Utflutte handverkarar og handelsmenn
Frå OS SOGA II side 55 – 61
UTFLUTTE HANDVERKARAR OG HANDELSMENN.
Osingane hev alle dagar vore med i arbeidslivet. Me finn dei tidleg som båtbyggjarar, treskomakarar, kjiparar og som andre handverkarar. Mange av dei utflutte osingar synte ogso givnad og hadde hug for handverk, og når me nemner sume av dei her, so er det for å syna at ogso dei hev «halde arven istand» som dei fekk frå Osbygdi. Me kjenner diverre ikkje alle, og sjølv um dei var kjende so vart romet truleg forlite til å kunne få alle med.
Den fyrste utflutte osing som me finn nemnd som handverkar var Eiliv Torsteinson Sundøy, f. 1682. Han vart kjiparmeistar (bødkar) i Bergen ikr. 1720.
Anders Olson øvre Rød, f. 1711, vart kjiparmeistar i Bergen i 1740 åri.
Erik Larsson Lien, f. 1733, vart kjipar i Bergen ikr. 1760 og fekk borgerskap som kjiparmeistar i 1779.
Hans Andersson Søfteland, f. 1744, var felemakar og reiste til Bergen ikr. 1760. I 1770 tok han borgerskap i Bergen som felemakar.
Simon Paulson Ferstad, f. 1757, gjekk ogso kjiparvegen og vart kjiparmeistar i Bergen ikr. 1780.
Mons Monsson Molda, f. 1765, lærte smedhandverket og vart smedmeistar i Bergen i 1790 åri.
Hans Olson Ferstad, f. 1791, var snikkar og busette seg som skipstimbermann i Drammen. Han var med i ufreden 1812 – 14 fyrr han for frå Os. Han skal vera ættarfar til den kjende musikaren Johan Halvorsen.
Fleire handverkarar enn dei her nemnde veit me ikkje um millom utflytjarane frå Os fyrr 1800. Det var tvillaust mange fleire, men dei gjøymer seg i den store ukjende utflytjarflokken frå Osbygdi og vert gløymde.
Etter 1800 finn me fleire, og me skal nemna nokre som me kjenner til frå dei ymse grender i bygdi.
Nils Johannesson Haukeland, f. 1887, driv byggmeistarverksemd på Lofthus i Hardanger. Han hev havt ymse tillitsyrke i bygdi. Nils kallar seg for Søfteland.
Rasmus Larsson Sælen, f. 1895, dreiv ei tid byggmeistarverksemd i Fana. Han hev m. a. bygt husi på prestegarden Os.
Didrik Anderson Søfteland, f. 1880, var sementstøypar og arbeidde som formann ved mange anlegg i Oslo og andre stader på Austlandet. Sjå ogso Søfteland 19 i gardsoga.
Kristian Størkson Salbuvik, f. 1871. busette seg på Laksevåg og dreiv båtbyggjing. Han var ein kjend båtbyggjar som kunde tevla med båtbyggjarane heime i Os. Broren Johan Salbuvik, f. 1882, flutte til Askøy og driv no båtbyggjing der.
Nils Pederson Nordstraumen, f. p. Skavhella 1874, dreiv blekkmakarverkstad i Bergen.
Elias Tolleivson Nordstraumen, f. 1868, var skomakar og hadde verkstad i Fana. Broren Halvard Nordstraumen hadde trevarefabrikk ved Hamar.
Brørne Torstein og Matias Kristiansøner Forstrønen, fødde 1877, er bakarar. Den fyrste driv bakeri i Skånevik, den andre på Askøy.
Johannes Johannesson Forstrønen, f. 1871, var snikkar og bygningsmann i Bergen. Han var tambur på Ulven.
Jens Kristofferson Nordstrønen, f. 1852, dreiv skomakarverkstad på Fanahammaren.
Edvard Johannesson Askvik, f. 1875, vart steinhoggar og er arbeidsformann på P. G. Riebers steinhoggeri og marmorverkstad i Bergen. Han kann i 1939 halda 40 års høgtid som tenestemann på verkstaden.
