunet under hallet som vender mot Lyssand, Eit minne um Bøkyrkja finnst enno i namnet Kyrkjedalen (Bødalen), det austre bruket på Bø.

Då det i 1146 vart skipa eit kloster på Lyse vart det i samband med dei andre klosterhusi ogso bygd ei klosterkyrkje.  Um denne syner ein til det som er nemnd under Lysekloster.

Då Lysekloster gods i 1663 vart kjøpt av Nils Hanssøn Smidt sette han upp ei kyrkja eller kapell på garden.  Denne kyrkja stend enno.  Som framanfyre nemnd vilde godseigar Formann i 1850 åri ha kyrkja flutt ned til Sjøbøen som soknekyrkja for ein lut av bygdi, men det vart ikkje noko av.
Kyrkja høyrer framleis til klostereigedomen og hev gudstenesta 2 ganger um året.
Lyseklosterkyrkja stend enno i same laget som då ho var bygd, og bunaden er ogso mykje den same.  Den utskorne preikestolen hev stade heile tidi, likeins kyrkjestolane og anna.

Altartavla er frå 1703.  Ho syner krossfestingi med Maria og Johannes ved sida.  På ein stett på kvar sida av tavla stend Maria med barnet og Johannes med kalken.  I kyrkja er fleire bilæte, m. a. av dei fire evangelistane, likeins av Johannes og Josef frå Arimatea ved liket åt Frelsaren, og over døri er bilæte av Kristus og Johannes døyparen som born.  Bilæti er frå den tid då kyrkja var bygd, og det same gjeld døypefonten og disken.  Kalken er frå 1694 og ljosestakane frå 1696.  Frå sistnemnde året er ogso ei almissetavla, ei av dei vænaste og den mest fråseggjorde tavla av det slaget i Hordaland, med eit bilæte av Lasarus på ryggstykket.  Lyseklosterkyrkja hev 102 sitjeplassar.

PRESTAR.

So snart det kom kyrkja i Osbygdi kom det ogso prest.  Då kyrkja vart sett på garden Os lyt me tru at denne garden samstundes vart teken til prestegard.  Ein kann iminsto ikkje finna noko som tyder på at det hev vore prestegard ein annan stad i bygdi, og då ein hev vissa for at Os var prestegard so tidleg som ikring 1250 so tore ein trygt tru at Osbygdi hev havt den same prestegarden heile tidi.
Me hev diverre liti greida på prestane i Os i dei fyrste hundradåri.  Når prestane livde eit sømeleg liv, synte høveleg framferd i alle måtar og berre var det dei skulde vera, kristne forkynnarar, so vart deira namn sjeldan nemnd i skriv som no er gjøymde.  Når ein prest vert nemnd i bispebrev, domar eller andre skriv frå gamletidi so er det jamnast i samband med ting som prestane ikkje burde ha noko med å gjera.  Det er soleis ikkje til skam for dei gamle prestane at namni deira ikkje no er å finna.

Den fyrste prest i Osbygdi som ein finn nemnd er Sira Greip, som vart prest i 1290 åri.  Han klaga då til bispen over den skade som Lysekloster gjorde på prestegarden sitt laksefiske, med di klostret stengde heile Oselvi med sin laksegard, (Sjå meir um denne striden under Lysekloster).   Sira Greip tykkjest ha vore ein mann som det stod age av.  
Då han fekk laksegarden nedriven våga ikkje Lysemunkane å setja garden uppatt i hans tid.  Derimot ottast dei ikkje ettermennerne hans.  

Sira Odd var prest i 1303.  Han skreiv då under til vitne på at ein mann i Strandebarm selde garden sin til Munkeliv kloster.

Sira Håkon var prest i 1320 åri.  Han kom upp i den kvassaste striden med Lysekloster um laksefisket, og han tykjest ha vore ein etter måten fredeleg mann.  Han våga ikkje å riva ned den umstridde og ulovlege laksegarden, men let bispen sine folk gjera det for seg.  Sisste gang ein finn Sira Håkon nemnd er i 1329 då den sisste domen fall i laksesaki.

Etter Sira Håkon vart Sira Peter prest i Osbygdi.  Han heldt seg meir med kvinnfolki enn ein katolsk prest retteleg burde gjera, og bispen varsla han gang på gang um at han måtte halda upp med sitt »frillelevnet«.  Bispen sine åtvaringar hadde ikkje nokon verknad på Sira Peter. Presten i Byrkjelandsokni var nett same karen som Ospresten i kvinnfolkvegen, og i 1338 fekk båe desse prestane bod um at dei vilde verta avsett um dei ikkje straks sende frillorne sine frå seg.  Sira Peter fekk 5 dagars frest til å greida upp med frillorne, men då 14 dagar var gjengne utan at han hadde sendt kvinnfolki frå seg vart han avsett som prest.
Bispen sette no ein som heitte Torstein Knutson til prest i Ossokni.  Samstundes sende bispen brev til kyrkjelyden i Os um at bygdefolket måtte taka væl imot den nye presten Torstein Knutson og ikkje meir lyda Sira Peter.
Han fekk no 5 dagars frest til å ha seg or prestegarden med all sin eigedom, tenarar og alt det han åtte.  For så kornet som han hadde lagt i jordi og for arbeidet med vårvinna skulde han likevel få ei høveleg godtgjerdsla.
No vart Sira Peter rædd og bøygde undan.  Kva han gjorde for å få prestekallet att veit me ikkje, men truleg hev han gjeve bot og soning for missgjerdi.  I 1339 sende bispen atter eit brev til kyrkjelyden i Os, og denne gang med kunngjering um at Sira Peter var teken til nåde og miskunn att og hadde atter fenge sitt embætte som »prest til Oos ok Framnes kirkna soknom«.
Torstein Knutson kom truleg ikkje til Os.  Etter alt å døma vart Sira Peter verande i prestegarden ogso etter at Torstein Knutson var tilsett.  Um sumaren 1339 kom ein prest Jon frå Bergen til Os og freista med magt å jaga Sira Peter burt for sjølv å taka prestekallet.  Men det gjekk ikkje, og då Sira Peter straks etter vart forlikt med bispen so sat han sidan trygt i prestegarden.

Me høyrer no ikkje meir um nokon prest i Os frå katolsketidi.  Ved den store mannadauden i 1349-50 vart mange bygder prestelause og det tok tid fyrr det kom prest i alle kyrkjesokner att.  Korleis det gjekk i Os veit me ikkje.  Etter Sira Peter si tid kann me ikkje finna noko om kven som var prestar i Osbygdi fyrr Reformasjonen kom med krav um luterlæra og luterske prestar i alle norske bygder.

Den fyrste luterske prest i Os var truleg Matias Hanssøn.  Han hadde fyrr vore abbed i Lysekloster og var dette so seint som i 1536.  Då klostret vart nedlagt i 1537 var han løyst frå dette, tok luterdomen og vart etter det ein kann skyna straks etter sokneprest i Os.
Matias Hanssøn var fødd i Danmark.  Som ein vil sjå meire um under Lysekloster er det gissa på at sokneprest Matias er den same mannen som fyrr var abbed i Tautra og som iminsto hadde same namnet.  Dette er likevel lite truleg.  Sokneprest Matias Hanssøn døydde som prest i Os 1565, og han kann då snaudt vera den same som Matias av Tautra som alt var abbed 50 år tidlegare.  Skulde den fyrste luterske prest i Os vera Matias av Tautra so var det ingen vyrd fyregangsmann luterdomen fekk i Osbygdi.  Men truleg var presten Matias Hanssøn ein heilt annan og langt betre mann enn Tautra-abbeden.

Finn Anderssøn var prest i Os 1556.  Han fekk då ei domsavgjerd fyre kva landskyld som skulde leggjast til presteembætet i Os.  Då Matias Hanssøn fyrst døydde i 1565 tykkjest det soleis å ha vore tvo prestar i Os samstundes.  Korleis dette heng ihop er noko uvisst.  Då ein ikkje kann finna at Matias hev vore prest nokon annan stad frå han slutta som abbed i 1537 til han døydde, so lyt me tru at han var prest i Osbygdi i 1550 åri.  Kannhenda hev Finn Anderssøn berre vore kapellan eller gjort tenesta som sokneprest medan Matias kunde vera på ferd til Danmark, eller ha annna forfall.

Det ser ikkje ut til at sokneprest Matias hadde store innkomor av embætet.  Då prestane i 1563 måtte leggja halvparten av si heile innkoma i skatt betalte Ospresten berre 9 daler og ei ort, medan prestane i Tysnes og Fusa betalte kvar 12 daler, prestane i Kvinnherad og Fjellberg kvar 30 daler og presten i Voss heile 103 daler.

Os og Fusa hadde til dessar vore kvar sitt prestekall.  Dei vart no samanslegne til eit, og den nye presten vart soleis sokneprest til fem kyrkjesokner, Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen.

Jens Pedersøn vart sokneprest i Os etter Matias.  Han var ogso danske, fødd i Jylland, og kom som ung mann i tenesta hjå bispen Jens Skjelderup i Bergen.  Han kom sidan inn på skule i byen, vart i 1563 huskapellan hjå Matias Hanssøn i Os, og då presten døydde tvo år etter fekk Jens Pedersøn sokneprestembætet.

Magister Absalon Pedersøn som hadde havt den nye Ospresten i skulen sin i Bergen fortel um han, at han hadde små evnor og ikkje mykje vit.  Men han kunde gjera godt arbeid med henderne og var dugande til snikkarabeid og andre gjerernål i huset.  Jonsokdag 1565 vart han gift med Birgitta Nils dotter, dotter åt Nils Person på Tjotta i Helgeland og kona Marta som var av ei norsk adelsætt og som i sitt fyrste egteskap hadde vore gift med Finn Hanssøn av Krukowætti.  Futen Nils Lauritsøn på Lysekloster var gift med ei dotter etter fyrste ekteskapet.  Birgitta var uppfostra hjå Geble Pedersøn, den fyrste luterske bisp i Bergen, og hadde sidan vore tenestegjenta hjå bispen Skjelderup, der ogso Jens Pedersøn tente.  Absalon Pedersøn fortel at både han sjølv og kona hans, bispefruva Susanna Skjelderup, Fanapresten, Fusapresten og mange fleire gilde folk var i bryllaupet åt Jens og Birgitta på Os. Bispefruva kosta heile bryllaupet, – Jens Pedersøn var prest i Os i 32 år og døydde i 1597.

Etter Jens vart ein Kristoffer Larssøn sokneprest.  Han gifte seg med ekkja etter Jens, Birgitta Nils dotter, men vart ikkje lenge prest då han døydde i 1600.  Elles veit me lite um Kristoffer.  Han var truleg frå Bergen då me ser at han hadde ei sak med ein mann derifrå um nokre eigedomar.

Då Kristoffer døydde vart det ved kongebrev avgjort at Os og Fusa skulde skiljast atter.  Men fyrr dette vart sett iverk hadde herren på Lysekloster, som hadde rett til å peika ut soknepresten i Osbygdi, alt kalla ein ny prest på same vilkor som fyrr:
at alle fem soknerne skulde vera saman i eit prestekall.
Kongen gjekk med på dette og skrivet um skilnaden vart teke attende.
Den nye soknepresten Samuel Steffensøn Loss vart tilsett i 1601.  Han var son til presten i Leikanger i Sogn.  Steffen Eriksen Loss og fyrste kona hans som me ikkje veit namnet på.  Ho døydde på barselseng med guten.  Samuel Loss var ein vel upplyst mann og gjekk med liv og hug upp i presteyrket.  Han bygde på eigen kostnad eit serskild hus i prestegarden til skulestova, der bygdeungdomen fekk upplæring i katekisma, og han gjorde mykje for å hjelpa fram kristenlivet og upplysningi i bygdi.  Alt det me veit um Loss tyder på at han var ein framifrå prest, millom dei likaste som hev vore i Os.

Samuel Loss var gift med Eufemia Jens dtr., ei dotter åt vossepresten Jens Sørensøn Landgraff og kona Ingeborg Nils dtr. Hess.  Av borni kjenner me: 1. Jens, som vart prest i Os etter faren. 2. Elias, lærar og prest i Bergen.  3. Nils, gift og busett i Bergen. 4. Daniel, vanfør og ugift.  5 Anna, gift med Lindåspresten Luttich Hansøn Ovenstad.  6 Hans, nemnd som soldat, men sidan ukjend.
Samuel Loss døydde i 1659.  Det finns enno mange av ætti hans i Os, Samnanger og Fusa.  

