FYREORD til Os Soga III

FYREORD til Os Soga III

FYREORD.

Etter 30 års arbeid kann eg endeleg leggja fram det samla utsynet  over Os soga.  Verket hev teke lang tid, men når det heile skal gjerast som umframtarbeid utan forsøming av anna yrke, so er det ikkje gjort i ei snøggvenda.  Kvar time av mi fritid og dei pengar eg hev tent er brukt til verket.  Berre på den måten kunde eg greida arbeidet.

Gards- og ættesoga i band III er sett upp på same måten som i band II.  Gardane hev same rekkefylgje og numer som i den prenta matrikulen for Os, men dei einskilde bruksnumer i boki hev ikkje noko med matrikulen sine bruksnumer å gjera.

Avstyttingane er dei same som i band II: b. = bur i eller på, br. =bruk, d. = død, e. = ekkja eller ekkjemann, f. – fødd, g. = gift med, g. b. – gift og bur i eller på, s. = sjå, s. d. = sjå der, s. n. = sjå nedanfyre, s. o. = sjå ovanfyre eller framanfyre, ug. = ugift.

Døme på avstytting ved tilvisingar til andre bruk eller gardar: «Helga, f. 1780, s. br. 5» = Helga, f. 1780, sjå um henne under bruk nr. 5 på denne garden. «Ola Bø, g. 1800 Kari indre Tuen, s. i. T. 3» = Ola Bø, gift i 1800 med Kari indre Tuen, sjå um dei under indre Tuen bruk nr. 3.

Det er attimillom synt til andre bygdebøker, Fanaboki, Samnanger boki og dei tvo fyrste band av Osboki, og brukt avstytting ved til visingane. Døme: «s. O. B. I 450» = sjå Osboki band I sida 450, «s. S. B. 220» – sjå Samnangerboki sida 220, «s. F. B. 300» = sjå Fanaboki band II sida 300, «s. O. B. Il 360» – sjå Osboki band II sida 360.

Kjeldone som er nytta under arbeidet er dei same som er nytta fyrr og nemnde tidlegare.  Det var meiningi å teke noko meir med i dette bandet um dei ting som fanns på gardane, klær, husbunad, reidskap o. a., men det var uråd å få tak i dei bøker som kunde fortelja um det.  Det er berre dei skiftebøker og skiftebrev som finns i Statsarkivet som kann gjeva rettleiding her, og etter april 1940 vart det ikkje tilgjenge til Statsarkivet.

Henrik Tveit hev teke umlag alle bilæte som finns i dette bandet.  Johannes Sundvor hev no som fyrr gjeve meg verdfulle upplysningar og fritt tilgjenge til samlingane sine.

Tvillaust vil ein finna ymse mistak i boki.  Verket hev burt imot eit hundrad tusund namn og årstal, og det er uråd å trygda seg mot mistak og misprentingar.  Hadde eg kunne leigd korrekturlesar, noko som eg ikkje hadde råd til, so vilde det vore tryggare.  Eg hev ogso funne ymse nytt sidan andre bandet gjekk ut.  Ei lista med tillegg og rettingar er teki med i slutten av boki.  Tilleggi er uppsette i rekkefylgje for kvar gard, so ein vil lett firma det som vedkjem garden.

Likeins som ved band II hev eg sendt ut nokre hundrad brev ikring bygdi, jamt med betalt svarbrev for å få litande upplysningar, men mange fann det under sin vyrdnad å gjeva svar.  Storparten av osingane hev likevel vore beinsame og gjeve rettleiding og upplysningar.  Ogso utflutte osingar og andre utanfyre Osbygdi hev hjelpt til.  Dei vert for mange å nemna, og eg takkar dei hermed alle under eitt.

Os, 30. juni 1941.
Nils Tveit.