Engjel Engjelson Hovland, f. 1873, hev i mange år drive røyrleggjarforretning i Bergen, lengste tidi under firmanamn Antvedt & Hovland.
Ola Olson Askvik, f. 1890, var målar og dreiv si verk semd i Opdal, Sørtrøndelag.
Ola Larsson Lunde, f. 1884, gjekk i målarlære på Tveit, flutte sidan til Bergen og tok borgerskap som målar i 1913. Driv under firmanamn O. L. Lunde. Han hev i fleire år vore styremedlem i målarmeistarlaget, og hev arbeidt i kommunalpolitikken for frisinna vinstre.
Karl Larsson Lunde, f. p. Moberg 1883, flutte til Bergen og vart skomakar. Seinare hev han ogso opna utsal av skoty og hev no stor skotyforretning på Strandgata i Bergen under firmanamn K. L. Moberg.
Bertin Nilsson Lekven, f. 1875, gjekk i blekkmakarlære på Osøyri, arbeidde so på ymse stader og skipa eigen forretning på Voss. Han selde den i 1914 og dreiv sidan verksemdi på Laksevåg til han døydde i 1930. Sønerne hev no verkstaden.
Karl Jonson Moberg, f. 1863, dreiv skomakarverksemd i Bergen.
Karl Tomasson Moberg, f. 1881, og Ola Johannesson Moberg, f. 1883, er lokomotivførarar i Bergen.
Karl Engjelson Moberg, f. 1888, var bakar på Voss.
Engjel Olson Ulven, f. 1845, hadde hjulmakarverkstad på Nesttun, og Hans Hansson Ulven, f. 1856, dreiv som skomakar i Bergen.
Brørne Olai Kristenson Skogen, f. 1864, og Johannes Skogen, f. 1873, dreiv som byggmeistarar i Fana og Bergen.
Hans Hansson Osøyri, f. 1834, var skreddar og dreiv i mange år stor forretning i Bergen.
Jon Knutson Lunden, f. 1833, dreiv skomakarverkstad, og broren Lars Lunden, f. 1843, dreiv smidja i Bergen.
Karl Rasmusson Hauge, f. 1857, dreiv snikkar- og bygningsarbeid i Bergen, og Johannes Andersson Hauge liknande verksemd i Fana.
Øyvind Pederson Hauge, f. 1876, var snikkarmeistar og dreiv ei større verksemd i Bergen. Han hadde fleire tillitsyrke i faget og i byen, der han m. a. var ein mykje nytta skyns- og takstmann.
Engjel Andersson Hauge, f. 1846, var fargar og dreiv verksemdi si i Rosendal, Kvinnherad.
Brørne Mons Sjurson Bø, f. 1888, og Sigurd Bø, f. 1896, driv bygningsarbeid i Fana.
Ola Ingebrigtson Bø, f. 1889, er snikkar og driv trevarefabrikk i Haugesund. Likeins Johan Jonson Øvreide, f. 1879.
Hans Nilsson Berge, f. 1888, er gullsmed i Oslo og styrer no ei stor gullsmedforretning der. Nils Olson Heggland, f.1890, er ogso gullsmedsvein i Oslo og er formann i faglaget for landet.
Tomas Olaison Heggland, f. 1897 er murmeistar i Bergen og hev ogso bygt fleire av murhusi på Osøyri. Broren Ole Heggland, f. 1899, driv som byggmeistar i Bergen.
Hans Olson Heggland, f. 1884, er snikkarmeistar i Bergen og driv ein større trevarefabrikk. Han hev ymse tillitsyrke i faget og elles i byen. Broren Lars Heggland, f.1887, er målar på Notodden og driv ogso ein større fargehandel der. Han hev mange tillitsyrke, er med i bystyret, bankstyret, o. a.