Då prestekallet hadde 5 sokner måtte det umfram soknepresten ogso vera ein fast (residerande) kapellan, og på sine gamle dagar heldt ogso Loss ein huskapellan (personelkapellan).  Den faste kapellanen budde jamnast på Fusa.  Den fyrste som me finn nemnd av det slaget var Peder Bing.  Han må ha vare ein noko strid kar.  I 1613 vart han soleis klaga avdi han frå preikestolen i Fusakyrkja hadde skjendt nokre namngjevne Fusabønder ut avdi dei sette fiskelinorne sine ut til skade for andre, og i denne skjennepreika sagde han m. a. til desse karane frå preikestolen:
»Gak ud af kirken, og far Djævelen i vold tilhavs igjen«.
Han fekk ei dugeleg skrapa for dette.

Etter Peder Bing var ein som heitte Søren kapellan til ikring 1647.  Prestesonen Jens Loss som fyrr hadde vore huskapellan hjå faren i 15 år vart so fast kapellan til faren døydde.  Det er ogso frå den tid nemnd ein kapellan som heitte Luttich.  Truleg er det den same Luttich Ovenstad som sidan vart gift med prestedotteri og som soleis ei tid hev vore huskapellan hjå verfaren.

Då gamlepresten døydde i 1659, etter å ha vore sokneprest i Os i 58 år, vart sonen Jens Semuelsøn Loss sokneprest.  Han var fødd i 1604 og var soleis komen langt upp i åri då han fekk prestekall.  Men då han var fødd i Osbygdi og hadde vore kapellan der radt frå 1630 so var han godt kjend millom bygdefolket.  Jens Loss var ein lærd mann, var sers kunnig i det gamle norske målet og i dei gamle sogeminne, og vossepresten Miltzow som livde samstundes gjev han eit framifrå vitnemål for hans store lærdom.
Han rydja og dyrka mykje på prestegarden.  Han var ein dugande prest, ein fredsæl mann og var utifrå vel likt av bygdefolket.
Jens Loss var berre sokneprest i 9 år då han døydde alt i 1668.  Kven han var gift med veit me diverre ikkje.  Men det er mykje som tyder på at kona var av ei vestlandsk adels ætt og at Jens Loss fekk mange gardar med kona si.  Av borni kjenner me 7:  1. Anders, kapellan i Os, sjå nedenfyre.  2. Henrik, var ei tid lensmann i Os og var busett på Molda, men vart sidan borgar i Bergen.  3. Samuel, gift med Kari Laurits dtr. Fåborg, var lensmann i Os.  Han var busett på Holmefjord.  4. Nils, døydde som student på Molda.  5. Anna, gift med Hans Pedersøn, kapellan i Os, sjå nedanfyre.  6. Ingeborg, gift med Voeg Johnsen, Bergen.  7. Kirsten, gift med kjøpmann Nils Andersen, Bergen.
Anders Jenssøn Loss var frå 1645 kapellan hjå bestefaren og frå 1659 til 1668 det same hjå faren Jens Loss.
Etter faren døydde tykkjest han ha vore gardbrukar ei tid, kannhenda på Molda som Loss-ætti åtte.
Då Jens Loss vart sokneprest i 1659 vart Hans Pedersøn fast kapellan med bustad på Fusa. Han var son åt Strandebarmpresten Peder Rasmussen og vart gift med prestedotteri Anna Jens dtr. Loss.  Av borni vart sonen Peder gardbrukar på Tysse og er ættarfar til den store Tysseætti som er spreidd i Os og Samnanger.  Dotteri Elen vart gift med forvaltaren på Lysekloster Peder Pedersen Sønderborg og dotteri Mari vart gift med skreddar Rolf Greve i Bergen.

Hans Pedersøn var sers godt omtykt i bygdi.  Då Jens Loss døydde sende kyrkjelyden ein søknad um å få Hans Pedersøn til sokneprest.  Dette vart likevel ikkje av då ein annan fyreåt hadde fenge lovnad på prestekallet.  Me tek søknaden frå kyrkjelyden med her:

»Høyærværdige herr biskop oc meget fromme fader Gud allermectigste spare oc bevare Eder hæderlig ærværdighed mod alt i Livet oc vel sampt rigeligere velsignet!
Indfalder her hos till Deris høyærværdighed Voris underdanigste bøn oc begiering at I vil de som voris Kiere fader vere os fattige almue till det besste behjelpelig udj denne voris stoere bedrøffuelse, som nu ere saa got som faar uden hyrde formedelst Voris Kiere sielsørgeris dødelig affgang, huis siel — Gud nu visseligen haffuer, for sin store oc troe flid oc det iche uden voris saligheds største forfremmelse, saa vi nu endeligen behøffuer en troe sielesørger igien udj hans sted, oc efftersom den sl. mands medtiener herr Hans Pedersøn, trolig en og flitteligen paa det tiende aar med allerstørste mødsommelighed oc — fornemmelig udj hans sl. formand oc Kiere werfaders sidste tider, der paa den ene side alderdommen jo mere oc mere tiltog, saa hand da, som vi noehsom haffuer befundet, maatte paa de besverligste oc farligste steder sig begiffue, oc derfor uden, der paa den anden side svaghed oc schrøbeligheden tilslog, oc det moxen udj eet heel aars tid da fornemmeligen motte da allene forsiune os udj voris salighed oc ingen uge mindre end fire oc fem prædichener, ja undertiden fleere haffuer mot holde saa vi udj sandhed med største tilbørlighed giffuer hannem dette vidnesbiurd intet enten inden eller uden kirchen till voris saligheds opbyggelse at haffue udj nogen maade forsømt mens brugt sin flid vinter oc sommer i storm oc uveir igiennem stor snee oc iis, iche uden største liffs fare mange gange, ey allene om dagen men paa den mørke vinters nattetiid været tilrede, naar som hand er bliffuen udkaldet, saa vel som udj lærdom oc leffnet os til exempel som en retsindig Gudz ordz tiener foregaaet. Er derfor først voris hiertens ønske oc inderlig bøn huer tid till allerhøyeste Gud hannem nu igien til voris sogneherre at kunde bekomme, saa vel som voris underd. begiering till Eders høyærværdighed, I vilde nu som voris gode forsvar oc troe fader giffue os tilsagn paa voris naad, herris oc Kongis gode behag, sampt oc velviise Borg.  Niels Hanssøn, hannem nu strax effter ordinantzen at motte voeere oc kalde, saa vi ydermere aff hannem udj Guds sande frygt till voris saligheds opbyggelse, her effter som hittill kunde forfremmes, huilcket Gud rigeligen schal belønne oc vi stedse udj vore bønner med al anden tacknemmelighed beloffuer at skulle ihukomme; forønskende saa derhos Eders høyærværdighed med alt kiert under den allerhøyistis beschermelse, – datum Ous prestegield den 20 Juny anno 1668.

Lars Olsøn Hauge.  Morten Olsen Nortvedt.  Ole Pedersøn Hegland.  Niels Olsen Skogseid.  Hans Effuensen Utsehot.  Willich Eye,  Joen Stengrimsen Østesta.  Ole Olsøn Thuedt.  Powel Simensen Ludsand.  Niels Ingebertsen.  Elias Andersen Ballesem.  Joen Nielsen Houge.«

Den som hadde fenge lovnaden um å verta sokneprest i Os var Peder Eriksen Legenger,  Han vart kapellan hjå Jens Loss det sisste året han livde, og då Loss døydde straks etter fekk Leganger lovnad på prestekallet.  Han vart likevel ikkje sokneprest.  Det melde seg ein annan søkjar som hadde studnad av ei rik og vyrd ætt og han fekk embætet.  
Peder Leganger reiste då til Hå i Rogaland der han sidan fekk prestekallet.

Kristoffer Garmann vart den nye soknepresten.  Han var son til president Herman Germen i Bergen og kona Margreta Anders dtr, Buch.  Garmann var av ei rik og høgvyrd ætt, og sjølv tykte han ogso vel um seg.  Han var sverande glad i pengar og vart um ikkje lenge ein søkkrik mann.  Alt fyrste året han var i Os kom han i strid med ekkja etter Jens Loss og sønerne hennar.  Garmann vilde grava alt til seg, millom anna vilde han ogso ha det skulehuset som gamle Loss sjølv hadde kosta uppsett, han tok innkomorne av garden som ekkja hadde rett til i »nådsensåret« og mykje meir.  Han fekk likevel ikkje viljen sin fram i dette.

Den nye presten var ogso um seg som ein smed etter innkomor hjå bygdefolket.  Rett som det var kom han i strid med ein eller annan um bygsel, offer, tiend eller andre avgifter til presten.  Han eigna til seg mange gardar og var ein hard husbond mot leiglendingar.  Og at han var stridvoren fekk ogso kapellanane hans sanna.

I dei fyrste åri var den fyrr nemnde Hans Pedersøn fast kapellan.  Han var ein fredsæl mann og samarbeidet millom han og presten var so nokolunde godt.  Hans Pedersøn døydde i 1687 og Tomas Hanssøn Ruus fekk so kapellanposten.  Han var son åt byskrivaren i Bergen, Hans Thomassøn Ruus.  Den nye kapellanen var like stridshuga som presten, og det vart no ein røynleg »trediveårskrig« millom desse tvo karane.
Striden byrja alt fyrste året.  Det var uppsett kontrakt um korleis preikorne skulde skiftast og innkomorne bytast millom presten og kapellanen, men presten gav ein god dag i kontrakti og grov til seg alle innkomorne.  Alt i 1689 måtte bispen upp til Os og gjera forlik millom dei.  Men freden vara ikkje lenge, og i 1691 måtte bispen atter kalla dei til seg og det vart gjort nytt forlik.
Men heller ikkje dette forliket løyste floken og striden tok til att.  Presten sende styremagterne eit skriv med 32 klagepostar over kapellanen, og i 1697 måtte Tomas Ruus
for retten.  Det vart framført mange vitner i saki, og det synte seg at kapellanen ikkje var stort likare enn presten.
Det vart soleis prova at Tomas Ruus hadde »pryglet og denget en husmand på rumpen« so husmannen måtte berast heim, han hadde slege ein hardangerbonde til denne datt i golvet, han hadde prylt ei gamal fatigkjerring med presteboki so blodet rann av kjeringi, o. s. b. Presten sette krav um at Ruus måtte avsetjast, men kapellanen fekk berre ei bot avdi han hadde skulka frå preika nokre sundagar.  Dei ordi som han hadde sagt um Garmann under ein visitas, at «sognepresten siden han kom til prestegjeldet havde gået til sakramenterne som en hedning« måtte han ogso taka attende.
Freden kom likevel ikkje med domen.  Presten vilde framleis ikkje gjeva kapellanen det han hadde rett til, og Ruus som ikkje var nokon kastekjepp freista no med magt å taka det som han ikkje fekk med det gode.  Då presten soleis ein gong var i Gjerevik i Fusa for å trulova eit par kom ogso Tomas Ruus roande til Gjereviki.  Han jaga presten or tunet, tok sjølv og trulova paret og fekk so trulovingspengane.

Ruus sende no klage over presten, og denne sende atter klage over kapellanen.  Bispen freista pånytt å forlika stridbukkane men fåfengt.  Det kom til ny sak att, og berre eit år etter at den fyrste domen var sagt gav kapitlet dom i den nye saki.  Tomas Ruus vart dømd til å missa embætet sitt.  Han anka saki til overretten som gav same dom, men då saki kom til høgsterett slapp han for avsetjing.  Han fekk berre 30 daler i bot og 50 daler i sakskostnader.

Etter dette spakna striden millom presten og kapellanen noko av.  Men Tomas Ruus som no rett hadde fenge stridshugen i seg fekk straks nye saker.  Skrivaren og futen klaga over at han jamt møtte upp på tingi full og galen, æreskjellte dei og heldt ståk på alle måtar.  Bispen tok kapellanembætet frå han, men ved dom fekk han behalda embætet og slapp med bot.  Etter dette spakna han noko og striden millom presten og kapellanen vart sidan ikkje so kvass som fyrr.

