Utflutte gardbrukarar
Frå OS SOGA II side 50 – 53
UTFLUTTE GARDBRUKARAR.
Ein stor part av dei som flutte ut or Osbygdi vart bønder, gardbrukarar, i andre bygder. Fyrr 1800 og likeins ei tid etter var det berre jordi og sjøen som kunde føda sin mann i bygdene, og kvar gut som det var noko tak i freista å få seg jord. Det var jordi som drog, og mange osingar hev vore med å rydja og dyrka jord i framande bygder.
Av dei osingar, mannfolk, som er flutte ut or bygdi i tidi 1680 – 1900 og som hev funne ny heimstad her i landet, (me reknar ikkje Amerikafararane med), er umlag fjordeparten vortne gardbrukarar. Me tek her eit lite utsyn over denne utflytjingi frå dei ymse grendene, og vil med det same stutt nemna nokre av dei osingar som hev vore med å rydja og byggja landet utanfyre Osbygdi.
Frå Søftelandsbygdi hev det vore liti utflytjing, og dei nokre få utflutte som vart gardbrukarar kom umlag alle til Fana. Fyrr 1800 tok Nils Søfteland og Mons Gåssand vegen dit, og sidan for Bård Raudlidi, Lars Gåssand, Mons Haukeland, Ola, Lars og Svein Sælen, Jon Søfteland og seinare Karl og Leonhard Sælen same vegen. Ein annan Mons Gåssand fekk gard i Valestrand, og Jon Søfteland som flutte til Fana kom sidan til Sund og vart gardbrukar der.
Lysefjorden hev sendt mange gardbrukarar til Fana. Det er serleg Nordvik, Krokeid og einskilde gardar ved Fanafjorden som hev fenge sine busitjarar herfrå. Ikring 1700 reiste Nils og Rasmus Søvik til Fana, og noko seinare tok Anders Drange, Ola Salbuvik, Eivind Sperrevik og Ola Holen same vegen. Etter 1800 fekk Fana mange bønder frå denne grendi: Hans Balland, Kristian og Mons Drange, Daniel Salbuvik, Nils, Engjel og Jon Søvik, Jørgen Buena, Nils og Daniel Sjøbøen, Ola og Nils Buskengen, Jon, Peder og Johannes Høyspolen, Ola Utgjerdet og Ola Kalvetræ. Kristen Kalvetræ og Haktor Salbuvik vart gardbrukarar i Sund, og Peder Vasberget fekk seg gard i Kinsarvik.
Ogso ein og annan mann frå Øyane vart bonde i Fana. Ikr. 1700 reiste Mons Sørstrønen dit, og hundrad år etter for Elling Nordstrønen same vegen. Seinare fekk Nils og Hans Rottingen, Nils Sundøy, Hans Økland og Ola Forstrønen seg jord i Fana. Jakob Nordstrønen, Hans Rottingen og Vinsjans Lepsøy vart gardbrukarar i Sund, dei tvo fyrste flutte ut fyrr 1800. Lars Lepsøy og Johannes Rottingen vart tidleg bønder i Fusa, og millom dei som fekk jord i Strandvik var Peder Sundøy, Johannes Lepsøy og Anders Rottingen. Johannes Sundøy vart bonde i Samnanger og Jon Rottingen flutte heilt upp til Trøndelag. Etter 1900 er Nils Rottingen vorten garbrukar i Hardanger.
Frå Nore Neset er kome få bønder til andre bygder. Arne Særvoll reiste til Fana ikr. 1700, og seinare hev Ola Askvik, Ola Hagavik, Peder og Ola Hagevik fenge jord i Fana. Anders Tuen og Ola Storum vart bønder i Sund, Jon Storum i Austevoll og Abraham Askvik vart bonde «på Ouland ved Havet», truleg i Austevoll. Peder Særvoll vart ikr. 1800 plassmann ein stad i Sunnhordland, Sjur Hovland vart bonde i Laksevåg, Nils Hovland flutte alt til Lofoten, og Eivind Hovland vart bonde på «Sorvik i Foslandsosen.»
Dei nokre utflytjarar frå Søre Neset som vart bønder kom umlag alle til Sund: Lars Lekven, Samson Lunde, Jon og Engjel Haugland, Nils Halhjem frå tidi fyrr 1800, og Mons og Ola Halhjem noko seinare. Eivind Haugland vart gardbrukar i Fitjar.