Johannes Knutson Øvreide, f. 1877, var murmeistar i Stavanger. I sine unge dagar var han sjømann, og var då med på «Seladon»s namngjetne forlis som det vart skrive bøker og laga songar um. Dei forliste sjømenn var ein månad i open båt og etterpå var dei eit år på ei liti øy fyrr dei spurdest.
Brørne Nils Hansson Utgjerdet (Tveit), f. 1872, og Lars Hansson, f. 1874, dreiv begge skomakarverkstader i Bergen.
Torbjørn Vinsjansson Lien, f. 1890, er målarmeistar i Fana.
Severin Olson Spansteigen (Heggeland), f. 1878, er murar og driv verksemd i Stavanger.
Kristian Larsson Hjemdal, f. 1892, er byggmeistar i Bergen og hev havt mange større byggearbeid der.
Heine Olson Øvredal, f. 1820, flutte til Strandvik og dreiv som murar all sin dag.
Det er tvillaust fleire utflutte handverkarar frå Os som burde vore nemnde, men me kjenner forlite til dei og veit heller ikkje um dei hev drive som sjølvstendige handverkarar. Sume av dei yngste er heller ikkje medtekne, men dei vil alle verta nemnde under gardsoga. Dei handverkarar som vart buande att i Osbygdi fær ogso si umtale der, og einskilde utflutte vil verta nemnde i næste bolk.
Fleire utflutte osingar hadde hug til handelen og vart handelsmenn, dei aller fleste i Bergen. Me nemner stutt nokre av dei her.
Hans Vinsjansson Hauge, f. 1814, er den fyrste me finn som utflutt handelsmann. Han var kjellarhandlar i Bergen, og osingane samla handelen sin mykje hjå han. Han døydde ugift 1854.
Peder Larsson Bø, f. 1829, var næste handelsmann frå Os. Han byrja som handelskar i Bergen 1852, tok handelsborgerskap i 1857 og handla mykje med folk frå desse bygdene. Men handelen gjekk ikkje godt og i 1869 reiste han til Amerika.
Lars Larsson Gjemdal, f. 1831, reiste til Bergen i 1850, stod som krambudkar nokre år, fekk borgerskap og tok til med kjellarhandel i Strandgata. Han vart no osingane sin handelsmann og i mange år var det «Gjemdal’n» og «Bjånes’n», s. n,, som samla osingane i Bergen. Lars Gjemdal
dreiv handelen til han var ein gamall mann.
Nils Johannesson Bjånes, f. 1845, reiste til Bergen som ung gut og vart krambuddreng. Sidan byrja han eigen handel i ein kjellar ved Muren, og vart som ovanfyre nemnd ein mykje nytta handelsmann av osingane.
Peder Heljeson indre Haugland, f. 1839, reiste til Bergen i 1858 og tok handelsborgerskap i 1865. Han dreiv kjellarhandel som dei andre karane frå Os, og folk frå dei ytre luter av Osbygdi handla gjerne hjå han.
Nils Torsteinson ytre Lekven, f. 1840, reiste til Bergen i slutten av 1850 åri og byrja med kjellarhandel der. Det gjekk ut for han og bror hans Sjur Torsteinson, f. 1843, overtok handelen. Nils døydde i 1885. Sjur gjekk no saman med ein mann frå Kristiansund, og handelen vart driven under namnet Torstensen & Arnesen. Det gjekk no godt, og osingane handla mykje der. Arnesen gjekk frå og Sjur dreiv handelen åleine til han vart gamall og let den frå seg til sonen. Han busette seg so på Sagstad i Fana og døydde i 1914.
Jørgen Olai Olson Synnestvedt, Lyssand, f. 1852, reiste til Bergen i 1872 og vart handelsmann der. Sønene tok forretningi etter han, og fleire handelsmenn i Bergen ættar no frå Jørgen Synnestvedt.