Då Kristoffer Garmann døydde i 1721 var han 82 år gamall og hadde vore prest i Os i 53 år. Sidan 1703 hadde han ogso vore prost i Sunnhordland.  Han var ein dugande prest og ein god talar, men hans pengehæknad og stridslynde gjorde at bygdefolket ikkje hadde den vyrdnad for han som dei burde, og det synte difyr heller ikkje etter hans prestearbeid som det var å venta.  Til gravferdi hans skreiv Ole Camstrup ei salma på 28 vers.  Salma som vart sungi ved likferdi hev me enno.
Garmann vart same året han kom til Os gift med Margreta Hoffmann, dotter åt borgarmeistaren i Bergen Søren Jensøn Hoffmann.  Margreta døydde i 1725.  Dei hadde 10 born: 1. Margreta, gift med presten i Kvam Peder Geelmuyden.  2. Herman, student.  3. Gjertrud, gift med presten Legenger, sj. nedanfyre.  4. Søren, doktor i Oslo.  5. Jan, tollforvaltar i Bergen, gift med Karen Frimann, Halsnøy Kloster. 6.  Jens, kapellan i Vik, Sogn, gift med Anna Munthe.  Dei andre 4 borni døydde unge.

Dei tvo faste kapellanane i Garmann si prestetid, Hans Pedersøn og Tomas Ruus, er nemnde fyrr.  Ruus var kapellan i Os til han døydde i 1718.  Han var ein sers kunnskapsrik mann, gløgg og ein ihuga prest, men hans stridslynde var han til stort mein.  Han var fyrst gift med Inger Margreta Schrøder, dotter åt presten ved Nykyrkja i Bergen og dotterdotter åt bisp Skjelderup, og sidan med Bente Mortens dtr., som då Ruus var død vart upp att gift med vossepresten Nils Weinwich.  Av borni vart Morten prest i Fjelberg og sidan på Voss, Anna var gift med kapellanen ved Nykyrkja Albert Topp, og Otto vart gift og buande i Bergen.

Sokneprest Garmann totte ikkje ha råd til å halda huskapellan.  Då han kom upp mot dei sytti vart det likevel alt for strevsamt for han åleine, og i 1704 fekk han seg ein ung huskapellan, Nils Legenger.  Han vart i 1708 gift med dotter åt Garmann og då denne døydde i 1721 fekk Leganger embætet etter verfaren.

Nils Iversøn Legenger var sogning, son åt presten i Vik Ivar Eriksøn Leganger og kona Anna Peders dtr. Finne.  Den fyrr nemnde Peder Eriksøn Leganger var farbroren.  Ætti var frå garden Flak på Byneset i Trøndelag der ein bondegut Erik Iversøn vart kjøpmann i Trondheim.  Sonen Ivar Eriksøn vart prest i Norddalen på Møre og han fekk m. a. ein son Erik som vart prest i Leikanger i Sogn.  Erik kalla seg Nordal etter fødestaden på Møre.  Erik Nordal hadde fleire barn, m. a. Vikpresten Ivar Eriksøn, og desse borni som var fødde i Leikanger tok namnet Leganger etter si fødebygd.  Sidan hev ætti bore namnet Leganger som enno er kjendt i Os.

Nils Leganger var ein dugande prest og vel likt av bygde folket.  Som ung gut hadde han ei tid vore lærar og hadde sidan stor interesse for skule og upplysning.  Då den fyrste skuleskipnaden kom i 1741 var det Leganger som fekk å greida med dette i Ossokni.  Dei svar som han i 1743 gav på 43 spurnader frå kanselliet i Kjøbenhamn um tilhøvi i prestegjeldet syner ogso at han var vel kjend i bygdi si, kann henda betre enn nokon annan prest i Hordaland.  Leganger varein sparsam mann og hadde vit på pengar, men han krav ikkje meir av bygdefolket enn det han retteleg skulde ha.  I mange høve gav han ogso skuldi etter.  Han arbeidde for tvo, heldt ikkje huskapellan, og då den faste kapellanen på Fusa døydde i 1736 so søkte presten um og fekk løyve til å stjorna heile prestegjeldet åleine.  I 6 år var han soleis åleine prest for alle 5 soknerne.  Frå 1742 var han ogso prost i Sunnhordland. Han hadde god innkoma av det store prestekallet, og då han attåt fekk stor arv etter verfaren vart han ein rik mann.  Ved skiftet etter han var det ei eiga på 19896 daler, over 300000 kroner i våre pengar.   Han døydde i 1747, 65 år gamall,
Leganger var fyrst gift med Gjertrud Kristoffers dtr. Garmenn.  Ho døydde i 1726 og 3 år etter vart han gift att med Maria Fyren Finde, dotter åt presten Otto Finde i Volda.  Med fyrste kona hadde han berre eit barn, sonen Ivar, som vart sorenskrivar på Sunnmøre.  Han var gift med Katrine Astrup.  Med andre kona hadde Leganger 4 born:  1. Otto, død som student.  2. Peder, død ung.  3. Johan, gift med Elisabet Katrine Frimann Finde, gardbrukar på Ferstad i Os.  4. Gjertrud Garmann, gift med kapellan Hans Astrup,  sjå nedanfyre.  Maria Leganger døydde på Ferstad i 1777.  Sonen Johan vart som nemnd gardbrukar på Ferstad.  Eldste son hans Nils Legenger, som var gift med ei dotter åt den kjende presten i Ullensvang Nils Hertzberg, kjøpte ikring 1815 garden Molda i Os der ætti sidan var busett til dess Johan A. Mowinckel kjøpte garden.

Som nemnd gifte Nils Leganger seg uppatt i 1729 med sisste kona Maria Fyren Finde. Bryllaupet stod på Os, og den kjende høvesdiktaren og versemakaren skulestyrar Ole Camstrup i Bergen skreiv ein song til bryllaupet.  Då songen soleis er skriven til eit Osbryllaup og er den eldste som me veit um frå noko bryllaup her, og då det ogso kann vera forvitneleg å sjå kva dei skreiv til ein prestemann og prost i dei tider, tek me sengen med her.  Som vanleg freista Camstrup å laga rim på namni åt brurfolki, og han gløymde heller ikkje at Leganger var ekkjemann.


Bryllaupssongen lydde so:


Glædens Olie for en Sorgefuld Aand
Iskienket
BRUDGOMMEN
Vel-Ærværdige og meget Vel-lærde
Hr:  NIELS  IVERSEN  LEGANGER,
Vel-meriterede Sogne-Præst til Oos Præstegield.
Da hand med
BRUDEN
Ædle, Gud
og Dyd.hengivne Jomfru
J
omfr:  MARIE  FYREN  FINDE.
Holdt Deres Bryllups-Høytid paa Oos Præste-Gård
d. 18. Maji Ao. 1729 .

*


Saa kand man forvinde den Smerte, man leed
Ved Plaster paa Saaret at binde!

Saa faster den ikke forlænge, som veed
En ypperlig Daure at finde!

En fuld-moeden Jomfru med snørende Reem
Ey nødig har stedse at plages;

Naar Natten saa længe har staaet paa Deem,
Man venter det eengang skal dages.

Saa er det ey billigt vor Kiere Prophet
Skal sidde som Fuglen paa Taget,

Ja vandre af Spillet og give sig beet,
Om hannem et Stik er frataget:

Hva Slaget har tabet, hand er dog saa brav,
Og vover vel atter at stride,

Og hva u-forvarendes eengang faldt af,
Hand vover vel atter at ride .

Det er jo ubilligt, saa yndig en Præst
Skal kurre, som Rørdrum i Ørken,

Dertil hand for ofte har Kyrie læst,
Og HEerren har givet ham Styrken.

Ney! Meenigheds Engel sin Engel jo bør
At have ved Kiortelens Vinge,

At hand udi S i o n kand endnu som før
Sin Stemme med Glæde opsvinge.

Den Vægter, som staaer paa den Høyestes Vagt,
Hand maa sin Dag-Stierne nok fin de,

Og lukke sitt øye til Hvile saa sagt,
Naar Venus den Stierne er inde.

Saa maa nok vor BRUDGOM som Høysangens Tolk,
Hvis Stemme kand Hierterne fryde,

Forklare Leig, Lærde og Meenige Folk,
Hvad Myrrha-Busk har at betyde.

Hand tænkte vel paa det Dyd-ziirede Navn
Som bedre end kostelig Salve;

Hvi maa hand ey tænke lidt nærmer’ i Havn
Paa spillende tvende Raa-Kalve,

Paa Læbernes Purpur og Liljernes Snee,
Ja paa Myrrha-Biergenes Høye

Paa Vexten, som Libanons Ceder at see,
Og Duens saa venlige øye?

Er det ikke treffet? Hand laver det saa,
Han finder en Dydig MARIE,

Og under det samme, (som alle vil spaa)
En Martha i samme Copie.

Det maae man nok kalde, at seyle saa vist,
Og sin heele Reyse at vinde

Naar man i opstigende Taage og Mist,
Kand vide paa FYREN at FINDE.

Man sige maa da med berømmelig Roes,
At HErren har sine folk parret,

Saa denne LEEG ANGER-løs er udi Oos
Og begge har eens Smag af Karret.

Er hand af en Arons anseelig Roed,
Saa er hun og ikke desminder;

Er hand af det gamle Dyd-svogrede Blod?
Hvad gielder sin Liige hand finder?

Og følger hand Venner paa Markerne hen,
Saa følger hun nok over Broen,

Og byder hand dem til Herberget igien,
Saa er hun ey ræd for U-roen.

Og har hand da treffet Personen saa ræt,
Saa treffer hand ogsaa paa Tiden;

Naar heele Naturen staar prunket og næt
Med grønne Tapeter paa Siden:

Naar Skovene har sin Vocale Music,
Og hører smaa Fuglenes Trille;

Da kand her en Harmonie bedre af Skik,
Sig under Toe Hierter indstille.

Og naar Honning-Fuglene flyver hen ud
At kysse paa Engenes Dronning,

Saa kand hand hos sin allersødeste BRUD
Uddrage den lifligste Honning.

Saa lad Bie-Kubbene færdige staa!
Hvem ved, hvad med Tiden kand blive?

Man regner, da den Hoved-Mynstring stod paa,
Hvor efter man Passet kand skrive.


VOTUM:

Se Regnen er over, og Turtel-Due-Lyd
Kand høres med Glæde i Landet.

Nedregne, o Himmel, din Eenighes Fryd,
Med Himmelske Nectar beblandet!

Pryd Livet med Dage, og smykke den Boe
Med herlig Velsigneises Crone!

Og stift i foreenede Siele den Roe,
Som svever om Ævigheds Throne.

Thomas Fasting vart fast kapellan frå 1718 då Ruus døydde, til 1736.  Han var son åt ein kjøpmann Johan Fasting i Bergen og gift med Alida Maria von Krogh, dotter åt oberst Krogh.  Fasting var ein stillfarande mann og det er berre alt godt å segja um han som prest.  Han hadde 7 born då han døydde på Fusa i 1736.

Då presten Leganger i 1736 tok stjorningi av heile prestekallet måtte han taka huskapellan, og Hans Astrup fekk då denne plassen.  Han var son åt futen på Sunnmør Nikolai Astrup og kona Anna Elisabeth Finde.  Astrup var ein dugande prest og hadde vyrdnad i bygdi.  Men han var glad i pengar og det gjorde at han kom upp i mykje strid, noko som me sidan skal sjå meire um.  Då presten Leganger døydde i 1747 vart det faste kapellani skipa pånytt, og Astrup fekk då denne kapellanposten med bustad på Fusa.  Han vart ein rik mann og åtte mange gardar, Han døydde på Fusa i 1769.