Utflytjarane frå Mobergs og Oskrinsen hev umlag ikkje teke jord. Dei få undantaki er Hans Johnsen Osøyri, Vinsjans Moberg og Lars Kuven som vart bønder i Fana Bård Osøyri det same i Sund, og Jon Osøyri som fekk seg gard på Askøy. Etter 1900 hev Kristen Kuven flutt til Austevoll.
Frå Borgebygdi og Skogagardane hev gjenge fleire bønder ut til grannebygdene. Ola og Johannes Ulven, Lars Skogen, Ola og Henrik Hetleflåten, Ola og Nils Lunden er alle vortne bønder i Fana, dei fleste fyrr 1800. Bård Lunden, Johannes, Engjel og Johannes Borgen hev fyrr 1800 fenge seg jord i Fusa, og Svein Ulven og Johannes Lunden fekk gard i Strandvik. Elias Hetleflåt kom til Sund, Ola Hetleflåt til Tysnes og Anders Hetleflåt til Fitjar. Etter 1800 vart Ola Ulven bonde i Årstad og Lars Tøsdal i Åsane.
Frå Lyssandbygdi gjekk ikkje mange bønder til Fana: Erik Bø fyrr 1800, Engjel Hauge og Haldor Berge noko seinare, det er det heile. Til dei andre grannebygdene er reist fleire: Nils og Olaus Berge, Jon Hauge og Stein Bø til Samnanger, Johannes, Vinsjans og Nils Berge til Fusa, Anders Berge og Paul Molda til Strandvik, og Hans Hatvik til Hålandsdalen. Lars Molda vart gardbrukar i Laksevåg og Ola Lyssand i Hamre. Nils og Steffen Bø vart bønder i Valestrand, Peder Bø i Kinsarvik og Lars Bø i Ullensvang.
Hegglandsdalen og Indregardane hev etter måten sendt dei fleste gardbrukarar til framande bygder. Til Fana er reist nokre få: Hans Eide, Nikolai Skavhellen, Nils Tveit og tvo med namnet Hans Midtsæter, alle utfarne etter 1800.
Til Fusa er flutt so mange fleire: Ola, Svein og Nils Heggland, Nils Lønningdal og Ola Midtsæter fyrr 1800, og seinare Mons Midthus, Berge Spansteig, Jon, Lars og Jon Gjemdal, Ola og Peder Rød, Hans Lien, Jørgen Midtsæter og Haldor Øvredal. Haugne Eide, Eivind Rød og Ola Lønningdal er vortne bønder i Strandvik og Jon Rød i Hålandsdalen. I Samnanger finn me desse bønder frå grendi: Hans og Nils Eide, Nils Rød og Hans Øvredal flutte fyrr 1800, og seinare Bård Midthus, Haugne og Torstein Spansteig, Ola Lien og Nils Øvredal. Johannes Tveit og Eivind Øvre-eide fekk jord i Årstad, Lars Heggland og Jon Gjemdal på Askøy, Mons Rød i Laksevåg, Ola Eide i Sveio, Ola Øvreide i Kvinnherad og Johannes Spansteig på Karmøy.
Etter 1900 er Nils Rød vorten gardbrukar på Stord og Severin Rød på Karmøy. Det er tvillaust mange fleire enn dei her nemnde som hev flutt frå Osbygdi og er vortne gardbrukarar i andre bygder. Men me kjenner lite til dei og veit ikkje kvar dei vart buande. Mange av dei som gjenom åri måtte gå frå gardane sine i Osbygdi freista ogso å få seg jord att andre stader, og me lyt tru at sume av dei greidde å verta gardbrukarar pånytt. Men ogso dei er ukjende.
Um mange av dei gardbrukarar som er flutt frå Os til framande bygder vil ein finna upplysningar i andre bygdebøker, soleis i bøkene for Fana, Samnanger, Fitjar, Kinsarvik, Ullensvang, og i bygdeboki for Fusabygdene når ho kjem. I gardsoga seinare i denne boki vil ein attimillom ogso finna nemnd kvar ein skal leita etter desse upplysningane.