Hans Larsson Sørstrønen, f. 1855, gjekk underoffiserskulen og vart sersjant i 1882. Han var so ei tid politikonstabel, men vart sjukleg og slutta dette yrket. Han vart då kontormann og agent hjå Singer symaskinforretning, gjorde ei tid tenesta for firmaet i Trondheim, og skipa sidan eigen manufaktur- og maskinhandel i Oslo under firmaet H. Tøsdal (etter faren sin fødestad). Seinare tok han ei utferd til Amerika og fekk hug til landet her. Etter å ha vore heime ei tid reiste han difyr attende til Amerika og tok seg farm i Kanada, der han døydde i 1912.
Jon Vinsjansson indre Haugland, f. 1855, var lenge busett på Haugland, men flutte til Kronstad ved Bergen i 1895. Han var sjømann og fiskar, men vart etter at han kom til Kronstad fabrikkarbeidar og dreiv handel attåt.
Ola Andersson Nordstrønen, f. 1857, reiste til Bergen og byrja kolonialhandel der. Han døydde tidleg og ekkja heldt fram med handelen i fleire år.
Annanias Engjelson Midtsæter, f. 1867, reiste ikr. 1885 til Skålevikneset i nærleiken av Bergen. Han arbeidde ei tid som bødkar ved Vestlandske Petroleumskompani, men byrja so med landhandel på staden. Sonen driv handelen no.
Lars Larsson Nordstrønen (kallar seg Strønen), f. 1872, reiste til Bergen i ung alder og byrja handel. Han var deretter ei tid i O. Nilssen & søns forretning, var so i 18 år styrar av Nesttun forbruksforening og byrja i 1920 åri eigen handel på Hop i Fana. Han hadde ogso ei tid garden Rød ved Fanafj orden.
Torgils Nilsson Lekven, f. 1874, reiste som 16 års gut til Voss og vart betjent hjå handelsmann Jersin der. I 1901 byrja han eigen handel på Voss og hadde denne i 10 år. Han reiste so til Bergen og byrja manufakturhandel som han dreiv til 1927. Han tok då stogg nokre år, men tok so atter til og skipa skjortefabrikken Tempo i Bergen som han driv no.
Vinsjans Monsson Lepsøy, f. 1865, styrde i mange år marketenteriet på Ulven og handelen her for fru Hanssen på Osøyri, som hadde denne. Sidan flutte han til Bergen. Um broren Halvard sjå seinare.
Nikolai Nikolaisen, Osøyri, f. 1872, dreiv ei tid snikkarverkstad o. a. på Osøyri. Seinare reiste han til Stavanger der han driv med brusfabrikk og handel. Fleire av brørne hans gjekk ogso handelsvegen og vart knytte til handel i Oslo o. a. st.
Elias Martinussen ytre Tuen, f. 1872, reiste som ung gut til Bergen, gjekk handelsvegen og byrja med manufakturhandel. Han arbeidde seg godt fram og dreiv ein stor manufakturhandel på Torget under firmanamnet E. M. Thuen. Han døydde for nokre år sidan, og borni greider no med handelen.
Kristoffer Johnsen, Vedholmen, f. 1580, flutte etter 1900 til Våge i Tysnes og byrja landhandel der. Han er ogso ekspeditør for dampbåtane på staden.
Jon Hansson Tøsdal, f. 1876, byrja i 1899 handel på Osøyri, men flutte sidan or bygdi og vart handelsmann i Odda, Laksevåg o. a. st. Han er no busett på Nesttun.
Elias Olson Sørstrønen, f. 1887, var ei tid sjømann, men busette seg sidan i Bergen der han driv hotell.
Henrik Engjelson Gjemdal, f. 1889, var ei tid handelsbetjent i Os, men flutte so til Haugesund der han driv ein større handelsforretning.
Av yngre folk frå Os finn me ogso sume som hev gjenge handelsvegen og som er knytte til handel e. l. utanfyre bygdi:
Oskar Forstrønen i Hjelme, Annanias Skorpen i Strandvik, Karl J. Moberg, Teodor Lekven, Ola Skåtøy, Mons Eide, o.fl. i Bergen. Hjalmar Gjerde er bankmann i Oslo, og Anders Hauge og Henrik Tveit er bankmenn i Bergen.