Hans Astrup var som nemnd gift med Gjertrud Garmann Legenger, dotter åt Ospresten Nils Leganger.  Dei hadde 3 born:  1 Maria Finne, gift med krigsråd Herman R. Fleischer på Lekve i Voss.  2. Anna Elisebei, gift med skrivaren i Hardanger og Voss Søren Skjelderup og  3. Drude Maria Frimann, gift med kapellan Jokum Krüger, sj. nedanfyre. Krügerætti i Fusa og andre bygder ættar frå denne sisste greini,

Gjert Geelmuyden vart sokneprest etter Nils Leganger.  Han var son til kjøpmann Knud Geelmuyden og kona Anna Beate Størch.  Han hadde ei tid vore kapellan og i dei sisste 25 år sokneprest i Haus.  Han var då han kom til Os ein mann på umlag 50 år og hadde titel av konsistorialråd.  
Geelmuyden var ein god talar og skreiv ogso bøker.  Men han hadde ogso mykje dei same lyter som Garmann, han var berre enndå meir pengekjær og kranglesam.  Bisp Pontoppidan gav han det vitnemål at han var »ærgjerrig, hevngjerrig og pengegjerrig«, og bisp Tidemand sagde um han at han for med usanning og dikt.  Stødt låg han i krangl med einkvan.  Straks han kom til Os byrja han å egla seg inn på kapellanen Astrup, og han sende den eine klagen etter den andre til bispen.  Då han ikkje vann noko med klagemåli sine freista han på å få Astrup burt og få kapellaniet nedlagt.  Han skulda på at han sjølv so sårt treng alle innkomorne av prestekallet og kunde elles »ikke substistere for min store families skyld«.  Men då han var ein søkkrik mann og åtte 14 gardar so beit ikkje bispen på dette.  Han søkte so til kongen um å få slutta prestearbeidet.  Kapellanen skulde få embætet, men for dette skulde han gjeva Geelmuyden 550 daler um året.  Geelmuyden hadde nett då sjølv gjeve upp til futen for skatteutrekningi, at heile årsinnkoma av prestekallet var 350 daler.  Dette påfynster gjekk sjølvsagt ikkje, og Geelmuyden fekk mykje skrubb for det underlege framlegget.  Det ser ut som um krangleskapen fengde.  Kapellanen Astrup som fyrr hadde vore ein tolleg fredsam mann byrja no ogso å krangla, og m. a. lagde han upp sak mot presten for 33 skjeling som presten etter hans meining hadde teke frå han.  
Geelmuyden gjekk meir og meir upp i striden med sine kapellanar og sine leiglendingar, og han forsømde prestearbeidet.  Soleis hende det at han i eit fjordungår ikkje heldt ei einaste preik trass han var frisk som ein fisk.  Den stakars huskapellanen hans som berre hadde 50 daler i løn og som heller ikkje fekk løni si måtte gjera heile prestearbeidet og attåt læra upp presteborni.  Over huskapellanane sende han klage tidt og trådt, og dei heldt sjeldan lenger ut hjå han enn 3-4 år.  Medan Geelmuyden var prest i Os sende han upp imot 100 klagebrev til bispen, og han trøytta ut 5 bispar med sine klagemål og sin krangleskap.

Geelmuyden kunne finna på dei furdelegste ting til å krangla um.  I 1761 lagde han soleis sak upp mot heile kyrkjelyden i Hålandsdalen avdi dei hadde lagt meir offer på vinstre sida av altaret enn på høgre.  (Det som kom på høgre sida gjekk til soknepresten, det andre til kapellanen).  Han var elles jamt i håri på Hålandsdølingane, og desse gav han att i full mun, dei kalla han kranglefant, snytar o. 1.  Dette førde atter til ny strid og nye rettssaker.

Etter sin alder og tenestetid burde Geelmuyden vorte prost, men han hadde ikkje nok vyrdnad millom dei andre prestane til å verta det.  Han søkte so um å verta prost berre for sitt eige prestegjeld, og dette underlege prostekallet fekk han.  Det synte seg straks kva han vil de med det merkelege prosteembætet, han vilde halda prosterett og setja av kapellanane sine.  Men det gjekk likevel ikkje.  Prosten kunde ikkje vera heilt åleine men måtte iminsto ha eit par prestar med seg når han skulde setja prosterett, og då det ingen prest var å få til dette arbeid gjekk heile prosteretten hans i vatnet.  Med bygdefolket låg han jamt i strid og han hadde den eine saki etter den andre.  Han var ogso i ufred med skulehaldarane og vilde ha sume av dei avsette, men heller ikkje i dette hadde han lukka med seg.
– Han døyd de i 1780, 83 år gamall, etter å ha vore prest i 61 år.

Geelmuyden var fyrst gift med Anna Kåe, dotter åt kapellanen til Korskyrkja Jochum Kåe og kona Gidske Ehlers.  Ho døyd de i 1734 og Geelmuyden gifte seg i 1737 uppatt med Maria Charlotte Lowzow, dotter åt major Chr. Lowzow i Fredrikshald og kona Engel Maria von Storm.
I fyrste ekteskapet var desse borni:  1 Gerhard, kapellan i Os. sj. nedanfyre.  2. Joachim Kristian, gift med Elisabeth Both, generalkrigskomissær og rådmann i Bergen, vart sidan adelsmann og fekk namnet Gyldenkrantz.  For adelsdiplomet måtte han gjeva 20000 daler til kongen og leggja 518 daler i kostnader.  Han var busett på Damsgård.  3 born døyd de unge.
I andre ekteskapet hadde Geelmuyden 9 born:  1. Anna, gift med kapellan i Lindås Andreas Heggelund Seehus.  2. Kristoffer Fredrik, militærkaptein i Danmark.  3. Jonas Lyme, jurist i Kjøpenhamn.  4. Nikolai Szhwartz, generaladjutant i Kjøpenhamn.  Han gifte seg med den 70 år gamle ekkja Judite Henriette Vaumineau og fekk 100000 daler med henne.  Då ho døydde gav han 1000 daler til Fatigkassen i Os, det sokalla »Geelmuydens legat«, som Os fatigkasse enno rår over.  5. Engel Maria, gift med kaptein Henrik Paludan.  6. Alette Maria, gift med presten i Tysnes Andreas Bår.  Dei andre borni døydde unge.

Etter Astrup vart David Werner Christie fast kapellan.  Han var son til Tysnespresten Edvard Christie og kona Elsa Ulrikke Heggelund, og hadde fyrr vore kapellan i Stord.  I 1778 vart han sokneprest i Sogndal der han døydde i 1805.  Han var gift med dotter til soknepresten på Stord, Sara Cornelia Koren, som var syster til faren si andre kona.  Dei hadde 4 born:  Edvard, sokneprest i Nes på Romerike, og Magdalena Margreta, gift med sorenskrivaren  i Hardanger, Eidsvollsmannen Arnoldus von Westen Sylow Koren.  Dei tvo borni døydde unge.

Jochum Krüger vart fast kapellan etter Christie.  Krüger var son åt kjøpmann Konrad Kristian Krüger i Bergen og kona Malene Kristine Stuwitz.  Han hadde fyrr vore huskapellan i Kvinnherad og var kapellan i Os i 8 år.  Han var likeins som dei andre faste kapellanene busett på Fusa.
Krüger var fyrst gift med Wencke Catrine Flor, dotter åt tollinspektøren i Bergen Kristen Flor. Dei hadde tvo barn, Konrad Kristian, død som student, og Kristen Flor som vart prest i Danmark.  Då Krüger kom til Os i 1778 var han ekkjemann, men gifte seg straks etter uppatt med Drude Maria Frimann Astrup.  Ho var som nemnd dotter åt den fyrre kapellanen i Os Hans Astrup.  Dei hadde 3 born:  1. Hans Astrup, gift med Inger Severine Bredehl, gardbrukar og landhandlar på Sjørsand i Fusa.  Han var den fyrste ordførar i Os herad, og ætti bur framleis på Sjørsand.  2 Arnt Henrik, ugift, hadde eigedomen saman med broren.  3. Ei dotter død ung.

Den fyrste huskapellanen hjå gamle Geelmuyden var Fredrik Callundan, son til presten i Sandeherad Kristen Cellunden.  Syster hans var gift med bispen Ole Tidemand i Bergen.  Han hadde eksamen med besste karakter, var god til å preika og var vel likt i bygdi.  Men det var uråd for han å koma til rettes med presten.  Callundan var ein sver før kar og overlag sterk.  Han våga ikkje å taka folk i handi av otte for at han uvarande kunde klemma til og knipa dei forderva.  Det var nok freistande for han å bruka styrken sin på presten kvar gong denne sende ein uvyrden klage over han til bispen, men han heldt seg i skinnet.  Etter å ha vore i 4 år hjå Geelmuyden reiste han i 1752 til Danmark, vart gift og fekk prestekall der.  På sine eldre dagar vart han so tjukk og sver at han kunde ikkje stå men måtte sitja på ein stol medan han preika.

I 1753 vart so Tomas Meyer kapellan.  Han var son til kjøpmann Hildebrand Meyer i Bergen. Det gjekk med han som med Callundan, han greidde ikkje å vera saman med presten, men måtte leiga hus åt seg på Moberg.  Geelmuyden klaga stødt over han, ei tid over at han var klein til helsa, sidan for »afsindighed og raseri«, men truleg utan grunn.  Etter å ha vore i Os i fem år vart Meyer trøytt av striden og reiste nedover til Danmark, men alt tvo år etter døydde han.

I 1760 fekk so Geelmuyden Christen Ording til kapellan.  Han var frå Larvik der faren Henrik Jakobsen var skipsførar og kjøpmann.  Ording greidde heller ikkje meir enn 4 år saman med Geelmuyden.  Han reiste frå Os og vart fyrst kapellan i Moland, vart deretter prest i Finnøy og sidan prest i Byggland.
Geelmuyden fekk deretter eldste sonen sin, Gerhard Geelmuyden til kapellan.  Han var fødd i 1724 og var soleis no ein mann på 40 år.  Han hadde i 10 år søkt um å verta kapellan hjå faren, men bispane Pontoppidan og Tidemand som kjende både faren og sonen vilde ikkje gjeva han post.
Då bisp Arentz kom til fekk han kapellanposten ..

Gerhard Geelmuyden var ein mann med mykje kunnskap, var god til å preika, og var ikkje so lite av ein diktar.
Han hev soleis skrive fleire syrgjedikt og bryllaupssongar, og som ung student skreiv han jamvel eit stort dikt til kongen på bygdemål (Nordhordlandsmål).  Diktet er prenta i heilom i »Norsk Jol« for 1931.  Det er teikn som tyder på at han ogso hev skrive fleire dikt på bygdemål tidlegare.
Men Gerhard Geelmuyden likna ogso mykje på faren med di han var stridshuga og kranglesam.  Det gjekk ymse ord um han frå den tid han var i Kjøpenhamn og i Helsingør, på den siste staden var han ogso hjelpesmann hjå verfaren som var skjenkevert der, men um alt det ille som var sagt ogso var sant er uråd å segja.  Han kom straks i strid med bygdefolket i Os, og millom han og faren vart tilhøvi snart soleis at dei ikkje kunde bu saman.  Gerhard flutte difyr til Moberg.  Då faren døydde søkte han um å verta huskapellan hjå andre prestar, men ingen vilde ha han.  Kona hans reiste difyr til Kjøpenhamn for å tala saki hans hjå kongen, og ho greidde verkeleg å få mannen utnemnd til sokneprest i Hamre der han døydde nokre år seinare.
Han var fyrst gift med Else Eleonore Schenkel, dotter åt ein skjenkevert i Helsingør.  Ho døydde og han gifte seg att med Ingeborg Møller, dotter åt gjestgjevar Dines Møller på Hestnesøyri.  Dei hadde 5 born.  

I 1781 vart Gerhard Sandberg sokneprest i Os.  Han vart fyrst missjonær i Finnmark og arbeidde millom lappane der nord i 8 år.  Han var sers kunnig i det lappiske målet og sette katekisma um til lappisk.  Han var ogso elles ein mykje lærd mann.  Då han slutta arbeidet i Finnmark kom han til Kjøpenhamn for å greida upp med alle papir og anna som var att etter avlidne professor Knud Leem, og frå Kjøpenhamn kom han deretter til Os.
Sandberg var ein sers dugande prest.  Han var ikkje stridlynd som fyremennerne, men var likevel ihuga og trottug i yrket.  Han ferdast mykje ikring i det store prestegjeldet, og då han ikkje hadde huskapellan var han jamnast å finna på ferd ute i soknerne.  Han var sers godgjerande, enndå han hadde liti råd til det avdi huslyden var stor, og han var mykje vyrd og vel likt i bygdi.  Gamle folk talar enno um »den gode presten Sandberg«.  Det var ei ålmenn tru i bygdi at han hadde Svarteboki og kunde løysa og binda Gamle-Erik, ein kunst som han hadde lært då han var i Finnmark.  Han var ikkje nokon ven av Hans Nilsen Hauge, men han heldt likevel på at Hauge berre måtte møtast med åndelege våpn og ikkje med verdsleg magt, Sandberg var interessert for skulestellet og folkeupplysningi, men greidde likevel ikkje å gjera noko i den leidi av varande verd.  Etter 1800 var han prost i Sunnhordland.  Han døyd de i 1805, 63 år gamall.
Sandberg var gift med Inger Margrete Segelcke, dotter åt gullsmed Michael Segelcke i Molde og kona Kristense Reinsberg.  Dei hadde 11 born:  1. Michael, kaptein i Danmark.  2. Johan, død som student.  3. Gerhard, dansk tollmann.  4. Teofilus, gullsmed i Danmark.  5. Mette, gift med blokkedreier Vilhelm Gjertsen i Bergen, og 6. Anna, ugift.  Dei andre borni døydde unge.
I Sandberg si tid var Tonning og Cemmermeyer faste kapellanar.  Rasmus Henrik Tonning var nordfjording, son åt landhandlar Peder Tenning i Innviki og var fyrst lærar.  Han var sidan huskapellan hjå presten i Førde og kom i 1786 til Os.
Tenning var ein mann med sers gode evnor og var ein glup preikar, men han hadde ikkje lag til å vinna bygdefolket.  Han var jamt beisk og kvass, noko sjølvgod og hadde berre augo for det skeive og skakke hjå menneskje.  I 1793 vart han prest i Kvam og vart sidan prest i Hjelmeland.  Han var fyrst gift med syskenbarnet sitt Anna Elisabet Astrup, men då ho døydde på si fyrste barselseng vart han sidan gift med Alida Maria v. Krogli Fasting, dotter åt major Søren Fasting i Sunnfjord.  Dei hadde 5 born.  

Johan Siegfrid Cemmermeyer som vart kapellan etter Tenning var son til kapellanen ved Korskyrkja Johan Sebastian Cammermeyer.  Han var fyrst huskapellan hjå Johan Nordahl Brun fyrr han vart bisp og kom frå denne til Os.  Cammermeyer var likeins som Tonning ein glup preikar, men var mykje meir folkeleg og mannamild enn denne, og vart difyr vel likt av kyrkjelyden.  I 1806 vart han prest til Innvik i Nordfjord.  Han var 3 gonger gift, sisste gang med Mette Kristine Dorotea Meidell, dotter åt oberst Frants Hendrik Meidell på Molda i Os.  Med dei tvo fyrste konorne hadde han 5 born.  

Chrisien Larsen vart sokneprest i Os etter Sandberg.  Han var son til skippar Lars Kristensen i Bergen og kona Helchie Hoofft som var prestedotter.  Han var fyrst lærar i Bergen, vart sidan kapellan i Haus og kom i 1805 som prest til Os.  Han var då ein mann på 63 år.  Christen Larsen hadde i si tid vore ein glup talar og dugande lærar, Men då han kom til Os var talegåvorne minka, arbeidshugen burte, og han var då lite skikka som prest.  Kona var død for lang tid sidan og han hadde dei fire vaksne døtterne sine til å styra huset.  Dei var ikkje nett av »mors beste barn«, sjølv drakk han og det heile var eit einaste rot.  I heimen var det berre ustyr og prestearbeidet vart det lite skikk på.  Kyrkjebøkerne vart ikkje førde.  I dei 10 åri Christen Larsen var prest i Os vart det ikkje skrive eit einaste giftarmål eller dødsfall inn i kyrkjeboki og berre nokre få av dei fødde vart innskrivne.  

Prestegarden kom heilt til nedfalls i Christen Larsen si tid.  Prestedøtterne reiv bordklædnaden av husi til ved og hogde elles av husi når dei treng brennsla.  Presten kom sjølv i ei sovori stoda at han knapt åtte klær på kroppen, og ureinska i prestegarden gjekk over alle grenser.  Bisp Pavels skriv um dette: »Den uorden og det svineri som herske de har man ikke seet mage til siden Snøde prestegårds dage.  (Snøde prestegard i Danmark var hundrad år tidlegare illgjeten for sin vesaldom).  Endog de ingenlunde reenfærdige bønder ækledes ved at gå ind til presten«,

I Os minnest ein enno denne presten under namnet »Kristen Larsen med spaden».  Dette namnet fekk han soleis:
Presten hadde husmenn og andre som pligta å gjera arbeid i prestegarden, og kvar gong dei skulde møta upp til arbeid lyste han dette ut frå preikestolen.  Og i vårvinna og potetupptaket lyste han det ut i sovore ordelag:  Imorgo hev Jakob på Stølen, Svein på Sveo og Ola med Grindi å koma og hjelpa Christen Larsen med spaden.  
Og presten vart heitande »Kristen Larsen med spaden« millom bygdefolket.

I 1816 måtte han taka avskil, likevel på vilkor av at han skulde få 100 dalar i «pensjon« av ettermannen.  
Men den nye presten slapp å gjeva nokon pensjon.  Christen Larsen døydde berre nokre vikor etter at han slutta som prest.
Han var gift med Judithe Brunchorst, dotter at kjøpmann Herman Brunchorst i Bergen. Dei hadde 6 born, men dei tvo gutane døydde unge.  Av døtterne vart den yngste Judite gift med ein arbeidar Andreas Bruun i Bergen.  Dei andre Helchie, Marie Christiene og Wenche Elisebet var ugift.  Tvo av dei døydde som legdslemer i Os.


Fast kapellan i denne tidi var Peter Johan Normann, son åt kjøpmann Abraham Normann i Bergen.  Han hadde fyrr han i 1807 kom til Os vore lærar i Bergen.  Han var ein sers dugande prest og god talar, var livall og kvikk og hadde utifrå godt lag med folk.  Bygdefolket var svert glad i han, og det var stor sorg og gråt i kyrkja den dagen han sagde farvæl til osingane.  Han likte lite å skriva og han skreiv heller ikkje noko i kyrkjebøkerne.  Då bisp Paves var på visitas hjå han i Etne, etter at han var vorten sokneprest der, sa åtte han heller ikkje då blekk på blekkhuset.  Han var gift med Anna Katrine Grip, dotter åt tobaksfabrikant Grip i Bergen.  Dei hadde 10 born.  I 1818 vart Normann prest i Etne og nokre år seinare i Leikanger, Sogn.

I 1817 vart Andreas Undal Jersin sokneprest i Os.  Han var son til vossepresten Jakob Christian Jersin og kona Elsebet Lem.  Han var fyrst kapellan hjå faren, deretter i 6 år prest til Lårdal i Telemark og var då han kom til Os ein mann på 43 år.

Jersin var ein spaklynd mann og noko makleg av seg.  Han var ikkje av dei beste talarar og synte heller ikkje sers interesse i presteyrket.  Men han var skynsam og kom tilrettes med bygdefolket.  I fyrstningi freista han å hjelpa fram skulestellet, men då han fekk sterk motburd hjå bygde folket gav han straks upp.  Etter at han fekk huskapellan var det denne som greidde mest med heile prestearbeidet.  Jersin døydde i 1850 etter å ha vore sokneprest i Os i 33 år.
Jersin var 3 gonger gift, fyrste gong med Thale Helene Ravn, dotter til kapellanen i Haram Peder Ravn, deretter med Katrine Knagenhjelm Skjelderup, dotter åt skrivaren i Hardanger Søren Skjelderup, og tridje gang med Gjertrud Marie Fleischer, dotter åt godseigar Hermann R. Fleischer på Voss.  Dei siste konorne hadde båe tvo den fyrre kapellan i Os Hans Astrup til bestefar.  Med kvar av dei fyrste konorne hadde Jersin 6 born.  I fyrste ekteskapet:  1. Jakob Kristian, stadskonduktør i Bergen.  2. Petter Andreas, handelsmann på Osøyi.  3. Elsebet Lem, gift med kontormann Tomas Pedersen i Mandal.  4. Albert Gerhard, student, vart sinnsjuk.  Tvo døydde unge.  I andre ekteskapet:  1. Søren Skjelderup, handelsmann, sidan fyrvaktar på Slåtterøy fyr.  2. Elise Helene, gift med Torstein Jersin, sjå nedanfyre.  3. Ludvig, urmakar i Bergen.  4. Sebestian Fredrik Meitzner, handelsmann på Voss.  5. Annanias Kristian, bankmann i Bergen, og 6. Hans Astrup.  

Hans Gerhard Stub var fast kapellan etter Normann.  Han var son åt Skonevikpresten Paul Skonevig Stub og hadde fyrr han kom til Os i lang tid vore lærar og i nokre år kapellan hjå ymse prestar.  I 1825 vart han prest til Kvædfjord i Trums men søkte seg straks attende til Os, då han ikkje tolde verlaget dernord.  I 1841 vart han prest til Tysnes men døydde eit par år etter.  Stub var ein noko helseveik mann.  Han hadde ikkje stor lærdom eller serleg gode evnor, men var ein beintfram og liketil mann og vel likt.  Han sette elles ikkje noko serlegt merke etter seg i bygdi.  Kona hans var Marthe Andrea Gjæver, dotter åt handelsmann Nils Gjæver.  Dei hadde 7 born. 

Då Stub reiste frå Os fekk Rolf Andreas Olsen kapellanposten.  Han var son åt presten i Stord Erik Olsen.  Då prestegjeldet i 1855 vart skift i tvo, Os og Fusa prestegjeld vart Olsen sokneprest i Fusa.  Frå 1868 vart han prest til Askim.  Han var gift med Mentsine Engelke Rynning, dotter åt presten i Odalen Erik Rynning, og dei hadde 7 born.  
– Olsen var den sisste faste kapellan i prestegjeldet.

Då sokneprest Jersin kom upp i seksti åri fann han det turvande å ha hjelp i embætet, og i 1836 fekk han brorsonen sin, Torstein Hoel Jersin, til huskapellan.  Han var son åt vossepresten, eidsvollsmannen Georg Burchard Jersin og kona Maren Finde Ravn.  I 1851 vart han prest til Dverberg og i 1861 til Finnøy i Rogaland der han døydde i 1879, 74 år gamall.

Torstein Jersin var ein dugande prest og eit godt menneskje.  Han hadde sterk interesse for folkeupplysningi og han arbeidde mykje for eit betre skulestell i bygdi.  I heradstyret, der han var i fleire år og ei tid ogso ordførar, tok han tidt og trådt upp framlegg til bate for skulestellet, folkeboksamlingi og upplysningsarbeidet.  

Han var beintfram og sers folkeleg, og var overlag vel likt av bygdefolket.  »Vetle-Jersin« som bygdefolket kalla han til skilnad frå soknepresten, »Gemle-Jersin«, stend enno i folkeminnet i Os som eit mynster av ein prest, og gamle folk i bygdi talar um han med den største vyrdnad.  Han var gift med syskenbarnet sitt Elise Helene Jersin, dotter åt »Gemle-Jersin«.  Dei hadde ikkje born.  Elisa Jersin var på sine gamle dagar busett på Klyva i Os og tilslutt i »Solbakken« på Bø, der ho ogso døydde.

Georg Døderlein Greve vart i 1850 sokneprest etter Jersin.  Han var son åt godseigar Jan Arntsen Greve på Åstveit i Åsane, og kona Magdalena Margrete Koren Fritzner.  3 av brørne var ogso prestar.  I 1833 vart han kapellan hjå Tysnespresten, i 1841 prest til Nesna i Nordland og kom i 1850 til Os.  Han tok avskil i 1873 og døydde i 1879, 71 år gamall,

Greve var ein ihuga prest, men var helseveik og jamt sjukleg.  Han var den sisste presten i Os av den gamle skulen, av dei som heldt på at presten skulde råda i bygdi og stødt syna at han stod høgt over dei vanlege bygdefolk.

Han var ordførar i Os i fleire år, men han sette ikkje merke etter seg i bygdestyret.  Sjukdomen gjorde at han jamt måtte lysa messefall i kyrkja og han var ogso jamt burte frå heradstyremøti.
Greve var gift med Ulrikke Olava Olsen, dotter åt klokkar i Oslo Jens Ulrik Olsen og kona Dorotea Sigwardt.  Dei hadde 8 born:  1. Dorothea, gift med professor Markus Pløen Ingstad i Oslo.  2. Jan, skulestyrar i Bergen.  3. Jens Ludvig Matias, skulestyrar i Bergen.  4. Georg Olavus, lærar på Kongsberg.  5. Ulrikke Arntine, gift med kjøpmann Johan R. Thesen i Bergen, og 6. Magdalena Margreta Koren, gift med Lars Hansson Tøsdal i Os, prest i Amerika.  Dei tvo døydde unge.

I dei siste 2-3 åri av si prestetid heldt Greve huskapellan.  Det var Henrik Mohn Dahl, son åt presten i Lærdal Henning Frimann Dahl.  Han måtte i 1872 slutta med prestearbeidet, gjekk over til skuleyrket og vart sidan den landskjende styraren av Sogndal Folkehøgskule. Han var ugift.

I 1873 vart Bernt Christian Støp sokneprest.  Han var son åt gardbrukar Eskild Monsen Støp i Skogn, Trøndelag, og kona Nikoline Schmidt.  Etter ei tids lærararbeid fekk han prestekall i Balsfjorden, Trums, og sidan på Røros, der han flutte frå til Os.  Han var ein sers dugande prest og fekk straks godhug i bygdi.  Men alt i 1877 døydde han, 61 år gamall.  Han ligg gravlagd på Os kyrkjegard.
Støp var gift med Karoline Dorotea Ellertsen, dotter åt gardbrukar Eilert Ellerisen i Aker.  Dei hadde 7 born:  1. Olaf, ingeniør, død ung.  2. Karl, apotekar i Oslo.  3. Eskild, sjømann, død ung.  4. Aksel, sakførar i Gran.  5. Halfdan, sokneprest i Høland.  6. Frithjof, tannlækjar i Fredrikstad, seinare Høland, og 7. Marie, lærarinne i Oslo.

I 1877 fekk Arnold Meyer prestekallet i Os.  Han var son åt gullsmed Wilhelm Frimann Meyer i Bergen og kona, Karen Kristine Beyer.  Han var i fleire år lærar i Bergen, vart i 1846 prest til Bø i Vesterålen, vart sidan prest i Eivindvik og kom derifrå til Os.  Han tok avskil som prest 1883 og døyd de i 1889, 78 år gamall.
Meyer var gift med Matilde Marie Kruse, dotter åt kjøpmann Johan Jakob Kruse i Bergen. Dei hadde 7 born:  1. Petra Kristine, gift med presten til Hurum Peter Jakob Kjoss Hansen.  2. Synnøve Margrete, gift med kjøpmann J. Kruse Meyer i Bergen.  3. Matilde Marie, gift med adjunkt Wilhelm Frimann Meyer, Bergen.  4. Wilhelm Frimann, mylneeigar i Bergen.  5. Johanne Jekobine, gift med presten A. H. Mowinckel, Bergen.  6. Kathinka Arnoldine, postassistent i Bergen, og 7. Engelcke Sofie.

Fredrik Wille fekk prestekallet etter Meyer.  Han var son åt presten i Skjeberg Christian Severin Bloch Wille og kona Sofie Wettergreen.  Han var fyrst huskapellan på Ringsaker, vart i 1870 prest i Fjotland, vart deretter prest til Vang i Valdres og kom i 1884 til Os.  Han tok avskil som prest i 1898 og døyd de same året, 61 år gamall.
Wille var gift med Gunhild Jakobine Syversen; dotter åt gardbrukar Peder Syversen på Salmonrud i Eidsberg.  Dei hadde 12 born:  1. Peter Christian, lærar i Stavanger.  2. Sofie Jeanette, gift med Grimer, Oslo.  3. Carl Johan, sjømann.  4. Gunvald Fredrik Arup, i Amerika.  5. Petra Emilie Roll, i Amerika.  6. Hans, lækjar i Oslo.  7. Gunnhild i Amerika.  8. Sigirid, gift med tannlækjar T. Thomassen, Ulefoss.  9. Jakob, sjømann, busett i Oslo.  Dei 3 andre borni døydde unge.

Johan Fredrik Ruge Jørstad vart Wille sin ettermann.  
Han var fødd i Fåberg 1842 og var son åt futen Østen Jørstad og kona Berte Marie Hansen.  I 1869 vart han huskapellan hjå presten i Trøgstad, gjorde i 1875-76 tenesta i nokre fale prestekall og vart i sisstnemnde året prest millom arbeidarane på Austfoldbana.  I 1878 vart han prest i Hamre og kom i 1898 som sokneprest til Os.  I 1906 vart han prost i Midthordland.  Han tok avskil som prost og sokneprest i 1915, men gjorde sidan jamt tenesta ved kyrkjorne i Bergen tildess han døydde i 1927 på Kronstad ved Bergen, der han i dei sisste åri hadde heimen sin.
Jørstad var gift I. med Tina Julie Borgen, dotter åt garvarmeistar Hans Arnt Borgen og kona Ida Amalie Hansen, og II. med Charlotte Meyer.  Born i fyrste ekteskap:  1. Øystein, jurist, og  2. Sigurd, landbruksmann.  

I 1906 vart Mikael M. Johne huskapellan hjå prost Jørstad.  Johne er fødd i Kvelle ved Tønsberg 1879.  Fyrr han kom til Os hadde han i nokre år havt arbeid i den kristelege ungdomssamskipnaden.  I 1907 vart han sokneprest i Rødøy, reiste i 1911 som misjonær til Santalistan og vart etter heimkoma i 1920 sokneprest til Idd i Austfold.  I 1930 vart han utnemnd til fast kapellan ved Jacobs kyrkja i Oslo.

Andreas Åmot vart i 1915 sokneprest etter Jørstad.
Han var fødd i Oslo 1864 av foreldri sakførar Hans Nobel

Coucheron Åmot og kona Jakobine Hansen.  Han hadde læraryrke i nokre år, vart stiftskapellan i Trums 1897, og vart tvo år etter sokneprest i Bjarkøy.  I 1903 vart han prest i Grong, flutte i 1911 til Hammerfest der han ogso vart prost og kom i 1915 til Os.  Under ei ferd til Oslo våren 1922 døydde han snøgt.  Han ligg gravlagd i Bergen.
Åmot var gift med Ågot Tønsberg, dotter åt bokprentar i Oslo Henning Bødtker Tønsberg og kona Henne Barth Heyerdahl.  Dei hadde 10 born:  1. Liv Marie, gift med lækjar i Risør Nils Lønningdal.  2. Gerd, gift med Tomas Hæglend, Amerika.  3. Hans Nobel Coucheron, ingeniør ved Rånåsfos, gift med Iris Lerstang.  4. Henning Tønsberg, farmar i Amerika.  5. Wilhelm Coucheron, ingeniør, Amerika, gift med Elsebeth Schneider.  6. Ragnar Coucheron, byggmeistar, Amerika, gift med Ruth Nielsen.  7. Dag Coucheron, kontormann, Bergen.  8. Sverre Coucheron, styrar, Amerika.  9. Ågot Andrea, og 10. Paul.


Knut Britanus Saure vart sokneprest i Os 1922.  Han er fødd i Hjørundfjord i 1863 av foreldri gardbrukar Ole Olsen Saure og kona Ragnhild O. Bjerke.  Etter å ha vore lærar i 10-12 år vart han i 1904 sokneprest i Talvik, Finnmark, kom i 1909 som prest til Hosanger og vart 1914 sokneprest i Skudesnes.  Frå 1922 hev han vore sokneprest i Os og vart 1929 ogso prost i Midhordland prosti.
Saure var fyrst gift med Anna Kasandra Kloster, Bergen.  Dei hadde borni:  1. Ragnhild Eleonore, død 15 år gml.  2. Johanne Matilde, død 14 år gml.  3. Olav Roger, bankmann, Haugesund, gift med Agnes Lundegård.  4. Johan Roland Kloster, ingeniør, Afrika.  5. Andreas Mørch, forretningsmann, Bergen, gift med Gunvor Hirsch.  6. Otto Eimar Adolf, student.  7. Mally Sofie, gift med disponent Ingolf Bahus, Os.  
Med andre kona Olga Emilie Brensdel hadde han ei dotter, Augusta Ragnhild Matilde.  
Tridje kona Otta Johanne Loftheim, fødd Egelend, døydde i Os og ligg gravlagd på Os kyrkjegard.  
Han er no gift med Jenny Smerdel frå Bergen.

KLOKKARAR.

Ved Kristian III si kyrkjelov av 1539 vart det fastsett at det i kvart prestegjeld skulde vera ein dekn eller, som han vanleg vart kalla, klokker.  Han skulde vera lærar for
»det unge bondefolk udi børnelærdommen, chatechismo, een sinde om ugen udi sted og stund som sognepresten dennem foreskrive«, eller med andre ord: Han skulde vera kristendomslærar,

Det hadde ogso fyrr vore deknar, på gamallnorsk »djaknar«, i landet.  Dei var nærast eit slag hjelpesmenn for prestane pålag som kapellanane i seinare tid, og var kyrkjetenarar attåt.  Dei nye deknar skulde derimot serleg vera lærarar for ungdomen.

For å greida sitt lærararbeid skulde deknen, eller klokkaren som me heretter vil kalla han, reisa ikring i bygdi og læra ungdomen dei fem partane i katekisma.  Um sundagen skulde han samla ungdomen i kyrkja til upplæring.  Under preika var ogso klokkaren hjelpesmann åt presten.  Han skulde styra kyrkjesongen, hjelpa presten under kyrkjetenesta og ringja med klokkorne.  Og for det sisstnemnde arbeid fekk han namnet sitt, klokkaren.

Fyresetnaden var at klokkarane skulde vera studentlærde eller ha fenge onnor god upplæring.  Men løni var so liti at klokkaryrket ikkje kunde freista nokon student som hadde von om å få annan post, og det vart jamt sovorne som ikkje greidde studentprøva, eller studentar som eikorleis hadde vorte ille ute, som vart klokkarar.  Og attimillom, kannhenda jamnast, måtte ein taka folk som ikkje hadde serleg upplæring til å gjera klokkartenesta.  Men likevel kunde det henda at ein sovoren ulærd klokkar synte seg sers dugande og stod fullt på sida av sjølve presten, og ein hev mange soger og segner um sovorne hende.

Kven dei fyrste klokkarar i Osbygdi var veit me ikkje.  Den fyrste som er nemnd finn me som klokkar i 1620 åri.  Han heitte Jørgen Danielson og var busett på Tuen frå 1626 til 1636, og vart i denne tidi berre skriven i bøkerne som Jørgen Thuffuenn.  Sidan vart han busett på Hope i Fusa, og det er difyr mykje truleg at han var son til den gamle brukaren på garden der, Daniel Hope, og at han fekk garden etter faren.  Han var gift med Barbru Hans dotter.  Me veit ikkje noko visst um borni, men det er rnykje truleg at Daniel Jørgenson øvre Boge som i 1675 vart gift med Marta Mattis dtr. Bø var son til klokkaren.  Jørgen klokkar døydde i 1673 umlag 70 år gamall og kona hans som var nær 30 år yngre enn mannen døydde i 1692.

Etter det ein kann skyna so slutta Jørgen med klokkaryrket då han fIutte til Hope eller kannhenda ei tid etter.  I 1650 finn me Kristofer Pedersen nemnd som klokkar i Os.  Kristofer vart det året kalla for retten avdi han hadde teke eit lausbarn til seg, men hadde ikkje sytt for at det vart døypt og upplært i katekisma.  Klokkaren vilde ikkje gjeva full greida på kven sitt barn det var, men etter det ein kann skyna var barnemori ei gjenta i hans næraste ætt.  Klokkaren fekk mykje skrubb avdi han ikkje hadde sytt betre for barnet si kristendomsupplæring,

Kristofer klokkar var truleg son åt magister Peder Hanssøn Riber som i 1628 vart kalla til prest i Jølster.  På eit bilæte *) (sjå bilde 1 i artikkel Skule og Upplæring) , målt på ei glasruta, (truleg frå den gamle HåIandsdalkyrkja), stend klokkaren skriven for »Christophorus Petri Rijber, Diaconus Ousensis«, (Kristofer Pederson Riber, klokkar til Os).  Faren var son åt ein borgar Hans Lambertsøn i Ribe, Danmark, og hadde teke namnet sitt etter fødebyen.

Kristofer var busett på garden Kjønn i Hålandsdalen som var teken ut som klokkargard for prestegjeldet.  Sidan vart han truleg klokkar i Strandebarm.  Han var gift tvo gonger, sisste gong med Anna Lars dotter.  Med fyrste kona, som me ikkje veit namnet på, hadde han 3 barn, Jonas, Jakob og Rakel som alle var utreist til Holland då faren døydde.  Med andre kona si hadde han ei dotter, Anna,
Kristofer var ein fatig mann, og det var ikkje noko å skifta etter han.  Han døydde og vart gravlagd i Hålandsdalen i 1672.

Noko nær på same tid som Kristofer Pederson finn me ogso ein annan klokkar i prestegjeldet.  Det er Engjel Pederson Bellesheim, son åt lensmannen Peder Bellesheim og soneson åt gamlelensmannen Engjel Olavsen Håvik.  Korleis samanhengen er med dei tvo klokkarane på umlag same tid er noko uvisst.  Truleg vart Engjel Ballesheim klokkar etter Kristofer då han reiste til Strandebarm, men det kann ogso henda at Engjel berre var klokkar hjå kapellanen og gjorde tenesta i Fusa og Strandvik sokner.  Engjel Ballesheim var gift tvo ganger.  Men fyrste kona, som me elles ikkje veit meire um, hadde han døtterne Anna og Ågeta.  Sisste ekteskapet med Anna Zakaries dtr. Kleppe frå Strandvik var barnlaust.  Han døydde i 1669 berre 46 år gamall.

Anders Torbjørnson Åkre vart no klokkar.  Kor han var ifrå er uvisst.  Han var busett på Åkre i Strandvik og var etter måten ein rik mann.  Ved skiftet etter han åtte han garden med buskap, hest, 12 kjyr, 3 stutar, 2 kvigor, 2 kalvar, 6 smaler og gjeiter og attåt 101 daler i pengar.  Av bøker hadde han berre 3 stykke, ein bibel, ein huspostill og ei onnor bok.  Heile skiftet var på 439 daler.

Anders Åkre var gift med Mette Klaus dtr. Høst.  Ho var uppfostra på Snilstveit hjå Sunnhordlandsfuten Jens Søfrensøn.  Dei hadde tvo barn, Marta som vart gift med Olav Alvson Svinestein, busett på Femenger, og Anna som vart gift med Stein Olavson Lygre. Anders Åkre døydde alt i 1691, men ekkja Mette Klaus dtr. slapp likevel ganga livet igjenom åleine.  Alt i 1693 vart ho gift att med sersjant Mons Tuft, 1703 vart ho gift for tridje gang med Engel Bolstad og i 1722 vart ho gift for fjorde og truleg sisste gang med Sjur Lote.

Me lyt tru at dei nemnde klokkarane hev vore dugande menn som hev lagt ålvor i læraryrket.  Ved begge sine visitasreisor i Os, 1668 og 1672, fann bispen Randulf at ungdomen i prestegjeldet var vel upplærd, og han gav dei eit sers godt vitnemål.  Umframt dei ihuga prestane Loss hev vel klokkarane i bygdi den største æra for at ungdomen hadde fenge dei gode kunnskapane.

Då Anders Åkre døydde vart Ola Olson Deberg klokkar i Os.  Kvar han var frå veit me ikkje visst.  Det er ikkje nokon gard i Norig med namnet Deberg, men mannsnamnet Ola Olson kunde tyda på at klokkaren var nordmann.  Likevel er det mest truleg at han var danske.  Hans Jensen Daberg, som tvillaust var dansk, var prest i Fana 1673-84, og det er mykje som tyder på at Ola Deberg, sjølv um han skreiv namnet sitt noko onnorleis, var av same ætt som Fanapresten.  Han tok ikkje bustad på klokkargarden Kjønn, men fekk bygsla ein part av Kuven i Os som presten rådde over og som heretter vart klokkargard i umlag 100 år.  Då Deberg hadde fenge klokkarposten gifte han seg med Else Jens dtr. Brun.  Dei hadde fire born, men berre eit av dei, dotteri Else, vaks upp.  Ho vart gift med Knut Olavson Strand frå Bergen.

Ola Deberg vart ikkje rik i klokkaryrket.  Det var jamt vandt for han å greida sine utlogor, og då det ein gong vart lagt ein serskatt på prestar og klokkarar so vitna heile ålmugen på tinget, at Deberg stødt hadde vore og var ein fatig mann som ikkje greidde noko slag skatt.  Han døydde umlag 69 år gamall i 1732, etter 41 års klokkartenesta i Os, og kona hans døydde fire år etter.
Klokkarkona og dotteri Else vart ein gong ute for ei liti vanheppa.  Som dei fleste kvinnor var dei glade i stas, og dei vilde gjerne havt nokre prydnadsting um dei berre hadde havt råd til det.  Men dei hadde ikkje pengar og dei freista difyr å skaffa seg prydnadsting utan kjøp.  I Oselvi var perleskjel, og mori og dottori gjekk til Oselvi for å leita etter perlor.  For dette vart dei sett under tiltale av perleinspektøren Abraham Normand, då kongen hadde teke retten til alt perlefiske i landet.  Ingen kunde prova at mori hadde funne perlor, og dotteri orsaka seg med at ho var ung og ikkje hadde greida på loverne.  Deira orsakingar hjelpte ikkje, men då det sidan vart prova at kongebrevet um perlefisket fyrst kom ut etter at dei hadde teke perleskjel, sa slapp dei fri for straff.

Einar Vold vart klokkar i 1732 etter Ola Deberg.  Etter det ein kann skyna so var Vold student, men me veit elles ikkje nærmare um han.  Han var gift fyrr han kom til Os med ei som heitte Margreta Ellings dtr..  Dei hadde ei dotter, Maria, som vart gift med sersjant Henrik Synnestvedt Lyssend.  Einar Vold var ogso busett på Kuven, der han bygsla garden etter den fyrre klokkaren.
Me veit svert lite å fortelja um Einar Vold.  Han var ein spaklynd mann og sjølv den kranglevorne presten Geelmuyden, som elles stødt låg i strid med kapellanane og klokkarane sine, fann ikkje noko serleg å krangla med Vold um.  Medan Vold var klokkar vart skuleskipnaden gjenomført, (sjå bolken um skulen), og klokkaren fekk sidan berre med overhøyringi i kyrkja og med kyrkjetenesta å gjera.  Etter å ha vore sjukleg ei tid døydde Einar Vold i 1759.
Det melde seg no fleire søkjarar til klokkarposten.  Bispen hadde »en gammel christelig candidat« som han tenkte å gjeva posten, men presten Geelmuyden stræva hardt for at huslæraren hans, student Johan Oehlenschlager, måtte verta klokkar.  Den sisstnemnde hadde ogso gjort tenesta som klokkar medan Einar Vold var sjuk.  Bispen gjekk til slutt med på å gjeva Oehlenschlager klokkarposten, men fyrr bispen fekk setja han inn i embætet kom det melding um, at han nett hadde fenge seg eit lausbarn i Bergen og hadde von um å få eit sovore til fyrr året var ende.  Det vart då ikkje nokon klokkarpost den gangen for Oehlenschlager.
Bispen sin kandidat fekk so posten.  Det var klokkaren i Fana, Jens Lerche.  Han var truleg frå Danmark, men hadde fyrr han vart klokkar vore ei tid i Bergen.  Den fyrr nemnde Fanapresten Hans Daberg var gift med Anna Lerche, dotter åt presten til St. Jørgens hospital i Bergen Kaspar Lerche.  Han var frå Sjælland, og då klokkar Jens Lerche ogso hadde skyldfolk der, so kann ein tru at klokkaren var av same ætt som prestekona i Fana.  Han var student og ein mann med gode kunnskapar og gåvor som kateket.  Ein kann elles ikkje sjå at han sette serlege merke etter seg som klokkar i Osbygdi,

Ekkja etter Einar Vold hadde framleis klokkargarden på Kuven, og då Jens Lerche ikkje hadde pengar til å løysa bygsli med so måtte han taka bustad på klokkarbruket på Kjønn. Presten Geelmuyden kom straks i håri på den nye klokkaren, og fyrr han hadde vore klokkar i tvo år hadde presten sendt mange klagemål over han til bispen og krov han i desse avsett som klokkar.  Eit av kjæremåli var at han budde so langt frå prestegarden.  Lerche var ogso ein mann som presten lett kunde få tak på.  Han sagde ikkje nei til ein dram, og det var mange bygdefolk som gjerne vil de skjenka klokkaran.  Ved brudevigsla skulde altid klokkaren vera med i kyrkja.  Ein dag då det var 4 brudepar ved Os kyrkja hadde Lerche reist åleine frå Hålandsdalen til Os, og då presten kom til kyrkja for å vigsla brudepari fann han klokkaren sovande på kyrkjegarden.  Han var truleg trøytt etter den lange roturen og hadde attåt fenge nokre drammar hjå bryllaupsgjesterne.  Presten sende sjølvsagt ny klage til bispen over dette og krov ny klokkar, men Lerche fekk framleis ha klokkarposten.

I 1763 flutte klokkarekkja Margreta Vold frå Kuven og Jens Lerche fekk då bygsla bruket etter henne.  Han tykkjest å ha tent nokre skjelingar i dei fyrste åri då han var klokkar, for då mannen på grannebruket døydde i 1765 so bygsla han ogso det bruket og hadde no halve Kuven, den same part av garden som Jon Tøsdal no brukar.  Då Jens Lerche døydde fekk sonen bygsla den sisste parten, medan ekkja etter Jens hadde det gamle klokkarbruket so lenge ho livde.

Klokkarinnkoma var i J ens Lerche si tid umlag 94 daler.  Av dette var 30 daler fast løn, offer ved jol, påske og pinstidhelgi var umlag 48 daler, og innkoma av bryllaup, likpreikor og kyrkjegangskonor var ikring 16 daler.  Klokkaren hadde soleis ei god innkoma, men Lerche sat likevel tungt i det alle sine live dagar.
Jens Lerche var gift med Else Hans dtr. Ravn.  Av borni veit me um fem:  1. Hans Petter, gift med Anne Marie Pleiffer.  2. Johan Markus, gift med Anna Ols dtr. frå Bergen.  3. Petter Brandal.  4. Else, gift med fendrik Peter Finne, og 5. Gjertrud.

Lerche var jamt sjukleg og hadde, etter som han sjølv sagde, »et svagheds tilfælde som gjør at jeg ingen kulde taaler og maa om vinteren holde mig inde«.  I 1778 bad han difyr um å få sonen Johan Markus til medhjelpar og um at denne ogso måtte verta klokkar når faren døydde.  Bispen gjekk med på det og alt året etter, i 1779 døydde Jens Lerche.

Etter bispen sin lovnad vart Johan Markus Lerche no klokkar.  Han hadde ikkje onnor upplæring eller utdaning enn den som faren hadde gjeve han, og det var ikkje mykje.  Han var lite dugande som klokkar, og presten Sandberg gav han det vitnemål at han stjorna klokkarumbodet »meget uordentlig».  Han var elles ein stillfarande mann som kom vel av det med bygdefolket.  Han døydde i 1796, berre 41 år gamall.

Største striden um Johan Lerche kom etter at han var død.  Det var skikk at det etter prestar og klokkarar vart halde »geistligt skifte«, som vart stjorna av prestar frå grannebygderne.  Då Lerche korkje hadde prestelæra eller onnor »geistlig« utdaning so fann skrivaren at han burde halda skiftet og tena nokre skjeling på det.  Men prestane vilde ogso tena skjelingane og det vart ein lang strid um skiftet.  Endelykti vart at Lerche trass si skrale upplæring vart rekna som »geistlig person«, og prestane fekk soleis ha æra og fortenesta av å skifta dei stakars eigneluterne åt klokkaren.

Det vart no stor tevling um klokkarposten, og fleire studentar, soleis ein gamall student Smith som hadde vore huslærar hjå storfolk i 30 år, søkte um å vert a klokkar.
Fleire av skulehaldarane i prestegjeldet sende ogso søknader, og underleg nok vart det ein av dei som fekk klokkarposten.  Det var Torbjørn Henriksen Synnestvedt som då var 37 år gamall.  Han var einaste son åt Henrik Synnestvedt som hadde gift seg til gard på Lyssand og var busett der.  Torbjørn hadde fyrst i 5 år vore lærar i Strandvik og deretter i 8 år lærar i Os.  I 1792 gifte han seg og tok då ogso garden heime på Lyssend.  Som klokkar måtte han slutta med skulearbeidet men hadde framleis garden på Lyssand, der han vart buande all sin dag.

Torbjørn Synnestvedt hadde sers gode vitnemål frå folket i Os og Strandvik for lærararbeidet sitt.  Presten Sandberg gav han ogso eit framifrå vitnemål og sagde at han var den mest dugande av dei som søkte klokkarposten, alle studentane medrekna.  Etter presten sitt vitnemål hadde han «i 13 år været skoleholder med stor berømmelse, og er for sin duelighed, retskaffenhed og indsigt yndet af alle«.  Han hadde elles jamt gjort tenesta som klokkar i Strandvik medan han var lærar der i bygdi.

Det var likevel knapt dei gode attestane som gjorde mest til at Synnestvedt fekk klokkarposten.  Det var ein annan ting.  Ekkjorne etter begge klokkarane Lerche livde enno, men dei hadde ingen ting å liva av.  Synnestvedt gav so bispen det tilbodet, at soframt han fekk klokkarposten skulde han gjeva dei fatige klokkarekkjorne 24 daler um året, so dei slapp taka til tiggarstaven eller koma på bygdi.  Bispen fann truleg at det vilde vera ei skam um dei tvo «geistlege» ekkjorne skulde koma på legd eller fara på bygdi og tigga, og Synnestvedt fekk klokkarposten.  Ekkja etter Johan Lerche, Anna Ols dtr., reiste sidan attende til Bergen der ho døydde i 1821, nær 80 år gamall.

Torbjørn Synnestvedt var ein sers dugande klokkar, (eit lyte var likevel at han ikkje hadde god songrøyst), og bispen og presten gav han jamt ros for arbeidet.  Presten fann elles at han som klokkar heldt vel mykje lag med »almuen«.  Synnestvedt var ein gladlynd mann og var velsedd kor han kom, til kvardags og i gjestebod.

Enno gjeng mange sogor i bygdi um »Gamleklokkaren«, som han vanleg vart kalla.  Mest kjend er vel soga um då han fekk den snilde prosten Sandberg til å banna midt på ljose pinstidagen.  Prosten skulde som vanleg preika i Hålandsdalskyrkja fyrste pinstidag og få høgtidsofferet sitt av hålandsdølingane.  Men dei var ikkje i godlag den helgi, det såg ut til uår avdi det hadde vore turk heile våren og surnaren, og det kom berre skjelingar og halvskjelingar på altaret.  Prosten som hadde venta seg eit dugeleg offer av dei rike dølingar vart ogso i ulag, og tok med i kyrkjebøni eit ynskje um at det den surnaren måtte verta like turt i Hålandsdalen som det idag hadde vore turt på altaret og i dølingane sine hjarto.  Og han slutta kyrkjebøni med det ynskjet, at det enno måtte gå 10 vikor fyrr det kom ei regnbygja over Hålandsdalen.

Dette var mat for klokkaren.  Då prosten med 4 mann i skyss reiste heimatt etter preika sat klokkaren i framskuten, medan prosten som vanleg sat bak i båten, innpakka og påbreidd so at han korkje kunde snu hand eller hovud.  Då dei kom roande ut Fusafjorden byrja klokkaren å gjera store augo og stira innover mot Hålandsdalen.  Og rett som det var so ropa han: 
»Far, (han kalla altid prosten for far), no trekkjer det upp over Hålandsdalen!«  Prosten vart sur men sagde ikkje noko.  Um ei liti tid so kom det att frå klokkaren: »Å far, no tjuknar det til over Hålandsdalen!»  Prosten vart både gul og grøn, han tenkte på kyrkjebøni si den dagen, men det let ikkje i han.  Men straks etter so ropte klokkaren: »Far, far, no rignar det over Hålandsdalen!«  Men då kokte det over hjå presten og han skreik upp:  
»So til H………lat det no rigna då, både vel og lenge!« – Um prosten hadde fenge vendt hovudet og set attende so vilde han ikkje funne ein skyfloke på himmelen, korkje over Hålandsdalen eller andre stader.

Som ein skynar var klokkaren noko av ei tergestikka, og alle dei prettor som han gjorde presten, lensmannen og andre er ikkje teljande.  Men han kunde ogso tola ei pretta sjølv.  Ein mann frå Moberg som elles var av dei likaste i bygdi var ikkje tilvens med klokkaren, og han gav difyr berre ein lammebog i offer når dei andre gav eit gildt kjøtlår.  Men då klokkaren eit år kom på offerhenting til Moberg hadde bjølla fenge ein annan låt.  Han vart beden inn i stova og fekk traktering, skjenk og mat, og attpå kom Mobergsmannen inn med tvo drustelege kjøtlår til offer.  Klokkaren takka og signa den gilde gjevaren, stappa kjøtlåri i sekken til dei andre og gjekk vidare.  Då han var komen heim um kvelden og skulde taka kjøtet or sekken vanta det tvo kjøtlår etter rekningi hans, og han skyna samanhengen: Mobergsmannen hadde teke det kjøtet som han gav i offer or klokkaren sin eigen sekk.  Men etter den dagen var klokkaren og Mobergsmannen godvener.
Synnestvedt var rnykje vyrd og avhalden i bygdi.  Han hadde etter tilhøvi i dei tider ei stor boksamling og var ein kunnskapsrik mann.  Han freista å få burt gamall overtru som heldt seg i bygdi, soleis trui på daudingar, hulder og all slag skrymt.  Ein gang var han saman med mange andre i eit jolegjestebod på Bø.  Det vart då tala um skrymt og daudingar og alle var samde um at det i jolehelgi var fårleg å ganga på kyrkjegarden nottetider.  Klokkaren vart arg og sagde at han skulde syna dei sanningi um at det ikkje fanns daudingar.  Trass det var midt på notti og skumande myrkt gjekk han med ein gang dei nokre kilometer til prestegarden, vekte upp presten og fekk kyrkjelyklane, gjekk so i myrkret til kyrkja og attende til Bø, og sette altarkalken og altarstakane på bordet åt dei forskrærnde gjestebodsfolki.  Dei krossa seg over klokkaren og vågsemdi hans, og det vart ikkje tala meir um skrymt medan klokkaren var i gjestebodet.

I 1820 søkte Synnestvedt um å få sonen Olav tilsett som hjelpeklokkar med tanke på at han sidan skulde få sjølve klokkarposten.  Bispen gjekk med på dette, og i dagboki si skryter bisp Pavels av seg sjølv avdi han ikkje tok noko av Synnestvedt for at han hjelpte sonen hans til å verta klokkar.  Det vart soleis billegare for sonen å verta klokkar enn det var for faren.

Torbjørn Synnestvedt var gift med Kristi Ols dtr. Borgen.  Dei hadde 6 born, og av desse vaks 3 upp:  1. Henrik, gift med Malria Lars dtr. Tøsdal, var lensmann og fekk garden på Lyssand.  2. Olav, sjå nedanfyre, og 3. Kari, gift med Steffen Olavson Grindevoll.  Torbjørn døydde i 1832 og kona i 1844.

Olav Torbjørnson Synnestvedt fekk so klokkarposten.  Han hadde då vore lærar i 7 år og som nemnd ogso hjelpeklokkar ei tid.  Til dessar hadde det ikkje fylgd vanleg skulepost med klokkaryrket, men klokkaren som var den same for alle fem sokner i heradet hadde berre havt kristendomsupplæring og overhøyring i kyrkja.  Ved den nye klokkaren si tilsetjing vart det skipa soleis at kvar kyrkjesokn fekk sin eigen klokkar, som attåt skulde ha vanleg lærarpost.  Olav Synnestvedt vart lærar i Oskrinsen som same året fekk fast skule med skulestova på Lyssand hjå Henrik Synnestvedt, bror til klokkaren.  I 1840 kjøpte ogso klokkaren seg eit bruk på Lyssand og han vart buande der.  Den faste skulen var stødt på Lyssand til dess Os skulehus vart bygt i 1861.
Den nye klokkaren var vel skikka for arbeidet.  Han rokk vel ikkje faren i dugleik og djervleik, men var meir stød og ålvorsam enn han.  Som lærar fekke han dei besste vitnemål både hjå bisp og prest, og »Klokkar-Ola’n» som han vart kalla var mykje vyrd og vel likt av bygdefolket,

Alt i 1841 vart han vald inn i formannskapet, frå 1844 til 1847 var han ordførar i Os, og var sidan varaordførar i fleire år.  Saman med broren gjorde han upptaket til indremisjonsarbeidet i bygdi, og han var stødt interessert for alt kristelegt arbeid.  Han var ogso med å skipa Folkeboksamlingi i Os, likevel utan å syna serleg interesse for bøkerne seinare.

Olav Synnestvedt var gift med Jørna Jørgens dtr. Rød.  Dei hadde 8 born.  1. Kristi, gift med Jon Søfteland.  2, Torbjørn, fekk farsgarden og var handelsmann på Osøyri.  3. Marta, ugift.  4. Agata Jørgineine, gift med Engel Hjemdel,  5. Kari, gift med Engel Hauge og busett i Kvinnherad.  6 . Jørgen Olai, handelsmann i Bergen.  Dertil tvo gutar som døydde unge.  Olav Synnestvedt døydde i 1854, berre 49 år gamall.

Olav Olson Austestad vart Synnestvedt sin etterfylgjar.  Han var frå Austestad i Fusa, hadde gjenge Stord seminar og var ein dugande lærar som alle såg upp til, og det stod age av han i arbeidet.  Han kom tidleg inn i heradstyret, var i fleire bolkar varaordførar, var fleire gonger valmann, og hadde elles mange kommunale umbod i bygdi.  Han var soleis heradskasserar i Os frå 1855 til 1898· I alt sitt yrke var han greid og pålitande og vyrd av bygdefolket.

Han var fyrst busett på Lyssand, men då det vart kjøpt skulejord på prestegarden og bygt skulehus med lærarbustad på denne, so flutte han dertil i 1861.  Då han i 1884 slutta med skulen bygde han seg hus i »Finnebrekke« og vart buande der til han døydde i 1899.  Han var då 76 år gamall.
Olav Austestad var gift med Marta Haldors dtr. Vinnes frå Strandvik.  Dei hadde tvo born Haldor og Olav.  Den fyrste var sjømann og den andre var snikkar i Bergen.

Anders Olson Engen fekk klokkarposten etter Austestad i 1884.  Han var født i Guddal, Fjaler, i 1840 og vart alt som 16 år gamall gut umgangsskulelærar i heimbygdi.
I 1863 gjekk han inn på Stord seminar og vart nokre år seinare lærar og klokkar i Dale, Sunnfjord.  Midt i seminartidi måtte han i militærtenesta, og låg sumaren 1864 på Ulven og venta på ferd til Danmark for å hjelpa dette landet i krigen mot Tyskland.  I 1877 vart han lærar og klokkar i Brekke, ytre Sogn, der han var tildess han i 1884 flutte til Os.


Engen var vel likt som lærar.  Han hadde sterk interesse for hagearbeid og stelte vel um klokkargarden.  Han fekk straks ymse tillitsyrke i bygdi, vart alt i 1886 vald til forlikskommissær, og var frå 1888 til 1897 kassastyrar i Os Privatbank.  Seinare var han formann i styret for Os Landmandsbank.  Ved eit val var han ogso valmann frå Osbygdi.  Han tok avskil som lærar og klokkar i 1909 og budde sidan i eige hus på »Åbakken» ved Osøyri til han døyd de i 1912.
Anders O. Engen var gift med Oline Johanne O’S dtr, Bjordal frå Sogn.  Dei hadde mange born men flelre døydde unge.  7 born vaks upp:  1. Olav, gift med Dagny Nedrebø, var ei tid lærar i Os, seinare lærar i Ålesund og no i Stavanger.  2. Halfdan, gift med Marta Litlere, skomakar på Voss.  3. Borghild, lærar på Dale i Bruvik.  4. Sigurd, lærar i Lund, Rogaland.  5. Sofie, busett på Os.  6. Adolf, kjøpmann i Minneapolis, Amerika, og 7. Petra, gift med handelsmann R. Teigen, Nesttun.

Jakob K. Djuvik vart klokkar då Engen slutta i 1909.  Han er fødd på Askøy i 1875, gjekk Notodden seminar og vart lærar i Hamre.  I 1899 kom han til Os som lærar i Søre Neset og Klyva krinsar, og fekk i 1909 klokkarposten i Os.
Som lærar hev Djuvik synt sterk interesse for sang og musikk og hev stjorna fleire songlag. Han hev ogso skipa eit kristelegt ungdomslag i krinsen.
Djuvik er gift med Maria Salmunds dtr, frå Askøy.  Av borni liver desse:  1. Johanna, gift med butikchef Chrisiensen, Bergen.  2. Salmund, sokneprest i Sund.  3. Karl, i U. S. A.  4. Harald, i U. S. A.  5. Øystein.  6. Aslaug.  7. Sigurd,  8. Svanhild.  9. Maria.  10. Martinus.